Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2003

Bygg varmare samfunn med kristne verdiar!

Kristelig Folkeparti · 1 308 ord

Vedteke på nominasjonsmøte 26.03.2003

Haram Kristeleg Folkeparti

Bygg varmare samfunn med kristne verdiar!

Kristeleg Folkeparti legg dei kristne verdiane til grunn for det politiske arbeidet. Sentralt i dette arbeidet står vernet om menneskeverdet. Dette krev respekt for kvart enkelt menneske og solidaritet menneske imellom. Det grunnleggande menneskeverdet er likt for alle, også ved den spede starten til menneskelivet og ved livets slutt.

Menneskeverdet er uavhengig av hudfarge, religion, kjønn, alder, funksjonsnivå, prestasjonar og levekår. Der menneske er i krise og livet blir truga, er det ei oppgåve å redde liv og gi livshjelp. Der menneskeverdet blir borte, må vi gi menneske tilbake trua på livet og den verdien dei sjølve har.

Offentlege institusjonar og hjelpetiltak er nødvendige i eit moderne samfunn, men like viktig er det at familien blir sikra ressursar og fridom til å vere den hjørnesteinen i samfunnet som ingen andre institusjonar kan erstatte. Den viktigaste oppgåva til familien er å ta vare på enkeltmennesket og verne om den verdien kvar enkelt har. Dette må skje i eit positivt samspel med dei offentlege institusjonane. Dette gjeld på alle nivå - frå barnehagar og skular til alders- og sjukeheimar og heile den offentlege forvaltninga. Dei offentlege institusjonane skal vere til for å tene og hjelpe kvart enkelt menneske på mest mogleg måte.

Slik vil Kristeleg Folkeparti bygge eit varmare samfunn.

Kommunal service

Kristeleg Folkeparti vil arbeide for ei fullverdig brukarorientering, gode serviceerklæringar for alle kommunale tenester og eit nyttig servicetorg. Brukaren, dvs enkeltpersonar, grupper, organisasjonar og næringsliv, skal kunne vere med på å ta ansvar og utforme sitt eige lokalsamfunn. Brukarorientering handlar om å vere oppteken av at brukaren finst og ta konsekvensen av det. Brukarane av alle kommunale tenester skal takast med på råd, og deira synspunkt skal takast på alvor.

Serviceerklæringa skal gi skriftleg informasjon om innhaldet i ei konkret teneste, slik at brukaren skal kunne gjere seg opp eit realistisk bilete av kva som kan forventast levert.

Servicetorget er ein fysisk stad der brukaren kan vende seg for å få hjelp til å løyse konkrete saker. Brukaren skal kunne oppleve rask, imøtekommande og korrekt behandling av saker dei er opptekne av.

Helse- og sosialtenester

Alle bør få eit likeverdig og godt tilbod av helse- og sosialtenester i lokalsamfunnet. Både helsesøsterteneste, jordmorteneste og legeteneste er viktige ledd i ei god primærhelseteneste. Målet må vere å sikre trygge livsvilkår for alle , både unge og eldre, funksjonshemma og funksjonsfriske.

Det er ein klar samanheng mellom livsstil og mange helseproblem. Det er derfor nødvendig å satse på førebyggande arbeid. Dette vil KrF oppnå ved å stimulere til samarbeid mellom heim, skule, kyrkje og frivillige organisasjonar.

Haram KrF vil arbeide for:

Eldreomsorg

Hovudmålet for eldreomsorga må vere å hjelpe dei eldre til å oppretthalde livskvaliteten. Dette må skje gjennom tilrettelegging for at dei eldre så langt som mogleg kan utøve eigne interesser, ha kontakt med familie og nærmiljø og få nødvendig hjelp, pleie og omsorg.

Heimebasert omsorg må vere tyngdepunktet i omsorgstilbodet. Tenestene må vere differensierte ut frå det behovet kvar enkelt har for dagtilbod, heildøgnsomsorg, hjelpemiddel, institusjonstilbod, avlasting og andre servicetilbod. Ei kjede av ulike tiltak og sosialt nettverk rundt brukarane er nødvendig for å lykkast.

Haram KrF vil arbeide for:

Rusmiddelarbeid

Unge rusar seg i stadig yngre alder, også i Haram. Dette er djupt alvorleg. Resultatet er mange personlege tragediar. Bruk av alkohol og narkotika påfører oss og samfunnet, sosialt og medisinsk, milliardar i utgifter kvart år. Vi kan ikkje stille oss likegyldige til dette.

Haram KrF vil arbeide for:

Tiltak for born og unge

Samfunnsutviklinga viser at stadig fleire born og unge får problem som gjer at dei fell utanfor. Rus og kriminalitet aukar i omfang og i stadig lavare aldersgrupper. Barnevernet får fleire og meir alvorlege tilfelle å ta hand om. Psykiatriske problem aukar i alle aldersgrupper.

I forhold til desse problema må tiltak og tenestetilbod følgje to hovudlinjer: Førebyggande tiltak og hjelpetiltak.

Oppvekstmiljøet er grunnleggande for eit positivt sjølvbilete. Eit mangfald av små og store fellesskap med ei positiv forankring, kan gi born og unge større sjanse til å stå imot dei nedbrytande kreftene i samfunnet.

Haram KrF vil arbeide for:

Barnehagar

Familien har hovudansvaret for omsorga og oppsedinga av borna, men det er viktig at samfunnet gir foreldra den hjelp og støtte dei treng. Barnehagetilbodet skal rettast inn mot det behovet som borna og familiane har.

Haram KrF vil arbeide for:

Grunnskulen

Kommunen har i dag ein godt utbygd og desentralisert skulestruktur, som det er viktig å ta vare på. Skulen er ein sterk kulturfaktor som også spelar ei avgjerande rolle for busettingsmønsteret i kommunen. kort veg og ikkje altfor store skular gir mange føremonar for elevane. I praktisk politikk vil ein likevel måtte vege dette opp mot eit fagleg pedagogisk tilbod og økonomiske vurderingar.

Haram KrF vil arbeide for:

Kyrkje og kultur

Det kristne livssynet har ein sentral plass både i skule og kulturliv, og dette ser vi som avgjerande viktig å ta vare på og stimulere til vidare utvikling. Det er eit mål å skape eit allsidig kulturtilbod som legg vekt på eigenaktivitet og respekt for åndelege og nasjonale verdiar.

Haram KrF vil arbeide for:

Mottak av flyktningar

Haram kommune har teke mot flyktningar og asylsøkjarar i fleire år. Dette er menneske som skal bu i landet vårt med dei same rettane til bustad og arbeid som vi andre. Kommunen må ta sin del av ansvaret for å løyse den nasjonale oppgåva det er å gi desse menneska ei framtid i det norske samfunnet.

Haram KrF vil arbeide for:

Samferdsel

Gode kommunikasjonar er eit viktig verkemiddel for å oppretthalde og styrkje det busettingsmønsteret vi har. Difor må ein større del av investeringane i samferdsel kome distrikta til gode gjennom utbygging av vegnettet, ferje, buss og båtruter.

Haram KrF vil arbeide for:

Natur og miljøvern

Mennesket er sett til å forvalte naturen. Den industrialiserte verda har tilført luft, jord og vatn store mengder avfallsstoff. Det vert ei oppgåve i all samfunnsplanlegging å ta omsyn til samspelet i naturen. Vi kan ikkje ta ut meir ressursar enn det naturen sjølv kan produsere igjen. Miljøvern er vern om livet no og i framtida, for oss og etterkomarane våre.

Haram KrF vil arbeide for:

Kommunale eigedommar

Kommunen sit med ein stor eigedomsmasse i form av skular, institusjonar osv. Kommunen forvaltar på denne måten store materielle verdiar. Samordning er viktig for å oppnå størst mogleg effekt av vedlikehaldet på dei kommunale eigedommane.

Haram KrF vil arbeide for:

Næringsutvikling

Næringslivet i Haram er i stor grad internasjonalt orientert. Globaliseringa, endringar i næringsstruktur og den teknologiske utviklinga gjer at bedriftene lettare kan flytte på seg. Kommunen må gjere sitt til at bedriftene kan utvikle seg vidare og at ny verksemd kan bli etablert. Prosjektet «Haram-modellen» har vist at det er mogleg å samarbeide med næringslivet på ein måte som både næringslivet og samfunnet elles tener på.

Haram KrF vil arbeide for:

Busetting

Haram kommune har gjennom mange år hatt stor utflytting av unge vaksne, særleg unge kvinner. Dersom vi skal møte denne utfordringa, må vi sjå på kva arbeidsplassar og andre tilbod unge kvinner etterspør.

Dei viktigaste faktorane som bestemmer kvar folk vil busette seg, er arbeidsplassar, offentleg service og private servicetilbod. Private servicetilbod er lite utvikla i Haram fordi kundegrunnlaget er for spreidd. Det er viktig å stimulere til utvikling av slike tilbod i tettstadene i kommunen.

Kommunen har gjennom bustadstiftingar samarbeidd godt med private når det gjeld å utvikle bustadstiftingar med utleigebustader. Kommunen må legge til rette for at terskelen for å etablere seg i eigen bustad ikkje blir for høg for unge, m a ved å utnytte låneordningane gjennom Husbanken. Kommunen har også eit særleg ansvar for vankelegstilte grupper på bustadmarknaden.

Gjennom kommunedelplanane for Vatne/Tennfjord, Søvik, Austnes og Brattvåg må det leggast til rette både for bustadbygging og næringsutvikling. I dei andre bygdene må det stimulerast til spreidd bustadbygging.

Haram KrF vil arbeide for:

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7433. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.