Valgprogram · 2003
PROGRAM FOR GULEN KRF KOMMUNESTYREPERIODEN 2003-2007
Kristelig Folkeparti · 500 ord
PROGRAM FOR GULEN KRF KOMMUNESTYREPERIODEN 2003-2007
Kristeleg Folkeparti bygger politikken sin på det kristne verdigrunnlaget, dvs. på eit kristent menneskesyn, forvaltaransansvaret, dei 10 boda og nestekjærleiken.
Innleiing
Vi har alle eit ansvar for kvarandre i eit samfunn. Difor må avgjerder heile tida vegast mellom den enkelte og fellesskapet sine interesser.
I denne perioden som vi no går inn i vil kommunestyret måtte ta vanskelege prioriteringar, fordi drifta til kommunen er høgre enn den inntekta kommunen har. Vi kan difor ikkje love store nysatsingar.
Gulen KrF forpliktar seg på å finne fram til ei god og forsvarleg drift innanfor dei rammene som lov og økonomi set, samstundes som vi vil halde fram kampen for betre rammer.
I kommuneplanlegginga og det årlege budsjettarbeidet vil KrF legge vekt på at vi framleis skal ha ei god utvikling i alle deler av kommunen. Det tyder at vi vil prioritere å halde oppe det daglege tenestetilbodet i kvar region og heller samle dei tenestene ein sjeldan brukar.
Vi vil arbeide for å finne gode samarbeidsløysingar med nabokommunar, slik at tenestetilbodet vert best mogeleg og samstundes utført på rimelegaste måte. Sameleis vil vi vere opne for samarbeid med private tenesteytarar der dei kan gje gode tilbod.
Det er eit krav at konkurransesituasjonen er reell, slik at ein ikkje i staden får private monopol.
KrF vil både i planar og praktisk politikk, arbeide aktivt og kreativt for ei differensiert næringsutvikling i kommunen. Vi vil bruke dei sjansar vi har til å få til eit best mogeleg offentleg rutenett for innbyggarane.
Familie og omsorg
Familien er grunnleggjande eining for fellesskap, verdiformidling, sosial læring og omsorg.
Alle born er velkomne i samfunnet, og har rett til tryggleik, tidleg hjelp ved spesielle behov og god vaksenkontakt både i barnehage, skule og på fritida.
Det vert stilt store krav til skule og barnehage, som ved sida av heimen er samfunnet sine viktigaste oppdragarinstitusjonar og læringsarenaer. For å formidle fagkunnskap og verdiar må ein ha ei tilfredsstillande bemanning.
Barnehagar og skular skal ha stor grad av sjølvstende til å vurdere korleis ressursane best kan brukast. Det er viktig at ein legg vinn på å få til godt samarbeid med heimane, og at foreldre og elevar sin medbestemmelsesrett vert teken i vare.
Omsorgstenestene til hjelpetrengjande grupper må vere fleksible, og så godt utbygde at dei gjev tryggleik til brukarane.
Familie og nærmiljø er ei god støtte til det offentlege sitt omsorgs- og pleietilbod.
KrF vil at kommunen skal samarbeide med frivillige organisasjonar for å få til sosiale nettverk og gode tenester.
Kommunen er ansvarleg for størstedelen av utgiftene som kyrkja har. KrF ynskjer å gje kyrkja rammer som gjer at dei får utført oppgåva si. Vi vil at kyrkjene og kyrkjegardane skal haldast vedlike og stellast på ein verdig måte.
Enkeltsaker som vi vil arbeide for:
Gulen KrF sitt program i "kortversjon":
"Til lags åt alle kan ingen gjera,
det er no gamalt og vil så vera.
Eg tykkjer støtt at det høver best
Å hjelpe den som det trenger mest"
(Ivar Aasen)
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7432. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.