Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2003

Program for Sund Kr.F.

Kristelig Folkeparti · 867 ord

År 2003-2007

Program for Sund Kr.F.

GRUNNSYN

KrF legg det kristne synet på menneske til grunn for sin politikk.Det vil seia at alle har same menneskeverd utan omsyn til rase, kjønn, alder, utviklingssteg, kultur, religion eller livstilhøve. KrF vil arbeida for ei rettvis fordeling av samfunnsgoda og samfunnspliktene. Me vil gjera vårt til å byggja eit varmare samfunn der alle grupper får høve til eit rikt og meiningsfyllt liv.

KYRKJE OG KRISTENLIV

KrF vil arbeida for at statskyrkja, andre kyrkjesamfunn og dei kristlege organisasjonane skal få gode arbeidsvilkår. Det frivillige arbeidet må stimulerast til vidare vekst.

Sund KrF vil arbeida for at :

SKULEN

Sund KrF ynskjer at skulen skal vera ein trygg og god stad å vera der borna får utvikla seg til gode samfunnsmenneske, og læra å ta omsorg for kvarandre. Sund KrF meiner at det er viktig at skulen byggjer på den kristne føremålsparagrafen. Borna må få læra kristen tru og etikk. Me trur at kristendommen ikkje berre er noko som gjeld den einskilde, men at den representerar eit heilskapleg livs- og menneskesyn som er til gagn for både folk, land og den verda og det miljøet me alle høyrer til i.

Foreldra har hovudansvaret for oppsedinga; difor er det viktig at foreldra har høve til å engasjera seg i det som skjer i skulen. Sund KrF ynskjer å oppretthalda grendaskulane. Skulefritidsordninga må halda fram som eit frivillig tilbod og kunstskuletilbodet må; så langt det let seg gjera, vera knytt opp til undervisning/fritidstilbodet ved den einskilde skule.

Sund KrF vonar at den vidaregåande skulen i Sund vil stimulera til auka samarbeid mellom skule og arbeidsliv. Sund KrF går inn for at skuletrøytte ungdommar i større grad må få høve til å kombinera skule og arbeidstrening.

BARNE-OG UNGDOMSARBEID

KrF vil vera med og støtta det førebyggjande arbeidet blant barn og unge. Me vil og støtta opp om initiativ/nærmiljøtiltak for å få fleire rusfrie tilbod for ungdom.

HEIM OG FAMILIE

KrF meiner at gode, trygge heimar er det beste grunnlaget for samfunnet. Heimen si stillig må styrkjast. Nettverket i lokalmiljøet må styrkjast slik at vanskelegstilte vert fanga opp og gjeve nabohjelp ,samstundes som me må ha ei profesjonell hjelpeteneste som er der når nokon treng hjelp. Det må leggjast tilrette for dei foreldre som ynskjer at mor eller far er heime medan borna er små. Det er viktig å halda oppe korttidstilbodet i alle barnehageområda.

Arbeidsstasjonen og arbeids- og opplæringssenteret er gode tilbod til personar som fell utanfor det vanlege arbeidslivet .

KrF vil støtta tiltak for særleg utsette barn, ungdom og vaksne.

KrF vil støtta allsidig idrettsaktivitet i kommunen.

Kulturmidlane må støtta alt førebyggjande barne- og ungd.arbeid.

HELSE OG SOSIALPOLITIKK

KrF står fast på retten til liv frå barnet i mors liv og fram til naturleg død.

Det er viktig at pleietrengjande som bur heime, får nødvendig hjelp

Ordninga med omsorgsløn må halda fram. Sund KrF vil arbeida for at sosial bustadbyggjingplan vert følgt opp. Det må leggjast til rette for frivillig hjelp gjennom diakonatet,frivillighetssentralen og anna frivillig arbeid. KrF ynskjer ei helse- og hjelpeteneste som fungerar.

RUSGIFTER

KrF meiner at kommunen må vera restrektiv når det gjeld tildeling av skjenkjeløyve og salsløyve for alkohol. Brot på reglane for sal og skjenking må få konsekvensar. Det er ikkje rett at rusmiddelproblematikken skal privatiserast og med det vera ei ikkje-sak i kommunale organ. Sund KrF meiner at det er viktig med aktivt haldningsskapande arbeid mot alle slags rusgifter.

TRAFIKK

Utbygginga av trafikklys må halda fram for det har stor effekt som trafikksikringtiltak. Gang - og sykkelstiutbygginga må halda fram, men må samordnast med utbygging av vass- og kloakkleidningar

der det er naturleg, for effektiv utnytting av kommunale midlar og tilskot. Det bør opparbeidast rasteplassar på høvelege stader langs vegane våre. Sund KrF vil arbeida vidare for å få fastlandssamband til Lerøy og Bjelkarøy.

BUSTADBYGGING

Bustadpolitikken må sikra god utvikling i alle bygdene våre. Det er viktig at unge som ynskjer å slå seg ned i heimekommunen sin, får høve til å byggja på heimegrunn så langt det let seg gjera. Når det er naudsynt å byggja ut felt ,anten privat eller i kom. regi, meiner Sund KrF at det er eit kommunalt ansvar å sikra ved avtalar, at felta vert bygd ut gradvis og at innbyggjarar som har budd lenge i Sund, får ein viss førerett. I bustadfelta må det setjast av nok areal til naturleikeområde. Alle kommunale bustader må byggjast som livløpsbustader.

VASS- OG AVLAUPSUTBYGGJING

Planen for vass- og avlaupsutbyggjing må gjennomførast. Framføring av tilfredstillande vatn og kloakk vidare til Klokkarvik må halda fram for å opna for byggjing i dette området. For å ta omsyn til økonomien til barnefamiliane og pensjonistar, må ikkje årsavgifta for vatn og kloakk vert auka for mykje.

NÆRINGSLIV

Sund KrF meiner at kommunen må leggja tilhøva godt til rette for næringslivet, slik at Sund kan verta vald når nokon ynskjer å etablera seg, for me treng fleire arbeidsplassar. Oppdrettsnæringa må få gode vekst og utviklingstilhøve. Porsvika og Skaganeset må vidareutviklast som industriområde. Primærnæringane må sikrast gode eksistensvilkår.

FRILUFTSINTERESSER

Dei lokale friluftsinteressene må få gode vilkår, og frilufts- og naturopplevingar må gjerast tilgjengeleg for alle, også for rørslehemma. Det bør leggjast til rette for bading i sjø/vatn også for rullestolbrukarar.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7431. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.