Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2003

PROGRAM 2003 - 2007

Kristelig Folkeparti · 345 ord

(Programmet vart vedteke med nokre merknader på nominasjonsmøtet 17. 04.03, og etter fullmakt endeleg vedteke på styremøte i Kvam KrF 22.04.03)

KVAM KRISTELEG FOLKEPARTI

PROGRAM 2003 - 2007

Grunnlag og mål:

Gjennom tusen år har kristendomen meir enn noko anna gjeve tryggaste grunnlaget for folke og samfunnsliv hjå oss. Dei kristne verdiane og det kristne menneskesynet skal framleis vera grunnlag og mål for vår politikk. Gode heimar er det beste fundamentet for eit godt samfunn. Samfunnet må verna om ekteskapet som tryggaste samlivsform og gje familien gode levevilkår i bygdene våre.

Kyrkje og kultur

Kristeleg Folkeparti har eit kultursyn som gjev plass for samanhengen mellom kristendom og kultur. Kyrkja i samarbeid med frivillige organisasjonar har gjennom mange år hatt ein positiv innverknad på folkelivet i bygdene våre. Me ynskjer at kulturlivet i Kvam framleis må berast oppe av respekt for vår åndelege arv og våre historiske tradisjonar.

KrF vil

Utdanning

Foreldre / føresette har ansvaret for oppseding og opplæring. Samfunnet, gjennom skuleverket, skal vera heimane til hjelp med å utføra dette oppdraget.

KrF vil:

Natur og miljø

Naturressursane i Kvam er ein del av det skaparverket me er sette til å forvalta. Her skal komande slekter finna livsgrunnlag og trivnad.

KrF vil:

Bustadbygging og bygdeutvikling

Levande bygdesamfunn må framleis prega Kvam. Folkesetnaden i desse bygdene vert haldne oppe m.a. av aktivitetar knytt til dei tradisjonelle næringane innan landbruk og havbruk. Det er årelange tradisjonar for lokalt basert reiselivsaktivtet, gjerne i kombinasjon med gardsdrift. Gardsturisme er på mange måtar eit framhald av denne tradisjonen.

KrF vil:

Helse og sosial

Målet vårt er å skapa trygge og gode levevilkår for alle.

KrF vil gå inn for:

Næring

Eit lønsamt næringsliv er den beste garantien for arbeidsplassane. Kommunal næringsinnsats må i størst mogeleg grad rettast mot den samla næringsverksemda i heradet. Heradet må ha eit tenleg næringsapparat, evt. i samarbeid med selskap utanom Rådhuset eller andre kommunar. Det er naturleg at det regionale samarbeidet held fram.

KrF vil:

Samferdsle

Gode kommunikasjonar er naudsynte for ei effektiv distriktsutbygging, for vidareutvikling av næringslivet og for trivsel i bygdene.

KrF vil:

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7430. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.