Valgprogram · 2003
KOMMUNEPROGRAM FOR VALBOLKEN 2003-2007.
Kristelig Folkeparti · 1 501 ord
Vedteke på medlemsmøte den 12.05.03.
Voss KrF
KOMMUNEPROGRAM FOR VALBOLKEN 2003-2007.
1. Verdigrunnlaget
a) Det kristne menneskesynet
Kristeleg Folkeparti byggjer sin politikk på det kristne verdigrunnlaget - der Bibelen gjev klare verdiar og normer som forpliktar og inspirerer oss som einskildmenneske og samfunns-borgarar. Mennesket sin verdi er uavhengig av hudfarge, religion, kjønn, alder, funksjonsnivå, prestasjonar og levekår. Retten til liv frå unnfanging til naturleg død er mennesket sin mest grunnleggjande rett.
b) Familien
Mennesket sitt mest grunnleggjande fellesskap er familien. Familien er heilt sentral i eit kristendemokratisk samfunnssyn.
c) Menneskeverd og forvalteransvar
Mennesket er ein del av skaparverket, og er sett til å forvalta, ikkje herska over det. Forvaltaransvaret forpliktar oss til å ta vare på natur og miljø, og til å forvalta våre kommunale ressursar på ein bærekraftig måte. På same vis har eit kvart individ, født eller ufødt, ungt eller gammalt, rett til liv og krav på rettsvern.
Voss KrF vil arbeida for
2. Demokrati og styring i lokalsamfunnet
a) Det kommunale styringsverket
Det kristne verdigrunnlaget er utgangspunktet for KrF sin politikk på landsplanet, og også lokalt. Det einskilde mennesket har rett til innsyn og påverknad. Openheit er avgjerande for at demokratiet skal fungera, og vi vil vera på vakt mot uheldig politisk maktkonsentrasjon. Voss KrF er kritisk til mykje av den moderne marknadsliberalismen. På Voss er viktige deler av kommunepolitikken no kome inn under kommunale aksjeselskap der kommunelova og offentlegheitslova ikkje gjeld. - Partiet vil også vera kritisk til seg sjølv, og ikkje lova meir enn vi kan halda.
Voss KrF går inn for
b) Verdiar og menneskeverd
Verditenking må framleis stå sentralt i all politisk samanheng og i all kommunal verksemd. Det er viktig at denne tankegangen gjennomsyrer også alle politiske debattar i Voss kommune. Men verdiomsyn må også inn i skule, barnehage og helseinstitusjonar. På alle arbeidsplassar, særleg offentlege, må ein vera merksam på om nokon blir trakasert (mobba). Skulen må få støtte i sitt arbeid mot mobbing av elevar og lærarar. Vi må også vera viljuge til å seia frå om urettvis mobbing gjennom media.
Voss KrF går inn for
3. Familiepolitikk
Familien er grunncella i samfunnet. Mor bar oss inn i dette samfunnet. Felles har vi eit ynskje: at dei næraste ber oss ut. Midt i livet ser me at "tida ho renn som elv mot os" - raskare enn me likar. Familievern har me bruk for heile tida. Slektssambandet og eit velordna samfunn gjer til at livet for dei fleste går som normalt. Men når noko hjå oss ikkje går som forventa, har me trong for det ekstra som dei kommunale hjelpetenester og krisesenter kan gje.
KrF ynskjer å (gjen)skape fora for slikt fellesskap og drøfting ("Våre heimar"/"Unge heimar"), som kan leiast av prest, diakon, sosionom, psykolog eller andre fagpersonar). Overlag viktig er det at begge foreldra får høve til å ta del.
a) Oppvekstvilkår - nærmiljø
Hardkøyret på foreldre og barn er svært stort i dag. Mykje tid vert nytta til TV, video og data. Tida for samarbeid mellom familiemedlemene forsvinn. Det er vesentleg at menn deltek i førebyggande arbeid som gjeld parforhold og barn.
Voss KrF går inn for
b) Familievern
For dei som har tunge belastningar, må det vere tilgjengelege hjelpetenester på kommunenivået. For risikoutsette barn, er det viktig at barnevernet er tilgjengeleg når barnet føler seg trua.
Voss KrF går inn for
c) Flyktningar
Integreringspolitikken har ikkje nådd særleg langt i Voss. Busetjing av flyktningar og mottak av asylsøkjarar er imdlertid ei viktig oppgåve og ei stor utfordring for Voss kommune. Vi bør lette overgangen deira til det norske samfunnet ved å gi dem råd og omsorg. Ei særleg utfordring er oppstått med asylsøkjarar som ikkje har rett til skulegang.
Voss KrF går inn for
4. Barnehage, skule
Voss kommune må halda oppe ein skule- og barnehage-struktur som gir best mogeleg tilbod til barnefamiliar i alle deler av kommunen. Det må vera mogeleg for ein familie å vita kva skule borna skal gå på, og dei bør ha tilbod om barnehage i same krins.
Kvaliteten i skule og barnehage må sikrast ved gode nok ressursar. Desse tenestene skal ikkje vera så billige som råd, men så gode som råd.
a) Barnehage
Voss KrF går inn for
b) Grunnskule
Voss KrF går inn for
c) Vidaregåande skular og høgskule
Voss KrF går inn for
5. Kulturlivet
Moderne teknologi, internasjonal påverknad og aukande kommersialisering gjer at styrking og vidareutvikling av eins eigen kultur vert stadig viktigare. Nye generasjonar står i fare for å missa sine kulturelle røter. Det er difor viktig å formidla norsk og lokal kultur og den kristne kulturarven til desse. Ein må likevel ikkje gløyma at andre land sin kultur også er verdifull.
Frivillig engasjement må stimulerast ved ein rimeleg balanse mellom eigenansvar og offentleg medverknad for ulike oppgåver.
a) Kommunale kulturtiltak
Voss KrF går inn for
b) Kyrkja og trudomssamfunna
Den norske kyrkja, frikyrkjene og dei friviljuge organisasjonane gjer ein innsats av grunn-leggjande verdi for samfunn og einskildmenneske gjennom forkynning, sjelesorg, under-visning, diakoni og kulturelt og sosialt arbeid. Det offentlege må her leggja til rette for gode arbeidsvilkår.
Voss KrF går inn for
c) Organisasjonslivet
Voss KrF går inn for
6. Helse og sosiale tenester
Det er samanheng mellom livsstil, forbruk, helse, miljø og velferd. Den einskilde sitt val av livsstil vil difor ha verknad for heile samfunnet. Det er difor viktig at den einskilde tek eit personleg ansvar for seg sjølv, medan den kommunale politikken skal vera med å stø opp under ein ansvarleg livsstil.
All seriøs forsking syner nøye samanheng mellom tilgang på og bruk/misbruk av alkoholhaldige drikkevarer.
a) Førebyggande helsepolitikk - kamp mot rusgifter
Voss KrF går inn for
b) Ei god pleie og ein trygg alderdom
Eit kvart menneske har krav på eit verdig og sjølvstendig liv, også inn i alderdommen. Eldre menneske er ei ueinsarta gruppe, med ulike ressursar og ulike behov. Mange vil etterkvart få stor trong for pleie og omsorg, og dette vert eit viktig satsingsområde i Voss kommune.
Forskrift om kvalitet i pleie og omsorg seier mellom anna at brukarar av desse tenestene skal ha eit tilbod som gjev tryggleik for alle daglege behov, og ha tilbod om varierte aktivitetar ute og inne. Det tyder at ressursar må styrast til dette området av vårt felles ansvar.
Voss KrF går inn for
c) Funksjonshemma i samfunnet
Voss KrF går inn for
7. Næringsliv og sysselsetjing
Målet for næringspolitikken er å leggja til rette for eit lønsamt og verdiskapande næringsliv som forvaltar naturressursar, energi og kompetanse på ein ansvarleg måte.
I Voss kommune er det store mogelegheiter for næringsutvikling. I tillegg til nyskaping bør vi satsa på dei næringane og bedriftene vi har, på deira kunnskapar og kjennskap til marknad og salsvilkår. Stimulering til knoppskyting, utvikling av nye produkt og tilgang på nye marknader, vil truleg gje betre resultat enn einsidig satsing på nyskaping og nyetablering.
a) Næringsutvikling
Voss KrF går inn for
b) Landbruk
Voss KrF går inn for
c) Reiseliv og turisme
Voss KrF går inn for
d) Miljøtilpassa kraftutbygging
Utnytting av tyngdekraft og vatn har lange tradisjonar, og er ein miljøvennleg og fornyande energiressurs. På Voss er det eit stort potensiale for utbygging av mikrokraftverk på ein del gardar. Også mini- og småkraftverk bør kunna byggjast ut av grunneigarar, eventuelt i samarbeid med Voss Energi. Utført på ein miljøvennleg måte på avgrensa strekningar av elveløpet, der vatnet renn vidare i sitt naturlege løp, bør dette kunna gjennomførast også i verna vassdrag.
Voss KrF vil arbeida for
8. Busetjing og samferdsel
Kort avstand til arbeidsplass og viktige daglege funksjonar (skule, barnehage, forretning, kontor o.l.) er viktige moment i kommunen sin framtidige bustadpolitikk. Difor heng bustadpolitikk og samferdsel nøye saman. Trygge vegar og gode kollektivtilbod er eit viktig vilkår for kor folk kan bu innan kommunen. Men også omsynet til å kunna oppretthalda gode og stabile grendemiljø over heile kommunen, tilseier at ein må finna fram til og stø tilrettelegging av nye bustadfelt i alle grender. Dei stadene der vi har skular med god kapasitet, er det viktig at vi får ein stabil busetnad.
a) Busetjingspolitikk
Voss KrF går inn for
b) Vegutbygging - gang- og sykkelvegar
Voss KrF går inn for
c) Samferdsel
Voss KrF går inn for
9. Ressursforvaltning og miljø
Vår politikk må byggja på ansvarleg ressursbruk. Miljømessige og sosiale verdiar må verta tillagt større vekt. Ein tankegang som er basert på auka forbruk, er den største trusselen mot eit berekraftig miljø og ein rettferdig fordeling.
a) Kommunal miljøpolitikk
Voss KrF går inn for
b) Lokal Agenda 21
Lokal Agenda 21 betyr "dagsorden for det 21. århundre", og er ein invitasjon til innbyggjarane om å vera med på å forma lokalsamfunnet si framtid, samt å bidra til å skapa ei bærekraftig utvikling lokalt og i global samanheng. Med dette meiner ein å ta vare på miljøet, verna om det biologiske mangfaldet som finst og hindra ei aukande forureining. - Voss kommune har vedteke å gå inn for dette, men kommune og innbyggjarar har ikkje til nå vore særleg bevisste på denne tankegangen.
Voss KrF går inn for
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7429. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.