Valgprogram · 2003
PROGRAM for kommunevalperioden 2003 - 2007
Kristelig Folkeparti · 463 ord
Stord KrF
PROGRAM for kommunevalperioden 2003 - 2007
Kvifor Kristeleg Folkeparti?
I 70 år har KrF vore eit alternativ i norsk politikk, først og fremst som eit verdiparti. KrF sin ideologi byggjer på at mennesket er skapt i Guds bilete. Alle er like mykje verd anten ein er ung eller gamal, frisk eller sjuk, sjølvhjelpen eller hjelpetrengjande.
Nestekjærleiken slik han er uttrykt i Bibelen, forpliktar oss på ein særskilt måte i høve til dei svake i samfunnet. Målet må vera eit lokalsamfunn som gir den einskilde innbyggjaren ei oppleving av fellesskap, tilhøyrsle og tryggleik i ulike situasjonar og livsfasar. Difor går me dette året til val under mottoet
FAMILIE OG OMSORG
GODT VAL MED KRF!
Helsing
Magnhild Furdal
Ordførarkandidat
Verdigrunnlaget
Kristeleg Folkeparti er eit familie og omsorgsparti.
Grunnsyn:
Menneskelivet er ukrenkjeleg frå foster til naturleg død.
Kristeleg Folkeparti er forplikta på Dei Ti Boda, det kristne menneskesynet og forvaltaransvaret i alt politisk arbeid.
På dette grunnlaget vil Kristeleg Folkeparti arbeida for rettvis fordeling av goder og plikter i samfunnet. Me vil byggja eit samfunn tufta på omsorg og nestekjærleik der alle kan leva eit rikt og meiningsfylt liv.
Heim og familie
Gode heimar gjev grunnlag for eit godt samfunn.
KrF vil:
Skule og barnehage
Største ressursen vår er borna. Etter heimen er skule og barnehage dei viktigaste samfunnsinstitusjonane. KrF ynskjer ein sterk offentleg skule. Ut frå foreldreretten vil KrF forsvare oppretting av private skular.
KrF vil:
Helse og omsorg
KrF vil:
Kyrkje
Stord Kristeleg Folkeparti ønskjer eit godt samarbeid mellom Stord kommune og kyrkja slik at kyrkja kan yta dei tenestene innbyggjarane ønskjer og ta vare på eigenarten sin.
KrF vil:
Kultur og Fritid
KrF ønskjer eit godt samarbeid mellom Stord kommune og dei frivillige organisasjonane.
Fleire hundre lag og organisasjonar utgjer ryggrada i det lokale kulturlivet. Desse organisasjonane skal ha ein sentral plass i Stord-samfunnet.
KrF vil:
Arbeid og Næring
Næringspolitikken har som mål å skapa nye og tryggja eksisterande arbeidsplassar, slik at kommunen vert endå meir attraktiv å arbeida og bu i.
KrF vil:
Miljø
Stord KrF vil ta vare på skaparverket.
KrF vil stimulera til positive miljøtiltak i kommune og næringsliv. Me vil ta forvaltaransvaret på alvor. Stord KrF vil leggja internasjonale miljøvedtak til grunn for miljøarbeidet.
KrF vil:
Samferdsle
God samferdsle er viktig i eit levande samfunn.
KrF vil:
Innvandrarar
Kunnskap, likeverd og toleranse skal liggja til grunn for møte med innvandrarane. Integrering i det norske samfunnet skjer best gjennom god norskopplæring og kjennskap til det norske samfunnet.
KrF vil:
Ruspolitikk
Stordsamfunnet slit med aukande rusproblem som fører til personlege tragediar og store samfunnsmessige kostnader. For å verna born, unge og familiar, vil KrF arbeida for ein rusfri livsstil og fleire rusfrie arenaer for born og unge.
KrF vil:
GODT VAL I 2003 MED FAMILIE OG OMSORGSPARTIET KRISTELEG FOLKEPARTI
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7428. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.