Valgprogram · 2003
Eit varmare samfunn med kristne verdiar.
Kristelig Folkeparti · 524 ord
Handsama på Nominasjonsmøtet den 24. mars 2003 Vidare bearbeida av styret etter fullmakt frå nom.møtet. Dato pr. 2 juni 03.
Program for Ølen KrF 2003 - 2005
Eit varmare samfunn med kristne verdiar.
1. januar 2006 skal Ølen og Vindafjord kommunar slutta seg saman til
ein ny kommune. Derfor er programmet berre for ein 2 års periode.
Grunnsynet
Kristeleg Folkeparti legg det kristne synet på menneska til grunn for sin politikk. Det vil seia at alle har same menneskeverdet utan omsyn til rase, kjønn, alder, utviklingssteg, kultur, religion eller livstilhøve.
Dette menneskesynet har si rot i trua på den treeinige Gud, slik Han har gjeve seg til kjenne i Bibelen, og i erkjenninga av at mennesket er skapt i Guds bilete.
Kristeleg Folkeparti er i alt sitt politiske arbeid forplikta på det kristne menneskesynet, nestekjærleiksbodet, tenesteoppdraget og forvaltaransvaret.
På dette grunnsynet vil Kristeleg Folkeparti arbeida for ei rettvis fordeling av samfunnsgoda og samfunnspliktene. Vi vil gjera vårt til å byggja eit samfunn der alle grupper får høve til eit rikt og meiningsfylt liv.
Visjon
Vegen mot ein ny kommune
Ølen og Vindafjord har vedteke å slutta seg saman frå 1.januar 2006. Utfordringa for oss ligg i å byggja ein ny kommune der det skal leggjast til rette for at folk skal trivast og ha gode tilbod i sine lokalsamfunn. Vi vil ha fokus på korleis endringar innan vår eigen kommune skal kunna tilpassast og fungera godt i den nye kommunen. Der det er mogeleg å spara kostnader på det administrative ved å samarbeida eller etablera fellesløysingar allereie nå, må dette vera eit viktig mål i det politiske arbeidet.
I arbeidet ned å utforma den nye kommunen vil Ølen KrF arbeida for at den einskilde bygd får gode og levelege vilkår, der folk kan trivast og retta blikket framover mot ei trygg framtid for seg sjølv og den oppveksande slekt.
Kommuneøkonomi
Kommunen har ein trong økonomi, der ikkje alt let seg gjennomføra over dei kommunale budsjetta. Ein må her sjå korleis løysingar også kan leggjast til rette gjennom samarbeid med andre, både organisasjonar og det private næringslivet, der dette kan gje gode og alternative løysingar. Det må arbeidast for å finna løysingar der dei svake gruppene som barn, sjuke og eldre får betre vilkår.
Helse og omsorg
KrF sitt mål er å skapa trygge livsvilkår for alle som på grunn av alder, sjukdom, funksjonshemming m.m. ikkje har høve til å greia seg ved eige arbeid.
Ølen KrF vil arbeida for
Edruskapspolitikk
Rusgiftproblema har fått ei skremmande utvikling i regionen. Alkohol er framleis årsak til det største helse- og sosialproblemet. Altfor mange heimar og menneskeliv vert øydelagde. Dette er ei alvorleg utfordring til alle ansvarsmedvitne menneske. KrF ynskjer at det frå alle hald må førast ein betre kontroll med aldersgrense, alkohol- og narkotikamisbruk på offentlege tilstellingar. "Rus-brus" problematikken er ein alvorleg fare for ungdomsmiljøa våre.
Ølen KrF vil arbeida for
Skule og barnehage.
Ølen KrF vil arbeida for
Kyrkje og kristenliv
Ølen KrF vil arbeida for
Kultur
Ølen KrF vil arbeida for
Miljø og natur
Ølen KrF vil arbeida for
Næringsliv og busetnad
Ølen KrF vil arbeida for
Kommunikasjon og samferdsle
Ølen KrF vil arbeida for
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7427. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.