Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2003

Valgprogram 2003 - 2007

Kristelig Folkeparti · 497 ord

Finnøy KrF

Valgprogram 2003 - 2007

GRUNNLAG

Kristeleg Folkeparti ynskjer å ha eit kristent fundament for samfunn og politikk, der det kristne menneskesynet, dei 10 boda, nestekjærleiken og forvaltaransvaret, står sentralt.

Så langt det er mogleg med politiske verkemiddel, vil Kr.F. verna og styrkja den kristne kulturarven i heim, skule og samfunn.

På dette verdigrunnlaget vil Kr.F. byggja eit lokalsamfunn der folk bryr seg om kvarandre, syner ansvar og respekt for kvarandre, og er engasjert for eit triveleg, trygt og inkluderande nærmiljø.

Innbyggjarane er den største ressursen kommunen har, og det er difor viktig å leggja til rette for aktivitet og utvikling i heile kommunen, slik at initiativ og engasjement kan styrkja livsgrunnlaget og trivselen på øyane våre.

OG UTVIKLING

Kristeleg Folkeparti vil arbeida for vekst og framgang i heile kommunen, og sjå til at ressursane kjem alle delar av kommunen til gode. Skal me få til ei god utvikling på dei ulike områda, krev det vilje og innsats frå både kommune og innbyggjarar. Kr.F. vil gjera sitt til at me skal lukkast i dette arbeidet.

I særleg grad vil Kr.F. i Finnøy vektleggja desse områda dei neste 4 åra:

EIT LOKALSAMFUNN BYGD PÅ RESPEKT, ANSVAR OG OMSORG

Kr.F. ynskjer at respekt, ansvar og omsorg skal vera grunnleggjande verdiar i all politiske verksemd. Kr.F., vil leggja vekt på ein rusfri livsstil, og stimulera unge og eldre til å ta aktivt del i forvaltninga og utviklinga av tenester, tilbod og ressursar i lokalmiljøet. I fellesskap ynskjer Kr.F. å byggja eit varmare samfunn.

Kr.F. vil

EIT TRIVELEG, AKTIVT OG TRYGT OPPVEKSTMILJØ

Kr.F. ser på heimen som grunnpilaren i samfunnet, og tryggleik, fellesskap og omsorg i heim og nærmiljø er eit berande fundament i lokalsamfunnet. Kr.F. ynskjer å stimulera til personleg engasjement og ansvarskjensle, og å leggja vekt på eit godt og aktivt samarbeid mellom heim, barnehage, skule og nærmiljø.

Kr.F. vil

FINNØY - EIN KOMMUNE OGSÅ FOR UNGDOM

Kr.F. ser det som svært viktig at dei unge trivst i Finnøy, og at det vert lagt til rette for at flest mogleg ungdomar får høve til å bu og arbeida i heimekommunen sin.

Kr.F. vil

NÆRINGSUTVIKLING

Det er eit klart mål for Kr. F. å leggja til rette for fleire arbeidsplassar i Finnøy kommune. Flest mogleg av dei som bur i kommunen skal også få tilbod om arbeid her. Kr.F. meiner at eit aktivt og allsidig tiltaksarbeid er ein viktig føresetnad for å lukkast i ei framtidsretta og stabil næringsutvikling. Nye vegutløysingar, mellom anna Finnfast gjer dette arbeidet svært viktig i åra framover.

Kr.F. vil

SAMFERDSEL OG PENDLING

Gode kommunikasjonar er ein viktig føresetnad for eit livskraftig og triveleg lokalsamfunn. Sjøveges transport og samband er i dag livsnerva innad i kommunen, og eit godt og tilpassa ferje- og hurtigbåtnett er difor heilt avgjerande for ei berekraftig utvikling.

Parallelt med denne utviklinga, meiner Kr.F. at kommunen må prioritera arbeidet med å realisera kommunikasjonsløysingar som vil binda fleire av øyane saman, og til fastlandet.

Kr.F. vil

Eit varmare samfunn

med

Kristeleg Folkeparti

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7423. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.