Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2003

Frå hav til hei. Eit varmare samfunn bygd på kristne verdiar

Kristelig Folkeparti · 876 ord

Kommunestyreperioden 2003 - 2007

Program for Kristeleg Folkeparti

Frå hav til hei. Eit varmare samfunn bygd på kristne verdiar

Innleiing

KrF-laga i Gjesdal, Hå, Klepp og Time meiner at dei fire Jær-kommunane har mykje å vinna på å arbeida saman for å vidareutvikla Jær-regionen. Lokallaga går difor til val på eit felles program som vil danna grunnlaget for eit samarbeid på tvers av kommunegrensene og for arbeidet i den enkelte kommunen. Du vil difor finna punkt som gjeld felles målsetjingar, og punkt som gjeld særskilt for vår kommune.

KrF si forankring

Kristeleg Folkeparti byggjer politikken sin på det kristne grunnsynet, der Bibelen, kristen tru, nestekjærleik og forvaltaransvar er grunnlaget og rettesnora i arbeidet.

Samarbeid over kommunegrensene

KrF-laga vil arbeida for eit forpliktande samarbeid mellom kommunane lokalt og regionalt. KrF har tru på forpliktande samarbeid. KrF ser blant anna Lyse Energi AS, IVAR, Samrådingsnemnda for Jærkommunane med fleire som døme på tenlege verksemder for godt samarbeid.

For betre å kunna løysa eigne og felles oppgåver, vil KrF utvikla kommunane kvar for seg og i fellesskap. I den samanheng er samarbeid innan kultur, skule, omsorgstenesta, barnevern, brannvern, landbruk, bustad- og næringsutvikling, kommunikasjons- og vegbygging, reiseliv osv. viktig i komande fireårsperiode.

KrF vil føra ein rettferdig og human flyktning- og innvandringspolitikk. Våre nye landsmenn må møtast både med respekt og med forventning til eigen innsats, slik at dei raskt kan fungera som ressursar i lokalsamfunna. Alle formar for rasisme og diskriminering må motarbeidast.

Tiltak:

Oppvekst, barnehage og skule.

Heimen er grunnsteinen i samfunnet vårt. KrF vil arbeida for å styrkja heimen.

KrF ser på barnehage og skule som viktige medspelarar i foreldra si oppgåve med å læra barn og unge til å bli sjølvstendige og gagnlege medmenneske i heim og samfunn.

KrF vil at skulen framleis skal byggja på og pregast av dei kristne verdiane; der likeverd, rettferd, solidaritet, fellesskap og respekt for medmennesket er grunnleggjande.

Tiltak:

Kyrkje og kultur

KrF ønskjer eit mangfald av kulturtilbod i dei einskilde bygdene og tettstadene. Dei ulike lag og foreiningar, kyrkja, dei frie kyrkjesamfunna, idrettslaga og andre organisasjonar har ei viktig rolle i lokalmiljøet.

Tiltak

Helse- og sosialtenesta

KrF ønskjer å skapa trygge levekår og verdig liv for alle, og verna om den svake sin rett - frå livet si byrjing til livets slutt.

KrF vil sjå spesielt på fylgjene av auka rusbruk hjå barn og unge som ei vesentleg utfordring og vil styrkja innsatsen på område som kan avgrensa bruken og skadeverknadene.

Tiltak:

Arealdisponering

Jær-regionen har eit felles bustad- og arbeidsområde. Det er viktig å verna om dyrka og dyrkbar jord. Dette kan gjerast ved:

Tiltak:

Næringslivet

KrF ser det som viktig at kommunane legg til rette for eit framtidsretta og variert næringsliv.

Tiltak:

Miljøpolitikk

Kommunane har eit særprega kulturlandskap og eit dynamisk næringsliv. Samspelet her må framleis få utvikla seg. Målet er å finna tenlege løysingar som ikkje svekkar miljø- og opplevingskvalitetar for seinare generasjonar.

Tiltak:

Vegar og Jærbanen:

Vegane og jernbanelinja er viktige pulsårer for Jær-regionen.

Tiltak:

Kommunen som arbeidsplass

KrF vil arbeida for ein god personalpolitikk der det blir lagt vekt på medverknad frå den einskilde arbeidstakar, godt arbeidsmiljø og meiningsfylte arbeidsoppgåver. KrF vil arbeida for at den menneskelege ressursen vert brukt på best mogleg måte, i samarbeid med dei tilsette og deira organisasjonar.

Klepp KrF vil:

Gode Kleppsbuar!

Den 15. september kan du som innbyggjar i Klepp kommune vera med å påverka kva politikk og kva for personar, som skal styra kommunen dei neste fire åra. I ei tid med knappe midlar til drift av det kommunale tenestetilbodet, handlar om å velja det partiet og dei personane som Du meinar er best til å ta tak i dei utfordringane Klepp kommune står føre i åra som kjem.

Som ordførarkandidat for KrF, med erfaring frå privat og kommunal verksemd, har eg tankar om korleis Klepp kommune kan få ei god utvikling vidare. Etter 12 år i kommunestyret, 8 år i hovudutval for opplæring og denne perioden som leiar av hovudutval for helse- og sosial, blir det å setja fokus på barn og unge sine oppvekstvilkår viktig for meg. Eg vil halda fram visjonen om å engasjera seg; ta ansvar for dei rundt seg, for lokalmiljøet og i fellesskap hegna om å byggja på det positive i samfunnet vårt.

Klepp har vore ein god kommune å veksa opp og bu i, og mi målsetning er å føra denne arven vidare. Det er ført ein ekspansiv investeringspolitikk, og store forventingar til investeringstiltak står føre. Me står i fare for å missa handlefridomen og svekka tenestetilbodet i kommunen vår, av den grunn må det framover førast ein formålstenleg investeringspolitikk, som kan oppretthalda eit forsvarleg og verdig kommunalt tenestetilbod. Eg vil arbeida for å styrkja den tilpassa opplæringa i skulen, og gi tryggleik for ei verdig omsorgstenesta til dei av innbyggjarane våre som treng det. Og me må byggja vidare på tradisjonen med dei frivillige lag og organisasjonane som sentrale og viktige medspelarar i det å skapa gode oppvekstvilkår og levande bygder.

Er du einig i hovudtrekka i vårt arbeid, og vil du vera med å utvikla Klepp til ein god kommune å veksa opp og bu i, så bruk KrF si liste og stem på KrF sin ordførarkandidat ved valet den 15. september.

Godt val!

Livar Salte

Klepp KrF sin ordførarkandidat

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7419. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.