Valgprogram · 2003
Kommunevalet 2003.
Kristelig Folkeparti · 873 ord
Hægebostad Kristeleg Folkeparti
Kommunevalet 2003.
Vi står framføre eit nytt lokalval. Eit nytt kommunestyre skal veljast, og vi legg på denne måten rammen for lokaldemokratiet i dei komande 4 år. Programmet viser kva KrF sine representantar vil vektlegga i kommunen vår.
Hægebostad Kristeleg Folkeparti har visjonar for kva vi vil oppnå i lokalpolitikken.
Samandrag.
KrF vil arbeide for at:
KRISTENDOMMEN HAR VIST SEG Å VERA DEN STERKASTE MORALSKAPANDE KRAFT SOM HISTORIA KJENNER. DEN MÅ FØRAST VIDARE TIL BORNA VÅRE.
KOMMUNEN VÅR.
Kristeleg Folkeparti vil gå inn for at Hægebostad kan halde fram som eigen
kommune. Interkommunalt samarbeid må utviklast vidare der det er naturleg ,samtidig som det vil føra til økonomiske fordelar. Bevisstgjering av Hægebostad sin identitet vil då kunna oppretthaldast.
Det må reknast med ein vanskeleg økonomisk situasjon for kommunen i åra framover.
Derfor må vi vurdere kommunale prosjekt nøye for å finne ei riktig prioritering. KrF sine representantar vil vere seg bevisst at det er skattebetalarane sine pengar dei forvaltar. Kristeleg Folkeparti vil arbeide for at den kommunale administrasjonen blir mest mogleg effektiv med tanke på utnytting av ressursane. Den bør samstundes ha som mål å vere orienterande og opplysande for innbyggjarane i kommunen.
Lygnanytt er eit flott tiltak. Kommunen sin informasjon på Internett må utviklast vidare.
UNDERVISNING.
Barnehage:
Ved den satsinga som er gjort på barnehageutbygginga dei siste åra, kan kommunen tilby alle barn plass i barnehage. Barnehagane må, som grunnskolen, drivast med ei klar kristen verdiforankring og vere eit frivillig tilbod til hjelp for heimane i oppdragargjerninga deira.
Kristeleg Folkeparti går inn for:
·
Skole:
Kristeleg Folkeparti vil stå vakt om det kristne verdigrunnlaget som grunnskolen har. All undervisning må ta omsyn til skolen sin formålsparagraf. Kristendomsundervisninga har ein sentral plass i skolen, og timetalet for dette faget må haldast på eit nivå som svarer til den sentrale stilling faget har.
Kristeleg Folkeparti vil gå inn for:
HELSE - OG SOSIALPOLITIKKEN.
Eldreomsorg:
Hægebostad har i dag ein stor prosent av eldre som er over 70 år. Vi må difor i komande budsjett prioritere eldreomsorga høgt. Siktemålet for alle tiltak må vere heimeomsorg, at dei eldre kan bu trygt og godt i heimane sine så lenge som mogleg. Likevel kjem vi ikkje utanom institusjonar. Dei må bli trivelege og funksjonelle.
Kristeleg Folkeparti vil gå inn for:
Helsetenesta:
Førebyggjande helsearbeid må prioriterast. Kommunen må oppretthalde god dekning av helsepersonale.
Kristeleg Folkeparti vil gå inn for å vera støttespiller for Eiken Opptreningssenter, og samarbeide om fellestenester .
AMBULANSETENESTE.
Kristeleg Folkeparti vil gå inn for:
Edruskapsarbeidet:
Opplysningsarbeidet om alkohol og andre narkotiske stoff sine skadeverknader må få større plass i undervisninga og i alt ungdomsarbeid. Ut frå rusmidlane sine skadeverknader, som er merkbare også i vår kommune, vil Kristeleg Folkeparti, som tidlegare, røysta imot alle bevillingssøknader. Alkohol må ikkje serverast ved kommunale tilstellingar. Det må førast effektiv kontroll med at gjeldande lover og forskrifter blir haldne.
Kristeleg Folkeparti vil prioritere alt ungdomsarbeid som fremjar ein rusfri livsstil.
Barne-og ungdomsvern:
Kristeleg Folkeparti vil gå inn for å styrke det førebyggjande barne-og ungdomsarbeid i kommunen. Kommunen må stimulere til eit allsidig fritidstilbod.
Familie:
Kristeleg Folkeparti vil støtte kursverksemd og anna konstruktivt arbeid som tar sikte på å styrke ekteskapet og førebygge samlivsbrot.
KYRKJE OG KULTUR.
Kulturlivet må pregast av respekt for den kristne arven, og dei historiske og nasjonale tradisjonane våre. Kulturadministrasjonen må vere ein aktiv medspelar for å ta vare på kommunen sin kulturelle eigenart og vidareutvikle den.
Den store mengde av lag og organisasjonar i kommunen gjer ein framifrå stor innsats.
Kristeleg Folkeparti vil gå inn for:
NÆRING OG SYSSELSETTING.
Ei høgt prioritert oppgåve må vere å få etablert nye arbeidsplassar, samstundes som eksisterande arbeidsplassar må sikrast. Vilkåra for turisme bør leggjast til rette. Det må også vere ei prioritert oppgåve å leggje til rette for mest mogleg variert næringsliv. Lokalt tenestetilbod av varer og kompetanse bør nyttast i størst mogleg grad. Kommunen må til einkvan tid ha tilgjengelige og attraktive næringstomter.
Bustad og bumiljø.
Å ha ein tilfredsstillande bustad er av stor verdi for alle. Trivsel, tryggleik og fellesskap i heimen og nabolaget er viktig. For å få ein harmonisk busetnad i kommunen, vil KrF. framleis gå inn for at det blir gitt høve til spreidd bustadbygging. Attraktive bustadfelt i alle delar av kommunen må vere byggeklare til ei kvar tid.
Kristeleg Folkeparti vil gå inn for å treffe tiltak som kan hjelpa ungdom i etableringsfasen til å skaffe seg ein bustad, til dømes med å gi tilskot og rimelege tomter.
LANDBRUK:
Bygdekulturen er sterkt knytt til landbruket som næring, og kan berre leva vidare i den utstrekning landbruket si framtid blir sikra. Skogbruk og foredling av trevirke er viktige delar av næringslivet i kommunen. KrF. vil vurdere å innføre kommunalt tilskott til skogkultur.
For å verne bufeet, går Kristeleg Folkeparti framleis inn for å begrensa rovdyrbestanden.
REKREASJON OG FRILUFTSLIV:
Kommunen vår gir, på grunn av den fine naturen, rike høve for friluftsliv og rekreasjon. For å sikre alle sin rett til slike område, vil KrF. gå inn for å opparbeide område som kommunen eig.
Kommunen må vere på vakt mot alt som kan forureine landskap og vassdrag.
All arealplanlegging må skje etter plan- og bygningslova og i nært samarbeid med grunneigarane.
Kristeleg Folkeparti vil:
·
SAMFERDSEL / TRAFIKKSIKRING.
Kristeleg Folkeparti vil:
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7412. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.