Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2003

Program for fylkestingsperioden 2003-2007

Kristelig Folkeparti · 2 026 ord

Telemark Kristeleg Folkeparti

Program for fylkestingsperioden 2003-2007

Hovudsatsingsområde for Kristeleg Folkeparti

Familie og omsorg

I alle livet sine fasar har vi menneske behov for omsorg, tilhøyring og tryggleik. Vi treng gode fellesskap og nære relasjonar. Familiemønsteret har endra seg radikalt dei siste 20 åra; frå kjernefamilien med mor, far og to barn til aleineforsørgjarfamiliar, sambuarskap og eit stigande tal på menneske som bur aleine. Mange barn høyrer til i fleire familiar samstundes.

Kristeleg Folkeparti arbeider for ein heilskapleg familiepolitikk der heimen blir sett i fokus, ein trygg heim som blir prega av respekt, likeverd, tillit og omsorg. Ved samlivsbrot er det viktig å skape trygge rammer rundt barna.

Møteplassar med moglegheiter for nettverksbygging mellom generasjonar og med våre nye landsmenn er viktige. Det må bli lagt meir vekt på ei anna verdiskaping enn materiell vekst, slik at menneske kan utvikle stabile relasjonar og sosiale nettverk. Det offentlege må medverke til styrking av heim og familie framfor å overta stadig meir av familien sine oppgåver.

Grunnsyn - ansvar - mål

Kristeleg Folkeparti byggjer politikken sin på dei kristne grunnverdiane slik vi finn dei i Bibelen, i dei ti boda og i den evangeliske bodskapen.

Desse verdiane byggjer på det ukrenkjelege menneskeverdet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret. Utfordringa og oppgåva vår er å forme ut eit politisk engasjement i samsvar med dette, slik at medmenneskeleg omsorg skal gjennomsyre den praktiske politikken vår.

Det kristne verdigrunnlaget har vore den viktigaste drivkrafta i utviklinga av demokratiet vårt. Framleis er det ei viktig oppgåve å styrkje og byggje ut demokratiet og dei organa demokratiet støttar seg på.

Dei nedfelte menneskerettane må gjelde alle innbyggjarane i fylket.

Generelt

Kristelig Folkeparti og kristendemokratiet representerer ein tredje veg i politikken. Sentralt i KrFs politikk står menneskeverdet. Kvart einskild menneske har ein uendeleg høg verdi. Dette er det viktigaste grunnlaget for det politiske engasjementet vårt både nasjonalt og internasjonalt.

Kristendommen er i seg sjølv ikkje ein politisk ideologi. Utfordringa og oppgåva vår er å utforme eit politisk engasjement i samsvar med dette, slik at medmenneskeleg omsorg skal gjennomsyre den praktiske politikken vår. KrF vil medverke til større medvit om verdiar i politikken og til samarbeid om verdival.

Framtid og oppgåver for fylkeskommunen

Framtid

Valperioden vil vere ein evalueringsperiode for fylkeskommunen. KrF vil vere open for kva som kan skje i den politiske debatten om framtida til fylkeskommunen. I denne opne haldninga vil KrF likevel ha som utgangspunkt at det bør vere direkte val på politikarar på eit nivå mellom lokalkommunen og Stortinget.

Dette regionnivået må få oppgåver som er tenlege og effektive for eit demokrati. Oppgåvene må vere slik at dei inspirerer til eit engasjerande folkestyre. Dersom det ikkje skjer, vil det vere betre å sløyfe eit slikt direkte valt regionsnivå.

Oppgåver

Fylkeskommunen sitt ansvar som regional utviklingsaktør vil innebere oppgåver innanfor samferdsel, utdanning og næringsutvikling, slik det i byrjinga av valperioden blir lagt opp til. I tillegg meiner KrF det bør skje ei vurdering om oppgåver innanfor utdanning også skal omfatte høgskuleutdanning.

Dessutan er det nærliggjande å la miljø, landbruk og internasjonale regionale kontaktar bli ein del av fylkeskommunen sine oppgåver.

Ein viktig føresetnad for regionalt arbeid vil vere at regionen får nødvendig styringsmakt.

For komande fylkestingsperiode har Telemark fylkeskommune følgjande satsingsområde:

Infrastruktur - miljøvenlege areal - og transportutvikling

Telemark står overfor store utfordringar når det gjeld vegutbygging. Når vi ser bort i frå E18, ligg vegstandarden i Telemark på eit lågt nivå i landssamanheng. Vegutbygging er kostbart, difor er det viktig å prioritere riktig. Vegnettet må bli rusta opp for å styrkje busetting, næringsgrunnlag og verdiskaping i heile fylket og gjere Telemark til ein konkurransekraftig region.

KrF meiner kollektivsatsing bør vere hovudverkemiddelet for å ta unna auka trafikk i sentrale strøk. Kalkylar og berekningar som blir lagt til grunn for planlegging og utbygging, må ta utgangspunkt i ønska trafikkutvikling og ikkje utelukkande basere seg på einsidige vekstprognosar.

Det er eit mål at fleire skal velje kollektive transportformer. Difor er det nødvendig med eit betre kollektivtilbod med tanke på regularitet, reisetid, komfort og pris. Kollektivtilbodet er viktig for å redusere biltrafikken i byområde, men det må også vere eit kollektivtilbod som dekkjer behovet i distrikta. KrF meiner det er nødvendig å snu utviklinga for kollektivsatsar. Lågare kollektivsatsar må bli prioritert framfor reduserte kostnader for bilbruk. Kollektivtilbodet må bli tilrettelagt for funksjonshemma.

Jernbanen er det mest miljøvenlege transportmiddelet vi har. KrF vil satse på ein betre infrastruktur for jernbanen. Målsettinga må vere auka kapasitet og redusert reisetid som gjer toget meir attraktivt samanlikna med andre transportformer. Alle dei tre jernbanestrekningane gjennom og i Telemark i dag må bli sikra middel til opprusting og vedlikehald. Jernbanetilbodet mellom Oslo og Grenland er for dårleg. Spesielt har traséen mellom Larvik og Porsgrunn ein uakseptabelt dårleg standard. KrF vil at bygginga av ny jernbanetrasé skal bli realisert så fort som mogleg. KrF vil også gå inn for ei snarleg samankopling av Vestfoldbanen og Sørlandsbanen gjennom Telemark.

Telemark Kristeleg Folkeparti går inn for:

·

Kompetanse/skule og utdanning

Situasjonen for dei vidaregåande skulane i Telemark er for tida prega av dei store utfordringane ved at elevtalet i Grenland vil auke til dels dramatisk dei neste åra. Planar er no lagt for ei omfattande utbygging for å få plass til dei nye klassene som vil trykkje på fram mot 2007. Det er blant anna planlagt ny skule ved Moflata, og ei omfattande utbygging ved Porsgrunn vidaregåande skule på Kjølnes.

Telemark KrF ønskjer å jobbe for at bidraga frå staten skal gjere det mogleg å realisere prosjektet. Alternativet kan bli å måtte gjennomføre naudløysingar og mindre utbyggingar av skuleanlegga. Det vil ikkje vere ein god situasjon.

Dei største utfordringane dei næraste åra blir å setje fokus på innhaldet i skulen, og skulen som verdiformidlar, samt å øve press på dei statlege styresmakter slik at lovnadene om meir pengar til skulebygg kan kome Telemark til gode.

KrF ønskjer at Telemark skal framstå som eit kunnskapsfylke. Kompetansen må ein auke for å takle omstilling, styrke verdiskaping og velferd. Kompetansetilbodet må ein tilpasse den einskilde sine moglegheiter, samt arbeidslivet sine behov på kort og lang sikt. Det er viktig å få ei best mogleg tilpassa opplæring som gjer at flest mogleg gjennomfører vidaregåande opplæring eller annan tilsvarande utdanning. Dessverre er det altfor mange som sluttar i den vidaregåande skulen før fullført utdanning.

KrF vil styrkje realfaga og utvikle opplæringstilbodet i samsvar med den vedtekne langtidsplanen.

Norske elevar har svært gode kunnskapar i framandspråk (engelsk). Telemark KrF ønskjer å styrkje undervisninga i framandspråk, da dette blir viktigare og viktigare for at vi skal ha et konkurransedyktig næringsliv.

KrF ønskjer å styrkje bruken av IKT i den vidaregåande opplæringa. Dette er nødvendig for at vi skal ha ein skule som utdannar elevar der alle har ein grunnleggjande kompetanse innanfor data og multimedia. Difor vil Telemark KrF arbeide for at skulane får tilgang på moderne utstyr for å møte krava som blir sett i arbeidslivet.

KrF vil vidare styrkje opplæringa innan etablering og entreprenørskap på alle nivå i samfunns- og næringsliv. Kompetansen i arbeidslivet ønskjer vi å styrkje gjennom vaksenopplæring på eigen arbeidsplass, samstundes som vi ønskjer å auke tilgangen til og etterspurnaden etter dette tilbodet. Vaksenopplæringa må ein gjere meir tilgjengeleg og mest mogleg uavhengig av geografi og personleg økonomi. Vi ønskjer og å fremje det pedagogiske utviklingsarbeidet ved m.a. å skape mangfald i læremetodar og læringsarenaer. Arbeidstakarar med lav formell utdanning, samt framandspråklege, bør bli motiverte til å ta etter- og vidareutdanning.

KrF meiner det er både riktig og viktig å samarbeide med andre fylkeskommunar på Austlandet for å løyse dei regionale utfordringane vi vil stå overfor i åra framover.

Telemark Kristeleg Folkeparti vil gå inn for:

·

Næringsutvikling/utvikling av den gode bustad

Telemark har ei industrihistorie som er eineståande i Noreg. Det er eit nasjonalt ansvar å utvikle ressursane våre på ein berekraftig og effektiv måte. Med ilandføring av både våt- og tørrgass til Grenland gir det grunnlag for vidare investeringar for regionen si verksemd innan petrokjemi- og prosessindustri. Det er ikkje aktuelt å bruke gass til produksjon av elektrisk kraft i Telemark dersom dette fører til auka CO2 utslepp.

Telemark har eit variert næringsliv og bumiljø. Fylket har opplevd ein stagnasjon i veksten i næringslivet samanlikna med Oslo/Akershus.

I følgje situasjonsbeskrivinga i fylkesplanen for Telemark har Oslo-/Akershus hatt dobbelt så stor vekst som Telemark frå 1998.

Ein stagnasjon i næringslivet får følgjer for inntening og nyskaping. Dette får igjen konsekvensar for tilflytting til fylket. Mange kommunar har nedgang i folketalet. Ei fråflytting kan lett føre til utryggleik og er ein trussel for den gode bustad.

Ei målsetting for fylket er å bli med på den veksten som har skjedd i dei mest sentrale område. Denne målsettinga bør vere i samsvar med nasjonale målsettingar. Det er ikkje heldig å få eit for stort press på sentrale område.

Eit variert næringsliv vil framleis vere ei målsetting, med god plass for både industri, forretningsmessig tenesteyting, reiseliv og primærnæringar.

Telemark har kvalitetar i bumiljøet over heile fylket som det er viktig å ta vare på. Gode møtestader i nærmiljøet er viktig for å utvikle de gode bustaden.

Telemark Kristeleg Folkeparti vil gå inn for:

Kultur og identitet

For Kristeleg Folkeparti er det viktig å satse på et rikt og mangfaldig kulturliv, der gode rammevilkår kan vere med på å skape engasjement og skaparglede både blant barn/unge og den vaksne befolkninga i fylket vårt.

Det er ei kjensgjerning at mennesket treng meir enn det som ein kan putte i magen og i lommeboka. Identitet og livskvalitet handlar om langt meir enn materiell velstand. Å satse på kultur er å satse på det gode i mennesket. Dette inneberer at kulturlivet også er ein viktig arena for ein god dialog og samhandling mellom menneske med ulik kulturbakgrunn. Ei medviten satsing på eit mangfaldig kulturliv kan gi ein god samfunnsøkonomisk gevinst, i den forstand at det blir eit viktig trekkplaster både med tanke på auka tilflytting til fylket og auka turisme. Den mangfaldige telemarkskulturen er noko vi har stor grunn til å vere stolte av, og som det er viktig å ta vare på.

Difor vil Telemark Kristeleg Folkeparti stimulere til:

Oppgåver overfor sentrale styresmakter:

Telemark Kristeleg Folkeparti meiner generelt at dei sentrale styresmaktene i altfor stor grad neglisjerer dei store utfordringane som ligg i fylket på fleire område. Dette gjeld ikkje minst skulesektoren og vegsektoren. KrF er ikkje nøgd med ein situasjon der det er ei konstant underfinansiering og underdekning i rammeoverføringane frå staten si side.

Denne praksisen gjer det vanskeleg for fylkeskommunen å unngå lovbrot i høve til sine oppgåver på einskilde område. Det er ikkje akseptabelt at staten stadig pålegg fylkeskommunane fleire oppgåver medan midla skrumpar inn. Telemark Kristeleg Folkeparti vil som eit ansvarleg parti seie tydeleg ifrå om dette, slik at vi framleis kan gi innbyggjarane den oppfølging og dei tilbod som dei har krav på.

I tillegg ønskjer Telemark Kristeleg Folkeparti å leggje vekt på behovet for ei større satsing på kollektive trafikkløysingar. Her må statlege styresmakter vere villige til å setje inn skikkelege tiltak som både kan senke prisane og auke tilbodet. Dette vil vere god politikk overfor miljøet, og på sikt kan det også løne seg økonomisk.

Vi treng å setje enda meir fokus på naturvern og forvalting av ressursar. Særleg er fiskeressursane våre i havet sårbare. Fleire unike skogområde må ein verne, og vi må gjere ein enda større innsats for å verne om våre verdifulle villaksstammer. Dette har vi både eit nasjonalt og eit globalt ansvar for.

Telemark Kristeleg Folkeparti ser det som veldig viktig at vi får ei gassrøyrleidning til Grenland, som kan styrke industrien si framtid. Det er og viktig å få utvikla alternative energikjelder for framtida. Vi ser og at straumpolitikken treng ein ny gjennomgang for å få meir kontroll og stabilitet, og ein betre sosial profil på forbruk og prisar.

I eit vidare perspektiv ønskjer vi å arbeide for at Haukelibanen kan bli ein realitet.

Vi ønskjer og å arbeide vidare for kompetanseoppbygging på doktorgradsnivå på utvalde område.

Telemark Kristeleg Folkeparti ønskjer å gjere sitt for at den stadig aukande løns- og prisgaloppen blir dempa. Vi treng å mane til moderasjon, der ikkje minst bedriftsleiarar og andre samfunnstoppar må gå framføre med eit godt eksempel. Dette vil vere samfunnstenleg for heile landet.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7382. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.