Valgprogram · 2003
Fylkesprogram 2003 - 2007
Kristelig Folkeparti · 1 881 ord
Møre og Romsdal Kristeleg Folkeparti
Fylkesprogram 2003 - 2007
Kapittel 1: EI FAST VERDIFORANKRING
VERDIGRUNNLAGET
Kristeleg Folkeparti er i alt sitt politiske arbeid forplikta på det kristne menneskesynet, nestekjærleiksbodet og forvaltaransvaret. KrF byggjer politikken sin på det kristne verdigrunnlaget og dei tillitsvalde står på bekjenninga av den kristne tru.
Kristendommen er i seg sjølv ingen politisk ideologi, men inneheld grunnleggjande verdiar som vedkjem heile samfunnslivet. Dette inneber plikt til å forvalte skaparverket og til å tene våre medmenneske.
Som eit kristendemokratisk parti byggjer Kristeleg Folkeparti sin politikk på dei kristne grunnverdiane. KrF vil medverke til større medvit om verdiar i politikken, og til samarbeid om verdival.
Kapittel 2: OVERORDNA MÅL FOR KrF
Kristeleg Folkeparti vil arbeide for at alle innbyggjarane i Møre og Romsdal skal ha gode tenestetilbod innan vidaregåande opplæring, helse, samferdsel, næring og kultur.
Møre og Romsdal fylke er rikt på ressursar, menneskeleg, kulturelt og materielt. Desse må forvaltast til beste for alle. Eit nærare samarbeid mellom dei ulike kommunane og Møre og Romsdal fylkeskommune er viktig for å få eit godt tenestetilbod til innbyggjarane.
Kjerneoppgåver for fylkeskommunen
Kristeleg Folkeparti går inn for at å behalde eit folkevalt nivå mellom kommunalt og nasjonalt nivå. Fylkeskommunen skal legge regionalpolitiske føringar for gode bu- og arbeidsmarknadsregionar.
KrF vil vere ein pådrivar for regionalt forankra folkevalt styring over fordeling av statlege midlar på regionalt nivå, likeeins prioriteringar og skjønsvurderingar i større regionale saker.
Kristeleg Folkeparti ønskjer dermed òg at Møre og Romsdal skal bestå som eige fylke.
I staden for samanslåingar av fleire fylker til ein storregion, ønskjer heller Møre og Romsdal KrF eit samarbeid med andre fylker om store oppgåver - til dømes innan helse og samferdsel. Søknad om forsøk med einskapsfylke må sjåast i ein slik samanheng. Målet må vere at fylkesmannsembetet blir slått saman med fylkeskommunen.
Stortinget har avgjort at fylkeskommunen skal ha ein sterk fokus på rollen som regional utviklingsaktør. Den regionale politikken må søke etter heilskapsløysingar med vekt på mellom anna: - utdanning og kompetanse, - næringsutvikling og tilrettelegging, - infrastruktur og samferdsel, - kultursatsing, -folkehelse/førebyggjande arbeid mot rus og ulukker, - natur- og miljøomsyn.
Kapittel 3: SKULE OG UTDANNING
Den vidaregåande skulen er viktig for å sette ungdomen i Møre og Romsdal i stand til å møte utfordringane i arbeids- og samfunnslivet. Det bør vere samsvar mellom næringslivet sitt behov for arbeidskraft og utdanningstilboda ved dei vidaregåande skulane.
Kristeleg Folkeparti går inn for:
3.1 VAKSENOPPLÆRING
Næringslivet er i stadig raskare endring og krev auka og ny kompetanse frå sine arbeidstakarar. Den enkelte vaksne treng ei stadig oppgradering av kunnskap for å kunne stette krava i arbeidslivet.
Kristeleg Folkeparti går inn for:
3.2 FRISKULANE
I samsvar med synet vårt på foreldreretten, åndsfridom og toleranseprinsippet går Kristeleg Folkeparti inn for å sikre friskulane ei fri og uavhengig stilling. I eit demokratisk samfunn må retten til å engasjere seg ut frå livssyn og overtyding haldast høgt i hevd.
Kristeleg Folkeparti går inn for:
Kapittel 4: SAMFERDSEL
Gode samferdselstilbod er viktige for robuste bu- og arbeidsmarknadsregionar i Møre og Romsdal. Gode kommunikasjonar er viktige for busettinga og næringslivet i fylket vårt. I tråd med handlingsprogrammet for trafikktrygging må det vere ei offensiv satsing for å få ned talet på ulukker i trafikken. Særleg må det satsast på tiltak for å hindre ulukker med barn og unge i trafikken, bl.a. med utbygging av gang- og sykkelvegar, og aktive haldningskampanjer for ungdom.
Kristeleg Folkeparti går inn for:
Kapittel 5: NÆRINGS- OG ARBEIDSLIV
Små og mellomstore bedrifter har vore, og er ryggrada i næringslivet i mange kommuner i fylket. Sysselsettinga i konkurranseutsett industri er mykje høgare i Møre og Romsdal enn i resten av landet. Fylkeskommunen skal i si nye rolle vere ein pådrivar for næringspolitikk i regionen og stimulere til auka produktivitet og lønsemd for verksemder i fylket. Her er forsking og utviklingsarbeid eit viktig verkemiddel.
Små og mellomstore verksemder er ryggraden i norsk næringsliv, og bør få betre vilkår. KrF vil arbeide for gode rammevilkår for eksisterande verksemder og legge til rette for nyskaping og forsking. Strategisk næringsplan er òg eit viktig verkemiddel i denne samanhengen. Det må vere ei prioritert oppgåve å auke vidareforedlinga av produkt frå fylket.
For Kristeleg Folkeparti er det viktig:
Kristeleg Folkeparti er oppteken av å satse på auka vidareforedling av produkt frå fylket. Følgjande produkt bør få særskild fokus: -utnytting av olje og gass både på sjø og land, -bruk og vidareforedling av energiressursar, -turisme og reiseliv og matproduksjon.
Dei store olje- og gassfunna på den norske kontinentalsokkelen er ei stor og positiv utfordring for Møre og Romsdal. Store deler av aktiviteten på denne sektoren må kome i fylket - jamfør "Ormen til Møre" - for å gje auka aktivitet og sysselsetting.
5.1 LANDBRUK, SKOGBRUK OG KULTURLANDSKAP
Kristeleg Folkeparti vil gå inn for:
5.1.1. JORDBRUK
5.1.2 SKOGBRUK
5.1.3 KULTURLANDSKAP
5.2 FISKERINÆRING OG HAVBRUK
Møre og Romsdal er det største fiskerifylket i landet. Fiskerinæringa er avgjerande for økonomi og busetnad i kystkommunane våre. Denne næringa har òg stor verdi for nasjonal økonomi og matforsyning. Fiskerinæringa er viktig for sysselsettinga i kyststrøka våre.
Havbruksnæringa er særs viktig i Møre og Romsdal, og gir mange arbeidsplassar her i fylket. Dette gjeld både direkte og gjennom for eksempel forproduksjon og utstyrsleveranser.
Kristeleg Folkeparti går inn for:
5.3 OLJEVERKSEMD
Dei store olje- og gassforekomstane utanfor kysten vår utgjer ei stor utfordring, både på miljøsida og på teknologi-/utviklingssida. Dei er verdifulle naturressursar som i aukande grad må bli grunnlag for arbeidsplassar og verdiskaping i Møre og Romsdal. Nærleiken til kysten stiller særlege krav til oljeberedskap.
Kristeleg Folkeparti går inn for:
5.4 HANDEL
Handel har ein viktig funksjon som formidlar av ferdige produkt til forbrukaren. Nærbutikken har ein sentral plass i lokalsamfunnet. I ein desentraliseringspolitikk er det difor eit viktig moment å gjere slik forretningsdrift mogleg.
Kristeleg Folkeparti går inn for:
5.5 REISELIV
Møre og Romsdal er eit ettertrakta reisemål på landsbasis med internasjonalt kjende reisemål, som til dømes Geiranger og Trollstigen. I fleire kommunar er reiselivsnæringa av stor betydning for å oppretthalde både sysselsettinga, service- og handelsnæringa. Reiselivet må difor få best mogleg rammevilkår også her i fylket. Turistnæringa er ein stadig viktigare del av næringslivet i Møre og Romsdal. Fylket og kommunane må særleg støtte tiltak som utviklar jamn sysselsetting med heilårsarbeidsplassar.
Kristeleg Folkeparti går inn for:
Kapittel 6: KULTUR
Møre og Romsdal har eit rikt kulturliv, med store variasjonar rundt i fylket. Kultur gjer livet rikare og meir meiningsfylt. Kulturaktivitetar gir trivnad og skaper sosiale møteplassar. Den kan vere ein del av eit førebyggjande arbeid for å fremje helse og trivnad. Kultur er difor viktig for ei positiv utvikling og busetting i fylket vårt.
6.1 KRISTENDOM OG KULTUR
Kristeleg Folkeparti ønskjer eit kulturelt mangfald. KrF meiner at kulturlivet må ha den kristne arven som ein del av grunnlaget og som ein viktig inspirasjonskjelde. Menneskeverd, fridom under ansvar og vilje til å forvalte skaparverket til beste for alle skal prege kulturlivet. Den Norske Kyrkja, frikyrkjesamfunna og dei frivillige organisasjonane har ei grunnleggjande og positiv påverkingskraft på folkelivet gjennom forkynning, undervisning og kulturelle aktivitetar.
6.2 KULTUR OG HELSE
Kultur har ein viktig eigenverdi som gir auka livskvalitet. Denne auka livskvaliteten kan igjen bidra i førebyggjande arbeid mot kriminalitet og helseproblem. Det offentlege satsar på kultur, både som velferdstilbod, og fordi det er samfunnsøkonomisk lønsamt på førebyggjingssida.
6.3 TILTAK FOR BARN OG UNGE
Vi ønskjer at barna våre skal utvikle seg til aktive og ansvarlege menneske. Dette er viktig i ei tid med mange passiviserande kommersielle tilbod og stort mediepress. Dei fleste tilbod til barn og unge vert gitt av frivillige organisasjonar i nærmiljøet. Dette er positivt og bør halde fram.
Kristelig Folkeparti går inn for:
6.4 FRILUFTSLIV OG IDRETT
Menneska har behov for rekreasjon og fysisk trening, ikkje minst i vårt moderne samfunn. Ut frå dette vil vi sikre friluftsområde og idrettsanlegg som kan nyttast av alle.
Kristeleg Folkeparti går inn for:
6.5 KULTURVERN
Kristeleg Folkeparti vil ta vare på vår historiske arv og nasjonale og lokale tradisjonar. Møre og Romsdal har mange kulturminne som er verneverdige. Vi vil vere med å ta vare på desse, til beste for oss sjølve og komande generasjonar.
Kristeleg Folkeparti går inn for:
6.6 KUNST- OG KULTURFORMIDLING
Kunst- og kulturformidlinga bør vere prega av aktiv deltaking og eit godt samspel mellom profesjonelle og amatørar.
Kristeleg Folkeparti går inn for:
Kapittel 7: HELSE- OG SOSIALPOLITIKK
Kristeleg Folkeparti ønskjer å legge det kristne synet på menneske til grunn for sin helse- og sosialpolitikk. Eit menneskesyn som seier at kvart menneskeliv har uendeleg stor verdi, og at alle menneske er likeverdige. I samsvar med dette vil det vere eit grunnleggjande trekk ved Kristeleg Folkeparti sin helse- og sosialpolitikk å hjelpe alle svake grupper.
Dei frivillege organisasjonane er positive og verdfulle innslag i helse- og sosialsektoren og må difor få gode vilkår også i framtida.
Kristeleg Folkeparti går inn for:
7.1 TANNHELSE
Kristeleg Folkeparti vil arbeide for:
7.2 EDRUSKAPSPOLITIKK
Alkohol- og narkotikamisbruket er utan samanlikning vårt største sosiale problem. Alkohol og narkotika øydelegg mange heimar, tek mange liv og kostar samfunnet milliardar av kroner. KrF vil difor arbeide politisk for ein rusfri livsstil.
Kristeleg Folkeparti vil arbeide for:
7.3 BARNE- OG FAMILIEVERN
Kristeleg Folkeparti vil arbeide for:
7.4 KRISESENTRA
Kristeleg Folkeparti vil arbeide for:
7.5 AAN
Kristeleg Folkeparti vil arbeide for:
7.6 ARBEID MED NARKOTIKAMISBRUKARAR
Kristeleg Folkeparti vil arbeide for:
Kapittel 8: MILJØ- OG RESSURSFORVALTING
Møre og Romsdal er rik på rein luft og flott natur som vi alle dreg nytte av. I deler av fylket har kraftig vekst skapt auka konflikter mellom næringsinteresser, friluftsliv, miljøinteresser og verneinteresser. Det er difor ein fare for at kortsiktige økonomiske interesser kan kome til å gå på bekostning av langsiktige miljømessige behov. Miljøperspektivet må difor bli integrert i alle sektorar.
Kompetansen innanfor arealplanlegging i kommunane må styrkast.
Kristeleg Folkeparti går inn for:
8.1 ENERGI
Energitilgangen er viktig for å sikre arbeidsplassar og ei desentralisert busetting, og må difor vere under offentleg styring. Kristeleg Folkeparti vil arbeide for å dempe veksten i energiforbruket ved aktiv satsing på ENØK-tiltak. Samtidig vil ein aktivt støtte opp under forsking på nye og miljøvenlege energiformer.
Kristeleg Folkeparti går inn for:
Kapittel 9: SAMARBEID NASJONALT OG INTERNASJONALT
Fylkeskommunen må vere ein pådrivar for nasjonale og internasjonale nettverk. Fylkeskommunen må vidareutvikle venskapsfylke-ordningar som bl.a. Ribe Amt i Danmark og Librec i Tsjekkia.
Regionane må òg delta i arbeidet for fred og forståing m.v. i den nasjonale strategien - i nært samarbeid med bistand- og utanriksdepartementet.
Kapittel 10: FORBRUKARPOLITIKK
Kristeleg Folkeparti vil legge etiske mål på det private forbruket vårt. Målet må vere personleg tryggleik, gode levevilkår for alle, større solidaritet og likeverd mellom forbrukarar og styrking av familie og nærmiljø.
Kristeleg Folkeparti går inn for:
OPPSUMMERING
Kristeleg Folkeparti meiner at Fylkesplan må meir aktivt nyttast som styringsreiskap. Dette inneberer målsettingar for utvikling av kultur, samferdsel, næringsutvikling m.v. Gode prosessar rundt fylkesplanen vil kunne bidra til politiske løysingar i regionalt perspektiv, og for den einskilde kommune.
Fylkesplanen må vere eit førande dokument i forhold til statlege styresmakter. Her
er det viktig at fylkeskommunen legg til rette for politiske verkstader som fører fram
til gode løysingar for dei berørte lokalsamfunn og kommuner. Nettopp samarbeid og
samhandling med kommunane og regionråda kan gi fylkeskommunen fornya og
styrka legitimitet.
Møre og Romsdal sine interesser som eige fylke må ivaretakast i samarbeid med
andre fylker, med landsdekkande organisasjonar og gjennom kontakt med våre stortingspolitikarar.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7381. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.