Valgprogram · 2003
PROGRAM FOR FYLKESTINGSPERIODEN 2003 - 2007
Kristelig Folkeparti · 1 878 ord
Kristeleg Folkeparti
PROGRAM FOR FYLKESTINGSPERIODEN 2003 - 2007
EI FAST VERDIFORANKRING
VERDIGRUNNLAGET
Kristeleg Folkeparti byggjer politikken sin på det kristne verdigrunnlaget. Bibelen gjev klåre verdiar og normer som forpliktar og inspirerar oss som einskildmenneske og samfunnsborgarar.
Kristendommen er i seg sjølv ingen politisk ideologi, men inneheld grunnleggjande verdiar som vedkjem heile samfunnslivet. Dette inneber plikt til å forvalta skaparverket og til å tena våre medmenneske.
DET GODE SAMFUNN
Det gode samfunn vert skapt i eit nært samspel mellom det einskilde mennesket, offentlege styresmakter og privat verksemd i innsats for felles verdiar og med vilje til ansvar.
Kristeleg Folkeparti tek konsekvensane av at mennesket både har materielle og ikkje-materielle behov. Mangfald, vidsyn og kulturelle røter er viktig for oss. Familien og dei nære menneskelege fellesskapa er viktige for oppvekstmiljøet, og står sentralt i arbeidet med å byggja eit stabilt og trygt samfunn. Samstundes løftar me blikket og er opptekne av global rettferd.
Som eit kristendemokratisk parti byggjer Kristeleg Folkeparti sin politikk på dei kristne grunnverdiane. Desse kjem til uttrykk i Bibelen, gjennom det kristne menneskesynet, nestekjærleiksbodet, forvaltaransvaret og dei ti boda. Kristen etikk er grunnlaget for vår politikk.
Kristeleg Folkeparti møter det moderne samfunnet med forventning og tru på at det nyttar å påverka i ei positiv retning. Våre svar på utfordringane er i hovudsak basert på fem byggjesteinar:
I val av verkemiddel vil kristendemokratiet alltid søkja etter ein balanse mellom det offentlege sitt ansvar, ein ansvarleg marknad, og vektlegging av det personlege ansvaret. KrF vil til ei kvar tid vurdera den økonomiske gevinsten opp mot den kvalitet me ynskjer tenesta skal ha. Brukaren må stå sentralt i denne vurderinga.
OVERORDNA MÅL FOR KRF I HORDALAND FYLKESKOMMUNE
Hordaland Kristeleg Folkeparti vil arbeida for at alle innbyggjarane i Hordaland skal
ha gode tenestetilbod. Med tenestetilbod tenkjer me først og fremst på tenester innan vidaregåande opplæring, helse, samferdsle, næring og kultur.
Hordaland fylke er rikt på ressursar, menneskeleg, kulturelt og materielt. Desse må forvaltast til beste for alle. Det må førast ein politikk som tek tak i dei utfordringane me opplever i kvardagen, samstundes som dei politiske vedtaka er framtidsretta. Eit nærare samarbeid mellom dei ulike kommunane og Hordaland Fylkeskommune, er viktig for å få eit godt tenestetilbod til innbyggjarane.
Det er viktig med godt samarbeid med frivillige organisasjonar.
FOLKEVALD STYRING
KrF meiner at me treng eit folkevalt nivå mellom kommunalt og nasjonalt nivå. Nærleiksprinsippet(Subsidaritetsprinsippet ), er eit viktig ideologisk prinsipp i denne debatten. Avgjerder skal takast av folkevalde organ, og så nær den avgjera gjeld som mogeleg. Folket sjølv skal sikrast medverknad på eigen kvardag.. Alternativet til eit regionalt folkevalt nivå for slike oppgåver, vil vera sterkare sentral styring gjennom statlege organ, utan politiske vurderingar på det nivået der avgjerdene skal gjennomførast.
Fylkeskommunen skal og vera ein regional utviklingsaktør. og ein pådrivar både kommunar imellom, og i forhold til statlege styresmakter
KrF vil vera ein pådrivar for ein sterk Vestlandsregion, gjennom arbeidet i Vestlandsrådet.
SKULE OG UTDANNING
LÆRING FOR LIVET
SKULE OG UTDANNING
Samfunnet blir stadig meir avhengig av kunnskap og kompetanse. KrF i Hordaland vil arbeida for ein god skule som byggjer på det kristne menneske- og verdisynet, vår kulturarv og dei demokratiske tradisjonane. Fokus for all utdanning skal vera den enkelte elev.
Fylkeskommunen har først og fremst ansvar for dei vidaregåande skulane. Her har ein eit klart ansvar for å sikra eit godt læringsmiljø, god kontakt med næringslivet, og for ein skule som er innretta etter den enkelte elev. Samarbeid med universitet og høgskular må vidareutviklast
KRISTELEG FOLKEPARTI VIL ARBEIDA FOR:
VIDAREGÅANDE SKULE:
LÆRLINGAR:
FRISKULAR:
FRÅ SKULE TIL NÆRINGSLIV:
EIT FLEIRKULTURELT HORDALAND
HELSE- OG SOSIALE TENESTER
Helse- og sosialtenestene skal byggja på respekt for menneskeverdet og vern om livet frå livet startar til ein naturleg død. Nærleik, likeverd og rettferd er grunnverdiar i helsepolitikken, og skal sikra lik tilgang for alle til helsetenestene. Sjukehusa skal vera desentraliserte i Hordaland.
Frivillige organisasjonar må få styrkt sin rettmessige plass i omsorgsapparatet. Helseføretaka må ha forpliktande langsiktige samarbeidsavtalar med ideelle institusjonar, og sikra at desse får driva ut frå sin eigenart og sitt grunnsyn. Private helseinstitusjonar som har kvalitative gode tenester, må sikrast gode driftsvilkår på line med tilsvarande offentlege institusjonar. KrF føreset eit godt samarbeid mellom Fylkeskommunen og Helsevest.
Det er ein klår samanheng mellom livsstil og mange helseproblem. Det er difor naudsynt å satsa på eit breitt førebyggjande arbeid, frå auka fysisk aktivitet til målretta tiltak mot rusmiddelbruk og tobakk. Dette er god samfunnsøkonomi og vil gje eit betre liv for mange. Hordaland KrF vil arbeide for at heile sjukehusgjelda vert ettergjeve.
KRISTELEG FOLKEPARTI VIL ARBEIDA FOR
FØREBYGGJANDE HELSEARBEID
RESERVASJONSRETT
SOMATISKE TENESTER
PSYKIATRISKE TENESTER
REHABILITERING
AMBULANSETENESTA
TANNHELSE
RUSMIDDELPOLITIKK
BARNE- OG FAMILIEVERN
KRISESENTRA
AAN
KULTUR OG KRISTENLIV
Menneskeverd, fridom og ansvar er grunnleggjande verdiar som KrF vil byggja på for å fremja aktive, ansvarlege, skapande og kritisk tenkjande menneske. Kulturlivet må verta prega av den kristne arven og våre historiske og nasjonale tradisjonar.
Moderne teknologi, internasjonal påverknad og aukande kommersialisering gjer at det vert stadig viktigare å styrkja og vidareutvikla vår eigen kultur. Nye generasjonar vil elles stå i fare for å missa sine kulturelle røter. Fylkeskommunen må prioritera kulturtilbodet til born og unge.
Den norske kyrkja, frikyrkjesamfunn og dei frivillige organisasjonane utøver ein grunnleggjande og positiv innverknad på folkelivet gjennom forkynning og sjelesorg, undervisning, kulturelt og sosialt arbeid. Det frivillige arbeid må verte stimulert.
Kultursektoren gjev grunnlag for vekst i by og bygd og vert meir og meir viktig for samfunnsforminga. Som regional utviklingsaktør må fylkeskommunen i samarbeid med kommunane arbeida for ei god forming av samfunnet.
KRISTELEG FOLKEPARTI VIL ARBEIDA FOR
FRIVILLIGE ORGANISASJONAR
MEDIUM OG KULTUR
ARKIV, BIBLIOTEK OG MUSEUM (ABM)
KULTURARV
BILETKUNST, MUSIKK, TEATER OG OPERA
KULTURBY BERGEN
IDRETT OG FRILUFTSLIV
SAMFERDSEL
Geografi og busetnad i Hordaland utfordrar oss når det gjeld å vidareutvikla effektvie, trygge og miljømessig gode kommunikasjonsløysingar. God kommunikasjon er naudsynt for å skapa levedyktige distrikt.
Hordaland er eit av dei største eksportfylka, og det stiller krav til vegstandard og gode effektive samferdselsløysingar. Det er også store utfordringar innan trafikksikring, kollektivtrafikk, realisering av større og mindre vegprosjekt og å betra vedlikehaldet.
Fylkeskommunen har saman med Bergen eit felles ansvar for kollektivtilbodet i Bergen og omegnskommunane.
KRISTELEG FOLKEPARTI VIL ARBEIDA FOR:
KOLLEKTIVTRAFIKK:
VEG OG BRUPROSJEKT:
TRAFIKKTRYGGLEIK:
LUFTFART:
SJØTRANSPORT OG FERJER
JERNBANE :
NÆRINGS- OG ARBEIDSLIV
Fylkeskommunen skal vera ein pådrivar for næringspolitikk i regionen og stimulera til auka produktivitet og lønsemd for verksemder i fylket. Her er forsking og utviklingsarbeid eit viktig verkemiddel.
Små og mellomstore verksemder er ryggraden i norsk næringsliv, og bør få betre vilkår. KrF vil stø eksisterande verksemder og leggja til rette for nyskaping gjennom å forenkla skjemaveldet og få ei meir oversiktleg rettleiingsteneste. Strategisk næringsplan er også eit viktig i verkemiddel i denne samanhengen.
FOR KRF ER DET VIKTIG Å SIKRA GRUNNLAGET FOR:
KrF er oppteken av å satsa på auka vidareforedling av produkt frå fylket. Høg kvalitet skal vera eit kjenneteikn på produkt frå Hordaland. Med tanke på auka verdiskaping og sysselsetjing i åra som kjem, bør følgjande område få særskild merksemd: matproduksjon, bruk og vidareforedling av energiressursar, utnytting av olje og gass både på sjø og land, turisme og reiseliv.
Dei store olje- og gassfunna på den norske kontinentalsokkelen har ført til stor verdiskaping i Hordaland, sidan store deler av aktiviteten på denne sektoren er i fylket. Fylket sitt arbeids- og næringsliv må framleis få høve til å konkurrera om å få levera utstyr og tenester i petroleumsverksemda.
KRISTELEG FOLKEPARTI VIL ARBEIDA FOR:
LANDBRUK, SKOGBRUK, HAGEBRUK, KULTURLANDSKAP
Noreg er eit av dei landa i verda som har lågast areal dyrka jord pr. innbyggjar. Likevel må me leggja vekt på at dei små jordressursane i Hordaland vert brukte på ein miljøvennleg måte. Husdyrhald er ein berebjelke i jordbruket. Hagebruk og
fruktdyrking er viktige delar av næringslivet. Kulturlandskapet er opparbeidd gjennom mange generasjonar og står for store verdiar. Etter mange år med sterk satsing på skogplanting, har me no god tilvekst i fylket. KrF vil at målsettinga for landbrukspolitikken skal vere matvaretryggleik og ein miljøretta produksjon. Dette skal baserast på lokale ressursar og det å ta vare på viktige verdiar i vår kulturarv.
KRISTELEG FOLKEPARTI VIL GÅ INN FOR:
JORDBRUK
SKOGBRUK
KULTURLANDSKAP
OPPLÆRING INNAN NÆRINGA
FISKE, FANGST, HAVBRUK OG SJØFART
Kristeleg Folkeparti i Hordaland ynskjer å ta vare på den spreidde busetnaden i fylket.
For kystkommunane vil det m.a. seia at fiskeri og oppdrettsnæring må få gode og varige rammevilkår. KrF ynskjer at desse næringane skal kunna tilpassa seg eit samfunn i utvikling.
KRISTELEG FOLKEPARTI VIL ARBEIDA FOR:
RAMMEVILKÅR
OPPLÆRING OG FORSKING
OMSETNING
HAVBRUK
INDUSTRI OG HANDVERK
Kristeleg Folkeparti er ein aktiv støttespelar innan industriutvikling, og det må formast ut klåre målsetjingar for industripolitikken i fylket og i kommunane.
Kristeleg Folkeparti strekar under at ulike samferdsleprosjekt kan vera viktige
infrastrukturtiltak for næringsutvikling og sysselsetjing i distrikta.
KRISTELEG FOLKEPARTI VIL GÅ INN FOR:
OLJE OG GASS INDUSTRIEN
Det er viktig at det vert jamn tilgang på nye leiteareal og at interessante olje- og gassfelt er tilgjengelige for selskapa samstundes som miljø og fiskeriinteressa vert ivaretekne. Utbygginga av olje og gassressursar må styrkjast slik at tilgangen på oppdrag vert så jamn som råd og tilpassa viktige miljøomsyn.
KRISTELEG FOLKEPARTI VIL ARBEIDA FOR:
BERGEN
DISTRIKTA
REISELIV
KRISTELEG FOLKEPARTI VIL ARBEIDA FOR:
REISELIV
Turistnæringa er framleis ein viktig del av næringslivet i Hordaland.
Hordaland Fylkeskommune og kommunane kan utvikla vidare reiseliv og turisme. Det er naudsynt at me satsar på dette feltet for å skapa arbeidsplassar og gi inntening. Men samstundes er det viktig å ha auga for ei utvikling som gjer at naturen vår og særpreget vårt i Hordaland - slik turistane ynskjer å sjå og oppleva det - ikkje får så hard bruk at det tek skade.
KRISTELEG FOLKEPARTI VIL ARBEIDA FOR:
MILJØ OG RESSURSFORVALTNING
Miljø vil og må alltid vega tungt for dei vedtaka KrF skal fatta. Ein ansvarlig ressursbruk og respekt for samspelet i naturen må være utgangspunktet for all økonomisk aktivitet. Det er viktig å arbeida for eit føre var prinsipp når viktige vedtak skal fattast.
KrF vil halda fram kampen for vern av dyrka jord. Omsynet til komande generasjonar, underskot på ressursar og tålegrensa til naturen må vera overordna i den økonomiske politikken.
Fylkeskommunen må sjå på forvaltninga av sine energiressursar som ein del av arbeidet for å fremja eit betre miljø i Hordaland. Økonomisering med den energien vi har, er eit av dei viktigaste prinsippa i ei bærekraftig utvikling. I den grad fylkeskommunen kan påverka utviklinga av, og forskinga på alternative energikjelder, bør dette være eit prioritert mål.
KRISTELEG FOLKEPARTI ARBEIDA FOR:
PRAKTISK MILJØPOLITIKK
PLANARBEID
OLJEVERN
UTBYGGING
BERGEN - SOM TYNGDEPUNKT
Bergen har alltid vore det sentrale tyngdepunktet i Hordaland og på Vestlandet når det gjeld t.d. handel, næring, skipsfart, universitet, høgskular og kulturinstitusjonar. Skal byen kunna fylla plassen sin som fylkessenter og landsdelssenter, må tilhøva leggjast til rette for ei god utvikling. Ein triveleg og livsfrisk by er vesentleg for framveksten av nye næringar og arbeidsplassar. I denne samanhengen er god samferdsle til / frå distrikta og betre utnytting av Bergen Lufthamn av avgjerande verdi. Bergen Hamn er største cruisehamna i Nord-Europa.
Det er viktig å finna ein god balanse mellom satsinga på regionane på den eine sida, og omsynet til byen på den andre sida. For hard konkurranse mellom byen og regionane kan lett verta til skade for heile fylket.
KRISTELEG FOLKEPARTI VIL ARBEIDA FOR:
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7380. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.