Valgprogram · 2003
Fylkestingsprogram Sogn og Fjordane Høyre 2003-2007
Høyre · 4 626 ord
2003-2007
Høyre
Fylkestingsprogram Sogn og Fjordane Høyre 2003-2007
Generell del
A. GRUNNSYN OG VERDINORMER
Høgre vil føre ein verdikonservativ politikk, tufta på det kristne og humanistiske kulturgrunnlaget, rettsstaten og folkestyret.
Høgre vil fremje personleg fridom og sosialt ansvar, medråderett, eigedomsrett og eit forpliktande nasjonalt og internasjonalt samarbeid. (Høgre sin formålsparagraf)
B. MENNESKESYN
Alle menneske har same verdi, og dei same fundamentale rettane. Mellom desse er retten til:
· liv og fridom
· ansvar for eige liv
· å gjere eigne val
· å råde over eigen eigendom
C. STORSAMFUNNET SINE OPPGÅVER
Høgre byggjer sin politikk på tillit til det einskilde menneske.
Samfunnet skal:
· legge til rette slik at folk får høve til å vere sjølvhjelpne
· ta seg av fellesoppgåver den enkelte ikkje maktar
· syter for nødvendig hjelpeapparat til dei som ikkje klarer seg sjølve.
D. DET VERDIKONSERVATIVE SYNET
Høgre vil verne om dei verdiar som på ein god måte har forma kultur og samfunnstilhøve gjennom tidene.
Høgre meiner at kvar generasjon skal føre vidare ein åndeleg og kulturell arv frå tidlegare generasjonar til sine etterkomarar. Ein arv med basis i erfaring, kunnskap og etiske normer i pakt med kristen/humanistisk tradisjon.
E. ARBEIDSMÅTAR OG PRINSIPIELLE HALDNINGAR
Høgre meiner at den som kan gjere jobben best, skal utføre den, slik at vi får meir igjen for pengane i det offentlege tenestetilbodet. Av den grunn ser Høgre på konkurranseutsetting og tilbodsinnbyding som viktige arbeidsmetodar. Det er tilbodet til kvar enkelt som er det viktigaste, ikkje kven som utfører tenesta.
Både omsorgsfunksjonar, opplæring og andre tradisjonelt offentlege oppgåver skal kunne overlatast andre aktørar dersom desse er best når det gjeld kostnad og kvalitet.
Høgre ønskjer å gi den enkelte innbyggjar større valfridom, makt og ansvar. Avstanden mellom folket og styremaktene må gjerast mindre. Høgre går inn for å legge ned fylkeskommunen, og la stat og kommunar overta fylkeskommunen sine noverande oppgåver.
F. EIT ENKLARE SAMFUNN
Arbeide med å fjerne unødig byråkrati, detaljstyring og tungvinte rapporteringsrutinar skal intensiverast. Dette skal foregå parallelt i fylkeskommunen, stat og kommune.
· Setje innbyggjarane/brukarane i fokus
· Ha meir service for skattekronene
· Forenkle skjema, ha færre reguleringar og mindre detaljstyring
· At fylkeskommunen skal vere ein regional utviklingsaktør i samspel med næringsliv og andre offentlege verksemder.
VISJON:
Sogn og Fjordane skal vere eit attraktivt fylke å bu i, kjenneteikna av trivsel, gode tenestetilbod og eit vekstkraftig næringsliv.
NÅR VI FÅR DET SOM VI ØNSKJER:
· skal fylkeskommunale tenester og tilbod konkurranseutsettast, der dette er formålstenleg.
· skal kommunar som ønskjer det, få overta ansvaret for vidaregåande skular.
· skal aksjar i fylkeskommunale selskap kunne seljast, for å gjere investeringar i samferdsletiltak, opplæring og regional kompetanseoppbygging.
· skal verneinteresser tilpassast krav frå næringar og brukarmiljø med stor innsikt og kompetanse i skjøtsel av kulturlandskap og kystområde. Høgre meiner dette er avgjerande for å oppretthalde busetnad og næringsverksemd i fylket.
· blir det større valfridom for brukarar av skule-, omsorgs- og helsetenester.
· skal ansvaret for vegsektoren vere todelt. Staten har ansvaret for stam-, riks- og fylkesvegar, og kommunane resten.
· får vi ein betre og meir brukarretta offentleg sektor - som fører til at vi får meir igjen for pengane.
HØGRE OG FYLKESKOMMUNEN
Høgre har som mål å innføre to forvaltningsnivå i Norge: Stat og kommune. Så lenge fylkeskommunen består, skal Høgre ta sin sjølvsagde del av ansvaret for dei oppgåver den får tildelt.
Regjeringa har pålagt fylkeskommunen rolla som regional utviklingsaktør. Det er derfor viktig at folkevalde organ har overordna ansvar for den verkemiddelbruken som til no har vore spreidd på både statlege og fylkeskommunale instansar.
Vestlandssamarbeidet
Som den største eksportrelaterte regionen i Norge, er det viktig at Vestlandet får behalde meir av dei verdiane som finst her, og som blir skapte her. Difor er det viktig å få til eit godt samarbeid mellom dei fire vestlandsfylka til beste for dei som bur her.
Høgre vil difor arbeide for:
· at ein større del av verdiskapinga skal kome Vestlandet til gode.
· byggje ein infrastruktur som gjev lettare tilgang til internasjonale marknader og som knyter Vestlandet nærare saman. Særleg gjeld dette raskare utbygging av E 39.
· samordne og utnytte ressursane til beste for dei som bur i desse fylka.
· å få tilført meir av dei offentlege midlane for å betre infrastruktur som vegar, hamner med meir.
· styrking av næringar knytt til natur og maritim sektor og at dei maritime næringane får rammevilkår som våre europeiske konkurrentar.
FAGPOLITISK DEL
KULTUR
HEIM, KYRKJE OG FAMILIE
For Høgre er kulturarven nært knytt til dei kristne/humanistiske grunnverdiane. Heim, familie, kyrkje, skule og frivillige organisasjonar er viktige pilarar for den fellesskap og samkjensle som lokalmiljøa representerer. Gode lokalsamfunn og nærmiljø, der kvar og ein tek sin del av ansvaret for kvarandre, er avgjerande for eit godt oppvekstmiljø.
Kultur er viktig for identitet og sjølvkjensle. Høgre sin kulturpolitikk er retta mot fire hovudmålgrupper: born og unge, frivillige kulturorganisasjonar, kulturvern og kulturformidling.
Høgre ser på barne- og ungdomsorganisasjonane som viktige samarbeidspartnarar i arbeidet med å skape gode oppvekstmiljø, og å fremje lokal kultur.
Høgre meiner at dei eldre - med sine kunnskapar, tradisjonar og forståing for fortida - må takast med i samfunnsbygging og kulturliv i større grad enn i dag.
KULTURINSTITUSJONANE
Høgre meiner Sogn og Fjordane Teater fyller ein viktig funksjon i kulturlivet i fylket.
Høgre ser det også som viktig at vår gamle kulturhistorie blir teken vare på og vist fram. Fylket sine museum må sikrast tilstrekkelege økonomiske rammer for å ivareta oppgåvene sine.
Høgre vil:
· stimulere til auka samarbeid mellom offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private institusjonar.
· gje idretten gode vilkår, og medverke til utvikling av anlegg, då dette er viktig for fysisk fostring, betre helse, og. som miljøskapande faktor.
· gje det frivillige musikklivet gode vilkår og såleis ta vare på musikktradisjonane og den levande bygdekulturen.
SKULE OG OPPLÆRING
Høgre vil arbeide for at Sogn og Fjordane skal ha eit best mogeleg opplæringstilbod. Høgre ønskjer eit skuleverk der elevane tileignar seg gode fagkunnskapar. Dei yrkesfaglege tilboda skal vere tilpassa lokale/regionale behov i næringsliv og arbeidsmarknad.
Skulen skal vere ein stad der elevane utviklar gode sosiale evner og lyst til å ta utfordringar. Gode og trygge læringsmiljø, god kontakt mellom skule og næringsliv, kvalifiserte lærarar og oppdaterte læremiddel er avgjerande faktorar i denne samanhengen.
I tråd med regjeringa sin intensjon om at fylkeskommunen skal vere regional utviklingsaktør, vil Høgre stimulere til at entreprenørånda vert utvikla gjennom etablering av t.d. elevbedrifter som skaper arbeidsplassar i lokalmiljøa.
Høgre meiner all opplæring skal halde god internasjonal standard. Difor ønskjer Høgre å stimulere mangfaldet ved å gje den einskilde skule større handlefridom og utviklingsmoglegheiter, og elevane større høve til valfridom og medverknad. Høgre meiner at utvikling og nytenking i skulen må skje i eit samspel mellom næringsliv, styresmakter, skulefaglege instansar, foreldre og elevar. Målet med Høgre sin etter- og vidareutdanningspolitikk er å auke kompetansen i arbeidslivet slik at evna til nyskaping og omstilling blir styrkt.
Høgre vil ha regelmessige brukarundersøkingar og standardiserte prøver innan skuleverket. Høgre stør arbeidet med å opprette fleire lærlingplassar innan arbeidsliv, tenesteyting og offentleg sektor. Høgre meiner næringslivet og rådgjevartenesta ved skulane må samarbeide nært med å gje elevane kvalifiserte og oppdaterte råd om yrkesval som harmonerer med arbeidsmarknad og samfunnsinteresser.
FAGSKULAR
Høgre meiner fagskulane - med 2-3 års fagstudie etter vidaregåande skule - må få auka merksemd innanfor skuleverket, og gjevast prestisje i samsvar med den viktige delen av utdanningssystemet dei utgjer. Dei fyller eit vesentleg behov for utdanning og kompetanse som næringslivet etterspør. Høgre ønskjer at korte yrkesretta utdanningstilbod av god kvalitet skal gjevast offentleg godkjenning.
Høgre vil:
· at skulane tek i bruk oppdatert teknologi
· arbeide for eit godt desentralisert studietilbod på høgskulenivå.
· stø kravet om at lærebøker skal vere tilgjengeleg på begge målføre samtidig.
· styrke det spesialpedagogiske arbeidet og oppfølgingstenesta i den vidaregåande skulen.
· at fylkeskommunen styrker kvaliteten på undervisninga gjennom systematiske brukarundersøkingar.
· at allmennfaga på yrkesfaglege studieretningar må gjerast meir yrkesretta, slik at ikkje så mange elevar «dett ut».
· gje den einskilde skule auka ansvar for å nå kvalitetsmål gjennom eigne styreorgan og ei styrkt rektorrolle. Kvar skule skal ha auka ansvar for økonomi, tilsettingar og pedagogisk innhald. Skulen sine inntekter skal kome både frå rammeløyvingar og frå pengar som følgjer den enkelte elev. (Tilskot pr. elev.)
· stimulere til vidare forsøk med styringsformer og arbeidsavtalar i skuleverket - slik m.a. Luster vidaregåande skule, Hafslo har sett i gang.
· gje elevar høve til å velje skule både i og utanfor fylket. Ved opptak skal karakterar leggast til grunn. Innanfor eit slikt system skal pengane følgje eleven.
· ha ein systematisk offentleggjering av eksamensresultata ved dei vidaregåande skulane. Eksamenskandidatane sine namn skal ikkje offentleggjerast.
LIKESTILLING
For Høgre er likestilling at ein person vert vurdert etter sine kvalifikasjonar kunnskapar og haldningar, ikkje etter kjønn. Det er først i eit samfunn prega av likeverd at vi får reell likestilling. Alle menneske har same verdi og dei same fundamentale rettane. Høgre sin politikk legg difor opp til at begge kjønn skal handsamast likt på alle samanliknbare område.
I det daglege liv ser ein diverre at det ikkje alltid er slik det fungerer. Det er framleis få kvinner i toppstillingar i fylkeskommunen. Lønsskilnader mellom kvinner og menn for same typen arbeid, er diverre enno ikkje uvanleg. Helseforskinga er enno i altfor stor grad fokusert på menns symptomar og sjukdomar.
Formålet med ein konservativ likestillingspolitikk er eit menneskevenleg samfunn, der kvinner og menn blir respektert som likeverdige, og får høve til å utfolde seg i arbeids- og samfunnsliv. Målet er eit menneskevenleg samfunn som tar omsyn til både kvinner og menns ulike livsfasar, og som verdset dei individuelle val.
Høgre vil arbeide aktivt for:
· lik løn for samanliknbart arbeid
· få fleire kvinner i toppstillingar og styreverv
· å styrke forsking på kvinnehelse og kvinnesjukdomar.
· at konsekvensane av nye reformer og lover vert vurdert i eit likestillingsperspektiv.
· ein familiepolitikk som skapar tryggleik for born, og gjer det mogleg å prioritere familie både for mødre og fedre.
NÆRINGSPOLITIKK
Sogn og Fjordane har eit rikt og mangfaldig næringsliv. Fylket har med rette vorte kalla "storsamfunnet si amme» på grunn av den høge verdiskapinga i næringslivet. Men næringslivet er i dynamisk endring, og møter auka konkurranse utanfrå.
Mange av dei større bedriftene i fylket vart i si tid grunnlagde på lokale ressursar som elektrisk kraft, olje og gass, fiske og havbruk, landbruk, naturopplevingar og maritime miljø. Dei fordelane som nærleiken til desse ressursane utgjorde tidlegare, er ikkje lenger så avgjerande for lokalisering av verksemder.
Dette er utfordringar Høgre vil ta fatt i. Skal næringsliv og busetnad oppretthaldast, må det førast ein offensiv politikk som sikrar konkurransedyktige kommunikasjonar, infrastruktur og tilgang på kvalifisert arbeidskraft.
GENERELLE VILKÅR FOR NÆRINGSLIVET
Generelle rammevilkår er viktigare for næringslivet enn selektiv støtte til einskilde næringar. Rammevilkåra må utformast slik at dei tek utgangspunkt i den internasjonale konkurransesituasjonen, særleg den europeiske marknaden, og legg til rette for at vilkåra her i landet skal vere fullt ut konkurransedyktige med dei landa vi konkurrerer med. Dette gjeld kostnadsnivå, skatte- og avgiftsnivå, rentenivå, kronekurs, tilgang til kvalifisert arbeidskraft og effektivt fungerande infrastruktur og transporttilbod.
Høgre vil aktivt påverke våre sentrale styresmakter for at vi skal få same rammevilkår som dei land vi konkurrerer med.
Sogn og Fjordane Høgre meiner næringslivet i fylket er best tent med at Norge blir medlem av EU.
INDUSTRI
Sogn og Fjordane er eit stort industrifylke. Industrien er i særleg grad utsett for internasjonal konkurranse. På stader som Høyanger, Årdal og Svelgen, med einsidig næringsliv, er heile bygdesamfunn avhengig av einskilde industribedrifter. Men også i andre kommunar i fylket er det industriverksemdene som har den største sysselsettinga.
Høgre ser det som avgjerande viktig at bedriftene blir sikra nødvendig tilgang på elektrisk kraft, til prisar som gjer dei konkurransedyktige, og som gjev rom for vidareutvikling, forsking og nyetablering.
Høgre vil:
· stimulere næringstiltak som bygger på dei føremonar fylket har i sine naturressursar, veletablerte bedriftsmiljø og kulturtradisjonar.
· stimulere til vidare utvikling av eksisterande bedrifter med tiltak innan kompetanseutvikling, sal, marknadsføring, produkt- og teknologiutvikling.
· medverke til at staten fører ein aktiv distriktspolitikk, slik at Sogn og Fjordane får ein rimeleg del av offentlege arbeidsplassar.
· arbeide for at det offentlege vidareutviklar sitt servicetilbod til næringslivet, m.a. ved å organisere tilbod innan leiaropplæring og eksportkunnskap.
· arbeide for at norske industribedrifter som konkurrerer internasjonalt skal ha rammevilkår som er samanliknbare med sine viktigaste konkurrentar.
· arbeide for at finansieringstiltak som SND, SIVA og halvoffentlege investeringsfond vert stilt til disposisjon for utvikling av næringslivet i fylket.
· stimulere til kanalisering av risikokapital til distriktsretta næringsutvikling.
OLJE- OG GASS
Nesten 1/3 del av den totale olje- og gassproduksjonen i Norge foregår utanfor kysten av Sogn og Fjordane. For vårt fylke er det stort sett aktiviteten relatert til forsyningsbasen i Florø som viser at regionen er ein av dei største olje- og gassprodusentar.
Av all oljerelatert sysselsetting i Norge er ca. 1000 personar, eller 1,2% frå Sogn og Fjordane. Til samanlikning har nabofylka Hordaland 20%, Rogaland 50% og Møre og Romsdal 4% av sysselsettinga i oljeindustrien.
Fortrinnet som Sogn og Fjordane har gjennom sin geografiske nærleik til produksjonsfelta gjev moglegheiter for gode og effektive lysingar og moglegheiter for ilandføring av gass til fylket. Dette må det vere vilje til å utnytte både hos oljeselskapa og styresmaktene. Sogn og Fjordane Høgre er langt frå tilfreds med fylket sin del av verdiskaping og sysselsetjing, og vil bidra til at Sogn og Fjordane får sin rettmessige del relatert til dei verdiar som vert produsert utanfor vårt fylke.
Høgre vil:
· bygge ut infrastrukturen også i kystregionane med betre vegstandard, betre fly- og båttilbod slik at olje- og gassverksemda i Nordsjøen i størst mogeleg grad kan få dekka sitt behov for varer og tenester frå lokale leverandørar.
· ha eit aktivt engasjement frå fylkeskommunen med sikte på ilandføring av gass i Sogn og Fjordane. Stad for ilandføring kan vere avhengig av kvar gassen kjem frå. Høgre meiner Lutelandet i Fjaler og Bremangerlandet er dei mest aktuelle stadene. Gass vert i dag ført i land i alle dei andre fylka på Vestlandet, der det er etablert mange verksemder og gode arbeidsplassar kring desse ilandføringsstadene.
· støtte arbeidet med å utvikle CO2 - frie gasskraftverk basert på naturgass og anorthositt i Gudvangaområdet.
BERGVERKSDRIFT
I Sogn og Fjordane er det rike mineralforekomstar som kan gi grunnlag for omfattande drift i generasjonar framover. Høgre vil m.a. aktivt støtte planane om utvinning av anorthositt i Gudvangen-ormrådet. M.a. kan dette mineralet nyttast i ein industriprosess som gjer gasskraftverk CO2-fri.
Rutilforekomstane i Naustdal er eit anna døme på mineralressursar som etter Høgre si meining må utvinnast og kome folk og industrimiljø i fylket til nytte. Det same gjeld dei store førekomstane av Devonsk sandstein i Bremanger og Flora som det er stor etterspurnad etter i Europa.
HELSE- OG SOSIALPOLITIKK
Sjølv om staten og kommunane som no har ansvaret for helsetenesta, vil Sogn og Fjordane Høgre framleis vere pådrivar for å sikre fylket sine innbyggjarar ei helseteneste som held høg standard og kvalitet, og folk skal vere trygg på at dei får hjelp når dei treng det. Fylkeskommunen skal ha ei ombodsrolle i helsetenesta og sjå til at helsetilboda minst ligg på nivå med andre samanliknbare fylke, og i tillegg vere pådrivar i det førebyggjande helsearbeidet. Høgre ser det som viktig at den sjukehusstrukturen vi har i dag blir oppretthalden, og at Stortinget sitt vedtak om akuttmedisinsk beredskap blir oppfølgd, slik at alle deler av fylket kan kjenne tryggleik i høve til det helsetilbod som finst, og at kvaliteten på tilbodet er best mogeleg.
Det er også viktig å oppretthalde ei desentralisert fødeteneste i fylket.
Staten har bestemt at tannhelsetenesta framleis skal vere eit fylkeskommunalt ansvar. Høgre meiner det er viktig å oppgradere tannklinikkane med utskifting til moderne utstyr, m.a. digitalt røntgen på alle klinikkane.
Eit moderne og velfungerande behandlingsutstyr er viktig for å gi pasientane eit kvalitativt godt tilbod. Dette er viktig både i rekrutteringssamanheng, for å få tannlegar til fylket, og for at det skal verke motiverande for personalet som til ein kvar tid bør kunne følgje med i den teknologiske utviklinga. Høgre vil ta initiativ til å samarbeide med vertskommunane for distriktstannlegestillingar som oftast har vakansar, med tanke på å få nytilsette tannlegar motiverte til å bli verande i stillingane sine
Rusomsorga i Sogn og Fjordane er pr. i dag ikkje tilfredsstillande. Treng våre pasientar institusjonsplass, må ein søke heile landet etter ledig kapasitet. Behandlingsinstitusjonar krev at pasientar er avrusa, og det er på landsbasis knappleik på avrusingsplassar. Dette medfører at våre pasientar får urimeleg lang ventetid på avrusing og behandling, med det resultat at rusmisbruket får utvikle seg og bli meir omfattande.
Sogn og fjordane treng ein eigen institusjon der pasientar kan få avrusing og behandling.
Høgre vil arbeide for å styrkje etterbehandlinga og betre støtteapparat kring pasientane etter utskriving frå institusjon.
Høgre går inn for at det skal finnast eit tilstrekkeleg og godt tilbod innan barne- og ungdomsvernet. Likeins vil Høgre medverke til å sikre tilbod som krisesenter og krisetelefon for dei som treng det. Høgre vil gi ros til dei mange frivillige som utfører ein sentral del av dette arbeidet, men det må gjevast betre økonomiske vilkår for desse tenestene.
FISKERI OG HAVBRUK
Høgre vil arbeide for ei sterk - moderne og framtidsretta fiskerinæring. Fiskeri og havbruk er hovudnæringar for mange kystkommunar i fylket. Næringane er - og vil vere - avgjerande for busetnaden langs kysten. For å sikre rekruttering og kompetanse i alle deler av næringa, er det viktig med spesialiserte utdanningstilbod både i den vidaregåande skulen og på høgskulenivå i fylket.
Fiskerinæringa må, gjennom gode og stabile rammevilkår gjevast evne til å rekruttere godt kvalifisert arbeidskraft.
Fiskeflåten konkurrerer ofte med oljeindustrien om arbeidskraft. For å møte denne konkurransen må næringa ha evne til å kunne tilby moderne og trygge arbeidsplassar, med god og stabil økonomi. Fiskerinæringa slit med overkapasitet i høve til tilgjengelege ressursar. Noko som reduserer moglegheita til forsvarleg økonomisk drift og utbytte. For mange båtar i aktivitet reduserer utbyttet på grunn av at kvotane for den einskilde vert for små.
Fiskeindustrien arbeider under hard internasjonal konkurranse både i råvare- og ferdigvaremarknaden. Det er derfor viktig at industrien får konkurransedyktige rammevilkår.
Havbruksnæringa utgjer ei betydelege kystnæring. Havbruksnæringa eksporterer meir enn 90 prosent av produksjonen. Næringa er heilt avhengig av tilgang til dei internasjonale marknadene, der EU-marknaden er den viktigaste.
Sogn og Fjordane Høgre vil arbeide for at restriksjonar og vernesoner i fjordar og vassdrag ikkje skal hindre framtidig næringsutvikling, busetnad og verdiskaping.
Høgre vil arbeide for:
· framtidsretta og godt tilrettelagt utdanning innan fiskerinæringa og andre maritime yrke.
· betre og meir stabile rammevilkår og finansieringsformer for fiskeflåten.
· fri marknadstilgang til EU for alle fiskeprodukt.
· at fiskeindustrien får same rammevilkår som industrien i land ein konkurrerer med, og at særnorske reguleringar vert avvikla.
· at forkvoteordninga vert avvikla så snart marknaden tillet det.
· strukturordningar som tek vare på mangfaldet og lønsemda i næringa, samstundes som flåten vert tilpassa ressursane.
· forenkling og klarare felles tolking av regelverk i høve fiske.
· å fjerne kunstige og firkanta reglar knytt til lengde på fiskefartøya, og såleis redusere motiva for "paragrafspekulasjon" i høve fornying av fiskeflåten.
· ein gjennomtenkt og balansert vernepolitikk som ikkje bandlegg areal på ein urimeleg måte for havbruksnæringa og andre næringar.
· balansert og berekraftig utnytting av alle fornybare ressursar, også kval og sel.
LANDBRUK
Høgre bygger landbrukspolitikken sin på respekten for den private eigedomsretten og slekta si tilknyting til garden. Høgre vil legge til rette for eit variert og levande landbruk, slik at både dei som er fulltids knytte til næringa, og dei som utøver den i kombinasjon med andre næringar, kan ha mest mogeleg stabile rammevilkår.
Store deler av landbruket i fjordfylket har ein utprega småbruksprofil, som gjer det naudsynt å legge til rette for attåtinntekter og kombinasjonsdrift. Høgre meiner difor det er viktig å gi bonden fridom til å organisere gardsdrifta på nye og meir formålstenlege måtar, til dømes ved å endre vilkåra for samdrift, gi høve til etablering av produksjonsselskap eller "drifts-AS", der fleire bønder og eigarar går saman om å danne robuste og moderne driftseiningar. Skape eit enklare regelverk som opnar for mogelegheiter til å foredle sine eigne produkt, og selje desse på den opne marknaden.
Høgre vil:
* auke bonden si inntening ved å endre skatteordninga for landbruket, og ved å la han behalde ein større del av den verdiskapinga han står for.
· arbeide for at yrkeskombinasjonar av tradisjonell og utradisjonell art kan sjåast i ein heilskapleg samanheng som inntektsgrunnlag for ein familie.
· stimulere til økologiske driftsmåtar.
· stimulere til utarbeiding av fleirbruksplanar for større areal, der både landbruket, grunneigarar og andre brukarinteresser - som til dømes reiseliv, friluftsliv og miljøvern - blir teke omsyn til.
· praktisere jord- og konsesjonslovene slik at eigaren får mest mogeleg reell råderett over sin eigedom. arbeide for å halde vedlike kulturlandskapet.
· gi høve til å frådele tomter til bustad, fritids- og feriebustader på landbrukseigendommane sine areal, når dette ikkje er til hinder for gardsdrifta.
· arbeidet for at det offentlege skal samarbeide med grunneigarane i vernesaker, og at desse blir sett på som den ressurs dei er for distrikta.
· stimulere til grunneigarane sin medverknad i vernesaker, slik at dei ikkje blir motspelarar til verneinteressene i spørsmål om ressursdisponering i distrikta.
· endre rammevilkåra for samdrift, så dei ikkje blir eit hinder for gode lokale ordningar.
· gå inn for å revidere lova om bu- og driveplikt
REISELIV
Reiselivsnæringa er svært viktig for Sogn og Fjordane, og vil vere ei av dei store vekstnæringane dei komande åra. Fylket har dei fleste naturgjevne føresetnadane, og unike tradisjonar, kompetanse og faglege miljø for å spele ei internasjonal rolle i denne bransjen. Høgre vil støtte reisemålselskapa sitt arbeid med å utvikle gode produkt og betra sals-, booking-, informasjons- og marknadsføringsverksemd.
Høgre vil:
· at reiselivsnæringa også i framtida skal vere ei marknadsøkonomisk styrt næring.
· samarbeide med andre vestlandsfylke for å styrke landsdelen sin posisjon som verdskjent reisemål.
· arbeide for at tilgangen til og kvaliteten på aktivitetar og opplevingar er i samsvar med turistane sine krav.
· støtte tiltak, og vere med å legge tilhøva til rette for sesongforlenging.
· arbeide for eit rutemønster basert på heilårige ruter.
· aktivt arbeide for å redusere bompengesatsar som kan verke avvisande for turisttrafikk til fylket.
SAMFERDSLE
Vegsektoren er den viktigaste tilretteleggingsfaktoren for busetnad og verdiskaping i fylket. Eit godt utbygd vegnett, og ein velfungerande samferdslesektor er ein hovudfaktor for liv og virke i eit fylke som vårt. For m.a. å kunne utnytte kystområda sitt nærings- og verdiskapingspotensiale, vil Høgre arbeide for bygging og utbetring av sambindingsvegar og nødvendig vegnett. Høgre si målsetting er at nærings- og samfunnsliv i Sogn og Fjordane skal ha dei same tilbod og vilkår som resten av landet.
Brukarane av vegnettet i Sogn og Fjordane betalar ein uforholdsmessig stor del av vegkostnadene sjølve gjennom høge bompenge- og ferjesatsar. Folk og næringsliv i fylket lyt betale for ein samferdslemessig infrastruktur som andre landsdelar får gratis. Dette er uheldig distriktspolitikk, og arbeide for at dette blir utjamna.
Høgre vil:
· arbeide for at løyvingar til vegformål, inklusivt rassikring, vert auka i høve til framlegget i Nasjonal trafikkplan.
· arbeide for å realisere Stad skipstunnel
· arbeide for å gjort breiband tilgjengeleg i heile fylket
· auke presset på Stortinget for å få redusert gjelda til Fjærlandssambandet gjennom ekstraordinære midlar.
· gå inn for konkurranseutsetting av drift og utbygging av vegnett og samferdslemessige tenester.
· at det totale samferdsletilbodet vert tilrettelagt så det også tener reiselivsnæringa og anna næringsliv med omsyn til å trygge og vidareutvikle bedrifter og sysselsetting.
· styrke omsynet til funksjonshemma i alt planarbeid på samferdslesektoren.
· akseptere privatbilen som eit nødvendig framkomstmiddel.
· arbeide for eit forsvarleg nivå på gods- og persontransport til utkantane i fylket.
· medverke til ei god samordning mellom fly-, buss- og båtruter.
· arbeide for eit likt europeisk nivå for drivstoffavgifter i transportbransjen, slik at det blir like konkurransetilhøve for alle.
· gå inn for konkurranseutsetting av fly-, båt-, buss- og andre transporttenester i fylket, for å få eit samferdsletilbod som er betre tilpassa nærings- og samfunnsliv.
· gå inn for å redusere satsane ved bompassering og på ferjene.
· arbeide for å opprusting, trygging og ferdigstilling av oppstarta anlegg.
MILJØ
Høgre meiner at alle har ansvar for å arbeide for eit betre miljø, kvar på sin plass i samfunnet.
Som eit verdikonservativt parti har Høgre omsut for at miljøet blir vakta og forvalta med respekt for våre forfedre sine røynsler, og våre etterkomarar sine krav. Høgre meiner det skal vere god ballanse mellom miljøomsyn og næringsverksemd. Dette er ei utfordring som i særleg grad er aktuell i vårt fylke, og som i det daglege arbeid har vore gjennomført på ein innsiktsfull og klok måte av folk i generasjonar.
Både natur- og kulturlandskap, slik dei framstår i dag, er nettopp resultatet av den type bruk og skjøtsel som har vore praktisert gjennom tidene. Det finst derfor ein kompetansen på dette område hjå brukarar og grunneigarar i fylket som må takast på alvor. Difor må nærings- og reiselivsfylket Sogn og Fjordane lyttast til i saker om desse emna.
Høgre vil:
· arbeide for det synet at «bruk er det beste vern» når det gjeld natur og kulturlandskap.
· at kommunane sitt syn vert sterkare vektlagd i miljøvernsaker.
· at ved vern av privat eigendom, skal grunneigarar få erstatning.
· avgrense bruk av vernestatus for område der dette kjem i konflikt med lokale næringsinteresser, og riv bort næringsgrunnlag som er viktig for å oppretthalde desentralisert busetnad. (jfr. Kaldakari)
· følgje opp det samarbeidet som er starta mellom Nordsjølanda med tanke på å redusere utslepp av industriavfall, kloakk og anna forureining.
· gå inn for evaluering av iverksette vernetiltak, og medverke til at ulike typar vernetiltak kan kombinerast med næringsdrift og grunneigarar sitt høve til å utnytte naturressursar.
· at det blir lagt fram samla planar for etablerte verneområder.
· at oljevernet langs kysten må styrkjast.
· at forureininga frå atomgjenvinningsanlegget i Sellafield må stoppast.
· det må bli betre kontroll av skipstransporten langs kysten.
ENERGI
Høgre vil sikre tilstrekkeleg energi til industri og hushaldningar ved å arbeide for naturressursane vert utnytta på ein måte som gjer miljøulempene ved energiproduksjon så små som råd er.
Høgre ser det vidare som viktig å stimulere arbeidet med å ta i bruk nye og utradisjonelle energikjelder, som t.d. vindkraft, bioenergi og bølgjekraft m.fl. Dette arbeidet må gå parallelt med ei vidareutvikling av energiøkonomiserande tiltak.
VASSKRAFT
I dag forbrukar storsamfunnet meir elektrisk energi enn vi produserer. Det vi manglar blir m.a. kjøpt frå svært miljøureinande utanlandske kolkraftverk. Vasskraft er rein energi basert på fornybare ressursar. Sogn og Fjordane har eit stort potensiale som produsent av slik kraft.
Høgre vil:
· forvalte ressursane ut frå omsynet til natur, miljø og ansvaret for kraftoppdekking og verdiskaping.
· gå inn for utbygging av fleire vassdrag når dette er lønsamt og forsvarleg. Utbyggingskommunane og grunneigarane skal vere sikra varige inntekter på eit rimeleg nivå.
· medverke til at fleire mini- og gardskraftverk kan byggast. Desse er eit kjærkome supplement til energiforsyninga, og dessutan ei ekstra inntektskjelde for gardbrukaren.
· sikre smelteverksindustrien tilstrekkeleg elektrisk energi til konkurransedyktige prisar.
· at transportkostnadane på elektrisk kraft må fordelast likt på brukarane.
· at overføringskapasiteten på elektrisk kraft vert utbygd, slik at ein slepp områderegulering og prisdifferensiering.
GASSKRAFT
Sogn og Fjordane Høgre meiner at også gasskraft må kunne nyttast til innanlands forbruk. Ikkje minst av miljøomsyn er det forkasteleg å kjøpe kraft frå kol- og oljefyrte utanlandske kraftverk.
Høgre meiner at norsk gasskraft medfører langt mindre miljøulemper enn både atom-, kol- og oljebasert kraftproduksjon. Det må difor førast i land naturgass frå Nordsjøen til fylket. Saman med råstoff frå mineralet anorthositt frå Gudvangaområdet, er det teknisk mogeleg å produsere elektrisk energi i CO2-frie gasskraftverk i fylket.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7310. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.