Valgprogram · 1999
Sogn og Fjordane KrF Fylkesprogram for perioden 1999 - 2003
Kristelig Folkeparti · 1 868 ord
Vedteke på fylkesårsmøtet 13. februar 1999.
KrF
Sogn og Fjordane KrF Fylkesprogram for perioden 1999 - 2003
Ei fast verdiforankring
Kristeleg Folkeparti byggjer politikken sin på det kristne verdigrunnlaget. Det kristne menneske-synet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret skal vere hjørnesteinar i alt vårt samfunnsbyggjande arbeid.
Kristeleg Folkeparti vil gå inn for:
· å verne kristenarven
· å styrke respekten for menneskeverdet
· å tryggje og betre vilkåra for kristen oppseding og opplæring
· ei ansvarleg forvalting av naturressursane våre
· å verne miljøet, åndeleg og materielt
Kultur
Kristenarven representerer grunnleggjande verdiar både i menneskeliv og samfunnsliv, difor må fylkeskommunen sitt kulturarbeid bygge på dei kristne og nasjonale verdiane og ha ei målsetting i samsvar med dette.
Moderne teknologi, internasjonal påverknad og auka kommersialisering gjer at styrking og vidareutvikling av eigen kultur blir stadig viktigare. Kultur vil også vere eit viktig middel i arbeidet med å få ungdom til å busetje seg i fylket vårt.
Frivillig engasjement må stimulerast ved ein rimeleg balanse mellom eigenansvar og offentleg ansvar for dei ulike oppgåvene. Særleg bør kulturtilbodet overfor born og unge styrkast.
Kristeleg Folkeparti vil arbeide for:
· å stimulere til samarbeid mellom kyrkjelege og andre aktuelle kulturtiltak
· ei god og fylkesdekkande bibliotekteneste, m.a. ved å oppretthalde bokbuss og bokbåt-ordninga.
· å stø distrikts- og folkemusikar-ordninga, og legge økonomisk grunnlag for ei utbygging av instruktørverksemda til song- og musikk-organisasjonane.
· at Sogn og Fjordane teater får rammevilkår til å vere eit turne-teater og ein hjelpar for amatørteaterverksemda i fylket. I dette arbeidet er kulturbåten Innvik viktig.
· samarbeid mellom dei ulike kulturinstitusjonane våre, med tanke på å få kunsten ut til born, unge og vaksne
· vern av bygningar og minnesmerke med kulturhistorisk verdi, og at eigarane får støtte til vedlikehaldet
· at idretten organiserer mange, særleg born og unge. Offentlege midlar bør gå til tiltak for masseidrett og handicapidrett.
· å styrke leiaropplæring innan alt frivillig drive organisasjons-arbeid
· å legge tilhøva tilrette så ungdomen kan møtast i miljø utan rusgift, ved m.a. å auke løyvinga til frivilleg ungdomsarbeid.
· at lokale kunstnarar vert prioriterte ved utsmykking av fylkeskommunale bygg
Sosial tryggleik og helseteneste
Gode og trygge heimar er det største aktivum samfunnet har, og den beste garanti for eit sunt folkeliv. Kristeleg Folkeparti vil styrke stillinga til heimen og familien. Dette vil vere med på å få til eit godt førebyggande helsevern.
Alle må få likeverdige og kvalitetsmessige gode tilbod frå helsetenesta, utan omsyn til kvar dei bur.
Kvaliteten på ambulansetenesta må styrkast. Det vil vere svært viktig å få til eit godt samarbeid mellom primærhelsetenesta og fylkeskommunen sine helseinstitusjonar og poliklinikkar.
Kristeleg Folkeparti vil at sjukehusa våre skal sjåast på som ein heilskap. Det tyder at vi opnar for ei viss funksjonsdeling mellom sjukehusa, men likevel slik at akuttberedskapen vert oppretthalden.
Den psykiatriske helsetenesta må byggast vidare ut - i det ligg også tiltak for born og unge - med auka ressursar og gode arbeidsvilkår
Auke i rusmisbruk, psykiske lidingar og familieoppløysing har ført til auka press på barnevernet. For å betre på dette må ein styrke det førebyggande arbeidet og samordne ressursane innanfor barnevernsinstitusjonane og barne- og ungdomspsykiatrien. God og fagleg støtte til fosterheimane er også svært viktig.
Frivillige organisasjonar og private institusjonar yter ein verdfull innsats i helse- og sosialsektoren. Vi ynskjer å stimulere til godt samarbeid mellom slike tiltak og det offentlege.
Kristeleg Folkeparti vil arbeide for:
· at familievernkontora i fylket får ressursar til å fylle oppgåvene sine.
· støtte til Krisesenteret og til AAN-kontoret.
· eit fylkeskommunalt handlingsprogram mot alkohol og narkotika.
· at det behandlingstilbodet og ettervernet for alkoholskadde og narkomane som er
· fylket sitt ansvar, vert drive desentralisert og i nært samarbeid med kommunane
· ein rekrutteringspolitikk som gjev oss det fagpersonell som er naudsynt for å drive dei tenester vi treng.
· gode kyrkjelege tenester i helseinstitusjonane og ei utbygging av samarbeidet mellom den offentlege helse- og sosialtenesta og diakonien innan kyrkja.
Utdanning
Det vert stilt store krav til skulen, både med omsyn til kunnskapsformidling, verdiformidling og omsorg. Trongen for omskulering, tileggsutdanning, etterutdanning og vaksenopplæring aukar i takt med stadig raskare endringar i teknologi og samfunn.
Skulen må styrke arbeids- og næringslivet i distrikta ved eit samarbeid med det lokale næringslivet om opplæring som det er trong for.
Ein må tryggje åndsfridom og toleranse. Private skular må difor sikrast ein fri og ubunden plass i utdanningssystemet
Kristeleg Folkeparti vil arbeide for:
· at dei vidaregåande skulane har eit variert utdanningstilbod i fylket
· å styrke oppfølgingstenesta og Pedagogisk - Psykologisk Rådgjevingsteneste
· tenlege bibliotek ved skulane
· at skuleverket vert tilrettelagt for elevar med fysiske og psykiske vanskar
· at elevar som bur slik til at nærmaste vidaregåande skule er i nabofylket, må få høve til å gå på denne skulen
· at fylkeskommunen vert pådrivar slik at elevar som nyttar nynorsk får eit læreboktilbod på line med bokmålselevane, til same tid og til same pris
· gode velferdsordningar for elevane, m.a. skulehelseteneste og kantine. Det må settast opp lærartimar til oppfylgjing og samtale med elevar som måtte trenge det. På dei største skulestadane bør det tilsetjast miljøarbeidarar.
· å styrke samarbeidet mellom heim og skule
· å oppretthalde dei tekniske fagskulane
· at høgskuleutdanninga i fylket må utviklast, gjerast attraktiv og konkurransedyktig.
· utbygging av vaksenopplæring og etterutdanning
· å styrke kontakten mellom rådgjevingstenesta og næringslivet.
Samferdsle
Det er ei målsetting for Kristeleg Folkeparti å utvikle lokalsamfunna i Sogn og Fjordane. Dei viktigaste føresetnadene for dette er gode kommunikasjonar og eit variert næringsliv i distrikta.
Det er naudsynt med gode og trygge sambindingsvegar både innan fylket og utover fylkesgrensene.
Tiltak for trafikksikring må prioriterast høgt
Kristeleg Folkeparti vil arbeide for:
· at veglause grender må få vegutløysing eller verte knytt til veg eller rutenett med gode ferje / båtsamband
· at fylkesvegar med låg standard må opprustast
· at flyrutene på alle kortbaneflyplassane må gje eit godt samband både innan fylket og med stamrute-nettet
· at rasfarlege vegar vert sikra
· at Stad-tunnelen vert bygd
· utbygging / styrking av telenettet i alle deler av fylket
· eit tenleg kollektiv-trafikktilbod for alle delar av fylket.
· samarbeid mellom skule og samferdsle om tilpassa ruter og trygg skuleveg
· oppstart av Dalsfjordsambandet
· to fylkesomfemnande trafikkselskap, eit på land og eit på sjø
· at informasjons-/ kommunikasjons-/ teknologi ( IKT) vert teke i bruk for å styrke distrikta
· at riksvegar som tenar som sambindingsvegar til stamrutenettet, vert prioritert.
Miljøvern
Forvaltaransvaret forpliktar oss til å ta vare på natur og miljø, og til å forvalte dei avgrensa ressursane på ein bærekraftig måte slik at også komande generasjonar får nytte av dei.
Miljø- og vernetiltaka må likevel ikkje vere så omfattande at dei på ein urimeleg måte svekkar næringsgrunnlaget i fiske, skog og jordbruksnæringane.
Fylkeskommunen må vere aktiv i miljøspørsmål og engasjere seg i å få til ein god dialog mellom verneinteressene og dei som vert råka av eit vernevedtak
Kristeleg Folkeparti er i mot bygging av gasskraftverk før det ligg føre god nok reinseteknologi. Ein del vassdrag kan byggast ut, vindkraft og Enøk-potensialet må hentast ut
Miljøvernet må vere tverrsektorielt og påverke alle planar som fylkeskommunen arbeider etter.
Fylkeskommunen må vere pådrivar for å få kalka vassdraga i fylket.
Kristeleg Folkeparti vil arbeide for:
· at det vert sikra naudsynte friareal i tilknytning til bustadfelt
· at det vert lagt planer for sikring av reint vatn
· at ein ved kraftutbygging og andre terrenginngrep tek omsyn til trongen for urørd natur
· at det det vert oppretta målestasjonar for radioaktivt nedfall i Sogn og Fjordane
Regional utvikling
Landbruket er grunnlaget for sysselsetting og busetnad i store deler av fylket. Ein må difor ta store omsyn til dette når ein planlegg for næringsutvikling og busetnad i distrikta. Bygdekulturen er mange stader knytt til landbruket som næring, og kan berre leve vidare dersom landbruket si framtid vert sikra.
Fiskerinæringa er viktig både som arbeidsstad, som forvaltar av ressursane i havet og avgjerande for busetnaden langs kysten i Sogn og Fjordane. Difor må ein sikre fiskeria sine interesser og legge tilrette for næringa. Konsesjonsordningane må brukast for å bevare havbruksnæringa som ei distriktsnæring, med størst mogleg grad av lokale eigarinteresser.
Turisme og reiseliv har gjort fylket vårt kjent og gjeve god inntekt for mange bygder. Arbeidet med å skape arbeidsplassar og inntening innan denne næringa må halde fram, samstundes som ein tek omsyn til at særpreget vårt ikkje vert belasta slik at det tar skade.
Det er ei stor utfordring å sikre eit variert arbeidstilbod i distriktet slik at folk i alle aldersgrupper og med ulik kompetanse vert buande. Dette vil igjen ha samanheng med andre områder som samferdsle, kultur og tilgang på offentlege tenester.
Kristeleg Folkeparti vil gå inn for:
· arealressursane vert nytta til gagn for dei som har yrket sitt i primærnæringane
· vi vil arbeide for avtalebasserte bruks- og verneplaner, grunneigarane vert tilbydd makebyte med statseigedomar der det ligg til rette for det
· å skape eit aktivt produsentmiljø ved å styrke rettleiingstenesta og opplæringssektoren, også innan økologisk jordbruk
· ein skogspolitikk som stimulerer til fleirbruk av områda og økologisk tilpassa avverking
· at fiskefelta må vernast mot oljeaktivitet
· at arealplan for kystområda vert vidareført, m.a. når det gjeld arealbruk for friluftsliv og lokalisering av oppdrettsanlegg, taretråling og skjelsandutvinning
· å arbeide for eigne rekrutteringskvotar (fiskekvotar) for ungdom som går inn i fiske
· at fylket får styrka oljevernberedskap
· at eksisterande industriverksemder vert stimulerte til omstilling og modernisering, tilpassa miljø, ressursar og marknad
· å sikre alle deler av fylket ei tilstrekkeleg og sikker kraftforsyning
· å stø marknadsføring av Sogn og Fjordane som reisemål
· at alkoholfrie overnattingsstader vert prioriterte når det gjeld økonomiske stønadsordningar
Personalpolitikk
Fylkeskommunen er ein stor arbeidsgjevar. Trivsel i arbeidet, medråderett og godt miljø på arbeidsplassen er viktig.
Fylkeskommunen må kunne ta i bruk særlege tiltak for å rekruttere naudsynt fagpersonale.
Dei tilsette i fylkeskommunen må få ressursar til å fylgje med i utviklinga innan eige arbeidsfelt, og ein må heile tida ha for auget at ein er ei service-verksemd. Kontakten med brukaren, enten det er på sjukehuset, i skulen eller som sakshandsamar, må prioriterast og utviklast.
Dersom tilsette av omsyn til omsorgsansvar ynskjer redusert arbeidstid, skal arbeidsgjevar i utgangspunktet vere positiv til dette. Ein skal også arbeide for fleksible opningstider i fylkeskommunale barnehagar.
Likestilling er viktig for fylkeskommunen. Ein skal stimulere til at det også i mellomleiar- og leiarstillingar blir ei jamn fordeling mellom kvinnelege og mannlege tilsette.
Det er viktig at ansvaret blir desentralisert til den einskilde institusjon og til dei tilsette.
KrF ynskjer å føre ein personalpolitikk som likestiller funksjonshemma og funksjonsfriske.
Økonomi
I ei tid der marknadskreftene styrer meir og meir, og økonomien er ein viktig faktor i samfunnet, ynskjer KrF å peike på at det er andre verdiar som òg må vektleggast, t.d. livskvalitet og livstil. Vi har òg eit forvaltaransvar som må kome til uttrykk i miljøpolitikken vår, og i våre økonomiske disponeringar.
Kristeleg Folkeparti vil føre ein økonomisk politikk basert på langsiktig planlegging og ansvarleg prioritering.
Fylkeskommunen må til ei kvar tid vurdere ressursbruken opp mot tenestetilbodet og ha vilje til omprioritering.
KrF vil arbeide for at fylkeskommunen ikkje vert pålagt nye oppgåver utan at det vert følgt opp med overføring av pengar frå staten.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7299. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.