Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 1999

Telemark KrFs Program for fylkestingsperioden 1999-2003

Kristelig Folkeparti · 1 616 ord

1999-2003

Telemark KrF

Telemark KrFs Program for fylkestingsperioden 1999-2003

Grunnsyn - ansvar - mål:

Kristeleg Folkeparti byggjer sin politikk på dei kristne grunnverdiane som vi finn i Bibelen, i dei ti boda og den evangeliske bodskapen. Desse verdiane kjem til uttrykk gjennom nestekjærleik, forvaltaran-svar, tenesteoppdrag, menneskesyn og livssyn. Vår utfordring og oppgåve er å forme ut eit politisk engasjement i samsvar med dette, slik at medmenneskeleg omsorg skal gjennomsyre vår praktiske politikk.

Det kristne verdigrunnlaget har vore den viktigaste drivkrafta i utvik-linga av demokratiet vårt. Framleis er det ei viktig oppgåve å styrke og byggje ut demokratiet og dei organa det støttar seg på.

Ei slik oppgåve kan berre løysast dersom moralske kvalitetar, som ærlegdom, samarbeidsvilje, ansvarskjensle og toleranse, er tilstades i befolkninga.

Dei nedfelte menneskerettane må gjelde alle innbyggjarane i fylket.

For den generelle politikken viser ein til landsparti-programmet.

Kultur- og miljøutvalet:

Kristeleg Folkeparti går inn for:

- at kultursatsinga i Telemark skal gi innbyggjarane god livskvalitet.

- at vi tar vare på Telemarkskulturen, inkludert kystkulturen, og brukar denne som ein ressurs for turistsatsinga.

- at fylket prioriterer leirstadane, ungdomssentra og kulturbygga til dei frivillige organisasjonane ved tildeling av statlege midlar.

- at kulturbygg som har fleirbruksverdi, f.eks. idrettshall, kino/teater/ konsertsal, symjebasseng osv. blir prioriterte ved tildeling av tippemidlar.

- at den offentlege støtte til barne- og ungdomsorganisasjonar er større pr. medlem enn støtta til organisasjonar der hovudtyngda er vaksne medlemer.

- at ungdom blir prioritert ved tildeling av fylkeskommunale prosjektmidlar.

- at fylkeskommunal støtte til kulturarrangement for barn og unge berre går til alkoholfrie miljø.

- at det blir samarbeidd med kommunar eller andre for å få mest mogleg kultur for pengane.

- at distriktsmusikarordninga, fylkesbiblioteket, museumstenesta, kunstfor-midlinga og Teater Ibsen er prioriterte kulturoppgåver i fylkeskommunen.

- at Lokal Agenda 21 blir følgd opp i fylkesplansamanheng.

Overfor sentrale styresmakter vil vi særleg arbeide for:

- at oppfølging av nasjonale målsetjingar for dei globale klimautfordringane i miljøpolitikken bør skje i samarbeidd med industrien.

- at arbeidsfordelinga på miljøområdet mellom fylkesmannen, fylkeskom-munen og kommunane blir gjennomgått for å fjerne unødvendige dobbel-funksjonar.

Undervisningsutvalet:

Kristeleg Folkeparti går inn for:

- at all ungdom skal få tilbod som er tilpassa evner og utrusting, og høve til å fullføre vidaregåande utdanning.

- at all ungdom blir sikra utdanning som er tilpassa behova for den enkelte, ved å leggje tilrette alternative læringsarenaer.

- at flest mogleg av elevane kan bu heime i utdanningstida utan å få urime-leg lange reiser. Dette betyr at linjer med mange søkjarar, må vere geogra-fisk spreidde.

- at ein syter for ei god geografisk fordeling av andre linjer.

- at Telemark tek vare på eit desentralisert tilbod med vidaregåande skular.

- at det blir samarbeidd med andre fylke om linjer med få søkjarar.

- at linjetilbodet blir tilpassa behova i samfunnet og ønskja frå elevane. Det-te fører til at realfag og IT må styrkjast.

- at kapasiteten i den vidaregåande skulen blir auka gradvis for å gi meir plass til kompetansegivande vaksenopplæring.

- at samarbeid mellom skule og næringsliv blir utvikla vidare for å oppnå kompetanseutvikling og nok med lærlingplassar.

- at folkehøgskulane og Kvitsund gymnas får gode arbeidsvilkår.

Overfor sentrale styresmakter vil vi særleg arbeide for:

- at det statlege kravet om utdanningskapasitet blir følgd opp med store nok overføringar til fylkeskommunane.

- at det blir vurdert innføring av bokstipend for elevar i den vidaregåande skulen.

- at elevar med spesielle behov som treng ekstra tid for gjennomføring av vidaregåande utdanning, blir sikra fullt bortebuarstipend for heile perioden.

- at elevane sin påverknad i skulesamfunnet blir sikra.

Helse- og sosialutvalet:

Kristeleg Folkeparti går inn for:

- at førebyggjande arbeidd blir prioritert gjennom ein eigen plan.

- at familierådgjevinga blir prioritert og at det blir gitt støtte til AAN og Kyrkjas SOS.

- at utfordringane i dei nye helselovene blir følgde opp lokalt. Det skal fokuserast på "Pasienten først" og sjukdomsgraden.

- at ambulansetenesta kan fungere raskt og effektivt og med kyndig personale.

- at ein vurderer større fristilling av sjukehusa for å nytte ut kapasiteten best mogleg. Målet må vere å få utført fleire sjukehustenester utan sterk auke i ressursbruken.

- at sjukehusstrukturen i fylket blir ført vidare. Akuttfunksjonen må haldast oppe ved lokalsjukehusa.

- at det regionale helsesamarbeidet byggjer på behova i befolkninga for sjukehustenester. Dette kan føre til nødvendige tilpassingar i fylket vårt.

- at ein fører vidare den auka satsinga innan psykiatritilbodet.

- at fylkeskommunen må halde opp ei god andrelinjeteneste for funksjonshemma barn og vaksne.

- at det blir halde oppe eit desentralisert tannhelsetilbod.

- at behandlingstilbodet for rusmiddelbrukarar blir evaluert og utvida.

- at arbeidet med rusførebygging i vidaregåande skule blir intensivert, og at det blir tatt initiativ til eit nærare samarbeid med grunnskulen.

- at barnevernet blir utvikla vidare for å kunne setje inn tiltak tidlegare.

Overfor sentrale styresmakter vil vi særleg arbeide for:

- at det førebyggjande helsevernet blir utvida.

- at nasjonale satsingar innanfor helsesektoren blir følgde opp med nød-vendige økonomiske midlar.

- at utdanningskapasiteten i Telemark for sjukepleiarar aukar.

- at utdanningskapasiteten for helsepersonell i Noreg aukar.

- at ettervernet i rusomsorga blir auka med statlege midlar.

- at vi får ei tydelegare ansvarsfordeling mellom ulike forvaltingsnivå innan rusomsorgs-behandlinga.

REGIONALUTVALET: SAMFERDSLE

Kristeleg Folkeparti går inn for:

- godt vedlikehald av fylkesvegane. Utbetring av flaskehalsar blir prioritert før ein satsar på nye vegar.

- ved opprusting av fylkesvegar, må det leggjast kost-nytte-vurderingar til grunn for prioriteringa.

- at det førebyggjande trafikksikringsarbeidet blir prioritert. Spesielle ulykkespunkt/strekningar må setjast i stand.

- at skulevegane blir sikra med tanke på mjuke trafikantar.

- at skuletogtilbodet Neslandsvatn-Drangedal-Lunde-Bø blir ført vidare slik at strukturen på den vidaregåande skulen kan haldast oppe.

- at kollektivterminalane i Skien blir samordna.

- at ordninga med ungdomskort blir gjort meir attraktiv.

- at opprusting av RV36 kjem i gang. Strekninga Geiteryggen-Skjelbred-strand får førsteprioritet.

- at innfartsvegen til Kragerø, RV38, og vegen gjennom Siljan, RV32, blir prioriterte for opprusting.

- at det blir sikra gode rabattordningar, spesielt for dei som er avhengige av offentleg kommunikasjon.

Overfor sentrale styresmakter vil vi særleg arbeide for:

- at kollektivtransporten i framtida blir planlagt med tanke på miljøomsyn.

- at Bratsbergbanen kan få nødvendig opprusting og nytt lettbanemateriell. Det offentlege må her vere opne for samarbeid med private om utviklinga av dette tilbodet.

- at nødvendig fornying av skuletogmateriell også blir sett i samanheng med resten av jernbanetilbodet i Telemark.

- at bygging av jernbanetunnel mellom Larvik og Porsgrunn kan kome i gang som fort som råd.

- at planane for samankopling av Vestfoldbanen og Sørlandsbanen blir ført vidare.

- at jernbanen blir halden oppe som eit moderne kommunikasjonsmiddel gjennom indre Telemark.

- at vegadministrasjonen i fylket er fleksibel og tilpassa behovet for å sikre mest mogleg av budsjettmidla til vegbygging.

- at tunnelen på E134 mellom Hjartdal og Seljord blir bygd snarast råd.

- at løyvingane til riksvegane i fylket kan kome på eit slikt nivå at vi kan kome opp på landsgjennomsnittet i riksvegstandard.

- at Grenland blir sentralhamn for Austlandet slik at området blir eit distri-busjonssenter for Austlandet.

- at det ikkje blir lagt statlege hindringar for utvikling av småflyplassar etter utbygginga på Gardermoen.

- at staten må refundere dieselavgifta fullt ut for bussar i kollektiv rutetransport.

Regionalutvalet: NÆRING- OG ARBEIDSLIV

Kristeleg Folkeparti går inn for:

- at ein held fram med dei tidlegare satsingsområda for turisme.

- at drifta av Telemarkskanalen blir halden oppe.

- at det blir lagt opp til eit regionalt samarbeid for utvikling av næringslivet i fylket.

- at entusiastisk ungdom får støtte til etablering av eiga næring.

- at grønsakdyrking og frukt- og bærdyrking blir stimulert.

- at ein oppmuntrar til auka satsing på foredling av frukt og bær i fylket.

- at økologisk landbruk blir sikra gode vilkår.

- at det blir arbeidd for ei meir differensiert industriutvikling i Grenland.

- at ein samarbeider med private forskingssenter for å utvikle forskingsre-sultat til kommersiell næringsutvikling.

Overfor sentrale styresmakter vil vi særleg arbeide for:

- at landbruket i Telemark blir tildelt større mjølkekvotar.

- at tilhøva blir lagde tilrette for større geitehald i Telemark så Haukeli Ysteri kan produsere etter etterspørsel og behov.

- at industrien i Telemark blir sikra nok energi.

- at industrien i Telemark blir sikra nok gass for vidareutvikling.

- at Grenlands miljøprofil blir styrka ved å nytte gass til kollektivtransport og tyngre transport.

- at det blir stimulert til utnytting av kjølevatn frå industrien til oppvarming via fjernanlegg.

Administrasjonsutvalet/Fylkesutvalet:

Kristeleg Folkeparti går inn for:

- at heile organiseringa i fylkeskommunen blir gjennomgått for på sikt å få ein endå meir effektiv organisasjon med tanke på ressursutnyttinga.

- at det blir satsa på HMS-tiltak for m.a. å førebyggje sjukefråværet.

- at det blir kartlagt nye område for samarbeid mellom fylkeskommunar.

- at det blir vurdert om fylkeskommunale oppgåver innafor enkelte område kan setjast ut på konkurranse.

- at det ikkje blir innført parlamentarisme i Telemark fylkeskommune.

Overfor sentrale styresmakter vil vi særleg arbeide for:

- at statlege overføringar står i forhold til dei forventningar som befolkninga har på dei områda som fylkeskommunen har ansvar for.

- at det blir gjort ei klarering av rollefordelinga mellom ulike forvaltingsnivå, og særleg mellom fylkeskommunen og statlege styringsorgan i fylket.

Fylkeslandbruksstyret:

Kristeleg Folkeparti går inn for:

- at det blir ført ein konsesjonspolitikk som i større grad vektlegg busetnad i distrikta.

- at det blir lagt vekt på jordvernomsyn ved arealplanlegging.

- at utmarksressursane i større grad blir knytt opp til næringsgrunnlaget i landbruket.

Overfor sentrale styresmakter vil vi særleg arbeide for:

- at det blir vurdert å selje statleg eigedom for å styrke ressurssvake bruk i distrikta.

- at departementet i større grad lyttar til lokale instansar i konsesjonssaker.

- at odels- og konsesjonslovgivinga blir gjennomgått med tanke på å sikre eit desentralisert bustadsmønster.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7297. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.