Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2003

Fylkesvalgprogram for Telemark Sp 2003-2007

Senterpartiet · 2 651 ord

2003-2007

Sp

Fylkesvalgprogram for Telemark Sp 2003-2007

Grunnsyn

Senterpartiet vil byggje det norske samfunnet på kristne og humanistiske grunnverdiar. Vi ønskjer eit samfunn som tek vare på norsk kultur, landskap og livsmiljø. Den enkeltes ansvar og plikter som medlem av eit fellesskap er ramma kring den personlege fridomen.

Senterpartiet tek utgangspunkt i ønskje om:

· desentralisering av makt, kapital og busetnad

· eit samfunn i økologisk balanse.

· Kulturelt rotfeste

· Fridom for einskildmennesket - med ansvar for seg sjøl og fellesskapet

· Blandingsøkonomi

· Privat eigedomsrett

Kva vil vi med Telemark?

Senterpartiet vil ta heile Telemark i bruk. Vekst og utvikling i fylket sikrar vi best gjennom nye grep og en offensiv haldning til framtida. Bulyst og næringsutvikling i Telemark skal vere hovudfokus for fylkespolitikken framover - og det er fyrst og fremst opp til oss sjølve å skape ei positiv utvikling. Senterpartiet vil arbeide for å fylle alle tome hus rundt i fylket med menneske som har lyst til å velje ei slik livsform. Fylkeskommunen, næringslivet, kommunane, fylkesmannen og organisasjonane må bli flinkare til å sameine sine krefter til beste for heile fylket.

Fylket må utnytte fortrinna sine og bygge vidare på dei områda kor ein kan lukkast.

Rettesnora for fylkespolitikken må vera å gi folk i heile fylket like vilkår til å nyttiggjere seg fylkeskommunale tenester. Det tyder mellom anna at vi på vårt største tenesteområde - vidaregåande skule, opprettheld ein desentralisert struktur.

Politikarane kan ikkje vedta "det gode liv", men gjennom politisk styring kan ein leggje til rette for livskraftige og trivelege lokalsamfunn i heile fylket.

Senterpartiet vil ha vi-løysingar framfor eg-løysingar. Vi ønskjer ein offentleg sektor som tener utjamningsføremål, slik at folk i heile fylket får lik tilgang til helsetenester, sosiale gode, utdanning og medverknad i kultur-og samfunnsliv.

Senterpartiet meiner Telemark skulle ha dei beste føresetnader som eit merkevarenamn til å få til internasjonale regionale samarbeidsprosjekt innanfor nærings-, kultur- og miljøområdet. Her er det lagt ned eit viktig grunnlag frå før, som det er viktig å vidareutvikle. Som region bør også Telemark ha eit engasjement i forhold til internasjonalt solidaritetsarbeid med den tredje verda.

Folkestyre i praktisk politikk

Senterpartiet meiner den overordna utviklinga av tenester og tiltak i Telemark best blir teken hand om av folkevalde organ. Vi ønskjer ikkje eit alternativ med statleg fjernstyring frå Oslo.

Senterpartiet vil arbeide for at saker som inneber politisk skjønn eller har med omfanget av fylkeskommunale tenester å gjera, blir avgjort av dei folkevalde.

Statlege instansar som Fylkesmann og Fylkeslege skal utøve kontrolloppgåver. Mangel på konsekvent oppgåvefordeling mellom fylkeskommunen og statlege instansar skaper forvirring og mangel på klårleik.

Fylkespolitikarane vil i tillegg til dei fylkeskommunale ansvarsområda også ha eit viktig arbeid med å påverke andre beslutningstakarar, særleg statlege styresmakter. Ein del av dei viktigaste områda er synleggjort i dette programmet.

Senterpartiet går ikkje inn for å innføre ein parlamentarisk modell for fylkestinget i Telemark komande periode. Det ville føre til auka kostnader på anslagsvis 5 millionar kroner for det politiske arbeidet, og i tillegg vil ein endring nå ikke vera hensiktsmessig ut frå stor usikkerhet om dei fylkeskommunale arbeidsoppgåver dei neraste åra. Senterpartiet vil heller prioritere å bruke desse midlane på ei auka kultursatsing i Telemark.

Senterpartiet går inn for samarbeid framfor samanslåing, og ser positivt på samarbeid mellom fylka for å løysa oppgåver av felles interesse. Med dei oppgåver fylkeskommunen synest å få i framtida er det etter Senterpartiet sitt syn uaktuelt med ei samanslåing av Telemark og andre fylke.

Telemark fylkeskommune skal føre ein personalpolitikk som gir eit godt arbeidsmiljø og ein meiningsfylt arbeidsdag for dei tilsette.

Programområda

Fylkestinget i Telemark har vedteke ein fylkesplan for perioden 2002-2005 med fire innsatsområde: Infrastruktur - miljøvennleg areal-og transportutvikling, Kompetanse, Næringsutvikling/utvikling av den gode bustad, Kultur og identitet.

Innanfor desse områda vil Senterpartiet særleg arbeide for:

Infrastruktur

Veg

· Vegstandarden må betrast vesentleg og løftast til nasjonalt gjennomsnittsnivå. I eit fylke som Telemark er veg den viktigaste samferdselsåre for størstedelen av næringslivet og personaltrafikk.

· Investeringar trengst flere stader langs E 134 og riksvegnettet elles. Tunnellen på E 134 mellom Gvammen og Århus er det største prosjektet, men er ei så vesentleg forbetring at det bør gjennomførast snarast råd. Det er også høgt prioritert å løfte Rv 36 til stamvegstandard, m.a. gjennomføring av tunnell Skjelbredstrand - Geiteryggen.

For å få til ei nødvendig opprusting av hovudvegnettet, m.a. Rv. 36 kommer ein ikkje utanom å vurdere bompengefinansiering. Dette på grunn av manglande vilje hos sentrale styresmakter til å satse på veginvesteringar. Alternativet er at Telemark sakkar fullstendig akterut når det gjeld vegstandarden. Dette kombinert med å stå hardt på overfor sentrale styresmakter for å få auka vegmidlane til Telemark monaleg er einaste utvegen etter Senterpartiet sitt syn.

Jernbane

Det er viktig å sjå jernbanen som ein del av føresetnadene for å få utvikling ikkje berre i Oslo-området, men også utvikle andre delar av Norge industrielt og samfunnsmessig.

· Senterpartiet ser på jernbane som ein effektiv og ikkje minst miljømessig god løysing der tilhøva ligg til rette for det. Det vil difor vera viktig å få fornya strekningen Porsgrunn - Larvik, den såkalla "Eidangertunnellen".

· Det må leggjast til rette for å opretthalde drifta ved Bratsbergbanen og få til gode lokale togløysingar som Drangedal - Nordagutu(skuletoget) på Sørlandsbanen. Senterpartiet vil også kjempe for togtilbodet langs Sørlandsbanen, som er svært viktig for Midt-og Vest-Telemark.

· Når ein i desse tider vel å legge fleire offentlege kontor til distrikta og flytte frå Oslo verkar det rart at ein har tenkt å flytte vedlikehald på togmateriell frå Skien til Oslo. Det blei i 1997 bruka 300 millionar kroner for å bygge ein topp moderne vedlikehaldshall i Skien og denne vert nå vurdert nedlagt. Senterpartiet er sterkt i mot dette og vil arbeide politisk for at dette ikkje skjer.

Kollektivtrafikk elles

· Det vil særleg vere i meir folkerike distrikt slik som Grenlandsområdet at kollektivtrafikken vil kunne ta ein forholdvis større del av persontransporten. Det er viktig å leggje til rette for dette for på det viset også å dempe utbyggingspresset på vegar. Dette vil vera både ei miljø-og ressursmessig god løysing.

Elles vil det vera viktig at ekspressbussane får akseptable rammevilkår slik at desse framleis kan ivareta gode løysingar langs hovudferdselsåra. I dei meir grisgrendte strok vil det vera mest realistisk å satse på bestillingsruter i tillegg til skulebussane.

· Senterpartiet vil arbeide for å få gjennomført eit prosjekt i fylkeskommunal regi kalla "Trygt heim for ein femtilapp". Ordninga skal gå ut på at ungdom i helgene har høve til å kome trygt heim om kvelden og natta med drosje. Dette skal koste 50 kroner og resten av kostnaden vert dekt av fylkeskommunen. I praksis fungerar ordninga ved at drosjene vert tinga tidlegare på dagen kor ein seier kor ein vil bli plukka opp og når. Ungdommane kommer seg lett heim og foreldra veit når dei kommer heim, samtidig som dei blir køyrd trygt nesten heilt til døra. Ordninga bør i fyrste omgang gjelde på stader med vidaregåande skule og målgruppa er ungdom frå 16 til 20 år.

· Fylkeskommunen har eit medansvar for fergedrift på Telemarkskysten.

IKT

Moderne IKT-løysingar vil vere eit nødvendig grunnlag både for offentleg og privat verksemd og Senterpartiet vil påse at ei framtidsretta utbyggjing som t.d. breiband skjer i heile fylket.

Diverse

Grenland Havn er viktig for heile fylket også som bindelekk for annan infrastruktur som veg og jernbane.

Gassrørleidningar til Telemark for å sikre råstoff til prosessindustrien er ei viktig ny side av infrastrukturen i fylket vårt. Her må Staten delta slik at ein byggjer oppunder det sterke industriområdet som Grenland er i nasjonal samanheng, og med den kompetansen som finst på dette området i distriktet er det også stort høve til ny utvikling.

Kompetanse

Vidaregåande skule er hovudansvarsområdet til fylkeskommunen.

Senterpartiet vil forsvare det desentraliserte tilbodet vi har innanfor vidaregåande skule som er Telemark fylkeskommune sitt største ansvarsområde. Dette legg grunnlaget for eit breiast mogleg tilbod i fylket sine ulike regionar. Eit viktig grep på dette området er at Rjukan og Vest-Telemark Vidaregåande skular framleis blir definert som distriktsskular med høve til noko større fridom i rammevilkår for si drift. Senterpartiet vil ikkje legge ned vidaregåande skular i perioden.

· Det må gjennomførast ei utbygging i Grenlandsområdet som sikrar ein kapasitet som er nødvendig for å gje eit godt skuletilbod.

· Det er viktig med undervisningstilbod som tar utgangspunkt i den einskilde elev sine føresetnader og ønskje, men også næringslivet sine behov. Vaksenopplæring er ein viktig del av dette.

· Telemark fylkeskommune gjennom sine vidaregåande skular skal sørge for at det blir lagt ein samla strategi for entreprenørskap i Telemark i samarbeid med næringslivet og andre offentlege instansar. Dette inkluderer at alle elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule som ønskjer å prøve seg med ungdomsbedrift skal få høve til det. Vi vil og innføre entrepenørskap som eige studieretningsfag.

· Senterpartiet går inn for at det det vert oppretta eit tilbod innan musikk, dans og drama i Øvre-eller Midt-Telemark.

· Senterpartiet meiner Telemark fylkeskommune må kunne spele ei rolle for å utvikle endå betre samarbeidsmodellar mellom vidaregåande skule, høgskule, FOU-verksemd og næringsliv.

· I samarbeid med kommunane må rådgjevingstenesta ved både ungdomsskulen og vidaregåande skular betrast.

· Senterpartiet vil jobbe for å sikre nok lærlingeplassar

· Også skulehelsetenesta bør betrast i samarbeid med kommunane

· Senterpartiet vil gje skulebiblioteka gode rammer slik at dei kan fungere godt som samlingspunkt for elevane.

· Senterpartiet går i mot fritt skuleval ut frå dei negative konsekvensane dette kan få for heile Telemark og fordi det berre er til fordel for dei skuleflinke elevane.

Næringsutvikling/utvikling av den gode bustad

Mennesket er den viktigaste ressursen når vi skal skape arbeidsplassar, sikre busettinga og utvikle trivelege lokalsamfunn. Barn, unge og vaksne må ha tru på eigne skapande krefter og lære å se mulegheitene som ligg i lokale ressursar. Gjennom ei satsing på nyskaping og entreprenørskap tar Telemark ansvaret for eiga utvikling.

· Offentlege verkemiddel må nyttast for å få ei meir offensiv haldning til nyskaping og nyetablering, men også tilpassing av eksisterande næringsliv.

· I store delar av fylket er primærnæringane eit viktig grunnlag for arbeidsplassar og busetting. Også her må det utøvast større innsats i lokal produktutvikling for å få ei større verdiskaping.

· Senterpartiet vil arbeide for at ulike driftsforhold rundt om i landet må speilast igjen i verkemiddelbruken for jord-og skogbruk.

· Det er viktig å hugse at fiske også er ein del av primærnæringane. Fordi om talet på yrkesaktive fiskarar ikkje er særleg høgt i Telemark er det viktig og ta omsyn også til desse næringsinteressene i til dømes offentleg planlegging.

· For Telemark vil det vere viktig å sikre råstofftilgang og rammevilkår for industriarbeidsplassar. Her vil gassrørledningar til Grenland gi stort høve til industrisatsing i ein nasjonal målestokk.

· Reiselivsnæringa er svært viktig i store delar av fylket vårt, og det er viktig med ein tett dialog mellom næringa og offentlege styresmakter for ei vidare utvikling av næringa.

· Senterpartiet vil arbeide for at Telemark får sin rettmessige del av statlege arbeidsplassar og investeringar som bygger opp under trygge arbeidsplassar.

· Senterpartiet vil også understreke kor viktig det er med gode lokalsamfunn for at næringslivet skal vere interessert i etablering.

Kultur og identitet

Telemark Senterparti vil satse 5 millionar kroner til kulturtiltak som knyter heile fylket saman. Tiltaka skal stimulere særpreg, mangfald og kulturell utveksling.

Følgjande tiltak vil Telemark Senterparti foreslå i komande periode:

· Grenland Friteater turnerar heile Telemark.

· "Kulturbussen Telemark" - gratis kulturskyss til byen/bygda.

· Venskapsskular/kor/idrettslag/kulturskular. Døme: Gimle skule vitjar Klyve skule og omvendt.

· Kulturprosjekt mellom kommunar med mottak av flyktningar.

I arbeidet for gode, trygge og opne lokalsamfunn er kulturpolitikken ein av grunnpilarane.

Siktemålet må vera å gje folk eit rikare liv gjennom høve til oppleving og eigenaktivitet.

Senterpartiet meiner kulturen har ein eigenverdi som opnar for eit rikare liv med større sjølvrealisering.

Senterpartiet vil arbeide for at folk i alle aldrar får ein rettmessig del i oppgåver, utfordringar, rettar og plikter. Fleirkulturelle nærmiljø og endringar i familiemønster og livsstil stiller oss overfor andre verdiar og nye verdival. Medansvar og toleranse blir viktigare enn nokon gong.

Telemark har eit blomstrande organisasjons-og kulturliv. Senterpartiet vil i perioden bruke ein større del av dei økonomiske ressursane til kultur. Dette bør gå til kulturaktivitetar, på samarbeid med organisasjonar, eldsjeler og ulike kulturarrangment for å få til eit aktivt kulturliv rundt i fylket. Senterpartiet ynskjer ikkje å nytte midlane til store bygg men til å vere ein medspelar for auka aktivitet.

· Senterpartiet meiner det er spesielt viktig at Telemark fylkeskommune får til eit godt samarbeid med friviljuge organisasjonar og i fellesskap bygger opp under Telemark som "merkevare" i kultursamanheng.

Det mangfald vi har frå kyst til fjell er det viktig vi får fram i ulike samanhengar. Senterpartiet meiner Telemark fylkeskommune må ta eit ansvar for å bygge opp under nokre "fyrtårn" for å synleggjera dette som t.d. Telemarkskanalen, Ibsensatsing og Notodden Bok-og Blueshus. I Vest-Telemark framstår museumssamarbeidet som særleg løfterikt.

Generelt

Utanom dei innsatsområda som er utpeika i fylkesplanen er det også nokre andre område Senterpartiet vil peike på som viktige:

· Senterpartiet ser det som svært viktig å få ein meir aktiv innsats i førebyggjande arbeid. Det gjeld både helse-og sosialområdet. Telemark fylkeskommune vil kunne ta det regionale ansvaret for å få til eit godt nettverk med kommunar og andre samarbeidspartnarar. Eit målretta arbeid i høve til rus-og voldsproblematikk vil over tid spare samfunnet for store summar, men mykje viktigare er ein reduksjon i menneskelege tragediar.

· Senterpartiet vil også ha ei aktiv haldning til å påverke Helse Sør til å oppretthalde eit desentralisert sjukehustilbod i Telemark.

Dei overordna grep som er skrive om så langt i dette programmet vil måtte følgjast opp av meir konkrete tiltak som er viktig for dei ulike regionar i Telemark. Like fullt må dei vera del av ein heilskap.

For Senterpartiet vil slike tiltak mellom anna vera:

Vest-Telemark inkludert Hjartdal:

- Vegstandard på nasjonalt nivå innan 2010

- Tunnel Gvammen - Århus med oppstart så snart som råd

- Åmot-Vinjesvingen med oppstart i Nasjonal Transportplanperioden 2006-2015

- Stø opp om jordbruk og skogbruk m.a. ved vidareforedling av lokale produkt, og oppstartsstøtte ved generasjonsskifte/nyetablering ( i samarbeid med Fylkesmannens Landbruksavdeling).

- Framleis distriktsskulestatus for Vest-Telemark Vidaregåande skule og aktivt bruk av ressurssenter ved skulen.

- Vidareutvikle reiselivsnæringa

- Stø kulturlandskapsprosjektet i Hjartdal og Seljord

Midt-Telemark:

- Vegstandard

- Utbetring i storleik 1 milliard på Rv 36 i Nasjonal Transportplanperioden

- Utbetre vegen ved Hjuksevelta fyrste del av Nasjonal Transportplan-perioden

- Sikre drift av Bratsbergbanen og regionale tilbod på Sørlandsbanen

- Sikkerhet for eit breitt tilbod ved dei vidaregåande skulane i regionen

- Vidareutvikle reiselivsnæringa

- Breibandsutbyggjing i regionen

Grenland med Kragerø og Drangedal:

- Aktivt arbeide for statleg medverknad til gassrørleidningar til Grenland

- Få realisert den såkalla "Eidangertunnellen"

- Bygge vidare på intensjonane i Infrastruktur/arealplan for Grenland. Miljøvenlege løysingar må prioriterast m.a. ved eit sykkelvegnett som også blir brøyta og strødd om vinteren.

- Sikre driftsforhold for Grenland Havn

- Arbeide aktivt for å oppretthalde NSB-verkstaden i Skien

- Bygge ut dei vidaregåande skulane i Grenland

- Rv 32 over Siljan må inn på Nasjonal Transportplan

Notodden/Tinn:

- Sikre distriktsskulestatus for Rjukan Videregående skole og trygge situasjonen for Notodden videregående skole. Skape eit fagmiljø for bygningsvern i eit samarbeid mellom Rjukan Videregående skole og Akademiet i Rauland.

- Utbetring av E 134 Notodden-Kongsberg i Nasjonal Transportplanperioden

- Sikre drift av Bratsbergbanen

- Støtte Notodden Bok- og Blueshus

- Via offentleg planlegging og verkemiddel støtte reiselivssatsing i distriktet

Sluttord

Telemark Senterparti er eit parti som er viljug til å ta eit breitt samfunnsansvar i erkjenning av at ansvarleg styring av fylket vårt ikkje kan basere seg på enkle populistiske utspel, men kor ein må ta omsyn til den totale samanheng.

Innanfor denne heilskap vil Telemark Senterparti leggje til rette for gode lokalsamfunn i by og land, som igjen kan gje grunnlag for næringslivet si satsing og trygge arbeidsplassar slik at vi får eit fylke prega av: TRYGGLEIK - LIKEVERD OG FELLESSKAP.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7291. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.