Valgprogram · 2003
Sogn og Fjordane SV Fylkestingsprogram 2003 - 2007
Sosialistisk Venstreparti · 1 282 ord
2003-2007
SV
Sogn og Fjordane SV Fylkestingsprogram 2003 - 2007
Eit demokratisk Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane er eit småskalafylke - SV vil nytte dei føremunene det gjev oss.
SV vil styrke fylkeskommunen både som tenesteytar og som regional utviklingar. Fylkeskommunen har mista mange oppgåver i helsesektoren; for oss er ikkje avvikling - men utvikling - svaret. Oppgåver må løysast der ein best og mest effektivt kan finne svar på dei politiske utfordringane, og dei må løysast av folk som kjenner fylket og lokalsamfunna i fylket. Då trengs fylkeskommunen og folkevalde på regionalt nivå. Meir enn nokon gong treng vi lokal og regional samordning og kompetanse for å byggje velferd og infrastruktur for privat og offentleg verdiskaping.
Sogn og Fjordane SV vil:
· Samordne fylkeskommunen sine utviklingsoppgåver og fylkesmannen sine forvaltningsoppgåver under ei felles folkevald leiing.
· Gje folk lettare høve til å påverke politikken gjennom opne prosessar og høyringar
· Få til ei prøveordning i Sogn og Fjordane med røysterett for 16-åringar ved dei to neste vala
· Vidareutvikle Sogn og Fjordane til ein nasjonal spydspiss innan ungdomsmedverknad ved å gje meir makt til Ungdommens Fylkesting og ungomsråda i kommunane
· Bruke Vestlandsrådet til eit tett samarbeid mellom sjølvstendige fylkeskommunar om felles utfordringar og oppgåver.
Verdiskapingsfylket
Lokalsamfunna treng eit sterkt næringsliv; og næringslivet treng gode velferdstenester og eit velfungerande lokaldemokrati. Fylkeskommunen må vidareutviklast som ein viktig støttespelar for næringslivet - gjennom tilrettelegging, infrastruktur, støtte til etableringar og utviklingsprosjekt og gjennom vidaregåande utdanning. For SV er det viktig å få til eit godt samarbeid både med næringslivet og med arbeidstakarorganisasjonane. I eit spreiddbygd fylke trengs det samordning av offentlege og private ressursar for å skape ei positiv utvikling.
Sogn og Fjordane SV vil:
· Satse på eit godt, desentralisert vidaregåande skuletilbod og utvikle nye, nettbaserte løysingar. Vidaregåande utdanning skal vere gratis - også bøker og andre læremiddel - og alle skal vere sikra ein lærlingeplass.
· Arbeide for gode skulemiljø ved å ruste opp bygg, tilsetje miljøarbeidarar ved skulane, fylje opp hybelbuarar og gje elevane større medverknad i skulekvardagen.
· Gje ungdom som ynskjer det høve til internasjonal utveksling.
· Samarbeide med Høgskulen og Vestlandsforskning om høgare utdanning
· Syte føre gode vegar ved å satse på rassikring og utbetring og sikring av eksisterande vegstrekningar, samt arbeide for auka midlar til vegbygging i fylket.
· Halde fram arbeidet for Bremangersambandet og Dalsfjordbrua.
· Bidra til at bygdene og byane våre har godt utbygde velferdstenester og kommuniksjonar, samt satse aktivt på organisert bygdeutvikling.
· Byggje ut kollektivtilbodet og vidareføre og utvide ordninga med ungdomskortet.
· Styrke og vidareutvikle SND for å tryggje hjørnesteinsbedrifter, landbruket, skogbruket og fiskeria
· Bruke midlar til satsing på næringshagar, kompetansestover og knoppskyting i etablerte verksemder
· Leggje til rette for nye næringar gjennom arealplanar og tilskot
· Utvikle partnerskapsordningar mellom politikarar, næringsliv og frivillige organisasjonar.
Eit grønt fylke
Sogn og Fjordane har gjennom tiår vore låst i ein skyttergravskrig mellom utnytting av naturressursar og klassisk naturvern. Fylket bør ta mål av seg til å kome ut av denne bakevja. Sogn og Fjordane har mange områder som har og fortener vernestatus, men det treng ikkje vere til hinder for næringsutvikling. SV vil utvikle ein naturbruksstrategi som respekterer både vernekvalitatar og behovet for næringsutvikling og kommersiell lønsemd. Bruk er ofte ein føresetnad for vern, og det er viktig å få til ei god forvaltning av verneområda og å ikkje gje restriksjonar som er til unødig hinder for tradisjonell bruk. Vern kan òg bli ein ny ressurs for lokalsamfunna dersom vi legg vinn på å få til ny næringsutvikling i bygdene som ligg inntil verneområda. Spørsmålet om vern eller utbygging av vassdrag bli ofte særleg konfliktfyllt. SV er mot nye store vassdragsutbyggingar, men meiner det i staden er rett å satse på opprusting av eksisterande kraftverk og linjenett. Det må òg satsast på småkraftverk, energisparing og alternative energikjelder som vindmøller, bølgekraft, fjordvarme og bioenergi.
Sogn og Fjordane SV vil:
· Auke dei nasjonale ressursane til forvaltning av verneområde
· Utvikle strategiar for bruk og vern, slik at lokalsamfunna - òg kommersielt - kan nytte seg av verneområda våre
· Arbeide for å få Nærøyfjorden inn på UNESCO-lista
· Prøve ut kontraktsvern og gje rimeleg økonomisk kompensasjon for areal bandlagt av vern.
· Utnytte naturkvalitatar for å halde oppe folketalet og ta vare på kulturlandskapet gjennom å opne for større grad av spreidd bustadbygging - også i strandsona.
· At fylkeskommunen skal satse meir på energisparing og auke bruken av alternative energikjelder
· Leggje til rette for utbygging av alternativ energi som til dømes varmepumper, bioenergi, vindmøller og bølgekraftverk.
Kulturfylket
Tek vi oss ikkje råd til å satse på kultur vert vi fort fattige. Kultur og idrett er viktig i seg sjølv, men òg for busetnad og næringsutvikling. I Sogn og Fjordane kan vi aldri bli best på storbyane sine tilbod, men vi kan bli best på trivelege bu- og arbeidsstader der folk kan påverke si eiga framtid og delta i utforminga av sine eigne lokalsamfunn. Kultur - både institusjonar, barne- og ungdomsorganisasjonar og anna frivilleg innsats - er sentrale for å få til utvikling og trivsel.
Sogn og Fjordane SV vil:
· Styrke kulturinstitusjonane i fylket
· Styrke kulturminnevernet
· Oppretthalde og styrke bokbussen og bokbåten
· Arbeide for å realisere ny kulturbåt
· Støtte og lytte til frivillege organisasjonar, særleg barne- og ungdomsorganisasjonane
· Leggje til rette for nyskapande kulturarbeid og syte for støtte til uorganiserte barne- og ungdomsgrupper
· Leggje til rette for samarbeid mellom ungdomsorganisasjonar, skular og kulturinstitusjonar
· Koble kultur og næring tettare saman i det regionale utviklingsarbeidet
Eit internasjonalt fylke
SV meiner at fylkeskommunen skal ha eit aktivt internasjonalt engasjement. Sogn og Fjordane har mange eksportnæringar og som eit lite fylke har vi behov for kontakt med resten av verda. Som eit småskala livsstilsfylke må vi satse på å vere ein attraktiv stad å flytte til for personar frå heile Europa som søkjer natur og tette sosiale nettverk framfor storbyliv. Arbeidsinnvandring og god integrering av flyktingar og asylsøkjarar vil òg kunne bidra til å oppretthalde folketalet og skape vekst og utvikling i bygdene. Elles i Europa ser vi no at det vert satsa på å styrke regionane og gjere dei meir slagkraftige - i arbeidet med å vidareutvikle si eiga rolle bør fylkeskommunen her kunne lære mykje gjennom samarbeid med andre regionar i og utanfor Europa.
Sogn og Fjordane SV vil:
· At fylkeskommunen styrkar samarbeidet med andre regionar i og utanfor Europa
· Gjere fylket kjent som ein attraktiv bu og arbeidsmarknad for internasjonale tilflyttarar
· Stimulere til internasjonal ungdomsutveksling
Sjå samanhengar
For SV er det viktig å sjå samanhengane i politikken. Kommunar og fylkeskommunar avhengig av dei rammene vi får frå nasjonalt hald. SV sine prioriteringar er lett gjenkjennelege på alle nivå. Vi har stortingsrepresentantar som veit at kommunane treng meir pengar - og som prioriterer deretter. Når staten pålegg kommunar og fylkeskommunar nye oppgåver, skal staten òg fullfinansiere oppgåva eller det reforma kostar. Fylkeskommunen er ikkje berre ein tenesteytar; ei viktig oppgåve vil òg vere å påverke nasjonale avgjerder. Vi vil vere ein pådrivar for ein aktiv distriktspolitikk og for betra infrastruktur og kommunikasjonar, for betre kommuneøkonomi og for trygge velferdstenester.
Sogn og Fjordane SV vil:
· At alle nye statlege pålegg til kommunar og fylkeskommunar skal kostnadsreknast og fullfinansierast. Utsettande vetorett til kommunar og fylkeskommunar i høve til statlege reformer som ikkje er fullfinansierte, bør utgreiast.
· Gje kommunar og fylkeskommunar betre økonomi og større rom for lokale prioriteringar
· Sikre ein desentralisert sjukehusstruktur slik at folk i Sogn og Fjordane skal ha eit godt helse- og tannhelse tilbod - likeverdig med resten av landet.
· Sikre innbyggjarane i fylket nærleik til psykiatri- og barnevernstenester
· Arbeide for ein aktiv distriktspolitikk
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7280. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.