Valgprogram · 1999
More og Romsdal Høyre Fylkestingsprogram 1999-2003
Høyre · 1 938 ord
1999-2003
Høyre
More og Romsdal Høyre Fylkestingsprogram 1999-2003
1. GRUNNSYN
Høgre vil føre ein konservativ framstegspolitikk, bygd på det kristne kulturgrunnlag, rettsstaten og folkestyret, for å fremja personleg fridom og sosialt ansvar, medavgjerd og eigedomsrett, og eit forpliktande nasjonalt og internasjonalt samarbeid.
2. MÅLSETTING.
Høgre har som overordna mål å bidra til ei positiv utvikling i heile fylket, og at innbyggjarane skal ha eit godt og variert tilbod av arbeid, fritidsaktivitetar og offentlege og private tenester.
Høgre vil gje det einskilde menneske, den einskilde familie og den einskilde bedrift meir medavgjerd i sin eigen kvardag.
For å sikre dette vil Høgre gje brukarane av fylkeskommunen sine tenestetilbod meir makt på alle område der ikkje grunnleggjande fellesskapsinteresser tilseier at politikarane framleis bør ha styringa.
3. FYLKESKOMMUNEN
Høgre meiner det er unødvendig å ha to sideordna forvaltningsnivå på fylkesplan. Høgre vil derfor arbeide for ei forvaltningsreform som gjer fylkeskommunen overflødig. Staten bør ta over det finansielle ansvaret for sjukehusa og fylkesvegane. Kommunane tek over resten av dei fylkeskommunale oppgåvene.
Høgre vil opne for at fylkeskommunale verksemder kan bli omdanna til sjølvstendige verksemder organisert t.d som stiftingar. Dei uavhengige stiftingane får inntektene sine ved å levere tenester som stat og kommune har ansvaret for. Inntektene blir sikra ved at pengane følgjer brukarane av tenestene. Både sjukehus og vidaregåande skular kan organiserast som uavhengige stiftingar.
Overgangen blir gjennomført slik at tenestene som blir tilbydd brukarane, blir betre. For å sikre ei forsvarleg gjennomføring, vil Høgre at avtalar som skal bli inngått mellom staten og kommunane i fylket, konkret skal vise kven som har ansvaret for kva og korleis rettar og plikter er fordelte.
Så lenge fylkeskommunen finst må den drivast rasjonelt og effektivt, konsentrere seg om primæroppgåvene sine og avvikle sitt forretningsmessig engasjement.
Høgre vil arbeide for:
at fylkeskommunen reduserer eigarinteressene sine i energiforsyninga og MRF. Pengane blir brukt til å betale gjeld og andre nødvendige investeringar innan helse, skule og samferdsel.
at fylkeskommunale oppgåver blir konkurranseutsette.
at sentrale leiarstillingar i fylkeskommunen blir gjort om til åremålstillingar.
4. HELSE.
Innan helse- og sosialsektoren har fylkeskommunen ansvaret for drifta av helseinstitusjonane: sjukehusa, dei psykiatriske sjukeheimane, tannklinikkane og hjelpemiddelsentralen.
Høgre vil arbeide for:
at innbyggjarane i Møre og Romsdal fritt kan velje mellom sjukehus i heile landet.
at sjukehusa i fylket vert fristilte og at dei til dømes blir omdanna til akseselskap eller stiftingar, fordi den medisinsk-teknologiske utviklinga innan helsevesenet og fritt sjukehusval, der pengane følgjer pasienten, set stadig større krav til raske omstillingar.
at det skal bli enklare å etablere private behandlingstilbod i Møre og Romsdal, som eit supplement til det offentlege.
at psykiatri- og rusbehandlingstilbodet vert styrka. Akuttavrusingstilbod må bli etablert i samarbeid med kommunane.
å styrkje barnevernet. Ein må arbeide for å kunne gje hjelp raskare ved å styrkje samarbeidet mellom barnevernet, barne- og ungdomspsykiatrien.
å rekruttere og halde på eit godt kvalifisert helsepersonell.
5. SKULE OG OPPLÆRING.
Fylkeskommunen har ansvaret for utvikling og drift av tilbod innan vidaregåande opplæring.
Læring er først og fremst eit sjølvstendig ansvar for kvar enkelt elev. Oppgåva til skulen er å gje alle elevar utfordringar og oppgåver som er tilpassa dei evner, anlegg og interesser kvar enkelt elev har. Høgre vil ha ein skule som i større grad førebur elevane på det dei møter i framtidig utdanning og yrkesliv.
Kunnskap er ein av dei faktorane som vil ha mest å seie for korleis utviklinga i Noreg vil bli i framtida. Den internasjonale utviklinga set stadig større krav også til det norske skuleverket.
Høgre vil:
arbeide for høg fagleg kvalitet i skulen og eit nærare samarbeid mellom skule og næringsliv.
at elevane fritt skal kunne søkje på den skulen dei ønskjer.
at alle vidaregåande skular i fylket skal gjennomføre skuleevaluering. Denne bør omfatte karaktersetting og evaluering av lærarar, pensum, læremiddel og miljø. Resultata bør vere offentlege så lengje dei ikkje er i strid med personvernet.
at det blir oppretta styre som skal sørgje for drift av kvar enkelt av dei vidaregåande skulane i fylket. Desse styra skal vere skulen sitt øvste organ og ha ansvaret for tilsetjingar og driftsoppgåver. Målet er å sørgje for at flest mogleg avgjerder blir tekne på lågast mogleg nivå og å sikre reel medavgjerd for tilsette, elevar og foreldre/føresette.
arbeide for å sikre tilstrekkeleg med lærlingeplassar både i næringslivet og offentleg sektor.
at rådgjevingssektoren blir styrkja, bl.a. gjennom eit aktivt samarbeid med næringslivet.
arbeide for å innføre "International Baccalaureate"-klasser som vil gi elevane ein internasjonal eksamen.
leggje til rette for at elevar over 18 år skal få betre sjansar til å ta vidaregåande opplæring.
6. SAMFERDSEL.
Fylkeskommunen sine viktigaste oppgåver innanfor samferdselssektoren er: bygging og vedlikehald av fylkesvegar, fordele tilskot til bil- og båtruter, prioritere oppgåver på riksvegnettet i fylket, diverse skyssordningar, trafikktryggingsarbeid og utarbeiing av samferdselsplan.
Møre og Romsdal er heilt avhengig av godt utbygde kommunikasjonar for å skape nye og tryggje eksisterande arbeidsplassar og bidra til ei positiv folketalsutvikling i fylket.
Møre og Romsdal Høyre ser med glede på at ein har fått nye flyoperatørar på Vigra, og vil støtte kvart eit tiltak som har som formål å få fleire operatørar til Hovden, Årø og Kvernberget.
Høgre vil arbeide for:
auka rammer til vegsektoren
bruk av bompengefinansiering for å få realisert viktige vegprosjekt. Eit vilkår for slik finansiering er at lokalsamfunnet sjølv går inn for det, og at innkrevjing av bompengar sluttar når det aktuelle vegprosjektet er nedbetalt. Eit krav til ein slik modell må vere at den ikkje fører til reduserte løyvingar frå staten.
å innføre tilbodsprinsippet i samferdselssektoren snarast mogleg.
betre samordning av kollektivtransporten for å sikre eit best mogleg kollektivtilbod i fylket.
å vidareføre den sterke satsinga på trafikktryggingsarbeid i fylket.
snarast mogleg å få fast dekke på dei riks- og fylkesvegane i vårt fylke som manglar dette i dag.
7. KULTUR.
Eit aktivt og breitt kulturtilbod er med på å skape trivsel, tilhøring og økonomisk vekst. Høgre vil bidra til at kulturarbeidet i fylket får gode høve til å utvikle seg.
Grunnpilaren i kulturarbeidet er den store frivillige innsatsen som lag, organisasjonar og enkeltpersonar yter. Høgre vil arbeide for at denne tradisjonen blir teken vare på og gjere slik at den stimulerer fleire menneske til å innsjå verdien av og kor viktig ei slik samfunnsnyttig dugnadsånd er.
Høgre vil framleis satse på eit aktivt og mangfaldig kulturliv i Møre og Romsdal. Dette inneber både oppfølging av ei rekkje etablerte prosjekt og igangsetjing av nye.
Høgre ønskjer å prioritere dei frivillige organisasjonane som har lita økonomisk støtte frå anna hald.
Høgre vil arbeide for at funksjonshemma får auka tilgang til kulturaktivitetar, først og fremst gjennom betre tilretteleggjing i fylkeskommunale bygg.
Høgre ser positivt på at ulike kulturinstitusjonar/-tiltak går ut og skaffar eigne inntekter ved for eksempel sponsing frå næringslivet.
Høgre meiner at dei investeringane som fylkeskommunen formidlar, først og fremst bør bli nytta til prosjekt som kan ha ei overrislingseffekt for eit større område.
Kulturminne og kulturvern er viktige for vår identitet og må være ein sentral faktor i skolering av barn og unge. Høgre vil difor bidra til å styrkje regionmusea, sørgje for at bransjemuseum får sin rettmessige plass og bidra til at dei lokale musea blir halde i hevd som levande kulturinstitusjonar.
8. NÆRINGSUTVIKLING OG MILJØ.
Næring.
Eit konkurransedyktig og lønsamt næringsliv er grunnlaget for vår private velferd og finansiering av dei offentlege velferdsgoda.
Næringslivet i Møre og Romsdal er mangfaldig og består i større grad enn resten av landet av små og mellomstore bedrifter. Industrikulturen og grunderhaldninga står sterkt i fylket. Næringar som landbruk, fiskeri, havbruk, skipsrelaterte verksemder, møbelindustri og småindustri skaper verdiar og står for ein stor del av verdiskaping i landet.
Næringslivet i Møre og Romsdal slit med høge fraktkostnader samanlikna med konkurrentane. Eit godt ut bygd vegnett med eit tilfredsstillande ferjetilbod er ei avgjerande forutsetning for å kunne drive lønsam næringsverksemd i distrikta. Høgre vil difor framleis satse sterkt på samferdsel, bl.a. vegutbygging, rassikring, ferjetilbod, hamner, flytransport og jernbane.
Hamnestatusen i fylket er viktig og må bli styrka. Høgre vil vere aktiv pådrivar for at Ålesund, som er den største fiskerihamna og ei av dei største eksporthamnene i landet, snarast mogleg får status som nasjonalhamn. Kristiansund hamn har status som regionhamn/EØS-hamn og understrekar kor viktige hamnene i fylket er.
Tilstrekkeleg tilgang på trygge og attraktive arbeidsplassar vil vere eit viktig verkemiddel for å få ei positiv folketalsutvikling i fylket. Det må satsast på større arbeidsmarknadsregionar med livskraftige og levedyktige regionsentra.
Den framtidige verdiskapinga byggjer på tiltakslyst og innsatsvilje i det mangfald av små og store bedrifter vi har i fylket. Høgre vil føre ein politikk som gjer det mogleg for driftige menneske å skape nye verdiar. Vår oppgåve blir å fjerne hindringar for vekst og nyskaping.
Som det største fiskerifylket i Noreg er det eit mål for Høgre å hindre at vårt fiskerimiljø blir svekka ved at delar blir regulert bort frå fylket.
Høgre sin næringspolitikk byggjer på tre hovedepilarar:
Vi vil redusere det samla skatte- og avgiftsnivået. Mest sentralt står arbeidet for lågare skattar på vanleg personinntekt. Høgre ønskjer dessutan å redusere investeringsavgifta og fjerne heilt skatten på formue.
Vi vil redusere skjemaveldet og dei offentlege reguleringane så langt som det er råd. Dette er spesielt viktig for små- og mellomstore bedrifter som blir hardt ramma av ulike pålegg frå forskjellige offentlege etatar.
Vi vil gi næringslivet betre rammevilkåra. I den samanheng står Høgre si satsing på samferdsel sentralt.
Energi.
Høgre meiner at vi også i framtida i hovedsak må dekkje vårt kraftbehov med vannkraft som er ei fornybar og ikkje forurensande energikjelde. Høgre ønskjer i tillegg auka satsing på ENØK, bruk av varmepumpeteknologi og fornybare energikjelder.
Olje- og gassaktiviteten utenfor Midt-Noreg gjer det mogleg å utvikle ny industri og nye arbeidsplassar. Høgre vil arbeide aktivt for at drifts- og basefunksjonar blir lokalisert til Møre og Romsdal og medverke til at lokal industri kan delta i utbyggings-, drifts- og vedlikehaldsoppgåver på konkurransedyktige vilkår.
Gass må i større grad bli utnytta industrielt i Noreg. Gass må i langt større grad brukast som drivstoff i samferdselssektoren.
Høgre vil arbeide for etablering av gasskraftverk på Tjeldbergodden. Dette vil vere eit viktig bidrag til å sikre industrien - særlie Hydro Aluminium på Sunndalsøra - langsiktige kraftleveransar på konkurransedyktige vilkår.
Planene om å bringe store mengder naturgass frå Tjeldbergodden til Skogn, medfører at det snarast må leggjast ei ny gassrørleidning fra Haltenbanken til Tjeldbergodden slik at det framleis blir nok gass igjen til å kunne etablere ein stor gassbasert industri på ilandføringsstaden.
Naturgassen fra "Ormen Lange" må førast i land i Møre og Romsdal for prosessering før vidaresal til aktuelle kjøparar.
Miljø.
Høgre byggjer sin politikk på ansvaret for å sikre våre etterkommarar minst like godt høve til å dekkje sine behov som vi har hatt til å dekkje våre. Derfor er det grunnleggjande for Høgre, som eit verdikonservativt parti, å verne om miljøet og naturressursane.
Høgre har ikkje blind tru på ei reguleringslinje i miljøpolitikken. Dei politiske verkemidla må innrettast slik at det blir lønsamt også på kort sikt for enkeltpersonar, bedrifter og offentlege styresmakter å ta hensyn til langsiktige økonomiske og miljømessige verknader.
Høgre vil:
at fylkeskommunen skal ta miljøhensyn ved innkjøp og investeringar, og stille miljøkrav til sine underleverandørar.
at fylkeskommunen skal ta sitt regionale ansvar for å setje i verk miljøtiltak som er vedtekne på nasjonalt og globalt nivå.
stimulere til interkommunalt/regionalt samarbeid for å løyse miljømessige oppgåver knytta til t.d. avfallsproblematikk, arealdisponering og vassforsyning.
at fylkeskommunen ikkje må leggje opp til ein aktiv reguleringspolitikk utover dei spesifikke ansvarsområda den har.
kreve at Kyststamvegen blir Naturgassvegen. Nye ferjer langs kyststamvegen bør vere gassdrevne, og ein stor del av bussmateriellet bør vere gassdrevne.
innføre ungdomskort i kollektivtransporten. Kortet gir ungdom rett til transport med buss, båt og tog i heile fylket.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7270. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.