Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2003

Sp i Møre og Romsdal byggjer politikken på: Nærleik - Trivsel - Livskraft

Senterpartiet · 2 180 ord

2003-2007

Senterpartiet

Sp i Møre og Romsdal byggjer politikken på: Nærleik - Trivsel - Livskraft

Innledning

Nærleik:

Nærleik til kvarandre

Senterpartiet ser på heim og familie som ei grunnleggjande eining i samfunnet.

Nærleik til avgjersler

Senterpartiet vil ha eit levande folkestyre og eit lokaldemokrati der den enkelte kan vere med å bestemme over sin eigen livssituasjon.

Nærleik til samfunn og arbeidsliv

Senterpartiet vil sikre busetnad, næringsutvikling, arbeidsplassar og ressursutnytting i heile landet. Vi vil liggje i framkant i utviklinga av kunnskap, ny teknologi og forståing av vår utvikling som folk og land.

Trivsel:

Trivsel gjennom fridom og omsorg

Senterpartiet vil gi folk fridom til å styre eigen livssituasjon basert på ansvar og plikter ein har som medlem av fellesskapet. Senterpartiet vil vise omsorg gjennom fellesskapsløysingar og arbeide for trygge levevilkår for folk i alle aldrar.

Trivsel gjennom identitet og kultur

Senterpartiet vil ha eit rikt og variert kulturliv i heile landet. Kultur samlar folk, skaper identitet og engasjement og utløyser kreativitet.

Livskraft:

Livskraft gjennom skapande menneske

Målet for Senterpartiet sin politikk er å skape eit fellesskap av frie, sjølvstendige menneske; der rettferd, tryggleik og likeverd er eit berande prinsipp.

Livskraft gjennom desentralisering og avbyråkratisering

Senterpartiet vil styre i stort og gi fridom i smått. Ved å avbyråkratisere og desentralisere vil ein fremme entreprenørånda som er nødvendig for å fornye samfunns- og arbeidsliv.

Livskraft gjennom lokal ressursutnytting og nyskaping

Senterpartiet meiner at Noreg gjennom våre naturressursar er i ein unik situasjon til å vidareutvikle eit næringsliv som gir grunnlag for spreidd busetnad. Ressursar innan jordbruk, skogbruk, fiskeri, oppdrett, olje, gass og vasskraft skal forvaltast til beste for lokal verdiskaping.

Senterpartiet står for ei verditenking som utrykkjer at samfunnet skal byggjast nedanfrå.

Utviklinga av nærmiljø og nærdemokrati er avgjerande for at du skal kjenne:

nærleik, trivsel og livskraft.

Ung i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal er avhengig av at ungdommen blir i fylket. For å få barn og unge til å trivast her, må fylket tilby ulike tilbod både når det gjeld utdanning, fritid og aktivitetstilbod. Senterpartiet i Møre og Romsdal vil arbeide for at ungdommen skal trivast der dei bur, og legge til rette for at unge som vil, kan få både utdanning, jobb og bustad i heimfylket sitt.

Senterpartiet vil arbeide for:

- ein god offentleg skule

- ein gratis skule, fri for eigenandelar på bøker, kopiering og leirskular

- ein mangfaldig skule som tilpassar undervisninga til elevane sine evner og interesser

- ein skule som legg meir vekt på praktiske fag gjennom å støtte tiltak som elevbedrifter og "entreprenørskap i skulen"

- å utbetre rådgjevingstenesta, gjennom å skilje mellom fagleg og sosial rådgjeving

- ein skule fri for mobbing

- å opprette forsøk der næringsliv og skular går saman om prosjekt særleg retta mot jenter

- at rusomsorga og førebyggande tiltak mot rus prioriterast

- at ungdomsklubbar med allsidig fritidstilbod må finnast i distrikta

- "Heim For ein 50-lapp"- eit prosjekt som tek sikte på å tilby ungdom drosjeskyss heim i helgane til ein pris på 50 kroner

-

Utdanning

Senterpartiet vil forsvare og utvikle det desentraliserte tilbodet vi har innanfor vidaregåande utdanning i Møre og Romsdal. Skulane skal vere eit ressursmiljø og samarbeidspartnar med andre aktørar i sine regionar, med vekt på entreprenørskap for dermed å leggje til rette for jobbskaping og næringsutvikling. Det er aukande behov både for sosial og for fagleg rådgiving ved skulane. Dette må komme til syne ved auka vektlegging og ressurstilgang til rådgivingstenesta. Skulane er del av den lokale kulturarven vår, og gjennom å bere og fremje dei kulturelle verdiane våre, skal dei medverke til at ungdommen i Møre og Romsdal får knytt band til heimfylket slik at dei ønskjer å busette seg her. Senterpartiet vil ikkje leggje ned vidaregåande skular i perioden.

Senterpartiet vil arbeide for:

- å sikre eit desentralisert fagtilbod ved å gi dei mindre skulane i distriktet stor fridom til sjølv å setje saman fagtilbodet ved skulen.

- å medverke til at populære og godt søkte liner også blir lagt ut til distriktsskulane.

- styrking av ressursentra ved dei vidaregåande skulane.

- å styrke den sosiale og faglege delen av rådgivingstenesta.

- at skulane ved forsøk og avtalar skal få fridom til lokal organisering og utvikling av ny pedagogikk.

- at skulane har stor fokus på utvikling av den samla kvaliteten i utdanninga der trivsel, haldningar, elevmedverknad, dugleik og kunnskap er inkluderte i kvalitetsarbeidet.

- å bevare skular med internat-teneste.

- at elevane ikkje skal betale eigendel på skuleskyss eller skulepengar.

- etablering av eit Møre Universitet.

Samferdsel

Å satse på samferdsel er ei framtidsretta investering for auka verdiskaping, ein føresetnad for busetting, næringsutvikling og ressursutnytting i distrikt og by.

Senterpartiet vil derfor arbeide for:

- større statlege løyvingar, også bruk av oljepengar.

- bruk av kreative finansieringsformer.

Senterpartiet har visjonar om å binde fylket saman ved å byggje ut fjordkryssingar for å skape større bu- og arbeidsmarknadsregionar.

Senterpartiet meiner at:

- fylkesvegane skal opprustast med fast dekke

- rustskadde bruer må utbetrast

- utsette riks- og fylkesvegar må rassikrast

- fastlandssamband må realiserast

- Nasjonal Transportplan i perioden 2006-2015 skal få større årlege rammer.

- auka rammer til stamvegane ikkje skal gå utover andre riksvegar.

- det må bli sterkare satsing på gang/sykkelvegar og andre trafikktryggingstiltak.

- kollektivtransporten må utviklast, men i delar av distrikts-Noreg er bilen likevel

- heilt avgjerande for å oppretthalde næringsliv og busetnad.

- funksjonshemma må få betre kommunikasjonstilbod.

- vedlikehaldet av dårlege riksvegar må styrkjast.

- trafikktryggleiken langs kysten må betrast.

- Nasjonalhamn og regionhamner må utbyggjast for at meir av transporten skal

- gå til sjøs.

- kapasiteten i ferjetrafikken må aukast. Det må vere døgnopne samband på Kyststamvegen, og nattferjer må vurderast i andre samband. Ferjeflåten må fornyast, helst med gassferjer.

- det må innførast fraktutjamnings-system for mest mogleg lik bensinpris.

- differensiert dieselavgift skal brukast som distriktsverkemiddel.

- det må leggast til rette for utbygging av breiband i alle delar av fylket.

Næringsliv

Senterpartiet i Møre og Romsdal vil ha ein aktiv distriktspolitikk med

lokalstyring, framfor fjernstyring !

Vi vil ha allsidig næringsutvikling basert på dei naturgjevne, menneskelege og marknadsmessige 'fortrinna' vi har. Forvaltninga av miljø- og naturressursane må vere langsiktig og forsvarleg. Næringslivet må få stabile rammevilkår, og profileringa av verdiskapinga i Møre og Romsdal, nasjonalt og internasjonalt, må intensiverast.

Sentraliseringa dei siste åra har ført til at ein stadig mindre del av befolkninga i landet bur i distrikta. Denne trenden vil Senterpartiet snu.

Industri

Møre og Romsdal er det tredje største industrifylket i landet, og industrien er viktigare for oss enn i mange andre fylke. Industrien vår er konkurranseutsett og eksportorientert. Delar av næringslivet slit i dag med internasjonale konjunktursvingingar, høg rente- og kronekurs. Senterpartiet meiner det er nødvendig med ekstra tiltak for å hjelpe industrien gjennom omstillingsprosessane. Dersom dette ikkje blir gjort, kan kunnskap og kompetanse som er bygd opp gjennom generasjonar, gå tapt for alltid.

Senterpartiet vil styrke og utvikle industrimiljøa våre gjennom forsking, fagopplæring og vidare utvikling av høgare utdanning i fylket.

Senterpartiet vil :

- at all næringsutvikling må skje innanfor ramma av ei berekraftig utvikling, der omsynet til miljøet er overordna.

- arbeide for at midlane til kommunale næringsfond blir auka.

- at alle innbyggjarane i fylket skal ha tilgang til breiband til same pris. Fylkeskommunen må ta ei førande rolle til utvikling av infrastruktur, byggje kompetanse og gje råd.

- auke satsinga på alternative energikjelder.

- styrkje små og mellomstore bedrifter og prioritere desse ved tildeling av midlar.

- styrkje samarbeid mellom bedrifter, - nettverksarbeid er viktig.

- vidareføre driftsassistansen for å sikre god kvalitet på drikkevatnet i heile fylket.

- støtte kvinnelege etablerarar.

- at satsinga som er retta mot ungdom og kompetanseheving i småsamfunna, må følgjast opp. Skuleverk og utdanningsinstitusjonar må ha eit tettare og systematisk samarbeid med næringslivet.

- at fylket må få sin del når statlege arbeidsplassar skal flyttast ut av Oslo.

Full gass !

Senterpartiet vil at mest mogleg av dei store gassressursane utanfor kysten vår skal førast til land for utnytting til lønnsam næringsutvikling i fylket. Vi vil at desse ressursane blir underlagt ei forvaltning med mest mogleg omsyn til miljø og fiskeria, og at dei blir brukte til å tryggje sysselsetting, utvikling av næringsliv, kompetanse og konkurransekraft i regionen.

Senterpartiet vil :

- ha auka bruk av gass og gassbaserte industrietableringar.

- at petroleumsressursane i Norskehavet skal ilandførast til fylket.

- at det i samband med Ormen Lange-anlegget må leggjast til rette for eit gassknutepunkt som kan ta imot petroleum frå nye eller andre felt.

- legge til rette for bruk av gass lokalt, for å utnytte industrietableringane på Nyhamna og på Tjeldbergodden.

- påverke staten til å finansiere grunnlagsinvesteringar og gje aktiv støtte til tilrettelegging for bruk av naturgass.

- ha ei førande rolle i arbeidet for etablering og utvikling av eit gasskraftverk med den beste teknologien og C02 handteringa i verda.

Primærnæringane

I mange lokalsamfunn i fylket er fiskeri, havbruk og landbruk grunnlaget for busetjing og utgjer hovudtyngda av verdiskapinga og sysselsettinga. Utviklinga i desse næringane er avhengig av internasjonale avtalar for marknadstilgang, og nasjonal og lokal tilrettelegging. Vårt mål er ein politikk der desse næringane blir styrkte, - ein politikk der ein større del av verdiskapinga frå fiske, havbruk og eit moderne landbruk kjem kysten og bygdene til gode. Vi vil ha større fokus på lokal produktutvikling, nytenking og rekruttering til desse næringane. Berre levande bygder gir kulturlandskap og opplevingar reiselivsnæringa er avhengig av.

Senterpartiet vil :

- ha ei sterkare vidareforedling av råvarene frå landbruk, havbruk og fiske i Møre og Romsdal

- at all utnytting av fiske- og havbruksressursane må skje i eit langsiktig perspektiv under stabile rammevilkår.

- at inntekta frå fiskeria må ende opp som kjøpekraft i distrikta, ikkje som inntekt og profitt i bank og finans.

- arbeide for å auke beredskapen og tryggleiken langs kysten.

- at fylket sin del av verdiskapinga frå landbruket ikkje blir redusert.

- støtte opp under bønder som kan og vil satse offensivt vidare for å utnytte alle ressursane på garden.

- at fylkeskommunen skal ta initiativ for å sikre auka satsing på skogkulturtiltak.

Helse og sosialpolitikk

Senterpartiet vil vidareutvikle det norske velferdssamfunnet. Utviklinga av helse- og

sosialtenester i vårt velferdssamfunn er eit offentleg ansvar og oppgåve. Senterpartiet vil vidareutvikle ein effektiv og ubyråkratisk offentleg sektor med færrast mogleg mellomledd, og som er underlagt folkevald styring. Vi vil arbeide for å skape eit kvalitativt godt samfunn basert på solidaritetsprinsippet. Det betyr at alle i Noreg skal få dekka sine minimumsbehov.

Tenestene skal vere tilgjengelege der du bur og dei skal ha ein minstestandard. Det private tenestetilbodet skal vere eit supplement til det offentlege. Det offentlege og det private

tenestetilbodet skal vere aktørar til det beste for brukarane.

Senterpartiet vil :

- sikre utdanningstilbod for helsepersonell.

- leggje til rette for komprimert utdanning for ufaglærte med røynsle frå faget.

- satse på etterutdanning og tilbod om vidareutdanning for helsepersonell.

- vidareføre ordninga "Grøn omsorg". Grøn omsorg er eit alternativt omsorgstilbod med tilknyting til gardsdrift for menneske med særlege behov.

- oppretthalde eit desentralisert tannhelsetilbod.

- gjeninnføre Alkohol-, Narkotika- og Tobakksagentar (ANT- agentar) i grunnskulen og

vidaregåande skule. Øyremerke lærarressursar som skal brukast, desse må vere ein del av eit nasjonalt nettverk og bli godt fagleg oppdatert.

- støtte foreldre baserte tiltak som natteramnar.

- at den lovpålagde skulehelsetenesta snarast må tilbydast ved alle skular.

- gjennom konsultasjonar med Helseregion Midt-Norge arbeide for å sikre innbyggjarane

eit trygt tilbod som m.a. fødeavdelingar og akutt beredskap.

Kultur for alle!

Kulturliv og frivillig organisasjonsliv er ein viktig del av det lokale folkestyret og på mange måtar sjølve limet som held samfunnsmosaikken saman. Derfor må vilkåra betrast. Landsdelen vår treng eit rikt og variert kulturliv, der både profesjonelle og amatørar vert gjevne plass. Kultur skal samle folk, skape identitet og engasjement og utløyse kreativitet.

Senterpartiet vil arbeide for styrking av:

- kultur i lag og organisasjonar

- kulturbasert reiseliv

- kultur i kommunar og fylkeskommunen

- kultur i næringslivet

- kultur i skolen. Den kulturelle skolesekken / Kulturnista

- kultur i institusjonane

- kultur som førebyggjande helsearbeid

Senterpartiet vil ta vare på den rike kulturarven vår og bringe han vidare til nye generasjonar ved å støtte det profesjonelle og det offentlege kulturlivet, styrke musea og biblioteka, og medverke til å etablere eit kulturnett som lettare kan formidle kulturelle opplevingar og tradisjonar.

Senterpartiet vil ha kultur i kvardag og fest; det lønner seg å investere i kultur !!

DER DU BUR; NÆRLEIK, TRIVSEL OG LIVSKRAFT….

Senterpartiet vil noko !

Vi bur i eit land der by og bygd må spele på lag for å styrke busetting,

arbeidsplassar, utdanning og kultur. Vår tradisjon er å tenkje fellesskap og

skape gode fellesskapsløysingar.

Lokalstyre i ei demokratisk utvikling krev eit folkestyre med samfunnsengasjement, ressursar og mynde.

Senterpartiet vil samfunnsbygging framfor forvitring.

Vi vil ta heile landet i bruk ved å vidareutvikle eit næringsliv som gjev grunnlag for spreidd busetting.

Senterpartiet vil fellesskap framfor marknad.

Vi vil vidareutvikle den norske velferdsstaten som baserer seg på solidaritet, omsorg og likskap.

Senterpartiet vil folkestyre framfor fjernstyre.

Vi vil styrkje folkestyret ved å gje kommunane og fylkeskommunane auka økonomiske ressursar og vidare fullmakter.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7267. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.