Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2003

Fylkesprogram Hordaland Senterparti 2003 - 2007

Senterpartiet · 8 495 ord

2003

Senterpartiet

Fylkesprogram Hordaland Senterparti 2003 - 2007

INNLEIING

Hordaland med sine om lag 438000 innbyggjarar er det tredje folkerikaste fylket i landet. Berre Oslo og Akershus er større. Mangfaldet kjenneteiknar Hordaland. Bergen med 231.000 innbyggjarar og Modalen med 350 er ytterpunkta når det gjeld storleik. At fylket femner om så ulike kommunar, fører med seg særskilde utfordringar også for fylkeskommunen.

Hordaland fylkeskommune har om lag 4.000 tilsette, og forvaltar eit budsjett på om lag tre milliardar kroner. Vidaregåande skular, kultur og samferdsle er dei største tenesteområda. Fylkeskommunen har i tillegg eit viktig medansvar for samfunnsutviklinga på andre måtar, mellom anna skal fylkes-kommunen få større ansvar for den regionale utviklinga. Gjennom planarbeid på ulike felt er fylkes-kommunen viktig for å samordna tiltak på tvers av kommunegrenser. Regionalt utviklingsprogram er eit sentralt plandokument for å synleggjera den regionale utviklarrolla. Elles er det mange andre delplanar som er viktige både internt i fylkeskommunen og for kommunar, statlege kontor og einskildinstitusjonar.

Fylkestinget er det øvste politiske organet. Fylkestinget har 57 medlemer. Fylkesutvalet er økonomi- og planutval, og har 15 medlemer. Elles er fylkestinget delt opp i kontrollutval og tre komitear med kvar sine ansvarsområde: Komité for kultur og miljø , komité for utdaning og helse, og komitè for samferdsle.

Fylkestinget har gjort vedtak om å skipa eit Vestlandsråd saman med Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Rogaland. Vestlandsrådet vil få avgjerdsmynde i einskilde saker.

Tredelinga i norsk offentleg forvalting - mellom stat, fylkeskommune og kommune - er uttrykk for desentralisering og aktivt folkestyre. Dersom viktige politiske målsetjingar skal etterlevast, må marknadskreftene korrigerast gjennom folkevalde organ. Senterpartiet meiner det er viktig å halda på noverande tredeling i norsk forvalting. Det ville vera lite effektivt og lite i samsvar med vår demokratiske styreform om all makt og avgjerdsmynde låg i Stortinget. Oppgåver og ansvar bør liggja nær dei som skal ha tenestene. Kunnskap om lokale tilhøve er avgjerande for eit tilbod som folk i heile fylket er tente med. Gjennom dei økonomiske rammevilkåra har staten likevel vesentleg styring med kva oppgåver og mynde fylkeskommunen skal ha.

Senterpartiet fryktar at samanslåing av fylke fører til maktkonsentrasjon og byråkratisering. Hordaland Senterparti vil difor sjå kva eit forpliktande samarbeid over fylkesgrensene kan gje av føremoner før ei samanslåing av fylke på Vestlandet kan vurderast.

GRUNNSYNET

Sp byggjer Noreg si framtid på ein kristen-humanistisk grunnvoll. I eit samfunn etter Sp sitt hjarta vil den einskilde sjå sitt ansvar og sine plikter for eit felleskap tufta på rettferd og likeverd.

Grunnsynet i praktisk fylkespolitikk:

HORDALAND I NOREG OG VERDA.

For Sp er ansvar for naturen si bereevne grunnleggjande. Følgjeleg vil partiet arbeida for eit samfunn i økologisk likevekt, nasjonalt og internasjonalt. Rovdrift på ressursane og stuttsynt økonomisk vinst er i strid med omsynet til berekraft og generasjonane etter oss.

KULTURELT ROTFESTE.

Fotfeste i heimlege kår og føresetnader gjev mennesket identitet til vern mot rastlaus, globalisert overflatekultur. Kultur med utspring i det lokale er uttrykk for ein kulturpolitikk Hordaland Sp ynskjer å fremja og nøra.

DEMOKRATIET TRENG FOLKEOPPLYSNING.

Eit demokrati utan folkeopplysning er i lengda ei farleg styreform. Å vekkja oppatt interessa for demokratikunnskap i vid meining er ei viktig oppgåve i åra som kjem.

LANDBRUK.

Noreg og Hordaland treng eit livskraftig landbruk. Garden og grenda er viktige som matprodu-sentar, men òg som kulturlandskap og grøne lunger. Trygg matproduksjon tyder lokal og nasjonal forsyning.

OFFENTLEG STYRING OG PRIVAT EIGEDOMSRETT.

Hordaland Sp vil gjennom fylkeskommunen arbeida for eit samspel mellom privat initiativ og offentleg eigarskap. Privat eigedomsrett for dei mange er eit mål for Sp, men når det gjeld viktige tenester innan helse, omsorg og skule, ser SP dei som eit offentleg ansvar. Senterpartiet vil arbeida for at det i all fylkeskommunal planlegging skal takast omsyn til universell utforming.

DESENTRALISERING AV MAKT, KAPITAL OG BUSETJING

Hordaland Senterparti vil gjennom sitt arbeid i fylkeskommunen syta for å halda oppe eit variert tilbod ved dei vidaregåande skulane, byggja ut samferdsla og å yta gode tenester til beste for innbyggjarane i fylket. Staten må fylgja opp vedtekne reformer med nødvendige driftsmidlar.

SKULE OG UTDANING.

I ei rastlaus tid med flimrande bilete og forvitrande kulturelle band er skulen viktigare enn nokon gong i oppsedinga og utdaninga av born og unge. Ein god skule har som hovudoppgåve å gjera elevane til gagns menneske for heim og samfunn, ikkje ved å spegla og reflektera rådande samtidstrendar, men tvert om ved sjølv å gjeva samfunnet og samtida forankring og orienteringsgrunnlag. Senterpartiet vil atterreisa skulen som norm- og verdigjevar og styrkja sjølvstendet, sjølvkjensla og yrkesstoltheiten til læraren. Ein "god" lærar øver elevane i kritisk evne til å møta reklamepress og kommersialisering av klasserommet.

Kristen-humanistiske verdiar og nasjonale kulturtradisjonar må også i framtida vera skulen og samfunnet sitt ideologiske eksistensgrunnlag. Senterpartiet meiner at retten til utdanning skal vera lik for alle. Eit desentralisert skuletilbod er viktig for å tryggja dei mange lokalsamfunna.

Senterpartiet vil arbeida for

å sikra etterutdaning av lærarar, fordi kunnig og inspirert undervisning er ein føresetnad for lærevilje og interesse hjå elevane

at elevane får øving i å kjenna ansvar for eiga læring, og i å utvikla evner til å resonnera kritisk og gjera gjennomtenkt arbeid på eiga hand

å styrkja bibliotektenesta i skulane gjennom løyvingar til breiare bokutval og utvida bibliotekarnærvere

at driftsbudsjetta for utdaningsinstitusjonane stettar krav til tidhøveleg læremateriell, triveleg arbeidsmiljø og turvande vedlikehald

å gjeva elevar med lærevanskar betre tilgang til alternative opplæringsformer

at inneklimaet er i samsvar med føresegnene i alle utdaningsinstitusjonar i fylket.

å styrkja kroppsøvingsfaget

å styrkja samarbeidet idrett - skule

at elevane får tilbod om gratis skulefrukost ("Mat og Mosjon")

GRUNNSKULEN.

Senterpartiet vil arbeida for

at kommunane får økonomi til å syta for at skulane gjev fullverdig undervisning

å styrkja barnehage og skule som verdi- og kulturformidlarar i samfunnet

at skulane i det haldningsskapande arbeidet legg større vekt på å øva elevane i åtferd og folkeskikk. Dette må skje gjennom tettare samarbeid mellom heim, skule og skulehelseteneste.

at skulegangen, av omsyn til lokalsamfunnet både i bygd og by, føregår i eleven sitt nærmiljø

å sikra tolærar-ordninga på dei lågaste klassestega

at heimstadlære på ny vert undervisningsfag. Kjennskap til og kontakt med det lokale næringslivvil vera ein del av dette faget.

at elevane lærer å meistra IKT med bruk av data og Internett

styrkja basisfaga norsk og mattematikk

VIDAREGÅANDE SKULE.

Senterpartiet vil arbeida for

å styrkja allmennfaga sin status, med særleg vekt på intensivert opplæring i norsk skriftleg

at det vert gjeve undervisning i estetiske fag (musikk, drama, husflid, handverk) i alle regionane i fylket

styrkt kulturforståing gjennom internasjonaliseringsarbeid.

å hindra at sidemålsstilen vert gjort valfri

at alle læreverk ligg føre på båe målformene til same tid og same pris

utvida samarbeid mellom skule, det offentlege og arbeids-/næringsliv

å sikra mange nok lærlinge- og praksisplassar

stipendordningar som gjev likeverdige økonomiske tilhøve for elevane

at skipnaden med ungdomskort må halda fram

at flest mogeleg av skulesøkjarane får stetta fyrstevalet sitt

at utbytet av oppdragsverksemd kjem den einskilde skulen til gode

at OT-PPT vert økonomisk i stand til å leggja til rette for ei undervisning som set alle elevar i stand til å fullføra ei vidaregåande opplæring.

ein nyskapande skule med elevverksemder på tvers av fag og liner

VAKSENOPPLÆRINGA.

Eit variert arbeidsliv krev stendig ny kunnskap; å gjeva vaksne utdaning og omskuling er difor ei varig oppgåve. Kompetansereforma har gjeve vaksne nye rettar til opplæring på grunnskulen og den vidaregåande skulen sine område. Senterpartiet meiner at fylkeskommunen må leggja større vekt på omsynet til livslang læring i denne delen av utdaningssystemet. Her trengst det fleksible kombinasjonar mellom utdaning og arbeid.

Senterpartiet vil arbeida for

at realkompetansereforma gjev vaksne reell rett til vidaregåande skulegang

at dei ulike tiltaka innanfor vaksenopplæringa vert samordna, og at ein byggjer på det som allereie er etablert

at det vert løyvd midlar til gjennomføring av fylkeskommunen sine vedtekne planar for etterutdaning

at nye planar for yrkesfagleg etterutdaning må utarbeidast i samarbeid med næringslivet, som best ser kva for kompetanse som trengst

å gjera vaksne med lese- og skrivevanskar betre rusta for arbeidslivet gjennom tilpassa etterutdaning

betra tilgjenge til bruk av IT for elevar med lese- og skrivevanskar

HØGARE UTDANING.

Senterpartiet meiner at også høgare utdaning kan byggjast ut etter ein desentralisert modell. Distriktshøgskulane er ein grunnstein i denne modellen, og må difor utviklast vidare. Informasjonsteknologi bør nyttast for betre å knyta distriktshøgskulane opp mot forsking og utvikling ved universiteta, slik at fleire kan få nyta godt av ny kunnskap og nye forskingsresultat. Senterpartiet har vedtatt å arbeida for ein 40 % stipenddel. Vidare skal ingen betala attende meir til Statens Lånekasse enn det dei har lånt. Studielånet skal berre inflasjonsjusterast gjeldande frå det tidspunktet studia vart avslutta.

Senterpartiet vil arbeida for

- å samordna tilboda som dei regionale høgskulane gjev.

- at kompetanse ved forskingsmiljø i sterkare grad må koma lokalt næringsliv til gode.

- å knyta skuleverket sterkare til lokalt arbeidsliv. Utdaningsinstitusjonane er ressursar som kan medverka til styrking av lokalt næringsliv og berekraftig utvikling.

- at studentar kan få arbeidspraksis i studietida. Arbeidslivet kan på si side få arbeidskraft med relevant praksis.

- at elevar som ønskjer det, bør kunna sikrast plass i det høgare utdaningssystemet.

- å vidareutvikla Bergen som utdaningsby gjennom eit nært samarbeid mellom utdaningsinstitusjonane, Hordaland Fylkeskommune, Bergen Kommune og næringslivet i regionen.

- at studiebyen Bergen kan gjeva studentane betre tilgang på bustad, sosiale tenester, kultur, barnehagar m.m.

- å etablera forskings- og kompetansemiljø ute i distrikta, knytt opp mot næringsliv og vidaregåande skule. I perioden må det vurderast om ungdomskortet kan utvidast til å gjelda all ungdom under utdaning.

- fleire desentraliserte høgskuletilbod

Fjernundervisning

For at alle skal få tilgang til utdaning er det viktig å kunna tilby høgare utdaning utanfor utdaningsinstitusjonar som universitet og distriktshøgskular. Fleire må få høve til å utdana seg på heimstaden sin. Senterpartiet vil leggja til rette for at fleire skal kunna gjera seg nytte av fjernundervisning.

NÆRINGSLIV

Hordaland har store naturgjevne ressursar både i nasjonal og internasjonal samanheng. Energiressursar i form av vasskraft, olje og gass gjev i dag grunnlag for monaleg eksport av energi og energibaserte råvarer/halvfabrikat. Fylket har også særeigne miljø- og naturkvalitetar som legg grunnlag for omfattande næringsverksemd innan m.a. landbruk, fiskeoppdrett og reiseliv.

Dei store ressursane gjev grunnlag for næringsverksemd og busetnad i alle delar av fylket. Fylkes-kommunen si rolle er å medverka til gode og stabile rammevilkår slik at privat tiltakslyst kan gjeva auka næringsverksemd. Med Bergen som senter for utdaning og forsking, skipsfart og luftfart har fylket gode føresetnader for å utvikla eit levedyktig næringsliv i heile fylket.

Primærnæringane, handel og skipsfart, handverk og industri har lange tradisjonar som me må byggja vidare på. Ein vesentleg del av små og mellomstore verksemder i industrien er utvikla på dette grunnlaget. Rammevilkåra må leggjast til rette for å hindra vidare utflagging av arbeidsplassar i konkurranseutsette næringar, som produserer for heimemarknaden og eksport. Dei store industri-verksemdene er framleis lokomotiva i næringslivet i Hordaland, men ein stor del av framtidig verdiskaping vil skje i små og mellomstore verksemder. Offentlege styremakter må utvikla strategiar for å hjelpa og tilretteleggja for denne typen verksemder.

Det offentlege må gjeva stabile rammer som kan sikra lønsemd og ei balansert geografisk lokalisering av arbeidsplassar. Omstilling og fornying i næringslivet må ha som mål å sikra sysselsetjinga. Det er viktig å skapa nettverk innan og på tvers av bransjar.

Landbruk

Landbruket i Hordaland må oppfylla Stortinget si målsetjing for næringa. Landbrukspolitikken må byggja på at alle brukstypar skal vera representerte både i distrikta og i sentrale strok. Det må vera eit hovudmål at den som driv jorda, også eig ho. Me må ha eit jordbruk basert på variert bruksstruk-tur, og driftsformene må vera slik at jorda sin kvalitet og si produksjonsevne blir sikra. Jordbruks-arealet må haldast oppe og produksjonen tilpassast lokalt miljø- og naturgrunnlag. Senterpartiet arbeider for å auka sjølvforsyningsgraden.

Det må vera eit mål at dei som har yrket sitt i jordbruket, skal ha ei inntektsutvikling og sosiale ordningar på linje med samfunnet elles, og at inntektsskilnadene mellom jordbruket og andre grupper skal reduserast.

Senterpartiet går inn for:

- at Hordaland må halda på sin rimelege del av produksjonsomfanget i landet.

- at bu-og driveplikta må handhevast strengt, også for økonomisk drivverdig skogbruk, og at arealgrensene må vurderast auka slik at handheving av bu- og driveplikta kan heimlast i reell bu- og sysselsetjingseffekt.

- at hovudprinsippa i odelslova må liggja fast, men at det vert vurdert ei smalare line i arveretten.

- å føra ein streng jordvernpolitikk,

- at produksjon av mat og vern og stell av kulturlandskapet må gjeva reell sysselsetjingseffekt,

- å utvikla samarbeidsformer som sikrar god utnytting av produksjonsapparatet, og som gjev høve til avløysing , m.a. gjennom samdrift, maskinringar,

- at inntekt og velferdsordningar i jordbruket må styrkjast,

at potensialet i ressursar som kulturlandskap, lokale mattradisjonar, kulturminnevern, miljøvernarbeid, energi, jakt/fiske og reiseliv må utnyttast, og forbrukarane får høve til å kjøpe lokalt produserte matvarer

- at produksjonsnøytrale stønadsordningar må vurderast,

- at arbeidskrevjande produksjonar basert på lokale ressursar må stimulerast,

- at grunneigarane må sikrast vederlag når naturgode blir bandlagde av omsyn til ålmenne samfunnsinteresser,

å halda oppe eit sterkt importvern

å sikra produksjons- og foredlingsanlegg i landbruket

Skogen

Skogen i Hordaland er sett saman av mange små gardsskogar, og desse er etter kvart ein viktig økonomisk ressurs på mange bruk. Skogeigarane må motiverast til å driva rett fornying, skogsrøkt og hogst. Skogreisinga i fylket har over tid vore stor, og den største utfordringa no ligg i å ta hand om hogsten. Det trengst vegar og driftsapparat til å driva fram tømmer under vekslande vertilhøve, for å sikra industrien tømmer til rett tid. Auka satsing i gardsskogen vil for mange kunna gjeva trygge arbeidsplassar bygd på garden sine ressursar. Å byggja nye skogsbilvegar, å auka akseltrykk og å betra kurvaturen på det eksisterande vegnettet er naudsynt for å få til ei rasjonell avvirking av hogstmogen planteskog. Det må også takast omsyn til verne- og friluftsinteresser når skogsvegar vert bygde.

Senterpartiet går inn for:

- styrking av kombinasjonen jord/skog

- vidare satsing på stønad til skogskulturtiltak

- tiltak som gjev meir bruk og sterkare vidareforedling av tømmer/trevirke

- at arbeidet med ei betre utnytting av ressursar som ligg unytta i skogen/utmarka, vert stimulert

- at skogeigarane ved hjelp av m.a. BU-midlar kan samarbeida om tenleg utstyr.

Me er no vitne til ei attgroing av utmark og kulturlandskap med lauvtresortar. Desse må sjåast på som ein ressurs og i mange høve nyttast til bioenergi.

Bioenergi vil i framtida verta ein stor leverandør av energi nytta til oppvarming. Her må fylkes-kommunen leggja til rette for eigne pilotprosjekt, der skogeigarane saman med andre aktørar kan verta varme-leverandørar til fylkeskommunale bygg. Fylkeskommunen må arbeida for at det vert oppretta eit statleg forsøksprosjekt innan bioenergi.

Skogsindustrien i Hordaland er modernisert og godt utbygd. Det viktige no vert å stimulera til auka råstoffuttak slik at ein sikrar levedyktige verksemder.

Utdaning innanfor jordbruk og skogbruk:

Landbruksnæringa stiller stadig aukande krav til utøvarane. For å sikra best mogeleg rekruttering må næringsutøvarane sikrast utdaning.

Senterpartiet vil gå inn for:

- at jord-, skog- og hagebruksutdaninga i dei vidaregåande skulane må føra fram til fagbrev

- å motivera bonden til etterutdaning

- å styrkja undervisninga i miljø- og ressursvern

desentralisert og målretta forsking.

FISKERI

Den tradisjonelle fiskerinæringa og oppdrettsnæringa i Hordaland sysselset om lag 6000 menneske, produserer over ein mill. tonn sjømat i året, og omset for om lag 7 mrd. i året. Næringa er altså svært viktig for verdiskaping, sysselsetjing og busetnad. Senterpartiet ynskjer ei forvaltning av fiskeriressursane som siktar mot ei langtidsutnytting med høgt utbytte og stor verdiskaping. Senterpartiet meiner at vi må ha ein variert fiskeflåte, der kystflåten framleis skal vera ein av berebjelkane Størst mogleg del av fangstane bør takast imot og tilverkast lokalt.

Senterpartiet vil:

- styrkja kartlegging av ressursane i fjordane og dei kystnære farvatna.

at fylkeskommunen må stimulera til utprøving av utradisjonelle reiskapar, felt, artar og

marknader både for kyst- og havfiskeflåten.

at forsking innan fangst-teknologi, produksjon, kvalitetssikring, marknadsføring og ressurs-

forvaltning må styrkjast.

ha betre samarbeid mellom opprettsnæringa og den tradisjonelle fiskeindustrien for å unngå

lange permitteringar på fiskemottak og for å utnytta ressursane betre.

sikra mindre fiskemottak, gjerne ved at dei i tillegg til konvensjonell produksjon leverer råstoff til vidareforedling ved større anlegg.

at kapasiteten i fiskeflåten skal tilpassast ressurs- og naturgrunnlaget. Regulering av kapasitetenskal gjerast til fordel for små einingar der dette er tenleg.

at fiskerisamfunna og fiskerikulturen vert haldne vedlike og utvikla, og at rekreasjon og turisme vert ein naturleg del av ei samla kystnæring.

sikra at Norges Fiskerimuseum framleis skal liggja i Bergen, m.a. ved at museet får permanente lokale.

unngå ei oppsplitting av Fiskeridirektoratet og Havforskningsinstituttet og arbeida for at desse institusjonane framleis vert verande i Bergen.

sikre rekruttering av unge til næringa ved å gjera det enklare for unge fiskarar å etablera seg.

Senterpartiet ønskjer difor å prøve ut ei ordning med ungdomskvotar.

HAVBRUK

Den lange kysten i Hordaland og dei store havområda gjev eit godt grunnlag for å utvikla produksjonen innan havbruk, både tradisjonelt oppdrett og havbeite. Senterpartiet ynskjer ei veksande oppdrettsnæring som produserer fyrsteklasses sjømat. For at produksjonen skal skje på ein mest mogleg miljøvenleg måte, er det naudsynt at havbruka er spreidde langs heile kysten. Produksjonen må vera biologisk rein og stetta strenge miljøkrav. I utviklinga av havbruksnæringa vil Senterpartiet stimulera til ei satsing på mest mogleg økologisk effektive oppdrettsarter.

Senterpartiet går inn for

- at forskinga innan havbruksnæringa vert styrkt, også når det gjeld landbaserte anlegg og havbeite.

- å styrkja veterinær- og rettleiingstenesta i næringa.

- at kystsoneplanlegginga legg til rette for framtidig havbruksnæring. Det vil seia at ein må gå over til ei tredimensjonal kystsoneplanlegging som tek omsyn til ulike typar oppdrett og ser desse i samanheng for betre å utnytta kystområda til beste for alle.

- ei vidare utbygging av utdaningstilbodet Det er viktig at utdaningsinstitusjonane er nær knytta til

næringslivet

- at det i framtidig oppalsnæring ansvarleg og konsekvent vert teke omsyn til miljøet.

- å utvida forskings- og utviklingsarbeidet med sikte på oppdrett av ymse fiskeslag og skaldyr.

- auka foredlinga gjennom å utnytta den konkurranseføremonen som ligg i jamn tilgang på råstoff av god kvalitet.

- innføra ei kommunal arealavgift i staden for gjeldande konsesjonsavgift

INDUSTRI OG HANDVERK

I Hordaland er industri ein av dei berande næringsvegane, dette må fylkeskommunen ha ei medviten haldning til. Målsetjinga må vera å snu nedgangen til auka verdiskaping, som vil gjeva fleire arbeids-plassar og skapa ei balansert utvikling i fylket. Industrien ligg ofte ute i distrikta, der trongen for arbeidsplassar er størst. Difor er det svært viktig at fylkeskommunen får dei sentrale styresmaktene med på å betra rammevilkåra.

Delar av industrien slit med rekruttering, og fylkeskommunen må satsa på ordningar som medverkar til å møta denne utfordringa. Stønaden til lærlingplassar må aukast.

Også industrien må vurderast opp mot dei grensene miljøet set. Skal samfunnet nå prinsippet om berekraftig utvikling, må verksemdene ta i bruk miljøteknologi og retta opp miljøskadar dei sjølve har gjort.

Skjemavelde og svært kompliserte regelverk hemmar eksisterande næringsliv og nyskaping. Senterpartiet ønskjer ei gjennomgåing av regelverket med sikte på forenkling. Senterpartiet krev ei endring i lovverket, slik at det vert mogleg med enklare rekneskapsføring for små aksjeselskap.

Hordaland Fylkeskommune må leggja til rette for og stimulera privat tiltakslyst. Ein av dei viktigaste premissane for eit livsdugande samfunn er eit velfungerande næringsliv. Fylkeskommunen må arbeida for å nå målsetjinga i fylkesplanen om ei desentralisert busetjing.

Hordaland fylkeskommune må arbeida for at næringshagar (nærmiljø) også kan gjeva ringverknader til mindre kommunar, eventuelt vurdera om same prinsipp kan leggjast til grunn for utvikling av næringslivet i desse kommunane.

Senterpartiet vil arbeida for:

- auka satsing på utvikling av høgteknologiske arbeidsplassar

- å stimulera til nytenking og oppretting av ny verksemd på stader med einsidig næringsliv

- å arbeida for knoppskyting og vidareutvikling av eksisterande verksemder.

- å påverka SND til å stilla med risikovillig kapital til næringslivet.

- å påverka SND til å halda marknadstilpassa rentenivå.

- å betra samarbeidet mellom forskarmiljø, næringsliv og utdaningsinstitusjonane i fylket

- å utvikla ordningar som sikrar rekruttering til industrien, gjennom lærlingeordningar, informasjon og rettleiing

- at næringshagar også vert prøvt ut i mindre kommunar

- ei styrking og samordning av rettleiingstenesta for næringslivet.

REISELIV

Hordaland har lange tradisjonar som turistfylke. Fylkeskommunen må arbeida aktivt for at reiselivsnæringa i fylket får utvikla seg. Gjennom vekst og utvikling kan denne næringa gjeva elles næringsveike område nye og viktige arbeidsplassar og såleis sikra oss levande lokalsamfunn.

Senterpartiet meiner at det innan reiselivet kan utviklast fleire produkt med basis i oppleving av natur, kultur og miljø.

Reiselivsnæringa er svært avhengig av utvikling innan samferdselssektoren. Eit betre utbygt vegnett vil vera ein viktig stimulans for turistnæringa i fylket vårt. Beinveges flyruter til utlandet over Flesland må til for å styrkja Hordaland som innfallsport til vestlandsturismen. Ein framtidig bybane i Bergen må sikra rask tilkome til Flesland. Bergen som snuhamn for turistskip må føra til større verdiskaping innan reiselivsnæringa.

Senterpartiet vil arbeida for:

at primærnæringane kan utnytta ressursane på bruka i turistnæringa ved å stimulera til betre

samarbeid mellom turistnæringa og landbruket

at det vert gjeve auka stønad til kulturlandskapsarbeid, då kulturlandskapet er avgjerande for turistnæringa

- at utdaningstilbodet innan reiseliv vert betre utbygt

at fylkeskommunen og kommunane si reiselivsplanlegging vert samordna slik at mål/ verkemiddel samsvarar på lokalt og regionalt nivå

at den offentlege innsatsen i større grad vert styrt mot produktutvikling/ kompetanseheving og samarbeidstiltak mellom ulike typar reiselivs- og serviceverksemder.

- auka statlege tilskotsordningar til nisjeopplevingar innan tradisjon og lokal kultur.

- betre samordning av kulturelle aktivitetar og turistnæring.

- at alle delar av fylket får utvikla sine naturgjevne ressursar for turisme.

å vidareutvikla Bergen som kurs- og konferanseby og som innfallsport for reiselivet på Vestlandet

INFORMASJONSTEKNOLOGI OG TELETENESTER

Informasjonsteknologien utviklar seg snøgt. Senterpartiet ser ei spanande utvikling innan informasjons og kommunikasjonsteknologien på dette området. Partiet vil møta utviklinga ved å arbeida for at det vert problemfritt å ha heil- og /eller deltidsjobbar på heimekontor, uavhengig av kvar ein bur. Dette vil styrkja busetnaden i distrikta, samstundes som det lettar presset på trafikken i dei bynære områda.

Senterpartiet vil sjå positivt på tiltak som aukar høgteknologisk kompetanse i næringslivet. Ein lekk i dette er mellom anna å syta for at skuleverket er oppdatert innan teknologi, både fagleg og marerielt.

Teletenestene må vera rimelege og like, slik at det er lønsamt å nytta ny teknologi fullt ut, uavhengig av kvar brukaren held til.

SP skal arbeida for at det vert bygt ut breiband i heile fylket.

Senterpartiet vil arbeida for at det vert etablert eit IT-ressurssenter i eit samarbeid mellom IT-miljøet i Bergen og forskings-og utdaningsinstitusjonane.

OLJEPOLITIKK

Olje og gass gjev mange arbeidsplassar både direkte og indirekte i Hordaland. Olje- og gassindustrien er utsett for store svingingar, og det er ei utfordring for fylkeskommunen å vera aktivt med på å dempa dei store svingingane, og saman med kommunane å arbeida for å halda oppe arbeidsplassar og kompetanse. Fylkeskommunen må halda fram arbeidet med å stimulera til bruk av olje og gass som grunnlag for ny næringsverksemd. Ein må også arbeida for at lokalt næringsliv vil vera leverandørar til oljeinstallasjonane på land og til havs.

Området Mongstad - Sture er ei av dei mest trafikkerte oljehamnene i Europa. Hordaland Fylkeskommune må difor arbeida for at oljevernet i området held mål. Ein regional oljevernbase med Vestlandet som ansvarsområde er naturleg å leggja til Mongstad. Oljevernbasen må skipast i nært samarbeid med kommunane, hamnestyresmaktene, Kystvakta, oljeselskapa og andre som har ansvar i slike samanhengar. Trafikksentralen på Fedje må ha tilstrekkeleg bemanning.

Senterpartiet vil arbeida for:

at næringslivet i Hordaland får auka leveransar til oljeverksemda

at olje og gass vert basis for ny aktivitet

at naturgass vert teken i bruk på område der han kan konkurrera med tyngre og meir ureinande oljeprodukt

at petroleumsretta forsking vert styrkt

at ringverknadene av verksemda kjem større delar av fylket til gode.

at høg kompetanse innan oljerelatert verksemd må haldast i hevd.

ENERGIPOLITIKK

Hordaland har stor produksjon av elektrisk kraft. Ilandføring og eksport av olje frå Nordsjøen og gass frå Trollfeltet, det største gassreservoaret i Europa, skapar store verdiar. På Mongstad ligg det største oljeraffineriet i Noreg.

Tilgang, pris og energiform er heilt sentrale element for framtidsretta utvikling av samfunns- og næringslivet i fylket. Uttak i nærleiken av produksjonsstaden bør gjeva vesentlege konkurranse-føremoner for industrien i distrikta.

Vasskrafta er ein fornyeleg ressurs som har medverka til utvikling av næringslivet i fylket, og som har gjeve grunnlag for og vore ein føresetnad for store industristader som Odda, Ålvik og Husnes. Desse lokale ressursane må framleis vera grunnlaget for arbeidsplassar og levedyktige lokalsamfunn her.

Dei store vasskraftutbyggingane høyrer fortida til. Opprusting og effektivisering av eksisterande kraftverk må skje framfor utbygging av nye vassdrag. Mindre utbyggingar må i framtida vurderast opp mot alternativ, fornyeleg energi. Vassdrag må sikrast gjennom Samla plan og Verneplanane.

ENØK gjev sysselsetjing og hindrar uturvande utbygging. For eit kraftfylke som Hordaland ligg det ei stor utfordring i å kunna betra energiproduktiviteten gjennom også å knyta enøk-arbeidet til andre energiformer enn elektrisk kraft. Det er viktig å utvikla ein samla norsk gasspolitikk, slik at vi kan vurdera bruken av ressursane i ein større samanheng, både innanlands og i samband med sal til utlandet. Hordaland og kommunane i fylket disponerer i alt 10 % av vasskraftproduksjonen som konsesjonskraft. Det er viktig å disponera denne ressursen på den mest samfunnsgagnlege måten. Konsesjonskrafta må nyttast til utvikling og verdiskaping i regionane der krafta vert produsert.

Senterpartiet går inn for:

at industrien må sikrast gjennom langsiktig tilgang på kraft på rimelege vilkår

å redusera bruken av elektrisk kraft til varmeføremål gjennom bruk av bioenergi og varmepumper der det ligg til rette for det

auka satsing på ENØK og på nye fornyelege energikjelder som vind-, sol- og bølgjekraft.

at kommunale ENØK-planar må følgjast opp med faste årlege løyvingar.

modernisering og opprusting av eksisterande vasskraftanlegg og opprusting av linjenettet.

at forvaltninga av vasskraftressursane framleis skal vera eit offentleg ansvar. Dette må og gjelda produksjon og overføringsnett.

ei skattelegging av kraftverka som gjev distrikta ein rettvis del av verdiskapinga.

at det kan byggjast gasskraftverk når ny teknologi gjer det miljømessig forsvarleg.

at gassen bør nyttast som energikjelde dersom det er økonomisk og forsvarleg og miljøet tillet det.

å stimulera økonomisk til utbygging av mikrokraftverk

arbeida for to-prisordning for straum til hushaldningar

MILJØ- OG RESSURSPOLITIKK

Det er viktig at me tek omsyn til miljøet og naturressursane i alle aktivitetar. Dei største miljøproblem er globale, og det er difor viktig med internasjonale avtalar. Samstundes kan ein seia at all ureining føregår lokalt. Det er altså summen av all lokal ureining som fører til dei globale miljøproblema. Senterpartiet vil difor byggja sin politikk på dette området etter prinsippet:

Tenkja globalt, handla lokalt.

Senterpartiet ynskjer ei berekraftig forvaltning av naturressursane våre. Med det meiner me at "berekraftige aktivitetar" skal kunna gå føre seg i all framtid utan at det påverkar den økologiske balansen i naturen. Eit anna viktig prinsipp i denne samanhengen er føre var-prinsippet.

I vårt samfunn ser me mange døme på at miljøomasyn kjem til kort. Det let seg til dømes ikkje gjera å basera ein aukande energibruk på energikjelder som ikkje er fornyelege. Der er difor trong for å satsa på fornyelege energikjelder og i tillegg å utnytta energien betre framfor å auka bruken.

Vasskraft er ei fornyeleg energikjelde som Hordaland er rikt på. Men det er viktig å ikkje ha fleire store utbyggingar. Dette vil truga mangfaldet i naturen. Dessutan er urørd natur viktig for trivnad og helsebot. Også utbygging av små private kraftverk må regulerast ut frå strenge miljøkrav.

Hordaland har ein kyst med stort potensiale for verdiskaping. I det ligg det også eit stort ansvar for å forvalte dette på ein fornuftig måte. Det er difor viktig med ei kystsoneforvaltning som tryggjar og sameinar dei mange brukarinteressene på naturen sine vilkår.

For all næringsverksemd er det viktig at forvaltningstanken ikkje vert fortrengd til fordel for produktivitet og konkurranse i marknaden. Det er viktig at det private næringslivet og det offentlege samarbeider om miljøarbeidet. Marknaden stiller etterkvart strengare miljøkrav, og dette må verksemdene taka omsyn til.

Dette meiner me er naudsynt for å sikra miljøet:

Forbruket i framtida skal i størst mogleg grad baserast på fornyelege ressursar

Uttaket av biologiske ressursar må ikkje overstiga den naturlege tilveksten.

Utslepp av miljøfarlege stoff må ikkje vera høgare enn naturen si evne til sjølvreinsing.

Den som ureinar, skal betala for kostnadene med å rydja opp igjen og å førebyggja nye skadar.

Kjeldesortering må innførast for alle heimar og offentlege/private verksemder.

Innsamling-, transport-, og attvinningssystem bør opprettast, gjerne i samarbeid mellom kommunar/fylke. Det nyttar ikkje å oppmoda om å kjeldesortera når det ikkje finst innsamlingsstasjonar i nærleiken.

Forsking innan alternativ energi må aukast drastisk både ved at det offentlege satsar meir,og ved at ein "pressar" energiselskapa til å tenkja langsiktig.

Stimulera til ENØK-tiltak.

Økonomiske stimuleringstiltak for bruk av andre energikjelder enn elektrisitet og olje, t.d. varmepumper.

Satsa på kollektivtrafikk i og rundt Bergen slik at bussen vert ein reell konkurrent til privatbilen. Bussbillettane må verta mykje billegare, parkeringsplassane færre og dyrare, og pengar frå bomringen må styrka kollektivtilbodet.

Auka politisk handlefridom for kommunane, slik at dei sjølv kan prioritera og skreddarsy lokale løysingar, m.a. ved å overføra makt frå staten til regionale og lokale folkevalde fora.

Jobba for at alle kommunar skal setja Lokal Agenda 21 på dagsorden

Det skal løna seg å handla miljøvenleg, t.d. å heimekompostera/kjeldesortera, bruka piggfrie dekk, bruka kollektive transportmidlar osb. Avgiftssystemet må tilpassast ein miljøvenleg levemåte.

SAMFERDSEL

I fylkesplanen for Hordaland set ein mål og retning for arbeidet med å utvikla Hordaland til eit attraktivt og konkurransedyktig fylke. Det er ei politisk utfordring å prioritera tiltak som kan medverka til ei positiv regional utvikling. Regional utvikling handlar om samspelet mellom verdiskaping, arbeidsplassar, busetjing, velferd og miljø.

Skal me dra nytte av det mangfaldet av verksemder og kompetanse som finst i alle delar av fylket, må me skapa gode kommunikasjonar. Gode kommunikasjonar vil vera avgjerande for kvar folk ynskjer å leva og bu.

Transportsystemet er sett saman av fire svært ulike transportnettverk - veg, jernbane, luft og sjø. Det er ei oppgåve å utnytta dette i eit samla transportsystem. Senterpartiet vil utforma ein transportpolitikk ut frå lokale ynskje og prioriteringar.

Senterpartiet ønskjer å overføra mest mogleg av privatbiltransporten til kollektivtransport. Fylket må satsa mykje sterkare både på kollektivtrafikk og på infrastruktur. I sentrale strok, og særleg i byen, trengst det ei monaleg satsing på kollektivtilbodet.

I distriktet er ofte trafikkgrunnlaget for kollektivtilbodet så skralt at det ikkje kan vera eit fullgodt alternativ til privatbilen. Gode vegar vert viktige for persontransporten her.

Senterpartiet vil arbeida for å :

setja i verk tiltak for å få det offentlege transportsystemet tilrettelagt for alle brukargrupper

byggja bybane i Bergen

utvikla gassbussprosjektet vidare.

nytta gassdrivne ferjer på sambandet Halhjem/Sandvikvåg .

stimulera/tilretteleggja for bruk av el-bilar.

tryggja dei mjuke trafikantane med bygging av fleire gang- og sykkelstiar.

tiltak som kan redusera bruk av piggdekk.

redusera privatbilismen i/til Bergen sentrum.

få bygd skipstunnell ved Stadt

Kollektivtrafikk

Kollektivtrafikken skal utviklast til eitt av hovudelementa i transportsystemet i byområdet Bergen. Det vil gjeva eit betre transporttilbod, ei betre trafikkavvikling og eit sunnare miljø. Dei reisande skal ha fleksibilitet i val av reisemåte, og det må takast individuelle omsyn, t.d. til passasjerar med nedsett rørslefridom. Det må utviklast naturlege knutepunkt for persontransport som sikrar gode og stabile overgangar mellom passasjerbåt, rutebil, bane, lufthamn og vegnett.

Senterpartiet vil arbeida for :

"Heim for ein 50-lapp" - ungdom bør få tilbod om subsidiert heimtransport i helgane

å auka det årlege rammetilskotet til fylkeskommunen for å få eit betre kollektivtilbod

å vidareutvikla rabattordningar

å vidareføra ungdomskortet og studentrabatt

å tilretteleggja for ulike brukargrupper

å utvikla nytt billettsystem som gjer det enklare å skifta

mellom ulike transportmiddel

å byggja gode parkeringsplassar ved trafikk-knutepunkta

å samordna dei ulike transporttilboda

å ha skuleruter i samsvar med målsetjingane i utdaningsplanen

å nytta drosjebuss der tilhøva tilseier det

å utarbeida gode ruteopplegg for arbeidsreiser

å laga samanhengande tur- og sykkelvegar

gratis riks/stamvegferjer

EIN TRYGGARE OG MEIR MILJØVENLEG TRANSPORTSEKTOR

Nullvisjonen om ingen drepne eller livsvarig skadde i trafikken skal leggjast til grunn for prioriteringane innan samferdselssektoren. Me vil redusera dei miljøproblema som transportsektoren skaper. Senterpartiet vil at ein større del av vegmidlane skal gå til trafikksikring. Bygging av gang- og sykkelvegar og rassikring vil krevja store summar i åra som kjem. Arbeidet med tryggleik må ha stor prioritet i alle transportsektorane.

Senterpartiet vil arbeida for:

at skulevegen må gjerast sikrare.

fleire gang- og sykkelvegar og veglys må prioriterast høgare.

meir haldningsskapande trafikkopplæring/informasjon, styrkja kunnskapen om fart og

risikotilhøve blant dei unge

at ein ved nyanlegg gjennomfører trafikksikring.

at innsatsen for rassikring av farlege vegstrekningar må aukast

betre samsvar mellom fartsgrenser og vegstandard.

prioritera meir synleg politi og automatisk trafikkovervaking av særleg ulukkesutsette vegstrekningar

at det må gjennomførast fleire fysiske tiltak på vegane for å hindra utforkøyringar og kollisjonar

eit breitt samarbeid om trafikksikring

å tilby køyreopplæring på vidaregåande skule for å styrkja mengdetreninga og dermed få tryggare sjåførar

at elevar ikkje skal få ført fråvær i samband med køyreopplæring

Fylkes- og riksvegar

I store delar av fylket lid vegsystemet av manglande vedlikehald og oppgradering. Auka løyvingar må særleg gå til riksvegnettet, fylkesvegar, gang- og sykkelvegar og rassikring. Eit godt vegnett er viktig for å redusera transportkostnader og auka regularitet for næringstransport.

Senterpartiet vil arbeida for:

utbetring og sikring av eksisterande vegar.

at fylkes- og riksvegar må opprustast til å tola 10 tonn akseltrykk og 19,5 meters vognlengd. Næringslivet sine behov må vektleggjast.

at utbetring og opprusting må ha prioritet innan fylkesvegprogrammet.

at Bergen må få veganlegg som er tenlege for ein miljøby.

at kapasitet og frekvens må betrast på ein del ferjestrekningar.

Næringslivet

Dersom næringslivet skal fungera og utvikla seg, må tilhøva leggjast til rette for ein tidshøveleg og effektiv transport. Senterpartiet vil spela på lag med næringslivet for å betra kommunikasjonane.

Senterpartiet vil arbeida for å

få utbetra flaskehalsar på vegnettet.

sikra stor nok ferjekapasitet.

betra tilhøva for terminalar og tanktransport.

stetta turistnæringa sin trong for transport.

Privatbilen

Senterpartiet meiner det er viktig at busetjingsmønsteret held seg. Der kollektivtilbodet er veikt

utbygt, er privatbilen for mange ein heilt naudsynt bruksgjenstand. I byar og tettstader der

kollektivtilbodet er godt utbygt, er det naudsynt å redusera bruken av privatbil til fordel for buss

og bane, ikkje minst av miljøomsyn. Der det vert lagt opp til overgang til kollektivtransport, må

det leggjast parkeringsplassar. Senterpartiet vil arbeida for lik bensinpris over heile landet.

Avgiftspolitikken må skjerma dei som er avhengige av privatbilen

Båttransport

Senterpartiet meiner at sjøtransport må verta viktigare i norsk transportpolitikk. Særleg når det

gjeld godstransport, kan det vera store miljøvinstar ved overgang frå veg til sjø. Snøggbåtane

bind fylket saman på ein god måte, men rutetilbodet må betrast.

Senterpartiet vil arbeida for:

Prøvedrift med gassdrivne båtar

Betre samordning av containerhandsaming båt/bane/bil.

Sikring av oljetransport og god merking av skipsleia

Flytrafikk

Bergen Lufthavn må utnyttast sterkare til internasjonal flytrafikk. Senterpartiet vil arbeida for at næringslivet og fylkeskommunen får lokal påverknad på styringa av Bergen Lufthavn. Stord Lufthamn må sikrast gode vilkår, og flyplassen på Voss må kunna ta tilfeldige flygingar.

Jernbane

Senterpartiet går inn for tiltak som kan gjera NSB meir konkurransedyktig. Dobbeltspor Arna-Bergen og bygging av bybane vil gjera Bergen meir miljøvenleg. Arbeidet med å rusta opp og korta inn Bergensbanen må intensiverast, slik at Bergensbanen kan verta eit reelt alternativ til fly. Tronge tunnellar må utbetrast. Ein må unngå nedlegging av haldeplassar og innskrenking av stopp som fører til overgang til meir ureinande transportmiddel. Mange passasjerterminalar må gjerast trivelegare.

Post- og telesektoren

Senterpartiet vil sikra lik tilgang til post- og telekommunikasjonstenester og lik pris, uavhengig av kvar ein bur. Me ønskjer å sjå ulike servicetilbod i samanheng, for å skapa levedyktige service-einingar.

Posttenester og breiband

Det må haldast oppe eit mest mogleg likt posttilbod over heile landet. Alle basistenester og grunnleggjande banktenester skal vera tilgjengelege i alle kommunar.

Me vil halda oppe det postnettet me har i dag. Det skal vera postombering alle kvardagar.

Det skal vera same portotakstar over heile landet.

Senterpartiet vil at alle husstandar og alle offentlege og private verksemder skal ha tilgang til breiband og e-post til lik pris over heile landet. Det trengst ei sterk offentleg satsing på utbygging av breiband.

KULTUR

Hordaland er eit kulturfylke. Bergen er eit kulturelt tyngdepunkt med ei rekkje regionale og nasjonale kulturinstitusjonar. Dette er viktige delar av den samla kulturen i landsdelen.

Etter kvart er det vakse fram ei rekkje lokale/regionale kulturtilskipingar i Hordaland. Senterpartiet stør slike tilskipingar av di dei er viktige delar av det samla kulturtilbodet i fylket. Kulturrikdom gjev folk ein betre kvardag.

Målet for kulturpolitikken er at einskildmennesket skal få eit rikare liv. Eit aktivt kulturliv er viktig for å halda oppe busetnadsmønsteret. Levande lokalsamfunn, med lag og organisasjonar, er grunnlaget for kulturlivet. Først når vi er trygge på vår eigen kultur og vårt eige språk, kan vi møta folk frå andre kulturar med ope sinn.

Senterpartiet meiner :

- at kulturpolitikken er grunnleggjande i arbeidet for betre livskvalitet og trivnad.

at heilskapstenking i kulturarbeidet med samarbeid på tvers av sektorar er avgjerande for at gode

kulturopplevingar skal koma flest mogleg til del.

- at språket skal vera ein viktig reiskap for formidling av kunnskap og oppleving. Gjennom haldningsskapande arbeid skal ein oppmoda om å ta vare på og fremja bruken av dialektar.

- at frivillige organisasjonar innan kunst, kultur og idrett skal vera viktige innslag i kulturlivet.

- at skulane skal vera ressursbygg for kulturlivet i lokalsamfunnet.

- at arbeidet med lokalhistorie og museumsverksemd skal gjevast høg prioritet.

- at kultur- og musikkskular for born er ein grunnleggjande del av kulturlivet.

- at det er naudsynt å betra tilskotsordningane for lokale og regionale kulturbygg.

- at minst 2% av budsjettet skal gå til kultur.

at registrering og vern av kulturminne er viktig for å taka vare på historisk kunnskap og for å fremja lokal identitet.

at arbeidet med restaurering av kulturminne, kystkulturarbeid og fartøyvern er viktige delar av kulturarbeidet i fylket.

- at det skal takast omsyn til kulturlandskapet ved nyanlegg.

- at det må utarbeidast lokale planar for tettstadutvikling, byggjeskikk og reklame.

- at skattereglane ved restaurering og vedlikehald av private verneverdige hus må verta laglegare.

at flest mogeleg offentlege instansar skal få gratis tilgang til fylkeskommunen sitt biblioteknett og kulturnett.

at fylkeskommunen sitt kulturnett skal utviklast til òg å verta ein stad der alle kommunar får høve til å presentera sine kulturtilbod.

IDRETT.

Senterpartiet vil arbeida for:

auka løyvingar til vedlikehald av idrettsanlegg.

å styrkja arbeidet med idrett og fysisk aktivitet for alle aldersgrupper.

at idretts- og kulturaktivitetar for funksjonshemma får høg prioritet.

at Riksanlegg for idrett vert lagt til Hordaland.

MEDIA.

Senterpartiet vil arbeida for at:

- NRK sine distriktskontor vert styrkte og kan laga fleire program frå distrikta.

- NRK bør satsa på eigenproduksjon av program; spesielt barne- og ungdomsprogram, der barn og unge frå heile landet kan kjenna seg att. NRK Hordaland bør spesielt satsa på program som

legg vekt på natur, kultur og miljø på Vestlandet.

Vidareutviklinga av TV2 skjer i Bergen, m.a. ved at meir av programskapinga føregår i og frå Bergen. TV2 har ei viktig rolle i vidareutviklinga av Bergen som mediaby, og både Hordaland Fylkeskommune og Bergen Kommune må aktivt syta for at selskapet vert verande i Bergen .

BOK, BIBLIOTEK OG SPRÅK.0

Senterpartiet går inn for:

- at bibliotektenesta må byggjast ut .

- å auka tilskot til biblioteka

at biblioteknettet vert vidareutvikla slik at skular, museum og andre kulturinstitusjonar kan knytast

opp mot biblioteket via internett.

at bruk av bibliotektenester skal vera gratis.

å halda oppe løyvingane til Skrivekunstakademiet.

å styrkja nynorsk som målform i fylkesadministrasjonen.

å stimulera ulike fagmiljø til å nytta norsk i bøker, tidsskrift og reklame.

MUSIKK/TEATER.

Senterpartiet vil arbeida for:

- at song- og musikklivet får gode vilkår.

- at tradisjonsberarane innan folkemusikk får høve til å føra denne delen av kulturarven vidare.

- at fleire fylkesmusikarstillingar vert oppretta.

at dei store musikkinstitusjonane får gode høve til utvikling, og at dei vert gode serviceorgan for heile fylket.

- å gjeva mangfaldig kultur til flest mogleg kulturinteresserte

- at teater, ballett, opera og meir eksperimenterande uttrykksformer får gode livsvilkår.

- at komponistmusea må sikrast vidare drift.

at kulturinstitusjonane vert gode støttespelarar for kvarandre og for produksjon av fjernsynsprogram og film m.m.

UTØVANDE KUNSTNARAR.

Senterpartiet vil arbeida for:

å halda på fylkeskommunale stipend.

å nytta lokale kunstnarar til utsmykking av fylkeskommunale bygg og anlegg.

FRIVILLEGE ORGANISASJONAR.

Dei frivillige organisasjonane er berebjelken i lokalt kulturliv. Senterpartiet meiner at det er viktig å ta vare på og styrkja det frivillige arbeidet, og vil arbeide for at dei frivillige organisasjonane får gode vilkår, mellom anna gjennom stønad og høve til å bruke offentlege bygningar. Dersom dei tek seg av kulturaktivitetar for funksjonshemma, bør dei få ekstra tilskot til dette.

KYRKJA.

Den Norske Kyrkja skal vera ei open, romsleg og inkluderande folkekyrkje. Kyrkja er først og fremst eit trussamfunn, men også ein viktig kultur- og normbærar i det norske samfunnet. Dette vil best sikrast gjennom ei tilknytingsform der Kyrkja skal ha fridom til å engasjera seg i samfunns-debatten generelt og spesielt på område der det trengst etisk rettleiing.

Senterpartiet vil arbeida for at:

- kyrkje og kristenliv må gjevast gode arbeidsvilkår.

- kommunane får større midlar til vedlikehald av kyrkjebygg.

- kyrkjebygg blir nytta meir og kan fylla fleire funksjonar i lokalmiljøet.

DET FLEIRKULTURELLE HORDALAND

Alle innbyggjarane i Hordaland har like rettar og plikter uavhengige av hudfarge og etnisk og kulturell bakgrunn. Samarbeid, gjensidig forståing og toleranse må vera grunnleggjande i det norske samfunnet. Senterpartiet vil arbeida mot alle tendensar til rasisme i samfunnet vårt.

Senterpartiet vil arbeide for:

at Hordaland fylkeskommune skal arbeide for integrering av innvandrarar ved å sikra dei

likeverdige levekår og god livskvalitet gjennom gradvis tilpassing til norske kulturtilhøve.

Obligatorisk språkopplæring og tilbod om arbeid er dei viktigaste vilkåra for å få dette til.

- at det vert lagt fram planar for å sikre alle likeverdige tilhøve på arbeidsmarknaden.

- at Det felles Innvandrarrådet i Hordaland får gode arbeidstilhøve.

- at Hordaland Fylkeskommune legg til rette for fleirkulturelle møteplassar mellom ulike grupper.

- styrking av det psykososiale tilbodet til innvandrarar.

REGIONALE UTFORDRINGAR

Hordaland fylke er stort og mangslunge. Oppgåver og utfordringar vil ikkje alltid vera dei same i Bergen og Modalen. Lokal kunnskap som grunnlag for lokal styring vil etter Sp sitt syn vera det beste utgangspunktet for å kunna yta gode tenester for folk, same kvar dei bur. I einskilde høve er det naudsynt å ta eit vidare omsyn enn eiga grend /eigen kommune. Denne rolla er det fylkeskommunen kan vera til hjelp med å synleggjera i nært samarbeid med kommunane i ein region. Utfordringane for den einskilde kommunen er mange og ulike, og ressursane i kommunane er avgrensa og ikkje alltid nok til å gje eit heilskapleg tenestetilbod. Senterpartiet vil stimulera til auka interkommunalt samarbeid, slik at størst mogleg del av dei kommunale inntektene kan gå beinveges til betra tenesteyting for innbyggjarane.. Ved interkommunalt samarbeid kan små kommunar bli sterkare i kampen mot samanslåing, og samstundes gjeva betre tenesteyting.

Senterpartiet vil ha samarbeid over fylkesgrensene innan ein større region for å løysa fleire oppgåver, særleg innan vidaregåande utdanning, kultur, næringsutvikling og samferdsel. Regionalt samarbeid over fleire fylke vil gjera det lettare for folk i kommunar i grenseområda å få tenestene der dei ynskjer dei.

INDRE HORDALAND.

Primærnæring og store kraftkrevjande industriverksemder har utgjort den viktigaste nærings-aktiviteten i regionen Hardanger og Voss. Store strukturendringar og endra rammevilkår har redusert sysselsetjinga i desse næringane. For å snu utviklinga og halda oppe busetnaden må Hordaland Fylkeskommune ta aktivt del i arbeidet med å etablera sterke tiltaksmiljø, kompetansesenter og næringshagar som kan yta sitt til vekst og utvikling. Saman med sterke kulturtradisjonar og eit sterkt reiseliv kan dette skapa grunnlag for ei positiv utvikling i regionen. Ein viktig lekk i arbeidet er betre utdaningstilbod, auka kompetanse og betra rammevilkår. Fleire statlege og fylkeskommunale aktivitetar i området vil medverka til auka sysselsetting.

Næringsliv

Primærnæringane står sterkt i regionen, med fruktdyrking i Hardanger og meir tradisjonelt jordbruk i Voss. Berre i liten grad har lokalpolitikarane kunna påverka landbrukspolitikken. I det siste har denne ført til strukturendringar og nedgang i sysselsetjinga. Heile Indre Hordaland er eit satsingsområde innan reiseliv. Naturen er ein stor ressurs, og saman med kulturtradisjonane gjev dette grunnlag for vidare vekst innan denne næringa. Ein føresetnad for vekst er storsamfunnet sine rammevilkår og oppbygging av infrastruktur.

Fylkeskommunen må ta del i arbeidet med å etablera næringshagar i regionen der ein kan skapa miljø for eksisterande verksemder og nyetableringar. Ei målsetjing må vera å skapa grunnlag for gode IT-miljø.

Utfordringar:

- Betre kommunikasjonar er eit vilkår for utvikling i næringslivet.

- Dei som vil satsa på landbruk, må få ei skikkeleg utkome.

- BU-midlar må i større grad kunna nyttast til tradisjonelt landbruk.

- Utvikla desentraliserte utdaningstilbod innan IT.

- Dei regionale ressurssentra må styrkjast.

Regionale/lokale møteplassar for næringslivet, det offentlege og skuleverket må etablerast i

nært samarbeid med kommunane.

- Næringslivet må få innpass i skuleverket når ungdommen gjer viktige vegval.

- Auka satsing på etablerarstipend for nyskaping og utvikling av nye arbeidsplassar.

Arbeida for å etablera eit forskings- og kompetansesenter for aluminium i Kvam.

Helse

Sjølv om lokalsjukehusa er ein del av føretaket Helse Vest, er det viktig med lokal og regional merksemd. Nivået på lokalsjukehusa på Voss og i Odda må haldast oppe slik at målet om å gjeva innbyggjarane eit godt tilbod kan vidareførast. I samarbeidet mellom primærhelsetenesta og lokalsjukehusa må sjukehusa fungera som kompetansesenter for tenestene i kommunane.

Utfordringar:

- Utvikla samarbeidet mellom primærhelsetenesta og sjukehusa.

- Stø Ulvik Herad i arbeidet med å realisera rehabiliteringssenteret Fjordtun i Ulvik..

Samferdsel

Det er langt att før ein har ein fullnøyande infrastruktur i regionen. Gode transportvilkår er avgjerande for næringslivet, og gode kommunikasjonar er eit vilkår for framtidig busetnad og for arbeidsplassar. Senterpartiet må arbeida for at næringsliv og turisme får levelege transportvilkår. Vidare må ein arbeida for å få Stortinget til å halda lovnadene om midlar til rassikring i regionen.

Utfordringar:

- Rassikring må prioriterast langt sterkare enn det vert gjort i dag.

- Riksvegar og aktuelle fylkesvegar må utbetrast til å tola 10 tonns akseltrykk og 19,5 meter vognlengd. Dette gjeld m.a. Rv 49 gjennom Kvam og Rv 550 Utne - Jondal.

- Tunnelen bak Vangen er eit viktig miljøtiltak som må prioriterast på stamvegnettet.

- Hardangerbrua må byggjast.

- Lang Jondalstunnel må få " friske midlar " gjennom overgangsordninga for fylkesvegar.

- Utbetring av flaskehalsar på Rv7 mellom Øystese og Granvin.

- Halda oppe snøggbåtsambandet på Hardangerfjorden i sommarhalvåret

Sikra godt kollektivsamband mellom regionen og Bergen.

Utdaning og kultur

Elevane må få tilbod om utdaning i regionen, og ein må slå ring om den desentraliserte vidaregåande utdaninga.

Utfordringar:

- Kommunane må satsa på distriktsaktiv skule/elevverksemd.

- Ungdommen må få betre høve til høgare utdanning i regionen.

- Desentralisert utdanning i samarbeid med universitet og høgskule må vidareutviklast.

- Intensjonane i Buer-utvalet om kompetanseheving og vidareutdanning må knytast til det vidaregåande skuleverket i regionen.

Kulturbasert næringsutvikling bør gjeva verdfulle arbeidsplassar, og kulturarbeidet må ha sitt utgangspunkt i lags- og organisasjonsliv.

BERGEN

Som storby med over 230.000 innbyggjarar står Bergen overfor ei rekkje utfordringar som er ulike dei me finn i dei andre regionane i Hordaland. I Bergen finst det typiske byproblem, samstundes som Bergen er ein av dei største jordbrukskommunane i fylket. Flyttestraumen frå distrikta og inn til byen gjer at folketalet i Bergen veks. Sterk folkeauke medfører press på skuleutbygging, infrastruktur og bustadmarknad. Målet for ein god kommune er å gjeva best mogeleg tilbod til innbyggjarane. I tillegg til gode tenestetilbod, må kommunen kunna gjeva innbyggjarane eit godt og sunt bumiljø med rik tilgang til rekreasjons- og friluftsareal.

Næringsliv

Bergen har eit variert og godt utbygt næringsliv. Særleg er landbasert industri ei viktig næringsgrein. Turisme er i ferd med å verta ei av dei viktigaste tenesteytande næringane i Bergen. Transport og kommunikasjon er viktig for å gje næringslivet gode konkurransevilkår. Arealmangel gjer at presset på landbruksareala er stort.

Utfordringar:

- Å halda på verksemder med hovudfunksjonar i Bergen.

Utarbeida ein langsiktig strategi- og handlingsplan for å styrkja samspelet mellom Bergen

og dei næraste kommunane og fylka for å trekkja næringsverksemder til regionen.

- Vurdera Bergen sine tilhøve som transitthamn.

Kompetanseutvikling og forskingsresultat ved utdanings- og forskingsmiljøa i Bergen må i

større grad koma det lokale næringslivet til gode.

- Marknadsføra Bergen som reisemål også utanom høgsesongen.

Arbeida for at arealet i Bergen vert disponert på ein måte som gjer at nybygging eller anlegg

ikkje skjer på produktiv jord eller friluftsområde. Jordvernet må praktiserast strengt.

- Stimulera til at landbruket i Bergen kan haldast på noverande nivå.

Helse

Etter statleg overtaking av helsetenestene er det ei stor utfordring lokalt og regionalt å skaffa seg innsyn i og oversyn over kva helsetilbod innbyggjarane får. For Bergen lokalsjukehus-område med større og fleire utfordringar enn noko anna sjukehusområde i fylket, er dette overlag viktig. I Bergen er det store oppgåver å løysa både innan somatikk og psykiatri.

Talet på rusmisbrukarar i Bergen er aukande. I kampen mot rusmisbruk må ein gjennom auka samordningstiltak få eit samspel mellom Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune.

Informasjonskampanjar om rusmisbruk må intensiverast og bli formidla i ei form som råkar målgruppene,og der foreldra også er ei viktig målgruppe.

Metadonprosjektet må utvidast slik at fleire kan få hjelp.

Samferdsel

Den stadig aukande privatbilismen gjer støy- og luftureininga i Bergen til eit stort problem. Lufta i Bergen er delar av vinteren direkte helseskadeleg. Senterpartiet meiner såleis at miljøaspekt må tilleggjast overordna vekt i samferdselssaker. Samferdslepolitiske spørsmål må difor løysast i ei felles forståing mellom Bergen , omliggjande kommunar og fylkeskommunen, slik at heilskaplege og tenlege løysingar kan utformast.

Utfordringar:

- Leggja til rette for at langt fleire skal reisa kollektivt. Senterpartiet vil arbeida for at overføringane til kollektivtrafikken i Bergen skal auka.

Byggja bybane for å gjera Bergen Sentrum lettare tilgjengeleg. Bybanen skal vera ryggraden i eit framtidig miljøvenleg kollektivmønster i Bergen, der samhandling buss/bane er viktig.

- Byggja ny jernbanetunnel Arna-Bergen Sentrum.

- Vegprising for å motverka rushtrafikk

- Jernbaneterminalen i Bergen må oppgraderast.

Bryggen-Torget må stengjast for biltrafikk, og ny Skansentunnel må byggjast for å avlasta dette historisk viktige området.

- Utbygginga av Ringveg Vest frå Sandsli-Kokstad-området mot Sotra må forserast.

Trafikkproblema i Fana og Åsane (Vågsbotn - Breisteinkrysset) må løysast

Ferre og dyrare parkeringsplassar i sentrum og høve til å nytte bompengar til styrking av kollektivtilbodet er naudsynt for å få ei miljøvenleg transportløysing i Bergen.

snarleg bygging av Eikåstunnell i Åsane.

sikra store og gode parkeringsplassar rundt trafikkterminalar (overgang bil-buss)

fleire direkte bussavgangar mellom Åsane terminal, gjennom Fløyfjellstunnellen til Bystasjonen

Utdaning

Bergen er ein utdaningsby med viktige institusjonar som Universitetet, Handelshøgskolen og Høgskolen. Senterpartiet vil vidareutvikla Utdaningsbyen Bergen til ein attraktiv by å studera i. Dette må mellom anna skje i eit nært samarbeid med forskingsinstitusjonane, t.d. Høgteknologi-senteret, Havforskingsinstituttet, men der også Fylkeskommunen og Bergen kommune er aktive medspelarar saman med næringslivet i regionen.

Utfordringar:

- Utarbeida ein handlingsplan som kan forsterka Bergen sin posisjon som utdaningsby.

Bremsa kompetanseflukta frå utdaningsinstitusjonane i Bergen. Medverka til at fleire av

studentane finn interessant og meiningsfylt arbeid i Bergen og regionen elles.

- Leggja tilhøva til rette for eit best mogeleg studentmiljø.

Følgja opp intensjonane i utdaningsplanen for Hordaland.</U

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7266. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.