Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2003

SV FYLKESTINGPROGRAM I MØRE OG ROMSDAL, 2003-2007

Sosialistisk Venstreparti · 3 149 ord

2003-2007

SV

SV FYLKESTINGPROGRAM I MØRE OG ROMSDAL, 2003-2007

1. INNLEIING

SV arbeider for eit sosialistisk samfunn bygd på eit sterkt folkestyre, rettferdig fordeling og likeverdige livskår for alle menneske uavhengig av bakgrunn, bustad, kjønn og livssyn. SV vil i fylkestinget arbeide for å sikre meiningsfulle arbeidsplassar til dei som ønskjer arbeid og eit godt miljø og høg livskvalitet for alle som bur i fylket. Dette er ein politikk som krev klåre politiske prioriteringar, og SV lovar difor ikkje alt til alle. Eit sterkt SV som oppnår politiske resultat i fylkespolitikken er avhengig av folkeleg engasjement, deltaking og oppslutning. Fagrørsla og miljørørsla er saman med andre organisasjonar viktige medspelarar for å gjere Møre og Romsdal til eit betre fylke å leve i.

SV vil arbeide for at all fylkeskommunal verksemd blir gjennomsyra av måla i Agenda - 21 om ei berekraftig utvikling. I den nye rolla som regional utviklar kan det politisk styrte fylket vere koordinator og pådrivar for å få i gang Lokal Agenda 21-prosessar i alle kommunane i fylket og vidareføre desse til å omfatte Regional Agenda 21 (samarbeid over fylkesgrensene). SV vil også arbeide for likestilling; likestilling og likeverd mellom kvinner og menn, mellom etniske minoritetar og majoriteten og mellom menneske som er funksjonshemma og dei som er funksjonsfriske.

Fylkestinget si makt er sterkt avgrensa av lover, forskrifter og økonomiske rammer som er fastsette av staten. Mange forbetringar og reformer er difor heilt avhengige av vedtak i Stortinget. Gjennom fråsegner og gjennom partiet sine representantar på Stortinget vil SV prøve å arbeide for at det blir betre samsvar mellom statlege løyvingar og pålagde oppgåver. SV vil også i åra framover praktisere eit klårt samsvar mellom det partiet står for på Stortinget, i fylkestinga og i kommunestyra.

SV meiner at dei fylkeskommunale tenestene best kan styrast gjennom politiske prioriteringar, og vil gå imot at viktige tenester innan helse, omsorg og skule blir privatiserte eller skilde ut som offentleg eigde aksjeselskap.

Fylkeskommunen som folkevald institusjon er og har vore under sterkt press frå høgresida i norsk politikk. Det er etter SV sitt syn sannsynleg at det også i framtida vil vere ei eller anna form for regionalt styre på eit nivå mellom stat og kommunar, og då er folkestyret det beste alternativet som styringsform. SV vil difor halde fast på og utvikle det politisk styrte fylket. Mange politikkområde som byråkratar i den sentrale statsforvaltninga arbeider med , og som Stortinget "strør sand på ", er betre tekne i vare ved at folkevalde organ som ligg nærare problema og utfordringane, får overta dei. Møre og Romsdal SV vil difor arbeide for ei desentralisering av avgjerdsmakt til fylka, og fylkespartiet vil stå på det standpunktet at Møre og Romsdal skal halde fram som eit eige fylke. Dette fylket kan samarbeide med andre fylke og regionar innanlands og utanlands på alle område som er naturlege og fornuftige.

2. TA BARN OG UNGE PÅ ALVOR !

Ungdomspolitikk krev stor grad av samarbeid på tvers av kommunegrensene. Fylkeskommunen må difor spele ei rolle som pådrivar i saker som har med barn og ungdom sine oppvekstvilkår å gjere. SV vil føre ein politikk for å motvirke eit samfunn der økonomi skaper nye klasseskilje mellom barn og ungdom. SV legg særleg vekt på at barn og ungdom skal ha eit tryggare og meir innhaldsrikt liv. Dette er kanskje det viktigaste bidraget til å oppnå redusert bruk av rusmiddel blant unge. Samstundes vil SV støtte andre tiltak som har same mål. SV vil ta ungdommen med på råd for å utvikle kulturtilbod, offentlege reisesystem og sosiale møteplassar som er slik at ungdom får lyst til å bli verande i fylket eller ønskjer å kome attende dersom dei reiser bort for å ta utdanning.

Medverknad:

* Røysterett for 16-åringar ved val til fylkesting og kommunestyre.

* Eigne midlar til demokratiutvikling mellom ungdom. Midlane skal vere store nok til at

ordninga med ungdomspanel og ungdommens fylkesting får ressursar til å utvikle segvidare i meiningsfull retning.

* Ordningar som stimulerer til aktivt elevdemokrati og politisk aktivitet i det vidaregåande

opplæringstilbodet.

* Auka økonomisk støtte til Elevorganisasjonen (EO).

Utdanning:

* Styrke arbeidet med ungt entreprenørskap/ungdomsbedrifter.

* Gratis læremiddel i vidaregåande opplæring.

* Ei ressurstildeling som gir lærarane tid til individuell oppfølging av elevane i alle studieretningar. Tenestene innan oppfølging, rådgjeving og yrkesrettleiing skal ha høg prioritet.

* Utvikle ordningar for opning og bruk av skulane på kveldstid for elevane.

* Halde oppe eit desentralisert tilbod om vidaregåande opplæring.

Helse:

* Vitalisere og styrke skulehelsetenesta, ordningar med helseteam.

* Tilbod til valds- og incestutsette barn og unge.

* Auka kunnskap om spisevanskar og livsstilssjukdomar, spesielt i vidaregåande skule.

* Styrking av barne- og ungdomspsykiatrien.

* Styrking av barnevernet gjennom samarbeid med kommunane.

* Motvirke bruk av alkohol og narkotika i ungdomsmiljø.

Næring:

* Eigne kvotar øyremerka for ungdom som vil etablere seg i fiskerinæringa.

* Fylkeskommunen må ta inn fleire lærlingar i verksemdene sine.

* Fylkeskommunen må saman med aktuelle kommunar tilby stipend til unge kunstnarar

som vil etablere seg i fylket.

* Fylkeskommunen må arbeide for at det skal bli lettare å starte næringsverksemd for unge menneske i etableringsfasen gjennom tilskot på lån frå nærings- og tiltaksfond og samarbeid med "Møreuniversitetet".

Samferdsel:

* Halde oppe ordninga med ungdomskort på kollektivreiser i fylket til ein rimeleg pris.

* Styrke trafikktryggleiken gjennom sikring av vegar, bygging av sykkel- og gangvegar.

langs skulevegane, redusert fart, trafikkopplæring i den vidaregåande opplæringa m.m.

* Sikre kollektive transporttilbod.

* Heve aldersgrensa på ungdomskort slik at også studentar kan gjere seg nytte av dette

tilbodet.

Kultur:

* «Kulturnista» skal vere eit tilbod til alle barn og ungdommar i heile fylket. Det betyr at

tilbodet til elevane i grunnskulen må halde fram, og at det må utvidast til å gjelde barn i

førskulealder og ungdom i vidaregåande skule.

* Ungdommens kulturmønstring blir ført vidare med minst det omfang mønstringa har i dag.

* Samhandlinga mellom dei profesjonelle kulturinstitusjonane i fylket og barn og ungdom

blir utvikla vidare, og kontakten med dei unge brukarane blir sett endå betre i system.

* Fylkesbiblioteket og "kulturnista" får midlar til å utvikle samarbeidsprosjekt som har som

mål å auke den viktige kontakten mellom ungdommen og biblioteka.

3. SKULE OG UTDANNING

Fylkeskommunen har som oppgåve å sikre eit godt vidaregåande opplæringstilbod for all ungdom. Samtidig skal det vidaregåande opplæringssystemet tene heile befolkninga i eit livslangt læringsperspektiv når det gjeld vaksenopplæring, verksemda til ressurssentra osb.

SV går inn for :

* å utvikle det vidaregåande opplæringstilbodet slik at forholda blir lagt til rette for å sikre

rekruttering til arbeids- og næringslivet i fylket.

* å samordne opplæringstilboda for å sikre fagleg kvalitet, gode opplæringsmiljø og god

ressursutnytting. Det må likevel leggjast stor vekt på at det vidaregåande

opplæringstilbodet er viktig i ein distriktspolitisk samanheng, og SV ønskjer framleis

desentraliserte tilbod og eit mangfald av større og mindre skular i fylket.

* å ruste opp skulebygningane i tråd med krav om kvalitet, miljø og tilgjenge.

* å fornye det vidaregåande opplæringstilbodet gjennom pedagogisk utviklingsarbeid.

* å prøve ut og setje i verk tiltak som kan få elevar til å velje meir utradisjonelle

utdanningsvegar i forhold til kjønn enn det som er tilfelle i dag.

* å inkludere dimensjonane helse og kultur i vidaregåande opplæring.

* at folkevalde organ på fylkesnivå skal ha ansvar for kvaliteten og mangfaldet i .

vidaregåande utdanning. SV går altså imot at primærkommunar kan ta over flikar av eit

samla tilbod.

* å styrkje IT- tilbodet på biblioteka.

4. KULTUR OG FRITID

SV vil at kulturlivet skal ha både eit individuelt og eit samfunnsmessig perspektiv. Det skal vere ei kjelde til eigenaktivitet og identitetsutvikling og samtidig eit verkemiddel i utviklinga av arbeidsplassar og livskraftige lokalsamfunn. Møre og Romsdal brukar lite pengar til kultur, men har stor kulturaktivitet. Med kulturfond på plass og ein auke i løyvingane til institusjonar og tiltak kan vi bli eit endå betre kulturfylke.

SV går inn for:

* at løyvingane til kulturføremål skal aukast til minst gjennomsnittet av andre

fylkeskommunar.

* at kulturperspektivet blir styrkt gjennom tverretatleg og tverrfagleg samarbeid.

* at det blir lagt til rette for at funksjonshemma skal delta i eit variert kulturtilbod.

* at det frodige amatørkulturlivet i fylket blir verdsett og støtta, m.a. gjennom tilskot,

administrativ hjelp, nettverksbygging og opplæring.

* at bibliotektilbodet blir styrkt, m.a. ved satsing på fylkesbiblioteket, utbygging av tilbodet i

vidaregåande opplæring og bibliotektilbod på helseinstitusjonane våre. Bibliotektenestene

skal halde fram med å vere gratis for brukarane.

* at løyvingane til musea blir haldne oppe, og at musea satsar på formidling til barn og unge.

* å prioritere amatøridrett framfor eliteidrett, og nærmiljøanlegg framfor nye store

idrettsanlegg.

* å gje støtte til vidare satsing på kulturelle møteplassar som festspel og festivalar

* å oppretthalde driftstilskot til viktige kulturinstitusjonar i fylket vårt som t.d.

Jugendstilsenteret, Nynorsk Kultursentrum, Teatret Vårt og Operaen i Kristiansund.

* å utvikle Fylkesgalleriet til å bli eit samtidsmuseum for heile fylket med

utstillingsverksemd og stipendordningar for kunstnarar som er busette i Møre og Romsdal.

* å stimulere fleirkulturelle ytringsformer gjennom tilskot, administrativ hjelp og andre

støtteformer.

5. HELSE- OG SOSIALTENESTER

Staten har overtatt eigedomsretten til og drifta av sjukehusa i fylket. I nær framtid vil staten også overta det ansvaret fylkeskommunen har hatt for barnevern, familievern og rusomsorg. Berre tannhelse står att som eit fylkeskommunalt ansvarsområde. Gjennom rolla som regional utviklingsaktør må likevel fylkeskommunen meine noko om korleis helsetilbodet i fylket skal sjå ut. SV ønskjer at fylkeskommunen skal vere ein "sterk" rådgjevar overfor Stortinget, helsedepartementet, sosialdepartementet, det regionale helseføretaket, HF Nordmøre og Romsdal, og HF Sunnmøre.

SV vil :

* oppretthalde dei fire akuttsjukehusa i fylket.

* overvake verknadene av den innsatsstyrte sjukehusfinansieringa, for å hindre at

mindre "lønsame" sjukdomsgrupper blir underprioriterte.

* arbeide for at det blir oppretta eit regionalt kompetansesenter for førebyggjande og

helsefremjande arbeid innan Helseregion Midt-Noreg i Møre og Romsdal.

* argumentere for at det ikkje berre blir tatt omsyn til den kroppslege helsa, men at

pasientane får tilgang på gode kulturtilbod medan dei er innlagt ved sjukehusa.

* oppretthalde eit desentralisert tannhelsetilbod.

* at barn og ungdom, eldre og folk med funksjonshemmingar skal få det offentlege

tannhelsetilbodet dei har krav på etter lova.

6. NATURRESSURSAR OG MILJØ

A) Miljøvern

SV sin miljøpolitikk har både eit nasjonalt og eit internasjonalt perspektiv. Dei økologiske omsyna er overordna økonomiske interesser.

SV vil arbeide for:

* å redusere forbruk av energi og naturressursar som ikkje fornyar seg.

* å sikre det biologiske artsmangfaldet.

* å bevare ei desentralisert busetjing.

* eit lågare tempo i oljeutvinninga ved kysten vår.

* å sikre at matjorda vert halden i hevd og at fiskeressursane utanfor kysten vår blir forvalta

på ein økologisk god måte.

* å hindre nye inngrep i utsette biotopar og landskapstypar.

* å redusere avfallsmengda og stimulere til auka resirkulering og gjenbruk.

* å avgrense utslepp til vatn, luft og jord.

* å klargjere økologiske rammer for næringsverksemda i fylket.

B) Energi

SV meiner at energi er ein del av infrastrukturen, på same måte som t.d. veg, vatn og kloakk. Difor bør ikkje marknadskreftene styre produksjon, omsetjing og pris. SV meiner at Noreg skal satse på energiøkonomisering, opprusting av linenett og kraftverk og alternative berekraftige energikjelder.

SV går inn for:

* å ruste opp eksisterande kraftverk og linenett for å hindre utbygging av gasskraftverk og

nye store vassdrag.

* å styrke det fylkeskommunale ENØK- arbeidet.

* å satse meir på alternative energikjelder som t.d. varmepumper, biobrensel og vindkraft.

* at det blir lagt til rette for vassboren varme og alternative energikjelder i fylkeskommunale

bygg.

* at det blir kjøpt miljømerka straum, eller straum som fyller kriteria for slik merking

til fylkeskommunale bygg.

* at fylkeskommunen held fast på den eigarskapen som er att i energiverk i fylket.

C) Olje og gass

SV vil arbeide for at Noreg oppfyller internasjonale avtalar om å redusere utsleppa av drivhusgassar.

SV går imot:

* utbygging av gasskraftverk som slepper CO2 ut i lufta.

* boring etter olje og gass innanfor 50 nautiske mil eller i gyteområde.

SV går inn for at:

* oljevernberedskapen blir styrka. Båtar som fraktar gass og olje langs kysten vår må ha

dobbelt skrog som hindrar utslepp i tilfelle havari.

* det blir laga ein handlingsplan med sikte på å redusere CO2- utsleppa i fylket i samsvar

med nasjonale mål.

* utbygging av gassfeltet Ormen Lange.

7. NÆRINGS- OG ARBEIDSPOLITIKK

SV sin næringspolitikk tek sikte på full sysselsetting og arbeidsplassar der folk bur. Omsynet til miljøet vil vere ei rettesnor i SV sin næringspolitikk.

SV går inn for:

* at fylkeskommunen får ressursar til å føre ein aktiv næringspolitikk, m.a. gjennom større

regional styring av SND, tilskottsordningane i landbruket og arbeidsmarknadstiltaka.

* at det blir sett ned ei arbeidsgruppe tilsvarande den som har arbeidd med "Ormen til Møre"

for å utvikle prosjekt og arbeidsplassar i produksjon av alternativ energi.

* at arbeidsgjevaravgifta blir redusert.

* at arbeid blir delt på fleire. SV går inn for 6 timars normalarbeidsdag og 30 timars

arbeidsveke og vil støtte forsøk med dette i fylkeskommunen..

* at privat og offentleg næringsliv og dei vidaregåande skulane samarbeider om

rekruttering og etterutdanning.

* at ressurssentra ved dei vidaregåande skulane blir stimulerte til å fungere som drivkrefter i

utviklinga av lokalt næringsliv.

* at fylkeskommunen arbeider for at innvandrarane våre får bruke kompetansen sin til

beste for næringslivet i fylket.

A) Industri

SV vil arbeide for ein enklare og meir effektiv næringspolitikk som er retta mot små og mellomstore bedrifter, med energi- og miljøteknologi som satsingsområde.

SV vil arbeide for at :

* konsesjonslovene blir brukte aktivt for å sikre lokal og nasjonal råderett over energikjelder

og naturressursar.

* fylkeskommunen er med og legg tilhøva til rette for samarbeid mellom små og mellomstore

bedrifter om ny teknologi, marknadsføring og produktutvikling.

* det blir brukt ein offentleg innkjøps- og anbodspolitikk som søkjer å styrke lokalt

næringsliv.

* at fylkeskommunen i si nye rolle som regional næringspolitisk aktør arbeider for å utvikle

teknologi som kan utnytte alternative berekraftige energikjelder. Verkstadindustrien og

elektrobedriftene i fylket vårt bør ha gode føresetnader for å produsere vindmøller og

varmepumpeanlegg.

* råvarene våre får ein så høg foredlingsgrad som mogleg i fylket for å auke verdiskapinga

og sikre arbeidsplassar.

B) Produksjon av mat

Jord- og skogbrukspolitikken må ha som mål å sikre god ressursutnytting, best mogleg sjølvforsyning av matvarer og gode arbeidsplassar som tek vare på miljøet i distrikta.

SV går inn for :

* at arealdisponeringa må ha eit langsiktig økologisk perspektiv.

* at det blir stimulert til og utvikla eit vesentleg maskin- og driftssamarbeid i jord- og

skogbruket.

* å ta vare på mangfaldet i kulturlandskapet.

* at forsking og utdanning innan økologisk jord- og skogbruk må prioriterast.

* at det skal stimulerast til omsetjing av økologiske produkt.

* gjennom aktiv bruk av bu- og driveplikta stimulere til å styrkje busetjinga og sleppe fleire unge til i landbruksnæringa.

SV sin fiskeripolitikk legg avgjerande vekt på ei langsiktig forvalting av ressursane.

SV vil at :

* fiskeria og havbruksnæringa skal vere med på å tryggje busetjinga langs kysten.

* vi skal ha ein variert flåtestruktur, og at kystfiskeflåten skal sikrast eit godt driftsgrunnlag.

* næringsmiddelindustrien i Møre og Romsdal skal foredle mest mogleg av det fiskeråstoffet

som blir levert eller produsert i fylket, og foredlingsgraden bør vere høg.

* rettleiingstenesta blir bygd ut frå ein desentralisert modell.

* Oppdrettslova og Konsesjonslova blir brukte aktivt for å sikre lokal råderett over

havbruket.

* det blir stimulert til betre rekruttering innan havbruk og fiske.

* Møre og Romsdal får behalde utdanningsinstitusjonane som gir sertifikat på alle nivå

innan maritime fag og fiskerifag.

8. SAMFERDSEL

Samferdsel er ei av hovudkjeldene for utslepp av klimagassar. Difor er miljøperspektivet svært viktig når det gjeld å vurdere ulike samferdselsalternativ.

SV går inn for :

* at tilskota til kollektivtransporten blir nytta til å sikre rutetilbodet og senke prisane.

* at anbod i rutegåande trafikk ikkje blir nytta, men at ein i staden stiller krav til effektivitet i

kvalitetskontraktar.

* at skiljet mellom riksvegar og fylkesvegar fell vekk, og at fylkestinget disponerer dei

samla vegløyvingane (utanom stamvegane).

* at kollektive transportmiddel blir tilpassa funksjonshemma.

* at Raumabanen blir utvikla og modernisert, m.a. med nye togsett og fleire avgangar.

* at eit framtidsretta transporttilbod i form av hurtigtog til Ålesund vert vurdert.

* at NSB og Statens Vegvesen skal vere statlege forvaltingsbedrifter.

* å prioritere høgt rassikring, trafikktryggleik og høging av akseltrykket når millionane til

riksvegar skal prioriterast.

* å vurdere kritisk alle store bru- og tunnelsamband.

* at nattferjer vert sette inn på stamvegane og viktige hovudvegar.

* at det blir bygd gassdrivne ferjer ved fornying av ferjeflåten.

* gratis ferje for passasjerar.

* at fylkeskommunen saman med aktuelle kommunar og staten arbeider for å etablere

offentlege servicekontor som kompensasjon / alternativ til nedlegging av postkontor

og andre tenestetilbod.

* at det blir vurdert å etablere ei ordning for billegare kollektivreiser for pensjonistar i fylket,

"Honnørkortet" etter mal frå ungdomskortet.

9. FYLKESKOMMUNEN SINE OPPGÅVER OG ORGANISERING

A) Arbeidsoppgåver

For å løyse fellesoppgåver, ønskjer SV ein sterk offentleg sektor. Men vi må setje krav om at offentleg sektor er effektiv, at byråkratiet ikkje er unødig stort, og at han er folkestyrt og oversiktleg for innbyggjarane. Det er difor no rett å slå saman den statlege forvaltinga på regionalt nivå (Fylkesmannen) og fylkeskommunen, og leggje det administrative og tenesteytande apparatet under regional folkevald styring ( fylkestinget ). Ei slik samanslåing vil fjerne dagens dobbeltadministrasjon og gjere forvaltinga enklare for innbyggjarane. Denne reforma må føre til at fylkestinget får styring over fleire regionalpolitiske verkemiddel, som t.d. fond til næringsutvikling, tilskotsordningane innan primærnæringane, arbeidsmarknadstiltak og miljøtilskot. Det meste av den offentlege tenesteproduksjonen skjer i kommunane, og det er viktig at denne blir samordna med den fylkeskommunale verksemda, og at ein får eit gjensidig fruktbart samarbeid.

SV går inn for:

* stor grad av samordning på fylkesplan av oppgåver det er naturleg å samarbeide om

over kommunegrensene, som t.d. naturvern, renovasjon, kommunikasjonar, vassforsyning,

friluftsliv, opplæring og kulturtiltak. Det er nødvendig å få til eit betre samarbeid med

staten og kommunane for å nå felles mål.

* at fylkeskommunen skal vere aktiv i å planleggje og leggje til rette for arbeidsplassar i

fylket, spesielt innanfor miljøtiltak og kultur. Fylkeskommunen må leggje til rette for

arbeidsplassar for yrkesvalhemma.

* at planlegging av alle fylkeskommunale tiltak skal utførast slik at konsekvensar for

miljøet blir grundig behandla.

* at fylkestinget blir styrka som allmennpolitisk forum, m.a. gjennom temadagar og

offentlege høyringar i viktige saker.

* at eit demokrati- og brukarperspektiv må liggje til grunn for all organisering og

tilrettelegging av fylkeskommunale oppgåver og tenester.

B) Administrasjon og folkevalde

SV vil:

* styrkje fylkeskommunens personalpolitikk, ved m.a. å gi betre høve til opplæring og

utvikling.

* gje støtte til leiarutviklingsprogram for kvinner og arbeide for at fleire kvinner skal ha i

leiande stillingar i fylkeskommunen.

* ha ei ryddig arbeidsdeling mellom politikarar og administrasjon.

* at sakspapir skal vere oversiktlege slik at hovudargumenta er lette å dra ut, med mål- og

resultatkrav som viktige styringsinstrument.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7263. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.