Valgprogram · 2003
Program 2003 - 2007
Det norske Arbeiderparti · 1 770 ord
Sogn og Fjordane Arbeidarparti
Program 2003 - 2007
Innleiing.
er hovudprinsippa i det solidariske verdigrunnlaget. Desse prinsippa ligg til grunn for partiet si samfunnsanalyse og for utforminga av den praktiske politikken.
betyr fridom frå alle former for undertykking. Fridom til å tenke, tru, ytre og organisere seg er saman med sosial likskap og rettferd ein føresetnad for reelt demokrati. Kvart einskild menneske mål få høve til å styre sin eigen kvardag.
Betyr ikkje at alle er like, men at alle er likeverdige. Derfor skal alle menneske få den same sjansen til menneskeleg vekst og utfalding. Alle menneske har noko å gje til fellesskapet.
Betyr vilje til å ta ansvar for kvarandre. Felles mål oppnår ein best ved felles innsats. Alle skal yte etter evne og få etter behov. Då blir ressursane fordelte slik at dei som har minst i utgangspunktet får mest.
er å endre samfunnet gjennom demokratisk vedtekne reformer. Det betyr at vi skal vere samfunnskritiske og endringsvillige anten vi har styringsansvaret eller vi er i opposisjon. Sosialdemokratiet står vidare for folkevald styring med ein sterk offentleg sektor og ein medviten bruk av marknaden kombinert med styring av marknadskreftene.
Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil arbeide for å styrke kommunane sin økonomi slik at kommunane er i stand til å gje gode, likeverdige tilbod til alle innbyggjarar og slik sikre velferdsstaten.
Lokaldemokratiet og regional utvikling.
Problemet
Lokalstyret er i krise. Kommunar og fylke er redusert til utøvande apparat for statleg velferdspolitikk. Med ein vanskeleg økonomi er det lite fokus på utviklingstiltak. Folk flest tapar interesse for lokalpolitikken, og partia slit med å aktivisere veljarane. Desse framstår som passive forbrukarar av offentlege tenester, og ikkje som deltakande innbyggjarar
Fylkeskommunen har ikkje hatt nok kraft og verkemidlar til å kunne drive aktiv
utviklingspolitikk, slik som opphaveleg tenkt. Staten byggjer ned fylkeskommunen,
medan det regionale nivået vert styrka ute i Europa.
Utfordringa
Folkestyret på kommune- og regionalplan må revitaliserast. Dette kan gjerast
ved å føre nye og eksisterande statlege oppgåver til kommunar og region.
Målet med regionalpolitikken er ei heilskapleg og ynskt samfunnsutvikling
for ein landsdel.
Det tillitsskapande arbeidet som er igangsett med Vestlandsrådet må vidareførast.
Dersom ein lykkast med å tilføra nye oppgåver til regionen, bør det utarbeidast
ein langsiktig strategi for eit regionfylke som omfattar Rogaland,
Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Det er naturleg at ein slik region har ansvaret for saksfelt som til dømes høgare utdanning, næringspolitiske verkemiddel, samferdsle og anna infrastruktur, og regional kulturpolitikk.
Skal dette bli ein realitet må det baserast på ei oppgåvefordeling og ei
likeverd mellom dei tidlegare fylkeskommunane. Det må også ligge til
grunn ei likeverd mellom by og land.
Inntil eit sterkare regionalt nivå er ein realitet, vil Sogn og Fjordane Arbeidarparti innanfor eksisterande rammer vere ein pådrivar for å skape grunnlag for eit godt tenestetilbod for innbyggjarane. Dette vil i pakt med våre tradisjonar skje i tett samarbeid med partane i arbeidslivet.
1. UNGDOM
Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner det er ei prioritert oppgåve å legge til rette for at ungdom i fylket skal trivast, og gjerne bli verande i fylket vårt. At ungdom flytter tilbake er viktig for at lokalsamfunna skal kunne utvikle seg positivt.
For å lukkast best mogeleg med dette arbeidet ynskjer Arbeidarpartiet at ungdommen sjølv tek del gjennom t.d. ungdomspolitisk utval og elevorganisasjonar. Ungdomsråda i kommunane og Ungdommens fylkesting er viktige pilarar for eigen påverknad av aktuelle saker.
Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil utvikle dei vidaregåande skulane i fylket til viktige ressurssenter. Samarbeidet mellom elev, skule og næringsliv må utviklast gjennom oppretting av partnerskapsavtalar.
Som ledd i dette ynskjer Arbeidarpartiet:
2. OPPLÆRING
Utdanning er eit av dei fremste verkemidla for vekst og utvikling i næringsliv og lokalsamfunn. Arbeidarpartiet har som mål at alle skal ha lik rett til utdanning. Dei vidaregåande skulane i fylket må innanfor gjeldande lov- og regelverk bli tilført ressursar som gjer dei istand til å utvikle god lokal tilpassing og individuell tilrettelegging. Ein sterk offentleg skule for alle er avgjerande for å skape ein mangfaldig skule i eit tolerant samfunn.
Arbeidarpartiet har som mål at partane i arbeidslivet skal ha ei aktiv rolle for å få gjennomført kompetansereforma på arbeidsplassane i fylket.
Arbeidarpartiet vil:
3. KULTUR
Kultur er ei kjelde til innsikt, utvikling, livskvalitet, trivsel og identitet. Satsing på kultur er ei målretta investering for at innbyggarane skal få eit innhaldsrikt og meiningsfullt liv i eit godt samfunn. Kultur har både eigeverd og er grunnlag for annan aktivitet, vekst og arbeidsplasssar. I kampen mot intoleranse og likesæle er kulturarbeid særleg viktig. Det er viktig med offentleg medverknad for å sikre kulturarbeidet i Sogn og Fjordane, og på den måten støtte opp om aktivitetane i frivillege lag og organisasjonar.
Friluftsliv er og ein stor kulturaktivitet. For Arbeidarpartiet er det viktig å sikre ålmenta sine rettar til å nytte naturen til oppleving, hausting og rekreasjon.
Arbeidarpartiet vil gje Den norske kyrkja arbeidsvilkår for å kunne løyse oppgåvene sine som ei brei og samlande folkekyrkje med rom for alle.
Arbeidarpartiet vil:
4. HELSE OG OMSORGSPOLITIKK
Ein sterk offentleg sektor er ein føresetnad for eit rettferdig og velfungerande velferdssamfunn som gjev likeverdige tenester i alle delar av landet.
Kommunane og staten har ansvaret for drift og vidareutvikling av viktige velferdstenester innan somatikk, psykiatri, barnevern og rusvern. Arbeidarpartiet vil sikre at fylkeskommunen talar innbyggarane si sak overfor statlege helseføretak, regjering og Storting.
Sogn og Fjordane fylke er eit fylke med store geografiske avstandar, difor må økonomiske ressursar avspegle dette forholdet.
I tillegg til å dekke befolkninga sin trong for behandling er helseinstitusjonane mellom dei største og viktigaste kunnskapsverksemdene i fylket. Både av helsepolitiske og distriktspolitiske omsyn er institusjonane og ambulansetenesta viktige føresetnader for tryggleik og velferd.
Folket i Sogn og Fjordane skal sikrast eit tenestetilbod i eige fylke som er likeverdig med resten av landet. Ei vidare utbygging av tenestene skal skje etter eit desentralisert utbyggingsmønster. Avgjerdsler som vedkjem velferdstenestene, må skje i opne møte. Kommunikasjon og samarbeid mellom helseføretak og fylkeskommune må bli betre.
Arbeidarpartiet vil arbeide for at det vert teke eit overordna ansvar i utvikling av tiltaksplanar for rusførebyggande arbeid. Det må bli gjeve eit fullverdig behandlingstilbod og hjelp til dei som vil ut av rusmiljøa. Det må bli gjeve tilbod om akutt avrusing, og rusmisbrukaren må bli utreda med ein gong medan vedkomande er motivert for å slutte. Det må etablerast fora for dialog og samarbeid, for å kunne møte misbruk med effektive tiltak. Lærarar, foreldre, politi, ungdomsarbeidar og ungdom må delta. Tiltaka må diskuterast med ei fordomsfri og ikkje dømmande haldning.
Den fylkeskommunale tannhelsetenesta har vanskar med å rekruttere tannlækjarar. Det må utarbeidast ein rekrutteringspakke som styrkjer rekrutteringa av nyutdanna tannlækjarar, sikrar stabilitet i stillingane og såleis det desentraliserte tenestetilbodet. Tannklinikkane må moderniserast slik at dei vert attraktive arbeidsplassar.
Arbeidarpartiet vil:
5. NÆRINGS- OG RESSURSPOLITIKK
Sogn og Fjordane fylke har eit konkurranseutsett næringsliv med stor verdiskaping pr. innbyggar.
Arbeidarpartiet vil sette fokus på verdiskaping og på dei som har sine arbeidsplassar i industri og verdiskapande næringar. Sogn og Fjordane Arbeidarparti er opptekne av at industrien skal ha ein sentral rolle i fastlandsøkonomien. Mykje av industrien i Sogn og Fjordane er konkurranseutsett i høve til utlandet og det er derfor særleg viktig at den har same rammevilkår som dei den konkurrerer med.
Stad skipstunnell er eit viktig tiltak for heile Vestlandet. Prosjektet vil utvikle næringslivet t.d. innan fiskeri og reiseliv langs kysten. Det vil gjere samferdsla sikrare. Stad skipstunnell må finansierast gjennom ei ekstraordinær løyving som eit nasjonalt prosjekt.
Fylket vårt har klare konkurransefortrinn i form av tilgang på rein energi, mineralar, olje/gass og natur. Samstundes har vi stort utviklingspotensiale innan fiskeri, havbruk og landbruk. Det er viktig at det vert sett av ressursar til forskning og utvikling på desse områda.
Vårt fylke er kjend for vekslande natur og opplevingar, som har gitt grunnlag for eksisterande reiselivsnæring. Reiseliv er og vil bli ei viktig næring for fylket.
Ved å fatte langsiktige vedtak kan vi nytte desse fortrinna slik at vi skaper næringsverksemd og levande bygder.
Arbeidarpartiet vil arbeide for at forvaltninga av naturressursane våre blir basert på eit fornuftig samspel mellom bruk og vern. I dei seinare år har vi sett ei utvikling med alt for sterk fokus på verneinteressene, som har ført til at næringsdrivande i fylket i for liten grad har hatt høve til å utnytte fylket sine naturgitte føremoner. Vi er opptekne av at lokale folkevalde nivå må få større rådvelde over eigne område, også innan miljø, vern og freding.
Arbeidarpartiet vil:
6. SAMFERDSLE
For å trygge busetnaden og næringslivet i distriktet er det viktig med gode kommunikasjonar. Arbeidarpartiet vil arbeide for å vidareutvikle eit transportsystem som medverkar til å utvikle godt fungerande bu- og arbeidsområde i fylket.
Lufthamner
Flytilbodet i fylket må sjåast på som ein del av kollektivtilbodet, og fylket må vere eit konsesjonsområde. Sogn og Fjordane må ha eit flytilbod med ruter og prisar som elles i landet. Fylket sine 4 lufthamner må oppretthaldast. Lufthamnene må også oppgraderast der Sogndal lufthamn har 1.prioritet.
Rassikring
Rassikring er ei nasjonal oppgåve som bør vere løyst innan 2020. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil arbeide for at det vert laga ein nasjonal opptrappingsplan for rassikring med årleg ramme i storleik 1 mrd kr.
Trafikktryggleik
· Arbeidarpartiet støttar tanken om 0-visjonen som legg til grunn at ein skal arbeide for 0 drepne og 0 hardt skadde i trafikken. Vi kan ikkje akseptere at over 300 menneskeliv går tapt i trafikken kvart år i landet vårt. Derfor vil Arbeidarpartiet arbeide for at løyvingane til trafikktryggleik vert auka.
Arbeidarpartiet vil:
Fylkesvegar
Arbeidarpartiet vil i perioden prioritere å fullføre dei alt vedtekne prosjekta Deknepollen Trollebø, Dingja Solleibotn, Hennebygda Hopland og Fastlandsambandet Ytre Gulen.
Riksvegar
Arbeidarpartiet vil arbeide for at der det er mogeleg skal nye vegsamband bli realisert ved at innsparde ferjesubsidiar vert lagd inn som ein del av finansieringsgrunnlaget.
Arbeidarpartiet vil gå inn for at veganlegg som er prioritert i Nasjonal Transportplan 2002 2011 vert oppstarta og fullført slik dei er vedtekne i planen.
Arbeidarpartiet vil:
For Sogn og Fjordane Arbeidarparti vert det ei prioritert oppgåve å arbeide for auka rammer til vegsektoren fordi rammene er for låge til å få realisert alt prioriterte prosjekt innan rimeleg tidshorisont. Ein vil arbeide vidare med å finne ei løysing for å realisere heilårsveg over Vikafjellet, rassikre Fatlaberget og rassikre Gullringen i Luster. I tillegg meiner Arbeidarpartiet det er naudsynt å arbeide for auka løyvingar til vegvedlikehaldet .
Stamvegar
Arbeidarpartiet vil arbeide for snarleg oppstart av E39 Kvivsvegen og vidare opprusting av E16 Borlaug Oppland grense, samt fullføring av opprusting av E39 Vadheim Lavik og Rv5 Kjøsnes Skei. Ein vil elles arbeide for å utbetre flaskehalsar langs stamvegnettet i fylket.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7133. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.