Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 1999

Fylkestingsprogram 1999-2003

Venstre · 3 449 ord

Møre og Romsdal Venstre

Fylkestingsprogram 1999-2003

Innleiing

Venstre er eit sosial- liberalt parti. Det er i samspelet mellom einskildmennesket og fellesskapen ein kan utvikle eit godt samfunn. Samstundes som vi sikrar fridom for den einskilde må vi ta ansvar for kvarandre. I vår samfunnsplanlegging må vi ta omsyn til at komande generasjonar skal sikrast eit godt livsmiljø. Å sikre rein jord, reint vatn og rein luft vil for Venstre ligge i botnen når politiske prioriteringar skal gjerast.

Det vil vere Venstre sitt mål når vi går inn i eit nytt tusenår å arbeide for å redusere einsemd og isolasjon og skape tryggleik i eit stadig meir krevjande samfunnsmiljø.

Nærings- og arbeidslivet og dei frivillige organisasjonane er viktige støttespelarar i kampen for eit betre miljø og ei betre ressursutnytting. Ny teknologi må takast i bruk både innanfor produksjonen og ved reinsing av utslepp. Dette vil gi stor miljøgevinst. Miljøteknologi og Enøk vil òg kunne gi fylket vårt mange varige arbeidsplassar.

Venstre ønskjer folkeleg engasjement og deltaking demokratiet. Difor må avstanden mellom dei folkevalde og veljarane gjerast så liten som mogleg. Større openheit og betre informasjon er kampsaker for Venstre.

Venstre i Møre og Romsdal vil arbeide for ei berekraftig utvikling i heile fylket, og prioritere felleskapsløysningar framfor særinteresser i ulike distrikt eller fogderi.

Fylkeskommunen

Venstre vil ha ei gjennomgåing av arbeidsdelinga mellom staten, fylket og kommunane for å rasjonalisere og samordne administrative oppgåver.Venstre er open for større grad av regionalisering innafor fleire tenesteområde. Venstre vil ha ein gjennomgang av kva som skal vere primæroppgåvene innafor kommunal og fylkeskommunal tenesteyting.Samstundes vil vi verne om det lokale demokratiet og arbeide mot ei aukande byråkratioppbygging som alternativ til den folkevalde styringa.Valordninga til fylkestinget må vitaliserast for å motivere til eit sterkare demokratisk engasjement.Venstre vil ha service-erklæringar for å definere nivå og innhald i tenestetilbodet.Venstre meiner det m.a. er naturleg å sjå på overføring av mynde i miljøspørsmål til kommunalt og fylkeskommunalt nivå.

Venstre ynskjer at det skal bli høve til å få fastlegge eige skatteøre innafor rimelege grenser(+ /- 0,5 %) til bruk for viktige fylkeskommunale investeringar. Venstre vil ha ein gjennomgang av fylkeskommunen sin aktivitet som aksjeeigar og vurdere om kapital kan frigjerast og nyttast i samband med fylkeskommunen sine primæroppgåver..

Einskildmennesket må kunne utvikle og forme sitt eige liv gjennom arbeid og fritid.Venstre vil støtte ein politikk som sikrar full sysselsetting og gir trygge økonomiske vilkår for den einskilde. Vidare vil vi arbeide for stabilitet i samband med det lokale tenestetilbodet gjennom å sikre ein god kommuneøkonomi.

Miljø og energi

Venstre vil satse på fornybare energikjelder som solenergi, bioenergi, varmepumper, minikraftverk og vindkraft. Ser vi på pris og potensiale, bør ein særleg satse på vindkraft.Venstre vil difor jobbe aktivt for best mogleg økonomiske rammevilkår for utbygging av vindkraft, og for ein utbyggingsstrategi som gjer vindkraft og andre miljøvennlege energitiltak til viktige alternativ til større vasskraftutbygging, samtidig som miløjøbelastninga samla sett blir minst mogleg.Venstre vil at alle sektorar i fylkeskommunen og i kommunane skal legge omsynet til miljøet i botnen for all si planlegging og verksemd. Fylkeskommunen må stimulere til interkommunale tiltak for sikring av reint drikkevatn, avfallshandsaming og ressursgjenvinning (t.d. komposteringsanlegg for organisk avfall). Venstre arbeider for at Norge skal redusere CO2-utsleppa. Derfor er vi imot nye gasskraftverk, om ein ikkje klarer å redusere miljøutsleppa.Venstre vil arbeide for å minske forureininga frå offentleg verksemd, industri, landbruk og oppdrettsanlegg, - og å betre styringa og kontrollen med dette arbeidet. Venstre vil ha ei sterkare satsing på ENØK-tiltakVi ynskjer å styrke den lokale og regionale beredskapen i høve til oljeutslepp og radioaktive utslepp i samarbeid med sentrale instansar.Vi ynskjer å auke satsinga på offentleg kommunikasjon, med betre busstilbod og sterkare prioritering av jernbanetilbodet.

Næringsliv

Møre og Romsdal er delt opp i 4 større regionar med naturlege sentra som tyngdepunkt. Venstre meiner at utviklinga av desse regionane er viktig sett i samanheng med bustad- og arbeidsmarknadsutviklinga i fylket vårt. Byane, dei store tettstadane og dei omliggande kommunane har mykje å tene på å samarbeide om planleggingsoppgåver og tenesteproduksjon. Fylkeskommunen må samarbeide med kommunane om å tilrettelegge for næringsutvikling og attraktive by- og sentrumsmiljø.

Industrien

Venstre sin næringspolitikk har som mål å skape gode rammevilkår for dei små og mellomstore verksemdene, og særleg stimulere til nyskaping gjennom betre økonomiske støtteordningar (Såkorn-kapitalfond) til nyutvikling og forsking. Det å styrke utviklingsarbeidet er viktig i ei tid med store omskiftingar i næringslivet.Venstre vil redusere skjemaveldet og gjere det enklare å drive eiga næringsverksemd.Det er Venstre sitt mål at næringslivet i vårt fylke skal ha dei same økonomiske vilkåra som dei ein konkurrerer med i inn - og utland. Ein vil her syne særskilt til møbel- og verftsindustrien, som har sitt nasjonale tyngdepunkt i vårt fylke.Det er viktig at desse og mange andre typar verksemder får gode arbeidsvilkår slik at dei kan trygge busettinga i fylket.

Venstre vil vere ein aktiv medspelar slik at næringslivet kan få redusert dei vanskane som er knytte til produksjonsvilkår som t.d. perifer plassering i høve til marknaden.

Venstre arbeide for ei sterk satsing innan IT og kompetanse, slik at bedriftene kan vere konkurransedyktige innan sitt felt.Venstre vil gå vidare i arbeidet med å utvikle senter for moderne kommunikasjon og kompetanse rundt om i fylket, såkalla «næringshagar». Venste vil arbeide for tilskotsordningar og kompetanseoppgygging ute i distrikta. SND må stimulere til utvikling av nettverk mellom mindre bedrifter.

Møre og Romsdal Venstre vil at drifts- og basefunksjonane for nye produksjonsfelt på Midt- norsk sokkel legges til Kristiansund. Dette vil gi næringslivet i Møre og Romsdal gode høve for leveransar til oljeindustrien.Gassilandføringa på Tjeldbergodden må utnyttast til etablering av ny industriverksemd i området. Leiteboring og utvinning av gass og olje på fiskebankane utanfor kysten vår, kan føre til interessemotsetnader. Venstre vil i ein slik situasjon vere sterkt oppteken av å ivareta fiskeriinteressene og ressursane i havet.

Reiseliv og turisme

er ei stor vekstnæring i fylket. Venstre ser på reiseliv og turisme som viktige satsingsområde for distriktet også i et langsiktig perspektiv. Det er likevel eit uttrykt mål at vi i denne prosessen må ta vare på naturen og den lokale kulturen. Venstre meiner at vårt fylke bør vere med i landsdelsselskapet «Fjord -Norge». Fram til fylket er betre organisert i destinasjonsselskap, bør Møre og Romsdal Reiselivsråd bestå som en koordinator og «paraply» for reiselivslaga i fylket.Samtidig som Venstre vil verne natur- og livsmiljø, vil vi legge til rette for bruk av naturen som rekreasjonsplass i eit aktivt og stressande samfunn.

Jordbruket

har gått sterkt attende i fylket i sysselsettingssamanheng. Det er likevel denne næringsvegen som vil vere den berande faktor for å bevare kulturlandskapet i fylket.Næringa er òg avgjerande for korleis busettinga skal utvikle seg. Ei sterkare avskaling av bruk med aktiv drift, vil gjere det vanskeleg å halde oppe den spreidde busetnaden vi har i dag, og samstundes vil dette redusere graden av sjølvforsyning. Det er viktig å motivere landbruket til å ta nye verkemiddel i bruk for å halde opp sysselsettinga i distrikta, t.d. satsing på alternative inntektskjelder som turistnæring, småproduksjon og «grøn omsorg».

Vidare utvikling av eit økologisk jordbruk i vårt distrikt er viktig.Møre og Romsdal Venstre vil arbeide for gode økonomiske vilkår tilpassa landbruket i vårt fylke. Det bør også innførast rekrutteringstiltak, t.d. ved generasjonsskifte og ved samdrift. Det må gjerast enklare å få til busetting på nedlagde gardsbruk.

Fiskerinæringa

vil stå overfor store utfordringar gjennom tilpassing mellom fiske flåten og ressurstilgangen. Venstre vil at næringa saman med forskarane skal styre uttaket, slik at det biologiske mangfaldet i havet kan førast vidare.Venstre vil arbeide for rettferdig fordeling av kvotar mellom fiskarar frå ulike fylke.Venstre vil også vere ein aktiv pådrivar for at vi skal få ei betre og rettferdigare ordning for utskifting av eldre fiskefarty. Dei som skal ha sitt arbeid på havet, skal ha den beste tryggleik og eit optimalt arbeidsmiljø i utøvinga av eit hardt yrke.For å styrke rekrutteringa, vil Venstre arbeide for ei meir positiv fokusering på fiskerinæringa som arbeidsplass, og ei variert samansetning av fiskeflåten med omsyn til storleik og driftsform . Den framtidige organiseringa av fiskerirettleiingstenesta må styrkje fiskerimiljøet i fiskerikommunane.

Havbruksnæringa

har gode naturforhold i Møre og Romsdal, og det er viktig at utviklinga i næringa skjer til beste for distrikta, og på ein måte som tek vare på miljøet langs kysten vår.For å unngå sterkare sentralisering i næringa, og for å styrke dei mindre aktørane, vil Venstre arbeide for retildelingar av konsesjonar i Møre og Romsdal.Dei nye næringsområda med kveiteoppdrett og skjelldyrking er viktige for næringa si utvikling. Det vil framleis vere eit stort vekstpotensiale innanfor denne næringa, og det er difor viktig at tilhøva er lagt til rette for ei god utvikling i åra som kjem.

Samferdsel

Eit godt utbygd vegnett er avgjerande for å vidareutvikle verdiskapinga i fylket vårt.Venstre ser det som svært viktig å betre eksisterande og utvikle nye samferdselstiltak som dekkjer samfunnet og næringslivet sine transportbehov på ein effektiv, trafikksikker og miljøvennleg måte. Vi meiner at fylkesvegnett og riksvegsnett må sjåast meir samla.Vi må konsentrere innsatsen om utbetring og opprusting av basisvegnettet, og om å få realisert dei lokale opprustingsprosjekta.Det må arbeidast aktivt for å få lagt fast dekke på alle fylkes- og riksvegar som har grusdekke, og rehabilitere fylkesvegbruene som i dag verkar som «propper» i transport og samferdselssystema våre.Samferdsla i Møre og Romsdal er avhengig av ferjer. Difor er det viktig at ferjeflåten har kapasitet til å løyse oppgåvene sine på ein tilfredsstillande måte både med omsyn til frekvens og tryggleik.Venstre stør i prinsippet tanken om bruk av bompengar til å løyse mange av våre store og ressurskrevjande prosjekt. Støtte til desse prosjekta må vurderast i høve til den samfunnsmessige nytta vi får av dei aktuelle prosjekta.Venstre vil vurdere nye samferdselsprosjekt ut i frå deira konsekvensar for miljø, trafikktryggleik og næringsliv.Det må skaffast midlar til å gjennomføre fylket sin vegplan innafor den vedtekne 4- års perioden.Betring av trafikktilhøva på innfartsvegane til byane må ha høg prioritet. Venstre vil i sin samferdselspolitikk legge stor vekt på trafikktrygging gjennom auka bygging av gang- /sykkelstiar og vurdere bruk av reduserte fartsgrenser som ein lekk i trafikktryggingsarbeidet.Venstre vil arbeide for ei styrking av flyrute- og hurtigbåttilbodet i fylket. Det vil også vere viktig å få betre flykommunikasjonar mellom Sør Trøndelag og Møre og Romsdal.Venstre vil oppretthalde og vidareutvikle alle flyplassane i fylket.Helikopterbasen i Kristiansund må byggast ut for å styrke Møre og Romsdal sin posisjon som oljefylke.

Helse- og sosialteneste

Venstre vil arbeide for at sjukehusa våre fysisk og mannskapsmessig best mogleg skal vere i stand til å møte dei utfordringane som dei er sett til å løyse, og som brukarane har trong for.Sjukehusa våre er ikkje dimensjonerte for dei oppgåvene dei i dag skal kunne løyse. Dette fører til dårleg miljø for både pasientar og tilsette.Det er uverdig at pasientar må ligge på korridorar fordi det ikkje er romkapasitet nok.Fylkessjukehuset i Molde har den eldste bygningsmassen og må prioriterast i moderniseringssamanheng.Vi veit at sjukdomen kreft vil auke dramatisk det komande ti-året. Møre og Romsdal fylke høyrer til Helseregion 4 og skal ha sine «tyngste» somatiske tenester ved regionsjukehuset i Trondheim. Det er likevel viktig at vi utviklar dei lokale tilboda våre offensivt for å møte den utfordringa utviklinga av denne sjukdomen inneber. Venstre har difor dei siste åra prioritert kampen for å få etablert mammografi- og stråleterapitilbod i fylket vårt. Vi meiner òg at Sentralsjukehuset i Ålesund skal vere mellom dei sjukehus i landet som i framtida skal utføre brystbevarande kreftoperasjonar.Venstre vil arbeide for å halde oppe sjukehusstrukturen i fylket vårt, men større grad av samordning spesialisering er nødvendig. .

I psykiatrien står ein framfor store utfordringar både i samband med dei fylkeskommunale tilboda og i kommunane. Samspelet mellom det fylkeskommunale tilbodet og det kommunale er viktig. Det er viktig å utvikle gode samarbeidsrelasjonar mellom helsetenesta, sosialkontor, arbeidskontor og trygdekontor. Haldningsskapande arbeid i høve til denne sjukdomen må framleis ha høg prioritet.Venstre meiner det no er viktig å auke dei sengeplassane ein har i fylket for denne tenesta, og at dei eldste institusjonane får ei bygningsmessig opprusting. Vi må òg sikre at ein har nok utdanna fagfolk og spesialistar på dette fagområdet. Rehabiliterings- og habiliteringstenesta er ein viktig del av helsetilbodet i vårt fylke. Det er viktig at personar som er fødde med funksjonshemming eller er blitt sterkt funksjonshemma, eller som har vore gjennom ei kritisk fase i livet, t.d.,trafikkskadde, slagpasientar m.m., kan få god fagleg hjelp til å få ein mest mogleg normal livssituasjon. Venstre meiner at fastlegeordninga vil gi større nærleik og tryggleik i kvardagen for dei med helseproblem.Det er viktig at førebyggjande tiltak vert prioriterte, særleg innafor barne- og ungdomsarbeid og rusførebyggjande tilta, og vidare at miljøretta og førebyggjande helsepolitiske tiltak vert iverksett slik at ein kan redusere etterspurnaden etter dei institusjonaliserte tilboda.Alkoholpolitikken er eit virkemiddel i denne samanheng. Venstre går inn for ein restriktiv alkoholpolitikk. Venstre vil arbeide for at det blir etablert regionale samarbeidsorgan for å redusere rusmisbruk og vald.

Venstre vil arbeide for ei rettferdig ressursfordeling i samfunnet. Vi vil betre tilhøva for funksjonshemma, gjeldsoffer og dei som er dårlegast økonomisk stilt.

Oppvekst- og levevilkåra for born og ungdom må leggast til rette på ein slik måte at barnefamiliane får ein økonomisk trygg og sosialt god livssituasjon. Her har barnehagane ein viktig funksjon som eit pedagogisk supplement til familieomsorga, også for vanskelegstilte barn. Møre og Romsdal Venstre meiner det er naudsynt å fortsette barnehageutbygginga for å oppnå full behovsdekning ut frå lokale behov. Venstre vil arbeide for å styrke barnehagane sin kvalitet og det pedagogiske innhaldet. Barnevernet på kommune- og fylkesplan må alltid ha høg prioritet. Det er viktig å halde oppe og utvikle eit godt offentleg servicetilbod med gode økonomiske og menneskelege ressursar, for å kunne gi gode tilbod til utsette barnefamiliar så tidleg som mogleg. Barnehagane vil være ein god reiskap for barnevernet. Familievernet har òg ein stor og viktig funksjon inn mot problemekteskap og barn i krise. Det er difor viktig at desse kontora har gode nok økonomiske vilkår som gjer dei i stand til å setje i verk førebyggjande tiltak og gi råd til foreldre, barn og andre i ein krisesituasjon. Det må i komande periode vurderast om det bør opprettast eit eige familievernkontor for Søre Sunnmøre for å møte det aukande behovet på dette viktige feltet.Frivillige humanitære organisasjonar og interesseorganisasjonar gjer eit stort og viktig arbeid på fleire område i helse- og sosialomsorga i fylket. Venstre vil vere med å gje desse økonomiske tilskot som gjer dei i stand til å føre dette arbeidet vidare, og i den grad det er naudsynt, gi stønad gjennom menneskelege ressursar for organisasjonsarbeid.

Utdanning

Målsettinga for Venstre i komande fireårsperiode er å styrke den offentlege skulen slik at han kan gi eit likeverdig opplæringstilbod til alle elevar ut frå deira føresetnader. Dette inneber og at elevar med funksjonshemming skal vere sikra eit fullverdig tilbod både i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Elevar med framadspråkleg bakgrunn må òg få naudsynt støtte, slik at også desse får eit likeverdig tilbod. Læringsmiljøet må vere prega av faglege utfordringar. Tryggleik, rettleiing og ansvarskjensle, evne til omsorg , samarbeid og kreativitet skal verdsetjast høgt i tillegg til fagleg dugleik. Skulane må sette større fokus på samfunnsengasjement og kulturaktivitetar for å utvikle dei unge til gode samfunnsborgarar som blir engasjerte og som ser utfordringane i å ta ansvar. Venstre vil arbeide for at det vert eit auka samarbeid mellom grunnskule og vidaregåande skule. Det må vidare utviklast eit betre samspel mellom grunn- og vidaregåande skule, høgskulane og næringslivet. Det er viktig å styrke dette samarbeidet for at dei unge skal kunne få eit yrke i sitt eige lokalmiljø eller sin region. Den vidaregåande skulen må utviklast lokalt/regionalt i samsvar med etterspurnaden. Venstre vil arbeide for eit desentralisert tilbod innafor vidaregåande opplæring. Søkjartal frå år til år skal ikkje vere avgjerande for dimensjoneringa av tilboda. Skuleverket må få ei meir langsiktig planlegging som tek både distriktsmessige, næringsmessige og faglege omsyn.Venstre vil arbeide for meir aktivt for å skaffe nok lærlingeplassar, og å gjere det enklare og økonomisk gunstigare både for det offentlege og det private å gi dette tilbodet.

Det må stillast høge krav til undervisninga i skulen, og lærarane må få tilbod om naudsynt etterutdanning for å halde seg kvalifiserte i faga sine. Rådgjevarfunksjonen må styrkast.Venstre i Møre og Romsdal meiner det er grunn til å ta ei særskilt evaluering av Reform 94 i vårt fylke, m.a. må ein sjå nærare på dei faglege val som 15 - åringane har gjort.Venstre meiner at vaksenopplæringa er viktig og at t.d. eineforsytarar som i dag fell utanfor systemet etter 3 år, må vere sikra plass på lik line med dei som automatisk høyrer inn under Reform 94. Retten til vidaregåande opplæring må ikkje avgrensast berre til ungdom mellom 16 og 20 år, men må kunne takast ut seinare i livet. Samarbeid med studieorganisasjonane vil være viktig for å leggje til rette for grupper som står utan utdanningsrett. Høgskulane i fylket må byggjast ut, sikrast ein god økonomi og utviklast vidare. Samspelet med andre forskingsmiljø og det lokale næringslivet er viktig. Venstre meiner det må vere eit realistisk mål å kunne gi dei fleste av våre ungdomar eit høgskuletilbod i vårt fylke.Høgskuletilbodet må utviklast på Nordmøre, i samarbeid med dei etablerte høgskulane.Venstre meiner det er viktig å setje i verk tiltak for å betre situasjonen for studentar/ etableringsgenerasjonen både i høve til studiefinansiering og bustadspørsmål .Det bør etablerast ordningar med studentrabatt på all kollektivtransport

Fritid og kultur

Kulturpolitikken skal femne om grunnleggjande verdiar i samfunnet. Venstre set ein offensiv utvikling av den levande lokalkulturen i sentrum og vil redusere kulturbyråkratiet.Det offentlege må legge til rette for ei aktiv idretts- og kultursatsing særleg i høve til å støtte organisasjonar og lag i deira arbeid i lokalmiljøet. Vi må syte for kulturarenaer både for profesjonelle og amatørar ute i distrikta.Venstre meiner at «Kristiansundsmodellen» for opera og Teaterfabrikken i Ålesund er gode modellar for ei slik utvikling av nye lokale kulturaktivitetar. Dette gjeld også Teateret Vårt sin amatørinstruksjon. Venstre vil arbeide for at Teateret Vårt får etablert ein «filial» i Ålesund.Venstre meiner at media har ein viktig plass i kulturformidlinga. Vi vil difor støtte nettverket av lokale småkinoar på bygdene, lokal-TV og nærradioar.Venstre vil legge til rette for det lokale musikk- og teaterliv. I denne samanhengen er det viktig å halde oppe Møremusikerordninga, Midt Norsk Musikkteater/Operaen i Kristiansund og Molde Internasjonale Jazz Festival og syte for ressursar til turneverksemnd og amatørteaterarbeid ved Teateret Vårt.Vi vil arbeide for at ein nynorsk teaterhøgskule med hovudvekt på nynorsk og dialektar vert lagt til fylket vårt.Venstre ser det dessutan som særs viktig at kulturelle «fyrtårn» utanfor bysentra kan sikrast økonomisk plattform for å kunne utviklast vidare.Biblioteka har ein viktig plass i norsk tradisjon og må vidare utviklast for å kunne møte «Internett - revolusjonen». Dette må likevel ikkje føre til at innkjøpsbudsjetta deira for bøker og tidsskrift blir reduserte.Venstre meiner at det er viktig å verne lokalhistorie og lokale tradisjonar.Venstre vil arbeide for å styrke den kulturelle dimensjonen i skulen. Både møtet med den lokale kulturen og orginale verk av nasjonal og internasjonal karakter, er avgjerande for elevane si vekst og utvikling som menneske. Venstre vil leggje til rette for kulturfomidlingsopplegg som kan gjere skulen i stand til å fylle si oppgåve på dette området.Venstre har tatt initiativ til ei innkjøpsordning for kultur i skulen, og vil arbeide for å setje skulen i stand til å realisere dei kulturelle måla i de nye læreplanane.

Venstre meiner elles at det framleis er viktig å satse på frivillig innsats, og at det offentlege stimulerer til dette. Det er viktig å støtte idretts- og kulturaktivitetar som førebyggjande helsearbeid med ein brei folkeleg profil. Allsidige tilbod til barn og unge i nærmiljøet må prioriterast. Næringslivet kan vere ein viktig aktør i høve til utvikling av eit positivt lokalt kulturmiljø. Her må fylkeskommunen vere ein støttespelar/ pådrivar gjennom løyvinar til utbygging av lokale/regionale/nasjonale opplevingsprosjekt.

Venstre vil at kystkulturen i Møre og Romsdal skal bli tatt vare på for ettertida. I dette arbeidet står Norsk kystkultursenter i Vågen i Kristiansund, Sunnmøre Museum og Romsdal Fiskerimuseum sentralt. Atlanterhavsparken i Ålesund er også ein viktig del av dette.

Internasjonal solidaritet og møte med nye kulturar

Venstre ser på internasjonal solidaritet og støtte som eit viktig satsingsområde.Vi har ansvar for å sjå ut over eigne fylkes- og landsgrenser for å gje økonomisk og moralsk støtte til undertrykte og vanskelegstilte i andre land. Dette gjeld i dag både økonomisk støtte for å avhjelpe svolt og naud, og støtte i arbeidet for demokratiutvikling .Vårt møte med nye og ukjende kulturar må bygge på respekten for menneskeverdet. Flyktningane våre må få høve til å tilpasse seg samfunnet vårt utan å måtte gi opp sine eigne kuturverdiar og sin eigen identitet. Kommunane i Møre og Romsdal har eit stort ansvar for å hjelpe til med å gje flyktningane i vårt distrikt gode oppvekstvilkår.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7098. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.