Valgprogram · 1999
VENSTRE SIN STÅSTAD - MENNESKET I SENTRUM
Venstre · 1 714 ord
VALPROGRAM 1999-2003
VENSTRE SIN STÅSTAD - MENNESKET I SENTRUM
Fridom for den einskilde og ansvar for kvarandre er grunntanken i Venstre sin sosial-liberale politikk.Det ideologiske grunnsynet vårt er tufta på demokratiet som styreform, med vekt på desentralisering, deltaking og ansvar.
Dei kristne og humanistiske verdiane og respekten for den einskilde sitt livssyn, er rotfeste i vårt politiske arbeid. Høve til livsutfalding etter eigne evner og interesser er eit grunnleggjande prinsipp for Venstre.
Menneska er likeverdige, men ikkje like. Eit styringssystem som sikrar ansvar for fellesskapet gjennom aktiv deltaking, er sjølvsagt for eit reformparti som Venstre. Lokalt sjølvstyre skal vera kjernen i det norske demokratiet.
Vi har ansvar for å forvalta miljøet slik at vi sikrar komande generasjonar rein jord, reint vatn og rein luft. Miljø er difor den viktigaste av dei store liberale sakene. Dersom livsmiljøet vert øydelagt eller sterkt redusert, vert sosial-liberalismen sine grunnleggjande prinsipp om individuell fridom og livsutfalding uoppnåelege.
FYLKESKOMMUNEN
Fylkeskommunen forvaltar og vidareutviklar store og viktige oppgåver som helse- og sosialtenester, vidaregåande skule, kultur og samferdsle. Fylkeskommunen er ein sentral aktør for at velferdstaten skal fungera.
I tillegg til å vera ein tenesteprodusent, er det viktig at fylkeskommunen har rammevilkår som gjer han i stand til å vera overordna planleggjar, koordinator og medspelar for kommunane.
Fylkeskommunen må få større rom for lokale prioriteringar. Dette krev at det vert ei endring i utviklinga der staten ser fylkeskommunen si oppgåve å vera effektiv iverksetjar av statlege mål og vedtak.
Fylkeskommunen sine inntekter er styrde av staten. Lokal beskatningsrett er eit viktig element i eit verkeleg lokalt folkestyre. Venstre vil difor gå inn for fritt skattøre. Fylkeskommunen må kunna fastsetja skattøret innafor eit intervall på eitt prosentpoeng.
Venstre ønskjer å styrkja folkestyret ved opnare avgjerdsprosessar som kan stimulera til auka deltaking og engasjement. I fylkestinget vil Venstre prøva ut ei ordning med spørjetime for ålmenta, der borgarar som einskild-menneske eller representatar for frivillige organisasjonar får ein kanal for å nå fram til fylkespolitikarane.
Venstre går mot at heiltidspolitkarar skal overta for fritidspolitikarar.
Venstre vil:
MILJØ - ENERGI
Venstre byggjer politikken sin på eit økologisk heilskapssyn på natur, menneske og samfunn. Dei økologiske omsyna må vera overordna kortsiktige økonomiske interesser. Bruken av ikkje fornybare naturressursar må reduserast for å få til ei berekraftig utvikling. Dette vil og vera med på å minska ureininga av naturen.
Kvar og ein har ansvar for å få slutt på lokal ureining. Urørd natur har verdi i seg sjølv, og dette må det leggjast stor vekt på i vurderinga av m.a. vasskraftutbygging.
Liberal miljøpolitkk er tufta på forvaltartanken. Vi må ta forvaltaransvaret for komande generasjonar på alvor. Naturen må ikkje verta utnytta utover det han toler. Fornuftig forvaltning er ein føresetnad for å sikra valfridom for komande generasjonar.
For Venstre skal natur- og miljøvern vera ein integrert del av all samfunnsplanlegging og -utvikling.
Miljøproblem har ofte konsekvensar utover kommunegrensene og ulike fylkesplanarbeid vert viktige for å sikra miljøomsynet.
Fylkeskommunen må ha som ambisjon å vera ein pådrivar i mijløspørsmål. Plan- og bygningslova må nyttast i større grad i ulike planarbeid for å sikra folkevald styring med planarbeida.
Venstre vil:
NÆRINGSLIV OG SYSSELSETJING
Venstre ser det som viktig å føra ein politikk som gjer at folk framleis ynskjer å bu og virka i distrikts-Norge. Dei viktigaste ressursane våre innan landbruk, fiskeri, vasskraft, olje og gass ligg i distrikta. Desse ressursane er avgjerande for verdiskaping og velferd for heile landet
Eit variert næringsgrunnlag, desentraliserte utdanningstilbod, helsetilbod og gode kommunikasjonar er avgjerande for å kunna utnytta desse ressursane på ein økonomisk forsvarleg måte.
Alt tyder på at det i framtida vil vera lettast å skapa nye arbeidsplassar i små og mellomstore verksemder. Nyetablerarar og småverksemder må få gode nok vilkår til å oppretthalda sysselsetjinga og verdiskapinga. Venstre vil difor ha ei forenkling av det offentlege skjemaveldet, tilskotsordningar som er tilpassa småbedriftene sin trong, ei meir rettvis skatteordning og eit skifte frå skatt på arbeid til skatt på ureining.
Venstre trur på det skapande mennesket. Jobbskaparar og idemakarar må visast tillit, ikke hindrast gjennom unødig byråkrati og skjemavelde.
Ei viktig oppgåve for fylkeskommunen (i denne samanhengen) vert å hjelpa kommunane til å vera aktive tilretteleggjarar, pådrivarar og medspelarar for etablerarar og verksemder. Overordna planlegging, koordinering og spisskompetanse er sentrale stikkord.
Utviklinga innan IT-sektoren gjev nye høve til nettverksbygging og næringslivsutvikling. Det bør vera eit mål for Sogn og Fjordane fylke å vera mellom dei fremste når det gjeld å utnytta IT. Det er i denne samanhengen viktig at Sogn og Fjordane får bygd ut tele-kommunikasjonar med kapasitet og prisar som kan konkurrera med andre delar av landet.
Venstre ynskjer ei oppbygging av næringshagar i kommunane. Her kan dei som vil driva eiga næringsverksemd finna eit fagmiljø og eit sosialt miljø. Dette kan vera med på å stimulera unge, nyutdanna til å etablera seg i distrikta. Det må ikkje bli slik at dei utdannar seg vekk frå bygdene.
Ordninga med distriktsaktiv skule må prioriterast for å skapa ein betre lokal etablerarkultur i Sogn og Fjordane. Det må vera eit samarbeid mellom vidaregåande skule og næringsliv når det gjeld praktisk gjennomføring.
Venstre vil:
LANDBRUK
Venstre ser det som viktig å halda oppe ein omfattande og variert norsk matvareproduksjon. Helse- og miljøvenleg landbruksproduksjon utan genmanipulasjon kan bli eit konkurransefortrinn for norsk matproduksjon.
Venstre ynskjer eit landbruk der produksjonsgrunnlaget for mat og det tradisjonelle kulturlandskapet vert teke vare på. Dyrka jord må haldast i hevd.. Planarbeidet i fylkeskommunen må sjå bruken av areal i samanheng over kommunegrensene.
Venstre vil:
FISKE
Fiskerinæringa er fundamentet for busetjinga og sysselsetjinga på kysten. Den havgåande flåten, kystflåten, oppdrettsnæringa og fiskeindustrien er til saman grunnpilarar i kystsamfunna.
Venstre vil ha ein fiskareigd flåte som vil vera basis for livskraftige fiskerimiljø langs kysten. Utdanning og utvikling av lærlingeordninga kan vera med på å sikra rekrutteringa til fiskerinæringa.
Venstre vil åtvara mot eit kvotesystem som hindrar nyrekruttering til næringa.
Arbeidsplassar på fiskebåt må likestillast med arbeidsplassar innan sjøfart og arbeidsplassar på land med omsyn til skattlegging, offentleg støtte og finansieringsordningar.
Venstre vil:
SAMFERDSEL
Ei viktig målsetjing er å knyta fylket betre saman gjennom utbygging av hovudvegnett og tilførslevegar. Transportlinene, både på sjø og land, må vera raske og effektive, slik at næringslivet sine transportbehov vert dekka best mogeleg. Den sterke satsinga på nye vegløysingar i tunnel, må ikkje føra til at fylket misser opplevingsvegane, som er svært viktige for å marknadsføra fylket som turistmål.
Den lokale ruteferdsla skal gje innbyggjarane tilbod om brukbart dagleg rutesamband til eige kommunesenter og regionale senter i fylket. Det er viktig å finna fram til ruteopplegg som stettar trongen for brukarane og samstundes gjev god transportøkonomi.
Busetnadsmønsteret i fylket vårt er likevel slik at mange er avhengige av privatbil. Venstre går inn for lik bensinpris over heile landet.
Venstre vil:
UTDANNING - KUNNSKAP OG VERDIAR
Venstre har som mål å gje all ungdom ei best mogeleg opplæring etter interesser, evner og anlegg. Venstre ynskjer eit sterkt offentleg skuleverk, med private skular og folkehøgskular som verdfulle supplement.
Det er viktig å halda oppe eit desentralisert skuletilbod i fylket. Venstre vil likevel prioritera å halda oppe sterke fagmiljø både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, slik at ein får eit allsidig og breitt fagtilbod med tanke på elevane sitt utdanningaval.
Regioninndeling må ikkje hindra at vi ser fylket som ein heilskap.
Venstre vil:
HELSE OG SOSIALPOLITIKK - VELFERD FOR ALLE
Velferdspolitikk er eit område der trongen for fellesskapsløysingar er stor.
Venstre sitt utgangspunkt er at velferdsstaten aldri fullt ut kan erstatta det personlege ansvaret me som einskildmenneske har for oss sjølve og medmenneska våre.
Helsevern og sosial omsorg må leggjast til rette slik at alle som treng det, kan kjenna seg trygge på å få hjelp, same kvar i fylket dei bur. Private helsetilbod er eit viktig tillegg til det offentlege helsevesenet. Det må leggjast stor vekt på førebyggande arbeid og helseopplysning. Folk må oppmuntrast til aktivt å ta vare på si eiga helse.
Venstre ynskjer ei desentralisert helse- og sosialteneste så langt som kvalitative, kvantitative og økonomiske føresetnader gjer dette mogeleg. Målsetnader og funksjonar for kvar institusjon i helsetenesta i fylket må evaluerast jamnleg. Institusjonane må få tilført nok ressursar og organiserast og drivast slik at dei oppfyller målsetjingane.
Fylkeskommunen skal framleis vera eigar og driva sjukehusa.
Samarbeidet i helseregionen må utviklast vidare. Haukeland sjukehus må tilførast nok statlege ressursar som regionsjukehus. Regionsamarbeidet må vera pådrivar for utdanning innan spesialisthelsetenesta i dei tre fylka. Desentralisert legeutdanning er eit positivt og viktig tiltak for fylket vårt.
Sentrale helsestyremakter legg faglege føringar som kan verka sentraliserande og utarma det faglege miljøet vårt. For å kunna oppretthalda ei god sjukehusteneste i Sogn og Fjordane, må vi sikra stillinga til Sentralsjukehuset, og syta for at det faglege miljøet har stor nok breidde, mellom anna ved snarleg oppretting av patologitenesta .
Fødeavdelingane ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid må oppretthaldast. Fødestovemodellen må utgreiast / utprøvast i Florø.
Tannhelsetenesta bør omorganiserast til ein institusjon i fylket. Faglege og administrative leiarstillingar vert knytte til helse- og sosialavdelinga i fylkeskommunen. Tannlegestillingar i kommunane bør vera brukarretta stillingar utan leiaransvar for tannhelsetenesta i andre kommunar.
Hauglandssenteret er ein viktig del av rehabiliterings-tilbodet på Vestlandet, og Venstre vil arbeida for ei vidare utvikling av Hauglandssenteret til eit statleg senter.
Faglege krav, rekruttering og ressurssituasjonen tilseier at spesialist-utdanninga må tilpassa seg innbyggjarane sine behov for desentraliserte spesialistfunksjonar i sjukehusa. Generell kirurgi og indremedisin må oppretthaldast som hovedspesialitetar.
Venstre vil:
KULTUR:
Venstre sitt overordna mål er å prioritera kulturpolitikken som ein viktig del av samfunnspolitikken og gjennom satsing på kulturarbeid skapa livskraftige lokalmiljø. Venstre vil få fram samanhengen mellom kulturvern, miljø- og naturvern og utvikla eit kulturelt mangfald med røter i lokal tradisjon og nasjonale verdiar.
Ei berande kraft i samfunnet og lokalmiljøa er dei frivillige laga og organisasjonane og den innsatsen kvar og ein yter for fellesskapet. Frivillig innsats utgjer ein stor ressurs.
Sterk internasjonalisering gjer at vi må ta vare på kulturarven og kultur-fellesskapet vårt. Ved å vera trygge på eigen kulturbakgrunn vert vi i stand til å møta ukjende og nye ting utan frykt og fordomar. Folk frå andre kulturar er ein ressurs som gjev oss impulsar til vidare vekst og samhandling.
Kulturformidling til born og unge må prioriterast. Skulane bør nyttast i større grad enn i dag til kulturformidling, t.d. ved at det vert brukt ressursar til konsertar, forfattarbesøk og visuelle kunstformer som dans og biletkunst.
Venstre vil:
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7097. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.