Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 1999

Fylkestingsprogram 1999-2003

Venstre · 3 244 ord

Fylkestingsprogram 1999-2003

VENSTRE SIN STÅSTAD.

Venstre sitt grunnsyn er tufta på den sosial-liberale ideologi og det kristne og humanistiske verdigrunnlaget. Grunntanken i sosial-liberal politikk - fridom for den einskilde og ansvar for kvarandre, vil prega Hordaland Venstre sitt arbeid for å vidareutvikla samfunnet.

Gjennom fridomen utviklar me oss og tek ansvar for kvarandre og miljøet. Fridomen gjev oss rett til å velja, til å verta respekterte og til å stå for noko. Venstre si grunnleggjande tru på einskildmennesket er ei tru på at menneskja er fornuftige og at dei tek ansvar når dei får det.

Menneskja er likeverdige, men ikkje like. Kvart einskild menneske må få fridom til å utfalda seg, men grensa går ved omsynet til andre. Det er viktig at alle blir gitt høve til sjølvrealisering, fordi dette medfører at menneskja vert lukkelegare. Størst mogeleg lukke for flest mogeleg er eit liberalt mål i seg sjølv. Dersom einskildmennesket skal ha høve til å oppnå dette, må det ha fridom. Fridomen må gjelda for alle, og derfor må alle menneskja ha like rettar. Fellesskapet består av einskildmenneske, og derfor tener einskildmenneskja sin fridom og sjøvrealisering det felles beste. Venstre tek avstand frå eit samfunn der den sterkaste sin rett gjeld.

Gjensidig hjelp og medkjensle er viktig fordi menneskja ikkje lever isolert frå kvarandre. Samfunnet er avhengig av at menneskja samarbeider, og difor er samhandling ofte like viktig som personleg fridom. Eit styringssystem som sikrar ansvar for fellesskapet gjennom aktiv deltaking er sjølvsagt for eit sosial-liberalt parti som Venstre. Lokalt sjølvstyre skal vera kjernen i det norske demokratiet.

Sosial-liberalismen har ei grunnleggjande tru på framsteg, og Venstre er såleis eit framtidsglad parti. Venstre vil ikkje nøla med å ta i bruk radikale løysingar for å oppnå framskritt.

Venstre sin miljøpolitikk er tufta på forvaltartanken. For at komande generasjonar også skal ha valfridom, må me ikkje utnytta naturen utover det han toler. Venstre vil arbeida for eit godt miljø og ei fornuftig forvaltning av naturressursane.

EIT LEVANDE FOLKESTYRE.

Venstre er grunnlagt på tanken om at alle som bur i landet har ei rolle å spela i styringa av det. Folkeleg deltaking og engasjement er Venstre sine ideal for demokratiet.

Å verkeleggjera grunnverdien i eit levande folkestyre, fridom til å ta avgjerd og deltaking i lokalt styre og stell, vil vera

eit overordna mål for Venstre. I ein tilnærma altomfemnande velferdsstat, vil eit velfungerande demokrati vera avgjerande for at me kjenner oss som medeigarar og føler oss heime i fellesskapsverdiane.

Venstre vil gjenreisa borgarrolla, som inneber at me ikkje berre har ansvar for å ta hand om våre eigne, private interesser, men at me òg har rett og plikt til å engasjera oss i det me har eller bør ha felles. Borgaren er oppteken av korleis samfunnet vert styrt, og kven som styrer det. Venstre byggjer

sin politikk på tillit til at borgarane kan og vil engasjera seg og handle til beste for fellesskapet.

Fylkeskommunane og kommunane må få større rom for lokale prioriteringar. Dette krev endring i rådande tankegang og utvikling, der staten og mange andre, først og fremst ser ut til å meina at kommunane og fylkeskommunane si fremste oppgåve er å iverksetja statlege mål og vedtak.

Eit levande folkestyre må basera seg på "fritidspolitikarar", og det er viktig at tilhøva vert lagde til rette for at alle kan delta. Eit stort fylkesting sikrar breiast mogeleg deltaking og god kontakt mellom folkevalde og veljarar. Gode demokratiske prosessar, der alle kan delta, sikrar engasjement også i fylkespolitikken. Venstre vil at meir avgjerdsmynde i fylkeskommunen vert flytta til fylkestinget.

FYLKESKOMMUNEN SI ROLLE.

Det er ei utfordring for fylkeskommunen å gjera seg tydeleg for ibuarane og å få til ei demokratisk og effektiv styring over viktige delar av velferdssamfunnet.

Hordaland fylkeskommune skal spela ei viktig regionalpolitisk rolle, som utviklar, politikkskapar og produsent av tenester der brukaren står i sentrum. Fylkeskommunen forvaltar og vidareutviklar store og viktige oppgåver som helse- og sosialtenester, vidaregåande skular og samferdsle. Dette gjer fylkeskommunen til ein sentral aktør for at velferdssamfunnet skal fungera.

Det må vera ei prioritert oppgåve å leggja til rette for at kvar einskild har høve til å påverka, kjenna identitet med og eigarskap til fellesskapsressursane. Dette krev større vilje frå staten til å gje fylkeskommunen handlefridom til å tilpassa seg lokale tilhøve.

Fylkeskommunen må sjølv prioritera tiltak som tek sikte på å auka borgarane si interesse for og identitet til den verksemda fylkeskommunen driv.

Venstre vil at Hordaland Fylkeskommune skal oppfatta seg sjølv

som ein serviceinstans for innbyggjarane. Difor må Hordaland Fylkeskommune arbeida ut serviceerklæringar innafor alle sine tenesteområde.

Venstre vil arbeida for at det vert oppretta kundekontor i Hordaland, som skal yta service og informasjon til ungdom og andre brukarar av fylkeskommunale tenester, kontora skal vera tenelege både for næringsliv og einskilde brukarar.

Venstre meiner at utviklinga i regionen skal skje i demokratiske prosessar som ein del av eit levande folkestyre. Difor vil me arbeida for at statlege etatar, som til dømes vegkontoret, fylkesmannen si miljøvernavdeling og landbruksavdeling vert lagde under folkevald styring.

Hordaland fylkeskommune må ha rammevilkår som set han i stand til både å vera medspelar og bindeledd mellom kommunane i fylket. Det er spesielt viktig å nytta dei ressursane som finnest i universitets- og forskingsmiljøet i Bergen til beste for heile fylket. Samstundes er det viktig at Hordaland fylkeskommune styrkjer samarbeidet med dei andre Vestlandsfylka, og er aktiv i prosessen rundt utvikling av fylkeskommunen.

På sikt kan det vera eit mål å erstatta fylkeskommunen med større regionar, mellom anna slik at Vestlandet vert ein region.

Dette vil mellom anna i større grad gjera det mogeleg å overføra oppgåver og mynde frå staten til regionalt nivå. Samstundes vert det regionale byråkratiet effektivisert, slik at midlar vert frigjorde til andre føremål.

Ei betre eigedomsforvaltning i fylkeskommunen vil kunne synleggjera areal og ressursbruk. Eigedomsforvaltninga må vera sentral og må organiserast i eit eige selskap.

1. VELFERD FOR ALLE.

Venstre meiner at velferdssamfunnet sine tenestestilbod skal vera godt utbygde og sikra alle eit minstemål av omsorg, helse, utdanning og livsstandard.

Likevel kan samfunnet aldri fullt ut erstatta det personlege ansvaret den einskilde har for seg sjølv og medmenneska. Venstre sitt sosialliberale idegrunnlag kjem nettopp tydeleg til syne i ein velferdspolitikk som balanserer eit godt offentleg velferdstilbod med eit individuelt ansvar.

Venstre vil at det skal leggjast til rette for ei kartlegging av levekåra i Hordaland. Resultata skal gje politikarane eit betre

grunnlag for rettferdig vurdering av dei ulike velferdsbehova. Velferdssamfunnet må gjerast i stand til å stilla opp når menneske treng det.

Venstre vil forsvara og utvikla velferdssamfunnet slik at det har eit påliteleg og rettvist tenestetilbod. Dei offentlege

velferdsordningane må tola svingningar i samfunnsøkonomien og ordningane må gje mest hjelp til dei som har størst trong for hjelp. Det er viktig å sikra at velferdssamfunnet har brei oppslutnad i folket og at det er borgarane sitt eige verkty for å skapa sosial tryggleik og samhald.

Venstre vil leggja til rette for at borgarane i fellesskap kan ta større ansvar for oppgåver som åleine vert tekne hand om av det offentlege. Frivillig innsats er velferdsstaten sin store og, framleis i nokon mon, ubrukte ressurs. Så lenge dei folkevalde definerer nivå, kvalitet og omfang på tenestene det offentlege skal tilby, bør både private føretak, og innsatsvillige menneskje trekkast med i løysinga av dei. Fleire offentlege tenester, også innan helse- og sosialsektoren, kan løysast av private, dersom det er sikkert at det framleis

vil vera rettferdig tilgang på tenestene, og at nye løysingar ikkje skapar nye skilje mellom innbyggjarane.

I høve til rusmiddelproblematikken må menneskja setjast i sentrum. Det må leggjast meir vekt på behandling og mindre på straff.

Venstre vil arbeida for at Hordaland vert eit forsøksfylke for utdeling av heroinkvotar som eit tillegg til det eksisterande metadonprosjektet, og som eit ledd i eit konkret behandlingstilbod for tunge narkotikamisbrukarar.

Venstre vil:

2. KULTUR.

Ei brei kultursatsing er viktig for auka livsverdiar og er eit godt fundament for økonomisk og sosial verdiskaping.

I Hordaland har me lange tradisjonar og gode vilkår for kulturell utvikling.

Venstre vil utnytta dette saman med dei føremonene som ligg i at fylket har Vestlandet sin kulturelle hovudstad, Bergen; ein innfallsport til resten av fylket og eit vindauge mot verda. Me vil stimulera til kunstnarleg verksemd med røter i vår eiga tid,

på same tid som me vil verna om tradisjonane våre. Venstre legg til grunn eit breidt og inkluderande kulturomgrep, og vil støtta opp under aktiv folkeleg interesse for lokal kvalitet og engasjement som berre treng små tilskot for å bløma.

Ei berande kraft i samfunnet og lokalmiljøa er dei frivillige laga og organisasjonane og den innsatsen kvar og ein av oss legg ned for fellesskapet. Frivillig innsats utgjer ein stor ressurs som velferdsstaten kan bruka meir. Både for å få løyst eksisterande oppgåver, og ikkje minst for å skapa gode levekår og sosiale nettverk, bør det offentlege leggja til rette for at denne ressursen vert betre samordna og nyttiggjord. Å vera aktivt med i kulturelt arbeid er i seg sjølv med på å gjera livet rikare.

Sterk internasjonalisering stiller krav om å ta vare på kulturarven og kulturfellesskapet vårt. Ved å vera trygg på eigen kultur og bakgrunn vert me i stand til å møta det ukjende

og nye utan frykt og fordommar. Folk frå andre kulturar er ein ressurs som gjev oss høve til å skapa eit rikt kulturliv.

Kulturminne er levande spor frå fortida og fortel oss mykje om historia vår. Venstre ser det som ei svært viktig oppgåve at me tek vare på kulturminna våre. Museum er svært viktige institusjonar som formidlar kultur. Stikkorda er kunst,

historie, samfunn og natur. På ein levande og mangfaldig måte skaffar dei oss kunnskap. Venstre ser det som ei viktig oppgåve å oppretthalda eit mangfald av musumstilbod.

Kulturformidling til born og unge er eit satsingsområde for Venstre. Ved sida av tilbodet som vert gjeve gjennom det

frivillige organisasjonsarbeidet, ynskjer Venstre å nytta skulane i større grad enn i dag til kulturformidling. Me vil setja av ressursar i skulane til t.d. kunstnarbesøk, konsertar, forfattarbesøk og visuelle kunstformer som dans og biletkunst.

Naturen i Hordaland gjev oss gode høve til fritidsaktivitetar og opplevingar frå sjøen til høgfjellet. Å letta tilgjenge for menneske med ulike funksjonshemningar, er viktig for at alle lettare skal kunna koma seg ut i naturen. Samstundes må det vera eit overordna mål å sikra at samanhengande naturområde vert mest mogeleg upåverka av menneskeleg aktivitet.

Hordaland har eit rikt idrettsliv. Å sikra breidda, ikkje minst gjennom tiltak for born og unge, er viktig.

Bibliotektet er ein særs viktig institusjon som formidlar og tilretteleggjar av informasjon og kunnskap. Gjennom fylkesdelplanen for biblioteka i Hordaland har ein eit godt styringsverkty for vidareutvikling av denne sentrale institusjonen. Venstre vil prioritera at det vert stilt ressursar til rådvelde for å gjennomføra ulike tiltak i planen.

Venstre vil:

3. NÆRING OG SYSSELSETJING.

Venstre trur på det skapande mennesket. Jobbskaparar og

idemakarar må visast tillit, ikkje hindrast gjennom unødig byråkrati og skjemavelde.

Alt tyder på at i framtida vert det lettast å skapa nye arbeidsplassar i små og mellomstore verksemder. Nyetablerar og småverksemder må få betre vilkår om me skal oppretthalda sysselsettinga og verdiskapninga. Ei forenkling av det offentlege skjemaveldet, tilskotsordningar som er betre tilpassa småverksemdene sin trong, ei meir rettvis skatteordning og eit skifte frå skatt på arbeid til skatt på ureining, er Venstre sin

bodskap.

Fylkeskommunen har ei viktig oppgåve i å hjelpa kommunane til å vera aktive tilretteleggjarar, pådrivarar og medspelarar for etablerarar og verksemder. Overordna planlegging, koordinering og spisskompetanse er sentrale stikkord i så måte. For næringslivet i Hordaland har fylket òg eit viktig ansvar i å vera ein aktiv medhjelpar i deira utanlandssatsing, og Venstre vil difor oppretthalda Europakontoret.

Ei stor utfordring er å demma opp for flyttestraumen frå kommunane i distrikta og flyttestraumen til Oslo. Å få Bergen, som den store byen i fylket, og dei andre kommunane til å sameina kreftene og ressursane i så måte, bør vera ei naturleg og sentral oppgåve for fylkeskommunen. Bergen har stor interesse av at dei andre kommunane i fylket har ei positiv utvikling. På same vis vil ei styrking av Bergensregionen som eit alternativ til Osloregionen vera svært viktig.

Bergen er landet sin nest største universitets- og høgskuleby, og det er i tillegg andre viktige høgskulestadar i fylket. Det er ei stor utfordring både for fylkeskommunen i seg sjølv og for næringspolitikken generelt å kunne utnytta betre studentane sin kompetanse.

Utviklinga innan IT - sektoren opnar for ny nettverksbygging og næringsutvikling. Det bør vera eit mål for Hordaland fylke å liggja mellom dei fremste når det gjeld å utnytta dette. Sentrale oppgåver for fylkeskommunen er å vera ein pådrivar når det gjeld utvikling av infrastruktur og lokal IT - satsing kommunane imellom.

I ei tid med store og raske omskifte vil det vera viktig å auka kompetansen og høvet til vidaregåande utdanning. Fylket har eit stort ansvar å leggja til rette slik at alle med utdanningsplanar har sjanse til å verkeleggjera desse. Å satsa på varierte utdanningstilbod er å invistera i framtidig næringsutvikling.

Venstre ønskjer å føra ein aktiv distriktspolitikk. Eit allsidig næringsliv er ein føresetnad for å halda opp busetnadsmønsteret i Hordaland. Sjølv om talet på yrkesutøvarar

i landbruket har gått ned, er denne næringa svært viktig for

busetnad og samfunnsliv i distrikta. For å halda oppe eit livskraftig landbruk er ein avhengig av å ha både deltidsbruk og

heiltidsbruk. Venstre går inn for buplikt også når det gjeld småbruk, og vil vera restriktiv når det gjeld å bruka statleg forkjøpsrett på bruk.

Fiskeri- og havbruksnæringa er viktig for fylket vårt. Her vert det skapt store verdiar og gode arbeidsplassar. Venstre meiner at næringa må byggja på ansvarleg bruk av naturressursane, og at næringa må få rammevilkår som set ho i stand til å møta konkurransen i den internasjonale marknaden. Det må vera eit mål at større del av den fisken som vert landa og produsert i Hordaland, vert foredla her. Fylkesdelplanen for arealbruk i sjø må sjå til at det vert eit balansert høve mellom bruken av sjøareal mellom fritidsbruk, tradisjonelt fiske og havbruk.

Venstre vil arbeida for at dei fiskerihamnene som er prioriterte i Hordaland, vert bygde, mellom anna for å sikre leveransar til vår lokale fiskeindustri.

Reiselivert er ei viktig næring, og Hordaland er eit av dei største reiselivsfylka i landet. Me har eit mangfald av opplevingstilbod. Her er kyst, fjord, fjell, by, kultur og miljøkvalitetar, og her er varierte tilbod innan overnatting og servering. Det er samspelet mellom dei einskilde produktelementa som skaper grunnlaget for gode heilskapsprodukt.

Fylkeskommunen må samarbeida med næringslivet, kommunane og statlege styresmakter for å skapa konkuransedyktige og lønsame reiselivsverksemder. Vern om naturen, kulturlandskapet og gode miljøkvalitetar må vera grunnleggjande premissar. Venstre støttar opp om Reiselivsplanen for Hordaland og trur at den vil bidra til å utvikla det potensialet næringa har.

Venstre vil:

4. VIDAREGÅANDE SKULE, KUNNSKAP OG VERDIAR.

Hovudutfordringa for den vidaregåande skulen er å vidareutvikla kvar einskild elev si sjølvkjensle og

identitet slik at grunnlaget for høg livskvalitet er best mogeleg.

Det vidaregåande skuletilbodet må vera ei hjelp for å auka valfridomen til dei unge på søk etter utdanning. Venstre vil vera ein pådrivar for å tilpassa regelverket slik at kvar einskild har fridom til sjølv å velja når retten til vidare utdanning skal takast ut. Difor må det vera mogeleg å koma inn på vidaregåande skule etter fylte 19 år. Ein må og få høve til å justera kursen og velja på nytt. I langt større grad enn i dag må det verta høve til å tilpassa utdanningsløpet til den einskilde elev sine interesser og evner. Den store mengda teori på yrkesfaglege studieretningar skaper skuletrøytte elevar. Venstre vi difor ha mindre teori og meir praktisk opplæring på desse studieretningane.

Elevane må ha fridom og rett til å velja kva skule dei skal gå på. Difor vil Venstre innføra fritt skuleval. For å sikra eit geografisk spreidd og likeverdig skuletilbod, må klassetalet på kvar skule vera fastsett før opptaket skjer. Til dei skulane som har fleire søkjarar enn plassar, må opptaket vera tufta på karakterar og tilleggspoeng. Elevane bør få plass på ein av tre skular dei har søkt på, slik at alle, uavhengig av karakterane, får ein reel valfridom.

Venstre vil:

5. MILJØ, RESSURS OG AREALFORVALTNING.

Venstre tek forvaltaransvaret for komande generasjonar på alvor. Det betyr at me vil ta omsyn til natur og arealressursar i eit langt perspektiv og at miljøtenkning alltid vil liggja til grunn.

Venstre har som grunnhaldning at miljø- og naturvern skal inngå i all samfunnsplanlegging og utvikling. Kortsiktig økonomisk vinst vil i mange samanhengar verta kostbar for komande generasjonar eller for fellesskapsgode som rein luft, vatn, arealkvalitetar m.m. Venstre kan ikkje godta kortsiktige disponeringar eller ressursuttak som på lengre sikt fører til eit dårlegare miljø. Areal som fellesgode, er ein avgrensa ressurs; det er difor viktig å utnytta eksisterande infrastruktur. Det må og setjast krav til estetikk i byggjesaker og i utforminga av tettstadsmiljø, veganlegg m.m.

Ressurs- og arealplanlegging vert stadig viktigare i samfunnstyringa. Venstre vil at fylkeskommunen skal kvalitetssikra alle planar, for å sikra at det vert teke nødvendige omsyn til viktige miljøsider, naturkvalitetar, jordvern og andre arealressursar.

Fylkeskommunen skal vera ein pådrivar i miljøspørsmål og i Lokal Agenda 21-arbeidet m.a. for å skapa bærekraftige lokalsamfunn.

Venstre vil:

6. SAMFERDSLE I HORDALAND.

Eit tenleg kommunikasjonsnett og godt kollektivtilbod er ein viktig føresetnad for å oppretthalda busetnadsmønsteret i Hordaland og for å fremja eit betre by- og tettstadmiljø. Samtidig må det førast ei aktiv og målretta kollektivsatsing i Bergen for å bidra til å løysa dei store miljøproblema i byen.

Fylkeskommunen må ta på seg ei koordinerings- og prioriteringsrolle i nært samarbeid med lokalsamfunna for at

samferdsleprosjekt i Hordaland skal få tildelt sin rettmessige del av samferdslebudsjettet.

I val mellom igangsetjing av nye og store samferdsleprosjekt, og opprustning og vedlikehald av eksisterande vegnett, vil Venstre prioritera det siste. Vanlege riksvegar (sekundære) må få ein standardheving, og vegane i Hardanger må rassikrast. I tillegg må det satsast mykje på gang- og sykkelvegar og tiltak som fører til auka trafikktryggleik.

Venstre vil at det i planarbeidet med "Kyststamvegen" blir teke omsyn til miljø og verna vassdrag, og at det vert til minst mogeleg ulempe for jordbruket.

Venstre vil òg at det vert ført ei aktiv om målretta satsing for å styrkja kollektivtilbodet i Hordaland. Kollektivtilbodet er ein viktig del av infrastrukturen i fylket, og det er viktig å oppretthalda og vidareutvikla eit godt rutetilbod. Dette må

m.a. sikrast ved offentlege tilskotsordningar, differensierte takstar, konkuranseutsetjing m.m.

I Bergensområdet er tida inne for ei kraftig omlegging av samferdselspolitikken. Frå å leggja til rette for auka bilbruk, må me i staden satsa på å få gjennomført investeringar og tiltak

13

som gjev eit raskt, rimeleg og godt kollektivtilbod. Venstre har som mål å auka kollektivdelen med 50% i Bergensområdet dei neste 4 åra, gjennom ei storsatsing som gjev konkurransefordelar for kollektivtrafikken. Det må satsast på langt meir konkrete

tiltak på kollektivsida, som til dømes lågare takstar utanom rushtida, anbod, gratis overgang innan 1 time, også ved retur, og halda oppe trolleybussen. Venstre vil òg støtta Bergen kommune sitt ønske om å driva forsøk med at bykommunen forvaltar driftsmidlar til kollektivtrafikken.

Ungdomskortet for kollektivreiser i Hordaland for dei i alderen 16 - 19 år, har vore ei vellukka ordning. Venstre ønskjer at denne ordninga skal utvidast til og å omfatta skuleelvar og studentar over 20 år. Me meiner detter er viktig for å stimulera til trygge, gode og miljøvenlege reisevaner, og

at eit slikt "frikort" vil vera ei god investering både på kort og lang sikt.

Venstre vil:

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7096. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.