Valgprogram · 2003
Fylkesvalgprogram for Hordaland Arbeiderparti 2003-2007
Det norske Arbeiderparti · 2 158 ord
Fylkesvalgprogram for Hordaland Arbeiderparti 2003-2007
1. EIT MEIR RETTFERDIG HORDALAND
Skapa for å dela arbeid til alle
Hordaland er eit fylke med store moglegheiter og ressursar som vi i fellesskap kan utnytta for å få eit meir rettferdig samfunn. For at vi skal klara dette, vil vi styrkja evna til å skapa og evna til å dela. Vi vil ha ei aktiv næringsutvikling som skaper nye, sikre arbeidsplassar og vekst. Hordaland har i dag både eit sterkt forskings- og utdanningsmiljø og eit variert næringsliv, og vi vil legge til rette offentleg infrastruktur for å utvikla disse miljøa vidare. Eitt av våre viktigaste mål er å kjempa mot arbeidsløyse. Arbeidsløyse er ikkje berre å sløsa med ressursar, like viktig er det at det er uakseptabelt at nokon blir stengt ute frå arbeidsmarknaden. Arbeidsløyse minskar evna til å skapa, og då blir det mindre å dela.
Et godt miljø og ein rein natur
Dårleg kollektivtilbod fører til vekst i biltrafikken, store miljøproblem og køar i Bergen og omland. Skal vi redusera forureininga frå biltrafikken, må fleire velja kollektivtransport framfor bil.
Styrkje offentlege tenester
Arbeiderpartiet vil halda fram fornyinga av Hordaland fylkeskommune, slik at vi kan få meir ut av ressursane og styrkja kvaliteten på tenestene. Fornyinga lukkast best i samarbeid med brukarane av fylkeskommunale tenester og med arbeidstakarane, og gjennom å bidra til auka motivasjon og kompetanseheving på arbeidsplassen. Godt nøgde brukarar av det offentlege tilbodet innanfor vidaregåande utdanning, kulturtilbod og barnevern er den beste måten å hindra at det veks fram kommersielle velferdstilbod berre for dei som kan betala. For oss er det og viktig at vi ikkje organiserer oss bort frå styring og kontroll over velferda. Med dette som grunnlag må vi ha ein sterk offentleg sektor, men vi skal framleis kunna gjera bruk av frivillige og private tenester som eit tillegg.
Vestlandsfylke
Det syner seg i mange samanhengar at fylka eller byane på Vestlandet har vanskeleg for å nå fram med sine synspunkt og ynskjemål på sentralt hald. Samtidig er det nødvendig å sjå ny infrastruktur og mange offentlege oppgåver ut frå behovet til Vestlandet sett under eitt. Det er difor nødvendig med eit breiare regionalt samarbeid. Hordaland Arbeiderparti ynskjer å utvikla eit vestlandsfylke, eit folkevalt nivå som femner om Vestlandet. Det er oppretta eit vestlandsråd med representantar frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Vi vil arbeida for mest mogleg samarbeid på tvers av fylkesgrensene. Hordaland Arbeiderparti vil vera ein sterk pådrivar for å skapa ein folkestyrt region som motvekt til den sentrale dominansen.
2. EIN GOD VIDAREGÅANDE SKULE
Hordaland Arbeiderparti vil ha ein vidaregåande skule som er prega av kvalitet, mangfald, tryggleik og valfridom. I Noreg er skulen ein felles møteplass. Dette er ein kvalitet for elevane, skulen og for samfunnet.
Kvalitetsmillionen
For at fellesskulen skal gje eit godt tilbod til alle, må den hele tida betrast. Elevane må lærast meir fagkunnskap, det må leggjast endå større vekt på sjølvstende, kritisk vurderingsevne og evne til å velja passande metodar for å løysa problem. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi skal ha ein sentral plass i utdanninga, og det er viktig at elevane lærer å bruke datamaskiner som verktøy for å tilegna seg kunnskap. Skulane skal få større fridom til å organisera skulekvardagen og skapa et godt læringsmiljø for elevar med ulike evner og anlegg. Slik kan lærarressursane brukast til beste for kvar enkelt elev. Vi vil at skulene i Hordaland skal være landets mest vitale og nytenkjande skular. Difor vil vi gje ein eigen "Kvalitetsmillion", der skular som har kreative og gode forslag til å auka kvaliteten på undervisninga kan søkja støtte.
Vidareutdanningsmillionen
Ein annan viktig føresetnad for å auka kvaliteten på undervisninga, er at lærarane får nødvendig etterutdanning. I tillegg til at den reint faglege kompetansen vert heva, vil vidareutdanning og kunna fungera som motivasjonsfaktor for mange lærarar. Derfor vil vi innføra ein "vidareutdanningsmillion" som lærarar som ynskjer å auke kompetansen sin kan søkja om midlar frå.
Trivsel og tilpassing
Skulen skal vera ein arbeidsplass der alle har respekt og toleranse for kvarandre. Mobbing skal ikkje aksepterast. Elevane sin ulike bakgrunn, som kultur, språk og religion, er ein styrke for undervisninga og må utnyttast i kunnskapsbygginga. Vi vil at kvar enkelt elev skal vera sikra ei undervisning tilpassa eigne evner og yrkesval.
Tilbod til vaksne
Alle vaksne har rett til vidaregåande opplæring, og vi vil leggja til rette for vaksne som ynskjer vidaregåande opplæring. Arbeiderpartiet ynskjer tettare samarbeid mellom skule, arbeidsliv og dei frivillige organisasjonane slik at det blir lettare for vaksne å nytta seg av retten til etter- og vidareutdanning. Kompetanse er avgjerande både for den enkelte og for utviklinga av samfunnet.
Offentlege yrkesrettleiingskontor
Tilgang på informasjon om utdanning og yrkesval er avgjerande for at både unge og vaksne skal kunne gjera rette val. Vi meiner at yrkes- og utdanningsrettleiinga har vore for dårleg, og vil difor at det vert oppretta spesialiserte, offentlege yrkesrettleiingskontor som skal vera uavhengig av skulene. Desse kontora skal sikra nær kontakt til næringslivet, både for einskild- elevar og for skulane. Slik kan næringslivet sine behov få ein meir sentral plass i elevane sine utdanningsval, og skulane si satsing.
Hordaland Arbeiderpartiet vil:
3. ARBEID TIL ALLE
Arbeiderpartiet vil føra ein sterk, offentleg næringspolitikk for å hindra arbeidsløyse og for å skapa eit spennande, verdiskapande og meiningsfylt arbeidsliv. Fylket vårt har eit variert og utadvent næringsliv med sterke innslag av vekstnæringar. Fordi mange av næringane er konkurranseutsett, må vi sikre gode rammevilkår.
Våre naturressursar
Vestlandet har særlege fordeler gjennom sin nærleik til havet og ved eit høgt marint og maritimt kunnskapsnivå. Havbruk, foredling av fisk og skaldyr, skipsfart, skipsbygging, produksjon av skipsutstyr, vidareforedling av gass i industrien og produksjon av kunnskap knytt til desse områda er viktige fundament for arbeid og velferd i framtida. Eit viktig tiltak vert å byggja ut distribusjonsnett for gass, både til bruk i bustader, innanfor transport og til utvikling av ny industri.
Vi treng kunnskapsarbeidaren
Mange framtidige arbeidsplassar vil skapast innan kompetansebasert verksemd. Difor vil vi leggja til rette for ein god kontakt mellom forsking og næringsliv. Samtidig vil vi arbeida aktivt for å gjera medisinsk teknologi til eit nytt satsingsområde for å skapa ny og sterk næringsaktivitet. I ei slik utvikling vil samarbeid mellom Haukeland Sjukehus, universitetet og aktivitetar knytt til Høgteknologisenteret vera viktig.
Reiseliv og landbruk
Hordaland er eit turistfylke. Vi vil byggja opp under kulturbasert reiseliv og turisme som ei næring med store moglegheiter. Landbruket representerer ein del av reiselivet sitt produkt. Dette bør ikkje bere gjelde kulturlandskap. Også ein større del av matproduksjonen må basera seg på vestnorsk tradisjon, og ein må ta i bruk opprinnelsesmerking for spesielle produkt. For å målretta satsinga betre bør ein større del av verkemidlane i landbruket forvaltast regionalt.
Hordaland Arbeiderparti vil satse på nyskaping og redusert arbeidsløyse ved å
4. MILJØ OG SAMFERDSEL
Miljø vi tek utfordringa
Arbeidarpartiet vil at alle skal ha tilgang til eit godt miljø og rein natur. Arbeidarpartiet vil vera pådrivarar i arbeidet med reduksjon i utslepp av klimagassar. Dette krev handling lokalt. Vi ynskjer at innbyggjarane skal vera aktive deltakarar i den praktiske utforminga for å ta vare på natur og miljø.
Miljøtryggleik til sjøs
Tryggleiken til sjøs er avgjerande for miljøet og næringar som oppdrett, fiske og havbruk, men også for folk som ferdes langs kysten. Vi vil derfor arbeida for at overvakinga av trafikken til sjøs styrkast og at seglingsleia betrast. Samstundes vil vi arbeida for eit forbod i norsk farvatn mot transport av olje og annan farleg last i tankarar med enkelt skrog.
Infrastruktur er grunnlag for utvikling i Hordaland
Ei omlegging frå biltrafikk til kollektivtrafikk vil minka utsleppa av skadelege klimagassar. Ei slik omlegging vil og minka utslepp av svevestøv, og redusera forureininga lokalt. Arbeidarpartiet vil spesielt satsa på kollektivtrafikken der det bur mykje folk. Her skal kollektivtilbodet verta eit reelt alternativ til privatbilen, fordi dette er ei miljøvennleg transportform, og eit godt servicetilbod til innbyggjarane.
Ei satsing på kollektivtrafikk i Bergens-området er einaste måten ein kan løysa trafikkproblema på. Når ein ventar ei auke i biltrafikken i byen er det heilt naudsynt med eit kollektivsystem som kan ta hovuddelen av denne auken. Samferdsleinvesteringane skal i større grad gå til kollektivsatsing, og vi legg Bergensprogrammet for transport til grunn for våre prioriteringar. Eit kollektivsystem som fungerer er hovudprioritet for arbeidarpartiet. I Bergen skal bybana vera ryggraden i kollektivtrafikken, samstundes som vi vil gjera busstilbodet betre i heile Bergens-området.
Å investera i infrastruktur er ei investering for framtida i distrikta. Dette er viktig for busetjing, arbeidsplassar og samarbeid på tvers av kommunegrensene. Arbeidarpartiet meiner at gode samferdselstiltak betyr auka tilgang til ein regional arbeidsmarknad, større fritidstilbod og betre vilkår for næringslivet. Arbeiderpartiet vil satsa på ei utbetring av flaskehalsar der vegstandarden er til hinder for næringslivet. Ei slik satsing vil gje betre framkome, og er ei satsing på Vestlandet som verdiskapingssenter i Noreg.
Energi
Hordaland fylke er eit energifylke. På den bakgrunn er det uakseptabelt at fylket vårt skal ha eit forsyningsproblem ved lite tilgong på elektrisk kraft.
Tilgongen på energi til akseptable prisar er eit viktig grunnlag for næringsutvikling og busetnad over heile fylket. Vidare energiverkst må og byggja på alternative energiformer, energiøkonomisering og energisparande tiltak.
Hordaland Arbeidarparti vil
5. HELSE OG OMSORG
Hordaland Arbeiderparti vil vera ein pådrivar for gode helsetenester og god omsorg for alle som treng det. Vi vil arbeida målretta for at fylket og landsdelen får sin rettmessige del av ressursane til helsetenester og sosiale tiltak. Vi vil og sikra reell brukarmedverknad, opne styremøte i helseforetaka og arbeida for at politikarar får plass i styra. Arbeiderpartiet vil slå ring om lokalsjukehusa og stå fast på at innbyggjarane i alle delar av fylket skal ha eit godt akuttilbod, fullverdig fødselstilbod og ei god ambulanseteneste.
Rusmisbruk er for mange i dag eit veksande problem. Familie, venner, arbeidskollegaer og samfunnet får store utfordringar når rusmisbruk vert ein del av kvardagen til einskildmenneske. I denne samanhengen er narkotikaproblematikken den mest synlege, men me må ikkje gløyma å fokusere på det store fleirtalet av rusmisbrukarar som ikkje synest så godt. Hovudmålsetjinga vår er å hindra at fleire vert rusmisbrukarar, og difor er det førebyggande arbeidet svært viktig.
Eit verdig liv
For dei som er blitt avhengig av rus må vi setja inn tiltak som kan føra til at misbrukaren blir rusfri. Men det er også viktig at tunge narkotikamisbrukarar er sikra eit verdig liv. For å få dette til er det svært viktig at alle som har ansvar innan rusfeltet samarbeider for å laga gode, heilskaplege behandlingsopplegg for den einskilde misbrukaren. Kommunane, fylkeskommunen og staten må samarbeida tett for å laga og gjennomføra slike heilskaplege planar.
Hordaland Arbeidarparti vil
- arbeida for å få helikopterlandingsplass på Haukeland universitetssykehus
Kultur er viktig for å trivast. Kulturlivet i Noreg er mangfaldig: Idrett, ulike kunstartar, frivillige organisasjonar og mykje meir. Den enkelte må få høve til å oppleva andre sine skapande evner, eller bruka sine eigne. I eit samfunn der den kommersielle underhaldningsindustrien er i stadig vekst må det offentlege leggja til rette for kulturelle møteplassar som er opne for alle. Det fleirkulturelle samfunn vårt tilfører kulturlivet positive sider som vi ynskjer å utnytta.
Både snowboard og fiolin
Idretten betyr mykje for helse og trivsel. Arbeiderpartiet vil prioritera barne og ungdomsidretten og sikra breiddeidretten gode vilkår. Dette skal vi klara gjennom å tilretteleggja for nye idrettsanlegg, og ved å starta nærmiljøtiltak for uorganisert ungdom.
Kunst og kultur er kjelde til undring og kreativitet. Den kulturelle skulesekken gjer høve til å trekkja skapande kunstnarar inn i skulekvardagen. Dette er eit unikt høve til å kombinera opplæring og kultur. Arbeiderpartiet ynskjer ei lokal forankring som tilfører både skule og lokalt kulturliv ein ny dimensjon.
Innanfor andre samfunnsområde er kreativiteten til kunstnaren ettertrakta. Dette vil Arbeiderpartiet gripa tak i sidan det kan auka næringslivsaktiviteten både lokalt og regionalt. Vi ønskjer eit sterkare samarbeid mellom næringsliv og skuleverk også på kulturen sitt område.
Hordaland har rike litterære tradisjonar innan både nynorsk og bokmål, og eit særs rikt og mangfaldig kulturliv frå folkemusikktradisjonar til den urbane bykulturen.
Arbeiderpartiet vil kvart år fram mot hundreårsjubileet i 2005 auka støtta til kulturformål.
Hordaland Arbeiderpartiet vil:
- at biblioteka vert utvikla til å bli informasjonsformidlarar, til dømes innan etterutdanningstilbod
- laga eit kulturkort for ungdom. Kortet vil gjera ein mangfaldig kultur meir tilgjengeleg for ungdom til ein rimelig pris.
- samla Vestlandet som ein kulturregion og skapa eit kulturelt tyngdepunkt mot hovudstaden for å sikra Vestlandet sin rettmessige del av den nasjonale kultursatsinga.
- -vidareføra Bergen som kulturby. I samhandling med distriktet må byen syta for å byggja vidare på dei gode erfaringane frå kulturbyåret
- spesielt prioritera kulturtilbodet til barn og unge, og vi vil styrka dei frivillige organisasjonane
- gi kunstnarar gode rammevilkår, og da med særleg vekt på unge kunstnarar som søkjer å etablera seg og det frie kunstnarvirke.
- stimulera til at dei ulike kulturskaparane vi har i Hordaland i dag får utfolda seg på ein måte som gjer at vi får eit spennande kulturtilbod
- ivareta og vidareutvikla dei regionale kulturinstitusjonane
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 7090. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.