Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 1993

FRIDOMSPARTIET MOT EF-UNIONEN

Frihetspartiet mot EF-unionen · 94 ord

FRIDOMSPARTIET MOT EF-UNIONEN

er eit tverrpolitisk alternativ i norsk politikk. Tvilarar og veljarar som kvir seg for å røyste på eit parti som har nominert ja-folk i toppen, og som ikkje delar politisk syn med Sp og Sv i andre saker, kan trygt legge Fridomspartiet si liste i røystekonvolutten.

Partiet har fylgjande målsetjingar:

Fridomspartiet mot EF-unionen vil slå ring om norsk sjølvstende og norske ressursar. Det vil søkje samarbeid med andre parti der det er praktisk mogleg. Kamp mot EF-unionen og meiningsfyllt arbeid for alle er leidetråden.

Vil du støtte oss i dette arbeidet?

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 1742. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.