Valgprogram · 1997
Arbeidsprogram
Rød Valgallianse · 9 816 ord
«skolemat» er markert i 0 avsnitt. Fjern markering
Arbeidsprogram
1. Berebjelkar i RVs politikk
I prinsipprogrammet strekar RV opp strategien sin for eit sosialistisk samfunn. Arbeidet vårt under kapitalismen tek utgangspunkt både i kva folk treng for eit betre liv her og no - og i draumen om ei heilt anna og meir rettvis verd.
Ut frå analysane i prinsipprogrammet er det nokre berebjelkar som er lagde til grunn for utforminga av politikken på ei rekkje saksområde i dette arbeidsprogrammet.
RV arbeider for:
Dagskamp og sosialisme
Heile tida er det klassekamp, kvinnekamp, miljøkamp og andre politiske og økonomiske kampar. Desse kampane trugar ikkje i seg sjølv det kapitalistiske samfunnssystemet, men dei gjev folk røynsler om makttilhøva, om kampmetodar, om samhald - og om kor viktig det er med eit alternativ. Det er når desse praktiske røynslene vert samanfatta og smelta saman med sosialistisk teori innanfor store folkelege rørsler at kampen peikar ut over samfunnet i dag.
Framsteg eller reaksjon
Noreg har eit teknologisk nivå, naturressursar og eit kunnskapsnivå i folket som ville gjort det mogleg å gje folk flest eit mykje betre liv. Men under den kapitalistiske organiseringa av samfunnet er det tvert om slik at folk på ei rekkje område må kjempa mot at stoda vert verre. Borgarskapen er no på offensiven, og det går føre seg eit storstilt åtak på velferdsstaten og rettane til folk. Åleine kan ikkje RV eller andre parti gjera mykje med dette. Det er folks organiserte arbeid og kamp som fører framover. Dei fleste av krava i dette programmet kan aldri verta gjennomførte om ikkje folk set styrke bak og pressar kapitalistar og styresmakter.
Dette programmet inneheld ei rekkje krav om rettvise og fornuftige reformer som er vel verdt å slåst for. Men programmet er ikkje meint som eit "budsjettframlegg". Det kan ikkje erstatta, men berre vera til hjelp i dei konkrete vurderingane og prioriteringane som RV må gjera i arbeidet sitt i parlamentariske organ og elles i arbeidet sitt.
2. Forsvar norsk sjølvråderett - nei til EU og EØS
RV sitt forsvar av den nasjonale sjølvråderetten er grunngjeve i prinsipprogrammet. Det same er analysen av EU som ein union der interessene til storkapitalen er lagde til grunn for eit system som er marknadsliberalistisk og udemokratisk innetter - og imperialistisk utetter. Norsk medlemskap i Unionen vil ta frå folket sjølvråderetten, og gje borgarskapen friare spelerom i kampen for privatisering og åtaka på levekåra til folk. Medlemskapen i EØS vil seia ei kraftig undergraving av sjølvråderetten, og er ein av dei viktigaste reiskapane regjeringa og kapitalen har i EU-tilpassinga.
Nei til EU.
Gjennom nei-fleirtalet den 28. november 1994 har folket sagt JA til sjølvråderett i framtida, og folket har m.a. sagt NEI til:
Folket sa ja til sjølvråderetten - ikkje til ein særskild alternativ politikk. Men når regjeringa etter folkerøystinga, der folket sa nei til EU-medlemskap, aukar tempoet i tilpassinga til EU, syner det manglande respekt for folkeviljen. Det same gjer det når krefter på JA-sida tek til orde for snarleg omkamp.
På denne bakgrunnen arbeider RV for:
Noreg ut av EØS!
Innmeldinga i EØS var ei kupparta overprøving av folket sitt NEI frå 1972. EØS er ein "husmannskontrakt", der storparten av EU sitt lov- og regelverk for den indre marknaden vert gjort gjeldande for Noreg òg. Ved å integrera Noreg stadig tettare i EU-økonomien, legg EØS grunnen for full unionsmedlemskap.
RV arbeider for:
RV si grunngjeving for å villa seia opp den assosierte medlemskapen i Vestunionen, er grunngjeve i kapitlet om forsvars- og tryggingspolitikken.
3. På lag med naturen eller miljømord i framtida òg?
Alle seier dei er for å redda miljøet, men miljøøydeleggingane held fram. Heile livsgrunnlaget på jorda vert øydelagt i aukande tempo. For å redda jorda trengst ei djuptgripande og total endring av samfunnet, vekk frå eit økonomisk system der drivkrafta er jakta på maksimal profitt og der kapitalen må veksa.
RV arbeider for:
Ein solidarisk verdsøkonomi
Landa i den 3. verda må få kontroll over sine egne ressursar og utvikla produksjon og foredling ut i frå kva dei treng sjølve. Alle norske investeringar i den tredje verda må byggja på desse prinsippa.
RV stør difor kampar i land i den 3. verda for ein meir rettferdig verdshandel og sletting av gjeld. For å redda jorda trengst ei djuptgripande endring vekk frå samfunn bygd på økonomisk vekst i dei rike landa. Samfunnsforbruket av naturressursar og energi må setjast i jamvekt med bere- og fornyingsevna til det globale økosystemet. Miljø og økonomisk utjamning heng uløyseleg saman.
Lågenergi og ny energibasis
Forbruket av lagerressursar som kol, olje og gass må erstattast av fornybare energikjelder som t.d. vasskraft, biomasse, jord- og havvarme, sol-, vind- og bolgjeenergi. Energiforbruket må effektiviserast og reduserast drastisk i høve til i dag. Det er naudsynt for å hindra auka drivhuseffekt, og for å tryggja ressursar for dei som kjem etter oss.
Eit grønt landbruk
Det må skapast eit økologisk landbruk som tek vare på og fornyar jorda, og som korkje forgiftar jorda eller maten. Noreg må satsa på å auka sjølvbergingsgraden radikalt og avgrensa importen. Matimport må berre dreia seg om produkt det ikkje er mogleg å produsera her.
Fiskeressursane må takast vare på og utviklast
Fisket må byggja på at ressursane skal takast vare på, og at artsmangfaldet i kystøkologien skal oppretthaldast. Nedfiska stammar må få byggja seg opp att, og fisket må tilpassast tilveksten. Fisket må basera seg på kystfiske og reiskapar som ikkje øydelegg ressursgrunnlaget. Kvalfangst må skje under streng kontroll.
Busetnad over heile landet utan auka storbykonsentrasjon
RV ynskjer variert busetnad over heile landet. Det er viktig for ei økologisk berekraftig utvikling at naturressursane vert tekne vare på lokalt. Tilhova må leggjast til rette for å snu straumen av menneske som vert tvungne til å flytta til storbyane for å overleva økonomisk.
Byane må utviklast med fleire friareal, grøne lunger, utandørs leikeareal og bilfrie område.
Produksjon utan forureining
Produksjonsprosessane må leggjast om så dei avgrensar forureininga maksimalt. Det er grunnleggjande at produksjonen og prosessane må leggjast om til redusert gjennomstrøyming av materiale og energi, dinest må gjennomstrøyminga endrast i retning av mindre miljøpåkjennande og meir resirkulerbare materiale/energi. Restutslepp må reinsast på ein meir økooptimal måte.
Resirkulering og mindre avfall
Avfallsmengda må reduserast gjennom auka gjenbruk, resirkulering og mindre emballasje. Rutiner for å samla inn og destruera problemavfall må skjerpast. Heile bruk- og kast-mentaliteten må endrast, og produksjonen må byggja på gjenbruk.
Kollektivtransport og mindre bruk for transport
Samfunnet må leggjast opp slik at ein treng mindre transport. Arbeidsplassane må liggja i nærleiken av der folk bur. Barnehagar, servicesenter og butikkar må liggja nær bustadområde. Naudsynt transport må skje så energiøkonomisk som mogleg. Persontransport må skje mest mogleg med rimelege eller gratis kollektive transportmiddel.
Dei viktigaste krava til RV i dag:
4. RVs økonomiske politikk
Kamp mot marknadsliberalismen
Eit mål med RVs økonomiske politikk er å bryta ned klasseskilja, skapa sosial likskap og hjelpa til med miljøretta ressursforvalting. Kapitalisme vil seia at økonomisk vinst er målet, medan produktet berre er midlet for å nå profittmålet. Difor vert det slost med naturressursar og menneskeleg arbeidskraft.
Me må vekk frå eit system som fører til unyttige og spekulative investeringar. Me har fått ein oppsvulma finanssektor, eit stort kjøpepress ved hjelp av spekulativ reklame som tillèt at samfunnstoppane har sikra seg eit snyltande luksusliv på kostnad av folk flest. Det naudsynte alternativet til kapitalismen er eit sosialistisk samfunn der målet er å skapa dei verdiane og varene som folket treng og miljøet tòler.
Norsk økonomi er i dag prega av stagnasjonen i verdsøkonomien. Dette vert styrkt av tilpassinga til EU sitt indre marknad og økonomiske politikk. Samstundes er Noreg med sine naturressursar, sitt teknologiske nivå og si høgt utdanna arbeidskraft eitt av verdas rikaste land. Den norske rikdomen er òg ei fylgje av at Noreg, som eit imperialistisk land, har vore med på den hundreår lange, brutale utbyttinga av den 3. verda. Det er ikkje mangel på pengar; storkapitalen og finansinstitusjonane kontrollerer milliardar av kroner. Statsreservane vert stadig større, og ein manglar ikkje ressursar. Det avgjerande er kven som avgjer fordelinga, kven som avgjer kva investeringar som skal gjerast. Kort sagt: barnehagar eller bankpalass.
Arbeid til alle
Massearbeidsløysa dei siste 15 åra har stadfest den marxistiske påstanden om at kapitalisme = arbeidsløyse. For kvart år som går vert det tydelegare at den lange oppgangskonjunkturen etter krigen, som førte til tilnærma full sysselsetjing, var eit historisk unnatak og ikkje nokon ny regel. Og i motsetnad til krisa i 30-åra er det lite von om at ein ny oppgangsperiode vil løysa problema. Ein kraftig reduksjon av arbeidstida er det viktigaste kravet for å mota det at det ikkje trengst så mykje arbeidskraft som ei fylgje av automatiseringa av arbeidet. Men full sysselsetting er for borgerskapet og NHO eit større problem enn arbeidsløysa.
Arbeidsløyse er ei enorm sløsing med, og øydelegging av, menneskelege ressursar. Det er heilt vanvittig med ein kø av arbeidslause samstundes som det er ein kø av uløyste oppgåver innanfor omsorg, helse og miljø. Dei arbeidslause burde sjølvsagt vorte sysselsette med samfunnsnyttige oppgåver til tariffløn. Men borgarskapen fryktar slik sunn fornuft som pesten, av di det kunne verta eit vellukka døme på planøkonomi. Dogmet om at marknaden ordnar alt må ikkje få slå sprekkar.
Ein sterk offentleg sektor
RV vil utvikla ein sterk offentleg sektor. Arbeidet med menneske, dvs. omsorg, utdanning og kultur, kan ikkje erstattast av maskinar. Ein omfattande offentleg sektor er difor teikn på eit rikt samfunn, og ikkje eit sjukdomsteikn, slik borgarskapen framstiller det.
Den offentlege sektoren må demokratiserast. Brukargruppene må sikrast aktiv deltaking i utforminga og drifta av offentlege tilbod. Gode offentlege velferdstilbod er viktig for kvinnefrigjeringa, av di det gir høve til å endra det tradisjonelle kjønnsrollemonsteret.
Skatt
RV meiner at kapitalinntekter må skattleggast hardare. I dag er det omvendt. Skattereformen gjev enda fleire høve enn for til å sleppe skatt gjennom "smarte" konstruksjonar av selskap og skatteplanleggjing.
RV ynskjer ei heilt ny skatteordning. Innanfor systemet i dag går RV inn for:
Skatte og avgiftspolitikk
Skatte- og avgiftssystemet i Noreg byggjar på at om lag all skatt er skatt på arbeidskraft. Det meste av inntektene til staten betalast direkte eller indirekte av arbeidsfolk. Difor verkar skatte- og avgiftssystemet som ein gigantisk omfordelingsmekanisme, slik at ein stor del av inntektene til arbeidsfolk finansierer staten, kommunane og fylkeskommunane. Men dei rike kommer ofte unna med lågare satsar, eller dei får andre til å betala for seg. Samstundes brukar det offentlege store summar på å støtta dei rike, både gjennom direkte utbetalingar, mens fyrst og framst gjennom å gjera oppgåver for dei og spara dei for store utgifter. Særhandsaminga av dei norske skipsreiarane er det best kjende døme på dette. I røynda er det berre toppen av isfjellet. Skattereglane er særleg innretta på å favorisera dei passivt snyltande kapitalistane.
I dag er det slik at inntektene til arbeidsfolk frå eige arbeid skattleggast mykje hardare enn kapitalistane sine inntekter frå andre folk sitt arbeid (såkalla "kapitaltinntekter"). Det burde ha vore motsett. Snylterinntektene frå andre sitt arbeid burde skattleggast hardast. Det fyrste stadiet i RV sitt arbeid for å få til ei meir rettvis skattepolitikk, er å auke kapitalskatten slik at ho følgjer dei same reglane som skatten på inntekt av arbeid. Eit slikt system kunne - på inntektsnivået i dag - gjeve om lag 40 milliardar kroner meir i inntekt til offentleg sektor. Finansdepartementet hevdar at mange kapitalistar kommer til å dra utanlands viss dei tapar særhandsaminga i skattesaker. Er det rett, har vi eit døme til som syner kor naudsynt det er å seie opp EØS-avtalen som tillet fri kapitalflyt.
Samstundes må dei som har lågast inntekt få skatteletter. Dei blir mellom anna særleg hardt ramma av dei nye skattereformene som har andre namn, så som "egenandel for hjemmebaserte tjenester". Denne "egenandelen" er i virkeligheta ei særskatt på funksjonshemming eller uførhet. Slike særskattar må bort!
I lang tid har det skjedd ei omleggjing frå skatt på inntekt og formue til skatt på forbruket til folk. Ein jungel av avgifter gjør at varer vert dyrare å kjøpa. Meirverdiavgifta er den viktigaste av desse skattane. Folk flest ville verta overraska om dei visste kor mykje dei betalar til staten i avgifter på varene dei kjøper gjennom åra. Det seiast ofte at skatt på forbruk er ein miljøvennleg skatteform i ein del av verda der forbruket er for høgt. Men skatt på forbruk rammar dei som har dårleg råd og må bruka heile inntekten på dei heilt naudsynte utgiftene deira. RV meiner at skatt i første rekkje skal betalast av inntekt og formue, medan skatt av forbruk skal vera målrette mot miljøfiendtleg forbruk, varer som skader helsa eller varer vi ikkje treng. Vanlege hushaldsvarer bør ikkje skattleggjast.
Eit allsidig næringsliv
Norsk næringsliv er av historiske årsaker i stor grad prega av industri bygd på vasskraft og råvarer. Denne typen industri er i stigande grad prega av automatisering av produksjonen og av sterk internasjonal konkurranse. Difor er det utenkjeleg at denne delen av industrien kjem til å skapa mange nye arbeidsplassar. I tillegg har mykje av forbruksvareindustrien bukka under dei siste tjue åra.
Ei viktig årsak til dette er underprisinga av olje, som gjer at transport over særs lange avstandar løner seg. Ein økologisk og samfunnsøkonomisk forsvarleg oljepris ville vera det fire- eller femdobbelte av dagens pris. Ein fornuftig, økologisk rett - dvs. høg - oljepris ville saman med dei nye høva for rasjonell, fleksibel produksjon av små seriar leggja grunnlag for ein helt annan, meir desentralisert og økologisk rett næringsstruktur.
Ei styrking av industrien i landet er avhengig av ein nasjonal plan for ein allsidig, økologisk forsvarleg vareproduksjon. Ein slik plan må utarbeidast ved at offentlege styresmakter går inn i dei eksisterande bransjane for å sjå kva høve som finst, og i samarbeid med fagrørsla koma fram til naudsynte omstillings- og nyskapingstiltak.
Som ein lekk i styrkinga av eit allsidig næringsliv, vil RV satsa på forsking og produktutvikling. Det må skje i nært samarbeid med forbrukarane, og ein må utnytta kjennskapen arbeidsfolket har til produkt og prosessar. Denne forskinga må vera økologisk orientert. Moderne teknologi må nyttast for å fjerna einsformig og tungt arbeid, og til å gje arbeidarane innsyn i og makt over produksjonsprosessen.
Stans marknadsliberalismen - meir styring er meir velferd!
RV vil gjeninnføra sterk offentleg kontroll med kreditt- og rentepolitikken, valutarestriksjonar og styring av finansinstitusjonar. RV går inn for skattlegging av aksje-, finans- og valutatransaksjonar.
RV er sterkt mot den pågåande liberaliseringa av forvaltingsverksemdene Telenor, Postverket og NSB. Omgjering til aksjeselskap er eit steg på vegen mot privatisering. RV krev full offentleg styring av forvaltingsverksemdene, og løyvingar som gjer det mogleg å driva tele, post og jernbane til beste for folket.
RV vil gjeninnføra tidlegare konsesjonslovgjeving som sikra norske bedrifter mot oppkjøp frå utlandet, av di dette i dei aller fleste tilfella skjer for å få nedlagt brysame konkurrentar, henta ut maskinar, teknologi og møysommeleg oppbygd kompetanse.
RV vil ha eit enkelt og progressivt skattesystem, med hovudvekt på direkte skattar. RV vil auka formueskatten og styrkja likningsetaten. Innsatsen til etaten må rettast mot skattesnyteriet til dei rike. Skattesystemet må utformast slik at det ikkje løner seg å driva med finans- og eigedomsspekulasjon framfor å investera i nyttig produksjon og tenesteyting.
RVs viktigaste krav i den økonomiske politikken:
5. Auka rettar for arbeidsfolk
Fagrørsla er arbeidarklassen si viktigaste form for organisering. RV stør ei sterk og uavhengig fagrørsle, ei sjølvstendig fagrørsle utan partibinding. Kvinnene må spela ei sentral rolle innanfor fagrørsla, og krava frå kvinnene må vera krava frå heile fagrørsla. Kvinner tener dårlegare enn menn. Dei har ofte yrke med hardare arbeidspress. Kravet om 6-timars arbeidsdag med full lønskompensasjon er eit viktig kvinnekrav, og eit krav for fagrørsla og arbeidarklassen. RV stør arbeid for meir einskap i arbeidarrørsla, og meir samarbeid mellom LO og fagforbunda utanfor LO.
Det er mange uløyste samfunnsoppgåver, og det er mange ledige arbeidsfolk. Men når profitten er drivkrafta, vert ikkje dette sett i samanhang. Det "svarar seg" for dei som sit med makta å la folk gå arbeidslause. Dette er sløsing med dei viktigaste ressursane i samfunnet, og øydeleggjande både for arbeidarklassen og for enkeltmenneska. For at dei arbeidslause skal verta ei kraft i kampen mot arbeidsløysa, må dei organisera seg. Saman med fagrørsla må dei slåst for verdige tilhøve og omfordeling av midlane i samfunnet, slik at alle kan koma i arbeid.
Borgarskapen, med NHO i spissen, prøver å skvisa rettane arbeidsfolk har opparbeidd seg. Utholing av normalarbeidsdagen og lause tilsetjingstilhøve har auka i omfang dei siste åra. Alt dette for å få "større fleksibilitet". Mot dette må arbeidsfolk slåst mot utholing av arbeidsmiljølova og tariffavtalane, og krevja styrkt vern mot oppseiing.
Leiinga i LO og DNA spelar på lag, og lammar mykje av kampviljen i fagrørsla. Men kvinnene som no er med i arbeidslivet i fullt mon, særleg i offentleg sektor, og ein ny og mindre lojal generasjon som veks fram, gjer det vanskelegare for DNA å halda kontrollen. Rørsler på tvers av fagorganisasjonar og andre organisasjonar oppstår. "Kvinner på tvers" er eit døme på dette. Kvinneløn har vorte eit omgrep. Kravet om auka løn i dei kvinnedominerte yrka veks fram. Dette vil krevja brot med rammene for lønsoppgjera, og eit brot med moderasjonslina. Oppgåva til RV er å vera støttespelar for arbeidarklassen, og ta opp i seg det som skjer av opprør på grunnplanet.
RV arbeider for:
6. Stønad til samiske rettar
Etter at dagens grenser på Nordkalotten vart trekte opp av kolonimaktene, er saman spreidde i fire ulike statar. Innanfor dei eksisterande statane står samefolkets kamp om retten til å tryggja og utvikla sitt eiga språk, kultur og næringsliv. Dei samiske områda på heile Nordkalotten inneheld store naturrikdommar som borgarskapen og monopolkapitalen ynskjer seg kontroll over. De internasjonale kapitalkreftene drivar et utstrekt kappløp om å få kontroll over ressursane og landområda i Barentsregionen og i de samiske områder.
Deira mål er å frarøva befolkninga sine tradisjonelle rettar både til områda og ressursane. Same-folket har derfor felles interesser med den norske arbeiderklassen i å bekjempa disse kraftene. Raud Valallianse stør derfor den samiske, norske og kvenske befolkningas kamp mot monopolkapitalens inntreden i disse områda.
Den samiske, norske og kvenske fiskaren, småbrukaren, utmarksutøveren, reindriftsutøveren osv. får undergrave sitt livsgrunnlag av den same kapitalistklassen. Sjølv om det samiske folket er utsett for nasjonal undertrykking, er det tent med å inngå en fast allianse for å styrte borgerskapets diktatur i Noreg. Det er ikkje arbeidsfolk i Noreg som undertrykker det samiske folket, sjølv om den norske herskarklassen gjennom systematisk spreiing av rasisme, hets og norsk sjåvinisme, har greidd å så splid mellom disse tre folka. En sånn splitting tener berre borgerskapet og den internasjonale monopolkapitalen.
Det er berre gjennom sameretten at lokal kontroll over naturressursane kan oppnåast, men det hjelper ikkje å akseptere sameretten dersom EU og EØS' regelverk skal være det overordna regelverket. EØS-reglane mogeleggjer alle type inngrep i nærområda utan at lokalbefolkninga kan hindre uønskte inngrep. Alle de samiske områdene frå Sør-Varanger til Femunden må fritakast frå EØS-reglane. Ressursrettane skal være kollektive rettar for lokalbefolkninga, som ikkje skal kunne seljast.
Samerettsutvalets forslag om utsetjande vetorett til Sametinget, fører berre til at Sametinget kan utsette et inngrep i inntil 6 år. Sametinget må få full vetorett ved inngrep som Sametinget sjølv definerer som skadeleg for samisk språk, kultur og næringsliv.
Den norske stat har et særleg ansvar for den sjøsamiske befolkningen. Dette er den gruppa av samisk befolkning som har blitt utsett for den sterkaste fornorskingsprosessen - og i størst grad har blitt frarøva sitt språk.
Sjøsonene må tilbys samisk undervisning. Dette er et statleg ansvar og staten må sette kommunane og fylkene i økonomisk stand til å gjennomføre dette med øremerka midlar.
RV vil arbeide for:
Sjå elles kapitla om landbruk, fiske, utdanning, kultur og media, Antirasistisk Manifest og programmet til Samisk RV.
7. Stopp avfolkinga - for eit livskraftig distriktsNoreg
DistriktsNoreg - og særskilt Nord-Noreg - har i dag langt på veg halvkolonial status, som leverandør og produsent av råvarer for ein sentralisert finans- og industrikapital.
Malm, kraft, fisk og olje er i dag inngangsbilletten den norske borgarskapen har til EU, og er dimed grunnlaget for deira deltaking i den imperialistiske utviklinga. Verdistraumen i Noreg går frå nord til sør, frå periferi til sentrum. Denne verdistraumen må snuast. Verdiskapinga må haldast i distrikta som grunnlag for ein desentralisert busetnad.
Sterke lokalsamfunn der folk har kontroll over ressursane og verdiskapinga er den beste garantien mot miljørasering og sentralisering, og for eit demokrati der folk har makt over sitt eige liv. RV arbeider for eit sosialistisk samfunn bygd på forsvarleg forvalting og bruk av ressursane. Eit slikt samfunn krev busetnad over heile landet og livskraftige lokalsamfunn. Denne mål-setnaden vil vera ein hjørnestein i all samfunnsplanlegging. Det vil seia eit samfunn der kvinneperspektivet, med hovudvekt på omsorg og ansvar for menneske og natur, må gjennomsyra alt. Berre eit samfunn med livskraftige distrikt kan tryggja ei forsvarleg ressursforvalting og eit demokrati der folk har makt over sitt eige liv.
Avfolking og øydelegging av naturressursane
I dag veks skilnadene mellom by og land. Storbyane veks på kostnad av distrikta. Tettstadene vert styrkte og utkantane vert avfolka. På den eine sida vert distriktsNoreg tappa for store verdiar når det gjeld arbeidskraft og menneskelege ressursar. På den andre sida aukar dette presset på byane, og fører m.a. til auka energibruk og forureining - stikk i strid med offisielle målsetnader. Det politiske vanstyret breier seg, og det sosiale tryggingsnettet vert rasert. Resultatet er sosial naud, mistilpassing, aggresjon og auka vald.
EU-tilpassing basert på friare marknadskapitalisme har ført til eit enormt åtak på distriktsNoreg - og Nord-Noreg særskilt. Gjennom mange år har det vore køyrt ein kampanje for å få kutta overføringane til jordbruket, bygd ned kystflåten, lagt ned og privatisert industrien og bygd ned velferda. Kort sagt - få rasert livsgrunnlaget for store deler av dei som bur i distrikta. Kystfolket har vore, og er sterkt truga av den langvarige rovdrifta på fiskeressursane som den norske og internasjonale trålarflåten står bak. Dette råkar Nord-Noreg særleg hardt.
EØS-avtalen, norsk EU-medlemskap og tilpassing til GATT sine reglar for fri omsetnad av jordbruksprodukt, vil akselerera denne utviklinga. Difor er det ein føresetnad for eit livskraftig distriktsNoreg at me held oss utanfor EU og melder oss ut av EØS.
For å snu utviklinga og leggja tilhøva til rette for at distrikta skal vera ein livsnerve i Noreg i framtida òg, vil
RV arbeida for:
8. Eit økologisk og sterkt norsk landbruk
RV er for å styrkja norsk landbruk og auka sjølvforsyninga - for å sikre busetnaden i distrikta, tryggja norsk sjølvråderett og som ein lekk i å brødfø alle som bur på jorda. Landbruket må leggjast om til forsvarleg produksjon med mindre bruk av kunstgjødsel, kraftfôr og antibiotika. Innanfor økologisk forsvarlege rammer bør dyrka areal og talet på bruk verta auka, og utmarka må utnyttast betre.
Kvart år vert mange bruk lagde ned. Stønads- og verneordningar for norsk landbruk vert svekka, og internasjonal landbrukskapital vert gjeven friare spelerom. Konkurransen fører til gratisarbeid for kvinnene og til at kjemiske middel vert nytta meir - med forgifting av menneske og natur som fylgje over tid.
RV arbeider for
9. Oppbygging av fiskeressursane og kystfisket
Den fiskeripolitiske målsetnaden til RV er å tryggja og byggja opp fiskeressursane, oppretthalda kystflåten som ryggrada i norsk fiskerinæring, betra fiskarane sine sosiale rettar og fiskeriarbeidarane sine arbeids- og lønstilhøve. Den viktigaste oppgåva i fiskeripolitikken framover er å tryggja den nasjonale kontrollen over fiskeressursane, å byggja opp fiskestammane som er truga og tryggja eit økologisk forsvarleg fangstnivå no og i framtida. Makt over ressursane til kystfiskarane og folk som er avhengig av fisket, er ein føresetnad for ei økologisk forsvarleg forvalting.
RV er for å satsa på kystfisket og ei desentralisert vidareføredling på land i landsdelen det vert fiska utanfor. Desentralisert vidareføredling er særleg viktig for å oppretthalda og skapa nye arbeidsplassar for kvinner, og dimed eit grunnlag for at lokalsamfunna kan overleva. Fiskerinæringa er saman med landbruket avgjerande for arbeidsplassar og busetnad i distrikta.
Storstilt miljømord
Kortsiktig profittjakt har ført til rovdrift på fiskeressursane. Nedfisking av fleire fiskeslag i periodar har vore eit av resultata. I mange fjordar er stamfisken vorten utfiska av botnskrapande reiskap, og livsvilkåra for fisken øydelagde. Uopprettelege skadar i det økologiske systemet er resultatet. Styresmaktene - med regjeringar av skiftande politisk farge - er ansvarlege for dette miljødrapet gjennom m.a. å tillata storstilt trålfiske, for store fangstkvotar og manglande kontroll. På denne måten vert òg grunnlaget for kystfisket og busetnaden på store delar av kysten medvite rive vekk.
Den aukande kapitaliseringa av fisket er eit blindspor, og eit av de største hindra for å leggja opp til ein økologisk forsvarleg fiskeripolitikk. Utbygginga av ein fabrikktrålarflåte er det verste utslaget av denne utviklinga.
Interessene til vanlege folk står i sterk motstrid til kapitalen sine ynskje om stor kortsiktig profitt. Det trengst omfattande kontrolltiltak og sterk regulering av havfiskeflåten.
Det største trugsmålet mot økologisk forsvarleg fiske ligg i ein EU-medlemskap. Råderetten over fiskeressursane vil då verta overført til EU, og det avgjerande høvet til nasjonal kontroll og regulering vert fjerna.
RV arbeider for:
10. For full kvinnefrigjering
RVs langsiktige mål er eit samfunn fritt for alle former for kvinneundertrykking. Dette vil krevja eit totalt brot med det kapitalistiske systemet.
Innanfor samfunnssystemet me har i dag, går RV inn for reformer som styrkjer kvinnene si stilling både økonomisk og ideologisk, og imot alle endringar som kan undergrava dei rettane kvinner har oppnådd. Me har i dei siste åra opplevd ein ideologisk og politisk offensiv mot kvinnene. Dette syner seg m.a. ved:
Utvikling av rettane og jobbhøva for kvinner er avhengig av at velferdsstaten oppretthaldast.
Velferdsstaten har vore og vil vera viktig for at kvinner skal kunne ha ein jobb og høve til å forsørgja seg sjølve. Velferdsstaten gjev også mange arbeidsplassar til kvinner.
Ei nedbygging av velferdsstaten vil råka kvinnene særleg hardt, sidan det er kvinnene som gjer mesteparten av omsorgsarbeidet. Dårlege offentlege tilbod vil føra til meir ubetalt omsorgsarbeid i heimen. Det vil også auka arbeidspresset i omsorgsyrka. Det vil verta arbeidarklassen som råkast av dette. Dei med god økonomi kan kjøpa seg private løysingar.
Auka økonomisk Stønad til åleineforsørgjarar er eit særleg prioritert krav. Åleineforsørgjarar er ei av gruppene i dagens samfunn med dårlegast levekår.
Opp med Kvinneløna!
Løna i kvinnedominerte yrke ligg langt under løna i mannsdominerte yrke. Sjølv innanfor grupper som kan samanliknast i offentleg sektor er det store skilnader på manns- og Kvinneløn. Og når menn og kvinner er innanfor same yrkesgruppa, tener menn best. Presset for aukande bruk av deltidsarbeid og lause arbeidstilhøve, svekking av normalarbeidsdagen og faglege rettar, råkar kvinner spesielt.
6-timars normalarbeidsdag med full lønskompensasjon
6-timars normalarbeidsdag opnar for eit kvardagsliv der kvinner kan kombinera heiltidsjobb, ansvar for hus- og omsorgsarbeid og i tillegg få tid til ei meiningsfylt fritid. Nesten helvta av alle utearbeidande kvinner jobbar deltid, og mange har ulagleg arbeidstid for å få kvardagslivet sitt til å hengja i hop.
6-timarsdagen vil seia:
Forsvar retten til sjølvvald abort!
Abortlova er samfunnet si tillitserklæring til at kvinnene sjølve klarar å ta vanskelege val. RV vil gå imot alle forsøk på åtak på abortlova og kvinner sin sjølvråderett. I dag må kvinnene møte for nemnd mellom 12. og 18. svangerskapsuke. RV er for utviding av retten til sjølvvald abort til 18 veker.
RV meiner det er rett å ha ei restriktiv haldning til medisinsk bruk av bioteknologi. Me er også imot det kvinnesynet det er eit uttrykk for, at barnløyse vert sett på som ein sjukdom. Dette inneber at RV er imot at det skal opnast for eggdonasjon og forsking på befrukta egg. RV meiner det skal vera forbode å ta patent på menneskelege organ, vev og kroppsceller. Dei høva som medisinsk bruk av bioteknologi opnar for, må ikkje nyttast som eit argument for å endra den gjeldande abortlova.
Den abortfiendtlege organisasjonen Alternativ til abort i Noreg (AAN) har i dag kontor på fleire sjukehus kor de driv sin rådgiving. ANA får millionar i statsstøtte. AAN må bort frå norsk helsevesen. RV er mot offentleg støtte til AAN.
RV er for å styrke abortførebyggjande arbeid ved å styrke skulehelsetenesten. Helsesostertenesten må styrkjast i grunnskolen og i vidaregåande skole. Seksualopplysning og bollekursmetodikk for å styrke sjøtilliten og lære å sette egne grenser må inn i skuleplanane. RV er for gratis prevensjonsmidlar og for statleg støtte til organisasjonar som driv seksualopplysning.
Barnefødslar og fødselspermisjonar må ikkje verta argument for å pressa kvinnene ut av arbeidslivet. Den beste måten å hindra dette på, er at menn tek ein større del av fødselspermisjonane.
Stopp seksualisert undertrykking og vald!
Den seksualiserte undertrykkinga har vorte verre dei siste åra. Reklamen si framstilling av kvinner sprengjer nye grenser, medan massasjeinstitutt, topplausbarar og telesex florerer. Dette kjem i tillegg til pornografien, og stadfester framstillinga av kvinner som ei vare der berre kroppen tel.
Denne delen av kvinneundertrykkinga skapar eit forkvakla tilhøve mellom kjønna. Den seksualiserte valden - kvinnemishandlinga og valdtektene - skjer i all hovudsak i heimen eller av kjente. Det er viktig å gje kvinner høve til å bryta ut av undertrykkjande forhold. Redsla for valdtekt legg sterke band på livsførsla og fridomskjensla til kvinnene. Tilhøva mellom kjønna vert også påverka av denne ufridomen. Kampen mot den seksualiserte undertrykkinga må også vera mennenes ansvar. Menn må ta ansvar for å endra dei dårlege sidene ved mannsrolla.
RV arbeider for:
11. Mot all rasisme - for eit fleirkulturelt samfunn
RVs langsiktige mål er eit fleirkulturelt samfunn utan rasisme og nasjonal undertrykking, med opne grenser og demokratiske rettar for alle folkegrupper.
Statleg rasisme, auka valdsrasisme og legalisering av kvardagsrasisme
Rasisme er eit resultat av og eit undertrykkingsreiskap for å oppretthalda, stabilisera og styrkja eksisterande makttilhøve og samfunnsorden. I dag er rasismen eit middel til å oppretthalda kapitalismen og imperialismen som eit økonomisk verdssystem, eit system som er bygd på undertrykking og utbytting av folk i den 3. verda.
Rasismen er i praksis vorten offisiell politikk både nasjonalt og internasjonalt gjennom lover, reglar, sosiale og politiske strukturar, og gjennom internasjonale monopol og institusjonar sitt tilhøve til den 3. verda.
Noreg er i dag i praksis stengd for folk frå den 3. verda og frå Sør- og Aust-Europa, både for flyktningar og normal arbeidsinnvandring. Mest ingen av dei som søkjer får innvilga politisk asyl. Brutaliteten og rasismen i flyktningepolitikken kan samanliknast med utestenginga av jødar frå Noreg og andre land i Europa for 2. verdskrigen. Gjennom manglande morsmåls- og norskopplæring for utlendingar gjer staten òg sitt til at innvandrarar og flyktningar vert andrerangs borgarar.
EØS-avtalen og tilpassinga til EU førsterkar den statlege rasismen. Grensene rundt EU vert stengde, og flyktningpolitikken vert harmonisert. Medan det er fri arbeidsvandring innanfor EØS-området, har ikkje folk frå den 3. verda som alt er busette i eit EØS-land, dei same rettane. Dei vert andrerangs borgarar.
Folk frå den 3. verda vert diskriminerte på bustad- og arbeidsmarknaden. Dei får dei dårlegast betala jobbane og dei dårlegaste bustadene.
Nye rasistiske og fascistiske grupper og parti har vakse opp i Europa dei siste åra, i Noreg òg. Rasistisk vald og trakassering har auka sterkt, og rasistisk propaganda er etterkvart vorten meir open og godtakande. Politiet legg til sides dei fleste meldingane og bagatelliserer rasistiske handlingar som "gutestrekar".
Den statlege rasismen er med på å legalisera all anna form for rasisme. Styresmaktene nyttar den motstanden og valden som dei sjølve har skapa mot innvandrarar og flyktningar som grunngjeving for ytterlegare innstrammingar i den statlege flyktninge- og innvandringspolitikken.
Opp mot dette står at mange lokalsamfunn har teke vel imot innvandrarar, gjeve asylsøkjarar kyrkjeasyl, og skjult dei for makthavarane. RV stør slike former for sivil ulydnad.
RV arbeider for:
Sjå elles Antirasistisk manifest.
12. Velferd
De offentlige velferdsordningane er under angrep. RV meiner at alle skal sikrast velferd
("universalitets-prinsippet"), at velferdsordningane skal streva etter større likskap, at Stønad skal vera grunna på rettar og ikkje nådegåver, at utgiftene skal finansierast av samfunnet over skattesetelen - og at det er eit nasjonalt ansvar at standarden på ytingane held ein viss kvalitet.
Det er mange døme på at desse prinsippa ikkje er gjennomførte i praksis i Noreg. Men det nye no er at prinsippa systematisk vert utfordra. "Tilslagsgrad" ("treffsikkerhet"), "arbeidsline", "privatisering", "friviljug ansvar","valfridom", "nødvendig innsparing" osb. er honnørord som vert nytta for det ideologiske føremålet å bryta ned forsvaret av velferdsstaten.
Dei seinare åra har stadig fleire av velferdsoppgåvene vorte overforte til kommunane utan at kommunane har fått tilsvarande auke i statlege overføringar. Dette har vore ein medviten strategi frå makthavarane, og har fort til store nedskjeringar i velferdstilbodet. Under dekkje av frasar om auka lokaldemokrati har kommunepolitikarane fått oppgåva å forvalta nedskjeringane. Folks rettigheter og behov blir underordna budsjettbalansen. Dette har gjeve store ulikskapar i velferdstilboda til kommunane.
Mistilhøvet mellom nye oppgåver og manglande ressursar har i dei fattigaste kommunane og i mange byar ført til uverdige pleie- og omsorgstilbod. Skuler og barnehagar leggjast ned. Manglande ressursar vert så møtte med krav om større privat innsats. Når det offentlege sviktar, må omsorgsoppgåvene løysast privat i familien. Her er det så godt som alltid kvinnene som må overta oppgåvene. Slik blir den velferdspolitikk myndigheitene nå fører, svært kvinnefiendtleg. Institusjonsomsorga vert bygd ned, men den billegare heimebaserte omsorga skal ta større oppgåver. Det er sjølvsagt bra om pleietrengjande kan få leva lengre i eigen heim, men dette må ikkje gå utøver dei som treng pleie mest.
RV vil at det skal opprettes et rettferdsombud som skal hjelpa menneske som ikkje når fram i forhold til hjelpeapparatet, styrke rettstryggleiken og synliggjøre manglar ved det sosiale "sikkerhetsnettet".
RV vil kjempa mot desse åtaka, og halda fram med kampen for å utvikla offentleg sektor ved å kjempa for:
13. Ei politikk for funksjonshemma
Dei funksjonshemma er ei stør gruppe menneske som vert undertrykka av kapitalkreftene. Dei har og store problem på arbeidsmarknaden og elles i livet. Både i Noreg og i andre land ignorerast ofte krava til dei funksjonshemma. I regelverket til EU er det til dømes lov å diskriminera dei!
Etter RV sitt syn må samfunnet ta omsyn til dei funksjonshemma og deira særeigne behov. Sosialisme er naudsynt for å få til dette.
RV arbeidar for:
14. Skule og utdanning
Førskule
Alle førskulebarn har rett til eit godt pedagogisk barnehagetilbod. Utvikling og drift av barnehagar og skulefritidsheimar skal vera eit offentleg ansvar på lik line med gratis skule.
RV vil arbeida for:
Grunnskule
Skulen si oppgåve i samfunnet, også under kapitalismen, er å sørgja for at den herskande klassen får arbeidskrafta som trengst - og å reprodusera samfunnsmenneske i vid forstand.
Etter krigen har den herskande klassen trunge stadig meir utdanna arbeidskraft, og saman med arbeidarklassens kamp for lik rett til utdanning for alle, har det vorte 9-årig grunnskule, eller einskapsskulen.
RV meiner at det er viktig å slå ring rundt einskapsskulen og forsvara han på det sterkaste. Einskapsskulen er ein viktig del av grunnskulen. Det handlar om at alle barn og ungdomar har rett til utdanning, same kvar i landet dei bur, same kor mykje føreldra tener, uavhengig av kjønn og nasjonalitet eller kva skule og klasse dei går i. Det vil seia at staten må ta ansvaret for utdanninga. Det vil seia nei til den stadige delegeringa av "ansvar" for skule nedover i systemet. Det vil seia at all skulegang og studium må vera gratis. Det vil seia nei til alle former for skulepengar. Auka delegering frå staten si side vert ei ansvarsfråskriving, og ho aukar skilnadene mellom skulane sterkt og trugar med det den like retten til utdanning.
Samisk språk og kultur er framleis undertrykt i norsk skule. Norske barn må få kjennskap til samisk soge, levemåte og kultur. Samiske skular må leggjast under Sametinget, med rett til eigne fagplanar. Utdanning med løn på alle samiske studium inntil ein har så mange ein treng. Full statleg finansiering av lærebøker på samisk i alle fag i grunnskulen, og for alle fag som vert underviste i på dei samiske vidaregåande skulane. Lærebøkene for grunnskulen må koma på nord-, lule- og sørsamisk. Barnehagane og grunnskulen må leggjast opp slik at alle samiske barn (same kvar dei bur) og alle som bur i forvaltingsområdet for samelova sine språkreglar vert aktivt tospråklege.
Staten er viljug til å utdanna mange unge til arbeidsløyse, særskilt elevar med andre morsmål enn norsk. Difor må det inn i ei føresegn at elevar med minoritetsspråk skal ha opplæring i morsmålet sitt. Alle undersøkingar syner at jo betre du kan morsmålet ditt, di betre lærer du norsk. RV går inn for tokulturelle klassar med to lærarar, ein med norsk og ein med eit minoritetsspråk som morsmål. RV ynskjer å kvotera inn innvandrarar på lærarhøgskulane. For å få til ei betre forståing mellom gruppene, og betre kunna motverka rasisme, mobbing og vald i skulen, går RV inn for å erstatta kristendom og alternativt livssyn med eit sams haldnings-/livssynsfag.
Talet på godkjende private grunnskular med 85 % statsrefusjon har auka sterkt de siste åra, og i framtida vil ein eventuell EU-medlemskap kunna føra til endå sterkare oppbloming av private skular i Noreg. Det er på grunn av den frie etableringsretten. Det finst nok av velståande føreldre som er viljuge til å betala for skulegangen åt barna. Ein utarma og teknologisk akterutsegla offentleg skule førsterkar dette. Resultatet vert private eliteskular for dei som har god råd. RV er mot statsrefusjon til slike private skular.
Den teknologiske utviklinga vil føra til at alle menneske om ti år vil nytta elektronisk post og kunnskapsbasar på jobben sin, i organisasjonane mm. Det vil seia at staten så snøgt som råd må læra opp alle elevane i dette. RV krev at staten skal betala for PDar i kvart klasserom, barnehage, universitetsavdeling og høgskule, og både installasjonar og teljarsteg. Gratis bruk av Uninett og Internett! Dersom ikkje alle elevane får opplæring, vert kunnskapen berre for dei mest velståande familiane og skulane, og gutar meir enn jenter.
RV slåst ikkje berre for å forsvara alle sin like rett til utdanning. RV vil også ha eit endra verdigrunnlag i skulen. RV vil ha vekk den kristne føremålsparagrafen av di han er udemokratisk. RV går inn for ein skule der elevane er forskarar i staden for reprodusentar. Det vil seia vekk med karakterar på alle nivå. Andre vurderingsformer må utviklast. Berre karakterar er ueigna som vurderingsform, av di ein får eit skulesystem der barn og unge lærer å reprodusera kunnskap i staden for å læra reelt.
Elevane skal få styrkt sjølvtilliten sin, ikkje svekka han. Alle skal ha rett til å læra å lesa og skriva sitt eige morsmål, og snakka sitt eige målføre. Jenter skal ikkje haldast nede i skulesystemet, men jenter og gutar skal få like høve til å vaksa og velja framtida si ut frå interesser, og ikkje ut frå kjønnsroller. Soga og kulturen til arbeidarklassen og kvinnene skal prega skulen. Perspektivet på undervisninga skal vera undersokingar, kritikk og opprør, solidaritet og handling. Dette er det ikkje mogleg å få til fullt ut under kapitalismen, men det går å slåst langs slike liner. "Solskinn og brod og ånd, eies av alle!"
Skulen må aktivt fremja antiimperialistiske og antirasistiske haldningar, og ein sams identitet med menneska over hele kloten. Dette står i motstrid til EUs skuleplanar, som går ut på at det først og fremst er Europasoga som skal fremjast i undervisninga, på kostnad av verdssoga og soga til det einskilde land.
RV vil arbeida for:
Reform -97
M.a. for å tøma barnehagane for barn og på den måten "skaffe fleire plassar", og for å gjera det norske skulesystemet meir likt det som er vanleg i fleire europeiske land, har styresmaktene avgjørt at skulegangen skal vera 10-årig ved å ta inn 6-åringane i skulen. RV meiner at 6-åringane skal vera i barnehagen. Men no gjeld kampen å skaffa plass til dei nye elevane, og skaffa bøker og utstyr til alle elevane i grunnskulen som får nye læreplanar frå 1997 (L97). For 6-åringane vert det ein strid for å unngå at dei skal ha same undervisninga som dei tidlegare 1. klassingane hadde. L97 vil i tillegg gjera plassmangelen i grunnskulen større - sjølv med nybygginga i samband med reformen.
RV har heile tida gått imot Reform 97. Situasjonen hausten 1997 er at mange kommunar ikkje har eit forsvarleg tilbod til 6-åringane. Desse kommunane må få utsetje reformen til skulen er klar. Elles vil RV arbeida for at grunnskulen blir sikra dei ressursane som trengst til å gjennomføra reformen.
RV krever:
Dårlege skulefritidsordningar legg omsorgsansvaret på kvinner. Dei presses ut av jobb eller over i deltidsstillingar. Ein dårlegare skule rammar kvinner både som skuletilsette og mødre. Styrking av skulen er ei betring av kvinnas kvardag.
RV arbeidar for at elevane skal ha rett til fritak frå det nye kristendomsfaget.
Reform -94
Reform-94 har sida starten fort til ei kraftig nedskjering av skuletilbodet. Talet på skuleplassar er sterkt redusert til tross for alle dei fagre løftene om at dette skulle være eit løft som ville gi alle mellom 16 og 19 år rett til 3-årig vidaregåande utdanning.
Vidare har Reform -94 ført til ei klar forverring for de teorisvake elevane. Yrkesfaga ha fått eit mykje sterkare innslag av teorifag på bekosting av yrkesfaga, og det er stør mangel på lærlingplassar. Dei få plassane som er til fordeling går til dei teoriflinke, medan dei andre elevane må nøye seg med fagopplæring i skulen, som er eit klårt dårlegare tilbod. Dermed skapast A- og B-lag, ikkje berre i skulen, men også i yrkeslivet etter endt skulegang.
Den vidaregåande skulen må bli den viktigaste einheten i vaksenopplæringstilbodet i dei komande åra. Skulane må bli kompetanse- og ressurssenter for næringslivet og offentleg sektor m.a. med kraftig satsing på IT-opplæring.
RV vil arbeida for:
Sjå også Antirasistisk manifest.
Høgre utdanning
I fyrste helvta av 90-åra har Noreg opplevd ein utdanningseksplosjon. Per 1995 er det 150.000 personar som tek høgre utdanning. Samstundes er krava for å få tilgang til fag og fagnivå stadig vorte høgre. Denne utviklinga har både utdanningspolitiske og strukturelle årsaker. Mange unge vel i dag høgre utdanning av di det ikkje finst noko alternativ. Arbeidsmarknaden er stram, og det er vanskeleg for unge utan arbeidsrøynsle å skaffa seg arbeid. Teoretisk kunnskap vert inngangsporten til fleire og fleire yrke, noko som fører til at annan kunnskap/røynsle vert nedvurdert. Dette er ei utvikling som er negativ, og som skapar problem for mange som ikkje ynskjer ei teoretisk utdanning.
Likevel meiner RV at utdanning har verdi i seg sjølv. Kunnskap er kjelde til makt, og tilgang til kunnskapen og kunnskapsutviklinga er viktig for å kunna utnytta og påverka det samfunnet me lever i. Lik rett til utdanning er difor ein av føresetnadene for eit demokratisk samfunn. Me ser i dag ei skeiv rekruttering til høgre utdanning både når det gjeld kjøn, klasse og geografi. For RV er det ikkje eit mål i seg sjølv at alle skal ta høgre utdanning, men retten til å velja skal vera lik for alle.
RV vil difor slåst for:
15. Kultur og media
RV arbeidar for eit rikt og variert kulturliv der ulike kunstartar, stilretningar og kulturar med både profesjonelle utøvarar og eit breitt folkeleg kulturliv vert stimulerte. RV legg særleg vekt på å sto tiltak som stimulerer og får fram arbeidar- og kvinnekultur.
For å motverka den aukande amerikaniseringa og kommersialiseringa må det leggjast særskilt vekt på den norske og samiske folkekulturen i alle sine former. Tilhøva må også leggjast spesielt til rette for innvandrarane sine kulturar og kulturaktivitetar.
Det offentlege må leggja tilhøva til rette for kulturen gjennom at han m.a. får ein stør plass i skuleverket, gjennom bygging av kulturbygg og rimeleg utleige av lokale til friviljug kulturaktivitet, gjennom offentleg Stønad til både profesjonelle og amatørar sin aktivitet, og gjennom subsidiering av prisar.
Kommersialisering og forflating
Det rike og allsidige kulturlivet i Noreg vert i dag truga av kommersialisering og forflating. Slik utviklinga av nærradioane og dei nye media som kunne ha auka breidda og høva i kulturlivet er i dag, vert det berre endå meir kommersialisme. Offentlege innstrammingar fører til dårlegare bibliotektilbod, nedlegging av musikkskular, auka sponsing frå næringslivet og høgre prisar på kulturtilbod.
Samisk kultur må verta styrkja gjennom auka Stønad til samisk teater, fleire program på samisk i radio og TV og Stønad til fleire samiske bøker. Filmar og TV-program må verta teksta på samisk. Sameradioen må få ein eigen landsomfattande kanal med ansvar for alle samiske dialektar og høve til å lage daglege TV-sendingar på samisk. PresseStønadsordninga må gje grunnlag for ei allsidig samisk presse. Samisk teater må få Stønad som gjer at alle samiske område får eit teatertilbod.
Det norske skriftmålet - nynorsken - er under harde åtak. Staten overkøyrer mållova, og NRK har langt mindre nynorsk enn den firedelen dei er lovpålagde.
Eigarsamlinga i norske media svekkjer demokratiet. Særleg Schibsted og Orkla sin maktposisjon i medienoreg er eit trugsmål mot mangfald og fri meiningsbryting. Aviser og etermedia set mykje av dagsordenen for politisk kamp i Noreg, og RV vil motarbeida at makta over media vert samla på få hender, som i tillegg representerer snevre interesser.
RV går inn for:
16. Samferdslepolitikk
RV vil ha ei samferdsle som slit vesentleg mindre på miljøet enn i dag, og som er sosialt rettvis. Det vil seia at samfunnet må verta organisert for å gje mindre transport, og at naudsynt transport må gjerast meir energieffektiv. Arbeidsplassar og butikkar må leggjast der folk bur. Barnehage og skule må liggja i nærmiljøet. Gang/sykkeltrafikk må verta dominerande, ikkje matpakkekøyring. Utkantane må sikrast rimeleg og god transport.
Norsk samferdsle er i dag prega av ein ganske fri marknad, og sterk satsing på biltrafikk. Trass i at fagfolk veit at det er umogleg, prøver ein å byggja seg ut av køproblema i byane. Kollektivtrafikken får stadig dårlegare vilkår. Det er lite satsing på sykkeltrafikk og lokal miljøbetring. Finans- ,olje-, bil- og entreprenørkapitalen er godt tent med den norske samferdslepolitikken. Det globale miljøet, dei som bur langsmed vegane og dei som ikkje kan nytta bil, er taparane.
Å snu samferdslepolitikken i berekraftig retning krev bruk av fleire verkemiddel samstundes. Det må verta mindre lettvint og dyrare å nytta bil som individuelt transportmiddel.
Samstundes må det verta raskare og billegare å sykla og reisa kollektivt. Me må vera viljuge til å nytta verkemiddel som sett for seg råkar usosialt (t.d. prisauke), dersom den samla verknaden er miljøvenleg og sosial.
RV arbeider for:
17. Bra og rimelege bustader til alle
Retten til ein skikkeleg bustad er ein menneskerett. Målet til Raud Valallianse er å oppretthalda busetnad over heile landet, og at alle skal kunna bu godt og rimeleg. Dette krev ein offentleg bustadpolitikk som ikkje er styrt av marknadskreftene. Bustadproduksjonen må styrast mot ein betre standard og betre bustadfordeling for folk flest. Godt bumiljø, livslaupsstandard og betre bustadskvalitet må ha prioritet. Ein god bustad er meir enn den "individuelle bustaden" til den einskilde eller gruppa. Ein god bustad er ein del av eit godt bustadområde, der uteareal, areal og bygningar for fellesskap, organisering, rekreasjon og møteplassar er godt løyste. RV er for ein variert bustadmasse som gjer det mogleg med ulike buformer - for einslege, tradisjonelle familieeiningar, generasjonsbustader, fleirfamiliehus og ulike kollektive løysingar.
I dag er det bustadmangel - særskilt i byane. Mange er vorte gjeldsoffer sjølv om dei har ein bustad med vanleg standard. Hovudgrunnen til dette er liberaliseringa av den statlege og kommunale bustadpolitikken.
Sentraliseringspolitikken har ført til at ein treng fleire nye bustader i byane. Endringar i familiemønsteret gjer at ein treng fleire nye bustader. Eldre og funksjonshemma har i større grad fått høve til å verta buande i sitt eige bumiljø i staden for på institusjonar. Dermed treng ein fleire bustader. Etter den feilslåtte byfornyinga trengst det framleis mykje fornying av bustadmassen.
RV arbeider for:
18. Mot rusmisbruk og rusmiddelskader
Rusmidlar har gjennom hele menneskeretten historie blitt brukt til å undertrykkje folk. I Noreg er det mest brukte og mest aksepterte rusmiddelet alkohol. Det er under 100 år sida at mange arbeidarar i Noreg fikk utbetalt deler av Lønna si i sprit. I dag skjer det samme i deler av 3. verda. En arbeiderklasse som drikker for å komme bort frå problema sine, gjør ikkje opprør mot undertrykkinga som skaper problema. Avholdsrørsla i Noreg har hatt sterke band til arbeidarrørsla. Det var arbeidarrørsla som i sin tid slåss for å få innført spritforbodet. Rusmidlar er også i dag en viktig grunn til at folk i Noreg ikkje gjør opprør. I tillegg påfører denne rusmiddelbruken samfunnet og enkeltpersonar store problem. Utfrå denne argumentasjonen støtter RV en restriktiv alkoholpolitikk.
Fleirtalet av folk i Noreg avviser bruk av narkotika, men også her jobbar fleire pressgrupper for legalisering av hasj og andre "lettare" narkotiske stoffer. RV vil støtte arbeid mot all legalisering av narkotiske stoffer.
RV vil:
19. Redusert kriminalitet
Tradisjonell kriminalitet må reduserast ved å fjerna årsakene til den. Arbeidsløyse, mangel på utdanningsplassar, sentralisering, økonomiske og sosiale problem, spreiing av porno og annan kvinneundertrykkjande ideologi er viktige årsaker til kriminaliteten. RV arbeider for eit samfunn der desse årsakene er fjerna, og slåst i dag for å redusera dei så mykje som råd.
Førebyggjande arbeid er det viktigaste i kriminalpolitikken til Raud Valallianse. Ungdomsklubbar, musikkskular, idrettslag, motorklubbar og andre friviljuge føreiningar er viktige i førebyggjande arbeid. Difor arbeider RV for betre høve til slik aktivitet. RV er for å styrkja barnevernet og byggja ut utekontakten for å fanga opp og gje hjelp til barn og ungdom for dei får utvikla seg kriminelt.
Folk må arbeida for samhald, tette sosiale nettverk og gjensidig ansvar der dei jobbar og der dei bur. Dette er det beste middelet mot at menneske vert kriminelle av di dei føler seg utafor - eller ikkje føler nokon solidaritet med andre folk.
Det er bra når folk tører å bry seg på ein positiv måte når nokon har problem som kan driva dei ut i kriminalitet. Det er viktig å ta omsyn til rettskjensla hjå folk, og jobba mot at nokon skal ha føremon av å snyta eller utnytta andre. Særleg er det viktig å setja inn ressursar mot økonomiske kvitsnippsbrotsverk, organisert mafiaverksemd, dei store bakmennene i narkotikaomsetnaden og den illegale sprithandelen, mot miljøkriminalitet, valdtekt, incest, barne- og kvinnemishandling og grove valdsbrotsverk.
Rettsapparatet har eit klårt klassestempel. Kriminaliteten til borgarskapen med økonomisk svindel, farleg arbeidsmiljø, åtak på demokratiske rettar og trakassering av arbeidarar vert i dag berre i liten grad råka av lova. Og slike lovbrot vert ikkje prioriterte av politi og rettsvesen. Lovverket og politiet sitt arbeid er retta inn mot kriminaliteten frå "filleproletariatet" og den politiske og økonomiske kampen til arbeidarklassen og folket. RV er for å styrkja rettsforfylgjinga av borgarskapen sin kriminalitet..
Ein restriktiv kriminalpolitikk med sterk bruk av fengselsstraffer reduserer ikkje tradisjonell kriminalitet. Negativ læring inne i fengsla, vanskar med jobb, bustad, og nye vener etter lauslatinga sementerer kriminelle mønster. RV er for å byggja ut større grad av alternativ til fengsel, alternativ som kan hjelpa dei dømde til eit ikkje-kriminelt liv. Slike alternativ er t.d. behandlingsinstitusjonar for rusgiftmisbrukarar, arbeidstrenings- og opplæringsprosjekt kombinert med opne anstaltar og meldeplikt.
RV arbeider for å:
20. For homofil og lesbisk frigjering
RV meiner det er ein menneskerett å kunna leva som lesbisk eller homofil utan å verta forfylgd, mobba eller undertrykt på anna vis. Kjærleik til eige kjønn er ein del av det menneskelege mangfaldet. Lesber og homsar utfordrar det etablerte kjønnsrollemønstret, og har gjort sitt for å danna alternative samlivs- og buformer. Registrert partnerskap har sprengt rammene for den tradisjonelle kjernefamilien.
Trass i framgang i kampen for rettar, står fordommane mot lesber og homsar framleis sterkt mellom folk flest. For mange homsar og lesber fører dette til at dei vel å leva skjult, i frykt for å verta avslørte og utstøytte. Dette er eit stort helseproblem. Skule og arbeidsliv vil vera viktige arenaer for å spreia informasjon og kunnskap slik at homsar og lesber kan leva trygt og ope.
Dei lesbiske og homofile sine organisasjonar er den viktigaste krafta i kampen mot undertrykking og fordommar. RV stør dette arbeidet, og vil understreka kor naudsynt det er at heterofile aktivt medverkar til å forsvara homsar og lesber mot trakassering og diskriminering.
RV arbeider for:
21. For internasjonal solidaritet og frigjering
RV jobbar for ei verd fri for undertrykking og utbytting.
I dag kviler heile verdsordninga på undertrykking og utbytting av det store fleirtalet av folk i verda. Imperialismen si undertrykking og utbytting av den 3. verda er, saman med dei globale miljøproblema, det viktigaste politiske spørsmålet i vår tid. Dette er nærare analysert i prinsipprogrammet til RV.
På nokre få år har Noreg utvikla fleire multinasjonale selskap som investerer meir og meir i den 3. verda og dei tidlegare austblokklanda.
Gjennom media og reklameindustrien vert folk i utviklingslanda påverka til å definera livskvalitet og levestandard slik me gjer det i den rike delen av verda. Difor er det viktig at RV kjempar mot kulturimperialismen dei vestlege landa fører gjennom reklameindustrien og fjernsynsseriane.
I stør grad er norske investeringar i den 3. verda kamuflert som uhjelp gjennom blanda kredittar og parallellfinansiering. Dei er òg tilpassa politikken til Verdsbanken. RV vil avsløra denne typen imperialisme.
RV arbeider for:
22. Forsvars- og militærpolitikk
RVs militærpolitikk byggjer på forståinga av at ein ikkje får fred i verda for hovudårsaka til krig - imperialismen - er fjerna. Difor:
Mot imperialistiske militæralliansar
NATO-medlemskapen knyter Noreg til USAs militærstrategi. Dette styrkjer ikkje norsk sjølvstende, men tener som Stønad til dei økonomiske og militære ambisjonane til USA. EU har gjort til mål å gjera Vestunionen (VEU) til ein aktiv militær reiskap for seg. Det at Noreg er assosiert medlem i VEU, førsterkar den usjølvstendige rolla Noreg har hatt gjennom NATO-samarbeidet. Noreg vert fastare knytt til Tyskland og Frankrike, og vert samstundes medansvarleg for ein militærstrategi med brodd mot den 3. verda.
RV vil:
For eit sterkt, nasjonalt og uavhengig forsvar !
Som ein lekk i forsvaret av norsk sjølvråderett, er RV tilhengjarar av eit sterkt, nasjonalt og uavhengig forsvar som er grunna på konvensjonelle våpen. Ryggrada i dette forsvaret må vera vernepliktsordninga.
Den omlegginga av forsvaret som skjer no, fører til at stadig fleire element i vernepliktsordninga vert rivne sund. Dermed svekkjer ein høva for langvarig motstand, medan det vert lettare å setja inn norske styrkar i imperialistiske aksjonar eller mot grupper innetter i Noreg.
Den rådande doktrinen som føreset hjelp utanifrå, gjev eit einsidig skalforsvar - strukturert av flyplassene. I fall slik hjelp utanifrå ikkje skulle koma, vil heile det nåverande forsvarskonseptet bryta saman. Dette vil gjera det vanskeleg med eit forsvar over tid.
RV krev:
For demokratiske reformer
Militærapparatet utgjer den viktigaste delen av valdsapparatet til den borgarlege staten. Dette kjem til uttrykk ved at ei rekkje unntakslover gjeld for bruken av militære styrkar, krigsrett osv. Ikkje berre i krig, men "når krig truer" òg. Det syner seg gong på gong at militærapparatet, t.d. den militære overvakingstenesta, dreg seg unna t.o.m. tradisjonell parlamentarisk kontroll. Difor er det viktig å kjempa for demokratiske reformer av militærapparatet i fredstid:
Full rett til politisk verksemd:
- Avskaffing av helseplikt, blind lydnad og distinksjonar mellom vernepliktige. Reell medavgjersle for dei vernepliktige i den daglege drifta.
Styrk den sivile vernebuinga
- Sivil vernebuing skal fungera for folk i høve til ulukker og katastrofar både i freds- og krigstid. Den sivile vernebuinga i Noreg er katastrofalt dårleg. Utan ei utbygd sivil vernebuing vil det militære forsvaret falla saman av mangel på mat, drivstoff, materiell, reparasjons- og sjukehuskapasitet. Mangelen på sivilforsvarstiltak vil føra til store lidingar som kunne ha vore unngått.
RV arbeider for:
23. Forsvar og utvid dei demokratiske rettane
Eit demokratisk sosialistisk samfunn som RV slåst for, vil seia ei kraftig utviding av dei demokratiske rettane, og at folket reelt får makta i samfunnet. Under kapitalismen arbeider RV for å forsvara og utvida dei demokratiske rettane, og for å avsløra og kjempa mot korrupsjon, maktkonsentrasjon og maktmisbruk.
Folk i Noreg har viktige demokratiske rettar som tale-, prente- og organisasjonsfridom, og røysterett ved hemmelege val der ein kan velja mellom fleire parti. Også prinsippa i offentleglova, forvaltingslova, streikeretten og rettstryggleiken er grunnleggjande demokratiske rettar. Desse rettane er ikkje sjølvsagde i store deler av verda, og ein må slå ring rundt dei. Men rettane er avgrensa, utsett for innskrenkingar og ikkje like for alle klassar og grupper i folket.
Borgarskapen sit med makta og styrer samfunnet etter sine interesser, trass i demokratiske val. Arbeidsplassar og heile lokalsamfunn vert lagde ned, stikk i strid med folkeviljen. Då er det profittjakta og ikkje demokratiet som avgjer. Plyndringa av naturressursane og øydelegginga av livsgrunnlaget er eit anna døme som syner kor avgrensa demokratiet er under kapitalismen.
Høva til å nytta ytringsfridomen er ikkje lik for eigarane av Aftenposten og hjelpepleiaren. Kapital er avgjerande for å få høve til å spreia ytringane. Det gjeld alle typar media, organisasjonar og einskildpersonar. Retten til ytring er formelt lik for alle, men det er eit hav mellom dei høva ulike grupper har til å nytte ytringsfridomen.
De sterke avgrensingane i streikeretten er ei viktig innskrenking i dei demokratiske rettane. Streik er eitt av dei få sterke maktmidla arbeidsfolk har i dag, men gjennom lovverket og Stortinget sin praksis med tvungen lønsnemnd, er det få høve til lovleg streik. Difor er det naudsynt å trassa lovverket for å nytta den demokratiske retten streik er.
Den innvandrings- og asylpolitikken norske styresmakter fører, er ei sterk innskrenking av dei demokratiske rettane (sjå eige kapittel). Politiet sine aksjonar mot svarte for å kontrollera om dei har opphalds- og arbeidsløyve er, i tillegg til å vera eit grovt rasistisk overgrep, også eit trugsmål mot dei demokratiske rettane i heile samfunnet.
Leiinga i Arbeidarpartiet og politiet har samarbeidd om å overvaka opposisjonen i fagrørsla og den politiske venstresida. RV stør alt arbeid for å koma til botn i alle sidene ved denne overvakinga, og for å avsløra at overvakinga held fram.
Politiet sine brutale aksjonar mot demonstrantar og høge bøter for ulovlege demonstrasjonar er åtak på ytringsfridomen, og vil få alvorlege fylgjer om dei får halda fram.
Dei siste åra er det avslørt mykje snusk, korrupsjon og vanstyre i den offentlege forvaltinga og i det politiske systemet. Av di det har vore ei rådande oppfatning at slikt ikkje finst i Noreg, har korrupte politikarar og byråkratar hatt særskilt gode arbeidstilhøve. Når toppolitikarar og toppbyråkratar vert eit eige sosialt sjikt som lever i økonomisk overflod, åtskilt frå kvardagen åt folk flest, er grunnlaget lagt for at maktmisbruk og korrupsjon skal vaksa fritt.
Kommunelova frå 1994 har lagt grunnlaget for ytterlegare innskrenkingar i det lokale demokratiet. RV går mot reduksjon i talet kommune- og fylkestingsrepresentantar, og ynskjer at dei folkevalde organa skal vera mest mogleg representative. RV går mot at lokalpolitikken vert meir og meir dominert av eit sjikt heiltidspolitikarar, mot budsjettprosedyrer som hindrar interessegrupper i å engasjera seg - og mot rammelover utan minstekrav og -rettar. RV er for at dei valde representantane får gode arbeidstilhøve og fri frå jobb når det er naudsynt, med dekking av tapt arbeidsforteneste. Dette vil seia mykje for småbarnsføreldra, særleg kvinnene. RV trur òg at dette vil kunna motverka utviklinga i retning av heildagspolitikaren, og motverka politikarflukta.
Det viktigaste åtaket på demokratiet i Noreg er forsøket på å få Noreg inn i EU. Ein full EU-medlemskap vil seia å selja norsk sjølvråderett, og å gje frå norske folkevalde organ høvet til å fatte avgjerder på vesentlege område. Gjennom å vedta EØS-avtalen gjørde Stortinget eit politisk kupp. Dette er eit læredøme på det udemokratiske styret til borgarskapen.
RV arbeider for:
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 1736. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.