Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2025 · nynorsk

Høgres stortingsvalprogram 2025 - 2029

Høyre · 35 182 ord

2025 - 2029

HØGRES

STORTINGS-

VALPROGRAM

Høgres stortingsvalprogram

Det er usikre tider i verda. Tryggleiken vår og dei grunnleggjande verdiane våre er under press. Noreg og Europa må ta eit større ansvar for vår eiga sikkerheit og framtid.

Samtidig står vi overfor store, langsiktige utfordringar vi må løyse for at Noreg skal vere eit godt land å bu i for barna og barnebarna våre. Færre unge skal framover bere fleire eldre, og økonomien vår blir trongare.

I møte med dette treng Noreg ei ny regjering, med handlekraft til å ta dei rette vala i dag, samtidig som vi byggjer landet vårt sterkare for i morgon.

Det er tid for å prioritere det viktigaste først. Høgre vel løysingar framfor slagord. Løysingar som styrkjer forsvarsevna vår, som løftar verdiskapinga og økonomien, som gir sjuke raskare behandling, og som gjer at barna våre lærer meir på skulen.

Høgre vil la folk og bedrifter få utfalde seg, og vi vil ta tak i dei utfordringane som står i vegen for å lykkast. For vi trur det er summen av alle gode krefter i samfunnet, og vår felles innsats i dag, som avgjer kva for eit Noreg vi får i morgon.

I ei farlegare verd må vi ruste oss for å stå imot trugsmål frå autoritære regime. Difor vil Høgre ha eit massivt løft for Forsvaret. Vi må bli sterkare, raskare og betre førebudde for å kunne verne oss sjølve og våre allierte. Vi må produsere meir våpen og ammunisjon i samarbeid med Europa. Samtidig må vi få bukt med den aukande kriminaliteten her heime. Høgre vil byggje eit moderne politi og rettsvesen som kan førebyggje betre, avdekkje meir og gi strengare straffer.

Opprusting er dyrt og kjem til å krevje mykje av oss. Skal vi bli sterkare, må vi løfte verdiskapinga og økonomien. Det er no vi legg grunnlaget for kva Noreg skal leve av i morgon. Når bedrifter veks, tilset folk og tener pengar, skaper dei større verdiar til fellesskapen. Difor vil vi gjere Noreg til eit av dei beste landa i verda å starte og drive bedrift i. Høgre vil senke skattar, forenkle byråkrati og få opp føreseielegheita. Skattane skal bli betydeleg lågare for alle. Vi vil at du skal få behalde meir av det du tener. For det skal løne seg å jobbe og å gjere ein ekstra innsats.

Samtidig som vi byggjer landet vårt sterkare for framtida, må vi løyse dei største og viktigaste utfordringane for folk her og no. For mange nordmenn står i helsekø. Mange får livet sett på vent og blir lenge borte frå jobb. Høgre vil styrkje dei offentlege sjukehusa og ta i bruk meir ledig kapasitet hos private for å få ned ventetidene. Pakkeforløp for kreft har vore ein suksess, og vi vil utvide dette til fleire sjukdommar. Vi vil også innføre fritt behandlingsval og gjere meir for alle som slit psykisk og med rusavhengigheit.

Ein god skule førebur barna våre på både arbeidslivet og vaksenlivet. Her blir grunnlaget lagt for eit godt liv for den enkelte og for velferdssamfunnet i framtida. I dag går over 15 000 unge ut av skulen kvart år utan å kunne lese skikkeleg. Høgre vil at skulen skal sjå den enkelte og erkjenne at barn lærer ulikt. Elevar som slit, må fangast opp tidleg og få oppfølging. Fagleg sterke må få utfalde seg. Vi vil gjenreise respekten for læraren. Læraren skal få meir tid til å vere lærar, og disiplinen må tilbake i klasserommet.

Det er tid for å prioritere det viktigaste først. Høgre vel løysingar framfor slagord.

Innhold

Høgres stortingsvalprogram

Meir samarbeid og eit sterkare forsvar Utanriks, handel og samarbeid Ukraina Forsvar og sikkerheit Nordområda Utviklingspolitikk

Ein tryggare kvardag Politi og påtalemakt Domstolar Straff og samfunnsvern Kriminalomsorg Ungdoms- og gjengkriminalitet Vald i nære relasjonar Hatkriminalitet og ekstremisme

Førebudd når krisen kjem

Eit kunnskapssamfunn som gir moglegheiter for alle Barnehage Grunnskule Vidaregåande opplæring Fag- og yrkesopplæring Lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar Universitet og høgskular Forsking og utvikling Fagskular – høgare yrkesfagleg utdanning Studentvelferd Lære heile livet

Trygg økonomisk styring Skatt og avgift

Verdiskapande næringsliv Data- og teknologidrive næringsliv Reiseliv Mineral i fjellet og på havbotnen Havbaserte næringar Landbruk, mat og dyrevelferd Berekraftig skogbruk

Vegen til lågutsleppssamfunnet Energi for framtida Lågare utslepp, høgare verdiskaping Grøn transport Frå lineær til sirkulær økonomi På lag med naturen Pasienten si helseteneste Førebygging og folkehelse Sjukehus og spesialisthelsetenester Fagleg sterk helseteneste Leve heile livet med god eldreomsorg Psykisk helse Rusomsorg Kvinnehelse Helsenæring og legemiddel Bioteknologi

Eit inkluderande arbeidsliv Eit trygt og fleksibelt arbeidsliv Inkluderande arbeidsliv Sjukefråvær Arbeidslivskriminalitet Pensjon og aldersgrenser Arbeidsinnvandring

Samferdsel som bind landet saman Veg Jernbane Kyst og hamn Luftfart Kollektivtransport og byområda

Sterke familiar og trygg oppvekst Barnevern Likestilling

På lag med forbrukaren

Kultur som berikar Norsk kulturarv og språk Medium og ytringsfridom Tru og livssyn Urfolk og nasjonale minoritetar

Idrett, frivilligheit og friluftsliv

Innvandring og integrering Asyl- og flyktningpolitikk Statsborgarskap og permanent opphald Integrering Negativ sosial kontroll og æreskriminalitet

Ein effektiv og brukarorientert offentleg sektor Digitalisering

Levande lokalsamfunn i heile landet Byar Distrikt

Bustad og utbygging

Val og demokrati

Meir samarbeid og eit sterkare forsvar

Verda har blitt ein farlegare stad dei siste åra. Russlands brutale angrepskrig mot Ukraina har kraftig forverra den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa. Spenninga aukar også andre stader i verda. Tiår med demokratisk framgang er snudd til tilbakegang. Autoritære regime finn saman i nye interessefellesskapar som utfordrar sikkerheita til Noreg og våre allierte. Nye digitale og hybride trugsmål utgjer alvorlege sikkerheitsutfordringar i gråsona mellom krig og fred.

Noreg er eit lite land med ein open økonomi. Den regelstyrte verdsordenen som har eksistert etter andre verdskrigen, har tent oss godt. Felles spelereglar for internasjonal handel er avgjerande for at vi kan ha ein stor marknad for eksportprodukta våre og ein føreseieleg marknad for import av varer vi treng. Forpliktande samarbeid er grunnlaget for ei utvikling i verda der ulikskap i og mellom land blir mindre, der migrasjonspresset på Europa blir redusert, og der vi lykkast med felles innsats for å hindre farlege klimaendringar. Internasjonale normer, spelereglar og institusjonar er under betydeleg press. Dimed er også norske interesser under press.

Utanriks, handel og samarbeid

Høgre vil forsterke Noregs alliansar og jobbe for ein regelstyrt verdsorden. Forsvaret vårt kviler på den nasjonale forsvarsevna vår, på NATO og på bilaterale avtalar med våre allierte. NATO er berebjelken i norsk forsvars- og sikkerheitspolitikk. Noreg må bidra meir i alliansane sine enn i dag. Samarbeidet vårt med EU må forsterkast, særleg innanfor beredskap. Høgre vil halde fram med å utvikle samarbeidet med Noregs næraste allierte i EU og NATO.

EU forsterkar samarbeidet på stadig fleire område, som helseberedskap, forsvar og sikkerheit. Dette er område som ikkje er omfatta av EØS-avtalen, men det er i Noregs interesse å delta også her. Det er i vår interesse å kome inn så tidleg som mogleg i dei politiske prosessane som gjeld oss. Dagens vente-og-sjå-politikk må erstattast av ein effektiv europapolitikk der vi får større gjennomslag for norske interesser. Høgre meiner norsk velferd, sikkerheit og konkurransekraft blir betre om Noreg blir fullverdig medlem av EU.

Høgre er prinsipielt for ein mest mogleg fri og rettferdig handel og ønskjer å utvide Noregs handelssamband. Handelen må innrettast slik at han minimerer avhengigheiter og risikoar knytte til land vi ikkje har sikkerheitspolitisk samarbeid med. Høgre vil redusere sårbarheita som kan oppstå knytt til handel med andre land, samtidig som vi vil sikre store og attraktive marknader for bedriftene våre.

• vareta Noregs posisjon som ein

aktiv og truverdig NATO-alliert ved å styrkje vårt eige forsvar i betydeleg grad og styrkje evna vår til å bidra i det kollektive forsvaret av NATO

• arbeide for norsk EU-medlemskap, føre

ein effektiv europapolitikk, fordjupe sikkerheits- og forsvarssamarbeidet med EU og forsvare EØS-avtalen

• arbeide for nødvendige reformer av

FN og WTO for å sikre effektivitet og legitimitet i dei viktigaste internasjonale organa

• vere ein pådrivar for frihandel og

inngåing av handelsavtalar med tredjeland, under dette utviklingsland

• arbeide for at menneskerettane blir

respekterte i alle land, med særleg vekt på utsette minoritetar

• bidra til at rettane til LHBT+-

personar blir varetekne og inkluderte i internasjonale menneskerettar og berekraftsmål

• arbeide for ein meir sameint europeisk

sikkerheitspolitikk, i tett samarbeid

med USA, der Europa gjer seg meir strategisk og politisk uavhengig av land som utgjer ein sikkerheitspolitisk risiko

• prioritere dei menneskelege

og økonomiske ressursane i utanrikstenesta slik at dei best mogleg varetek norske interesser

• støtte land som risikerer å bli

offer for russisk aggresjon og påverknadsaktivitet

• avgrense kva aktivitet Russland

får lov til å drive i norske farvatn

• halde norsk samarbeid med Russland

på eit minimum og forme ut ein russlandspolitikk for ein varig endra sikkerheitspolitisk situasjon

• unngå å gjere oss einsidig

avhengige av viktige verdikjeder og varer frå land vi ikkje har sikkerheitspolitisk samarbeid med

• at Noreg skal samarbeide tett med EU

om tiltak som hindrar statar i å bruke handel og investeringar til å truge dei sikkerheitspolitiske interessene våre

• kontrollere utanlandske

direkteinvesteringar, slik at ikkje aktørar som kan utgjere ein sikkerheitspolitisk risiko for Noreg, gjennom investeringar kan utøve politisk press eller gjere strategiske oppkjøp til skade for norsk sikkerheit

• at meldeplikt for utanlandsk eigarskap

skal følgje like strenge reglar som i EU

• at Noreg skal jobbe saman med

EU om å innføre strengare reglar for kva selskap frå land Noreg ikkje har sikkerheitspolitisk samarbeid med, kan eige i Noreg og i Europa

• aktive motverke negativ innverknad

frå framande statar mellom anna gjennom styrking av nasjonal lovgiving og samarbeid med våre allierte

• arbeide for sterkare internasjonalt

samarbeid for gjensidig kjernefysisk nedrusting og mot spreiing av atomvåpen og andre masseøydeleggingsvåpen

• leggje til grunn ei tostatsløysing

mellom Israel og Palestina som langsiktig mål for Midtaustenpolitikken, i tråd med folkeretten og resolusjonar frå Tryggingsrådet

Ukraina

Høgre står saman med Ukraina i kampen for fridom og støttar det norske Nansen-programmet for å hjelpe Ukraina. Europa er ikkje trygt før krigen er avslutta og eit fritt og sjølvstendig Ukraina har starta gjenoppbygginga si. Behova for både bistand og private investeringar vil auke betydeleg. Noreg må støtte gjenoppbygginga av Ukraina, både sivilt og militært.

• auke den økonomiske støtta

til Ukraina betydeleg

• gi betydeleg våpenstøtte til Ukrainas

fridomskamp, under dette støtte til produksjon av våpen og ammunisjon i regi av ukrainsk forsvarsindustri

• støtte den sivile forsvarskampen, til

dømes ved å styrkje energisystemet, kritisk infrastruktur og helsetenesta og dessutan minerydding og støtte til privat sektor

• støtte gjenoppbygging av Ukraina,

mellom anna ved å ta initiativ til eit gjenreisingsfond der vi også inviterer andre land til å vere med

• støtte ein prosess for ukrainsk

NATO-medlemskap

• auke samarbeidet med Ukraina

der det er relevant, og bidra til at norsk næringsliv investerer der

• trappe opp støtta til rehabilitering

av krigsskadde frå Ukraina

Forsvar og sikkerheit

Forsvaret av Noreg er den fremste oppgåva staten har. Forsvaret skal bli sterkare, raskare og betre førebudd. Høgre vil prioritere forsvar og sikkerheit over andre politiske mål. Dette er nødvendig for å vareta nasjonal sikkerheit, verne suvereniteten vår, sikre Noregs handlefridom og halde oppe stabilitet i ei uføreseieleg verd. Eit sterkt forsvar bidreg til å skremme potensielle fiendar, tydeleggjer posisjonen vår som ein truverdig NATO-alliert og gir tryggleik for innbyggjarane. I svært urolege tider med konfliktar fleire stader i verda står Noreg no overfor den største sikkerheitspolitiske utfordringa sidan andre verdskrigen.

Høgre vil gjennomføre ei kraftig styrking av forsvarsevna og -viljen på både kort, mellomlang og lang sikt. Den breie, tverrpolitiske semja om langtidsplanen for forsvarssektoren (LTP) skal liggje til grunn, men den sikkerheitspolitiske situasjonen krev at ambisjonane i planen blir framskunda og utvida.

Høgre vil sikre god styring av investeringane i forsvarssektoren og sørgje for at personell med rett kompetanse blir rekruttert til, og blir verande i, Forsvaret. Vegvala våre må også sjåast i samanheng med Finlands og Sveriges innsteg i NATO.

• styrkje Forsvaret i tråd med

forliket om langtidsplanen for forsvarssektoren (LTP), under dette

o skaffe nye fregattar, ubåtar og andre fartøy til Sjøforsvaret

o styrkje kampkrafta i Hæren og Heimevernet, mellom anna med fleire soldatar og kampvogner, langtrekkande presisjonseld, luftvern, dronar og helikopter

o styrkje luftvernet betydeleg, mellom anna med langtrekkande luftvern, og vurdere behovet for langtrekkande luftvern knytt til fleire geografiske område i Noreg

• utvide og framskunde ambisjonane

i LTP, mellom anna ved å auke finansieringa og trappe opp øvings- og treningsaktiviteten i heile Forsvaret

• framskunde arbeidet med ein

ny dronestrategi og sørgje for at teknologiske og operative erfaringar frå krigen i Ukraina blir tekne med i utviklinga av Forsvaret

• gjennomføre prosjekt og investeringar

i LTP som er klare til implementering

• styrkje beredskapen og aktiviteten

og dessutan auke behaldningane av ammunisjon og materiell

• betre overvakinga, nærværet og

kontrollen i nærområda våre

• styrkje forsvarsviljen i befolkninga,

gjennom mellom anna å kalle inn fleire vernepliktige til førstegongsteneste i tråd med LTP, modernisere totalforsvarskonseptet og auke evna til å utnytte frivillige bidrag til Forsvaret

• utnytte moglegheitene svensk og

finsk medlemskap i NATO gir for tettare forsvarssamarbeid i Norden

• vareta sikkerheita vår, forsvaret av

Noreg og allianseforpliktingane våre gjennom praktiseringa av retningslinjene for militær aktivitet og militært nærvær. Norden er no eitt samanhengande operasjonsområde

• styrkje den nasjonale forsvarsindustrien

vår og delta i europeisk samarbeid om forsvarsindustri

• auke produksjonskapasiteten for

våpen, ammunisjon og anna strategisk viktig materiell i Noreg og sikre forsvarsindustrien tilgang på kraft

• auke samarbeidet mellom norsk

og ukrainsk forsvarsindustri

• oppgradere viktig

samferdselsinfrastruktur for Forsvarets logistikk, særleg strekningar aktualiserte gjennom svensk og finsk medlemskap i NATO

• styrkje opplæringa om

Forsvarets samfunnsoppdrag og totalforsvarskonseptet i den vidaregåande opplæringa

• at alle nye årskull med vernepliktige,

som ikkje avtener førstegongsteneste, på sikt skal gå gjennom eit kort grunnkurs i militær motstand

• tilby kurs i militær motstand for

sivilbefolkninga som eit frivillig tilbod, med vekt på grunnleggjande ferdigheiter og overleving

• leggje til rette for fleire sivile

arbeidsplassar i nærleiken av der Forsvaret er lokalisert

• fornye personellpolitikken til

forsvarssektoren for å rekruttere og behalde kompetansen sektoren treng

• styrkje karriere- og

utviklingsmoglegheitene i Forsvaret, med mål om at fleire blir verande lenger

• leggje til rette for at partane kan

forhandle fram løysingar som gjer at ein større del av inntekta til personellet blir pensjonsgivande

• oppheve fråtredingsplikta ved oppnådd

særaldersgrense i Forsvaret

• ha nulltoleranse for mobbing og

seksuell trakassering i Forsvaret

• leggje til rette for at Forsvaret kan

samarbeide meir med sivil sektor og næringslivet i gjennomføringa av LTP

• at norske små og mellomstore bedrifter

får høve til å delta i gjenkjøpsprogram

• vareta veteranane frå internasjonale

operasjonar og sørgje for at veteranane og deira nærståande får ei god og heilskapleg oppfølging

• styrkje forskinga på

levekåra til veteranar

Nordområda

Nordområda er Noregs viktigaste sikkerheitspolitiske region og strategiske ansvarsområde. Sikkerheitspolitikken skal byggje på avskrekking og nedroing. Tidsskiftet i europeisk sikkerheitspolitikk betyr tyngre nasjonalt militært nærvær i nord, meir alliert trening og øving i nordområda, oppbygging av forsvarsevne og tettare samarbeid med Sverige og Finland. Det nordiske forsvarssamarbeidet, basert på NATO-medlemskap, betyr tettare samarbeid om logistikk som har både militær og sivil betydning.

Nord-Noreg er viktig for sikkerheita til Europa. I regionen finst det store ressursar som kan bidra til å gjere europeisk industri mindre avhengig av import av strategisk viktige råstoff. Det er i Noregs, EUs og NATOs interesse at nordområda er ein nærings- og folkerik region. Kapital, kraft og kompetanse vil vere viktige satsingsområde.

Dei særskilde tiltaka i Nord-Troms og Finnmark (tiltakssona) gir ikkje lenger tilstrekkelege resultat når det gjeld å halde oppe busetjinga. Den auka sikkerheitspolitiske betydninga av Nord-Noreg og dei auka investeringane som følgje av opprusting av forsvar og infrastruktur, kombinert med auka behov for naturressursar, gir store moglegheiter for framtidig vekst. Høgre vil prioritere kunnskapsbaserte initiativ og tiltak som styrkjer innsatsen for å halde oppe, og helst auke, befolkninga i Nord-Noreg. Dei person- og bedriftsretta tiltaka i Nord-Troms og Finnmark skal vurderast innanfor rammene av dagens tiltakssone, under dette skal det vurderast om lågare personskatt kan vere meir verknadsfullt.

• byggje ut infrastruktur i Nord-Noreg

som både støttar opp under ei auka forsvarssatsing og legg til rette for utvikling av næringsliv

• styrkje etterretnings- og

overvakingskapasitetar i nordområda, inkludert tiltak for å motverke informasjonsoperasjonar som kan undergrave nasjonal sikkerheit

• jobbe for at både norske, europeiske

og amerikanske aktørar skal ønskje å investere meir i nordområda

• vurdere innretninga av dei særskilde

tiltaka i Nord-Troms og Finnmark (tiltakssona) for å få betre resultat for tilflytting og auka verdiskaping

• leggje til rette for næringar med

naturgitte fortrinn i nordområda, som romindustri, energi, havbruk og fiske, reiseliv, prosessindustri og mineral

• bidra til utvikling av arbeidsplassar

knytte til kraft og industri i Nord-Noreg, basert på erfaringane frå Nord-Sverige, der samarbeid mellom lokale og sentrale myndigheiter og næringsliv har bidrege til befolkningsauke

• forske meir på klima- og

naturendringane i arktiske strøk

• forsterke grensekontrollen

mot Russland og vurdere om det er behov for betre fysisk sikring av delar av grensa

• styrkje beredskap og overvaking

av Barentshavet og vareta norske interesser i samband med aktivitet knytt til Den nordlege sjøruta

• styrkje norsk nærvær på Svalbard

gjennom eit attraktivt og robust familiesamfunn i Longyearbyen og dessutan vareta norsk suverenitet gjennom tydeleg myndigheitsutøving og statleg ansvar for kritisk infrastruktur

Utviklingspolitikk

Høgre vil innrette bistanden slik at han oppnår størst mogleg effekt og bidreg til systemendring i landa vi engasjerer oss i. Talet på mottakarland bør avgrensast, og bistanden må ha mest mogleg geografisk og tematisk konsentrasjon. Digitalisering og ny teknologi kan bidra til meir kostnadseffektiv bistand og humanitær bistand som når ut til fleire, med større effekt.

Noreg har eit internasjonalt ansvar for, og ei betydeleg eigeninteresse i, at dei fattige landa i verda oppnår ei meir berekraftig utvikling enn i dag. Fattigdom, svolt, klimaendringar, svakt styresett og manglande tilgang til arbeidsplassar, energi, utdanning og helsetenester er viktige årsaker til krig, konflikt og migrasjon. Ei fredelegare verd med mindre fattigdom og meir samarbeid gir mindre internasjonal spenning og uro. Det er i Noregs interesse at ulikskapane i og mellom land blir reduserte.

Krisane i verda blir djupare, meir brutale og meir langvarige. Difor må den humanitære bistanden aukast og sjåast tydelegare i samanheng med utviklingspolitikken. Høgre vil leggje vekt på langsiktig bistand som gjer at enkeltmenneske, familiar og land kan klare seg sjølve på sikt. Vi vil bidra til at det blir skapt demokratiske samfunn der toleranse og fridom er berande verdiar. Vi vil føre vidare satsinga på utdanning og kapasitetsbygging i offentleg sektor i utviklingsland, spesielt innanfor skatt og handel. Utviklingsland må få tilgang til privat kapital for å gjere investeringar som er nødvendige for å jobbe seg ut av fattigdom.

Bistand åleine vil aldri vere tilstrekkeleg for at eit land skal kunne oppnå berekraftig utvikling. Bistandsprosjekt som bidreg til å mobilisere privat kapital og ressursar frå landa sjølve, må difor prioriterast. Risikoavlasting for privat kapital gjennom garantiordningar og Norfund må prioriterast høgare enn i dag. Høgre vil støtte opp under multilateralt samarbeid ved at Noreg tek ei aktiv rolle i dei organisasjonane og utviklingsbankane vi deltek i.

• gjennomføre ein kritisk gjennomgang av

norske bistandsmidlar for å sikre meir kostnadseffektive og målbare resultat og for å redusere korrupsjonsrisiko

• styrkje satsinga på kunnskap i

forvaltninga og sørgje for meir openheit om bruk og resultat av bistanden

• konsentrere bistanden om heilskapleg

innsats i prioriterte land og investere meir i globale fellesgode som klima, pandemiberedskap og sikkerheit

• at Noreg skal vere ein pådrivar

for likestilling og kvinners rettar internasjonalt, inkludert seksuell og reproduktiv helse og rettar

• ha eit langsiktig perspektiv

på norsk bistand og prioritere utdanning, global helse, næringsutvikling, kapasitetsbygging og multilateralt samarbeid

• at norsk bistand skal bidra til nasjonal

ressursmobilisering og auka politisk vilje til endring i mottakarlanda

• arbeide for auka handel mellom

Noreg og dei fattige landa i verda og dessutan mellom fattige land

• leggje til rette for betydeleg auke i

private investeringar i utviklingsland gjennom mellom anna garantiordningar og auka kapitaltilførsel til Norfund

Ein tryggare kvardag

Tryggleiken vår er truga av kriminalitet i Noreg og av utanlandske kriminelle nettverk. Den viktigaste oppgåva staten har i eit samfunn, er å gi innbyggjarane tryggleik. Grensekryssande organisert kriminalitet er eit av dei store trugsmåla mot landet vårt. Eit nærverande politi og sikkerheitsteneste, synlege tollarar ved grensene og ein betre grensekontroll, ein rettssikker saksgang i domstolane og ei kriminalomsorg som bidreg til å redusere gjentaking, er viktig for sikkerheita til innbyggjarane. Gjennom ein god oppvekst og ved å motverke utanforskap førebyggjer vi kriminalitet.

Politi og påtalemakt

Politiet skal vere til stades der det er behov – i heile landet og på nett. Politiet skal vere lett å nå og yte god og effektiv service. Hovudstrategien til politiet er førebygging, og Høgre vil styrkje det førebyggjande arbeidet til politiet.

Kriminalitetsbiletet blir meir samansett, og profesjonelle kriminelle aktørar får større fotfeste i Noreg. Både enkeltmenneske og bedrifter blir utsette for kyniske kriminelle som utnyttar sikkerheitshol og tilliten folk har til andre. Svindel mot offentlege velferdsgode blir stadig vanlegare og er eit trugsmål mot samfunnsmodellen vår. Aukande ungdomskriminalitet og gjengar som utnyttar unge, utfordrar det tradisjonelle politiarbeidet, fordi lovbrytaren er ung og iblant under den kriminelle lågalderen. For å handtere det nye kriminalitetsbiletet må kapasiteten i politiet opp, samtidig som ressursane må brukast meir effektivt enn i dag. Høgres mål er eit politi med ressursar og omstillingsevne til å få bukt med den aukande kreativiteten hos kriminelle. Samtidig må verktøykassa til politiet og domstolane oppdaterast, slik at dei kan ramme dei kriminelle mest mogleg effektivt.

• at politiet skal ha god bemanning

og synleg nærvær i heile landet, og nå målet om 2 politifolk per 1000 innbyggjarar

• styrkje det førebyggjande

arbeidet til politiet og prioritere tilstrekkelege politiressursar i kriminalitetsutsette område

• styrkje politiarbeidet mot nettbasert

kriminalitet som svindel, trugsmål og seksuelle overgrep mot barn

• hinder at Noreg blir eit transittland for

narkotika, mellom anna ved å forsterke tollkontrollen

• styrkje kapasiteten i påtalemakta

• auke etterforskingskapasiteten og

vurdere ei separat etterforskarutdanning som eit tillegg til dagens, for å forbetre etterforskingskompetansen og sørgje for at fleire sivile kan bidra til etterforskingsarbeid, mellom anna økonomar og teknologar

• vurdere ei ordning der tilsette

med til dømes økonomi- eller teknologikompetanse raskt kan tileigne seg politimyndigheit, etter modell frå Sverige

• inndra meir kriminelt utbytte, mellom

anna gjennom å sørgje for eigne inndragingsteam i politidistrikta

• innføre generell væpning av politiet

• vurdere korleis fleire av oppgåvene til

politiet kan løysast av andre enn politiet

• ta i bruk alternative turnusordningar der

det kan auke beredskapen, når det er lokal semje om det

• sørgje for meir føreseielege rammer

for drift av og investeringar i politiet gjennom ein langtidsplan for politiet

• at statlege uniformerte representantar

i politiet og domstolane skal framstå nøytrale utan bruk av religiøse og politiske symbol

• sikre betre identitetsskjerming

for polititilsette

• greie ut bruk av kroppskamera i politiet

• at politiet framleis skal jobbe for,

og ha heimlar til, å avdekkje bruk, innehav og sal av narkotika. Dei som blir tekne for eige bruk, skal visast til obligatorisk kommunalt hjelpetilbod

• at politi, bankar, skattemyndigheiter

og andre relevante aktørar skal kunne dele informasjon enklare ved mistanke om økonomisk kriminalitet

• setje ned eit politirolleutval for å få

ein fagleg gjennomgang av korleis politiet best mogleg kan setjast i stand til å handtere dagens og morgondagens kriminalitet

Domstolar

Domstolane og rettsvesenet er ein grunnleggjande føresetnad for ein velfungerande rettsstat. Domstolane må ha tilgang på kompetanse, lokale og teknologi som gjer det mogleg med ein rask og rettssikker saksgang. Saker som kjem til domstolen i dag, er meir kompliserte enn tidlegare. Det kan kome av at dei er meir omfattande, omhandlar organisert kriminalitet eller er meir kompliserte tvistesaker. Høgre ønskjer å halde fram moderniseringa av domstolane.

• auke kapasiteten ved domstolane for

å handtere auka saksmengd, både i sivile og i strafferettslege saker, og korte ned tida mellom lovbrot og eventuell varetektsfengsling, domfelling og soning i straffesaker

• sikre gode ordningar for fri rettshjelp

• sørgje for lyd- og biletbruk i alle

rettssalar, slik at saksgang og vitneprov blir dokumentert og kan brukast i ei eventuell ankesak eller i gjenopptakingssaker

• vidareutvikle hurtigspor for

ungdomskriminelle og gjere det til ei nasjonal ordning

• oppheve aldersgrensa for lekfolk

i forliksrådet og meddommarar i tingretten og lagmannsretten

Straff og samfunnsvern

Høgre meiner at eit godt straffesystem skal bidra til god rehabilitering av dei som gjer seg skuldige i kriminalitet, samtidig som det skal ha ein preventiv effekt og samsvare med alvoret i den kriminelle handlinga og den allmenne rettskjensla.

Kriminelle nettverk bruker stadig nye metodar. Grov vald, trugsmål, bedrageri og kvitvasking er blant forretningsmodellane i dei kriminelle nettverka. Ny teknologi og ein streng æres- og fryktkultur kan gjere det krevjande for politiet å få dømt personar som er tilknytte kriminelle nettverk. Det er difor nødvendig med fleire verktøy for å sikre at politiet kan etterforske og få dømt gjerningspersonar i kriminelle nettverk.

Rettssamfunnet vårt blir stilt overfor særlege utfordringar når personar med alvorlege psykiske lidingar gjer seg skuldige i kriminalitet. Høgre meiner samfunnsvern må vektleggjast sterkare, og vil vurdere ein ny særreaksjon og soningstilbod for slike saker. For å førebyggje vil Høgre forbetre det psykiske helsetilbodet.

• auke straffa når fleire straffbare

handlingar blir gjorde samtidig

• auke straffene for tvang og vald av

særleg audmjukande karakter

• auke strafferamma for ulovleg

våpeninnehav og bering av våpen på offentleg stad

• skjerpe straffene for å bruke

mindreårige i kriminelle handlingar

• sørgje for at barn under den kriminelle

lågalderen møter konsekvensar og oppfølging ved gjenteken eller alvorleg kriminalitet

• heve strafferammene for æresrelatert

kriminalitet, til dømes tvangsekteskap, og styrkje verkemidla politiet har til å etterforske slike saker

• fjerne moglegheita for prøvelauslating

for personar som har gjort særleg krenkjande kriminalitet mot personar og alvorleg kriminalitet mot grunnleggjande nasjonale interesser

• heve straffa for seksuelle overgrep

og all kontakt med, og framstilling av, overgrepsmateriale

• fjerne foreldingsfristen for

fleire straffbare handlingar, til dømes seksuelle overgrep mot barn og grov vald

• innføre ei plikt for norske

tenesteleverandørar til å varsle politiet dersom dei oppdagar at tenestene deira blir brukte til å spreie eller oppbevare overgrepsmateriale

• gi dommarane større handlingsrom i

straffeutmålinga ved å både redusere minstestraffer og auke maksstraffene

• leggje endå større vekt på

samfunnsvernet i saker der utilreknelege utgjer ein særskild valdsrisiko

• avklare ansvarsfordelinga

mellom sektorane i saker med kombinasjonen kriminalitet og behov for psykisk helsehjelp

• gjennomføre endringar i reglane

for forvaring og skjerpe vilkåra for prøvelauslating for personar som er dømde til forvaring, for å betre vareta samfunnsvernet

• forbetre samarbeidet mellom politiet,

påtalemakta og helsetenesta rundt oppfølginga av personar dømde til tvungent psykisk helsevern, og sikre at politiet får beskjed når slike pasientar er ferdig behandla og blir lauslatne

• vurdere ein ny særreaksjon for

personar som er forvaringsdømde, men som på grunn av dårleg psykisk funksjonsevne vil ha permanent behov for grensesetjande omsorg, og vurdere andre former for soning og prøvelauslating, til dømes «sikkerheitsheim»

• inkludere vektarar som ei yrkesgruppe

med særleg vern mot trugsmål og vald i straffelova paragraf 265 og 286

Kriminalomsorg

Straffedømde som skal førast tilbake til samfunnet, må få god hjelp og oppfølging i påvente av, under og etter soning. Høgre vil sjå på bualternativ for psykisk sjuke innsette som fell mellom kriminalomsorga og psykisk helsevern. Dette vil minske belastninga på både kriminalomsorga og psykisk helsevern og gi dei aller sjukaste betre framtidsutsikter.

Innsette som skal tilbake til samfunnet, må få god oppfølging og eit tilbod om jobb eller utdanning. Høgre meiner at frivillige organisasjonar som arbeider med dette, må halde fram med å få god støtte. Samtidig vil vi leggje til rette for at private initiativ skal kunne rekruttere fleire innsette til arbeidslivet.

• endre organiseringa av kriminalomsorga

slik at vi får færre administrative nivå og eit likare soningstilbod over heile landet

• sikre kvinner i fengsel likeverdige

soningsforhold som menn

• at utanlandske innsette hovudsakleg

skal sone i heimlandet, ved å inngå fleire soningsoverføringsavtalar og meir aktivt bruke dei vi har

• redusere bruken av isolasjon og

fastsetje ei minstenorm for sosialt samvær for innsette i fengsel for å forhindre isolasjon

• utvide ungdomseiningane i

fengsla og skilje vaksne innsette og innsette under 18 år

• leggje til rette for meir samarbeid

med private og ideelle for å få innsette ut i arbeid etter soning

• styrkje det psykiske

helsetilbodet for innsette

• styrkje oppfølginga og ettervernet

av spesielt sårbare innsette

• sikre betre oppfølging av tidlegare

rusavhengige som slepp ut av fengsel

• gi offer og etterlatne rutinemessig

varsel når domfelte er ute på permisjon eller er lauslatne frå fengsel

Ungdoms- og gjengkriminalitet

Dei fleste ungdommar er lovlydige og gjer seg ikkje skuldige i kriminalitet. Likevel har ungdomskriminaliteten auka i både omfang og alvor. Høgre vil prioritere førebygging gjennom skule, familiestøtte, idrettslag, frivilligheit og andre arenaer og gjere det enkelt for ungdom å kome seg bort frå skråplanet.

Det er viktig å sikre at barn og unge ikkje blir rekrutterte inn i kriminelle miljø. Samtidig må kriminalitet blant unge gi ein rask og følbar reaksjon. Difor vil Høgre vidareutvikle hurtigspor i domstolane for unge lovbrytarar.

Gjengar og andre former for kriminelle nettverk bruker lojalitet, trugsmål og rekruttering av unge til å utøve kriminalitet utan at bakmenn blir stilte til ansvar. Nettverk med internasjonale forgreiningar skal ikkje få fotfeste i Noreg. Høgre vil arbeide systematisk med å råke ulike delar av den organiserte kriminaliteten gjennom nye tiltak som gjer den kriminelle livsførselen vanskelegare.

• sikre at utanlandske statsborgarar

som reiser til Noreg for å drive kriminell verksemd, blir utviste

• leggje til rette for moglegheita til

å vitne anonymt i saker der det er særleg relevant, med solide rettssikkerheitsgarantiar

• forbetre det tverrfaglege samarbeidet

mellom politiet og kommunane etter inspirasjon frå Danmark, under dette sikre at teieplikta ikkje er til hinder for samarbeid om unge som har brote lova eller er i risikosona for å bryte lova

• styrkje politiet sitt førebyggjande

arbeid og nærvær i særleg kriminalitetsutsette område

• forsterke det internasjonale

politisamarbeidet for å få bukt med etableringa av internasjonale gjengforgreiningar i Noreg

• utvide bruken av fotlenkje som straff

for unge som gjer seg skuldige i kriminalitet, og innføre moglegheit til å gi opphaldsforbod ved bruk av fotlenkje

• sikre rask, tett og koordinert oppfølging

frå det offentlege til gjengmedlemmer som er motiverte for å tre ut av den kriminelle løpebanen gjennom eigne, lokale exit-program, og ha tett oppfølging etter fullført soning

• innføre nye reglar for sivilrettsleg

inndraging av verdiar og etablere inndragingsteam, slik at verdigjenstandar som kan sporast tilbake til kriminelle handlingar, lettare kan inndragast

• sørgje for ein-til-ein-oppfølging av unge

i risikosona, såkalla mentorordningar

• etablere eit landsdekkjande

institusjonstilbod som kan ta vare på barn som utøver alvorleg eller gjenteken kriminalitet

• i større grad involvere, forplikte og

ansvarleggjere foreldre og setje inn hjelpetiltak i sårbare familiar

Vald i nære relasjonar

Utryggleik eller vald i heimen frå nærståande er noko av det vanskelegaste og mest integritetskrenkjande eit menneske kan oppleve. Reaksjonen frå samfunnet skal vere klar og tydeleg overfor den som utøver slik vald. Både kommunane og politiet har viktige oppgåver i arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og overgrep i nære relasjonar. Høgre ønskjer at alle kommunar skal ha ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar.

Mange offer for kriminalitet opplever utryggleik og dårlegare livskvalitet etter å ha blitt utsette for lovbrot. Offer for kriminalitet er ulike og reagerer ulikt på det dei opplever. Det viktigaste samfunnet kan gjere, er å sikre at politi og rettsapparat handterer ulike typar kriminalitet raskt og godt. Høgre vil styrkje stillinga til offera.

• styrkje arbeidet mot vald i nære

relasjonar gjennom betre samarbeid mellom politiet, helsevesenet og barnevernet, mellom anna gjennom RISK-samarbeidet

• sikre gode krisesentertilbod i heile

landet og styrkje kompetansen innanfor rusproblem og psykiske helseutfordringar

• vurdere å innføre moglegheit for å

sjekke om ein partnar er tidlegare dømd for vald i nære relasjonar eller seksuelle overgrep, etter modell frå «Clare’s Law» i Storbritannia, der politiet gjer grundige vurderingar av alvorsgrad og risiko for gjentaking før dei gir ut informasjon om tidlegare dommar

• sikre offera betre ved at

gjerningspersonen kan påleggjast å flytte frå nærområdet der offera bur

• sikre at politiet i heile Noreg har tilgang

på spesialkompetanse når det gjeld vald mot barn og vald i nære relasjonar

• forbetre informasjonsflyten

mellom ulike offentlege instansar for å avdekkje vald tidleg

• greie ut endringar i tvungent samvær

og tvungen mekling i saker med vald eller mistanke om vald

• endre vilkåra for bruk av evigvarande

kontaktforbod, slik at terskelen blir senka og omsynet til offer og pårørande i større grad blir vektlagt

• at personar dømde for mishandling

i nære relasjonar og andre alvorlege valdshandlingar som hovudregel skal påleggjast evigvarande kontaktforbod mot valdsoffer og relevante pårørande

• at omvende valdsalarmar

skal vere hovudregelen

Hatkriminalitet og ekstremisme

Høgre meiner framveksten av høgreekstremisme, antisemittisme og radikal islam er trugsmål mot demokratiet vårt. Kontakten mellom ekstremistar skjer digitalt og over landegrenser. Kamp mot ekstreme haldningar som fører til vald, må skje på fleire område og i eit tett samarbeid mellom det offentlege nasjonalt og lokalt, politiet, næringslivet og frivillige organisasjonar.

• styrkje kapasiteten politiet har til å

førebyggje og etterforske hatkriminalitet

• styrkje kampen mot rasisme og

diskriminering, mellom anna gjennom forsterka førebygging i skulen, gjennom politiet og i samarbeid med frivilligheita

• førebyggje radikalisering og

ekstremisme i særleg utsette miljø og under soning

• støtte forsking på alle former

for ekstremisme

• utarbeide ein nasjonal handlingsplan

mot hatkriminalitet i samarbeid med vedkomande grupper

• gå gjennom handhevinga av

regelverket om mobbing, trakassering og hatkriminalitet og vurdere behovet for ei eiga mobbelov

• sørgje for betre reintegrering

av ekstremistar gjennom forbetra, lokale exit-program

• støtte ideelle og frivillige organisasjonar

og sosiale entreprenørar som arbeider med å førebyggje og motverke rekruttering til kriminelle miljø og ekstreme grupperingar

• forbetre ordninga med

radikaliseringskontaktar i politiet

• sørgje for at teieplikt ikkje er til

hinder for deling av informasjon om personar som er utsette for å kunne bli radikaliserte, mellom ulike delar av det offentlege hjelpeapparatet

Førebudd når krisen kjem

God beredskap blir vist først når krisen inntreffer. Ein krise kan vere utløyst av enkeltpersonar eller nasjonalstatar sine handlingar eller som følgje av hendingar frå naturen si side. Trugsmål knytte til mellom anna digital sikkerheit, vass- og matforsyning og naturkatastrofar kan råke fleire sektorar i samfunnet samtidig. Difor er god samhandling nasjonalt og lokalt viktig. Ansvarsforhold og kommandolinjer mellom sivile og militære aktørar må vere tydelege, og det må sikrast god kompetanse på alle nivå.

Sårbarheiter endrar seg kontinuerleg i samfunn som er i utvikling, som vårt. Aktørar som står bak tilsikta handlingar som kan utløyse krisar, vil heile tida leite etter nye svakheiter og ta i bruk ny teknologi for å nå måla sine. Beredskapsarbeidet må difor halde fram kontinuerleg og ta høgd for stadig nye utfordringar.

Noreg skal ha eit sterkt totalforsvar der det militære forsvaret og den sivile beredskapen jobbar tett saman om god beredskap og handtering av krisar og uføresette hendingar. Næringslivet vil utgjere eit avgjerande bidrag i ein krisesituasjon. Det er viktig å avklare kva rolle næringslivet har i beredskapen, kva dei er forventa å stille med, og at nødvendige samarbeidsrutinar blir avklarte.

Kvar enkelt av oss speler ei viktig rolle dersom ein krise inntreffer. Alle innbyggjarar har eit ansvar for å ha førebudd seg sjølve på korleis dei skal handtere ulike krisar som kan oppstå, og følgje råda frå myndigheitene om eigenberedskap. Myndigheitene må ha gode kommunikasjonskanalar som når alle grupper i samfunnet.

Samfunnet er avhengig av jamn tilgang på mellom anna matvarer, legemiddel, energi, vatn, materiale og utstyr. Noreg er i liten grad sjølvforsynt med legemiddel, også resten av Europa er avhengig av import, spesielt av aktive verkestoff. Vi har sett sårbarheita innanfor smittevernutstyr, legemiddel og medisinskteknisk utstyr og må dra lærdom av pandemien.

Helseberedskapen må forbetrast for å verne om livet og helsa til befolkninga, og sørgje for medisinsk behandling og pleie og omsorg til råka personar i alle situasjonar. Avklarte ansvarsforhold, tydelege varslings- og rapporteringsrutinar og god samhandling mellom aktørane ved krisar er spesielt viktig.

Sivil beredskap og motstandsdyktige kritiske samfunnsfunksjonar og infrastruktur er viktig for Noreg og NATO. NATO har forma ut sju krav til alle medlemsland knytte til dette, og som eit føregangsland i alliansen må Noreg oppfylle desse.

Klimaendringane som følgjer av menneskeskapte utslepp, aukar i omfang og alvor. Vi må framover vere førebudde på at kostnadene for å førebyggje og reparere skadar knytte til eit endra klima og meir ekstremvêr vil auke betydeleg. Klimaendringane fører mellom anna til auka nedbør og styrtregn, og det er behov for at kommunane og staten samarbeider om å førebyggje og handtere skadar knytte til overvatn, flaum og skred.

• utarbeide ein langtidsplan for sivil

beredskap og motstandskraft

• sørgje for betre samordning mellom

Noregs ulike beredskapsplanverk og -etatar i møte med nye krisar og større hendingar

• sikre at kontraktar for utbygging,

drift, vedlikehald og leveransar av samfunnskritisk infrastruktur ikkje blir gitt til aktørar frå land vi ikkje har sikkerheitspolitisk samarbeid med

• sørgje for at politiet og andre

beredskapseiningar har nok personell og materiell til å handtere krisesituasjonar, og styrkje Sivilforsvarets moglegheit til å vareta tryggleiken og sikkerheita til sivilbefolkninga

• klargjere korleis og med kva næringslivet

skal bidra i samband med ulike krisar, og sørgje for at relevante næringsaktørar øver på samhandling med myndigheitene i krisescenario

• sørgje for at kommunane har kapasitet

og kompetanse til å handtere hendingar, krisar og katastrofar, og dessutan styrkje samordninga mellom kommune, fylke og statsforvaltar

• anerkjenne frivilligheita sitt bidrag til

norsk beredskap og styrkje samarbeidet gjennom støtte og forpliktande avtalar

• ha eit godt, moderne og koordinert

cybersikkerheitssystem for å verne samfunnsinstitusjonar, bedrifter og borgarar mot hacking og annan datakriminalitet

• delta aktivt i internasjonalt samarbeid

om handtering av trugsmål frå teknologisk utvikling og hackarar

• sikre stabil norsk matproduksjon,

i samarbeid med produsentar og distributørar, og ta initiativ til at det blir utarbeidd ein samla matberedskaps- og forsyningsplan for Norden som inkluderer både fiskeri, havbruk og landbruk

• leggje til rette for mindre, lokale anlegg

for spreidd lagring av korn på gardsbruk

• sikre tilstrekkeleg bunkringskapasitet

i heile landet

• styrkje samarbeidet med EU om

beredskap og delta i EUs helseunion

• arbeide for meir produksjon

av legemiddel og medisinsk utstyr i Noreg og Europa

• arbeide aktivt for å sikre mot

legemiddelmangel og styrkje og utvide det nordiske samarbeidet om produksjon og lagring av legemiddel og smittevernutstyr i Norden

• prioritere effektiv implementering av

EU-direktiv og -forordningar som gjeld samfunnskritisk teknologi og sikkerheit

• oppdatere beredskapslovgivinga

og tilpasse henne til dagens utfordringsbilete

• auke dekningsgraden av tilfluktsrom

og trygge tilhaldsstader for befolkninga ved evakuering

• gå gjennom kommunikasjonen til

befolkninga om eigenberedskap for krig, særleg i lys av svenske og finske erfaringar

• sikre kraft- og energiinfrastruktur

betre mot sabotasje og angrep

• auke evna kommunane har til å

førebyggje ras, flaum og skred, gjennom betre regionalt samarbeid, planverk og støtte til kartleggings- og kompetansetiltak i kommunane

• utvikle nasjonale

klimasårbarheitsanalysar og årleg rapportering om klimatilpassingsarbeidet

• føre vidare satsingar på naturbaserte

løysingar, som etablering av grøne tak, restaurering av myr og kantvegetasjon og gjenopning av bekker og vassdrag

Eit kunnskapssamfunn som gir moglegheiter for alle

Utdanning er avgjerande for å gi alle høve til å leve det livet dei ønskjer, og å kunne ta ansvar for seg sjølv og andre. Fundamentet i kunnskapssamfunnet vårt er ein skule som skal gi gode grunnleggjande ferdigheiter, jamne ut sosiale forskjellar, førebu elevane på livet og vere ei motvekt til dei meir negative utviklingstrekka i samfunnet. Gjennom dei yrkesfaglege studieretningane og høgare utdanning får alle den kompetansen som trengst for å tre inn i arbeidslivet. I dagens samfunn er det ingen som kan utdanne seg éin gong og vere skulerte for heile arbeidslivet sitt. Difor er også moglegheita til å lære heile livet og tileigne seg ny kompetanse som vaksen ein sentral del av det norske utdanningsløpet.

Høgre vil forsterke heile utdanningsløpet. Noregs konkurransekraft er avhengig av at vi har ei befolkning som har høg kompetanse og får brukt denne til å skape verdiar og gode liv. Kunnskap motverkar polarisering og bidreg til å byggje tillit i samfunnet.

Den største utfordringa i skulen i dag er at pilene peikar i feil retning. Læringsresultata i skulen blir svekte, fråværet har auka, og for få søkjer seg til lærarutdanningane. Innanfor høgare utdanning er det for få som utdannar og utmerkjer seg innanfor realfag, der behova vil vere store i framtida. Forsking og utvikling har vore nedprioritert, og tilgangen på etter- og vidareutdanning for vaksne er for dårleg.

Barnehage

Barnehagen er ein arena for utvikling, sosial læring, inkludering og integrering. Barnehagane må ha nok dyktige barnehagelærarar, fagarbeidarar og andre tilsette. Dei tilsette skal få tilbod om fagleg utvikling. Høgre vil stille tydelege krav til eit godt pedagogisk arbeid og vil særleg prioritere tiltak for å styrkje barna si språkutvikling.

Det er store forskjellar i kor modne elevane er når dei byrjar på skulen. Leikbaserte læringsaktivitetar har stort potensial til å jamne ut desse forskjellane. Høgre vil difor ha meir systematisk bruk av slike aktivitetar det siste året i barnehagen, samtidig som det skal vere nok tid til fri leik.

Høgre ønskjer at flest mogleg skal ha høve til å starte i barnehagen når dei fyller eitt år, og vil utvide retten til barnehageplass til barn fødde i desember. Saman med kommunane skal det vurderast nye tiltak for at barnehagane kan ta opp fleire barn gjennom våren.

Høgre ønskjer mangfald i barnehagesektoren, med ei god blanding av offentlege og private barnehagar. Det viktigaste for Høgre er at barnehagane har god kvalitet. Alle som ønskjer det, skal ha høve til å velje barnehage for barna sine sjølve.

• gi fleire tilsette og leiarar i barnehagane

etter- og vidareutdanning og høve til å oppnå formell kompetanse i jobb, og utvikle fleire karrierevegar for barnehagetilsette, etter modell av lærarspesialistordninga

• gi kommunane større fridom til å tilsetje

ulike typar kompetanse i barnehagen

• innføre systematisk bruk av leikbaserte

læringsaktivitetar for dei eldste barna som ein del av rammeplanen

• stille krav om at alle kommunar

skal ha system for å forbetre kvaliteten i barnehagane

• at alle barnehagar skal ha tilgang

på spesialpedagog for å kunne setje inn nødvendige tiltak tidleg

• at språkferdigheitene til alle barn skal

vurderast i god tid før skulestart, og at barn med svak språkutvikling får nødvendig støtte og oppfølging slik at dei har gode norskferdigheiter når dei startar på skulen

• utvide ordningane med gratis kjernetid

og redusert eigenbetaling for familiane som treng det mest, i tillegg til at barnehageprisane skal vere låge for alle

• gradvis utvide

søskenmoderasjonsordninga i barnehage til også å gjelde for familiar som har fleire barn i barnehage og SFO/AKS

• jobbe for at flest mogleg får plass

frå dei er eitt år, og i samarbeid med kommunane og sektoren vurdere tiltak som kan gi fleire barn plass på våren. Retten til barnehageplass skal utvidast til minst å gjelde barn fødde i desember

• likebehandle offentlege, ideelle

og private barnehagar for å sikre ein mangfaldig og føreseieleg barnehagesektor, og ha samtidig finansiering ved innføring av nye krav

Grunnskule

Høgre vil ha ein kunnskapsskule som gir moglegheiter for alle, uavhengig av bakgrunn, kjønn og kven foreldra er. Høgre har høge ambisjonar for kvar enkelt elev. Mykje er bra i norsk skule. Dei fleste elevane trivst og har ein god relasjon til lærarane sine. Vi har høg lærartettleik og bruker mykje pengar på utdanning for alle. Fleire fullfører vidaregåande skule i dag enn for ti år sidan.

Det er også nokre utfordringar. For mange elevar kan for lite etter ti års skulegang, og for mange elevar går for lenge på skulen utan å lære seg å lese, skrive og rekne skikkeleg. Mangel på meistring kan føre til meir bråk, uro og fråvær. Utdanningsnivået til foreldra har for mykje å seie for skuleresultata til barna, og det er for stor variasjon i kvalitet mellom kommunar, skular og internt i skular. Fleire elevar enn tidlegare har behov for ekstra oppfølging, og fleire melder om at dei opplever mobbing, vald og trugsmål i skulen. Digitale forstyrringar svekkjer evna eleven har til å konsentrere seg, og reduserer læring i for stor grad.

Det er ein klar samanheng mellom grunnskuleresultat og fullføring av vidaregåande opplæring. Meir av innsatsen i skulen må difor setjast inn tidleg, slik at ingen blir gåande lenge på skulen utan å lære grunnleggjande ferdigheiter. Elevane sine ferdigheiter i lesing, skriving og rekning opnar dørene for all anna læring og skal prioriterast i alle fag gjennom heile skuleløpet.

Høgre meiner digitale læremiddel berre skal brukast der det har ein klar læringseffekt, og fysiske læremiddel skal alltid vere eit reelt tilgjengeleg val for lærarane. Det skal leggjast til rette for meir varierte og tilpassa undervisningsformer og fysisk aktivitet i fleire fag. Skulen skal i større grad gi elevar evne til uthald, konsentrasjon og fagleg fordjuping. Elevar skal erfare at innsats løner seg, og at dei er viktige for fellesskapen.

Ungdomsskulen førebur i dag ikkje elevane godt nok til vidaregåande. Overgangen mellom barneog ungdomsskule kan også vere stor for mange. Nokre elevar har store kunnskapshol, mistar motivasjon, opplever at undervisninga ikkje er relevant for dei, og går ut av ungdomsskulen utan å kunne lese, skrive og rekne godt nok. Høgre vil gjennomføre ei reform av ungdomsskulen for å auke læring og motivasjon.

Kunstig intelligens (KI) har kome for å bli i samfunnet. Med aukande bruk i arbeidslivet og i skulen er konstruktiv og kritisk bruk av teknologien ei viktig ferdigheit i samfunnet framover. Kunstig intelligens skal vere eit verktøy som mogleggjer meir tilpassa opplæring, styrkjer evna elevane har til kritisk tenking, og frigjer tid for lærarane til dei viktigaste oppgåvene. Samtidig skal ikkje bruken av kunstig intelligens gå ut over grunnleggjande ferdigheiter som lesing, skriving og rekning.

• styrkje oppfølginga av plikta skulane

har til å gi ekstra oppfølging og intensivopplæring til elevar som heng etter i lesing, skriving og rekning i 1.–4. klasse, og setje inn tiltak der skulane ikkje oppfyller plikta

• forbetre lese-, skrive- og rekneopplæring

for dei yngste barna, mellom anna ved at alle skular får tilgang til

lærarspesialistar i byrjaropplæringa, og ved å utvikle ein nasjonal strategi for betre leseopplæring

• opne for ein meir fleksibel start i

grunnskulen ved å gi foreldre større innverknad på om barnet skal byrje eitt år tidlegare eller seinare på skulen

• tilpasse undervisninga til eleven

og gi læraren betre høve til å differensiere undervisninga etter nivå for å gi alle elevar meistringskjensle og læringsglede

• heve lærarane sin kompetanse i å fange

opp elevar med høgt læringspotensial, og gi fleire av elevane tilbod om ekstra undervisning og forserte løp

• gå gjennom kompetansemåla med

sikte på at grunnleggjande ferdigheiter blir prioriterte i alle fag, og vurdere om det skal innførast tydelegare rettleiing og forventningar til kva elevane skal lære i kvart fag

• at elevane skal øve meir på å utvikle

uthald og konsentrasjonsevne, til dømes ved å lese lengre tekstar på papir, avgrense bruken av skjerm og ha fleire oppgåver som krev fordjuping i staden for multitasking

• at grunnskulen skal vere mobilfri,

med unntak for når læraren vil ta det i bruk i undervisninga som eit pedagogisk verktøy

• at all undervisning, inkludert

symjeundervisning og leirskuletilbod, skal vere kjønnsnøytral, med mindre pedagogiske omsyn taler for noko anna

• styrkje forskinga på tiltak som jamnar

ut sosiale forskjellar i skulen, ved å etablere nasjonale forløpsregister om barn i barnehagar og skular, innanfor strenge reglar for personvern

• at urovekkjande fråvær skal følgjast

betre opp, og at det blir innført ei nasjonal registrering av fråvær

• forsterke innsatsen mot mobbing,

vald og diskriminering, mellom anna ved å gi skular og barnehagar kompetanseheving i korleis dei skal førebyggje fysisk og digital mobbing, negativ sosial kontroll, diskriminering og vald, og dessutan i større grad ansvarleggjere føresette i dette arbeidet

• stille strengare krav om at elevar

med rett til individuelt tilrettelagd opplæring skal få hjelp av tilsette med spesialpedagogisk kompetanse på skulane, forsterke kompetanseløftet i spesialpedagogikk, og at færre elevar blir fritekne frå fag, men heller får tilpassa undervisning med krav om vurdering

• ha ei føreseieleg og trygg

finansiering av friskular

• leggje til rette for fleire profilskular på

ungdomsskulen, til dømes yrkesfaglege friskular og realfagsskular, slik at skuletilbodet blir meir mangfaldig og elevar kan fordjupe seg i ulike område

• auke kvaliteten i SFO,

redusere foreldrebetalinga for låginntektsfamiliar og gradvise utvide prisreduksjonsordningane til å gjelde barnehage og SFO samtidig

• innføre ei plikt for skulane til å gi

intensiv opplæring til elevar med svake grunnleggjande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning ved start på 8. trinn

• at alle elevar skal få tilbod om

å prøve seg i eit yrkesfagleg valfag på ungdomsskulen, ved å sørgje for at alle skular tilbyr minst eitt yrkesfagleg valfag

• behalde karakterar i nasjonalt fastsette

valfag og gå gjennom valfaga for å sørgje for at dei held høg nok kvalitet og gir rett kunnskapsutbytte

• styrkje elevane sine kunnskapar

i realfaga, mellom anna ved å styrkje vitensentera og auke talet på naturfagstimar med éin time i veka på 8.–10. trinn

• ta i bruk nivådeling slik at elevane

møter faglege utfordringar som speglar det faglege nivået deira

• behalde eksamen og karakterar i

ungdomsskulen og sikre at elevane får jamlege karaktervurderingar

• at eksamensoppgåvene i større grad

skal gi elevane høve til å vise at dei har grunnleggjande kunnskap i og forståing av faget og ferdigheitene faget krev, også utan hjelpemiddel

• sikre tydelege og alderstilpassa

retningslinjer for bruk av kunstig intelligens i skulen, med fokus på reflektert bruk, kritisk tenking og tydeleg

grensesetjing for bruk som samtidig varetek metodefridommen til lærarane

• ta i bruk kunstig intelligens som

hjelpeverktøy der det er særskilt nyttig for elevar med lærevanskar

• leggje til rette for trygge og

personvernvenlege KI-løysingar som kan brukast i skulen

Vidaregåande opplæring

Fleire elevar fullfører vidaregåande opplæring. Det er bra for samfunnet, og det er bra for ungdommane. Konsekvensane av ikkje å fullføre og bestå vidaregåande opplæring vil bli endå større i tida som kjem. Høgre meiner difor at ein av våre viktigaste oppgåver framover er å sørgje for at endå fleire elevar fullfører og består vidaregåande opplæring. Høgres mål er at innan 2030 skal minst ni av ti elevar som byrjar i vidaregåande opplæring, fullføre og bestå.

Det er avgjerande at vidaregåande opplæring er tilpassa føresetnadene til elevane. Opplæringa må treffe dei som er i fare for å ikkje fullføre, og dei som er klare for større utfordringar.

• tillate fleire vidaregåande

profilskular som reflekterer behovet i samfunnet, eksempelvis innanfor realfag, yrkesfag og språkfag

• ha fritt skuleval i heile landet

• redusere talet på standpunktkarakterar

i norsk, slik at det blir éin karakter i norsk skriftleg og éin karakter i norsk munnleg i ungdomsskulen og vidaregåande skule, under dette ikkje ha eigen eksamen i sidemål

• behalde ei nasjonal fråværsgrense

• gå gjennom valfaga for å sørgje

for at alle har høg kvalitet

• flytte russetida til etter avlagd

eksamen, i samråd med elevane

• innføre anonym retting ved større

skriftlege vurderingssituasjonar i vidaregåande skule

• at vidaregåande skular inngår

samarbeid med institusjonar innanfor høgare utdanning for at elevar som ønskjer det, får ta fag på høgare nivå

• opne for at elevar kan forsere

studieførebuande løp på to år

• innføre ei plikt til at vidaregåande

skular gir intensivopplæring til elevar som står i fare for å ikkje bestå fag som følgje av manglande kompetanse, og at fleire tilbyr eit frivillig 11. skuleår etter 10. klasse

• styrkje oppfølginga av elevar

som står i fare for å falle ut av vidaregåande opplæring

• leggje til rette for fleire

alternative opplæringsarenaer i offentleg og privat regi

• gi elevar med svake karakterar i

norsk, matematikk og engelsk frå ungdomsskulen eit meir tilpassa og variert løp, og innføre krav om ekstraundervisning i desse faga når dei går vidare til neste trinn

• styrkje satsinga på

kombinasjonsklassar, der elevar med svake norskferdigheiter får målretta norskopplæring medan dei tek fag i vidaregåande opplæring

• greie ut ein semestermodell

i vidaregåande skule, etter modell frå høgare utdanning

• ha fleire forsøk med modulstrukturert

undervisning og prøve ut sentralgitt eksamen oftare enn to gonger i året

• leggje betre til rette for utveksling og

internasjonalisering i vidaregåande opplæring innanfor både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram

• ha nulltoleranse for trugande eller

valdeleg åtferd, bruk og sal av narkotika og anna kriminell verksemd på skuleområdet. Den enkelte skulen må, innanfor definerte rammer, sjølv kunne vedta førebyggjande tiltak som eksempelvis tilsetjing av fleire miljøarbeidarar, bruk av sikkerheitskamera og inngangskontroll

• heve inntektsgrensa for elev- og

ungdomsbedrifter og forenkle overgangen til ordinær bedrift

Fag- og yrkesopplæring

Noreg treng fleire dyktige fagarbeidarar i både privat og offentleg sektor no og i framtida. Utan kompetente medarbeidarar i eldreomsorga, på bilverkstaden, i industrien, i IKT-bransjen eller andre stader vil ikkje samfunnet fungere. Difor vil Høgre halde fram yrkesfagløftet for å gi elevane ei god og relevant fagutdanning og sikre landet den fagkompetansen vi har behov for.

Det er for mange som droppar ut av opplæringsløpet, og mange får ikkje læreplass. Det er viktig at det vidaregåande opplæringstilbodet blir tilpassa behovet i samfunnet, slik at elevar ikkje utdannar seg inn i ein blindveg der dei anten ikkje får jobb, ikkje får læreplass eller ikkje får eit fullgodt høve til å fullføre og kvalifisere seg.

Påbygg til generell studiekompetanse etter fagopplæring skal vere ein veg til vidare studium, ikkje ei reserveløysing for elevar som helst ønskjer læreplass. Fråfallet frå påbyggingslinjene er svært stort. Høgre vil samarbeide med fylkeskommunar med mål om å redusere talet på plassar og forsterke innsatsen for å skaffe desse elevane læreplass.

• auke lærlingtilskotet og vurdere

lærlingfond der alle verksemder innanfor bransjar som det er utvikla fag- eller sveinebrev for, skal bidra økonomisk for å dekkje delar av utgiftene til opplæring av lærlingar i bedrift

• leggje til rette for at elevar som ikkje

får læreplass i heimfylket sitt, skal givast tilbod om læreplass i eit anna fylke om det er ledige plassar der

• gi fleire elevar med svake

språkferdigheiter og kort butid i Noreg, som slit med å få læreplass, arbeidstrening i samarbeid med Nav for å bli læreklare

• styrkje utstyrsstipendet

• vurdere å innføre karakterkrav

for å byrje på «vg3 påbygging til generell studiekompetanse» for å førebyggje fråfall, og ha ein forsterka innsats for at elevar med svake karakterar skal få læreplass

• gjere det enklare å gå frå

studieførebuande til yrkesfag, ved å jobbe for at fleire skular tilbyr fleire slike kryssløp

• leggje til rette for at elevar har høve til

omval mellom vg1 og vg2 ved at elevane kan gjennomføre enkelte fag som dei manglar, i tillegg til ordinær timeplan

• at dimensjonering av studietilbod

i sterkare grad blir fastsett ut frå behovet til næringslivet og tilgjengelege læreplassar, og at rolla til Y-nemndene skal styrkjast og tilrådingane deira skal tilleggjast avgjerande vekt

• ha forsøk der «vg3 fagopplæring i

skule» blir endra til eit nytt kombinert tilbod over to år, der ein betydeleg del av opplæringa skal skje i bedrift

• vidareutvikle lærekandidatordninga slik

at fleire kjem ut i ordinært arbeidsliv

• støtte opp under yrkeskonkurransar

som ein viktig arena for å synleggjere yrkesfaga og byggje fagstoltheit og meistringsglede hos yrkesfagelevar, til dømes skule-NM og yrkes-NM

• halde fram satsinga på

«yrkesfaglærar 2»-ordninga, som gir fagpersonar i arbeidslivet høve til å undervise i skulen

• opne for at fagprøven kan

gjennomførast på engelsk, eller munnleg, ved behov

Lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar

Læraren er sjefen i klasserommet og den viktigaste faktoren for læringa til elevane. Læraren og skuleleiinga skal ha dei verktøya som trengst for å stimulere til eit godt skulemiljø som fremjar læring og trivsel, og kunne stille tydelege forventningar til elevane. Høgres mål er at alle lærarar skal ha fordjuping i faga dei underviser i, at lærarar skal ha tid og høve til å gi god undervisning, og at lærarane jobbar i fagleg sterke profesjonsfellesskapar.

Lærarar fortel at dei må bruke meir tid på oppgåver som ikkje knyter seg til undervisningsoppdraget. Det tek bort verdifull tid og hindrar det grunnleggjande – at lærarar skal utdanne elevane. Det er foreldra og dei føresette som har ansvar for oppsedinga av barna sine. Det er ei forventning som vi som samfunn og skulen må vere tydeleg på. Det er viktig at skule–heim-samarbeidet fungerer godt, og at foreldre og elevar har respekt for lærarane og den jobben dei gjer.

I dag er det for store kvalitetsforskjellar i norsk skule, mellom både fylke, kommunar, skular og klassar. Dei beste blir kjenneteikna av å ha profesjonelle skuleeigarar som er tett på skulane, jobbar systematisk med kvalitetsutvikling, kartlegg og følgjer med på resultata til elevane og set inn faglege tiltak der det trengst.

Høgre vil stille tydelege forventningar og krav til skuleeigarar om å løfte dei svakaste skulane, slik at variasjonen blir redusert. Utdanningsdirektoratet og statsforvaltarane skal i større grad føre tilsyn med at elevar lærer det dei skal, og rettleie skuleeigarar i det faglege arbeidet.

Høgre meiner nasjonale prøvar og ulike kartleggingsprøvar er viktige for å gi kunnskap om læringa til elevane og gjere det mogleg å lære av skular som lykkast i å løfte alle elevar. Tilsvarande er det avgjerande å delta i internasjonale undersøkingar som samanliknar kvaliteten i norsk skule med andre land. Høgre vil sikre openheit om kvaliteten i norsk skule.

• innføre krav til at lærarar som skal

undervise i norsk, matematikk og engelsk, skal ha fordjuping i faga, og vurdere å innføre slike kompetansekrav i fleire fag

• sørgje for at rolla til læraren primært

omhandlar undervisning og klasseleiing

• sørgje for at lærarar har verkemidla

som trengst for å oppretthalde ro og orden i klasserommet, for å fremje eit best mogleg læringsmiljø

• etablere nye karrierevegar for

lærarane i skulen, til dømes som lærarspesialistar

• styrkje laget rundt elevar og

lærarar gjennom bruk av andre faggrupper i skulen, mellom anna sosialfagleg kompetanse

• auke rekrutteringa av lærarar og

barnehagelærarar til å jobbe på skular og i barnehagar med svake resultat og i levekårsutsette område, til dømes ved å innføre ei ordning med auka løn eller sletting av studiegjeld

• prøve ut nye ordningar for å

skaffe skulen fleire kvalifiserte lærarar, til dømes ved at fleire av dei som ikkje har lærarutdanning, blir tilsette på vilkår om å fullføre lærarutdanninga medan dei står i jobb

• styrkje rettleiinga av nyutdanna lærarar

for å bidra til at fleire blir i yrket lenger

• auke krava for å få opptak til

lærarstudiet og til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), og dessutan avgrense moglegheita for at studiestader kan få dispensasjon frå krava

• styrkje kompetansen innanfor

klasseleiing gjennom eit nytt vidareutdanningsprogram i leiing for lærarar

• vidareutvikle rektorutdanninga, mellom

anna ved å gjere rektorutdanninga til eit permanent utdanningsprogram, og auke tilbodet av modulbasert vidareutdanning for erfarne skuleleiarar

• innføre ei plikt for skuleeigarar til å

tilby utdanning i pedagogisk leiing for nytilsette skuleleiarar som manglar dette, og til å følgje opp deltakarane undervegs og i etterkant

• reformere oppfølgingsordninga

for kommunar og skular med vedvarande svake resultat, gi høve til å påleggje desse kommunane faglege tiltak og samarbeid med kommunar som oppnår betre resultat, og gi nokre få utvalde forskings- og utviklingsmiljø ansvaret for ordninga

• innføre ei vidareutdanning i

skuleeigarskap for å sikre at fleire i kommunane får kompetanse om korleis ein skal drive kvalitetsutvikling i skulen som profesjonell skuleeigar

• sørgje for at tilsynet

Utdanningsdirektoratet og Statsforvaltaren fører med skular, i større grad gjeld det faglege innhaldet i skulen, framfor oppfølging av dokumentasjonskrav og individuelle saker

• styrkje rettleiinga frå

Utdanningsdirektoratet og universitetsog høgskulesektoren overfor skulane om korleis måla i læreplanane kan nåast, korleis nasjonale prøvar kan brukast, og kva som er beste praksis for undervisning

• at skuleeigarar skal kartleggje

læringsresultata gjennom heile skuleløpet, ha full openheit om resultat på skulenivå og leggje til rette for prøvesett som treffer elevar på ulike ferdigheitsnivå betre

• gjeninnføre obligatorisk

kartleggingsprøve i lesing og rekning i

1. og 2. klasse og vurdere behovet for fleire nasjonale prøvar

Universitet og høgskular

Studentane skal møte forskingsbaserte studietilbod prega av høg kvalitet, høge ambisjonar, godt læringsmiljø og tydelege forventningar. God prioritering av ressursbruken er nødvendig. Eit lite land som Noreg må satse på å utvikle nokre fagmiljø til å bli verdsleiande, samtidig som vi satsar tungt på forsking og utvikling innanfor område der vi har særlege fortrinn og behov, og som er viktig for konkurransekrafta til næringslivet. Koplinga mellom akademia og næringslivet må styrkjast. Høgre vil jobbe for at fleire studentar fullfører påbyrja studium og gjennomfører på normert tid.

• føre vidare gratisprinsippet og framleis

sikre lik tilgang og rett til høgare utdanning

• i større grad tilpasse talet på studieplassar

og studieprogram ved universiteta og høgskulane til behovet i arbeidslivet

• auke krava for å bli universitet

• gå gjennom tilbodsstrukturen i høgare

utdanning i samarbeid med institusjonane, med sikte på tilstrekkeleg fagleg kvalitet

• opne for at studiestader kan setje

eigne inntakskrav ut over karakterar

• utvikle eit nytt rammeverk for

finansiering og dimensjonering som legg vekt på autonomien, mangfaldet og arbeidsdelinga til institusjonen, og som stimulerer til kvalitet og relevans

• jobbe målretta for å auke andelen

studentar innanfor realfag og tekniske fagområde

• fastsetje realfagspoeng ved opptak

til høgare utdanning slik at dei særleg fremjar full fordjuping i fag som matematikk, fysikk, kjemi og biologi

• sikre Noregs kunnskapsberedskap

ved å sørgje for at sårbare fag- og kompetansemiljø som kan bli viktige for Noreg på sikt, ikkje forvitrar

• vurdere om det bør vere ytterlegare

avgrensingar på akademisk samarbeid innanfor nokre kritiske fagområde, knytt til land som kan utgjere eit sikkerheitspolitisk trugsmål

• forsterke langtidsplanen for forsking

og høgare utdanning, slik at han gir føreseielegheit og retning for sektoren og legg til rette for betre resultat

• følgje opp arbeidet med akademisk

ytringsfridom i utviklingsavtalane med dei offentlege universiteta og høgskulane

• sørgje for at språklege krav i forskrift ikkje

avgrensar moglegheita institusjonane har til å tiltrekkje seg den beste kompetansen og til å arbeide målretta mot internasjonale, framifrå fagmiljø

• sørgje for at flest mogleg har høve

til å tileigne seg ny kompetanse og utdanning, mellom anna gjennom fleksible og desentraliserte utdanningar

• teste ut modellar for trisemester, først og

fremst på masterprogram, der studiet vil vare i 15 månader med tre semester med sommarferie mellom semester 1 og 2

• innføre fleire tiltak for å heve kvaliteten

på undervisninga, gjennom mellom anna satsinga på Nasjonal arena for kvalitet i høgare utdanning

• sikre sterke miljø på campus og

krevje at profesjonsutdanningane ikkje kan vere heildigitale

• styrkje innovasjon og entreprenørskap i

høgare utdanning, med mål om mellom anna å styrkje studentdeltakinga i forskings- og innovasjonsprosjekt

• innføre krav om at universitet og

høgskular skal leggje ut førelesingar gratis til eigne studentar

• stimulere til internasjonalisering av

norsk høgare utdanning, der allierte og strategiske partnarland blir prioriterte

• leggje til rette for at internasjonale

toppuniversitet kan gjere digitale utdanningar tilgjengelege for norske studentar i Noreg

Forsking og utvikling

Forsking og utvikling er nødvendig for å betre produktiviteten, bidra til grøn omstilling og tryggje samfunnet. Samarbeid mellom bedrifter og forskingsmiljø er nødvendig for å tryggje arbeidsplassar i framtida. Universitets- og høgskulesektoren og forskingsinstitutta er blant aktørane som speler ei nøkkelrolle for nødvendig omstilling for næringsliv og offentleg sektor.

Forsking er langsiktig, og god forskingspolitikk krev også langtidsperspektiv i dei nasjonale planane og rammevilkåra for forskinga. Det er viktig å prioritere toppforskinga, og målet bør vere å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø i Noreg. Høgre vil særleg styrkje den næringsretta forskinga og jobbe for at meir forsking skal føre til næringsutvikling.

Høgre vil styrkje forskinga for å løyse store samfunnsutfordringar og bidra til innovasjon og konkurransekraft og ein opplyst samfunnsdebatt. Høgre legg særleg vekt på at offentleg finansiert forsking skal ha høg kvalitet og vere uavhengig av politiske føringar eller særinteresser som kan rokke ved truverdet til forskinga.

Norske fagmiljø må samarbeide meir og betre internasjonalt. Det er viktig for å auke kvaliteten i forsking og utdanning, for å delta i den internasjonale dugnaden for ny kunnskap og for å hente heim kunnskap utvikla utanfor Noregs grenser. Vi har i Noreg ei betydeleg offentleg finansiering av forsking. Vi må tydelegare prioritere område der Noreg må ha kunnskapsberedskap, der vi har særskilde fortrinn og ambisjonar, og dessutan der kunnskap er avgjerande for å innfri forpliktingane Noreg har teke på seg til dømes innanfor klima og forsvar.

• sikre norsk deltaking i EUs forskings- og

innovasjonsprogram og jobbe for at norske miljø stiller sterkt i konkurranse om midlane, med mål om at gode norske søknader hentar meir pengar ut av ordningane enn Noreg betaler inn

• leggje til grunn målet om at forsking

og utvikling skal utgjere tre prosent av bruttonasjonalprodukt (BNP) innan 2030, der det offentlege bidreg med minst éin prosent og næringslivet med to prosent

• vidareutvikle verkemiddel som

gir ei heilskapleg tilnærming til å løyse samfunnsoppdrag, etter modell frå Finland

• styrkje satsinga på forsking av særleg

høg kvalitet og ha gode og føreseielege rammevilkår for forskingsinstitutta

• styrkje satsinga på kommersialisering

av forskingsresultat

• gjeninnføre satsinga på Senter for

framifrå utdanning (SFU), med mål om å styrkje utdanningskvaliteten og utdanningspraksisen

• føre vidare Retur-EU-ordninga med

full styrke for å støtte opp under norsk deltaking i programma til EU

• etablere eit målretta samfunnsoppdrag

for forsking på grøn omstilling og vekst som inkluderer fornybar energi, digitalisering og berekraftig dyrefôr til blå og grøn sektor

• samarbeide tettare med dei andre

nordiske landa om felles forskingsog utviklingsprosjekt baserte på dei naturlege fortrinna og sterke fagmiljøa i desse landa

Fagskular – høgare yrkesfagleg utdanning

Fagskulane er ein viktig del av det norske utdanningstilbodet. Mange fagarbeidarar både ønskjer og har behov for kompetanse ut over fagbrev, og arbeidslivet etterspør i stor grad slik kompetanse. Fagskulane er også viktige for å nå målet om at fleire skal kunne lære heile livet. For Høgre er det viktig å halde fram arbeidet med å styrkje fagskulane slik at fleire ser moglegheitene ei fagskuleutdanning gir, og sikre to likeverdige søyler i utdanningssystemet.

• likebehandle offentlege

og private fagskular

• leggje betre til rette for utveksling og

internasjonalisering i fagskulesektoren

• sikre at kriteria for godkjenning

av fagskular bidreg til høg kvalitet og er baserte på aktuell kunnskap og praksis i yrka

• sikre kvalitet i gjennomføringa av

fagskuleutdanningar og vurdere

auka bruk av eksterne sensorar og nasjonale eksamensnemnder

• gjennomføre periodiske tilsyn med

fagskulane i regi av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

• etablere kopling til europeiske

studiepoeng (ECTS) for fagskular i Noreg

• opne for fagskuleutdanningar

på høgare nivå

Studentvelferd

Høgre vil leggje til rette for at studentar får best moglege føresetnader til å lykkast. Vi må auke kvaliteten på undervisninga og gjere det lettare å studere på heiltid. For mange bruker for mange år på studia, utan å fullføre utdanninga. Det er eit mål for Høgre at fleire fullfører graden raskare. Mange studentar møter utfordringar knytte til psykisk helse, økonomi og livsmeistring. Studentsamskipnadene speler ei sentral rolle i å tilby tenester som støttar studentane i kvardagen. Høgre vil styrkje samskipnadene og økonomien til studentane, slik at fleire studentar får dei verktøya dei treng for å lykkast – både i utdanninga og i livet.

Skal Noreg lykkast i den internasjonale konkurransen i framtida, må vi satse meir på forsking og utdanning. I Noreg skal vi ha forskings- og utdanningsmiljø av høg kvalitet, og Høgre vil bidra til å styrkje desse miljøa. Vi vil at studentane møter studietilbod av høg kvalitet, høge ambisjonar og tydelege forventningar.

• auke studiestøtta, auke inntekts-

og formuesgrensa for stipendog låneordninga og opne for ekstra studielån opp til 1,5 G

• sørgje for raskare bygging av fleire

studentbustader gjennom å sleppe til private og ideelle utbyggjarar, forenkle regelverket og fjerne fordyrande krav

• opne opp Husbankens tilskotsordning

til studentbustader også for stiftingar og private utbyggjarar

• gi norske studentar i utlandet høve til

å jobbe ved sida av studiane utan å miste medlemskapen i folketrygda

• leggje til rette for at fleire kan få

barn i studietida, mellom anna ved å auke lånetida i Lånekassen og auke omgjeringsstipendet for studentar som får barn

• at alle studentar skal ha tilgang

til ei studenthelseteneste, under dette vurdere korleis nettstudentar kan få eit betre tilbod

• leggje til rette for at fastlegeheimlar

kan knytast til studentsamskipnadene, i samarbeid med kommunane

Lære heile livet

Det er viktig at ingen går ut på dato i norsk arbeidsliv. Arbeidslivet stiller stadig større krav til formell kompetanse. Det betyr at dei med inga eller låg utdanning blir særleg sårbare, samtidig som mange med lengre utdanning vil oppleve at kompetansen deira ikkje lenger er etterspurd, før dei har nådd pensjonsalder. For mange vil løysinga for å kome tilbake til arbeidslivet, eller bli verande der, vere å tileigne seg ny kompetanse.

Det stiller større krav til enkeltmennesket, arbeidslivet og utdanningssektoren vår om at alle skal kunne lære heile livet. Høgre vil utvikle fleire skreddarsydde tilbod som passar folk i ulike livssituasjonar, og etablere fleire fleksible og alternative vegar til eit fagbrev eller meir kompetansepåfyll. Høgres mål er eit utdanningssystem som sikrar livslang læring.

Fullført vidaregåande opplæring har blitt ein viktig inngangsbillett til arbeidslivet. Svært mange i yrkesaktiv alder har ikkje fullført vidaregåande opplæring, og av desse står mange utanfor arbeidslivet. Alle har no ein rett til å fullføre vidaregåande opplæring, heile livet. Utfordringa er at utdanningstilbodet ikkje er tilpassa folk med eit etablert liv. Høgre vil gjere det reelt mogleg å bruke retten til å fullføre vidaregåande, i samarbeid mellom stat, fylkeskommune og arbeids- og næringsliv.

• stimulere til at det blir oppretta fleire

fleksible vidareutdanningstilbod som folk har behov for, og som arbeidslivet etterspør

• etablere fleire utdanningsprogram

der staten og partane i arbeidslivet samarbeider om å skreddarsy vidareutdanningstilbod i utvalde bransjar (bransjeprogram)

• oppmode større bedrifter til å dele dei

bedriftsinterne opplæringsprogramma sine med små og mellomstore bedrifter lokalt og regionalt

• gi støtte til arbeidsplassar som

gir opplæring til dei tilsette i grunnleggjande ferdigheiter som lesing, skriving og rekning, munnleg kommunikasjon, IKT og norsk for framandspråklege (Kompetansepluss)

• samarbeide med høgskular og

utdanningsinstitusjonar for å utvikle gode modular tilpassa behovet i arbeidslivet

• lage ein felles portal i samarbeid

med partane i arbeidslivet og utdanningssektoren for å kople saman tilbod og etterspurnad gjennom ein digital éidørspolitikk

• sikre at Lånekassen er tilpassa

vaksne som står i jobb og ønskjer å gjennomføre kortare formelle utdanningsprogram ved sida av jobb

• støtte forsøk med

realkompetansevurdering, der partane i arbeidslivet samarbeider om å dokumentere realkompetansen ein arbeidstakar har tileigna seg i ein bransje

• at ordninga med fagbrev på jobb

skal tilbydast i alle fylke, slik at fleire ufaglærte som står i jobb, kan gjennomføre yrkesfagleg opplæring i kortare modular

• gi høve til å fullføre vidaregåande

opplæring samtidig som ein tek ei fagskuleutdanning, etter modell frå kombinasjonsklassar i vidaregåande

• tilby vaksne som tek vidaregåande

opplæring, eit tilleggslån for å gjennomføre utdanninga, og vurdere om stipenddelen i Lånekassen bør aukast for denne utdanningsgruppa

• etablere klarare retningslinjer for

fråvær og deltaking i vidaregåande opplæring for vaksne, under dette vurdere ei tilpassa fråværsgrense

Trygg økonomisk styring

Ein ansvarleg økonomisk politikk er nødvendig for å lykkast med å løyse dei store samfunnsutfordringane og for å gi komande generasjonar betre moglegheiter enn vi sjølve har hatt. Høgre skal vere garantisten for trygg økonomisk styring av landet og gi folk og bedrifter større føreseielegheit i den økonomiske politikken. Vi må skape før vi kan dele, og fleire må kome i arbeid. Personleg initiativ, ansvar og skaparkraft må få større plass i økonomien, medan veksten i offentleg forvaltning må avgrensast. Offentleg pengebruk må vridast i retning av tiltak som gir vekst og omstilling. Folk og bedrifter bør få behalde meir av sine eigne inntekter, og Høgre vil ha som mål å redusere skatt som andel av fastlandsøkonomien. Vi har eit stort ansvar for å sikre eit berekraftig velferdssamfunn og miljø for komande generasjonar og sørgje for at dei arvar både ein trygg offentleg sektor og eit livskraftig norsk næringsliv.

Høgre held fast ved handlingsregelen for bruk av pengar frå Statens pensjonsfond utland og at avkastninga i større grad enn i dag må nyttast til tiltak som bidreg til langsiktig berekraft og vekst i økonomien. Fondet skal ikkje brukast som eit politisk verktøy, men investerast ansvarleg for å gi dagens og framtidige generasjonar best mogleg avkastning innanfor etiske rammer. Dei etiske rammene må utviklast i tråd med breitt forankra fellesverdiar i det norske samfunnet og byggje på respekt for menneskerettane, behovet for gode internasjonale køyrereglar og beredskap mot felles trugsmål mot klima, demokratiske verdiar og nasjonal sikkerheit. Politikken dei siste åra har sett norsk eigarskap tilbake. Politikken har vore uføreseieleg og skatteaukane brå og kraftige. Norske private eigarar har fått dårlegare vilkår samanlikna med offentleg og utanlandsk eigarskap. Stabile og føreseielege rammevilkår har ein verdi i seg sjølv, og myndigheitene bør bidra til å redusere risikoen ved å investere i Noreg – ikkje auke han. Høgre vil leggje til rette for maktspreiing og ein brei privat eigarskap for å fremje verdiskaping og sysselsetjing i heile Noreg.

Statleg eigarskap kan stundom grunngivast ut frå særlege nasjonale omsyn. Høgre meiner staten si rolle som eigar i norsk næringsliv er for stor og bør reduserast. Den statlege eigarskapen må vere føreseieleg og profesjonell og førast basert på prinsipp om god eigarstyring.

• føre ein ansvarleg økonomisk

politikk som gir handlingsrom for investeringar til det beste for framtidige generasjonar og ein god balanse mellom privat og offentleg sektor

• at uttaket frå Statens pensjonsfond

utland i hovudsak skal brukast til føremål som aukar vekstevna i økonomien, og greie ut skjerpingar av handlingsregelen

• la Statens pensjonsfond

utland investere i børsnotert forsvarsindustri som er viktig for norsk og alliert sikkerheit

• setje eit tak på den samla

verdien i Statens pensjonsfond Noreg (Folketrygdfondet) og overføre det overskytande til Statens pensjonsfond utland

• ha som mål å senke den offentlege

andelen av fastlands-BNP

• styrkje den private eigarskapen og

redusere statleg eigarskap utan viktig strategisk grunngiving

• sikre at hovudkontorfunksjonar

i strategisk viktige selskap blir verande i Noreg

• vurdere organiseringa av Statkraft,

der eigarskapen til den norske vasskrafta blir verande i statleg eige, medan både risikoinvesteringar i utlandet og investeringar i andre energiformer i Noreg blir gjorde i samarbeid med private aktørar

Skatt og avgift

Høgre vil senke skattane betydeleg for alle. Det er eit mål at folk skal sitje igjen med meir av si eiga inntekt, slik at dei får større rom til å ta gode val for seg sjølve og familien sin. Nivå og innretning på skattar og avgifter skal motivere fleire til arbeid, fremje maktspreiing og privat eigarskap og stimulere til miljøvenleg åtferd. Høgre vil redusere skattar og avgifter som svekkjer insentiv til å jobbe, og som hemmar investeringar i norske arbeidsplassar. Tempoet på, og omfanget av, skatte- og avgiftslettar må tilpassast situasjonen i norsk økonomi. Høgre vil fjerne den særnorske skattlegginga av norske eigarar, og om nødvendig gjennomføre enkelte skattevekslingar for å oppnå dette raskt.

For å skape føreseielegheit vil Høgre leggje til rette for breie forlik der det er mogleg i Stortinget, slik at viktige rammevilkår for næringslivet kan stå seg over tid. Høgre vil halde fram eit grønt skatteskifte, der det er lønsamt å ta miljøvenlege val, og der skatten på vanlege lønsinntekter blir redusert, særleg for låge og moderate løningar. Endringar i skattesystemet som kan forårsake større omstillingar, skal vere gjenstand for god utgreiing og reelle høyringsprosessar og gjennomførast gradvis der dei kan forårsake større omstillingar.

Høgre vil byggje ein brei, folkeleg basert eigarskap der norske investorar og gründerar vel å bli verande i Noreg. Noreg skal vere eit sjølveigardemokrati, der flest mogleg får høve til å vere medeigarar i næringslivet, drive si eiga bedrift og eige sin eigen bustad. Rammene for investeringar i norsk næringsliv skal vere attraktive, slik at fleire vel å etablere eller reetablere seg i Noreg.

• senke inntektsskatten for alle

• auke frikortgrensa og innføre eit

jobbfrådrag for unge arbeidstakarar

• innføre eit stabile og internasjonalt

konkurransedyktig skattenivå for å etablere, eige og drive bedrifter i Noreg

• fjerne formuesskatten på

arbeidande kapital

• auke botnfrådraget på all formuesskatt

• forme ut ei lågare og mindre byråkratisk

skattlegging av havbruk i Noreg som gir føreseielegheit for næringa

• forbetre ordninga med skattefrådrag

for investeringar i oppstartsselskap

• gjere det enklare å bli medeigar i eiga

bedrift, mellom anna ved å innføre ordningar som gir gunstig skattemessig behandling av kjøp av aksjar i bedrifta du jobbar i, og forbetre opsjonsskatten

• ikkje gjeninnføre arveavgift

• at Noreg skal halde fram med å vere

ein pådrivar for eit internasjonalt forpliktande samarbeid mot aggressiv skatteplanlegging og utholing av skattegrunnlag

• halde oppe taxfreeordninga

og gjeninnføre veksling mellom tobakk og alkohol

• fjerne innstrammingane i

utflyttingsskatten (exit-skatten) frå

2024. Utflyttarar skal betale skatt av gevinstar opparbeidde i Noreg når gevinstane blir realiserte

Verdiskapande næringsliv

Eit sterkt og lønsamt privat næringsliv er avgjerande for samfunnet vårt. Føreseielege rammevilkår, god marknadstilgang, eit konkurransedyktig skattenivå, god tilgang på arbeidskraft med rett kompetanse og nok kraft er viktig for verdiskapinga. Næringslivet står sentralt i den grøne omstillinga, både gjennom å tilby løysingar som kuttar utslepp, og ved at dei sjølve skal omstille verksemdene sine. Det blir inga grøn omstilling med raude tal på botnlinja til bedriftene. Difor må rammevilkåra vere føreseielege, slik at bedriftene kan ta gode val.

Ein endra sikkerheitspolitisk situasjon aukar behovet for merksemd og sikring av viktige ressursar og forsyningslinjer. I Europa blir industri og produksjonskapasitet bygd opp, slik at kontinentet blir mindre avhengig av andre. Noreg har ei sikkerheitsinteresse i å delta i denne omlegginga. Høgre vil at Noreg skal bidra til vår felles sikkerheit gjennom å vinne ut mineral og produsere dei varene og tenestene som vi er godt posisjonerte for. Nasjonal eigarskap og kontroll over patent, kunnskap og ressursar har ei viktig beredskapsmessig betydning. Også private investeringar frå våre allierte kan vere viktige i eit sikkerheitspolitisk perspektiv, fordi det skaper felles interesse om å tryggje verdiar i Noreg.

Små og mellomstore bedrifter utgjer det store fleirtalet av bedrifter i Noreg. Det er også der dei fleste jobbar. Det er viktig at lover og reglar blir utforma med utgangspunkt i at dei skal vere moglege å overhalde også for desse bedriftene. Det offentlege verkemiddelapparatet skal vere lett å forhalde seg til.

Det offentlege kan som innkjøpar av varer og tenester leggje grunnlag for auka verdiskaping, innovasjon, eksportmoglegheiter og næringsutvikling i det private. Høgre vil bruke innkjøpsmakta strategisk til å byggje opp norsk næringsliv og løyse offentlege oppgåver best mogleg. Eigarskattlegginga i Noreg har dei siste åra blitt for høg samanlikna med andre land. Det gir bedrifter med norske eigarar ei alvorleg konkurranseulempe, fører til at bedrifter blir selde til utanlandske eigarar, og gjer det svært økonomisk attraktivt å flytte ut. Stadig nye skattar er i løpet av dei siste åra innførte på kort varsel og i strid med tidlegare løfte og signal. Svekt føreseielegheit, meir stivbeint byråkrati og fleire reguleringar, i tillegg til høgare skattar, har gjort Noreg til eit mindre attraktivt land å starte og drive bedrift i.

• gjere Noreg til eit av dei beste

landa i verda for å starte og drive bedrifter, med omsyn til skattar, saksbehandlingstider, føreseielegheit, energitilgang og reguleringsbyrde

• redusere dei samla kostnadene

for næringslivet ved forenkling og digitalisering av regelverk og rapporteringskrav

• etablere nye mekanismar for

systematisk forenkling, som eit forenklingspanel der næringslivet speler inn regelendringar og myndigheitene må anten følgje eller forklare (omvend bevisbyrde), og å utvide Regelrådets mandat til også å vurdere eksisterande lover

• leggje til rette for parallellbehandling

av søknader i forvaltninga der det er føremålstenleg, for å redusere saksbehandlingstid

• etablere ein innsynsportal for

seriøsitet, som samlar informasjon frå etablerte register slik at bedrifter og privatpersonar enkelt kan sjekke om andre bedrifter innfrir kriterium for seriøsitet

• gå gjennom og modernisere

alkoholreklameforbodet i alkohollova

• redusere etterslepet i EØS-rettsakter

og raskt innføre nye når desse er klare, slik at norske bedrifter får likeverdige konkurransevilkår som europeiske

• at det i offentlege innkjøp blir stilt

klare og likelydande krav for same føremål, slik at det blir enklare for bedrifter å forhalde seg til

• leggje til rette for offentleg-privat

samarbeid og bruke innkjøpsmakta til staten for å fremje innovasjon og berekraft i privat næringsliv

• styrkje næringsretta forsking

og innovasjon, der hovuddelen av verkemidla blir sette inn der dei gir størst nytte og har størst høve til kommersialisering

• vareta hovudinnretninga av

SkatteFUNN, men sjå på moglegheita for å differensiere ordninga for å leggje til rette for auka samarbeid mellom næringslivet og forskingsmiljø

• gjennomføre ein gjennomgang av

verkemiddelapparatet med mål om å gjere det meir næringsnøytralt og fjerne ordningar utan dokumentert effekt

• spisse og forenkle ordningane innanfor

verkemiddelapparatet som bidreg til risikokapital i tidleg fase og til skalering, utan å fortrengje privat kapital

• bidra til at staten utløyser meir privat

risikokapital, mellom anna ved å vri meir av dei statlege verkemidla over til fond-i-fond-investeringar

• sikre klyngjeprogrammet føreseielegheit

og leggje ein langsiktig strategi for klyngjene som legg til rette for auka verdiskaping og eksport

• styrkje testsentera og sjå på

moglegheita for å etablere nye, for å sikre at oppstartsbedrifter får betre tilgang til utstyr og teknologi som mogleggjer satsingane deira

Data- og teknologidrive næringsliv

Norsk næringsliv har eit utmerkt utgangspunkt for å styrkje seg innanfor data, teknologi og innovasjon. Vi kan bli betre på utnytting og industriell bruk av data, både til optimalisering av eksisterande prosessar og til utvikling av nye produkt og løysingar. Mange verksemder ser ikkje nødvendigvis verdien av dataa dei sit på, eller nytten av å dele dataa for å skape fleire verdiar.

Vi er i tet innanfor prosessindustri, grøn skipsfart, oppdrett og petroleumsverksemd. I tillegg har vi høg tillit, og ein sterk samarbeidskultur mellom offentleg og privat sektor. Vi har gode offentlege dataregister, konkurransedyktige fagfolk og eit omstillingsdyktig næringsliv med tradisjon for medarbeidardriven innovasjon.

Tenestenæringane utgjer ein stadig større del av norske økonomien og verdiskapinga. Det er ei utvikling som blir driven av auka velstandsutvikling, digitalisering, teknologiutvikling og ei generell spesialisering i arbeids- og næringslivet. Politikken må stimulere til gode jobbar, auka eksport og verdiskaping i tenestenæringane. Det vil gi norsk økonomi fleire bein å stå på.

Romindustri er ei framtidsnæring som Noreg har naturgitte, komparative fortrinn for å utvikle. Eit innovasjonssenter og romobservatorium kan vere komponentar i å leggje til rette for meir verdiskaping, høgteknologisk kompetanse og jobbar frå romindustrien. Eit tett samarbeid med EU er avgjerande for at satsinga skal lykkast.

• sørgje for at verkemiddelapparatet

i større grad støttar tenesteog teknologinæringane og eksportmoglegheitene deira

• arbeide aktivt for like konkurransevilkår

på tvers av landegrensene i den digitale økonomien, mellom anna ved å vere ein pådrivar for EUs digitale indre marknad

• leggje til rette for at det blir utvikla

nye tenester og skapt verdiar ut av offentlege data og data som blir delte mellom verksemder

• sikre norsk deltaking i felleseuropeiske

digitale satsingar, på same måte som i europeiske forskingsprogram, gjennom nasjonale mobiliseringsmidlar

• leggje til rette for auka datadeling

og etablere arenaer der næringslivet sjølv får høve til å kome med råd og tilrådingar om kva data som bør prioriterast for datadeling

• setje i gang etableringa av ein

havdatabank som eit offentlegprivat samarbeid mellom etablerte aktørar som er i gang med datadelingsplattformer for havspesifikke data. Plattforma skal kunne sikre deling av havdata i små og mellomstore bedrifter og i industrien

• gjennomføre ein digital lovvask, der

det blir kartlagt kva delar av lovverket som er utydelege i møte med ny teknologi som kunstig intelligens. Kartlegginga skal særleg vareta openheit og innsyn, rettsikkerheit, personvern og forbrukarrettar

• leggje til rette for ei berekraftig utvikling

av datasenternæringa i Noreg

• lage ein nasjonal strategi for

kvanteteknologi for å posisjonere Noreg for det neste spranget i teknologiutviklinga

• leggje til rette for regulatoriske

sandkassar der bedrifter og myndigheiter får høve til å teste ut nye teknologiar og tenester som er under oppsegling

• nytte dei naturgitte fordelane ved å

drive romverksemd med utgangspunkt i Nord-Noreg og Svalbard og leggje betre til rette for innovasjon i heile verdikjeda innanfor romindustri i Noreg

• styrkje samarbeidet med Den

europeiske romfartsorganisasjonen (ESA), slik at norsk næringsliv i større grad kan nyttiggjere seg av programma til ESA

Reiseliv

Reiselivsnæringa bidreg til arbeidsplassar over heile Noreg. For mange er også reiselivet ein inngang til arbeidslivet. Noreg har ei rekkje attraksjonar, fantastisk natur, variert mat- og kulturliv, kulturminne og verdsarvområde som lokkar turistar frå heile verda til Noreg. Høgre vil leggje til rette for berekraftig vekst i reiselivsnæringa.

• leggje til rette for at attraksjonar

og aktivitetar er tilgjengelege heile året når det er mogleg, og bidra til å utvikle heilårsturisme

• opne for at kommunar som

ønskjer det, kan innføre eit besøksbidrag eller turistskatt, som er tilpassa lokale forhold

• sjå på moglegheitene for å

regulere turisttrafikken på viktige nasjonale turstiar

• vurdere korleis det offentlege

reiselivsarbeidet bør organiserast

• definere jakt, fiske og

utmarksopplevingar som næring

• halde oppe elvebaserte

fiskebestandar for å vareta miljø, reiseliv og verdiskaping

• fremje norsk mat og drikke

som kulturberar og skapar av lokal identitet og arbeide for at norsk mat- og drikkekultur skal bidra til næringsutvikling

• fremje Noreg som destinasjon

for kulturturisme

Mineral i fjellet og på havbotnen

Noreg er eit land med store naturressursar. Høgre meiner at desse ressursane må utnyttast for å skape jobbar, sikre økonomisk vekst og dessutan bidra til å produsere dei materiala som er nødvendige for å gjennomføre det grøne skiftet. Mineralutvinning i Noreg er viktig for å sikre norsk og europeisk strategisk autonomi. Det er også viktig med nasjonal kontroll av eigarskap i norsk mineralnæring. Nasjonal sikkerheit skal varetakast i tildeling av rettar til å drive mineralverksemd i Noreg, og det skal vere høve til å nekte tilgang til å drive mineralverksemd av sikkerheitspolitiske årsaker.

I tillegg til å vinne ut nye mineral bør vi leggje vekt på å gjenvinne meir enn vi gjer i dag, og utnytte moglegheitene i sirkulærøkonomien.

• føre vidare ei trinnvis opning

av norsk kontinentalsokkel for havbotnmineralverksemd og sikre at eit eventuelt løyve til utvinning av havbotnmineral berre skal givast dersom framtidig kunnskap viser at det kan gjerast berekraftig og miljømessig forsvarleg

• sikre parallellbehandling i

konsesjonsprosessar for mineralutvikling på land for å realisere eit reelt hurtigspor som får ned saksbehandlingstida, under dette vurdere tidsfristar og ha meir rettleiing av kommunane undervegs

• innføre krav om klima- og miljørekneskap

og berekraftsrapportering på tvers av verdikjeder i alle ledd og gjennom livssyklusen til minerala, og utvikle desse i samarbeid med relaterte bransjar og aktørar

• styrkje samarbeidet med nabolanda

våre og EU for å tryggje strategiske verdikjeder, teknologi, produkt og råvarer norsk næringsliv er avhengig av, og leggje til rette for at norske mineral og råvarer blir ein sentral del av verdikjedene til våre allierte

• vurdere om vertskommunar som

legg til rette for gruveindustri, bør få ein del av verdiskapinga

Havbaserte næringar

Nordmenn har levd av og med havet i alle tider. Den langstrekte og ressursrike kysten vår har lagt grunnlag for eit variert og verdiskapande næringsliv. Sjømannskapen vår har gjort oss til ein av dei største sjøfarande nasjonane i verda, og fiskeri- og havbruksnæringa er den nest største eksportnæringa i landet. Ho forsyner store delar av verda med sunn og klimavenleg mat.

Høgre har som mål å vidareutvikle ein berekraftig, moderne og variert fiskeflåte og gjere han endå betre i stand til å fiske norske ressursar med svært høg kvalitet, og dessutan hevde norsk suverenitet i havområda våre. Det finst ingen fullgode utsleppsfrie alternativ i dag, og fiskeriflåten må få rom til grøn omstilling.

Norsk havbruksnæring er verdsleiande, og Høgre vil setje mål for kvar næringa skal vere i 2050, i samråd med aktørane. Høgre vil vektleggje lønsam, berekraftig produksjon, forbetring av fiskehelse og redusert miljømessig påverknad. Det er for stor dødelegheit i dag, og Høgre vil jobbe saman med næringa for å redusere denne. Ved å foredle meir fisk i Noreg vil verdiskapinga i fiskeindustrien auke. Høgre vil føre ein handelspolitikk for betre marknadstilgang for norsk sjømat. Fiskeindustrien skal få føreseieleg råstofftilgang som legg til rette for heilårleg vidareforedling, stabile arbeidsplassar og kompetansebygging i Noreg.

Samspelet mellom dei marine og maritime næringane har medført at Noreg er verdsleiande innanfor verftsindustri, utstyrsleveransar, oppdrettsteknologi og fiskeri. For Høgre er det viktig å leggje til rette for at denne posisjonen kan vidareutviklast. Med ei lang kystlinje følgjer eit stort ansvar for å ha best mogleg beredskap til sjøs. Høgre vil leggje til grunn nullvisjonen for dødsulykker for yrkesfiskarar.

• leggje til rette for berekraftig vekst og

auka verdiskaping i sjømatnæringane gjennom styrkt forsking og innovasjon, ressurskontroll og teknologiutvikling

• arbeide for å redusere toll på

norsk sjømat, fjerne handelshinder og betre marknadstilgangen

• leggje til rette for god sameksistens

mellom dei marine og maritime næringane ved utbygging av havvind, mineralverksemd til havs eller annan type verksemd

• at ressursfordelinga mellom

flåtegruppene skal liggje fast

• gi fiskerinæringa levedyktige

konkurransevilkår med samanliknbare land gjennom å gi fritak for CO2-avgift for fiskeriflåten

• gå gjennom deltakarlova med mål

om forenkling og klargjering, større moglegheit for generasjonsskifte i lokalt eigde reiarlag og betre sikring av nasjonalitetskravet

• leggje til rette for berekraftig

utvikling av havbruk, både kystnært, på land og til havs og for både eksisterande og nye artar

• leggje til rette for oppdrett av

torsk og nye marine artar

• setje av tilstrekkelege med areal til

havbruk og ha ei effektiv forvaltning på alle forvaltningsnivå, med mest mogleg like reglar og lik praksis i ulike oppdrettssoner

• styrkje og utvikle berekraftig,

miljøvenleg og fiskehelsemessig godt havbruk gjennom å bruke teknologinøytrale miljøfleksibilitetsordningar og økonomiske insentiv og gå gjennom trafikklysordninga

• halde oppe og vidareutvikle ordninga

med undervisnings- og visningsløyve innanfor havbruksnæringa

• leggje til rette for utnytting av slam og

andre overskotsressursar frå havbruk til produksjon av biogass og andre produkt

• bidra til at fleire norskeigde

skip seglar under norsk flagg, gjennom gode rammevilkår, eit kundeorientert sjøfartsdirektorat og konkurransedyktige skipsregister

• leggje til rette for ein sterk verftsindustri

i Noreg, mellom anna ved å vurdere ei forskotsgarantiordning og innrette støtteordningar for ny skipsteknologi slik at fleire skip blir kontraherte ved norske verft

Landbruk, mat og dyrevelferd

Høgres mål er eit norsk landbruk som er lønsamt, innovativt og berekraftig. Høgre vil leggje til rette for landbruk i heile landet og føre ein landbrukspolitikk som gjer næringa attraktiv å jobbe i. Landbruket skal bidra til god beredskap, eit tradisjonsrikt kulturlandskap, lågare utslepp, spreidd busetjing og trygg mat som forbrukarane etterspør.

Norsk landbruk og matproduksjon blir påverka av ei rekkje utviklingstrekk i samfunnet. Likevel har mange av verkemidla og ordningane lege fast i mange tiår, samtidig som overføringane til landbruket har auka kraftig, utan at det har bidrege til nemneverdige endringar i lønsemda for landbruket. Norsk landbruk ønskjer meir innovasjon og ei sterkare satsing på teknologi. Landbrukspolitikken må i større grad tilpassast marknaden.

Noreg har høgare matvareprisar og mindre utval enn nabolanda våre, med nokre få aktørar med stor marknadsmakt. Høgre vil forbetre konkurransen både i daglegvaremarknaden og i heile matkjeda.

• ha matsikkerheit og verdiskaping

som overordna mål for norsk landbrukspolitikk

• leggje til grunn at bonden først

og fremst skal vere sjølvstendig næringsdrivande, og gjere landbruket mindre avhengig av offentlege overføringar ved å leggje til rette for fleire inntektsmoglegheiter og auka lønsemd

• gjennomføre ein heilskapleg

gjennomgang av norsk landbrukspolitikk for å modernisere og forenkle han, under dette vurdere endringar i jordbruksoppgjeret og integrere det tettare i resten av økonomiske politikken

• forenkle tilskotssystemet, redusere

talet på tilskotsordningar og kutte i landbruksbyråkratiet

• leggje betre til rette for å bevare

det norske kulturlandskapet, men i større grad skilje mellom støtte som går til dette føremålet, og det som går til matproduksjon

• leggje betre til rette for

teknologiutvikling i landbruket og lage ein strategi for eksport av landbruksteknologi

• styrkje satsinga på norsk

planteproduksjon, som korn, belgfrukter, ber, frukt og grønsaker

• at Noreg skal vere fremst i

arbeidet med å avgrense bruk av antibiotika i husdyrhaldet og halde oppe eit strengt regime for miljøskadeleg sprøytemiddelbruk

• evaluere eksisterande reguleringar

knytte til marknadsregulatorane for å sikre at konkurransen ikkje blir avgrensa unødvendig, eller at det hindrar nye aktørar i å kome inn på marknaden

• flytte ansvaret for marknadsregulering

av mjølk og kjøt til ein uavhengig aktør for å sikre ei meir uavhengig marknadsregulering, og avvikle marknadsregulering på egg

• behalde eit importvern, men

gå gjennom og lette på importvernet for enkelte varer

• halde oppe reindrifta som næringsveg

og arbeide for å redusere arealog beitekonfliktar, samtidig som grunneigaromsyn blir varetekne

• fjerne buplikta, men halde

oppe driveplikta

• endre odelslova til berre å gjelde

etterkomarar etter noverande eigarar

• gi eigarar av landbruks- og

skogseigedommar auka råderett over eigen eigedom

• gjere det enklare å avhende

statsallmenningsgrunn, der det er lokal semje om dette

• utvide moglegheita for lokale

produsentar av alkoholhaldige drikkevarer til å selje varene sine til besøkjande

• leggje til rette for god konkurranse

i norsk daglegvare- og matbransje og meir openheit i verdikjeda for daglegvarer

• ha høge krav til dyrevelferd for

alle husdyrlag og sørgje for at dyreeigarar som ikkje rettar seg etter pålegg frå myndigheitene etter brot på dyrevelferdslova, lettare kan fråtakast dyr og nektast å drive

• auke strafferamma for grove brot på

dyrevernslova og auke bøtesatsane for grovt aktlause brot på dyrevelferdslova

Berekraftig skogbruk

Dei norske skogane har gitt grunnlag for arbeidsplassar, verdiskaping og eksport gjennom århundre. Skogen speler ei viktig rolle for både miljø og klima, naturopplevingar og biologisk mangfald. Han er råvare for mange viktige verdikjeder, frå biokjemi og byggjemateriale til energiog matproduksjon. Skog skaper eit betydeleg rom for binding av CO2 gjennom god og rasjonell skogpleie.

Noreg har plass til både verna skog og profesjonell skogsdrift. Samvirke og skogsentreprenørar har auka effektiviteten i skogbruket, men kapitalmangel har halde utviklinga av norsk skogindustri tilbake samanlikna med nabolanda Finland og Sverige. Høgre vil arbeide for at det blir lettare for norske skogeigarar å kjøpe, eige og drive skog, mellom anna gjennom skattepolitikken.

• tillate skog omsett på ein måte som

kan fremje aktiv forvaltning og aktiv eigarskap, utan konsesjonskrav eller prisreguleringar

• auke den private og lokale

eigarskapen til norske skogressursar for å få betre forvaltning

• framleis satse på og støtte frivillig

vern av skog og aktivt jobbe for at skog blir forvalta som ein berekraftig ressurs innanfor gjeldande lovverk og sertifiseringsordningar for å sikre auka verdiskaping og effektiv karbonfangst

• forbetre offentleg infrastruktur

for å auke konkurransekrafta i næringa, men samtidig vareta behovet for å verne verdifull og karbonrik natur i slike område

• auke satsinga på forsking og utvikling

innanfor skogbruk og leggje til rette for nye forretningsområde innanfor sirkulærøkonomi og bionæringar

• bidra til å utvikle mangfaldet i

næringar knytte til skogen, inkludert kommersielle moglegheiter innanfor jakt, fiske, reiseliv, energiproduksjon og hyttebygging

Vegen til lågutsleppssamfunnet

Menneskeskapte klimaendringar merkar ein no over heile verda, også i Noreg. Auka temperaturar og meir ekstremvêr trugar menneskeleg liv og helse, matforsyninga i delar av verda og naturmangfaldet. Kostnadene knytte til både direkte skadar og til svekt verdiskaping er svært store. I framtida vil klimaendringane også føre til auka migrasjon. Over tid vil det vere klart mindre kostbart å stanse utsleppa av klimagassar enn å la vere.

Det er viktig at Noreg tek eigne klimaforpliktingar på alvor, og at vi støttar opp om internasjonalt samarbeid. Energi- og miljøpolitikken blir rimelegast og mest effektiv dersom vi realiserer måla våre i samarbeid med naboane våre i Europa, og Høgre vil difor føre vidare samarbeidet om energiog klimapolitikken med EU.

Energi for framtida

Høgres mål er at billig straum skal vere eit konkurransefortrinn for industri og næringsliv i Noreg og eit gode for hushalda.

Noreg styrer mot svakare kraftbalanse og vedvarande høgare kraftprisar. Løysinga er å byggje ut meir kraft og meir nett og å bruke energien meir effektivt. Utbygginga av kraft må gjerast skånsamt, med lokal aksept, og vareta viktige naturverdiar. Samtidig er det avgjerande for industri og arbeidsplassar og av nasjonale beredskapsomsyn at kraft og nett blir bygd ut betydeleg raskare enn i dag. Energi- og klimapolitikken må sjåast i samanheng med nærings- og sikkerheitspolitikken.

På kort sikt er det oppgradering av vasskraftverk, småkraft, vindkraft på land, solenergi, bioenergi, fjernvarme og energieffektivisering som kan bidra til å styrkje den norske kraftbalansen. Etter 2030 vil havvind kunne spele ei betydeleg rolle og bidra til både meir kraft og industrielle moglegheiter for Noreg og norsk leverandørindustri. Høgre er positiv til dei framtidige moglegheitene som kan liggje i kjernekraft og SMR-teknologi, og vil følgje opp utgreiinga om behovet og moglegheitene for kjernekraft i den norske energimiksen etter 2030. Noreg er ein stabil og langsiktig leverandør av energi til Europa. Noreg bør halde oppe denne posisjonen og vidareutvikle aktiviteten på norsk sokkel innanfor ramma av klimaforpliktingane våre. Ein føresetnad for å halde fram med å vinne ut olje og gass frå norsk sokkel er at produksjonen over tid skjer med null eller nær null utslepp. Det vil vere behov for norsk olje og gass til Europa i mange tiår framover, i tillegg til at det dei neste åra kan opne seg ein viktig marknad for blått hydrogen basert på norsk naturgass med karbonfangst og -lagring. Høgre vil difor halde oppe ein føreseieleg og ansvarleg leiteaktivitet på sokkelen. Vidare elektrifisering av sokkelen må ikkje føre til kraftmangel på land.

Det ligg også store moglegheiter for Noreg innanfor havvind og karbonfangst og -lagring. Noreg har Europas beste vindressursar og eit stort potensial for CO2-lagring på norsk sokkel. Dersom desse moglegheitene skal realiserast, må det førast ein føreseieleg og langsiktig politikk som byggjer på kompetansen og erfaringa frå norsk sokkel. Jamn tilgang på areal og rammevilkår som står seg over tid, vil vere avgjerande for å realisere potensialet på norsk sokkel.

• jobbe for lågare straumprisar

i heile landet, mellom anna ved å redusere elavgifta

• forsere tiltak som bidreg til mindre

forskjell i kostnader mellom ulike prissoner, som å redusere nettleiga der straumen er dyrast

• behalde ei straumstøtteordning

så lenge det er nødvendig, og tilbakeføre frå ekstraordinære statlege overskot til forbrukarar i område der straumen er dyrast

• leggje til rette for eit betre system

med fastprisavtalar for både næringsliv og forbrukarar for å få meir føreseielege og stabile straumprisar

• lyse ut 26. konsesjonsrunde og leggje

til rette for ei områdeløysing for transport av gass frå Barentshavet

• lage ei konsekvensutgreiing med

sikte på gjenopning av Nordland VI

• konsekvensutgreie Nordland VII

og Troms II og særleg vurdere konsekvensane for biologisk mangfald og sårbare økosystem

• leggje til rette for utsleppsreduserande

tiltak på norsk sokkel, men stille krav om at selskapa sørgjer for utbygging av erstatningskraft ved dei siste elektrifiseringsprosjekta som krev kraft frå land

• redusere barrierar som hindrar at ein

byggjer ut mindre funn på sokkelen nær eksisterande infrastruktur, og slik leggje til rette for god ressursutnytting og auka inntekter til fellesskapen

• leggje til rette for nye næringar på

norsk sokkel, til dømes havvind, CO2- lagring og blått hydrogen, gjennom jamlege og føreseielege tildelingar av areal for havvind og CO2-lagring og utvikling av infrastruktur

• føre vidare differansekontraktar

som verkemiddel for å realisere nye industrisatsingar som havvind, karbonfangst og -lagring, hydrogen og ammoniakk

• vurdere om det bør innførast

grunnrenteskatt for nye havvindprosjekt

• leggje til rette for utvikling av eit

nordsjønett i samarbeid med andre land

• vidareutvikle norsk havforvaltning og

marin miljøkartlegging for å leggje til rette for meir aktivitet til havs, innanfor berekraftige rammer

• stille krav om solenergi på fleire

offentlege bygg og infrastruktur og fjerne regulatoriske barrierar som hindrar lokal energiproduksjon, mellom anna tillate deling og lagring av energi i større grad enn i dag, eksempelvis i nabolag og næringsområde

• kartleggje større område med «grått

areal» som kan nyttast til lokal energiproduksjon, og innføre forenkla konsesjonsprosessar i desse områda

• gå gjennom verneplanane for norske

vassdrag og vurdere potensialet for kraftproduksjon som ikkje svekkjer verneverdiane, og som bidreg til betre flaumvern

• vurdere nye insentiv og eventuelle

skatteendringar for å stimulere til fleire effektoppgraderingar på kort sikt

• leggje til rette for utbygging av

kjernekraft i Noreg, dersom private aktørar finansierer utbygging, drift og dekommisjonering

• ta ei aktiv rolle i den internasjonale

forskinga på, og utviklinga av, ny kjernekraftteknologi, under dette vurdere medlemskap i EURATOM

• sørgje for at vertskommunar som

legg til rette for kraftproduksjon, får ein rimeleg del av verdiskapinga, og vurdere mellombelse og tidsavgrensa insentivordningar for kommunar som bidreg til å oppnå kraftmålet og -ambisjonen innan 2030

• byggje ut meir kraft og nett raskare,

mellom anna ved å forenkle regelverket og redusere den samla saksbehandlingstida

• sikre at nettselskapa i større grad

kan forskotere utbygging basert på forventa kraftforbruk

• leggje til rette for betre utnytting

av nettet gjennom krav om å vurdere alternative løysingar til ny infrastruktur som auka digitalisering, sensorbruk, batteriløysingar og meir forbrukarfleksibilitet

• føre ein energieffektiviseringspolitikk

der forbrukarar og bedrifter opplever at det løner seg å gjennomføre tiltak, under dette vurdere krav til energifleksibilitet og innføring av energisparesertifikat

• stille krav til gjenbruk av spillvarme

frå industri, avfallsforbrenning, datasenter og hydrogenproduksjon der det ligg til rette for dette

• støtte energilagringsløysingar og

energifleksible oppvarmingssystem som reduserer belastning på straumnettet, og auke fjernvarmeproduksjon til dømes gjennom nye finansieringsmodellar

• leggje til rette for auka

produksjon av biogass

• vurdere å etablere eit nasjonalt

testsenter for tidvass- og bølgjekraft

Lågare utslepp, høgare verdiskaping

Klimaproblema er vår tids største utfordring. Noreg skal omstillast til eit lågutsleppssamfunn innan 2050 og oppnå betydelege utsleppsreduksjonar innan 2030 i samarbeid med EU. Dette samarbeidet gir større fleksibilitet og er meir kostnadseffektivt enn å oppnå måla åleine og sikrar at norske bedrifter har like rammevilkår som konkurrentane sine i Europa.

Høgre vil ta marknaden i bruk i miljøet si teneste for å gjere det lønsamt å gjennomføre god klimapolitikk, og bidra til å skape vekst og lønsame grøne jobbar. Høgre vil forsterke forureinar betalar-prinsippet i skatte- og avgiftssystemet. Det skal løne seg å ta klimavenlege val. Høgres mål er at klimapolitikken skal vere så kostnadseffektiv som mogleg, bidra til å styrkje konkurransekrafta i norsk industri og næringsliv og leggje til rette for nye arbeidsplassar og verdiskaping.

Høgre meiner det er avgjerande å sikre at industrien ikkje flaggar ut av Noreg og Europa, av omsyn til både norske arbeidsplassar, klimagassutslepp og sikkerheitspolitikken. Mangel på kraft er i ferd med å kortslutte både klima- og industripolitikken. Det er behov for å tenkje nytt om rammevilkåra for å kutte store punktutslepp, for å sikre at fastlandsindustrien er i stand til å skalere utsleppsreduserande tiltak i tilstrekkeleg tempo og omfang.

• halde fram opptrappinga av CO2-

avgiftene, men kompensere ved å redusere andre skattar og avgifter og styrkje verkemidla for grøn omstilling

• føre vidare samarbeidet med EU om

klimapolitikken for å sikre ein mest mogleg kostnadseffektiv klimapolitikk som kuttar utslepp i Europa og globalt

• etablere ei støtteordning

(punktutsleppsprogram) for å kutte utsleppa frå dei største utsleppspunkta i Noreg, til dømes ved å bruke karbondifferansekontraktar der det er konkurranse om å be om minst støtte

• sikre at Enova i større grad støttar

tiltak som raskt kuttar utslepp eller sparer energi, under dette gi Enova høve til å støtte moden teknologi gjennom punktutsleppsprogrammet

• føre vidare ei CO2-

kompensasjonsordning for industrien, der ordninga i større grad gir investeringar i utsleppsreduksjonar og energieffektivisering

• at Noreg deltek fullt ut i EUs

karbongrensejusteringsmekanisme (CBAM) for å hindre karbonlekkasje til andre land, og jobbe for endringar som betre varetek norsk industri

• leggje til rette for industriell skalering

av karbonfangst- og lagringsteknologi, under dette fangst av CO2 direkte frå luft, fangst av CO2 frå biomasse og bruk av CO2 i industrielle prosessar

• at offentlege innkjøp bidreg til

lågare utslepp, effektiv ressursbruk og betre sirkulærøkonomi

• leggje til rette for at kommunesektoren

kan utvikle eigne klimabudsjett og ha ein plan for å nå klimamåla i samarbeid mellom stat og kommunar

• leggje til rette for betydeleg reduserte

utslepp frå avfallsforbrenning, mellom anna ved å auke krav til utsortering og materialgjenvinning og støtte utsleppsreduserande teknologi

• gå gjennom rammevilkåra for

avfallsforbrenning for å unngå konkurransevriding, og vurdere konsekvensane for fjernvarme

• styrkje kostnadseffektive tiltak i

skog- og arealbrukssektoren som kan bidra til auka opptak av CO2-utslepp, som til dømes planting av skog

• føre vidare resultatbaserte og

kostnadseffektive bidrag til Klimainvesteringsfondet i Norfund og til bevaring av regnskogen i samarbeid med andre land

• innføre ein forbruksbasert

klimarekneskap for å synleggjere korleis norsk forbruk påverkar utslepp og naturinngrep utanfor dei territorielle grensene våre

Grøn transport

Transportsektoren er ei av våre største innanlands utsleppskjelder. Høgre vil gradvis fase ut fossil energi i all transport og logistikk gjennom å innføre tiltak som bidreg til rask innfasing av nullog lågutsleppsløysingar. Det skal løne seg å ta i bruk grøne alternativ. Høgre vil halde oppe og vidareutvikle Noregs leiande posisjon som grøn skipsfartsnasjon og bruke han til å kutte utslepp i Noreg og internasjonalt.

• støtte at varebilar, tungtransporten og

langdistansebussar kan gå frå fossilt til nullutsleppsløysingar, og ha ein plan for utbygging av lade- og fylleinfrastruktur for tungtransporten i heile landet

• ha eit mål om at alle nye

personbilar skal vere utsleppsfrie, og ha eit avgiftssystem og ein lade- og fylleinfrastruktur som byggjer opp under dette

• fase inn nullutsleppskrav til transport i

offentlege innkjøp når teknologien legg til rette for det, og vurdere målretta støtteordningar for å støtte opp under overgangen, til dømes for hurtigbåtar

• lage ein plan for å auke produksjonen

av avansert berekraftig biodrivstoff

• leggje til rette for auka innblanding,

og norsk produksjon, av berekraftig drivstoff som gir luftfarten eit lågare klimagassutslepp samtidig som norske flyselskap held oppe konkurransekrafta med utanlandske flyselskap

• arbeide for internasjonale utsleppskrav

i maritim sektor og at alle nye skip som blir bygde, skal kunne ta i bruk berekraftig drivstoff

Frå lineær til sirkulær økonomi

Ein effektiv klimapolitikk føreset langtidsperspektiv og ei heilskapleg tilnærming på tvers av sektorar. I dette speler også natur- og arealpolitikken ei viktig rolle. Sirkulærøkonomi vil bli eit viktig bidrag for å kutte utslepp, redusere naturtap og utnytte ressursane betre og meir effektivt enn i dag. Vi må skape meir med færre ressursar. Sirkulærøkonomi har også ein sikkerheitspolitisk dimensjon, fordi det reduserer avhengigheita av andre land.

Vi må i langt større grad gjenbruke og gjenvinne ressursane i økonomien. Høgre meiner produkt må designast for gjenbruk og gjenvinning frå start, og at det må innførast produsentansvar for langt fleire produkt som blir selde på marknaden, for å sikre at varer blir gjenbrukte eller gjenvunne forsvarleg. Meir ombruk av byggjevarer og meir gjenvinning av byggjemateriale er avgjerande for å sikre overgangen til ein meir sirkulær økonomi og redusere ressursbruken knytt til produksjon av nye materiale.

• gå gjennom regelverket og skatte-

og avgiftssystemet for å fjerne unødvendige hindringar og gjere det meir lønsamt å gjenbruke og gjenvinne framfor å produsere og kjøpe nytt

• utvide og styrkje

produsentansvarsordninga ved å påleggje produsentar større ansvar for produkt dei sender ut i marknaden

• leggje til rette for betre ressursutnytting

av norsk avfall og høgare verdiskaping i avfallsbransjen ved at konkurranse og effektive løysingar ligg til grunn for utviklinga

• utvide krava om materialgjenvinning

til fleire produkt og kritiske og strategiske råmateriale

• til liks med EU stille krav om at fleire

produkt består av gjenvunne materiale

• fase inn krav om reduserte

klimagassutslepp frå materialbruk i bygg og leggje til rette for etablering av materialbankar for ombruk av byggjevarer

• endre delar av grunnavgifta på

drikkevareemballasje til ei materialavgift som minkar med aukande del resirkulert materiale i emballasjen

• gjennomføre tiltak for å redusere

matsvinn, i samarbeid med bransjen

• vurdere ei avgift på fossil plast og

støtte etableringa av ein infrastruktur for innsamling, sortering og materialgjenvinning av plastavfall

• redusere omfanget av «fast fashion»

ved å innføre produsentansvar og gode miljømerkeordningar og leggje til rette for meir utsortering og tekstilgjenvinning

• jobbe for at tekstil beståande av

syntetiske fibrar tydeleg blir merkte med «plast i produktet»-merke, etter modell av EU-kravet som omfattar alle eingongsprodukt som heilt eller delvis er laga av plast

• vidareutvikle miljømerkeordningar slik

at forbrukarane kan ta informerte val

• leggje til rette for å gjenbruke

overskotsmassar, mellom anna ved etablering av digitale marknadsplassar for overskotsmassar

• leggje betre til rette for deling

av varme og overskotsressursar i industri og næringsliv

• etablere ein strategi for korleis den

høge gjenvinningsgraden vår kan skape kommersielle moglegheiter ved å hente ut mineral frå eksisterande produkt, såkalla «urban gruvedrift»

På lag med naturen

Natur har både ein eigenverdi og gir oss mange viktige naturgode som reint vatn, medisinar, friluftsliv, jakt- og fiskemoglegheiter og mat og energi. Det er viktig å forvalte naturressursane på ein slik måte at vi bevarer evna naturen har til å bidra til økonomisk vekst og velferd også for neste generasjon. Økonomisk aktivitet må skje innanfor rammene av tolegrensene til naturen. Vi må avgrense tap av sårbar natur og artsmangfald både på land og til havs, restaurere allereie øydelagd natur og forvalte naturen slik at han er i stand til å levere gode økosystemtenester. Menneskeskapte klimaendringar er eit av dei største trugsmåla mot natur og artsmangfald. Samtidig er det å ta betre vare på naturen eit av dei mest kostnadseffektive tiltaka for å redusere klimagassutslepp. God kunnskap om naturen og artsmangfaldet er ein viktig føresetnad for dette.

God natur- og arealforvaltning gir oss også fleire andre fordelar. Byar og bygder som blir bygde innanfrå og ut, legg til rette for urbane kvalitetar som blir etterspurde av mange. Godt forvalta nærskogar gir grunnlag for turar, friluftsliv og god folkehelse. Det er mogleg å leggje til rette for nye, grøne næringar og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn, samtidig som ein i større grad tek vare på viktige naturverdiar.

Det største hinderet for god naturforvaltning er mangel på oversikt. Når ein kommune ikkje kjenner naturverdiane i kommunen sin, blir det vanskelegare å prioritere dei rette utbyggingane i dei rette områda. Mange kommunar har for låg kompetanse og kapasitet til å ha oppdaterte planar for og kartlegging av viktige areal. Høgre vil auke innsatsen for å kartleggje norsk natur og støtte kommunane til å oppdatere eigne arealplanar.

Mange kommunar og fylke gjer ein viktig innsats for å ha ei meir miljøvenleg arealforvaltning i Noreg. Avgjerdene blir betre når dei er tekne lokalt, utan statleg overstyring. Høgre vil gi kommunane fleire verktøy til å ta kloke avgjerder i arealpolitikken og sørgje for gode mildnande tiltak når viktige samfunnsinteresser skal balanserast. Det lokale sjølvstyret er eit godt utgangspunkt for effektive tiltak og berekraftig arealbruk.

Høgre vil ta utgangspunkt i at alle ressursar er knappe, også areal og natur. Naturforvaltninga skal byggje på tiltakshierarkiet om å unngå, avgrense, restaurere og om mogleg kompensere for inngrep i areal og natur. For å kompensere og restaurere natur trengst det gode oversikter. Det er viktig at dei prosjekta som blir prioriterte for å restaurere natur, er dei som er dei mest effektive for å redusere kritisk tap av natur- og artsmangfald. Høgre meiner at ein nasjonal plan og regionale oversikter over dei mest nyttige areala vil gjere arbeidet med naturrestaurering meir effektivt.

Den internasjonale naturavtalen frå 2022 forpliktar landa til å auke innsatsen monaleg for å ta vare på naturen. Noreg har over fleire år gjort mykje for å verne viktige naturverdiar internasjonalt, gjennom mellom anna å hindre nedbygging av regnskog og gjennom å vere ein pådrivar for eit reinare hav. Høgre vil vere ein pådrivar for sterke internasjonale forpliktingar til å ta vare på naturen.

• prioritere representativt vern og

bevaring av tilstrekkeleg store, varierte, samanhengande område på land og i sjø, i tråd med Noregs forpliktingar og i samarbeid med dei næringane og kommunane det gjeld

• i større grad auke utnyttinga av

allereie utbygde område i staden for å ta i bruk nye naturområde

• støtte frivillig skogvern og vurdere om

større delar av skogeigedommane til staten kan vernast

• utarbeide ein heilskapleg nasjonal

plan for naturrestaurering, under dette satse på restaurering av tareskog

• i større grad nytte økologisk

kompensasjon som eit verkemiddel for å kompensere for større naturinngrep i statlege prosjekt

• auke satsinga på heildekkjande

naturkartlegging og det økologiske grunnkartet, mellom anna gjennom bruk av fjernmåling, kunstig intelligens og samanstilling av lokale og nasjonale data

• stille krav til at sentrale miljødata blir

offentleggjorde i eit digitalt og brukande format, også frå konsekvensutgreiingar og risiko- og sårbarheitsanalysar

• bidra til å rydde i eksisterande

miljødatabasar, slik at tidsbruken til brukarane går ned ved at registreringar er riktig registrerte, kartfesta og kontrollerte

• oppdatere krava til sjølvstende og

kvalitet for konsekvensutgreiingar, med sikte på å forsterke tilliten til slike utgreiingar

• utvikle ein nasjonal naturrekneskap,

som vil gjere det enklare for kommunane å utarbeide eigne arealrekneskapar over kva arealtypar dei har, og endringa over tid

• støtte kommunane i å oppdatere eigne

arealplanar og lage arealrekneskap, både for å få oversikt sjølve og for å bidra til betre nasjonal oversikt over arealbruksendringar

• føre vidare Noregs leiarrolle i

den nasjonale og internasjonale kampen mot marin forsøpling

• bidra til reduksjon i nedbygging

av karbonrik myr

• leggje rovdyrforliket, og den todelte

målsetjinga om beitedyr og berekraftige rovdyrbestandar, til grunn for forvaltninga av rovdyrbestandane, og dessutan forbetre dialogen mellom lokalsamfunn og myndigheiter

• gjennomføre ein kraftinnsats for ein

reinare og rikare Oslofjord, mellom anna gjennom nitrogenreinsing, strengare krav til avrenning frå landbruket og regulering av fiskeriaktivitet

• auke innsatsen for å få bukt med

framande artar med høg risiko, i tråd med den internasjonale naturavtalen

• følgje opp Noregs handlingsplan

for villrein og restaurere fleire av leveområda til villreinen

• at omsynet til særleg samfunnsnyttige

føremål som fornybar kraftproduksjon og kraftleidningar skal prioriterast og vektast tungt i arealpolitikken

• styrkje innsatsen for å ta vare på

dei ville laksebestandane, mellom anna redusere spreiing av lakselus, infeksjonar og framande artar, og dessutan sjå på moglegheita for å auke populasjonen i laksebestandane gjennom til dømes kultivering

Pasienten si helseteneste

Høgre vil skape pasienten si helseteneste, der ingen avgjerder om deg blir tekne utan deg. Kvar enkelt pasient skal oppleve respekt og openheit i møte med helsetenesta. Som pasient skal du møte ei helseteneste med kort ventetid og tilgang på helsetenester av høg kvalitet. Pårørande skal oppleve anerkjenning som viktig ressurs og støttespelar for den som er sjuk, og for helsetenesta.

Høgre vil få ned dei lange ventetidene og sikre pasientane raskare tilgang til offentleg finansierte helsetenester av høg kvalitet. Løysinga til Høgre er å bruke private og ideelle aktørar i eit sterkt offentleg-privat samarbeid, gi sjukehus betre betalt for å behandle fleire pasientar og sikre føreseieleg finansiering av den offentlege helsetenesta.

• redusere ventetidene i helsetenesta

• gi pasientar rask helsehjelp av høg

kvalitet gjennom ei sterk offentleg helseteneste som samarbeider godt med ideelle og private aktørar

• auke valfridommen for pasientane

og mangfaldet i behandlingstilboda, mellom anna ved å gjenopprette ei føreseieleg ordning med Fritt behandlingsval

• gjere det enklare for pasientar og

pårørande å forstå rettane sine og utøve medverknad og innverknad

• sørgje for at pasientar får raskare

tilgang til nye medisinar, tilgang på fleire kliniske studiar og tilstrekkeleg tilgang til nødvendige medisinar

• sørgje for systematisk

pårørandearbeid i kommunane

Førebygging og folkehelse

Store delar av helseutgiftene går til å behandle sjukdom framfor å førebyggje sjukdom. Høgre meiner det trengst ei dreiing over til meir førebyggjande helsearbeid. Det er betre for den enkelte og billigare for samfunnet at vi klarer å førebyggje uhelse, framfor å behandle. Politikken til Høgre byggjer på positive verkemiddel med påskjøning og stimulering. Folkehelsearbeidet må tilpassast menneske i alle livsfasar og bidra til å redusere sosiale forskjellar.

Vaksinar har stor førebyggjande effekt, og det er viktig at vaksinasjonsgraden blir halden høg i heile befolkninga. Høgre vil byggje vidare på vaksinasjonsprogrammet for vaksne, som vil gjere det enklare å ha oversikt over om ein har dei vaksinane som helsemyndigheitene tilrår.

• satse meir på arbeidsretta

rehabilitering for å sikre at fleire kjem raskare tilbake til arbeidslivet

• styrkje arbeidet med habilitering og

rehabilitering og sikre god samhandling mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta

• bidra til at fysisk aktivitet og

kosthaldsendring oftare blir føreskrive frå fastlegar, på same måte som det blir føreskrive medisin, under dette vidareutvikle ordninga med grøn resept og utvikle nye oppfølgingsmodellar

• jobbe for redusert tobakksbruk og

innføre eit nasjonalt røykesluttprogram

• styrkje helsestasjonar og

skulehelsetenesta som førebyggjande helsetiltak

• ha ein handlingsplan for å førebyggje

og redusere einsemd, og dessutan etablere ordningar som bidreg til å redusere einsemda blant eldre ved å involvere frivillige organisasjonar

• vidareføre samarbeidet med

næringslivet for å leggje til rette for sunne produkt i matbutikkane og lettfatteleg merking av sunne alternativ

• sikre ein høgast mogleg dekningsgrad

ved å auke kunnskapen om vaksinar, vidareutvikle vaksineprogrammet for barn og ha eit vaksineprogram for vaksne, med automatisk påminningsordning

• opne for at snus utan tobakk

kan seljast i Noreg

• innføre krav om at helsepersonell med

pasientkontakt har relevante vaksinar

• styrkje det systematiske

ernæringsarbeidet for eldre og utsette grupper

• ha ei god tannhelseteneste, der

dei som treng det mest, får tilbod om nødvendig behandling i den offentlege tannhelsetenesta

Sjukehus og spesialisthelsetenester

Høgre vil sørgje for ei sterk offentleg spesialisthelseteneste der pasienten får rask tilgang til behandling av høg kvalitet. Innbyggjarane skal ha tryggleik for akutthjelp og spesialisthelsetenester over heile landet. Med ei aldrande befolkning og aukande sjukdomsbyrde er eit godt samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunane viktig, også for å ha nærleik til helsehjelp og god beredskap i heile landet. Ein desentralisert sjukehusstruktur skal sikre beredskap, akutthjelp og nærleik til sjukehustenester, og dei store sjukehusa skal vere spesialiserte og byggje opp under aktiviteten ved dei mindre sjukehusa.

• sørgje for ein sterk og føreseieleg

sjukehusøkonomi som gir rom for stabil drift og nye investeringar

• nytte ledig kapasitet hos

private leverandørar for å gi rask pasientbehandling og redusere ventetider

• auke den aktivitetsbaserte

finansieringa (ISF) i sjukehusa, for å redusere ventetidene og gi rask pasientbehandling

• innføre Fritt behandlingsval for å

auke valfridommen for pasientane og mangfaldet i behandlingstilbodet

• at pasientar skal ha rett til behandling

hos ein privat behandlingsstad som har avtale med det offentlege, dersom pasienten ikkje får helsehjelp av det offentlege innan fristen

• utvikle fleire pakkeforløp for

pasientar og prioritere nye pakkeforløp for kvinnesjukdommar, for valdsutsette og for demens

• støtte opp om pilotstudie for

screening av prostatakreft for aktuelle aldersgrupper og risikopopulasjonar

• innføre fleire tiltak som raskare utryddar

HPV-relatert kreft og sjukdom

• sørgje for målretta bruk av ny teknologi,

digitalisering og kunstig intelligens for å jobbe på smartare måtar og ha betre oppgåvedeling i sjukehus

• satse på forskings- og utviklingsarbeid

i spesialist- og kommunehelsetenesta

• at fleire pasientar skal få

tilgang til kliniske studiar

• vidareutvikle helsetilbodet for

personar med kjønnsinkongruens i tråd med beste praksis og forsking

• sørgje for at det blir jobba

systematisk for å betre pasientsikkerheita i helsetenesta

• sikre at det er tilgang på døgnopne

overgrepsmottak for barn

Fagleg sterk helseteneste

Ei av dei største utfordringane for helsetenesta dei komande åra vil vere mangel på helsepersonell. Høgre vil gjere dei offentlege sjukehusa til betre arbeidsgivarar for å behalde helsepersonell. Det skal opnast for meir fleksible arbeidstidsordningar og meir tverrfagleg samarbeid og oppgåvedeling. Gjennom målretta bruk av teknologi, innovasjon og kunstig intelligens i den kliniske og administrative arbeidskvardagen kan vi frigjere kapasitet hos helsepersonell.

Høgre vil satse på kompetanseheving, leiarutvikling, forsking og fagleg utvikling i heile helse- og omsorgstenesta og arbeide for eit sterkt partssamarbeid. Høg kvalitet på den helsehjelpa som blir ytt, sikrar rett behandling til rett tid og skaper tryggleik og verdigheit for pasientane. Gode pasientopplevingar må skapast kvar dag i møtet mellom den som treng helsehjelp, og den som gir helsehjelp. Høgre vil føre ein kompetansepolitikk i helsesektoren som bidreg til rekruttering, samtidig som vi beheld dyktige helsearbeidarar i sektoren.

• leggje til rette for meir fleksible

arbeidstidsordningar som bidreg til å redusere arbeidsbelastninga på helsepersonell

• stimulere til større bruk av kunstig

intelligens og annan ny teknologi til å planleggje turnusar og arbeidsflyt betre

• oppnå betre oppgåvedeling

i helsetenesta i samarbeid med dei tilsette

• utvide tverrfaglege

allmennhelsetenester gjennom eit fornya takstsystem som bidreg til fleire helsepersonellgrupper ved fastlegekontora, og styrkje ordninga for allmennlegar i spesialisering

• behalde næringsdrift som viktigaste

organisasjonsform for fastlegar

• utvikle fastlegeordninga gjennom

føreseielege rammevilkår, god rekruttering og større tverrfagleg samarbeid

• greie ut kva oppgåver farmasøytar

i apoteka kan overta, for å avlaste helsetenesta

• innføre karakterkrav ved opptak

til sjukepleiarutdanninga

• kartleggje behovet for fleire faglærte

i heimesjukepleia og setje ein nasjonal ambisjon om ti prosent færre ufaglærte i dei brukarretta omsorgstenestene innan 2030, med vekt på heimesjukepleia

• jobbe for bruk av simulering

som del av praksisundervisninga i sjukepleiarutdanninga og i kommunehelsetenesta

• godkjenne fleire sjukepleiargrupper

som spesialistar, for å anerkjenne kompetanse og gi fleire karrierevegar

• styrkje leiarkompetanse i helsetenesta,

både fagleg og på pasientnært nivå

• sikre raskare tilgang til spesialist ved

å utvide avtalespesialistordninga, og behalde den noverande ordninga for avtale og finansiering

• systematisk arbeide for å byggje

forbetringskultur i helsetenesta gjennom å leggje til rette for større openheit om og læring av uønskte hendingar

Leve heile livet med god eldreomsorg

Høgre vil skape eit samfunn der alle kan leve heile livet. Det handlar om kva samfunnet kan gjere for at kvar enkelt skal kunne bruke ressursane sine i møte med dei utfordringane og moglegheitene alderdommen gir. Høgre meiner aldersdiskriminering skal nedkjempast, og at alle skal ha ein plass i samfunnsliv og arbeidsliv.

Dei neste åra vil det bli langt fleire eldre enn unge i befolkninga. Det vil krevje nye løysingar og endringar på ei rekkje område. Dei aller fleste eldre klarer seg godt sjølve og tek grep for å førebu eigen alderdom i god tid. Nokre eldre vil ha behov for omsorgstenester for å kunne bu heime eller i tilrettelagde bustader. Høgre vil byggje ut tilbodet av tilrettelagde bustader og bufellesskapar, der eldre kan ta imot tenester, men framleis leve mest mogleg sjølvstendige liv. I alle fasar av eldreomsorga skal den gamle møte eit like godt helsesystem som alle andre. Demens blir ein stadig vanlegare sjukdom, med mange pårørande. Høgre vil etablere pakkeforløp for demens, slik at føreseielegheita blir betre for både den som blir råka, og alle rundt.

Eldreomsorga vil trenge svært mange fleire tilsette og nye løysingar for å redusere behovet for tenester dei neste åra. Høgre vil leggje vekt på å auke kompetansen til dei som jobbar i omsorgstenesta i dag, samtidig som arbeidsoppgåvene blir delte på ein mest mogleg føremålstenleg måte.

Private og ideelle aktørar kan spele ei avgjerande rolle i å auke kapasiteten og kvaliteten i eldreomsorga framover, og Høgre vil ta desse i bruk for å gi våre eldre best mogleg tenester.

• leggje til rette for at alle som kan og

vil, skal få høve til å stå lenger i arbeid

• gjennomføre eit kvalitetsløft

i heimebaserte tenester med faste, tverrfaglege team og kompetent helsepersonell

• innføre eit nasjonalt regelverk som

gjer det enklare for kommunar å ta i bruk fritt brukarval i heimetenestene

• sørgje for at oppgåvene i

omsorgstenestene blir delte slik at kompetansen blir brukt best mogleg

• at alle kommunar bør tilby

frivillig førebyggjande heimebesøk med oppfølging

• innføre systematiske brukar- og

pårørandeundersøkingar og ha openheit om desse i helse- og omsorgstenestene

• leggje til rette for at det blir bygd fleire

nye heildøgns omsorgsplassar og tilrettelagde bustadformer for eldre og menneske med demenssjukdom

• sørgje for raskare hjelp til å avdekkje og

behandle sansetap, som svekt høyrsel

• bidra til at fleire kommunar tek i

bruk velferdsteknologi, og jobbe for større innovasjon i tenestene

• sikre god palliativ pleie og lindrande

omsorg til menneske i sluttfasen av livet og sikre bruk av hospicefilosofi, som handlar om å ha ei heilskapleg tilnærming til mennesket

Psykisk helse

I pasienten si helseteneste er god behandling av psykiske helseplager like viktig som av fysiske. Rask og rett helsehjelp er først og fremst viktig for den som er sjuk, men det har også mykje å seie for samfunnet vårt. Psykisk helsehjelp må i større grad innrettast etter om hjelpa bidreg til betre livskvalitet og meistring sett med auga til pasienten. Ventetidene må ned, og fleire må få hjelp som faktisk hjelper. Høgre legg til grunn ein nullvisjon for sjølvmord. Tre av fire som tek sitt eige liv, er menn, og halvparten av dei har ikkje vore i dialog med hjelpeapparatet på førehand. Vi skal skape gode førebyggjande tiltak og ei helseteneste som treffer gutar og menn betre.

Den enkelte pasienten skal kunne gi tilbakemeldingar undervegs i behandlingsforløpet om korleis behandlinga verkar. Pasienterfaringar skal fangast opp systematisk og brukast aktivt i forbetringsarbeid. Det er viktig at pasienten kan ha innverknad på behandlinga. Høgre vil sørgje for at det er valfridom i tilbodet, og det skal vere mogleg å velje medikamentfrie behandlingstilbod i psykisk helsevern.

• sørgje for ei nasjonal utrulling av Rask

psykisk helsehjelp i alle kommunar der det er grunnlag for det, innan 2030. Kontinuerleg evaluere effekten av den psykiske helsehjelpa og publisere både resultata og ventelistetal

• opprette eit pilotprosjekt med utvikling

og skiping av Rask psykisk helsehjelp ung, med styrkt kunnskap om sosiale medium, mobbing og familie

• nytte førebyggingsprogram som har

dokumentert effekt mot sjølvskading og sjølvmord, og utvikle målretta tiltak mot sjølvmord i risikogrupper

• vidareutvikle ei meir tverrfagleg

helsestasjons- og skulehelseteneste

• innføre ein rett til vurdering og

møte med fagperson innan tre veker ved tilvising til barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)

• utvide aldersgrensa i barne-

og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) til 25 år

• etablere helseteam og andre tiltak som

skal sikre at barn i barnevernsinstitusjon får den oppfølginga dei har rett på innanfor psykisk helsehjelp

• auke kapasiteten innanfor psykisk

helsevern for barn, unge og vaksne innanfor både døgnbehandling og poliklinisk behandling, slik at alle psykisk sjuke som treng døgnbehandling, får det

• at alle kommunar skal ha tilgang på

team (ACT/FACT) som gir oppsøkjande, samtidige og heilskaplege tenester til menneske med alvorlege psykiske lidingar og rusavhengigheit

Rusomsorg

Høgre vil føre ein kunnskapsbasert ruspolitikk med mål om å førebyggje rusproblem. Høgre vil jobbe for å avgrense dei negative skadeverknadene som følgjer av rusmiddel. Bruken av narkotika er på eit urovekkjande nivå, og Høgre er særleg bekymra for bruk blant unge. Narkotikabruk har store konsekvensar for den enkelte og for samfunnet. Bruk og innehav av narkotika skal vere forbode. Personar som blir tekne for bruk og innehav av narkotika, skal møtast med oppfølging i helsetenesta, med obligatorisk møte i kommunal ruseining. Manglande oppmøte skal føre til gebyr.

Noreg er blant landa i Europa med flest overdosedødsfall kvart år. Risikoen for overdose er spesielt høg etter utskriving frå rusbehandling. Det er avgjerande at ettervernet i rusomsorga blir prioritert gjennom samarbeid med ideelle og private aktørar med kompetanse på feltet. Spesialisthelsetenesta må samarbeide tettare med kommunane for å sikre at brukaren blir vidareført til eit trygt og rusfritt miljø etter utskriving. Rusbehandlingstilbodet, inkludert talet på institusjonsplassar, skal dekkje det faktiske behovet. Det trengst eit betre tverrfagleg samarbeid om behandling og ettervern mellom psykisk helsevern, rusbehandling og somatisk helseteneste. Ettervernet skal sikre at den enkelte kan meistre eige liv. Høgre legg til grunn ein nullvisjon for overdosedødsfall.

• styrkje det førebyggjande arbeidet retta

særleg mot barn og unge for å redusere risikoen for helseskadeleg rusbruk

• sørgje for at det er nok døgnplassar

innanfor psykisk helse og rus, og at det blir lagt til rette for både private/ideelle og offentlege tilbod for å sikre pasientane valfridom og hjelp når dei treng det

• redusere ventetida og sørgje for

ein betre overgang frå avslutta behandling til oppfølging

• sikre at pasientar med

rusmiddelavhengigheit får tilbod om behandlingstilbod av lang nok varigheit og har høve til å velje medikamentfrie og/eller recoverybaserte behandlingstilbod

• sikre at det finst eigne

behandlingstilbod for kvinnelege pasientar med rusmiddelavhengigheit

• styrkje ettervernet i rusomsorga

gjennom samarbeid med private og ideelle aktørar, sosiale entreprenørar og kommunane slik at fleire får høve til arbeidstrening, bustad og annan aktivitet etter rusbehandling og rehabilitering

• bidra til fleire helsetilbod som driv

oppsøkjande verksemd i rusmiljøa

• vurdere å gjere integrert ettervern til

ein del av tilbodet innanfor tverrfagleg spesialisert rusbehandling

• leggje skadereduksjon til

grunn i ruspolitikken

• ikkje legalisere bruk eller

innehav av narkotika

• at personar som blir tekne for innehav

av narkotika til eige bruk, blir viste til hjelp, behandling og oppfølging i staden for straff. Hjelpetilbodet skal vere obligatorisk, og ungdom under 18 år blir pålagde å møte saman med foreldra. Manglande oppmøte blir sanksjonert med gebyr

Kvinnehelse

Både kvinner og menn skal møte ei god helseteneste tilpassa sitt behov. Nokre sjukdommar og lidingar råkar berre kvinner, råkar kvinner i større grad enn menn, eller råkar kvinner og menn ulikt. Kvinnehelseutvalet har peika på at kvinner har eit dårlegare møte med helsetenesta enn menn. Det må større endringar til for å rette opp i skeivskapen i helsetenestene våre. Noreg skal ha eit av dei beste føde- og barseltilboda i verda, og nye foreldre skal vere sikre på at dei får god hjelp og oppfølging dersom dei treng det.

Abort skal vere eit trygt og fagleg forsvarleg helsetilbod. Grensene for sjølvbestemt abort er eit samvitsspørsmål som det er opp til kvar enkelt representant å ta stilling til etter eiga overtyding. Det er samtidig eit sjølvstendig poeng for Høgre at abortlova ikkje blir endra ved kvart stortingsval. Høgre vil difor ikkje ta initiativ til å endre abortgrensa for sjølvbestemt abort i stortingsperioden 2025–2029.

• gå gjennom finansieringa i

spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta for å sikre at kvinnehelse blir prioritert

• vurdere å utvide moglegheita for

å få medisinar på blå resept eller individuell refusjon av utgifter til hormonbehandling i overgangsalderen

• gå gjennom nasjonale retningslinjer og

rettleiarar for typiske kvinnesjukdommar

• styrkje forskinga på kvinnehelse

• krevje at kjønnsperspektiv er

vareteke i all medisinsk og helsefagleg forsking og utdanning

• vurdere å utvide

mammografiprogrammet i tråd med faglege tilrådingar

• sikre eit godt og kompetent fødetilbod

i heile landet, med ei god følgjeteneste

• styrkje jordmortenesta i kommunane

ved å gi jordmødrer eit større ansvar for kvinnehelse

• lovfeste retten til å ha med ein

støtteperson som mor vel, under svangerskap, i fødsel og i barsel

• sikre betre oppfølging og hjelpeapparat

i samband med svangerskap og barseltid for å førebyggje og behandle fødselsdepresjon

• vurdere å endre finansieringsmodellen

for fødsels- og barselomsorga

• greie ut moglegheita for at

primærhelsetenesta, i tillegg til spesialisthelsetenesta, skal kunne tilby medisinsk abort inntil veke ti i svangerskapet

• gi kvinner tilbod om gratis oppfølging i

samband med både sjølvbestemt abort og spontanabort

Helsenæring og legemiddel

Ny teknologi og nye løysingar kan bidra til at vi får meir ut av kvar helsekrone, samtidig som norsk næringsliv får eksportmoglegheiter. For helsenæringa er heimemarknaden sentral, men for mange bedrifter er det tungt å kome inn på den norske marknaden. I helse- og omsorgstenesta kan det handle om manglande vilje, kompetanse, tid eller ressursar til utvikling og implementering, og manglande dokumentasjon av kostnad og nytte samanlikna med eksisterande løysingar. Mangelen på erfaring med næringslivssamarbeid betyr at det fleire stader i helse- og omsorgssektoren manglar rutinar, kompetanse og retningslinjer for slikt samarbeid. Dette kan resultere i ein utryggleik og frykt for å gjere feil, noko som gjer at det enklaste og tryggaste kan vere å avstå frå eit samarbeid.

Gjennom betre samhandling mellom offentleg og privat sektor vil ein kunne leggje til rette for betre tenesteinnovasjon innanfor pleie og omsorg. Det er også store moglegheiter i det førebyggjande helsearbeidet. Bruk av velferdsteknologi, i den forstand at brukaren får teknologisk assistanse, kan gi auka tryggleik, sikkerheit og sosial deltaking.

• gjere helsenæring til eit

satsingsområde gjennom betre utnytting av helsedata og biobankar og leggje til rette for gründerskap

• sørgje for raskare realisering av nytten

ved bruk av digitale løysingar og ny teknologi i helse- og omsorgstenesta

• sørgje for at helseteknologi raskare

kan kontrollerast og validerast, slik at vegen til kommersialisering blir kortare

• vurdere om finansieringa av dagens

helseteknologiklyngjer varetek det langsiktige arbeidet med helseteknologi, og leggje ein langsiktig plan for helseklyngjene som støttar opp under arbeidet med helseteknologi

• opprette ein eigen katapult for

helseteknologi og helseinnovasjon som blir kopla opp mot leiande forskings- og innovasjonsmiljø

• gjennomføre fleire kliniske

studiar i Noreg

• opne for at andre enn Direktoratet for

medisinske produkt kan gjennomføre metodevurderingar, for å få raskare avklaringar på nye metodar

• greie ut behov for økonomiske

verkemiddel som bidreg til utvikling og tilgang til nye antimikrobielle middel og tilgang til smalspektra antimikrobielle middel

• ta ei leiande rolle internasjonalt

i arbeidet for å forhindre og redusere antibiotikaresistens

• redusere den totale bruken antibiotika

for å redusere antibiotikaresistens

Bioteknologi

Alle menneske har ein ibuande og ukrenkjeleg eigenverdi, uavhengig av eigenskapar, evner og funksjonsnivå. Høgre ser positivt på at genterapi og genredigering kan gi betre medisinsk behandling for ei rekkje sjukdommar og tilstandar. Høgre vil ikkje tillate genterapi og genredigering som ikkje har eit medisinsk føremål, men som berre tek sikte på å forbetre menneskelege evner og eigenskapar. Genterapi som inneber varige endringar i arvelege anlegg i kjønnsceller, embryo eller befrukta egg, har ukjend betydning for utviklinga av menneskeslekta og må difor vere forbode ut frå eit føre-var-prinsipp.

• sørgje for ei moderne regulering

av bioteknologi, basert på eit etisk forsvarleg rammeverk

• styrkje forskinga på bioteknologi

Eit inkluderande arbeidsliv

Norsk arbeidsliv er i all hovudsak godt, og dei aller fleste trivst på jobb. Det å ha ein jobb å gå til er den viktigaste velferda for den enkelte. Det at flest mogleg er i jobb, er avgjerande for at samfunnet skal ha høg verdiskaping og ei berekraftig velferd også i framtida. Difor meiner Høgre at ei av dei viktigaste oppgåvene framover er å sikre at fleire av dei som står utanfor arbeid, får høve til å kome i jobb og dimed forsørgje seg sjølve og sine.

Dei siste åra har trenden snudd, og ein aukande del unge står no utan arbeid, utdanning eller opplæring. Det er også ein aukande andel nordmenn som går på helserelaterte ytingar. Dette er svært urovekkjande og skjer samtidig som behovet for arbeidskraft er aukande. Særleg for unge er det avgjerande at ytingar og hjelpetiltak blir innretta betre slik at dei fremjar aktivitet framfor passivitet.

Eit trygt og fleksibelt arbeidsliv

Høgres mål er eit trygt, godt organisert og fleksibelt arbeidsliv der dei som kan og vil jobbe, får høve til det. Den norske arbeidslivsmodellen der arbeidstakar og arbeidsgivar har eit godt samarbeid, tener både næringslivet, landet og den enkelte. Høgre vil leggje til rette for eit velfungerande og reelt trepartssamarbeid og ein høg organisasjonsgrad, som sikrar nødvendig omstilling og produktivitetsvekst. For at trepartssamarbeidet skal vere reelt, må det involvere alle hovudsamanslutningar på arbeidstakar- og arbeidsgivarsida, der desse blir lytta til på like vilkår.

Hovudregelen i norsk arbeidsliv skal vere heile, faste stillingar, samtidig som det skal leggjast til rette for deltidsstillingar der arbeidstakar har behov for det. Ein føreseieleg arbeidskvardag bidreg til eit meir familievenleg og inkluderande arbeidsliv. Samtidig som Høgre aktivt vil jobbe for å redusere ufrivillig deltid, skal det leggjast til rette for at folk skal få tilpasse arbeidslivet og kvardagen på den måten som passar den enkelte og familien best. I ei tid der næringslivet manglar arbeidskraft, samtidig som mange står utanfor arbeidslivet, er det viktig å leggje til rette for fleire måtar å inkludere folk i arbeidslivet på.

• behalde faste, heile stillingar

som hovudregel og utvikle arbeidstidsføresegner som gjer at flest mogleg kan jobbe i heile og faste stillingar, særleg i offentleg sektor

• leggje til rette for auka bruk av

alternative turnusordningar for å få meir kontinuitet og heiltid

• leggje til rette for framtidsretta

arbeidslivsreguleringar som varetek behovet for fleksibilitet og tilpassing for arbeidstakarar og arbeidsgivarar

• vurdere å forlengje dagens prøvetid

frå 6 til 12 månader der det finst store inkluderingsfordelar og det er i arbeidstakaren si interesse at prøvetida blir forlengd

• senke terskelen inn i arbeidslivet ved å

opne for eit generelt høve til å tilsetje i mellombelse stillingar innanfor eit strengt regelverk, og dessutan å vurdere om det bør gjerast endringar i lovverket for å kunne inkludere fleire i arbeidslivet gjennom deltidsstillingar

• opne for delvis uavhengige

stillingar med sterkare vern enn dagens uavhengige stillingar

• gjere det enklare for unge å få

kvelds- og helgejobbar ved å opne for noko lengre arbeidstider og forenkle regelverket rundt servering av alkohol

• sørgje for at næringslivet kan leige

inn arbeidskraft ved behov, i tråd med reglane som gjaldt frå 2019

• føre vidare godkjenningsordninga for

bemanningsføretak og opne for at enkeltpersonføretak og aksjeselskap med éin tilsett kan få godkjenning

• behalde eit fagforeiningsfrådrag og

vurdere om det er andre tiltak som kan auke organisasjonsgraden

Inkluderande arbeidsliv

Det er i dag for mange vegar ut av arbeidslivet, og for mange blir verande utanfor. Høgre vil gjennomføre ei inkluderingsreform for å skape fleire vegar inn og tilbake i arbeidslivet, og sørgje for at hjelpetiltaka bidreg til at fleire kan stå lenger i jobb. Dei mange ulike ordningane for inntektssikring gir i dag ulike insentiv og verkar uoversiktleg for dei som tek imot dei. Det bidreg til auka utryggleik og mangel på kontroll over kvardagen. Inkluderingsreforma må gjere det enklare å forstå ytingssystemet og korleis ein kan prøve seg i jobb utan å miste inntektssikring.

Høgre meiner det viktigaste vi kan gjere for å inkludere fleire unge i arbeidslivet, er å sikre at fleire fullfører skulen. Jo lenger ein blir ståande utanfor arbeid og utdanning, jo større er sjansen for at ein aldri kjem seg inn. Høgre vil difor særleg prioritere unge hos Nav, sikre tettare oppfølging av unge utan jobb eller utdanning og satse på aktivitetar som gir arbeidserfaring og kompetanse. Vi må også stille krav til unge som er i ferd med å falle ut av arbeid og utdanning. Høgres mål er at samfunnet aldri skal gi opp unge som kan jobbe.

• gjennomføre ei heilskapleg reform av

ytingane, mellom anna ved å gå gjennom alle inntektssikringsordningar for å sikre at det løner seg å jobbe for dei som kombinerer sosiale ytingar med arbeidsinntekt, og at det blir enklare å gå frå ytingar til arbeid og løn

• samordne utbetaling av ytingar frå

Nav og vurdere om nokre ytingar kan utmålast for lengre periodar av gongen for å gi mottakarane ein meir stabil livssituasjon

• innføre ein hovudregel der personar

under 30 år ikkje skal innvilgast uføretrygd, med mindre det er openberre grunnar til at ein skal ha det, og at fleire unge heller får inntektssikring gjennom ei arbeidsretta yting

• sørgje for at fleire unge hamnar

i eit meir arbeidsretta løp framfor den helserelaterte ytinga arbeidsavklaringspengar (AAP), og greie ut ei statleg arbeidsretta inntektssikringsordning etter inspirasjon frå kvalifiseringsprogrammet (KVP)

• gjennomføre forsøk med

arbeidsorientert uføretrygd for nye, unge søkjarar

• redusere avkortinga av uføretrygd

for dei som er 100 prosent uføre og har lønsinntekt, slik at

det løner seg betre å jobbe

• utvide aktivitetsplikta for

sosialhjelpsmottakarar så ho omfattar alle, i første omgang alle opp til fylte 40 år, betre kvaliteten og gjere norskopplæring til ein del av aktivitetsplikta i alle kommunar

• setje ned eit utval som skal gå

gjennom heile arbeidsmiljølovgivinga for å kartleggje hinder for inkludering i arbeidslivet

• gjere det enklare for ungdom

å få arbeidserfaring

• gjeninnføre målet om at fem prosent

av dei nytilsette i staten skal vere personar med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne, og jobbe for at kommunane skal innføre det same målet

• vurdere eit oppfølgingsansvar for

Nav for tilfelle der helsetilstanden til den uføre er betra og den uføre sjølv vil og kan prøve seg i jobb

• gjennomføre ei innovasjonsreform

i Navs arbeidsmarknadstiltak der gode forsøk blir skalerte opp og fleire sosiale entreprenørar får bidra gjennom innovative innkjøp og auka lokal kontroll og dessutan fleire mindre anbodsrundar og forenkling av anbodsrundane

• opne for større fleksibilitet for når på

dagen arbeidsmarknadstiltak skal gjennomførast, tilpassa behova til den enkelt brukaren og til bedrifta

• prioritere bruk av lønstilskot og andre

arbeidsmarknadstiltak som har bevisleg god effekt, for å sikre ein meir effektiv og målretta bruk av ressursane

• gjennomføre forsøk der brukarar

sjølve får velje kva type tiltak og tiltaksplass dei ønskjer å prøve, med

mål om å auke overgangen til jobb og gjennomføre eit forsøk med fritt brukarval for enkelte tiltaksplassar

• auke talet på plassar og gjere om

varig tilrettelagt arbeid (VTA) og varig tilrettelagt arbeid i ordinært arbeidsliv (VTA-O) til ei meir fleksibel og individorientert ordning kalla tilrettelagt arbeid (TA), med tettare oppfølging både i og utanfor ordinært arbeidsliv

Sjukefråvær

Sjukefråværet er for høgt i Noreg. Å vere sjuk er ei belastning både for den enkelte og for samfunnet. Det er særleg urovekkjande at sjukefråværet som er grunngitt i psykisk uhelse, aukar mest, og at langtidsfråværet er høgt. Lange sjukmeldingar fører ofte til at folk blir ståande utanfor arbeidslivet.

Høgre meiner det må gjerast endringar i korleis sjukelønsordninga er finansiert, og korleis sjuke blir følgde opp. Gjennom ei endra fordeling av kostnadene mellom arbeidsgivar og staten kan ein styrkje insentiva arbeidsgivarar har til å få langtidssjukmelde tilbake i jobb. Dagens kompensasjon for arbeidstakarar på full løn inntil 6 G skal behaldast. Det trengst meir kunnskap om tiltak som fungerer, mellom anna korleis den sjukmelde, arbeidsgivar, Nav og lege kan samverke betre for å få folk raskare tilbake. Høgre vil difor setje ned ein hurtigarbeidande sjukefråværskommisjon som skal gi meir kunnskap om kva som kan få ned sjukefråværet.

• setje ned ein sjukefråværskommisjon

som skal finne årsaker til det høge sjukefråværet og kva som står i vegen for å få folk raskare tilbake i jobb. Som ein del av dette arbeidet skal ein evaluere sjukepengeordninga og i samarbeid med partane vurdere endringar i denne

• forbetre insentiva arbeidsgivar har

til å redusere langtidsfråvær, mellom anna gjennom at arbeidsgivar betaler ein del av langtidsfråværet mot å betale færre dagar av korttidsfråværet, slik at kostnadene for arbeidsgivar blir om lag like som i dag

• bidra til auka kompetanse

hos arbeidsgivarar om korleis langtidssjukmelde bør følgjast opp

• jobbe for å auke bruken av

dialogmøte mellom den sjukmelde, arbeidsgivaren og legen, under dette vurdere om det bør vere pliktig å gjennomføre det raskare enn i dag

• sikre at legen si vurdering av

restarbeidsevne, og grunngivinga for sjukmeldingsgraden, alltid skal kome fram av sjukmeldinga

• forsterke praktiseringa av at gradering

skal vere hovudregelen ved mottak av sjukmelding og andre helserelaterte ytingar, for å sikre at dei som kan jobbe noko, får bruke restarbeidsevna si

• forbetre informasjonsutvekslinga mellom

helsetenesta og Nav, i større grad leggje vekt på betydninga arbeid har for god helse, og auke satsinga på program som kombinerer helsebehandling med jobbtrening og arbeidsdeltaking

• gå gjennom takstsystemet for fastlegane

med sikte på å kompensere fastlegar betre for å bruke tid på å følgje opp sjukmelde eller unngå sjukmelding

• ta initiativ til sterkare førebygging

og oppfølging av sjukefråvær i samarbeid med enkeltbransjar

Arbeidslivskriminalitet

Eit seriøst arbeidsliv er ein føresetnad for lønsame bedrifter, trygge jobbar og finansieringa av vår felles velferd. Arbeidslivskriminalitet bryt ned grunnmuren i velferdssamfunnet, svekkjer konkurransekrafta blant seriøse norske verksemder og undergrev rettane til arbeidstakarane. Difor må arbeidslivskriminalitet og økonomisk kriminalitet nedkjempast i samarbeid mellom offentlege myndigheiter og partane i arbeidslivet.

Det er viktig at ikkje reglane mot arbeidslivskriminalitet fører til unødige ulemper for det store fleirtalet som følgjer reglane, og dimed gjer fordelen ved å ikkje følgje reglane større. Den overordna retninga i regelverksarbeidet skal vere forenkling.

• oppdatere verktøykassen i kampen

mot arbeidslivskriminalitet, mellom anna gjennom betre informasjonsdeling, strengare reglar for innkjøp, samarbeid med partane og fleire treparts bransjeprogram, nye godkjenningsordningar og styrking av senter for nedkjemping av arbeidslivskriminalitet

• offentleggjere grove og gjentekne

brot der pålegg eller stansingsvedtak frå Arbeidstilsynet ikkje blir etterlevde innan fastsette fristar

• greie ut krav om skriftleg arbeidskontrakt

frå første arbeidsdag og som minimum innføre krav om at lønsopplysningar og dei mest sentrale arbeidsvilkåra skal vere gitt skriftleg frå dag éin

• greie ut eit botsystem

(parkeringsbotsystem) for meir openberre brot på arbeidsmiljølova og annan arbeidslivskriminalitet, med forenkla bevisbyrde for Arbeidstilsynet

• avskaffe tusenlappen som kontanteining

• la staten overta inndrivinga ved dei meir

openberre tilfella av lønstjuveri og gjere lønsinndriving for arbeidstakarar som ikkje får utbetalt løn frå arbeidsgivar, til ein del av ordninga med fri rettshjelp

• greie ut ei digital løysing for

arbeidskontraktar for å sikre enklare kontroll av rettane til arbeidstakarane og at lønskrav blir varetekne

• greie ut ei eiga a-krimlov, med heimlar

for informasjonsdeling og gjennomføring av felles stadlege kontrollar

• styrkje satsinga på førebyggjande

kampanjar på arbeidstakarane sitt eige morsmål, slik som Arbeidstilsynets «Know Your Rights»

• vurdere utvida foreldingsfrist for

lønskrav til lønsgarantiordninga ved konkurs, under dette vurdere om fristen skal avbrytast ved rettslege steg frå arbeidstakar

• innføre eit prikksystem/

rulleblad for juridiske og fysiske personar som har blitt dømde for arbeidslivskriminalitet, der gjentekne grove brot medfører karantene eller tap av rett til å eige og drive bedrift

• utvide ordninga med HMS-kort til

fleire utsette bransjar, forsterke korta med biometriske data og formelle kvalifikasjonar og deretter utvide gyldigheitstida til korta

• auke bruken av IKT, registerdata og

kunstig intelligens i etterretningsarbeidet ved a-krimsentera

• jobbe for eit tettare internasjonalt

samarbeid mot den grensekryssande arbeidslivskriminaliteten

Pensjon og aldersgrenser

Folk lever lenger enn før, og mange eldre kan og vil stå lenger i jobb. For å bevare berekrafta i velferdssamfunnet blir vi framover avhengige av at fleire jobbar meir og står lenger i arbeid. Næringslivet og offentleg verksemd må leggje til rette for at eldre ikkje treng å slutte i jobben dersom arbeidsevna framleis er til stades. Høgre vil vidareutvikle eit berekraftig og føreseieleg pensjonssystem som stimulerer til å stå lenger i arbeid, samtidig som det skal finnast ordningar for dei som er utslitne etter eit langt arbeidsliv. Høgre vil ta opp kampen mot aldersdiskriminering i arbeidslivet og evaluere ytingar og ordningar som kan skape barrierar for bedrifter eller arbeidstakarar for å kunne stå lenger i arbeid.

• gjennom partssamarbeidet ta initiativ

til å finne ordningar der fleire kan stå lenger i jobb, med justerte løns- og arbeidsvilkår slik at både arbeidstakar og arbeidsgivar tener på dette

• arbeide for å fjerne fråtredingsplikta

ved oppnådd særaldersgrense i alle yrke for å stimulere til fortsett arbeid

• gå gjennom kva stillingar som i

framtida skal ha særaldersgrenser, og dessutan kva aldersgrenser som skal gjelde, i samråd med partane

• fjerne aldersgrensa for stillingsvernet

i arbeidslivet på 72 år og fjerne tilgangen til å fastsetje ei lågare bedriftsintern aldersgrense

• etablere ei ordning i folketrygda for dei

som vel å gå av tidlegare, etter modell av gjeldande ordning i privat AFP

• auke beløpet sjølvstendig

næringsdrivande kan setje av til pensjon før skatt

• gjere det meir lønsamt å spare

til eigen pensjon ved å auke det årlege sparebeløpet i individuell pensjonssparing (IPS)

Arbeidsinnvandring

Arbeidsinnvandring bidreg til at både offentlege og private arbeidsgivarar får utført fleire oppgåver som det ikkje finst nok kompetent arbeidskraft til i Noreg. Høgre meiner det er positivt at flinke folk frå utlandet ønskjer å jobbe i Noreg. Det må gå raskare å få godkjent kompetanse i Noreg og å få arbeidsløyve. Mange blir lenge og blir ein viktig del av lokalsamfunnet. Det skal leggjast til rette for at det er tilgjengeleg norskopplæring i samarbeid med arbeidsplassane.

Nokre arbeidsinnvandrarar opplever uakseptable arbeidsforhold. Høgre vil styrkje informasjonen som arbeidstakarar får når dei kjem, og slå hardare ned på arbeidslivskriminalitet.

• at fleire skal få godkjent utdanninga

si frå utlandet raskare

• greie ut felles nordisk

godkjenningsordning for høgare utdanning

• innføre ei fast-track-ordning for

høgkompetent arbeidskraft etter inspirasjon frå Danmark, med førehandsgodkjenning av arbeidsgivarar

som får forenkla prosedyrar for søknader

• sikre at regelverket legg til rette for

at høgkompetent arbeidskraft kan få arbeidsløyve i Noreg, også der det ikkje ligg føre formell kompetanse

• utvide ordninga med digital lærarstyrt

norskopplæring slik at fleire arbeidsinnvandrarar lærer seg norsk

Samferdsel som bind landet saman

Høgre vil binde landet saman gjennom god infrastruktur. Ei sterk satsing på samferdsel handlar om å byggje heile Noreg for framtida og gi folk høve til å bu og skape jobbar i alle delar av landet. Vi må gjere avstanden kortare mellom by og land og mellom landsdelane, vi må gjere det enklare å ta seg inn til regionsentera, og vi må ha byar der det er lett å ta seg fram.

Den viktigaste utfordringa er å få mest mogleg ut av kvar samferdselskrone. Det må byggjast samanhengande og heilt, ikkje stykkevis og delt. Dei siste åra har løysingar som Nye Veier og konkurranse på jernbanen blitt avgrensa eller reverserte. Høgre vil ha ei fornya satsing på grep som kan gi meir samferdsel for pengane. Ny teknologi skal takast i bruk, slik at investeringar kan optimaliserast og eksisterande infrastruktur kan bli tryggare og utnyttast betre. Vedlikehaldet må styrkjast, for det er billigare å ta vare på det vi har, enn å byggje nytt. Mange stader er det likevel behov for å byggje nye trasear for å binde landet tettare saman.

Sikkerheit og beredskap har fått forsterka betydning. God infrastruktur er viktig for at beredskapen i krisar fungerer, samtidig som infrastrukturen må sikrast mot vondsinna handlingar. Det er avgjerande at infrastrukturen blir gjennomgått og sikra med utgangspunkt i den forverra sikkerheitspolitiske situasjonen.

Transportsektoren står for store utslepp, og nye infrastrukturprosjekt inneber i mange tilfelle store naturinngrep. Det grøne skiftet i transportsektoren må akselererast. Det må gjerast betre val i utgreiingsfasen for å redusere inngrepa, og Høgre vil mellom anna at det oftare blir vurdert å gjenbruke eksisterande trasé. Natur og naturkvalitetar skal takast omsyn til i planlegging og utbygging av infrastruktur.

• binde Noreg saman med god

infrastruktur gjennom å auke ambisjonsnivået i Nasjonal transportplan

• utvikle Nasjonal transportplan

for å få betre samanheng mellom planlegging og utbygging, og få meir ut av kvar krone vi investerer

• ta vare på den infrastrukturen

vi allereie har, og redusere vedlikehaldsetterslepet for å auke trafikksikkerheita og framkoma

• sørgje for tilstrekkelege insentiv til

å auke den samla samfunnsnytten i prosjekta, og systematisk bruke verktøy som verdianalysar for å halde omfanget av og kostnadene ved prosjekta under kontroll

• sørgje for at krav og normalar i

samferdselssektoren legg til rette for best mogleg ressursbruk

• bruke teknologi til å forbetre

transportløysingane, byggje og halde betre ved like, og til å fordele trafikken meir utover tidspunkt der det er betre kapasitet

• ta i bruk sensorteknologi og andre

nye løysingar for skredsikring og -varsling, samtidig som arbeidet med fysisk rassikring held fram

• inkludere konsekvensen av

nye teknologiske trendar og sårbarheit for teknologisk endring i utgreiinga av prosjekt

• leggje større vekt på innovasjon

i innkjøpa i transportsektoren som stimulerer til nyskaping og utvikling av nye løysingar

• endre det offentleg finansierte tilbodet

for postombering, slik at det varetek behova til ulike befolkningsgrupper, møter samfunnsbehovet for beredskap og frigjer statlege midlar. Auka offentlegprivat samarbeid skal vurderast

• sikre at det er god mobildekning på

vegnettet, i tunnelar, langs kollektivårer og på jernbanen

Veg

Vegane er livsnerven som knyter saman regionar og landsdelar, for verdiskaping i næringslivet og for betre kvardagar for familiane. Høgre vil gjennomføre tiltak som løftar kvaliteten og sikkerheita i transportsystemet, ha hyppige ferjeavgangar og leggje til rette for oppgradering, rassikring og redusert vedlikehaldsetterslep på fylkesvegane.

Høgre legg nullvisjonen for drepne og hardt skadde i trafikken til grunn. Diverre har utviklinga dei siste åra gått feil veg. Det er viktig å auke kunnskapen om kva tiltak som bidreg til reduserte trafikkdødsfall, samtidig som vi held fram med målretta tiltak for auka trafikksikkerheit.

• tildele Nye Veier AS fleire prosjekt og

sørgje for føreseielege rammevilkår og tilstrekkeleg finansiering

• gi Statens vegvesen meir fleksibilitet

i porteføljestyringa si og i drifts- og vedlikehaldsarbeidet, slik at ressursane blir brukte mest mogleg effektivt

• vere positiv til nye OPS-prosjekt

• ha målretta og øyremerkte

medfinansieringsordningar til fylka for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane og utbetre viktige næringsvegar

• at staten framleis skal ha

vedlikehaldsansvar for bruer staten har bygd, sjølv om det er kommunale vegar eller fylkesvegar på kvar side av brua

• opne for lengre nedbetalingstid på

bompengeprosjekt for å redusere bompengebelastninga på enkelte prosjekt, og sjå på løysingar ved riksvegprosjekt som reduserer belastninga på lokaltrafikken ved bomstasjonar internt i kommunar

• prioritere auke i frekvens og

kvalitet på ferjetransporten, i staden for å ha gratis ferje

• føre vidare ordninga med

ferjeavløysingsmidlar, slik at fleire ferjesamband kan erstattast av veg

• opne for å køyre autonome køyretøy

i normal trafikk og i normal fart på utvalde delar av det ordinære vegnettet, når teknologien ligg til rette for dette

• leggje til grunn ein nullvisjon for

hardt skadde og drepne i trafikken og prioritere haldningsskapande arbeid,

møtefrie hovudvegar og vedlikehald og fornying av infrastrukturen for å auke trafikksikkerheita

• halde fram det målretta arbeidet i

samarbeid med internasjonale aktørar for å få bukt med arbeidslivskriminalitet og ulovleg kabotasje, leggje til rette for ryddige konkurransevilkår og vareta trafikksikkerheita på norske vegar

• styrkje kontrollverksemda langs

vegen, særleg om vinteren

• nytte ny teknologi og digital

informasjon for å varsle til dømes føreforhold og førebyggje ulykker

• gi fylkeskommunane skiltmyndigheit

på fylkesvegane

• setje fartsgrensa til 120 kilometer i

timen på vegar som er eigna til det

Jernbane

Jernbanen er spesielt godt eigna for å frakte folk inn og ut av byane og gods på dei lange strekningane. Kunden skal vere i sentrum, anten det er godstransportørar eller passasjerar. Konkurranseutsetjing av togtilbodet har gitt oss eit betre tilbod for lågare pris på dei strekningane. Høgre vil halde fram med å konkurranseutsetje strekningar og behalde Flytoget AS.

Punktlegheita og regulariteten er stadig for dårleg på jernbanen, trass i auka løyvingar. Mange prosjekt spring ut av kontroll i planleggingsfasen. Det er nødvendig å finne nye løysingar som gir betre resultat. Høgre vil at dei gode erfaringane med Nye Veier AS også kan brukast på jernbaneutbygging.

• setje kunden i sentrum for

vidareutvikling av jernbanetilbodet og forbetre togtilbodet gjennom fleire togavgangar, nyare tog, betre punktlegheit og betre service

• leggje til rette for at meir gods

blir flytta frå veg til bane

• vidareutvikle jernbanereforma med

mindre byråkrati og administrasjon og tydelegare ansvarsfordeling og -forståing, og opne fleire persontogstrekningar for konkurranse

• behalde Flytoget som eige selskap og

leggje til rette for ei dedikert og effektiv tilbringarteneste til og frå Oslo lufthamn

• at Nye Veier AS skal byggje

jernbane i tillegg til veg

• byggje ut jernbanenettet for å korte ned

reisetida, auke kapasiteten og betre punktlegheita for gods og passasjerar

• leggje auka vekt på beredskapsomsynet

i jernbaneutbygginga ved å sjå det skandinaviske jernbanenettet under eitt og byggje ut grensekryssande jernbane

• ta i bruk nye teknologiske løysingar for å

redusere utslepp av klimagassar frå tog som i dag bruker diesel

Kyst og hamn

Det er behov for å vidareutvikle hamnene og skipsleia for å halde oppe og styrkje konkurransekrafta og beredskapen. Høgre vil utvikle meir effektive hamner slik at meir av godstransporten kan flyttast frå veg til sjø. Skipsfarten skal omstillast og kutte utslepp. Høgre vil gi næringa gode og føreseielege rammevilkår og verkemiddel for å bidra i omstillinga til nullutsleppssamfunnet.

• styrkje sjøsikkerheita og beredskapen

mot utslepp og ulykker til sjøs

• satse på vedlikehald og utvikling av

farleiene og innseglingane til hamner

• sørgje for at losavgifter og

losbordingsfelt støttar opp under behova til næringslivet i heile landet

• bidra til gode og effektive hamner

og forbetre infrastrukturen i tilknyting til hamnene

• oppgradere fiskerihamner slik at

dei kan ta imot større båtar og auka produksjon frå havnæringane

• leggje til rette for at meir gods

blir flytta frå veg til sjø

Luftfart

Flytilbodet knyter oss saman og gir tilgang til resten av verda. Luftfarten utgjer mange stader kollektivtilbodet for å frakte folk over lengre avstandar. Eit godt flytilbod er vesentleg for eit eksportorientert næringsliv og for internasjonal turisme til Noreg. Høgre vil arbeide for ein mest mogleg sikker, effektiv og miljøvenleg luftfart og eit godt flytilbod over heile landet. Det skal leggjast til rette for god tilgang på berekraftig flydrivstoff i Noreg.

Høgre meiner staten skal stille tydelege krav og vere ein langsiktig og føreseieleg eigar av Avinor. Selskapet må ha rammevilkår for å gjennomføre nødvendige investeringar i flyplassane.

• leggje til rette for kommersiell

konkurranse og lønsam luftfart gjennom eit balansert avgiftssystem og tilrettelegging av infrastruktur

• leggje til rette for betre konkurranse

på FOT-rutene for å gi folk eit godt rutetilbod til ein rimeleg pris

• bevare Avinor-modellen der

Avinor-lufthamnene med best økonomi finansierer lufthamnene med svak økonomi

• ha føreseielege rammevilkår for både

Avinor og dei ikkje-statlege flyplassane

• stille større krav til effektivisering

av Avinor, mellom anna gjennom innføring av ny teknologi, å opne for meir konkurranseutsetjing og tydelege krav til rimelegare løysingar

• sørgje for eit oppdatert regelverk for

dronar, som varetek flysikkerheita og samfunnssikkerheita, samtidig som det legg til rette for utvikling av ubemanna luftfart i Noreg

• forenkle regelverket for

rekreasjonsflyging med dronar, for å avgrense regelverket til kva som er føremålstenleg, og dessutan å styrkje forståinga for gjenverande reguleringar

• at Noreg skal kunne vere eit

testland for nullutsleppsfly når teknologien ligg til rette for det

• leggje betre til rette for utdanning

av trafikkflygarar i Noreg

Kollektivtransport og byområda

Høgre vil sørgje for eit godt kollektivtilbod i alle delar av landet. Behova og moglegheitene er ulike i store byområde og område med spreidd busetnad. I område med låg befolkningstettleik er gode overgangar til buss og tog eit viktig tilskot til bilen.

I storbyane er eit fleksibelt, klimavenleg kollektivtilbod kombinert med gode gang- og sykkelvegar nødvendig for å handtere ein framtidig befolkningsvekst. Det krev store statlege investeringar. Høgre meiner at bruk av statlege midlar må følgjast av krav om å leggje til rette for bustader, næring og velferdstilbod i nærleiken av kollektivknutepunkta. Byvekstavtalar er eit strategisk verktøy for å stimulere til bruk av kollektivtrafikk, sykling og gonge gjennom ein meir miljøvenleg arealpolitikk.

Med aukande tal på eldre i befolkninga blir tilpassa transportmoglegheiter for eldre viktigare, både når det gjeld det å ha eit godt tilpassa kollektivtilbod, og når det gjeld moglegheita til å bruke eigen bil.

• ha brukarfokus i kollektivtransporten

for å gjere han meir attraktiv og brukarvenleg, og sørgje for universell utforming i offentlege transporttilbod

• vidareutvikle kollektivtilbodet til å

levere meir individuelle tenester, som tilbringartenester, tilpassa transport for eldre eller moglegheita til å organisere samkøyring via kollektivappen

• sørgje for at alle fylka er ein del

av den nasjonale TT-ordninga

• vidareutvikle byvekstavtalar og

påskjøningsordningar som bidreg til auka kollektivsatsing og auka utbygging av trasear for sykkel og gange i byar og tettstader, og dessutan leggje til rette for ein medviten arealbruk som byggjer opp under dei miljøvenlege transportformene

• at staten skal følgje opp forpliktingane

sine i byvekstavtalane

• at staten skal finansiere opp mot 70

prosent av dei store kollektivprosjekta i og rundt dei store byane

• vidareutvikle drosjenæringa som

ein viktig del av kollektivtransporten og vurdere endringar i drosjeregelverket som bidreg til betre tenester og lågare prisar

• etablere fleire pendlarparkeringar med

større kapasitet på jernbanestasjonar og andre kollektivknutepunkt

• at varetransport skal varetakast betre i

byplanlegginga, og vurdere å gi insentiv basert på effektivitet og fyllingsgrad for varetransport i bysenter for å få ned talet på køyrde kilometer i byen

Sterke familiar og trygg oppvekst

Familien er den viktigaste fellesskapen i samfunnet. Ein god familiepolitikk legg grunnlaget for ein trygg oppvekst, betre livskvalitet og auka deltaking og inkludering i samfunnet.

Høgre meiner at det offentlege skal bidra der foreldre ikkje strekk til, men hovudsakleg hjelpe familiane til å klare seg sjølve, framfor å overta oppgåvene deira. Mange barn veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Høgres mål er at desse barna skal ha dei same moglegheitene til utvikling, deltaking og fellesskap som alle andre barn. Det må bli enklare for familiane med låg inntekt å finne ut kva tilbod som er tilgjengelege, og dei offentlege støtteordningane må gi meir føreseielegheit i kvardagen.

Avgjerda om å få barn er blant dei viktigaste vala ein familie tek. Høgre ønskjer å leggje til rette for at det blir fødd fleire barn i Noreg, gjennom god privatøkonomi for familiane, eit variert bustadtilbod, gode oppvekstvilkår og helsetenester og trygge arbeidsplassar. Målet er å auke talet på barn som blir fødde i Noreg.

• redusere talet på barn som veks opp i

fattigdom, ved å auke yrkesdeltakinga, gjere endringar i dei samla ytingane som låginntektsfamiliar får, og styrkje føreseielegheita i ordningane

• auke barnetrygda og behalde henne

som ei skattefri, universell yting

• fjerne kontantstøtta, men innføre

ei ventestøtte til foreldre som ventar på å få barnehageplass

• auke moglegheita familiane har til å

sjølve disponere foreldrepermisjonen ved at fedre- og mødrekvoten blir sett til ti veker ved fullt uttak og tilsvarande for lågare uttak

• opne for betre fleksibilitet i uttaket av

permisjon og opne for å endre uttaket undervegs, utan at det totale beløpet utbetalte foreldrepengar skal bli mindre

• at foreldre får like lang permisjonstid

med barnet etter fødsel, ved at permisjonstida blir utvida dersom barnet blir fødd etter termin

• dele opp eingongsstønaden i fleire

utbetalingar for å sikre økonomisk føreseielegheit, og vurdere å erstatte eingongsstønad med ei minsteyting i foreldrepengane

• gi fedrar og medmødrer sjølvstendig

uttaksrett for foreldrepengar

• bidra til betre koordinering av

tenester til familiar i kommunane, mellom anna ved å spreie erfaringar frå kommunar som lykkast

• styrkje familievernet og sørgje for

eit godt tilbod over heile landet

• styrkje helsestasjonane si rettleiing

av foreldre og førebygging av vald og overgrep mot barn

• gjere delt bustad til utgangspunktet

ved samlivsbrot og sikre retten barna har til samvær med begge foreldra

• styrkje samarbeidet med andre

land om innkrevjing av barnebidrag frå utanlandske foreldre som har unndrege seg ansvaret sitt

• sørgje for eit trygt og føreseieleg

adopsjonssystem og styrkje rettleiinga av foreldre som har adoptert, under dette vurdere eit nasjonalt kompetansesenter for adopsjon

• at barn unnfanga ved surrogati blir

sikra fulle rettar til begge foreldra sine ved framkomst til Noreg

• greie ut utfordringar for

åleineforsørgjarar for å førebyggje utanforskap og uhelse

• gjeninnføre den frivillige

kontaktfamilieordninga for å sikre ei oppfølgings- og rettleiingsteneste med likepersonsstøtte for gravide som ventar barn med funksjonsnedsetjing

Barnevern

Barnevernet tek hand om dei mest sårbare blant oss. Barnevernet skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får rett hjelp og omsorg til rett tid. Samtidig veit vi at barnevernet har eit stort forbetringspotensial. For mange barn og ungdommar i Noreg ventar på plass i ein fosterheim. Det er ei utfordring at mange barn må gjennom mange flyttingar fordi rett hjelpetiltak ikkje blir sett inn frå starten av, og fordi endringar i situasjonen til barnet gjer at barnet må flyttast til ein heilt annan institusjon. Høgre vil at barnevernet skal ha like god kvalitet over heile landet, og vil ta i bruk både det offentlege og det private for å gi dei mest utsette barna eit best mogleg tilbod. Det førebyggjande arbeidet, og samarbeidet mellom barnevern og andre hjelpeinstansar, må forbetrast. Barnevernsreforma la eit større ansvar på kommunane gjennom ansvarleggjering, auka vekt på førebygging og høve til å setje inn rett tiltak tidleg. Offentleg overtaking av omsorga skal alltid vere ein siste utveg. Høgre vil stille sterkare krav til kommunane om å lykkast med dette, og følgje opp dei som ikkje gjer det. Høgre vil særleg leggje vekt på å spreie dei gode erfaringane frå kommunar som lykkast med samarbeidet i dag.

• gjennomføre ein heilskapleg

gjennomgang av institusjonstilbodet i tett dialog med alle relevante aktørar

• at alle kommunar skal ha

tilgang på døgnberedskap med barnevernsfagleg kompetanse

• stille krav om interkommunalt

samarbeid om barnevern for kommunar som har fem eller færre tilsette i barnevernstenesta, og innføre statleg oppfølging av kommunar med vedvarande utfordringar

• inkludere private aktørar som

tilbydarar av barnevernstenester, med føreseielege vilkår som gir stabile tilbod

• forsterke Bufdirs plikt til å gi bistand

til kommunane ved å inkludere spesialiserte fosterheimar og ved at staten skal ta rekninga dersom kommunane kjøper institusjonsplassar når ikkje Bufdir kan tilby ein eigna plass

• utarbeide og gjennomføre

standardiserte brukarundersøkingar for barnevernet

• sikre at retten barnet har til å

ha med seg ein tillitsperson, blir gjennomført i praksis, mellom anna gjennom betre rettleiingsmateriell

• inkludere barnevernet i mandatet

for Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta

• behalde kompetansekrav for

tilsette i barnevernet og forbetre etterutdanningstilbodet for tilsette

• sørgje for at informasjonsdeling

mellom samarbeidande aktørar blir enklare og i større grad blir utløyst automatisk med betre varslingsrutinar til ulike instansar, mellom anna ved å forbetre flyten i teiepliktige opplysningar mellom barnevern, skule, PPT, politi og spesialisthelsetenesta

• at barn med psykiske problem,

eller rusproblem under barnevernet si omsorg, skal få behandling i spesialisthelsetenesta

• styrkje plikta til fysisk og psykisk

helseundersøking av barn som det offentlege overtek ansvaret for

• greie ut ein modell der kommunane

får ansvar for den førebyggjande og rettleiande delen av barnevernet og spesialisthelsetenesta får ansvar for barn som er i barnevernsinstitusjonar

• styrkje rettssikkerheita til fosterbarn

gjennom å senke aldersgrensa for partsrettar til 12 år og gi fosterforeldre partsrettar

• gi frikjøpte fosterforeldre rett til

tenestepensjon, yrkesskadedekning og sjukepengar frå første dag

• forbetre informasjonen om hjelpetilbod

for pårørande til barn og unge som slit

• gå gjennom barnevernet sin praksis

med å betale reiser for barn og unge til eige heimland eller heimlandet til foreldra, for å unngå at barn blir utsette for negativ sosial kontroll

Likestilling

Høgre ønskjer eit samfunn der alle har dei same moglegheitene for å lykkast og oppleve tryggleik i kvardagen, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisitet, religiøs overtyding, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk. Høgre vil leggje til rette for at alle skal kunne leve frie og sjølvstendige liv, og mellom anna vere ein pådrivar for at universell utforming blir lagd til grunn for samfunnsplanlegginga. Respekt for mangfaldet i samfunnet er ein grunnleggjande verdi for Høgre.

• gjere likestillingslova kjønnsnøytral

• styrkje arbeidet med å få bukt med

utfordringar som særleg gutar og menn møter i dagens samfunn

• heve kompetansen om kjønns- og

seksualitetsmangfald for tilsette som jobbar i tenester for barn og unge

• prioritere barnehagar, skular og

offentleg transport i arbeidet for eit universelt utforma samfunn

• at familiar med barn med

funksjonsnedsetjingar skal få gode, tilrettelagde og koordinerte tenester

• at personar med utviklingshemming

får tenester som i størst mogleg grad gjer det mogleg å leve fullverdige liv

• innrette ordninga med

aktivitetshjelpemiddel til menneske med nedsett funksjonsevne slik at flest mogleg i målgruppa kan dra nytte av henne

• vidareutvikle ordninga med brukarstyrt

personleg assistanse (BPA) for å sikre reell likestilling og deltaking i samfunnet for funksjonshemma som har rett til denne ordninga

• innføre eit nasjonalt regelverk

som kommunar kan nytte for å gjennomføre fritt brukarval for BPA

På lag med forbrukaren

Forbrukarvernet står sterkt i Noreg, med fleire gode forbrukarvernlover for kjøp av varer og tenester. Dette er nødvendig for å vareta rettane til forbrukarane og bidra til gode og informerte val. Samtidig er samfunnet i stadig endring, noko som også fører til at det oppstår nye utfordringar. Høgre ønskjer difor å oppdatere og styrkje forbrukarvernet.

• leggje til rette for gode og effektive

utanomrettslege klagemoglegheiter for forbrukarane for å avlaste domstolen og bidra til at forbrukarar som har rett, får rett

• sørgje for at tilsynsmakter, som

Forbrukartilsynet, kan påleggje selskap å gi erstatning eller tilbakebetaling til forbrukaren om dei bryt med rettane til forbrukaren

• utvide gjeldsregisteret til å omfatte

alle former for gjeld, under føresetnad av at personvernet blir vareteke

• ha streng regulering av marknadsføring

og innvilging av kredittkort, betalingsutsetjingar og forbrukslån, og verne folk mot gjeldsfeller ved å leggje sterkare avgrensingar på moglegheitene til å tene på at folk ikkje betaler i tide

• gjere marknaden for straumavtalar meir

føreseieleg og oversiktleg for forbrukarar og auke tilsynet med bransjen

• forhindre at barn og unge

blir manipulerte og utnytta økonomisk i dataspel

• utvide opningstidene for alkoholsal

i butikk og på Vinmonopolet

Kultur som berikar

Kulturen og opplevinga han gir, berikar oss som menneske. Kunst og kultur er ein del av den nasjonale infrastrukturen vår. Hovudmålet er eit fritt, uavhengig og tilgjengeleg kulturliv som forankrar oss i den felles historia vår. Høgre anerkjenner kultursektoren sitt bidrag til å bevare og utvikle nasjonal identitet og folkeleg motstandskraft mot ytre trugsmål.

Ei stabil og føreseieleg offentleg finansiering av musikk- og scenekunstinstitusjonane er viktig for utviklinga i bransjen og eit styrkt tilbod til publikum over heile landet. Høgre vil bidra til at rammetilskota til institusjonane ikkje blir splitta opp i uføreseielege eingongstilskot og prosjekttilskot som trugar institusjonsautonomien og bidreg til å utarme kjerneverksemda.

Høgre meiner at det er eit stort potensial for vekst i kulturnæringa. Vi treng fleire som lever av den skapande verksemda si, og fleire som jobbar med distribusjon og marknadsføring av kunstnariske og kulturelle uttrykk. Digitaliseringa og globaliseringa representerer nye moglegheiter for distribusjon av kultur. Kulturnæringa vil også auke kulturturisme og bidra til destinasjonsutvikling.

Mangfald er ein føresetnad for eit levande kulturliv. Eit større mangfald krev både fleire finansieringskjelder enn i dag og at det blir enklare å etablere seg. Høgre vil difor gjere det meir attraktivt å bidra med privat finansiering som ei viktig inntektskjelde for kultursektoren. Mindre byråkrati og forenklingar skal bidra til at fleire får sjansen til å prøve seg.

• arbeide for eit fritt og levande kulturliv

• gjennomføre ei forenklingsreform

i kultursektoren for å redusere byråkratiet, forbetre oppgåvedelinga, forenkle søknadsprosessar og rapportering og styrkje transparens og demokratisk forankring

• bidra til kvalitet og mangfald i

kulturlivet med sterkare vektlegging av næringspotensialet i kulturen

• stimulere til god infrastruktur som

skaper «kulturklyngjer» og økosystem der kunstnarar utnyttar felles kompetanse og kan dele på utgifter

• vurdere å etablere eit

investeringsmandat retta mot kreative næringar

• styrkje rammevilkåra for offentleg-

privat samarbeid ved å gjeninnføre gåveforsterkingsordninga og innføre ei ordning der sponsorbidrag og gåver til kultur gir rett til frådrag både for verksemder og for privatpersonar

• endre stiftingslova, mellom anna

for å leggje til rette for meir privat kapital til kultur og frivilligheit

• utvide satsinga på Talent Norge

og norsk talentutvikling for å inkludere talent frå fleire sektorar

• vidareutvikle Kulturskulen som

ein viktig arena for mangfaldet av unge og deira møte med ulike kunstuttrykk og styrkje Kulturskulen si rolle som regional talentutviklar

• utvide bruk av praksis- og

læreplassar og aspirantordningar ved kulturinstitusjonar som får statstilskot

• bidra til eit større mangfald i

kunst- og arkitekturundervisninga ved offentlege institusjonar

• styrkje arbeidet Utanriksdepartementet

og Kultur- og likestillingsdepartementet gjer med å fremje norsk kunst og kultur i utlandet

• vidareutvikle og trappe opp

filminsentivordninga for film- og serieproduksjon til ei internasjonalt konkurransedyktig ordning som fremjar berekraft, og overføre ansvaret for ordninga frå Kulturog likestillingsdepartementet til Næringsdepartementet

• vareta nasjonalt viktige kulturbygg

og bidra til at viktige satsingar på og rehabiliteringsprosjekt av kulturbygg i heile landet kan gjennomførast

• rehabilitere Nationaltheatret

innanfor ei nøktern ramme

Norsk kulturarv og språk

Kulturarven vår er ein viktig del av den demokratiske og historiske infrastrukturen vår. I dagens verdssituasjon er kunnskap om eigen kultur viktigare enn på lenge. Berre vi kan ta vare på kulturen vår, og Høgre vil styrkje arbeidet.

God språkforståing er viktig for å forstå samfunnet, og det er den viktigaste kulturelle fellesmarkøren vår. For Høgre er det viktig å leggje til rette for leseinteresse og leseferdigheiter så tidleg som mogleg. Biblioteka har ei viktig rolle i dag som møteplass og for å gi leseglede og må styrkjast ytterlegare. Norsk språk er også avgjerande for forståinga av dei skandinaviske søsterspråka våre, og saman bidreg dette til ein felles skandinavisk identitet som Høgre ønskjer å ta vare på.

I vår digitale og globaliserte tidsalder er det grunn til å ha ein nasjonal diskusjon og konklusjon om kva som er sentrale kulturelle verdiar, immateriell kulturarv og verk. Høgre ønskjer å utvikle ein norsk kulturkanon for å slå fast kva som er essensielle verk i Noregs kunst- og kulturarv. Kulturkanonen bør liste dei viktigaste verka innanfor arkitektur, biletkunst, design, kunst og handverk, film, litteratur, musikk og scenekunst. Dette vil vere ein måte å synleggjere kulturhistoria vår på for framtidige generasjonar.

• utarbeide beredskapsplanar

for varetaking av norsk kulturarv i krise og krig

• setje ned eit utval som skal utarbeide

eit forslag til ein norsk kulturkanon, som er ei liste over dei viktigaste verka i Noregs kunst- og kulturarv

• bidra til aktiv overlevering av

folkemusikk, folkedans og handverk, spesielt små og verneverdige fag

• byggje opp under både bokmål

og nynorsk som skriftspråk

• styrkje det nordiske språksamarbeidet

med mål om at skandinaviske språk skal forståast og brukast når skandinavar snakkar med kvarandre

• styrkje biblioteka si rolle som

ein viktig samfunnsaktør i lokalsamfunna og som bidragsytar i eit nasjonalt leseløft, mellom anna ved å styrkje innkjøpsordninga

• styrkje produksjonen av norsk skjønn-

og faglitteratur og bidra til at han når ut til eit større internasjonalt publikum, og evaluere boklova med sikte på å styrkje konkurransen i bokmarknaden

• fremje samarbeid om norske

og nordiske språkmodellar for kunstig intelligens

• styrkje evna musea ha til å ta vare

på den nasjonale kulturarven vår og gjere han meir tilgjengeleg

• gi lokale myndigheiter større innverknad

over skrivemåten av lokale namn

• effektivisere

dokumentasjonsforvaltninga i offentleg sektor og gjere dei viktigaste offentlege arkiva lettare digitalt tilgjengelege

Medium og ytringsfridom

Frie og uavhengige medium er ein av grunnsteinane i demokratiet. Det offentlege skal leggje til rette for ein open og opplyst offentleg samtale gjennom gode rammevilkår for media. I ei tid med auka polarisering og spreiing av feilaktig informasjon blir redaktørstyrte medium med høg tillit stadig viktigare. Vilkåra skal forbetrast for lokalmedium og medium som driv undersøkjande journalistikk. Dei økonomiske verkemidla, som momsfritaket til nyheitsmedia, skal innrettast plattformnøytralt og støtte opp under innovasjon og utvikling.

NRK er ein viktig allmennkringkastar, men har ei dominerande rolle i medielandskapet. Høgre vil føre vidare ordninga med ein kommersiell allmennkringkastar som eit supplement til NRK og sjå til at NRK ikkje svekkjer aktivitetsgrunnlaget til medium som hentar inntekter i marknaden.

Erfaringane med dei algoritmestyrte sosiale media sidan dei kom, er at det er behov for sterkare regulering. For mange unge får tilgang til innhald dei ikkje burde sjå, og algoritmane forsterkar ekkokammer på ein måte som vil vere skadeleg for samhald og demokrati på sikt. Noreg bør gå føre der vi kan, og arbeide for internasjonale reglar der vi må.

Ytringsfridommen er fundamental for demokratiet og må vernast kontinuerleg. Høgre vil halde oppe mediemangfaldet og sørgje for gode og føreseielege rammevilkår for media. Ytringsfridomskommisjonen gav oss verdifull innsikt i kvar fridommen er truga i dag, og Høgre vil setje inn målretta tiltak for å styrkje plassen til ytringsfridommen og utvide ytringsrommet.

• behalde eit offentleg finansiert,

reklamefritt og allment tilgjengeleg NRK og føre vidare ordninga med tilskot til ein kommersiell allmennkringkastar

• trappe ned pressestøtta til

riksdekkjande aviser, styrkje henne for lokalmedium, etablere ordningar for å tilgjengeleggjere nyheiter for fleire, og prioritere midlar til digitalisering og eit fond for undersøkjande journalistikk og verifisering

• jobbe for strengare internasjonal

regulering av algoritmestyrte sosiale medium for å vareta personvernet og for å forhindre manipulering av brukarane

• innføre ei myndigheitsbestemt

aldersgrense på 15 år for sosiale medium og krevje at norske brukarar verifiserer alderen sin, til dømes med elektronisk ID

• arbeide for å jamne ut den skeive

konkurransen mellom globale selskap som får annonseinntekter frå selskap i Noreg retta mot eit norsk publikum, og norske mediebedrifter, og for at slike selskap også betaler skatt i Noreg

• jobbe for ei strengare regulering av,

og eventuelle forbod mot, digitale plattformer som er eigde av selskap med tilknyting til land vi ikkje har sikkerheitspolitisk samarbeid med

• oppdatere åndsverklova for å

harmonisere regelverket med EU

• motarbeide politiske og sosiale

innskrenkingar av ytringsfridommen

• endre ordlyden i straffelova § 185 om

hatefulle ytringar, for å gjere føresegna lettare å forstå, i tråd med tilrådingar frå Ytringsfridomskommisjonen

• etablere ein digital hjelpeportal som

kan samle og synleggjere grensene lovverket set for ytringsfridommen

Tru og livssyn

Retten til å tru, eller ikkje tru, er viktig å verne i samfunnet vårt. Samfunnet skal kunne romme både utøving av religion og respekt for eit sekulært og humanistisk livssyn. Ytringsfridommen gjeld for både religiøse og religionskritiske ytringar.

Høgre vil ta vare på Noregs forankring i ein kristen-humanistisk kulturarv og verditradisjon. Kyrkja har ei stor kulturell betydning, også for ikkje-truande i Noreg. Mange ønskjer å nytte kyrkja til å markere viktige hendingar, og vi blir trekte dit ved lokale og nasjonale krisar. Høgre vil sikre at dette tilbodet er tilgjengeleg i heile landet.

Religiøse leiarar og andre nøkkelpersonar i trussamfunnet har ei viktig rolle i å førebyggje ekstremisme og radikalisering. Det er difor viktig at desse har god kunnskap om grunnleggjande norske verdiar. Høgre vil difor at fleire av desse får tilleggsutdanning frå Noreg.

• halde oppe og finansiere Den

norske kyrkja som folkekyrkje og kulturberar i det norske samfunnet

• endre finansieringsordninga for trus- og

livssynssamfunna for å redusere dei totale kostnadene på statsbudsjettet

• føre vidare Kyrkjebevaringsfondet

for å sikre den nasjonale kulturarven som dei historiske kyrkjebygga våre representerer

• at trussamfunn utanfor Den norske

kyrkja skal få insentiv til å tilsetje religiøse leiarar som har godkjend tilleggsutdanning frå Noreg

• leggje til rette for betre

kompetanse blant religiøse leiarar i trus- og livssynssamfunn

• vurdere å innføre standardar for god

gravferdsskikk for gravferdsbransjen

Urfolk og nasjonale minoritetar

Noreg har gjennom nasjonale vedtak og ratifiseringa av internasjonale konvensjonar forplikta seg til å verne om eit mangfald som varetek det samiske folket som urfolk, og nasjonale minoritetar. Desse har alle rett til å utvikle språket sitt, kulturen sin og samfunnslivet sitt. Høgre meiner dette mangfaldet berikar landet, og vil arbeide for gjensidig respekt og solidaritet mellom folkegruppene.

Rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen har gitt viktig kunnskap om kva konsekvensar fornorskinga har hatt for enkeltpersonar, familiar og samfunn langt inn i vår tid. Det er denne kunnskapen om historia som kan hjelpe oss til å ikkje gjere same feil igjen. Høgre vil føre ein politikk for likeverd mellom majoritets- og minoritetsbefolkninga og arbeide for å auke den generelle kunnskapen i samfunnet om urfolk og nasjonale minoritetar.

• bevare og vidareutvikle samisk

språk, kultur og samfunnsliv som ein del av Noregs felles kulturarv

• støtte institusjonane som har

ansvar for at minoritetsspråk som nord-, sør- og lulesamisk, kvensk, romanes og romani blir bevarte

• vareta samiske kulturtradisjonar

som mellom anna joik, duodji (handverk) og forteljartradisjonar

• ta vare på kulturen og historia til

dei nasjonale minoritetane

• leggje til rette for berekraftige

utmarksnæringar i samiske område, i samarbeid med dei samiske miljøa

Idrett, frivilligheit og friluftsliv

Idretten og frivilligheita er viktig for folkehelsa, dei sosiale fellesskapane og inkludering. For Høgre er det eit mål at alle skal kunne delta, uavhengig av økonomi, geografi eller funksjonsevne.

Idretten og frivilligheita gir trygge møteplassar og er limet i lokalsamfunnet, og nordmenn si deltaking ligg i verdstoppen. Difor er det viktig med gode idrettsanlegg, attraktive anlegg for eigenorganisert aktivitet og tilrettelagde friluftsområde.

For mange barn og unge opplever at økonomi er ein barriere for å delta i dei fritidsaktivitetane dei ønskjer, med det utstyret som trengst. Høgre vil samarbeide med kommunane og frivilligheita for å sikre at alle barn og unge kan delta på minst éin fritidsaktivitet, og styrkje utlånsordningar for utstyr.

Det skal vere gøy å vere frivillig, utan at tida blir brukt opp på administrasjon. For å sikre at den frivillige innsatsen blir brukt til aktivitet, skal Høgre gjere det enklare og meir føreseieleg å forhalde seg til dei ulike offentlege støtteordningane, samtidig som vi ønskjer å mjuke opp regelverket for privat medfinansiering. Frivilligheita skal vere fri og uavhengig og ha gode og føreseielege vilkår.

• sørgje for, saman med kommunane,

at alle barn og unge, uavhengig av inntekta til foreldra, kan delta på minst éin fritidsaktivitet

• sørgje for at økonomi ikkje er eit hinder

for at barn kan delta i fritidsaktivitetar, og difor styrkje utlånsordningar

• støtte idretten sin nasjonale strategi

for idrettsanlegg, som inkluderer både nasjonalanlegg, breiddeanlegg og fleiridrettsanlegg der det er fornuftig, og gi fylka eit større oppdrag med å prioritere lokaliseringa av kostnadskrevjande anlegg

• leggje til rette for meir eigenorganisert

aktivitet gjennom fleire nyskapande og framtidsretta aktivitetsarenaer som er tilrettelagde for fleirbruk

• ha ein føreseieleg momskompensasjon

for nye idrettsanlegg, vurdere ordningar for å utbetale tilsegnsmidlar tidlegare, og forenkle regelverket for anlegg som det blir investert i og/ eller som blir drifta i kombinasjon av offentlege og private aktørar

• støtte arbeidet idretten gjer for meir

berekraftig drift, ved å gå gjennom støtteordningar for energitiltak og støtte større tiltak som alternativ til gummigranulat på kunstgrasbanar

• forenkle søknads- og

rapporteringsrutinane, bidra til større føreseielegheit gjennom fleirårige tilskot og ha ei god og føreseieleg ordning for momsrefusjon for frivillige og ideelle organisasjonar

• forbetre rammevilkåra for frivillige

organisasjonar sine lotteri med løyve gitt i pengespellova, og auke frådragsgrensa for gåver frå private givarar og næringslivet til frivillige og ideelle organisasjonar

• sørgje for at frivillige organisasjonar

og kultur- og idrettsaktivitetar får god tilgang til lokale og areal, gjennom å leggje til rette for gratis utlån av offentlege bygg utanom arbeidstid

• bevare einerettsmodellen og

Norsk Tippings ansvarlege pengespelmodell, der omsynet til dei speleavhengige skal vege tyngst

• satse på møteplassar for

dataspeling og den digitale kulturen, gjerne i samarbeid med lokale idrettslag, fritidsklubbar og andre frivillige organisasjonar

• arbeide for større internasjonale

arrangement i Noreg med internasjonale aktørar som innfrir krav om godt styresett

• støtte arbeidet med skilting,

merking og kartfesting av stiar og turruter i kommunane

• bidra til at fritidsklubbane kan tilby

aktivitetar som gir barn og unge ei god fritid, og som førebyggjer utanforskap og styrkjer sosial inkludering

Innvandring og integrering

Høg innvandring over tid skaper utfordringar for samfunnet om vi ikkje lykkast med integreringa. Då vil dei positive bidraga innvandringa har gitt, fortrengjast av problema. Nivået på innvandringa må balanserast mot kor mange Noreg har kapasitet til å integrere. Ut frå dagens situasjon tilseier det å halde innvandringa på eit lågt nivå framover, og Høgre vil stramme inn innvandringspolitikken for å redusere talet på nykomne. Samtidig vil Høgre setje inn sterkare tiltak for å integrere nykomne flyktningar betre og hjelpe dei som har vore lenge i landet, med å kome i jobb og delta i samfunnslivet.

Asyl- og flyktningpolitikk

Noreg har eit ansvar for å hjelpe menneske i nød og gi vern til personar som er forfølgde. Høgres mål er at hjelpa skal nå flest mogleg. Difor er hjelp i nærområda Noregs viktigaste bidrag for å hjelpe menneske på flukt. Økonomisk støtte til oppbygging i nærområda vil vere langt meir effektiv hjelp enn å auke talet på flyktningar til Noreg.

Dagens asylsystem har svakheiter. Systemet legg opp til at svært mange legg ut på lange, dyre og farlege reiser for å kome dit dei ønskjer å søkje vern. Svært mange som reiser, har ikkje krav på vern. Høgre vil jobbe nasjonalt og internasjonalt for at færre skal reise langt for å søkje om asyl, og at dei heller skal få det nødvendige vernet i nærområda. Målet er felleseuropeiske løysingar på flyktning- og migrasjonsutfordringar og å bidra til effektiv grensekontroll. Noregs bidrag bør først og fremst vere økonomisk framfor å ta imot personar med uavklart flyktningstatus. Det er eit mål at Noreg ikkje skal oppfattast som enklare å få opphald i enn nabolanda våre.

• føre ein streng, føreseieleg og

berekraftig innvandringspolitikk

• ha rask og rettferdig behandling

av asylsøknader og sørgje for at returar blir gjennomførte hurtig

• greie ut forskjellar i handteringa

av asylsøknader mellom Noreg og dei nordiske landa og føreslå innstrammingar der Noreg har ein meir liberal praksis

• halde talet på kvoteflyktningar låge i åra

framover og sjå talet på kvoteflyktningar i samanheng med asylinnreisene

• ved uttak av kvoteflyktningar

prioritere diskriminerte seksuelle minoritetar, heile familiar utan behov for familiegjenforeining og personar med stort sannsyn for god integrering

• stramme inn vilkåra for

familiegjenforeining innanfor handlingsrommet til internasjonale konvensjonar og menneskerettar, under dette vurdere å innføre forsørgjarkrav for flyktningar som søkjer familiegjenforeining

• greie ut nye krav til deltaking i

integreringstilbod for personar med familieopphaldsløyve, under dette krav om å bestå prøvar i norsk munnleg kort tid etter framkomst etter dansk modell

• som hovudregel berre gi

mellombels opphald og forvente tilbakeføring til område personar har flykta frå, når dette blir trygt

• returnere asylsøkjarar som har vore i

andre trygge land før dei kom til Noreg

• vere ein pådrivar for avtalar der

menneske med reelt behov for vern får opphald i land nærare heimlandet

• greie ut eit system der Noreg gir vern

til personar med behov for vern ved å betale for omplassering til andre trygge land nærare heimlandet

• styrkje returarbeidet, under dette

arbeide aktivt for å inngå fleire returavtalar for å sikre effektiv retur av personar utan opphaldsløyve

• auke støtta til, og kunnskapen om,

tilbakevending, slik at det blir enklare å skape seg eit nytt liv i heimlandet for personar som ønskjer å dra frå Noreg

• greie ut innstrammingar i regelverket

for familieetableringar, med mål om å stanse partnarvald, til dømes ved å innføre ei karanteneordning for familieetablering for valdsutøvaren

• gå gjennom regelverk og praksis knytt

til tilbakekalling av opphaldsløyve med mål om at fleire straffbare handlingar skal føre til utvising

Statsborgarskap og permanent opphald

Det norske velferdssamfunnet er bygd på tillit og deltaking. Det er ein føresetnad at flest mogleg jobbar, deltek i lokalsamfunnet og respekterer grunnleggjande norske verdiar. Høgre vil setje krava for å oppnå statsborgarskap og permanent opphaldsløyve slik at dei støttar opp under desse føresetnadene. Samtidig skal vi gi gode høve til å skaffe seg tilstrekkeleg kompetanse gjennom integrering og arbeidsdeltaking.

Det er avgjerande at dei som skal oppnå norsk statsborgarskap, kan norsk og kjenner samfunnet godt. Permanent opphaldsløyve betyr at ein ikkje lenger er forventa å returnere dit ein flykta frå, sjølv om forholda der betrar seg. Det er viktig at det å få permanent opphaldsløyve også inneber å forsørgje seg sjølv, ha respekt for norske verdiar og delta i arbeidslivet.

• innføre krav om å ha forsørgt

seg sjølv i minst fire år gjennom arbeidsdeltaking for å få permanent opphaldsløyve, med mindre særlege grunnar tilseier at det er urimeleg

• innføre krav om at personar ikkje

kan ha gjeld til det offentlege, under dette manglande skattebetalingar eller pålagde tilbakebetalingskrav for offentlege ytingar, dersom dei skal få permanent opphaldsløyve eller statsborgarskap

• evaluere språkkravet om B1-

nivå munnleg og vurdere å auke språkkravet for å få statsborgarskap til B2-nivå munnleg

• styrkje UDIs arbeid med å

stadfeste identitet, og ikkje innvilge statsborgarskap eller permanent opphaldsløyve dersom det er tvil om identiteten til søkjaren

• greie ut om fleire straffbare forhold

kan føre til tap av statsborgarskap

Integrering

Kvar enkelt som innvandrar til Noreg, skal møtast med forventningar, krav og moglegheiter. Å bli integrert betyr å kunne delta i det norske samfunnet gjennom arbeid, utdanning og aktivitet i lokalsamfunn. Det handlar også om å ha respekt for grunnleggjande norske verdiar som likestilling, religionsfridom, ytringsfridom og retten alle har til å leve eit fritt og sjølvstendig liv.

Høgre vil forbetre introduksjonsprogrammet. Oppfølginga folk får, må vere tilpassa behovet og potensialet til den enkelte. Dei aller fleste som kjem seg til Noreg, er i stand til å få ein jobb etter kort tid. Kommunar og lokalsamfunn skal ha eit godt integreringstilbod, i samarbeid med frivilligheit, ideelle organisasjonar og sosiale entreprenørar. Det viktigaste for å lykkast med integreringa er innsatsen til den enkelte innvandraren.

Det norske samfunnet har avgrensa kapasitet til å integrere innvandrarar. Den spreidde busetjingsmodellen fungerer godt, men må følgjast opp med betre arbeidskvalifisering tilpassa lokale behov.

• heve kvaliteten i

introduksjonsprogrammet og ha som mål at deltakarane skal kome ut i varig arbeid

• at flyktningar som ventar på oppstart

av introduksjonsprogrammet, bør få tilbod om aktivitet som aukar norskkunnskapane

• styrkje opplæringa i norske verdiar

og samfunnsnormer, særleg knytt til ytringsfridom og aksept for kvinner og minoritetar

• innføre nasjonale prøver

på norskopplæringa for å kvalitetssikre opplæringa

• at kommunen og den enkelte

flyktningen inngår ein «integreringskontrakt» for å opplyse om rettar, plikter og forventningar i Noreg

• kartleggje kompetansen til

den enkelte flyktningen tidleg, slik at utdanningstilbod i introduksjonsprogrammet og busetjingskommune kan tilpassast og auke sjansane for å kome tidleg i jobb

• halde fast ved ein styrt og

spreidd busetjingsmodell, der kommunar som har gode resultat i introduksjonsprogrammet, blir prioriterte. Flyktningar skal som hovudregel ikkje busetjast i område med levekårsutfordringar eller ein innvandrardel over 25 prosent

• jobbe for at flyktningar blir buande i

første busetjingskommune, mellom anna gjennom meir treffsikker busetjing og ved å vurdere korleis perioden ein kommune kan vise ein flyktning til første busetjingskommune for å få sosiale ytingar, kan forlengjast

• sikre at foreldre som nyttar seg av

tilbod som gratis kjernetid i barnehagen eller redusert foreldrebetaling i SFO eller barnehage, deltek i norskopplæring eller kvalifiseringsprogram dersom dei ikkje er i annan aktivitet

• vurdere å knyte aktivitetsplikt og

vidare norskopplæring til fleire ikkje-universelle ytingar

• bruke lønstilskot og jobbprogram

for å få innvandrarar raskare ut i arbeid, særleg innvandrarkvinner

• bruke frivillige organisasjonar

og sosiale entreprenørar i integreringsarbeidet for å få fleire raskare i jobb og inn i samfunnslivet

• jobbe for å auke andelen barn

med minoritetsbakgrunn som går i barnehage, særleg dei første leveåra

• tilby mottaksklassar ekstra

norskopplæring i sommarferien og stille tydelege krav til at mottakselevar skal bli inkluderte i aktivitetane og læringsmiljøet på skulen

Negativ sosial kontroll og æreskriminalitet

Den sterkaste motkrafta til at vi lykkast med integreringsarbeidet, er negativ sosial kontroll og æresrelatert kriminalitet. Det tek frå både unge og vaksne den fridommen som alle andre i samfunnet nyt. Høgre vil styrkje kompetansen om utfordringane i alle førstelinjetenestene, slik at hjelpa kan setjast inn tidleg og dei som utøver kontrollen, blir rettleidde bort frå det.

• etablere eit tverrfagleg

oppfølgingsprogram i samarbeid mellom skule, barnevern og helsetenestene for barn som har vendt heim etter ein lengre periode i utlandet

• styrkje arbeidet mot negativ sosial

kontroll og æresrelatert kriminalitet, mellom anna ved å styrkje kompetansen om korleis det kan oppdagast og handterast i førstelinjetenestene som politi, barnevern og skule

• styrkje innsatsen for å avdekkje

tvangsekteskap og kjønnslemlesting med mål om å forhindre dette i størst mogleg grad

• utvide høvet til å gi fengselsstraff

og vurdere økonomiske sanksjonar for føresette som etterlèt barn i utlandet mot sin vilje

• gjennomføre nødvendige tiltak for

å hindre faste etter-skule-tilbod med overnatting for å forhindre segregering, parallellsamfunn, negativ sosial kontroll og radikalisering

• sikre at kommunane har heimel

til å føre tilsyn med og stanse verksemder og fritidsaktivitetar retta mot barn og unge som blir rekna for å ha ein klart integreringshemmande effekt, innanfor ramma av trusog forsamlingsfridommen

Ein effektiv og brukarorientert offentleg sektor

Høgre vil ha ein effektiv og open offentleg sektor som set behova til innbyggjarane, frivillig sektor og næringslivet i sentrum. Dei offentlege tenestene skal kjenneteiknast av kompetanse, kvalitet og høg grad av gjennomføringsevne. Det offentlege skal vere ein god og attraktiv arbeidsgivar. Innbyggjarane bør få meir innverknad over kva tilbod det offentlege yter, enn dei har i dag.

Gjennom å kunne velje mellom tilbod, ha fleire valmoglegheiter innanfor dei enkelte tilboda og gi tilbakemeldingar på tenestene som blir ytte, kan ein styrkje påverknaden folk har. Høgre meiner dei beste ideane for betre offentlege tenester kjem gjennom samarbeid mellom offentlege, private, ideelle og frivillige aktørar. Det styrkjer kvaliteten, innovasjonen og valfridommen.

Over dei siste tiåra har offentleg sektor i Noreg vakse. Samtidig har ikkje tilfredsheita med velferdstilbodet auka i same grad. Vi må framover forbetre velferdstilbodet, utan at ressursinnsatsen aukar like mykje. Det er avgjerande for å bevare tilliten til at offentleg sektor er effektiv, og at skatteinnkrevjinga står i stil med velferdstilbodet ein får tilbake. Det er eit politisk ansvar å sørgje for å rydde bort oppgåver som det offentlege ikkje burde bruke tid på, og å løyse dei viktigaste oppgåvene på ein så god og effektiv måte som mogleg. Høgre vil jobbe systematisk i alle sektorar for at folk og pengar blir brukte fornuftig.

Regelverk, forskrifter og retningslinjer kan vere kompliserte å setje seg inn i for den det gjeld, og tidkrevjande å forvalte for den offentlege instansen som gjer det. Ein enklare offentleg sektor vil både styrkje tilliten mellom innbyggjarar og myndigheiter og forenkle administrasjonen. Høgre vil forenkle, forbetre og om mogleg fjerne regelverk for å få ein enklare offentleg sektor for dei tilsette, for næringslivet og for innbyggjarane. Dei neste åra vil vi trenge arbeidskraft og ressursar til helse og omsorg, forsvar og politi og til vidare vekst i næringslivet. Difor er det spesielt viktig at offentleg sektor elles blir driven så effektivt som mogleg. Høgre meiner at det også i offentleg sektor er mogleg å løyse oppgåvene betre enn i dag. Eit fast, årleg effektiviseringsmål vil gi offentleg sektor ei føreseieleg og tydeleg forventning.

• gå gjennom offentleg sektor

systematisk for å forenkle administrasjon og regelverk, redusere kostnader og få bukt med sløsing

o under dette setje ned ein ny forvaltningskommisjon for å gå gjennom organiseringa av staten, med sikte på å gjere staten meir effektiv og betre i stand til å handtere store samfunnsmessige utfordringar som går på tvers av sektorar

• etablere eit fast, årleg

effektiviseringsmål i statleg forvaltning

• kraftig redusere mengda og

omfanget av statlege subsidiar og ha som hovudregel at subsidiar skal vere mellombelse

• setje ned ein kuttkommisjon som

årleg skal gi regjeringa forslag til kutt i offentleg pengebruk

• bruke betre organisering, digitalisering

og andre former for innovasjon for å bidra til betre tenester med lågare belastning på dei tilsette

• jobbe for at arbeidskrafta i offentleg

sektor kan brukast mest mogleg effektivt, mellom anna ved å leggje til rette for fleire alternative og meir fleksible turnusar og fordele oppgåver mellom ulike yrkesgrupper på nye måtar

• styrkje kostnadskontrollen i statlege

byggjeprosjekt, mellom anna ved å bruke erfaringane frå Nye Veier og vurdere verdianalysar og andre verktøy for å halde kostnadene og omfanget av prosjekta nede

• bruke intern konkurranse på nye område

for å forbetre kostnadskontroll og auke innovasjonen i statleg forvaltning

• utvide valfridommen til innbyggjarane

innanfor, og påverknadsmoglegheitene deira på, det offentlege tenestetilbodet

• gjennomføre faste og samanliknbare

brukarundersøkingar for alle offentleg finansierte tenester i stat, fylke og kommune for å utvikle tilbodet vidare i tråd med behova til brukarane

• gjere informasjon om kvaliteten på ulike

tilbod tilgjengeleg for innbyggjarane, saman med informasjon om valmoglegheiter der det er relevant

• greie ut handlingsrommet for å

stille krav til transparens og løns- og arbeidsvilkår hos private og ideelle tilbydarar av velferdstenester

• vere positiv til forsøk med nye måtar

å løyse oppgåvene på, opne for forsøk på fleire område og bidra til at forsøk med gode resultat blir skalerte opp

• auke graden av innovasjon i

offentlege innkjøp, leggje vekt på berekraft og leggje til rette for deling av gode erfaringar

• leggje vekt på leiarutvikling,

gjennomføringskraft og kompetanseheving i den statlege arbeidsgivarpolitikken

• vere positiv til at meir av lønsdanninga

i offentleg sektor kan skje gjennom lokale forhandlingar, mellom anna ved å behalde to hovudtariffavtalar i staten

• arbeide for moderate

leiarløningar i offentleg sektor og offentleg eigde selskap

Digitalisering

Noreg har kome langt i arbeidet med digitalisering, men det er framleis eit stort forbetringspotensial. For å tilby innbyggjarar og bedrifter endå betre tenester, og effektivisere offentleg sektor, må fleire tenester digitaliserast og fleire digitale tenester koplast saman. Høgre vil i alle samanhengar leggje vekt på at personvernet blir vareteke.

Ei sentral utfordring for å lykkast med digitaliseringa i Noreg er å sikre at alle har tilgang til digitale tenester, uavhengig av individuelle føresetnader og bakgrunn. Samtidig som tenester blir digitaliserte, må effektiviseringsgevinstane hentast ut. Det krev ei heilskapleg tilnærming som tek omsyn til både teknologiske, juridiske og samfunnsmessige barrierar.

Kunstig intelligens utfordrar samfunnet på nye måtar. Høgre meiner at det er avgjerande at Noreg grip moglegheitene og deltek aktivt i internasjonale forum for trygg og innovativ utvikling, samtidig som utfordringane blir tekne på alvor.

• bruke berre-éin-gong-prinsippet, slik

at innbyggjarar og bedrifter ikkje treng å sende inn same informasjon til det offentlege meir enn éin gong

• kjempe mot digital utanforskap

gjennom å tilby hjelp og alternativ og ha godt designa løysingar

• stimulere til auka bruk av kunstig

intelligens i den offentlege forvaltninga, mellom anna gjennom bruk av offentlege innkjøp

• prioritere digitaliseringsprosjekt som

fører til lågare offentlege kostnader og like god eller betre kvalitet på tenestene

• sørgje for at alle digitale plattformer

har grensesnitt som gir moglegheiter for samhandling mellom staten, fylke og kommunar, men også med privat næringsliv og enkeltpersonar

• etablere felles rammeverk og felles

løysingar for datafangst, datadeling og analyse i statleg og kommunal sektor

• leggje til rette for at den digitale

kompetansen blir styrkt både for dei som allereie er i arbeidslivet, og for dei som står utanfor og vil bli ein del av det

• innføre ei digital innlogging på

høgaste sikkerheitsnivå som alle innbyggjarar, eller verja deira, kan nytte

• at alle husstandar skal ha tilgang på

anten fast, mobilt eller satellittbasert høgfartsbreiband, og opne fibernettet for konkurranse, på lik linje med det vi har for straum og telefon i dag

• leggje til rette for fleire regulatoriske

sandkassar for uttesting av ny teknologi i offentleg sektor

• leggje til grunn eit hovudprinsipp

om at data frå det offentlege skal opnast når det kan, men skjermast når det må. Personvernet skal respekterast og sikkerheit prioriterast

• etablere eit råd for kunstig intelligens

som vurderer etiske spørsmål, ser moglegheitene og trugsmåla med teknologien i eit langsiktig perspektiv og identifiserer behov for ansvarleg bruk av kunstig intelligens, etter modell frå Bioteknologirådet

• greie ut konsekvensane generativ

kunstig intelligens har for opphavsrett, media, kultur, demokrati og ytringsfridom, og moglege tiltak for å møte desse konsekvensane

Levande lokalsamfunn i heile landet

Det lokale velferdstilbodet betyr mykje for folk. Det er skulen til barna, heimetenesta til dei eldre og byggjesaka til entreprenøren, saman med veldig mykje anna. Lokal forvaltning skal vere nær innbyggjarane og er godt eigna til å vurdere interessene og bekymringane til innbyggjarane, avvege ulike omsyn og prioritere ressursbruken effektivt.

Kommunar og fylke har ulike føresetnader for å levere gode tenester. Det viktigaste for Høgre er at innbyggjarane i heile landet skal få eit velferdstilbod av høg kvalitet. Kommunar og fylke er ulike og må forme ut tilboda ulikt. Staten bør i større grad følgje opp at det blir levert god kvalitet, framfor å detaljstyre korleis tenestene skal innrettast. For mange og detaljerte krav går ut over høvet kommunane har til å tilpasse velferdstilbodet etter behova til innbyggjarane sine. For mykje statleg detaljstyring, motsegner i planprosessar og nasjonale føringar bidreg til meir byråkrati og svekt lokalt sjølvstyre. Auka fridom og forenkling er viktig for at kommunesektoren skal kunne levere betre tenester til innbyggjarane framover.

Kommunane og fylka må vere rusta til å møte morgondagens utfordringar og levere gode tenester til innbyggjarane sine. Mange små kommunar opplever at kompetansemiljøa forsvinn, og at dei ikkje klarer å levere dei lovpålagde tenestene sine på ein god nok måte. Høgre ønskjer at fleire kommunar frivillig vel å slå seg saman, og vil støtte opp om slike prosessar.

• forme ut eit inntektssystem for

kommunane som legg til rette for likeverdige tenester, stimulerer til effektiv ressursbruk og lokal

verdiskaping, fremjar samarbeid med offentlege og private aktørar og sikrar at meir av den lokale verdiskapinga blir verande i kommunane

• gå gjennom statlege føringar for korleis

tenestene skal leverast, med mål om mindre statleg detaljstyring og større handlingsrom til å tilpasse tenestene til det innbyggjarane i den enkelte kommunen eller fylket har behov for

• gjennomføre forsøk med frikommunar,

der kommunane er fritekne visse lover, forskrifter eller andre føresegner, med føremål om å gi kommunar større handlingsrom til lokal tilpassing av tenester

• styrkje dei frie inntektene for

kommunar og fylke og redusere omfanget av øyremerkte midlar og søknadsbaserte tilskot

• gå gjennom finansieringa av

ressurskrevjande pleie- og omsorgstenester for å oppnå meir føreseielegheit for kommunane og meir likeverdige tenester for brukarane på tvers av kommunar

• at effektiviseringstiltak i form

av kommunesamanslåingar og ressurssparande samarbeid skal premierast i inntektssystemet

• at kommunar og fylkeskommunar

skal kompenserast tilstrekkeleg økonomisk ved overtaking av ansvar for statlege oppgåver

• gjere bemanningsnormene meir

fleksible, slik at kommunane kan setje inn ekstra ressursar der det trengst, for å gi eit likeverdig tilbod til alle

• at statsforvaltaren ved samordning

av motsegner prioriterer kva som veg tyngst, og at lokale vedtak skal vektleggjast i motsegnsbehandlinga

• at staten skal betale heile eller

delar av saksbehandlingsgebyret dersom statsforvaltaren ikkje ferdigbehandlar klagar innan fristen

• styrkje den rådgivande rolla til

overordna planmyndigheiter

• gå gjennom og forenkle heimlane for

motsegn, med tydeleg mål om å heve terskelen for når motsegn kan fremjast, og sikre meir lokal sjølvråderett

• redusere og harmonisere sektorlover

for å forenkle planlegging, avgrense og effektivisere motsegnsinstituttet og styrkje det lokale sjølvstyret

• innføre ein eigen frist for

statsforvaltarane si utsending av eit komplett mangelbrev i samband med klagebehandling

• redusere statsforvaltar sitt høve

til motsegn i saker som ikkje er av nasjonal betydning, og dessutan redusere fylket sitt høve til motsegn i lokale saker som ikkje har regional betydning

• la kommunen sjølv bestemme om det

skal vere tillate med søndagsopne butikkar i heile eller i delar av kommunen, og avskaffe avgrensingar som gjeld storleiken på butikkane

• leggje til rette for større kommunar med

større fagmiljø som er betre i stand til å gi gode tenester til innbyggjarane og til å overta fleire oppgåver frå staten og fylkeskommunen

• motivere fleire kommunar til å

slå seg saman, for å sikre betre tenester til innbyggjarane

• spare kostnader og forenkle tenestene

ved å ha to forvaltningsnivå i Noreg, og difor avvikle fylkeskommunen

• utvikle moglegheita for statleg pålegg

om samarbeid med andre kommunar i tilfelle der kommunar over tid leverer for dårlege tenester til innbyggjarane

• samarbeide med kommunane om

tiltak som bidreg til at lokale skattar, avgifter og gebyr blir haldne nede

• tilby fleire mobile offentlege tenester

etter modell frå mobile passkontor

• opne for å auke avskrivingstida for

vass- og avløpsanlegg og gjennomføre tiltak for å oppnå meir effektiv organisering i vass- og avløpssektoren, mindre vasslekkasje, betre reinsing og lågare gebyr for brukarar

• at lokal råderett skal vere det

førande prinsippet i lokale arealplanleggingssaker, og at avveging av ulike omsyn primært skal avklarast i lokaldemokratiet

• styrkje eigedomsretten, forenkle

plansystemet og gi grunneigarane auka innverknad på forvaltning og bruk av areal, også i verneområde, så lenge det ikkje går ut over verneverdiane

• tidsavgrense moglegheita

kommunen har til å følgje opp tiltak som er gjennomførte i strid med plan- og bygningslova

• at plan- og bygningslova, regelverk og

retningslinjer blir endra for å prioritere behovet for auka bustadbygging, næringsliv og arbeidsplassar

Byar

Norske byar veks fordi folk ønskjer å bu der. Bedrifter får tilgang på meir kompetanse, og folk får fleire arbeidsgivarar å velje mellom og tilgang på eit breitt underhaldningstilbod. Det er bra at vi har veksande byar i Noreg, og at vi over tid har klart å kombinere utbygging med bevaring av grøne kvalitetar. Sterke, attraktive byar er eit gode for heile Noreg.

Samtidig har byane våre nokre utfordringar knytte til miljø, transport, bustad og levekår. Høgre vil vidareutvikle målretta løysingar for å møte desse utfordringane betre enn i dag. Det krev tiltak på tvers av ei lang rekkje sektorar. Høgre meiner oppgåvene blir enklare å løyse om den same myndigheita har ansvar for mest mogleg.

• ha ei heilskapleg tilnærming til

levekårsutfordringar og særleg setje inn tiltak rundt familiar for å sikre betre sosial mobilitet, i samarbeid med frivillige organisasjonar

• vidareutvikle områdesatsingane

med meir vekt på arbeidsdeltaking og sosiale tiltak

• jobbe saman med byane om tiltak

som kan føre til meir bustadbygging, og opne for lokale prøveprosjekt der statlege reguleringar står i vegen

• føre vidare byvekstavtalar som eit

verkemiddel for betre samordna transport og arealplanlegging mellom stat, fylke og kommune

• revidere og styrkje ordninga med

byvekstavtalar gjennom å opne for sterkare vektlegging av lokale forhold

• gjennomføre fleire prøveprosjekt

der store kommunar overtek ansvar for fylkeskommunale eller statlege oppgåver

Distrikt

Moglegheitene er større enn nokon gong til å få til ei meir positiv utvikling i distrikta. Ressursane som finst der, som fisk, jordbruksareal, skogar, mineral, energi og naturopplevingar, er etterspurde verda over i større grad enn før. Samtidig har mange jobbar blitt mindre stadbundne, og kan no utførast nær sagt alle stader der det er internett.

Den største utfordringa er mangel på arbeidskraft. Demografien i mange kommunar, med få fødslar og mange eldre, skaper utfordringar. Noregs forsvar er avhengig av at det bur menneske i heile landet vårt. Dei siste åra har skatteendringar råka næringslivet sine investeringar i distrikta hardt. Høgre vil sikre at rammevilkåra for å investere i arbeidsplassar i distriktet er føreseielege, stabile og gode.

Det viktigaste grepet for å hindre sentralisering til dei største byane er å styrkje dei mindre byane. Høgre vil forsterke regionsentera, som er ei kraftsamling av private og offentlege tenester for omlanda sine. Føresetnaden for å få det til er gode samferdselsløysingar kombinerte med smart arealutvikling, der bustader og tenester blir bygde innanfrå og ut og gir kvalitetar som aukar bulysta og attraktiviteten.

• vidareutvikle digitale offentlege

tenester, slik at behovet for å møte opp på eit offentleg kontor blir mindre

• bruke teknologiske løysingar og

desentralisering av eigna helsetenester slik at talet på pasientreiser går ned og tenester blir tilbodne nærare pasienten

• føre vidare differensiert

arbeidsgivaravgift

• anerkjenne forskjellane mellom

kommunane og tillate ei strandsoneog utmarksforvaltning som opnar for meir utbygging i område med lågt utbyggingspress

• leggje til rette for flest mogleg lokale

ringverknader av verdiskapinga som blir gjord basert på bruk av lokale naturressursar

• flytte statlege arbeidsplassar ut av

hovudstadsområdet og opprette fleire statlege arbeidsplassar som er stadsuavhengige

• tilby fleire statstilsette digital

arbeidsstad, slik at ein kan tilsetje i heile landet

• jobbe for at kommunar tilbyr

konsept som «Jobb til to», altså partnararbeidsplassar for tilflyttande

• vidareutvikle tryggleiksbustader

for eldre nær tenestesentera i distrikta, som kan byggjast av både det offentlege og private

Bustad og utbygging

I Noreg er det ein sterk tradisjon for å eige eigen bustad, og sjølveigardemokratiet er ein av berebjelkane i det norske samfunnet. Å eige eigen bustad gir større økonomisk tryggleik og føreseielegheit for familiane. Samtidig har det blitt vanskelegare for unge å kome inn på bustadmarknaden, særleg i pressområda. Hovudårsaka til at bustadprisane har stige mykje over lang tid, er at det blir bygd for få bustader, og at det er for dyrt å byggje bustad som følgje av mange kostnadsdrivande krav.

Høgre vil gjere det enklare å byggje fleire bustader raskare og billigare. God tilgjengelegheit på byggjeklare tomter er ein føresetnad for dette. Forenklingar i plan- og bygningslova og i reguleringsprosessar, raskare saksbehandling, modernisering av teknisk forskrift og dessutan digitalisering og bruk av kunstig intelligens er andre tiltak som kan bidra til at det blir bygd fleire bustader, og at byggjekostnadene blir reduserte. Noreg treng fleire eigedommar som blir drifta og eigde av profesjonelle aktørar, med eit langsiktig perspektiv på forvaltning.

Dei neste åra vil det bli mange fleire eldre som kan få behov for ny bustad eller buform. Ved at det er tilrettelagt for nok tilpassa bustader, kan fleire eldre bu heime lenger. Dei eldre kan få behov for støtte til helseutfordringar eller nye bufellesskapar og fellesskapsløysingar. Det er viktig at byggjeforskrifter og offentlege støtteordningar blir tilpassa slik at det er mogleg å byggje nok tilpassa bustader.

Det er eit politisk ansvar å hjelpe vanskelegstilte med å kome seg inn på bustadmarknaden. Det viktigaste verkemiddelet for dette er Husbanken, som har ei svært viktig rolle som ein bustadsosial aktør.

• setje i verk eit forenklingsprogram for

bustadsektoren, der lover og forskrifter blir gått gjennom og utvida forsøks- og dispensasjonsordningar blir brukte for å auke tilbodet og redusere prisane

• auke digitaliseringstempoet

innanfor byggjesaksbehandling og planarbeid, under dette pilotprosjekt for bruk av kunstig intelligens

• innføre ein eigen frist for kommunen

si utsending av eit komplett mangelbrev i samband med behandling av byggjesøknad

• at kommunale fristbrot skal føre

til betydeleg reduksjon av gebyr for behandling av byggjesøknad og behandling av private planforslag. Ved alvorlege fristbrot skal gebyrkravet falle bort

• leggje til rette for fleire

bustadkjøpsmodellar for å gjere vegen inn på bustadmarknaden enklare

• leggje til rette for auka offentleg-

privat samarbeid ved utbygging av bustadmarknaden for tilpassa bustader for eldre

• fremje god arkitektur og byplanlegging

gjennom samarbeid med kommunane

• at utlånsforskrifta skal gi

fleksibilitet for førstegongskjøparar og dei som har beteningsevne, men ikkje nok eigenkapital

• teste ut pilotprosjekt for å hjelpe

personar i låginntektsgrupper inn på bustadmarknaden gjennom eit alternativt startlån i Husbanken

• ha auka fleksibilitet og mindre

detaljstyring i regelverket til Husbanken, slik at kommunane og Husbankens regionar får større fridom til å finne gode løysingar som er tilpassa lokale behov

• innføre tilskotsordning for

utleigebustader for å få fleire vanskelegstilte inn på bustadmarknaden, gjere det enklare å få tilgang på bustader i busetjingsarbeidet og til utprøving av nye bustadmodellar for personar med særskilde bustadbehov

• gi menneske med utviklingshemming

eller funksjonshemming større høve til å eige sin eigen bustad ved at tilskot til bustad ikkje går via bustadkommunen, men direkte til personen det gjeld, eller til private aktørar som eksempelvis bustadbyggjelag når desse byggjer på vegner av pårørande

• auke både den årlege og den totale

sparegrensa for bustadsparing for ungdom (BSU)

• auke makstida for utleige av

burettslagsleilegheiter frå tre til fem år

• innføre saldoavskriving

for bustadutleige

Val og demokrati

Noreg har eit av dei mest velutvikla demokratia i verda. God valdeltaking og tillit til valresultatet og til institusjonane er avgjerande for at demokratiet skal overleve. Det er eit sjølvstendig poeng at flest mogleg veljarar opplever at røysta deira blir høyrd, og at dei kan utøve innverknad på samfunnet dei lever i. Høgre vil difor sikre større medbestemming i val, slik at veljarar reelt sett kan bli høyrde om samansetningane av alle folkevalde organ.

Land som ikkje vil det liberale demokratiet vel, oppmuntrar til polarisering og splitting. Demokratiet blir også svekt innanfrå i land der det tidlegare var venta å stå støtt. Falsk informasjon er igjen på frammarsj og trugar grunnlaget for ei opplyst meiningsdanning og frie val. Det kviler på alle parti, opinionsdannarar og media eit ansvar for ein open og respektfull debatt.

Også norske val er utsette for påverknad frå autoritære aktørar. Høgre vil arbeide både nasjonalt og saman med våre allierte for å hindre at valpåverknad skjer, og for å minimere konsekvensane dersom det skjer. Kunstig intelligens gir nye moglegheiter for vondsinna aktørar, og det er avgjerande at denne risikoen blir avgrensa.

• gi veljarane høve til i større grad

å påverke personsamansetjinga av Stortinget ved stortingsval, til dømes ved at dei kan setje kryss ved personar på lista som dei helst ønskjer skal veljast inn

• verne om det konstitusjonelle

monarkiet som styringsform

• sikre val i Noreg mot utanlandsk

påverknad ved å forsterke valprosessane, og dessutan styrkje arbeidet myndigheitene gjer med å førebyggje og avdekkje moglege påverknadsoperasjonar

• etablere mekanismar for å handtere

risikoen kunstig intelligens medfører for gjennomføring av val og demokratisk diskusjon

• auke kunnskapen om trugsmålet

autoritære krefter kan utgjere for samfunnet vårt, og betre evna til å kjenne igjen falsk informasjon

• styrkje forskinga på haldningar

til demokrati og radikalisering, med sikte på å identifisere årsakssamanhengar og effektive tiltak for å verne om demokratiet

• styrkje undervisning i skulen

som støttar opp om demokratisk beredskap, inkludert evne til å skilje ekte og falsk informasjon og medvit om at det finst vondsinna aktørar som søkjer å påverke med sikte på å råke det norske demokratiet

• styrkje opplæring i demokrati og

medborgarskap, til dømes ved å sørgje for at fleire skuleelevar, frå heile landet, får høve til å besøkje tidlegare fange- og konsentrasjonsleirar Høgre, mars 2025

Getty Images. Int.ref: TG. 5.2025

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10500. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.