Prinsipprogram · 2023 · nynorsk
SVs prinsipprogram 2023-2027
SV – Sosialistisk Venstreparti · 9 370 ord
SVs prinsipprogram
2023-2027
Sosialisme på norsk
sv.no
Nynorsk
Innhold
For dei mange
– ikkje for dei få
Sosialisme på norsk
Fridom
Demokrati
Nærmakt
Staten
Velferd
Arbeid
Økonomi
Natur og klima
Feminisme
Urfolk
Antirasisme
Solidaritet
Fred og tryggleik
Sosialisme nedanfrå
Sosialisme på norsk
SV har sitt utspring i den radikale, folkelege tradisjonen som har bore fram det norske demokratiet og velferdsstaten. Vi er ein del av arbeidarrørsla, kvinnerørsla, den antirasistiske rørsla, fredsrørsla og miljørørsla. Vi byggjer på klassekampen til arbeidarrørsla og fagrørsla for fordeling og velferd. Vi byggjer vidare på kampane som er utkjempa av samar, småbrukarar, kystfiskarar og målrørsla om retten til kultur, stad, ressursar og språk. Vi står saman med frigjeringsrørsler som kjempar for retten til å vere den ein er, eller til å elske den ein vil, og med dei som jobbar for fred og internasjonal solidaritet. Vi tek prinsippa og verdiane som desse rørslene har kjempa fram, inn i vår tid.
Historisk har fellesskap vore det norske samfunnets og den norske sosialismens viktigaste strategi for overleving og realisering av moglegheiter. Sterke fellesskap, der kvar og ein blir sett på som ein ressurs, har vore nøkkelen til å lykkast i både små og store samfunn.
Samfunnet vårt er tufta på ressursane i havet og på landområde som høgfjell, vidder, fjordog kystlandskap og fruktbare lågland med skogar og åkervidder. I eit land med spreidde og sparsame ressursar har vilkåra for opphoping av økonomisk og politisk makt vore avgrensa. Historisk sett har ikkje Noreg hatt nokon adel, slik resten av Europa har, og kongen har vore fjernt frå folk. Dette har likevel ikkje vore nokon garanti mot maktovergrep eller fattigdom. Vi har hatt storbønder, rike handelsmenn og mektige væreigarar. Men i kampen mot sosiale forskjellar i Noreg har det innfløkte landskapet med små og spreidde bygder i seg sjølv fremja
lokal styring. Ei slagkraftig kvinnerørsle har bana veg for likestilling og gitt kvinner rett til arbeid, utdanning, politisk deltaking, sjølvbestemt abort og vern mot vald.
Mange variantar av fellesskaplege ordningar prega bygd og samfunn, frå uformelle institusjonar som tok vare på dei i lokalsamfunnet som trong omsorg, til større prosjekt utførte på dugnad. Fiskeria og jord- og skogbruket omsette produkta sine gjennom samvirkeorganisasjonar. I den tradisjonelle samfunnsorganiseringa av samane sørgde siida-systemet for fordeling av makt og ressursar, mens lokal etablering av kraftlag, bustadbyggjarlag, samvirkelag og sparebankar var måtar å løyse felles utfordringar og gi moglegheiter på.
Sterke fagforeiningar som stod opp for arbeidarane i Noreg, blei kjempa fram, særleg i kjølvatnet av industrialiseringa. Fagforeiningar som står opp for arbeidarane sine rettar, for demokrati og for at dei skal få sin rettmessige del av verdiskapinga, er avgjerande i eit sosialistisk samfunn. Vasskrafta, som spelte ei viktig rolle i delar av industrialiseringa, blei sikra for fellesskapet med innføringa av heimfallsretten. Denne tradisjonen med sikring av naturressursar for fellesskapet blei vidareført då staten sikra seg ein omfattande eigarskap i oljenæringa.
Små forskjellar i makt og rikdom er grunnleggjande for sterke fellesskap, folkestyre og velferd. Mennesket er eit flokkdyr, og det er styrken i samarbeidet som avgjer om vi overlever eller ikkje. Folk har gjensidig ansvar og bruk for kvarandre. Felles oppgåver blir
best utførte gjennom samarbeid framfor konkurranse. Interessemotsetningar bør løysast på demokratisk vis. Det er dette sosialisme på norsk vil styrkje og byggje vidare på.
Alle menneske er ikkje berre like mykje verde, dei har òg viktig kompetanse og er ressursar for heile samfunnet. Den viktigaste oppgåva til fellesskapet er derfor å leggje til rette for at mennesket kan utfalde seg fritt og delta i utviklinga av samfunnet. Dette krev sterke fellesskap som har rom for eit stort mangfald av perspektiv, bakgrunnar og livsval. Mangfaldet gir styrke og kompetanse i møte med utfordringar og moglegheiter. Solidariske fellesskap med små forskjellar er ein grunnleggjande verdi i velferdsstaten og folkestyret, og ein føresetnad for fridom.
På same måte som mangfald er ein styrke for mennesket, er mangfald i naturen ein styrke. Overalt på jorda har mennesket greidd å tilpasse seg ein stor variasjon av levevilkår. Gjennom størstedelen av menneskets historie har naturen utgjort rammene for enkeltmennesket, samfunnet og kulturen. Trass i høgt utvikla teknologi og framvekst av store byar er menneska ein del av naturen vi lever i og med.
Når den tekniske og økonomiske makta i den rike delen av verda no gjer det mogleg å gripe inn i og styre naturprosessar på alle nivå, er det særleg viktig å leggje til grunn at naturen er ein kompleks heilskap som mennesket bør tilpasse seg og ikkje prøve å fri seg frå. Kompleksiteten og mangfaldet er i seg sjølv ein kvalitet som gjer at naturen på alle nivå
– frå dei minste organismane til den enorme biosfæren – er sterkare og meir livskraftig. Naturen er vi heilt avhengige av, men vi er likevel i ferd med å endre livsgrunnlaget vårt for alltid. Menneskeskapte klimaendringar og tapt naturmangfald utgjer den mest alvorlege trusselen menneskeslekta har stått overfor. Manglande solidaritet med dei som kjem etter oss, og med dei som lever i delar av verda som blir ramma hardare av desse krisene enn oss, gjer at det grøne skiftet tek for lang tid og har for få verkemiddel. Vi som lever i dag, bruker i stort tempo opp naturressursane i verda og held fram med å sleppe ut klimagassar som øydelegg både naturen og klimaet.
Fellesskapet er alltid blitt utfordra av dei som ønskjer eiga vinning sjølv om det går ut over andre. Sterke pengeinteresser og ein nyliberal ideologi har styrt økonomien i retning av stadig mindre demokratisk kontroll. Etter fleire tiår
Sosialisme på norsk kjem ikkje frå ei bok eller ein teori, men frå djupe trekk og praksisar i kulturen og historia vår. Fellesskapstradisjonen ser vi i kvardagen, på arbeidsplassen, på dugnad for korpset eller velforeininga. Sosialisme på norsk er ikkje nokon framtidsutopi. Fellesskapstradisjonen har djupe røter i historia vår, kjempa fram av ei overtyding om at utfordringar er noko vi må løyse saman. Det er denne tradisjonen vi kjem frå, og som vi vil byggje samfunnet vidare på.
med nyliberale reformer retta mot å krympe makta til staten og deregulere marknader er vi i dag underlagde ei form for kaoskapitalisme. Nyliberalismen har effektivt fjerna barrierar for kapitalen, samtidig som han har drive fram ei økonomisk globalisering som dei politiske institusjonane ikkje har klart å halde følgje med. Konsekvensen er ein kompleks internasjonal økonomi som det er utfordrande for nasjonalstatane å styre, og ein kapitalisme som har nokså frie taumar. Vi har fått ein kaoskapitalisme som tener stadig færre, men som rammar og øydelegg livet til desto fleire.
Folk merkar konsekvensane i kvardagen, på arbeidsplassen og på kroppen. Når styringa blir gjord usynleg, blir påverknaden på eigen kvardag svekt. Det skaper avmakt og sinne, og det fører til audmjuking. Når forskjellane aukar, makta blir fjern, og rammene for å vere menneske blir innordna kapitalmakta, blir menneskets fridom svekt.
Vi vil snu denne samfunnsutviklinga og byggje eit meir demokratisk samfunn som set livskvaliteten til menneska og bereevna til naturen framfor kapitalens krav om stadig aukande avkasting.
Sosialistar vil alltid kjempe mot system som utnyttar og svekkjer fellesskapet. Sosialismen er eit frigjeringsprosjekt frå maktstrukturar som reduserer og innskrenkar livsrommet til mennesket. Vi kjempar for eit meir mangfaldig samfunn der folk har ulik kultur og bakgrunn, får elske den dei vil, og får vere den dei er. Mangfald er ein styrke for samfunnet. Sterke fellesskap og levande demokrati kan berre skapast av frie menneske i samfunn med små forskjellar, der alle har reelt høve til å delta.
Kapitalismen har ført med seg store økologiske konsekvensar. På same måte som menneske blir gitt liten verdi, blir natur og klima underordna kortsiktige kapitalinteresser og målet om vedvarande vekst. Unike økosystem blir svekte og øydelagde dag for dag, samtidig som katastrofale og ukontrollerbare klimaendringar blir meir og meir sannsynlege. Natur- og klimaøydeleggingar kastar oss inn i stadig nye kriser, frå jord- og vassmangel til uro og konflikt. Det er avgjerande at den framtidige samfunnsutviklinga skjer i samspel med det
biologiske mangfaldet og den naturen vi til kvar tid er så avhengige av.
I ein sosialisme for vår tid blir målet om sterke fellesskap med små forskjellar og stor grad av mangfald sidestilt med målet om sterke økosystem med stort artsmangfald. Vi menneske er ikkje berre avhengige av naturen; vi er ein del av han, og vi deler lagnad med han.
Vår tid er prega av kriser som har ei globalt øydeleggjande kraft. Då må vi ta i bruk den styrken som ligg i fellesskapet, og løyse utfordringane saman.
Dette programmet synleggjer kva prinsipp SV legg til grunn når vi utviklar politikken vår. Vi prøver ikkje å teikne opp eit nøyaktig bilete av korleis eit sosialistisk samfunn ser ut, men snarare å peike ut ei retning for samfunnsutviklinga. SVs prinsipp om demokratisk styring og justering til lokale forhold inneber at vegen blir til mens vi går.
Fridom blir skapt gjennom fellesskap, ikkje gjennom ein konkurranse der alle må kjempe for sin eigen individuelle status. Menneske er bundne saman i sterke fellesskap – vi er avhengige av kvarandre. Men denne avhengnaden kan òg skape grunnlag for negativ sosial kontroll som avgrensar fridommen gjennom å låse menneske fast til normer og reglar. Derfor må fellesskapet vere mangfaldig og gi rom for ulike typar livsutfalding, slik at ikkje konformitetspress og undertrykking pressar folk ut.
Fridom er å ikkje vere avgrensa av undertrykkjande strukturar og å ha makt til å forme sitt eige liv. Det føreset at vi har tilgang til ressursar som gjer at vi har høve til å leve eit godt liv, med tak over hovudet, mat, økonomisk handlingsrom, tilstrekkeleg tilgang på gode offentlege tenester, det offentlege rommet og grunnleggjande materielle gode. Det føreset òg ein levande natur som ikkje er trua av klimaog miljøøydeleggingar. Men fellesskapet skal i tillegg gi rom for å velje eigne livsvegar, vere den vi er, og elske den vi vil.
I dag blir fridommen vår avgrensa på mange område. Vi har eit økonomisk system der menneskets fridom blir underkasta kapitalens behov for profittmaksimering, og som tvingar arbeidstakarar inn i strukturar for utbytting der faglege rettar blir svekte og lønns- og arbeidsvilkår blir undergravne. Mange opplever motstand i møte med velferdstenestene, og audmjuking og motløyse på grunn av rigide reglar og mistenkjeleggjering. Målet vårt er at tilsette i velferdstenestene skal kunne gjere individuelle vurderingar for å hjelpe folk som treng det. Systemet skal byggje opp folk, ikkje bryte dei ned med meiningslause reglar og avgrensingar.
Mange opplever at arbeidsgivar utnyttar makta si, og at dei har få høve til å styre korleis oppgåvene skal utførast. Kombinert med eit arbeidsliv med umenneskelege krav til prestasjon er det mange som blir utslitne lenge før dei når pensjonsalder. Snevre kjønnsroller held oss alle i ufridom, og særleg dei av oss som bryt med dagens normer. Rasismen set ulike hudfargar, etnisitetar, religionar og kulturar opp mot kvarandre.
Det er eit stort problem at mange med funksjonsvariasjon blir utsette for diskriminering og frårøva fridom og høve til deltaking. Vi må sikre universell utforming, individuell tilrettelegging og nødvendig assistanse, slik at alle kan delta i samfunnet på lik linje.
Så lenge denne undertrykkinga eksisterer, vil det alltid vere ufridom. Fridom frå undertrykking kan vi berre oppnå gjennom kollektiv frigjeringskamp.
Desse strukturane byggjer på eit negativt menneskesyn som ikkje harmonerer med den sosialistiske fridommen. Målet vårt er å erstatte dei med eit fellesskap på menneskets premissar. Vi legg til grunn eit positivt menneskesyn der fridommen til kvar enkelt av oss er ein styrke for heilskapen. Mangfald er ein styrke i økologien, og det er det for oss menneske òg. Eit mangfaldig fellesskap gir rom for ulike livsval, levesett, perspektiv og erfaringar. Dette mangfaldet gir fellesskapet kompetanse til å overkomme utfordringar og sjå nye moglegheiter. Fellesskapet må kontinuerleg utfordrast til meir mangfald og aldri underkaste seg kapitalen, formyndarskapet, patriarkar av ulike slag, hat eller anna som vil innskrenke grensene til fellesskapet og utnytte individet.
Fridom
Alle skal ha fridom til å leve eit godt liv og til å utfalde seg. Alle skal ha eit reelt høve til å delta i fellesskapet, og alle skal ha fridom frå materiell nød, undertrykking, utnytting og audmjuking. Konsentrasjon av makt og rikdom og autoritære straumdrag er øydeleggjande for eit fritt, ope og opplyst demokrati. Forskjellane i Noreg og i verda aukar. Tilgangen til politiske prosessar blir avgrensa til stadig færre i økonomiske eller politiske elitar. Framveksten av dei store teknologi-gigantane fører til ytterlegare kontroll og konsentrasjon av makt. Demokratiet og den frie offentlegheita er under press, og avmakta i befolkninga aukar.
Ytringsfridommen er ein grunnplanke i det opne samfunnet. Eit samfunn med sterk ytringskultur føreset at det er trygt å ytre seg, og sterkt ytringsvern rettferdiggjer ikkje hetsande og hatefulle ytringar. I dag går svært mykje av den offentlege debatten for seg på nokre få digitale plattformer som er styrte av kommersielle interesser. Det har bidrege til ein samfunnsdebatt som er prega av hatytringar, særleg mot minoritetar.
Derfor må det førast ein aktiv politikk for å få ein fri, open og opplyst offentleg samtale som flest mogleg kan delta i. Vi må ha frie redaktørstyrte medium og allmennkringkastarar. Ei demokratisk offentlegheit krev informert innsyn i forvaltinga og folkevald kontroll av all utøving av offentleg styresmakt. Prinsippet om maktfordeling mellom statsmaktene må varetakast, og suvereniteten til dei folkevalde organa må forsvarast mot ei flytting av makt til utøvande organ og overnasjonale organ utan tilstrekkeleg demokratisk kontroll. Statsoverhovudet i Noreg bør vere folkevalt.
Demokratiet blir òg utfordra av ei galopperande teknisk og økonomisk sentralisering som
konsentrerer makta hos ekspertar og kapitaleigarar og flyttar henne vekk frå dei folkevalde. Handelsavtalar og auka rettsleggjering er ein sterk drivar for denne utviklinga. Dette bør motverkast med auka makt til folkevalde organ. SV går imot norsk medlemskap i EU. EUs traktatfesta marknadsliberalisme, som òg ligg til grunn for EØS-avtalen, er til hinder for demokratisk politisk styring og fordeling både i Noreg og i Europa.
Den auka makta til teknologi-gigantane krev regulering både nasjonalt og internasjonalt. Desse selskapa samlar inn og tek eigarskap til store mengder data om oss og om korleis vi samhandlar som samfunn. Slike data må reknast som personleg eigedom på individnivå og som ein felles ressurs på samfunnsnivå. Dei bør derfor underleggjast demokratisk kontroll og regulering, og vi må sikre eit sterkt personvern både i møte med kommersielle selskap og overfor offentlege styresmakter.
Fri kunst og kultur speler ei sentral rolle i samfunnet og demokratiet. Kunst og kultur er både eit gode i folks liv og ytringar som kan romme eit mangfald av uttrykk og perspektiv. Den frie kunsten inneber òg fridom til å vere utfordrande og til å fremje marginaliserte, ignorerte og maktkritiske perspektiv. Målet med kulturpolitikken er derfor å spreie makt og gi fleire høve til å oppleve og delta i kunstog kulturlivet. Kulturpolitikken må styrast på demokratisk vis, med armlengds avstand til dei kulturfaglege avgjerdene.
Utdanning er sentralt for å gi folk høve til å delta som likestilte borgarar i demokratiet og
Demokrati
Brei demokratisk deltaking er vegen til dei beste avgjerdene for samfunnet. Demokrati føreset at alle har nok ressursar til å delta likt, og det føreset vern av mindretalet, respekt for dei politiske og sivile rettane og ei open, tilgjengeleg og opplyst offentlegheit.
sjå kritisk på samfunnet rundt seg. Utdanning skal vere frigjerande, ikkje disiplinerande eller indoktrinerande. Ho skal bidra til sjølvstende og motverke forskjellar. Vi legg til grunn eit breitt syn på utdanning som danning av heile mennesket, ikkje berre som leverandør av kompetanse til næringslivet og samfunnet elles. Utjamning av moglegheiter i staden for vidareføring av klasseskilje blir derfor eit demokratisk mål innanfor utdanningssystemet. Vi verdset både praktisk, estetisk og teoretisk kunnskap og anerkjenner at slik kunnskap og slike ferdigheiter ikkje er motsetningar.
Språk er makt. Likestilling mellom målformene nynorsk og bokmål er eit viktig prinsipp, og språka må sikrast reell likestilling på alle samfunnsområde.
Fleire må få tilgang til demokratiet. Skal vi oppnå eit demokrati med likskap mellom folk, må makta jamnast ut, og alle må sikrast ressursar og høve til å delta. Derfor bør stemmeretten utvidast til å gjelde fleire. Makt og innverknad er blitt stadig meir sentralisert og fjernare frå kvardagen til folk flest. Avgjerder blir flytta til sentralstaten, styrerom, store selskap og overnasjonale frihandelsmekanismar utanfor demokratisk kontroll. Lokalsamfunn og folk opplever avmakt når dei ikkje kan påverke avgjerder som angår dei. Det er ein styrke for samfunnet at flest mogleg deltek i slike avgjerder.
Demokrati er meir enn å delta i val annakvart år. Så mange som mogleg bør kunne ta direkte del i avgjerdene som blir fatta i samfunnet, i tillegg til å velje representantar som tek avgjerder på våre vegner på eit mest mogleg lokalt nivå. Særleg gjeld dette saker som direkte påverkar dagleglivet til folk. Derfor vil SV styrkje og etablere nye kanalar for direkte folkeleg deltaking og innverknad. Mindretalsvern skal òg sikrast når demokratiet blir gjort meir deltakande. SV støttar alltid barns rett til å seie si meining og bli høyrde, menneskerettanes vern av urfolk, minoritetar og alles grunnleggjande rettar. Desse skrankane må gjelde både ved deltakardemokrati og ved representativt demokrati.
Avstanden til avgjerder og innverknad skal vere så kort som mogleg. Lokale fellesskap som bydelar, grender, arbeidsplassar, burettslag og kommunar må få auka makt i saker som angår dei. Lokaldemokratiet bør ha ei sentral samfunnsutviklarrolle, både sosialt og økonomisk. Skal vi lykkast med reell lokal råderett og utjamning av forskjellar på lokalt plan, må vi òg sikre at kommunane har nok ressursar og god økonomi.
Lokalsamfunna bør ha forrang til å hauste og forvalte ressursane sine på berekraftig og demokratisk vis innanfor nasjonale rammer. Spesielt må innverknaden vere stor når det gjeld sjø- og jordressursar, som på mange måtar har forma kultur og stad, og der lokal kunnskap er avgjerande for berekraftig hausting og fangst. Havet tilhøyrer fellesskapet og skal komme kystsamfunna til gode. Naturmangfaldet, jordressursane og kulturlandskapa må haldast i hevd av omsyn til lokalsamfunnet og kommande generasjonar.
Den lokale medråderetten kan likevel ikkje vere utan grenser. Det er òg behov for nasjonal og regional styring for å sikre viktige politiske mål, som forvalting av menneskerettane, natur og areal og varetaking av grunnleggjande behov, minoritetar og interessene til sårbare grupper.
Makt og innverknad kan og bør vere nærmare folk. Eit sosialistisk demokrati handlar om at også arbeidsliv og økonomi skal styrast og eigast demokratisk i fellesskap – av arbeidarane sjølve, av lokalsamfunna, av innbyggjarane som bruker verksemda direkte, eller av lokale eller nasjonale styresmakter. Vi ønskjer meir demokratisk styring og mindre marknad. Meir folkemakt og mindre pengemakt.
Historisk sett er staten blitt rettferdiggjord på bakgrunn av eit negativt menneskesyn, der ein mektig stat som held oppe lov og orden, er avgjerande for å hindre konflikt og krig. Denne rettferdiggjeringa er utilstrekkeleg. Vi byggjer politikken vår på eit positivt menneskesyn og er overtydde om at alle rår over klokskap som er viktig for fellesskapet. Den viktigaste oppgåva til staten er derfor å spreie makt og rikdom slik at alle kan delta, for å styrkje fellesskapet, tilliten og rettstryggleiken. Staten skal ikkje stille seg over folket som ei dømmande kraft som veit best. Staten skal tene folket og motverke urettferd.
Staten har tilgang til, og bruker, svært inngripande verkemiddel som vald, tvang, overvaking og fridomskrenking for å løyse sentrale oppgåver. Det er alltid stor risiko for maktovergrep, som historisk sett alltid har ramma dei marginaliserte hardast. Rettstryggleiken er framleis skeivt fordelt når det gjeld kven som blir utsette for kriminalitet, statleg overgrep og justismord, og kven som har tilgang på rettshjelp. Det krevst stadig større ressursar for å orientere seg i lover og reglar og føre fram saka si. Lover og reglar bør vere forståelege for alle, og tilgangen på juridisk ekspertise må vere rettferdig fordelt.
Staten er blitt gitt mange fullmakter. Fullmaktene er gitt under tillit frå folket, og då er det avgjerande at rettstryggleiken og den demokratiske kontrollen er sterk. Staten blir betre av meir demokrati, openheit og medråderett. Marknadstenkinga i styringa av staten må vekk. Ho må erstattast med tillit til dei menneska som velferdsstaten er til for, og tillit til dei som jobbar der. Staten bør vere sekulær og livssynsnøytral.
Forvaltinga av staten er gjennom fleire tiår blitt forma av nyliberal marknadsideologi som har skapt stor avstand mellom staten og menneska han skal tene. Nyliberalismen har skapt ei blind tru på at marknadsstyring er den einaste naturlege måten å organisere samfunnet på. Menneske blir reduserte til kundar og brukarar, og tilsette blir produsentar og rapportørar. Dette fører til auka forskjellar, både demografisk og geografisk, og bidreg til avmakt og mistillit.
Målet vårt er ikkje meir stat i seg sjølv, men meir fellesskap og demokrati. Det kan bety meir makt til lokale demokratiske organ og ein meir demokratisk stat. Staten skal støtte folk, ikkje støyte dei ut.
Nærmakt Staten
Prinsipp: Prinsipp:
Avgjerder bør takast så nær og med så stor innverknad frå dei det gjeld, som råd er. Flest mogleg bør delta i mest mogleg av det som blir vedteke i samfunnet. Nærleik bør gi forrang til å hauste av og forvalte lokale ressursar.
Staten skal spreie makt og rikdom og sikre at alle har lik rettstryggleik. Velferdsstaten er eit resultat av politisk kamp gjennom mange tiår. Både lokale initiativ og nasjonale rørsler har stått sentralt i denne kampen. Ingen velferdsstat utan kravet frå arbeidarrørsla om universelle velferdsytingar, ideelle organisasjonars utvikling av velferdstenester nedanfrå og kravet frå kvinnerørsla om å kunne kombinere familie og arbeid.
Maktforskjellane i samfunnet kjem til uttrykk gjennom velferdsstatens organisering og innhald og i kva grad han er finansiert gjennom eit rettferdig og omfordelande skattesystem. Når det grunnleggjande behovet til enkelte grupper ikkje blir dekt av velferdsstaten, må vi forstå det som eit uttrykk for at desse gruppene manglar makt til å påverke utforminga av og innhaldet i velferdsstaten. Velferdsstaten er alltid under utvikling og alltid under angrep. Målet vårt er ein raus og human velferdsstat.
Velferdsstaten blir angripen av dei som vil marknadsrette offentleg sektor. Dei har dreidd formålet bort frå det sosiale og faglege og over til botnlinje og forteneste. Bort frå tillit til fagfolk i møte med dei som bruker tenesta, til styring ovanfrå gjennom mål og rapportering og press på bemanninga.
Alle bør ha lik tilgang på velferd, og velferda bør vere underlagd demokratisk kontroll. Derfor må ho vere offentleg og ikkje kommersiell. Ein skal ikkje kunne kjøpe seg til betre grunnleggjande velferd. Marknadsstyring og konkurranseutsetjing skal erstattast av
offentleg eigenregi og samarbeid med ideelle leverandørar.
Den generelle sentraliseringa av avgjerder i offentleg velferd har auka avstanden til dei som treng velferd. Sentraliseringa gjer at velferdsstaten for mange kan opplevast som fjern, dominerande og audmjukande. Det skaper avmakt når ein er avhengig av offentleg sektor og blir overlaten til seg sjølv i mengda av ordningar, utan reelt høve til å påverke avgjerder som gjeld eins eige liv.
Velferdsstaten skal vere styrt av dei tilsette og av borgarane som bruker tenestene, under rammer som folkevalde organ har sett. Utforminga og utøvinga av velferdstenester må skje nært og vere tilpassa ulike behov ulike stader i landet.
Velferda må heile tida forbetrast, og det gjer ein best med å satse på dei som jobbar i velferdssektoren. Velferdsyrka er i stor grad kvinnedominerte. Auka grunnbemanning, likelønn og eit trygt arbeidsliv i offentleg sektor er derfor viktig både for å forbetre velferda og for å oppnå eit likestilt arbeidsliv.
Unge fell utanfor ei rekkje ordningar i velferdsstaten. Velferda skal vere for alle, uavhengig av alder. Vi kan ikkje akseptere at lærlingar, studentar og unge som treng ytingar frå det offentlege, lever langt under fattigdomsgrensa.
I åra framover er det behov for å omfordele frå privat rikdom til velferd for oss alle. Vi
Velferd
Offentleg velferd skal jamne ut og utlikne forskjellar slik at alle kan delta i samfunnet på like premissar. Velferda skal byggje på universelle rettar. Ho skal styrast etter sosiale formål, ikkje etter forteneste og botnlinje, og ho skal styrast av dei tilsette og innbyggjarane som bruker henne, innanfor demokratisk vedtekne rammer.
vil utvikle offentleg velferd til å omfatte nye område. Tann- og synshelsetenester skal vere likestilte med andre helsetenester. Oppvekst bør bli eit satsingsområde for å vidareutvikle velferda. Alle skal ha rett til ein bustad, og det skal vere eit politisk ansvar å sikre dette gjennom regulering av bustad- og leigemarknaden, offentleg bustadbygging og etablering av ein demokratisk, sjølveigd og ikkje-kommersiell bustadsektor.
Ein sterk velferdsstat, med moglegheiter for alle, små forskjellar og sikringsnett, er ikkje ei utgift, men ei investering. Lønnsame investeringar i menneske og fellesskap gir eit produktivt næringsliv og eit betre samfunn med stor grad av tillit. Ein kapitalistisk økonomi er kjenneteikna av at samfunnet er delt i to klassar, der éin lever av å selje arbeidskrafta si, mens den andre, kapitalistane, lever av andre sitt arbeid. Innanfor denne todelinga er det likevel stor variasjon. Nokre lønnstakarar har skyhøge lønningar, mens andre eig ei lita bedrift med to tilsette. Bønder og fiskarar eig gjerne arbeidsplassen sin samtidig som dei lever av arbeidet dei gjer. Mange arbeidstakarar jobbar i offentleg sektor. Andre har ikkje lønn, men lever på ytingar.
Trass i dette store spennet er det hovudsakleg to grupper i samfunnet: dei som primært lever av arbeidskrafta si, og dei som primært lever av formue. Korleis ressursane i samfunnet blir fordelte mellom desse to gruppene, blir stort sett bestemt av kor godt organiserte arbeidstakarane er gjennom fagforeiningar med evne til kollektiv lønnskamp. Jo større arbeidarkollektiv, desto betre evne til lønnskamp for lågtlønte. Ein føresetnad for at vi skal oppnå ein sosialistisk fordelingspolitikk, er at maktforholdet mellom arbeid og kapital blir endra i favør av arbeidarane.
Arbeidstakarane si makt til å organisere seg gjennom fagrørsla er den viktigaste mekanismen for omfordeling av makt og rikdom. Gjennom fagorganisering kjempar tilsette òg for medråderett på eigen arbeidsplass og beskyttelse mot urettferdig behandling frå sjefar, anten dei jobbar i offentleg eller privat sektor. Dette er ein kamp om fridom. Fridom frå å bli tvinga til å innordne seg, fridom over eigen arbeidskvardag, fridom frå å vere avhengig av arbeidsgivaren. Vi
vil redusere høvet arbeidsgivarane har til å bestemme over arbeidstakarane, og dermed auke fridommen til arbeidstakarane.
Vi vil ha eit samfunn der ein ikkje må konkurrere seg til toppen for å få eit godt liv. Uansett kva posisjon ein har i arbeidslivet, skal ein ha gode arbeidsvilkår, verdigheit og medråderett. Utnytting av importert arbeidskraft ved å omgå norske lønns- og arbeidsvilkår har store negative konsekvensar, deriblant sosial dumping, undergraving av lønns- og arbeidsvilkår, dårlegare tryggleik og fleire ulykker, svekking av omfordeling og dermed velferd, og tap av kompetanse.
Arbeidsløyse er sløsing med den viktigaste ressursen i samfunnet og inneber at kapitaleigarane kan presse ned lønningar og tileigne seg større delar av verdien som arbeidet skaper. Det offentlege har eit ansvar for å leggje til rette for at alle som kan jobbe, skal få arbeid. Skal vi klare å ta i bruk flest mogleg menneskelege ressursar i samfunnet, må fellesskapet sørgje for at alle som kan og vil, får arbeid. Unge må ha rett til å fullføre utdanning og få seg ein jobb, og dei må sikrast vern og rettar i møte med eit arbeidsliv der unge ofte blir utnytta.
I Noreg har vi gjennom ei sterk fagrørsle kjempa fram eit anstendig arbeidsliv. Vi har ein relativt høg sysselsetjingsgrad, men arbeidslivet er i dag under angrep. For mange er arbeidsbelastinga for stor, lønna for låg og tilknytinga til arbeidslivet for svak.
Arbeid
Alle som kan jobbe, bør sikrast anstendig arbeid. Alle skal ha ei lønn å leve av og ein jobb å leve med. Det skal vere små lønnsforskjellar og gode livsvilkår uansett arbeidsplass. Vår felles arbeidsinnsats skal komme alle til gode.
Arbeidsbelastinga og lønna er dessutan urettferdig fordelt, med særleg store skiljelinjer mellom kjønn, klasse og sosial og kulturell bakgrunn. Organisasjonsgraden har ei negativ utvikling på fleire område, og dette truar høvet arbeidarane har til å bestemme korleis arbeidet skal organiserast. Tilknytinga til arbeidslivet blir undergraven av mellombelse stillingar, deltidsarbeid, innleige og arbeid via digitale plattformer.
Derfor vil vi gjere heiltidsarbeid og faste tilsetjingar til normalen. Vi vil redusere arbeidstida utan at ein går ned i lønn. Produktivitetsvekst kan takast ut i redusert arbeidstid eller utdanning. Lønn, kompensasjon og pensjon må opp for store delar av arbeidslivet, og inntektene må fordelast meir rettferdig. Dagens kjønnsdelte arbeidsliv må endrast slik at arbeidsdelinga mellom kvinner og menn blir meir rettferdig. Inntekta til lågtlønte og kvinnedominerte grupper
må i særleg grad aukast. For eit godt og demokratisk arbeidsliv er det viktig med sterke, aktive fagforeiningar og landsomfattande tariffavtalar der dei sentrale forhandlingane og streikeretten blir vidareutvikla, ikkje svekt.
Arbeidslivet blir ein sentral del av ei rettferdig omlegging til nullutsleppssamfunnet. Eit rettferdig grønt skifte føreset målretta arbeid for opparbeidde rettar og tariffavtalar. Berre gjennom eit fungerande trepartssamarbeid med felles ambisjon om å kutte klimagassutslepp og vareta naturmangfaldet kan ein sikre at det ikkje er kvar enkelt arbeidstakar som ber byrda. Ein aktiv grøn industripolitikk som kuttar utslepp samtidig som det blir stilt krav om anstendige arbeidsvilkår, blir ein viktig del av omstillinga. Kapitalismens behov for samanhengande vekst har skapt ein sterk forbruksvekst og driv òg fram større globale og nasjonale forskjellar, ei livstruande miljøkrise og destabiliserande finanskriser.
I den nyliberalistiske marknadsøkonomien blir marknadene regulerte til fordel for dei største og mektigaste aktørane. Dagens monopolkapitalisme må derfor regulerast slik at vi får rettferdig konkurranse. Vi må regulere økonomien slik at ingen kan tene pengar på å utnytte og underbetale arbeidsfolk eller øydeleggje miljøet, og vi må gi betre vilkår til dei aktørane som bidreg til å løyse dei store utfordringane i vår tid.
Gjennom auka demokratisk styring av økonomien skal kapitalistisk logikk få ein mindre dominerande plass, mens det aktivt blir lagt til rette for eit mangfald av sosialistiske praksisar. Dette inneber ulike former for eigarskap – som arbeidareige, samvirke og offentleg eige. Ideelle aktørar og selskap som blir styrte etter andre mål enn rein profittmaksimering, er òg viktige element i ein sosialistisk økonomi. Særleg lokalsamfunna skal få meir demokratisk eigarskap og styring i økonomien. Målet vårt er å endre dagens kapitalistiske system til ein demokratisk styrt, sosialistisk økonomi.
For at det økonomiske systemet skal få utvikle seg i samsvar med dei økologiske rammene og menneskelege behov, kan ikkje vekst i bruttonasjonalprodukt vere målet for den økonomiske utviklinga. Vi vil erstatte det med mål om sosial rettferd og økologisk berekraft. Skal dette vere mogleg, må dei globale
marknadene underleggjast politisk kontroll, det må etablerast restriksjonar på kapitalrørsler, og maktkonsentrasjonen til dei multinasjonale selskapa må reduserast.
Den norske økonomien er i stor grad knytt til eksport av råvarer, inkludert energi. SV vil at alle land skal kunne ta hand om sine eigne ressursar for å skape arbeidsplassar og verdiar gjennom foredling av råvarene, slik konsesjonslovgivinga vår legg opp til.
Demokratisk kontroll over korleis vi bruker våre eigne naturressursar, vil ha mykje å seie også i framtida. Mange lokalsamfunn er tufta på foredling av stadlege ressursar og må få betre høve til å starte og drive eiga verdiskaping.
I dag går for mykje finanskapital til investeringar som raskt gir stor gevinst, som bustadsektoren og fossil energiproduksjon. Det skaper finansiell uro og forsterkar klimaog naturskadar. Staten må ta kontroll over kapitaltilgangen og styre han mot fellesskapets mål gjennom direkte engasjement, lover og reguleringar, skattar, avgifter og finans- og pengepolitikk. Det offentlege må eige og styre viktige funksjonar, tenester og infrastruktur på nasjonalt og regionalt nivå. Eit progressivt skattesystem, med høgare skattebyrde for dei som har mest kapital, er ein føresetnad for sosial rettferd. Privat rikdom og offentleg fattigdom er ei oppskrift på aukande forskjellar.
Produksjonen av materielle gode er berre éi side av økonomien. Å investere i menneske, gjennom god utdanning, velfungerande helse- og omsorgstenester og eit velutvikla kulturliv som sikrar fysisk og psykisk helse,
Økonomi
Ein sosialistisk økonomi skal leggje til rette for at folk kan skape etter evne og få etter behov, utan at det utfordrar toleevna til naturen. Det økonomiske systemet skal vere under demokratisk kontroll, bidra til ei rettferdig fordeling av goda og hindre maktkonsentrasjon.
er avgjerande for å gi folk velferdsutvikling og eit godt liv. I Noreg har vi i fleire tiår lykkast godt med å løyse velferdsoppgåvene gjennom demokratisk styring av ein sterk velferdsstat og kommunar med økonomisk handlefridom. Marknadstenking i og underfinansiering av offentleg sektor må erstattast med eit meir omfordelande skattesystem og auka medråderett til dei som utfører arbeidet i sektoren.
Målet vårt er å skape ein økonomi som dekkjer menneskelege behov innanfor toleevna til naturen. Økonomisk vekst og materielt forbruk fører i dag til ei utarming av ressursane i naturen og er ein trend vi er nøydde til å snu. For å lykkast må vi ha ei systemendring. Vi må skape ein sosialistisk økonomi som ikkje har vekst og auka materielt forbruk som grunnleggjande insentiv for produksjon. Økonomien må leggje til rette for gode livsvilkår, sirkulært forbruksmønster, mindre forskjell og meir fritid. Skal dette lykkast i vår tid, må sosialisme på norsk òg innebere at ein godt finansiert velferdsstat er ein del av den grøne omstillinga. I mange samfunn har menneska klart å tileigne seg kunnskap om korleis det er mogleg å leve innanfor toleevna til naturen og hauste berekraftig av ressursane i naturen. Dette er kunnskap og erfaring som trengst i den omstillinga som no ligg framfor oss.
Rovdrifta til kapitalismen øydelegg kloden. Den tekniske og økonomiske makta i den rike delen av verda har gjort det mogleg å gripe inn i og styre naturprosessar på alle nivå og sentralisere, urbanisere og homogenisere lokale naturbaserte samfunn over heile verda. Den omfattande reduksjonen av mangfald og bruken av ikkje-fornybare innsatsfaktorar som følgjer kapitalkreftene sitt behov for kortsiktig profitt, kjenneteiknar den mangesidige krisa i verda: klimakrisa med stadig meir ekstremvêr, naturkrisa med tap av artar, økosystem og lokalkulturar, aukande forskjellar, redusert mattryggleik og fleire svoltkatastrofar. Hardast treffer krisene dei fattigaste landa, som har bidrege minst til årsakene. Her heime er det dei som på ulike vis lever av naturen, som blir hardt ramma. Rike land sit igjen med dei økonomiske fordelane, samtidig som dei har best føresetnader for både omstilling og klimatilpassing og for å handtere konsekvensane av krisa.
Noreg må møte desse endringane på fleire måtar: ved å svekkje koplingane våre til den globale frihandelsøkonomien som driv fram krisene, ved å omstille til fornybar energi og ved å redusere overforbruk og gå over til ein sirkulær økonomi med fornybare innsatsfaktorar. For å sikre legitimitet
og oppslutning i klimapolitikken må vi gjennomføre ein politikk som når klimamåla, samtidig som forskjellane mellom folk og land blir reduserte. Auka klimagassutslepp og tap av biologisk mangfald er to store eksistensielle truslar som må løysast i samanheng. Prinsippet om arealnøytralitet må liggje til grunn, og det må førast naturbudsjett: Arealinngrep som har ein negativ effekt på naturmangfaldet, må avgrensast, og skadeverknader må føre til krav om restaurering av natur. Dei klimatiltaka som gir mest mogleg rein energi med minst mogleg inngrep, må prioriterast. Det er eit mål at omstillinga til fornybar energi ikkje skal gå ut over naturmangfaldet.
I det nyliberalistiske systemet skal naturen overvinnast, utnyttast og kontrollerast for å tene mennesket. Målet vårt er å sameine dei grunnleggjande menneskelege behova med behova i resten av naturen. Vi vil bruke dei neste tiåra til å vri teknologi, kapital, arbeidskraft og menneskeleg aktivitet slik at samfunnsutviklinga blir tilpassa det økologiske mangfaldet og ikkje riv det ned. Denne brubygginga er den største oppgåva sivilisasjonen vår står overfor.
Jordbruket må setjast i stand til å innfri samfunnsoppdraget sitt, som er å sikre matvareberedskapen og auke Noregs sjølvforsyningsgrad. Meir av våre eigne areal må dyrkast og haldast i hevd, og utmarka må brukast til beiting. Krav til vern av matjord må styrkjast.
Natur og klima
Naturen er alt liv på jorda, også mennesket, og har ein verdi som er uavhengig av kva nytte han har for menneska. Mangfald i naturen er ein styrke som må sikrast. Inngrep som har ein negativ effekt på naturmangfaldet, skal unngåast så langt det er mogleg, og der inngrep skjer, må ein respektere føre-var-prinsippet, og inngrepet må grunngivast i langsiktige interesser for natur og samfunn. SV er eit feministisk parti. Feminisme er eit frigjeringsprosjekt – feminismen vår handlar om fridom frå kvinneundertrykkjande strukturar. Målet er eit samfunn der kjønn ikkje avgrensar fridommen til folk. Noreg som moderne nasjon blei forma i ei tid der kvinner ikkje hadde stemmerett. Kvinner hadde ikkje dei same rettane til arbeid, eigedom og formue som menn, og dei hadde avgrensa råderett over eigen kropp, eigen seksualitet og eiga framtid.
Kvinnerørsla har kjempa fram ei lang rekkje formelle rettar og har utfordra normer og uformelle maktstrukturar. Kampen mot patriarkalske strukturar som påverkar livet til kvinner, står framleis att, ikkje minst globalt. Kvinnefrigjeringa vi kjempar for i Noreg, er òg del av ein internasjonal kamp for kvinners fridom.
I dagens samfunn møter alle kjønn snevre og rigide kjønnsroller som avgrensar fridommen deira. Dei utgjer uformelle forventingar som blir tidleg introduserte og følgjer oss gjennom livet. Kjønnsrollene held liv i dei patriarkalske strukturane. Dei blir presenterte som ein naturtilstand og ikkje som ein sosial konstruksjon og blir brukte til å rettferdiggjere kvinnediskriminering. Kjønnsroller avgrensar alle, men går verst ut over kvinner og kjønnsminoritetar. Kjønnsrollene er forankra på mange måtar. I arbeidsmarknaden kjem dei til uttrykk gjennom store lønnsforskjellar mellom kvinnedominerte og mannsdominerte yrke, der kvinners arbeid blir nedvurdert. Kvinner tek framleis ein større del av arbeidet i heimen, noko som fører til at dei jobbar meir deltid og dermed tener mindre og får lågare pensjon.
Jenter og kvinner blir utsette for eit massivt skjønnheits- og kroppspress. Dette er eit press som kapitalistar profitterer på, fordi ideala er umoglege å oppnå, men moglege å streve etter. Synet på korleis kvinner og jenter skal sjå ut, blir tidleg introdusert, og ideala følgjer dei livet ut. Dette fysisk og psykisk helseskadelege presset ser ein òg at stadig fleire unge gutar og menn blir utsette for. Ideala er dessutan rasistiske idet dei legg til grunn at kvit hud er den universelle definisjonen av skjønnheit.
Økonomisk sjølvstende gir fridom frå undertrykkjande maktstrukturar. For å nå målet om full kvinnefrigjering må kvinner som gruppe sikrast det same nivået av makt, pengar og fridom som gruppa menn. Då treng vi eit likestilt arbeidsliv, og kvinner må ha økonomisk sjølvstende. Målet er eit samfunn der makt og privilegium ikkje følgjer kjønn.
Vald mot kvinner er eit av dei største samfunnsproblema verda over. Vald og valdtekt er dei sterkaste midla for å kontrollere og undertrykkje kvinner, særleg den valden kvinner blir utsette for i private relasjonar. Vald mot kvinner er normalisert i den grad at det ikkje blir sett på som eit strukturelt samfunnsproblem, men snarare som ein serie av enkelttilfelle.
Denne valden ligg òg til grunn i den stadige kommersialiseringa av kvinnekroppen. I ein kapitalistisk økonomi får kvinnekroppen verdi som vare, og fattigdom tvingar kvinner til å selje sin eigen kropp for å overleve. Det er ein trussel mot alles fridom når kroppen blir redusert til ei vare som kan kjøpast for pengar.
Feminisme
Makt og privilegium skal ikkje følgje kjønn, og alle kjønn bør ha like moglegheiter. Ingen skal bli fråteken retten til å bestemme over sin eigen person og sin eigen kropp. Kroppen skal aldri reduserast til ei vare eller teneste for andre. Samtykke kan ikkje kjøpast. Sex og surrogati er ikkje arbeid.
Å utøve kontroll over kvinners kropp og seksualitet er ein effektiv måte å dominere og undertrykkje kvinner på. Ein føresetnad for at kvinner kan leve eit fritt og sjølvstendig liv, er at dei har sjølvråderett over om og når dei skal ha barn. I store delar av verda er kvinners seksuelle og reproduktive rettar underlagde streng politisk og sosial kontroll. Retten til prevensjon og sjølvbestemt abort må forsvarast og styrkjast.
I dag finst det strukturelle forskjellar i helse, basert på kjønn, klasse og etnisitet. Forsking på helse har basert seg på kroppen til kvite menn, og dette har store konsekvensar for kvinner. Føde- og barseltilbodet er eit døme på korleis kvinnehelse blir systematisk nedprioritert. Alle skal ha lik rett til helsehjelp.
Rigide, nedarva kjønnsrollemønster definerer framleis korleis vi lever, både med omsyn til samlivsform, kjønnsuttrykk og kjønnsnormer. Kvinner blir forsøkt splitta langs mange aksar, deriblant funksjonsnivå, klassetilhøyrsle, rasifisering og seksuell orientering. Desse ulike
formene for diskriminering og undertrykking overlappar og forsterkar kvarandre. Den inkluderande kvinnekampen vår er ein kamp for alles rett til sjølve å definere sitt eige liv, også på tvers av det som er forventingane i samfunnet.
Folk som bryt med kjønnsrollemønsteret, blir utsette for sanksjonar, hets og diskriminering. Denne kjønnsbaserte valden og undertrykkinga inkluderer vald utøvd for å kue kvinner, men òg vald utøvd mot andre grupper for å tvinge dei til å bøye seg for dei rådande kjønnsnormene i samfunnet. Særleg ikkjebinære og transpersonars høve til å leve eit fritt og trygt liv blir avgrensa av dette. Heteronormativitet, homofobi og transfobi er truslar mot feministisk frigjering. Både kvinnerørsla og den skeive rørsla kjempar mot patriarkalske strukturar og rigide kjønnsroller. Den feministiske kampen er solidarisk og rommar alle desse kampane – han inkluderer alle. Ingen er fri før alle er fri. Gjennom historia har statar overteke urfolks landområde og utsett urfolka for ulike former for kolonisering og assimileringspolitikk. Urfolks rettar er anerkjende i folkeretten, i ILO-konvensjonen og i andre internasjonale organ. I praksis manglar urfolk mange stader i verda likevel både sjølvråderett og vern av sine eigne næringar og samfunn og sin eigen kultur. I enkelte land er det direkte farleg for urfolk å kjempe for kulturen sin og rettane sine.
Vi legg til grunn at urfolks språk, kultur og tradisjonsnæringar treng ekstra beskyttelse for å overleve. Rasisme og diskriminering mot urfolk skal motarbeidast, og vi vil kjempe for respekt for urfolksrettar både internasjonalt og nasjonalt. Noregs territorium er tufta på to folk – nordmenn og samar. Historia til dei to folka er nøye samanvoven gjennom samliv i tusenvis av år. At den norske staten har ført ein politikk med mål om å viske ut samisk språk, samisk identitet, samisk kultur og samiske næringar, har sett djupe spor i menneske og lokalsamfunn og påverkar framleis relasjonane og samfunnsutviklinga. Det er ei klar plikt for majoritetssamfunnet å bidra til arbeidet med å styrkje det samiske samfunnet etter skadane som fornorskingspolitikken har påført det.
Å bevare og styrkje samisk språk og samiske tradisjonsnæringar er avgjerande for at samisk kultur og samiske samfunn skal overleve. Tap av areal er ein trussel for reindrifta, mens tap av fiskerettar og strukturendringar i fiskeflåten har teke frå mange samar langs kysten høvet til å velje fiske som leveveg. Derfor må vi styrkje grunnlaget for tradisjonsnæringar, anerkjenne
urfolks kunnskap om naturen i nærområda sine og sikre sterkare vern mot arealinngrep i samiske område. Det er avgjerande for den samiske framtida at samiske organ får meir innverknad og kapasitet til å jobbe med saker som er viktige for det samiske og norske samfunnet, og at den samiske sjølvråderetten blir styrkt.
Det grøne skiftet må gjennomførast på ein måte som sikrar urfolks rettar og høve til å vidareutvikle kulturen sin på eigne premissar. Vi må unngå ein grøn kolonialisme. Prinsippet om urfolks frie, førehandsinformerte samtykke kjem frå FNs urfolkserklæring. At Noreg har signert denne, forpliktar oss til å følgje opp både internasjonalt og i Noregs del av Sápmi. Det inneber at rettshavarar må sikrast full informasjon om inngrep som kan påverke dei og retten til å gi sitt samtykke. Konsultasjonar og utgreiing av konsekvensar må vere gjennomført før tiltak blir sette i verk. Urfolk skal ikkje betale prisen for den skaden statane og bedriftene til dei rikare og mektigare folkeslaga på jorda har påført kloden.
Urfolk
Urfolk skal ha rett til sjølve å bestemme over sin eigen kultur, sine eigne samfunn og sine eigne næringar. Den tradisjonelle kunnskapen som urfolk forvaltar om generasjonars tilpassing til naturen, er ein viktig ressurs i omstillinga til ein berekraftig økonomi. For at urfolkskulturen skal overleve, er vi avhengige av tradisjonsnæringane og av tilknyting til land, og dette må sikrast både internasjonalt og i den norske delen av Sápmi. Rasisme undertrykkjer, utnyttar og held folk i ufridom og har ført til nokre av dei mest forferdelege brotsverka i historia, mellom anna gjennom drap, vald og høgreekstremisme. Rasismen deler menneske inn i grupper og prøver å etablere ei sanning om at nokre menneske er overlegne andre. Raseteorien eksisterer framleis, og rasisme basert på hudfarge er sterkt til stades den dag i dag. Kulturell rasisme og islamofobi aukar kraftig. Dei falske ideane om at minoritetars kulturar er mindre verde, og at dei er inkompatible med vestleg majoritetskultur, må nedkjempast. Målet vårt er eit meir mangfaldig samfunn fritt for rasisme og diskriminering.
Rasisme tek mange former. Vi ser strukturell rasisme i handheving av lover og reglar, og vi ser det i asylpolitikk og arbeidsliv og i rasistiske haldningar som møter folk i kvardagen. Rasisme kjem òg til uttrykk gjennom vald og høgreekstremisme. Noregs nasjonale minoritetar har vore utsette for historisk undertrykking og må framleis kjempe for å hevde dei kulturelle rettane sine. Målet vårt er at språket og kulturen til nasjonale minoritetar og urfolk skal sikrast.
Rasisme heng saman med ulikskap i makt og rikdom. Forskjellar skaper hierarki, der idear om overherredømme kan etablerast. Den globale kapitalismen er bygd på at ein behandlar enkelte grupper som mindre verdifulle enn andre. Desse rasistiske strukturane skaper splitting og set ulike grupper opp mot kvarandre, noko eigarklassen tener på.
Dei rasistiske mekanismane til kolonialismen er vidareførte til dagens samfunn. Den høge andelen innvandrarar og papirlause i svart
arbeid og underbetalte jobbar viser at det er nokre som tener pengar på rasisme, og at det er andre – også i Noreg – som blir behandla som mindreverdige.
Rasistiske haldningar og handlingar rammar livet og helsa til minoritetsbefolkninga. I tillegg til den grunnleggjande urettferda rasismen representerer, og dei materielle forskjellane han skaper, utgjer rasismen eit folkehelseproblem.
Vi vil ta opp kampen mot rasisme, antisemittisme, islamofobi, diskriminering og høgreekstremisme. Likeverd, like moglegheiter og fridom for alle er ikkje oppnådd før både institusjonell og strukturell rasisme og kvardagsrasisme er nedkjempa. Kampen må vere både langsiktig og kortsiktig.
På lengre sikt er kampen for meir fellesskap og små forskjellar i makt og rikdom vegen til mindre konflikt, hat og utanforskap. Vi må leggje til rette for ei integrering som balanserer behova til lokalsamfunn og solidaritet med innvandrarar som ønskjer å bli ein del av samfunnet, og vi må forhindre segregering. Vi må utvikle eit apparat for å fange opp ekstremisme så tidleg som mogleg og hjelpe personar ut av ekstreme miljø. Dei som blir utsette for hat og vald, må beskyttast, og desse handlingane må møtast med fordømming.
På kort sikt må alle former for rasisme møtast med kraftig reaksjon. Vi vil reagere på alle teikn på rasisme, anten det skjer på nettet, i gatene, i arbeidslivet eller i institusjonar. Vi vil ta i bruk alle lovlege middel i møte med kvardagsrasisme. Den militante, organiserte og valdelege rasismen utnyttar
Antirasisme
Alle skal ha like rettar og moglegheiter i livet, uavhengig av hudfarge, religion og etnisk, sosial eller kulturell bakgrunn.
organisasjonsfridommen og demokratiske rettar for å få bukt med demokratiet. Rasismens eksistens og agitasjon i det offentlege rommet utgjer ein trussel mot det opne demokratiet, og særleg mot tryggleiken til minoritetar.
Den globale rasismen må møtast med internasjonal solidaritet og klassekamp, altså den felles interessa vanlege menneske har av rettferd og fridom på tvers av grensene. Det inneber mellom anna at Noreg må føre ein solidarisk politikk som bidreg til utjamning til fordel for folka i det globale sør. Hundreår med rasistisk slaveri og kolonialisme har ført til at dei rike, vestlege industrilanda har teke ein dominerande posisjon i verda gjennom vald og makt. Multinasjonale selskap og rike land skor seg på å utnytte billige råvarer og billig arbeidskraft. Moderne imperialisme og utbytting pregar framleis verdsøkonomien. Multinasjonale selskap og nyliberal frihandel forsterkar den økonomiske forskjellen mellom dei vestlege landa og det globale sør. Konsekvensen er at arbeidarar blir utnytta og mange lever under slaveliknande forhold.
Med tilbakegangen i den demokratiske utviklinga og stort press på menneskerettane blir styresett gjerne meir autoritære, noko som fører til aukande politisk, sosial og økonomisk undertrykking.
Makta til den rike delen av verda er bygd på fossil energi og naturinngrep. Dette har forårsaka ei klima- og naturkrise som truar livsgrunnlaget vårt, og som rammar fattige land hardast. Konsekvensane er meir fattigdom, krig, sosial uro, flukt og ressurskonfliktar. Allereie er mange titals millionar menneske på flukt i verda.
Det kviler eit stort ansvar på Noreg for å snu utviklinga. Vi er eit rikt vestleg land som har tent stort på fossil utvinning, og Noreg må kutte klimagassutsleppa meir og raskare enn dei fleste andre land. Vi skal gå i front for å støtte finansiering av omstilling, klimatilpassing, tap og skade som følgje av klimaendringar i andre land. Noreg skal føre ein human og solidarisk politikk overfor menneske på flukt.
Løysingane på dei to store utfordringane i vår tid – ulikskapskrisa og miljøkrisa – heng saman og må derfor skje globalt. Dersom fattigare land skal klare å omstille seg, kutte utsleppa og byggje velferd, må vi endre det økonomiske systemet, slik at dei ikkje blir utnytta.
Skal vi få til ei utvikling på folks og naturens premissar, må vi erstatte kapitalmaktas tvang med ein solidarisk utviklingspolitikk. Globalt treng vi ein handels- og finanspolitikk som stansar utbytting og kapitalflukt, og som støttar opp om måla om mindre forskjellar, kutt i klimagassutslepp og økosystem i balanse. Vi treng ein global klimapolitikk der dei rike delane av verda tek sitt rettmessige og historiske hovudansvar. Vi må ta vare på jorda og støtte ein sjølvstendig matproduksjon, slik at det blir mogleg for alle land å brødfø si eiga befolkning. Vi treng ein human og solidarisk flyktningpolitikk, der det er behovet som avgjer kor mange som skal få beskyttelse, ikkje kven som blir vurderte som verdige. Vi treng ein samstemt utviklingspolitikk der alle politikkområde saman bidreg til politisk, sosial og økonomisk frigjering.
Den sjølvstendige stillinga til landa må forsvarast og sikrast, samtidig som utfordringar som går på tvers av landegrensene, må løysast gjennom sterke multilaterale organisasjonar. Den globale kapitalismen må svekkjast gjennom sterke folkerørsler og internasjonal klassekamp. Vi treng internasjonal solidaritet nedanfrå.
Solidaritet
Ingen land eller folk skal oppleve utbytting, undertrykking eller nød. Alle skal ha eit anstendig materielt velstandsnivå. Solidaritet inneber at folk og nasjonar i fellesskap beskyttar kvarandre og bidreg til å verkeleggjere kvarandre sine mål – det er ein føresetnad for fred, rettferd og ei verd i økologisk balanse. Verda står overfor store tryggingsutfordringar. Store sosiale forskjellar og miljøkriser skaper ressursmangel, uro og konflikt.
Rivaliseringa mellom stormaktene fører til auka spenning og opprusting. Folkeretten blir utfordra og nedbroten, og faren for bruk av atomvåpen er blitt større. Autoritære krefter i verda er på frammarsj. Imperialistmaktene destabiliserer andre land og økonomiar i jakta på meir makt og profitt. Data- og bioteknologi som er ute av demokratisk kontroll, utgjer ein trussel for folk og samfunn. Totalberedskapen i møte med utfordringane er mangelfull.
Utgangspunktet for forsvars- og tryggingspolitikken må alltid vere å fjerne dei grunnleggjande årsakene til spenningar og konflikt. Derfor ligg løysingane ofte på andre område enn forsvars- og tryggingspolitikken. Dessverre er verda i dag prega av ei overdriven tru på militærmakt som løysing på problem. Det bidreg til opprusting, militære intervensjonar og eskalerande stormaktsrivalisering. Dette undergrev ein verdsorden der rett går føre makt, og svekkjer dei institusjonane og avtalane som gjer oss og verda trygge.
Noreg bør i staden jobbe for gjensidig avmilitarisering og nedrusting, konfliktløysing og fredsarbeid. Krig er menneskefiendtleg og miljøskadeleg. Solidaritet og internasjonalt samarbeid er grunnleggjande for å demme opp for dei tryggingsutfordringane verda står overfor. Sosialisme på tvers av landegrenser er ein del av fredsstrategien vår.
Utgangspunktet vårt er at konfliktar fortrinnsvis skal løysast med ikkje-valdelege middel. Vi tek avstand frå all bruk av militærmakt som ikkje er heimla i FN-pakta. I samarbeid med fredsrørsla vil vi føre ein aktiv fredspolitikk i solidaritet med dei som blir ramma hardast av krig.
I ei verd som er prega av dagsordenen til stormaktene og den sterkastes rett, aukar forskjellane, og mindre og fattigare land blir utnytta. Ei meir rettferdig fordeling og ei regelstyrt verd der folkeretten blir respektert, er avgjerande for fred og tryggleik i verda. Atomvåpenarsenala i verda utgjer ein trussel mot heile sivilisasjonen og mot økosystema våre. Noreg skal fordømme atomvåpen og andre masseøydeleggingsvåpen og gå føre i arbeidet for ei atomvåpenfri verd.
Stormaktsinteresser skal ikkje styre Noregs handlingar. Det inneber at vi ikkje skal ha atomvåpen eller stasjonering av utanlandske styrkar på norsk jord i fredstid, og at vi skal ha ein restriktiv politikk for sal og eksport av norske våpen.
Samtidig må vi i Noreg kunne forsvare våre demokratiske verdiar og institusjonar. Vi treng eit territorialforsvar med tilstrekkeleg evne til å hevde suvereniteten vår. Vi ønskjer ikkje eit profesjonalisert forsvar som fjernar seg frå befolkninga det skal beskytte. Eit vernepliktbasert folkeforsvar gjer samfunnet meir robust og sikrar samtidig at ein større del av medlemmene i samfunnet kan delta i den opne forsvars- og tryggingsdebatten.
Fred og tryggleik
Samfunnet skal vere trygt for alle. Alle land har rett til sjølvstende og sjølvråderett og til å beskytte seg og hevde suvereniteten sin innanfor rammene av ein internasjonal rettsorden. Målet med forsvars- og tryggingspolitikken er varig fred og tryggleik.
Forsvarssamarbeid og tryggingsalliansar med andre land kan inngåast ut frå felles geografiske, defensive forsvarsinteresser, basert på gjensidig påverknad og felles tryggleik. Målet vårt er at slike alliansar skal vareta forsvaret av landområde, og at dei ikkje skal brukast som instrument for stormaktsinteresser eller som argument for å ha atomvåpen som ein del av strategien sin.
Ein del av totalberedskapen handlar òg om å beskytte innbyggjarane mot terror og truslar. Då må vi i tillegg til politiinnsats førebyggje utanforskap og polarisering gjennom inkludering i samfunnslivet. Vi må sikre at det er små forskjellar i makt og rikdom.
Det er ikkje mogleg å fullt ut sikre seg mot truslar; risiko er noko vi må leve med. Men med strukturelle grep kan vi avgrense risikoen. Ein overdriven tryggingspolitikk er eit samfunnsvonde som kan føre til ufridom, til militarisering av samfunnet eller til at vi blir ein politistat.
Klimaendringane har store konsekvensar i Noreg, og det trengst ei omfattande tilpassing for å tryggje folk, lokalsamfunn, ressursgrunnlag og viktig infrastruktur. Den lokale beredskapen skal vere navet i møtet med kriser. Noreg bør vere mest mogleg sjølvforsynt med mat, energi og medisinar. Sentralt i prinsippa våre er at forandring ikkje er noko som skal komme ovanfrå, frå marknaden, eller frå ein elite eller eit ekspertvelde. Demokratisk sosialisme byggjer på ideen om at grunnleggjande forandring må drivast fram av oss sjølve, ikkje på våre vegner. Dette gjer at prinsippa våre òg skal forme måten vi jobbar på som parti.
Sosialistisk Venstreparti er eit verktøy for demokratisk endring av Noreg og verda. For å oppnå grunnleggjande samfunnsendringar arbeider SV både gjennom val og folkevalde organ og gjennom aktivisme og deltaking i rørsler. SV søkjer makt og samarbeider med andre parti for å oppnå framgang for prosjektet vårt. Målet er politiske resultat, ikkje posisjonar i seg sjølv.
Forandring må komme strøymande nedanfrå, både gjennom idear og ved at det blir etablert praktiske døme. Derfor er ikkje SVs standpunkt avgrensa til kva som til kvar tid blir rekna som ansvarsområda til dei folkevalde organa. Derfor knyter SV dei politiske kvardagskampane til hovudprosjekta om ei sosialistisk og feministisk samfunnsordning. Derfor søkjer SV etter politiske krav og løysingar som peiker utover dagens system og samfunnsorganisering, i retning sosialisme. Fellesskapsløysingar i heile det norske samfunnet viser veg i praksis.
Vi anerkjenner at ikkje alle rørsler eller grupperingar som representerer minoritetsbefolkninga, har like lett for å bryte lydmuren i samfunnsdebatten. Eit demokratisk samfunn føreset òg levande utanomparlamentariske rørsler. Eit sosialistisk samfunn blir forma gjennom folkeleg deltaking og politisk kamp. Kampen for sosialisme må
innebere at vi kjempar for at klasseskilja blir fjerna og goda blir delte. Det er ein styrke for eit samfunn at det består av folk som har innverknad over sin eigen kvardag og si eiga framtid. Vanlege folks organisering og deltaking har stått i konflikt med interessene til dei rike og mektige og har forma samfunnet til fordel for dei mange.
SV står i tradisjonen til den demokratiske venstresida, og vi veit at det er mogleg å oppnå eit rettferdig samfunn. Fordi folk forandrar verda!
Sosialisme nedanfrå
Prinsipprogrammet er det ideologiske grunnlaget for Sosialistisk Venstreparti.
Her blir ideane, visjonane og strategiane våre fastsette – dei som dannar utgangspunktet for arbeidet vi gjer lokalt og nasjonalt, i kommunar og fylke og på Stortinget. sv.no
M I L J Ø M E R K ET
T R Y K K S A K
For dei mange
– ikkje for dei få
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10491. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.