Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2021 · nynorsk

Stortingsvalprogrammet til Venstre 2021–2025

Venstre · 24 152 ord

Stortingsvalprogrammet til Venstre 2021–2025

Fridom og moglegheiter for alle.

Stortingsvalprogrammet blei vedteke på Venstre sitt landsmøte i april 2021.

Nynorsk omsetjing: Jan Ove Hennøy, Språkverkstaden Fridom og moglegheiter for alle

Korleis løyser vi klimakrisa?

Korleis skaper vi dei grøne arbeidsplassane i framtida?

Korleis rustar vi oss for framtida?

Korleis kan vi gi alle høve til å leve eit trygt liv?

Korleis gir vi alle fridommen til å delta i samfunnet?

Korleis skaper vi ein god digital kvardag med styrkt personvern?

Korleis sikrar vi velferdssamfunnet for framtida?

Korleis løyser vi internasjonale utfordringar saman?

Innhald

Fridom og moglegheiter for alle

Fridom handlar både om fridom i kvardagen og om å gi folk reelle moglegheiter i livet. Fridom handlar om å skape føresetnader for at alle kan leve på sine eigne premissar. Det handlar om fridommen til å ta den utdanninga du ønskjer, starte den bedrifta du brenn for, leve det familielivet du vil, og leve i trygge fellesskap. Dette er Venstres sosialliberale fundament.

For oss er det ein verdi i seg sjølv at menneske er ulike og tek ulike val. Fridommen til den enkelte må balanserast av eit ansvar for fellesskapet, og for kvarandre. Samfunnet vårt blir betre når ingen fell utanfor. Derfor vil vi stadig forbetre og fornye velferdssamfunnet.

Vi som lever no, er dei første som opplever klimaforandringane og omfattande tap av naturmangfald. Dagens ungdom er den siste generasjonen som har sjansen til å bremse utviklinga. Fridommen vår må ikkje gå ut over fridommen til barna og barnebarna våre. Derfor er kampen for klimaet og naturen den aller viktigaste utfordringa. Den løyser vi berre i fellesskap, og berre i samarbeid med andre land. Venstre har vist at vi både kan kutte utslepp og beskytte naturen. Saman kan vi vinne vår tids største fridomskamp. Dei neste åra vil vere avgjerande i klimakampen og for norsk økonomi. Er vi oss sjølve nok, eller skal vi i fellesskap satse og løyse dei utfordringane vi står overfor?

Koronapandemien har vist oss kor utsett den opne verdsordenen er. Svaret vårt på dette er meir samarbeid, ikkje mindre. Pandemien har treft helsesystemet vårt og økonomien vår tungt. Dei neste fire åra må vi vise vegen ut av krisa. Derfor satsar vi på næringslivet, på nyskaping og kreativitet. For oss er det grunnleggjande at samfunn bør målast etter korleis dei mest utsette har det. Vi vil føre ein politikk som gir tryggleik og moglegheiter for alle, og som sørgjer for at forskjellane held fram med å vere små.

Ytringsfridom, pressefridom og informasjonsfridom, god nyheitsproduksjon over heile landet og ein breitt anlagd offentleg samtale i det digitale mediesamfunnet er avgjerande for samfunnet vårt. Eit reelt mediemangfald med livskraftige lokale, regionale og nasjonale medium er grunnleggjande for å sikre tillit og deltaking i demokratiet.

Dette programmet er vårt svar på kva som er dei viktigaste utfordringane samfunnet vårt står overfor dei neste fire åra, og korleis vi vil løyse dei.

Korleis løyser vi klimakrisa?

Menneskeskapte klimagassutslepp varmar opp jorda. Resultatet er tydeleg både heime og ute. Vi ser fleire naturkatastrofar og meir ekstremvêr. For å løyse klimakrisa må vi ta vare på naturen og kutte utsleppa. Venstre har sørgt for at utsleppa går ned, og at dei no er under utsleppsnivået i 1990. Det viser at det er mogleg, og at poli tikken vår verkar. No vil vi meir, og vi vil det raskare!

Landet som går føre og viser veg

Klima- og miljøutfordringane kjenner ikkje landegrenser. Vi må løyse dei i fellesskap.

Noreg skal bidra til globale klimakutt. Derfor vil vi at Noreg skal oppfylle vår del av Parisavtalen, ein avtale der mange land er einige om å redusere eigne utslepp. Vi vil redusere klimagassutsleppa med minst 55 prosent innan 2030, samanlikna med 1990, og planleggje for å nå målet med nasjonale tiltak. I 2050 skal utsleppa vere reduserte med minst 95 prosent, og Noreg skal fjerne meir klimagass frå atmosfæren enn vi slepper ut.

Det må bli enklare og meir lønnsamt for folk og bedrifter å ta miljøvennlege val. Derfor vil Venstre gjere det dyrare å forureine og billegare å velje grønt. Forureinaren må i endå større grad betale for eigne utslepp. Derfor vil vi auke tempoet på opptrappinga av CO 2-avgifta. Slik omstiller vi økonomien i grønare retning, samtidig som vi reduserer klimagassutsleppa. Avgifta må såleis gjelde for alle sektorar. Vi ønskjer likevel å dempe uønskte effektar som flytting av utslepp til andre land og geografisk eller sosial ulikskap.

Vi må òg sikre at norske bedrifter ikkje svekkjer konkurranseevna si fordi vi set strenge miljø- og klimakrav. Derfor vil vi jobbe opp mot EU for å innføre ein klimatoll på varer som ikkje allereie er tilstrekkeleg prisa med tanke på utslepp.

Vi vil innføre ein rekneskap over utslepp frå varer som vi importerer frå utlandet, og utslepp ved forbruk av det vi sel til utlandet, særleg olje og gass, og vi vil utforme eigne klimamål og tiltak for å redusere desse utsleppa.

Vi vil at Statens pensjonsfond utland (Oljefondet) skal leggje vekt på klimarisiko i investeringane sine. Det vil mellom anna bety reduserte investeringar i olje- og gasselskap. Framtida er fornybar, og det utgjer ein risiko å ha for mykje av dei felles sparepengane våre bunde opp i oljenæringa. Oljefondet er ein vegvisar for andre investorar, og vi vil at fondet skal bidra til å nå FNs berekraftsmål med investeringane sine.

Noreg skal vere ein pådrivar for internasjonalt klima- og miljøsamarbeid. Vi vil utvide samarbeidet for å ta vare på regnskogane i verda, vidareutvikle arbeidet for ei berekraftig havforvalting og forsterke innsatsen mot miljøkriminalitet.

Vi vil at Noreg skal produsere og utvikle meir fornybar energi og grøn teknologi. Det kuttar utslepp og skaper nye grøne arbeidsplassar.

Vi vil betre rammevilkåra for vasskraftverk. Noreg har framleis ubrukt vasskraftpotensial, og vi vil at det skal bli lønnsamt å oppgradere eksisterande kraftstasjonar utan store naturinngrep. Vi vil ikkje opne for utbygging i varig verna vassdrag.

Energieffektivisering er eit viktig klima- og miljøtiltak. Vi vil forsterke innsatsen og gjennomføre energiøkonomiserande (ENØK-)tiltak tilsvarande 10 TWh innan 2030.

Vi vil tilpasse det norske regelverket for fornybar energi, slik at det blir enklare å bli plusskunde og selje overskot av eigenprodusert energi til andre brukarar. Hushalda er viktige bidragsytarar til redusert straumforbruk og auka straumproduksjon, til dømes med solceller. Vi vil oppmuntre til dette gjennom prising av straum og tilskot til omlegging.

Solenergi er viktig for lokal energiforsyning og ei sentral fornybar energikjelde i verda. Vi vil halde fram arbeidet med å utvikle bølgjekraft og tidvasskraft. Bioenergi vil framleis spele ei avgjerande rolle i overgangen til fornybarsamfunnet, mellom anna i fjernvarmeverk, på gardsbruk og i private bustader.

Vindkraft er ei viktig fornybar energikjelde der Noreg har særleg gode ressursar på land og til havs. Havvind gir store moglegheiter som vi vil satse vidare på, men det er behov for offentlege midlar i startfasen. Vindkraft kan òg ha negative konsekvensar og må ikkje komme i konflikt med viktige naturverdiar. Utbygginga må ta omsyn til natur, fiske, dyreliv og behova til lokalbefolkninga, som må kompenserast. Vi ønskjer at vindkraft skal skattleggjast slik at kommunane får sin del av inntekta som vindkrafta genererer. På land må det vere ein plan for tilbakeføring av områda til natur. Utbygginga må ta omsyn til samiske interesser og lokaldemokratiet.

Vi vil sikre gjenbruk av varme ved auka grad av energifleksible løysingar i større bygg, og stille krav til bruk av spillvarme frå industri, avfallsforbrenning og datasenter.

Krafthandel på tvers av landegrenser gjer det mogleg å auke bruken av fornybar energi, samtidig som det sikrar fleksibilitet og forsyningstrygging i energimarknaden. Vi vil byggje fleire kraftkablar slik at vi kan utveksle meir fornybar straum mellom Noreg og Europa, fordi det er eit lønnsamt klimatiltak. Vi vil òg sikre tilstrekkeleg nettkapasitet i heile Noreg.

Innan 2030 skal vi oppnå 50 prosent reduksjon av klimagassutslepp i petroleumssektoren. Heile verda må omstille seg frå fossil til fornybar energi.

Produksjon av påviste olje- og gassressursar innanfor allereie tildelte lisensar vil sørgje for eit høgt produksjonsnivå på norsk sokkel i fleire tiår. Verda har allereie funne meir fossil energi enn klimaet toler at vi vinn ut. Derfor må vi slutte å leite etter meir olje og gass og ikkje tildele nye lisensar på norsk sokkel. Noreg må òg vere ein internasjonal pådrivar for å verne arktiske område frå petroleumsaktivitet.

Klimagassutsleppa frå oljeproduksjon er store. Vi vil gjennomføre ei omstilling til ein grøn og fornybar økonomi, samtidig som vi sørgjer for at dagens oljeproduksjon kuttar utsleppa. Derfor må vi elektrifisere norsk sokkel og satse på havvind og produksjon av utsleppsfri hydrogen. Dagens rammevilkår for olje- og gassverksemd skeivfordeler risiko frå selskapa til staten. Vi vil derfor avvikle leiterefusjonsordninga, avgrense friinntekta og redusere ekstra rentefrådrag og avskrivingsreglar slik at det er selskapa og ikkje staten som tek risikoen.

Teknologien og kompetansen i oljeindustrien er viktig for å gjennomføre det grøne skiftet og skape nye arbeidsplassar. Vi vil leggje til rette for større grad av omstilling frå fossilbasert energiutvinning til fornybare næringar og maritim sektor.

Ta vare på natur og kulturmiljø

Naturen og det biologiske mangfaldet er eksistensgrunnlaget vårt. Naturen kan beskytte oss mot katastrofale konsekvensar av klimaendringar og er heim for dei artane vi deler jorda med. Ikkje minst er naturen ei kjelde til livskvalitet og gode opplevingar. Derfor må vi ta vare på naturen, både for oss og dei som kjem etter oss.

Skal vi ta vare på naturen for framtida, er det ein føresetnad at nye generasjonar blir kjende med og blir glade i naturen. Derfor er friluftsliv ein føresetnad for vern av naturen. Vi vil bevare og grunnlovsfeste allemannsretten.

Naturen har ein eigenverdi og ein nytteverdi. Vi må derfor beskytte meir natur enn vi gjer i dag, både på land og til havs. Noreg skal ha ein nullvisjon for tap av naturmangfald, og vi vil beskytte minst 30 prosent av all norsk natur.

Regnskogen bind karbon og held klimaet i balanse. Derfor vil vi trappe opp arbeidet med å stoppe hogst av regnskog. Noreg må òg jobbe for ein ambisiøs internasjonal avtale for naturmangfaldet, etter modell av Parisavtalen.

Vi vil etablere fleire nasjonalparkar, utvide vernet av våtmarksområde og andre sårbare naturtypar og beskytte 10 prosent av skogen i løpet av ti år. Vi vil styrkje vernet til havs med langt fleire og større marine verneområde og utvide naturmangfaldlova til å gjelde i heile den norske økonomiske sona.

Vi vil innføre varig vern mot petroleumsaktivitet i spesielt sårbare område, inkludert i og ved iskantsona, Jan Mayen, Lofoten, Vesterålen og Senja, Skagerrak, Mørefelta, Jærkysten og kystnære område av Finnmark.

Vi vil sikre dei verna vassdraga våre og gjennomføre ei ny utviding av verneplanen for norske vassdrag. For å ta betre vare på natur vil vi utvide talet på utvalde naturtypar og prioriterte artar. Vi vil sørgje for at standarden for bestandar av villrein og villaks, kvalitetsnorma, blir følgd opp.

Det neste tiåret vil vi forsterke arbeidet med å restaurere øydelagde naturområde og ta vare på historiske kulturlandskap. Derfor vil vi doble talet på utvalde kulturlandskap i landbruket og styrkje arbeidet for pollinerande insekt.

Forureinaren skal betale. Det meiner vi òg skal gjelde for dei som byggjer ned natur. Derfor vil vi innføre ei arealavgift som gjer det ulønnsamt å byggje ned natur, med unntak av der det har stor samfunnsnytte. Det gjeld spesielt myr, som bind store mengder klimagassar.

Vi vil vidareføre den nasjonale og internasjonale satsinga vår i kampen mot forsøpling av havet. Plast og andre framandstoff er ein trussel mot livet i havet.

Klimaendringane har allereie fått konsekvensar for Noreg. Framover må vi forvente meir ekstremvêr og større påkjenningar frå naturhendingar. Klimatilpassing er viktig for samfunnstryggleiken. Vi vil derfor at klimatilpassing skal spele ei viktigare rolle i beredskapsplanlegging.

Vi vil forsterke støtteordningane for vedlikehald av kulturminne og kulturmiljø. Dei er viktige for kultur, natur og historie, og vi vil doble talet på freda kulturmiljø innan 2025. For å bevare fleire kulturmiljø må vi kompensere kulturminneeigarane. Derfor vil vi auke eksisterande støtteordningar under Kulturminnefondet og fylkeskommunane. Vi vil innføre skattefrådrag for vedlikehalds- og restaureringskostnader for å hjelpe eigarane med å ta vare på dei felles kulturmiljøa våre, og styrkje sanksjonsmoglegheitene mot bevisst øydelegging av verna bygg og kulturmiljø.

Vi skal halde fram med å satse på dei institusjonane og frivillige som ber kulturminnevernet i Noreg. Kultur, natur og miljø heng saman. Skal vi lære av fortida, må vi bevare eit mangfald av kulturmiljø som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk.

For å sikre natur og friluftsliv for framtida må kommunane ha nok kompetanse og ressursar til å vareta større ansvar for berekraftig utvikling og naturvennleg arealforvalting. Vi vil styrkje vernet av strandsona og gi auka ressursar til oppsyn med motorisert ferdsel i utmark. Vi vil òg ha strenge nasjonale avgrensingar for bruken av snøskuterar og andre motoriserte terrengkøyretøy og gi kommunane høve til å avgrense bruken ytterlegare.

Vi vil at alle skal ha eit bevisst forhold til kva nedbygging av natur har å seie for omgivnadene våre. Det er kommunen som gir byggjeløyve. Derfor vil vi at alle kommunar skal ha ein arealrekneskap som synleggjer effekten av nedbygging. Plan- og bygningslova må endrast slik at ho inneheld krav om areal til grøne plassar og tre, på same måte som at det blir stilt krav om areal til leikeplassar og parkeringsplassar. Vi vil premiere kommunar som tek vare på naturmangfald, og greie ut korleis dette kan gjerast i det kommunale inntektssystemet.

Vi ønskjer at utbygging i naturen skal kompenserast ved at andre areal blir tilbakeførte til naturen. Vi vil at fylkeskommunane skal byggje opp ei oversikt over område som kan tilbakeførast.

Vi vil bevare dei grøne belta mellom ulike naturområde. For å sørgje for eit størst mogleg biologisk mangfald er det viktig at vi sikrar større samanhengande naturområde, og at vi ikkje belastar dei for mykje, medrekna lysbelasting. Vi vil derfor definere og avgrense lysforureining i kommunale, regionale og nasjonale planar. Elvar og bekkar må takast vare på og restaurerast for å bevare naturverdiane og sikre dei naturlege flaumvegane i eit våtare og villare klima. Vi må òg bli flinkare til å ta vare på naturen nær byområda. Dette er natur som mange kan nyte godt av. Vi vil derfor opprette nasjonale urbane byparkar der naturen og naturopplevingane blir varetekne.

Vi vil setje i verk nasjonale og lokale tiltak mot framande artar. Kontrollen med kommersiell import av levande dyre- og plantemateriale må styrkjast for å redusere innførselen av organismar som kan øydeleggje naturmangfaldet vårt.

Rovdyra høyrer heime i norsk natur. Naturmangfaldlova skal liggje fast og beskytte det biologiske mangfaldet, inkludert rovdyra, i norsk natur. Bestandane av ulv, bjørn, gaupe og jerv er i dag for låge. Vi vil ha levedyktige bestandar av alle dei store rovdyra, i tråd med naturfaglege tilrådingar. Vi meiner at det er mogleg å redusere konfliktnivået mellom beitedyr og rovdyr utan å svekkje rovdyrstammane. Dagens soneforvalting bør vidareførast der vi har beiteprioriterte og rovdyrprioriterte soner, men enkelte soner bør utvidast for å vareta dei naturlege bevegelsane til rovdyra.

Rovviltnemndene har, i motsetning til det som var hensikta, vore med på å auke konfliktnivået i den nasjonale debatten om rovdyr. Vi vil vurdere meir formålstenlege organisasjonsformer for lokal forankring av den nasjonale rovdyrforvaltinga.

Vi vil gjere det vanskelegare å velje miljøfiendtleg, og enklare å velje miljøvennleg.

Vi vil jobbe for fleire europeiske forbod mot produkt som inneheld miljøgifter. I mellomtida ønskjer vi å innføre høge avgifter på slike produkt i Noreg. Slik minimerer vi bruken her heime. Miljøgifter øydelegg naturen og må motarbeidast.

Vi vil innføre eit forbod mot nye sjødeponi og innføre ei avgift for deponi av miljøskadeleg gruveavfall. Deponering av utslepp frå gruveindustrien i fjordbotnen er ein trussel mot fjordmiljø, gyteområde og sjømattryggleik. Det truar grunnlaget for norsk sjømatnæring.

Vi har enno ikkje full oversikt over moglege konsekvensar av mineralutvinning på havbotnen og vil derfor ikkje lyse ut konsesjonar utan at all risiko er nøye kartlagd og forsvarleg handtert. Vi vil stille krav om at utsleppa skal vere minimale.

Vi vil styrkje Enova, eit statleg føretak som støttar utvikling av energi- og klimatiltak, energieffektivitet og auka energiforsyningstrygging, og andre tiltak som gjer det enklare for forbrukarane å ta meir miljøvennlege val.

Vi må gjennomføre ei sirkulærøkonomisk omstilling som gjer det enklare for forbrukarane å handle miljøvennleg.

Derfor må vi endre måten vi produserer og forbruker varer på. Vi vil ta vare på materiale på ein måte som reduserer utslepp og energiforbruk.

Vi vil styrkje den offentlege bestillarkompetansen innanfor arkitektur og eigedom, både for nybygg og rehabilitering. Offentleg innkjøpskraft kan støtte opp om marknaden for sirkulærøkonomiske løysingar i Noreg.

Vi vil leggje til rette for regionale industriparkar som utnyttar lokale energi- og materialstraumar. Slik kan vi sleppe lange transportetappar for restråstoff.

Vi vil auke ansvaret til produsentane for heile livssyklusen av produktet ved å innføre eit digitalt produktpass. Det vil gjere det enkelt å finne delar og vise materialinnhald, opphav og miljødeklarasjon. Vi vil stille krav om at alle produkt med lang nedbrytingstid skal ha reservedelar og vere reparerbare.

Vi vil gradvis auke kravet til andelen resirkulert materiale i ulike produktkategoriar. Etterspørsel etter resirkulerte råvarer er ein føresetnad for ein lønnsam ombruks- og gjenvinningsindustri. Vi vil at det blir stilt krav om at plastprodukt skal vere gjenvinnbare. Vi vil òg gjere resirkulert plast meir lønnsamt ved å innføre ei avgift på jomfrueleg plast. Vi vil gjere det enklare og meir lønnsamt å reparere og leige ut produkt som klede, sko, syklar, verktøy og hushaldselektronikk. Vi vil sikre retten forbrukarar har til å reparere og endre på produkt dei har kjøpt. Vi vil òg stimulere gjenbruksøkonomien ved å leggje til rette for at brukte ting kan reparerast med brukte delar.

Vi vil halvere matsvinnet i Noreg innan 2030 og leggje til rette for at restprodukt kan brukast som mellom anna dyrefôr, biodrivstoff, biokol eller gjødsel. Det må bli lettare og meir lønnsamt å gi bort enn å kaste mat.

Farleg avfall er eit stort miljøproblem, og vi vil stille strengare krav til resirkulering og gjenvinning av farleg avfall. Det vil redusere bruken av miljøskadelege produkt og hindre miljøgifter i å komme på avvegar.

Vi vil leggje til rette for meir restaurering og oppgradering av eksisterande bygg. Byggsektoren bruker på verdsbasis om lag 40 prosent av alle ressursar, inkludert energi og materiale. Å ta vare på eksisterande bygg er bra for miljøet.

Vi må sikre at bygg lèt seg bruke på nytt, at byggjemateriale lèt seg gjenvinne, og at det blir brukt klimavennlege bygningskomponentar. Om få år må alle byggjeplassar vere avfallsfrie.

Fridom til å reise grønt

Vi vil halvere utsleppa frå transportsektoren innan 2030, samanlikna med 2005. Då treng vi velfungerande, miljøvennlege transportløysingar.

Vi vil satse på miljøvennlege alternativ som elektrisitet, avansert biodrivstoff, biogass, ammoniakk og utsleppsfri hydrogen. Miljøvennleg transport er nøkkelen til å kutte utslepp. Alle vinn på at fleire får fridommen til å velje grønt.

Transporttilbodet skal vere miljøvennleg, effektivt, trygt og rimeleg. Kva for ei transportløysing som er rett, varierer frå stad til stad. Vi satsar ikkje på éin teknologi eller éi løysing, men på nokre grunnleggjande prinsipp. Byane veks, og det gjer òg behovet for betre grøne transportløysingar. Vi vil satse på grøne løysingar der behovet til innbyggjarane kjem først.

Vi vil gjere det billegare å velje kollektivtransport. Det klimavennlege alternativet skal alltid vere det beste, enklaste, raskaste og rimelegaste. For barn, unge og studentar er kollektivtransport viktig for fridom i eigen kvardag. Derfor vil vi innføre eit nasjonalt ungdomskort som gjer det enklare å reise kollektivt. Vi ønskjer òg gode familierabattar på buss og tog, slik at fleire familiar kan velje vekk bilen.

Vi vil vidareføre dei eksisterande byvekstavtalane og opne for nye, utan at dei nye skal gå ut over finansieringa av dei avtalane som er inngått. Dette er avtalar mellom staten, fylkeskommunen og kommunen som finansierer meir grøn bytransport og reduserer utslepp.

Vi vil at staten som hovudregel skal ta halvparten av rekninga for større kollektivutbyggingar, og inntil to tredelar når utbygginga er del av ein byvekstavtale.

Innan 2025 vil vi at all kollektivtransport skal vere fossilfri. Vi er godt på veg mot utsleppsfri kollektivtransport, og fleire alternativ blir allereie drivne med fornybar energi.

Å gå, sykle eller ta kollektivtransport gir reisefridom utan privatbil. Vi vil sikre raskare utbygging av gang- og sykkelvegar og innføre nasjonale retningslinjer som oppmuntrar til å setje av areal til desse.

Vi vil prioritere utbygging av jernbane, kollektivtransport og gang- og sykkelvegar. Når det gjeld utbygging av motorveg, vil vi prioritere dei prosjekta som har eit stort forbetringspotensial for miljø, bymiljø og trafikktryggleik.

Vi vil gi storbyane fridom til å velje om dei vil overta ansvaret for den lokale kollektivtransporten, slik at dei kan tilby innbyggjarane saumlause reiseopplevingar. Vi meiner at bompengar er eit viktig verkemiddel for å redusere trafikk og finansiere betre kollektivtilbod i byområda våre. Samtidig rammar dagens bompengesystem urettferdig på grunn av manglande fleksibilitet. Vi vil innføre satellittbasert vegprising, gitt at personvernet blir vareteke. Eit moderne vegprisingssystem kan bidra til framleis høg legitimitet for brukarbetaling på veg.

Vi støttar tiltak som avgrensar bilbruk og skaffar inntekter til eit betre kollektivtilbod. Biltrafikken kan ikkje vekse i byane fordi det gir for mykje støy og støv og tek for mykje plass. Kva som er dei største utfordringane, varierer frå by til by. Derfor er det fornuftig at byane i større grad sjølve kan bestemme i spørsmål om kollektivfelt, etablering av bilfrie område, nullutsleppssoner og miljøgater.

Vi vil at folk skal kunne busetje seg der dei ønskjer. Vi vil gi distrikta eit like grønt transporttilbod som byane.

Vi vil leggje til rette for hyppigare frekvens for kollektivtrafikk i distrikta og satse på fleksible småskalaløysingar, til dømes minibussar som hentar og bringar på førespurnad.

Vi vil prioritere å utvide alle riksvegar slik at dei kan få gul midtstripe. Vi vil òg sikre mot ras og flaum, og auke vedlikehaldet av bruer og tunnelar. Å kunne reise trygt, effektivt og miljøvennleg skal vere mogleg i heile landet.

Vi vil investere meir i fylkesvegnettet for å sikre varetransport og framkommelegheit i distrikta. Vi vil vidareføre og forbetre ferjeavløysingsordninga, som stimulerer til nye fastlandsforbindelsar. Slik held vi oppe eit godt transporttilbod i heile landet.

Ekspressbussnettet er eit viktig kollektivtilbod for reisande mellom fylke og landsdelar. Vi vil stille krav om at ekspressbussane bruker nullutsleppsløysingar innan 2025.

Teknologi gjer det enklare å velje grøne transportalternativ. Vi vil få fart på omstillinga. Vi er elbilens forkjempar og vil sikre elbilfordelar ut 2025 for å nå målet om at alt nybilsal skal vere nullutsleppsbilar. Noreg ligg i dag i verdstoppen i andel elbilar. Elbilpolitikken er eit døme på at det er mogleg å erstatte fossile løysingar med fornybare utan at det blir negative konsekvensar for forbrukarane. Så lenge elbilar ikkje er konkurransedyktige på pris, må vi behalde kjøpsfordelen som gjer at det lønner seg å velje elbil.

Vi vil sikre ladeinfrastruktur i heile landet, etablering av minst 30 hydrogenfyllestasjonar og eit nasjonalt nett av fyllestasjonar for biogass innan 2025. Fyllestasjonane må òg vere tilpassa for tungtransport. Vi vil byggje betre infrastruktur for lading og påfyll av fornybart drivstoff i heile landet. Slik kan fornybart drivstoff bli eit reelt alternativ alle stader i Noreg. Vi vil halde fram med å utvikle norskprodusert berekraftig biodrivstoff. Biodrivstoff er eit viktig tiltak for å redusere utslepp på norske vegar. Vi ønskjer å auke bruken av berekraftig biodrivstoff og fjerne biodrivstoff som ikkje er berekraftig.

Tungtransporten må bli meir berekraftig. Derfor vil vi sørgje for energistasjonar for tungtransport som er tilrettelagde for nullutsleppsteknologi som utsleppsfri hydrogen, biodrivstoff og elektrisitet.

Vi vil etablere fleire pilotprosjekt for sjølvkøyrande køyretøy, fordi dei bidreg til trafikktryggleik og mindre forureining.

Vi vil stille krav om at alle offentlege innkjøp tek i bruk nullutsleppstransport der det er mogleg. Det offentlege har ei særleg viktig oppgåve med å stille krav om null- og lågutsleppsløysingar ved offentlege innkjøp.

Vi vil satse på jernbanen, for å flytte meir godstransport frå veg til bane og for å få raskare og betre jernbaneløysingar for passasjertransport som knyter bu- og arbeidsregionar saman.

Vi vil auke talet på togavgangar ved å byggje fleire dobbeltspor og fleire kryssingsspor, og ved å velje ruteplanar som gir meir kapasitet. Vi vil òg jobbe for effektive jernbaneløysingar i norske bu- og arbeidsregionar og gjere det rimelegare for pendlarar å reise kollektivt. Derfor vil vi innføre makspris på månadskort.

Vi vil jobbe for høghastigheitsbanar som knyter saman dei store byane våre, og som knyter Noreg saman med kontinentet. Vi må redusere reisetida mellom dei store byane og mellom Noreg og andre europeiske land. Vi vil ha fleire avgangar, setje ned billettprisane på dei same togstrekningane og bidra til eit felles billettsystem i Europa.

Vi vil ha fleire soveplassar på norske nattog og leggje til rette for nattog frå Oslo til europeiske storbyar som Berlin. Nattog er eit viktig tilbod for å redusere jobbreiser med fly. Gjer vi alt dette, flyttar vi òg mest mogleg flytrafikk til bane.

Vi har vore ein pådrivar for og sett i gang utgreiing av jernbane i Nord-Noreg. Vi vil vidareføre dette arbeidet for framtidas nødvendige klimavennlege transportløft mellom nord og sør.

Vi vil halde fram med å setje drifta av jernbanestrekningar ut på anbod, slik at vi frigjer meir pengar til å investere i sjølve jernbanenettet. Vi vil òg greie ut moglegheita for å etablere Nye Baner, etter modell frå Nye Veier. Ved å opne for å la private drive jernbane gjennom anbod vil staten dei neste åra både kunne spare mange milliardar kroner og skape eit betre togtilbod.

Vi vil satse på grøn skipsfart og sikre Noregs verdsleiande rolle på feltet.

Vi vil bruke offentleg støtte og innkjøp for å auke innovasjonskrafta i grøn skipsfart. Då bidreg vi til å skape nye grøne arbeidsplassar og utviklar ny teknologi, samtidig som vi reduserer klimagassutslepp heime og ute.

Vi vil leggje til rette for utvikling og bruk av sjølvstyrte skip som kan gi lågare kostnader, tryggare seglingsruter og energieffektivisering. Dette er eit konkurransefortrinn for norsk skipsnæring. Vi vil leggje til rette for areal i hamnene for ulike miljøfyllestasjonar for både skip, tungtransport og fritidsbåtar. I framtida vil fleire skip bli drivne både på utsleppsfri hydrogen, ammoniakk og batteri.

Vi vil utvide dagens nullutsleppskrav for cruisetrafikk i verdsarvfjordane til å gjelde langs heile kysten og leggje til rette for landstraumanlegg og fyllestasjonar i alle aktuelle hamner.

Vi vil ha meir gods over frå veg til sjø og bane. Det er bra for miljøet og reduserer klimagassutsleppa. Derfor vil vi byggje fleire omlastingsterminalar frå land til sjø og byggje ut infrastruktur som gjer det enklare å få frakt over frå tog og lastebil til båt.

Vi vil satse på sjøen som transportåre også for kollektivtransport, med utsleppsfrie hurtigbåtar.

Vi vil få slutt på dumping av kloakk i sjøen og vil derfor byggje ut landfasilitetar i det mest trafikkerte området mellom Lindesnes og svenskegrensa. På sikt ønskjer vi å innføre eit forbod mot å dumpe kloakk direkte i sjøen.

Vi vil innføre elbåtfordelar for fritidsbåtar etter modell frå elbilfordelane. Fossile fritidsbåtar slepper ut store mengder klimagassar, samtidig som elektriske fritidsbåtar er på veg inn i marknaden. Elbåtfordelar vil gjere det lettare for fleire å velje elektrisk. Vi vil òg innføre ei kondemneringsordning for lastebåtar slik at materiale i større grad blir gjenvunne.

Vi vil ha utsleppsfrie fly og meir transport frå luft over på jernbane. Vi vil sjå den første kommersielle nullutsleppsruta i Noreg innan 2025. Noreg skal vere først og best på nullutsleppsfly.

Vi vil halde oppe flytilbodet og sikre ikkje-kommersielle ruter med lågare prisar enn i dag, gjennom offentlege rutekjøp der det ikkje finst gode alternativ til fly. Samtidig vil vi gjere desse reisene mest mogleg miljøvennlege ved å leggje til rette for å drifte kortbanenettet med elfly innan få år. I tillegg vil vi auke innblandingskravet for avansert biodrivstoff i flydrivstoff. Vi vil endre flypassasjeravgifta til ei miljøavgift basert på utslepp, slik at flyselskapa får større insentiv til å redusere utslepp og samtidig bruke kapasiteten på flya betre enn i dag. Vi meiner at lange flyreiser bør ha ei høgare klimaavgift enn i dag. Derfor vil vi auke flypassasjeravgifta for flyreiser til land utanfor Europa.

Dagens taxfree-ordning gjer at vi subsidierer forureinande flyreiser med skattefritak på alkohol og tobakk. Vi vil avvikle ordninga og kompensere Avinor og private flyplassar gjennom tilskot over statsbudsjettet.

Vi vil bremse auken i klimafiendtleg flytransport ved å seie nei til fleire rullebanar på Gardermoen og Flesland.

Korleis skaper vi dei grøne arbeidsplassane i framtida?

For oss handlar næringspolitikk om å gi folk høve til å utvikle nye idear og skape sin eigen arbeidsplass. Det gir folk fridom til å bu der dei vil. Det skal lønne seg å satse på grøn innovasjon og verdi skaping. Småbedriftene skaper to tredelar av alle nye arbeidsplassar i landet vårt. Dei er ei viktig kjelde til mangfald og gir økonomien fleire bein å stå på. Vi vil gi fleire fridommen til å starte for seg sjølv.

Grøn og rettferdig skatte- og bustadpolitikk

Vi vil ha ein grønare og smartare skattepolitikk som premierer grøne val og fordeler på ein meir rettferdig måte.

Vi vil ikkje auke det samla skatte- og avgiftsnivået. Vi vil auke avgiftene på klimagassutslepp og forureining på den eine sida og redusere skatten for personar og bedrifter på den andre sida. For at alle skal kunne leve livet sitt i fridom, må vi ha eit samfunn der folk opplever skattebyrda som rettferdig. Derfor er vi opptekne av at skattesystemet både skal vere omfordelande og bidra til grøne og verdiskapande val.

Vi vil innføre eit klimaskattefrådrag i inntektsskatten som både kompenserer for auka miljøavgifter og gjer det meir lønnsamt å arbeide. Slik vil klimaavgifter som er betalte av forbrukarane, bli betalte tilbake i form av eit frådrag på skatten. Frådraget blir høgast for dei med låg inntekt.

Vi vil innføre eit nytt trinn i inntektsskatten for dei med høgast inntekt. Slik bidreg dei som kan, litt meir til fellesskapet. Dei ekstra inntektene frå det øvste trinnet skal gå til å redusere skatt på arbeidsinntekt til dei med låg og middels inntekt.

Vi vil behalde ein moderat formuesskatt for at dei med store formuar framleis skal bidra til fellesskapet. Vi vil sørgje for at det blir meir lønnsamt å investere i produktiv verksemd enn i primær- og fritidsbustader, gjennom likare verdsetjing av formuesobjekt. Vi vil auke botnfrådraget for å skjerme vanlege folk og oppstartsbedrifter. Naturressursane tilhøyrer folket. Når bedrifter tener pengar på fellesskapets eigedom, må vi alle tene på det. Derfor er vi positive til skatt på grunnrente av dei felles naturverdiane våre. Slik sørgjer vi for å dele på velstanden.

Vi vil dempe prisveksten i bustadmarknaden og gjere det enklare å kjøpe sin første heim.

Vi vil fjerne rentefrådraget for bustad og kompensere reduksjonen med ein tilsvarande reduksjon i inntektsskatten. Det vil bidra til å bremse prisveksten i bustadmarknaden.

For å gjere det enklare for førstegangskjøparar og einslege å komme inn i bustadmarknaden vil vi gi Husbanken tilstrekkelege lånerammer for startlån til alle som treng det. Vi vil fjerne eigenkapitalkravet for førstegongskjøparar, slik at dei som ikkje har eigenkapital i bustad frå før, får betre høve til å komme seg inn i marknaden. Vi vil frita denne gruppa for dokumentavgift.

I dag er det manglande rettsleg regulering av sambuarforhold. Det kan bli ei fattigdomsfelle. Vi vil innføre ei sambuarlov som skal sikre grunnleggjande økonomisk støtte ved samlivsbrot mellom sambuarar med mindre noko anna er avtalt.

Trygge og gode bustader er viktig for at studentane skal kunne fullføre studia sine. For å få fart i bygging av studentbustader vil vi heve kostnadstaket for statleg tilskot og husbankfinansiering ytterlegare. Det auka kostnadstaket må følgjast av auka tilskotsandel per eining. Dessutan vil vi fjerne flaskehalsar hos kommunane og regulere studentbustader som eige formål. Vi har sett oss som mål at det skal byggjast 3000 nye studentbustader kvart år, og å sikre at ein del av desse er universelt utforma.

Vi vil at studentbustader skal vere unnatekne frå eigedomsskatt, og at kommunane får høve til å heilt eller delvis frita miljøvennlege bygg frå eigedomsskatt. Vi vil sikre at bortebuande vidaregåandeelevar får eit butilbod dei har råd til. Derfor vil vi ha tilsvarande finansieringsordningar for elevbustader som for studentbustader.

Kapital for at gode idear skal kunne vekse seg store

I dag er det lett å starte eiga bedrift, men vanskeleg å vekse seg stor. Vi vil arbeide for at bedrifter med gode idear skal kunne utvide.

Vi vil utvide opsjonsordninga slik at ho dekkjer fleire bedrifter. Aksjeforkjøpsrettar, såkalla opsjonar, er eit viktig insentiv for rekruttering til oppstartsbedrifter i vekst, som elles ofte manglar kapital til å lønne fleire tilsette. Dette gjer det vanskeleg å vekse.

Vi vil at offentleg kapital skal gå inn i private fond, som igjen kan investere i norske oppstartsbedrifter. Slik byggjer vi opp den norske kapitalmarknaden og reduserer risikoen for offentlege feilinvesteringar.

Vi vil at meir offentleg kapital skal slusast inn i småbedrifter. Vi har mange ordningar for å støtte småbedrifter, men dei er oppstykka og lite kjende. Vi vil gjere desse ordningane enklare og meir synlege. Vi vil òg utvide ordninga som gir skatterabatt for investorar som investerer i nystarta bedrifter.

Vi vil gi fleire småbedrifter tilgang på store offentlege kontraktar. Rammeavtalane til offentlege verksemder skal ikkje hindre småbedrifter frå å konkurrere.

Vi vil etablere eit gründerpanel etter dansk modell. Panelet skal fremje forslag til og komme med tilrådingar om korleis det kan gjerast enklare og meir attraktivt for gründerar å starte ny verksemd, og korleis fleire nye verksemder kan ta neste skritt og vekse seg større.

Vi vil endre dagens regelverk slik at det går an å dele opp offentlege innkjøp. Kompetansen hos innkjøpar må hevast for å fremje kvalitet, innovasjon, mangfald og effektive innkjøp, ikkje berre lågast mogleg pris. Det gjer at småbedriftene får betre tilgang til offentlege kontraktar. Det er ei svak utvikling av folkefinansiering i Noreg i forhold til i andre land. Vi vil implementere EU-regelverket for folkefinansiering raskt, slik at det juridiske rammeverket reduserer risikoen og etablerer folkefinansiering som ein større del av spare- og investeringskulturen vår.

Vi vil at prosjekt som fyller dei private scenene, kulturhusa og utearenaene, får ein finansieringsmodell som ligg nærmare det den private filmindustrien har, med prosjektstøtte og billettstøtte, gjennom eit fond for scenekunst.

Endå grønare norsk industri

Vi vil redusere karbonavtrykket i industrien og satse på teknologi som aukar produktivitet og berekraft. Norsk industri er allereie godt i gang med omstilling, men vi vil gjere han endå grønare.

Vi vil spele på lag med industrien for å auke industriell bruk av nullutsleppsteknologi som hydrogen, biogass og karbonfangst og lagring.

Vi vil forsterke hydrogenstrategien til regjeringa ved å auke støtta til teknologiutvikling og kommersialisering av utsleppsfri hydrogen. Hydrogen er ein viktig energiberar for å oppnå dei utsleppskutta vi har sett oss som mål i industrisektoren.

Dersom Noreg lykkast med storskala transport og lagring av klimagassar, vil det vere eit enormt teknologisk gjennombrot og eit av Noregs viktigaste bidrag til å kutte utslepp både heime og internasjonalt. Teknologien for karbonfangst og lagring vil òg gi norsk industri eit internasjonalt fortrinn. Derfor gjennomfører vi ei historisk satsing på to anlegg for karbonfangst og lagring innan 2025 og støtter etableringa av fleire nye anlegg framover.

Vi vil vidareføre Prosess 21 som ei plattform der industrien, forskingsmiljøa og myndigheitene samarbeider for å gjere norsk industri klimanøytral eller klimanegativ innan 2050.

Vi vil etablere fleire produksjonsanlegg for biokol, slik at Noreg kan leie denne utviklinga. Biokol er eit restprodukt som kan blandast i jord og dermed lagre karbon. Dette er ei naturleg form for karbonfangst, bruk og lagring.

Skogen bind klimagassar, og berekraftig forvalting av skog varetek nøkkelbiotopar og biologisk mangfald. Vi vil forbetre transport av tømmer og ferdigvare ved å oppgradere bruer og styrkje kapasiteten på veg og jernbane. Vi vil òg styrkje utviklinga av norsk tre- og bioindustri.

Vi vil arbeide for ein nasjonal strategi for produksjon og bruk av massivtrehus i offentlege og private byggjeprosjekt. Vi vil gi insentiv til arkitektar og designarar som arbeider med å utvikle produkt i massivtre, og støtte eksport.

Noreg sit på store verdiar i form av mineralførekomstar. Vi må bevare ein betydeleg norsk eigardel i bergindustrien vår, inkludert industrimineral, metalliske malmar og energimineral. Mineralutvinning kan gi utfordringar med støy, støv, vibrasjonar, avrenning og tungmetall. Det må ein ta omsyn til før utvinning kan skje. Vi vil sikre at rettane til grunneigaren blir varetekne, og at framtidig mineralutvinning bidreg til lokale arbeidsplassar.

Ein enklare kvardag for norske bedrifter

Privat næringsliv skal kunne konsentrere seg om å skape arbeidsplassar og verdiar. Derfor vil vi gjere kvardagen deira så enkel som mogleg i møte med det offentlege.

Vi vil vidareføre satsinga på digitalisering for å gjere det enklare for bedrifter å rapportere inn til offentlege myndigheiter.

For å forenkle kvardagen til bedriftene vil vi opprette ei nettside med ei felles oversikt over støtteordningane og kompensasjonane som bedrifter kan søkje om. Vi vil redusere talet på skattefrådrag som sjølvstendig næringsdrivande må forhalde seg til, ved å erstatte dei med eitt minstefrådrag. Det gjer både skattesetelen og kvardagen enklare for folk. Vi vil gjere skatteinnbetalingar enklare for enkeltpersonføretak ved å endre ordninga frå forskotsbetaling til etterskotsbetaling.

Vi vil avgrense tilgangen offentlege etatar har til å be om opplysningar som det offentlege allereie har fått. I dag kan ulike offentlege etatar be deg om same informasjon fleire gonger.

Vi vil jobbe for ei einsarta tolking av EUs personvernreglement (GDPR) i heile EU/EØS-området. GDPR er viktig for norsk personvern, men ulike tolkingar av regelverket gjer det både vanskelegare å sikre eit godt personvern og vanskelegare for bedrifter å utvikle produkt og tenester.

Vi vil innføre ei plikt til å dele datasett i alle offentlege verksemder, så lenge det er i samsvar med tryggings- og personvernlovgivinga. Det vil gjere det enklare for norske bedrifter å få tilgang til viktige datasett.

Vi vil setje ned ein kommisjon som kan komme med forslag til harmonisering og forenkling av norske næringsrelaterte lover og forskrifter. Slik vil vi gjere det enklare å navigere i regelverket.

Vi vil tillate søndagsopne butikkar og sal av sterkøl og sider i butikk. I dag er det ei rekkje avgrensingar i opningstidene til butikkane som gjer at du ikkje kan handle det du vil, når du vil. Vi vil fjerne dei statlege avgrensingane på salstider for alkohol og la kommunane regulere det sjølv. Vi vil òg utvide opningstidene til Vinmonopolet til klokka åtte på kvardagar og laurdagar.

Fleire norske produkt og tenester ut i verda

Vi vil hjelpe norske produkt og tenester ut i verda for å sikre norske arbeidsplassar.

Vi tener alle på å ha ei verd der vi kan handle så fritt som mogleg. Vi vil derfor redusere toll og barrierar som gjer det dyrare og vanskelegare å handle med kvarandre.

Ein stadig aukande del av norske eksportinntekter kjem frå eksport av tenester. Vi vil derfor at Noreg skal ta initiativ til å gjenopplive forhandlingane om ein ny internasjonal handelsavtale for handel med tenester.

Mange av dei norske handelsavtalane er gamle og bør oppdaterast og reviderast. Vi vil oppdatere dei slik at dei inkluderer handel med tenester og tek omsyn til eit berekraftig miljø. Vi vil at norske investeringsavtalar skal halde oppe og gjerne heve standardane for helse, miljø og arbeidstakarrettar.

Meir turisme på lag med miljøet

Reiselivet er viktig for å halde oppe busetjing og lokal verdiskaping i heile landet. Vi er opptekne av at næringa skal utvikle seg på ein måte som speler på lag med miljøet.

Noreg er eit fantastisk reisemål, men korte turistsesongar kan vere ei belasting for naturen. Vi vil styrkje Noreg som heilårleg reisemål og auke sysselsetjinga ved å satse på produktutvikling og marknadsføring i samarbeid mellom Innovasjon Noreg og reiselivsbedriftene.

Vi vil gi dei kommunane det gjeld, høve til å etablere eit besøksbidrag som kan brukast lokalt for at områda turistane besøkjer, kan handtere menneskemengdene i høgsesongen. Vi vil i tillegg sikre at avgift ved tilrettelagde parkeringsplassar òg kan brukast for å leggje til rette for stiar i nærområdet.

Grøn og nyskapande matproduksjon

Vi vil satse på eit moderne landbruk som er verdsleiande innanfor klima, miljø og dyrevelferd. Målet vårt er at klimagassutsleppa frå jordbruket skal halverast innan 2030, og det skal vi arbeide for saman med bøndene våre. Bonden blir ein viktig medspelar for å nå utsleppsmåla.

Vi vil vri ein større del av landbrukssubsidiane over på grøn matproduksjon. For å nå nasjonale mål for mattryggleik, helse og klima må vi produsere meir korn, poteter, frukt og grønsaker, og mindre kjøt basert på importert fôr. Vi vil støtte tiltak for å redusere kjøtforbruket, men samtidig sørgje for at heile dyret blir utnytta. Vi vil at forbrukarinformasjonen om kosthald skal leggje meir vekt på helse, kvalitet og mattradisjon, spesielt overfor barn og unge. I internasjonal samanlikning er norsk landbruk blant dei som bruker minst antibiotika. Vi vil støtte tiltak som framleis fremjar eit trygt og berekraftig norsk landbruk.

Vi vil sikre føreseielege rammevilkår ved å behalde berebjelkane i landbrukspolitikken, men bruke ein større del av tilbakeføringane for å stimulere til auka planteproduksjon. Vi vil prioritere norsk kjøt- og mjølkeproduksjon i fjord- og fjellstrøk og andre stader der det ikkje er mogleg å produsere matplantar. Slik blir også kulturlandskapet teke vare på.

Vi vil satse på regenerativt landbruk som bind opp og reparerer naturlege kretsløp, og med dyrkings- og beitepraksis som bind meir karbon enn det blir sleppt ut. Det er bra for bonden, jorda og klimaet.

Noreg har eit stort potensial for å dyrke planteprotein til menneskemat og nytt fôr som alternativ til soya. Vi er positive til fleire forsøk med belgfrukter og insekt som proteinkjelder.

Vi vil auke andelen økologisk landbruk fordi det er viktig både for naturmangfaldet og valfridommen til forbrukaren. Vi vil leggje forholda til rette for auka lokal vidareforedling av råvarene til bonden på ein slik måte at meir av verdiskapinga går til bøndene og produsentane, mellom anna ved å utvide høvet lokale produsentar av alkoholhaldige drikkevarer har til å selje varene sine til besøkjande.

I åra som kjem, vil utviklinga av framtidsretta landbruksteknologi opne stadig nye moglegheiter som kan gi store gevinstar for både bonden, norske forbrukarar, miljøet, dyrevelferda og norsk matvaretryggleik. Det norske landbruket går allereie i front, og vi vil leggje til rette for at det skal bli endå enklare og meir lønnsamt for bonden å ta i bruk smart og autonom landbruksteknologi. Vi vil innføre nye støtteordningar og vurdere ytterlegare insentiv for auka bruk av framtidsretta teknologi i det norske landbruket.

Vi støttar meir produksjon i urbant landbruk, i kolonihagar og parsellhagar. Vi er positive til bruken av forsking og ny teknologi for å dyrke matvarer som kan gi oss eit meir effektivt landbruk og mindre behov for sprøytemiddel, men vil ha ei føre-var-tilnærming og vil unngå at biologisk materiale kjem på avvegar. Vi vil fjerne forbodet mot å dyrke industrihamp, som er eit godt alternativ til meir miljøskadelege produkt.

Vi vil ha eit landbruk som speler på lag med naturen. Jordvern handlar om å ta vare på dyrka og dyrkbar jord. Vi vil ikkje omdisponere dyrka og dyrkbare areal til bustader, næring og fritidshus. Det kan gjerast unntak for å løyse viktige utfordringar for fellesskapet. Å ta vare på dei eksisterande jordbruksareala er viktig for å halde oppe matproduksjonen. Vi vil innføre ei nasjonal merkeordning for klimavennleg mat.

Vi vil gjennomgå regelverk for odel og konsesjon, og dessutan støtteordningar og prosjekt, for å få større omsetning av landbrukseigedommar. Målet er at gardsbruk i større grad skal brukast til aktiv drift og heilårsbusetjing enn som fritidseigedommar.

Betre dyrevelferd

Vi meiner at dyrehald i størst mogleg grad skal ta omsyn til den naturlege åtferda og behova til dyra. Dyr har eigenverdi og skal behandlast med respekt.

Vi vil forby avl av dyr som fører til unaturlege og skadelege eigenskapar hos dyr.

Vi vil klargjere eigenverdien til dyr i straffelova og føresegna om nødrett, slik at vald mot dyr blir vurdert som meir alvorleg enn skade på eigedom. Eigenverdien til dyr må komme klarare fram i norsk lov, også når det gjeld slaktemetodar. Vi vil innføre obligatorisk ID-merking av hund og katt, med krav til både oppdrettar og eigar.

Meir midlar til rettleiing og betre tilsyn må til for at krava til dyrevelferd blir overhaldne. Vi vil bruke insentiv for at best mogleg dyrevelferd skal lønne seg. Vi vil styrkje dyrevelferda i landbruket. Derfor vil vi auke tilsynet og setje strengare krav for inne- og uteareal. Vi vil fase ut bruken av hurtigveksande rasar i kyllingproduksjon og premiere bønder som investerer i betre dyrevelferd. Samtidig vil vi støtte merkeordningar som gjer det lettare for forbrukaren å velje dyrevennlege produkt. Vi vil innføre forbod mot CO 2-bedøving av dyr i slakteri og mot kverning av hanekyllingar, såkalla maserasjon, som avlivingsmetode i eggindustrien.

Vi meiner at ville dyr ikkje høyrer heime i bur. Derfor innførte vi forbod mot pelsdyrhald i førre stortingsperiode. No vil vi fullføre arbeidet ved å innføre importforbod mot pelsdyrprodukt.

Reindrift er ein viktig kulturberar i det samiske samfunnet, med tradisjonar og levesett som blir haldne i hevd slik det alltid er blitt gjort. Respekt for det samiske er òg å vise forståing og komme med løysingar for dei utfordringane reindrifta opplever med rovvilt. Vi må ha ei balansert rovviltforvalting, som inneber ein berekraftig rovviltstamme. Vi vil at reindrift og samisk kultur skal vektleggjast sterkt i alle utbyggingssaker som truar beiteareal.

Berekraftig sjømatnæring er viktig for verdiskapinga langs kysten.

Sjømatnæringa er den største og mest verdiskapande matproduksjonen i Noreg. Ho har stort vekstpotensial, men må alltid ta omsyn til naturens toleevne.

Vi vil vidareutvikle Noreg som leiande havnasjon og auke kunnskapen og formidlinga om havet. Vi vil støtte arbeidet med å etablere ein verdsleiande kunnskaps- og formidlingsarena for havet og dei akvatiske miljøa i havbyen Bergen som består av Havforskingsinstituttet, Fiskeridirektoratet og Akvariet i Bergen.

Trafikklyssystemet, som skal sørgje for føreseieleg og berekraftig vekst i havbruksnæringa, må utviklast og styrkjast med ny kunnskap.

Vi vil setje strengare krav for å betre dyrevelferda i oppdrettsnæringa, kombinert med auka satsing på forsking og teknologiutvikling. Oppdrettsnæringa er viktig for Noreg, men fører òg med seg utfordringar som vi vil jobbe saman med næringa for å handtere. Vi vil sjå på moglegheita for å tilpasse oppdrettsreglar for å sikre berekraftige løysingar som varetek villaksbestanden. Vi vil sikre kommunane rimeleg kompensasjon for areal som oppdrettsnæringa bruker.

Vi vil halde fast på grunnprinsippa i deltakarlova, fiskesalslagslova og havressurslova. Dagens fiskeriforvalting er eit nøye tilpassa system som sikrar interessene langs den lange kysten vår.

Vi vil jobbe for å sikre jamn tilgang til fiskeråstoff til lokal produksjon langs kysten. Fiskerinæringa er viktig for sysselsetjing og busetjing langs kysten. Derfor er det avgjerande å vidareføre og vidareutvikle føringstilskotet. Vi meiner at fiskeressursane i større grad bør vidareforedlast lokalt, fordi det er best for klimaet, miljøet og verdiskapinga.

Vi vil jobbe for betre handelsavtalar, med tollfri tilgang for foredla fisk. Det vil gi auka eksportverdiar og fleire arbeidsplassar langs kysten. Fiskeri er ei viktig framtidsnæring som må ha nasjonalt og lokalt eigarskap.

Vi vil gjeninnføre rekrutteringskvotar for å sikre at ungdom har ein realistisk sjanse til å komme inn i fiskerinæringa. Vi vil òg etablere ei økonomisk støtteordning for ungdom som er avhengig av store investeringar for å komme i gang.

Vi vil satse meir på forsking rundt tang og tare, marine bestandar, fangstmetodar, foredling og marknadsføring av norsk sjømat for å auke kvaliteten på norske produkt. Vi vil satse på kvalitet i næringa og jobbe for å få meir ut av kvar kilo fisk.

Vi er opptekne av at kvotar blir sette basert på vitskaplege råd for å halde bestandane berekraftige.

For å sikre berekraft og ryddige arbeidsforhold vil vi styrkje kontrollen med uregulert fiske og fiskerikriminalitet. Vi vil òg ha betre kontroll på turistfisket og styrkje den seriøse delen av turistfiskenæringa. Vi meiner at det må leggjast til rette for at heile fisken skal brukast, og at også restråstoff har ein verdi. Vi vil stimulere til løysingar tilpassa det enkelte fartøy og fiskeri. Vi vil stramme inn regelverket for tråling for å forhindre negative konsekvensar for tare og korallar.

Vi vil leggje til rette for produksjon av proteinbasert laksefôr basert på lokale råvarer for å utnytte ressursane våre på ein meir effektiv måte.

Selfangst er i dag sterkt subsidiert, og produktet er primært pels og kosttilskot. Vi vil fjerne subsidiar til selfangst.

Korleis rustar vi oss for framtida?

Løysinga på dei fleste utfordringane vi står overfor, er kunnskap. Kunnskap gir folk større fridom til å kunne ta eigne val. Kunnskap jamnar ut sosiale forskjellar slik at alle får likare moglegheiter. Kunnskap skaper arbeidsplassar, nye produkt og tenester, og det løyser klimautfordringar og gjer at vi får bukt med pandemiar. Den beste måten å motarbeide utanforskap på er kunnskap, fordi kunn skap gir folk fleire verktøy til å bestemme over eiga framtid. I åra som kjem, vil konkurransen om arbeidsplassar bli hardare. Vi vil gi barna og barnebarna våre dei beste føresetnadene for å lykkast. Det krev meir fridom og kvalitet i alle stadia av utdanning og forsking. Meir fridom og mindre politisk styring av forskinga. Meir fridom for både elevar og lærarar.

Meir fridom og kvalitet i opplæringa

Barn skal ha fridom til å leike, lære og utvikle seg. Framtida deira skal ikkje definerast av bakgrunnen til foreldra, men av eigen vilje og kunnskap. Barn skal behandlast med respekt – både heime, på skulen og på leikeplassen.

Barn er individ med rettar og ansvar, og dei skal inkluderast og takast på alvor på alle arenaer. Fridom til å ta eigne avgjerder betyr òg at foreldre kan søkje om utsett skulestart for barnet sitt, gjennom ordninga med fleksibel skulestart.

Vi vil at barnehagen skal vere ein trygg arena for leik og læring. Han skal vere tilgjengeleg for alle, og barna skal erfare kva det betyr å respektere seg sjølv og andre.

Vi veit kor viktig det er for barn å få ein barnehageplass. Derfor vil vi innføre ein garanti slik at alle barn får tilbod om ein plass etter avslutta foreldrepermisjon. Då slepp foreldra å ta ut ubetalt permisjon eller finne andre overgangsløysingar.

Vi vil sikre mangfald i barnehagetilbodet. Det viktigaste for oss er at barna får eit godt barnehagetilbod, ikkje om det blir drive av private eller det offentlege. Samtidig er det viktig å bevare eit mangfald blant dei private barnehagane og sikre ei finansiering som gjer det mogleg å drifte små, uavhengige barnehagar også i framtida.

Vi vil endre dagens finansiering av barnehagar slik at dei kan tilby meir fleksible opningstider. Det vil vere eit viktig tilbod som gjer kvardagen litt enklare for yrkesgrupper som jobbar kvelds- og nattskift.

Vi har fått gjennomslag for gratis kjernetid i barnehagen for familiar med dårleg råd. No vil vi sørgje for gratis heildagsplass for familiar med dårleg råd, både i barnehage og SFO/AKS.

Det aller viktigaste når ein skal gi alle barn like moglegheiter, er å ha barnehagar av høg kvalitet. Då må vi sikre at det både er mange nok tilsette i barnehagane, og at det er fleire barnehagelærarar, fleire fagarbeidarar og fleire med andre utdanningar som er relevante. Pedagognorma som blei innført i 2018, bør evaluerast, og krava til utdanning bør skjerpast. Målet vårt er å auke andelen barnehagelærarar til over 50 prosent i løpet av neste stortingsperiode, og til opp mot 60 prosent dei neste ti åra. I tillegg vil vi arbeide for å rekruttere fleire mannlege barnehagelærarar. Barnehagelærarar og assistentar treng kontinuerleg kunnskapspåfyll. Vi vil gi både barnehagelærarar og assistentar tilbod om etter- og vidareutdanning og få fleire med mastergradsutdanning inn i barnehagane.

Vi vil at barn allereie i barnehagen skal lære om integritet og grensesetjing og om å setje ord på upassande åtferd. Vi vil òg at barna skal lære at det finst eit mangfald av seksuelle orienteringar, og at alle har rett til å vere seg sjølv.

Vi vil gi fleire fridommen til å bestemme over eigen kvardag. Alle barn har rett på relevant og motiverande undervisning i skulen.

For å utvikle skulen må vi ha kunnskap. Vi vil vidareutvikle dei nasjonale prøvane slik at dei både gir betre informasjon til skuleeigar og nasjonale myndigheiter og i større grad enn i dag kan fungere som læringsstøttande grunnlag for å tilpasse opplæringa til den enkelte elev. For å unngå unødvendig byråkrati og statleg styring bør ikkje det samla omfanget av nasjonale prøvar bli større enn det er i dag.

Det er ikkje alt i skulekvardagen som må bestemmast nasjonalt. Spørsmål om leksefri eller mobiltelefonbruk, til dømes, løyser ein best lokalt og på dei enkelte skulane.

Vi vil oppdatere eksamens- og vurderingsformer slik at dei i større grad speglar hovudprioriteringane i oppdateringa av alle læreplanar, den såkalla fagfornyinga. I tillegg vil vi at dei skal spegle dei arbeidsformene elevane kjem til å møte seinare i utdanning og arbeidsliv. Vi vil sikre skulane oppdatert utstyr og tidsriktige verktøy. Dessutan vil vi utvikle og utvide samarbeidet med relevante bransjar.

Dyktige lærarar er det viktigaste for å sikre opplæring av god kvalitet på alle skular i heile landet. Sjølv om vi har gjennomført eit stort løft for vidareutdanning av lærarar dei siste åra, tek norske lærarar framleis mindre etter- og vidareutdanning enn lærarar i andre land. Derfor treng vi eit nytt lærarløft i neste stortingsperiode.

Vi vil sjå fleire lærarar med ulik fagbakgrunn, og vi vil sikre at eleven har kvalifiserte lærarar i all undervisning. Vi vil gi fleire lærarar det kompetansepåfyllet dei treng, heilt frå barnehage- og grunnskulenivå til vidaregåande skule. Vi må halde fram med å stille høge krav både for å komme inn på lærarutdanninga og for å undervise på alle nivå i skulen.

Vi vil sikre openheit om fagkompetansen til lærarane ved kvar enkelt skule, og vi vil sørgje for at eksisterande fagkompetanse hos lærarar blir teken i bruk til beste for elevane.

Vi vil motverke fråfall frå læraryrket, mellom anna gjennom meir variert praksis i lærarutdanninga. Lærarstudentar bør få erfaring med alle delar av læraryrket gjennom skuleåret. Nyutdanna lærarar må òg få nødvendig oppfølging og rettleiing i starten av karrieren.

Vi vil ha minst 500 fleire helsesjukepleiarar dei neste fire åra. Samtidig vil vi opne opp for at fleire yrkesgrupper kjem inn i skulen. Det kan vere eit viktig bidrag til eit godt læringsmiljø for elevane og styrkje relasjonen mellom skule og heim. For at lærarane skal kunne fokusere på hovudoppgåva si, trengst det skuletilsette som bidreg på andre felt. Elevar og lærarar skal ha eit trygt miljø. Skuleeigaren må ha rutinar og varsling for å beskytte elevar og lærarar.

For elevar med behov utanom det vanlege er det aller viktigast at lærarane har kompetanse til å møte desse behova. Dette gjeld både elevar med lærevanskar og sosiale utfordringar og evnerike barn. Vi vil satse på meir kompetanse for lærarane for å inkludere desse barna i skulen. Derfor må tilpassa opplæring i praksis sterkare inn i lærarutdanninga, og vi må utvikle eit betre vidareutdanningstilbod.

Vi er ikkje flinke nok til å leggje til rette for elevar med høgt læringspotensial. Vi vil kartleggje utfordringane desse elevane opplever, og presisere retten deira til både tilpassa undervisning og spesialundervisning dersom dei har behov for det. Målet er at alle elevar skal møte utfordringar som er tilpassa sitt eige nivå, i kvart enkelt fag.

Vi har framleis ein stor jobb å gjere med å avbyråkratisere skulen. Vi vil gi læraren meir tid til primæroppgåvene undervisning, vurdering og førebuing, mellom anna gjennom meir tillitsbasert leiing, ansvarsreform og færre styringsnivå.

Vi vil gi elevane eit større utval av fag og gi dei fridom til å velje det som passar for dei. Kreativitet og fridom høyrer saman. Når elevane får meir fridom, må skulane òg få høve til å skreddarsy eit godt lokalt undervisningstilbod.

For at kreative, praktiske og estetiske fag skal få større plass i skulen, må elevane få høve til å ta fleire valfag. Vi vil utvide valfagtilbodet på ungdomsskulen og innføre valfagordninga på mellomtrinnet. Valfag gir elevane meir fridom i kvardagen, også i barneskulen.

Vi vil tilby eit anna framandspråk utover engelsk som valfag frå og med mellomtrinnet, fordi det er enklare å lære eit framandspråk i ung alder. Vi vil fjerne kravet om at 50 prosent av tida i religionsfaget i grunnskulen må brukast på kristendom. Staten skal ikkje favorisere visse livssyn. Derfor vil vi fjerne K-en i KRLE-faget. Vi vil òg ha slutt på deltaking i religiøse seremoniar i regi av den offentlege skulen.

Vi vil gi vidaregåandeelevar større valfridom. Elevane er meir motiverte i dei faga dei sjølve har valt.

Elevar er forskjellige og treng meir valfridom i kvardagen. Vi ønskjer færre timar til kjernefag for å gi meir tid til programfag, og vi vil innføre ei modulbasert fagvalsordning på vidaregåande skule. Ei modulbasert ordning vil gi friare val på tvers av fagområde og tradisjonelle studieløp. Samtidig vil vi sikre at det finst ein allmenndannande kjerne som er felles for alle studielinjer. Det vil òg opne for kombinasjonar med til dømes landslinjer, toppidrett og ulike yrkesfag. I tillegg vil vi gjere det lettare for den enkelte skulen å opprette eigne valfag.

Vi vil at elevar skal ha rett til å gjennomføre vidaregåande skule, slik at alle skal kunne fullføre den utdanninga dei har begynt på, og at det skal bli lettare å ta ny eller meir vidaregåande utdanning seinare i livet. Samtidig bør fleire skular tilby vekslingsmodellen. Det må bli lettare å kombinere praktisk arbeid og teori på yrkesfaglinjene, og alle elevar må få praktisk erfaring med faget sitt frå første trinn. Vi vil òg gjere det mogleg for yrkesfagelevar å ta fleire fagbrev.

Vi meiner vidare at det må finnast ulike løp med større fleksibilitet innanfor yrkesfag. Yrkessjåførkompetanse (YSK) og 1 + 3 år på yrkesfagleg utdanning må inn som faste element i den vidaregåande opplæringa. På same måte vil vi styrkje fagbrev for vaksne og samarbeidet med næringslivet.

Vi vil auke lærlingtilskotet, fjerne arbeidsgivaravgifta for lærlingar og auke rådgivingskompetansen til fylkeskommunane for opplæring og oppfølging av bedrifter som ønskjer å ta imot lærlingar.

Vi meiner at elevane sjølve skal bestemme kva skular dei kan søkje på. Derfor vil vi arbeide for fritt skuleval i heile landet, også på tvers av fylkesgrenser. Fråværsgrensene fungerer dårleg for dei elevane som slit mest. Vi vil fjerne den nasjonale fråværsgrensa i vidaregåande opplæring. Dersom fråværsgrensa blir vidareført, ønskjer vi å jobbe for å gjere henne meir fleksibel og for å gi læraren og skuleleiinga meir rom for å vise skjønn.

Vi meiner at det skal vere rom for fleire friskular i Noreg. Friskular med viktige fagtilbod eller ulike pedagogiske opplegg gir meir mangfald og valfridom for elevane. I tillegg gir det viktig inspirasjon, og det utgjer eit sterkt supplement til det offentlege skuleverket. Vi vil leggje til rette for at fylkeskommunar kan innføre tilbod til elevar som ønskjer å oppnå ein kombinasjon av studiekompetanse og fagopplæring.

Vi vil at prinsippet om tidleg innsats og forsterka opplæring òg skal gjelde i vidaregåande opplæring. Slik kan det bli lettare for elevar som ønskjer å ta imot eit slikt tilbod, å meistre og fullføre. Elevar med svak fagleg bakgrunn frå grunnskulen fell ofte frå i vidaregåande. Derfor vil vi ha ei ordning med frivillige innføringsfag, og vi ønskjer òg fleire tilbod i overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande for dei som har behov for det. Vi vil gi fylkeskommunane ansvaret for å leggje til rette for desentralisert høgare utdanning og etterutdanning tilpassa lokale behov. Det kan gjerne gjerast i samarbeid med dei vidaregåande skulane. Det må følgje nødvendige midlar med dette overførte ansvaret.

Vi vil førebu barn og unge for arbeidsmarknaden i framtida. Vi vil at alle barn og unge skal byggje digital kompetanse på skulen.

Vi vil bidra til auka kunnskap om kritisk medieforståing, kjeldekritikk og personvern gjennom skulen og tiltak for vaksne.

Vi vil ha ein skule som er framtidsretta og rustar elevane for ein digitalisert kvardag. Vi vil at alle elevar skal ha lik tilgang til digitale plattformer, nettbrett og berbare datamaskiner. Alle elevar skal tileigne seg grunnleggjande programmeringsferdigheiter.

Vi er opptekne av at digitale hjelpemiddel skal bidra til læring. Vi vil derfor auke den digitale kompetansen til lærarane. Vi manglar koordinert oppfølging av utsette barn. Derfor vil vi etablere møteplassar for fagfolk frå barnevern, skule, barnehage og kommune der dei kan jobbe med langsiktig oppfølging av desse barna. Vi vil òg innføre ein rett til barnekoordinator for familiar som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester.

Meir fridom i høgare utdanning

Forsking og høgare utdanning er avgjerande for å løyse klimakrisa, ta vare på naturen og bidra til berekraftig omstilling. Kunnskap er ein viktig føresetnad for å kunne leve eit trygt og godt liv i eit samfunn i stadig raskare endring.

Vi treng meir fri forsking og utdanningsinstitusjonar med stor fridom. Vi har tiltru til den enkelte forskaren og ønskjer oss sjølvstendige forskingsmiljø. Kunnskapen vi treng, blir best skapt gjennom å hegne om fridom, grunnforsking, konkurranse og sterkt internasjonalt samarbeid.

Vi vil at alle skal ha høve til å ta utdanning, og dette høvet skal vare livet ut og så langt som mogleg vere uavhengig av kvar du bur.

Vi vil auke studiestøtta til 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) og sikre ordningar som gir studielån til påfyll av kunnskap og kompetanseheving. Slik vil vi gi studentane ein tryggare økonomisk kvardag.

Studietida er eit naturleg tidspunkt for enkelte å få barn på. Vi vil leggje til rette for slike livsval i utforminga av økonomiske ordningar og gjennom tiltak ved utdanningsinstitusjonane og bustader for studentar med barn. For studentar med barn vil vi òg auke studiestøtta til 2G.

For at fleire skal ha høve til å ta utdanning, ønskjer vi å opne for at studentar som har opparbeidd seg retten til det, kan få dagpengar under studiet. For studentar som òg får støtte frå Lånekassen, vil vi at dagpengar blir rekna som ein del av inntektsgrunnlaget deira. Vi vil leggje til rette for at fleire kan ta vidareutdanning og få kunnskapspåfyll gjennom eit langt arbeidsliv. Fleire desentraliserte utdanningstilbod på alle nivå er heilt sentralt for å lykkast med å utvikle kunnskap, næringsutvikling og eit godt liv over heile landet. Vi vil òg gi småbedrifter skattefrådrag for å finansiere vidareutdanning for dei tilsette i bedrifta.

Vi vil styrkje fagskulane for å sikre den kompetansen vi treng i arbeidslivet. Vi vil sikre fleire studieplassar og meir stabil og samordna finansiering, slik at det blir mindre forskjellar i storleiken på skulepengar mellom dei ulike skulane.

Vi har vedteke ei kompetansereform for etter- og vidareutdanning. Vi vil endre finansieringssystemet for høgare utdanning slik at det blir lettare for universiteta og høgskulane å tilby kortare vidareutdanningsopplegg. Vi vil sikre praksisplassar til alle studentar som har krav på det, og sørgje for kompetente rettleiarar.

Vi vil auke støtta til bedrifter som tek inn lærlingar i vidare- og etterutdanning. For å kunne tilby gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning er vi avhengig av eit samarbeid med privat næringsliv. Vi vil ha fleire praksisavtalar på universiteta og høgskulane slik at fleire studentar får relevant erfaring i studietida, utan å miste studieprogresjonen.

Studentar er menneske i alle livsfasar. Vi vil gi dei større fridom i kvardagen.

Vi vil gi universiteta og høgskulane større fridom til å vektleggje ulike karakterar og opptaksformer. Søknadsprosessen til høgare utdanning er for standardisert og legg for stor vekt på karaktersnitt.

Vi vil senke maksimumsgrensa for tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning og fjerne tilleggspoeng for alder og kjønn. Det vil vi for å gjere det enklare for motiverte ungdommar å begynne tidleg å studere. Vi satsar på kvalitet og mangfald i universitets- og høgskulesektoren vår.

Vi vil følgje opp stortingsmeldinga om kvalitet i høgare utdanning. For oss er det særleg viktig at alle studentar skal møte kompetente forskarar og forelesarar.

Kvaliteten i universitets- og høgskulesektoren har gått opp dei siste tiåra. Reformer har både heva kvaliteten og auka talet på publikasjonar, men òg innskrenka fridommen institusjonane har til å styre og regulere eiga verksemd. Vi meiner at det er viktig å tryggje fridommen til institusjonane, og at denne ikkje kan innskrenkast ytterlegare.

Institusjonane må få meir rom og tillit til sjølve å finne dei beste løysingane for å forbetre studie- og forskingskvaliteten.

Vi ønskjer gode undervisarar ved universiteta og høgskulane. Vi vil gi dei fleire insentiv til å vektleggje undervisning og pedagogisk kompetanse ved tilsetjing av forskarar og forelesarar.

Fridommen til institusjonane er grunnleggjande for å sikre forskinga si frie stilling. Den frie forskinga er viktig for ny kunnskap og rekruttering. Dette blir sikra best med solide grunnløyvingar til universitet og høgskular. Vi vil at mest mogleg forsking skal finansierast gjennom frie løyvingar og opne forskingsprogram.

I dag får universiteta støtte mellom anna som følgje av publiserte vitskaplege artiklar. Vi vil leggje meir vekt på undervisningskvalitet.

Vi vil gjere høgare utdanning endå meir internasjonalt retta. Vi vil ha fleire norske studentar til utlandet og fleire utanlandske studentar til Noreg.

Alle studentar i Noreg, også utanlandske, skal få gratis utdanning. Alle norske studentar skal kunne ha høve til å dra minst eitt semester på utveksling i utlandet. Vi vil auke finansieringa av internasjonal nettverksbygging og utanlandsopphald for unge forskarar. Vi vil tiltrekkje oss fleire forskarar til Noreg. Akademisk fridom gjer det attraktivt å forske i Noreg og er med på å styrkje konkurransekrafta vår. Vi vil opne for meir arbeidsinnvandring frå land utanfor det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS). I tillegg vil vi innføre ei ordning med forskarvisum for å gi fleire akademikarar høve til å arbeide i Noreg.

I dag er det ei rekkje reglar som innskrenkar rettane til utanlandske studentar i Noreg. Vi vil gå igjennom regelverket for å gjere det enklare for utanlandske studentar som tek ein heil grad i Noreg, å dra på kortare utvekslingsopphald. Vi vil òg gjere det enklare å fullføre påbegynt utdanning frå andre land.

Vi vil gjere det enklare for utanlandske borgarar med utdanning frå eit norsk universitet eller ein norsk høgskule å jobbe i Noreg etter fullført grad. I dag er det altfor mange hinder som gjer at dette blir vanskeleg, og som fører til at studentane forlèt Noreg. Det må òg bli langt lettare å få godkjent utanlandske utdanningar i Noreg. Det bør vere lettare å studere i nordiske naboland enn kva det er i dag. Derfor vil vi innføre eit felles opptakssystem for universitet og høgskular i heile Norden.

Studentar er viktige i kampen for demokrati og menneskerettar. Derfor vil vi gjere Students at Risk til ei permanent ordning. Ho sikrar at studentar som møter hindringar på grunn av det politiske engasjementet sitt, kan fullføre utdanninga si i Noreg.

Vi vil satse på forsking og innovasjon.

Vi vil trappe opp statleg støtte til forsking med opp mot 3 prosent av statsbudsjettet. At målet er formulert som ein viss prosent av statsbudsjettet, gjer at vi kan auke løyvingane i økonomiske nedgangstider, til forskjell frå i dag, der vi berre kan bruke meir når økonomien elles er i vekst. Auka statlege bidrag til forsking må samsvare med auka støtte til forsking frå privat sektor.

Vi støttar opprettinga av fleire private stiftingar og fond for forsking, slik at spesielt unge forskarar får fleire finansieringskjelder. Vi vil at Noreg skal vere ein fullverdig deltakar i alle EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Aktiv deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid er avgjerande for å løyse felles utfordringar.

Klimakrisa er den største globale utfordringa vår, og vi vil at neste nasjonale langtidsplan for forsking og høgare utdanning skal kople Noregs klimautsleppsmål med norsk forsking og innovasjon.

Rapporten «Klimakur 2030» viser ei rekkje moglege løysingar for å få ned norske utslepp. Vi vil at Forskingsrådet skal følgje opp «Klimakur 2030» og peike på område der norsk forsking kan bidra til å redusere utslepp av klimagassar.

Kunnskap må gjerast så tilgjengeleg som mogleg for alle. Vi vil gi meir open tilgang til forskingsresultat. Slik kan både folk og bedrifter få tilgang på offentleg finansierte forskingsresultat. Det må òg leggjast til rette for forskingsmiddel knytte til norsk teiknspråk.

Det norske forskingsmiljøet i Antarktis er viktig, og Noreg har drive forskingsstasjonen «Troll» dei siste 15 åra. Vi vil no byggje ein ny forskingsstasjon som kan erstatte «Troll».

Forsking er ikkje berre til for forskingas eiga skuld. Forsking er ein føresetnad for innovasjon og for at vi skal kunne skape nye arbeidsplassar.

Vi vil sikre meir plass til innovasjon i statlege verksemder ved å i større grad inkludere innovasjon som krav i innkjøpsprosessar.

I Noreg er instituttsektoren ein viktig premissleverandør for kunnskapsproduksjon og innovasjon. Vi har utvida grunnstøtta til desse institutta og vil halde fram med å vere pådrivar for ein sterk instituttsektor.

Folkehøgskular gir alle nordmenn høve til å lære noko nytt om seg sjølv og samfunnet vi lever i.

Vi ønskjer å styrkje mangfaldet og støtte opp om etableringa av fleire folkehøgskular. Vi vil sikre at folkehøgskulane framleis skal vere attraktive, ved å vidareføre ordninga med to tilleggspoeng for fullført folkehøgskule. Vi meiner at folkehøgskular er eit godt alternativ også for ungdom under 18 år, og vil derfor utvide moglegheitene for denne aldersgruppa.

Vi vil leggje til rette for at folkehøgskular blir brukte i arbeid med å integrere einslege mindreårige, mellom anna som eit alternativ til asylmottak, og gi betre informasjon til minoritetsgrupper om folkehøgskular for å auke rekrutteringa frå denne gruppa.

Folkehøgskular er ein god måte å samle unge menneske med forskjellig bakgrunn på. Dei er ein viktig arena for inkludering, og vi vil derfor gjere tilbodet endå betre for menneske med funksjonsvariasjonar.

Korleis kan vi gi alle høve til å leve eit trygt liv?

Tryggleik er ein føresetnad for å kunne leve eit fritt liv slik ein sjølv ønskjer det. Tryggleiken i eit nært helsetilbod og ein rettfer dig rettsstat er grunnleggjande for alle innbyggjarar. Det finst òg grupper som er særleg utsette i møte med storsamfunnet. Anten det gjeld asylsøkjarar eller barn i sårbare omgivnader fortener dei den same tryggleiken i kvardagen som alle andre. For oss handlar tryggleik om høvet til å leve eit fritt liv.

Alle skal få ein trygg oppvekst

Vi vil at alle barn skal ha ein trygg oppvekst, beskytta mot vald og overgrep.

Det viktigaste vi kan gjere for å forhindre vald og overgrep, er å førebyggje og innhente kunnskap. Vi vil satse på førebygging og tidleg innsats ved å styrkje samarbeidet mellom heim, politi, skule, barnehage, barnevern, helsestasjonar og frivillige organisasjonar. Alle må jobbe saman for at vi skal oppnå gode resultat.

Altfor mange barn og unge opplever traumatiserande vald og overgrep. Slike traume hindrar mange i å fullføre utdanning og skaffe seg arbeid. Enkeltmenneske får ikkje brukt potensialet sitt i livet. Vi vil auke satsinga på og spreiinga av kunnskap om kva traume har å bety for gode oppvekstforhold. Systematisk arbeid med og kunnskap om traume må integrerast i alle institusjonar i samfunnet – alt frå barnevern og barnehagar til politi og skule.

Vi vil styrkje innsatsen for reproduktiv helse for unge.

Vi vil at barn og unge som er i sårbare livssituasjonar, skal sikrast rettstryggleik og bli møtte av eit barnevern med tid og rett kompetanse, forankra i respekt for dei barna og foreldra det gjeld.

Vi treng fleire foster- og adoptivforeldre. For å rekruttere foster- og adoptivforeldre må vi betre rettane deira og rettane til barna. Vi vil sikre reell likestilling mellom einslege og heterofile og skeive par og dessutan auke rekrutteringa blant minoritetar.

Retten til familieliv er ein grunnleggjande og gjensidig rett for barn og foreldre. Dersom barnevernet overtek omsorga for eit barn, må det leggjast til rette for nok samvær med biologiske foreldre så lenge dette ikkje er i strid med omsynet til barnets beste. Omsynet til barnets beste veg tyngre enn omsynet til foreldra ved interessemotsetningar.

Eit godt ettervern er viktig for å førebyggje framtidige problem, og vi vil derfor auke støtta til ettervern i barnevernet.

Dagens lovverk om seksuelle overgrep må oppdaterast for å innføre eit samtykkjeomgrep i valdtektslovgivinga.

Vi vil setje ned eit utval som skal gå igjennom hjelpetilbodet for personar som er utsette for valdtekt, og som i tillegg skal sjå nærmare på politietterforskinga av valdtektssaker.

Venstre vil fjerne minstestraffene og gi domstolane høve til å nyansere straffenivået ut frå omstenda i den konkrete saka.

Vi vil at sosiale støtteordningar skal gi barn fleire moglegheiter og betre føresetnader for å leve det livet dei ønskjer.

Det er i dag ei utfordring at kvaliteten på SFO/AKS varierer mykje frå kommune til kommune. Vi vil sikre jamn, høg kvalitet på tilbodet. SFO/ AKS skal stimulere til både leik og læring. Det er òg viktig at tilbodet gir barna eit godt kreativt, praktisk og estetisk tilbod. Meir samarbeid med kulturskule og ulike frivillige aktørar, som til dømes idrettslag og miljøorganisasjonar, er viktig for å heve kvaliteten på tilbodet.

Barnehagen er ein viktig arena for fellesskap og utvikling. Kontantstøtta inneber at fellesskapet bidreg med økonomisk stønad for at foreldra skal kunne halde barnet sitt borte frå barnehagen. Vi meiner at dette er feil prioritering av fellesskapsressursane, og vil avvikle kontantstøtta.

Vi vil auke og skattleggje barnetrygda. Slik sikrar vi at familiar med låg inntekt får meir enn dei gjer i dag. Vi vil sikre at barnetrygda blir halden utanfor grunnlaget for berekning av sosialhjelp, og fjerne høvet kommunane har til å redusere utbetalingane til familiar som får barnetrygd.

Rettferdig og human rettsstat

Det liberale demokratiet byggjer på ein sterk og uavhengig rettsstat. Rettsstaten skal sikre likskap for lova, tryggje rettsvernet for den enkelte og setje grenser for korleis staten utøver makt. Grunnsteinen i rettsstaten er uavhengige, upartiske og effektive domstolar. Påtalemakta speler òg ei sentral rolle i å sikre ein rettferdig og upartisk rettsstat. Vi vil derfor grunnlovsfeste den frie stillinga til påtalemakta.

Noreg har sterke demokratiske tradisjonar, men grunnlova vår må òg vere rusta for regnvêrsdagar. I dag er det inga uavhengig juridisk prøving av valklagar. Vi vil gi Høgsterett høve til å behandle klagar på Stortingets godkjenning av stortingsval.

Det er avgjerande at rettstryggleiken til mellom anna asylsøkjarar blir vareteken på ein god måte. Vi vil opprette ein ny forvaltingsdomstol som skal erstatte dei organa som i dag fattar tvangsvedtak i barnevernssaker eller er klageinstans i trygdesaker og utlendingssaker.

For å tydeleggjere domstolane si rolle som ei uavhengig statsmakt vil vi flytte kompetansen for utnemning av dommarar frå regjeringa til eit uavhengig organ der representantar frå regjeringa ikkje har fleirtal.

Politiet er samfunnets førstelinje i handheving av rettsstaten og demokratiet. Vi vil støtte politiet i denne rolla og gi dei eit klart forankra mandat.

Vi vil sikre innbyggjarane ein trygg kvardag ved å halde oppe bemanningsnorma med to politifolk per tusen innbyggjarar. Politirolla er ei anna i dag enn for nokre år sidan, og utviklinga i saker som overgrep på nett, miljøkriminalitet og økonomisk kriminalitet har gitt politiet nye utfordringar. Politiet må dermed kunne rekruttere kompetanse som gjer etaten rusta til å møte slik kriminalitet.

Vi meiner at generell væpning av politiet ikkje gjer tenestekvardagen deira noko tryggare, men at våpen skal vere tilgjengeleg i politibilane og skal kunne brukast i skarpe situasjonar.

Vi manglar i dag samisktalande politipersonell og vil derfor jobbe for å rekruttere blant samisktalande til politiutdanninga.

Styrken til eit liberalt demokrati kan målast i korleis vi behandlar dei som har gjort samfunnet skade. Eit liberalt svar balanserer straff og behandling, samtidig som det gir hjelp til offera.

Vi vil auke løyvingane til lågterskel rettshjelp, auke salærsatsen og utvide rettshjelpsordninga til fleire område, samtidig som vi aukar inntektsgrensa for fri rettshjelp. Alle skal ha likskap for lova.

Forliksrådet er grunnsteinen i det norske rettsvesenet. For å rekruttere breitt og byggje tilstrekkeleg kompetanse vil vi sikre at medlemmer av forliksrådet får dekt tapt arbeidsforteneste.

Alle innbyggjarar må få høve til å avklare om dei har ei reell juridisk sak og faktisk treng rettshjelp. Derfor vil vi opprette førstelinjetilbod som kan bidra til tidleg avklaring av rettshjelpsbehov.

Det er i dag for få som får godkjent søknaden sin om valdsoffererstatning. I tillegg er terskelen for å søkje for høg. Vi vil derfor utvide og forsterke ordninga.

Vi vil at straff og soning skal føre til at lovbrytarar kan rehabiliterast. Vi vil derfor etablere fleire overgangsbustader som gjer det lettare for domfelte å returnere til eit vanleg liv. Vi er opptekne av å ha eit soningstilbod som gir innsette gode føresetnader for å endre livet sitt. Vi vil forbetre det psykiske helsetilbodet og høvet til utdanning og omskulering, og vi vil sikre at kvinner som sonar, får like gode tilbod som det mannlege innsette får.

Heimesoning med fotlenkje kan vere eit godt rehabiliterande alternativ for fleire straffedømde. Derfor ønskjer vi å auke bruken av fotlenkjesoning som alternativ til andre soningsformer.

Isolasjon er av og til nødvendig, men mest av alt skadeleg for dei innsette. Derfor ønskjer vi å redusere bruken av isolasjon i norske fengsel, slik at innsette kan komme vidare med rehabilitering.

Glattcelle blir brukt for mykje. Vi vil redusere høvet politiet har til å bruke glattcelle, ved å heve terskelen og redusere talet på timar folk kan bli haldne på slike celler.

Lova skal i første instans beskytte offer for lovbrot. Derfor vil vi i større grad ta i bruk omvend valdsalarm, slik at ansvaret blir lagt på valdsutøvaren heller enn på offeret.

Vi vil lovfeste at innsette i fengsel som hovudregel ikkje kan haldast innelåste på cella meir enn tolv timar per dag. Unntak frå denne regelen må gjerast etter vedtak på førehandsgitte kriterium.

Rusavhengige lovbrytarar treng behandling for å kvitte seg med avhengnaden. Derfor vil vi utvide narkotikaprogrammet med domstolskontroll som eit alternativ til soning i fengsel. Slik får fleire rusavhengige tilbod om behandling i staden for straff.

Færre kvinnelege straffedømde gjer at det er færre fengsel der kvinner kan sone blant andre kvinner. Derfor vil vi opprette eit meir desentralisert soningsopplegg for kvinner i heile landet og betre soningsforholda for kvinner.

Barn og ungdom skal ikkje sone saman med vaksne. Det er fastsett i FNs barnekonvensjon. Vi vil derfor bruke ungdomsstraff der det er mogleg, men òg etablere eit tilstrekkeleg antal ungdomseiningar ved norske fengsel.

Vi vil at alle skal bli behandla med respekt og forståing i møte med politiet.

Sexarbeidarar har for svakt rettsvern. Vi vil fjerne sexkjøpslova og endre hallikparagrafen for å gi sexarbeidarane ein tryggare kvardag.

Vi vil fjerne høvet til å innføre lokale eller nasjonale tiggarforbod. Retten til å be om pengar kan ikkje avskaffast.

Forbruksgjelda har auka formidabelt dei seinare åra, med brutale konsekvensar for dei mest sårbare hushalda, ikkje minst dei med barn. Vi vil innføre eit tak for forbrukslånsrenter og forby aggressiv marknadsføring av forbrukslån.

Fridom og tryggleik i nære helsetilbod

Retten til eit trygt og nært helsetilbod av god kvalitet er viktig for at alle skal ha fridom til å delta i samfunnet. Alle har ansvar for si eiga helse. Dessverre er det ikkje alle som har ressursane eller kunnskapen til å ta bevisste val på eigne premissar. Vi vil gi alle høve til å ta meir styring over sitt eige liv.

Når vi førebyggjer sjukdom, reddar vi både liv og sparer fellesskapet for store tap. Førebyggjande helsearbeid er derfor kjernen i helsepolitikken vår. Det er viktig at offentleg, privat og ideell sektor fungerer saman, for at ein skal kunne gi eit godt helsetilbod. Oppnår vi det, gir vi fleire høve til å leve livet på eigne vilkår.

Noreg treng betre førebygging mot overvekt og fedme. Vi ønskjer å gjennomgå og oppdatere kosthaldsråda og matmerkinga basert på den nyaste kunnskapen. Eit meir klimavennleg kosthald er òg eit sunnare kosthald, og informasjonen retta mot forbrukarar må ta omsyn til klimaavtrykk og berekraft. Vi vil bruke avgiftssystemet til å fremje sunne og klimavennlege matvarer. Vi vil gi alle betre tilgang på gode og nære helsetenester.

Ein kompetent fastlege som følgjer pasientane over tid, er det beste for pasienten. Det må sikrast god tilgang på fastlegar i heile landet. I dag er det gratis å gå til fastlegen for personar under 16 år. Vi vil utvide dette tilbodet til 18 år, slik at vi reduserer talet på unge som vegrar seg for å gå til legen fordi dei ikkje har eiga inntekt.

Vi vil at helsetenester skal vere så nær pasienten som mogleg. Derfor vil vi jobbe for eit medisinsk forsvarleg desentralisert akuttilbod innanfor indremedisin, generell kirurgi, ortopedi og fødetenester. Avstandar og reisetid må leggjast til grunn for spesialisthelsetenesta sitt føde- og akuttilbod.

Når vi investerer i nye sjukehus, må det bidra til eit betre helsetilbod, og det må stå i samsvar med befolkningsvekst og behov. Kostnadene ved eventuell nybygging må òg haldast under kontroll. Planane for Oslo universitetssykehus er eit døme på det motsette. Vi vil derfor stille krav om ei ny utgreiing av bevaring og utbygging av Ullevål sykehus før ei eventuell utviding på tomta til Rikshospitalet.

Vi må sørgje for gode tannhelsetenester. Vi må førebyggje dårleg tannhelse og gi støtte til nødvendig behandling. Menneske med sårbar økonomi må få støtte til tannbehandling.

Rusavhengnad heng tett saman med fysisk og psykisk helse. Vi vil arbeide for eit tilbod med betre samarbeid på tvers av fag og tenestetilbydar.

Kvinner over heile landet må sikrast gode og trygge fødetilbod og reelle valmoglegheiter med omsyn til korleis dei ønskjer å føde. Det må utdannast fleire jordmødrer og gynekologar, og fødande må sikrast medisinsk oppfølging under transport til fødeavdelinga. Avstand og reisetid må vektleggjast sterkare når ein skal organisere fødetilbodet i Distrikts-Noreg.

Helsetenester før og etter fødslar, liggjetida og jordmortenesta på barselavdelingar må styrkjast og prioriterast. Vi vil at pasienten skal oppleve møtet med helsetenesta som éi teneste, uavhengig av kven som leverer og betaler for henne. Derfor må sjukehus og kommunale helsetenester samarbeide tettare. Vi vil gi kommunen ei større rolle i helsefellesskapa, som er møteplassar mellom kommunane og sjukehusa. Vi vil sikre lokalt forankra leiing ved alle sjukehusa i landet.

Pasientar med lang reiseveg til behandling skal få tilbod om det raskaste reisealternativet heim.

Den samla detaljstyringa av sjukehusa tek opp ressursar som kunne vore nytta på ein betre måte. Det er nødvendig med ein brei gjennomgang av arbeidsprosessar og målstyring i sjukehusa for å få til ei betre og meir tilpassa arbeidsdeling til beste for pasientane.

Helserehabilitering er viktig for å kunne delta i samfunnet igjen. Vi må halde oppe tilbodet om spesialisert rehabilitering, samtidig som vi vidareutviklar det eksisterande rehabiliteringstilbodet i kommunen. Vi vil styrkje ettervernet i kommunen med eit breiare, brukarstyrt tilbod.

Psykisk og fysisk helse heng saman og må likestillast.

Vi må trappe opp arbeidet med psykisk helse. Psykiske plager er like reelle som fysiske plager, og vi må sikre at ein større del av helsebudsjetta blir brukte på psykisk helsetilbod.

Vi anerkjenner at enkelte vil ha behov for livslang eller langvarig oppfølging for dei psykiske helseutfordringane sine, på same måte som kronikarar i somatikken har det.

God behandling av psykisk sjukdom krev brukarmedverknad og behandlingsopplegg tilpassa den enkelte. Derfor vil vi gå vekk frå bruk av pakkeforløp innanfor psykisk sjukdom, men behalde behandlingsfristar og rettar for pasientane.

Vald og overgrep fører til angst, depresjonar og psykiske lidingar. Derfor prioriterer vi å finansiere opptrappingsplanen for den psykiske helsa til barn og unge og opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn.

Overgangen til vaksenlivet gjer oss sårbare. Derfor vil vi byggje ut både førebyggjande og behandlande tilbod til ungdom og studentar.

Skal vi få ned sjølvmordstala i Noreg, må førebygging og oppfølging starte tidleg. Vi vil etablere programmet Youth Aware of Mental Health i Noreg, først som ei prøveordning og på sikt som eit tilbod til alle elevar på ungdomstrinnet.

Vi vil minimere bruken av tvang innanfor psykisk helsevern. Samtidig anerkjenner vi at personar med alvorlege psykiske lidingar har eit særskilt behov for beskyttelse i kritiske sjukdomsperiodar, og vi vil leggje til rette for at behovet for beskyttelse blir vareteke. Vi er opptekne av å finne løysingar der pasienten i størst mogleg grad er med på å bestemme behandlingsforma.

For nokre av dei sjukaste pasientane kan det vere behov for eit langvarig eller livslangt heildøgns omsorgstilbod med tett medisinsk-psykiatrisk oppfølging. Vi vil byggje ut fleire slike plassar.

Rettsvernet til pasientar under tvunge psykisk helsevern må styrkjast, slik at ein jamleg får eit reelt høve til fagleg overprøving av bruken av tvang.

Psykisk helse må prioriterast innanfor førstelinjetenesta, og hjelpa må gjerast meir tilgjengeleg. Det må bli lettare å få hjelp utan å måtte stå på venteliste i mange månader. Vi ønskjer å auke kompetansen til legevakttenesta innanfor psykiatri og samtidig få fleire behandlingsplassar, ikkje minst for å førebyggje sjølvmord. Dei som har dei mest alvorlege utfordringane, må prioriterast høgare. For denne gruppa bør det vere eigne, statleg finansierte bu- og behandlingstilbod.

Vi vil styrkje tryggleiken til personale i kommunal rusteneste og psykisk helseteneste. Veteranar som har tenestegjort, møter altfor ofte utfordringar når dei kjem heim, både fysisk og psykisk. Vi vil styrkje tilbodet helsevesenet har til denne gruppa, som har heilt spesielle behov. Vi vil sikre retten veteranane har til å klage, gjennom å utvide ombodsordninga til Forsvaret.

Vi ser på forsking, innovasjon og bioteknologi som nøklar til framsteg.

Mobile helseløysingar, som helseappar, måleinstrument og sjølvtestar, styrkjer helsetilbodet. Vi vil leggje til rette for å bruke slike appar i samband med opptrening og rehabilitering heime. Slike løysingar må vareta personvernet på ein god måte.

I dag lever kvinner lenger enn menn, men opplever samtidig meir sjukdom. Vi har framleis mangelfull medisinsk kunnskap om kvinners helse. Vi vil løyve meir til forsking på kvinnehelse. Vi er opptekne av å sikre ei lik og rettferdig behandling av alle kjønn i helsevesenet.

Vi vil ta i bruk dei moglegheitene teknologien gir oss. Medisinsk forsking gir oss nye behandlingsalternativ, og vi vil derfor sikre ei moderne og liberal bioteknologilov. Vi vil tillate at genterapi blir brukt til å førebyggje og behandle mindre alvorlege sjukdommar, dersom behandlingsrisikoen er låg. Vi vil òg at genterapi berre skal brukast til å løyse sjukdomsutfordringar.

Eit barn kan knyte seg til omsorgspersonane sine på mange måtar. Felles gen er ikkje avgjerande. Vi vil derfor opne for at infertile kvinner eller par skal kunne få barn ved samtidig egg- og sæddonasjon (embryodonasjon). Vi vil tillate regulert altruistisk surrogati i Noreg og sørgje for juridisk beskyttelse av barn fødde av surrogatmor i utlandet. Vi vil òg etablere klare rettar for surrogatmor.

Alle barn treng foreldre. Vi vil doble adopsjonsstøtta og sikre adoptivforeldre dei same permisjonsrettane som dei som føder eigne barn.

Vi vil leggje godt til rette for trygg svangerskapsomsorg og gå igjennom kriteria for fosterdiagnostikk for å avdekkje alvorleg arveleg sjukdom og utviklingsavvik. Vi vil senke terskelen for kven som kan nytte seg av genetiske undersøkingar av befrukta egg. I tillegg vil vi tillate å lagre eggstokkvev, egg og sæd på ikkje-medisinsk grunnlag, så lenge det er brukaren som betaler.

Retten til sjølvbestemt abort er ein viktig og hardt tilkjempa rett. Det er kvinna som skal bestemme om ho vil bere fram barn. Derfor vil vi utvide den sjølvbestemte retten til abort til veke 18 og avvikle abortnemndene. Vi vil sikre tilgang til god rådgiving og oppfølging. Samtidig er denne retten under konstant press i fleire delar av verda. Vi vil derfor at retten til sjølvbestemt abort skal inkluderast i retten til å bestemme over eigen kropp og anerkjennast som ein menneskerett.

Rusavhengnad skal alltid møtast med omsorg, behandling og verdigheit.

Liberal rusomsorg tek utgangspunkt i situasjonen til den enkelte rusavhengige. Vi må gjere vegen deira til hjelpeapparatet så kort som mogleg. Derfor meiner vi at avkriminalisering for innehav av mindre mengder narkotika til eige forbruk er viktig. Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) må vidareførast, men ordninga må i større grad skje på brukarane sine premissar, og det må tillatast fleire medikament.

Prøveordninga med heroinassistert behandling (HAB) må utvidast til fleire byar og gjerast permanent som eit tilbod for dei tyngste rusavhengige. Vi vil tilby alvorleg rusavhengige kvinner gratis langtidsverkande prevensjon. Vi vil òg følgje opp avkriminalisering med ein opptrappingsplan som gir auka kompetanse og bemanning i primærhelsetenesta. Han bør dels vere øyremerkt og dels søkbar for kommunane. Alle må sikrast eit tilbod om rusbehandling seinast 24 timar etter avrusing.

Forbod fører til at lettare stoff blir lett tilgjengelege og er ein døropnar inn i kriminelle miljø og til tyngre narkotiske stoff. Vi vil derfor redusere skadeverknadene gjennom streng regulering og helsehjelp, ikkje forbod og stigmatisering. Når det gjeld cannabis, meiner vi at det ligg føre nok internasjonal kunnskap og erfaringar frå andre land til at vi kan seie at fordelane for samfunnet ved ei regulert omsetning synest å vege opp for ulempene. Vi vil satse meir på førebyggjande arbeid og informasjonskampanjar retta mot ungdom for å redusere bruken av narkotiske stoff.

Vi vil gi barn og unge betre seksualitetsundervisning

I ein kultur prega av likestilling blir alle menneske respekterte og kan føle seg trygge uavhengig av mellom anna kjønn, seksuell orientering og funksjonsvariasjon. Fridommen til å uttrykkje seksuell identitet og kjønnsuttrykk og leve ut den seksuelle orienteringa si er eit kvalitetsteikn ved eit liberalt samfunn. Vi vil ha ei brei tilnærming til seksualitetsopplæring slik at barn og unge opplever skulen som ein trygg arena for å lære om kropp og helse, integritet og grensesetjing, lyst og mangfald.

Vi vil gi eldre meir fridom og tryggleik.

Dei aller fleste ønskjer å bu heime så lenge som mogleg, og det vil vi leggje til rette for mellom anna gjennom auka utvikling og bruk av velferdsteknologi. I møte med eldrebølgja vil vi auke talet på studieplassar i sjukepleiarutdanninga og etablere fleire omsorgsbustader og bufellesskap for eldre og sjuke.

Det skal sikrast eit godt teiknspråkleg sjukeheimstilbod for eldre som ønskjer det.

Vi vil støtte opp om nye, varierte buformer som legg opp til sosialt fellesskap og aktivitet i kvardagen. Vi vil satse på heimetrening, og vi vil at alle som ønskjer det, skal ha eit eige rom på sjukeheim. Der personar med behov for helsehjelp har lyst å bu saman, vil vi leggje til rette for det.

Vi ønskjer private tilbydarar av omsorg velkommen. Det betyr større valfridom for den enkelte og bidreg til å vidareutvikle sosialt entreprenørskap og innovative løysingar som kjem heile samfunnet til gode. Eldrereforma «Leve heile livet» gir eldre større fridom og sjølvbestemming i kvardagen. Vi vil derfor vidareføre denne. Alle skal føle seg trygge ved livets slutt, ha ei hand å halde i og bli behandla av fagfolk med spesialkompetanse, uansett om ein vel å døy heime eller på sjukehus. Vi vil styrkje dei palliative tenestene for alle aldersgrupper.

Fridom stoppar ikkje ved Noregs landegrenser

Aldri før har fleire menneske i verda vore på flukt frå krig, klimaforandringar, nød og elende. Menneskerettane tek ikkje slutt ved landegrensene, og vi meiner at alle menneske på flukt har rett til beskyttelse.

Vi skal bidra med hjelp i nærområda der mange er på flukt, vi skal ta imot kvoteflyktningar som blir fordelte gjennom FN, og vi skal sørgje for at dei som søkjer asyl i Noreg, blir behandla på ein human måte. Vi vil at klimaflyktningar skal anerkjennast som flyktningar.

Noreg støttar europeisk samarbeid og koordinering av flyktning- og asylpolitikken. Noreg bør ta eit større ansvar for folk som kjem til Europa, basert på folketal, økonomisk evne og kapasiteten norske kommunar har til å ta imot og integrere dei som får innvilga asylsøknadene sine basert på eit reelt behov for beskyttelse.

Vi vil at Noreg skal ta ein større del av ansvaret for folk på flukt. Derfor vil vi ta imot fleire kvoteflyktningar. Vi meiner at Noreg bør ta imot minst så mange kvoteflyktningar som FN ber oss om.

Dei som kjem til Noreg, skal få asylsøknadene sine behandla på ein skikkeleg måte og innan rimeleg tid. Dei som har behov for beskyttelse, skal få opphald. Samtidig skal dei som ikkje har noko slikt behov, raskt returnerast.

Vi vil at folk som har rett på beskyttelse, raskt skal integrerast i det norske samfunnet. Det er uheldig for integreringa at flyktningar må ha mellombels opphaldsløyve i lang tid for å få permanent opphaldsløyve. Derfor vil vi redusere perioden med mellombels løyve og heller gi tryggleik til folk på flukt. Vi vil føre ein liberal og human asyl- og innvandringspolitikk som tek vare på dei som har behov for beskyttelse.

Flyktningspørsmål blir løyste på best måte gjennom internasjonalt samarbeid. FNs rolle er avgjerande. Vi vil bidra til å styrkje stillinga til FNs høgkommissær for flyktningar og bidra til aksept rundt tilrådingane som kjem derfrå. Derfor vil vi at Noreg skal liggje i forkant og som ein hovudregel leggje seg på den linja som høgkommissæren har føreskrive.

Vi meiner at det er uansvarleg å sende menneske tilbake til land der dei risikerer å bli utsette for krig, dødsstraff, tortur, forfølging eller anna umenneskeleg og nedverdigande behandling.

Vi vil ikkje at flyktningar skal returnerast til krigsherja land og område. Derfor vil vi gjeninnføre rimelegheitsvilkåret, som hindrar slike asylreturar.

Mange land er så prega av svake offentlege institusjonar eller svært høge tal på personar som kjem til landet, at dei ikkje maktar å behandle alle asylsøknadene. Vi vil ikkje at flyktningar skal sendast tilbake til slike land.

Barn er spesielt sårbare, og barn på flukt har eit særskilt behov for beskyttelse. Det er grunnen til at vi alltid set barnas beste først i asylspørsmål.

Når asylsøknader blir behandla, skal barnas beste alltid vege tyngst. Derfor vil vi gi permanent opphald til barn med reelt behov for beskyttelse som flyktar åleine til Noreg. Vi vil at barnevernet skal ta omsorgsansvaret for dei barna det gjeld, inkludert aldersgruppa 15–18 år, som i dag kjem under omsorgsansvaret til utlendingsmyndigheitene.

Barn skal ikkje betale prisen for foreldra sine handlingar. Vi vil kjempe for at lengeverande asylbarn skal få bli i landet, sjølv om foreldra har oppgitt feil informasjon på asylintervju. Alle barn har rett til ei utdanning, uansett kva slags opphaldsstatus dei har. Derfor vil vi sørgje for at alle barn og unge i Noreg har rett til barnehage, grunnskule og vidaregåande utdanning.

I dag blir utvising brukt i altfor mange straffesaker der omsynet til barnas beste tilseier noko anna. Derfor vil vi vurdere om det er andre straffeformer som heller kan brukast, slik at barnas beste ikkje blir svekt.

Menneske på flukt skal òg sikrast grunnleggjande rettar i Noreg. I møte med offentlege myndigheiter skal sårbare menneske bli møtte med respekt og forståing.

Alle skal ha fridom til å bu og leve med familien sin, så sant det er mogleg. Derfor vil vi gjere det enklare å søkje om å få innvilga familiegjenforeining. I dag er det òg ein frist for når flyktningar kan søkje om familiegjenforeining utan å måtte betale eit omfattande gebyr. Vi vil redusere dette gebyret kraftig, slik at fleire kan gjenforeinast med familiemedlemmene sine.

Grunnføresetnadene for å kunne bidra til samfunnet er arbeid og god helse. Papirlause emigrantar bør derfor få arbeidsløyve og rett til grunnleggjande helsehjelp, slik alle andre grupper i Noreg har.

I dag kan mellombelse opphaldsløyve trekkjast tilbake dersom forholda endrar seg i heimlandet til asylsøkjaren. FN rapporterer jamleg om kva land som kan vurderast som trygge for retur. Vi vil endre denne praksisen slik at eit opphaldsløyve ikkje kan trekkjast på bakgrunn av slike endringar. Det vil gjere det meir føreseieleg og trygt for ei utsett gruppe.

Korleis gir vi alle fridommen til å delta i samfunnet?

Arbeidsplass, skule og høgare utdanning er viktige arenaer der menneske lever ut draumane og ambisjonane sine. Men så lenge enkelte grupper blir ståande utanfor samfunnet, hjelper det lite om dei har formell tilgang på arbeidsmarknaden og utdanningssys temet. Vi vil gi alle fridom til å delta i samfunnet vårt på lik linje. Det gjeld anten du lever med ein funksjonsvariasjon, tilhøyrer ei minori tetsgruppe, har låg inntekt, er rusavhengig eller er asylsøkjar.

Utan tilgang på kultur og idrett blir livet fattig. Utan reelle mogleg heiter til å vere med på å utforme politiske avgjerder er fridommen avgrensa. Vi vil at alle skal ha fridom til å delta på lik linje.

Ein meir fleksibel arbeidsmarknad som gir alle ein sjanse

Arbeid gir oss økonomisk fridom og høve til å utvikle oss som menneske og medborgarar. Vi bidreg til fellesskapet, til eigen og andres velstand. Vi lærer nye ting og blir kjende med nye menneske. Eiga inntekt gir oss fridom til å leve det livet vi sjølv ønskjer.

Vi vil at flest mogleg skal få ta del i arbeidslivet. Vi vil byggje eit system som gir tryggleik og fleksibilitet i kvardagen. Arbeidsmarknaden og arbeidskvardagen endrar seg. Delingsøkonomien gjer at vi får fleire oppdragsgivarar og ein meir fleksibel arbeidsdag. Det er fint, men krevjande for somme. Vi treng eit system som gir rom for løysingar som i større grad er skreddarsydde for den enkelte. Samtidig har tryggleik i arbeidslivet ein viktig eigenverdi.

Vi vil gi fleire høve til å få fast stilling. Vi vil ha meir fleksibilitet, men utan at det går ut over den tryggleiken mange finn i faste stillingar.

Vi vil jobbe for å redusere ufrivillig deltidsarbeid og for at dei som ønskjer heile stillingar, skal få det. Vi vil vurdere ei oppmjuking av reglane i arbeidsmiljølova som gir rom for fleksibilitet, men sikre og forsterke arbeidstidsføresegner som støttar opp om heile, faste stillingar. Vi vil òg gi menneske som ønskjer å jobbe meir intensivt over ein avgrensa periode, høve til å gjere dette.

Vi vil stramme inn på kor lenge det er mogleg å vere mellombels tilsett i staten. Staten er meir stabil enn privat sektor, men det er ei utfordring at altfor mange går ufrivillig og lenge i mellombelse stillingar.

Arbeidslivskriminalitet stel frå fellesskapet og skaper meir utryggleik for vanlege arbeidstakarar. Vi vil at alt arbeid skal skje innanfor klart definerte lovlege rammer.

Vi har etablert nye senter for å motarbeide arbeidslivskriminalitet. Vi vil styrkje dei slik at misbruk og kriminelle handlingar kan avdekkjast tidlegare.

Mangel på informasjon er framleis ei stor utfordring i møte med arbeidslivskriminalitet og sosial dumping. Forbrukarane må få meir informasjon slik at dei kan unngå å engasjere useriøse aktørar som bryt norske arbeidsvilkår.

For at eit seriøst arbeidsliv skal fungere, treng vi varslarar. Vi vil gjere det så enkelt og sikkert som mogleg for varslarar å stå fram om lovstridige eller uetiske forhold i arbeidslivet. Vi vil endre arbeidsmiljølova for å styrkje stillinga til varslaren.

Gode resultat oppstår i samarbeid mellom fleire partar. Vi vil at konfliktnivået i norsk arbeidsliv skal vere lågt.

Venstre var initiativtakar til hovudavtalen, som seinare utvikla seg til det moderne trepartssamarbeidet. Trepartssamarbeidet mellom stat, arbeidsgivar og arbeidstakar er hovudgrunnen til at vi har eit lågare konfliktnivå om lønnsforhandlingar og andre arbeidsvilkår i Noreg enn i andre land.

Vi set organisasjonsfridommen høgt og vil verne om han. Det er positivt at arbeidstakarar og arbeidsgivarar organiserer seg for å styrkje eigne interesser og samarbeider for å løyse samfunnsutfordringar. Vi støttar opp om løysingar som dei tre partane er einige om, som eit godt alternativ til offentleg regulering og kontroll. Vi meiner at organisasjonsfridom er avgjerande, og er opptekne av at arbeidstakarar skal kunne organisere seg der dei føler seg mest heime. Samtidig vil vi sikre grunnleggjande rettar for alle i yrkeslivet – òg for dei som ikkje er fagorganiserte.

For å støtte dei som vel å organisere seg, vil vi vidareføre fagforeiningsfrådraget.

Ny teknologi gir oss mange nye moglegheiter og arbeidsformer. Det reduserer kostnader og gir oss fleire nye produkt og tenester. Det gjer det enklare å kople saman arbeidstakarar, arbeidsgivarar, tenester og varer. Det gjer livet vårt enklare og mangfaldet større. Vi er positive til ein velregulert delingsøkonomi.

Dei sosiale rettane i arbeidslivet er ikkje like omfattande for sjølvstendig næringsdrivande og enkeltpersonføretak som for vanlege arbeidstakarar. Koronapandemien viste oss at behovet for tryggleik eksisterer i alle grupper. Vi vil sikre permanente inntektssikringsordningar for sjølvstendig næringsdrivande og setje ned eit utval som skal gå igjennom dei sosiale rettane for sjølvstendig næringsdrivande og komme med forslag til større grad av likebehandling.

Teknologien gjer det mogleg for stadig fleire å jobbe heimanfrå. Vi vil leggje til rette for meir frivillig bruk av heimekontor og ein meir fleksibel arbeidsdag for dei som ønskjer det. Koronapandemien har framskunda ei utvikling der skiljet mellom arbeidstid og fritid vil bli mindre tydeleg, og der bruk av heimekontor vil bli ei meir eller mindre varig løysing for mange arbeidstakarar. Dagens arbeidsmiljølov er svært lite tilpassa ein slik arbeidsmarknad. Vi vil derfor setje ned eit offentleg utval som skal foreslå endringar i arbeidsmiljølova som sikrar både rettane til arbeidstakarane i ei ny tid og auka fleksibilitet for arbeidsgivarar knytt til krav på arbeidsplassen.

Det viktigaste velferdstiltaket er å gi fleire høve til å delta i arbeidslivet. Vi vil ha eit arbeidsliv som er fleksibelt nok til å passe for folk med ulike føresetnader. Vi vil vidareføre uførereforma slik at den graderte uføretrygda gjer det enklare å kombinere deltidsarbeid med uføretrygd. Tanken med det er å gi uføretrygda høve til å jobbe ut frå dei føresetnadene dei har. Graderinga må vere fleksibel, slik at det er mogleg å prøve både ein høgare og ein lågare grad av arbeid ein periode.

Vi vil gjere det enklare for unge å komme inn i arbeidslivet igjen ved arbeidsløyse. Vi vil derfor vurdere om det offentlege skal gi lønnstilskot til bedrifter som tilset unge arbeidsledige.

Vi vil redusere talet på unge som får arbeidsavklaringspengar. Vi vil derfor prioritere fleire arbeidsretta tiltak i NAV for denne gruppa. Dei skal få tettare og betre oppfølging for å komme seg raskt tilbake til arbeidslivet.

Vi ønskjer ein kvardag der alle skal få lik behandling i møte med NAV. Vi treng betre overgang mellom sjukepengar og arbeidsavklaring. Vi ønskjer derfor at langtidssjukmelde skal begynne med ein aktivitetsplan. Slik sikrar vi at oppfølging gjennom sjukmeldingsperioden kan bli ein start på arbeidsavklaringsperioden.

Mange einslege som får uføretrygd, arbeidsavklaringspengar eller andre ytingar frå folketrygda, lever under fattigdomsgrensa. Vi vil derfor auke nivået på minsteytingane for einslege.

Vi ønskjer å sjå på ulike løysingar knytte til borgarlønn eller minstelønn, og er positive til forsøk i utvalde kommunar med éin eller fleire variantar av borgarlønn. Den framtidige arbeidsmarknaden krev heilt nye løysingar, og debatten om ulike moglegheiter må begynne no.

Alle skal kunne delta etter evne. Arbeidslivet er for alle.

Venstre innførte tredelt foreldrepermisjon for å sikre større grad av likestilling mellom foreldra. Vi vil vidareføre denne ordninga slik at begge foreldra får 15 veker permisjon kvar, mens 16 veker blir fordelte fritt.

Retten til foreldrepermisjon skal vere individuell, og derfor vil vi at far skal få sjølvstendig uttaksrett til farspermisjon og adopsjonspermisjon. Vi ønskjer å greie ut eit alternativ der «sjukt barn-dagar» blir gjort til «sjukt barn-timar», for å auke fleksibiliteten og likestillinga i familiekvardagen.

Det offentlege har ei viktig rolle når det gjeld å sikre at personar med funksjonsvariasjonar eller hòl i CV-en blir inkluderte. Vi vil gi fleire med funksjonsvariasjonar høve til å jobbe.

Vi treng både kvinner og menn i alle bransjar og stillingar. Derfor vil vi halde fram med å endre norske stillingstitlar slik at dei blir mest mogleg kjønnsnøytrale.

Vi blir alle eldre, og i dag lever vi lenger og held oss friskare enn generasjonane før oss. Det finst mange måtar eldre kan bidra til samfunnet på, og vi vil at dei skal ha høve til å gjere det.

Stadig fleire ønskjer å jobbe etter at dei har nådd pensjonsalderen. Det er positivt, men samtidig må avgrensingane i trygdesystemet knytte til mellom anna aldersgrense i sjukelønnsordninga og opptening til alderspensjon opphevast, slik at eldre arbeidstakarar ikkje mistar rettar ved å stå lenge i jobb.

Pensjonsreforma har lagt opp til at pensjonsalderen blir heva i takt med auka forventa levealder. Vi vil vidareføre reforma slik at folk kan stå lenger i arbeidslivet. Samtidig er det viktig at det blir stimulert til privat pensjonssparing, og at ordningane knytte til obligatorisk tenestepensjon (OTP) blir styrkte. Vi vil derfor innføre rett til å tene opp pensjon frå første krone både i offentleg og privat sektor og gradvis auke minste innskotsprosent i føretakspensjonsordningane til 4 prosent. Særaldersgrenser og 85-årsregelen ønskjer vi å erstatte med ei ordning der det er bestemte oppgåver som har aldersavgrensing, og ikkje heile sektorar eller yrkesgrupper.

Andelen eldre av dei som har lågast inntekt, minkar stadig. Enkelte eldre er likevel blitt hengjande etter økonomisk. Det gjeld spesielt åleinebuande minstepensjonistar. Vi vil derfor prioritere å auke pensjonsnivået deira. For å sikre ein trygg og fleksibel arbeidsmarknad med moglegheiter for alle må NAV få fridom til å formidle arbeid ved å ta i bruk ny teknologi og forenkla regelverk.

Vi vil gi folk raskare og betre oppfølging hos NAV ved å gi saksbehandlarane betre verktøy som automatiserer og forenklar arbeidet deira.

Vi vil gi NAV lokalt og regionalt større rom til å finne dei løysingane som passar best for den enkelte brukaren. Vi vil at kontora skal målast på metodar, ikkje resultat. Meir metodemangfald vil òg gi kontora høve til å lære av kvarandre.

Kultur, idrett og fysisk aktivitet skal vere ope og tilgjengeleg for alle

All kultur er ytringar. Eit ope og liberalt samfunn legg til rette for alle ytringsformer. Kulturpolitikken har utgangspunktet sitt i ytringsfridommens infrastruktur og er viktig for å byggje demokratiet vårt. Kulturen skal vere tilgjengeleg og spegle mangfaldet i samfunnet. Kultur byggjer identitet, danning og fellesskap.

Kulturen skal famne både breitt og smalt. Kulturpolitikken skal bidra til auka mangfald. Det skal bli enklare og tryggare å satse på kultur og idrett, og vi treng både topp og breidde.

Kulturarven og språket formar oss både som enkeltmenneske og som fellesskap. Vi vil ha sterke kulturinstitusjonar og eit fritt kulturfelt som blomstrar. Det vil gi oss eit mangfaldig tilbod med mange forskjellige ytringar.

Vi vil gjere det enklare og tryggare å vere kunstnar.

Det er eit viktig samfunnsgode at det blir skapt og investert i norsk kunst og kultur, og at det som blir produsert, kan gjerast tilgjengeleg for alle. Den som skaper eit åndsverk, skal ha beskyttelse mot misbruk og skal sikrast rimeleg vederlag. Det skal lønne seg å støtte opp om kulturlivet. Vi vil stimulere til givarglede og sikre kulturen fleire bein å stå på. Vi vil derfor auke grensa på skattefrådrag for private givarar til frivillige organisasjonar til 5 G, og for næringslivsgåver til 50 G.

Det tek tid å slå seg opp som kunstar. Vi vil derfor sikre at Innovasjon Noregs støtteapparat også er tilpassa kulturnæringar i ein etableringsfase.

Vi vil støtte norske artistar, opphavspersonar og utgivarar mellom anna ved å auke publiseringsstøtta for musikkinnspelingar. Vi vil vidareføre krav om bruk av norsk musikk i NRK og TV 2 og stimulere til bruk av norsk musikk i andre kommersielle radio- og TV-kanalar.

Anten vi går på festival, teater, bibliotek eller museum: Kulturinstitusjonar er til for alle. Vi vil sikre breidde og mangfald i kulturtilbodet.

Kulturinstitusjonane, kulturhus, samfunns- og grendehus og digitale tenester bind landet saman og skaper unike kulturmiljø i heile landet. Vi har etablert støtteordninga for regionale kulturbygg og vil halde fram med å styrkje ordninga i neste stortingsperiode.

Vi vil gi kulturskulane større fridom til å fastsetje eigne satsingsområde. Vi vil vidareutvikle kulturskulane som inkluderingsarenaer for å førebyggje utanforskap. I tillegg vil vi styrkje samarbeidet mellom kulturskulen og grunnopplæringa i grunnskulen og på vidaregåande skule. Stemmene til barn og unge skal høyrast i alle delar av kulturlivet.

Vi ønskjer ei utvikling av biblioteka der dei i tillegg til å vere møteplass og felles storstove kan fungere som folkeverkstad. Folkeverkstadstanken byggjer opp under prinsippet om deling og samhald og at ein ikkje treng å eige alt.

Idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet gir fridom, tilhøyrsle og betre folkehelse. Vi vil at alle skal få høve til å drive med det dei brenn for.

Derfor er det viktig at det blir lagt til rette for eit mangfald av aktivitetar tilpassa dei lokale behova. Vi vil bruke den offentlege støtta for å stimulere til dette.

Vi vil sikre gode frifondsordningar for barne- og ungdomsorganisasjonar og betre rammevilkåra for dei som driv med organisert og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet.

Pengespel skal i minst mogleg grad føre til avhengnad. Vi vil at overskot frå pengespelmarknaden i Noreg skal gå til samfunnsnyttige formål og frivillig sektor. Venstre vil evaluere spelpolitikken, inkludert spelmonopolet, og stanse Norsk Tippings gratisreklame på NRK.

Dataspel og e-sport er i vekst, og unge spelarar treng møteplassar og auka anerkjenning. Vi vil derfor at e-sport skal bli eit eige valfag. E-sporten manglar i dag lokale, og vi vil derfor at fleire offentlege bygg skal stillast til disposisjon for samlingar. E-sportdeltakarar får ikkje idrettsvisum for å delta på turneringar i Noreg. Vi vil endre denne regelen slik at dei blir definerte som idrettsutøvarar med rett til visum.

Over halvparten av oss er engasjerte i ulike former for frivillig arbeid. Vi verdset mangfaldet og vil gjere det endå enklare å bli frivillig.

Frivillig arbeid er limet i lokalsamfunnet og ei kjelde til personleg utvikling. Vi vil leggje til rette for fleire møteplassar og lokale til kulturarbeid for frivillige.

Innsatsen til dei frivillige organisasjonane utgjer ein stor verdi. Vi vil gjere kvardagen deira lettare ved å forenkle registreringsordningar og rapporteringskrav for frivillige organisasjonar. Vi vil òg trappe opp momskompensasjonsordninga for frivillige lag, slik at dei får dekt momsutgiftene sine.

Kulturinstitusjonane blir finansierte gjennom eit spleiselag mellom private gåver, billettinntekter og offentleg støtte. Når staten deltek med støtte, må også kommunale og private aktørar auke bidraget sitt. Vi vil gi sektoren fleire bein å stå på ved å styrkje gåveforsterkingsordninga og auke dei nasjonale utviklingsmidlane. Kyrkjene er berarar av historie og tradisjon, tilhøyrsle og identitet, og derfor må vi ta vare på dei. Vi vil etablere eit eige vedlikehaldsfond innan 2030 for å setje i stand verneverdige og freda kulturbygg av nasjonal verdi.

Språk er formidlar, kulturberar, identitet og ytring i eitt. Vi vil gi rom for både nynorsk og bokmål som skriftspråk.

Språk er grunnlaget for frie ytringar. Vi vil styrkje norsk som samfunnsberande språk og ta vare på det norske språkmangfaldet.

Utgangspunktet for den norske jamstillingspolitikken er at dei to offisielle skriftspråka nynorsk og bokmål er likestilte. Det er ein demokratisk rett å få sjå og bruke sitt eige språk, og det er eit overordna språkpolitisk mål at det skal vere like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar. Det offentlege har eit særleg ansvar for å styrkje stillinga til nynorsken.

Sidemålsordninga i skulen skal styrkjast, begynne tidlegare og avsluttast med eigen karakter og eksamen i 10. klasse og siste året på vidaregåande skule. Nynorskelevane skal sikrast retten til å gå i eigen klasse også på ungdomsskulen, og lik rett til og tilgang på digitale læremiddel på nynorsk.

Det offentlege skal bruke eit klart og godt språk som alle kan forstå. Allmennkringkastarar skal ha like og skjerpte språkkrav – også på nett. Nynorske medietiltak som NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter og Nynorsk Pressekontor skal styrkjast, og vi vil halde oppe sterke støtteordningar for norsk litteratur, spel, filmar og lydbøker, og dessutan styrkje kulturinstitusjonar som fremjar nynorsk som scenespråk.

Lesing fremjar demokrati, danning og kritisk refleksjon og er med på å utvikle kunnskapsnasjonen Noreg. Derfor har vi eit ansvar for at det også i framtida blir skrive og gitt ut bøker på norsk, i tillegg til at det blir omsett bøker til norsk. Vi ønskjer eit breitt litteraturutval på alle norske skriftspråk og vil bevare eit mangfald i bokhandelen. Media har ein viktig og samfunnskritisk funksjon. Derfor må mediestøtta vere føreseieleg. Dei redaktørstyrte journalistiske media er demokratiets infrastruktur. Nyheitsformidling og offentleg samtale formidla gjennom desse er sentralt i eit avansert, kunnskaps- og tillitsbasert demokrati.

Vi vil modernisere og styrkje mediestøtta for å sikre eit mangfald av utgivingar på ulike plattformer og norsk journalistisk innhald. Vi vil vidareføre og styrkje innovasjonsordninga for digital medieutvikling og auke tilskotet til medium på minoritetsspråk. Vi vil innføre meirverdiavgiftsfritak for all digital journalistikk for å styrkje innhaldsproduksjon på norsk, og vi vil vurdere å innføre mellombels skattefritak for ein del av dei redaksjonelle kostnadene for mediehus som formidlar nyheiter, samfunnsdebatt og aktualitetar. Vi vil arbeide for at internasjonale medieaktørar som opererer i Noreg, må rette seg etter norske konkurransevilkår.

Vi vil støtte både norskspråklege og samiskspråklege musikarar og leggje til rette for meir bruk av publiseringsstøtte for norsk og samisk musikk. Vi vil vidareføre krav om bruk av norsk og samisk musikk.

Den språklege krafta blir til av dei som bruker språket, men oppstår òg gjennom offentlege institusjonar. Nynorsk, bokmål og samisk er likestilte språkformer. Samar har rett til å uttrykkje seg på sitt eige språk. Vi vil sikre samisk språk gode rammevilkår og styrkje moglegheitene for å lære seg samisk. Det inneber òg lovfesta rett til samisk barnehageplass. Vi vil sikre at samiske barn får tilgang på fleire bøker, spel, digitale plattformer og filmar på sitt eige språk.

Vi skal verne om og fremje og vidareutvikle alle minoritetsspråk i Noreg: kvensk, romani, romanes og teiknspråk. Det må lagast undervisningsmateriale for desse språka, og kunnskap om dei ulike kulturane må innlemmast i undervisninga. Vi vil styrkje språkarbeidet i Nordisk råd.

Vi feirar mangfald og inkluderer alle

Alle har rett til å velje korleis dei vil leve livet sitt. Mangfald og inkludering handlar om å sikre rettane til alle menneske, uavhengig av føresetnader og bakgrunn. Vi vil ha eit samfunn som sikrar at alle opplever tryggleik, like moglegheiter og fridom til å bestemme over eige liv og eigen kropp, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, religion og kjønnsidentitet.

Vi vil gi alle eit godt skule- og fritidstilbod.

Det er avgjerande at alle barn får teke del i undervisning og leik på likt grunnlag. Vi vil derfor ikkje la foreldre ta frå barna fridommen til å delta på skuleaktivitetar basert på religiøs overtyding.

Familiar der føresetnadene til foreldra eller andre føresette gjer barna ekstra utsette, må få meir hjelp frå det offentlege. Vi vil derfor etablere eigne innsatsgrupper i skulehelsetenesta som kan følgje opp slike familiar.

Vi vil gi alle høve til å delta i arbeidslivet. Trass i høg sysselsetjing i Noreg er det mange nykomne innvandrarar frå låginntektsland som står utanfor arbeidslivet.

Lediggang er frustrerande og demotiverande. Derfor vil vi gi asylsøkjarar og ureturnerbare flyktningar mellombels arbeidsløyve og aktivitetsplikt. Slik kan dei bidra til fellesskapet mens dei ventar på at asylsøknaden deira blir behandla.

Å lære seg norsk er avgjerande for å bli ein del av arbeids- og samfunnslivet. Mange, særleg arbeidsinnvandrarar, får trass i dette ikkje norskopplæring i dag. Vi vil utvide retten til norskopplæring slik at han inkluderer alle med opphaldsløyve som har behov for å lære norsk. Vi vil òg sikre at dei som har særleg svake norskkunnskapar etter lengre tid i Noreg, får utvida rett til norskopplæring.

Deltaking i arbeidslivet er det viktigaste verkemiddelet for integrering. Derfor vil vi etablere ei prøveordning der arbeidsgivarar får integreringstilskot. Det er eit alternativ til å finansiere deltakinga til arbeidstakaren på introduksjonsprogrammet som skal gi nykomne flyktningar grunnleggjande språkkunnskapar og forståing for samfunn og arbeidsliv i Noreg. Etternamnet ditt har i dag for mykje å seie for om du blir kalla inn til jobbintervju eller ikkje. Vi vil derfor innføre anonyme søknader til det offentlege, slik at du får jobben på bakgrunn av kvalifikasjonane dine og ikkje etternamnet ditt eller tilhøyrsla di.

I dag finst det tilbod som gjer at flyktningar som har begynt på, men ikkje fullført eit sjukepleiar- eller lærarstudium, kan ta resten av studiet i Noreg. Vi vil utvide denne ordninga til å omfatte fleire utdanningar.

Vi vil betre samarbeidet mellom offentlege, private og ideelle aktørar for å kunne gi dei som treng det, ekstra støtte til å kunne delta i samfunnet.

Vi veit at underliggjande helseutfordringar kan gjere det vanskeleg for sårbare asylsøkjarar å bli ein del av lokalsamfunnet sitt. Vi vil derfor innføre tidleg kartlegging av slike helseutfordringar for dei.

Retten til å bestemme over eige liv er ein av vår tids største fridomskampar. Arbeidet for å førebyggje og motarbeide negativ sosial kontroll må styrkjast. Vi vil at omfanget og utviklinga skal kartleggjast kontinuerleg.

For å gi fleire høve til å snakke med ein minoritetsrådgivar vil vi utvide minoritetsrådgivarordninga til fleire vidaregåande skular og ungdomsskular. Barn og unge som blir etterlatne i utlandet mot sin vilje, må få hjelp. Ordninga med integreringsrådgivarar på norske ambassadar må utvidast.

Vi vil styrkje rettsvernet for dei som blir utsette for tvangsekteskap og illegitime ekteskap. I tillegg vil vi at æresrelatert vald skal straffast hardare enn i dag.

Vi vil at alle skal ha rett til å bestemme over sin eigen kvardag. Funksjonsvariasjon skal ikkje hindre tilgang til og aktiv deltaking i utdanning eller arbeidsliv.

For oss handlar dette om likestilling, likeverd og eit rettsfesta fridom til å bestemme over eige liv. Derfor vil vi ta FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) inn i menneskerettslova, og vi vil gå gjennom verjemålsordninga med sikte på å endre henne til ei avgjerdsstøtteordning i tråd med CRPD.

Det er viktig at personar med funksjonsvariasjonar sjølve får bestemme over sin eigen kvardag – også over den praktiske hjelpa dei får. Alle sider ved assistansen skal vere brukarstyrte.

Universell utforming sikrar fridom og moglegheiter for alle. Brukarstyrt personleg assistent (BPA), tolketeneste og digital og fysisk tilrettelegging er avgjerande for at alle kan delta. Vi vil derfor at fleire skal få innvilga BPA ved behov, og sjølve få bestemme kva støtta skal innebere.

Brukarane skal vere sjefen. Derfor vil vi at familie eller nærståande skal kunne leie assistanseordninga på vegner av eller i samråd med den som har funksjonsvariasjon.

Det same gjeld i samfunnslivet. Vi vil derfor at personar med funksjonsvariasjon skal kunne delta aktivt i utforminga av tilbod, tenester, lovgiving og politikk som påverkar kvardagen deira.

Personar med funksjonsvariasjonar er ein stor ressurs for samfunnet, men kan trenge ekstra oppfølging for å komme inn på arbeidsmarknaden. Vi vil auke utvalet av kvalifiserande tiltak og leggje til rette for fleire statlege opplæringsstillingar.

Moglegheita til å ta ei utdanning er noko mange tek for gitt i Noreg. Det er dessverre ikkje like sjølvsagt for alle. Derfor vil vi satse på teiknspråk i lærarutdanningane, slik at fleire skular kan tilby eit godt teiknspråkbasert undervisningsopplegg og sikre betre tilrettelegging på universitet og høgskular for studentar med funksjonsvariasjonar.

Det er ikkje berre lærarane som treng meir kunnskap om teiknspråk. Vi vil utvide tilgangen til teiknspråk som valfag, andrespråk og framandspråk. Vi ønskjer å bevare butilbodet for teiknspråklege barn.

Vi vil jobbe for inkluderande og menneskevennleg arkitektur og fysisk utforming av offentlege rom.

Alle skal få elske den ein vil, og alle skal kunne delta i samfunnslivet på like vilkår. Det gjeld alle, uavhengig av seksuell legning, kjønnsuttrykk eller kjønnsidentitet.

Vi vil jobbe mot diskriminering av skeive og for eit lovforbod mot konverteringsterapi.

Vi vil ikkje definere menneske inn i eit todelt kjønnsrollemønster som dei ikkje sjølve kjenner seg igjen i. Derfor vil vi innføre ein tredje kjønnskategori.

I dag varierer helsetilbodet til personar med ulike kjønnsuttrykk eller ulik kjønnsidentitet for mykje avhengig av kvar i landet du bur. Vi vil derfor følgje opp nasjonale retningslinjer slik at grunntilbodet blir det same for alle i heile landet.

Eit ope og demokratisk samfunn med plass til alle

I Noreg står demokratiet sterkt. Vi har ei av dei eldste fungerande grunnlovene i verda. Vi vil forsvare og styrkje det liberale demokratiet.

Makta skal liggje hos individet. Derfor er vi opptekne av å styrkje rettane til enkeltmennesket i møtet med storsamfunnet.

Ungdommen er dei som må leve med dei avgjerdene som blir fatta i dag. Vi meiner at 16-åringar bør få lov til å stemme og stille til val, både nasjonalt, regionalt og kommunalt.

Vi vil kjempe mot all diskriminering og rasisme, alle totalitære haldningar og all innsnevring av demokratiske haldningar.

I dag får ulike trus- og livssynssamfunn ulik finansiell støtte frå staten. Vi meiner at alle trusretningar og livssyn er likeverdige, og vil derfor ha lik støtte til alle. Respekt for menneskerettane må stillast som krav for å få offentleg støtte. Trussamfunn må i større grad finansierast av medlemmene sjølve. Vi meiner at religion skal skiljast frå politikk. Derfor vil vi fullføre skiljet mellom kyrkje og stat.

Demokratiske rettar gjeld for alle, men ikkje alle kjenner sine eigne rettar. Derfor vil vi gjere demokrati til eit større tema i introduksjonsprogrammet for folk som er nye i Noreg. Vi vil òg gjere meir kunnskap tilgjengeleg på forskjellige minoritetsspråk.

Vi er opptekne av lokaldemokratiet og vil ha opne og sterke kommunar.

Vi har alltid vore ein sterk forsvarar for kommunalt sjølvstyre, desentralisering av makt, folkeleg deltaking i styringa av samfunnet og avgrensing av staten si rolle.

Fridom, innverknad og engasjement på lokalt nivå fordrar reelt høve til å kunne påverke. Det er i dag ikkje samsvar mellom det ansvaret kommunane er pålagt, og det reelle høvet til politisk påverknad som lokaldemokratiet har. Vi vil gi lokaldemokratiet eit reelt handlingsrom. Som ein del av det lokalpolitiske handlingsrommet vil vi at kommunane framleis skal ha fridom til å skaffe seg eigne inntekter gjennom eigedomsskatt og gjennom kommunal tilgang til bruk av grunnrente. Vertskommunar for mineralutvinning bør få høve til å krevje mineralavgift på ressursane som blir tekne ut.

Vi vil òg at statlege overføringar til kommunane skal skje på ein måte som legg så lite føringar som mogleg. Vi vil redusere bruken av øyremerking og heller styrkje dei frie inntektene til kommunane.

Som ei oppfølging av regionreforma vil vi utarbeide ein forpliktande plan for utflytting av statlege arbeidsplassar.

Nærleik til offentlege tenester er viktig for folk. Vi støttar etableringa av «Statens hus» i fleire større distriktskommunar, der statlege kontor kan samlast og gjerast lettare tilgjengelege for innbyggjarane. Nye offentlege arbeidsplassar bør som hovudregel leggjast utanfor Oslo-området. Det særeigne med, og forskjellane mellom, storbyar, distriktsbyar og småsamfunna seg imellom må utviklast. Målet må ikkje nødvendigvis vere vekst – men det gode livet i byen og på bygda.

For å redusere unødvendig arbeidsreising og gi folk meir fridom og fleksibilitet i kvardagen vil vi prøve ut eit samarbeid mellom staten og større private bedrifter om etablering av felles «nærarbeidsplassar» i lokalmiljøet. Ei slik ordning bør, gjennom ulike pilotordningar, prøvast ut både i distrikta og i og rundt storbyane der det kan redusere belastinga på kollektivtrafikk og vegnett i rushtida.

Det bør leggjast til rette for at statleg tilsette som jobbar med ikkje-stadbundne oppgåver og ønskjer å flytte frå større byar til distrikta, kan få jobbe desentralisert.

Vi meiner at kommunane sjølve skal få fastsetje skjenke- og salstider og regulere konsum av alkohol på offentleg stad. Det er ingen grunn til at dette må bestemmast nasjonalt.

Noreg treng tre folkevalde nivå. Vi vil spreie makt og gjere politiske prosessar meir opne.

Vi vil vidareføre kommunereforma med mål om større og sterkare kommunar som kan gi eit fullverdig tilbod til innbyggjarane sine, og som kan ta over fleire oppgåver som i dag er statlege eller regionale.

Staten har i dag ei rekkje forvaltingsetatar som har ei regional inndeling. Vi ønskjer som ein hovudregel at inndelinga av desse etatane skal vere meir einskapleg og følgje fylkeskommunegrensene.

Vi meiner at borgarane og media skal ha innsyn i korleis folkevalde organ og administrasjonar arbeider og fattar avgjerder. Derfor vil vi innføre eit lobbyregister – ei oversikt over korleis organiserte interesser påverkar politiske prosessar.

Vi vil gi fleire tilgang til å følgje politiske møte. Derfor vil vi at møta frå fylkestinga og kommunestyra skal strøymast.

Vi vil flytte meir makt frå nasjonalt til regionalt styringsnivå og vil derfor overføre fleire oppgåver til regionane for å vidareføre regionreforma som ei demokratireform. Vi må sikre forsvarleg finansiering.

I dag kan domstolar stoppe bruk av materiale på norske nettsider med den grunngivinga at materialet er beskytta av opphavsretten. Vi meiner at eit slikt vern er ei utfordring for ytringsfridommen, og vil derfor avgrense høvet domstolane har til å innskrenke fri meiningsytring på denne måten.

For oss er det viktig at alle skal ha tilgang på gode lokalmedium. Dagens distribusjonsordning for aviser går ut i 2023, og vi vil greie ut ein ny modell som gir alle eit godt lokalt nyheitstilbod.

Korleis skaper vi ein god digital kvardag med styrkt personvern?

Vi gir dagleg frå oss store mengder data som viser kva vi liker, kven vi snakkar med, kvar vi beveger oss, og kva vi meiner. Vi gjer dette fordi datadriven teknologi har gjort kvardagen vår enklare. Det er positivt. Vi vil ikkje tilbake til ei analog verd. Men korleis kan vi sikre personvernet i ein digital kvardag?

Digitalisering som styrkjer personvernet

Vi vil at kvar enkelt skal ha kontroll over sine eigne data og sjølv bestemme kven som skal ha tilgang til dei.

For oss er det avgjerande at lover og reglar varetek rettane til innbyggjarane, og at det offentlege ikkje sjølv samlar inn og lagrar slike data utover det som er strengt nødvendig.

Vi vil ruste myndigheitene så dei kan oppdage og motverke påverknaden ytre makter har på demokratiet vårt gjennom digitale kanalar. Vi vil sikre at statar ikkje regulerer bruk av kryptering for å avgrense eller sabotere kryptert kommunikasjon og lagring. Vi vil at norske myndigheiter skal jobbe mot regulering og internasjonale forbod.

Alle har rett til eit privatliv, også på sosiale medium. Barn er særleg utsette for personvernbrot. Det er dei vaksne sitt ansvar å ta omsyn til og sikre personvernet til barn. Vern av det digitale privatlivet til barn må styrkjast.

Teknologiutviklinga går i eit rasande tempo. Vi vil at ho skal komme alle innbyggjarane til gode. Løysingane må bidra til meir personvern, ikkje til mindre.

Det er store multinasjonale selskap som eig dei digitale plattformene vi bruker mest i dagleglivet. Dei samlar kvar dag inn enorme mengder informasjon om oss. Å ha kontroll over sine eigne data inneber å ha full oversikt over kva som blir samla inn, og kva opplysningane blir brukte til. Det inneber òg å kunne trekkje tilbake løyve om bruk og vidaresal av data. Vi vil auke den offentlege kunnskapen om denne typen dataanalyse og styrkje Forbrukartilsynet, Datatilsynet og Konkurransetilsynet.

Vi vil styrkje stillinga til personvernet ved å stille strengare krav til personvern ved offentlege innkjøp. Det sikrar at personvern står sentralt i samband med dei varene og tenestene vi i fellesskap nyt godt av.

Personinformasjonen som blir samla inn om oss, er ei handelsvare som blir brukt til omfattande målretta marknadsføring mot oss som forbrukarar, ofte på individnivå. Vi vil at Noreg skal jobbe saman med EU for å regulere denne marknaden, og mellom anna vurdere forbod mot datadriven persontilpassa marknadsføring.

Kunstig intelligens kan nyttast for å skape økonomisk vekst og for å få bukt med helse- og klimautfordringar, men kan òg brukast i krigføring. Vi må sikre trygg, ansvarleg og etisk bruk av kunstig intelligens i både privat og offentleg sektor. Vi må òg vidareutvikle Noregs nasjonale strategi for kunstig intelligens, slik at vi kan dra nytte av dei store moglegheitene som finst.

Kunstig intelligens kan gjere offentlege prosessar meir effektive, men vi vil jobbe for at avgjerdene som er tekne med hjelp av kunstig intelligens, skal kunne etterprøvast.

Kvardagen er digital. For at folk skal ha fridom til å bestemme kvar dei skal busetje seg, ta utdanning og arbeide, må vi sikre full breibandsutbygging i heile landet innan 2025, og rask utbygging av 5G-nett over heile landet. Å nå målet om full breibandsdekning innan 2025 vil krevje betydeleg auka statleg finansiering av fiberutbygginga i distrikta i neste stortingsperiode.

Statslause og andre med uavklart opphav eller identitet bør sikrast høve til å nytte digitale tenester som krev BankID.

Vi vil handheve prinsippet om nettnøytralitet som føresetnad for å sikre god digital infrastruktur over heile landet, slik at internett gir like moglegheiter for alle. Brukarane må få reell valfridom ved at vi sikrar reell konkurranse mellom ulike breibandstenester.

Vi meiner at alle har rett på eit rom som er berre sitt, og at det skal tungtvegande grunnar til for å drive med overvaking av norske innbyggjarar. Vi seier derfor nei til all form for digital masseovervaking av norske innbyggjarar.

Barn og unges personvern er ekstra sårbart. Vi vil ta ein gjennomgang av dei læringsprogramma som blir brukte i skulen, for å sikre at informasjonen som blir brukt om elevane, blir nytta med samtykke frå dei føresette.

Vi vil heve terskelen før politiet får bruke skjulte tvangsmiddel, slik at dei blir brukte berre i dei aller mest alvorlege sakene. Det gjer vi for å sikre personvern og rettstryggleik for alle. Skjulte tvangsmiddel er til dømes telefonavlytting, videoovervaking eller skjult ransaking.

Vi vil unngå lagring av IP-adresser og andre typar digitale masseovervakingar der nytteverdien ikkje rettferdiggjer inngrepa i folks privatliv. Det gjeld både nasjonalt og på tvers av landegrensene.

Bruken av kontantar som ein av dei få anonyme betalingsmåtane er under sterkt press. Vi vil arbeide for å få på plass gode anonyme digitale betalingsløysingar som er universelt tilgjengelege, men inntil slike løysingar er på plass, må vi sørgje for at vi framleis kan betale med kontantar.

Offentleg verksemd må sikre dei ulike registera sine og dataa som dei har rett til å samle inn om befolkninga, på ein betre måte enn i dag. Krava til tryggleik må aukast. EOS-utvalet, som kontrollerer tenestene som varetek etterretning, overvaking og tryggleik på vegner av Stortinget, må få nok ressursar til å kunne følgje med i den teknologiske utviklinga.

Korleis sikrar vi velferdssamfunnet for framtida?

Velferd gir oss tryggleik til å satse, ta risiko og følgje draumane våre. I dag er vi det landet i Vesten med høgast offentleg pengebruk per innbyggjar. Samtidig blir vi eldre. Framover vil vi i mindre grad kunne lene oss på inntekter frå Oljefondet. Verdien av fondet vil truleg flate ut. Det vil tvinge fram tydelegare prioriteringar. Færre arbeidstakarar og fleire pensjonistar vil utfordre velferdssamfunnet vårt. Vi vil forsvare velferdssamfunnet. Då må vi reformere det.

Meir ansvarleg pengebruk

Fridom for alle gjeld ikkje berre for dei som bur i Noreg i dag, men òg for framtidige generasjonar. Derfor må vi bruke ressursane våre på ein meir fornuftig og ansvarleg måte enn i dag.

Finansieringa av velferdstenester har auka i takt med behova og ønska i befolkninga. Denne veksten kan ikkje halde fram. Utgiftene til staten bør ikkje vekse raskare enn resten av fastlandsøkonomien.

Sjukefråvær kan vere ei stor belasting både for dei som er sjuke, og for samfunnet. Noreg har både den mest sjenerøse sjukelønnsordninga i verda og verdas høgaste sjukefråvær. Derfor vil vi sjå på moglegheitene for ein moderat eigendel i sjukelønnsordninga. Samtidig vil vi vurdere å redusere arbeidsgivarperioden mot at arbeidsgivaren betaler ein liten del etter at perioden er over. Slik blir insentiva til å få langtidssjuke tilbake i arbeid betre, både for arbeidsgivaren og arbeidstakaren.

Ordninga med avtalefesta pensjon (AFP) har gått frå å vere ei målretta ordning som skulle treffe slitarane i arbeidslivet som hadde behov for tidlegpensjon, til å bli eit generelt lønns- eller pensjonstillegg for arbeidstakarar over 62 år som har tariffavtale, og der staten tek minst ein tredel av kostnadene. Dersom AFP skal vidareførast, bør det vere som ein rein avtale mellom arbeidstakar og arbeidsgivar utan statleg bidrag. Vi vil derfor avvikle det statlege bidraget til AFP. I dag har vi ein handlingsregel som seier at vi maksimalt kan bruke 3 prosent av verdien av Oljefondet i kvart års budsjett. Det er viktig at vi held tilbake pengebruken i gode tider, slik at vi kan gjere nødvendige investeringar under ei krise. Vi vil derfor redusere handlingsregelen frå 3 til 2,5 prosent av verdien av fondet ved utgangen av kalenderåret. Samtidig må ein større del av uttaket frå Oljefondet gå til investeringar i miljøteknologi, forsking og utvikling, samferdsel og vekstfremjande skattelettar.

Vi vil redusere og nedskalere store statlege byggjeprosjekt i hovudstadsregionen, til dømes regjeringskvartalet og Oslo universitetssykehus. Vi vil òg innføre ei ordning med «design to cost» i fleire store statlege byggjeprosjekt. Det inneber at ein først legg kostnadsramma, og at utbygginga så må tilpassast denne ramma.

Vi må sørgje for at vi får meir igjen for fellesskapet sine midlar. Private og ideelle aktørar som utfordrar og konkurrerer med offentlege tenester, bidreg til innovasjon og finn nye måtar å løyse oppgåvene på. Vi vil sleppe til andre tenestetilbydarar på fleire område der fylkeskommunen eller kommunen i dag har einerett. Slik får vi meir igjen for pengane.

Vi vil stoppe veksten i talet på statleg tilsette byråkratar og redusere talet på direktorat.

For å sikre ein aktiv og verdiskapande statleg eigarskap av Equinor og SDØE/Petoro vil vi flytte ansvaret for eigarskapen av desse frå Olje- og energidepartementet til Næringsdepartementet.

Staten er i dag framleis deleigar i mange verksemder. Vi ønskjer ein statleg eigarskapspolitikk som først og fremst sikrar at viktige bedrifter beheld hovudkontora sine i Noreg. I andre selskap ønskjer vi at staten skal redusere eigardelen sin, slik at private investorar kan fylle denne rolla. Staten bør redusere andelen sin i Statkraft, og selskapet bør børsnoterast for å sikre selskapet kapital og høve til ekspansjon innanfor fornybar energi. For å redusere Noregs finansielle klimarisiko bør staten redusere eigarskapen sin på norsk sokkel og i Equinor. På sikt bør Statens pensjonsfond Noreg – Folketrygdfondet – avviklast. I første omgang må det setjast eit tak på den samla verdien i Folketrygdfondet, og det overskytande må overførast til Statens pensjonsfond utland.

Korleis løyser vi internasjonale utfordringar saman?

I dag er den frie verdsordenen trua. Globale marknader og teknolo giutvikling forandrar verda vår frå dag til dag. Det skaper nye vinna rar og taparar. Klimaendringar fører allereie til fleire internasjonale naturkatastrofar. Utfordringane er for store til at vi kan løyse dei nasjonalt. Dei gamle internasjonale organisasjonane er ikkje struktu rerte for å handtere ein kvardag med nye stormakter, mektige inter nasjonale selskap og eit mangfaldig trusselbilete. Marknader blir lukka, og internasjonale institusjonar blir svekte. Autoritære leiarar i Kina og Russland misbruker systemet for eiga vinning, og det står dårleg til med internasjonale avtalar.

Russlands annektering av Krim halvøya var startskotet for ein endra tryggingspolitisk situasjon for Noreg og Vesten. Dette er nye tryg gingspolitiske utfordringar Noreg må møte.

Internasjonalt samarbeid

Venstre er partiet for internasjonalt samarbeid om og kamp for menneskerettar og fridom. Vi meiner at det krev ein sterkt regelbasert verdsorden med internasjonale institusjonar som kan handtere utfordringane i ein globalisert tidsalder. Fridom, demokrati, rettsstat og ein sosial marknadsøkonomi er den sikraste vegen mot internasjonal fred og tryggleik. Den internasjonale politikken vår skal henge saman med alle andre politikkfelt, og målet skal vere å fremje menneskerettar globalt.

Menneskerettane er universelle. Vi vil kjempe for menneskerettane internasjonalt og gjere det vi kan for at fleire skal kunne leve i fridom. Noreg må ratifisere den individuelle klageordninga etter barnekonvensjonen.

Vi vil sjå meir forpliktande internasjonalt samarbeid for å fremje menneskerettar. Det viktigaste verktøyet for å oppnå dette er FNs berekraftsmål, ei liste med 17 mål som alle medlemslanda i FN er blitt Foto: Onar Digernes Aase / Forsvaret einige om å nå innan 2030. Derfor vil vi jobbe for at Noreg skal nå sine eigne nasjonale mål, og sørgje for at norsk politikk støttar opp under måloppnåing i andre land.

Noreg er eit lite land, og vi meiner at vi oppnår mest i samarbeid med andre. Vi meiner at Noreg bør vere tydelege på at brot på menneskerettane ikkje kan aksepterast. Måten vi fremjar menneskerettar på internasjonalt, vil variere, men vi vil alltid setje menneskerettane føre andre omsyn.

Menneskerettar er trua i dagens Europa. Kviterussland, Polen og Ungarn er alle døme på det. Vi vil derfor jobbe for å styrkje stillinga til Europarådet, den europeiske menneskerettskonvensjonen og den europeiske menneskerettsdomstolen.

Oljefondet er først og fremst ein reiskap for å sikre den felles formuen til det norske folk. Fondet skal ikkje vere nokon aktør i norsk utanrikspolitikk, men er likevel ein viktig premissleverandør for fellesverdiane våre og såleis ein politisk aktør. Vi vil at Oljefondet skal forvaltast på ein forsvarleg måte, men med tydelegare haldningar som blir reflekterte i investeringar i både land og bedrifter knytte til skatteparadis, skatteflukt, okkuperte område, klimaendringar og menneskerettar. Oljefondet bør førehandsfiltrere alle selskap der risikoen for brot på dei etiske retningslinjene blir vurdert som uakseptabelt høg, og klimajustere investeringar i tråd med målet i Parisavtalen om å redusere den globale oppvarminga til 1,5 grader.

Vi meiner at Noreg og norske bedrifter har eit ansvar for å fremje menneskerettar internasjonalt. Vi vil at staten aktivt skal bruke rolla si for å fremje dette medvitet i norske bedrifter.

Vi vil motarbeide bruken av skatteparadis og arbeide for forpliktande samarbeid på tvers av OECD for å handtere aggressiv skatteplanlegging og skatteunndraging. Land-for-land-rapporteringa må utvidast til å gjelde alle selskap, ikkje berre utvalde næringar.

Skatt skal betalast der det blir skapt overskot, og derfor vil vi jobbe for ei global skattereform og innføre einsarta skattlegging av fleirnasjonale selskap. Vi vil at Noreg skal vere aktive i samarbeidet med EU og OECD om å finne gode løysingar for dette, men dersom slike forhandlingar ikkje fører fram, er vi opne for å gjennomføre tiltak som sørgjer for rettferdig skattlegging i Noreg.

Vi er særleg opptekne av at Noreg skal betre vilkåra for menneskerettar i Europa. Derfor meiner vi at norske EØS-midlar i hovudsak skal brukast til å støtte opp under menneskerettar og spesielt retten til å leve i ein rettsstat.

Verda blir ein betre stad gjennom internasjonalt samarbeid. Vi skal bidra til eit regelstyrt internasjonalt samfunn der menneske skal kunne handle og reise så fritt som mogleg.

Vi vil at Noreg skal gå i bresjen for internasjonalt samarbeid ved å levere på dei internasjonale forpliktingane vi tek på oss.

Vi treng globale reglar for handel, og vi vil revitalisere Verdshandelsorganisasjonen, WTO. Vi vil gi utviklingsland ei større rolle i denne organisasjonen ved å reformere avgjerdsmekanismane i WTO.

Vi vil redusere talet på atomstridshovud i verda og bidra til meir tryggleik rundt eksisterande våpensystem. Vi vil prioritere Noregs innsats for å styrkje eksisterande avtalar der atomvåpenstatane òg er partar. Vi meiner at atomvåpen bør forbydast på lik linje med kjemiske og biologiske våpen, og vi tek til orde for at Noreg bør signere og ratifisere FNs forbod mot atomvåpen. Målet på sikt bør vere ein forpliktande forbodsavtale som inkluderer alle dagens atommakter.

Det er avgjerande med eit høgt bistandsnivå framover for å få bukt med fattigdommen, og derfor vil vi vidareføre dagens mål om at minst 1 prosent av BNI skal gå til bistand.

Vi vil få meir ut av bistandssatsinga ved å spesialisere og konsentrere utviklingsmidlane til færre land og færre formål. Bistand skal bidra til at land kan stå på eigne bein. Derfor vil vi prioritere å løyve midlar til tiltak som fremjar menneskerettar, rettferdig skattesystem, rettsstat og demokrati, og som motverkar korrupsjon.

Å styrkje klimabistanden er viktig for å nå måla i Parisavtalen og mobilisere til felles innsats. Derfor vil vi styrkje klima- og skogprosjektet og bidra til annan bistand som tek vare på natur, kuttar klimagassutslepp og styrkjer fornybar energi.

Fridom handlar òg om likestilling. Derfor er vi opptekne av at norsk utviklingsstøtte skal bidra til likestilling. Vi ser dessutan at vegen til eit fritt liv går gjennom høvet til utdanning og arbeid. Derfor vil vi at Noreg skal satse meir på utdanning og næringsutvikling i dei landa som får norsk støtte.

Vi ser at klimaendringane aukar behovet for akutt nødhjelp. Vi ønskjer derfor at Noreg skal bidra i samsvar med tilrådingane frå FN for å sikre nødhjelp til dei som treng det mest.

Norsk utviklingsstøtte er mest effektiv når alle sider av norsk politikk bidreg til å dra i same retning. Vi vil derfor samordne regjeringa sitt arbeid i mottaksland betre ved å setje forpliktande mål om samarbeid på tvers av sektorar, slik at vi i fellesskap kan oppnå FNs berekraftsmål og halde fram med regnskogsatsinga.

Det må leggjast til rette for å enkelt kunne investere i mikrofinansiering i utviklingsland. Det gir både klimagevinst og høve til å etablere arbeidsplassar og betre levekår.

Det byggjer seg opp ei ny global gjeldskrise, og derfor vil vi slette all statsgjeld som er teken opp på illegitimt grunnlag i norsk utlånsportefølje, og arbeide for at all slik illegitim gjeld blir sletta internasjonalt. Vi vil at Noreg skal støtte opp om ein uavhengig gjeldsslettemekanisme.

Vi støttar Palestinas kamp for sjølvstyre og ønskjer ei tostatsløysing i konflikten mellom Israel og Palestina. Israels ulovlege busetjingar og blokaden av Gaza må ta slutt, og grensene frå før 1967 skal respekterast. Noreg bør anerkjenne Palestina som ein sjølvstendig stat på lik linje med ei rekkje andre FN-land.

Vi vil forsterke det europeiske samarbeidet. Uavhengig av norsk medlemskap vil vi at Noreg skal samarbeide nært med sine europeiske partnarar i viktige internasjonale spørsmål.

Vi ønskjer at Noreg på sikt skal bli medlem av EU. Føresetnaden er at vi finn gode løysingar for fiskeri og landbruk, og at spørsmålet om medlemskap i eurosona blir avgjort i ein eigen prosess. Vi meiner at eit medlemskap må avgjerast etter folkeavstemming.

Så lenge Noreg ikkje er medlem av EU, er EØS-avtalen livsviktig for norsk næringsliv, og vi vil vidareføre og styrkje avtalen.

Klimasaka er for stor til at eitt enkelt land kan løyse henne åleine. For Noreg er EU den nærmaste partnaren vår med omsyn til å redusere utslepp, og vi meiner at vi skal bidra sterkare til EUs prosessar for å få fart på det grøne skiftet.

Migrasjon og flyktningpolitikk er eit anna område der vi meiner at det må europeiske løysingar til. Vi vil innføre eit felles system der EUs yttergrenser er sikra, og der flyktningar som kjem til Europa, blir fordelte på ein rettferdig måte.

Ei meir usikker globalisert verd gjer at vi må finne saman med naboane våre. Vi meiner at Noreg bør jobbe nærmare saman med EU for å forsterke det forsvarsindustrielle samarbeidet.

Vi vil at Noreg skal bli tryggare gjennom nærmare samarbeid med våre venner og allierte.

Vi meiner at alle internasjonale militæroperasjonar som hovudregel skal vere sanksjonerte av FN. Vi meiner at verda pliktar å intervenere for å hindre grove brot på menneskerettane.

Vi ønskjer at Noreg saman med våre europeiske allierte skal bidra meir for å vareta tryggleiken både i heile Europa og i nærområda våre. Vi vil at Noreg skal strekkje seg for å bidra til FN- og NATO-leidde operasjonar.

Saman står vi sterkare. Derfor vil vi utvide det nordiske forsvarssamarbeidet, både ved å dele kapasitetar og ved å intensivere felles øvingsaktivitet.

NATO skal vere ein allianse av demokrati, og vi vil derfor at Noreg skal jobbe for at alle medlemmene skal leve opp til prinsippet om demokrati og fridom. Vi vil ta ei tydeleg rolle i NATO for å prioritere menneskerettar, gjensidig nedrusting og demokrati.

Noreg blir stilt til ansvar for bruk av norske våpen internasjonalt. Derfor ønskjer vi oss eit strengt og føreseieleg regelverk som er underlagt streng parlamentarisk kontroll.

Vi vil ikkje at Noreg skal eksportere våpen eller fleirbruksmateriell som kan nyttast til å undertrykkje eiga befolkning eller bryte folkeretten. Dette gjeld òg for norsk forsvarsmateriell som er eksportert til andre NATO-land.

Vi vil at Noreg skal ha eit truverdig forsvar som kan bidra til tryggleik både for oss sjølve og for våre allierte.

Etter at Russland annekterte Krim, endra tryggingssituasjonen seg for Noreg. Denne endringa krev eit sterkare nærvær, spesielt i nordområda. Vi vil satse meir på Forsvaret for å oppfylle dei internasjonale forpliktingane våre og krava til medlemskap i NATO.

Nøkkelen til norsk tryggleik er tett samarbeid med våre allierte. Vi vil derfor ha fleire allierte øvingar i Noreg, utvide det nordiske forsvarssamarbeidet og byggje ut mottaksinfrastrukturen for allierte styrkar, slik at vi blir flinkare til å operere saman.

Det viktigaste bidraget vårt til NATO gir vi gjennom den rolla vi utøver i nordområda. Vi vil derfor auke det norske militære nærværet i Nord-Noreg. Vi er særleg opptekne av at fleire oppdrag i framtida må løysast på tvers av forsvarsgreinene, og det auka nærværet i Nord- Noreg må òg leggje opp til det.

Dei siste åra har vi begynt å kjøpe inn ei rekkje nye våpensystem, både kampfly, artilleri og ubåtar. For å få mest mogleg ut av desse kapasitetane må vi trappe opp personellnivået i Forsvaret. Vi vil derfor ha meir personell i Forsvaret, og vi vil auke kompetansenivået deira.

For eit lite land med avgrensa ressursar ligg nøkkelen til effektiv forsvarsevne i mobilitet. Vi vil satse på Forsvarets evne til mobilitet og til å løyse fleire forskjellige oppdrag i heile landet.

Nye stridsdomene, anten det gjeld cyberdomenet eller elektronisk krigføring, blir stadig viktigare, også i tradisjonell krigføring. Vi vil derfor forsterke Forsvarets kapasitet innanfor dei nye stridsdomena.

Automatisering skjer òg innanfor forsvarsmateriell, og vi vil oppdatere relevant doktrine for å sikre at bruk av autonome eller halvautonome våpensystem skjer på ein måte som er i samsvar med folkeretten. Vi meiner at våpensystem utan vesentleg menneskeleg kontroll bør forbydast.

Noregs spesielle rolle i nordområda

Det er viktig for Noreg at det bur folk i nord. Vi vil sikre grunnlaget for eit veksande folketal i nord gjennom utbygging av infrastruktur og ei sterkare satsing på kunnskap og utdanning.

Samarbeidet med lokalbefolkninga på begge sider av grensa mellom Russland og Noreg er positivt, og vi vil bidra til å halde oppe dette samarbeidet. Eit viktig tiltak for å lette samarbeidet mellom befolkninga i Noreg og Russland er bygging av ny grensestasjon på Storskog.

Nordområda er Noregs viktigaste satsingsområde. Den auka interessa for Arktis frå Russland og Kina si side gjer at Noreg òg må forsterke nærværet sitt. Vi vil at dei arktiske statane skal samarbeide godt, og at samarbeidet i Arktis skal bidra til avspenning. NATO er Noregs forsvarsallianse, og vi meiner det er viktig at alliansen legg vekt på tryggleik i nordområda.

Vi vil realisere sjøfiberkabelen Arctic Connect, som går mellom Asia og Nord-Europa.

Klimaendringar og større aktivitet i nordområda gjer at vi må satse meir på tryggleik og beredskap. Vi ønskjer å samarbeide nærmare med dei andre arktiske statane på dette området og dermed auke beredskapen i nordområda.

Norsk suverenitet på Svalbard er avgjerande for norsk nordområdepolitikk, og vi vil byggje vidare på denne. Vi vil leggje til rette for fornybar energibruk på Svalbard og auke forskingsaktiviteten. Vi vil òg stille strenge krav om berekraftig utvikling og sikre større mangfald og lokal forankring i næringslivet på Svalbard.

M E D I A –

M

I L J Ø M E R K E T T R Y K K E R

I Meld deg på nyheitsbrev frå Venstre: venstre.no/nyhetsbrev

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10471. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.