Program · 2021 · nynorsk
SVs arbeidsprogram 2021–2025
SV – Sosialistisk Venstreparti · 46 919 ord
SVs arbeidsprogram
2021–2025
Eit samfunn for dei mange
– ikkje for dei få
Nynorsk
Innhald
Eit samfunn for dei mange – ikkje for dei få
Sjeldan har så mykje stått på spel. Vår tid krev kraftfull handling. Det er no vi må løyse dei store miljøproblema og den store forskjellskrisa. Det er no vi skal avgjere korleis vår felles framtid skal sjå ut. Saman skal vi løyse klimakrisa, ta vare på naturen, jamne ut forskjellane i makt og rikdom og skape ei fredelegare verd.
Internasjonale kriser påverkar også Noreg. I åra som kjem, må vi både handtere desse og begynne å omstille samfunnet frå oljeavhengigheit til eit mangfald av næringar. I kampen mot ei hardhendt sentralisering som flyttar makt og moglegheiter ut av lokalsamfunna våre, er svaret meir nærleik og meir demokrati. Vi må bli meir uavhengige av stormaktene og USA.
Når forskjellane aukar, får dei aller rikaste meir makt. Pengesetelen utfordrar stemmesetelen. Ei slik utvikling skaper både sinne og avmakt. Når folk opplever at kvardagen blir vanskelegare, framtida usikker og at samfunnet ikkje lenger har plass til dei, gir det rom til politiske krefter som har som einaste svar å splitte folk etter kulturelle og religiøse skiljelinjer, og å peike ut syndebukkar blant dei menneska som har minst makt og rikdom.
Det finst alternativ. I ei rekkje land er den demokratiske sosialismen ein politisk maktfaktor, med potensial til å mobilisere millionar av menneske for fred, sosial rettferd, kvinnefrigjering og vern av det felles livsgrunnlaget vårt. Vi ser ein framvekst av sterke feministiske stemmer, antirasistisk oppvakning og ei meir slagkraftig miljørørsle over heile verda.
Det er dette SV representerer i Noreg. Vi står for ein politikk for dei mange, ikkje for dei få. Vi er det raudgrøne folkepartiet som kjempar for miljø og rettferdig fordeling. Krisene kan ikkje løysast kvar for seg. Dei heng saman og må løysast saman. Vi trur heller ikkje at dei kan løysast utan eit sterkt folkeleg engasjement langt utover det som skjer på Stortinget.
SV møter krisene med ein offensiv plan for ei rettferdig løysing på klimakrisa, med betre fordeling og arbeid til alle. Eit organisert arbeidsliv med faste tilsetjingar, heile stillingar, medråderett og meir makt til tillitsvalde gir betre faglegheit og føreseielegheit. Vi blir sikra gjennom sterke fellesskap og velferd. Derfor må vi byggje ut velferda og reversere usosiale kutt frå høgresida og privatisering av offentlege tenester. Velferd skal tene menneske, ikkje marknader. Derfor må vi ha ei profittfri velferd som møter dei behova folk har, med offentlege tenester der tilsette har tid og tillit til å gjere jobben. For å få til dette er det nødvendig med ein omfordelande økonomisk politikk, der vi yter etter evne og får etter behov.
Vala vi tek no, vil prege både Noreg og verda i resten av menneska si levetid. Vi treng meir demokrati, ikkje mindre. Vi treng meir politisk styring og mindre frislepp til marknaden. Vi treng ein ny politisk kurs om vi skal skape eit samfunn til det beste for dei fleste. Det er på tide at interessene og behova til vanlege menneske og naturens tolegrense kjem først. Det er på tide med meir sosialistisk politikk. For dei mange – ikkje for dei få.
Det grøne skiftet i folket
I Noreg har vi løyst store samfunnsutfordringar i fellesskap – frå kriseforliket i mellomkrigstida til omfordelinga av inntektene og verdiskapinga frå oljeformuen. No står vi overfor endå større utfordringar. Forskjellane aukar, og verda opplever ei akutt klima- og naturkrise. Desse krisene gjer at vi ikkje kan halde fram som før, fordi dei kjem til å gjere uoppretteleg skade og føre til at dei som har minst, taper mest. Å løyse klimakrisa og stanse nedbygging av natur og dyrka mark er avgjerande for livsgrunnlaget på jorda. Rapportane frå Klimapanelet og Naturpanelet må liggje til grunn for løysingane. I tillegg må tiltak for å løyse klimakrisa verke positivt både lokalt og globalt. Tiltak som får ned dei lokale utsleppa, men som aukar dei globale utsleppa, løyser ikkje klimaproblema.
Dette er den langsiktige samfunnsplanen vår for korleis vi i fellesskap handterer krisene. Dette kan ikkje skje over hovuda til folk. Det må skje nedanfrå.
SVs plan for rettferdig omstilling av Noreg er ein del av ei global rørsle på venstresida som jobbar for Green New Deal. Planen er basert på tre byggjesteinar: Vi skal kutte klimagassutslepp, byggje opp nye næringar og sikre arbeidsplassar, og dele for å få ned økonomiske forskjellar. Her er eit rettferdig grønt skifte for Noreg.
Felles innsats
Vi skal byggje nye næringar og sikre sysselsetjinga, kutte klimagassutslepp, redusere sosiale forskjellar og styrkje velferda, og samtidig sikre naturmangfaldet. Dette føreset at alle delar av samfunnet blir involverte. Vi skal vri offentlege budsjett, skattar og avgifter, pengepolitikken og finansmarknadene, næringsliv og arbeidskraft til ein felles innsats. Vi treng ein aktiv næringspolitikk med statlege investeringar og krav for å sikre industribygging og offensive klimakutt.
Store forskjellar, uvisse og utryggheit for eiga framtid er eit hinder for å klare ei slik omstilling. Det er derfor ein føresetnad at forskjellane må ned, og at velferda må byggjast opp. Velferdsordningar må styrkjast for å sikre at kvar enkelt er trygg ved omstillingar. Ei rettferdig og vellykka omstilling krev at vi har jobbar til alle som kan og vil jobbe. Olje- og gassindustrien kan ikkje halde fram med å vere ei berande næring for landet. Det er derfor nødvendig med ei ny stor industrisatsing på nye arbeidsplassar som byggjer på den kunnskapen og kompetansen vi har. Skal vi ta vare på offentlege velferdstenester for komande generasjonar og samtidig minske unødvendig materielt forbruk, vil ein sentral del av ei berekraftig omstilling innebere omfordeling av midlar frå privat til offentleg forbruk. Vi må sikre arbeidsplassar som er viktige i dag og for framtida.
Ei grøn økonomisk omstilling
Det finst nok av pengar, både i Noreg og i verda, til å sørgje for grøn omstilling, men pengane finn ikkje vegen dit dei skal. Heile økonomien skal riggast for framtida, og klima og natur må inngå i alle reknestykke. Staten skal gå føre og investere storstilt. Omstillingsarbeidet kan ikkje overlatast til marknaden.
For å omstille økonomien trengst det store investeringar i nye næringar, fornybar energi og infrastruktur. I dag blir pengane i for stor grad investerte i aktivitetar og infrastruktur som aukar utsleppa og hindrar omstilling, og som dessutan bidreg til spekulasjon i eigedom og aksjemarknaden. Finansnæringa kan bidra til omstilling i andre næringar viss kreditten blir styrt mot grøne investeringar. Det krev sterkare statleg regulering og utestenging av investeringar som aukar utsleppa.
• at den økonomiske politikken og statsbudsjetta skal styrast etter Parisavtalens mål om maksimalt 1,5 gradars oppvarming, og stimulere til kutt i utslepp.
• ha ein målretta auke av CO2-avgifta i samspel med andre verkemiddel, slik at utsleppa blir kutta så raskt som nødvendig for å avgrense oppvarming til 1,5 gradar. Det skal ikkje givast avgiftslette på andre miljøavgifter som reduserer miljøverknaden av CO2-avgifta for å kompensere for auka CO2-avgift.
• etablere eit klimabudsjett som styringsverktøy for komande statsbudsjett og rapportere om klimarisiko i norsk økonomi i kvart statsbudsjett. Vi må krevje at framtidige statsbudsjett skal vere i tråd med vedtekne klimamål, og styre mot at klimamåla blir nådde.
• føre ein aktiv næringspolitikk som sikrar omstilling gjennom strategisk investering, eigarskap, lån og tilskotsordningar.
• at næringslivet skal rapportere på klima- og naturrisiko. Det må utviklast ein metodikk for rapportering og vurdering av naturrisiko, etter modell av klimarisiko.
• opprette ein statleg, grøn investeringsbank som skal vere ein motor i den grøne omstillinga ved å sikre langsiktig kapital.
• endre sentralbanklova slik at klimaomstilling blir ein del av formålet til Noregs Bank.
• gå gjennom skattesystemet for næringsverksemd for å fremje grøne investeringar.
• regulere banksektoren slik at meir av kreditten blir styrt til grøne prosjekt.
• gi Finanstilsynet i oppdrag å køyre stresstestar av klimarisiko i norske finansinstitusjonar, og dessutan gjere vurdering av klimarisiko til ein del av Finanstilsynet sitt mandat.
• bruke Kommunalbanken til å gjere kommunane grønare, gjennom fleire grøne lån og obligasjonar.
• forhindre grønvasking ved å utvikle klare standardar for produkt som grøne bustadlån, og forby marknadsføring av «grøne» finansprodukt som ikkje reelt sett er miljøvennlege.
• hjelpe kommunane slik at kommunale pensjonspengar og andre kommunale fondsmidlar blir trekte ut av fossil energi.
• stille klare krav til kva som klassifiserer til å vere grøne obligasjonar, for å unngå grønvasking, og styrkje marknaden for grøne obligasjonar i Noreg gjennom offentlege finansinstitusjonar.
• lage og gjennomføre ein nasjonal forpliktande klima- og energiplan for kutt i alle sektorar, også dei kvotepliktige, med utsleppsmål og karbonbudsjett for kvar enkelt utsleppssektor i Noreg.
• bruke forureiningslova til å stille krav om utfasing av fossil energibruk og fossile utsleppskjelder, slik som forbodet mot bruk av oljefyr.
• innføre ein forbruksbasert klimarekneskap som viser dei totale utsleppa forbruket vårt fører til, og lage ein plan for å kutte utsleppa frå forbruket vårt.
• greie ut og innføre karbontoll for import av varer, slik at det er mogleg å få ned importerte utslepp.
• sikre midlar til å gjennomføre miljøtiltak i kommunane. Kommunane spelar ei nøkkelrolle i å løyse både klima- og naturkrisa. Stille krav om å bruke klima- og naturbudsjettet lokalt.
• inngå forpliktande klimaavtalar med ulike sektorar for å redusere utsleppa av klimagassar i tråd med Paris-avtalen, til dømes etter modell frå NOx-fondet.
Statens eigarskap og verkemiddel
Staten skal ta den leiande rolla i å gjennomføre ei grøn og rettferdig omstilling. Lover, planar, eigarskap og handelsreglar er sentrale verkemiddel som må takast i bruk. EU-/EØS- regelverk skal ikkje avgrense den statlege verktøykassa i utforminga av tiltak for klimakutt.
Det offentlege har stor påverknad gjennom rolla si som innkjøpar og gjennom verkemiddel som skal stimulere og støtte norsk næringsutvikling. SVs mål for perioden er å leggje om innkjøpspolitikken og statens verkemiddel slik at offentlege midlar alltid skal etterspørje nullutsleppsløysingar, og berre unntaksvis aksepterer lågutsleppsløysingar som alternativ. Det skal stillast krav om tariffesta lønns- og arbeidsvilkår. Dette vil gjere både offentleg verksemd og næringsliv meir framtidsretta. På denne måten vil norsk næringsliv få moglegheita til å byggje konkurransefortrinn i ei verd som må omstillast.
Det må vere samanheng mellom Noregs klimamål og kva tiltak vi finansierer over dei offentlege budsjetta. Altfor lenge har vi finansiert tiltak som er med på å undergrave klimamåla.
Staten skal drive aktivt eigarskap for å sikre berekraftige investeringar. Noreg eig mange store selskap heilt eller delvis. Mange av desse opererer innanfor sektorar som må endrast eller er avgjerande for å få til ei grøn og rettferdig omstilling. Historisk har statleg eigarskap vore ein viktig pådrivar for industrialisering, sysselsetjing og velferd i Noreg. Skal vi i fellesskap klare å få til omstilling, både kan og må statlege selskap gå i front. SV vil auke statleg eigarskap i nøkkelsektorar i åra som kjem.
• styrkje det statlege eigarskapet i viktige næringar og infrastruktur for framtida og gjere Noreg verdsleiande på det grøne skiftet.
• opprette eit grønt statleg investeringsselskap som fungerer som ein grøn gigant, og gjere storskala investeringar for å byggje ny, grøn industri. Dei ulike enkeltsatsingane og fonda for kvar enkelt industrisatsing skal samlast under dette selskapet.
• sikre tilgang til fornybar energi for grøn omstilling og utfasing av fossil energi.
• leggje vekt på miljø i minst 50 prosent i alle anbodsprosessar og innfase nullutsleppskrav i offentlege anbod. Kommunar og fylkeskommunar må kompenserast for ekstrakostnader knytte til omstilling og ny teknologi.
• etablere statistikkbank over offentlege innkjøp, der miljø og arbeidsforhold blir rapporterte særskilt. Statistikken skal brukast aktivt for å kontrollere at krav blir følgde.
• stille krav om låge klimagassutslepp i materiale og prosessar ved offentlege innkjøp for å bidra til lønnsemd og utløyse klimaløysingar som karbonfangst.
• utarbeide ein offensiv grøn eksportstrategi i samråd med partane i arbeidslivet. Eksportgarantiordningane skal byggje målretta opp om dette.
• sørgje for at lånegarantiar og -ordningar for bedrifter er grøne.
• endre mandata, vedtektene og oppdraget til verkemiddelapparatet og alle støtteordningar og institusjonar for næringslivet slik at grøn omstilling blir eit av hovudmåla dei jobbar for.
• bruke meir av forskingsressursane til grøn og rettferdig omstilling, ikkje olje og gass. SV vil frigjere midlar og kompetanse til anna næringsretta forsking, som til dømes forsking på fornybar energi og klimavennleg teknologi.
• stanse støtte eller lån til olje- og gassektoren og bruke midlane til anna næringsstøtte.
• styrkje Klima- og energifondet og gi Enova auka overføringar og tydeleg oppdrag om å realisere utsleppskutt i industrien, transportsektoren, og støtte til energieffektivisering i alle typar bygg og anlegg. Vi må sikre at alle har tilgang på Enova-midlane, ikkje berre dei største og rikaste.
• endre den overordna målsetjinga til statlege selskap om å bidra aktivt til grøn omstilling, i tillegg til å levere avkastning over tid.
• innføre ein regelmessig strategisk gjennomgang av statleg eigarskap i tillegg til eigarskapsmeldingar.
• krevje større openheit om og effektive tiltak for å motverke dei store og aukande klimagassutsleppa frå militær verksemd.
Kutte – for eit nullutsleppssamfunn
Noreg har forplikta seg til å bidra til å nå Parisavtalens mål om å avgrense temperaturstigninga til 1,5 gradars oppvarming. For å få dette til må verda halvere klimagassutsleppa sine fram til 2030, og dei rike landa må kutte endå meir. Utsleppa må raskast mogleg ned til null, og innan 2050 må verda ha negative utslepp. Derfor må vi fjerne klimagassar frå atmosfæren. Noreg må kutte utsleppa sine så mykje som mogleg, og minst 70 prosent i 2030 samanlikna med 1990-nivå. Innan 2040 må Noreg bidra til null eller negative utslepp. Vi bør ta ansvar for eigne utslepp og dessutan importerte og eksporterte utslepp.
Noreg bør ta ansvar for vår del av globale utslepp som ikkje er omfatta av ein klimaavtale, som utslepp frå internasjonal skipsfart og flytrafikk. Å betale andre land for å gjennomføre kutta våre er ein dårleg klimastrategi for Noreg. Det er usolidarisk, og det er kortsiktig fordi det utset ei nødvendig omstilling og gjer det meir utfordrande når verda skal over til eit nullutsleppssamfunn. Det er ikkje akseptabelt at EUs kvotesystem og fleksible mekanismar i klimaavtalen med EU bremsar klimakutt i Noreg.
Nøkkelen til store kutt i klimagassutsleppa er å redusere energiforbruket og erstatte fossil energi med fornybar energi i alle delar av samfunnet, og samtidig ta vare på evna naturen har til å binde karbon. Noreg skal elektrifiserast. I tillegg må vi ha andre fornybare løysingar og nullutsleppsløysingar for å kutte utslepp der det ikkje er mogleg eller er vanskeleg å elektrifisere.
Nullutslepp i transport
Nøkkelen til store kutt i klimagassutslepp i transportsektoren er at all fossil energibruk skal bort. Noreg er ein fiske- og sjøfartsnasjon som kan bli verdsleiande i klimavennlege løysingar. Biogass må særleg bidra i tyngre køyretøy. Jernbanen skal ha null utslepp. Det er eit mål at heile kortbanenettet for fly skal elektrifiserast innan 2030.
SV vil at all vekst i persontrafikk i byområda skal dekkjast av kollektivtrafikk, sykkel og gange, og at privatbilisme blir redusert med 40 prosent i alle store byar innan 2030. Vi vil styre mot å nå målet om at alle nye personbilar skal vere nullutsleppsbilar allereie i 2023, og i 2025 skal også nye lette varebilar ha null utslepp.
• at alle nye ferjer, bussar og hurtigbåtar skal bruke nullutsleppsteknologi eller gå på biogass. Staten skal sørgje for at fylkeskommunane får kompensasjon for dei auka utgiftene dette medfører.
• at cruiseferjer og andre skip som blir brukte i turistsamanheng, skal segle utsleppsfritt eller på biogass inn i norske fjordar.
• sikre at kommunane kan stille miljøkrav til skip ved hamneanløp og avvise skip som ikkje oppfyller desse krava.
• sørgje for at heile kystfiskeflåten blir omfatta av Enovas ordningar, at hamneinfrastruktur blir oppgradert, og at det blir lagt til rette for landstraum for større skip.
• stille krav om nullutsleppsløysingar eller berekraftig fornybart drivstoff for nye driftsfartøy i samband med petroleumsproduksjon.
• innføre høgare miljøstandardar for statleg eigde skip. Vi må bruke statleg eigde skip til å teste og utvikle ny miljøteknologi, og krevje nullutslepp og fornybare løysingar ved vedlikehald.
• framskunde statlege investeringar i nye skip på nullutslepp og berekraftige, fornybare løysingar.
• greie ut å innføre same avgiftsfordel for elektriske fritidsbåtar etter mønster av elbilar, og dessutan kjøpsavgift på nye båtar med utslepp.
• at det skal vere meir lønnsamt å kjøpe ein nullutsleppsbil enn ein fossilbil. Auka kjøpsavgifter for elbilar må alltid følgjast av ein større auke for fossilbilar i same klasse. Det skal fasast inn meirverdiavgift for kjøpsbeløpet over 600 000 kroner ved kjøp av nye elbilar.
• greie ut forbod mot kjøp og import av nye personbilar og lettare varebilar på fossilt drivstoff.
• at skatteholet på bilar med utslepp i leasingmarknaden skal tettast, slik at elbilar vinn konkurransen også i leasing. Slik sikrar ein fleire elbilar for folk flest i bruktbilmarknaden.
• leggje til rette for ei planmessig utbygging av fyllestasjoner for biogass.
• gi kommunane moglegheit til å etablere nullutsleppssoner der dei ønskjer det.
• sikre at fylkeskommunen kan stille miljøkrav til kommersielle bussruter.
• fase inn nullutsleppsteknologi og fornybare drivstoff for lastebilar ved å auke kjøpsavgiftene på forureinande køyretøyteknologi. SV vil gi fritak i bomringen fram til køyretøya utgjer minst 25 prosent av passeringane.
• gi tungtransport som går på biogass, fritak frå bompengeinnkrevjing.
• gradvis trappe opp omsetningskravet til avansert biodrivstoff utan avskogingseffekt og fornybart syntetisk drivstoff, og kravet til innblanding av avansert biojetdrivstoff, til 100 prosent.
• ha ein heilskapleg plan som viser korleis dei knappe bioressursane kan forvaltast og utnyttast på ein best mogleg måte for natur og klima.
• innføre sterke incentivordningar for innfasing av anleggsmaskinar, landbruksmaskinar og tungtransport med nullutslepp eller redusere utslepp sterkt etter modell frå elbilsatsinga.
• stille krav om bruk av el- og hybridfly med avansert biodrivstoff på kortbanenettet så snart teknologien er tilgjengeleg.
• stille krav til at norske aktørar i internasjonal luft- og skipsfart reduserer klimagassutsleppa sine.
Nullutslepp i industrien Nullutsleppsløysingar i industrien vil gi norsk næringsliv ein konkurransemessig fordel og bidra til nødvendige utsleppskutt. Derfor vil vi både stimulere til omstilling og stille klare krav.
• så raskt som mogleg fjerne bruk av fossil olje, kol og gass i industrien som ikkje lèt seg reinse, seinast innan 2030, og kutte klimagassutslepp frå industrien.
• sørgje for ei føreseieleg finansiering og realisering av fullskala karbonfangst- og lagring, inkludert transport, som til dømes Langskip-prosjektet, og støtte relaterte prosjekt for å auke utnyttinga av den nye verdikjeda i karbonhandtering.
• erstatte kolkraftverket på Svalbard med ei utsleppsfri energiløysing.
• trappe opp tilskot til å leggje om industriprosessar frå fossile innsatsfaktorar til elektrifisering og berekraftige fornybare løysingar gjennom industriprogram i Enova og Gassnova, miljøteknologiordninga og grøne investeringsfond. Ordningane må utvidast slik at alle kvalifiserte søknader til utsleppsreduserande tiltak kan få støtte.
• innføre forbod mot fossil fyring i industrien innan 2025.
• at alle bygg- og anleggsplassar skal vere utsleppsfrie eller ta i bruk fornybart berekraftig drivstoff.
• gå imot gasskraft. Det må ikkje byggjast nye gasskraftverk eller etablerast mobile gasskraftverk. Eksisterande gasskraftverk må reinsast eller leggjast ned og erstattast av fornybar energi.
• innføre nye avskrivingsreglar for grøn industri som gjer det lønnsamt å investere i tiltak som kuttar klimagassutslepp frå produksjon i Noreg.
• vidareføre ei CO2-kompensasjonsordning for industrien som sikrar norsk industri, hindrar karbonlekkasje og stimulerer til reduksjon i klimautslepp og omstilling til klimavennlege prosessar.
• etablere eit program for null klimagassutslepp frå prosess- og materialindustrien i nært samarbeid med bransjen og partane i arbeidslivet.
• elektrifisere havbruksnæringa og stille krav til nullutsleppsløysingar i offshoresupplyskip.
Byggje – ei ny industrisatsing
Petroleumssektoren har gitt Noreg store inntekter og over fleire tiår bidrege til storskala teknologisk og industriell utvikling og sysselsetjing. Men i takt med at sektoren fekk vekse langt meir enn den opphavlege oljepolitikken la til grunn, har den sterke oljeavhengigheita skygd for anna industrisatsing.
Denne avhengigheita må erstattast av nye industrisatsingar og gjennom vidareutvikling av eksisterande industri. SV vil ha eit nasjonalt industrimål, der industriproduksjon, med unntak av petroleumsrelatert industri, skal utgjere 20 prosent av verdiskapinga i 2040.
SV vil prioritere industriar som kan bidra til å redusere utslepp mest mogleg nasjonalt og globalt, som har lågast miljøavtrykk, som bidreg mest til nasjonal verdiskaping, og som skaper mest mogleg positive ringverknader i distrikta og i andre delar av samfunnet.
Petroleumspolitikk
Verda har allereie funne meir fossile ressursar enn vi toler å hente ut, om vi skal unngå øydeleggjande klimaendringar, og i dag ser vi ei rask omstilling til fornybare energiformer på verdsbasis. Dette kjem til å utfordre lønnsemda i framtidige norske oljeprosjekt, og framover er det lite sannsynleg at vi finn nok lønnsam olje til å halde norske petroleumsrelaterte næringar gåande.
Dagens høge leite- og investeringstempo innanfor olje og gass gjer det dessutan vanskeleg å få nok folk, kompetanse og kapital til annan industri. Risikoen ved å vere avhengig av éin industri som må omstillast til andre oppgåver, aukar stadig. For at overgangen til ein utsleppsfri og miljøvennleg økonomi samtidig skal sikre trygge arbeidsplassar, må han skje på ein planmessig måte.
I femti år har Noreg eksportert olje og gass og dermed bidrege til enorme globale klimagassutslepp. Noreg har eit historisk ansvar for både å kutte utslepp i Noreg og bidra til utsleppskutt internasjonalt.
• at Noregs olje- og gassproduksjon må reduserast slik at verda har ein god sjanse til å unngå global oppvarming på meir enn 1,5 gradar.
• at Noreg ikkje skal gi fleire leite- eller utvinningsløyve for ny olje- og gassutvinning på norsk sokkel.
• at utvinningsløyve ikkje skal forlengjast automatisk, men vurderast etter strenge krav til lønnsemd og påverknad på klima og miljø. Alle søknader om forlenging av utvinningsløyve som strir mot 1,5-gradarsmålet, skal stansast.
• setje krav til at eksisterande og eventuelt nye felt for utvinning av olje og gass skal takast i bruk for testing og bruk av karbonfangst- og miljøteknologi, og til å auke etterspurnad etter ammoniakk, hydrogen og biogass i skipsfart.
• redusere utsleppa på sokkelen gjennom redusert produksjon, auka CO2-avgift og elektrifisering ved bruk av offshore havvind. Oljenæringa må givast pålegg om å byggje ut like mykje offshore havvind som dei treng til elektrifiseringa, og betale for desse investeringane.
• at elektrifisering ikkje skal brukast til å halde oppe oljeproduksjon som er i strid med 1,5-gradarsmålet.
• at alle landanlegg som i dag blir drivne med fossil energi, skal påleggjast å drive utsleppsfritt frå 2025.
• gå inn for varig petroleumsfrie område, forankra i forvaltningsplanane, i særskilt sårbare område. Dette inkluderer mellom anna område utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, ved Jan Mayen, Iskantsona, Trænarevet, Skagerrak, polarfronten, Iverryggen og på Møre-felta.
• endre petroleumslovgivinga for å fremje omstilling og miljøomsyn, mellom anna ved å opne for å trekkje tilbake utvinningsløyve der oppdatert kunnskap om naturverdiar har kome fram.
• slå fast og endre definisjonen av iskanten slik at han blir definert i tråd med miljøfaglege og marinfaglege råd.
• greie ut og innføre ei utvinningsavgift på petroleum for å sørgje for at den minst lønnsame olja blir liggjande i bakken. Inntektene bør mellom anna gå til å utløyse klimatiltak i bransjen og til omstilling av industrien mot andre næringar.
• sørgje for at skatteregimet ikkje favoriserer petroleumsinvesteringar framfor investeringar i landbasert industri. Dagens petroleumsskatteregime må endrast til eit nøytralt system.
• avskaffe leiterefusjonsordninga.
• ta eit internasjonalt initiativ til ein avtale med andre oljeproduserande land med mål om å avgrense produksjonen av olje og gass.
• gå gjennom den samfunnsøkonomiske lønnsemda på norsk sokkel med mål om å stoppe ulønnsame utbyggingar.
• selje Equinor ut av alle utanlandske fossile energiprosjekt.
• greie ut og innføre økonomiske sanksjonar mot unødig fakling.
• at oljenæringa ikkje skal få lov til å drive med lobbyverksemd i norsk skule.
• avvikle Skattefunn-ordninga for all petroleumsrelatert aktivitet.
Maritime næringar
Noreg er først og fremst eit havland. Gjennom heile historia vår som nasjon har havnæringane vore berebjelken for verdiskaping og inntekter. Å satse på maritim sektor og gjere han berekraftig og utsleppsfri gjer han til ei viktig framtidsnæring, med stort potensial for eksport av teknologi og produkt. SV vil bruke norskekysten for utvikling av nullutslepp i global skipsfart, og med utgangspunkt i norsk kompetanse.
• sikre verftsindustri gjennom oppkjøp, støtteordningar og oppdrag.
• bidra til å gjere den globale skipstrafikken utsleppsfri med utgangspunkt i norsk kompetanse og næringar, ved å etablere eit nasjonalt program gjennom Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Enova.
• setje norsk verftsindustri i stand til å kunne gjennomføre heile kontraktar i bygg og konstruksjon av autonome godsskip. Ingen norsk etterspørjar skal måtte setje ut heile eller vesentlege delar av kontraktar for å få bygd autonome og utsleppsfrie skip.
• styrkje nettolønnsordninga for å stimulere til at fleire skip blir registrerte i NOR- registeret.
Flytande havvind
Flytande havvind kan gi store moglegheiter for energiproduksjon og eit nytt norsk industrieventyr. Det må leggjast til rette for flytande havvind i norsk økonomisk sone, innanfor eit konsesjonsregelverk som tek omsyn til både artsmangfaldet i havet og andre næringar. Havvind er ein industri med stort internasjonalt potensial som Noreg har kompetanse og infrastruktur for. Det må på plass støtteordningar som kan stimulere til ei effektiv utvikling av flytande havvind, noko som vil gi betre vilkår for leverandørindustrien i Noreg. Det skal sikrast at ein vesentleg del av grunnrenta frå havvind går til fellesskapet, gjennom skattlegging og direkte eigarskap.
• støtte utvikling og utbygging av flytande havvind.
• gi eksportstøtte for sal av teknologi.
• stille krav om at havvindindustri skal gi arbeidsplassar og ringverknader i Noreg.
• bruke havvind til elektrifisering av oljeinstallasjonar der forholda ligg til rette for det.
• greie ut kva stader og miljø som kan eigne seg for utbygging av havvind-industri. Det må stillast strenge krav til konsesjonsprosessen for havvind, og flytande havvind skal ikkje utviklast i område der det blir konflikt med natur og fiskeressursar eller i kystnære strøk.
• bruke statleg eigarskap til å investere i havvind, anten gjennom eit nytt statleg selskap eller ved å bruke eigarstyringa i dei etablerte selskapa.
• at ein vesentleg del av grunnrenta frå havvind skal gå til fellesskapet, gjennom skattlegging og direkte eigarskap.
• gjennomføre ei nasjonal kartlegging av det marine økosystemet for å sikre grunnleggjande kunnskap for vurderingar for lokalisering og omsyn til biologisk mangfald.
• styrkje arealforvaltninga til havs for å førebyggje konfliktar mellom dei ulike interessene som vil bruke havrommet. Styrkje forvaltningsplanane slik at dei reelt samordnar arealbruken til havs som ein samordna plan for bruk og vern i havet.
• utvikle ein fullverdig leverandørindustri som skal skape minst 3 GW installert effekt innan 2030.
Karbonfangst og -lagring
Innanfor nokre industriar er det ikkje mogleg å bli kvitt klimagassutslepp utan å ta i bruk karbonfangst og -lagring, som i sementproduksjon og ved avfallsforbrenning. Karbonfangst kan òg bidra til netto opptak av CO2 frå atmosfæren, som er nødvendig for å nå klimamåla. Noregs moglegheit til å lagre CO2 frå heile Europa på botnen av Nordsjøen gjer at lagring, handtering, transport og eksport av fangstteknologi gir store moglegheiter for norsk leverandørindustri og arbeidsplassar i Noreg. Klimapolitikken må òg fremje karbonfangst og lagring i naturen og gjennom biologiske prosessar.
• greie ut moglegheita for karbonfangst og lagring frå biomasse.
• gi støtte til minst to fullskala pilotanlegg for karbonfangst og -lagring.
• setje i gang utgreiing for å få på plass karbonfangst og -lagring ved alle dei store avfallsforbrenningsanlegga i Noreg og andre punktutslepp som vanskeleg lèt seg elektrifisere.
• greie ut vidare modellar for statleg medfinansiering av framtidige karbonfangst og -lagringsprodukt.
• innføre ei avgift for sement produsert med utslepp for å gi økonomisk støtte til sement frå anlegg med karbonfangst.
• gi investeringstilskot til prosjekt som siktar mot karbonfangst og -bruk (CCU), som produksjon av bioetanol og algar, eller i stålproduksjon.
• gi investeringstilskot til prosjekt som bidreg med negative utslepp igjennom bioenergiproduksjon kombinert med karbonfangst og -lagring.
Utsleppsfri prosessindustri
Prosessindustrien er ein av Noregs største eksportnæringar med produksjon langs heile kysten. Bransjen er teknologisk leiande med lågt spesifikt energiforbruk og spesifikt klimaavtrykk og har mål om null utslepp innan 2050. Prosessindustrien omfattar mellom anna leveransar til fornybar energiproduksjon.
• sikre bransjen stabil forsyning av fornybar energi til føreseielege prisar.
• etablere eit program for nullutslepp og fornybare reduksjonsmiddel frå prosess- og materialindustrien i nært samarbeid med bransjen og partane i arbeidslivet.
• vidareføre ei CO2-kompensasjonsordning kombinert med ein samarbeidsavtale med bransjen om nullutslepp og energiøkonomisering.
• samarbeide med bransjen om å utvikle verdsleiande teknologi for nullutslepp og sirkulærøkonomi, og dessutan om vidareforedling/spesialisering som kan skaffe fleire arbeidsplassar.
• arbeide for internasjonale standardar for miljødeklarasjon.
Batteriproduksjon
Noreg ligg langt framme på elektrifisering av mange sektorar og er avhengig av batteriteknologi for å klare det. Det finst fleire norske batterifabrikkar, og vi har sterke fagmiljø, men vi manglar fabrikkar som lagar battericeller. Over 95 prosent av elbilbatteria i verda blir i dag produserte i Asia. SV vil at Noreg skal ta ei leiande rolle i denne marknaden framover, på både produksjon, gjenbruk og resirkulering av batteri.
• leggje til rette for storskala batteriproduksjon i Noreg.
• at det offentlege skal etterspørje, stille krav og bidra til å utvikle resirkulerings- og gjenbruksløysingar for materiale.
• at det må stillast krav i offentlege anbod til gode miljø- og arbeidsvilkår i produksjonen og transparens i leverandørkjeda av batteri for å sikre at materiala er i tråd med menneskerettar, arbeidsforhold og akseptable naturinngrep.
Hydrogenproduksjon
Hydrogen frå elektrisitet frå fornybar energi vil bli ein stadig viktigare energiberar, og saman med brenselsceller kan hydrogen erstatte rein batteridrift i til dømes ferjer og annan kystflåte. Også i industrien kan hydrogen erstatte karbontunge innsatsmiddel. Blå hydrogen frå gass med karbonfangst og -lagring kan vere aktuelt på eksisterande gassfelt, kombinert med klimakrav som sikrar at det ikkje blir eit skalkeskjul for forlenging av fossilalderen.
• opprette eit eige hydrogenfond og eit statleg hydrogenselskap for å utvikle bruk og produksjon av ein hydrogenindustri i Noreg. Satsinga skal prioritere utvikling av hydrogen basert på fornybare energikjelder framfor frå fossile kjelder.
• innføre bruk av hydrogen som drivstoff på utvalde strekningar innanfor ferje og jernbane.
• støtte innførsel av hydrogen i delar av kraftkrevjande industri for å erstatte fossile råstoff.
• vurdere utsleppskrav til gjødselindustrien for å utløyse grøn hydrogenbruk, der det samtidig er lagt til rette for omstillinga gjennom tilgang til kraft og investeringsstøtte til nye elektrolyseanlegg.
• tilby investeringsstøtte til elektrolysørar og gi driftsstøtte etter prinsippet om såkalla differansekontraktar for å kompensere for CO2-kutt utover det CO2-kompenserte.
Sjølvkøyrande transport
Noreg har i dag ei leiarrolle i utviklinga av fjernstyrte og autonome teknologiar for køyretøy og fartøy. Desse teknologiane kjem til å vere ein vesentleg del av elektrifiseringa som skjer i transportsektoren. For SV er det viktig at slik teknologi òg er trygg, og at innføringa skjer i nær kontakt med organisasjonane til dei tilsette.
• leggje til rette for fleire, større pilotprosjekt og testarenaer for autonomi på land, sjø og i lufta. Nye omlastingsterminalar for gods må planleggjast for auka autonomi.
• støtte opp under eksport av teknologi og produkt.
• passe på at lovverket er i pakt med utviklinga på feltet, og at ein sørgjer for personvern og sikkerheit.
Bioindustri
Bioøkonomi er industri basert på det vi har gjort sidan dei eldste tider: hausting og foredling av naturressursar. Innanfor fiskeri, havbruk, jord- og skogbruk er det eit stort potensial for nye arbeidsplassar og nye næringar som lagar alt frå nye materiale og mat til energi og medisinar. I dag eksporterer Noreg i stor grad råvarene. Meir foredling i Noreg vil gi arbeidsplassar og auke ressursgrunnlaget for verdiskaping i form av mangfaldige ferdigvarer med høg verdi i ein global marknad. Foredlinga vil òg skape grunnlag for klimakutt og utvikling av ei global konkurransedyktig leverandørnæring, så lenge vi held oss innanfor tolegrensene til norsk natur.
• etablere eit BioNova etter modell frå Gassnova, for å støtte oppstart og utvikling av nye, bioteknologiske prosjekt.
• etablere mål og program som bidreg til å auke bioøkonomiens del av industriproduksjonen i Noreg vesentleg.
• favorisere biobaserte produkt som er kortreiste og inngår i ein sirkulær økonomi, til dømes gjennom auka bruk av tre i statlege bygg.
• etablere nasjonale mål for fosforgjenvinning, og greie ut verkemiddel for å styrkje marknaden for sekundært fosfor.
• utvikle produksjon av proteinfôr til husdyr og fiskeoppdrett på norske ressursar.
• kartleggje og sikre nasjonalt eigarskap til genetiske ressursar på norsk territorium.
• styrkje forsking og utvikling av nye metodar for dyrking og produksjon av mat frå algar og skjel, som eit viktig bidrag til å skaffe nok sunn og sikker kost for den aukande befolkninga i verda.
Annan industri
I tillegg til dei heilt nye industrisatsingane er det avgjerande at eksisterande industri blir vidareutvikla. Vi er avhengige av ein sterk industrisektor for å halde oppe velstand over tid. Ei sterk fagrørsle, høgt kompetansenivå og flate hierarki har gitt høg produktivitet og omstillingsevne i norsk industri. Alt dette må takast vare på og styrkjast for å auke norsk konkurranseevne og sikre sysselsetjing, eksportinntekter og ein variert næringsstruktur.
• sikre føreseielege kraftprisar til prosessindustrien. Norsk prosessindustri skal vere verdsleiande på klimaløysingar.
• opne nye dører for norsk industri. Norske eksportordningar skal stimulere til ny bruk av norsk teknologi og ferdigvareindustri, og søkje nye marknader der norsk teknologi og produkt kan kome til nytte.
• senke avskrivingar på industrimaskinar, for å auke investeringsviljen i landsindustrien.
• etablere eit større nasjonalt program for avansert industriproduksjon etter modell frå Tyskland og Storbritannia, der ein prioriterer sektorar der Noreg har gode sjansar for å lykkast, og dessutan aktivt overføre kompetanse og teknologi frå offshorenæringane.
• halde på gode garanti- og finansieringsordningar til norske eksportbedrifter.
• innføre statlege garantiordningar for etablering av ny klimavennleg industri.
• leggje til rette for romindustrien gjennom nye støtteordningar, meir utdanning og forsking, og dessutan auka støtte til nasjonale romprosjekt som Andøya Spaceport.
• ha aktiv rekruttering, om nødvendig kvotering, av kvinner inn i grøne industriarbeidsplassar også i leiarposisjonar.
Mineral
SV vil sørgje for god balanse mellom utvikling av mineralnæringa og omsynet til miljø og lokalsamfunn. Noreg er eit fjelland som er rikt på mineral. Det har gitt oss mange arbeidsplassar, men også problem som forureining og store arealinngrep. Langsiktig miljøforvaltning er viktig for mineralnæringa.
• opprette eit statleg mineralselskap som kan drive utforsking og utvinning av mineral der det blir sikra lokale arbeidsplassar og verdiskaping.
• at det i konsesjonsprosessane skal prioriterast uttak av særleg nyttige mineral.
• stille strenge miljøkrav. Uttak av mineral skal vere i tråd med føre-var-prinsippet, og det skal stillast krav til fondsavsetning for opprydding før avvikling.
• innføre eit moratorium mot gruvedrift på havbotnen, inntil det er gjort grundige kartleggingar av økosystema som vil bli ramma.
• greie ut konsekvensane av mineralutvinning på kontinentalsokkelen.
• kartleggje mineralressursane i Noreg, til lands og på sokkelen. Vi må styrkje Noregs geologiske undersøking og den industrielle og bergtekniske kompetansen i kommunane.
• innføre tilskot til forsking og pilotanlegg for handtering av overskotsmasse.
• bidra til ein større norsk industri i utvinninga av sjeldne jordartar.
• stille krav om bankgarantiar ved mineralverksemd, som sikrar miljøopprydding når gruveverksemd blir avslutta eller eventuelt går konkurs.
• forby sjødeponi og stoppe dei planlagde dumpingane av gruveavfall i Førdefjorden og Repparfjorden. Vi vil innføre avgift på dumping av gruveavfall og stille krav om resirkulering og tilbakeføring av natur. Vidare vil vi stille krav til reduserte avfallsmengder, auka utnytting av ressursane og stimulere til alternativ bruk av restmassane.
Dele – for ei rettferdig omstilling
Ei rettferdig omstilling må skje nedanfrå på folket sine premissar. Omstillinga må vere for dei mange, av dei mange. Den norske økonomien har vore ein suksess fordi han byggjer på den norske modellen med høg grad av fagorganisering, kollektiv lønnsdanning med landsomfattande tariffavtalar, sentrale lønnsoppgjer og høg produktivitet. Dette må vi byggje vidare på. Det viktigaste grepet for ei rettferdig omstilling er ein aktiv stat og ein næringspolitikk som sikrar eksisterande arbeidsplassar og satsar på nye. Omstillinga må skje gjennom eit aktivt trepartssamarbeid, der staten stiller krav om omstilling til nullutsleppssamfunnet og bidreg med pengar til omstillinga i dialog med partane i arbeidslivet.
Små forskjellar og eit organisert arbeidsliv er ein føresetnad for å gjennomføre nødvendige grep med tanke på å kutte klimagassutslepp på ein rettferdig måte. Dette kan ein i hovudsak gjere ved ei omfattande omfordeling av pengar og ved å satse på fellesskapsløysingar og ein sterk velferdsstat. Omstilling skal ikkje føre til at forskjellane går opp. Arbeid til alle
I åra som kjem, treng vi alle hovud og hender som kan jobbe. Berre i kommunane trengst fleire titals tusen årsverk dei neste åra, dersom velferdsnivået skal haldast på same nivå som i dag. Samtidig, med forventa nedgang i aktiviteten innanfor petroleum, må vi både leggje til rette for nye oppdrag for alle dei som i dag jobbar der, og for nye næringar og industri som kan erstatte inntektene frå petroleum.
Det er mange som i dag står heilt eller delvis utanfor arbeidslivet og har inntekta si frå ulike velferdsytingar. Det må sjåast på som ei sentral oppgåve å få til ei omstilling som inkluderer dei som har moglegheit til å jobbe. For å sikre nok arbeid til alle og ei berekraftig utvikling må vi i framtida òg dele på arbeidet i større grad.
• utarbeide ein nasjonal sysselsetjingsplan og eit jobbskapingsprogram basert på korleis arbeid, kapital og naturressursar i Noreg mest effektivt kan nyttast, innanfor rammene av Paris-avtalen og naturens tolegrense.
• greie ut ein klimajobb- eller opplæringsgaranti for arbeidstakarar i Noreg.
• etablere ein industri- og investeringsplan som sikrar dagens industriarbeidarar jobb, med mål om å skape nye arbeidsplassar innanfor industrien kvart år fram mot 2030.
• gjeninnføre ei omstillingslov med klare reguleringar av tilgangen til å leggje ned eller byggje ned bedrifter.
• opprette eit breitt samansett utval som inkluderer partane i arbeidslivet, og som skal lage ein plan for korleis arbeidsplassane i olje- og gassnæringa skal omstillast til grøne industriarbeidsplassar.
Kompetanse
Omstilling av arbeidslivet må skje gjennom kompetanse- og utdanningspolitikk og initiativ frå partane. I dag har vi ikkje dei nødvendige systema eller løysingane som trengst for å møte dei store kompetanseutfordringane. Vi treng utdanningsmoglegheiter for dei som er i arbeidslivet, og for dei som står utanfor. Vi må styrkje jobbmoglegheiter for folk som ikkje har formell kompetanse. Omstillinga må skje i tett trepartssamarbeid både nasjonalt, regionalt og lokalt.
• gjennomføre ei kompetansereform som omfattar både offentleg og privat sektor. Reforma må ta utgangspunkt i den norske modellen og samarbeid med partane i arbeidslivet, og kan innebere å etablere ordningar til å finansiere etter- og vidareutdanning.
• opprette eit kompetansesenter for yrkesfag i Vestland for å styrkje kompetansereforma i privat og offentleg sektor.
• auke talet på fagskuleplassar og jobbe for at ein større del av arbeidsstyrken skal ha ei fagskuleutdanning for å oppfylle krava til næringslivet i dag.
• innføre rett til eitt år med tilrettelagd grunnskuleopplæring på ein vidaregåande skule for folk som ikkje har fullført grunnskuleopplæringa.
• opprette deltidsopplæring, mellom anna retta mot tilsette i oljenæringa, for å sikre moglegheiter for vidareutdanning. Det må òg opprettast økonomiske støtteordningar for framtidsretta fagbrev med normal lønn i læretida.
Eit grønt folkeløfte Det trengst eit grønt folkeløfte: Forskjellane skal ikkje auke på grunn av klimatiltak. Ein offensiv og nødvendig klimapolitikk må derfor henge saman med ein offensiv fordelingspolitikk som reduserer dei økonomiske forskjellane. Dei med dårlegast råd skal ikkje betale prisen for krisa.
For å redusere dei norske utsleppa nok må vi leggje ei stigande avgift på kol, olje og gass kvart år. Det betyr at produkt laga av fossile kjelder blir dyrare. For å fordele kostnadene rettferdig og dermed få aksept for det må avgiftsinntektene betalast tilbake til alle. SV vil ha ei karbonavgift til fordeling slik at dei som bruker meir enn gjennomsnittet, går i minus, medan dei som bruker mindre, går i pluss.
• gradvis auke CO2-avgifta og kople henne til omfordeling. Inntekta frå ein sterk auke i CO2-avgifta skal betalast tilbake til folk direkte, ein grøn folkebonus. I modellen må det kunne takast omsyn til inntekt med ei øvre inntektsgrense og geografisk fordeling i utbetalinga. For enkeltbransjar kan det vere eigne ordningar der inntekter frå avgift blir brukte til grøne tiltak.
• greie ut og innføre fleire ordningar som gir incentiv til å gjere miljøvennlege val uavhengig av inntekt, som at ein kan ta opp energilån til energieffektiviseringstiltak og installering av solkraft gjennom Husbanken.
• gjere luksusforbruk av klimagassutslepp dyrare, slik som å innføre CO2-avgift på drivstoff til yachtar og bruk av privatfly.
• gjere miljøvennlege alternativ gjennomgåande billigare enn fossile.
• setje eit tak på kor høgt fastledd av nettleige skal vere.
• greie ut ei likare og meir rettferdig nettleige over heile landet.
Ein heilskapleg energipolitikk
Noreg treng ein ny energipolitikk som styrer produksjon og forbruk til det beste for fellesskapet, og som ikkje lèt marknadskreftene bestemme. Vi må redusere energiforbruket vårt og produksjonen av fossil energi. For å kutte fossile utslepp må vi gå gjennom ei omfattande energieffektivisering, samtidig som vi produserer meir fornybar energi, mellom anna gjennom havvind, sol og oppgradering av vasskraftverk.
Styring av energisektoren
Norsk kraftproduksjon skal kome fellesskapet til nytte. Fornybar og kortreist kraft er ein føresetnad for at Noreg kan vere ein industrinasjon, og skal brukast som eit strategisk fortrinn for å vidareutvikle industri, teknologi og høgproduktive arbeidsplassar i Noreg. I framtida kjem kraft til å bli ein knapp ressurs. Energisektoren må derfor styrast politisk og underleggjast sterkare demokratisk kontroll.
• at Noreg lagar ein heilskapleg klima- og energiplan. Planen må sikre at vi når klimamåla våre og bidreg til ny industriutvikling gjennom energieffektivisering og ny fornybarutbygging.
• at det skal innførast ein naturressursskatt og utarbeidast ein modell for grunnrenteskattlegging på vindkraft og andre modellar for skattlegging. Dette arbeidet skal inkludere modellar som er brukte på vasskraft, slik som konsesjonsavgift og konsesjonskraft.
• gå imot utanlandskablar som er meinte for eksport av kraft, og avgrense kraftutveksling til det som er naudsynt for å ta vare på god balanse i kraftsystema, og sikre tilgang til fornybar energi i Noreg.
• endre energilova slik at krafta blir styrt politisk og ikkje blir overlaten til marknadskreftene.
• prioritere kraft til landbasert industri og næringar som gir flest faste, høgproduktive arbeidsplassar, som gir mest mogleg verdiskaping, inneber minst tap av natur og bidreg mest til å kutta klimagassutslepp.
• sikre kraftkrevjande industri gode, langsiktige kraftkontraktar og rammevilkår.
• seie nei til å flytte makt over energisektoren til EU og arbeide for å auke norsk suverenitet på området. SV vil melde Noreg ut av EUs energipakke 3 og ACER, og bruke vetoretten i EØS mot myndigheitsoverføringa i EUs energipakke 4.
• sikre heimfallsretten og auke fellesskapet sin eigardel i kraftselskapa.
• stille dei same krava til offentleg eigarskap for vindkraft som for vasskraft.
• ha ein energikommisjon som skal analysere framtidig kraftbehov og korleis dette kan dekkjast.
• greie ut forbod mot utvinning av kryptovaluta i Noreg.
Energieffektivisering
Den mest miljøvennlege energien er den som ikkje blir brukt. Energieffektivisering må derfor vere ein sentral del i ein framtidig energipolitikk. Innanfor bygg, transport og industri har vi eit stort potensial for energieffektivisering. Det kan gjere bustader og bygg betre å leve i, og det kan sikre arbeidsplassar lokalt over heile landet.
• utarbeide ein plan for korleis Noreg skal klare å kutte minst 12 TWh gjennom energieffektivisering i bygg innan 2030. Energibruken frå bygg skal halverast innan 2050.
• gjere det enkelt for alle innbyggjarar og bedrifter å få hjelp og støtte til energieffektiviseringstiltak og klimatiltak.
• gi ekstra støtte til energieffektivisering for hushald med låg inntekt.
• at staten må stille krav og setje eit mål på energieffektivisering i alle offentlege verksemder, og stille krav om minst energiklasse A i alle nye offentlege leigekontraktar.
• doble påslaget som går til Klima- og energifondet, og øyremerkje pengane til tiltak som kan redusere utslepp og bidra til energieffektivisering i hushalda.
• at eigarar av næringsbygg blir gitt eit incentiv til å gjennomføre energieffektiviseringstiltak gjennom høgare avskrivingssatsar dersom dei gjennomfører tiltak.
• stille krav om at alle nye bygg skal vere nullutsleppsbygg eller plussbygg.
• greie ut kva effekt eit toprissystem for straum har på fordeling og energiforbruk, alternativt auka elavgift kombinert med tilbakebetaling av ein fast sum per husstand.
• samarbeide med bransjeorganisasjonane og partane i arbeidslivet om tiltak for energiøkonomisering i industri og næringsliv og stille krav om utnytting av spillvarme.
• arbeide for at barnehagar, skular, universitet og høgskular i større grad skal bli miljøvennlege institusjonar, til dømes gjennom val av materiale og energiløysingar når det skal rehabiliterast.
• gi økonomisk støtte til ladeinfrastruktur i burettslag og sameige. Fornybar energiproduksjon
Noreg har ei lang historie med utbygging av fornybar energi og har ein nesten fossilfri elektrisk produksjon på land. Krav til offentleg eigarskap og skatt gjer at overskotet kjem oss alle til gode.
All utbygging av fornybar energi inneber inngrep i naturen. Vidare utbygging av fornybar energi må, til liks med andre utbyggingar i naturen, vegast mot behovet for meir rein kraft og konsekvensane for naturen. Urfolks rettar må respekterast i alle utbyggingssaker. Det skal takast særleg omsyn til reindrifta og den samiske kulturen.
Vindkraftanlegg på land i Noreg har vist seg veldig naturøydeleggjande og har ofte skapt kraftig lokal motstand. Urfolk, kommunar og lokalmiljø har blitt overkøyrde i konsesjonsprosessane.
Vindkraftutbygginga har dessutan gitt svært beskjedne lokale ringverknader og har ikkje bidrege til teknologiutvikling eller industriarbeidsplassar i Noreg. Tvert imot skjer utbygginga med hovudsakleg importert teknologi, og utanlandsk storkapital eig ein stor del av vindkraftanlegga. I pakt med konklusjonane i Naturpanelet og ut frå erkjenninga av at arealinngrep også i Noreg er den største trusselen mot samiske interesser og norsk natur og artsmangfald, seier SV nei til vidare utbygging av vindkraft på land og som botnfaste anlegg nær kysten.
• seie nei til vidare utbygging av storskala vindkraft på land og som botnfaste anlegg nær kysten.
• vurdere frå sak til sak småskala vindkraft på industrialiserte område, der det er forsvarleg med tanke på helse og sikkerheit, og der det er lokalt ønske om det.
• innføre ein todelt konsesjonsprosess for all fornybar energiutbygging der NVE gir anleggskonsesjon, medan miljøstyresmaktene skal vurdere løyve til inngrep. Utbyggingar av kraft må omfattast av reguleringsplanar etter plan- og bygningslova, slik som utbyggingar av veganlegg og tilsvarande.
• at utbyggingar som ikkje føreset auka press på villmarksprega urørt natur, skal prioriterast. Naturverdiar skal vege tungt i vurderingar av utbygging av fornybar energi og andre inngrep.
• kartleggje og oppdatere naturkonsekvensane av dei vedtekne og igangsette vind- og vasskraftutbyggingane.
• at det offentlege, gjennom Statnett, skal eige nettinfrastruktur også til havs.
• ikkje gi konsesjon til nye vindkraftutbyggingar i landområde med samisk tamreindrift. Sørsamisk språk og kultur, som er spesielt sterkt knytt til reindrifta, er kritisk trua og treng eit spesielt vern.
• at representantar for samisk tamreindrift skal bli konsulterte i forkant når det blir føreslått inngrep som kan påverke drifta deira. Det skal arbeidast saman med representantar for urfolket for å unngå at eventuelle vindkraftplanar skader næringa, og tiltak som påfører næringa skade, skal ikkje setjast i verk med mindre dei næringsutøvarane som lid skade av utbygginga, gir sitt informerte samtykke.
• greie ut om nokre område kan eigne seg til offshore havvind (ikkje nær kysten), og vurdere utbygging under føresetnad av at anlegga ikkje undergrev viktige natur- og næringsverdiar, og at dei bidreg til å nå viktige mål for verdiskaping.
• verne fleire vassdrag og ikkje byggje ut nye, store vasskraftprosjekt. Eksisterande vasskraftverk skal oppgraderast og utvidast der det ikkje gir betydeleg negative konsekvensar for naturen i og rundt vassdraget, og der informert samtykke blir gitt av eventuelle utøvarar av urfolksnæringar som vil bli skadelidande ved utviding.
• gå inn for ei skatteomlegging som gjer det meir lønnsamt å oppgradere vasskraftverk.
• sikre naturverdiar i alt utbygde vassdrag. Revisjon av konsesjonsvilkåra for kraftutbygging skal bidra til gode miljøtiltak og reelle miljøforbetringar som i størst mogleg grad sikrar det naturlege artsmangfaldet i dei utbygde vassdraga.
• leggje til grunn dagens regelverk for vasskraft og vidareføre konsesjonskraft og konsesjonsavgift for vasskraft som går til vertskommunane.
• stimulere til auka produksjon av solenergi i Noreg og innføre eit system for effekttariffar som ikkje hemmar etablering av solkraft.
• avgrense statleg grunnrenteskatt til reell skatt på superprofitt og skjerme normalavkasting på kraftproduksjon.
• endre plusskundeordninga slik at det blir mogleg for burettslag og sameige å nytte seg av solkraft for å forsyne hushald, og enklare å få mellomstore anlegg på nett.
• sikre gode støtteordningar for installasjon av solceller på eksisterande bygg, næringsbygg, nybygg, bygningsintegrerte solceller og batteri.
• leggje til rette for ein heimeindustri innanfor el og sol i Noreg gjennom solcelle- og batteriproduksjon og ladeselskap.
• sørgje for at det blir gjennomført energieffektivisering og utbygging av solenergi på offentlege bygg.
• utarbeide ein forpliktande handlingsplan for å auke biogassproduksjonen til 10 TWh årleg i 2030.
• etablere støtteordningar for auka bruk av geotermisk energi, og dessutan fjernvarmeanlegg.
Arbeidsliv, velferd og fordeling
Arbeidsliv
Eit organisert arbeidsliv med sterke fagforeiningar, faglege rettar og tariffavtalar er avgjerande for å jamne ut maktforholda i arbeidslivet og hindre utnytting av arbeidsfolk. SVs mål er arbeid til alle. Vi jobbar for full sysselsetjing, små lønnsforskjellar og eit arbeidsliv med rettar og makt til lønnsarbeidarar. Usikre og mellombelse tilsetjingar har blitt vanleg i delar av arbeidslivet. Mange blir tilknytte arbeidslivet på måtar som ikkje gir dei rettane og det vernet som fast tilsetjing gir, og mange jobbar i yrke der lønna ikkje er til å leve av. Dette bidreg til auka forskjellar i makt og rikdom, og aukande fattigdom.
Den norske modellen, i form av trepartssamarbeidet mellom arbeidarane, arbeidsgivarane og staten, er trua, mellom anna ved at arbeidstakarorganisasjonane blir svekte i delar av arbeidslivet. Useriøse aktørar bidreg til at svart arbeid kan vekse fram. Trepartssamarbeidet og det kollektive avtalesystemet må styrkjast og vidareutviklast.
Noreg har høg sysselsetjing blant kvinner, men samtidig er kvinner, særleg dei med kort utdanning, overrepresenterte når det gjeld deltidsarbeid og mellombelse tilsetjingar. Framleis er arbeidslivet sterkt kjønnsdelt. Dette bidreg til å halde ved lag lønnsforskjellar mellom kjønna.
EØS-avtalen utfordrar i mange tilfelle krava våre til eit meir rettferdig arbeidsliv. SV vil ikkje akseptere at EØS-avtalen blokkerer for nødvendige tiltak for å verne og vidareutvikle rettane til arbeidstakarane og den norske arbeidslivsmodellen, i lov, tariffavtalar og ILO- konvensjonar. SV vil fjerne forrangsføresegna i den norske EØS-lova og arbeide for at ILOs kjernekonvensjonar har forrang framfor EØS-reglar. Reservasjonsretten skal brukast aktivt mot EU-direktiv som svekkjer opparbeidde faglege rettar eller står i vegen for at desse rettane blir utvida.
Trygge og faste stillingar
Utan fast jobb er det vanskelegare å planleggje framtida, få seg bustad, og det krev meir å seie frå om urettferd på jobben. Hovudregelen i arbeidslivet skal vere faste og heile stillingar for å sikre føreseielege arbeidsforhold og moglegheit til å leve trygge og gode liv.
• styrkje arbeidsmiljølova som vernelov og fjerne den generelle tilgangen til mellombelse tilsetjingar.
• avvikle bemanningsbransjen. Vi må sørgje for at spesielt utsette bransjar blir skjerma totalt inntil dette er gjennomført, og at slik innleige elles blir avgrensa til reelle vikariat. Framleis må vi tillate utvida innleige mellom reelle produksjonsbedrifter etter avtale med tillitsvalde i fagforeining med innstillingsrett. Brot på føresegnene må straffast.
• at arbeidsformidling skal vere eit offentleg ansvar. Offentleg arbeidsformidling må ta i bruk ny teknologi og plattformer slik at tilbod og etterspurnad etter arbeidskraft lettare finn kvarandre.
• gjere tydeleg arbeidsgivaransvaret i lovverket. Dette må òg omfatte konsern og konsernliknande forhold. Det skal til kvar tid vere klart kvar ein er tilsett, og kven som er reell arbeidsgivar.
• klargjere og utvide arbeidstakaromgrepet for å redusere omfanget av falske sjølvstendig næringsdrivande, og endre konkurranselova slik at frilansarar kan forhandle vilkår samla.
• avskaffe årlege flate ostehøvelkutt i offentleg sektor.
• avskaffe New Public Management som styringsmodell i offentleg sektor.
• styrkje rettane for tilsette i statstilsettelova, særleg når det gjeld fast stilling og stillingsvern, og dessutan gjeninnføre tilgangen til mindretalsanke ved tilsetjingar.
• gå gjennom bruk av datainnsamling for å styrkje personvernet for tilsette og hindre kontroll og overvaking. Vi må sikre arbeidarar og deira tillitsvalde innsikt i eigne data og dataa arbeidet deira genererer.
• styrkje reguleringa av vurderingssystem innanfor arbeidslivet.
Lønnsutvikling og arbeidsvilkår
Blant dei lågast lønte har lønnsutviklinga stagnert, lønnsforskjellen aukar, og utjamninga av lønnsforskjellar mellom kvinner og menn går for sakte. SV vil jobbe for lønnsløft i kvinnedominerte yrke. Vi vil styrkje tilkjempa rettar i arbeidslivet ved å krevje norsk lønn i Noreg og anstendige arbeidsvilkår for alle arbeidarar, og vi vil jobbe for utjamning av lønnsforskjellar. EØS set norske lønns- og arbeidsvilkår under press. Dette gjeld ikkje minst i bygg- og anleggsbransjen og i transportbransjen.
• gjere allmenngjering enklare tilgjengeleg for arbeidstakarane, gjennom å fjerne krava til dokumentasjon for å allmenngjere tariffavtalar.
• sikre det kollektive forhandlingssystemet og styrkje streikeretten.
• gå imot forslag om innføring av lovbestemt nasjonal minstelønn.
• at styresmaktene skal ta initiativ til eit trepartsarbeid med organisasjonane i arbeidslivet for å fremje heiltid, likelønn og tiltak mot eit kjønnsdelt arbeidsliv
• styrkje aktivitets- og forklaringsplikta knytt til likelønn internt i bedrifter og bransjar.
• setje ned ein låglønnskommisjon for å greie ut korleis lønn og arbeidsforhold i låglønnsyrke kan løftast, og arbeide for lågare lønnsforskjellar i offentleg sektor.
• sikre norske kommunar og fylkeskommunar retten til å utforme eigne regelverk for anbod og innkjøp, med nasjonale regelverk som minste nivå.
• forsterke nasjonale krav for å hindre sosial dumping ved offentlege innkjøp, etter inspirasjon av Telemarksmodellen og Oslo-modellen. Det bør stillast krav om tariffavtale i offentleg anbod der dette er mogleg.
• inkludere faktisk skattebetaling i innkjøpsregelverket og setje som føresetnad at eit selskap som vil delta i ein anbodsprosess, må kunne rapportere om kor mykje skatt selskapet har betalt dei siste åra. Selskapet må også kunne rapportere inn omsetning, namn på reelle eigarar og kostnadsstruktur.
• vurdere kompetansekrav for særskilde sektorar/bransjar der dette er nødvendige for å sikre seriøsitet og fagkunnskap.
• avvikle aupairordninga i Noreg. SV meiner at ordninga slik ho fungerer, ikkje er kulturutveksling, men underbetalt arbeid.
• styrkje arbeidet mot arbeidslivskriminalitet og tvangsarbeid. Sentera mot arbeidslivskriminalitet må styrkjast, og vi må vurdere å opprette fleire, og dessutan styrkje samarbeidet med partane. Det er nødvendig med ein opptrappingsplan for å styrkje arbeidet Arbeidstilsynet skal gjere, i form av fleire inspektørstillingar og auka tilsyn.
• styrkje føresegner om verksemdsoverdraging i lovverket, slik at fleire tilsette blir omfatta av dette vernet, mellom anna i samband med anbodsprosessar og ved overdraging av konkursbu.
• at norske arbeidsvilkår skal gjelde i Noreg, også i norske farvatn og på norsk sokkel. Vi må sikre at skipsarbeids-, skipssikkerheits- og arbeidsmiljølova og dessutan norsk tilsyn gjeld arbeidarar på såkalla fleirbruksfartøy. All aktivitet som går føre seg i norske farvatn og på norsk sokkel, skal regulerast av norsk lov, med norske lønns- og arbeidsvilkår.
• at turbilar som køyrer internt i Noreg, må vere underlagde norske arbeidsforhold. Kabotasjekøyring for turbilkøyring må regulerast med liknande reglar som i godstrafikken.
• at transportkjøparar må påleggjast eit tydeleg solidaransvar, og kontrollen av påsjåplikta må bli betre.
• at kontrollen av utanlandske vogntog i Noreg må bli mykje betre, særleg knytt til kabotasjeregelverk og lønns- og arbeidsforhold. Digitalt transportregister og obligatoriske, elektroniske fraktbrev må innførast.
• rette opp igjen alle tendensar til lausarbeidarsamfunn som høgreregjeringa sitt frislepp i drosjenæringa har ført til. SV vil få på plass seriøsitetskrav for taxibransjen, i samråd med bransjen.
• at norske hamner skal styrast etter ILO-konvensjon 137, som skal sikre registrerte hamnearbeidarar førerett til lossing og lasting av skip i norske hamner.
• sikre at private bedrifter som utfører arbeid for det offentlege, skal ha tariffavtale, vere arbeidarstyrte eller eit samvirkelag.
• stanse sosial dumping av frilanstolkar og sikre dei forhandlingsrett med staten.
• ha ein gjennomgang av NAVs tolketenester for å sikre betre arbeidsvilkår og betre oppbevaring av personvernopplysningane til brukarane.
Arbeidarmakt og medråderett
Gjennom å leggje til rette for at fleire organiserer seg i fagforeiningar, og god lovregulering, vil SV påverke maktforholda i arbeidslivet til fordel for arbeidstakarane.
• gi fullt skattefrådrag for fagforeiningskontingent og leggje til rette for auka fagorganisering i alle delar av arbeidslivet.
• gjeninnføre kollektiv søksmålsrett om innleige av arbeidstakar frå bemanningsføretak, og mellombels tilsetjing.
• gi påtalerett for representative organisasjonar for effektivisering av straffeføresegnene i arbeidsmiljølova og andre lover om arbeidsforhold.
• gi full innsynsrett for tillitsvalde i lønns- og arbeidsvilkår.
• vurdere lovføresegner som sikrar at tvungen lønnsnemnd ikkje blir misbrukt til å svekkje maktposisjonen til arbeidstakarane i arbeidskonfliktar.
• at staten utviklar gode tilskots-, låne- og garantiordningar for arbeidarstyrte bedrifter.
• auke representasjon av tilsette i bedriftsstyre og utvide retten til representasjon til også å gjelde mindre bedrifter.
• greie ut og innføre ei form for lønnstakarfond i delar av næringslivet. Ein del av overskotet i bedriftene blir sett av i eit fond eigd av dei tilsette i fellesskap, for demokratisering og oppkjøp av delar i bedriftene. Arbeidsmiljø og arbeidstid
Normalarbeidsdagen og innverknaden dei tilsette har over eige arbeidsmiljø, blir utfordra frå mange hald. Eit godt arbeidsmiljø er nøkkelen til eit arbeidsliv med plass til alle. Det er viktig at vi sikrar eit klart skilje mellom jobb og fritid, gjennom å forsvare normalarbeidsdagen. Lovverket må sikre alle eit helsefremjande arbeidsliv. I 2015 svekte Solberg-regjeringa arbeidstidsreglane i arbeidsmiljølova på vesentlege punkt. SV vil styrkje lova tilsvarande.
• forsvare normalarbeidsdagen og sikre eit klart skilje mellom jobb og fritid.
• at tilgangen til å forhandle fram arbeidstidsordningar som skil seg vesentleg frå normalarbeidsdagen, må reserverast for fagforeiningar med innstillingsrett.
• senke ordinær arbeidstid per veke i arbeidsmiljølova til 37,5 timar og dagleg ordinær arbeidstid til 8 timar.
• sikre lovfesta og reell rett til heiltid. Det offentlege skal fremje heiltidskultur som arbeidsgivar.
• leggje til rette for gradvis arbeidstidsreduksjon med 30-timars veke / 6-timarsdag med full lønnskompensasjon som mål. Det må etablerast eit trepartsutval som samlar erfaringar og bidreg med målretta finansiering.
• opprette eit nasjonalt kompetansesenter som skal hjelpe arbeidslivet i spørsmål som heiltid, arbeidstidsreduksjon og tillitsreform.
• gjeninnføre føresegnene i arbeidsmiljølova sine reglar om arbeidstid, som vart svekte i 2015. Vi må ha ein gjennomgang av regelverket for gjennomsnittsutrekninga i arbeidsmiljølova slik at ein i større grad tryggjar helse, miljø og sikkerheit.
• endre arbeidsmiljølova slik at berre tillitsvalde har tilgang til å avtale unntak frå overtids- og arbeidstidsreglane i ei bedrift bunden av landsomfattande tariffavtale.
• erstatte forskrift om medlevarturnus med krav om at langturnus blir heimla i landsomfattande tariffavtale.
• at reguleringa av søndagsopne butikkar blir følgd og halden ved like.
• forhindre brot på arbeidstidsreglar og styrkje vernet av tilsette mot nattarbeid, mellom anna når det gjeld å arbeide åleine.
• at tilsette i varehandelen skal omfattast av føresegnene i arbeidsmiljølova om natt- og søndagsarbeid.
• fremje lovverk som gir tilsette på kjøpesenter representasjon i senterstyre, felles verneteneste og betring av moglegheitene for tillitsvalde til å påverke avgjerder rundt arbeidstid og arbeidsmiljø.
• arbeide for ei offentleg godkjenningsordning for kurstilbydarar i HMS for å forhindre useriøse aktørar.
• styrkje vernet av varslarar. Dei som varslar om lovbrot og uetisk åtferd, skal ha eit særskilt vern mot gjengjelding, trakassering og oppseiing. SV vil opprette eit eige varslarombod på nasjonalt nivå.
• styrkje fagmiljø innanfor arbeidshelse.
• påleggje arbeidsgivar og solidaransvarleg å sikre at alle som jobbar i Noreg, har norsk yrkesskadeforsikring, eller tilsvarande, uavhengig av kvar arbeidsgivar er registrert.
• etablere ordningar med regionale verneombod, eller tilsvarande, i fleire bransjar.
• rydde opp i misbruket av såkalla leiande og særleg uavhengige stillingar i arbeidskontraktar.
• at nye offentlege bygg skal velje kontorløysingar som er tilpassa arbeidet som skal utførast der.
• at tillitsvalde si rolle ved kontorutforming og etablering av heimekontorordningar må styrkjast.
• at forskrift om arbeid som blir utført i heimen til arbeidstakar, blir oppdatert og styrkjer rolla til dei tillitsvalde og verneombodet.
• gjere tydeleg og styrkje vernet av arbeidstakar mot diskriminering og seksuell trakassering i arbeidsmiljølovgivinga.
Inkludering i arbeidslivet
SV jobbar for eit arbeidsliv for alle. I dag opplever mange at det ikkje er rom for dei i arbeidslivet. Vi kan ikkje akseptere at det finst så mange ledige med arbeidslyst, samtidig som vi har mange uløyste oppgåver.
Tiltak gjennom NAV som skal føre til arbeid, må kvalitetssikrast og vere reelt individtilpasset. Då kan fleire få arbeid. Det må rettast ein særleg innsats mot unge, personar med funksjonsnedsetjingar, innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Kjennskap til og samarbeid med næringslivet er viktig for å sikre folk arbeid.
• sikre tilstrekkelege ressursar og nok tilsette ved NAVs lokalkontor, slik at folk får individuell oppfølging og bistand til å kome i jobb.
• at tiltak gjennom NAV i større grad skal bidra til formell kvalifisering. Vi må overføre ressursar frå kortvarige kurs til meir formell kvalifisering i vaksenopplæringa, vidaregåande skule, fagskule og akademisk utdanning.
• styrkje kvalifiseringsprogrammet ved å forbetre oppfølginga kvar enkelt deltakar får, for å sikre at dei kjem ut i faktisk arbeid.
• sørgje for at fleire blir inkluderte i arbeidslivet gjennom ei styrking av ordningar som varig tilrettelagt arbeid, lønnstilskot og arbeidsmarknadstiltak.
• sikre at ansvaret for varig tilrettelagt arbeid (VTA) er statleg, for å sikre likebehandling over heile landet. Det må vedtakast ein kraftig og varig opptrappingsplan av tiltaksplassar.
• at menneske med ei funksjonsnedsetjing skal få tilstrekkeleg tilrettelegging for å kunne delta i det ordinære arbeidslivet. Det kan vere gjennom tilrettelegging, tekniske hjelpemiddel, arbeids- og utdanningsreiser, funksjonsassistentar og tolketenester, og dekking av utgifter til faste HC-parkeringsmoglegheiter ved arbeidsstaden for den tilsette. Arbeidsgivarar må kunne søkje økonomisk støtte til nødvendig oppgradering av bygg til standard for universell utforming.
• avskaffe anbodsregimet innanfor tiltaksapparatet i NAV, til fordel for eigenregi og utvida eigenregi. Det offentlege må ha ansvaret for arbeidsretta bistand for å sikre eit godt nok tilbod. Vi må forhindre at midlar som blir sette av til tiltak i NAV, går til profitt for kommersielle aktørar og oppkjøpsfond.
• sikre tettare oppfølging av tiltak i NAV, slik at personar ikkje blir utnytta som gratis arbeidskraft i langvarige praksisplassar. Så langt det er mogleg, skal kandidatar utplasserast i bedrifter med tariffavtale.
• stille krav til fullgode garderobeløysingar for både kvinner og menn. Bransjar som krev at arbeidstakarane skal bruke deira klede, må stille krav til leverandørane om å produsere klede som også passar kvinner, og ta desse i bruk.
• arbeide for endringar i reglane for yrkessjukdom og -skade slik at dei omfattar yrkessjukdom som typisk rammar kvinnedominerte yrke.
• bruke kvotering som verkemiddel når det er nødvendig for å sikre likestilling og mangfald i arbeidslivet.
• styrkje minoritetskvinners sjanse til arbeid gjennom kvalifisering og målretta program som «Ny sjanse».
• sikre ressursar i NAV og tilrettelegging for deltaking i arbeidslivet for uføretrygda som ønskjer å jobbe ved sida av uføreyting, slik lovendringa frå 2015 var meint å ta høgde for.
• jobbe for mangfald og kvalitet i arbeidsmarknadstiltaka ved å sikre langvarige avtalar med arbeidsmarknadsbedrifter og utvida eigenregi i NAV.
• sikre kvalitet i tiltaka og at reell og fullført kompetanseheving skal vere ei moglegheit for dei som får AAP og sosialhjelp og for uføretrygda som vil tilbake til jobb.
• at lokale NAV-kontor må ha nok tilsette med kompetanse på sosialt arbeid, arbeidsmarknad, attføring og trygderett, og ha god kontakt med lokalsamfunn og næringsliv. NAVs ressursar til oppfølging av brukarar må styrkjast, både for å leggje til rette for god avklaring av personar på arbeidsavklaringspengar og for å kunne handtere vedvarande høg arbeidsløyse.
• ha ein ungdomsgaranti med rett til arbeid, utdanning eller arbeidsretta aktivitet innan 30 dagar for unge under 30 år.
• opprette eit NAV-ombod etter modell frå pasient- og brukarombodet.
Velferd og fordeling
Fellesskapsløysingar er ein fornuftig, rettferdig og effektiv måte å organisere tenester på. Sterke fellesskap reduserer forskjellar og bidreg til betre samfunn og levekår for kvar enkelt. Velferdstenester skal dekkje grunnleggjande behov og vere tilgjengelege der folk bur. Derfor må vi ta tilbake tenester og oppgåver som er konkurranseutsette og privatiserte, og sikre demokratisk styring til beste for fleirtalet. At oppgåver blir løyste av det offentlege og blir finansierte av fellesskapet, er ein viktig føresetnad for å kunne sikre velferd utan profitt, og at velferdstenestene blir organiserte med mål om tid og tillit framfor marknadstenking. I komande stortingsperiode vil SV prioritere å reversere usosiale kutt og byggje ut velferda gjennom gratis SFO/AKS, utbygging av offentleg tannhelseteneste kombinert med at tannhelse blir ein del av folketrygda, og sikre at også folk utanfor arbeidslivet har ei inntekt å leve av. Velferdsstaten må vere sterk og føreseieleg, samtidig som han stadig må utviklast for å imøtekome folks behov. Ytingane i folketrygda må opp på eit nivå som gjer det mogleg å leve eit fullverdig liv.
Profittfri velferd
Velferda skal tene menneske, ikkje marknader. Derfor må alle moglegheiter for å ta profitt ut av velferd stoppast. Når velferda blir privatisert eller gjord om til ein marknad, blir ansvaret pulverisert, det blir vanskelegare for demokratiet å styre tenestene, og pengar blir flytta frå fellesskapet til private lommer. Når private skal tene pengar på velferd, går det ofte ut over arbeidsvilkår, lønn og pensjon for dei tilsette. Mange av dei tilsette i velferdstenestene har i utgangspunktet låge lønningar og ugunstige arbeidstider, og samfunnet må sørgje for at dei blir verdsette meir, ikkje mindre. Derfor meiner SV at det først og fremst er det offentlege, supplert av ideelle krefter, som skal stå for velferda i Noreg.
• stanse all profitt innanfor alle velferdstenester. Vi vil starte med eit profittforbod på offentleg finansiert velferd i helse og oppvekst, som barnehagar, barnevern og eldreomsorg.
Tillit og medråderett
Velferdsstaten skal sørgje for fridom og tryggleik for kvar enkelt av oss. Derfor må offentleg sektor organiserast på ein måte som set folk og fagkunnskap først. Folk skal oppleve tillit og ha sjølvråderett og medverknad i møte med velferdstenestene. Kommersialisering og stadig fleire kontroll- og styringssystem i velferdstenestene har bidrege til rigide arbeidsmåtar, overvaking og rapportering, og svekt både tillit og medråderett. For å fremje fagkunnskap og gode møte mellom tilsette og folk trengst ei gjennomgripande tillitsreform i heile offentleg sektor, der målet er kvalitet for innbyggjarar og samfunn, samanhengande tenester og helsebringande arbeidsliv.
Styring av offentleg sektor skal byggjast på nærleik til folk, respekt for fagfolk, aktiv medråderett for tilsette og innbyggjarar. Det offentlege skal vere ein god standard i arbeidslivet. Medråderettsordningar er eit sentralt verktøy for å sikre samarbeid mellom leiing og tilsette og bidreg til at kompetansen blant dei tilsette blir lagd til grunn i styring og organisering av arbeidet. Bruk av tariffavtalar og hovudavtale, med tilleggsavtalar der det er formålstenleg, gir saman med stadleg leiing eit godt grunnlag for ei tillitsreform.
Ei tillitsreform må innebere reell medråderett for innbyggjarar og tilsette på kvar enkelt tenestestad gjennom godt partssamarbeid. Det er behov for kompetanseheving for både leiarar og tillitsvalde i offentleg sektor om ei tillitsreform skal lykkast.
• gjennomføre ei tillitsreforma i offentleg sektor som fremjar fagkunnskap og auka medråderett for brukarane av velferdstenestene, og dessutan gi auka tillit til dei tilsette og organisasjonane deira i kvalitetsarbeidet.
• sørgje for felles opplæring i utvida partssamarbeid for leiarar med personalansvar og tillitsvalde på alle nivå i kommunesektoren.
• avvikle kommersiell drift, målstyring, bestillar-utførar-modellar og forretningsrekneskap i velferdstenestene, og i staden innføre styringsmodellar som eignar seg til offentleg velferd.
• auke bemanninga med heile og faste stillingar i offentleg sektor og avvikle bruk av innleige.
• etablere nasjonalt kompetansesenter med rettleiing og støtte for gjennomføring av ei tillitsreform i kommunesektoren.
• redusere bruk av konsulentselskap i staten, kommunar og offentleg eigde føretak.
• ha ei prøveordning med fleire frikommunar som blir fritekne frå visse reglar og føresegner, for å gi meir tillit til dei tilsette og innbyggjarar og redusere byråkratiet, med tanke på å styrkje kommunane si moglegheit til å prøve ut nye tillitsbaserte tilbod.
Økonomisk tryggleik
Arbeid gir økonomisk tryggleik. Derfor må folk som blir sjuke, permitterte eller mistar jobben, sikrast inntekt og raskare helsehjelp. NAV må vere tilgjengeleg for folk som har behov for bistand. Det er positivt at det digitale NAV blir godt utbygd for dei som kan nytte seg av det, men det kan ikkje erstatte hjelp og rettleiing frå tilsette for dei som treng det. Folk som mistar arbeid og helse, må sikrast anstendig inntekt. SV ønskjer å heve inntekta for arbeidslause med låg lønn og sørgje for eit nivå på økonomisk sosialhjelp som det er mogleg å leve av. Dårleg råd gir dårlegare helse og aukar avstanden til arbeidslivet.
• styrkje ytingar som skal sikre forsvarlege levekår ved arbeidsløyse, sjukdom og uførhet.
• reversere regjeringa sine innstrammingane i arbeidsavklaringspengar og sørgje for at alle er ferdig avklarte før stønaden opphøyrer.
• fjerne karenstida på arbeidsavklaringspengar (AAP).
• auke satsen på dagpengar til 80 prosent av inntekt opp til 3G.
• at barnetillegget for uføre skal tilbake til same nivå som før det borgarlege fleirtalet gjennomførte kutt i ordninga.
• at overgangsstønaden for einslege foreldre blir styrkt, og at mottakarar av stønaden blir sikra tilgang til utdanning eller annan arbeidsretta aktivitet.
• at minstesatsane i folketrygda blir auka, slik at folketrygda sikrar eit anstendig livsopphald.
• at pleiepengar sørgjer for raskare avklaring for familiane, mindre utryggheit og meir føreseielege forhold. SV ønskjer at alle foreldre skal få pleiepengar i 3 mnd. etter å ha mista eit barn.
• auke barnetrygda for alle og innføre målretta tillegg for fleirbarnsfamiliar og familiar med einslege forsørgjarar.
• sikre at barnetrygda held fram med å vere ei universell ordning.
• innføre ei statleg, forpliktande normering av økonomisk sosialhjelp som sikrar at alle kan leve på eit akseptabelt forbruksnivå i tråd med referansebudsjettet. Barnetrygd, andre universelle ytingar og barns inntekt skal haldast utanfor utrekningsgrunnlaget.
• reversere kutt i skjermingstillegg for uføre.
• gjeninnføre dei særskilde føresegnene for flyktningar i folketrygda og redusere butidskravet frå folketrygda.
• styrkje tilgangen til NAV både fysisk og digitalt og gjere tenestene meir brukarvennlege.
• innføre brillestøtte som dekkjer heile kostnaden av briller til barn som har behov for det.
• sikre studentar rett til dagpengar på lik linje med andre arbeidstakarar.
• gjeninnføre feriepengar for arbeidslause.
Eldre
Eldre menneske skal ha det godt i Noreg, men store variasjonar i levevilkår, alder og helse inneber store utfordringar for utjamningspolitikk. SV vil ta tak i dette. For at eldre skal få bu i eigen heim og meistre kvardagen sjølv så lenge som mogleg, trengst tilrettelagde bustader, transportmoglegheiter og gode offentlege heimetenester. Alle bør få reell innverknad på kva tenester dei skal få. Trygg økonomi når vi blir eldre, sjuke eller åleine, er viktig for livskvalitet og moglegheita til gode og deltakande liv i alle fasar av livet.
For å styrkje eldres moglegheiter for eit godt liv utan isolasjon må fleire sektorar samarbeide om mellom anna å vidareutvikle eldresentera, gi tilgang til eldrevennleg kollektivtransport, bistand til innkjøp, tilgang til kulturelle aktivitetar, tilgang og kompetanse til digitale hjelpemiddel og kommunikasjonssystem. Det er nødvendig med ein heilskapleg politikk for helse, tannhelse, kosthald og medisinering, og dessutan tiltak mot vald.
• ha meir valfridom. Eldre som treng offentlege tenester, bør ha meir innverknad over kva tida skal brukast til, og når dei vil ha hjelp.
• prioritere eldrepolitiske tiltak som reduserer levekårsforskjellar.
• at eldrepolitiske tiltak og tenester skal finansierast gjennom offentlege budsjett og lågast mogleg eigendelar.
• at eldreomsorga blir driven av det offentlege og ideelle organisasjonar, og sikre at det ikkje blir mogleg å ta profitt av velferdsgode.
• sikre finansieringa av fleire sjukeheimsplassar og i samarbeid med tilsette innføre kvalitets- og kompetansebaserte bemanningsnormer i eldreomsorg.
• at eldre som bur heime, skal få tilstrekkelege heimetenester. SV vil sikre oppbemanning i heimetenesta i kommunane og leggje til rette for at eldre kan bu heime og ha eit aktivt og sjølvstendig liv gjennom universelt utforma omgivnader og utbetring av eksisterande bustadmasse. Det skal byggjast varierte buformer for eldre og menneske med demens.
• ha fleire dagaktivitetsplassar for at einslege eldre får eit sosialt liv.
• vidareføre det nasjonale velferdsteknologiprogrammet. Vi vil auke bruk av velferdsteknologi som gir auka tryggleik og sjølvstende, og sørgje for god opplæring, tverrfagleg samarbeid og tilgjengeleg støttepersonell.
• ha fullgodt teiknspråkleg tilbod i eldreomsorga og sørgje for at eldre skal kunne søkje plass hos ein annan kommune dersom bustadkommunen ikkje har teiknspråkleg tilbod.
• kartleggje menneskerettssituasjonen på sjukeheim og heimetenester, og setje inn nødvendige tiltak.
• kartleggje omfanget av vald mot eldre og auke innsatsen for effektive mottiltak.
• sikre at utdanningsinstitusjonane på alle nivå har økonomi og kapasitet til å dekkje behova for rekruttering og vidareutdanning av fagfolk i eldreomsorga.
Pensjon
Folketrygda er den sentrale grunnmuren i pensjonssystemet og skal gi ei god grunnsikring for alle. Dei som er yrkesaktive i heile eller delar av livet, skal i tillegg tene opp rettar både i folketrygda og tenestepensjonar.
Pensjonssystemet må utviklast slik at det sikrar dei økonomiske behova på tvers av yrkesgrupper og generasjonar. SV vil vidareutvikle både folketrygda og dei kollektive tenestepensjonane slik at dei til saman sikrar det økonomiske behovet for komande generasjonar, utan at dei treng individuelle pensjonsordningar.
SV har bidrege til å sikre eit anstendigheitsløft for pensjonistane, ved å få innført nye reguleringsprinsipp, kompensasjon for tapt kjøpekraft, eit løft for minstepensjonistar, og innføring av pensjon frå første krone.
• auke minstepensjonen, spesielt for einslege.
• innføre opptening av pensjon frå første krone og sørgje for at tenestepensjon blir tent opp på all inntekt, uavhengig av alder, stillingsstorleik og varigheit.
• innføre reell forhandlingsrett i trygdeoppgjeret slik at det blir gjennomført som forhandlingar mellom pensjonistorganisasjonane og staten. Trygdeoppgjeret skal behandlast i Stortinget.
• endre levealdersjusteringa for å sikre rettferd for yrkesgrupper som må slutte tidleg, og for yngre generasjonar.
• skjerme alderspensjonen til uføre mot effekten av levealdersjusteringa, og gi opptening til 67 år.
• styrkje tenestepensjonane med krav om høgare sparesatsar, uføredekningar, livsvarige og kjønnsnøytrale pensjonar.
• vidareføre særaldersgrenser i offentleg sektor for grupper som av omsyn til belastning eller sikkerheit framleis må ha det. Vi vil sikre tilsette med særaldersgrense ein livsvarig pensjon på nivå med tilsette med ordinær aldersgrense.
• evaluere og greie ut effektane av uførereforma, både når det gjeld ytingsnivå, forholdet til andre inntektsavhengige ytingar og forholdet til tenestepensjonar.
• leggje til rette for at tilsette i fleire delar av arbeidslivet får forhandlingsrett på pensjon gjennom tariffavtalane.
• gjeninnføre ordninga «supplerande stønad for personar frå 67 år med kort butid i Noreg», slik at ho igjen skal gjelde personar med opphald på grunnlag av familiegjenforeining.
• at staten skal delta aktivt for å få på plass gode ordningar for avtalefesta pensjon (AFP).
• greie ut deling av pensjonspoeng mellom ektefellar og sambuarar.
• arbeide for at lov om offentlege innkjøp må endrast slik at viss offentlege tenester blir konkurranseutsette og privatiserte, skal det krevjast pensjonsordningar på likeverdig nivå med offentlege ordningar.
• arbeide for at samla pensjon ved 67-årsalderen skal gi ei inntektsdekning på minst to tredelar av lønn. Det gjeld også uføre og dei som på grunn av slitasje eller sikkerheitsmessige årsaker må gå av før fylte 67 år.
• løfte minste pensjonsnivå over EUs fattigdomsgrense (EU60).
• gi pensjonistane plass i Teknisk berekningsutval (TBU).
Bustad
Det er ein menneskerett å ha ein trygg og god stad å bu. Bustad skal vere noko å bu i, ikkje noko å spekulere i. Bustadmarknaden er i dag først og fremst marknadsregulert med få sosiale reguleringar. Kombinert med gunstige skattefordelar har bustad og eigedom blitt eit viktig investerings- og spekulasjonsobjekt. Samtidig har auka bustadprisar gjort at mange ikkje har råd til eigen bustad, medan andre har teke opp bustadlån som gjer privatøkonomien sårbar for endringar. Også på mindre plassar kan det vere vanskeleg å finne bustad. Husbanken og kommunane må saman ta ansvar for å sikre tilstrekkeleg bustadbygging også i distrikta.
SV ønskjer ein sterk sosial bustadpolitikk og tiltak som kan stoppe bustadspekulasjon. SV skal gå i front for ein langsiktig politikk for å opprette ein tredje ikkje-kommersiell bustadsektor, med bustader utanom dei som blir selde på den ordinære marknaden. Dette kan gjerast gjennom å opprette ordningar for ikkje-kommersielle bustadbyggjelag og sørgje for at kommunar tek ei aktiv rolle i bustadmarknaden. Det offentlege må ta ansvar for at det blir bygd fleire bustader som dekkjer dei reelle bustadbehova. For å få slutt på for høge leigeprisar i byane er det behov for å innføre ein makspris på husleige og skape tryggare forhold for dei som leiger.
• lovregulere ikkje-kommersielle bustadorganisasjonar – fellesskapsbustader – etter modell av den danske «lov om almennboliger».
• motverke spekulasjon. SV vil skjerpe skattlegginga av sekundærbustad for å motverke at skattesystemet lønner spekulasjon i eigedom.
• innføre ein nasjonal bustadplan som tek omsyn til bustadbehovet i heile landet, omtalar Husbankens rolle og løyser bustadutfordringar både i pressområde og distrikt.
• leggje om og auke bustøtta slik at fleire med låg inntekt kan bu trygt. Auken må sikre bustøtte på nivå og i antal minst slik ho var i 2010.
• byggje opp offentlege tomte- og utbyggingsselskap for å drive fram bustadutbygging med ein sosial profil, både i statleg og kommunal regi.
• etablere ei sjølvfinansierande tilskotsordning der Husbanken kan gå inn med ein eigardel i bustader tilsvarande eigenkapitalkravet, som medfinansiering til låntakarar som har betalingsevne, men manglar eigenkapital. Ved sal tek Husbanken sin del av tap eller gevinst.
• endre plan- og bygningslova slik at planmyndigheita kan stille krav om at det skal vere ein andel rimelege og sosiale bustader i alle nye prosjekt som skal byggjast. Endre plan- og bygningslova slik at bustader som er regulerte til eige-bustader, ikkje kan seljast til kommersielle utleigarar.
• styrkje plankompetansen og -kapasiteten i kommunane slik at dei har moglegheit til å utarbeide gode reguleringsplanar sjølv, utan å vere avhengige av eksterne konsulentar.
• styrkje Husbanken. Husbanken må gjenreisast som ein motor i sosial bustadpolitikk, og låneramma må utvidast. Det må igjen opnast for at fleire grupper kan få startlån.
• at startlånsordninga blir delt i to: éi ordning for vanskeligstilte, som i dag, og éi for andre som har betalingsevne, men ikkje eigenkapital.
• byggje fleire ikkje-kommersielle utleigebustader og prisregulerte sjølveigarbustader og studentbustader.
• fremje leige-før-eige-modellar for bustad. Alle kommunar bør tilby ei form for leigefør-eige.
• styrkje tilskotsordninga for bygging av kommunale utleigebustader.
• sørgje for progressiv skattlegging av bustad og annan eigedom.
• avvikle BSU-ordninga.
• gi kommunane heimel til å behandle eigne heimar og sekundærbustader ulikt i eigedomsskatten, for å gjere han meir progressiv og differensiere mellom sekundærbustad, primærbustad og den totale eigedomsmassen til eigarane. Kommunane må få auke skattesats og skattenivå og fjerne botnfrådraget for sekundærbustader, alt etter kva dei sjølv ønskjer og har behov for.
• redusere dokumentavgifta, med tanke på å hjelpe førstegongskjøparar inn på bustadmarknaden.
• endre regelverket slik at alle nybygg skal vere universelt utforma. Det må givast tilskot til å installere heis i eksisterande bygningsmasse og gjere bustader universelt utforma.
• greie ut ei avgrensing på kor mange bustader enkeltpersonar eller kommersielle selskap kan eige.
• greie ut og endre husleigelova slik at det blir mogleg å regulere husleigene i sosiale og ikkje-kommersielle bustadprosjekt. Ordninga med gjengs leige fungerer dårleg, og det må setjast avgrensingar på kor høg leie kommunar kan ta for kommunale bustader og omsorgsbustader. SV vil avvikle ordningar som gjengs leige.
• innføre forbod mot diskriminering av menneske som får NAV-garanti til husleigeforhold.
• finne lokale og nasjonale verkemiddel som hindrar at bustadsektoren går frå langtidsutleige til dagsutleige.
• utvide tilgangen kommunane har til å ekspropriere bygningar som står tomme, og/eller der eigarane spekulerer i forfall for å få løyve til å rive og byggje nytt.
• regulere kredittgivinga i bankane slik at førstegongskjøparar lettare får tilgang til kreditt og det blir mindre gunstig å ta opp lån til å kjøpe sekundærbustad.
Skatt
Den økonomiske politikken skal redusere dei økonomiske forskjellane, redusere klimagassutsleppa i tråd med Paris-avtalen og sørgje for full sysselsetjing.
Skatt finansierer velferd og fellesgode og er nødvendig for å jamne ut forskjellar og sikre ressursar til fellesskapet. Med klimaomstilling, uløyste oppgåver i velferda og ei aldrande befolkning treng vi i framtida òg auka skatteinntekter. Eit rettferdig og progressivt skattesystem er, saman med ei koordinert lønnsdanning, ei sterk fagrørsle og ein omfordelande velferdsstat, det viktigaste verkemiddelet for å nå måla om små forskjellar og velferd for alle.
Det må koste meir å forureine. Miljøavgifter må fungere saman med eit omfordelande skattesystem, slik at det lønner seg å velje miljøvennlege løysingar, samtidig som folk med låge og vanlege inntekter kjem ut i pluss.
For kvart år som går, mistar fellesskapet enorme summar i tapte skatteinntekter fordi multinasjonale selskap og personar med store formuar nyttar seg av skatteparadis og kompliserte selskapsstrukturar for å redusere skatterekninga. Skatteparadisa truar velferdsstaten og legg til rette for dei verste kriminelle, som kan skjule formuane og transaksjonane sine. Skuggeøkonomien må nedkjempast.
• auke skatten på formue, arv, utbytte og eigedom. Inntektsskatten må gjerast meir progressiv med høgare skatt på høge inntekter og lågare skatt på låge inntekter.
• auke formuesskatten og gjere han meir progressiv, og dessutan fjerne rabatten for aksjar og driftsmidlar.
• tette skattehol som gjer det mogleg å sleppe unna formues- og selskapsskatt.
• innføre avgift på arv med eit høgt botnfrådrag og nye trinn for ekstra stor arv.
• greie ut og innføre ei eiga omsetningsavgift på digital verksemd og omvendt kredittfrådrag for å nedkjempe overskotsflytting.
• vurdere å innføre ei omsetningsavgift på Oslo Børs.
• gjere Noreg til skatteparadisfri sone. SV vil trekkje alle statlege selskap ut av skatteparadis, både heileigde og deleigde. Statleg eigde bedrifter og institusjonar som får offentlege midlar, skal ikkje bruke skatteparadis ved investeringane sine. Selskap baserte i skatteparadis må ekskluderast frå offentlege innkjøp og oppdrag i Noreg.
• gjeninnføre opne offentleg tilgjengelege skattelister og innføre eit fullverdig register over eigentlege eigarar i selskap og juridiske einingar i Noreg, som inkluderer børsnoterte selskap.
• sikre tilstrekkeleg innsyn for skattestyresmaktene i advokatars klientkontoar og all annan relevant dokumentasjon frå advokatar som utfører transaksjonar på vegner av kundar.
• sikre openheit om aggressiv skatteplanlegging som blir tilboden av skatterådgivarar. Skatte- og transaksjonsrådgiving må haldast utanfor advokatars teieplikt.
• styrkje Skatteetaten, Økokrim og Arbeidstilsynet vesentleg for å nedkjempe skatteflukt og økonomisk kriminalitet. Det norske fellesskapet blir rana for milliardar når store selskap og rike personar ikkje betaler det dei skal.
• skjerpe innsatsen for å finne norsk formue skjult i utlandet og etablere ein tidsfrist for skatteamnestiet.
• inkludere faktisk skattebetaling i innkjøpsregelverket.
• at offentlege innkjøparar bør krevje offentleg land-for-land-rapportering som vilkår i større anbods- og innkjøpsprosessar.
• endre lova slik at forbrukslånsbankane ikkje kan selje forfalne forbrukslån eller bruke det offentlege innkrevjingsapparatet viss forbrukslånsbankane ikkje kan dokumentere at krava til å innvilge lånet var oppfylte.
• innføre eit kostnadstak som vernar forbrukarar i betalingsvanskar mot urimeleg høge kostnader og ein ukontrollert gjeldsvekst.
• innføre reklameforbod for, og eit rentetak på, forbrukslån.
• greie ut grunnrenteskatt på alle naturressursar med særskilt stor avkasting som direkte følgje av tilgang til naturressursar.
Oppvekst og kunnskap
Alle, uavhengig av bakgrunn, skal få moglegheit til å tileigne seg kunnskap og ferdigheiter gjennom heile livet, og teoretiske, praktiske og sosiale ferdigheiter skal verdsetjast like høgt. Barnevernet skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Barnehage og skule legg eit viktig grunnlag for eit godt liv, utdanning og aktiv deltaking i samfunn og arbeidsliv. Barnehage og skule er møteplassar for barn og ungdom med ulik sosial og kulturell bakgrunn. Den offentlege fellesskulen gir oss like moglegheiter. SV vil derfor styrkje fellesskulen. Pengar frå foreldre og fellesskapet skal kome barna til gode fullt ut og ikkje takast ut som privat profitt for kommersielle eigarar. Alle barn skal ha moglegheit til å delta på skulefritidsordning, og SV vil gjere SFO gratis. SV vil sikre eit tilgjengeleg og fleksibelt utdanningstilbod med høg kvalitet, eit mangfald av fagskular, høgskular og universitet i nærleiken av der folk bur, og fri forsking som bidreg med kunnskap til eit betre samfunn. Miljø- og klimaendringar krev satsing på utdanning. Skule og barnehage skal ruste barn og unge til å forstå og bidra til å løyse miljø- og klimautfordringane.
Barnevern
Barnevernet treng fleire tilsette for å kunne sjå og hjelpe kvart enkelt barn på ein god nok måte. Derfor jobbar SV for eit nytt barnevernsløft i den kommunale barnevernstenesta. Det som er det beste for barnet, skal alltid vere viktigast, og barn må få auka medverknad i barnevernet. Pengane fellesskapet bruker på barnevernet, skal gå til å hjelpe barn, ikkje til å byggje private formuar.
• setje i gang ein fireårig opptrappingsplan for å auke bemanninga i det kommunale barnevernet, og innføre ei rettleiande bemanningsnorm.
• ha arbeidstidsordningar som er heimla i tariffavtale, og som sikrar at barna er trygge.
• at kravet om barns medverknad skal vere med i alle relevante paragrafar i barnevernlova. Stemmene til barna skal høyrast, og tilleggjast vekt, i saker som gjeld dei.
• avskaffe anbodsregimet i barnevernet. Enkeltbarn og tilboda deira skal ikkje setjast ut på anbod. SV vil ha eit offentleg tilbod og langsiktige samarbeid med ideelle aktørar i tillegg.
• fase ut kommersielle aktørar i barnevernet og erstatte dei med offentlege tilbod, supplert av ideelle.
• byggje opp fleire plassar i det offentlege institusjonsbarnevernet.
• innføre autorisasjon av sosionomar og barnevernspedagogar.
• sikre at alle barn får psykisk og somatisk helseundersøking tidleg ved omsorgsovertaking.
• utvikle og oppskalere fleire barnevernstiltak i offentleg regi og i samarbeid med ideelle aktørar, til bruk i den kommunale barnevernstenesta.
• rekruttere fleire fosterheimar, særleg med minoritetsbakgrunn, og styrkje barnevernet si oppfølging og rettleiing av fosterheimane. Fosterheimane må få betre sosiale og økonomiske rettar.
• at myndigheitsutøving i barnevernet skal utførast av det offentlege, ikkje av private.
• at Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom) får utvida mandat til å undersøkje alvorlege saker i barnevernet.
• styrkje det førebyggjande og tverrfaglege arbeidet i alle tenester for barn og unge inn mot barnevernsreforma.
Barnehage
Barnehagane skal sikre barns behov for omsorg, leik, danning og læring, gi barn like moglegheiter og jamne ut sosiale forskjellar i nærmiljøet til barna. SV vil styrkje kvaliteten i barnehagen og auke talet på tilsette. Vi må sørgje for at alle barn blir sett og får omsorg av tilsette dei kjenner. Ingen skal drive butikk på barna våre. Kvar krone til barnehagane skal gi kvalitet til det pedagogiske tilbodet og gode vilkår for dei tilsette.
• redusere foreldrebetalinga i barnehagane og inkludere kostpengar i maksprisen slik at alle blir sikra god og næringsrik mat. Målet vårt er at barnehagane skal vere gratis.
• stoppe velferdsprofitørar og stanse utbygginga av nye kommersielle barnehagar, trappe ned vidareføringa av kontraktar med kommersielle drivarar og sørgje for at kommunane har, og bruker, forkjøpsrett til private barnehagar.
• at kommunane skal kunne planleggje for eit heilskapleg barnehagetilbod. I dag er det ulovleg for kommunar å skilje mellom kommersielle og ideelle barnehagar når dei tildeler tilskot til private barnehagar. Kommunane må få moglegheit til å prioritere ideelle framfor kommersielle aktørar.
• at alle barn skal ha rett til barnehageplass nær bustaden frå det året dei fyller eitt år. SV ønskjer jamlege opptak til barnehagane.
• gjennomføre bemanningsnorma og sikre forsvarleg bemanning i heile opningstida. Det må setjast inn vikarar ved fråvær. Store barnehageeigarar og kommunar bør ha fast tilsette vikarar.
• gi barnehagelærarutdanninga betre finansiering.
• sikre fleire barnehagelærarar og pedagogar. SV vil sikre 50 prosent barnehagelærarar og minst 25 prosent barne- og ungdomsarbeidarar.
• sørgje for at individuelle ferdigheitsmål og krav om kartlegging av barns ferdigheiter ikkje får innpass i styringsdokumenta til barnehagen. SV vil gi dei tilsette handlingsrom til å ta etiske og faglege val i det pedagogiske arbeidet.
• sikre god nynorskstimulering. For å sikre ein god overgang frå barnehage til skule i nynorskområde må barna få nynorsk språkstimulering i desse barnehagane.
• styrkje tilskotsordninga for språkstimulerande tiltak som fremjar fleirspråkleg opplæring og teiknspråkopplæring, og sikre at samiske barn lærer samisk språk og kultur i barnehagen.
• at opplæring om seksualitet, grensesetjing og tema som kan avdekkje vald og overgrep, skal vere ein del av rammeplanen for barnehagane.
• lovfeste rett til gode, grøne uteareal i barnehagar og ha større arealnormer for barnehagar.
• greie ut fylkeskommunale teiknspråklege barnehagar for å sikre godt samarbeid, kompetansemiljø og godt barnehagetilbod for teiknspråklege barn på tvers av kommunane.
• sikre dei språklege rettane til teiknspråklege barn og gi dei tilgang på eit godt teiknspråkmiljø i barnehagen. Opplæringa skal omfatte kulturen og historia til teiknspråket.
Grunnskulen
SV vil ha ein inkluderande fellesskule som skal sikre at alle barn og unge får eit godt opplæringstilbod. SV ønskjer ein praktisk og variert skuledag med fysisk aktivitet, der lekser blir gjorde på skulen. Eit barn blir ikkje førebudd på framtida gjennom å kunne ramse opp flest mogleg innlærte svar på kortast mogleg tid. Djupnelæring gir elevane varig kunnskap og sørgjer for meir læring. Skulen skal ha plass til kreativitet og kultur, og dyrke nysgjerrigheit og gleda over å lære og å meistre. Ein meir praktisk skule krev nye undervisningsformer og nye arbeidsmåtar. Dette føreset aktive elevar, tettare kollegialt lærarsamarbeid og synlege leiarar. Det må setjast av nok tid i skulen slik at det blir rom for aktiv læring, meir praktiske fag og øving som alle barn kan få utbytte av. Dei siste åra har vi sett ei auka teoretisering av skulen, der barn blir målte med standardiserte prøvar. Skulen må dyrke fram eit større mangfald av ferdigheiter. Praktisk læring og kunnskap blir nedvurdert. Det er viktig med meir praktisk læring i alle fag, i tillegg til at praktiske og estetiske fag får betre vilkår. SV vil styrkje samarbeidet mellom skule og SFO. Gratis SFO skal sikre eit fellesskap med leik, fysisk aktivitet, kultur og eit variert tilbod til alle barn, uavhengig av inntekta og bakgrunnen til foreldre. SFO må få auka ressursar og fleire tilsette.
• gjere SFO gratis. SFO skal vere open timane før og etter skuletid for 1.–4. trinn, og for barn med særskilde behov for 1.–7. trinn.
• heve kvaliteten i SFO. Skulen og SFO skal vere ein del av lokalsamfunnet ved å stimulere til auka samarbeid med kulturskulen, frivillige organisasjonar og lokalt arbeids- og næringsliv, som kan støtte opp under skulens breie syn på kunnskap og kompetanse.
• ha fleire tilsette og eit sterkare lag rundt eleven ved å styrkje samarbeidet mellom skule og SFO, mellom faginstansar, gjere lærarnorma tydeleg og få fleire yrkesgrupper inn i skulen. Skulehelsetenesta må betrast.
• arbeide for at alle elevar blir underviste av lærarar med godkjend lærarutdanning.
• ha ein skule som sikrar behovet hos dei minste barna for fysisk aktivitet og fri leik. SV vil ha ei grundig evaluering av seksårsreforma, og intensjonane med seksårsreforma må innfriast.
• fremje ein meir praktisk og variert skulekvardag, med fleire timar i praktiske og estetiske fag og kompetansekrav for undervisning i kunst- og handverksfaga. SV vil ha meir uteundervisning.
• innføre ei nasjonal rom- og utstyrsnorm som sikrar behovet for spesialrom i dei praktiske og estetiske faga.
• ha meir fysisk aktivitet. Leik og rørsle fremjar læring, trivsel og helse.
• lovfeste rett til gode, grøne uteareal og ha større arealnormer for skulegardar.
• innføre gratis og sunn skulemat. Næring er viktig for læring.
• ha færre testar i skulen og få PISA-testane ut av skulen.
• erstatte heimelekser med skulelekser. Alle elevar skal ha like føresetnader for å meistre skulen, ikkje berre dei som har moglegheit til å få leksehjelp frå foreldra når dei kjem heim. Elevar skal få meir tid på skulen til å øve og få hjelp av lærarar, og ha fri når dei kjem heim.
• forsøk med karakterfri 8. klasse for å bidra til meir vektlegging av læring framfor testing i overgangen mellom barneskule og ungdomsskule, med unntak for avgangsfag.
• fjerne karakterar i ungdomsskulen.
• fjerne karakteren i orden og åtferd.
• styrkje skulens moglegheiter for å gi tilpassa opplæring, auke den spesialpedagogiske kompetansen til skulen og lovfeste Statped som eit nasjonalt spesialpedagogisk støttesystem.
• sikre nynorsk i opplæringa og gi nynorskelevar like gode vilkår i skulen som bokmålselevar. Elevane skal lære to skriftspråk. Kunnskapen til eleven i sidemålet må vurderast på lik linje med hovudmålet både på ungdomsskulen og i studieførebuande opplæring. Retten nynorskelevar har til nynorsk undervisning og til å høyre til i nynorskklassar må sikrast gjennom heile grunnskulen.
• erstatte dagens eksamen med alternative vurderingsformer, til dømes mappevurdering.
• at nærskuleprinsippet skal vere gjeldande for opptak til grunnskule, også for funksjonshindra barn med assistanse/tilretteleggingsbehov.
• at kommunane skal bestemme skulestruktur sjølv. Private skular som har fått statleg godkjenning, kan berre etablerast med offentleg støtte dersom kommunane gjer positive vedtak om etablering. Kommunane må òg ha moglegheit til å redusere slike tilbod.
• føre ein restriktiv politikk rundt godkjenning av nye religiøse skular, innanfor ramma av Noregs menneskerettslege forpliktingar.
• ha betre elevmedverknad. Det skal innførast elevrådstime på ungdomsskulen, og elevane må sikrast fleire moglegheiter for medråderett.
• kjempe mot mobbing og innføre eit nasjonalt offentleg drive program for skulebasert kompetanseheving.
• at arbeidet mot rasisme og diskriminering i skulen blir styrkt.
• sikre samiske elevars og andre elevars rett til opplæring i og på samisk. Samisk språk og kultur skal takast vare på og styrkjast i skulen.
• sikre teiknspråklege elevars språklege rettar og tilgang på eit godt teiknspråkmiljø i skulen. Opplæringa skal ta vare på kulturen og historia til teiknspråket.
• sikre at alle elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), skal få det.
• sikre at elever med kort butid i Noreg får realisert retten sin til tospråkleg opplæring.
• innføre eit felles, mangfaldig og sekulært religions- og livssynsfag i skulen.
• styrkje undervisninga i seksualitet, kjønnsidentitet, respekt for grenser og samtykke.
• at alle skular skal ha skulebibliotek, og innføre nasjonal strategi for lesesatsing.
• styrkje samarbeidet mellom grunnskulen og yrkesfag og gjere elevar kjende med yrkesfag tidleg i utdanningsløpet.
• at elevar og studentar må få kunnskap om arbeidslivet og korleis det er organisert, og om rettane sine som arbeidstakarar.
• at religiøse arrangement med forkynning skal krevje aktiv påmelding dersom eleven skal delta på dette.
• auke kompetansen i kulturskulen og tilby tilrettelagd PPU-utdanning for kulturskulelærarar.
• innføre ein nasjonal strategi for å styrkje skulehageverksemd.
• innføre dokumentert politisk fråvær som gyldig fråværsgrunn på ungdomsskulen. Dette skal inngå i dei ti dagane per skuleår ein kan søkje om ikkje å få ført på vitnemålet.
• greie ut fylkeskommunale teiknspråklege skular for å sikre godt samarbeid, kompetansemiljø og godt opplæringstilbod for teiknspråklege elevar på tvers av kommunane.
Vidaregåande opplæring
SV vil arbeide for ei vidaregåande opplæring med høg kvalitet der flest mogleg oppnår fag- /sveinebrev eller generell studiekompetanse. SV vil styrkje innsatsen mot fråfall og sikre at alle elevar som skal ut i lære, blir sikra læreplass. Ungdom tek eit viktig val når dei vel vidaregåande opplæring, og SV vil bruke meir ressursar på god rådgiving og oppfølging av elevar, og betre moglegheita til å ta eksamenar som manglar for å få studiekompetanse. Det må takast høgde for at mange elevar treng litt ekstra tid på å fullføre løpet sitt, og det må finnast fleire vegar til fagbrev.
• ha eit breitt og godt tilbod om vidaregåande opplæring i nærleiken av der elevane bur.
• at alle skal ha rett til vidaregåande opplæring og rett til å fullføre vidaregåande utdanning.
• sikre retten fylkeskommunen har til å vedta eigne opptakssystem for vidaregåande opplæring; det skal ikkje tvingast gjennom berre karakterbaserte opptak. SV ønskjer ikkje å ha opptakssystem som berre er baserte på karakterar.
• kartleggje og fjerne årsaker til at ungdom med funksjonshindringar ikkje fullfører vidaregåande opplæring.
• starte forsøk med digitalundervisning i emne/fag som ikkje blir tilbodne på nærskulen, og med det sikre like moglegheiter for elevar på mindre skular med færre studietilbod.
• at kvar krone skal kome elevane til gode. Eigarar av private skular skal ikkje kunne ta ut profitt. Private skular skal inngå i skulebruksplanane frå fylkeskommunane slik at også talet på private plassar kan reduserast.
• auke utstyrsstipendet slik at det faktisk dekkjer utgiftene til elevane, og auke bortebuarstipendet.
• sikre elevar moderne og godt utstyr og læremiddel.
• at opplæringsmateriell til skulebruk, både digitalt og i fysisk format, skal vere tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk, og med god kvalitet.
• redusere prisen på privatisteksamen og gjere privatisteksamen gratis for elevar som treng å ta eksamen for å få godkjent studiekompetanse.
• innføre tiltak for å motverke språkbyte frå nynorsk til bokmål.
• ha fleire lærarar og på sikt innføre ei nasjonal ressursnorm som sikrar maks 12 elevar per lærar på yrkesfag, og maks 24 elevar per lærar på studiespesialiserande.
• vidareutvikle ein god vurderingskultur som er rettferdig og læringsfremjande. SV ønskjer å erstatte dagens eksamen med alternative vurderingsformer, til dømes mappevurdering.
• ha ei likeverdig opplæring. Vi må styrkje skulens moglegheiter for å gi tilpassa opplæring, auke den spesialpedagogiske kompetansen i skulen og lovfeste retten til Statpeds tenester.
• fjerne fråværsgrensa.
• auke andelen som fullfører yrkesfagleg utdanning, og lovfeste rett til læreplass til alle.
• auke talet på læreplassar og auke lærlingtilskotet. SV ønskjer ein gjennomgang av reglane for merkeordninga «godkjend lærebedrift» og auke seriøsitetskrava til ordninga. Vi må stille krav om at rettleiar i lærebedrifta har kompetansen som skal til for å sikre lærlingar eit godt fagleg opplæringstilbod.
• sikre kvaliteten i fagopplæringa og halde ved like eit sterkt fagleg nivå på fagbrev. SV ønskjer å innføre større fleksibilitet i yrkesfaga og gjere fellesfaga meir relevante for arbeidslivet elevane skal ut i. Staten må samarbeide med partane i arbeidslivet om å vidareutvikle vekslingsmodellar, og vi må yrkesrette læreplanane i fellesfaga.
• sikre små studieprogram styrkte nasjonale tilbod.
• gjere det enklare å byte frå studieførebuande program til yrkesfag.
• evaluere ordninga med opplæringskontor og utvikle desse for å sikre ei betre oppfølging av lærlingar og lærebedrifter. Medlemmer av prøvenemnder må få god skulering i vurderingsarbeid og gjennomføring av fag- og sveineprøvar.
• at fordelinga av elev- og lærlingplassar i større grad blir fastsett ut frå behov i framtida og i samfunnet. Yrkesopplæringsnemndene si rolle må styrkjast.
• styrkje rådgivingstenesta og sikre fleire miljøterapeutar, skulehelsesjukepleiarar og skulepsykologar. I tillegg må PP-tenesta styrkjast.
• ha prosjekt med obligatorisk rådgivingsteneste gjennom skuleløpet for å sikre tettare oppfølging av elevars fag-, program- og studieval.
• sikre medråderetten til elevane. SV vil styrkje elevmedverknaden i skulen og sikre gode rammevilkår for at elevane sine tillitsvalde får moglegheiter for deltaking og innverknad.
• at rettar og plikter i arbeidslivet, og dessutan organisasjonane si rolle i den norske arbeidslivsmodellen, skal vere ein del av læreplanen i vidaregåande skule. Fagforeiningar må sikrast tilgang til skulane for å informere om faglege rettar.
• styrkje elev- og lærlingombodet.
• setje i verk tiltak for å motverke kjønnstradisjonelle kjønnsdelte utdanningsval i utdanningsløpet.
• sikre og styrkje dei offentlege utdanningstilboda for ungdom som er i fare for å droppe ut av vidaregåande skule, slik som produksjonsskulane.
Tilsette i barnehage og skule
For at barn i barnehagen skal utvikle seg og vere trygge, trengst kompetente vaksne med gode føresetnader for å kunne sikre dei behova barna har. Elevar må ha eit sterkt lag og tilstrekkelege fagpersonar rundt seg for å lykkast i skulen. SV vil styrkje metodeansvaret til barnehagelærarane og lærarane og sørgje for at dei har tid til å følgje opp barna og elevane og utvikle det pedagogiske arbeidet. Ein viktig føresetnad for dette er fleire spesialpedagogar, assistentar og barne- og ungdomsarbeidarar.
• at endringar i kompetansekrav for lærarar ikkje skal ha tilbakeverkande kraft for lærarar som alt har godkjent lærarutdanning.
• fjerne kravet om karakter 4 i matematikk for å kome inn på lærarutdanninga.
• innføre ein rett til etter- og vidareutdanning for lærarar, utan eigendel.
• gjennomføre tillitsreform i barnehagen og skulen i samarbeid med dei tilsette, der lærarrolla blir avbyråkratisert og det profesjonelle handlingsrommet blir styrkt. Styrarar og rektorar må få tilstrekkeleg tid til å utvikle det pedagogiske arbeidet i barnehagen og skulen.
• styrkje den nasjonale rettleiingsordninga og sikre gode nasjonale rammer for eit likeverdig og godt tilbod for alle nyutdanna lærarar. Ordninga må utvidast til også å gjelde SFO-tilsette, barnehagelærarar og lærarar i vidaregåande skule.
• innføre målretta tiltak for å få tilbake lærarar som har andre jobbar, ta i bruk attraktive seniortiltak i skulen og kvalifisere dei ukvalifiserte som er tilsette i undervisningsstillingar.
• at elevar som treng faglege utfordringar utover læreplanmåla, får det, og at lærarane får tid og kompetanse til å møte desse elevane.
• ha meir praksis i alle lærarutdanningane.
• at alle som jobbar med barn, skal sikrast nødvendig kompetanse om førebygging, nedkjemping og avdekking av vald, omsorgssvikt og seksuelle overgrep.
• endre privatskulelova slik at alle tilsette i privatskular har rett til lønns- og arbeidsvilkår tilsvarande offentlege skular.
• styrkje lærarar og lærarutdannarars moglegheiter til å få etter- og vidareutdanning for å kunne sikre ei berekraftig utvikling i skule og barnehage, i tråd med måla i læreplanverket og rammeplanen for lærarutdanningane.
Folkehøgskulane
På folkehøgskulen er det verken karakterar, pensum eller eksamen. Det gir ungdom moglegheit til å både utfordre seg sjølv og bruke eit år på å prøve ut fag i praksis. SV ønskjer å styrkje posisjonen til folkehøgskulane som eit viktig supplement til annan skule og utdanning.
• SV vil:
• styrkje folkehøgskulane ved å auke mangfaldet og auke støtta til desse skulane, spesielt til folkehøgskular som tek imot 15-åringar.
• behalde tilleggspoeng for høgare utdanning for fullført år på folkehøgskule.
Universitet, høgskular og forsking SV ønskjer ein mangfaldig og desentralisert universitets- og høgskulesektor i heile Noreg. Universitet og høgskule skal vere gratis. SV vil auke studiestøtta, byggje fleire studentbustader og styrkje studentbarnehagane. Universitets- og høgskulesektoren skal utdanne studentar, produsere ny innsikt og forståing og vere eit korrektiv i samfunnsdebatten. Det er positivt om akademisk forsking òg bidreg til verdiskaping i næringslivet. Dei store spørsmåla og utfordringane i vår tid avheng av ny vitskapleg innsikt og nye løysingar. SV vil ha fagleg sterke forskings- og utdanningsinstitusjonar med gode rammevilkår for både tilsette og studentar. Universitet, høgskular og forskingsinstitutt må givast auka basisløyvingar, handlingsrom og tillit. Sektoren må både ta vare på forskingsoppdraget og profesjonsutdanningane som før var tillagde høgskulane. SV vil stoppe vidare sentralisering og heller styrkje og bevare høgskulane og høgskuleoppdraget i dei nye samanslåtte einingane. SV ønskjer at samanslåtte høgskular skal få moglegheiter til å bli sjølvstendige igjen dersom det er ønskjeleg.
• innføre tolv månaders studiefinansiering, auke henne til 2G og halde stipenddelen på same nivå.
• gjenopprette konverteringsordninga der ein får same andel stipend uavhengig av om ein fullfører graden sin.
• auke kostnadsramma og løyve støtte til bygging av 6000 studentbustader i året, med mål om å auke den nasjonale dekningsgraden til 30 prosent.
• at studentbustader skal inkluderast som eit eige arealformål i plan- og bygningslova og tilhøyrande forskrifter.
• at universitet og høgskular skal vere tilrettelagde med teleslyngje og brannalarmar for høyrselshemma.
• at studentbustader blir sikra oppgradering i den nye tilskotsordninga. Bygg som har nådd teknisk levealder, må sidestillast med nye studentbustader slik at oppgraderinga òg kan få støtte.
• auke støtta for studentar med barn, og dessutan styrkje rettane for gravide og studentar med barn.
• byggje fleire studentbarnehagar i tilknyting til studentsamskipnadene.
• gjere opptakssystemet til høgare utdanning meir rettferdig. Relevante karakterar skal vektast meir.
• at det psykiske helsevernet for studentar blir styrkt.
• stimulere til betre kjønnsbalanse i utdanningane. SV vil støtte verkemiddel som radikal kvotering og kjønnspoeng ved opptak til utdanningar med særleg skeiv kjønnsfordeling.
• sikre studentars rettar og trygge, gode og føreseielege læringsmiljø. SV vil lage ei læringsmiljølov for studentar, tilsvarande arbeidsmiljølova.
• utarbeide ein opptrappingsplan for studieplassar som tek omsyn til behovet for nybygg, utstyr og tilstrekkeleg mange tilsette.
• gjeninnføre kvoteprogrammet for internasjonale studentar. Gratisprinsippet skal gjelde også for internasjonale studentar.
• sikre finansieringa av små fag, til dømes gjennom å gi enkelte universitet eller høgskular eit nasjonalt ansvar.
• sikre gratis, offentleg eigde og drivne universitet, høgskular og fagskular, og at universitet og høgskular som hovudregel skal eige eigne bygg.
• at alle universitet og høgskular skal vere universelt tilgjengelege.
• auke forskingsinnsatsen og ønskjer at ein større del av ressursane i samfunnet blir brukt på forsking og høgare utdanning. SV vil auke basisløyvingane også til forskingsinstitutta og sikre fleire frie og forskarinitierte prosjekt.
• at den akademiske fridommen blir styrkt og blir respektert, både for forskarar og institusjonar. Statlege universitet og høgskular skal sikrast stor grad av institusjonell autonomi.
• ha ein full gjennomgang av finansieringssystemet med sikte på å auke dei frie midlane og sterkt redusere den resultatbaserte finansieringa, og dessutan bidra til å auke utdanningskvaliteten.
• sikre demokratisk styring av universitet og høgskular. Rektor skal veljast, ikkje tilsetjast. Dei tilsette skal ha fleirtal i styret.
• at universiteta skal vere eigne forvaltningsorgan, med særskilde fullmakter. SV vil gå mot andre tilknytingsformer for universitets- og høgskulesektoren, som føretaksmodellen. Den uavhengige rolla til universiteta må sikrast.
• satse på open tilgang til undervisningsressursar og forsking, og fremje open publisering av læringsressursar nasjonalt, med auka gjenbruk og deling for både studentar og andre som vil lære.
• at studentar får gratis tilgang til digitalt pensum.
• at forskingsresultat skal vere ope tilgjengelege for alle. Avtalar med internasjonale leverandørar må innebere krav om open tilgang, og samtidig må finansieringa av norske opne tidsskrift og bokutgivingar styrkjast.
• styrkje innsatsen for at akademia internasjonalt skal ha fridom, og støtte ei permanent Students at Risk-ordning.
• ha fleire faste stillingar på universitet og høgskular. Bruken av mellombelse stillingar i akademia må reduserast. Det må tilførast rekrutteringsstillingar som fører til faste stillingar.
• gjere det attraktivt å satse på undervisning i universitets- og høgskulesektoren. God undervisning skal vere meritterande, både for kvar enkelt og for institusjonen.
• styrkje innsatsen for at studentar held på nynorsk i overgang til høgare utdanning.
• styrkje norsk språk i akademia.
• styrkje og utvikle desentralisert lærarutdanning og yrkesfaglærarutdanningstilbodet for å sikre eit likeverdig og tilgjengeleg utdanningstilbod over heile landet.
• løfte utdanningane av teiknspråklege pedagogar, barnehagelærarar og miljøpersonale.
Fagskulane
Fagskuleutdanninga er ein viktig del av utdanningssystemet som utdannar spesialiserte yrkesutøvarar med høg kompetanse. Ut frå behovet er det i dag for få som tek denne utdanninga. SV vil styrkje dei offentlege fagskulane og vidareutvikle eigenarten til fagskulen ved å sikre god og føreseieleg finansiering, styrkje rettane til studentane og vareta eit nært samarbeid med arbeidslivet.
• at det blir etablert fleksible utdanningsløp som gjer det mogleg for studentane å veksle mellom ulike utdanningsløp i høgare utdanning.
• greie ut opprykk frå fagskule til faghøgskule.
• auke talet på fagskuleplassar kraftig.
• stimulere bedrifter til å utdanne fagarbeidarar med fleire fagbrev.
• arbeide for desentraliserte fagskuletilbod.
Etter- og vidareutdanning
Arbeidslivet endrar seg. Automatisering og digitalisering gjer det særleg viktig å leggje til rette for at folk som er i arbeid, kan få ny og oppdatert kompetanse. Dette gjeld spesielt for grupper av arbeidstakarar der eigen arbeidsplass ikkje blir opplevd som ein god arena for læring.
SV går inn for at partane i arbeidslivet og staten innfører rett til etterutdanning for alle arbeidstakarar i Noreg. Etterutdanning bør finansierast gjennom offentlege midlar og gjennom avtalar mellom partane i arbeidslivet.
• gjennomføre ei reform der arbeidstakarane får rettar til betalt permisjon for etter- og vidareutdanning.
• etablere trepartssamarbeid for kompetanse som strekkjer seg over ulike sektorar og bransjar.
• utvide Kompetansepluss, opplæring på arbeidsplassen og i frivilligheita i grunnleggjande ferdigheiter for vaksne, slik som lesing, skriving, rekning, digitale og munnlege ferdigheiter.
• styrkje og utvikle vaksenopplæringa. Vaksne med rett til opplæring etter opplæringslova skal ha eit opplæringstilbod som likeverdig med det barn og unge har.
• gi betre rammevilkår for universitet, høgskular og fagskular til å skape meir fleksible studiemoglegheiter.
• sikre finansieringa og rolla til studieforbunda, både som tilbydarar av formelt kompetansegivande studiar og av kurs til allmenn nytte.
IKT i opplæring
SV ønskjer ein balansert, kunnskapsbasert og tilrettelagd bruk av digitale læremiddel i utdanningsløpet. Globale IT-selskap skal ikkje styre innhald og bruk av læringsplattformer og læremiddel. Staten må fastsetje overordna kvalitetskrav knytte til datatryggleik, infrastruktur og språkleg mangfald på området. SV ønskjer derfor å støtte nasjonal utvikling av tilpassa læremiddel.
• at lærarar og elevar skal ha tilgang til gode og varierte læremiddel, både digitale og analoge, og at skulane har nødvendige midlar til innkjøp.
• at valet av læremiddel i størst mogleg grad blir gjort på skule- og lærarnivå. Det er skulane og lærarane som kjenner elevane best og har moglegheita til å gi individuelt tilpassa opplæring gjennom digitale læremiddel.
• at staten skal spele ei aktiv rolle i utviklinga av framtidige læremiddel og IKT-løysingar i skulen. Private læremiddelprodusentar spelar ei viktig rolle, men vi kan ikkje overlate til dei store kommersielle aktørane å bestemme retninga for utviklinga.
• at alle lærarar skal tilbydast kompetanseutvikling i bruk av IKT-baserte læremiddel, og kompetanseutvikling som er nødvendig for å kunne undervise etter nye læreplanar.
• at kjeldekritikk og kritisk lesing av digitalt tilgjengeleg informasjon får større plass i skulen. Det er ein viktig kompetanse fordi vi hentar stadig meir informasjon frå internett.
Helse og omsorg
Noreg har eit av dei aller beste helsevesena i verda, og det skal vi ta vare på og forbetre. Tillit, kvalitet og tilgjenge er grunnbjelken i eit godt helsevesen – tillit til at du får den beste behandlinga for deg, uavhengig av økonomi og bustad, og uavhengig av kommersielle krefter og byråkratiske system. SV vil sikre ei helseteneste der innbyggjarane, pasientane og dei pårørande blir inkluderte og får vere med på å påverke eiga behandling og helseteneste. Helsevesenet skal styrast politisk, på grunnlag av helsefaglege råd. Vi treng ei heilskapleg og fagleg sterk helseteneste som er nær der folk bur.
Folkehelse og likeverdig helsetilbod
SV kjempar for eit likeverdig helsevesen der bakgrunnen din ikkje skal bety noko for kvaliteten på helsetenestene. God helse er eit klassespørsmål. Dei med lågast inntekt og utdanning har lågare forventa levealder og færre moglegheiter for gode levevilkår. SV vil kjempe mot dei urettferdige helseforskjellane og leggje til rette for likeverdige tilbod.
Kroniske sjukdommar, psykiske lidingar, livsstilssjukdommar og vald mot kvinner og barn er store folkehelseutfordringar. God folkehelse er avhengig av at det er enklare å vere fysisk aktiv og ete sunt, av at vi kan leve liv utan vald, og av at vi har inkluderande og kortreiste lokalsamfunn utan forureining. SV vil bruke meir pengar på folkehelsearbeid, førebygging og behandling.
• leggje til rette for nærmiljø og lokalsamfunn som fremjar god folkehelse gjennom inkluderande fellesområde og kortreist levemønster.
• innføre vaksinasjonsprogram for vaksne, etter modell av barnevaksinasjonsprogrammet, som sikrar innkalling til gratis vaksinasjon der vaksinar manglar eller må friskast opp.
• styrkje barnevaksinasjonsprogrammet, gå gjennom systemet for samtykke ved barnevaksinasjon og styrkje rapporteringa slik at vi sikrar at flest mogleg blir inkluderte.
• styrkje prioritering av og midlar til behandling av langvarige og kroniske sjukdommar som ME og muskel- og skjelettlidingar som reduserer livskvalitet og arbeidsførleik, og som vil bli langt meir vanlege etter kvart som befolkninga eldast.
• auke bruken av grøn resept og etablere fleire frisklivssentralar. Alle kommunar skal vere knytte til ein frisklivssentral.
• fjerne eigendelar på helsetenester for alle under 18 år.
• styrkje pasient- og brukaromboda og pasient- og brukarorganisasjonane, og sikre at pasientar, pårørande og tilsette i helsetenesta kan påverke og medverke i tilbodet som blir gitt.
• arbeide for at kommersielle helseaktørar i mindre grad skal delta og ha innverknad i helsevesenet.
• innføre systematisk tilsyn og kvalitetskontroll over dagens private helsemarknad, og gå gjennom regelverket for private tilbydarar.
• jobbe mot private behandlingsforsikringar, gjennom å avskaffe bruken av private behandlingsforsikringar i offentleg regi og innføre omsetningsavgift.
• sikre papirlause migrantar og tilreisande EØS-borgarar rett til helsetilbod på lik linje med befolkninga elles.
• at helsehjelpa skal ta hand om mangfaldet i befolkninga. I dag er kvinner og personar med annan etnisk bakgrunn underrepresenterte i forskinga, og desse gruppene får derfor dårlegare tilpassa hjelp.
• at trus- og livvsynsbeteninga på sjukehusa i større grad skal spegle mangfaldet i befolkninga.
• at det skal sikrast kvalifiserte tolketenester over heile landet for å gi forsvarleg helsehjelp og naudsynt informasjon og rettleiing til minoritetsspråklege pasientar og pårørande.
• etablere ei gratis ordning som sikrar at teiknspråktolk er tilgjengeleg ved helseinstitusjonar som sjukehus og legevakt heile døgnet, og auke tilgangen på bilettolketenesta.
• syte for at Folkehelseinstituttet, NKVTS, Helsedirektoratet og andre relevante institusjonar får tilstrekkelege og føreseielege rammer for å sikre eit kunnskapsbasert folkehelsearbeid.
• jobbe for å utarbeide ein klimaplan for helsesektoren, med mål om ein klimanøytral helsesektor i heile verdikjeda.
• etablere helsehus og brukarstyrte løysingar i heile landet for at innbyggjarar kan få helsehjelp utan tilvising og få raskare og betre tenester.
• sikre at menneske under 49 år ikkje skal busetjast på sjukeheim i strid med eige ønske.
Helseteneste nær deg
Det skal vere enkelt å få den helsehjelpa du treng. Det må vere nok helsepersonell på jobb, med nødvendig utdanning. Tilbodet må tilpassast behova til kvar enkelt, og det må etablerast gode teknologiske løysingar for informasjon og dialog. Pasientar skal ikkje vere kasteballar mellom ulike institusjonar eller nivå. Eit heilskapleg tilbod, der tenestene ikkje blir stykkja opp i stadig mindre einingar, gjer kommunen i stand til å tilby betre tenester.
• gi betre og meir samanhengande tilbod i kommunane ved å sikre fast tilsette fastlegar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, logopedar og andre spesialistar. Statens finansieringsmodellar må premiere samarbeid og tryggje tilsetjingar, ikkje uavhengige private aktørar.
• innføre tiltak for å løyse fastlegekrise ved å tilsetje fleire legar i faste stillingar i kommunen, leggje til rette for fagleg utvikling og styrkje dei kommunale legevaktene.
• styrkje helse- og omsorgsbudsjetta til kommunane. Kortare liggjetid på sjukehus må følgjast opp med betre oppfølging i kommunane.
• at kommunane skal få dekt ein større del av utgiftene til ressurskrevjande tenester.
• utarbeide ein nasjonal plan for rehabilitering og habilitering i primær- og spesialisthelsetenesta, og halde ved lag velfungerande rehabiliteringsinstitusjonar i heile landet. Det må utviklast spesialisert rehabilitering med lågare eigendelar, og kompetansen om sjeldne diagnosar må styrkjast.
• sikre tilgang på helsehjelp og behandling for kronikarar. SV vil gjeninnføre diagnoselista for fri fysioterapi for å unngå at kronikarar får ein betydeleg forverra helsesituasjon.
• at kommunane legg til rette for at fleire av dei som ønskjer å døy heime, i staden for på institusjon, får eit slikt tilbod.
• styrkje helsestasjonen og andre lågterskeltiltak som sikrar rask hjelp når ein treng det.
• utvide ordninga med primærhelseteam for å sikre innbyggjarane betre kontinuitet i tilbodet, auka brukarmedverknad og meir tverrfaglege tenester.
Kvinnehelse
Forsking har vist store kjønnsforskjellar når det gjeld sjukdommar som kreft, psykiske lidingar og kroniske sjukdommar. Visse sjukdommar rammar kvinner meir enn menn, og desse sjukdommane blir det forska for lite på. Samstundes har kvinner ofte andre symptom på sjukdommar som rammar begge kjønn, som til dømes hjarteinfarkt, men dette veit vi for lite om. Derfor treng vi meir kunnskap om kvinnehelse.
Å føde kan føre med seg risiko både for mor og barn, og vi må ha jordmødrer nær der folk bur, og helsehjelp tilgjengeleg for dei som treng det, frå dei blir gravide og ut barseltida.
Tilgang til prevensjon og lovleg, trygg abort, gode ordningar for svangerskap, fødsel og barsel er viktig for kvinners helse.
• arbeide for å auke løyvingane til forsking på, kompetanseheving på og behandling av kvinnerelaterte sjukdomar.
• tildele midlar til tverrfagleg forsking på kvinners sjukefråvær – forsking som undersøkjer årsaker knytte til arbeidsforhold, vald, sosiale forhold og biologiske faktorar.
• sikre at helsetenestene i heile landet har tilstrekkelege ressursar til å avdekkje og behandle typiske kvinnesjukdommar som til dømes endometriose, kronisk utmattingssyndrom (VI) og andre kroniske lidingar.
• sikre ei god og desentralisert fødselsomsorg, og at fødeavdelingar ikkje blir lagde ned.
• setje av øyremerkte midlar til ein nasjonal koordinator for fødselsomsorg, lokale jordmorkoordinatorar i kommunane og til fleirkulturelle fødselshjelparar.
• sikre retten til trygg reise for fødande, at jordmor er til stades under heile fødselen, og at kvinner får forsvarleg liggjetid på barsel.
• styrkje retten til å ha med partnar eller ein nær pårørande under førebuingar til fødsel, under fødselen og i barselperioden.
• styrkje kommunane si fødselsomsorg gjennom tidleg innsats og rett til oppfølging etter fødsel, slik som familieprogram der førstegongsforeldre får heimebesøk av helsesjukepleiar.
• sikre komande foreldre ei tryggleiksskapande og kunnskapsbasert svangerskapsomsorg.
• lage ein handlingsplan for kvinnehelse for å sørgje for eit omfattande og koordinert arbeid i heile Helse-Noreg.
• rammefinansiere fødeavdelingane og utdanne og tilsetje fleire jordmødrer slik at det blir mogleg med éi-til-éi-oppfølging i aktiv fødsel.
Sjukehus
Alle skal vi vere tryggje på at vi får helsehjelp om vi blir sjuke eller skadde. SV vil ha gode fagmiljø på alle sjukehus og akuttfunksjonar over heile landet. Nokre tilbod er det få av i landet, fordi dei er svært krevjande og spesialiserte, men fagleg nødvendig spesialisering treng ikkje medføre sentralisering. SV vil ha styrkt folkevald kontroll, betre lokal styring, mindre sjukehuseiningar og færre leiarnivå, og mindre marknad. Når stadig fleire skal få behandling heime, blir ambulansetenesta endå viktigare. Betre beredskap og ei styrkt ambulanseteneste er avgjerande for å sikre folks helse og tryggleik i heile landet.
• styrkje sjukehusøkonomien slik at ventetidene blir reduserte, samtidig som beredskapen blir sikra og kvaliteten styrkt.
• avvikle helseføretaksmodellen og etablere sjølvstendige sjukehus som er underlagde folkevald styring. Endringa må sikre lokal og praksisnær leiing, og aktiv involvering og medråderett for dei tilsette.
• styrkje lokalsjukehusa og akuttberedskapen over heile landet. Nye store investeringar må finansierast direkte over statsbudsjettet.
• at store sjukehusutbyggingar som ikkje er ønskte lokalt, blir revurderte, og at alternativ skal greiast ut.
• gå imot nedlegging av Ullevål sjukehus.
• erstatte stykkprisfinansiering i sjukehusa med rammefinansiering, der faglege behov og vurderingar av nødvendig beredskap avgjer tildelingar, i staden for dagens kunstige marknadstankegang.
• ha ei eiga satsing på fødselsomsorg, psykiatri og intensivbehandling, og prioritere desse i ei avvikling av innsatsstyrt finansiering.
• prioritere saumlause overgangar mellom sjukehus og helsetenester i kommunane og fjerne ordninga med at kommunane må betale bøter for pasientar utan tilbod.
• styrkje forsking i sjukehusa og sikre midlar til innovasjon.
• styrkje det offentlege helsetilbodet og systematisk redusere omfanget av avtalar mellom regionale helseføretak og private kommersielle sjukehus og avtalespesialistar.
• auke samarbeidet mellom den psykiske og somatiske helsetenesta for å sikre heilskapleg oppfølging av pasientar med både psykiske og fysiske sjukdommar.
• sørgje for at tilsette i helsevesenet ikkje har dobbeltroller der dei både gir tilvising og har privat praksis.
• arbeide for at organdonasjon er norma, og styrkje informasjonskampanjane om organdonasjon.
• avvikle anboda på pasientreiser og gi refusjonsretten tilbake til NAV.
• at sjukehus skal byggjast med ein større reservekapasitet for å sikre nok kapasitet, betre smittevern og godt arbeidsmiljø.
• ha trygge ambulansetenester og sikre at luftambulanseteneste blir driven i offentleg eller ideell regi.
• stille krav til responstid, utstyr og fagleg kompetanse for ambulansetenestene slik at alle kan vere trygge på at ambulansen kjem i tide, når han trengst.
Bemanning
Vi står overfor ei alvorleg bemanningskrise i helsetenesta. Om få år kan vi mangle mange tusen helsearbeidarar dersom vi ikkje tek grep no. Særleg alvorleg er dette i distrikta. Det må vere meir attraktivt å bli verande i jobben som helsepersonell, og vi må leggje til rette for å utdanne langt fleire.
• auke grunnbemanning og lyse ut heile og faste stillingar for alle yrkesgrupper.
• etablere fleire praksisplassar for sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og legar i spesialiseringsstillingar for å utdanne meir helsepersonell som vi treng.
• gjere det enklare å ta vidareutdanning som tilsett i sjukehusa, og gjere det enklare å kombinere arbeid og utdanning i helsesektoren.
• at alle sjukehus og kommunar systematisk kartlegg behov for helsepersonell i komande år, og legg ein strategisk plan for å behalde og rekruttere tilsette.
• gå gjennom og forbetre turnusordningane for alle tilsette i offentleg helsevesen og sikre dei like gode rettar som skiftarbeidarar.
• stanse bruken av kommersielle bemanningsbyrå i helseføretaka. Auka grunnbemanning, tilbod om faste og heile stillingar og helsefremjande turnusordningar skal saman med eigne bemanningseiningar løyse dagens behov for vikarar og innleige.
• styrkje ordninga med kompetanseløft for å styrkje kompetansen til helsepersonell og leggje til rette for betre fordeling av oppgåver.
• gjennomføre ei tillitsreform i sjukehussektoren som gir dei tilsette auka handlingsrom til å yte omsorg og behandling. Reforma skal ta utgangspunkt i innbyggjarane sitt behov og leggje til rette for eit tett, aktivt samarbeid mellom innbyggjarar og tilsette.
• styrkje utdanninga av helsepersonell og opprette fleire studieplassar i heile landet.
Digital helseteneste
God kvalitet og pasienttryggleik krev at helsepersonell har rask, enkel og sikker tilgang til nødvendige helseopplysningar, uavhengig av kvar pasienten blir sjuk eller tidlegare har blitt behandla. Dagens IKT-system i helse- og omsorgssektoren støttar ikkje godt nok opp under behovet for effektiv samhandling mellom sjukehus, fastlegar og kommunar, og avgrensar god utnytting av ressursane i sektoren. Tungvinne og mangelfulle arbeidsverktøy gir dobbeltarbeid og bidreg ikkje til god utnytting av kompetanse. Det er nødvendig å ta i bruk nasjonale fellesløysingar som kan støtte heilskaplege pasientforløp og samhandling på tvers av verksemder og tenestenivå. SV støttar visjonen om «éin innbyggjar – éin journal».
• at folks helsedata skal vere trygge, og at personvernet blir sikra ved utbygging og utvikling av nye tenester.
• sikre at relevant helsepersonell skal ha enkel og sikker tilgang til nødvendige pasientog brukaropplysningar, som til dømes legemiddellista til pasienten.
• at innbyggjarane skal ha tilgang på enkle og sikre digitale helsetenester. Fleire skal kunne få hjelp og konsultasjonar over videosamtale.
• leggje til rette for at anonymiserte og trygge helsedata skal kunne brukast til forsking og kvalitetsforbetring som er underlagd offentleg styring, og ikkje blir monopoliserte av kommersielle enkeltaktørar.
• auke bruken av digitale og nettbaserte tenester når dei har dokumentert effekt og sparer både helsepersonell og pasientar for unødvendige reiser, slik som nettbaserte eMestring og Helsenett.
• at grunnleggjande IKT-infrastruktur i helseføretaka skal inn under krav i sikkerheitslova om skjermingsverdig informasjon, og at vesentleg helseinformasjon skal lagrast og driftast i Noreg.
• sørgje for at det er trygt for barn å dele vonde erfaringar, og at barnet skal ha kontroll på sin eigen informasjon. Rutinar må sikre at delar av journalen til barnet enkelt kan sperrast for innsyn.
• setje strenge avgrensingar på patentering og sal av menneskeleg geninformasjon. DNA-et til kvar enkelt kan ikkje eigast av andre enn vedkomande sjølv.
• etablere IKT-løysingar som er tilpassa helsevesenet. Løysingar som legemiddellista til pasienten og anna samhandling må prioriterast. SV vil revurdere programmet AKSON.
Beredskap, legemiddel og medisinsk utstyr
Helseberedskapen i Noreg er ikkje god nok. I fleire år har mangelen på viktige legemiddel auka, og covid-19 viste tydeleg at vi ikkje produserer og lagrar nok medisinsk utstyr sjølv. Vi må byggje opp nasjonale lager og produksjon av legemiddel og medisinsk utstyr for å sikre befolkninga.
• innføre lagerplikt for livsviktige medisinar og utvide lagerkapasiteten for medisinar, verkestoff og smittevernutstyr.
• etablere statleg produksjon av legemiddel (StatMed), styrkje forskinga og eksisterande produksjonsmiljø i Noreg.
• setje krav til innkjøp av legemiddel ved sjukehusa, sikre openheit om prisar og avtalar, og dessutan stille krav til miljø- og arbeidsforhold hos legemiddelprodusentane og prioritere innkjøp frå norske produsentar.
• gå gjennom apoteka si rolle og vurdere å forby legemiddelgrossistane å eige eigne utsalsstader.
• lage ein nasjonal plan for å unngå antibiotikaresistens. Planen må både ta for seg korleis vi kan hindre smitte frå utlandet, og avgrense bruk av antibiotika både i helsevesenet og landbruket.
• fjerne apoteka si plikt til å føre homeopatisk middel og innføre tiltak for å hindre marknadsføring av medisinar det ikkje er forskingsmessig dokumentasjon på.
• at vi i krisetider skal ha ein makspris for utstyr som vanlege folk må ha, som til dømes munnbind.
• etablere eit statleg eigd kapitalfond, for utvikling og eigarskap av patent og legemiddel som spring ut frå offentleg forsking og utvikling på norske universitet og sjukehus.
• etablere eit rammeverk for sal av lisensar og generisk produksjon, frå universitet og sjukehus, og slik bidra til å auke tilgangen til medisinar i låg- og mellominntektsland.
• at Noreg skal jobbe internasjonalt for å auke tilgangen på patentert medisin for lågog mellominntektsland og eit meir fleksibelt patentregime i WTO.
• endre smittevernlova for å sikre demokratisk kontroll med nasjonale smitteverntiltak.
Tannhelse
I dag gruar mange seg til å gå til tannlegen, ikkje berre av frykt for hol i tennene, men også av frykt for utgiftene. SV sitt mål er at det ikkje skal koste meir å gå til tannlegen enn å gå til legen. Det er behov for å tette holet i velferdsstaten og utvide velferda med ei tannhelsereform som skal sørgje for at fleire kan få behandling i offentleg regi, og at tannhelse blir ein del av folketrygda. Det vil ta fleire år å innføre ei slik reform. Fram til tannhelsereforma er ferdig, vil SV innføre eit tak på kostnader ved naudsynt tannhelsebehandling.
• gjennomføre ei tannhelsereform der nødvendig tannbehandling blir likestilt med andre helsetenester. SV vil sikre ein full gjennomgang av tannhelselova og innføre nødvendige refusjonsordningar, regulerte prisar og utvikling av offentleg tannhelse. På sikt skal ingen betale meir enn tilsvarande eigendel i helsevesenet for tannhelsetenester.
• i påvente av ei tannhelsereform inkludere fleire behandlingar i refusjonsordninga og innføre regulering av prisar på tannhelsetenester, i samarbeid med bransjen. SV vil innføre eit høgkostnadsvern fram til tannhelsereforma er fullt innført, dersom behandlinga er nødvendig og ikkje blir prisa over gitte referanseprisar.
• byggje ut den offentlege tannhelsetenesta straks og sikre auka kapasitet i dei fylkeskommunale tenestene. Fleire grupper må få rettar, mellom anna ved at unge vaksne får opp til 30 år rabatterte tilbod, og alle eldre over 75 år må få gratis tannhelsesjekk.
• at samarbeidet mellom kommune og fylke må styrkjast.
• inkludere kjeveortopedi (regulering) i offentleg tannhelsetilbod og innføre regulerte prisar på nødvendige kjeveortopediske tenester.
• utdanne og tilsetje fleire tannpleiarar, styrkje det førebyggjande arbeidet og styrkje tilsyn av tannhelsetenester, for å unngå overbehandling.
• at den offentlege tannhelsetenesta framleis må vere fylkeskommunal.
Psykisk helse og rus
Mange opplever psykiske problem i løpet av livet. SV vil at helsetilbodet for dei med psykiske lidingar skal vere raskt tilgjengeleg og integrert i folkehelsetilbodet og helsetilbodet elles. Innsatsen for personar med rusproblem må styrkjast. Folk skal få hjelp, ikkje straff. Arbeid, utdanning eller annan meiningsfylt aktivitet og ein god busituasjon kan i seg sjølv vere god behandling. Mange vil likevel leve resten av livet med psykiske problem eller rusutfordringar. SV vil leggje til rette for at alle skal kunne leve best moglege liv med dei utfordringane dei har.
• at retten til psykisk helsehjelp må vere like sjølvsagd som retten til somatisk helsehjelp, også i kommunane.
• auke talet på psykiatriske døgnplassar nasjonalt.
• sørgje for gode rehabiliteringsforløp innanfor psykisk helse i samarbeid med andre tenester.
• innføre ein forløpsgaranti innanfor psykisk helse og rus som erstattar pakkeforløpa.
• styrkje dei lokale tilboda, med vekt på utbygging av lågterskeltilbod, psykiatrisk legevakt og skulehelseteneste. Kommunal opptrappingsplan for psykisk helse må vidareførast og øyremerkjast.
• heve den lokale kompetansen på lågterskeltilbod, støttegrupper og opne telefonar.
• ha eit auka tilbod om rusbehandling og psykisk helsehjelp, og gjere det gratis for ungdom til og med 25 år.
• gjere det enklare å få psykisk helsehjelp utan tilvising og byggje ut brukarstyrte tilbod, som brukarstyrte senger i spesialisthelsetenesta og lågterskeltilbod i kommunane.
• minimere bruken av tvang, gjennom opplæring, auka bemanning, kompetanseheving og støtteordningar.
• styrkje medikamentfrie behandlingstilbod.
• styrkje dei distriktspsykiatriske sentera (DPS) og vurdere ei overføring til fylka.
• styrkje og samle kompetanse om traumelidingar og traumebehandling.
• at omgang med illegale rusmiddel til eigen bruk blir avkriminalisert, og at ruspolitikken blir innretta etter prinsippet om hjelp, ikkje straff, etter forslag frå Rusreformutvalet. Den tverrfaglege oppfølginga skal styrkjast.
• styrkje det integrerte ettervernet og sikre at rusbrukarar får sosialfagleg oppfølging.
• leggje til rette for fleire brukarrom i byane som ikkje ekskluderer brukarar med etablerte rusproblem, uavhengig av inntaksmåte, og ha fleire skadereduserande tiltak, slik som utdeling av brukarutstyr og moglegheit for å teste rusmidla for skadeleg innhald.
• innføre lågterskel substitusjonsbehandling for å redusere overdosedødsfalla.
• sørgje for tilgjengelege behandlingstilbod og nok kapasitet. Avbrot i behandlingskjeda må unngåast. Det må satsast på fleire brukarstyrte plassar der folk kan skrive seg sjølv inn.
• styrkje medråderetten og den sosialfaglege oppfølginga av pasientar i legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og gjere programmet meir fleksibelt og ope.
• bevare Vinmonopolet, avskaffe taxfree og redusere alkohol- og tobakkskvoten.
• føre ein avgifts- og skjenkjepolitikk som legg vekt på førebygging av alkoholskadar. Leggje til rette for styrkt kontroll med dei som sel alkohol. Alkoholavgifta må differensierast mellom butikkutsal og skjenkestader for å flytte alkoholkonsum inn i kontrollerte omgivnader.
Demokrati, deltaking og feminisme
Fellesskap gir fridom, og frie menneske skaper gode fellesskap – sterke fellesskap, der vi finn løysingar saman og gir større rom for at enkeltmenneske kan leve frie liv. Eit samfunn der alle kjem til orde og kan påverke fellesskapet, tek også betre avgjerder. Innbyggjarar med sjølvrespekt og makt over eigen kvardag møter andre medborgarar med respekt og tek ansvar for fellesskapet. Deltaking i fellesskapet og demokratiet er derfor ein viktig del av det å vere eit fritt og sjølvstendig menneske. Kvinners moglegheit til å bestemme over eige liv og eigen kropp, eit liv fritt for rasisme og diskriminering, og retten til å bli forstått og forstå på sitt eige språk er sentrale vilkår for å kunne delta i og påverke samfunnet. SV vil ha eit samfunn med plass til alle, der makt og moglegheiter er likare fordelte.
Folkestyre
Demokratiet vårt er kjempa fram av sterke folkerørsler, men er i dag under press frå fleire hald. Makt blir flytta frå folkevalde organ til lukka styrerom, og internasjonale avtalar overstyrer og innskrenkar moglegheitene til demokratiet. Dette blir forsterka når internasjonale avtalar prioriterer selskapsinteresser framfor samfunnsinteresser. Samtidig blir politikken profesjonalisert, og avstanden til folk flest aukar. Lojalitetskrav ovanfrå kveler ytringsfridom og medråderett i arbeidslivet, og overvaking frå både statar og private aktørar innskrenkar folks handlefridom. Mange opplever med rette at stemma deira ikkje tel. SV vil snu denne utviklinga. Svaret vårt er meir deltaking, meir demokrati og meir makt til folk flest.
Meir demokrati
Folkestyret må vidareutviklast for å sikre større deltaking. Fleire må få moglegheit til å stemme ved val, og folk må ha større moglegheiter til å påverke kva for saker som skal behandlast politisk. Fleire avgjerder må takast lokalt og på arenaer med folkeleg involvering, som deltakande budsjettering.
• behalde dagens valkrinsar for stortingsvalet for å sikre representasjon frå heile landet. Der det er eit sterkt lokalt ønske, kan det vurderast om enkelte krinsar kan slåast saman.
• senke stemmerettsalderen til 16 år for å gi ungdom auka innverknad.
• innføre folkeforslag. Med underskrifter frå éin prosent av dei stemmeføre skal ei sak behandlast i Stortinget.
• utvide bruken av folkeavstemmingar i viktige spørsmål.
• arbeide for eit større mangfald i politiske og offentlege styre, råd og utval.
• påleggje kringkastarar å tekste valsendingar og debattar.
• at personar med funksjonsvariasjonar skal få ekstra BPA-timar til ulønt politisk arbeid for å sikre deltaking i demokratiske prosessar.
• ha full openheit rundt partifinansiering, der det er tydeleg kva for enkeltpersonar, organisasjonar og bedrifter som bidreg til finansiering. Medlemskontingent og bidrag under 5000 kroner blir unnatekne.
• redusere godtgjersler for stortingsrepresentantar og politikarar i regjeringa.
• at ingen i staten, eller statlege selskap, skal tene meir enn statsministeren.
• avskaffe monarkiet og innføre republikk.
• innføre tovegs karantene mellom regjering og kommersiell påverknadsverksemd, som PR-bransjen. I tillegg forlengje karantenen til eitt år.
• innføre eit offentleg tilgjengeleg lobbyregister for alle folkevalde organ.
• setje i gang ei ny makt- og demokratiutgreiing.
• innføre folkeavstemmingar nedanifrå. Med underskrifter frå ein viss del av dei stemmeføre skal det gjennomførast folkeavstemming om eit forslag som så blir behandla av Stortinget. Forslag kan ikkje gjelde statsbudsjett, utnemningar eller vere i strid med dei internasjonale forpliktingane våre eller Grunnlova.
• påleggje kommunar å sørgje for at alle vallokale og møte i kommune- og bystyre er i lokale som er universelt utforma.
• sikre e-valløysingar for blinde og svaksynte ved komande kommune- og fylkestingsval og stortingsval, kyrkjeval og val til Sametinget.
Eit fornya lokaldemokrati
Tvangssammenslåing av kommunar og fylke har auka avstanden mellom innbyggjarar og avgjerder. Handlingsrommet til kommunar og fylkeskommunar blir utfordra. Både EØS- kontrollorganet ESA og kommersielle interesser varslar søksmål og mottiltak når lokale folkevalde ønskjer å ta styring i saker som lokalt eigarskap, innkjøpskrav og organisering av oppdrag. Det demokratiske handlingsrommet må sikrast og aukast; det er folket, ikkje pengemakta som skal styre. Fylkes- og kommuneøkonomien må styrkjast for at lokale folkevalde kan gjere reelle val og sikre gode tenester.
• sørgje for at staten hjelper kommunane med å sikre lokalt handlingsrom, og gjere lokale folkevalde kjende med moglegheitene.
• styrkje kommune- og fylkesøkonomien betydeleg. Det må sikrast gode velferdstilbod i heile landet.
• gi kommunane lov til å gjere kommunale avgifter avhengige av inntekt og formue. I dag blir hushald med låg skatteevne ramma uforholdsmessig hardt av høge avgifter.
• greie ut moglegheit for utvida skattleggingsrett for kommunar og fylkeskommunar, for å auke demokratisk medverknad i den lokale økonomiske politikken.
• fjerne grensa for maksimal eigedomsskatt og gi kommunane sjølv moglegheit til å utforme ein eventuell eigedomsskatt.
• redusere bruken av øyremerkte statlege midlar for å styrkje makta til lokale folkevalde.
• la kommunane sjølv bestemme samarbeidsformer. SV er positiv til meir kommunalt samarbeid så lenge dette skjer på måtar som sikrar openheit og demokratisk styring.
• seie nei til tvangssamanslåing av kommunar og fylke, og sikre at allereie tvangssamanslåtte kommunar og fylke får vedtaka oppheva dersom dei sjølv ønskjer det. SV vil at folket skal få seie si meining om fylkes- og kommunesamanslåingar gjennom folkeavstemmingar, og SV vil respektere resultatet.
• leggje til rette for at kommunar og bydelar skal kunne bruke deltakande budsjettering.
• styrkje det regionale folkevalde nivået ved å flytte makt frå statleg nivå. SV vil ha sterkare fylke, som får fleire oppgåver og større ansvar på område som helse, samferdsel, distrikts- og regionalpolitikk, næringspolitikk, miljøvern, arealforvaltning og landbruk.
Demokratisk styring av staten
Tilliten og effektiviteten til statleg forvaltning blir trua av oppsplitting, privatisering, målstyring og rettsleggjering. Handlingsrommet for offentleg tilsette til å utøve profesjonelt skjønn blir stadig mindre. For mange opplever avmakt i møte med staten. Det trengst meir politisk styring, betre samanheng mellom ulike delar av statleg forvaltning og ein meir desentralisert og tilgjengeleg stat.
• erstatte mål- og resultatstyring i offentleg sektor med tillitsbasert styring som gir rom for profesjonelt skjønn, gjennom ei tillitsreform
• byggje opp eigen kompetanse i offentleg forvaltning og redusere bruken av innleigde konsulentar.
• redusere omfanget av dei statlege direktorata. SV vil ha ein grundig gjennomgang av oppgåvefordelinga mellom direktorat, departement, og fylkeskommunal forvaltning. Målet er å flytte oppgåver til departementa og fylkeskommunane for å sikre meir direkte politisk styring og forbetre balansen mellom tilsette i førstelinja og dei administrativt tilsette.
• setje i gang eit arbeid for å samordne den regionale inndelinga av staten i dei ulike etatane, for å sikre betre samarbeid på tvers. Inndelinga bør òg i større grad samsvare med fylkesinndelinga.
• samle statlege verksemder som naturleg høyrer saman, til dømes i jernbanesektoren, for å sikre betre samarbeid, motverke konkurranseutsetjing og redusere unødvendig byråkrati.
Arbeidarstyre og kooperativ
For å oppnå eit meir rettferdig samfunn må vi arbeide for å fordele makt over økonomiske ressursar i samfunnet. Det betyr ein demokratisk økonomi, der det blir lagt til rette for fleire arbeidarstyrte bedrifter og kooperativ. Felleseige i økonomien er ein viktig reiskap mot veksande forskjellar. Felleseige sikrar ei sterkare økonomisk fordeling og påverknad. I Noreg har vi lange tradisjonar med samvirke, kooperativ og andelslag, som innanfor landbruk, daglegvarehandel og burettslag. Arbeidarstyrte bedrifter sikrar meir demokratisk styring, sterkare eigarskap til avgjerdene som blir tekne, og mindre risiko for utflagging.
• styrkje den demokratiske eigarskapen av bedrifter, mellom anna gjennom å innføre det lovmessige rammeverket for ei demokratisk selskapsform i tillegg til dei eksisterande samvirka.
• støtte forsking på arbeidslivsdemokrati.
• gi dei tilsette forkjøpsrett til eigne arbeidsplassar i samarbeid med offentlege styresmakter når eigarane vil flytte bedrifter ut av landet, og elles tilbodsplikt til dei tilsette ved sal av bedrifta.
• opprette gunstige låneordningar i offentleg regi for å støtte tilsette som ønskjer å kjøpe opp og eige eigen arbeidsplass.
• støtte opp om samvirkebedrifter og selskap med demokratiske eigarskapsformer. Vi vil ha støttetiltak i ein oppstartsfase for slike bedrifter.
Informasjon og data
Informasjon utgjer ein stadig viktigare del av både økonomi og daglegliv. Ny teknologi gir oss enorme moglegheiter til å skape eit betre samfunn, med betre velferd til folk og nye næringar. Men teknologien kan òg skade menneske og samfunn om han ikkje blir regulert klokt. Data og digital infrastruktur er ei stadig viktigare kjelde til makt. Denne makta må ikkje overlatast til nokon få privateigde selskap, men må liggje hos kvar og ein av oss og forvaltast i fellesskap.
• utvikle ei eiga statleg skyløysing for lagring av offentlege data. Utvikling og drift av offentlege IKT-tenester skal vere underlagt demokratisk styring, og kritisk viktige IT- tenester og IT-infrastruktur skal vere plassert i Noreg.
• at utvikling og drift av offentlege IKT-tenester skal vere underlagt demokratisk styring og kontroll, og at staten skal ha oversikt over og eigarskap til sin eigen digitale struktur. Vi må dessutan sikre at kritisk viktige IT-tenester og IT-infrastruktur på sikt skal vere plassert i Noreg.
• jobbe for felles digitale løysingar og leggje til rette for felles innkjøp av IT-system i det offentlege.
• sikre bestillarkompetanse til IT-løysingar over heile landet.
• at det offentlege brukar opne standardar.
• ha eit aktivt konkurransetilsyn som vektar mengd og type personopplysningar eit selskap rår over i dominansevurderingar.
• at det offentlege investerer i utvikling av kunstig intelligens og digital infrastruktur, og byggjer opp eigne fagmiljø som forvaltar og vidareutviklar løysingane. Ei slik satsing må òg kome norske IKT-bedrifter til gode.
• regulere databehandlinga til tredjepart strengt.
• bidra til å utvikle gode IKT-løysingar med land Noreg samarbeider med i utviklingspolitikken, for å bidra til sterkare institusjonar og motverke makta til enkeltselskap.
• halde på og styrkje forbodet mot utførsel av arkivdata, slik arkivlova bestemmer.
• at talet på studieplassar innanfor IKT skal aukast for å løyse mangelen på IKT- kompetanse i dag.
• at det offentlege fortløpande skal greie ut bruk av ny teknologi for utviding av tenestetilbod og kvalitetsheving av offentleg sektor.
• fornye og forbetre NAVs IT-system.
• at til dømes Datatilsynet og Konkurransetilsynet skal kunne be om innsyn i kjeldekodane i dei tilfella der private aktørar ikkje nyttar open kjeldekode.
Personvern
Enkeltmennesket har ein rett til å kontrollere personopplysningane sine og vernast mot urettmessig innhenting av informasjon. Det skal vere sterke avgrensingar på kor lenge ein kan lagre innsamla informasjon, og kva han kan brukast til. Vi må verne om retten til privatliv og den frie tanken.
• stramme inn moglegheitene for kva som er lovleg målretting av reklame og andre bodskapar i sosiale medium, og kva for data aktørane får tilgang til.
• auke kapasiteten til både rettleiing og kontrollarbeid hos Datatilsynet, mellom anna for å hindre ulovleg bruk av sporingteknologi og målretta reklame i sosiale medium.
• innføre streng regulering av ansiktsgjenkjenningsteknologi i det offentlege rommet.
• forby masselagring av metadata om telekommunikasjon og alle andre tiltak som fører til masseovervaking av norske innbyggjarar.
• styrkje kampen mot identitetstjuveri.
• sikre innbyggjarane sin rett til å nytte analoge brev og skjema i kommunikasjon med offentlege styresmakter, som alternativ til digitale løysingar.
Distriktspolitikk og levande lokalsamfunn
SV vil ha levande lokalsamfunn i heile landet. Fylke og kommunar skal ha råd til gode tenester der folk bur, og fungere som samfunnsutviklarar og pådrivarar for attraktive bumiljø og næringsutvikling. Vi treng ein aktiv distriktspolitikk som sikrar folketalsvekst i distrikta, og som gir busetjing og lokalt handlingsrom slik at vi kan ta heile landet i bruk.
SVs motsvar til sentralisering er nærleik. Det er inga naturlov at distrikta blir utarma og blir ramma av fråflytting, det er eit resultat av politiske val. SV vil innføre ei nærleiksreform slik at avgjerder og offentlege tenester blir flytta nærare folk, og i større grad ta utgangspunkt i dei ressursane og særeigenheitene stadene og regionane har. Folk og lokalmiljø både i byområde og distrikt må oppleve nærleik til avgjerder og tenester.
Distrikta vil stå overfor store rekrutteringsutfordringar i åra framover og dermed risikere mangel på folk til å fylle viktige samfunnsfunksjonar. For å sikre at distrikta har tilgang til nødvendig kompetanse, er det avgjerande både med nok studieplassar for spesielt lærarar og sjukepleiarar, og dessutan desentralisert utdanning innanfor både offentleg og privat sektor, for å skape folketalsvekst i distrikta.
Sentralisering og fråflytting frå distrikta bidreg òg til press på velferd, areal og infrastruktur i byen. God bypolitikk og god distriktspolitikk forsterkar derfor kvarandre og utgjer eit heilt nødvendig samspel i arbeidet for å kjempe mot forskjell og miljøproblem.
Mange byar har nokre særlege utfordringar, som store ulikskapar, stor andel låginntektsfamiliar, bustadmangel, tronge buforhold og luftforureining. SV vil ha ei byutvikling som reduserer forskjellane og gir like moglegheiter, opnare byar og betre miljø, utan unødvendig biltrafikk og helsefarleg luft.
Bygder og byar treng både felles og ulike løysingar. Bustadmangel er eit tema som gjeld både by og bygd. Dette krev ein offensiv bustadpolitikk både i byane og i distrikta.
Kamp mot sentralisering og flytting frå landsbygda til byane tener både by og land. Ein god distriktspolitikk og gode lokalsamfunn føreset aktive offentlege grep om næringsutvikling, transport og velferdstilbod. Ein god distriktspolitikk må ha verkemiddel som er tilpassa behovet i ulike lokalsamfunn og regionar. Han må omfatte utforming av attraktive stader og bumiljø, klimatilpassing, næringsutvikling, offentlege tenester, kulturtilbod, transport og infrastruktur.
• utarbeide ein tiltaksplan for folketalsvekst i distriktskommunane, og dessutan setje klare mål for slik vekst.
• ta havet tilbake og jorda og skogen i bruk. Fisken skal tilhøyre kystfolket og sikre arbeidsplassar og busetjing på land. Dei spreidde jordressursane våre skal takast i bruk igjen. Skogen må utnyttast betre for å skape arbeidsplassar, kutte utslepp, binde karbon og sikre artsmangfaldet.
• sørgje for utbygging av likeverdig digital infrastruktur i heile landet.
• ha ein full gjennomgang og styrking av kommunale og regionale næringsfond, såkornfond, forskingsfond, næringshagar, bedriftsutviklingsmidlar og samfunnsutviklingsmidlar.
• stille krav til Innovasjon Noreg og resten av verkemiddelapparatet om å særleg tilgodesjå distrikta ved tildeling av midlar. Vi må vurdere å gjenopprette Distriktsutbyggingsfondet.
• greie ut og vurdere individretta ordningar som lågare skatt og nedskriving av studielån til å gjelde større delar av det distriktspolitiske området.
• greie ut utviding av nedslagsfeltet og senking av den differensierte arbeidsgivaravgifta i distrikta.
• leggje nye statlege arbeidsplassar utanfor Oslo, for å desentralisere makt og tenester.
• at delar av tilskotet til regionale forskingsfond skal øyremerkjast forsking på distrikt.
• gi direkte tilskot til nystarta småbedrifter i distrikta.
• gjeninnføre Finnmarks- og Svalbard-tillegget i barnetrygda.
• utarbeide ei klimatilpassing i Noreg. Vi må verne og auke talet på grøntområde i byar og tettstader og gjenopne bekkar og elvar for å gjere kommunane betre rusta til å handtere overvatn.
• styrkje arbeidet med klimatilpassing i kommunane og fylka gjennom auka overføringar til klimatiltak og til å tilsetje kommunale klimarådgivarar.
• gjennomføre ei nærleiksreform for å snu sentraliseringa. Avgjerder og offentlege tenester må flyttast nærare folk. Statlege etatar skal ha nærleik til heile landet og i større grad ta utgangspunkt i dei særeigenheitene stadene og regionane har.
• leggje til rette for at fleire arbeidstakarar kan jobbe desentralisert frå kontorplassar og kontorfellesskap i distrikta.
• gjeninnføre reisestipend for studentar og auke bortebuarstipend for elevar under vidaregåande opplæring.
• greie ut ei rettferdig fordeling av skatt mellom heimkommune og hyttekommune.
• styrkje Merkur-programmet for nærbutikkar i distrikta.
• leggje til rette for ein desentralisert struktur og alternative læringsmodellar i vidaregåande opplæring. Målet er at alle elevar skal ha eit godt utval av studieprogram i eige nærområde.
• gi tilskot til bygging av hybelhus for bortebuande elevar i vidaregåande skule.
• endre inntektssystemet til kommunane for å kjempe mot sosial ulikskap og levekårsutfordringar og bidra til vekst og utvikling i distrikta.
• differensiere investerings- og oppstartstilskot i landbruket i samsvar med geografi.
• greie ut å innføre eit program for desentralisering av offentleg sektor med full kompensasjon for meirutgifter ved ein spreidd struktur.
• innføre ei satsing på fleksible transportløysingar, som til dømes bestillingsbuss, i distrikta.
• differensiere bustadpolitikken med statlege investeringstilskot / garanti for lån i område der det er vanskeleg å få lånefinansiert bustaden.
• utvide og forsterke ordningane med områdeløft på stader med mykje fattigdom og levekårsutfordringar.
• skape nye incentiv og verkemiddel i bustadpolitikken for å motverke gentrifisering og segregering, sikre ei variert bustadbygging og større grad av gjenbruk av bygg.
• at det skal stillast krav til at statlege bygg skal ha færre parkeringsplassar, med ein høg andel ladeplassar for elbil, og at slike bygg skal etablerast i nærleiken av kollektivknutepunkt.
• ha ein stram areal- og transportpolitikk som tek vare på naturmangfald og matjord, sikrar berekraftig arealbruk og ei effektiv trafikkavvikling. Utbyggingsmønster og transportsystem må fremje utvikling av kompakte byar og tettstader, redusere transportbehovet og leggje til rette for klima- og miljøvennlege transportformer.
• at dei desentraliserte studie- og høgskulesentera skal vere sentrale byggjesteinar i kompetanseheving og gjere det lønnsamt for utdanningsinstitusjonane å tilby kurs som lett kan kombinerast med å vere i jobb.
• sikre døgnopne og gratis offentlege toalett i alle byar.
• gi flyttetilskudd til unge under 30 år som vil flytte til distriktskommunar i sentralitetsklasse 5 og 6.
• betre støtteordninga for å byggje ut ladeinfrastruktur for hurtiglading i distrikta der det ikkje er kommersielt lønnsamt i dag.
Feminisme – fridom og likestilling
SV er eit feministisk parti. Det betyr at vi kjempar for at kvinner og menn skal ha like moglegheiter, men at vi erkjenner at kvinner i dag blir undertrykte både politisk, sosialt og økonomisk. Kvinner er underrepresenterte i maktposisjonar, kvinner eig mindre og tener mindre enn menn. Skal vi oppnå reell likestilling og stanse diskriminering av kvinner, må menn og kvinner ha like mykje økonomisk makt. Kvinnefrigjering er ikkje mogleg utan økonomisk sjølvstende og eit godt utbygd velferdssamfunn. Kvinners rett til å bestemme over eige liv og eigen kropp er ein grunnleggjande menneskerett.
Ein viktig del av den feministiske kampen er kampen for at alle menneske skal vere frie frå avgrensande kjønnsroller, og SV vil kjempe mot all diskriminering av seksuelle orienteringar, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitetar. SV jobbar for ein mindre kjønnsdelt arbeidsmarknad og eit utdanningssystem som likestiller kvinner og menn.
Kjønn, kropp og seksualitet Kvinner skal ha råderett over eigen kropp, seksualitet og reproduksjon. For første gong på 40 år er retten til sjølvbestemt abort innskrenka i Noreg.
Samfunnet har eit ansvar for å sikre unge god og kunnskapsbasert seksualitetsundervising som bryt ned førestillingar om idealkroppar og sikrar god informasjon om rettar og grensesetjing.
• avskaffe abortnemndene. Dagens yttergrense for lovleg abort, som gjeld til fosteret er levedyktig, blir ståande uendra, men det er kvinna sjølv som får avgjere om ein abort skal gjennomførast. Det skal innførast ein lovfesta rett i helselovgivinga som inneber at kvinner får rett på rådgiving i samband med vurdering, gjennomføring og i etterkant av abort. Rådgivinga skal givast frå ei teneste med medisinsk og psykologisk kompetanse. Tenesta skal særleg vere tilrettelagd for dei kvinnene som gjennomgår seinabort. Kvinner i heile landet skal sikrast rett til ei slik teneste, og tenesta skal vere frivillig.
• sikre riktig og gratis prevensjon til unge, også jenter under 16 år.
• gjennomføre gjeldande bioteknologilov, som inkluderer å opne for tidleg ultralyd til alle i offentleg regi, gi tilbod om gratis NIPT-test til alle kvinner og tillate eggdonasjon.
• ikkje at surrogati skal vere tillate. SV vil arbeide for å sikre god offentleg informasjon om dilemma, farar og risiko både for surrogatmødrer og biologiske foreldre.
• forby reklame der menneske er vesentleg retusjerte, og reklame for kosmetiske inngrep.
• at Noreg skal ta initiativ til eit internasjonalt forbod mot kommersiell reklame retta mot barn. Barn skal òg vernast mot skadeleg marknadsføring på sosiale medium.
• opprette ei ordning der ein kan bestille sanitetsprodukt gratis via Helsenorge.
• erstatte eingongsstønaden med ei minsteyting for foreldrepengar på 2G til alle. Foreldre som mottek under 2G i foreldrepengar, vil få mellomlegget dekt opp til minsteytinga.
• at kvinner som føder etter termindato, får utvida permisjonen tilsvarande, og at denne tida blir halden utanfor dagens tredeling av permisjonstida.
• ha sjølvstendig uttaksrett for foreldrepengar til far, for fars kvote av foreldrepermisjonen.
• sikre far eller medmor rett til to veker med lønt permisjon ved fødsel utanom fedrekvote.
• ha ein meir fleksibel foreldrepermisjon ved å gi høve til å ta ut permisjon med 90 prosent lønn i tillegg til dagens ordning.
• sikre kvinner med premature barn utvida permisjon fram til veke 37.
• innføre ein ventestønad. SV vil avskaffe kontantstønaden og bruke pengane til ein ventestønad for foreldre til barn som ikkje har fått barnehageplass.
• innføre åtte veker ekstra permisjon ved fleirlingfødsel.
Vald, overgrep og seksuell trakassering
Eit liv utan vald er ein menneskerett. Samfunnet har eit ansvar for både å førebyggje vald og overgrep, og gi merksemd og tilbod til alle som blir utsette for det. SV vil gjere det lettare for barn og unge å varsle om vald og overgrep, og sikre at dei blir lytta til.
Menns vald mot kvinner er eit globalt samfunns- og folkehelseproblem. Dette er kjønnsbasert vald og trakassering som er til hinder for kvinners rett til liv, helse, sjølvstende, utvikling og fridom. Valden kan vere seksuell, fysisk, psykisk, strategisk (i krig/konflikt) og økonomisk. Tvangsekteskap, kjønnslemlesting og prostitusjon er vald mot kvinner. Det er behov for auka innsats mot vald.
Negativ sosial kontroll og æresrelatert vald avgrensar livet til mange menneske som lever i Noreg. Kampen modige menneske tek for individuell fridom, er viktig. SV skal stå saman med desse og skal fortsetje kampen til alle er frie, uansett bakgrunn.
• innføre samtykkebasert valdtektslovgiving der valdtekt blir definert som seksuell omgang utan fritt samtykke, i tråd med Noregs internasjonale menneskerettsforpliktingar.
• sikre tidleg hjelp og behandling gjennom auka kunnskap om å sjå teikn på valdsutsette kvinner og barn, spesielt i helsevesenet og førstelinja i velferdstenestene.
• gjere lågterskeltilbodet valds- og overgrepslinja til eit permanent, statleg finansiert tiltak.
• styrkje finansieringa av krise-, incest- og valdtektssenter over heile landet. SV vil auke den statlege finansieringa av krisesentera til 80 prosent.
• at opphald på krisesenter skal vere gratis.
• styrkje krisesenterlova gjennom å stille krav til kvalitet og nærleik til krisesenter.
• arbeide for auka midlar til etterforsking av valdtektssaker og vald i nære relasjonar.
• byggje ut hjelpe- og behandlingstilbodet til både utsette, valdsutøvarar og overgriparar.
• utvide bruken av omvend valdsalarm for å gi valdsutsette større tryggleik.
• sikre valdsoffererstatning til dei som oppfyller vilkåra i lova, ved å halde på dagens søknadsordning og styrkje Kontoret for valdsoffererstatning.
• styrkje politiet sin innsats mot gjentakande partnarvald og sikre at det blir sett inn effektive vernetiltak ved bruk av metodar som SARA-modellen. Alle varslingar om vald mot kvinner må følgjast opp, og politiet i heile landet skal ha høg kompetanse og nok ressursar til å etterforske vald mot kvinner.
• krevje at besøksforbod skal handhevast strengare.
• arbeide mot kjøp og sal av menneske i form av prostitusjon, porno og stripping. SV vil forsvare og forsterke sexkjøpslova, og forby kommersiell stripping.
• innføre nettpornofilter i alle offentlege institusjonar og på plassar der barn og unge oppheld seg.
• styrkje hjelpetiltak for menneske i prostitusjon.
• handheve sexkjøpslova sterkare gjennom auka ressursar, og sikre kvinner som er offer for menneskehandel og prostitusjon, rettstryggleik og oppfølging.
• arbeide for offentlege undersøkingskommisjonar ved partnardrap.
• at dei som er utsette for valdtekt som våpen i krig, skal ha same rettar til vern som andre torturutsette, og får same behandlingstilbod som valdsutsette i Noreg.
• ha sjølvforsvarskurs for jenter i skulen.
• nedkjempe negativ sosal kontroll, mellom anna ved å styrkje verktøya og kompetansen i barnehagar, skular og fritidstilbod.
• forby barneforlovingar, som er eit brot på barns rettar.
• Sikre at Noreg kan følgje opp og hente heim barn som er etterlatne i utlandet.
• erstatte treårsregelen med eit system som ikkje gjer kvinner sårbare for overgrep og utnytting. Treårsregelen tek frå den som har kome til Noreg gjennom ekteskap, retten til å bli i Noreg om skilsmisse blir teken ut før det har gått tre år etter at ekteskapet er inngått.
• at alle skular skal ha forpliktande handlingsplanar mot seksuell trakassering.
• at fagkunniges vurdering av om nokon er utsette for menneskehandel, blir lagd til grunn i UDIs behandling av asylsøknader, slik at offer for menneskehandel ikkje risikerer utsending dersom politiet legg bort meldinga av bakmenn.
• styrkje rettsvernet til valdsoffer ved å gjere det ulovleg for politiet å oversende informasjon om manglande opphaldsløyve til utlendingseininga når ein person melder vald eller valdtekt.
Kjønns- og seksualitetsmangfald
Alle skal ha fridom og tryggleik til å vere den dei er, og elske den dei vil. SV vil kjempe mot all diskriminering av seksuelle orienteringar, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitetar. I eit likestilt samfunn kan alle ope leve ut identiteten, kjærleiken, seksualiteten og kjønnsuttrykka sine.
• opne for ein tredje juridisk kjønnskategori.
• at menn som har sex med menn, skal få vere blodgivarar på lik linje med resten av befolkninga, utan den særskilde karanteneordninga dei har i dag.
• styrkje kjennskapen til, og kompetansen på, ulike seksuelle orienteringar og kjønnsuttrykk. Dette gjeld spesielt helsepersonell, politiet, tilsette i skuleverket og utlendingsforvaltninga.
• avvikle behandlingsmonopolet til Rikshospitalet og arbeide for at krava for tilgang til kjønnsbekreftande behandling blir endra.
• at det blir oppretta regionale tilbod for å sikre folk med kjønnsinkongruens behandling som hormonbehandling, pubertetsutsetjande behandling og enkel kirurgi etter prinsippet om lågaste effektive omsorgsnivå.
• opprette ei erstatningsordning for dei som uønskt har måtta gjennomgå eit irreversibelt steriliseringsinngrep i samband med endring av juridisk kjønn.
• arbeide for eit forbod mot kirurgiske og medisinske inngrep på barn med atypiske kjønnstrekk om det ikkje er medisinsk nødvendig.
• bidra til openheit og kunnskap om kjønnsroller gjennom aktivt haldningsendrande arbeid i skular og barnehagar, slik at alle barn veks opp med tryggleik til å ta sine eigne val.
• oppheve kriminaliseringa av seksuallivet til hiv-positive.
• jobbe internasjonalt for at fleire land skal tillate adopsjon til skeive.
Det offentlege likestillingsarbeidet
Det offentlege likestillingsarbeidet i Noreg treng ein sterkare fagleg basis, ei tydeleg prioritering og ei helskapleg gjennomføring. Den organiserte kvinnerørsla og organisasjonar som jobbar for meir likestilling, er viktige pådrivarar for eit meir likestilt Noreg og bør styrkjast.
• auke støtta til organisasjonar som jobbar for auka likestilling, og rettane til kvinner, skeive og minoritetar.
• styrkje gjennomføringsevna i den statlege likestillingspolitikken, kombinert med eit tiårig utviklingsprogram for lokalt likestillingsarbeid.
• sikre at likestillings- og diskrimineringsombodet har tilstrekkelege ressursar til å følgje opp aktivitets- og forklaringsplikta, og til å ha ei aktiv pådrivar- og rettleiingsrolle av diskrimineringslovverket.
• auke støtta til diskrimineringsnemnda for å sikre effektiv handheving av diskrimineringslovverket, og sikre at det er eit reelt lågterskeltilbod for personar som ønskjer å få si sak vurdert.
Eit samfunn for alle
I eit rettferdig og demokratisk samfunn har alle like moglegheiter og rettar til å leve frie og sjølvstendige liv. Å byggje eit samfunn for alle handlar om likestilling og menneskerettar. Funksjonshemming oppstår først og fremst gjennom samfunnsskapte barrierar. SVs politikk skal byggje ned slike funksjonshemmande barrierar.
Alle med funksjonsvariasjon skal vere trygge på at fellesskapet stiller opp. Dette gjeld òg familiar som skal få eller får eit barn med funksjonsvariasjon. All infrastruktur og offentlege rom skal vere tilgjengelege for personar med funksjonsnedsetjingar. SV vil ha eit inkluderande arbeidsliv, tilpassa opplæring for barn og unge, og sikre at alle får den tilrettelegginga, bistanden, hjelpemidla og oppfølginga dei treng for å leve liv i tråd med eigne ønske og verdiar.
• ta FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) inn i den norske menneskerettslova.
• at Noreg skal vere universelt utforma innan 2035. Eit universelt utforma samfunn er eit betre samfunn for alle.
• jobbe for likestilling og tiltak mot diskriminering og ulike former for sosial ekskludering av personar med funksjonsnedsetjingar i skule, arbeid og i samfunnet elles.
• at personar som har rett på brukarstyrt personleg assistanse (BPA), skal få dekt det gjennom folketrygda og ikkje vere avhengige av kommuneøkonomien. Helsehjelp må inngå i BPA-ordninga.
• innføre ei besøksordning der foreldre som ventar barn med funksjonsnedsetjing, kan besøkje familiar med relevant erfaring.
• føreslå at ei ordning med familievikar blir lovfesta, slik at familiar kan få avlasting i kvardagen.
• sørgje for at alle barn og unge som har rett på spesialpedagogisk tiltak og hjelpemiddel, får det, og at dei blir tilstrekkeleg følgde opp gjennom heile utdanningsløpet.
• at elevar som treng å bruke punktskrift, teikn som støtte eller alternativ og supplerande kommunikasjon, må ha fullgod rett på opplæring, undervisningsmateriell og moglegheit til å kommunisere med språket sitt i skulen.
• at menneske med utviklingshemming blir sikra fridom, sjølvråderett og deltaking i samfunn og arbeidsliv.
• at også personar med funksjonsvariasjon skal kunne bestemme sjølv kvar og med kven dei vil bu. SV vil stoppe institusjonalisering og bygging av store samlokaliserte bustadtilbod.
• jobbe for at personar med funksjonsnedsetjingar kjem i arbeid og beheld arbeidstilknytinga si gjennom riktig tilrettelegging, mellom anna gjennom arbeidsmarknadsbedrifter, styrking av ordningar for varig tilrettelagt arbeid både i skjerma og ordinære verksemder, og kvoteringsordningar i offentleg sektor.
• styrkje hjelpemiddelformidlinga og halde henne ved like som ein del av folketrygda for å sørgje for at alle har likeverdig tilgang til hjelpemiddel.
• betre systemet for formidling av teiknspråktolkar, utdanne fleire tolkar og opprette fleire tolkestillingar.
• erstatte dagens verjemålslov med ei lov som gir rett til hjelp for å ta avgjerder i samsvar med eigne preferansar og eigen vilje.
• jobbe for å endre tvangslovene i helse- og omsorgsverksemda slik at dei blir uavhengige av funksjonsnedsetjing og diagnose og i samsvar med FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD).
• skrinleggje prinsippet om gjengs leige for kommunale utleigebustader. Vi må sikre at også menneske med trygdeytingar kan ha råd til eit godt liv og å kunne bu i ein nøktern bustad.
• sikre at fleire kan ha moglegheit til å etablere seg i sjølveigd bustad, gjennom å styrkje bustøtteordninga.
• at informasjon som kjem frå offentlege organ og er retta til befolkninga, skal omsetjast til norsk teiknspråk.
Eit mangfaldig samfunn
Noreg har alltid vore eit mangfaldig og fleirkulturelt samfunn og vil alltid halde fram med å vere det. Det er ein styrke for fellesskapet at vi har ulike erfaringar og kunnskapar. Eit samfunn utan diskriminering og rasisme er eit betre samfunn for alle.
Antirasisme
Alle skal ha like moglegheiter, uavhengig av hudfarge, etnisitet, religion og bakgrunn. Rasisme skaper mistillit mellom menneske og byggjer opp under skeivfordeling av makt og ressursar. Rasisme er ein trussel mot eit godt og trygt samfunn og må nedkjempast. Rasisme er eit samfunnsproblem i Noreg. Antirasisme handlar ikkje berre om haldningane til kvar enkelt, antirasisme krev eit heilt samfunn som står opp mot urett.
• bevare rasismeparagrafen.
• at det blir laga ein tiltaksplan som skal førebyggje og handtere rasisme i skulen, og som mellom anna skal sikre at lærar- og barnehagelærarutdanninga har god opplæring i antirasisme.
• at norske kommunar og statlege føretak skal kunne vise til arbeid mot rasisme på eit systematisk nivå, til dømes gjennom handlingsplanar mot rasisme og etnisk diskriminering.
• auke støtta til forsking på rasisme og diskriminering.
• auke den økonomiske støtta til antirasistiske aktørar og frivillige organisasjonar som jobbar med antirasisme og inkludering, og stoppe statsstøtte til organisasjonar og verksemder som aktivt spreier hets.
• auke andelen tilsette med minoritetsbakgrunn gjennom kvotering i staten og verksemder staten kontrollerer, og bruke dette aktivt for å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn til leiarstillingar.
• styrkje trepartssamarbeidet for å bidra til at heilskapleg diskrimineringsarbeid blir ein del av rekrutterings- og tilsetjingsarbeid.
• arbeide for eit styrkt vern mot diskriminering i lov- og avtaleverket, og for å styrkje aktivitets- og forklaringsplikta i diskrimineringslovgivinga.
• at det blir laga ein rettleiar for å kjempe mot diskriminering i rekrutteringsprosessar, spesielt diskriminering som gjer at kandidatar blir valde bort før intervjuprosessane.
• at verneombod og tillitsvalde blir gitt auka kompetanse for betre å avdekkje førekomstar av diskriminering, og gi god rettleiing og oppfølging av dei som opplever diskriminering.
• at rasisme på utestader blir nedkjempa, ved å senke terskelen for inndraging av skjenkjeløyve som følgje av rasisme, og ved at utestader må tydeleggjere eventuelle særreglar for tilgang.
• vidareføre eigne handlingsplanar mot antisemittisme og islamofobi.
• hindre etnisk profilering i politiet. SV vil mellom anna innføre ei kvitteringsordning ved politikontroll. Ordninga inneber at alle som blir kontrollerte av politiet, skal kunne få ei kvittering som seier kvifor ein vart stoppa. Kvitteringa er eit bevis på kontrollen.
Inkludering
Inkludering av innvandrarar må starte frå dag éin, med god norskopplæring og moglegheit til deltaking i arbeids- og samfunnsliv. SV vil kjempe mot ein stadig aukande tendens til meir mellombels opphald og manglande respekt for retten til familieliv. Vi må tette gapet mellom kva arbeidslivet krev, og kva folk kan.
• sikre gode integreringstiltak i alle mottak og mellom anna styrkje norskopplæringa.
• at norskopplæringa for vaksne arbeidsinnvandrarar skal skje på nynorsk i nynorskkommunar.
• at asylmottak skal drivast av det offentlege eller ideelle aktørar.
• auke ytingane til asylsøkjarar i mottak, for å hindre matusikkerheit og gi betre levekår.
• sikre at flyktningar med særskilde behov blir busette raskare, og gi departementet, i samråd med KS, moglegheit til å påleggje kommunane å busetje flyktningar med særskilde behov.
• styrkje introduksjonsprogrammet. Vi må sikre at all grunnleggjande kvalifisering kan takast og fullførast innanfor ordninga, og tilpasse regelverket slik at lengda på kvalifiseringa er fleksibel.
• leggje til rette for at introduksjonsordninga kan koplast mot fagopplæringa og vaksenopplæringa, og innehalde opplæring i arbeidslivet og arbeidet til fagrørsla.
• auke dei kommunale utviklingsmidlane for å styrkje kommunane sitt arbeid med introduksjonsprogrammet og opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
• at familieinnvandrarar skal få gratis eller rimeleg tilbod om norskopplæring.
• lage ein startpakke for arbeidsinnvandrarar på eit språk dei forstår, med informasjon om rettar og plikter.
• sikre at innvandrarar raskt får vurdert sin real- og formalkompetanse, for å kunne begynne på / fullføre ei universitets- eller høgskuleutdanning, eller for at dei raskt kan få bidra med arbeidskrafta si.
• auke løyvingane til NOKUT og utvide og vidareutvikle arbeidet med kompetansepass.
• endre statsborgarlova slik at det ikkje blir stilt språkkrav for statsborgarskap.
• fjerne kravet om ikkje å ha fått sosialhjelp dei siste 12 månadene ved søknad om permanent opphaldsløyve.
Urfolk og nasjonale minoritetar Noreg er tufta på territoriet til to folk – nordmenn og samar. Samane er Noregs urfolk, og Noreg er forplikta til å sikre rettane til det samiske folket. Å verne og styrkje samisk språk og samiske næringar er avgjerande for at samisk kultur og samfunn skal overleve.
SV vil bidra til at det samiske folket kan halde på og vidareutvikle språka sine, kulturane og næringane sine. Det er viktig at samisk tamreindrift ikkje mistar viktige areal gjennom utbygging og naturinngrep frå storsamfunnet. SV vil leggje til rette for å utvikle kulturnæringar og kunnskaps- og teknologibaserte næringar i samiske område, så sant desse ikkje skader den berekraftige utviklinga av tradisjonelle samiske næringar.
Fem folkegrupper har status som nasjonale minoritetar: jødar, kvenar, rom, romani og skogfinnar – alle med langvarig tilhald i landet og med ei spesiell historie og ein særeigen kultur. Norske styresmakter må føre ein meir aktiv politikk for å sikre at dei nasjonale minoritetane får moglegheiter til å verne om og vidareutvikle eigen kultur og språk. Historia og situasjonen deira skal representerast i skulen og andre institusjonar som ber kulturarv.
• styrkje løyvingane til Sametinget og lovfeste konsultasjonsretten.
• sikre at alle elevar i Noreg får kjennskap til samisk historie og lærer om samiske rettar og det samiske folket, fornorskingspolitikken og om den samiske rettigheitskampen.
• sikre at barn og unge har rett på opplæring i og på samisk, og dessutan styrkje vaksenopplæringsprogrammet i samisk.
• rekruttere fleire samisktalande lærarar og barnehagelærarar, og dessutan sikre etterutdanning og fagleg utvikling. Ordninga for ettergiving av studielån for fullførte studieløp bør òg gjelde samisktalande helsepersonell som jobbar i samiskspråklege område.
• sikre støtte til samiske medium, filmindustri, festivalar og kulturarrangement.
• auke løyvingane til samiske museum slik at skeivfordelinga til andre museum blir jamna ut.
• overføre Statskogs eigedom i Nordland og Troms til ein ny forvaltningsmodell som sikrar at urfolk og anna lokalbefolkning får makt over dei nærliggjande naturressursane sine.
• sikre samiske rettar til kystområde i tråd med tilrådingane frå Kystfiskeutvalet.
• følgje opp arbeidet til sanningskommisjonen og følgje opp tilrådingar som kan bidra til å rette opp uretten den norske staten gjorde mot samar, kvenar og norskfinnar.
• auke støtta til samisk forsking og støtte opp om forskings- og utdanningsinstitusjonar med høg kompetanse på samiske spørsmål og urfolksspørsmål. Vi vil bistå Samisk høgskole i arbeid retta mot å byggje seg opp som eit grenseoverskridande, samiskspråkleg urfolksuniversitet.
• styrkje arbeidet for språk og kultur for nasjonale minoritetar.
• sikre barn av nasjonale minoritetar ein skulegang som tek omsyn til og fremjar opplæring i språket, kulturen og historia deira.
• auke støtta til omsetjing og produksjon av litteratur på samiske språk og nasjonale minoritetsspråk.
• innføre den samiske nasjonaldagen 6. februar som offentleg høgtidsdag.
• innføre ei inndeling i ulike kommunetypar innanfor Forvaltningsområdet for samisk språk, slik at regelverket passar betre til den ulike språksituasjonen i ulike kommunar.
• lovfeste skuleeigars plikt til å informere alle føresette om at barn har rett til å få undervisning i og på samisk.
• samarbeide med Sametinget om utgreiing av eit samisk språkombod, med mål om at det blir oppretta.
• arbeide for etablering av internordisk samarbeid for å skape samisk læringsmateriell og opplæringstilbod.
• styrkje det språk- og kulturbaserte helsetilbodet til samiske pasientar over heile landet.
• utarbeide ei eiga stortingsmelding om sørsamisk kultur, språk og næring.
• følgje opp NOU 2016: 18 Hjertespråket – Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk.
• ta initiativ til ei offentleg gransking av statens behandling av døve.
Kultur og frivilligheit
Kunst, idrett, frivilligheit og kultur er nødvendig for samfunnet og kvar enkelt. Kultur fyller livet vårt med innhald og er saman med den frie, redaktørstyrte pressa viktige grunnsteinar for demokratiet vårt. Det same er openheit og meiningsmangfald, med rom for ulike livssyn og religionar. SVs mål for kulturpolitikken er høg kvalitet, stort mangfald og tilgang for alle.
Kultur i heile landet
SV ønskjer eit nytt kulturløft. Alle skal kunne delta i eit rikt og variert kulturliv. Kulturskulen, biblioteka, fritidsklubbane og kulturfrivilligheita er grunnmuren i kulturlivet. Desse tilboda skal vere til stades i heile landet, og det skal vere låg terskel for å delta, uavhengig av lommebok og bakgrunn. SVs nye kulturløft vil særleg byggje opp den kulturelle grunnmuren. Den kulturelle skulesekken skal tilby profesjonell kunst av høg kvalitet til elevar i heile landet. Saman med den kulturelle spaserstokken og beremeisen gjer slike universelle tilbod at fleire får ta del i eit rikt og variert kulturliv gjennom heile livet.
• ha eit nytt kulturløft. Minst éin prosent av statsbudsjettet skal gå til kulturformål med eit særleg løft for det lokale kulturlivet og kunstnarøkonomien.
• forsvare kunstens fridom og ytringsfridommen. Midlar skal tildelast kulturproduksjon ut frå kunstfaglege vurderingar. Det offentlege må sikre mediemangfaldet i møte med hardare internasjonal konkurranse.
• styrkje fellesskapsansvaret for kulturlivet. Offentleg finansiering skal sørgje for at breidda og mangfaldet av kulturuttrykk får støtte, ikkje berre det private meiner er verdt å satse på.
• bidra til eit mangfaldig og likestilt kulturliv. Støtteordningar og tiltak for å sikre representasjonen blant utøvarar, skaparar og publikum må styrkjast og utvidast.
• styrkje kulturlova, med krav om tilstrekkeleg kulturforvaltning i alle kommunar, slik som kulturplan og kompetanse i forvaltninga.
• styrkje Kulturrådet si uavhengige rolle i forvaltning av Kulturfondet og ha ein heilskapleg gjennomgang av Kulturrådets oppgåver i samarbeid med feltet. Ei desentralisering av Kulturtanken må utgreiast, der oppgåvene blir fordelte mellom DKS-kontora i fylka, Kulturrådet og aktørar som Scenekunstbruket og tilsvarande for sine felt.
• innføre kulturmoms i tråd med forslaget om ein breiddemodell.
• auke kvaliteten og breidda i kulturskulen, og gi fleire tilgang. Staten må bidra til å fase inn gratis plassar i kulturskulen, og dessutan gi fleire opne lågterskeltilbod. Maksprisen må gjeninnførast.
• lovfeste fritidstilbod for barn og unge. Barn og unge skal ha tilgang på opne og gratis fritidstilbod i alle kommunar, som må ha lokal fridom til å utforme tilbodet saman med frivilligheita, men det må stillast krav til kompetanse og at unge har rett til medverknad.
• vidareutvikle fritidskortet. Alle barn og unge skal få eit universelt kort som gir rabattert eller gratis tilgang på fritidsaktivitetar, kulturtilbod og deltaking i frivilligheita.
• sikre at tippemidlane går til kunsten og kulturfrivilligheita. SV vil ha ei opprydding i kulturens del av tippemidlane. SV vil lovfeste at midlane går til gode formål i det lokale kulturlivet, og flytte andre formål over til statsbudsjettet. Midlane må gå til kunsten og til kunstnarisk produksjon og leiing.
• byggje ut kulturarenaer for å sikre formålstenlege og universelt utforma lokale til det lokale kulturlivet og kulturfrivilligheita. SV vil lovfeste krav om å inkludere kulturanlegga og drifta av dei i kommuneplanen.
• forbetre den kulturelle skulesekken gjennom større medverknad frå barn og unge.
• styrkje den kulturelle spaserstokken og beremeisen. SV vil gi nasjonal støtte og vidareutvikle tilboda.
• styrkje rettane til kunstnarane. Rettane til oppdragstakarane og lønn i den kulturelle skulesekken må styrkjast gjennom nasjonalt arbeidsgivaransvar.
Litteratur og mediemangfald
Litteratur utviklar språket og set ord på liva våre. Vi vil styrkje og hegne om folks leseglede, også i ein digital tidsalder. Vi må leggje til rette for å gi ut ein brei og variert litteratur, samtidig som vi legg til rette for lesing og sikrar god distribusjon, og styrkjer det norske litteratursystemet. Ytringsfridommen og frie, redaktørstyrte medium er føresetnader for eit demokratisk samfunn. Som samfunn må vi tole ytringar som utfordrar oss, samtidig som at vern mot hets, sjikane og rasisme trengst for at fleire stemmer kan delta.
• auke pressestøtta for å sikre eit variert og fritt medieliv.
• styrkje kjeldevernet. Verka til kunstnarar og journalistar skal vernast, og kjeldevernet skal styrkjast i etterforskingssaker.
• stoppe skatte- og annonselekkasjen i media.
• sikre distribusjon av aviser i heile landet.
• styrkje NRK som offentleg eigd allmennkringkastar. Støttemidlar til nasjonale TV- produksjonar og til nyheitsredaksjonen med større dekning av fleire land og regionar må aukast.
• leggje ned medierådet og la Medietilsynet forvalte ordninga som før.
• leggje ned Kringkastingsrådet. NRKs redaksjonelle fridom må utvidast.
• sikre framtida for lokalradioane ved å tillate vidare bruk av FM også etter 2025.
• sikre ein kommersiell allmennkringkastar med hovudkontor utanfor Oslo.
• innføre ei boklov for å sikre vidareføring av fastpris på bøker og sikre distribusjon over heile landet.
• styrkje innkjøpsordningane for skjønnlitteratur, sakprosa og teikneseriar.
• styrkje innkjøpsordningane for sakprosa og på sikt gjere dei like ordninga for skjønnlitteratur.
• etablere ein ny handlingsplan for å fremje og styrkje leseorganisasjonane.
• starte eit fireårig nasjonalt løft for biblioteka. SV vil ha øyremerkt opptrapping av løyvingane til kommunal bibliotekdrift, som inkluderer satsing på biblioteklokale, meir opne bibliotek, og mobile bibliotek.
• auke støtta til litteratur på samiske språk, kvensk og finsk, og dessutan etablere støtteordningar for omsetjing av barne- og ungdomslitteratur til samisk, kvensk og finsk.
• sikre reell likestilling mellom nynorsk og bokmål på alle samfunnsområde. Det inneber eit særskilt statleg ansvar for å fremje nynorsk og sikre gode vilkår for det minst brukte av dei to språka. Det skeive maktforholdet mellom språka må jamnast ut, og brukarane må få like moglegheiter til å bruke og bli møtte med språket sitt.
• styrkje skandinavisk som kommunikasjonsspråk i Norden, mellom anna i NRK- plakaten.
• styrkje Språkrådet.
• leggje vekt på arbeidet med klarspråk i det offentlege.
Kunstnarpolitikk
Eit rikt og variert kunst- og kulturliv er avhengig av skaparane og utøvarane av kunsten. Utøvarane og skaparane skal kunne leve av kunsten uavhengig av klassebakgrunn.
• greie ut oppdragsgivaravgift. Tilsvarande som andre arbeidsgivarar betaler arbeidsgivaravgift, bør dei som bestiller oppdrag av sjølvstendige kunstnarar, bidra til å finansiere eksempelvis pensjon og sjukepengar.
• kunstnarstipend skal regulerast gjennom ei regelstyrt ordning slik at dei minimum får same auke som ramma i lønnsoppgjeret i staten. Statlege kunstnarstipend skal alltid vere minst 50 prosent av medianårsinntekta.
• opprette 500 nye kunstnarstipend. SV vil over fire år trappe opp med 500 nye heimlar for ulike typar kunstnarstipend.
• sikre kunstnarrepresentasjon. Kunstnarane skal sjølv gjennom organisasjonane sine utnemne representantar til stipendkomitear og liknande.
• gi faste tilsetjingar mellom arbeidsforhold for frilansarar og sjølvstendige. Auke støtta betydeleg til Skuespiller- og danseralliansen og opprette liknande ordningar i samarbeid med aktørane på andre kunstfelt, for musikarar, filmskaparar, komponistar og andre.
• samarbeide med institusjonane og kunstnarane om fleire trygge og faste tilsetjingar.
• innføre utstillingshonorar og utstillingsvederlag for dei visuelle kunstnarane.
• forbetre åndsverkslova for kunstnarane gjennom å sikre vederlag for strøymetenester, og dessutan innføre ei strøymeavgift. SV ønskjer medfinansieringsplikt for internasjonale strøymetenester i form av ei avgift som går uavkorta til produksjon og formidling av norskprodusert innhald.
• samarbeide med kommunane om kunstnarbustader, -residensar og -lokale. SV vil gi eit nasjonalt løft til atelierpolitikken, slik at kunsten får rom til utvikling i lokalsamfunna.
• gjere biletkunsten synleg gjennom fleire visnings- og formidlingsstader for visuell kunst.
• gjere det lettare for kunstnarar å stille ut verka sine, mellom anna gjennom tilskot til kunstnarstyrte galleri og til søkbare midlar til produksjon av utstillingar.
Scenekunst, kulturarv og lyd og bilete SV vil byggje vidare på infrastruktur for kulturen gjennom å styrkje økonomien i dei nasjonale og regionale institusjonane og løfte Kulturfondet for å styrkje den frie scenekunsten og arrangørfeltet. Kulturarv skal bevarast og formidlast til nye generasjonar. SV vil styrkje musea og leggje til rette for meir mangfald i produksjon og vising av kunst. Gjennom film, tv og dataspel blir det fortalt historier om oss sjølv og andre. SV vil satse på dataspel som både næring, idrett og kultur. Noreg som eit lite språkområde må ha ein sterk politikk for norskprodusert innhald innanfor film, tv og dataspel.
• styrkje økonomien i nasjonale og regionale kulturinstitusjonar gjennom å gi reell lønns- og priskompensasjon.
• videreutvikle Forsvarets musikk. SV vil auke løyvingane for å styrke dei fem korpsa vidare, og vil flytte heile budsjettposten tilbake til forsvarsbudsjettet.
• opprette Musikkbruket og tilsvarande for andre kunstuttrykk for å styrkje kvalitetskontrollen i den kulturelle skulesekken, etter modell av Scenekunstbruket.
• auke rammene til Kulturfondet, for å gi meir støtte til mellom anna den frie scenekunsten.
• sikre økonomisk føreseielege forhold for musikkfestivalane og heilårsarrangørar gjennom å styrkje arrangørstøtta og festivalstøtteordninga i Kulturrådet.
• etablere regionale kulturfond som blir forvalta av dei nye regionane i eit spleiselag med staten, som skal supplere Norsk kulturfond og fange opp dei som no fell utanfor støtta frå fondet.
• gjere museumsbesøk gratis for barn, unge og studentar og støtte ei breiare historieforteljing. SV vil auke støtta til museum, arkiv og bibliotek som dokumenterer og formidlar urfolk, historia til nasjonale og nyare minoritetar, kvinners rolle i historia og arbeidarhistorie.
• starte opptrapping til 60 prosent statleg finansiering av regionale museum, og 100 prosent statleg finansiering av museum med samlingar av unik nasjonal verdi.
• at staten skal prioritere gjenbruk og tilpassing av eigen bygningsmasse over riving og nybygg.
• auke støtta til dei freda kulturmiljøa og verdsarvstadene.
• auke løyvingane til kulturminnevern; kulturminne er ein ikkje-fornybar ressurs som må sikrast.
• leggje til rette for digitalisering. Vi vil gi støtte til at større delar av samlingane ved musea skal digitaliserast og gjerast tilgjengelege for allmenta.
• auke Norsk kulturråds midlar til oppfølging av UNESCO-konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven.
• sikre dei små og verneverdige handverksfaga.
• inkludere kunst- og fotobøker i innkjøpsordninga for biblioteka. Visuell kunst hos Kulturrådet bør styre ordninga, som må ha ei eiga tilskotsramme.
• sikre auka tilgjenge gjennom teksting og universell utforming.
• auke budsjetta for innkjøp av samtidskunst gjennom ei nasjonal innkjøpsordning.
• auke løyvingane til Filmfondet betydeleg, og styrkje filmformidling og regional filmpolitikk. SV vil gi auka støtte til nasjonale og regionale filmfestivalar, Cinemateket, filmklubbane, filmfond og senter, og halde ved like ein desentralisert kinostruktur.
• løfte samiske filmar og seriar gjennom å auke støtta til International Sami Filminstitute.
• opprette Norsk dataspelinstitutt med betydeleg auka støtteordningar, byggje kompetanse og få det til å bli eit kraftsenter for spelkultur, e-sport og spelnæring.
• opprette ei eiga støtteordning for spelutvikling i Noreg.
• innføre kvotering i Norsk filminstitutt. Minst 50 prosent av utbetalingane frå NFIs støtteordningar skal gå til produksjonar med kvinner i nøkkelroller, fram til likestilling er oppnådd.
Idrett og frivilligheit
Utan frivilligheita stansar Noreg. Når folk går saman og finn løysingar på dei utfordringane dei ser i kvardagen, byggjer det samfunnet nedanfrå. Frivilligheita og idretten er ein viktig del av alle lokalsamfunn i Noreg, dei gir tilhøyrsel, idrettsglede og utfordringar til folk i alle aldrar. Idretten og frivilligheita må inkludere, idretten må vere tilgjengeleg, og han må ha gode rammevilkår. Det er for få gode anlegg i Noreg, mange idrettslag og frivillige organisasjonar har for dårleg økonomi, og mange aktivitetar blir for dyre. Alle skal få tilbod om fritidsaktivitetar og idrettstilbod, uavhengig av økonomisk bakgrunn, klassetilhøyrsel og bustad.
• sikre trygg finansiering av idretten og bidra med nasjonale midlar utover tippemidlane for å byggje idrettsanlegg over heile landet, med særleg prioritet i område med låg dekning.
• opprette ei støtteordning for idrett i område med levekårsutfordring, som særleg styrkjer idrettsanlegg, infrastruktur for fritidsaktivitetar og sikrar langsiktig arbeid lokalt.
• greie ut støtteordningar som rentefrie lån for idrettslag som vil byggje eigne anlegg, under føresetnad av at dei er tilgjengelege for breiddeidretten.
• innføre full og regelstyrt momskompensasjon for frivillige organisasjonar som byggjer sine eigne anlegg.
• støtte utstyrssentralar over heile landet.
• at barne- og ungdomsorganisasjonar skal ha tilgang på lokale. Kommunane skal vere pliktige til å gi barne- og ungdomsorganisasjonane fri tilgang til eigna offentlege bygg
• gi frivilligheita fridom og føreseielegheit gjennom éin overordna, forpliktande avtale mellom regjering, kommunesektor og frivilligheita, og dessutan auke andelen frie og langsiktige midlar.
• sikre finansiering av frivilligsentralar.
• auke tilgangen på uorganisert og lågorganisert trening og møteplassar gjennom å støtte lågterskeltilbod som opne fleirbrukshallar, skateparkar, felles uteområde og ungdomshus.
• sikre eit godt idrettstilbod også til barn og ungdom som ikkje vil spesialisere seg eller satse i konkurranseidretten. SV vil støtte initiativ frå breiddeidretten som legg til rette for idrettstilbod der det er plass til alle.
• stimulere til kommunale ordningar som sikrar at idrettslag enkelt kan be om tilskot frå kommunane for å dekkje kostnader til barn og unge som elles ville ha slutta.
• redusere kostnadene for å delta i barne- og ungdomsidrett og styre mot eit gratisprinsipp. Det må etablerast eit forpliktande samarbeid mellom stat, kommune og idretten om dette.
• styrkje finansieringa av studieforbunda for å sikre opplæring i frivilligheita til å drive og utvikle organisasjonar, bidra til rekruttering og skape deltaking i både lokalsamfunnet og demokratiet.
• kjempe for likestilling i toppidretten.
• hegne om einerettsmodellen for spel, for å redusere spelavhengigheit og sikre at inntektene herifrå går til den breie kulturfrivilligheita og breiddeidretten.
Religion og livssyn
Alle menneske har krav på reell religions- og meiningsfridom. Verken staten eller offentlege institusjonar bør ta stilling i trus- og livssynsspørsmål, men bidra til at alle innbyggjarar skal stå fritt til å velje livssyn og religiøs praksis. Religion eller livssyn representerer for mange ein viktig del av livet.
Religionsfridom inneber òg at ingen skal bli utsett for religiøs kontroll og tvang. Religionsfridommen for kvar einskild skal ikkje krenkje andre sine rettar. Den viktigaste kampen for frigjering skjer nedanfrå, og SV støttar opp om feministiske, kvinnefrigjerande og skeive initiativ i alle trus- og livssynssamfunn.
Ein sekulær stat må leggje rammene for eit mangfaldig og livssynsope samfunn, der både religiøse og sekulære syn er nærverande og synlege i samfunnet og i samfunnsdebatten.
• likebehandle ulike trus- og livssynspraksisar. Staten må ikkje utsetje nokon for diskriminering eller forskjellsbehandling på bakgrunn av religionen eller livssynet deira. Staten må søkje å gi same grad av støtte til ulike trus- og livssynssamfunn.
• stille krav til trus- og livssynssamfunn som mottek statleg støtte ut ifrå sentrale fellesverdiar som demokrati og menneskerettar, likestilling og ikkje-diskriminering. Trus- og livssynssamfunn som nyttar seg av unntakstilgangen i likestillingslova, får redusert statsstøtta.
• at statsstøtta skal bli kutta dersom eit trus- eller livssynssamfunn bidreg til å spreie ekstremisme eller oppmodar til alvorleg sosial kontroll.
• gi økonomisk hjelp mot diskriminerande praksisar gjennom å støtte eit mangfald av organisasjonar som arbeider for å styrkje rettane til kvinner og LHBT-befolkninga innanfor trus- og livssynssamfunna.
• hindre at nokon blir rekna for å høyre til eit trus- og livssynssamfunn utan å ha meldt seg inn.
• tilby utdanning av leiarar i trus- og livssynssamfunn i Noreg for å bidra til at sentrale fellesverdiar som demokrati, likestilling og menneskerettar får ein naturleg plass i alle trus- og livssynssamfunn.
• endre Grunnlova slik at paragrafar som viser til ein særskild religion eller eit særskilt livssyn, blir endra eller fjerna.
• støtte organisasjonar som gir hjelp til menneske som bryt ut av trus- og livssynssamfunn.
• at alle innbyggjarar skal ha tilgang på livssynsnøytrale seremonirom.
Justispolitikk og samfunnstryggleik
Rettssystemet kan både undertrykkje og frigjere frå undertrykking. For at rettssystemet skal fungere, er det avgjerande at alle menneske kjenner rettane sine, kan gjere krav på dei og har lik tilgang til domstolar og andre organ med avgjerdsmakt. SV ønskjer eit rettssystem som er nær folk over heile landet, og som sikrar rettstryggleik uavhengig av klassebakgrunn.
Store delar av institusjonane til rettsstaten er underfinansierte, og kor mykje pengar ein har, kan avgjere om rettar blir varetekne eller skuva til side. Når rettstryggleik ikkje er tilstrekkeleg sikra, rammar det enkeltindividet og tilliten det har til samfunn og stat, og det går ut over den totale rettstryggleiken i samfunnet. SV skal føre ein justispolitikk som fremjar kjerneverdiane i Grunnlova.
Rettstryggleik
For å styrkje rettstryggleiken må vi sikre at rettsstaten klarer å ta vare på folks rettar. Vi må ha nye lågterskelvegar inn i rettssystemet. Det er viktig med god kontroll av myndigheitsutøvinga. For å sikre at rettssystemet er i takt med samfunnsutviklinga, er det viktig med juridisk forsking og eit sterkt internasjonalt juridisk samarbeid.
• styrkje heile straffesakskjeda, politiet, påtalemyndigheita, domstolane og kriminalomsorga, for å sikre at kriminalitet og rehabilitering blir handtert raskt og med god kvalitet.
• ha ei gratis førstelinjeteneste med rettshjelp for alle.
• styrkje finansieringa av dei frivillige rettshjelptiltaka.
• at fri rettshjelp blir tilboden på fleire rettsområde, mellom dei statsborgarskapssaker, utvisingssaker, sosial dumping, mobbing, varsling, arbeidsrett, gjeldsrett, husleigerett, valdsoffererstatning, likestillings- og diskrimineringsrett, identitetstjuveri, tvangssal av bustad og i saker om isolasjon og tvangsinngrep under straffegjennomføring.
• auke inntektsgrensa for fri rettshjelp og knyte henne opp mot 5G i folketrygda. Det må vurderast å innføre gradering av inntektsgrensa.
• auke salærsatsane for fri rettshjelp og sørgje for at talet på timar ein får innvilga, speglar kompleksiteten i saka.
• heve den juridiske kompetansen i forliksråda.
• at det skal arbeidast kontinuerleg med å forenkle lover og forskrifter for å sikre at dei er tilgjengelege og enklast mogleg for folk å forstå.
• styrkje Sivilombodet si rolle som kontrollør av offentlege styresmakter, særleg den sjølvstendige undersøkingsretten til ombodet.
• styrkje dei juridiske forskingsmiljøa og tidsskrifta.
• sikre statens valdsmonopol og avgrense væpning av offentlege yrkesgrupper. Det er politiet som skal tryggje samfunnet, ikkje private firma eller borgarvern.
• sikre at alle innbyggjarar med behov for tolk får tilbod om dette i møte med offentlege tenesteytarar. Dette er særleg viktig i kontakt med politiet, fengselsvesenet, barnevernet, NAV og rettshjelptiltaka.
• avvise alle forsøk på å innføre såkalla tilrettelagd innhenting eller andre former for masseinnsamling og -lagring av norske kommunikasjonsdata gjennom hemmelege tenester.
• at det skal gjerast ein systematisk og heilskapleg gjennomgang av regelverket for bruk av skjulte tvangsmiddel i politiet og PST, med mål om å redusere det.
• styrkje Finanstilsynet si rolle som kontrollorgan for inkassobransjen.
• sikre at døve, høyrselshemma og døvblinde har rett på kvalifiserte, statsautoriserte teiknspråktolkar i møte med rettssystemet.
Politi
Politiet må styrkjast for å ta vare på tryggleiken i Noreg. I dag manglar politiet kapasitet og evne til å prioritere viktige delar av kriminalitetsbiletet. Vi ønskjer eit taktskifte i etterforskinga av valdtekt, overgrep og vald i nære relasjonar, gjennom øyremerkte ressursar og auka kapasitet i alle politidistrikt. SV vil at politiet skal vere der folk treng dei, og leggje vekt på førebyggjande arbeid slik at dei kan stoppe kriminaliteten før han blir utført. Politiet forvaltar ein stor tillit på vegner av samfunnet. For å sikre at befolkninga framleis har høg tillit, er det viktig med kontroll av maktutøvinga.
• sikre eit nærpoliti. Vi må ha fleire lokale politistasjonar og styrkje det førebyggjande arbeidet politiet utfører.
• etablere lokale hatkrimgrupper i alle politidistrikt.
• ha ein nullvisjon om talet på bortlagde saker med kjend gjerningsperson i hatkrimsaker.
• minimere unødig byråkrati og skjemavelde i politiet for å frigjere ressursar til fleire patruljar og betre etterforsking. Kvardagskriminalitet skal nedkjempast.
• løyve meir ressursar til innsatsen mot økonomisk kriminalitet, kvitvasking og korrupsjon og sikre at ØKOKRIM, som spissorgan for nedkjemping av miljøkriminalitet, har kompetanse og ressursar til å utføre desse sakene på ein forsvarleg måte. Kompetansen på miljøkriminalitet i politiet må òg styrkjast.
• styrkje innsatsen mot seksuelle overgrep, grov vald og vald i nære relasjonar gjennom auka og øyremerkte løyvingar.
• styrkje tverretatleg førebyggjande innsats gjennom å etablere politiråd i alle kommunar.
• satse på kompetanseheving på vald og overgrep på Politihøgskolen.
• auke kapasiteten i datakrim-einingane til politiet, for å møte eit moderne kriminalitetsbilete der fleire lovbrot skjer på nett.
• styrkje Noregs internasjonale samarbeid med organisasjonar som Europol og Interpol, for å handtere organisert grensekryssande og internasjonal kriminalitet.
• ha eit uvæpna politi. SV ønskjer punktsikring med våpen på strategisk viktige stader, og framskoten lagring.
Aktørar i rettssystemet og domstolane
Rettssystemet er komplekst og veksande, og vanlege menneske blir stadig meir avhengige av kompetansen til juristar og advokatar for å forstå reglane og kunne navigere i systemet. For å sikre at interessene til samfunnet og befolkninga til kvar tid blir varetekne, må aktørane i rettssystemet alltid setjast under eit kritisk søkjelys.
Domstolane sikrar grunnleggjande rettssikkerheit i samfunnet. Dei siste åra har domstolane hatt for låg kapasitet og blitt ein flaskehals som følgje av kutta til regjeringa. Vi skal sørgje for fagleg sterke domstolar over heile landet og sikre folk retten til å få saka si prøvd innan rimeleg tid.
• innføre maksimalpris for timehonoraret til advokatar i utvalde saker som berører vanlege forbrukarar i til dømes barnefordelingssaker, saker som gjeld hus og eigedom, forbrukarsaker, erstatningssaker og saker rundt sosiale rettar.
• at det skal bli enklare å ta løyvet frå useriøse og uskikka advokatar.
• auke reisegodtgjersle til advokatar og sakkunnige for å sikre at frie rettshjelpssaker blir prioriterte.
• at finansieringa av domstolane skal betrast, slik at stabilitet, uavhengigheit og retten kvar enkelt har til å få saka si prøvd innan rimeleg tid, blir vareteken.
• ha ein desentralisert domstolsstruktur.
• at det blir sett i gang eit omfattande digitaliseringsløft i domstolane og rettsvesenet.
• sjå på utnemninga av høgsterettsdommarar for å sikre geografisk og fagleg representativitet i den høgaste domstolen i landet.
• at alle domstolar skal publisere sakene sine på lovdata.
• auke satsane for å vere meddommar som ikkje har krav på tapt arbeidsforteneste.
Kriminalomsorg
Målet med kriminalomsorga er å rehabilitere og ta vare på folks rettstryggleik og tryggleik. Dei siste åra har fengsla fått kraftige budsjettkutt av regjeringa. Dette skader kriminalomsorga, svekkjer rehabiliteringa av innsette og forverrar arbeidsforholda til tilsette. Det har blitt fleire valdsepisodar, meir innlåsing og isolasjon og dårlegare tilbod til dei innsette. Ingen er fødde kriminelle. Rehabilitering er svært viktig for å forhindre ny kriminalitet.
• ha korte soningskøer slik at straff blir gjennomført snarleg etter dom, av omsyn til dei som er ramma av kriminalitet, for den som skal sone, og for samfunnet.
• stanse all langvarig isolasjon og føre ein isolasjonspraksis i tråd med menneskerettane og tilrådingane i FNs torturkomité.
• talfeste eit minimumsantal timar innsette skal ha utanfor cella.
• styrkje lågsikkerheitsfengsla og alternative soningsmåtar. Målet vårt er minst mogleg kriminalitet, og derfor vil vi bruke dei soningsformene som til kvar tid fungerer best.
• sikre at kvinnelege tilsette ikkje blir diskriminerte i fengsel. Soningsforholda for både menn, kvinner og transpersonar må betrast.
• ha ein gjennomgang av vilkåra for å kunne sone med elektronisk kontroll (fotlenke) med sikte på å fjerne klasseskilje mellom kven som får innvilga soning med elektronisk kontroll.
• bruke andre straffeformer enn fengsel som ungdomsstraff for barn.
• ha ei fadderordning for alle tidlegare kriminelle. Alle skal tilbydast ein fadder som kan hjelpe dei til å bli ein del av samfunnet igjen.
• sikre at psykisk sjuke fangar i norske fengsel får sikra retten sin til forsvarleg behandling.
• auke bemanninga i fengsel og ruste opp kriminalomsorga. SV vil arbeide for auka bruk av straffegjennomføring i behandlingsinstitusjon for rusbrukarar.
• betre soningsforholda for kvinner og transpersonar på lik linje med menn.
• styrkje målretta og heilskaplege førebyggjande reaksjonar og rehabiliteringstilbod for unge som gjer seg skuldige i kriminalitet. Det er særleg behov for å auke kunnskapen om ungdomskriminalitet hos fagpersonar.
• ha forbod mot etablering av private fengsel og kommersiell fangetransport.
• styrkje innsatsen for å nedkjempe ungdoms- og gjengkriminalitet.
Kriminalitetspolitikk
Å forhindre kriminalitet handlar om å ha eit samfunn som er trygt for alle, om trygge og gode lokalmiljø og oppvekstvilkår og om å sikre at kriminalitet ikkje får prege eller øydeleggje kvardagen til folk. Det å forhindre kriminalitet handlar òg om å sørgje for like moglegheiter og framtid for folk som fell utanfor. Det skal vere eit samsvar mellom kva alvorsgrad konsekvensane av kriminelle handlingar har for enkeltmenneske og samfunnet, og kva ressursar som blir løyvde for å førebyggje, straffe og nedkjempe ulike former for kriminalitet. For å rette opp skeivheiter og feilprioriteringar i kriminalitetspolitikken trengst det ein feministisk og klassemedviten justispolitikk. SV ønskjer ein justispolitikk som verkar sosialt utjamnande, styrkjer rettstryggleiken til folk og bryt opp urettferdig strukturar.
• ha ein gjennomgang av det totale straffenivået med mål om å senke det.
• ha ein gjennomgang av straffesystemet med tanke på utvikling av teknologi, korleis straffesystemet rammar på bakgrunn av kjønn og klasse, og kva foreldingsfristar som gjeld.
• at lek- og fagdommarar skal sikrast systematisk opplæring om valdtektsmytar og fordommar knytte til kjønn og seksualitet og korleis strukturar som rasisme og fordommar kan påverke avgjerder.
• innføre eiga straffeføresegn om lønnstjuveri. Det skal vere straffbart for arbeidsgivarar å stele lønn frå arbeidstakarar.
• sørgje for at erstatning for urettmessig straffeforfølging ikkje blir sett ned som ein konsekvens av at ein har nytta seg av retten til å ikkje forklare seg.
• ha ein gjennomgang av tvangsfullbyrdingslova og gjeldsordningslova med formål om å gjere desse mindre inngripande og meir sosiale.
• gi den lokale namsmyndigheita ansvar for å samkøyre utleggstrekk.
Samfunnstryggleik og beredskap
Samfunnssikkerheit handlar om å verne samfunnet mot hendingar som truar grunnleggjande verdiar og funksjonar, og som set liv og helse i fare. Det kan dreie seg om matvaretryggleik, vass- og energiforsyning, beredskap mot klimaendringar og naturkatastrofar, epidemiar, dataangrep og terrorangrep. Både lokale og sentrale styresmakter med ansvar for samfunnstryggleik må ha nok og riktige ressursar og vere godt samordna.
Eit samfunn med korte avstandar mellom innbyggjarar og styresmakter, og der folk er informerte og tek ansvar for seg sjølv og andre, har gode føresetnader for å førebyggje og takle ulike typar kriser. I tillegg til sivile og militære ressursar gjer frivillige i ulike organisasjonar ein viktig innsats i beredskapen. Dette er ein viktig del av folks deltaking i lokalsamfunn, og det gir oss ein ekstra beredskapsressurs som engasjerer og byggjer fellesskap og tillit.
• styrkje arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå.
• gi kommunane auka ressursar for å oppfylle krav som blir stilte til førebygging og beredskap.
• vidareutvikle og halde ved like beredskapen mot nasjonale hendingar, terror og organisert kriminalitet.
• utvikle forsyningssikkerheit og beredskapslagring meir i tråd med «føre var»- prinsippet enn «i rette tid»-tenking på særleg sårbare område, som mat, legemiddel og medisinsk utstyr.
• styrkje Sivilforsvaret for å forbetre den generelle beredskapen i samfunnet og sikre god handtering av eksempelvis ekstremvêr, terror, ulykker, pandemiar og humanitære katastrofar og situasjonar.
• at frivillige beredskapsorganisasjonar skal ha gode vilkår.
• vidareutvikle det nordiske beredskapssamarbeidet.
• få etablert ein ny og funksjonsriktig grensestasjon ved Schengen-grensa med tilrettelagt areal for framtidige smittesituasjonar.
Natur, næring og transport
Det er naturen som gir oss livsgrunnlaget, både direkte, gjennom landbruk og fiske, men også indirekte, gjennom naturprosessar som menneska nyt godt av, som pollinering og flaumdemping. Naturen gir oss ressursar vi kan utnytte betre til næringsutvikling. Samtidig må denne aktiviteten og dei transportløysingane vi vel, ta omsyn til at naturen er sårbar. Nedbygging av areal må vurderast svært kritisk og avgrensast.
Natur og artsmangfald
Naturen blir no endra av oss menneske raskare enn nokon gong. Ein million artar i verda står i fare for å bli utrydda. Kvar femte norske art står på raudlista over artar som kan bli utrydda frå landet vårt. For å sikre fungerande økosystem også i framtida må tapet av artar og bestandar stansast. Den viktigaste grunnen til tap av natur er endra arealbruk.
Situasjonen i Noreg er òg alvorleg. Heile 90 prosent av dei trua artane våre er truleg negativt påverka av arealendringar, altså korleis vi forvaltar land- og vassområda våre. Vi har i dag liten kontroll over kva som blir nedbygd i Noreg. Natur blir verdsett lågt i utbyggingsprosessar, og naturinngrepa blir sjeldan sett i ein heilskap. SV vil ta vare på leveområda til artane gjennom vern og restaurering av øydelagd natur og heilskapleg arealbruk.
Naturvern
SV vil styrkje innsatsen for å ta vare på natur som er trua. Derfor må det utpeikast langt fleire utvalde naturtypar og prioriterte artar gjennom naturmangfaldslova. Vi må òg følgje opp Noregs internasjonale forplikting til å stanse tap av naturmangfald. 30 prosent av naturen må vernast, i tråd med måla i den nye naturavtalen til FN. Minst 10 prosent av skogen og havet må vernast, og minst 15 prosent av forringa økosystem må restaurerast innan 2025.
• opprette ei natursatsordning som gir kommunane støtte til naturprosjekt etter modell frå klimasatsordninga.
• styrkje arbeidet med naturregistrering. Det er grunnlaget for ei kunnskapsbasert arealforvaltning. Derfor vil vi ferdigstille arbeidet med eit økologisk grunnkart innan 2025 og ha eit nasjonalt kartløft. SV vil òg styrkje miljøkompetansen og -kapasiteten i staten, og i kommunane og fylkeskommunane, gjennom øyremerkte midlar.
• at natur og landskap skal forvaltast slik at dei varige karbonlagera i jord, sediment og biomasse aukar.
• forsvare og utvide verneplanane for vassdrag. SV vil ikkje byggje ut verna eller verneverdige vassdrag. Ved stor flaumrisiko må alternative metodar for flaumsikring vurderast, under dette naturens eiga flaumdempande evne, elverestaurering og miljøvennlege sikringsmetodar.
• styrkje vernet av naturverdiane i alt utbygde vassdrag i dei komande revisjonane av gamle konsesjonar.
• gi villreinen betre vern gjennom ei berekraftig forvaltning av villreinbestandane våre og ved å verne leveområda deira.
• utvide forbodet mot nydyrking av myr til også å gjelde nedbygging til andre formål. Det må òg innførast forbod mot uttak og omsetning av torv.
• stanse nye hyttefelt i urørt natur og seie nei til nye hytter i område som er viktige for villreinen, for samisk reindrift, i verneverdige og verna område eller i randsoner til verneområde. SV vil leggje til rette for hyttedeling.
• utarbeide ambisiøse planretningslinjer for hyttebygging for å redusere det aukande presset på sårbar natur, trua og sårbare artar og inngrepsfrie naturområde.
• vedta strenge nasjonale planretningslinjer og byggjeforskrifter for hyttebygging for å redusere energibruk og unngå inngrep i sårbar natur.
• opprette eit nettverk av marine verneområde i Arktis og arbeide for at iskantsona i heile Arktis får internasjonalt vern frå all industriell verksemd.
• at det blir oppretta ein eigen miljøklagedomstol for å sikre lågare terskel for ei uavhengig klagebehandling i miljøsaker.
• sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyra i Noreg og sikre samanhengande leveområde.
• løyve midlar til førebyggjande og konfliktdempande tiltak der utmarksbeiting er ønskjeleg, og sikre raskt uttak av enkeltdyr som gjer stor skade i besetning.
• ha ein ny og forpliktande tiltaksplan for å redde og verne bestanden av insekt og hindre insektsdød. Planen må bli følgd opp med auka finansiering. Forvaltning av areal- og landbrukspolitikken må sjåast i samanheng med dette.
• ta betre vare på villaksen, mellom anna gjennom å krevje rømmingsfrie og utsleppsfrie oppdrettsanlegg.
• ta særleg ansvar for sjøfuglbestandane som har vore sterkt fallande. Få på plass ein forpliktande og finansiert handlingsplan for å sikre bestandane, og styrkje forskinga på årsakene til utviklinga.
• utarbeide ein ny nasjonalparkplan. SV vil særleg prioritere forslag til nasjonalparkar som gjer at ein når målet om å verne eit representativt utval av norsk natur.
• verne bymarkene.
• utarbeide og gjennomføre Naturkur med konkrete tiltak for å nå naturmåla.
• nedkjempe framande artar i naturen og forby import og bruk av artar med høg og svært høg økologisk risiko. SV vil styrkje arbeid for å førebyggje, kartleggje og nedkjempe spreiinga av framande artar i norsk natur.
• nedkjempe miljøkriminalitet. SV vil styrkje Økokrim, Miljødirektoratet, politidistrikta og Statens naturoppsyn slik at dei blir i stand til å avdekkje og kjempe mot alvorleg miljøkriminalitet.
• ta vare på ressursgrunnlaget og kulturlandskapet for samiske næringar.
• prioritere stille natur. Ro og stille er ein viktig del av friluftsliv og naturopplevingar. Motorisert ferdsel i utmark skal vere strengt regulert.
• styrkje kartlegginga av naturmangfaldet i havet.
• gjere naturmangfaldslova gjeldande i heile Noregs økonomiske sone.
• sikre at gamle og spesielt artsrike skogar blir verna.
Arealbruk
Arealendringar er den største trusselen mot natur og artsmangfald, både i Noreg og på verdsbasis. Mennesket har no gjort betydelege endringar på tre firedelar av landoverflata på jorda. Av artane som er trua i Noreg, er 75 prosent trua på grunn av arealendringar. På toppen av dette verkar klimaendringane i same retning: leveområde blir forringa, bestandar blir reduserte, og artar døyr ut. SV vil jobbe for ein nullvisjon for tap av natur. Det betyr at dersom natur skal kunne byggjast ned, skal annan natur restaurerast for å unngå ytterlegare tap. Dette er spesielt viktig for trua og verdifulle naturtypar og inngrepsfrie område. Alle forvaltningsnivå må jobbe for å bli arealnøytrale i størst mogleg grad.
• krevje at kommunane utarbeider arealbudsjett og arealrekneskapar for å avgrense nedbygging.
• greie ut verkemiddel for å restaurere natur ved utbyggingar.
• gi plan- og arealforvaltninga tilbake til klima- og miljøministeren og reversere endringane som er gjorde for å få færre innvendingar i plansaker.
• at inntektssystemet til kommunane skal innrettast slik at det blir gitt incentiv for klimaog naturomsyn.
• bevare inngrepsfrie og større samanhengande naturområde.
• innføre eit nasjonalt naturbudsjett som forheld seg til nasjonal grense for naturtap og målsetjing for restaurering.
• greie ut ei naturavgift for å stanse nedbygging av natur.
• gå gjennom regelverket for konsekvensutgreiingar for å sikre uavhengige og betre avgjerdsgrunnlag.
• at arealbruken skal innrettast på ein måte som bevarer og aukar naturens evne til å lagre karbon. Næringar må stimulerast til driftsformer som aukar naturleg karbonlagring.
Forureining
SV meiner vi må sikre folk ei luft det er trygt å puste i, produkt utan miljøgifter og ein industriproduksjon som ikkje drep fjordar eller jordsmonn rundt seg. Alle har rett til eit liv utan forureining. SV vil derfor jobbe aktivt for å få slutt på plast og miljøgifter i naturen, luftforureining og utslepp frå mellom anna gruver og oljeindustri.
• nedkjempe plastforureining gjennom å få på plass ein ny rettsleg bindande internasjonal avtale med krav om å stanse forureining i heile verdikjeda og ein heilskapleg nasjonalplan for å oppnå nullutslepp av plast i naturen og for opprydding av plastsøppel i heile Noreg.
• nedkjempe forsøpling. SV vil styrkje innsamlinga av farleg avfall som skader menneske og natur, og i større grad gjere det mogleg for kommunar å sikre opprydding på offentleg og privat grunn gjennom kommunale avgifter og bøter og utvide Skjærgårdstjenesten til å gjelde heile kysten.
• erstatte bruk av fossil plast med resirkulert og fornybar plast. Auke krava til materialgjenvinning av plast og krav til bruk av resirkulert og fornybart råstoff. Produsentansvaret må utvidast til å gjelde alle produkt som inneheld plast, på den norske marknaden.
• styrkje innsatsen for å rydde opp forureina sjøbotn i norske fjordar og hamner. Det skal vere trygt å ete sjømat frå alle fjordar og hamner i Noreg.
• forby fluorhaldig skismurning på idrettsarrangement og forby miljøgifter som står på prioritetslista.
• forby blyhaldig jaktammunisjon og krevje fangst og oppsamling av bly ved skytebanar.
• erstatte luftspenn med sjøkabling dersom dette er betre for naturmangfald og friluftsliv.
• setje i gang oppryddingsarbeidet ved Folldal gruver.
• gå gjennom praksisen for tilsynet av tryggleik og forureining på norsk sokkel, og sjå om det blir følgt tilstrekkeleg opp.
• jobbe for å stengje eldre atomkraftverk i Noregs nærområde. SV meiner at Noreg må vere ein pådrivar for arbeidet med å rydde opp i atomavfall, og snarleg setje i verk planar for langtidslagring av Noregs atomavfall.
• forby all bruk av laust gummigranulat, ny oppkverning av bildekk og all ny bruk av faststøypt gummigranulat der det er risiko for eksponering og utleking.
• regulere bruken av kunstige materiale og underlag i idrettsanlegg, barnehagar og på leikeplassar for å hindre lekkasje av plast til naturen (av til dømes granulat og «gras»), og redusere eksponeringa mot miljøgifter.
• innføre forbod mot grupper av skadelege stoff, ikkje berre enkeltstoff. Vi må auke kontrollen av og forskinga på miljøgifter.
• innføre forbod mot miljø- og helseskadelege stoff som har store, kjende, negative effektar, i produktgrupper som tekstil og fritids- og sportsutstyr som blir bore på kroppen.
• skjerpe krava til miljømerking og krevje einskapleg merking.
• jobbe for at det ikkje blir bygd bustader i område som er utsette for støy, og at det blir gjennomført tiltak for å redusere støy i støyutsette område.
• regulere lysforureining i det offentlege rommet.
• sikre rein og trygg luft i tråd med helsetilrådingane. Helseskadeleg luftforureining skal nedkjempast med regelverk og avgifter som hindrar utslepp, og ved å støtte og gi fordelar til dei miljøvennlege alternativa.
Landbruk og bioindustri
Vi må produsere ein større del av vår eigen mat og stoppe nedbygginga av matjord og attgroinga av kulturlandskapet. Vi må verne eit aktivt og berekraftig landbruk tilpassa naturog ressursgrunnlaget i heile landet. Slik kan det norske landbruket vere ei av drivkreftene i det grøne skiftet.
Vi treng fleire, ikkje færre bønder. Den sterke sentraliseringa av landbruket, der eigedom og inntekter blir fordelte på stadig færre hender, må snu. Fjerninga av produksjonstak dei i siste åra har fått marknaden i ubalanse og pressar mindre bruk ut av næringa. Gjennom å ta aktiv styring over dei statlege verkemidla og vri dei i rett retning kan vi få til ein storstilt snuoperasjon for å oppnå dei måla som ligg i landbruket sitt samfunnsoppdrag: auka sjølvforsyning, sunn og kortreist mat, berekraftig og miljøvennleg matproduksjon, god dyrevelferd, fleire bønder med ei lønn å leve av, spreidd busetjing i livskraftige bygder – kort og godt eit Noreg i bruk.
Norsk matproduksjon
Jordbruket er matberedskapen vår. Matjorda treng eit sterkare vern for å produsere god, trygg og kortreist mat, forankra i landskap og naturressursar. Det gir god ressursutnytting, god dyrevelferd, motverkar attgroing og minskar klimaavtrykket i landbruket. Sjølvforsyninga må opp, og importen må ned. Det må lønne seg å nytte norske grasareal og utvikle norskbasert kraftfôr. Bønder treng ei betre inntektsutvikling og eit godt, fagleg fellesskap. Den landbruksmessige infrastrukturen, som veterinærtenester, avløysarordningar, meieri og slakteri, må vere desentralisert.
• auke sjølvforsyningsgraden i norsk landbruk i løpet av programperioden. Ein større del av både mat og dyrefôr må hentast frå areal i Noreg, og importen av fôrråvarer må ned.
• ha som mål å doble beitebruken gjennom blant anna å auke beitetilskotet og premiere mjølk og kjøt frå grasfôra produksjon. Dei grasetande dyra bør beite der det ikkje er optimalt å dyrke korn og på inn- og utmarksbeite. Det må forskast på korleis karbonlagring i jord påverkar beite.
• auke prisen på korn og kraftfôr, og redusere fôrimporten. Vi må fase ut import av soya til dyrefôr og utvikle meir norskbasert kraftfôrproduksjon.
• vri tilskotsordningane bort frå volum og over til god agronomi på areal i drift. Tilskot skal i større grad rettast inn mot auka bruk av marginale areal, miljøvennleg og berekraftig drift, ivaretaking av kulturlandskapet og stimulering til eit godt biomangfald.
• gjeninnføre driftsvansketillegg. Driftsulemper grunna små jordteigar, klimatiske forhold, brattlendt terreng og veksttid må utjamnast med tilskot.
• forbetre kanaliseringspolitikken. Vi vil gå gjennom soneinndelingane og sikre varierte driftsformer i alle område.
• redusere konsesjonsgrensene for kylling og svin og redusere kvotetaket for kumjølk og geitemjølk kraftig på nye tilskot, som tiltak for å bevare ein variert produksjon i heile landet.
• leggje til rette for meir lokal, småskala matproduksjon, eksempelvis gjennom andelsgardar, nabolagshagar og urbant jordbruk. Vi vil betre rammene for å drive småbruk og mindre kombinasjonsbruk.
• styrkje samvirkeordningane. SV vil vidareføre ordninga der samvirkeorganisasjonane utøver marknadsregulering, sikre tilsvarande ordningar for frukt og grønt og gjeninnføre marknadsregulering av fjørfe.
• arbeide for eit sterkt norsk tollvern og bruke handlingsrommet i importvernet aktivt.
• ta vern av dyrka og dyrkbar mark inn i Grunnlova.
• verne all matjord gjennom nasjonale krav og lovverk og handheva vernet ved føresegner i plan- og bygningslova.
• innføre søknadsplikt for opsjonsavtalar for kjøp av dyrka og dyrkbar mark.
• forvalte reindrift som ein del av urfolkspolitikken og sikre dei sårbare beiteressursane.
• betre inntektsutviklinga i landbruket slik at inntekta kjem opp på nivå med andre samanliknbare grupper i samfunnet.
• styrkje velferdsordningane i landbruket, som tilskot til avløysar, ferie og fritid, sjukepengar og tidlegpensjon, og stille krav om betring av lønns- og arbeidsvilkår for arbeidstakarar i landbruket i samanheng med jordbruksforhandlingane.
• sikre gode finansieringsordningar til unge som vil inn i næringa, også deltidsbønder.
• leggje til rette for fornying av gardsdrifta utan å auke produksjonen.
• skjerpe bu- og driveplikta, og senke konsesjonsgrensa for å sikre aktiv bruk av landbrukseigedommar i heile landet, og verne om landbruket sine produksjonsareal. SV vil utvide buplikta til ti år og handheve henne strengare.
• arbeide for å rekruttere fleire kvinner til landbruket gjennom mentorordningar, nettverksbygging og forbetring av velferdsordningar.
• innføre eit kompetansebevis i landbruket tilsvarande agronomkompetanse. Dokumentasjon av realkompetanse skal vektleggjast som likeverdig. Moglegheita for etter- og vidareutdanning må styrkjast.
• ha auka satsing på forsking og utvikling i landbruket på både naturen sine ressursar og berekraftig bruk av jord, klimapåverking frå landbruket, plante- og dyrevelferd og korleis maten påverkar helsa vår.
• gjeninnføre nasjonale kornlager.
• forsvare den norske genteknologilova, der streng regulering sikrar at utviklinga skjer innanfor klare etiske og helsemessige prinsipp, og utan miljømessige skadeverknader.
Miljøvennleg jordbruk
Landbruket er fornybart og spelar ei viktig rolle i det grøne skiftet. Vi må produsere mat på ein måte som tek vare på økosystema og bidreg til å redusere klimagassutsleppa. Karbonlagring i jord og i kulturlandskap må spele ei viktigare rolle i klimatiltak som må gjennomførast.
Landbruket er av dei mest omstillingsdyktige næringane vi har. Men omstilling kostar. Vi må gi gardsbruk i alle storleikar moglegheit til å ta i bruk ny teknologi, ny agronomi og kunnskap om jorda, og meir miljø- og klimavennlege driftsformer. Bøndene er òg av dei som først merkar klimaendringane på kroppen. Tørke, flaum og ustabilt vêr gjer inntektsgrunnlaget usikkert. Derfor må kompensasjonsordningane og støtteordningane ved avlingssvikt og klimatilpassing styrkjast.
• styrkje statlege støtteordningar for klimatiltak i landbruket gjennom at Enova etablerer eit eige landbruksprogram. Kvar bonde må få klimarådgiving.
• gi støtte til større biogass- og gjødselanlegg.
• auke tilgangen på klimavennleg teknologi i landbruket. Teknologi som bidreg til utsleppskutt, må tilpassast strukturen i norsk landbruk, og ikkje omvendt.
• ha betre merking av klima- og miljøavtrykket frå maten ut til forbrukaren. Opphavsland må kome tydeleg fram.
• stimulere til meir dyrking av korn, frukt og grønsaker og gradvis minske kjøtproduksjon som ikkje er basert på norske ressursar og klimavennleg driftsform.
• auke tilskota til økologisk drift i alle produksjonar.
• auke tilskota og forskingsmidlane til karbonlagring, til dømes til restaurering av myr, produksjon og bruk av biokol, bruk av fangvekstar og drenering.
• ha ein opptrappingsplan for 20 prosent økologisk landbruk i Noreg innan 2030, og offentlege innkjøp skal vere i samsvar med dette.
• stimulere til jordbyggjande og regenerative praksisar i jordbruket.
• minske bruken av plast i landbruket og gjeninnføre tilskot til silo, både plan- og tårnsilo, til lagring av fôr.
• verne den norske kombinasjonskua. At den norske NRF-kua produserer både mjølk og kjøt, er eit godt klimatiltak som gir god fôr- og ressursutnytting.
• redusere matsvinnet i heile næringskjeda, frå jord til bord. Det må innførast ei matkastelov og avgift på matsvinn frå daglegvarebransjen.
• redusere bruken av kunstgjødsel, for å redusere utslepp av klimagassar.
• styrkje arbeidet for minst mogleg antibiotikabruk i norsk husdyrhald gjennom systematisk førebyggjande helsearbeid i samarbeid med forskingsmiljø og næringa.
• styrkje naturskadeordninga og klimatilpassinga i jordbruket.
Skogbruk
SV vil sikre ein berekraftig bruk av skogen. I Noreg er skogbruk og foredlingsindustri viktige næringar for mange bygdesamfunn. I tillegg er skogen fornybar, lagrar CO2 og kan bidra til å erstatte fossil energi. SV vil bruke skogen slik at vi tek vare på naturmangfaldet, lagrar karbon, bevarer og skaper nye arbeidsplassar og sikrar ressurstilgangen for framtida.
• at skogbruket må bli meir berekraftig. Skoglova må moderniserast med særleg vekt på klima- og naturomsyn og baserast på skogøkologisk kunnskap.
• etablere tiltak som aukar etterspurnaden etter trevirke, og utvikle modellar for trebaserte bygg og auka bruk av tre som byggjemateriale.
• stimulere til moderne plukkhogst, i staden for store flatehogstar. Det gir betre kvalitetsvirke, høgare prisar, betre karbonbinding i jordsmonnet og meir naturmangfald.
• at bruk av sprøytemiddel og tilskot til miljøskadeleg gjødsling i skogbruket må stansast.
• skape etterspurnad for bruk av biomasse til bioenergi og ulike energiberarar. SV vil initiere teknologiutvikling og etterspurnad for å utvikle marknaden.
• utvikle modellar for etablering av bioraffineri i tettstader og mindre byar.
• øyremerkje forskingsmidlar til foredling av tre med sikte på å styrkje eksisterande næring, og anleggje ny treforedlingsindustri i Noreg.
• sikre norsk eigarskap over teknologi og kompetanse i viktige industrilokomotiv innanfor treforedling, mellom anna gjennom strategisk eigarskap for langsiktig oppbygging av industrien.
• forbetre måten dagens miljøregistrering av skog går føre seg på, og sikre at det blir teke omsyn til trua natur, for å sikre naturmangfaldet.
• vri tilskotsordningane i skogbruket, frå å støtte vegutbygging og uforsvarleg drift, til å fremje økologisk forsvarleg skogbruk.
• auke andelen av statleg eigd skogareal gjennom investeringar i Statskog.
Dyrevelferd
Norsk landbruk har betre dyrevelferd og betre dyrehelse enn mange andre land, mellom anna gjennom mindre bruk av antibiotika. Men det er likevel eit stykke igjen før vi kan seie oss fornøgde med dyrevelferda i norske besetningar. Eit press på stadig høgare produksjonsvolum, avl mot rasktveksande rasar og ei generelt pressa næring gjer at dyrevelferd lettare blir tilsidesett.
Gode sosiale og økonomiske rammevilkår, moglegheit for fagleg fellesskap, møteplassar og erfaringsdeling blant bønder kan verke førebyggjande for dyrehelsa.
• betre dyrevelferda i landbruket, særleg i svine- og kyllingproduksjonen, ved å gå gjennom haldforskriftene, forby burdrift av høner, krevje større plass og auka miljøberiking i innandørs drift, sunnare rasar, og at fleire grisar og kyllingar skal ha tilgang på uteareal. Det må leggjast til rette for at dei artstypiske behova deira blir varetekne.
• auke beitebruken, slik at husdyr i størst mogleg grad får bevege seg fritt ute.
• forby import av gåselever frå tvangsfôra dyr.
• støtte dei eksisterande merkeordningane som er fagleg godt forankra i organisasjonane, og vidareutvikle merkeordningane i tråd med nyvunnen kunnskap. Satsing på dyrevelferd utover minstekrava i lovverket i jordbruksavtalen må premierast.
• halde fast ved forbodet mot pelsdyroppdrett og forby import av produkt frå pelsdyroppdrett. Omstillingsmidlane for pelsdyrbøndene må styrkjast.
• styrkje Mattilsynet sitt arbeid som tilsynsmyndigheit for dyrehelse og dyrevelferd. Fleire uvarsla kontrollar og meir ressursar til førebyggjande arbeid trengst. Samtidig må ein styrkje bøndene sin tillit til Mattilsynet.
• sikre god veterinærdekning i heile landet og kort veg til slakteri. Maks transporttid for slaktedyrtransport bør kortast inn.
• forenkle regelverket og stimulere etablering av små lokale slakteri.
• at avlsarbeidet i større grad må vektleggje dyrevelferd og -helse.
• auke husdyrtilskotet til svineprodusentar som gir dyra tilgang til uteareal. Fleire grisar skal ha tilgang på uteareal.
• i størst mogleg grad erstatte dyreforsøk med alternative metodar som er både etisk og vitskapleg akseptable.
• innføre obligatorisk ID-merking av hundar og greie ut innføring for kattar, med krav både til oppdrettar og eigar.
Næringsmiddelindustrien
Matindustrien er Noregs største fastlandsindustri målt i talet på tilsette og er ei komplett verdikjede ifrå jord og hav til bord. På vegen skaper maten mange arbeidsplassar, i jordbruket, fiskerinæringa og matindustrien. Framtida i matindustrien må sikrast gjennom ein jordbrukspolitikk og ein fiskeripolitikk med spreidd eigarskap og sterke samvirke som sikrar matproduksjon og tilgang på råvarer over heile landet. Ein større del av råvarene må omarbeidast lokalt. Gode fraktordningar innanfor landbruk og fiske er sentralt for at vi skal ta heile landet i bruk. Noreg kan aldri bli best på å vere billig. Styrken vår er eit trygt arbeidsliv, med fagarbeidarar og teknologi som kan gjere oss trygge på at maten er sunn og produsert under skikkelege forhold.
• at avgiftspolitikken skal vere føreseieleg og fremje norsk næringsmiddelindustri.
• at grunnavgifta på drikkevareemballasje blir erstatta med ei materialavgift, der avgiftssatsane blir differensierte etter andel fossilt og resirkulert materiale i emballasjen.
• vidareutvikle utdanningsløpa for matindustrien.
• at det blir oppretta eit tilsyn med sanksjonsmoglegheiter for daglegvaremarknaden. Logistikk og distribusjon må vere ein del av mandatet til dette tilsynet.
• at RÅK-ordninga, som kompenserer for norske råvareprisar, må sikrast finansiering for å dekkje gapet mellom prisnivået på verdsmarknaden og norsk prisnivå.
• greie ut forbod mot eigne merkevarer (EMV).
Fiskeri og havbruk
Havet gir liv og legg grunnlaget for verdiskaping langs kysten, slik det alltid har gjort i norsk historie. Ressursane i havet kan vare evig dersom dei blir forvalta rett, og dei må fordelast slik at dei kjem både lokalsamfunnet og landet samla sett til gode. Fiskeri og havbruk produserer mat som verda etterspør, og som har stor eksportverdi. Denne verdien kan bli endå større om vi klarer å forvalte ressursane på ein berekraftig måte, utan overutnytting av fiskebestandane og miljøproblem i merdane.
Fiskeri
To prinsipp har stått sentralt i norsk fiskeriforvaltning: Vi eig havet i fellesskap, og dei som bur nær ressursane i havet, blir gitt rett til å hauste av det. Dette har vore grunnlaget for norsk vekst og velstand, men retten til å fiske blir no samla på stadig færre hender, og kvotehandel har gjort det for dyrt for vanlege folk å bli fiskar. Det skader fellesskapet, kystsamfunna og kystkulturen. Noreg treng ein kystbasert fiskeripolitikk der det igjen blir slått fast at ressursane i havet tilhøyrer fellesskapet og skal bidra til sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Innanfor denne ramma kan ny teknologi og kunnskap brukast til å utvikle næringa vidare.
• grunnlovsfeste at dei viltlevande ressursane i havet tilhøyrer folket og skal kome lokalbefolkninga til gode.
• setje i verk tiltak for å hindre at artar blir utrydda, til dømes tiltak for kysttorsken.
• at fiskekvotane skal tildelast slik at dei prioriterer kystflåten. Fordeling av kvotar må spegle ressurstilpassinga og energiforbruket ved dei ulike fangstmetodane.
• sikre fiskarane sin rett til prisforhandling og Fiskesalslaget sin einerett til å fastsetje minstepris på fisken. SV vil halde oppe fiskesalslagslova.
• tilbakeføre torsketrålkonsesjonane med leveringsplikt og tilverkingsplikt til kystsamfunna, og bruke delar av dette til å auke rekrutteringa til fiskeria.
• stramme inn aktivitetsplikta. Berre aktive fiskarar kan eige fiskefartøy med fiskerettar. Aktivitetsplikta skal òg gjelde for reiarlag.
• skjerpe krav til fartøystorleik som blir gitt tilgang til fiske innanfor fjordlinjene.
• etablere ein kvalitetsfiskstrategi for å auke kvaliteten ved levering.
• starte opp industrielle næringsparkar langs kysten, der avfall frå éi bedrift blir ein ressurs for den neste. All fisk og restråstoff skal sendast til land og utnyttast. Staten må bidra til auka satsing på å utvikle ny småskalateknologi i heile næringskjeda.
• gå til kamp mot fiskejuks ved å innføre ressursrekneskap. Krevje revisjonsplikt for fanga og levert fangst målt opp mot tilverka produkt.
• styrkje marknadsposisjonen til norsk sjømat gjennom betre miljøstandard i heile verdikjeda.
• at fiskerihamnene blir styrkte med service og infrastruktur for å bidra til nye bedriftsklyngjer.
• greie ut ulike økonomiske verkemiddel som kan bidra til auka landing og tilverking av fiskeressursane i Noreg.
• utvide og styrkje kystfiskekvoten.
• innføre strengare eigarskapsavgrensingar i fiskeflåten.
• setje i verk tiltak for å avgrense at fisk blir ført ut av landet for tilverking, til dømes i form av kvotetrekk og avgift på frosen fisk som blir utført for vidareforedling.
• setje i verk tiltak for å redusere bruken av plast i fiskereiskapar.
• gjeninnføre 28-metergrensa i kystfiskeflåten.
• erstatte dagens konsesjonssystem med eit system der nærleik til ressurs og kompetanse avgjer tilgang på rettar. Endringa må inkludere ei overgangsløysing, slik at dei som har investert innanfor dagens system, ikkje lid uakseptable tap.
• innføre 50 prosent avkorting av kvotar ved strukturering. Avkorting i kystgruppa skal gå til rekrutteringskvotar som ikkje er omsetjelege, medan det i andre grupper går tilbake til gruppa.
Havbruk
Havbruk gir Noreg stor verdiskaping, og det er store moglegheiter for vidare industriell satsing, men havet må haldast reint om vi vil skape varige verdiar. I dag truar forureining frå oppdrettsanlegg fjordar, og rømd laks og lakselus truar villaksstammane. SV vil stille strengare miljøkrav, verne villaksen og redusere andelen av importert fôr.
• leggje om tildelinga av oppdrettsløyve, slik at prisen på vekst blir redusert kraftig, og at ein i staden innfører krav om null lus, null rømming og null ressursar på avvegar for å kunne få løyve til ny eller auka produksjon. Alle nye løyve skal gå til anlegg som gjer seg nytte av slammet frå anlegget.
• trekkje tilbake løyve dersom miljøkrava blir brotne.
• redusere eigarkonsentrasjonen i norsk havbruk. SV vil styrkje den lokale eigarskapen til ressursane.
• krevje tiltak for redusert lokal forureining frå oppdrettsanlegget.
• at bruken av medisinar og kjemikaliar i oppdrettsnæringa skal reduserast til eit berekraftig nivå.
• at det skal stillast strengare krav til lokalisering av oppdrettsanlegg. Anlegg i nasjonale laksefjordar må avviklast.
• stille krav om at alle oppdrettsanlegg skal vere rømmingsfrie og utsleppsfrie frå 2026.
• intensivere forskingsinnsatsen på produksjon av mikroalgar til fôr.
• at nye oppdrettskonsesjonar ikkje skal vere omsetjelege.
• at konsesjonane skal falle tilbake til fellesskapet om dei går ut av bruk.
• gi kommunen større moglegheit til å seie nei til oppdrettsanlegg og til å stille strengare miljøkrav i eigen kommune.
• krevje at fiskefôr blir reinsa for miljøgifter, og erstatte soyaen i fiskefôret med berekraftige alternativ.
• ha mål om at alt slam frå oppdrettsanlegg skal samlast opp. Dette skal sjåast i samanheng med gjødselproduksjon og bioenergiproduksjon.
• etablere og finansiere ein infrastruktur for biogassproduksjon over heile landet og gjere biogassproduksjonen lønnsam.
• utvide trafikklyssystemet slik at fleire indikatorar inngår, både lusenivå, rømming og fiskehelse, og gå gjennom systemet for å sikre at det er miljømessig forsvarleg.
• innføre krav om at all oppdrettslaks blir dobbeltmerkt på ein måte som gjer at rømd fisk enkelt kan identifiserast og sporast.
• setje i verk tiltak for fosforgjenvinning og greie ut verkemiddel for å styrkje marknaden for sekundært fosfor.
• styrkje dyrevelferda i oppdrettsnæringa, gjennom heile produksjonssyklusen, og styrkje sanksjonsmoglegheitene til Mattilsynet. Dagens bruk av reinsefisk må fasast ut.
• innføre eit omsetningspåbod for berekraftig fiskefôr for oppdrettsnæringa, der ein startar lågt, med ein opptrappingsplan som gradvis blir auka opp til 100 prosent berekraftig fôr.
• etablere ei produksjonsavgift for oppdrettsnæringa der brorparten av inntektene går til vertskommunane og ein mindre del til fylkeskommunen.
Friluftsliv og reiseliv
Friluftsliv, bygd på allemannsretten, er eit gode som vi i Skandinavia skal verne om. Det er òg naturopplevingar som norske og utanlandske turistar set høgt når dei grunngir ei reise i Noreg. Naturbasert reiseliv, ikkje minst aktivitetsretta produkt, har eit stort potensial i Noreg. Det er viktig å stimulere til ei berekraftig turistnæring der tilrettelegging og vern balanserer, slik at auka trafikk og næringsaktivitet ikkje fører til stor naturslitasje eller forstyrringar på sårbar dyreliv. Derfor er det viktig at populære destinasjonar, som nasjonalparkane, lagar gjennomtenkte besøksstrategiar.
Friluftsliv
Friluftsliv er eit viktig grunnlag for trivsel og helse i heile befolkninga. Gjennom aktivitet, naturopplevingar, meistring og møte mellom menneske fremjar friluftsliv fysisk og psykisk helse for alle. SV ønskjer ein aktiv friluftslivspolitikk der bevaring av viktige friluftslivsområde, tilrettelegging for alle og utvikling av attraktive aktivitetstilbod blir sett høgt.
• grunnlovsfeste allemannsretten.
• rette opp igjen og styrkje viktige område for friluftsliv i nærområde, i strandsona, i bymarker og på fjellet gjennom aktiv arealplanlegging, oppkjøp av område der allemannsretten ikkje er tilstrekkeleg, og å utarbeide ei lov som sikrar etablering av utbyggingsgrenser rundt større byar.
• sterkt avgrense moglegheita kommunane har for å gi dispensasjonar frå byggjeforbodet i strandsona.
• styrkje arbeidet med å etablere eit nettverk av tilrettelagde turruter i heile landet og sjå dette i samanheng med bygging av gang- og sykkelvegar for transport.
• støtte utlånssentralar for friluftslivsutstyr.
• styrkje friluftslivsorganisasjonane.
Reiseliv
Reiselivsnæringa er ei viktig distriktsnæring som kan skape verdiar og arbeidsplassar over heile landet. SV ønskjer eit berekraftig og grønt reiseliv basert på den lokale identiteten, kultur og natur som finst på destinasjonane. SV ønskjer ein økologisk forsvarleg turisme som er basert på kunnskap og genuine opplevingar framfor masseturisme.
• styrkje marknadsføringa av Noreg som natur- og kulturbasert reisemål.
• utbetre infrastruktur på fleire område for å satse på berekraftig heilårs arbeidsplassar knytte til reiseliv.
• etablere fleire kompetansearbeidsplassar i distrikta knytte til natur og kultur.
• auke tryggleiken i reiselivet ved å stille sertifiseringskrav til naturguiding.
• sikre forvaltning av turistfiske gjennom krav om godkjenning for å drive turistfiske, strengare avgrensingar for eksport av fisk, og krav om fiskekort for utanlandske fiskarar som vil delta i fisket.
• innføre konsesjonssystem for cruiseskip, med strenge miljøkrav i kyst og fjord, krav til bruk av lokal mat og kompetanse.
• vurdere innføring av turistskatt og leggje til rette for kultur- og opplevingsbasert reiseliv.
Berekraftig økonomi og næring
Vi må innrette økonomi og næringsliv på ein meir distriktsvennleg og miljøvennleg måte. Framfor å forbruke ressursar kan vi resirkulere dei. Ved å stimulere til å leige og dele i staden for å kjøpe og eige kan vi stanse den store veksten i forbruket. Eit mangfald av små og mellomstore bedrifter med lokalt eigarskap kan leggje grunnlaget for smarte, lokalt tilpassa løysingar.
Sirkulær økonomi
Ei av dei største svakheitene ved det kapitalistiske systemet er at kortsiktig fortenestemotiv fører til overforbruk, produkt med kort levetid og mykje søppel. Forbruket er ikkje likt fordelt, men det samla forbruket er for høgt. For at det skal vere rom for auka forbruk for dei som i dag har minst, må andre redusere det materielle forbruket sitt. Hadde alle hatt eit forbruk som vi samla har i Noreg, ville vi trunge over tre klodar. Dagens økonomiske system er basert på ein stadig vekst som tek ressursar frå etterkomarane våre. Dette kan ikkje halde fram.
Berre ni prosent av ressursane i verda blir gjenbrukte. SV vil satse på ein sirkulær økonomi – på vedlikehald, reparasjon, lengre varigheit, restaurasjon, deling og byting. Vi må gjenbruke og sambruke.
• auke Noregs ressursproduktivitet og setje mål om å halvere Noregs materielle fotavtrykk.
• gradvis gjere det dyrare å bruke ikke-fornybare innsatsfaktorar slik som jomfrueleg, fossil plast, for å stimulere til resirkulert og fornybar plast.
• stille klare og strenge krav i offentlege innkjøp om levetid, at ting skal kunne reparerast, gjenbruk av materiale og materialgjenvinning.
• auke panten og innføre fleire panteordningar og miljøavgifter på produkt med betydeleg miljøbelastning.
• lovfeste retten til reparasjon for forbrukaren og plikt til reparasjon for forhandlarar. Retten til reservedelar må inn i forbrukarkjøpslova.
• utvide produsentansvaret for å sikre lengst mogleg levetid for produkta og størst mogleg grad av ombruk. SV vil skjerpe krava til miljømerking og redusere innhaldet av helse- og miljøfarlige sambindingar i produkt.
• forlengje klagefristane ved kjøp av forbruksvarer for å stimulere produsentane til å forlengje levetida for varer.
• sikre og skape nye fagutdanningar til den sirkulære økonomien.
• gjennomgå momsregelverket for å kutte moms på mellom anna reparasjonar, reservedelar og utleige av utstyr.
• stille krav til gjenbruk av mineral og leggje til rette for urban gruvedrift, der materiale frå kasserte produkt, bygningar eller avfall blir gjenvunne.
• opprette offentlege delingstenester etter modell frå bibliotek og bysykkeltilbod, og stimulere til kommunale gjenbruksverkstader.
• opprette materialdatabasar for ein sirkulær bygg- og industriproduksjon.
• redusere eksport av avfall, redusere avfallsmengda og resirkulere meir avfall.
• auke gjenvinningsgraden og innsamlinga av avfall.
• greie ut forbod mot å kaste uselde varer, etter modell av den franske «produktkastelova».
Delingsøkonomi
Gjennom dei siste åra har ny teknologi sett fart i delingsøkonomien. Mangfaldet av ytingar som blir formidla, er stort – frå tenester, deling av eigedelar og eigedom til kapital, kompetanse og arbeidskraft. SV støttar ein delingsøkonomi som inneber å dele ting gjennom kollektiv eigarskap som bilkollektiv, gjennom offentleg eigarskap som biblioteka eller ideelle delingsformer som Turistforeininga. Desse formene for deling fører til at vi kjøper og produserer færre ting, noko som er bra både for klimaet og lommebøkene våre. Teknologi som legg til rette for å formidle varer og tenester, kan vere eit gode som kan spare klimaet og sikre folk auka inntekter, men vi må sørgje for at aktørar i formidlingstenester opererer innanfor lover, reglar og den norske modellen.
• støtte tiltak som kan styrkje innslaget av ressursvennleg delingsøkonomi.
• støtte forsking på delingsøkonomi og opprette eit offentleg senter for utvikling av ny delingsøkonomi.
• sikre god og nødvendig regulering av formidlingstenester slik at bedriftene betaler skatt der tenestene blir utførte, og dei tilsette blir sikra gode lønns- og arbeidsvilkår.
• skattleggje rettferdig. SV vil arbeide for å få innført eit prinsipp om at transaksjonar knytte til tenestekjøp blir skattlagde fullt ut der tenesta blir ytt.
Tenestesektoren
Privat tenesteyting spenner frå IKT og daglegvare til byggjenæring og reiseliv og utgjer ein stadig større del av næringslivet, både i form av omsetning, eksportinntekter og talet på tilsette. SV meiner det er behov for ei meir heilskapleg satsing på innovasjon, kompetanse og verdiskaping i tenestesektoren. Tenestesektoren har potensial for vidare vekst, og det er viktig å satse på kompetanseutvikling og tenesteinnovasjon for å vidareutvikle sektoren. Delar av sektoren har arbeidsforhold som må bli langt betre enn i dag.
Store delar av varehandelen er i omstilling. Ny teknologi, automatisering og robotisering bidreg både til moglegheiter og utfordringar. Ein føresetnad for ei vellykka omstilling er godt partssamarbeid og trygge tillitsvalde. Fagkunnskap i alle ledd vil styrkje varehandelen og bidra til at folk handlar lokalt framfor på nett.
• at offentlege anbodskonkurransar må utformast på ein måte som gir små og mellomstore verksemder moglegheiter til å delta i konkurransen, og som legg til rette for innovative innkjøpsprosessar.
• ha eit omfattande bransjeprogram for kompetanseheving i varehandelen, der målet er fleire faglærte med heile og faste stillingar.
• innføre ei lovregulering av opningstidene i varehandelen.
• styrkje bedriftsdemokratiet og medverknaden til tilsette i kjeder, franchise og liknande.
• knyte skjenkjeløyve til at bedrifter følgjer allmenngjering av tariffavtale, for å sikre lovlege forhold i utelivsbransjen.
Nyskaping, entreprenørskap og frilansarar
Ein aktiv næringspolitikk skal byggje på dei fortrinna vi har, og byggje opp under samarbeid på tvers av bransjar, klyngjer og verdikjeder for å vidareutvikle dei bransjane og bedriftene vi alt har, og der vi i dag har høg kompetanse i heile verdikjeder. Nye produkt og nye bedrifter blir oftast skapte som avleggjarar av marknadskunnskapen og kompetansen i eksisterande bedrifter. Samtidig skal det leggjast til rette for at folk kan skape sin eigen arbeidsplass. Entreprenørskap og innovasjon er viktig om vi skal nå måla om arbeid til alle og eit berekraftig næringsliv.
• styrkje ordningar med rask, ubyråkratisk næringsstøtte til gründerar, slik som kommunale og regionale næringsmidlar, og dessutan nye støtteordningar for gründerar i distrikta.
• desentralisere Innovasjon Noreg for å auke nærleik til lokalt næringsliv.
• støtte sjølvfinansierande tiltak som gjer at frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande blir sikra dagpengar som andre arbeidstakarar, og dessutan betydeleg betre moglegheit til pensjonssparing.
• leggje til rette for opsjonsordningar for tilsette i vekst- og oppstartsbedrifter. Dette vil gi arbeidarane større eigarskap i framtidig verdiskaping og arbeidarstyrte bedrifter.
• ha ein full gjennomgang av rettar og lovverk knytte til frilansarar for å sikre eit trygt og anstendig arbeidsliv.
• forenkle rapportering for private verksemder og dessutan leggje til rette informasjonsarbeid/kurs frå det offentlege retta mot sjølvstendig næringsdrivande, små og mellomstore bedrifter på arbeidslivsregelverk og rapporteringskrav til offentlege styresmakter.
• ha automatisk innhenting av selskapsdata for rapportering på nærings- og aksjeoppgåver, for å redusere byråkratiske oppgåver og feilinformasjon.
Transport
Ein viktig føresetnad for mindre utslepp, kortare reiseveg og auka trivsel er ei samfunnsplanlegging som skaper mindre behov for transport. Nye bustader bør byggjast nærare jobb og kollektivknutepunkt.
Den teknologiske utviklinga vil bringe nye moglegheiter og løysingar i transportsektoren. Vår linje er å gå for miljøløysingar vi veit verkar no, og det vi har nok kunnskap om. Då må vi satse på jernbane, kollektive løysingar, framleis innfasing av elbilar, elferjer og anna elektrifisering av transporten. Godstransporten må i mykje større grad over frå veg til sjø og bane. SV støttar bygginga av Stad skipstunnel.
Flytransport
Vi må kutte utsleppa, og derfor er det nødvendig å kutte ned på unødvendige flyreiser, så lenge flya er drivne på fossilt drivstoff. Samtidig som tog må bli løysinga mellom dei store byane, er det viktig å halde oppe eit solid tilbod på kortbanenettet, der fly er einaste verkelege alternativ. Flybransjen er òg plaga av mange useriøse aktørar, som har elendige arbeidsforhold og tvilsame metodar som forretningsmodell.
• skrinleggje planane om tredje rullebane på Gardermoen og andre rullebane på Flesland.
• seie nei til endringar i flyplasstrukturen som svekkjer kortbanenettet.
• auke flypassasjeravgifta til destinasjonar både innanfor og utanfor Europa, men samtidig teste ut handlingsrommet i EØS-avtalen for skjerming av avgiftsaukingar på kortbanenettet. Ein må vurdere minstepris på flyruter med gode kollektivtilbod.
• innføre ei flyavløysingsavgift på strekningar med togtilbod, der toginvesteringar kan erstatte fly fullstendig, etter modell frå ferjeavløysingsavgift.
• jobbe for fritak for flypassasjeravgift på fly under 20 tonn, for elfly og for avansert biodrivstoff for å skjerme kortbanenettet og gode klimaløysingar.
• auke støtta til satsing på utvikling av elbaserte fly for innanlands transport.
• at auka CO2-avgift går til eit fond etter modell frå NOx-fondet, som skal finansiere utsleppsreduserande tiltak i flysektoren.
• at staten skal utforme retningslinjer for verksemdene sine og tilsette som legg til rette for reisereduserande tiltak.
• at luftfarten skal ha like og rettferdige konkurransevilkår som er tufta på den norske modellen, og ikkje kreative forretnings- og tilsetjingsmodellar. Det skal vere heile og faste stillingar med direkte tilsetjing i flyselskapet.
• arbeide for tydelege heimebasereglar som klart definerer arbeidsgivaransvaret, og hindre bruk av framandflagg.
• reversere forskriftsendring som gjer det mogleg å byte ut norske og europeiske tilsette på norskregistrerte fly i interkontinental trafikk.
• hindre flyselskap som bryt menneskerettane, til dømes ved å nekte dei tilsette å organisere seg, frå å nytte norske flyplassar.
• avvikle Avinors påskjønning for trafikkvekst, og dessutan oppstartsstøtte for nye flyruter og fraktflyruter.
• greie ut ei progressiv flypassasjeravgift som aukar dess fleire flygingar ein tek i året. Nødvendige flygingar på kortbanenettet og mellom Nord- og Sør-Noreg skal skjermast.
• utfordre internasjonalt regelverk og auke flypassasjeravgiftene på flygingar mellom dei store byane i Sør-Noreg der det finst gode alternativ til fly.
• jobbe for at bonusordningar i luftfarten blir forbodne.
Jernbane
Det er jernbanen som i størst mogleg grad skal binde landet saman, ikkje bilar og fly. Det er ingen andre transportformer som kan frakte så mykje gods og personar så miljøvennleg og effektivt over større avstandar. Derfor vil SV at jernbanedelen av samferdselsbudsjettet skal vere større enn vegdelen. SV vil framskunde satsing på Intercity-strekningane som viktige ledd i eit nasjonalt høgfartsnett og forkorte reisetidene på lange banestrekningar i Sør-Noreg. Samtidig må vi oppdatere/kvalitetssikre eksisterande lyntogutgreiingar. Jernbanesatsing i samiske område må skje etter konsultasjon med Sametinget. Det må vere ein føresetnad for eventuell utbygging at ho berre blir gjennomført på måtar som tek vare på reindrift og samiske rettar. For SV er målet at det alltid skal vere billigare å ta tog enn fly.
SV har kjempa imot jernbanereforma til høgreregjeringa, som har delt opp ansvaret for jernbanen i ei rekkje selskap som skal kjøpe og selje tenester til kvarandre, og der persontransport er sett ut på anbod. Norsk tilslutning til EUs jernbanepakke 4 gjer det obligatorisk å anbodsutsetje strekningar, og vil overføre myndigheit over norsk jernbane til EU.
SV vil sikre offentleg kontroll over drift og vedlikehald av jernbanen og reversere den oppdelinga og privatiseringa som er gjennomført.
• gå imot EUs jernbanepakke 4.
• renasjonalisere jernbanen og gjenetablere NSB som einskapleg selskap med ansvar for tog, skjener og personell.
• gi norsk jernbane eit betydeleg vedlikehaldsløft etter fleire år med aukande etterslep.
• prioritere bygging av følgjande jernbanestrekningar: Bergensbanen i begge endar (Arna–Voss K5-alternativet, og Ringeriksbanen), full utbygging av indre og ytre intercity med dobbeltspor heile vegen og jernbanetunnel under Oslo, oppgradering av Ofotbanen og Kongsvingerbanen og gjenopning av Ålgårdbanen.
• prioritere planlegging for snarleg realisering av Nord-Noreg-banen og gjere oppstartsarbeid på samankoplinga av Vestfoldbanen og Sørlandsbanen.
• integrere Flytog-tilbodet i resten av togtilbodet.
• framskunde elektrifiseringa av dei dieseldrivne jernbanestrekningane.
• gjennomføre pilotprosjekt med hydrogendrivne tog på strekningar med dieseldrivne lokomotiv.
• flytte meir gods frå veg til sjø og bane gjennom betydeleg auka støtteordningar, og vurdere avgifter på langtransport på veg der det finst miljøvennlege alternativ.
• utarbeide ein ny, offensiv plan for gods på bane. Nye godsterminalar må byggjast for å avlaste Alnabru og køyre gods nordfrå direkte til Sverige og ikkje gjennom Oslo.
• auke talet på sovevogner og soveplassar i toga.
• forlengje støtteordninga for gods på bane, forlengje kryssingsspor på Dovrebanen og utbetre og auke kapasiteten på Alnabru-terminalen.
• setje ned prisane på enkeltturar med tog, gi større familierabattar og halde fram med å inkludere tog i arbeidet med felles nasjonalt prissystem for kollektiv.
• skaffe fleire togsett for langdistansetrafikken, slik at det blir avgangar annankvar time mellom Oslo og Stavanger, Bergen og Trondheim.
• forbedre togsambanda til kontinentet og gjere det enklare å kjøpe togbillettar for slike reiser.
• ta initiativ til ei oppdatert og kvalitetssikra utgreiing av høgfartsbane i fleirbrukskonsept og ein nordisk jernbanestrategi der alle grensekryssande jernbanar inngår. Vi vil starte med Ofotbanen i nord og det nordiske triangelet, Oslo– Stockholm–København/Malmö–Oslo, med samband ut til resten av Europa.
• auke kapasiteten på togtrafikken på det sentrale Austlandet.
Vegtransport
Innanfor vegsektoren vil SV prioritere milliardane på trygge og gode bruksvegar. Vi treng rassikring og utbetring av smale vegar for å få gul midtstripe, vegskuldrer og midtdelarar der det er nødvendig. Ferjer er ein del av vegnettet langs kysten, og dei må ha hyppige avgangar til ein overkomeleg pris. SV vil byggje langt og trygt, ikkje breitt og dyrt.
Der det er bane og veg parallelt, i same korridor, burde alltid ein moderne, tospora jernbane byggjast først og så skalert ny veg etter behov etterpå.
• stoppe utbygginga av kapasitetsaukande motorvegar, som ferjefri E39, E18 og E6 nord for Trondheim.
• seie nei til vegprosjekt gjennom Offentleg-Privat-Samarbeid (OPS). Vi vil leggje ned Nye veier AS og føre ansvaret tilbake til Statens vegvesen. Anbodsutsetjing av drift og vedlikehald av veg må avskaffast, og ansvaret må tilbakeførast til Statens vegvesen.
• skalere ned dei aller fleste planlagde firefelts motorvegar til to- og trefelts vegar med midtdelarar.
• auke løyvingar til trygge og framkomelege vegar i område der jernbane eller sjøtransport ikkje er eit alternativ.
• prioritere vegvedlikehald og i størst mogleg grad gjenbruke eksisterande trasear ved oppgradering.
• auke løyvingane til rassikring betydeleg i tråd med tilrådingane frå Nasjonal rassikringsgruppe.
• greie ut nye modellar for samfunnsøkonomisk nytte, der også klimagassutslepp og nedbygging av naturareal, myr og dyrka mark i større grad blir tillagde vekt.
• at den statlege finansieringa av ferjene blir auka slik at rutetilbodet blir forbetra og billettprisen for reisande blir senka.
• prioritere det heilskaplege trafikksikringsarbeidet.
• greie ut ulike løysingar for vegprising for å sørgje for reduksjon av biltrafikken. Det må leggjast vekt på både utsleppsmengde, transportformål, køyrelengde, alternative transportformer, tidspunkt på døgnet og miljøomsyn.
• at vegar i distriktet skal finansierast over skattesetelen, og at bruken av bompengar blir redusert; bompengar betyr i praksis at ein kan snike i køen. I dei tilfella der kommunar vel å bruke bompengar for å få realisert eit prosjekt tidlegare, skal det ha lokal demokratisk forankring.
• vere positiv til bompengar som medverkar til å redusere biltrafikken og forureininga i byar og tettstader med mål om trafikkreduksjon og utsleppskutt. Ein føresetnad er at det er eit godt og billig kollektivtilbod, og at midlane frå bompengane blir brukte til å byggje og drifte eit betre kollektivtilbod, og til prosjekt som medverkar til å realisere mål om trafikkreduksjon og utsleppskutt. Det må ikkje opnast for nye bomprosjekt som bidreg til kapasitetsauke på veg.
Kollektivtransport
Byutvikling, tettstadutvikling og transportløysingar er knytte sterkt saman. For å nå måla om trafikknedgang og klimakutt trengst det ei storstilt kollektivsatsing, særleg i storbyane.
• planleggje kompakte og trivelege byar. SV vil føre ein arealpolitikk som reduserer transportbehovet og stimulerer til fortetting, tek vare på matjord og grøntareal, sikrar universell utforming og fremjar levande sentrum i byar og tettstader.
• sikre rask gjennomføring av viktige kollektivtiltak ved ein investeringspakke for fullfinansiering av kollektivinvesteringar i storbyane.
• styrkje finansieringa til kollektivtransporten. Ordninga med bymiljøavtalar som finansierer kollektivtrafikk, må utvidast til fleire byar. I bymiljøavtalane må staten støtte 80 prosent av store kollektivsatsingar, slik som utviding av bybane, trikk, T- bane og superbuss i byane, og i tillegg drift av kollektivtransport, mot at kommunar og fylke følgjer opp med miljøvennleg arealplanlegging og effektive og restriktive tiltak som reduserer biltrafikken.
• greie ut korleis det kan kompenserast for reduserte inntekter i bymiljøavtalane, som kjem som følgje av trafikknedgang.
• at det skal lønne seg å velje kollektivt. SV er for eit rimeleg kollektivtilbod. Bilbruk skal vere dyrare i byområde.
• at kollektivtransporten skal vere fossilfri, og at drosjekøyringa skal vere utsleppsfri. SV vil setje krav i offentlege anbod, innkjøp og løyve om fossilfri kollektivtransport og utsleppsfri drosjenæring.
• ha ein parkeringspolitikk som reduserer biltrafikken.
• greie ut tiltak som legg til rette for auka bruk av elbildeling.
• gjere det lettare og rimelegare å reise kollektivt i distrikta. Det må etablerast fleire direkteruter med ekspressbuss. SV vil satse på godt og regelmessig buss-, ferje- og båttilbod i distrikta, kombinert med bestillingsdrosjer der det ikkje er formålstenleg med faste ruter.
• gi drosjenæringa si einerettsordning i distrikta nytt innhald ved at offentlege oppdrag som skulekøyring, pasientkøyring og TT-køyring i større grad blir samordna og blir tilbydde drosjane som er tildelte einerett, slik at tilbodet på drosje i distrikta ikkje blir dårlegare.
• greie ut ein nasjonal ferjebillett, for å gjere det enklare å reise. Førehandsbetalinga for Autopass-brikka må gjerast betydeleg rimelegare, eller ikkje koste noko.
• vidareutvikle hente-bringe-løysingar, etter kvart sjølvkøyrande, i tilknyting til jernbanestasjonar, kollektivknutepunkt og hamner.
• innføre eit nasjonalt ungdomskort. SV vil ha eit rimeleg månadskort for tog, buss og båt som gjeld for reiser i heile landet for alle under 20 år.
• ha studentrabatt på all kollektivtransport.
• redusere omfanget av reklame og visuell forsøpling i det offentlege rommet gjennom ei nasjonal stimuleringsordning der fylkeskommunar får midlar for å avstå frå avtalar om reklame på bussar, kollektivknutepunkt og bymiljø.
• jobbe for ei nasjonal ordning for tilrettelagd transport (TT).
Sykkel
Noreg har lege langt tilbake med å gi sykkelen den plassen han fortener i transportpolitikken. Med inntoget av elsykkelen kan dette bli ein viktig faktor for transport til og frå arbeid og til og frå eit knutepunkt. Det skal bli enklare å bruke sykkelen som transportmiddel i kvardagen. Elsykkelen har gjort dette målet enklare å nå, men det må leggjast betre til rette for å sykle.
• ha auka utbygging og vedlikehald av samanhengande og åtskilde gang- og sykkelvegar i bystrøk og påskjønne kommunar som satsar på sykkel.
• endre trafikkreglane i favør av dei syklande i forhold til bilistar og klargjere forholdet mellom gåande og syklande for å unngå konfliktar og farlege situasjonar.
• ha betre skilting og oppmerking av vegar, sykkelvegar, gang- og sykkelvegar og eventuelt fortau der plassen må delast mellom syklistar og andre trafikantar, for å auke forståinga for at vegbanen må delast.
• innføre krav om rutinemessig sjekk og vedlikehald/snørydding av rutene som blir valde av syklistar.
• setje ned fartsgrensene på vegar der mange syklar, og førebyggje ulykker og skadar gjennom auka hjelmbruk, betre sykkelopplæring og informasjon.
• stille krav til lokale styresmakter og private utbyggjarar om sikker sykkelparkering ved knutepunkt, offentlege stader, bustadområde og arbeidsplassar.
• sikre gang- og sykkelvegar langs nasjonale turistvegar.
• ikkje tillate private aktørar å leige ut el-sparkesyklar utan etter avtale med kommunen.
Internasjonal politikk
SV ønskjer ei verd for dei mange, ikkje for dei få. Då trengst det ei radikal omfordeling av makt og ressursar i verda, både mellom land og internt i land. For å nå dette målet treng vi ein ny kurs i utanriks-, utviklings- og forsvarspolitikken. Vi treng tiltak for fred, menneskerettar, nedrusting og demokratiutvikling, heller enn militære intervensjonar. Vi treng ein grøn og solidarisk utviklings- og handelspolitikk, som støttar opp om fagrørsler og andre progressive sosiale rørsler, ikkje storselskapa. Vi treng ein kurs som sikrar livsgrunnlaget vårt frå katastrofale klimaendringar og naturtap, og vi treng ein kurs som tek berekraftsmåla på alvor.
Internasjonal økonomi, handel og utvikling
Det økonomiske systemet vi har i dag, fungerer best for dei rikaste og skaper større forskjellar. Dei siste tiåra har vore prega av konsentrasjon av økonomisk og politisk makt, veksande forskjell, aukande klimagassutslepp og rovdrift på naturen. No ser vi ei folkeleg mobilisering for rettferdig og grøn omstilling over store delar av verda. SV skal vere ein motor for denne mobiliseringa i Noreg.
Handel og investeringar
Internasjonale organisasjonar som WTO, Verdsbanken og IMF fremjar ofte interessene til dei som alt er mektige, og er ikkje demokratiske. SVs mål er eit handels- og investeringssystem der alle land blir sikra styringsrett og politisk handlefridom til å verne arbeidsliv, offentlege tenester, miljø og naturressursar. For å oppnå dette må makt og ressursar flyttast frå udemokratiske organisasjonar til FN, og andre prinsipp må leggjast til grunn i internasjonale forhandlingar. Vi går imot å utvide WTO-forhandlingane til nye område, og imot å flytte forhandlingane over til endå mindre demokratiske arenaer.
• arbeide mot internasjonale handelsavtalar som svekkjer forbrukarvern og reglar for miljøvennleg produksjon, og som overfører makt og myndigheit frå nasjonale styresmakter til multinasjonale selskap og tvisteløysingsdomstolar.
• at Noreg ikkje inngår investeringsavtalar som gir investorar pressmiddel mot statar, som investor-stat-tvisteløysing og andre mekanismar for investeringsvern.
• opprette støtte til forhandlingsdelegasjonar for fattige land i WTO. Dette bør vere finansiert ved ei avgift som dei rike landa i WTO betaler.
• at Noreg legg til rette for at fattige lands interesser blir sikra i alle handelsavtalar, mellom anna gjennom å trekkje alle krav mot fattige land om økonomisk liberalisering.
• at Noregs posisjonar i forhandlingar om handelsavtalar må vere offentlege.
• framleis avvise TISA-avtalen og andre initiativ som legg press på offentlege tenester både i Noreg og i andre land, og som hindrar demokratisk sjølvbestemming.
• avvise WTO-forhandlingane om datahandel.
• at faglege, sosiale og demokratiske rettar, miljøvern og urfolks rettar skal prioriterast over selskapsinteresser i handelsavtalar som Noreg inngår.
• at internasjonale avtalar om miljø og rettar i arbeidslivet går føre WTO-regelverket.
• at Noreg går gjennom alle handelsavtalar vi har inngått, med sikte på å seie opp avtalar som undergrev det norske arbeidslivet, eller er til skade for vår eller andre lands sjølvråderett eller skatteinntekter.
• at eigarskapen til naturressursar som vatn, villfisk og mineral blir verna mot privatisering i alle handelsavtalar Noreg tek del i.
• forsvare MUL-ordninga, som gir dei fattigaste landa tollfri tilgang til norske marknader. Den samla matimporten til Noreg skal ned, men ein større del av importen skal kome frå MUL-land.
Rettferdig skatt og finansiell openheit
Skatteunngåing og skattesvik rammar fattige land hardast. Å kjempe mot internasjonalt skattesvik og ulikskap, og å bidra til gode, progressive og rettferdige skattesystem nasjonalt og internasjonalt, er derfor ein hjørnestein i SVs politikk for internasjonal solidaritet. Finansiell openheit er heilt avgjerande for å lykkast i denne kampen.
• sørgje for at internasjonale selskap betaler det dei skal i skatt, og at skatten blir betalt der den økonomiske aktiviteten skjer. SV vil innføre einskapleg skattlegging der skattlegging av overskot i selskap blir basert på kvart lands andel av omsetninga.
• trekkje alle statlege selskap ut av skatteparadis, både heileigde og deleigde. Norfund skal ikkje bruke skatteparadis ved investeringane sine.
• innføre utvida land-for-land-rapportering i alle sektorar, også frå jurisdiksjonar med støttefunksjonar (dotterselskap) i skatteparadis, og eit internasjonalt register over finansformuar.
• arbeide for ein FN-konvensjon om rettferdig internasjonal skattlegging og finansiell openheit.
• at Noreg pressar på for at internasjonalt skattesamarbeid går føre seg i opne forum, der alle er inkluderte. SV vil arbeide for at det blir oppretta eit mellomstatleg skatteorgan i FN for meir rettferdig fordeling av skattleggingsrettar, for nedkjemping av ulovleg kapitalflyt, og for avvikling av skatteparadisa og det globale skuggefinanssystemet.
• at Noreg skal ta leiinga i arbeidet for avtalar og metodar for automatisk utveksling av skatterelevant informasjon mellom alle land.
• arbeide internasjonalt for innføring av eit offentleg tilgjengeleg globalt formueregister over verdipapir, eigedom og investeringar. Vurdere moglegheitene for å starte med å utvikle eit nordisk register.
• innføre internasjonale skattar, under dette ein skatt på finanstransaksjonar, til inntekt for globale fellesgode.
• at Noreg skal gjennomgå alle skatteavtalane sine med utviklingsland, med mål om at dei skal vere minst like gode som FNs modellavtale.
• at Noreg tek eit internasjonalt initiativ for å endre reiarlagsskattlegginga i tråd med skattlegging av anna næringsliv.
Oljefondet
Den felles formuen vår må forvaltast til beste for framtidige generasjonar. Storleiken på oljefondet gir Noreg internasjonal makt, og med makta følgjer ansvar. Fordi Oljefondets handlingar har politiske konsekvensar, er styringa og bruken av fondet i høgaste grad politikk.
Midlane i oljefondet må investerast i tråd med berekraftsmåla og internasjonale miljø- og klimaavtalar Noreg har slutta seg til. Vi må òg ha etiske reglar for Oljefondet som gjer det mogleg å sjekke selskap for miljøskade, menneskerettsbrot og andre etiske prinsipp i forkant, i staden for dagens ordning med å sjekke i etterkant. Vi må rigge Oljefondet for framtida.
• sikre at Oljefondet opptrer etisk forsvarleg i alle land, ved å innføre førehandsfiltrering av investeringar for menneskerettsleg og etisk risiko.
• at Oljefondet skal få ein ny referanseindeks («handleliste») der alle selskap møter etiske og miljømessige minstekrav. Dette vil bidra til å sikre eit minstenivå av ansvarleg forvaltning.
• at Oljefondet bruker eigarskapen aktivt til å krevje at selskapa Oljefondet er investerte i, gjer varsemdvurderingar i samsvar med FNs rettleiande prinsipp for menneskerettar og næringsliv og ikkje bryt grunnleggjande menneskerettar, urfolksrettar og arbeidstakarrettar.
• at Oljefondet sine investeringar skal vere i tråd med Parisavtalens mål om maks 1,5 gradars oppvarming.
• sørgje for at Oljefondet blir trekt ut av fossil energi.
• at Oljefondet og statleg eigde selskap ikkje investerer i bedrifter som bidreg til å øydeleggje regnskog eller annan trua natur.
• at NBIM (Noregs Bank Investment Management) i samarbeid med fagrørsla utviklar eit tydeleg og offensivt forventningsdokument om arbeidarrettar, med særleg vekt på ILOs konvensjonar og vern av organisasjonsretten.
• trekke Oljefondet ut av alkoholselskapa slik det alt er gjort når det gjeld tobakksselskapa.
• gjere Oljefondet til ei internasjonal leiestjerne i arbeidet mot skatteparadis. SV vil inkludere skattesvik, økonomisk kriminalitet og finansielt hemmeleghald i dei etiske retningslinjene og trekkje fondet ut av selskap med grove brot på desse retningslinjene.
• krevje at selskap som Oljefondet investerer i, viser openheit om selskapsstruktur, skatteinnbetalingar og eigarforhold, og dessutan rekneskapsrapportering på land-forland-nivå.
• trekkje Oljefondet ut av all våpenindustri gjennom produktbasert utestenging av våpen, nøkkelkomponentar av våpen og drapsrobotar (autonome våpensystem) eller komponentar til desse.
• at Noreg skal vere ein ansvarleg långivar gjennom Oljefondet sine investeringar i statsobligasjonar.
• at Oljefondets investeringar ikkje bidreg til okkupasjon eller andre brot på folkeretten.
Finansiering for utvikling og miljø
I dag går dei store pengestraumane frå dei fattige til dei rike. Samtidig blir det brukt langt større ressursar til å auke klimautslepp og øydeleggje naturen enn til å ta vare på miljøet. SV vil snu dei globale pengestraumane og endre dei økonomiske spelereglane, slik at ressursane i verda blir brukte rett. Det inneber internasjonalt arbeid for finansiell openheit, effektiv skattlegging av fleirnasjonale selskap, globale system for ansvarleg långiving og løysing av statlege gjeldskriser, demokratisering av internasjonale finansinstitusjonar og ei reell opptrapping av internasjonal klimafinansiering, der dei rike landa aukar bidraga sine mest.
• kjempe mot ulovleg kapitalflyt ut av utviklingsland ved å kjempe mot finansielt hemmeleghald og skattesvik.
• at Noreg skal vere ein ansvarleg långivar og jobbe for styrkte globale system for å sikre ansvarleg långivning og lånopptak på statleg nivå.
• at Noreg må halde fram arbeidet for at illegitim gjeld blir sletta både i Noreg og internasjonalt. Noreg må bidra til å opprette ein multilateral gjeldshandteringsmekanisme under FN, for å løyse statlege gjeldskriser på ein meir effektiv og rettferdig måte.
• prioritere utviklingsfinansiering gjennom FN framfor Verdsbanken.
• fremje reform av Verdsbanken og IMF for å gi utviklingsland auka innverknad.
• at lån frå IMF og Verdsbanken ikkje skal brukast til å presse land til privatisering, kutt i offentlege tenester eller liberalisering av økonomien.
• ha ein gjennomgang av korleis Verdsbankens og IMFs politikk og utlånspraksis påverkar økonomisk utvikling, politisk handlingsrom og reduksjon av forskjell.
• evaluere resultata frå norsk bistand til internasjonale finansinstitusjonar, med vekt på konsekvensane for ulikskap.
• at Noreg jobbar for at klimafinansiering ikkje skaper nye gjeldskriser, og hindre at marknadslån blir rapporterte som klimafinansiering.
• vidareføre og styrkje den nyetablerte garantiordninga for investeringar i fornybar energi i utviklingsland, for å redusere risiko og kapitalbehov i framveksande marknader.
Norsk utviklingsfinansiering
Utviklingspolitikken må først og fremst motverke dei maktforholda og strukturane som skaper fattigdom, krig og miljøkriser, bidra til at ressursar blir jamnare fordelte, og leggje til rette for at fleire menneske kan kome til orde og delta i politisk kamp. Den fremste oppgåva for bistanden er derfor ikkje å finansiere direkte tenester som helse, utdanning, mat eller infrastruktur til befolkninga i andre land, men å bidra til at fattige land sjølv kan finansiere si eiga utvikling. For å få til dette bør vi bidra til å styrkje statlege institusjonar som er underlagde demokratisk kontroll. Det kjem til å vere behov for auka bistand i åra som kjem, og bistanden må vere både langsiktig og fleksibel.
I nokre land er det vanskeleg å støtte nasjonale styresmakter. Då kan støtte til sivilsamfunn eller internasjonale aktørar vere vegen å gå. I dei landa der ein ser ei positiv endring i statsapparatet, bør Noreg vurdere om ein kan ta opp att eller auke stat-til-stat-støtta.
Ein del internasjonal bistand finansierer private, kommersielle tilbydarar av velferdstenester. Norsk bistand skal ikkje gå til profittbaserte skular eller anna profittbasert velferd i utviklingsland. Noregs globale innsats for helse og utdanning skal konsentrerast om å styrkje dei universelle, offentlege systema.
Miljøkrisa rammar dei fattigaste i verda hardast. Å løyse krisa krev internasjonalt samarbeid og auka rettferd i forholdet mellom rike og fattige land. SV vil jobbe for at Noreg trappar opp klimafinansiering til fattige land, både for utsleppskutt og klimatilpassing. Særleg må støtta til klimatilpassing prioriterast opp. Støtte til fornybar energi skal vere ei hovudsatsing innanfor klimafinansiering for utsleppskutt. Klimafinansieringa skal følgje grunnleggjande prinsipp om lokaldemokrati, menneskerettar og urfolksrettar, og omsynet til dei aller fattigaste og mest marginaliserte må sikrast. Langtidsperspektiv og mål som utviklingslanda sjølv har sett, må vere styrande.
Behovet for humanitær bistand som følgje av krig, naturkatastrofar og menneskeskapte katastrofar er stort, men nødhjelpsoperasjonar som er organiserte av FN og humanitære organisasjonar, er underfinansierte. I ei verd med store menneskeskapte katastrofar og stadig fleire naturkatastrofar på grunn av klimaendringar er det viktig å sikre rask og effektiv humanitær innsats.
Utviklingspolitikken må vere godt organisert, slik at målsetjingar blir nådde og folks tillit til norsk bistand og utviklingspolitikk held seg og blir styrkt. SV vil drive bistand og utviklingstiltak gjennom organisasjonar, fond og mekanismar som er demokratisk styrte.
• at Noreg tek ansvar for å bidra til berekraftig utvikling gjennom å bruke meir enn éin prosent av bruttonasjonalinntekt (BNI) til utviklingsbudsjettet. Utgifter til flyktningar i Noreg eller annan innsats utan dokumentert utviklingseffekt skal ikkje reknast inn i den prosenten.
• styrkje den skatterelaterte utviklingspolitikken og arbeidet for auka offentleg nasjonal ressursmobilisering, til dømes gjennom Skatt for utvikling.
• styrkje og utvikle tiltak som inneber direkte pengeoverføringar og støtte til lands sosiale og universelle velferdsordningar, som til dømes barnetrygd.
• at bistand innanfor utdanning og helse skal støtte opp om den evna utviklingsland har til å gjere grunnleggjande velferdstenester gratis for alle, med god kvalitet. Norsk bistand skal ikkje gå til profittbasert velferd, men bidra til å styrkje dei offentlege og ikkje-kommersielle systema.
• sikre større grad av samhandling i internasjonaliseringssamarbeid i høgare utdanning i Noreg og det globale sør.
• at innsatsen på landbruk, fiskeri og matsikkerheit skal bidra til å auke produktiviteten i matproduksjonen, med vekt på småbønder og fiskarar.
• auke Noregs bidrag til utsleppskutt og klimatilpassing i fattige land i tråd med Noregs historiske ansvar og økonomiske kapasitet. Bidrag til klimatilpassing skal særleg rettast mot småskala landbruk for å styrkje lokal matsikkerheit og redusere ulikskap og fattigdom.
• lage ein heilskapleg plan for norsk klimafinansiering internasjonalt, som inkluderer alternative og innovative finansieringskjelder.
• trappe opp regnskogsatsinga. Finansieringa av regnskogbevaring må ikkje bli ein del av kvotehandelen eller brukast for å unngå kutt i eigne utslepp. Satsinga skal setje søkjelys på dei direkte truslane mot avskoging. Nedkjemping av fattigdom skal vere eit av hovudmåla.
• innføre eit regelverk som stiller krav til at offentlege innkjøp av varer ikkje bidreg til tap av regnskog.
• sikre rask og effektiv humanitær innsats ved naturskapte og menneskeskapte katastrofar. Etablerte nødhjelpsfond må styrkjast slik at dei raskt kan reagere ved ekstraordinære eller akutte katastrofar.
• at Noreg skal jobbe for eit internasjonalt regelverk for vern av klimaflyktningar og internt fordrivne som følgje av naturkatastrofar og øydelegging av naturlege leveområde.
• greie ut korleis klimaflyktningars rettar skal handterast, slik at personar ikkje skal returnerast til katastroferamma område dersom liv og helse vil vere i fare, og gi opphald på humanitært grunnlag.
• auke andelen av den humanitære støtta Noreg gir til lokale sivilsamfunnsorganisasjonar, til minst 25 prosent av total norsk humanitær bistand.
• førebyggje katastrofar. Humanitær bistand må innrettast slik at han prøver å førebyggje og hindre tilsvarande katastrofar i framtida.
• at utviklingsministeren skal ha overordna ansvar for heile utviklingsbudsjettet, for å oppnå ein samstemd norsk utviklingspolitikk.
• sikre ein samstemd politikk for utvikling gjennom god koordinering mellom relevante departement. Regjeringa skal rapportere årleg til Stortinget om konsekvensane av norsk politikk for utviklingsland og for menneskerettane.
• styrkje Norads rolle som fagetat for norsk utviklingspolitikk på bekostning av rolla til eksterne konsulentar.
• stanse konkurranseutsetjing av bistand. Bistanden må brukast til å byggje opp kompetanse i samarbeidslanda og dermed styrkje målgruppene for bistanden.
• endre evalueringssystema for norsk bistand. SV vil bort frå eit snevert måle- og teljeregime og over til effektanalysar av bistanden som tek inn over seg det samansette målet for bistanden.
• styrkje vaktbikkjefunksjonen det norske og internasjonale sivilsamfunnet har overfor styresmaktene, både gjennom informasjonsmiddel og sivilsamfunnsstøtte i utviklingsland.
Fred, forsvar og nedrusting
Vi lever i ei tid der verda er prega av ustabilitet og stormaktsrivalisering. Konfliktar mellom Kina og USA kan kome til å prege verda i lang tid framover, og Noregs forhold til Russland er meir anstrengt enn på lenge. Den internasjonale merksemda om nordområda kjem til å auke i åra framover. Rivalisering om kontroll over ressursar kan føre til konfliktar i nærområda våre.
Dette krev nytenking i norsk sikkerheits-, forsvars- og fredspolitikk. Noreg må hevde seg som ei tydeleg stemme for nedrusting og avspenning, både internasjonalt og i våre eigne nærområde. Det betyr å søkje nye alliansar og sterkare band til landa som står oss nærast, gjennom eit breiare nordisk samarbeid. Det betyr å endre kurs i forsvarspolitikken i retning av nasjonal suverenitet og sjølvstendig nærvær i nord. Det betyr òg å hevde seg diplomatisk og politisk i Arktis, eit område som i stadig større grad blir ein del av eit geopolitisk spel. Sist, men ikkje minst betyr det eit langt sterkare internasjonalt engasjement for internasjonalt freds- og nedrustingsarbeid.
Alliansepolitikk
SV går mot norsk medlemskap i NATO. NATO er ikkje først og fremst ein forsvarsallianse, er ikkje basert på eit reelt interessefellesskap, og knyter Noreg farleg tett til USA. Medlemskapen gjer det meir sannsynleg at Noreg blir trekt inn i stormaktskonfliktar, og han står i vegen for ei nødvendig realitetsorientering i norsk forsvars- og sikkerheitspolitikk. Framover må Noreg ta sjølvstendige vurderingar av sikkerheitsutfordringane, framfor å vere med på USAs trusselvurderingar.
NATOs opprusting, austutviding og krigføring mot andre land har ført til auka uro i verda. Vidare er atomvåpen ein sentral komponent i NATOs strategiske konsept, og alliansen hevdar i dag at han har ein førsterett til å bruke atomvåpen når han måtte sjå på det som nødvendig.
SV vil erstatte medlemskapen i NATO med ei nordisk forsvarspakt. Dei nordiske landa har i motsetning til NATO-alliansen stor grad av felles interesser i sikkerheitspolitikken. På vegen dit må Noreg prioritere eit tettare forsvarssamarbeid med dei andre nordiske landa, også innanfor rammene av ein NATO-medlemskap.
• melde Noreg ut av NATO.
• auke forsvarssamarbeidet i Norden.
• påverke NATO i rett retning. Så lenge Noreg er medlem i NATO, vil SV arbeide mot at alliansen driv krig utanfor eige område. SV vil òg gå imot vidare austutviding mot grensa til Russland og fjerne atomavskrekking som ein del av NATOs strategi.
• at Noreg ikkje deltek i krigføring i NATO-regi, og avsluttar alle NATO-bidrag «out-ofarea».
• krevje garantiar for at militære fly og fartøy som opererer i norsk farvatn og luftrom, ikkje ber atomvåpen.
Avspenning i nord
Nordområda er i ferd med å bli eit område prega av geopolitiske spenningar. Både USA og Kina ser i aukande grad på Arktis som ein del av interesseområda sine. Dette kan bli Noregs største sikkerheitspolitiske utfordring i åra som kjem. Det krev at Noreg rettar diplomatisk og politisk merksemd mot nord. Det trengst ein målretta politikk for å senke spenningsnivået og betre samarbeidet i regionen. Internasjonalt samarbeid om berekraftig utvikling, ressursbruk, urfolks rettar og handel er i Noregs interesse.
Noko av det viktigaste vi kan gjere for fred og stabilitet i nord, er å sikre eit godt naboskap med Russland. Vi er avhengige av eit godt samarbeid med Russland om viktige spørsmål, som ressursforvaltning, miljøforvaltning og handel. I tillegg spelar Russland ei viktig rolle i internasjonale konfliktar der Noreg er engasjert. Samtidig bør vi vere bekymra over utviklinga i Russland. Maktkonsentrasjon, ein forverra menneskerettssituasjon og folkerettsbrot er negative utviklingstrekk som Noreg må kritisere tydeleg. Vi må heile tida evne å føre ein balansert politikk der vi òg held fram arbeidet med å finne gode samarbeidsflater og utvikle dialogen, ikkje konfrontasjonen, med Russland. I dette arbeidet er tillitsskapande tiltak og institusjonalisering av samarbeid viktig.
• trappe opp innsatsen for breie internasjonale samarbeid som gjeld Arktis, både på økonomiske, politiske og juridiske område.
• fremje Arktisk råd som ein viktig og inkluderande samarbeidsarena.
• vurdere om den norske sanksjonspolitikken overfor Russland fungerer etter hensikta, og om sanksjonane er eit godt verkemiddel for å oppnå Noregs sentrale utanrikspolitiske målsetjingar.
• forsterke den politiske dialogen med Russland om spørsmål som er sentrale for begge land, som til dømes nordområda, atomforureining, ressursutnytting og søk og redning i nord.
• arbeide for at Russland og Vesten utviklar eit forhold som er basert på dialog og forhandling, ikkje konfrontasjon.
• halde på den sjølvpålagde restriksjonen om at det ikkje blir halde NATO-øvingar aust for 24. lengdegrad.
• ikkje ha utanlandske troppar permanent stasjonerte på norsk jord i fredstid, og vil minimere alliert nærvær i Noreg i fredstid.
• seie nei til norsk deltaking i NATOs rakettskjold, og sikre at dette ikkje blir undergrave av amerikansk nærvær.
• styrkje Barents-samarbeidet og folk-til-folk-samarbeidet i nord.
• styrkje det alleuropeiske samarbeidet i OSSE og Europarådet.
• ikkje tillate allierte atomdrivne fartøy å nytte norske sivile hamneanlegg.
Nordisk forsvars- og tryggingssamarbeid
SV ønskjer eit sterkare nordisk forsvars- og sikkerheitspolitisk samarbeid. Vi opplever ei aukande stormaktsrivalisering i Nordens nærområde, og aukande interesse for og konkurranse om viktige naturressursar. Eit sterkare nordisk samarbeid vil auke den samla forsvarsevna til desse landa. Samtidig vil det i liten grad oppfattast som aggressivt mot andre statar. Eit auka nordisk samarbeid vil òg gjere Noreg mindre avhengig av USAs sikkerheitspolitiske interesser.
• ta initiativ til ei nordisk sikkerheitspolitisk solidaritetserklæring som forpliktar dei nordiske landa til å støtte kvarandre i kriser.
• erklære Norden som atomvåpenfri sone i både fredstid og krig.
• setje i gang ein politisk prosess for auka samarbeid om produksjon av forsvarsmateriell, også avanserte våpensystem som fly og maritime kapasitetar.
• arbeide for felles nordisk deltaking i internasjonale operasjonar. Dei nordiske landa bør utdjupe det militære samarbeidet sitt i utanlandsoperasjonar ved at styrkar som blir sende ut, blir fellesnordiske, og at ein i større grad deler på kostnadene ved utanlandsoperasjonar.
• etablere eit nordisk kompetansenettverk mot digitale angrep for å utveksle erfaringar og samkøyre dei nasjonale innsatsane, og dessutan gi råd til nordiske land som er i ferd med å byggje opp kapasitet på feltet.
Eit nasjonalt forsvar
Ein sjølvstendig forsvarspolitikk er nøkkelen til å sikre vår eigen suverenitet og lågspenning i nærområda våre. SV ønskjer eit sterkt nasjonalt forsvar, med særleg vekt på kyst- og nordområda, og med balanse mellom forsvarsgreinene. Innkjøp av kampfly og uvitige effektiviseringskrav har bidrege til å svekkje denne balansen. SV vil ha ei styrkt landmakt basert på fleksible einingar med nærvær i heile landet. Vi er avhengige av eit sterkt sjøforsvar som både kan handtere trusselsituasjonar, sørgje for beredskap og hevde norsk suverenitet i ei tid der havområda våre i større grad blir ein del av ei farleg stormaktsrivalisering. Vi må auke seglingsdøgna til både Kystvakta og Marinen i nord. SV vil styrkje Forsvaret på ein nøktern og utgiftsbevisst måte, i tråd med dei reelle forsvarspolitiske utfordringane Noreg har. SV vil ikkje binde Noreg til eit utgiftsmål sett av NATO, men vil til kvar tid gjere eigne vurderingar av behov som må møtast for å styrkje Noregs forsvarsevne.
I tillegg til dei tradisjonelle forsvarsgreinene trengst ei storstilt satsing på å sikre ein robust digital infrastruktur. Noreg skal ikkje gå til dataangrep på andre land, men bruke solide ressursar på å styrkje Nasjonalt tryggingsorgan og Cyberforsvaret, og klargjere ansvarsforholda mellom desse. Som i andre delar av samfunnet har ABE-reforma og kuttpolitikken til regjeringa skapt uro i Forsvaret. Det er derfor behov for å leggje om måten vi tenkjer om effektivisering i forsvarssektoren, i tråd med forsvarsevna og dei overordna sikkerheitspolitiske vurderingane.
• sikre eit sterkt nasjonalt forsvar. SV ønskjer å erstatte eit forsvar innretta mot NATO- operasjonar med eit sterkt nasjonalt forsvar.
• styrkje Sjøforsvaret og ha fleire seglingsdøgn i nord.
• styrkje Hæren og Heimevernet for å auke den norske forsvarsevna.
• krevje at forsvarskommisjonen får eit breitt mandat og ei brei samansetjing for å sikre ein open debatt om endringar i det sikkerheitspolitiske biletet.
• selje kampfly som ikkje trengst for å ta vare på nasjonale forsvarsbehov.
• stanse privatisering og outsourcing av viktige funksjonar i forsvarssektoren. Funksjonar som allereie er anbodsutsette, skal leggjast inn under offentleg drift og kontroll.
• satse på nedkjemping av nye truslar, gjennom god overvaking og etterretning, ved å styrkje kapasiteten til å motstå digitale angrep.
• avvise alle forsøk på å innføre såkalla tilrettelagd innhenting eller andre former for masseinnsamling og -lagring av norske kommunikasjonsdata («digitalt grenseforsvar») gjennom hemmelege tenester.
Fredspolitikk
Skeivfordeling av makt og ressursar er saman med stormakters strev etter kontroll over andre blant dei viktigaste årsakene til krig og konflikt. Klimaendringar og knappe ressursar vil forsterke spenningane i verda i åra som kjem. Global utjamning og kamp mot klimaendringar er derfor avgjerande for å hindre krig og skape fred. Samtidig trengst det internasjonale rettsreglar som hindrar at den sterkaste har rett, og som fremjar fredeleg konfliktløysing.
Noreg har dei siste åra delteke i fleire katastrofale krigar. SV arbeider for at Noreg skal bli ein fredsnasjon og avstå frå krigføring mot andre land. Noreg må søkje å vere ein brubyggjar heller enn å delta i opprusting og blokktenking. Norsk innsats i internasjonale væpna konfliktar skal vere sivil innsats og humanitær bistand, og deltaking i fredsbevarande operasjonar i FN-regi.
• styrkje norsk støtte til freds- og forsoningsarbeid. SV vil arbeide for fredeleg konfliktløysing og respekt for internasjonal rett.
• arbeide for at kvinner, barn og unge og sivilsamfunn deltek i fredsprosessar, konfliktløysing og førebygging av konflikt.
• at eventuell norsk deltaking i militære operasjonar må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Vilkåra er at operasjonen har eit FN-mandat og er under FN-leiing.
• at alle førespurnader om militære operasjonar må behandlast i ope storting og ikkje i ein lukka komité slik som er praksis i dag.
Nedrusting og våpeneksport
Noreg er ein av dei leiande eksportørane i verda av våpenteknologi og ammunisjon. Dette gir Noreg eit særleg ansvar for å forbetre nasjonal kontroll av våpeneksport. Vi må lage eit regelverket som sikrar at norske våpen aldri kan bli brukte i strid med folkeretten og menneskerettane. Atomvåpen vil føre til ein enorm humanitær katastrofe viss dei blir brukte igjen, anten det er resultat av ei vilja handling, ei ulykke eller terror. SV vil halde fram med å jobbe systematisk for målet om ei atomvåpenfri verd. Eit avgjerande middel for å oppnå dette er FN-traktaten som forbyr atomvåpen. Ein høg prioritet for SVs neste stortingsperiode er at Noreg signerer og ratifiserer denne traktaten, og bidreg til at fleire land gjer det same.
Våpenindustrien står overfor eit skremmande teknologisk kvantesprang der vi snart kan utvikle autonome våpensystem – såkalla drapsrobotar. Dette er våpen som i kritiske situasjonar kan velje ut og angripe mål utan meiningsfull menneskeleg kontroll. Internasjonalt blir det jobba for eit forbod mot slike våpen, og SV vil jobbe for eit slikt forbod.
Internasjonal overvakingsteknologi er òg under kraftig utvikling. Nye overvakingsteknologiar, som ansiktsgjenkjenning og annan type biometrisk overvaking, utfordrar retten til privatliv og ei rekkje andre menneskerettar. Vi ser òg at autoritære regime bruker slik teknologi for å overvake og forfølgje menneskerettsforkjemparar. SV meiner at ein dessutan bør føre eksportkontroll med overvakingsteknologi.
• stanse all eksport av våpen eller militært materiell til land som bryt humanitærretten, gjer seg skuldig i grove menneskerettsbrot og overgrep mot eiga befolkning.
• intensivere internasjonale og norske mineryddingsprogram.
• endre eksportkontrollregelverket slik at reglane for våpeneksport òg gjeld for dotterselskap av norsk forsvarsindustri i utlandet.
• styrkje kontrollen med våpeneksporten og krevje sluttbrukarerklæring med reeksportklausul frå alle land, inkludert til NATO-land. SV ønskjer at det blir gjennomført stikkprøvar på oppgitt sluttbrukardokumentasjon, og at avslag på våpeneksport til alle land utanfor NATO blir offentleggjorde.
• setje ned eit offentleg utval som skal gå gjennom kontrollregimet for eksport av forsvarsmateriell med sikte på at omsyn til folkeretten og menneskerettane ligg til grunn for alle eksportløyve.
• sidestille krava til eksport av militært A- og B-materiell.
• sikre at norsk eksport av militært utstyr og fleirbruksvarer er meir open og gjennomsiktig, gjennom jamleg rapportering til Stortinget om eksporten.
• arbeide for at fleire statar ratifiserer FNs våpenhandelsavtale (Arms Trade Treaty – ATT) og hjelpe til med assistanse til andre statars implementering av avtalen der det er ønskjeleg, og dessutan støtte ATTs frivillige fond.
• at Noreg signerer og ratifiserer FN-traktaten som forbyr atomvåpen, og jobbar for at fleire land gjer det same.
• at Noreg løftar fram dei humanitære konsekvensane av atomvåpen i FN og andre internasjonale forum.
• at Noreg skal innta ei leiarrolle i det internasjonale arbeidet for ein traktat som forbyr produksjon, utvikling, overføring og bruk av dødelege autonome våpensystem, såkalla drapsrobotar.
• innføre eksportkontroll på nye typar overvakingsteknologi og jobbe for at desse teknologiane blir omfatta av internasjonale standardar for eksportkontroll.
Demokrati, menneskerettar og internasjonalt samarbeid
Både kampen mot miljøkrisa og koronapandemien viser kor tett vi menneske er knytte saman, og kor sårbare vi er om vi ikkje samarbeider. For å kjempe mot både desse og framtidige globale kriser trengst globalt samarbeid og internasjonal solidaritet meir enn nokon gong. SV skal vere ein tydeleg forsvarar av slikt internasjonalt samarbeid.
FN
FN er den einaste verdsomspennande organisasjonen med universell legitimitet. Noreg skal vere ein sterk støttespelar for FN, og ein konstruktiv kritikar når det trengst. Det globale samarbeidet er ikkje betre enn det medlemslanda ønskjer at det skal vere.
• avgrense hegemoniet til stormaktene i FN. Veto i Tryggingsrådet skal kunne overprøvast med 14 stemmer mot.
• at Noreg arbeider for å endre samansetninga i FNs tryggingsråd slik at ho betre speglar befolkningssamansetninga i verda, og at Generalforsamlinga blir tillagd større myndigheit.
• at Noreg som medlem av FNs tryggingsråd frå 2021 til 2022 skal vere ei tydeleg og uredd stemme for klimainnsats, folkerett og menneskerettar.
• at Noreg tek initiativ til å styrkje ILOs arbeid for å fremje og setje i verk internasjonale arbeidsstandardar og grunnleggjande arbeidstakarrettar i tråd med ILOs kjernekonvensjonar. Norske bidrag til dette arbeidet må aukast.
• auke kjernestøtta til FNs organisasjonar og fond og styrkje arbeidet for at tungrodde og byråkratiske system i organisasjonen blir effektiviserte.
Noregs forhold til EU
SV vil forsvare norsk demokrati og nasjonal sjølvråderett. SV ønskjer samtidig eit sterkt og nært samarbeid med europeiske land som vernar freden, sikrar økonomisk og sosial tryggleik for alle, varetek miljø og klima, og som bidreg til internasjonal fred og solidaritet. Vi meiner at det europeiske samarbeidet skal vere demokratisk. Alle avgjerder må takast så nær folk som mogleg, og alle innbyggjarar må få moglegheit til å ha innverknad over sin eigen kvardag. EU er ikkje eit samarbeid mellom likeverdige statar, men ein overstatleg økonomisk og politisk union, der stadig meir makt blir flytta til overstatlege organ utanfor demokratisk kontroll. Derfor seier SV nei til norsk medlemskap i Den europeiske unionen (EU) og vil seie opp EØS-avtalen.
SV meiner at EØS-avtalen bør erstattast med ein brei handels- og samarbeidsavtale med EU, som sikrar både gode handelsvilkår og grunnleggjande demokratisk påverknad og kontroll.
Så lenge EØS-avtalen består, må reservasjonsretten takast aktivt i bruk av norske styresmakter. Særleg viktig er det å hindre at EU-domstolens mange rettsavgjerder om avregulering av arbeidsmarknaden får effekt i Noreg.
• at Noreg framleis ikkje skal vere medlem av EU.
• ta vare på sjølvråderetten. SV vil bevare kravet om tre fjerdedels fleirtal på Stortinget for å gi frå seg suverenitet.
• ha ei offentleg utgreiing som viser kva alternativ vi har til dagens EØS-avtale, og som samtidig vil sikre ein full og føreseieleg marknadstilgang til Europa.
• greie ut og setje i verk ein ny avtale med EU som erstatning for dagens EØS-avtale, – ein avtale som sikrar gode handelsvilkår, faglege rettar, demokratisk kontroll, miljøog klimaomsyn og som bidreg til økonomisk og sosial utjamning.
• at Noreg aktivt bidreg i arbeidet med å finne felles europeiske og gjensidig forpliktande løysingar på utfordringar som heile Europa deler. Dette gjeld til dømes innanfor klima og miljø, flyktningspørsmål, sikkerheit og energi.
• forhandle med Storbritannia om korleis samarbeidet med Noreg kan styrkjast etter Brexit.
• greie ut korleis europeiske samarbeid som Noreg allereie er medlem av, kan utviklast og styrkjast.
• arbeide imot at Noreg blir trekt stadig djupare inn i EUs forsvarspolitiske samarbeid.
• krevje ei offentleg evaluering av konsekvensane av Schengen-avtalen.
• ikkje gi etter for krav frå EUs kontrollorgan ESA som gjer det vanskelegare å motverke sosial dumping, privatisering eller svekking av velferda.
• ikkje innlemme regelverk i EØS som inneber avståing av suverenitet direkte eller indirekte til institusjonar Noreg ikkje er medlem av, som EUs overnasjonale byrå.
Nordisk samarbeid
Samarbeidet mellom landa i Norden har historisk vore tett, og de har mange ulike og felles utfordringar. Eit meir integrert Norden kan vere ein fordel for regionen, og det gjer at Norden òg kan styrkje innverknaden sin som ei progressiv kraft i verda. Med å tenkje heilskapleg i Norden kan vi styrkje det gode samarbeidet og binde regionen tettare saman.
• etablere ein felles nordisk transportplan med vekt på miljøvennleg infrastruktur.
• styrkje språkfellesskapet i Norden gjennom eit felles nordisk språkarbeid.
• arbeide for å redusere grensehinder i Norden.
• etablere ein effektiv felles nordisk kriseberedskap som på kort varsel og utan grensehinder og tvil om roller og ansvar kan stå til rådvelde og hjelpe landa ved større kriser.
• vidareutvikle ei felles nordisk digital eID-løsning for å gjere det enklare å bruke bank eller offentlege tenester på tvers av grensene.
• gi full medlemskap for Samisk parlamentarisk råd i Nordisk råd.
Demokrati og menneskerettar
Fordeling av økonomiske gode og fordeling av politisk makt heng nøye saman. Ei rekkje land i verda har dei siste åra gått i ei autoritær retning. Dette er ei utvikling som SV vil motarbeide.
SV vil at Noreg skal vere ei tydeleg stemme for berekraftsmåla og menneskerettane i all internasjonal kontakt. Norske økonomiske interesser skal aldri stå i vegen for kritikk av menneskerettsbrot og støtte til kampen for demokrati.
Utanriks- og utviklingspolitikken skal støtte opp om levande demokrati og sterke sivilsamfunn. SV vil gi politisk og økonomisk støtte til fagrørsler, demokratirørsler og sosiale rørsler. Skal den globale forskjellen snuast, må vanlege folk og arbeidarar få sterkare vern og rettar, og fagforeiningsarbeid må styrkjast. Utviklingspolitikken må òg rette innsats sin mot diskriminerte og undertrykte samfunnsgrupper, gjennom å sørgje for at sivilsamfunnsstøtta er brei og inkluderande. Det er uakseptabelt at selskap slepp unna å ta ansvar for å fremje menneskerettane. SV meiner at Noreg må få ei menneskerettslov for næringslivet, som held norske selskap ansvarlege for brot på menneske- og arbeidstakarrettar. SV vil òg at det skal lagast ein ny internasjonal avtale om dette.
SV vil at Noreg tek ei leiarrolle i å nedkjempe okkupasjon og undertrykking, uansett kvar i verda det skjer. SV støttar palestinarane sin kamp mot israelsk okkupasjon og undertrykking, retten kurdarane har til fridom og sjølvstyre, og Vest-Saharas rett til ei folkeavstemming om sjølvstende i sitt eige land.
• verne menneskerettane. SV vil overhalde Noregs forpliktingar overfor internasjonale konvensjonar og avvise forsøk på å svekkje menneskerettane som universelle og udelelege rettar for alle.
• styrkje vernet av menneskerettsforkjemparar og miljøaktivistar, både i FN og i bilateralt samarbeid.
• auke støtta til sivilsamfunnsorganisasjonar og -aktørar.
• støtte etableringa av ei fribyordning for menneskerettsforkjemparar.
• at Noreg prioriterer utviklingssamarbeid som har som målsetjing å styrkje dei faglege rettane til arbeidarar.
• at støtte til kvinners likestilling og rettar skal vere ein prioritet for Noreg i dei internasjonale engasjementa våre, og ein integrert del av norske bilaterale og internasjonale samarbeid. Seksuelle og reproduktive rettar er under press. Det er derfor viktig at Noreg gir politisk og økonomisk støtte til organisasjonar som sikrar prevensjon og trygg abort.
• at FNs resolusjon om kvinners rettar i og etter krig og konflikt, og om seksualisert vald som våpen i krig og konflikt, blir følgd opp og sett i verk.
• at FNs resolusjon om ungdom, fred og sikkerheit blir følgd opp og sett i verk, og at retten barn og unge har til å delta og bli høyrde i fredsprosessar og fredsbygging, blir styrkt.
• at Noreg skal ratifisere den tredje tilleggsprotokollen til Barnekonvensjonen, som gir barn rett til å fremje individuelle klager til FNs barnekomité.
• at Noreg er ein tydeleg aktør internasjonalt for å verne og bevare rettane til urfolk og andre minoritetar. SV vil prioritere innsats for urfolk og støtte til urfolks eigne organisasjonar.
• at Noreg skal vere ein pådrivar for menneskerettane til personar med funksjonsvariasjon, særleg gjennom støtte til funksjonshemma sitt eige rettsarbeid.
• at Noreg tek initiativ til eit internasjonalt forbod mot dødsstraff.
• arbeide for at alle norske selskap, inkludert statlege selskap, opptrer i tråd med FNs prinsipp om næringsliv og menneskerettar.
• innføre ei menneskerettslov for næringslivet som dekkjer alle menneskerettar og miljøkrav, og som gir forbrukarar og organisasjonar rett til informasjon om produksjonsforhold.
• at Noreg anerkjenner Palestina som stat. Okkupasjonen av palestinske område og blokaden av Gaza må opphøyre, og dei ulovlege busetjingane på Vestbreidda må tilbakeførast til palestinarane.
• at norske styresmakter skal utarbeide ei skriftleg tilråding til norsk næringsliv som frårår økonomisk samkvem som støttar opp om ulovleg busetjingsverksemd og andre folkeretts- og menneskerettsbrot i dei okkuperte palestinske områda. Import av produkt frå folkerettsstridige israelske busetjarkoloniar bør forbydast.
• støtte opp om ulike former for boikott, deinvestering og sanksjonar i Noreg og internasjonalt, som verkemiddel for å få Israel til å respektere folkeretten.
• at Noreg skal krevje at det blir gjennomført ei folkeavstemming om Vest-Saharas sjølvstende.
• at Noreg vidarefører det lange freds- og demokratiengasjementet sitt og styrkjer det langsiktige utviklingsarbeidet i Latin-Amerika.
• føre ein utanrikspolitikk for å støtte kurdarane sitt engasjement for fridom, sjølvstyre og menneskerettar i alle delar av Kurdistan.
Flyktning- og asylpolitikk
Noreg må stå i front for å fremje eit internasjonalt samarbeid som møter dei humanitære behova, fremjar asylretten og motverkar dei grunnleggjande årsakene til at folk blir drivne på flukt. Vi må støtte felleseuropeiske initiativ for å avlaste land som får store mengder asylsøkjarar, og bidra til eit solidarisk, forpliktande og permanent kvotesystem i Europa, som sikrar rettstryggleiken og dei grunnleggjande rettane til asylsøkjarane.
Noreg skal føre ein solidarisk, rettferdig og raus asyl- og flyktningpolitikk, som følgjer FNs tilrådingar. Dei som kjem til Noreg og søkjer om asyl, skal få ei human, rettssikker, individuell og rask behandling av søknaden sin. Det skal ikkje opnast for å sende asylsøkjarar som har søkt om vern i Noreg, til eit tredje land utanfor EU for behandling av asylsøknaden. Dei som ikkje har krav på vern, skal returnerast raskt, på ein så verdig måte som mogleg.
• sikre asylretten. Norsk flyktning- og asylpolitikk skal vere forankra i sentrale internasjonale konvensjonar og rammeverk, som flyktningkonvensjonen, menneskerettane og internasjonal humanitærrett. Noreg skal føre ein asylpraksis som er i tråd med tilrådingar frå FNs høgkommissær for flyktningar. SV er imot innstrammingar i asylretten som inneber eit skilje mellom konvensjonsstatus og subsidiært vern. Bruken av mellombelse løyve skal ikkje aukast, men tvert imot minskast. Retten til familiegjenforeining skal gjerast enklare og billigare, ikkje avgrensast. UNHCR si tolking av flyktningkonvensjonen blir lagd til grunn.
• gjeninnføre rimelegvilkåret i internfluktvurderinga i asylsaker.
• auke talet på kvoteflyktningar Noreg tek imot. Det skal leggjast sterk vekt på tilrådingane frå FNs høgkommissær for flyktningar når det gjeld talet på og kriterium for utveljing. Talet bør minst svare til det FN ber oss om å ta imot.
• erstatte Dublin-avtalen med eit felles europeisk asyl- og kvotesystem med forpliktande ansvarsfordeling, som skal fungere parallelt med kvotesystemet til FNs høgkommissær for flyktningar. Fram til vi har fått på plass eit rettferdig europeisk fordelingssystem, ønskjer SV at Noreg skal vere med på å ta imot asylsøkjarar frå land som får svært mange flyktningar, som Italia og Hellas.
• ikkje returnere asylsøkjarar til land i Europa som opplever at det kjem svært mange asylsøkjarar, men nytte unntaksklausulen i Dublin-avtalen til å behandle asylsøknadene i Noreg.
• senke butidkravet for å få permanent opphaldsløyve tilbake til tre år.
• arbeide for at Noreg skal ratifisere FNs konvensjon om rettane til migrantar.
• erstatte Utlendingsnemnda (UNE) med ein flyktningdomstol som sikrar topartsprosess, kontradiksjon og meir munnlegheit.
• sørgje for at det blir innført som vilkår for å kunne vere nemndmedlem i UNE at medlemmen oppfyller eit kompetansekrav, og at det blir oppretta eit innstillingsråd for utnemning av nemndmedlemmer.
• sikre like rettar for konvensjonsflyktningar og flyktningar med rett til subsidiært vern.
• gjere familiegjenforeining for flyktningar enklare og billigare. Det skal ikkje stillast underhaldskrav i familiegjenforeiningssaker for personar med vernestatus, og søknadsgebyret i desse sakene skal fjernast.
• stoppe dagens praksis for opphøyr av flyktningstatus.
• innføre foreldingsfrist for tilbakekalling av statsborgarskap.
• innføre alternative reaksjonar til utvising.
• sikre rettane til statslause. Ein definisjon av statsløyse må innførast i lovverket, og likeins ein statsløyseprosedyre og eit eige opphaldsgrunnlag for statslause.
• ha ein uavhengig gjennomgang av korleis utlendingsstyresmaktene vurderer tryggleiken i land som Noreg tvangsreturnerer asylsøkjarar til.
• innføre ei amnestiordning for menneske som har opphalde seg i Noreg i over ti år, og som staten ikkje har klart å returnere. Vi må også gi menneske med mellombels opphald og ureturnerbare tilgang til mellombels arbeidsløyve.
• gi vern til kvinner som blir fengsla på grunn av abort, og dessutan greie ut moglegheita for å tilby abort til kvinner frå land der dette er straffbart.
Barn på flukt
Vi har eit særleg ansvar for å gi tryggleik og gode rammer til barn på flukt. Søknader som involverer barn, må prioriterast. Barn som søkjar asyl åleine, er ei spesielt sårbar gruppe og har derfor eit spesielt behov for vern og omsorg. SV meiner at barnevernet bør ha ansvar for alle einslege mindreårige asylsøkjarar, for å sikre at alle barn får den omsorga, tryggleiken og barnefaglege oppfølginga dei har krav på. Barn kan aldri stillast til ansvar for handlingane til foreldra. Kva som er best for barnet, må gå føre innvandringspolitiske omsyn.
• sikre gjennom regelverksendringar at omsynet til kva som er best for barnet, skal ha større vekt i alle saker som gjeld barn, og skal vege tyngre enn innvandringspolitiske omsyn.
• sikre barns rett til å bli høyrde. Barn må snakkast med i alle saker som gjeld barn, til dømes ved utvising av ein forelder. I saker der barn er involverte, må barn få sjølvstendige frie rettshjelpsrettar og ha ein sakkunnig som vurderer kva som er best for barnet.
• innføre ein eigen saksbehandlingsgaranti for barn, for å sørgje for særleg rask og trygg behandling av saker som involverer barn. Den barnefaglege kompetansen i heile mottakskjeda må styrkjast.
• sikre at alder blir tillagd vekt i saker som gjeld ungdom som har fylt 18 år, men som framleis er sårbare på grunn av ung alder og at dei er i barnevernet si omsorg.
• fjerne ordninga med å gi mellombelse løyve til einslege mindreårige asylsøkjarar. Dersom barn ikkje har omsorgspersonar, har dei krav på vern og skal få opphald.
• overføre omsorgsansvaret for einslege mindreårige mellom 15 og 18 år til barnevernet.
• at barn ikkje skal bli fråtekne friheita i lukka mottak, heller ikkje ved tvangsretur. Alternative løysingar skal takast i bruk fram til uttransport.
• at barn utan opphaldsløyve og barn på asylmottak skal ha rett til barnehageplass.
• lovfeste retten til barnehageplass for barn på asylmottak.
• kartleggje situasjonen for lengeverande barn i mottak regelmessig, og setje inn eventuelle nødvendige tiltak for å sikre omsorgssituasjonen til barna.
• sikre etterforsking og oppfølging når barn forsvinn frå asylmottak.
• slutte med avgrensa løyve til barn generelt.
• ha ein uavhengig gjennomgang av UNES praksis i saker som gjeld lengeverande barn.
• sikre at omsynet til kva som er best for barnet, skal ha større vekt i alle saker som gjeld barn, og at det skal vege tyngre enn innvandringsregulerande omsyn.
• fjerne ordninga med å gi avgrensa løyve til einslege mindreårige asylsøkjarar. Dersom barn ikkje har omsorgspersonar, har dei krav på vern og skal få opphald.
sv.no
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10469. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.