Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Program · 2021 · nynorsk

Arbeidsprogram 2021-2025

Miljøpartiet De Grønne · 48 521 ord

Arbeidsprogram

2021 2025

Innleiing 5

Hovudsatsingane våre 5

Del 1 - Natur og miljø 7

1. Livskvalitet framfor overforbruk 8

2. Ny, ambisiøs naturpolitikk 10

3. Hav- og kystnatur 13

4. Ureining og miljøgifter 14

5. Plast 15

DEL 2 - Klimapolitikk 17

6. Klimapolitikk i tråd med Parisavtalen 18

7. Frå olje til grøne jobbar 20

8. Energipolitikk 21

9. Klimatilpassing 23

DEL 3 - Transport 25

10. Grøn samferdsel 26

11. Kollektivtransport 27

12. Jernbane 28

13. Vegtrafikk 29

14. Sykkel og gange 31

15. Sjøtransport 32

16. Luftfart 33

17. Varetransport 34

DEL 4 - Økonomi 36

18. Grøn styring av økonomien 37

19. Skatter og avgifter 39

20. Oljefondet 41

21. Handel og internasjonal økonomi 42

DEL 5 - Næringsliv og omstilling 44

22. Ein framtidsretta og modig næringspolitikk 45

23. Ressursar i krinslaup 47

24. Industri 48

25. Offentlege innkjøp 49

26. Gründarar og småbedrifter 51

27. Forsking 52

28. Digitalisering 53

DEL 6 - Eit berekraftig matsystem og bioøkonomi 56

29. Jordbruk 57

30. Skogbruk 59

31. Fiskeri 61

32. Oppdrett og havbruk 62

DEL 7 - Dyr 65

33. Dyrevern og -velferd 66

DEL 8 - Lokalsamfunn 69

34. Bypolitikk 70

35. Levande, grøne distrikter 71

36. Boligpolitikk 73

DEL 9 - Arbeid og velferd 75

37. Arbeidsliv og arbeidsvilkår 76

38. Velferd og sosial rettferd 78

39. Seniorpolitikk 79

DEL 10 - Oppvekst og utdanning 81

40. Ein god start på livet 82

41. Barnehage 84

42. Grunnskule 85

43. Videregåande opplæring 87

44. Høgare utdanning og studentar 89

DEL 11 - Helse og omsorg 92

45. Folkehelse 93

46. Nære helsetenester 95

47. Spesialisthelsetenesta 96

48. Omsorg og rehabilitering 98

49. Psykisk helse 100

50. Ruspolitikk 101

DEL 12 - Kultur 103

51. Kunst og kultur 104

52. Kulturarv 106

53. Språk 108

54. Idrett og fysisk aktivitet 109

55. Friluftsliv 110

56. Frivilligheit 112

DEL 13 - Deltaking, mangfald og likeverd 113

57. Likestilling i utdanning og arbeidsliv 114

58. Lik rett til helse og sjølvbestemming 115

59. Tryggleik og rettstrygd for alle 117

60. Integrering 120

61. Personar med funksjonsnedsetjingar 121

62. Urfolk og nasjonale minoritetar 123

63. Religion og livssyn 125

DEL 14 - Demokrati og rettsstat 127

64. Demokrati og inkludering 128

65. Medium og offentlegheit 129

66. Rettsstat og menneskerettar 130

67. Digitale rettar 132

DEL 15 - Eit trygt samfunn 133

68. Kriminalitet, straff og kriminalomsorg 134

69. Beredskap 135

70. Forsvar 137

DEL 16 - Noreg i verda 140

71. Internasjonalt samarbeid, fred og tryggleikspolitikk 141

72. Noreg i nord 143

73. Europapolitikk 144

74. Asyl- og flyktningpolitikk 146

75. Global utvikling og humanitær bistand 148

76. Miljø- og klimabistand 151

Fridomen, tryggleiken og samhaldet i samfunnet blir truga av miljøøydeleggingar, kortsiktig populisme og aukande ulikskapar. Motgifta er grøn politikk – og grøne politikarar, som forstår at ei betre verd er mogeleg. Målet er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Det krev at me våger å tenka nytt, tek fagkunnskap på alvor, samarbeider på tvers av grenser og fører ein politikk for både menneske og miljø.

Solidaritet er kjernen i Miljøpartiet Dei Grøne sin politikk. Me vil utvida solidariteten til å omfatta alle menneske, dyr, natur og framtidige generasjonar. Den internasjonale, grøne rørsla er bygd på respekt for liv, mangfald, demokrati, likestilling, fridom og ansvar. Dei Grøne lagar politikk basert på erkjenninga av at alle er avhengige av naturen. Me vil mobilisera menneskja sin viljestyrke, skaparkraft og optimisme for å ta vare på livsgrunnlaget på jorda, og fremja samkjensle med alt levende på planeten vår – no, og i tusenåra som kjem.

Me kan gjera det lett å ta miljøvenlege val i kvardagen. Me kan stansa ureining og skapa ei framtid med trygge jobbar, der me tek vare på naturen og borna. Me kan jamna ut forskjellar, utrydda fattigdom og løfta dei mest sårbare. Me kan produsera meir sunn og berekraftig mat i Noreg, samtidig som me tek betre vare på dyra. Me kan redusera forbruket til eit nivå som naturen tåler. Me kan stressa ned, og få meir tid til familie og vener, kultur, friluftsliv og frivilligheit, fordi me kan jobba litt mindre. Me kan bidra til at verda når FN sitt berekraftsmål, slik at alle kan leva gode liv innanfor naturen sine tålegrenser. For å få til dette, må all politikk vera samstemt og trekkja i same retning i tråd med berekraftsmåla og Parisavtalen.

I dette programmet finn du politikken som skal ta samfunnet i retning av denne visjonen. Me kan ikkje lova at omstillinga blir berre lett, men Miljøpartiet Dei Grøne lovar å samarbeida med alle som ønskjer å ta Noreg inn i den grøne framtida på ein inkluderande, rettferdig og berekraftig måte.

Dette programmet blir vedteke midt i ein global koronapandemi som vil prega den komande stortingsperioden. Pandemien har snudd samfunnet på hovudet. Mange har vorte smitta, sjuke og døydd. Arbeidsplassar har forsvunne, og mange slit med einsemd. Samtidig har koronapandemien òg vist at me som samfunn er i stand til å møta store utfordringar i fellesskap. Det gjev håp for at me kan løysa natur- og klimakrisa.

INNLEIING

HOVUDSATSINGANE VÅRE

• Klimahandling, no! Dei Grøne vil gjera Noreg til ein leiarstjerne i den internasjonale

klimadugnaden og føra ein klimapolitikk som er i tråd med Parisavtalen, med mål om 95 prosent utsleppskutt innan 2035. (Les meir i Del 2 - Klimapolitikk.)

• Me vil bidra til utvikling av bygder og distriktsområde, redusera presset på matjord,

natur og anna areal, og leggja til rette for gode liv, tradisjonell og ny grøn næringsutvikling, klimavenlege val og grøne lokalsamfunn over heile landet.

• Revolusjonerande naturpolitikk. Dei Grøne vil stansa utryddinga av artar og bidra

til vekst i natur og biomangfald. Målet er minst tjue prosent betring i naturen sin tilstand og utbreiing innan 2050. Plast, ureining, miljøgifter og søppel skal ryddast opp så fort som mogeleg. (Les meir i Del 1 - Natur og miljø.)

• Enklare, grøn kvardag. Me vil gjera det lett og billig å ta miljøvenlege val. Det skal

bli enkelt å reisa, bu og handla med lågast mogeleg utslepp. Dei som forureinar mykje skal betala meir, medan dei som tek miljøvenlege val skal påskjønast for det. (Les meir i kap. 1 - Livskvalitet framfor overforbruk, kap. 10 - Grøn samferdsel, Del 8 - Lokalsamfunn og kap. 19 - Skattar og avgifter.)

• Trygge, grøne jobbar. Me vil mobilisera fellesskapet sine ressursar for å skapa tusen-

vis av nye, grøne jobbar og byggja opp ny eksportretta industri, med mål om å auka eksporten frå andre sektorar enn petroleum med 50 prosent innan 2030. (Les meir i Del 5 - Næringsliv og omstilling.)

• Krinsløpsøkonomi. Me sikrar at Noreg raskt kan bevega seg mot ein sirkulær økono-

mi nesten utan ureining og avfall. Me satsar på gjenbruk og reparasjon, ny næringsog teknologiutvikling, forsking og skattepolitikk som løner grøne løysingar. (Les meir i kap. 23 - Ressursar i krinsløp og kap. 1 - Livskvalitet framfor overforbruk.)

• Omfordeling. Me kjempar mot aukande ulikskap med meir progressiv skatte- og

avgiftspolitikk, slik at dei rikaste bidreg meir til fellesskapet. (Les meir i Del 4 - Økonomi og kap. 38 - Velferd og sosial rettferd.)

• Ut av oljealderen. I tråd med vårt klimaansvar vil me gjennomføra ein planmessig,

kontrollert omstilling vekk frå petroleumsverksemd innan 2035, samtidig som me ivaretek sysselsetting, bidreg til omskulering av oljearbeidarar og skapar nye arbeidsplassar, i samråd med styresmakter, organisasjonar, arbeidstakarar og industri. (Les meir i kap. 7 - Frå olje til grøne jobbar og kap. 22 - Ein framtidsretta og modig næringspolitikk.)

• Eit berekraftig matsystem. Dei Grøne står for ein heilskapleg matpolitikk som koplar

saman helse, miljø og verdiskaping. Eit berekraftig matsystem gjev auka konkurransekraft for produkt som blir produsert i samsvar med planeten si toleevne og styrkjer folkehelsa. Me vil styrkja global og nasjonal matsikkerheit ved å produsera meir på eigne ressursar, og sjølvforsyningsgraden skal overstiga 60 prosent innan

2030. Bøndene og fiskarane er ein sentral del av løysinga, og dei skal tena godt på samfunnsoppdraget sitt. For å få til dette vil me blant anna fasa ut import av kraftfôr og tilpassa kjøtproduksjonen til det lokale ressursgrunnlaget. Samtidig bør me auka produksjonen av matkorn, frukt, bær, grønsaker og belgvekstar. (Les meir i Del 6 – Berekraftig matsystem.)

• Meir internasjonalt samarbeid og samstemt politikk for berekraft. Me forsterkar inn-

satsen for å nå FN sitt berekraftsmål innanfor naturen sine tolegrenser, fører ein aktiv politikk for meir globalt samarbeid og demokrati, og knyter tettare band til Europa. Berekraftsmåla skal liggja til grunn for all norsk politikk, og Noreg skal trekkja i berekraftig retning i alle sektorar, på alle politikkområde. (Les meir i Del 16 - Noreg i verda.)

• Eit mangfaldig samfunn for og med alle. Me ønskjer eit samfunn der alle uavhengig

av dei føresetnadene ein har i livet, skal kunna delta i arbeidslivet, samfunnslivet, det frivillige og på sosiale arenaer. Difor må me leggja til rette for at alle uavhengig av funksjonsnedsetting, legning, kjønn, seksualitet, etnisitet, alder, tilhøyrsle til religion eller livssyn, språk og kulturell bakgrunn skal få denne moglegheita. (Les meir i Del 13 - Deltaking, mangfald og likeverd.)

DEL 1

NATUR OG MILJØ

1. LIVSKVALITET FRAMFOR OVERFORBRUK

Me har altfor lenge teke det som sjølvsagt at me kan – og skal – forsyna oss av naturen for å skapa velferd og framgang. No veit me at me brukar for mykje. Mange i verda har rett til auka materiell levestandard, men viss alle skulle hatt det same forbruket som nordmenn, ville me trenga over tre jordklodar. Difor må rike land som vårt redusera forbruket og auka ressurseffektiviteten.

Dei Grøne vil gje folk betre liv, samtidig som me reduserer presset på naturen. Me må gjera bruk-og-kast-samfunnet til historie. I staden for å leggja opp til at folk skal jobba stadig meir for å kjøpa stadig fleire ting som me ikkje treng, vil Dei Grøne gjera det enklare å velja meir fritid framfor høgare løn. Då kan me redusera forbruksveksten og tidsklemma, samtidig som me skapar eit meir inkluderande samfunn, med betre tid til barn, familie, vener, kultur- og naturopplevingar, demokratisk engasjement og frivilligheit.

Dei Grøne vil vri forbruket frå miljøbelastande varer og tenester til kultur og opplevingar, og koma sløsing til livs gjennom forbruksavgifter og progressiv skatt. Me vil leggja til rette for deling, gjenbruk og reparasjonar, slik at me i større grad kan klara oss med det me har. Prisane må reflektera miljøavtrykket på varer og tenester og det må stillast strengare miljø- og kvalitetskrav. Det må bli lettare å bruka forbrukarmakta til å velja berekraftige produkt ved hjelp av tydlegare og betre merking.

1. Redusera Noreg sitt økologiske fotavtrykk til eit berekraftig og rettferdig nivå innan 2040, og setja forpliktande delmål som sikrar ei slik utvikling frå og med stortingsperioden 2021–2025.

2. Samarbeida med partane i arbeidslivet om å redusera normalarbeidstida, med stor fleksibilitet for den enkelte arbeidsplass for korleis arbeidstid og arbeidstidsreduksjon skal organiserast. (Likelydande punkt i kap. 37 og 18.)

3. Fjerna meirverdiavgifta på reparasjon, gjenbruk, kollektivtransport og kulturopplevingar.

4. Lovfesta ”retten til å reparera” for alle produkt. Stilla krav til produsentar om moglegheit til reparering og tilgang på nødvendige deler og bruksrettleiing i produktet si forventa levetid.

5. Innføra ei nasjonal merkeordning for informasjon om klima- og miljøavtrykket til produkt og tenester som blir selde i Noreg.

6. Utvida produsentansvaret, slik at produsentar og importørar har ansvar for produkta sine heilt til dei er ferdig gjenvunne og må ta omsyn til gjenvinningsprosessen i design og produksjon.

7. Stilla krav til gjenbruksvenleg design og materialval og at nødvendige opplysningar om høve til gjenbruk følgjer produktet.

8. Stilla strengare minstekrav til levetid for at varer skal kunna marknadsførast i Noreg, og styrkja reklamasjonsretten i forbrukarkjøpslova.

Natur og miljø

9. Heva reklamasjonstida til 10 år for eigna elektriske artiklar, for å oppmuntra til betre slitestyrke og auka levetid.

10. Utgreia obligatorisk merking av venteleg levetid for produkt, samtidig som reklamasjonstida for produkta blir knytt til venteleg levetid, og produktet sin pris over levetida skal koma fram av prislappen.

11. Leggja til rette for fleire dele-, utleige- og utlånsordningar etter modell av dagens bildeleringar og bibliotek.

12. Redusera matsvinnet i heile verdikjeda med 70 prosent innan 2030, gjennom å innføra matkastelov med tydelege krav og støtta løysingar mot matsvinn.

13. Innføra ei avgift for varer som blir kasta frå butikk eller produksjonsstad.

14. Stimulera til at butikkar skal tilby fleire forbruksvarer (f.eks. såpe og vaskemiddel) via dispenser, i lausvekt eller på andre måtar som reduserer emballasjebruk.

15. Regulera reklame i det offentlege rom strengare, stramma inn regelverket mot oppsøkjande reklame, og utgreia ein eigen skatt på reklame og korleis frådragsretten for utgifter til reklame kan fasast ut på ein måte som ikkje fører til omfattande digital lekkasje til utlandet.

16. Avgrensa overforbruk ved å forby ”3 for 2”-kampanjar og andre rabattar eller konkurransar som bind kunden til kjøp av fleire produkt, med mindre produkta er forbruksvarer med lang haldbarheit.

17. Innføra panteordningar for fleire typar produkt og stimulera til bruk av emballasje som kan brukast om att mange gonger før gjenvinning.

18. Beskytta folk mot gjeldsfeller ved å fjerna retten til frådrag for renter på forbrukslån, innføra eit tak for renter på forbrukslån og forby marknadsføring av forbrukslån og kredittkort, og å vurdera endringar i ordninga med at namsmannen må tvangsinndriva småbeløp. (Likelydande punkt i kap. 18.)

19. Ha som langsiktig mål å halvera det norske kjøtforbruket, slik at forbruket ikkje overstig det me kan produsera sjølv på eigne areal og ressursar. Ha som langsiktig mål å fasa ut import av kraftfôr og tilpassa kjøtproduksjonen til det lokale ressursgrunnlaget. (Sjå òg kap. 6 og 33.)

20. Avvikla dagens finansiering av opplysningskontora for animalske produkt til fordel for opplysning om berekraftig mat og sunt kosthald uavhengig av næring.

21. At offentlege kantiner minst éin dag i veka skal servera berre plantebasert mat, og alltid skal ha eit freistande vegetar- og vegansk tilbod.

Natur og miljø

2. NY, AMBISIØS NATURPOLITIKK

Å ta vare på naturen er å oppretthalda grunnlaget for gode samfunn: materiell tryggleik og velferd, god helse og høg livskvalitet. Naturen er dessutan umisseleg for mange fleire artar enn oss menneske, med verdi langt utover den nytte me dreg av den. Menneskeleg aktivitet fører i dag med seg ei masseutrydding, som følgje av blant anna rask nedbygging, oppstykking og øydelegging av natur. FN sitt naturpanel har summert konsekvensane av denne politikken med full vitskapeleg tyngde: Naturen toler det ikkje, og me toler ikkje at naturen blir øydelagd.

Dei Grøne tek Naturpanelet og vitskapen på alvor. Me krev ei grunnleggjande endring av norsk naturforvalting. Naturvern kan ikkje lenger vera bevaring av småflekkar i eit veksande hav av skada natur. Me må slutta å byggja ned natur, og i staden reparera øydelagt natur. Opp mot halvparten av den attverande naturen i verda må på lang sikt vernast, gjennom store og samanhengande område. Dette må også liggja til grunn for norsk politikk.

1. Endra rutinane knytt til kartlegging av naturtypar og artar slik at kommunane får ansvaret for å bestilla utgreiingar på tiltakshavar si rekning.

2. Vedta ei overordna lov som skal sikra gjennomføring av Noreg sitt mål for naturmangfald, etter modell frå klimalova. Måla skal vera null netto tap av natur (målt i tilstand og utbreiing) innan 2025, naturpositivitet innan 2030 og 20 prosent betring innan 2050.

3. Lovfesta fleire absolutte grenser for naturinngrep, og laga reglar som sikrar at samla, langsiktige konsekvensar for naturen blir vektlagt meir i offentlege og private avgjerder.

4. Krevja at den som byggjer ned natur skal betala for restaurering av påverka eller tilsvarande område. Alle inngrep i natur skal krevja eksplisitt løyve, ikkje berre bygging i verneområde.

5. Setja ned eit utval som skal føreslå endringar i plan-, miljø- og naturressurslovgjevinga som betre fremjar ei samfunnsutvikling innanfor naturen sine tolegrenser.

6. Laga ein nasjonal plan for storskala gjenoppbygging av inngrepsfri natur og intakte økosystem.

7. Gje fylkeskommunane ansvar for å, i løpet av stortingsperioden, utarbeida heilskaplege, økosystembaserte forvaltingsplanar som skal vera juridisk bindande.

8. Forplikta kommunane og fylkeskommunane til å føra areal- og naturpolitikk i samsvar med nasjonale mål og inkludera areal- og naturbudsjett i den årlege budsjetthandsaminga.

9. Oppretta eit nasjonalt kompetansesenter for areal- og naturbudsjettering og -rekneskap for å gje rettleiing og støtte til kommunane.

10. Styrkja kommunane sin tilgang på miljø- og planfagleg kompetanse ved å auka tilskota til å engasjera miljørådgjevarar.

Natur og miljø

11. Oppretta ei natursatsordning som påskjønar kommunane for å bevara naturmangfald, etter modell frå dagens klimasatsordning.

12. Styrkja naturen sitt rettsvern ved å oppretta eit uavhengig, nasjonalt klageorgan for miljøsaker og naturinngrep.

13. Fjerna natur- og miljøskadelege subsidiar og avgiftslette.

14. Innføra ei naturavgift for å stansa skadelege og unødvendige naturinngrep i norsk natur og syta for at løysingar og teknologiar som inneber låg naturskade blir meir konkurransedyktige. (Likelydande punkt i kap. 19.)

15. Styrkja naturomsyn i arealforvaltinga ved å flytta forvaltinga av plan- og bygningslova og forvaltinga av jaktbart vilt tilbake til Klima- og miljødepartementet.

16. Innføra ei nærnaturlov for varig vern av område for friluftsliv og naturopplevingar der folk bur. (Likelydande punkt i kap. 55.)

17. Sikra allemannsretten, bevara kystlandskapet og stansa nedbygginga av strandsona, blant anna ved å fjerna kommunane sitt høve til å gje dispensasjon for arealkrevjande inngrep i strandsona, lovfesta at bygging berre kan skje i samsvar med reguleringsplan, avgrensa kommunane sine høve til å omgå byggjeforbodet i 100-metersbeltet gjennom reguleringsplanar, og stilla strenge krav til bevaring av landskap og vegetasjon ved eventuell ny utbygging eller inngrep i strandsona. (Likelydande punkt i kap. 55.)

18. Verna 30 prosent av Noreg sine landområde mot skadelege naturinngrep, i samsvar med tilrådde internasjonale mål.

19. Ivareta naturomsyn betre i all sakshandsaming ved å fjerna avgrensingar på motsegner i natur-, miljø- og arealsaker.

20. Gje villreinen større leveområde ved å kopla saman eksisterande oppdelte område med verna og tilrettelagde korridorar.

21. Leggja betre til rette for pollinerande insekt i areal- og transportplanlegging og i landbruket.

22. Etablera ei rekkje nye nasjonalparkar og verneområde, blant anna Østmarka, Søre Bjørnafjorden og Preikestolen nasjonalpark, og utvida Jotunheimen nasjonalpark.

23. Utgreia Noreg sin første nasjonalpark med eit heilskapleg økosystem med permanente bestandar av store rovdyr, og etablera eit verneområde der jakt og fiske ikkje er lov.

24. Oppretta ei ordning for frivillig vern og restaurering av myr, gamalskog og andre naturtypar med store naturlege karbonlager, inkludert karbon lagra i bakken, tilsvarande eksisterande ordning for frivillig vern av skog.

25. Laga eit nasjonalt rekneskap for naturområde sin tilstand og grad av svekking, som kan brukast som utgangspunkt for arbeid med naturrestaurering.

26. Berre tillata hyttebygging innanfor allereie utbygde område og innføra ei nasjonal maksgrense for hyttestorleik. Ny infrastruktur som vatn, straum, kloakk og veg skal

Natur og miljø ikkje gjevast løyve til i hytteområde der dette vil krevja nye, skadelege naturinngrep, eller gå på kostnad av viktig beitemark.

27. Føra ei aktiv, kunnskapsbasert rovviltforvalting, som utover fagleg funderte bestandsmål og rovdyra sin økologiske funksjon også tek omsyn til beitenæring, busetnad og bruk av naturen. Bestandsmålet for ulv skal aukast til minimum 8–10 heilnorske ynglingar.

28. Avvikla rovviltnemndene slik dei er organisert i dag.

29. Stramma inn regelverk og praksis med å tillata motorferdsel i norsk natur, også for nyttekøyring, slik at omsyn til plante-, dyre- og friluftslivet blir sett først. Ikkje tillata fornøyelseskøyring med vasscooter eller motoriserte køyretøy, inkludert snøscooter, utanfor veg og sti. (Likelydande punkt i kap. 55.)

30. Ta naturvern, i tillegg til friluftsliv, inn i markalova sin føremålsparagraf, styrkja naturvernet ved å ta regulering av skogbruk inn i markalova og gjera Oslomarka til eit internasjonalt pionérområde for restaurering av natur.

31. Innføra krav om økologisk kompensasjon når samfunnsomsyn tilseier at naturområde bør byggjast ut, og det ikkje er mogeleg å unngå, eller tilstrekkeleg avbøta, inngrep i leveområde og naturmangfald.

32. Styrkja forskinga på metodar for verdsetting av natur for å ivareta naturomsyn betre i økonomiske avgjerder, slik som naturkapitalrekneskap.

33. Styrkja den faglege tyngda i innanlands naturforvalting ved å etablera eit statleg naturforskingsinstitutt med tilsvarande posisjon og finansiering som Havforskingsinstituttet og NIBIO, til dømes med utgangspunkt i Norsk institutt for naturforsking.

34. Påleggja relevante kommunar å kartleggja og verdsetja ravinar, og krevja særskilt godkjenning frå statsforvaltaren (tidlegare: “fylkesmannen”) før eventuelle inngrep i ravinar.

35. Sikra at bruk av biodrivstoff ikkje bidreg til auka press på kloden sine attverande naturområde. Dei Grøne ønskjer ikkje bruk av biodrivstoff som er dyrka på matjord, eller som bidreg til å øydeleggja regnskog og andre viktige og verdifulle økosystem.

36. Oppretthalda forbodet mot nydyrking av myr av omsyn til klima og artsmangfald og jobba for å utvida forbodet til eit totalforbod mot nedbygging av myr.

37. Vedta 20 utvalde naturtypar og 200 prioriterte artar innan 2025, og 400 prioriterte artar innan 2030.

38. Innføra strengare restriksjonar for innførsel av plantar og jord for å avgrensa importen av framande artar som følgjer med som blindpassasjerar.

Natur og miljø

3. HAV- OG KYSTNATUR

Noreg består av sju gonger så mykje hav som land. Mesteparten av naturmangfaldet og den biologiske produksjonen er i havet og på kysten. Våre største inntekter kjem frå havet og våre største framtidsmoglegheiter ligg truleg i havet. Norske havområde er relativt godt forvalta samanlikna med mange andre havområde, men òg utsett for hardt press, både i form av klimaendringar og havforsuring, plastureining og næringsverksemd til havs.

Dei Grøne vil byggja vidare på og styrkja Noreg si kunnskapsbaserte og heilskaplege havforvalting. Samtidig må naturen sine tålegrenser og naturverdiane til havs leggjast til grunn for forvaltinga av havområda. Eit representativt utval natur, og sårbar og verdifull natur, må vernast mot alle relevante truslar. Me må beskytta område med korallrev, urørt tareskog, ålegrasenger og andre viktige botnhabitat, og restaurera forringande område. Miljøkrava til næringsverksemd må skjerpast. Forvaltingsplanane må vidareutviklast, blant anna med tydlegare mål for miljøtilstanden. Me må styrkja kunnskapen om havøkosystema og påverkinga vår på dei.

1. Verna minst 30 prosent av Noreg sine havområde (inkludert den økonomiske sona og kontinentalsokkelen) etter eit tverrsektorielt regelverk, i samsvar med tilrådde internasjonale mål.

2. Gjera heile naturmangfaldslova gjeldande for norske havområde, inkludert reglane om områdevern, utvalde naturtypar og prioriterte artar.

3. Gjera forvaltingsplanane for havområda rettsleg bindande, inkludera kyst- og fjordområda og fastsetja mål for miljøtilstanden.

4. Vidareføra og styrkja kartlegginga av naturmangfald til havs og på kysten, på grunnlag av Mareano og andre program, og omsetja denne kunnskapen til relevante vernetiltak.

5. Styrkja kunnskapen om påverknad frå havvind på marine økosystem, marine næringar, sjøfugl og trekkvegar, og sikra at denne blir teke omsyn til i all havvindutbygging.

6. Garantera at sårbare og verdifulle område som Lofoten, Vesterålen og Senja, iskantsonen, polarfronten i Barentshavet og Norskehavet, havområda rundt Jan Mayen, Mørebankane, Iverryggen og Skagerrak aldri blir opna for oljeverksemd, fordi ingen nye område skal opnast for oljeverksemd. (Likelydande punkt i kap. 7.)

7. Berre gje nye konsesjonar til lukka oppdrettsanlegg og krevja lukka teknologi på alle eksisterande anlegg innan 2025. Vekst på eksisterande anlegg før 2025 skal ikkje tillatast, med mindre dei har null utslepp, null lus, null rømming og låg dødsprosent. (Likelydande punkt i kap. 32.)

8. At berre oppdrettskonsesjonar med høg rømmingstryggleik og god dyrevelferd skal utløysa utbetaling frå Havbruksfondet, og at utbetaling til eksisterande konsesjonar blir trappa ned i tråd med målet om lukka anlegg innan 2025.

9. Ikkje tillata fiske av plankton (f.eks. raudåte) og sakteveksande artar på store djup,

Natur og miljø havbaserte oppdrettsanlegg eller andre nye marine næringar før me har eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag. (Likelydande punkt i kap. 31.)

10. Ikkje opna område for utvinning av mineral på havbotnen med mindre det ligg føre fullgode avklaringar av effektar på naturmangfaldet.

11. Sørgja for ei miljøforsvarleg opprydding i giftige botnmassar og ureining i hamner, elvemunningar og fjordar.

12. Seia nei til all deponering av gruveavfall i sjø, inklusive i Førdefjorden og Repparfjorden, og leggja til rette for alternativ bruk av restmassar frå gruver og tunellar.

13. Betra situasjonen for sjøfugl ved å leggja næringsbehovet til sårbare bestandar inn i modellar for fiskeri- og økosystemforvalting.

14. Utvida grensene for nasjonale laksefjordar til alle område som er viktige for villaksen og regulera næringsverksemd, utbygging og andre truslar mot villaksen langt strengare.

15. Støtta utvikling av småbåtvaskeri og skjerpa inn regelverket for miljøgifter og botnstoff.

16. Innføra obligatorisk båtførarbevis for alle motoriserte fritidsbåtar og inkludera miljø- og naturomsyn i opplæringa.

17. Krevja lukka septiksystem i fritidsbåtar over 30 fot.

4. UREINING OG MILJØGIFTER

Miljøgifter, ureining og forsøpling blir i dag spreidd over heile jordkloden og kan føra til irreversible skadar på miljø og helse. Verken menneske, dyr eller økosystem er tilpassa ei verd der plastureining og mikroplast fyller hava. Skadelege stoff kan spreia seg til jord, vatn og mat. Nye miljøgifter blir stadig tekne i bruk, sjølv om me framleis har avgrensa kunnskap om langtidsverknadane. Me veit likevel at barn er spesielt sårbare for miljøgifter. Det offentlege og næringslivet må ta langt større ansvar for å beskytta menneske, natur og dyreliv mot farlege stoff, og rydda opp i og hindra ny skadeleg forsøpling og ureining. Føre-var-prinsippet bør liggja til grunn.

Dei Grøne sin strategi for å stansa forsøpling, ureining og spreiing av miljøgifter er å erstatta dagens bruk og kast-økonomi med ein kretsløpsøkonomi der materialar, avfall og søppel blir brukt oppatt og gjenvunne. I kyst- og havlandet Noreg må kampen mot marin forsøpling stå sentralt. I byane er kampen mot helsefarleg luftureining ei hovudsak for Dei Grøne. I tillegg er nye og gamle utslepp frå industri, gruveavfall, landbruk og oppdrettsverksemd også kjelder til ureining som må ryddast opp i.

1. Jobba for å sikra at klede, mat, leiker, emballasje og andre forbrukarprodukt som blir selde i Noreg skal vera trygge og giftfrie.

2. Sørgja for rein luft i norske byar og lokalsamfunn. Dei Grøne vil mellom anna

Natur og miljø satsa på kollektivtransport, sykkel og gange, stimulera utskifting til reintbrennande vedomnar og gje lokalpolitikarar betre høve til å innføra miljødifferensiering i biltrafikken. (Likelydande punkt i kap. 45.)

3. Skjerpa krava til luftkvalitet slik at dei er i tråd med Folkehelseinstituttet sine tilrådingar.

4. Bruka offentlege innkjøp aktivt til å etterspørja miljømerka produkt, for å avgrensa bruk av miljøgifter og andre skadelege kjemikaliar. (Likelydande punkt i kap. 25.)

5. Få på plass trygge løysingar for lagring av alle typar farleg avfall, inkludert det norske atomavfallet.

6. Innføra ei avgift på deponering av gruveavfall og restmassar for å stimulera til auka gjenfylling og gjenbruk av avfallet.

7. Styrkja merkeordningar som gjer det enkelt å finna ut om produkt inneheld stoff som kan skada helse og miljø.

8. Stoppa lysforureininga. Påleggja kommunane å utarbeida ein handlingsplan for å redusera bruken av kunstig lys. Jobba for å sertifisera norske nasjonalparkar som ”International Dark Sky Park”.

9. Ta støyforureining på alvor i all samfunnsplanlegging og avgrensa støy som skadar livskvalitet, helse og dyr. Forby all privat oppskyting av fyrverkeri.

10. Gjeninnføra forbodet mot bruk av blyhagl til jakt.

11. Forby produksjon, import og bruk av alle perfluorerte stoff i forbrukarprodukt.

12. Styrkja norsk forsking på miljøgifter og ureining, inkludert forsking på miljøgifter sin effekt på barn og på miljøverknadane av såkalla nanoformer av stoff.

13. Jobba for eit globalt forbod mot dei farlegaste miljøgiftene og for å styrkja det europeiske kjemikalieregelverket REACH.

5. PLAST

Plast er eit nyttig produkt, men fører til store problem når det hamnar på avvege. Plastproblemet er eitt av mange døme på korleis gamaldags bruk-og-kast-tenking øydelegg livsgrunnlaget. Plastøkonomien har vore basert på at plast skal kastast, og at miljøkostnader ikkje skal betalast. Resultatet er ekstrem sløsing med ressursar og enorm forsøpling, som gjer omfattande skade på natur og dyreliv – til lands og til havs.

Gode løysingar på plastutfordringane er viktig for naturen, men òg for å sparka i gang den sirkulære økonomien. Norsk sjømatnæring og reiseliv har sterk interesse av at Noreg går føre i å løysa plastproblemet. Det finst alt mange gode alternativ til plast i ei rekkje produkt, og fleire er under utvikling. Dei Grøne vil fremja disse alternativa og støtta utvikling og innføring av nye, berekraftige løysingar. Me vil òg stilla langt strengare krav til gjenvinning mot produsentar og forhandlarar av plast, og gå i spissen for ein nasjonal og global dugnad for å redusera produksjon og bruk av plast, auka gjenvinningsgraden og rydda opp plasten som har hamna i naturen.

Natur og miljø

1. Utgreia og innføra eit avgiftssystem på plast som gjer resirkulert plast konkurransedyktig i høve til ny fossil plast, reduserer bruk av unødvendig plast og kan finansiera eit avfalls- og resirkuleringssystem som gjev null plastavfall og høg gjenvinningsgrad.

2. Vidareutvikla ein nasjonal plan for full opprydding av plastsøppel i norsk natur innan 2030, basert på Rydd Norge-programmet.

3. Halvera bruk av kortliva plast (“eingongsplast”) innan 2027, og fremja miljøvenlege alternativ.

4. Setja som mål at halvparten av plastprodukt i Noreg skal vera laga av gjenvunnen plast innan 2030.

5. Auka gjenvinningsgraden av plastemballasje til 70 prosent innan 2025 og leggja til rette for mest mogeleg kortreist gjenvinning.

6. At Noreg forsterkar innsatsen for ein forpliktande global avtale som regulerer produksjon, bruk og gjenvinning av plast, og som stansar plastforsøpling og spreiing av mikroplast både i hava og på land.

7. Setja i verk eit ambisiøst samarbeid mellom offentleg og privat sektor for å vidareutvikla system for plastinnsamling, teknologi for resirkulering og marknad for bruk av resirkulert plast.

8. Utvikla dagens produsentansvarsordningar for å påleggja produsentar, forhandlarar og brukarar av plast fullt produkteigarskap. Dette medfører ansvar for opprydding, gjenvinning og resirkulering av eigne produkt.

9. Fasa ut bruk av jordbruksplast (rundballeplast, solfangarduk og liknande) som ikkje kan komposterast fullt ut under norske forhold utan å etterlata miljøskadelege stoff.

10. Stansa spøkelsesfiske med ikkje-nedbrytbart plastredskap ved å påleggja norsk fiskerinæring og alle som fiskar i norske farvatn innan 2023 å merkja alle reiskapar så dei kan finnast og sporast tilbake til eigar, og påleggja eigar økonomisk ansvar for opprydding og miljøskade.

11. Styrkja Fiskeridirektoratet sitt program for opprydding av spøkelsesreiskapar i norske farvatn.

12. Redusera spreiing og bruk av mikroplast frå kjelder som bildekk, landbruk, tekstilar, måling, hudpleieprodukt og vaskemiddel, og fasa ut gummigranulat på kunstgrasbanar i samarbeid med næringslivet og idretten.

13. Endra retningslinjene for godkjenning av leikeplassar slik at fallunderlag av plast blir fasa ut.

14. Forby plastprodukt med helse- og miljøskadelege tilsettingsstoff, som hormonhermarar, flammehemmarar og liknande.

Natur og miljø

DEL 2

KLIMAPOLITIKK

6. KLIMAPOLITIKK I TRÅD MED PARISAVTALEN

Brenning av olje, kol og gass er den viktigaste årsaka til klimaendringane. Dess meir me brenn, dess farlegare blir klimaendringane for samfunn og natur. Dei neste få åra vil avgjera om me klarar å stansa stadig meir dramatiske klimaendringar, som uhindra vil gjera stor skade på liv, helse og eigedom. I Parisavtalen sette verdas nasjonar eit mål om å avgrensa den globale oppvarminga til under 1,5 grader. Vitskapen fortel oss at me alt har passert dei fleste realistiske grensene for å nå dette målet. Skal me ha nokon som helst sjanse, må me handla langt raskare, meir målretta og kreativt enn det politiske fleirtalet har vore villige til så langt.

Dess fortare me kuttar utsleppa, dess tryggare kan me vera på å løysa klimakrisa utan å måtta øydeleggja natur eller basera oss på eksperimentell teknologi. Dei Grøne vil redusera Noreg sine utslepp av klimagassar med 80 prosent i høve til 1990-nivå innan 2030, i tråd med eit karbonbudsjett for 1,5-grader som ikkje legg til grunn framtidig bruk av usikre og risikofylte teknologiar for å trekkja CO2 ut av atmosfæren. Dette vil krevja ein gjennomsnittleg utsleppsreduksjon på litt over 13 prosent i året. I tillegg må me ta ansvar for dei indirekte utsleppa Noreg sitt forbruk medfører, og bidra til å støtta og finansiera klimatiltak internasjonalt.

Skal me nå klimamåla, må alle sektorar i samfunnet bidra. Dei største ureinarane må likevel ta det største ansvaret. Utsleppa må kuttast mest innan olje og gass, industri og transport. Dei viktigaste grepa er å fasa ut oljeverksemda, elektrifisera transporten og skifta til fornybar energi og fornybart råstoff i industrien. Mesteparten av teknologien som trengst har me allereie. Me må ta i bruk eksisterande klimaløysingar, samtidig som me bidreg til at nye løysingar kan utviklast og kommersialiserast raskt.

1. Redusera utsleppa av klimagassar frå norsk territorium med 80 prosent innan 2030 og 95 prosent innan 2035 i forhold til 1990-nivå.

2. Skjerpa klimalova ved å inkludera krav om nasjonale klimabudsjett og tilhøyrande handlingsplanar som del av statsbudsjettet frå 2022.

3. Innføra ei ordning med klimabelønninga “KAF” (Karbonavgift til fordeling), der inntektene frå enkelte miljøavgifter, som til dømes auka drivstoffavgifter, blir delte direkte ut att til alle innbyggjarar. Avgifta skal vera innretta på ein måte som sikrar at den fungerer geografisk og sosialt rettferdig. (Likelydande punkt i kap. 19.)

4. Oppretta eit uavhengig, fagleg fundert klimaråd med mandat til å vurdera måloppnåing og føreslå nødvendige tiltak og verkemiddel for å nå måla.

5. At klimaeffekten av alle større statlege avgjerder skal vurderast opp mot nasjonale utsleppsmål og Parisavtalen.

6. Innføra ein klimalov for kommunane som fastset at kommunane skal styra etter klimaplanar og klimabudsjett som minimum er i tråd med Parisavtalen. (Likelydande punkt i kap. 6.)

7. Gjera ”Klimasats” til ei permanent ordning.

8. 8. Gjera klimaomstillinga lettare for kommunar og fylkeskommunar ved å fjerna

Klimapolitikk hindringar i lovverket, auka støtta til kommunale klimatiltak og gjennomføra ei storsatsing på fleire klima- og miljørådgjevarar. (Likelydande punkt i kap. 35.)

9. Fasa ut sal av nye fossile personbilar og motorsyklar innan 2023, nye fossile varebilar innan 2025 og halvparten av nye fossile lastebilar innan 2027. (Likelydande punkt i kap. 13.)

10. Etablera eit CO2-fond, tilsvarande NOX-fondet, for raskt å fasa inn nullutsleppsteknologi for tungtransport, varebilar og bussar. (Likelydande punkt i kap. 17.)

11. Vedta ein forpliktande opptrappingsplan for CO2-avgifta i tråd med klimamåla, for å fremja utvikling av og byte til nullutsleppsteknologi. (Likelydande punkt i kap. 19.)

12. Redusera biltrafikken i og rundt dei større byane med minst 20 prosent i løpet av stortingsperioden og ein tredjedel innan 2030. (Likelydande punkt i kap. 13.)

13. Fjerna utsleppa frå alle store punktutslepp innan 2030 gjennom ei storstilt satsing på karbonfangst, hydrogen frå fornybare energikjelder, avfallsbasert biogass, fornybart råstoff og brensel i industrien, og karbonfangst på store avfallsforbrenningsanlegg.

14. Få på plass CO2-reinsing på avfallsanlegget på Klemetsrud og Norcem i Brevik så raskt som mogeleg.

15. Sikra at alle bygg- og anleggsprosjekt blir fossilfrie innan 2025 og utsleppsfrie innan 2030.

16. Stansa fossilbasert cruisetrafikk i Noreg til fordel for berekraftig transport og reiseliv.

17. Fasa inn nullutsleppsløysingar for ferjer, passasjerskip, godsskip, fiskeflåten, oppdrettsnæringa og fritidsbåtar.

18. Ha som langsiktig mål å halvera det norske kjøtforbruket, slik at forbruket ikkje overstig det me kan produsera sjølv på eigne areal og ressursar. Ha som langsiktig mål å fasa ut import av kraftfôr og tilpassa kjøtproduksjonen til det lokale ressursgrunnlaget. (Likelydande punkt i kap. 1 og 33.)

19. Utvikla eit nasjonalt rekneskap for indirekte klimapåverknad frå varer og tenester og laga mål og handlingsplan for å redusera denne påverknaden.

20. Støtta og bidra til tilstrekkeleg finansiering av den internasjonale klimadugnaden, blant anna gjennom overføring av teknologi og kompetanse til utviklingsland og midlar til FN sitt grøne klimafond.

21. Støtta internasjonalt koordinerte forskingsprosjekt innan teknologiar for å regulera solinnstråling og fjerna CO2 frå atmosfæren. Me vil jobba for streng, internasjonal kontroll over utviklinga av slik teknologi, for å ivareta føre-var-prinsippet og sikra forsvarleg bruk dersom det blir aktuelt.

Klimapolitikk

7. FRÅ OLJE TIL GRØNE JOBBAR

Olje- og gassindustrien er Noreg sitt største bidrag til global oppvarming. Petroleumssektoren bremsar Noreg si grøne omstilling – økonomisk, strukturelt og mentalt. Dei Grøne tek konsekvensen av at verda allereie har funne mykje meir olje og gass enn det klimaet toler. Me går inn for det einaste som er forsvarleg om me skal unngå global klimakollaps og beskytta norsk økonomi mot sviktande oljeetterspurnad: å frigjera Noreg frå å vera avhengig av olja. Me vil raskt omstilla samfunnet til utsleppsfri energi, gradvis avvikla produksjon av olje og gass på ein kontrollert og føreseieleg måte og skapa tusenvis av grøne jobbar.

Eit karbonbudsjett for 1,5 grader global oppvarming tilseier at me har under 15 år på oss til å kutta CO2-utsleppa ned mot null. Noreg har allereie fortært ein uforholdsmessig stor del av verda sitt karbonbudsjett. Som eit rikt land med gode høve til omstilling, må Noreg ta ekstra ansvar for å kutta eigen produksjon. Dei Grøne føreslår derfor å fasa ut olje- og gassverksemda i løpet av 14 år frå starten av stortingsperioden – altså innan 2035.

Utfasinga kan kombinerast med framleis høg sysselsetting og aktivitet i Noreg. Den skal følgjast av ei storsatsing på låg- og nullutsleppsløysingar på sokkelen, til dømes knytt til havvind og karbonfangst- og lagring. I tillegg vil me satsa på gode program for omskulering og kompetanseoverføring, og føra ein næringspolitikk som utviklar industri innanfor eksempelvis havvind, batteriteknologi, hydrogen, maritim sektor, bionæringar, CCS og kraftsystem, som saman kan skapa tusenvis av nye, grøne arbeidsplassar.

Kompetansen tilsette i oljeindustrien har vil vera svært verdifull for å gjennomføra overgangen til eit meir berekraftig samfunn. Dei Grøne vil gjennomføra utfasinga på ein måte som sikrar stabilitet og økonomisk tryggleik.

Dei Grøne vil gjennomføra utfasinga på ein måte som sikrar stabilitet og økonomisk tryggleik for alle dei som jobbar i oljenæringa, og for regionar der næringa er viktig i dag. Målet er å omstilla flest mogeleg av dagens petroleumsarbeidsplassar til trygge, grøne arbeidsplassar som leverer berekraftige produkt og tenester. Me føreslår derfor å setja ned ein breitt samansett oljekommisjon, etter modell frå den tyske Kolkommisjonen.

1. Gjennomføra ei gradvis, føreseieleg og planmessig utfasing av petroleumsverksemda innan 2035.

2. Etablera ein oljekommisjon der styresmakter, arbeidstakarorganisasjonar, forskings- og kunnskapsmiljø, og næringsliv samarbeider om ein plan for å oppretthalda sysselsetting og skapa nye jobbar samtidig som oljeverksemda blir fasa ut.

3. Gje økonomisk tryggleik til oljearbeidarar som vil omskulerast og skifta jobb til andre næringar.

4. Føra ein langsiktig og målretta politikk for vekst i grøne eksportnæringar, med overordna mål om å auka eksport frå andre sektorar enn petroleum med 50 prosent innan 2030, samtidig som miljøavtrykket frå produksjonen blir redusert til eit minimum. (Likelydande punkt i kap. 22.)

5. Utvikla program for teknologioverføring frå olje- og gassindustrien til andre næringar.

6. Etablera eit program gjennom Enova for oppstartsbedrifter som brukar kompetanse

Klimapolitikk frå petroleumssektoren i ny, berekraftig verksemd.

7. Stansa opning av nye og utviding av eksisterande olje- og gassfelt på norsk sokkel og ikkje dela ut fleire utvinningsløyve til petroleumsindustrien, verken i ordinære tildelingsrundar eller gjennom TFO-ordninga.

8. Fjerna dei gunstige særordningane og skattefordelane som i dag oppmuntrar til investeringar i klimafiendtleg fossil energi og aukar risikoen for samfunnsøkonomisk ulønsame investeringar. (Likelydande i kap. 19.)

9. Trappa opp CO2-avgifta på utslepp frå petroleumsverksemd i tråd med klimamåla.

10. Innføra ei omstillingsavgift per utvunne fat olje og gass.

11. Ta initiativ til ein global avtale mellom land som produserer fossilt brensel om å avgrensa tilbodet av slikt brensel.

12. Garantera at sårbare og verdifulle område som Lofoten, Vesterålen og Senja, iskantsona, polarfronten i Barentshavet og Norskehavet, havområda rundt Jan Mayen, Mørebankane, Iverryggen og Skagerrak aldri blir opna for oljeverksemd, fordi ingen nye område skal opnast for oljeverksemd. (Likelydande punkt i kap. 3.)

13. Stenga Barentshavet søraust for petroleumsverksemd umiddelbart.

14. Stilla krav om nullutsleppsløysingar frå kraftproduksjonen på oljefelt som alt har fått løyve til utbygging, og som ikkje kan stansast.

8. ENERGIPOLITIKK

Den mest miljøvenlege energien er den som ikkje blir brukt. Energipolitikken må starta med å kutta energiforbruket, både direkte og ved å erstatta ineffektiv fossil energi med meir energieffektive løysingar. Då vinn både klimaet og naturen. Me treng ei ambisiøs satsing på energieffektivisering i næringslivet, offentleg sektor og heime hjå folk flest. Dei Grøne vil bruka støtteordningar, avgifter og miljøkrav for å få energiforbruket ned.

Noreg sine moglegheiter for eksport av fornybar energi er størst innanfor havvind. Ved å utnytta offshorekompetansen i oljeindustrien og vindressursane i dei enorme havområda våre, kan me utvikla eit nytt norsk industrieventyr. Slik kan me skapa arbeidsplassar og inntekter, samtidig som me bidreg til å løysa klima- og naturkrisa.

All kraftproduksjon må ta omsyn til blant anna naturverdiar, friluftsliv og urfolk sine interesser. På land er dei fysiske inngrepa større, plassen mindre og menneska fleire. Dei Grøne vil derfor føra ein restriktiv politikk for vindkraft på land, der ingen utbyggingar skjer i urørt natur og der nye utbyggingar berre får løyve i nærleiken av eksisterande tyngre inngrep. Me vil vurdera moglegheitene for opprusting og utviding av vasskraftverk der dette ikkje går på kostnad av natur.

Energiforbruket må så raskt som mogeleg bli fornybart, både i Noreg og andre land. Dei Grøne vil samarbeida på tvers av landegrenser for å erstatta kol, olje og gass med sol, vind, vatn og andre berekraftige energiformer. Dei Grøne meiner at moderne kjernekrafttekno-

Klimapolitikk logi har ei viktig rolle i det grøne skiftet. FN’s Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC) slår fast at noko auka bruk av kjernekraft som energikjelde på global basis kan bli nødvendig dersom me skal nå klimamåla i tide. Me vil derfor oppretthalda og vidareutvikla Noreg sine miljø innanfor utdanning og forsking på moderne atomreaktorteknologi. Eit samordna energisystem i Europa er ein føresetnad for å nå klimamåla og sikra effektiv utnytting av infrastruktur og naturressursar. Både Noreg, Europa og klimaet tener på ein felles energimarknad.

1. Styrkja Stortinget sitt mål om energisparing i bygg, med mål om ei innsparing på 13 TWh i norsk bygningsmasse, og ta i bruk nye verkemiddel for å nå målet. Me vil prioritera energisparingstiltak som medfører reelt lågare klima- og miljøavtrykk over bygningen si levetid.

2. Leggja til rette for energisparing i hushaldningar, industri- og byggsektoren gjennom auka løyvingar, auka el-avgift og krav om nullenergibygg og plusshus.

3. Auka Noreg sitt fornybarmål for energiforbruk til 90 prosent innan 2030. Dette skal vera Noreg sitt bidrag til at Europa samla sett når målet om 32 prosent fornybarandel i 2030, og til at målet for EU- og EØS-landa kan skjerpast.

4. Satsa stort på vindkraft til havs på norsk sokkel, med mål om minst 30 GW samla effekt innan 2030, på vilkår av at naturkonsekvensane er forsvarlege og at omsynet til marine økosystem og næringar, sjøfugl og trekkvegar alltid blir ivaretekne. (Likelydande punkt i kap. 22.)

5. Etablera ei eiga støtteordning for havvind, etter modell frå Storbritannia, som fremjar best tilgjengeleg teknologi og samtidig sikrar selskapa ei minimumsinntekt slik at ein kan byggja ut raskt.

6. Setja mål om at Noreg innan 2030 skal ha solstraum med samla effekt på 5 GW og rusta opp verkemiddelapparatet kraftig for å få det til. Blant anna skal støtta til solceller på eksisterande bygg utvidast, og det skal gjevast støtte til solceller på nybygg og bygningsintegrerte solceller.

7. Stimulera til eigenproduksjon av straum for privatpersonar, burettslag og næringsliv.

8. Stimulera til auka produksjon av biogass frå avfall.

9. Styrkja naturomsyn og heilskapsperspektivet i energipolitikken på land og til havs. I konsesjonsprosessar skal det stillast strenge krav til involvering av miljøstyresmaktene, konsekvensutgreiingar, demokratisk medverknad, kunnskapsinnhenting, detaljprosjektering, etterundersøkingar og økologisk kompensasjon.

10. Føra ein restriktiv politikk for utbygging av vindkraft på land. Framtidige vindkraftkonsesjonar på land i Noreg bør avgrensast til område med eksisterande inngrep og infrastruktur, og skal ikkje redusera område med urørt natur, reinbeite eller andre viktige natur- og friluftslivsverdiar.

11. Sikra at Noreg sine energiressursar inngår i ein mangfaldig og desentralisert felles kraftmarknad med resten av Europa, og bidreg til å erstatta forbruk av fossil energi i våre naboland, blant anna gjennom å støtta fleire sjøkablar til Storbritannia og

Klimapolitikk kontinentet. (Likelydande i kap. 73.)

12. Styrkja Statkraft SF og Nysnø klimainvesteringer AS som statlege pådrivarar innan utvikling og produksjon av fornybar energi.

13. Utarbeida ein nasjonal strategi for korleis norsk kompetanse og norske, statlege selskap kan bidra til det globale grøne skiftet ved å utvikla, byggja, og drifta fornybar kraftproduksjon i utlandet.

14. Prioritera naturomsyn mykje høgare i vurdering av konsesjon til nye vasskraftverk og småkraftverk, og samtidig greia ut korleis me kan rusta opp og modernisera eldre vasskraftverk.

15. Utvida forbodet mot bruk av fossil olje til oppvarming av bygningar til å omfatta bruk av fossil gass.

16. Jobba for at Equinor raskast mogeleg blir omstilt til eit internasjonalt grønt energiselskap og at selskapet sine utanlandssatsingar i fossil energi blir selde eller avvikla.

9. KLIMATILPASSING

God klimapolitikk må kutta utslepp fort nok til å unngå at natur og samfunn blir øydelagt, men òg rusta Noreg og verdssamfunnet for dei farlege klimaendringane me uansett må leva med framover. Noreg opplever no meir hyppige og alvorlege naturhendingar, slik som ekstremvêr, skred, flaum og problem med overvatn. I andre land og regionar blir folk og dyr ramma av store skogbrannar, tørke, flaum, ekstremvêr, sviktande avlingar og svolt. I åra som kjem risikerer me at millionar blir drivne på flukt som følgje av klimakrisa. Klimatilpassing blir ei sentral oppgåve for kvar einaste framtidig regjering.

Den store klimarekninga for staten, regionar og kommunar byrjar å bli synleg i form av kostnader for å tilpassa vegar, jernbane, avløp, busetnad og infrastruktur til eit endra klima. For å sikra at omsyn til klimaendringar kjem inn i all planlegging, treng me eit kompetanseløft på klimatilpassing i kommunane. Samtidig trengst meir kunnskap om korleis klimaendringar vil påverka matproduksjon og biologisk mangfald på land og i havet.

Noreg er eit rikt og stabilt land. Me har tent store summar på eksport av fossil energi. Difor har me òg eit moralsk ansvar for å bidra til å hjelpa andre land med å omstilla seg til utsleppsfri energi og tilpassa seg livet på ein varmare klode. Dette er samtidig ei investering i ei meir stabil verd. Dei Grøne vil bruka deler av oljerikdommen til å satsa på omstilling og klimatilpassing internasjonalt.

1. Sikra at storsamfunnet stiller opp for lokalsamfunn som har vore utsett for alvorlege naturhendingar, gjennom auka støtte til gjenoppbygging og førebygging av nye hendingar.

2. Utarbeida ein nasjonal, sektorovergripande klimatilpassingsplan for å sikra at klimatilpassing blir ivareteke i kommunane sine arealplanar, sikra viktige samfunns-

Klimapolitikk funksjonar og ta vare på naturmangfald i eit endra klima.

3. Styrkja kompetanse, førebygging og beredskap for handtering av skred, flaum og andre naturfarar. (Likelydande punkt i kap. 69.)

4. Kartleggja alle utbygde område, og område med kritisk infrastruktur og matproduksjon, som på grunn av klimaendringar og manglande tilpassing inneber ein farleg risiko for flaum og skred. Kartlegginga blir følgd opp med tilrådingar om område som bør fråflyttast eller sikrast. Ved behov vil me bruka statlege vedtak og fullfinansierte handlingsplanar.

5. Få ned vedlikehaldsetterslepet og rusta opp all relevant infrastruktur med omsyn til klimaendringane. Jernbane, vegar, offentlege bygg og straum- og avløpsnett skal prioriterast.

6. Jobba for at grøntstrukturen blir bevart og utvida ved nybygging, særleg i byar og tettstader, og gjenopna bekkar og elvar slik at me betre kan handtera overvatn ved svært stor nedbør. Me vil òg bruka parkar, grøntområde og gatetorg for dette føremålet, og etablera fleire grøne og blågrøne tak og takhagar.

7. Sørgja for at alle kommunar og relevante offentlege instansar har tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse til å tilpassa seg ekstremvêr og andre klimaendringar.

8. Etablera beredskapslager for korn, matvarer, medisinar og anna samfunnskritisk materiell som kan bli mangelvare når det oppstår kriser. (Likelydande punkt i kap. 69.)

9. Som hovudregel stilla krav om grøne tak, solenergiløysingar eller andre miljøvenlege klimatilpassingstiltak for alle nybygg og ved rehabilitering av takflater.

10. Satsa på naturbaserte løysingar for klimatilpassing.

11. Auka løyva til klimatilpassing i tråd med Parisavtalen, og jobba for at ein større del av den internasjonale støtta går til utviklingsland og sårbare øystatar.

12. Etablera ei støtteordning for klimatilpassingstiltak på privat eigedom.

Klimapolitikk

DEL 3

TRANSPORT

10. GRØN SAMFERDSEL

Norsk samferdselspolitikk har vore planlagt på bilen sine premiss. Dette har hatt store negative konsekvensar for klima, luftureining, arealbruk, folkehelse, bumiljø – ja, kort sagt, for menneske og miljø over heile landet. Samstundes har bilen gitt auka mobilitet, noko som er avgjerande for fridom, næringsutvikling og beredskap. Utfordringa no er å leggja om transportsektoren for framtida. Tiltak som reduserer behovet for transport, og som med det reduserer behovet for investeringar i ressurskrevjande infrastruktur, skal alltid vurderast og prioriterast. Ein må prioritera jernbane framfor nye vegar og rullebaner for fly. All transport til havs og på land må skje utan utslepp.

I distrikta er bilen ofte eit viktig transportmiddel. Fylkesvegane er svært viktige for folk der dei bur. Dei Grøne vil prioritera godt vegvedlikehald, trafikktryggleik og overgang til utsleppsfrie løysingar i heile landet. I tillegg er det viktig å prioritera utvikling av ny transportteknologi som kan gjera det mogleg med betre og billigare kollektivløysingar i og utanfor byane.

1. Gjera klima- og naturmål og vern av matjord forpliktande for areal- og transportplanlegging, herunder Nasjonal transportplan (NTP).

2. At alle transportprosjekt skal vera naturnøytrale. Alle inngrep som er uunngåelege for å byggja vegar, jernbane og liknande må det bli kompensert for ved at det blir restaurert eller reetablert natur ein annan stad.

3. Samordna bustad-, areal- og transportpolitikken slik at transportbehovet blir redusert. Det regionale nivået og staten må få større mynde til å styra arealpolitikken for å oppfylla dette målet.

4. Gi lokalpolitikarane betre moglegheiter til å innføra lokale ordningar og restriksjonar på trafikken, til dømes nullutsleppssoner og krav om betaling for private parkeringsplassar.

5. Utvida ordninga med byvekstavtalar til å omfatta fleire byar som satsar på kollektivtransport, sykkel og gange, samt auka løyvingane til ordninga.

6. Etablera ei ordning med gjensidig forpliktande bygdeutviklingsavtalar for berekraftig distriktsutvikling. Avtalar blir inngått mellom staten og planmyndigheitene på lokalt og regionalt nivå, etter mal frå byvekstavtalane.

7. Jobba for å gjera fleire arbeidsreiser miljøvenlege gjennom skattefritak for månadskort og greia ut løysingar som gjer kollektiv meir fordelaktig enn billige parkeringsplassar ved arbeidsplassar.

8. Erstatta dagens statlege normer for vegbygging med nye veg- og gatenormalar som vektlegg mjuke trafikantar, byutvikling, universell utforming, bumiljø, trafikktryggleik, natur og klima.

9. Sørgja for at Noreg ligg i front i å ta i bruk nye teknologiar som effektiviserer transport eller gir mindre naturtap, sånn som ny tunnelboreteknologi, maglev-tog, hyperloop o.l. Ved nye utbyggingar av transportinfrastruktur må ein vurdera nye, banebrytande teknologiar innanfor akseptable risikorammer.

Transport

11. KOLLEKTIVTRANSPORT

Når me reiser saman sparar me både plass, energi og ressursar. Kollektivtransport reduserer behovet for naturinngrep og dempar belastninga bilisme legg på miljø og lokalsamfunn. Dei Grøne vil gjera kollektivreisa til ryggraden i Noregs persontransportsystem, særleg i byområde. Så mange som råd skal sleppa å vera avhengige av privatbilen.

Me vil gjera kollektivreisa til det naturlege førstevalet for flest mogleg. Det krev utbygging av kollektivtilbodet, hyppigare avgangar, rimelege billettar, komfort, universell utforming, samordning av brukarvenlege billettsystem som er universelt utforma og god korrespondanse mellom ruter. Det er også avgjerande at kollektivtilbodet ikkje blir utkonkurrert av nye vegprosjekt og privatbilisme. Samferdselsmidlar må prioriterast til kollektivtrafikken framfor til bilen.

1. Kutta kollektivprisane med 20 prosent.

2. Greia ut innføring av gratis kollektivreiser innanfor eige fylke for ungdom under 26 år.

3. Styrkja Entur som ei brukarvenleg fellesløysing for alle kollektivbillettar og jobba for betre korrespondanse mellom ulike kollektivoperatørar i heile landet.

4. Innføra ei belønningsordning for fylkeskommunar som etablerer nye tilbod innan utsleppsfri kollektivtransport.

5. Gjennomføra meir fleksibel kjernetid og bruk av heimekontor i offentlege verksemder, særleg i byområde, for å utnytta kapasiteten i kollektivnettet betre og redusera transportbehov.

6. Sikra finansiering til ekspressbussruter der det ikkje er togtilbod.

7. At staten skal stå for minst 80 prosent av finansieringa av store kollektivinvesteringar i byane.

8. Premiera kommunar og regionar som reduserer biltrafikken med auka drifts- og investeringsmidlar til kollektivtransport.

9. At all ny kollektivtransport som blir kjøpt inn skal oppfylla krav til universell utforming. Kollektivtransport skal vera eit likeverdig tilbod for alle menneske, uavhengig av funksjonsgrad. (Likelydande punkt i kap. 58.)

10. Prøva ut og satsa på nye teknologiar og transportløysingar for eit meir brukarvenleg kollektivtilbod i distrikta.

Transport

12. JERNBANE

Tog er ei av dei mest miljøvenlege transportformene. Dei Grøne vil byggja ut jernbanen framfor å satsa på bil og fly. Togtilbodet må bli godt nok til at dei reisande vil føretrekkja tog på lange og mellomlange reiser der tilhøva ligg til rette for det. I tillegg vil Dei Grøne jobba saman med nabolanda våre for å sikra gode og attraktive togsamband mellom Noreg og Europa.

Det hastar med å prioritera løysingar som gjer at det norske jernbanenettet blir kopla på det europeiske togtilbodet også for høgfart. Dette vil gi betre tilbod både for pendlarar, reisande på korte og lengre avstandar, samt for frakt av gods.

Ansvaret for skjener, drift og togmateriell er i dag splitta opp og konkurranseutsett. Dette gjer det svært uoversiktleg og vanskeleg å få til ei heilskapleg utvikling av togtilbodet. Dei Grøne vil stansa oppsplittinga av utbygging og drift på norske skjener.

1. Gjera alle jernbanestrekningar utsleppsfrie.

2. Utvida jernbanesatsing på Austlandet og starta bygging av ny jernbanetunnel gjennom Oslo.

3. Byggja fleire dobbeltspor der det er tenleg, mellom anna på Trønderbanen, Vossebanen, Ofotbanen og Jærbanen.

4. Auka løyvingane for å redusera vedlikehaldsetterslepet.

5. Betra utlandssambanda med jernbane og samarbeida med nabolanda våre for å etablera gode nattogtilbod til utlandet.

6. Gi nattogtilbodet eit kraftig løft, med fleire sovevogner, reduserte prisar og høve for fleire reisande per kupé.

7. Sikra god internettdekning på regiontoga.

8. Redusera reisetida mellom Oslo og Kristiansand ved å kopla saman Sørlandsbanen med Vestfoldbanen.

9. Byggja Nord-Noreg-banen.

10. Jobba for redusert reisetid og kapasitetsauke med tog slik at tog kan erstatta fly mellom Bergen-Oslo, Trondheim-Oslo og Stavanger-Oslo, og vidare også greia ut dobbeltspora høgfartsbanar.

11. Prioritera målretta tiltak som aukar kapasiteten for godstransporten på skjener.

12. Integrera Flytoget i det ordinære jernbanetilbodet i Oslo-området, slik at kapasiteten kan utnyttast betre.

13. Reversera oppsplittinga av planlegging, bygging, materiell og vedlikehald for norsk jernbane. Evaluera konkurranseutsetjinga av togdrifta, og vurdera å reversera denne etter kvart som kontraktane går ut med mål om å samla togtilbodet i eitt statleg selskap.

Transport

14. Sikra at det alltid er billigare å reisa med regiontog enn med fly og bil.

15. Opna for at private kan byggja ut og drifta ny og raskare jernbane mellom Oslo og Stockholm, med førutsetnad om at det ikkje går ut over viktige naturverdiar og at all infrastruktur fell tilbake til staten etter at konsesjonen har gått ut.

13. VEGTRAFIKK

Biltrafikken er ei av de største kjeldene til utslepp av klimagassar, og er den største årsaka til helseskadeleg støy, lokal luftureining og utslepp av mikroplast. Det er derfor nødvendig å redusera behovet for bilkøyring gjennom restriktive tiltak, smart arealplanlegging og systematisk utbygging av infrastruktur for kollektivreiser, gange og sykkel. Person- og varebilar og bussar vil likevel ha ein viktig plass i det norske transportsystemet framover. Me må derfor framskunda omlegginga til utsleppsfri vegtrafikk.

Dei Grøne legg prinsippet om at forureinar skal betala til grunn. Me støttar tids- og miljødifferensierte bompengar i storbyområda. Kapasitetsaukande motorvegprosjekt høyrer fortida til. Me vil prioritera vedlikehald, trafikktryggleik og naudsynte utbetringar av vegnettet som også legg tilhøva til rette for dei som går og syklar. By- og tettstadsutvikling som sikrar livskvalitet og gode, trygge lokalmiljø skal ha forrang framfor høg fart og trafikkflyt for bilar. Kollektiv-, vare- og nyttetransport må prioriterast på vegane over heile landet. Dei Grøne vil sikra ei berekraftig utbygging av vegnettet, og leggja mykje større vekt på konsekvensane for klima, miljø og natur – samt bereidskap og tryggleik – når prosjekt blir planlagt.

1. Etablera ei bygdemiljøpakke for miljøvenleg transport i distriktskommunar, med tiltak som leasingstøtte for elbil, bestillingsbussar, utlån av el-syklar og storskala utbygging av ladestasjonar.

2. Sørgja for at det blir bygd ut eit samanhengande ladenett innan 2023, og prioritera at infrastrukturen i distrikta blir bygd ut slik at elbil blir eit reelt alternativ i heile landet.

3. Betra trafikktryggleiken ved å utbetra eksisterande vegar, framfor å byggja store nye veganlegg mellom landsdelane.

4. Leggja ned Nye Veier.

5. Gå mot alle nye kapasitetsaukande motorvegutbyggingar.

6. Redusera biltrafikken i og rundt dei større byane med minst 20 prosent i løpet av stortingsperioden og ein tredjedel innan 2030. (Likelydande punkt i kap. 6.)

7. Innføra ei støtteordning for etablering av ladepunkt i burettslag og sameige.

8. Redusera den generelle farten i tettbygde strøk frå dagens 50 km/t til 40 km/t, og til 30 km/t i byområde med blanda trafikk og til 20 km/t rundt skular og barnehagar.

9. Stilla strenge krav til sikt i køyretøy som skal køyra i byområde, for betre å verna om syklistar og andre mjuke trafikantar mot store køyretøy med farleg store blindsoner.

Transport

10. Gjennomføra hyppigare fartskontrollar på ulykkesutsette strekningar, og gjera meir bruk av fotoboksar og strekningsmåling.

11. For å sikra mjuke trafikantar i bybiletet vil MDG tillata meir bruk av automatisk trafikkontroll og ta i bruk denne teknologien for å handheva mellom anna innkøyring forbode og køyring på raudt lys.

12. Gi kommunane fleire og sterkare verkemiddel for å redusera trafikkstøy i byar, og vidare også høve for prøveprosjekt med støyradar. Politiet må gjennomføra fleire kontrollar, og bøtene for støyureining må aukast.

13. Krevja bruk av “grøn asfalt” ved offentlege anbod.

14. Setja av forskingsmidlar til tiltak som kan redusera utslepp av mikroplast og svevestøv, til dømes nye typar vegdekke og bildekk.

15. Omforma statlege motorvegar og fylkeskommunale hovudvegar i byane til bulevardar med redusert fart og omdisponering av vegareal til sykkelvegar, fortau, kollektiv-/ sambruksfelt og tilplanting.

16. Fasa ut sal av nye fossile personbilar og motorsyklar innan 2023, nye fossile varebilar innan 2025 og halvparten av nye fossile lastebilar innan 2027. (Likelydande punkt i kap. 6.)

17. Vurdera å innføra dynamisk vegprising som supplement til bompengar for å sikra nedgang i biltrafikken og finansiering av kollektivtiltak, støyskjerming, sykkel og gange.

18. Vidareføra fordelane for utsleppsfrie køyretøy inntil dei er konkurransedyktige.

19. Styrkja miljøprofilen i eingongsavgifta for å gjera alle bilar med utslepp dyrare. Me vil fjerna vektrabatten i eingongsavgifta for ladbare hybridar og CO2-rabatten i eingongsavgifta for lette varebilar.

20. Trappa opp avgiftene på fossilt drivstoff, og øyremerka påslaget til klimabelønning og tiltak som fremjar miljøvenlege alternativ.

21. Gi insentiv til bruk av bildeling, til dømes momsfritak for elbilar brukt til bildeling, seinare innfasing av eingongsavgifter enn for privateigde bilar og billigare leige av parkeringsplassar.

22. Stilla krav om utsleppsfrie køyretøy i alle offentlege kontraktar og anbod.

23. Innlemma autonome køyretøy som del av kollektivtilbodet der dette kan føra til meir miljøvenleg og effektiv transport og totalt færre køyretøy på vegane.

24. Regulera utleige og bruk av elektriske ståmopedar (“elsparkesyklar”) og andre former for motorisert mikromobilitet for å unngå konflikt med andre trafikantgrupper, særleg gåande og personar med nedsett funksjonsevne.

25. Leggja om støtteordningane for nullutsleppskøyretøy på ein måte som stimulerer til meir reparasjon, gjenbruk og lengre levetid.

Transport

26. Auka bompengane monaleg i storbyområda, og premiera byar som reduserer biltrafikken med auka statlege bidrag til kollektivtransport, sykkel og gange.

27. Innføra nye nasjonale mål for at talet på personar som er utsette for støyplagar frå vegtrafikken blir redusert med minst 30 prosent innan 2030.

14. SYKKEL OG GANGE

Sykkel og gange er dei mest miljøvenlege måtane å forflytta seg på til og frå daglege gjeremål. Det er også bra for helsa. Samstundes er dei mjuke trafikantane ei utsett gruppe i trafikkbiletet i dag. Eit hovudmål for Dei Grøne er derfor å byggja ein infrastruktur som skil dei mjuke trafikantane frå dei motoriserte køyretøya, samt å skilja gåande og syklande. Gode vanar startar i barndommen. Så mange som råd skal kunna gå eller sykla trygt til skulen og fritidsaktivitetar.

Byane og tettstadene våre har i altfor stor grad blitt bygd ut på bilen sine premiss. Moderne samfunnsplanlegging inneber å frigjera flest mogleg frå å vera avhengige av bilen. Dei Grøne vil påskjøna offensive klima- og miljøkommunar med statlege bidrag som støttar opp om kommunane sine eigne ambisjonar og utbygging av sykkelvegnett, ekspressykkelvegar og trygge gang- og sykkelvegar.

1. Stimulera til opprettinga av bilfrie sentrum i byar og tettstader, mellom anna gjennom bymiljøpakker.

2. Leggja til rette for snarvegar for gåande, som kortar ned avstandar og gjer det meir attraktivt å gå.

3. Ha som hovudregel å byggja fysisk åtskilde gangvegar og sykkelvegar.

4. Endra regelverket slik at mjuke trafikantar får auka prioritet og framfor bilar, som å gi syklistar “grøn bølgje” i byane og bilistar vikeplikt der vegar kryssar sykkelvegar.

5. Laga ein nasjonal sykkelstrategi med sikte på å dobla den delen som syklar innan 2025.

6. Gjennomføra ei storstilt utbygging av samanhengande infrastruktur for syklande ved å gi øyremerkte midlar til fylkeskommunane og kommunane.

7. Innføra ei ordning som påskjønar kommunar og fylke som byggjer ut trygge gangog sykkelvegar.

8. Trappa opp løyvingar til drift og vedlikehald av sykkelvegar.

9. Byggja sykkelhotell ved alle store jernbanestasjonar og kollektivknutepunkt.

10. Stimulera til etablering av deleordningar for lastesyklar.

11. Innføra momsfritak på elsyklar og el-lastesyklar.

Transport

12. Jobba for at det blir gratis med sykkel på alle kollektive transportmiddel utanom rushtid.

13. Leggja betre til rette for sykkelturisme i Noreg og gjennomgå dei nasjonale sykkelrutene for å utbetra trafikktryggleik og skilting.

14. Auka kvaliteten på sykkelopplæringa i skulen ved å gjera tilgjengeleg kompetanse frå det frivillige, verna om gratisprinsippet i sykkelopplæringa og vurdera eit timetalskrav til sykkelopplæring i kroppsøvingsfaget.

15. At ferje skal vera gratis for fotgjengarar og syklistar.

15. SJØTRANSPORT

Sjøfartsnasjonen Noreg har gode føresetnader for å bli verdsleiande på miljøvenleg og effektiv skipsfart. Me har ei unik moglegheit til å bruka vår posisjon i IMO og andre internasjonale forum til å vera ein pådrivar for omlegginga. Utsleppsfrie fartøy og nullutsleppsteknologi kan bli ein viktig eksportartikkel og vil bidra til auka sysselsetjing langs kysten. Tilsette i olje- og leverandørindustrien har mykje kompetanse som vil vera nyttig og viktig i dette utviklingsarbeidet.

Det vil ta tid før all sjøtransport er basert på nullutsleppsteknologi. Derfor er det viktig å få i gang tiltak i den eksisterande flåten som vil redusera klimagassutslepp på kort sikt. Kystfylka har naturlege samband som bør utnyttast i større grad enn i dag. Snøggbåtar og båttaxi utan utslepp bør bli ein del av kollektivtransporten der det er mogleg. Utsleppsfrie ferjer er eit mykje betre alternativ for natur og klima enn gigantiske bruer og tunnelar. Det trengst ei satsing på infrastruktur i hamner og skipsleier for å leggja til rette for sjøtransport for framtida.

1. Samarbeida med den maritime næringa om å gjera Noreg til verdas første utsleppsfrie sjøfartsnasjon, og etablera nye insentivordningar for ein framtidsretta skipsindustri.

2. Jobba for at utslepp frå skipsfarten blir inkludert i EUs kvotehandelsdirektiv ETS, og at det på sikt blir etablert CO2-avgifter på all internasjonal skipsfart.

3. Jobba for at det blir etablert ei avgift på internasjonal, fossil skipsfart og at midlane blir øyremerkte investeringar i nullutsleppsfartøy.

4. Satsa på autonom, utsleppsfri skipsfart, særleg der dette kan erstatta godstrafikk på land.

5. Stilla krav om utsleppsfrie fartøy i alle anbod for ferje- og snøggbåtdrift, og etablera ei raus kompensasjonsordning til dei fylka som går føre.

6. Etablera eit CO2-fond for skipsfarten som blir brukt til å stimulera klimavenlege løysingar for nærskipsfart basert på nullutsleppsteknologi, energieffektivisering og fossilfrie løysingar.

Transport

7. Innføra avgiftsfritak og gunstige avskrivingsreglar for nullutsleppsfartøy.

8. Etablera tilskotsordning for ombygging av eksisterande fartøy til nullutslepp.

9. Krevja at alle nye fiskefartøy skal byggjast for utsleppsfri drift.

10. Etablera energistasjonar med naudsynt ladekapasitet i dei viktigaste gods- og fiskerihamnene.

11. Bidra til ei elektrifisering av fritidsbåtane gjennom avgiftslette for elektriske båtar, auke av avgiftene for fossile båtmotorar og drivstoff, innføra avgift på båtdiesel, samt gi støtte til utbygging av ladepunkt for fritidshamner.

12. Løyva midlar til forsking knytt til å utvikla framtidas skipsfart.

13. Seia nei til fossilbasert cruisetrafikk langs norskekysten.

14. Videreutvikla kondemneringsordninga for skip for å oppmuntra til innfasing av nullutsleppsfartøy.

15. Byggja ut landstraum raskare for å kutta klimagassutslepp og betra luftkvaliteten i norske byar.

16. Satsa på ”fossilfri E39”, med moderne, utsleppsfrie ferjer, i staden for vegprosjekt som har mål om heilt eller delvis ferjefri E39.

17. Noreg må ta initiativ til at flaggstatens rolle og makt blir redusert i høve til hamnestaten. Skipsulykker med miljøkonsekvensar må ein kunna rettsforfølgja i landet til farvatnet der ulykka har funne stad.

18. Innføra vrakpant for kommersielle fartøy samt fritidsbåtar, og subsidiera gjenvinning av materialar i gamle fartøy framfor å selja fossile båtar vidare til andre land.

19. Innføra obligatorisk register også for mindre fritidsbåtar.

16. LUFTFART

Flytrafikken har bidrege til store CO2-utslepp. Dei Grøne vil gjera flytrafikken utsleppsfri så rask som råd. Dersom veksten i flytrafikken igjen aukar til same nivå som før koronapandemien vil det likevel vera naudsynt å redusera flytrafikken monaleg for å redusera utsleppa raskt nok. Det kan ein gjera ved å gjera tog til eit konkurransedyktig alternativ der det er mogleg, samt vri etterspurnaden i miljøvenleg retning ved hjelp av avgifter, kvoteordningar eller reguleringar.

I delar av landet med store reiseavstandar er fly framleis eit viktig transportmiddel. Satsing på elfly vil vera avgjerande for å sikra transportmoglegheitene i distrikts-Noreg. Vi kan likevel ikkje venta på en umogen teknologi før vi kuttar utsleppa. I påvente av ein elektrifisert flyflåte, vil Dei Grøne jobba aktivt for å redusera utsleppa frå all flytrafikk.

Flytrafikk blir i dag subsidiert ved sprit- og tobakksal gjennom taxfree-ordninga. Dei Grøne meiner dei reelle kostnadene for flytrafikken må synleggjerast og dekkast gjennom billettprisane, og vil avvikla taxfree-ordninga på flyplassar.

Transport

1. Auka klimaavgifta på ureinande flyreiser, differensiert ut frå reiseavstand og tilgangen til alternative reisemåtar.

2. Etablera prosjekt for utvikling av utsleppsfri flytransport på kortbanenettet i Nord-Noreg og på Vestlandet med mål om rask elektrifisering av alle ruter.

3. Etablera servicesenter for elfly og vidareutvikla utdanningstilbodet for elflypilotar og -teknikarar ved utdanningsinstitusjonar i Nord-Noreg.

4. Seia nei til nye storflyplassar og kapasitetsaukande nye rullebaner på norske flyplassar.

5. Endra mandatet til Avinor ved å stilla tydelegare klimakrav, fjerna målet om vekst i trafikken og setja mål om monaleg trafikkreduksjon.

6. Greia ut eit system med omsetjelege personlege kvotar for flyreiser, med mål om ein meir rettferdig reduksjon i flytrafikken som tar omsyn til geografiske og sosioøkonomiske skilnader.

7. Avvikla ordninga med taxfree-handel på flyplassar, redusera taxfreekvoten til eit minimum og innføra taxfree-ordning på grensekryssande langdistansetog.

8. Forby reklame for ureinande flyreiser.

9. Jobba internasjonalt for å leggja avgifter på flydrivstoff til bruk i utanlandsreiser.

10. Jobba for eit forbod mot private jetfly som ikkje er utsleppsfrie.

11. Arbeida for at all internasjonal flytrafikk blir inkludert i internasjonale klimaavtalar.

17. VARETRANSPORT

Effektiv transport av gods er viktig for konkurranseevnen til norsk næringsliv. Å flytta meir gods frå veg til bane og sjø vil redusera klimagassutslepp monaleg og bidra til auka trafikktryggleik. Dei Grøne vil satsa på teknologiutvikling som raskt kan bidra til effektiv og miljøvenleg varetransport.

Rekordstore motorvegutbyggingar gjer at miljøskadeleg og trafikkfarleg godstransport på veg vinn over gods på kjøl og bane. Dei Grøne vil heller byggja ut jernbanetilbodet, slik at godskapasiteten aukar. Samstundes vil me leggja til rette for at meir gods kan sendast sjøvegen. I byar og tettbygde strøk er det ei utfordring at vareleveransar skjer med store bilar som bidrar til utslepp, støy og vanskar med å koma fram for mjuke trafikantar. Dei Grøne vil fremja løysingar for smidig varelevering med stillegåande, utsleppsfrie og arealeffektive transportmiddel.

Transport

1. Støtta omlastingssentralar i dei største byane, som sørgjer for utsleppsfri varelevering med mindre varebilar og elsyklar i sentrumsområda.

2. Overføra gods til bane og sjø, og fasa inn utsleppsfrie køyretøy og skip.

3. Redusera behovet for transport ved å stimulera til lågare forbruk, meir kortreist varehandel og ein meir sirkulær økonomi.

4. Sørgja for redusert massetransport gjennom å leggja til rette for lokale lagringsplassar for massar og bygningsrestar som skal gjenbrukast.

5. Prioritera utbygging av godsterminalar, godshamner og effektive omlastingssentralar for sjøvegs varetransport.

6. Sikra jernbanen si konkurranseevne samanlikna med tungtransport på veg.

7. Etablera eit CO2-fond, tilsvarande NOX-fondet, for raskt å fasa inn nullutsleppsteknologi for tungtransport, varebilar og bussar. (Likelydande punkt i kap. 6.)

8. Setja i verk tiltak som raskt gir auka kapasitet for gods på jernbanenettet.

9. Etablera ei betalingsløysing for obligatorisk bombrikke for nyttetransport for å sikra lik konkurranse i transportnæringa.

10. Styrkja ordningar for å redusera risiko og etableringskostnader og verna oppstartsfasen for leverandørar av miljøvenleg godstransport.

11. Styrkja tiltak mot kabotasjekøyring, og intensivera arbeidet med å sikra at alle som transporterer varer i Noreg jobbar under ordna forhold.

12. Auka grensekontrollen av varebilar og tyngre køyretøy for utslepp og teknisk stand, samt at sjåføren i det heile held regelverket.

Transport

DEL 4

ØKONOMI

18. GRØN STYRING AV ØKONOMIEN

Målet for økonomien må vera gode og trygge liv innanfor naturen sine tolegrenser, ikkje stadig høgare produksjon og auka materielt forbruk. Alle skal oppleva materiell tryggleik. Ingen born skal veksa opp i fattigdom. Eigarskap og marknadsmakt bør vera meir desentralisert enn i dag, og fordelingspolitikken må vera rettferdig. Samstundes må økonomien leggja til rette for skaparkraft, oppfinnarånd og eit mangfaldig næringsliv som driv samfunnet framover. Dei Grøne vil reformera økonomien med nye mål om redusert klima- og naturbelastning, meir rettferdig fordeling i Noreg og globalt, auka ressurseffektivitet, etablering av nye, grøne jobbar og meir etiske investeringar.

Noreg må forlata førestillinga om ein økonomi som kan veksa evig basert på ikkje-fornybare ressursar, og raskt flytta oss mot ein krinslaupsøkonomi der ressursane blir sett i sirkulasjon. I staden for alltid å jaga etter auka BNP, som om det var eit mål i seg sjølv, vil Dei Grøne jobba for å gjera økonomien meir effektiv og berekraftig gjennom redusert forbruk, rask teknologiutvikling og innovasjon. Skal me ta vare på livsgrunnlaget til borna våre, må me våga å prioritera akutte krisetiltak, sjølv om desse tiltaka kan få negative økonomiske konsekvensar i ein periode. Det største potensialet for å utvikla eit lykkelegare, varmare og tryggare samfunn i åra framover er ikkje knytt til auka materielt forbruk for dei som alt har mykje. Gevinstar frå auka produktivitet bør i større grad takast ut i redusert arbeidstid og meir fritid framfor høgare forbruk.

For Dei Grøne er ikkje auka offentleg pengebruk eit mål i seg sjølv. Me planlegg for ei framtid der me ikkje lenger kan løysa vanskelege politiske prioriteringar med stadig auka oljepengebruk. Me vil føra ein politikk som førebyggjer og reduserer framtidige offentlege kostnader ved å styrkja folkehelsa, inkludera fleire i arbeidslivet og investera meir i klimatilpassing. Me meiner likevel det vil vera behov for litt auka offentlege utgifter i den neste stortingsperioden. Denne auken vil me mellom anna finansiera gjennom auka miljøavgifter som legg dei reelle miljøkostnadene inn i prisen på varer og tenester.

1. Utvida statsbudsjettet med forpliktande mål og budsjett for livskvalitet og økologisk berekraft, og leggja desse til grunn for den økonomiske politikken, etter prinsippa i “smultringmodellen”.

2. Innføra årlege sektorvise klimabudsjett som ein del av statsbudsjettet frå 2022, samt innføra forbruksbaserte klimareknskap og budsjett.

3. At kommunane og fylkeskommunane skal styra etter areal- og naturmangfaldsbudsjett og -rekneskap som blir knytt til kommunebudsjettet.

4. Synleggjera i statsbudsjettet kor stor miljøbelastning Noreg sin import og eksport bidrar til globalt, og kor stor del av verdsressursane Noreg legg band på med forbruket vårt.

5. Samarbeida med partane i arbeidslivet om å redusera normalarbeidstida, med stor fleksibilitet for den enkelte arbeidsplassen for korleis arbeidstid og arbeidstidsreduksjon skal organiserast. (Likelydande punkt i kap. 1 og 37.)

6. Redusera det økologiske fotavtrykket i Noreg til eit berekraftig og sosialt rettferdig nivå innan 2040, og setja forpliktande delmål som sikrar ei slik utvikling frå og med stortingsperioden 2021-2025.

Økonomi

7. Gi Finansdepartementet overordna ansvar for at vedtatte mål på livskvalitet, økologisk berekraft, klimagassutslepp og redusert materielt forbruk blir innfridd.

8. Bruka meir pengar på tiltak som førebyggjer større framtidige kostnader.

9. Redusera vedlikehaldsetterslepet for offentleg infrastruktur i løpet stortingsperioden for å redusera kostnadene vi overlèt til neste generasjon.

10. Avvikla avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma (ABE-reforma) og erstatta denne med ei meir målretta effektiviseringsreform tilpassa ulike sektorar og arbeidsplassar.

11. Gi kommunane fleire moglegheiter til å etablera lokale miljøavgifter som anten kan delast ut att som “miljøavgift til fordeling” eller brukast til å løysa lokale fellesoppgåver.

12. Greia ut moglege belønningsordningar for selskap som presterer godt på årleg rapportering for økologiske og sosiale verdiar.

13. Fremja demokratiske og lokale eigarskapsformer i næringslivet, inkludert samvirke og etablering av medarbeidareigde bedrifter.

14. Sikra demokratisk kontroll med naturressursar gjennom offentleg, samvirke- eller allmenningsbasert eigarskap, eller gjennom offentlege reguleringar som hindrar rovdrift på naturen.

15. At viktig infrastruktur som vegar, baner, kablar, nett, vatn og avlaup framleis i hovudsak skal vera eigd av det offentlege eller samvirke.

16. Bidra til ein mangfaldig økonomi og kjempa mot usunn konsentrasjon av marknadsmakt, mellom anna ved å styrkja konkurranselovgivinga.

17. Førebyggja spekulasjon og aukande gjeldsgrad i befolkninga gjennom tettare samarbeid med, og strengare regulering av lånevilkår i bankar og finansinstitusjonar.

18. Verna folk mot gjeldsfeller ved å fjerna retten til frådrag for renter på forbrukslån, innføra eit tak for renter på forbrukslån og forby marknadsføring av forbrukslån og kredittkort, samt å vurdera endringar i ordninga med at namsmannen må tvangsinndriva småbeløp. (Likelydande punkt i kap. 1.)

Økonomi

19. SKATTER OG AVGIFTER

Dei Grøne vil gjera dei miljøvenlege vala lønsame for både enkeltpersonar og næringsliv. Prinsippet om at ureinaren skal betala må styrkjast i klimapolitikken og etablerast på nye område, som naturinngrep, miljøgifter og materielt forbruk. Avgiftene må vera høge nok til å utløysa rask effektivisering, utvikling av sirkulære, grøne løysingar og reell reduksjon i menneska sitt fotavtrykk på jorda. På fleire felt, som bruk av fossil energi, skal avgiftene bidra til at alt forbruk blir erstatta av miljøvenlege alternativ. Me vil jobba for breiast mogleg internasjonal semje om effektive miljøavgifter, men vil samstundes gå føre og innføra avgifter på nasjonalt nivå der dette er mogleg.

Dei Grøne vil føra ein politikk som gir ein moderat auke i det samla skatte- og avgiftsnivået, for å løysa viktige samfunnsoppgåver i stortingsperioden. Eit viktig grønt formål med skattesystemet er å gjera det lett å starta nye bedrifter, utvikla ny teknologi og tilsetja folk. Me vil flytta skatt frå arbeid til forbruk, og løna gründerverksemd og investeringar i forsking og utvikling.

Vi vil stansa utviklinga med aukande sosiale skilnader i Noreg. Når kapital blir samla på stadig færre hender og sosiale skilnader går i arv, fører det til urettferdig fordeling av moglegheiter og makt over samfunnsutviklinga. Høge inntekter og store formuar bør derfor skattleggjast meir, mens folk med låg og gjennomsnittleg inntekt bør betala mindre skatt. Det bør bli lettare å koma seg inn på bustadmarknaden. Statens inntekter frå nokre av miljøavgiftene bør delast ut igjen til folk på ein måte som bidrar til at auka miljøavgifter ikkje blir opplevd sosialt urettferdig. Dei Grøne vil prioritera kampen mot skatteparadis og aggressiv skatteplanlegging for å sikra inntekter til velferdsstaten i ei globalisert og digitalisert verd.

1. Bruka avgifter til å gjera det lettare å leva miljøvenleg. Me vil til dømes redusera avgiftene på frukt, grønt, økologisk mat, gjenbruk, reparasjonar, kollektivtransport, elsyklar, og utleige og deling av elbilar, mens me vil auka avgiftene på fossile flyreiser, kjøt og fossilbilar.

2. Innføra ei ny miljøavgift som favoriserer lågt ressursforbruk og arealforbruk gjennom livslaupet til ei vare. Avgifta skal løna kvalitet, haldbarheit og gjenbruk av materialar som alt finst i økonomien og stimulera til ein meir sirkulær økonomi.

3. Innføra ei ordning med klimabelønninga “KAF” (Karbonavgift til fordeling), der inntektene frå enkelte miljøavgifter, som til auka drivstoffavgifter, blir delt direkte ut att til alle innbyggjarar. Avgifta skal vera innretta på ein måte som sikrar at ho fungerer geografisk og sosialt rettferdig. (Likelydande punkt i kap. 6.)

4. Innføra ei naturavgift for å stansa skadelege og unødvendige naturinngrep i norsk natur og sørgja for at løysingar og teknologiar som inneber låg naturskade blir meir konkurransedyktige. (Likelydande punkt i kap. 2.)

5. Innføra fleire skattefrådrag for tiltak som gir redusert miljøbelastning eller auka naturkapital, for både bedrifter og privatpersonar.

6. Kombinera auka miljøavgifter med letter i andre avgifter, som meirverdiavgifta eller arbeidsgjevaravgifta, med mål om at bedrifter som går føre med miljøvenlege løysingar samla sett får ei lette i skattar og avgifter. (Likelydande punkt i kap. 22.)

Økonomi

7. At folk med låg eller gjennomsnittleg inntekt skal få redusert inntektsskatt i løpet av stortingsperioden, mens folk med høg inntekt skal betala meir. (Likelydande punkt i kap. 38.)

8. Sikra at sosiale omsyn blir tatt i vare ved at enkelte miljøavgifter blir gjort progressive, til dømes ved bruk av toprissystem der dette er mogleg. Målet er at høgt forbruk blir råka hardare enn nøkternt kvardagsforbruk.

9. Kjempa mot bustadspekulasjon og avgrensa prisveksten på bustader, mellom anna gjennom gradvis å fjerna rentefrådraget for bustadlån og greia ut om auka skattelegging på sekundærbustader. (Likelydande punkt i kap. 36.)

10. Halda på låg skatt på primærbustader og seia nei til ein nasjonal eigedomsskatt, men gi kommunane større fridom til sjølv å fastsetja nivået på eigedomsskatten.

11. Auka skattegrunnlaget for hytter ut frå verdien i dag på 30 %.

12. Vedta ein forpliktande opptrappingsplan for CO2-avgifta i tråd med klimamåla, for å fremja utvikling av og byta til nullutsleppsteknologi. (Likelydande punkt i kap. 6.)

13. Støtta EU-initiativ om ei CO2-avgift på importvarer som er produsert med høge klimagassutslepp.

14. Innføra låg avgift på finanstransaksjonar, innretta for å råka skadeleg spekulasjon og støtta opp om arbeidet for det same i EU.

15. Fjerna dei gunstige særordningane og skattefordelane som i dag oppmuntrar til investeringar i klimafiendtleg fossil energi og aukar risikoen for samfunnsøkonomisk ulønsame investeringar. (Likelydande punkt i kap. 7.)

16. Gi gode skattevilkår og risikoavlastning til grøne næringar etter modell frå oljenæringa.

17. Auka botnfrådraget i formuesskatten, samstundes som skattesatsen blir auka på større formuar. (Likelydande punkt i kap. 26.)

18. Innføra ein sosialt omfordelande arveavgift med høgt botnfrådrag, og med ein ekstra progressiv sats for arv over 20 millionar.

19. Greia ut om dei langsiktige konsekvensane av aukande automatisering av vare- og tenesteproduksjon, med vekt på tiltak som motverkar auka økonomisk ulikskap og sikrar skattegrunnlaget for staten. (Likelydande punkt i kap. 37.)

20. Sikra at norske statseigde selskap og dotterselskapa deira ikkje flytter funksjonar til utlandet for å redusera skatt til norske styresmakter.

21. Jobba for at multinasjonale selskap betaler ein rimeleg skatt på inntekter og verdiar skapte i Noreg, til dømes ved å innføra ein skatt på all omsetnad generert i Noreg.

22. Bruka statleg eigarskap og internasjonalt samarbeid aktivt for å kjempa mot skatteparadis og hindra skattetilpassing og kapitalflukt.

23. Innføra grunnrenteskatt på oppdrett, som blir innretta og fordelt på ein måte som hindrar sterke lokale insentiv for å godta naturskadelege utbyggingar.

Økonomi

24. Sørgja for openheit om eigarskap i norske selskap ved å utvida registeret for reelle rettigheitshavarar til å omfatta alle eigentlege eigarar, også eigarar med mindre eigardelar.

25. Sikra ei open, utvida land-for-land-rapportering for selskap som skal gjelda for alle sektorar og krevja rapportering frå skatteparadis og lågskatteland.

26. Gi kommunar moglegheit til å innføra lokal turistskatt. (Likelydande punkt i kap. 35.)

27. Skattleggja leigeinntekter frå utleige i eigen bustad på linje med anna inntekt, med unntak for låginntektshushaldningar.

28. MDG vil gjennomføra ein revisjon av skattesystemet for å identifisera og endra skatteinsentiv som står i vegen for innføring av eller hemmar framveksten av sirkulærøkonomiske prinsipp. Vedlikehald, reparasjon og gjenbruk skal ha skattemessige økonomiske insentiv, framfor bruk og kast.

20. OLJEFONDET

Oljefondet (Statens Pensjonsfond utland) gir Noreg eit unikt økonomisk handlingsrom som vil stå vidare også etter at oljeutvinninga blir avvikla. Dei Grøne vil bruka Oljefondet som eit verktøy for å løysa klima- og naturkrisa. Samstundes vil me jobba for å oppretthalde storleiken på fondet, slik at delar av avkastinga framleis kan bidra til å finansiera velferdsoppgåver i Noreg i framtida. Det viktigaste tiltaket for å nå desse måla er å etablera kriterium som sikrar at alle investeringar i Oljefondet blir del av løysinga på klimaog naturkrisa og bidrar til å innfri FNs berekraftsmål.

Oljefondet er bygt på inntekter frå olje- og gassverksemd som har gitt store klimagassutslepp. Noreg må jobba for å betala ned denne klimagjelda. Den posisjonen Oljefondet har som eit av dei største fonda i verda underlagt demokratisk kontroll, gjer at fondet kan ta ei unik rolle i omstillinga av verdsøkonomien. I tillegg til å endra strategien for fondsinvesteringane vil Dei Grøne derfor bruka monalege midlar frå fondet til overføringar til internasjonalt klima- og miljøarbeid.

1. Gi Oljefondet (SPU) eit oppdatert investeringsmandat der fondet blir innretta mot å oppfylla FNs berekraftsmål, i tillegg til framleis mål om avkasting. Dette inneber mellom anna å trekkja fondet ut av investeringar i fossil energi, våpenindustrien og skatteparadis, redusera karbonintensiteten i porteføljen, etablera minimal naturskade som kriterium for investeringsavgjerder, og bidra til arbeidsplassar og næringslivsutvikling i utviklingsland.

2. Innføra ein klima- og naturprosent i bistanden, der eit beløp som svarer til éin prosent av nasjonalinntekta (BNI) blir overført kvart år frå Oljefondet til klimatiltak, klimatilpassing og naturbevaring i utviklingsland. (Likelydande punkt i kap. 76.)

3. Justera Oljefondet sin referanseindeks slik at omsyn til klima og miljø, menneskerettane, dyrevelferd og berekraftsmåla avgjer om selskap blir inkluderte i indeksen.

Økonomi

4. Trekkja fondet ut av selskap som investerer i område okkupert i strid med folkeretten.

5. Handheva dei etiske retningslinjene strengt, sørgja for kapasitet og kompetanse til å filtrera ut investeringar i selskap med uakseptabel høg menneskerettsleg, naturog klima-risiko i forkant av investeringa, og gjennomføra regelmessig porteføljerevisjon.

6. Arbeida for at selskap Oljefondet investerer i, skal ha forpliktande og tidfesta planar for å bli klimanøytrale.

7. At Oljefondet skal vera ein pådrivar for at den internasjonale finanssektoren utviklar gode verktøy for å måla natur- og klimarisiko ved investeringar, og forpliktande avtalar for å redusera slik risiko, og for at andre investeringsfond i verda følgjer dei oppdaterte etiske prinsippa som Oljefondet skal investere etter.

8. At Oljefondet byggjer opp ein grøn investeringsportefølje som skal investera inntil fem prosent av fondet i utvikling og oppskalering av umogne teknologiar med spesielt stor tyding for utviklinga av ein berekraftig økonomi.

9. Bruka Oljefondet aktivt til å investera i infrastruktur for fornybar energi og støtta norske investeringar i fornybar energi i den globale marknaden med risikokapital.

10. Trekkja SPU ut av investeringar i animalsk produksjon som ikkje tilfredsstiller norske krav til dyrevelferd.

11. At Oljefondet er meir transparent om planar og resultat på eigarskapsutøvinga, det vil seia at me vil setja krav om at resultat frå dialog i ulike bransjar med konkrete selskap, samt planar for dialogar for det følgjande året, blir publisert.

21. HANDEL OG INTERNASJONAL ØKONOMI

Dei Grøne er grunnleggjande positive til samarbeid, investeringar og handel på tvers av landegrensene. Internasjonalt samarbeid er vesentleg for fred og utvikling, og spesielt viktig for små land og for utviklingsland. Internasjonal handel har vore avgjerande for å løfta mange land ut av fattigdom. Samstundes har globaliseringa dei siste tiåra blitt handtert for dårleg: Handelsavtalar som utan vilkår prioriterer økonomiske interesser og fri flyt av varer og tenester har avgrensa dei folkevalde sitt handlingsrom til å prioritera miljø, arbeidsliv og rettferdig fordeling.

Utviklinga mot ein sams verdsmarknad har i fleire tilfelle skjedd slik at det har gått ut over lokalt mangfald, eigarskap, folkestyre og trygge arbeidsplassar. Dei Grøne vil jobba for handelsavtalar som fremjar ein ambisiøs miljøpolitikk, sterke arbeidarrettar, folkestyre og betre dyrevelferd, og som sikrar norsk landbruk for framtida. Fråværet av forpliktande internasjonale avtalar som regulerer utslepp frå varer og miljøpåverknad gjer at Noreg må ta ansvar for korleis me påverkar miljøet også gjennom dei varene me eksporterer og importerer.

Dei Grøne vil jobba for større openheit kring arbeidet med handelsavtalar. Verdas handelsorganisasjon og handelsavtalar må gi alle land rett til å verna miljø, biomangfald og eiga næringsutvikling, samt sikra menneskerettar, retten til fagorganisering og urfolk sine rettar. Me vil styrkja nasjonalstaten sine moglegheiter til å gå føre med endå tøffare miljøkrav.

Økonomi

1. Krevja at nye handelsavtalar stiller bindande klima- og miljøkrav i tråd med Parisavtalen og tilrådingane frå FNs naturpanel om å stansa nedbygginga av natur. Jobba for å reforhandla eksisterande avtalar for å sikra at all handel skjer på naturen og klimaet sine premiss.

2. At Noreg blir ein pådrivar for at eksisterande og nye handelsavtalar respekterer og støttar menneskerettar og nasjonalt demokrati, og ikkje undergrev utviklingsland sine moglegheiter til å byggja opp ein eigen industri og matproduksjon. Til dømes skal handelsavtalen mellom Noreg og Kina innehalda krav om ein betra menneskerettssituasjon i landet.

3. Hindra at maktkonsentrasjonen i dei største multinasjonale selskapa undergrev demokratiske institusjonar, svekker nasjonal skatteinngang og svekker føresetnadene for ein sunn marknad og ei rask grøn omstilling.

4. Jobba for større openheit i handelsforhandlingar slik at ein opplyst demokratisk debatt kan finna stad.

5. Bruka statleg eigarskap og internasjonalt samarbeid aktivt for å nedkjempa skatteparadis og økonomisk hemmeleghald, og også arbeida for ein internasjonal konvensjon om økonomisk openheit og for å skipa eit internasjonalt skatteorgan i FN.

6. Jobba for at multinasjonale konsern blir skattlagde med ei einskapleg tilnærming, slik at ein skattlegg basert på heile konsernet sitt globale overskot, heller enn overskotet til nasjonale dotterselskap.

7. Jobba gjennom Verdas handelsorganisasjon for sterkare krav til miljø og arbeidsliv, for å hindra at svake miljøstandardar og dårlege arbeidstilhøve er konkurransefortrinn.

8. Styrkja moglegheitene skattemyndigheitene har til å forfølgja finanskriminalitet på tvers av landegrensene.

9. Innføra ei miljø- og menneskerettslov for næringslivet, med etikkinformasjonsplikt slik at forbrukarar får kjennskap til produksjonstilhøve. (Likelydande punkt i kap. 66.)

10. Støtta avtalar som legg til rette for auka norske investeringar i utviklingsland, og det føreset at det skjer på lokalbefolkninga sine premiss.

11. Arbeida for ein internasjonal Robin Hood-skatt (tobinskatt) på omsetnad av valuta og verdipapir, som skal øyremerkast tiltak for berekraftig utvikling.

Økonomi

DEL 5

NÆRINGSLIV OG

OMSTILLING

22. EIN FRAMTIDSRETTA OG MODIG

NÆRINGSPOLITIKK

For hundre år sidan sørgde norske politikarar for å gjera det lønsamt å investera i vasskraft. For femti år sidan sørgde vi for å gjera det lønsamt å investera i olje. I åra som kjem vil Dei Grøne gjera det dundrande lønsamt å investera i verksemd som skaper verdiar utan å skada klima og natur. Målet vårt er ein næringspolitikk som gir rask vekst i grøne løysingar. Dei viktigaste verkemidla for å oppnå dette er føreseielege og kunnskapsbaserte miljøkrav, auka bruk av miljøavgifter og grøne skattelettar og målretta tiltak for ulike typar bedrifter og bransjar. Ein grøn næringspolitikk må gi rom for skaparkraft, innovasjon og lokalt tilpassa løysingar, samstundes som politikken må sikra at dei bedriftene som satsar på miljø, blir vinnarar.

Næringspolitikken må starta med erkjenninga av at olja skal fasast ut og at tida for å gjennomføra det grøne skiftet er no. Den globale etterspurnaden etter miljøvenleg og innovativ teknologi er i sterk vekst. Dette gir store moglegheiter for eksport i åra framover, om vi endrar kurs. Det er alvorleg for Noreg si konkurransekraft og framtidige velferd at investeringane i olje- og gassindustrien framleis er mange gonger så store som i annan industri.

Dei Grøne meiner at Noreg må bruka kraftige offentlege verkemiddel for å raskt flytta investeringar, forskingsprogram og kompetent arbeidskraft frå olje- og gassindustrien over til grøne vekstområde. Staten må ta ei aktiv rolle i innovasjonsprosessar som har som formål å skapa nye banebrytande teknologiar. Dei Grøne vil at staten skal tilby risikovillig og tolmodig kapital til selskap som satsar på umogne teknologiar. Dei Grøne vil også peika ut nokre område der Noreg har konkurransefortrinn, setja tydelege mål og følgja opp med naudsynte verkemiddel for å nå dei. Døme på dette er vindkraft til havs, utsleppsfri oppdrett der ressursane blir resirkulerte, grøne tenester og servicenæringar, metallindustri basert på rein energi og verdikjeder for karbonfangst og -lagring.

1. Føra ein langsiktig og målretta politikk for vekst i grøne eksportnæringar, med overordna mål om å auka eksport frå andre sektorar enn petroleum med 50 prosent innan 2030, samstundes som miljøavtrykket frå produksjonen blir redusert til eit minimum. (Likelydande punkt i kap. 7.)

2. Formulera tydelege, talfesta og forpliktande mål for sektorar der Noreg har spesielle konkurransefortrinn, som skipsfart, vindkraft til havs, oppdrett, grøn hydrogen og sirkulær industri.

3. Stimulera til teknologi- og kompetanseoverføring frå olje- og gassindustrien til andre næringar, både innan selskap i omstilling og mellom selskap. Gi aktiv støtte til etterutdanning og omskulering av oljearbeidarar.

4. Kombinera auka miljøavgifter med lettar i andre avgifter, som meirverdiavgifta eller arbeidsgivaravgifta, med mål om at bedrifter som går føre med miljøvenlege løysingar samla sett får ein lette i skattar og avgifter. (Likelydande punkt i kap. 19.)

5. Redusera risiko for investeringar i grønt næringsliv mellom anna gjennom direkte statlege investeringar og ved å oppretta fleire såkornfond.

Næringsliv og omstilling

6. Gjera det enklare å testa ut ny teknologi og nye løysingar, særleg i stor skala. Vi vil auka støtta til testsenter og gi direkte støtte til pilot- og demonstrasjonsprosjekt innan til dømes velferdsteknologi, energilagring og bioøkonomi.

7. Styrka forsking og utvikling i næringslivet og kommersialisering av forskningsresultata frå offentlege forskingsinstitusjonar. Vi vil mellom anna innføra ei ordning med kommersialiseringspermisjon for forskingspersonell.

8. Bruka statleg og kommunalt eigarskap i bedrifter og den offentlege innkjøpsmakta for å skapa nye grøne næringsmoglegheiter.

9. Stimulera til at private finansinstitusjonar, kapitalforvaltarar og offentlege fond brukar eigarmakta til å framskunda det grøne skiftet, ved å flytta investeringar frå fossilt til fornybart.

10. Styrkja og utvikla eksisterande satsingar på kultur som næring, både nasjonalt og for eksport.

11. Samarbeida med næringsliv, forskingsmiljø og organisasjonar om eit nasjonalt løft for bioøkonomi og bioprospektering, og etablera Bionova som pådrivar for utvikling av bionæringar og bioteknologi.

12. Skapa nye jobbar gjennom å elektrifisera Noreg så fort som råd. Auka støtta til Enova for å realisera prosjekt i industri og transport.

13. Som hovudregel stilla miljøkrav som føresetnad når det blir gitt ekstraordinær offentleg støtte, eller lån til dømes i samband med økonomiske kriser. Slik støtte skal vera eit aktivt verktøy for omstilling til varige og berekraftige arbeidsplassar.

14. Samarbeida med den maritime næringa for å gjera Noreg til verdas første utsleppsfrie sjøfartsnasjon. Auka avskrivingane for bygging av nullutsleppsfartøy, innføra ei byggjelånsordning for skipsbyggingsindustrien og oppretta eit nytt fond for grøn skipsfart.

15. Satsa på karbonfangst og -lagring (CCS), med mål om å handtera 5 millionar tonn CO2 per år i 2025, og utforska ny bruk av fanga karbon (CCU).

16. Satsa stort på vindkraft til havs på norsk sokkel, med mål om minst 30 GW samla effekt innan 2030, med føresetnad om at naturkonsekvensane er forsvarlege og at omsynet til marine økosystem og næringar, sjøfugl og trekkvegar alltid blir tatt i vare. (Likelydande punkt i kap. 8.)

17. Utarbeida ein nasjonal strategi for korleis norsk kompetanse og norske selskap kan bidra til det globale grøne skiftet ved å utvikla, byggja, eiga og drifta fornybar kraftproduksjon i utlandet. Norske investeringar i fornybar energi i den globale marknaden kan bli støtta gjennom risikoavlastande ordningar.

18. Gjennomføra eit systematisk grønt skatteskifte slik at bedrifter betaler dei fullstendige miljøkostnadene ved produksjon og import av varer og tenester.

Næringsliv og omstilling

23. RESSURSAR I KRINSLAUP

Vi treng ein sektorovergripande, sirkulær økonomi utan utslepp av klimagassar, der resirkulering, reparasjonar og gjenbruk er normalen. Ressursar på avvegar skal takast hand om og bidra til verdiskaping, i staden for å enda opp som avfall. Dette er sentralt for at økonomien skal kunna operera innanfor rammene av naturen sine tolegrenser. Ein krinslaupsøkonomi stiller nye krav til bedrifter om å ta ansvar for heile levetida til sine produkt og tenester, samstundes som det gir eit fantastisk høve til å skapa titusenvis av nye arbeidsplassar, lokale bedrifter og ny verdiskaping.

Sirkulær økonomi er meir enn avfallshandtering. Det handlar om design, materialval og gir store moglegheiter for norsk næringsliv og samfunnsliv. Det inneber ei grunnleggjande kursendring frå bruk-og-kast-samfunnet i dag. Krav til produktlevetid, miljøavgifter på ressursforbruk og ureining, reguleringar, forbod og offentlege innkjøpskrav, er sentrale delar i verktøykassen til styresmaktene. Forsking og utvikling er viktig for å utvikla nye prosessar og teknologi, og kunnskap er avgjerande for å lykkast. Vi må minimera uttak av urørde mineral, metall og andre ressursar ved å gjera det lønsamt å velja sirkulære løysingar i alle delar av økonomien.

1. Setja klare mål for mindre ressurssløsing i alle delar av samfunnet og for alle viktige ressursførekomstar.

2. Sikra etablering/opprusting av opphoggingsanlegg som kan handtera skip og olje- og gassinstallasjonar på ein god og sikker måte når det kjem til helse, miljø og tryggleik. Målet vil vera å hindra at skip blir sende til opphogging under dårlege forhold andre stader i verda (ofte referert til som ”beaching”).

3. Gi skattemessige fordelar til bedrifter med produksjon basert på sirkulære materialstraumar.

4. Bidra til risikoavlasting og gi investeringsstøtte til tiltak for ressurseffektivisering og krinslaupsmodellar i industri og bionæringar.

5. Minimera behovet for handtering av farleg avfall ved å satsa på alternative teknologiar og løysingar som kan gi høgare grad av resirkulering og utnytting av farleg avfall. Vi vil til dømes krevja at all flygeoske frå avfall blir reinsa, etter modell frå Sveits.

6. Oppretta materialdatabasar for ein sirkulær bygg- og industriproduksjon.

7. Innan 2025 gjennomføra ei kartlegging av alle eksisterande deponi og industriområde og ressursstraumar for å kunna vurdera kva som kan nyttast inn i ny produksjon.

8. Gjennomføra ei storsatsing på såkalla ”urban gruvedrift”, der materialar frå kasserte produkt, bygningar eller avfall blir gjenvunne og blir råmateriale for nye produkt.

9. Redusera klimagassutslepp og ressursbruk gjennom å stilla krav om sirkulære nybygg der bygningsmassen enkelt kan resirkulerast og auka levetida og utnyttinga av eksisterande bygg og anlegg.

Næringsliv og omstilling

10. Gi kommunane høve til å stilla krav om at alle nybygg og rehabiliteringsprosjekt skal bruka attvunne byggjematerialar.

11. Fremja ombruk framfor riving, ved å stilla krav om kartlegging av alternativ til nybygg for alle offentlege bygg- og anleggsprosjekt.

12. Stilla krav om resirkulerbarheit og fullstendige livslaupsanalysar i offentlege innkjøp. (Likelydande punkt i kap. 25.)

13. At offentleg sektor si innkjøpsmakt blir brukt for å skapa marknad for sluttprodukta i sirkulærøkonomien, til dømes gjenbruk av strøsand, biogass og rivingsmaterialar frå byggjeprosjekt, restmassar frå gruver til bruk i fyllmassar, betong og murstein. (Likelydande punkt i kap. 25.)

14. At det blir etablert fleire “massehotell” i og rundt område der det går føre seg mykje byggjeaktivitet, for å bidra til mindre transport og betra utnytting av massar og ressursstraumar lokalt.

15. Leggja til rette for at bedrifter, organisasjonar, det offentlege og privatpersonar enklare kan gi bort og byta brukande gjenstandar framfor å kasta dei, mellom anna gjennom minigjenbruksstasjonar og utstyrssentralar.

16. Innføra panteordningar for fleire typar produkt.

17. Prioritera utskiljing av biologisk avfall, som matavfall, og stimulera til auka produksjon av biogass og biogjødsel frå avfall og kloakkslam, og i jordbruket. Bidra til at marknaden for desse produkta kjem på plass.

18. Forby eksport av usortert hushaldningsavfall («restavfall»), som eitt av fleire insentiv til å minimera restavfallsmengda.

24. INDUSTRI

Sidan 1990 har fastlandsindustrien i Noreg auka produksjonen kraftig, samstundes som klimagassutsleppa har blitt reduserte med over 40 prosent. Men no står industrien overfor neste utfordring: å fjerna alle klimagassutslepp og med det innføra heilt nye standardar for industriproduksjon. Denne utfordringa må løysast samstundes som industrien erstattar dagens lineære modellar med sirkulære produksjonsmønster.

Det grøne skiftet i industrien er eit stort prosjekt som vil krevja store ressursar og investeringar. På same tid er det ei eineståande moglegheit for Noreg til å forsyna verda med industriprodukt i verdsklasse, produsert utan utslepp. Dei Grøne meiner staten må spela ei nøkkelrolle i å leggja tilhøva til rette for dette teknologiske skiftet. Derfor vil vi mellom anna gi trygge og stabile rammevilkår og auka støtta til miljøinnovasjon og -omlegging.

1. Styrkja Noreg si grøne konkurransekraft ved å leggja til rette for industriklynger som bidrar til å utvikla ny klimateknologi, mellom anna gjennom å styrkja miljøteknologiordninga og Enova.

Næringsliv og omstilling

2. Utvikla eksisterande og skapa nye industriklynger der forsvarleg handtering og utnytting av ressursstraumar og tidlegare tiders avfall bidrar til ny og lønsam industri.

3. Utvikla den norske næringsmiddelindustrien for å sikra arbeidsplassar over heile landet og stimulera til smartare utnytting av bioressursane og null utslepp av klimagassar i produksjonen.

4. Skapa nye moglegheiter for verftsindustrien ved å satsa på flytande og botnfast havvindkraft og andre maritime løysingar for fornybar energi, karbonhandtering, grøn hydrogen og elektrifisering av sjøtransporten.

5. At den norske fastlandsindustrien skal ha null utslepp av klimagassar innan 2035. For å få til dette vil vi gjennomføra ei storstilt satsing på karbonfangst- og lagring (CCS), hydrogen frå fornybare energikjelder og satsa på fornybart råstoff og brensel.

6. Fortsetja arbeidet med å fjerna alle skadelege utslepp til luft og til naturen frå fastlandsindustrien gjennom overvaking, nye krav og investeringsstøtte, og sørgja for opprydding i gamle synder med mål om at dette skal bli ressursar som skaper nye næringar.

7. Halda på ordninga med CO2-kompensasjon, så lenge denne eksisterer og blir tillate innanfor EU, for å unngå utflytting av industriarbeidsplassar til område med høgare utslepp.

8. At Noreg skal bli verdas første land til å driva ein sirkulær gruveindustri, der alle ressursar og avfallsstraumar skal takast hand om.

9. Arbeida for at Noreg saman med EU skal innføra toll som straffar land og produsentar som ikkje etterlever internasjonale klimaavtalar eller andre miljøavtalar.

10. Leggja til rette for tredjepartsfinansiering av store lønsame miljøprosjekt i industrien, som ofte blir rekna som for lønsame til å kvalifisera til offentleg støtte, men har for låg avkasting til at dei blir gjennomførde av industriselskapa.

11. At norsk industri blir sikra tilgang til langsiktige avtalar om straum. Modellen for nettariffar må sikra at ikkje industrien får urimeleg høg nettleige som følgje av at Noreg byggjer ut eit framtidsretta straumnett.

25. OFFENTLEGE INNKJØP

Kvart år kjøper det offentlege varer og tenester for fleire hundre milliardar kroner. Som prinsipp bør målet for dei nye innkjøpa vera å skapa ei berekraftig utvikling, til beste for det offentlege, leverandørane og befolkninga. Dei Grøne vil at det offentlege skal bruka innkjøpsmakta si som ei drivkraft for det grøne skiftet ved å stilla strenge miljøkrav knytt til ressursforbruk og utslepp, og stimulera til innovasjon, grøn næringsutvikling og nye arbeidsplassar.

Dei Grøne vil jobba for at innkjøparane har den informasjonen og kompetansen dei treng. Gjennom krav til merkeordningar og sertifiseringar vil informasjonen til alle andre forbrukarar betrast, samstundes som det vil stimulera til auka miljøkompetanse og merksemd hos bedriftene. Vi vil også jobba for å forenkla dagens regelverk og gjera det smidigare i ei verd som endrar seg raskt.

Næringsliv og omstilling

1. At offentlege innkjøp skal driva fram nye, miljøvenlege løysingar, innovasjon og næringsmoglegheiter, mellom anna gjennom krav i skriftlege tilbod og bruk av utviklingskontraktar.

2. Innføra ordningar for risikoavlasting hos offentlege innkjøparar for å leggja til rette for innovative offentlege innkjøp.

3. Styrkja bestillarkompetansen ved offentlege innkjøp.

4. Som hovudregel stilla krav om energipositive bygg med miljøvenlege materialar ved rehabilitering og bygging av offentlege bygg, og prioritera gjenbruk av eksisterande bygningar framfor nybygg der dette er formålstenleg.

5. Som hovudregel stilla krav om grøne tak, solceller eller solfangarar på tak ved bygging av offentlege bygg.

6. Prioritera utsleppsfri transport ved offentleg kjøp av varer og tenester der det er tilgjengeleg, og gjera dette til eit absolutt krav innan 2025.

7. Bidra til teknologiutvikling ved å spørja etter velferdsteknologi som fremjar helse, deltaking og livskvalitet.

8. Bruka offentlege innkjøp til å fremja eit seriøst arbeidsliv, mellom anna ved å stilla krav til tariffavtale, lærlingkontraktar og kvalitet.

9. At stat, kommunar og fylke brukar innkjøpsmakta si til å velja kortreist, plantebasert, sunn og økologisk mat i eiga verksemd, institusjonar og foretak, med eit mål om minimum 20 % del økologisk. (Likelydande punkt i kap. 29.)

10. Prioritera produkt med ekstra god dyrevelferd i offentlege matinnkjøp.

11. Bruka offentlege innkjøp aktivt til å etterspørja miljømerkte produkt, for å avgrensa bruk av miljøgifter og andre skadelege kjemikaliar. (Likelydande punkt i kap. 4.)

12. Stilla krav om resirkulerbarheit og fullstendige livslaupsanalysar i offentlege innkjøp. (Likelydande punkt i kap. 23.)

13. At offentleg sektor si innkjøpsmakt blir brukt for å skapa marknad for sluttprodukta i sirkulærøkonomien, til dømes gjenbruk av strøsand, biogass og rivingsmaterialar frå byggjeprosjekt, restmassar frå gruver til bruk i fyllmassar, betong og murstein. (Likelydande punkt i kap. 23.)

14. Sikra at offentlege innkjøp skal vera avskogingsfrie og ikkje bidra til øydelegging av regnskog.

15. Sørgja for at det offentlege aktivt vel produkt som er returnerbare, gjenvinnbare og gjenbrukbare.

16. Sørgja for at miljøkrav i offentlege skriftlege tilbod skal vektast minimum 50 prosent.

17. Fremja sikre og personvernvenlege IT-tenester gjennom offentlege innkjøp.

Næringsliv og omstilling

18. Senka terskelen for at små og mellomstore bedrifter kan delta i offentlege tilbodsprosessar, og bidra til at norske kommunar kan bruka innkjøpsmakta si til å skapa grøne arbeidsplassar i sitt nærmiljø.

19. Leggja til rette for at sosiale entreprenørar kan løysa oppgåver på vegner av fellesskapen.

20. Etablera ein møteplass der offentleg sektor kan leggja fram behova sine for næringslivet, inspirert av det britiske Small Business Research Initiative.

21. Betra moglegheita for at kommunar kan gjera direkte innkjøp frå lokale leverandørar ved å forenkla tilbodsprosessar for små innkjøp i offentleg sektor.

26. GRÜNDARAR OG SMÅBEDRIFTER

Skal Noreg omstilla seg frå ein oljeøkonomi til ein kunnskapsøkonomi må vi skapa mange nye jobbar i åra som kjem. Det største potensialet for dette er i oppstartsbedriftene og mindre bedrifter. Desse bedriftene er morgondagens eksport- og hjørnesteinsbedrifter, og ei svært viktig kjelde til omstilling og nyskaping i norsk næringsliv.

Dei største barrierane for vekst i norske scale-ups er tilgang på kvalifisert arbeidskraft, tilgang på eigenkapital og manglande etterspørsel etter produkt. Dei Grøne vil fjerna desse barrierane gjennom målretta tiltak og verkemiddel. Offentlege innkjøp må brukast som en motor for innovasjon ved å kjøpa varer og tenester frå oppstartsbedrifter. Statlege forskingsprogram, støtteordningar og selskap må få mandat til å ta større risiko, med større midlar og lengre tidsrammer. Det bør også leggjast til rette for etablering av ein heimemarknad for norskutvikla konsept og produkt. Slik kan moglegheitene for å realisera det fulle potensialet til moglege «game changer»-selskap forbetrast.

1. Gi betre insentiv for investeringar i ny næringsverksemd, til dømes ved å endra skattereglane slik at det blir meir attraktivt å investera i små og mellomstore bedrifter enn i eigedom.

2. Auka tilgangen på kompetent, risikovillig kapital i næringslivet, særleg i tidleg vekst og ekspansjonsfase. Statlege selskap skal ta større risiko når dei investerer i selskap med stort vekstpotensial.

3. Leggja til rette for og styrkja inkubatorar, og lokale næringsmiljø, samt folkefinansieringsplattformer som kan bidra til å få i gang ei verksemd. Vidareføra og styrkja satsinga på klynger og katapultsenter.

4. Auka botn-frådraget i formuesskatten, samstundes som skattesatsen blir auka på større formuar. (Likelydande punkt i kap. 19.)

5. Letta vilkåra for etablering og drift av små og mellomstore bedrifter ved å forenkla skattereglar og rapporteringskrav, og gjera det enklare for små bedrifter å delta i offentlege tilbod.

Næringsliv og omstilling

6. Fortsetja å utvida opsjonsskatteordninga for å gjera det lettare for oppstartsselskap å rekruttera og halda på kompetent arbeidskraft i konkurranse med etablerte selskap nasjonalt og globalt.

7. Auka støtta til marknadsføring av lokalt baserte reiselivstenester i område som kan nåast med miljøvenlege reiseformer.

8. Auka dei regionale midla til fylkeskommunane, mellom anna for at kommunar med spesielt høg arbeidsløyse kan bli tildelt ekstra støtte til tiltak for lokal næringsutvikling.

9. Verna om ordninga med redusert arbeidsgivaravgift i distriktskommunar og utvida ordninga innanfor rammene av EØS-avtalen.

10. Jobba for å styrkja rettane og det sosiale tryggingsnettet for sjølvstendig næringsdrivande.

11. Støtta opp under klynger og inkubatorar for bedrifter innan sirkulærøkonomien. Bidra til å oppretta fellesarenaer for reparasjon, redesign, utlån, gjenbruk og ombruk.

27. FORSKING

Forsking, utdanning og innovasjon speler ei sentral rolle i den grøne omstillinga. Vi må derfor støtta utdannings- og forskingsinstitusjonane si strategiske satsing på berekraft. For å gjera oppdagingane som må til, må forskarane og institusjonane ha nok fleksibilitet og fridom til å driva både grunnforsking og anvendt forsking. Då må vi auka delen av frie forskingsmidlar og motverka silotenkinga i offentleg forskingsfinansiering. Vi må styrkja grunnfinansieringa av høgskular, universitet og institutt.

For å sikra rask grøn innovasjonstakt, må vi ha gode mekanismar og nok risikokapital for kommersialisering av ny kunnskap. Samarbeidet mellom akademia, næringsliv og offentleg sektor må vera utstrekt, ope og effektivt. Kvaliteten på forsking, utdanning og innovasjon heng tett saman. Derfor må undervisning bli merittert og det må vera gode moglegheiter for at studentane kan ta aktivt del i både forsking og innovasjon.

1. Ha eit langsiktig mål om å trappa opp finansiering av forsking til minst tre prosent av BNP, og der det offentlege berre bør stå for om lag halvparten.

2. Stilla krav til klima og berekraft ved offentleg finansiering av forsking.

3. Stansa all statleg finansiering av petroleumsforsking der målet er auka utvinning og aktivitet.

4. Vidareføra og styrkja krav om Open Access-publisering i vitskapelege tidsskrift for all offentleg finansiert forsking, men følgja opp med eit offentleg fond som betaler for Open Access.

5. At valt rektor skal vera hovudregel på offentlege høgskular og universitet, også i praksis.

Næringsliv og omstilling

6. Gjennomføra ei tillitsreform i akademia der teljekantsystemet blir nedskalert.

7. Leggja til rette for færre administrative oppgåver i akademia, slik at forskarar kan forska og ikkje må bruka tid på “tidstjuvar”, som stadig rapportering.

8. Jobba for at det er fleire faste stillingar i akademia, mellom anna ved å stramma inn på den utstrekte bruken av postdoktor-stillingar.

9. Betra lønsprogresjonen og startlønna for stipendiatar.

10. Gjera det mogleg å få lån frå lånekassen til å fullføra doktorgradsprosjekt.

11. Auka tildelingane til forskingsprosjekt der målet er grøn omstilling og berekraft.

12. At en del av Forskingsrådet sine tildelingar må gå til såkalla “småforsking”, som forskarar og fagpersonar kan ha som sideprosjekt, og ikkje berre store prosjekt med fleire heiltidsstillingar.

13. Gjennomføra eit løft for forsking i humaniora.

14. Utvikla ei generell norm for å løna og godskriva undervisning på linje med forsking og publisering.

15. Stilla krav om studentdeltaking i fleire prosjekt som er finansiert av Noregs forskningsråd.

16. Sørgja for tettare samarbeid mellom styresmakter og forskingsmiljø for å bidra til kunnskapsbaserte avgjerder og beredskap.

17. Overføra ordningane om skattefritak for forsking innan oljesektoren til forsking innan grøn teknologi.

18. At det skal gjennomførast ei brei offentleg utgreiing av systemet for forskingsfinansiering, der konsekvensane av både dagens modell og alternative modellar for forskingsfinansiering blir utgreidd og belyst.

28. DIGITALISERING

Den digitale utviklinga er revolusjonerande. Det offentlege Noreg skal vera ope og tilgjengeleg. Vi må raskt ta i bruk gode digitale løysingar og sikra at den digitale utviklinga blir brukt til å styrkja tillit, demokrati og deltaking. Det er avgjerande at Noreg tar i bruk ny teknologi og data på smarte måtar, både for å betra offentlege tenester og løysa store samfunnsutfordringar. Dei Grøne vil gi innbyggjarar eit heildigitalt møte med det offentlege - gjennom smartare, meir samordna og universelt utforma tenester.

Dei Grøne vil avgrensa sårbarheit og maktkonsentrasjon i ei digitalisert og automatisert verd der maskiner kan koma til å erstatta menneske på stadig fleire område og der eigarskap til data er avgjerande for verdiskaping. Skattesystem, regelverk og andre rammer må vera oppdaterte og sikra samfunnets felles interesser og rettane til borgarane. Effektivisering som følgje av digitalisering skal koma innbyggjarane til gode gjennom betre tenester og auka livskvalitet.

Næringsliv og omstilling Den dominerande forretningsmodellen på internett er driven av omfattande kommersiell overvaking av enkeltindivid og grupper. Personopplysningar som blir samla inn, blir lagra og selde på den opne marknaden, og brukt for å målretta bodskap og til å skapa detaljerte profilar av enkeltindivid. Dette kan misbrukast til formål slik som manipulering, diskriminering, og kan utgjera eit trugsmål mot enkeltindividet og mot samfunnet. Born og unge er spesielt sårbare. Dei Grøne vil samarbeida internasjonalt for å avgrensa overvakinga og sørgja for at alternative forretningsmodellar får vekstvilkår.

1. Sikra befolkninga stabil og rimeleg tilgang til digital infrastruktur og raskt internett i heile landet.

2. Digitalisera alle offentlege tenester og system der dette gjer verksemda meir effektiv utan at det går utover kvaliteten. Digitalisering skal ta utgangspunkt i behovet til innbyggjarane og brukarfokuserte pilotprosjekt.

3. Sikra at dei som ikkje ønskjer å nytta seg av digitale, offentlege tenester likevel får eit fullverdig møte med det offentlege.

4. Sikra at kritiske samfunnsfunksjonar og andre tenestetilbod kan ivaretakast på ein god måte sjølv om digitale løysingar sviktar.

5. Følgja opp Barneombodet sitt framlegg om ein heilskapleg strategi for ein trygg digital kvardag for born og unge og styrkja arbeidet for å verna born og unge mot overgrep, sosialt press, reklame og anna skadeleg innhald på nett.

6. Ikkje innføra heildigitale val, men vidareføra praksisen med papirbaserte stortingsog lokalval av sikkerheits- og personvernomsyn. (Likelydande punkt i kap. 63.)

7. Jobba for å avgrensa kommersiell overvaking på nett gjennom å støtta alternative forretningsmodellar og samarbeida med styresmakter i andre europeiske land.

8. Verna enkeltmenneske mot attkjenning via stordata, støtta utvikling og implementering av tekniske løysingar for dette og underleggja stordata basert på informasjon om Noregs befolkning, demokratisk kontroll.

9. Sikra at innbyggjarane sine personopplysningar ikkje blir brukt til andre formål enn då informasjonen opphavleg blei innsamla utan uttrykkeleg samtykke frå enkeltindividet. Bruk av personopplysningar utleidd frå stordata til etterforsking eller etterretning bør underleggjast domstolskontroll.

10. Ta i vare personvernomsyn ved å regulera innsamling av biometriske data i det offentlege rom, som andletsattkjenning.

11. At Noreg skal gå føre og vera ein pådrivar internasjonalt for å skattleggja teknologiselskap og bruk av stordata basert på menneskeleg aktivitet.

12. Gjera programvare utvikla av eller på vegner av det offentlege tilgjengeleg under frie lisensar og sikra at det offentlege legg til rette for bruk av fri programvare, open kjeldekode, opne filformat og standardar i verksemda der det er formålstenleg.

Næringsliv og omstilling

13. Gjera alle offentlege data fritt tilgjengeleg i strukturert format, så lenge det ikkje går utover personvern eller tryggleiken til riket.

14. Stilla krav til openheit om korleis algoritmar som tar avgjerder som vedkjem den enkelte fungerer, for både offentlege og private verksemder. Algoritmar må kunna etterprøvast for å sikra rettferdig og lovmessig bruk.

15. Sikra tilstrekkeleg moglegheit til å identifisera og reparera moglege sikkerheitshol i programvara til alle maskiner som potensielt kan skada brukarar og omgivnader, til dømes gjennom krav om open kjeldekode der det er formålstenleg.

16. Satsa på samordna utvikling og implementering av felles digitale system i fleire offentlege tenester når det kan gå saman med personvernomsyn.

17. Sørgje for at Datatilsynet, Forbrukartilsynet og Konkurransetilsynet har ressursar og kompetanse til å handtera utfordringar knytt til den digitale utviklinga.

18. Setja eit makstak for kva kvart enkelt utviklingsprosjekt skal kosta når det blir utvikla IT-system for det offentlege.

19. Føra ein oppvekst- og utdanningspolitikk som rustar folk for ei framtid der maskiner og programvare pregar større delar av livet.

20. Styrkja den digitale satsinga til bibliotek og gi dei ressursar til å bli kompetansesenter for dei som treng hjelp til å bruka eller læra seg nettbaserte tenester.

21. Sikra at all trafikk til og frå offentlege nettsider og appar er kryptert.

Næringsliv og omstilling

DEL 6

EIT BEREKRAFTIG

MATSYSTEM OG

BIOØKONOMI

29. JORDBRUK

Hovudmålet med norsk jordbrukspolitikk bør vera å produsera mest mogleg og best mogleg mat av dei ressursane me har i Noreg. Dette må skje på ein måte som byggjer opp jordressursane, slepp ut minst mogleg klimagassar, bind mest mogleg karbon og aukar naturmangfaldet. Dei Grøne vil vera det leiande partiet i utforminga av ein slik offensiv jordbrukspolitikk der berekraftig ressursbruk er hovudmålet, ikkje billegast mogleg mat.

Fleire faktorar gjer det sårbart for Noreg å basera seg på import av mat i framtida: Folkevekst, geopolitikk, klimaendringar og tap av biologisk mangfald, i tillegg til mangel på vatn og utarming av jord globalt. Både av omsyn til eigen mattryggleik og internasjonal solidaritet, bør vi auka matproduksjonen på eigne ressursar. Skal vi få dette til, må dagens jordbrukspolitikk bli snudd. Vi må få fleire gardsbruk i drift, og bruken av ressursane i inn- og utmark må styrkast. Kornprisen må aukast, både for å auka sjølvforsyninga av fôr- og særleg matkorn, men også for å auka lønsemda i grovfôrproduksjonen på marginale areal. Kraftfôrforbruket i husdyrhaldet må reduserast betrakteleg og importen fasast ut. Produktprisane til produsent må hevast, og tilskota målrettast mot miljø, kulturlandskap og utjamning mellom bruksstorleikar og driftstilhøve.

Dei Grøne vil føra ein jordbrukspolitikk som aukar norsk produksjon av frukt, bær, grønsaker og matkorn, og som gir oss kjøt, mjølk og egg basert på norsk fôr og norske beiteressursar. Vi meiner det er heilt nødvendig at matproduksjonen også blir sett i samanheng med helse- og kosthaldspolitikken. Jordbrukspolitikken må samtidig stimulera til å ta i bruk miljøvenlege dyrkingsmetodar og sikra god dyrevelferd. Verkemidla over jordbruksavtalen må vi gå gjennom for å sikra at desse ivaretar dei overordna måla i landbrukspolitikken.

1. Gjennomgå og betra ordninga med tilskotssoner, slik at den blir tilpassa dei ulike produksjonstilhøva i Noreg.

2. At Noreg si sjølvforsyningsgrad, basert på landet sine eigne ressursar, aukar til 60 prosent innan 2030. Målet skal mellom anna bli nådd gjennom å fasa ut import av kraftfôr og tilpassa kjøtproduksjonen til det lokale ressursgrunnlaget. Samtidig bør vi auka produksjonen av matkorn, frukt, bær, grønsaker og belgvekstar.

3. Gjera landbruket fossilfritt innan 2030 mellom anna ved å subsidiera innkjøp av nullutsleppstraktorar, leggja avgift på CO2-utslepp og gjennomgå Enova sine ordningar for primærnæringane slik at også små utøvarar får støtte til å oppgradera eksisterande driftsutstyr til låg- og nullutsleppsalternativ.

4. Fremja kosthald som er bra for miljøet, helsa og dyra ved å sette i gang ei storsatsing på å auka både etterspurnad og produksjon av plantebasert mat.

5. Fjerna momsen på frukt, grønt og bær.

6. Leggja ned opplysningskontora for egg, kjøt og meieriprodukt til fordel for næringsuavhengig opplysning om berekraftig mat og sunt kosthald.

7. Auka delen dyrka areal ved å ta i bruk jord som ligg brakk. Talet på bruk i drift må aukast, og det må bli sett av midlar over jordbruksavtalen til rekruttering og ny drift på nedlagde bruk, parselldyrking, urbant landbruk og skulehagar.

Et bærekraftig matsystem og bioøkonomi

8. Gje matjorda langt strengare nasjonalt vern. Dyrka og dyrkbare areal bør bli gjevne reelt vern ved at løyve til anna bruk berre kan bli gitt av statlege styresmakter. I jordlova bør ein gje heimel for varig vern av matjord, og måltalet for nedbygging bør bli rettslig bindande for arealpolitikken.

9. Føra ein tilskots- og kvotepolitikk som held oppe små og mellomstore bruk og sikrar at bruksstorleiken vert tilpassa ressursgrunnlaget. Dette krev at aukinga av mjølkekvotetaket og fjerning av toppavgrensingar for husdyrtilskot blir reverserte.

10. Styrka økonomien til bøndene slik at inntektsutviklinga minst samsvarer med andre inntektsgrupper, og slik at inntektene gir rom for naudsynt vedlikehald og investeringar.

11. Destruksjon av fullt brukbar mat (t.d. verpehøns, geitekillingar, ukurante grønsaker etc.) må ta slutt og desse ressursane må nyttiggjerast som mat. Dette må speglast i landbruksoppgjeret slik at bruk vert føretrekt framfor destruksjon.

12. Ha eit tollvern som sikrar bøndene rekningssvarande prisar og tilskot som sikrar geografisk utjamning, utjamning mellom store og små bruk, miljøvenleg produksjon, god dyrevelferd og bruk av lokale ressursar.

13. At statlege investeringsmidlar i langt større grad går til nyskaping enn til bygningar og maskinar. Rom for investeringar i eksisterande driftsapparat må sikrast ved å betra bonden sin økonomi og moglegheit for skattefrie fondsavsetningar.

14. Koma i møte gjeldsutfordringar for bønder som har investert mykje i produksjonar lausrive frå ressursgrunnlaget, mellom anna ved å greia ut om rasjonelle bruksomstillingar og rettferdige kompensasjonsordningar for store fjøs.

15. At husdyrhald i all hovudsak baserer seg på gras frå beite og areal som er ueigna for dyrking av menneskemat, i tillegg til restprodukt som ikkje er eigna som menneskemat.

16. Sikra at verkemidla i jordbruksavtalen legg til rette for auka beitebruk og dyrking av proteinrikt fôr.

17. Avvikla mjølkekvotebørsen og på nytt innføra statleg tildeling av kvoter. Kvotene skal administrerast etter ressursgrunnlag og prioritera stølsbrukarar og marginale areal.

18. Ta vare på kulturlandskap, lokalmat, verdiskaping og kunnskap ved å gje seterdrifta eit nasjonalt løft. Delen av mjølk og kjøt produsert på utmarksressursar må aukast, talet på stølar i drift må minst doblast innan 2030 og hyttebygging og andre inngrep i fjell og skog må ikkje trengja vekk slik bruk.

19. Gjennomgå alle tilskot, krav og forskrifter i jordbruket i lys av dyrevelferdslova sine krav til god dyrevelferd ut i frå artstypiske behov og moglegheit for naturleg åtferd.

20. Stimulera til eit regenerativt jordbruk der biomasse og næringsstoff vert teke vare på og ført tilbake til jorda, samtidig som det biologiske mangfaldet vert styrka og karboninnhaldet i jorda vert bygd opp.

21. At økologisk landbruk skal styrkast som spydspiss for eit meir berekraftig krinslaupslandbruk. Minst 20 prosent av norsk matproduksjon skal vera økologisk innan 2030.

Et bærekraftig matsystem og bioøkonomi

22. At stat, kommunar og fylke brukar innkjøpsmakta til å velje kortreist, plantebasert, sunn og økologisk mat i eigne verksemder, institusjonar og føretak, med eit mål om minimum 20 % økologisk. (Som punkt i kap. 25.)

23. Byggja opp beredskapslager for korn og såvarer.

24. Styrka arbeidet med planteforedling for å vera betre rusta mot klimaendringar og gje moglegheit til meir variert produksjon over heile landet, til dømes produksjon av proteinrike plantar som bønner og nøtter. Auka støtta til å ta vare på lokale sortar og kulturarvsortar.

25. Halda på odels- og konsesesjonslova, men sikra at lova blir brukt for å sikra aktiv drift på bruka og rekruttering til næringa. Vidareføra buplikta, skjerpe driveplikta og senka arealgrensa for konsesjonsplikt.

26. Anerkjenna landbrukssamvirket som ein føresetnad for landbruk over heile landet, og oppretthalda dagens ordningar med henteplikt og marknadsregulering.

27. Auka støtta til førebyggjande tiltak mot tap av dyr på beite, ved omstilling frå sau til storfe og mjølkegeit der tapsproblematikken er mest aktuell. Gje rimeleg kompensasjon til bønder som likevel ikkje kan nytta seg av beiterettane på grunn av rovdyrbestandar i området.

28. Halda fram med forbodet mot nydyrking av myr for å verna myra sine karbonlager og biologisk mangfald.

29. Styrka og utvida SMIL-ordninga for tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

30. Leggja til rette for eit godt og trygt arbeidsmiljø i landbruket. Arbeidstilsynet skal få fullmakter til å følge opp tilfelle med lønnsutbetaling under gjeldande minstelønn.

31. Redusera mjølkekvotetaket til 450 000 kg, men sikra at dette blir gjort gradvis og på ein føreseieleg måte.

30. SKOGBRUK

Skogen er leveområde for dei fleste artane våre og er eit viktig rekreasjonsområde for menneske. Samtidig er fornybare ressursar frå skogen viktige mellom anna som energikjelde og råstoff i mange ulike produkt. I åra som kjem må vi hausta av skogen på ein måte som aukar det biologiske mangfaldet og skogen sin evne til å binde karbon. I tillegg vil vi føra ein offensiv politikk for å auka nasjonal og lokal verdiskaping basert på skogressursane. Vi vil ta omsyn til både natur, næring og friluftsliv i vår skogpolitikk, men leggja vekt på omsynet til natur og friluftsliv langt sterkare når desse interessene kjem i konflikt med næringsinteresser.

Ei grøn omstilling av norsk skognæring handlar om å auka verdiskapinga for kvar tømmerstokk, ikkje om å auka uttaket av skog. I dag vert alt for mykje uforedla tømmer eksportert og mange lokalsamfunn går glipp av verdiskapinga knytt til foredling av norske råvarer. Vi vil gje norsk treforedlingsindustri sterkare konkurranseevne og større marknader gjennom auka bruk av trevyrke som klimavenleg byggjemateriale, satsing på

Et bærekraftig matsystem og bioøkonomi kvalitetsprodukt og lokale verdikjeder. På mange område kan trevyrke verta ei fornybar erstatning for petroleumsprodukt.

Ein føresetnad for berekraftig skogbruk er ei kartlegging av artar og vegetasjonstypar i skogen, i tillegg til førekomsten av ulike biologiske ressursar. Eit representativt utval av norske skogtypar og skog skal vernast, særleg gamal skog. Produktiv skog skal drivast slik at artane sine leveområde vert tekne vare på.

1. Auka konkurransekrafta for tre som byggjemateriale gjennom auka prioritering av tre i offentlege bygg og anlegg, dessutan krav til livslaupsanalysar i teknisk forskrift i byggsektoren.

2. At større offentlege prosjekt, som nytt regjeringskvartal og ny Campus på NTNU, vert bygd med høg del av trevyrke og gjenbruk av material.

3. Intensivera kartlegginga av artar, vegetasjonstypar og økosystem i norske skogar og stilla krav om at kartlegging av skog vert utført av biologisk og økologisk fagleg kompetent personell.

4. Gjera Statskog til ein spydspiss for eit meir miljøvenleg skogbruk.

5. Satsa på produksjon av bioenergi basert på biprodukt frå treforedlingsindustrien og skogsavfall, men unngå ein politikk der satsing på bioenergi fører til auka avverking av skog.

6. Stansa vidare sal av Statskog sine eigedomar for å ta vare på allmenta sine moglegheiter for friluftsliv, jakt og fiske, og vurdera tilbakekjøp av selde eigedomar.

7. Satsa på bioprospektering av biologiske ressursar frå skog, for å auka kunnskapen om dei biologiske ressursane sine delemne og deira bruksområde.

8. Verna sju prosent av den produktive skogen innan 2025 og ti prosent innan 2030.

9. Forby hogst i gamalskog og fjerna subsidiar til bygging av skogsbilvegar og hogst i bratt terreng.

10. Vidareutvikla miljøkrava til skogsdrift, og redusera bruken av inngripande metodar som flatehogst, hogst og vegbygging i hekke- og yngleperiodar, og markarbeid.

11. Auka og samordna støtteordningar for skogeigarar som ønskjer å gå over til ei meir skånsam skogsdrift som tek vare på omsynet til miljøet.

12. Forby planting av framande artar i skogbruket.

13. Forlengja levetida til trea gjennom å auka rotasjonstida i skogbruket for å ta betre vare på biologisk mangfald og auka karbonlagringa i skog.

14. Samarbeida med grunneigarar og skognæring om å auka delen skog som vert driven etter prinsipp om auka kvalitet og meir verdiskaping per tømmerstokk.

15. Fasa ut bruk av plantevernmidlar og gjødsling i skogsområde.

Et bærekraftig matsystem og bioøkonomi

16. Vidareutvikla norsk treforedlingsindustri gjennom å stimulera til spesialisering og innovasjon.

17. Leggja betre til rette for riktig skogsbeiting, som kan auka det biologiske mangfaldet.

18. Utvikla ei programmessig satsing på bioraffinering av dei ulike delemna og fraksjonane frå biologiske ressursar i skog.

19. Gjennomgå konsesjonslova slik at ein aukar høvet for fleire til å eige mindre skogteigar.

20. Auka løyvingane til frivillig skogvern og sikra eit høgt og føreseieleg nivå.

31. FISKERI

Hava, fjordane og vassdraga i Noreg rommar rike økosystem, og unike naturressursar. Dei har vore kjelder til mat, arbeidsplassar, aktivitetar og busetjing over heile landet i tusenvis av år. Dei Grøne sitt mål i fiskeripolitikken er å gje framtidige generasjonar den same moglegheita til å hauste av desse naturverdiane. Då må økosystemperspektivet og føre-var-prinsippet leggast til grunn for forvaltinga. Slik kan vi sikra mat og arbeidsplassar som heile samfunnet har glede av.

Dei Grøne vil at kystfiskeflåten skal vera ryggsøyla i fiskerinæringa, med havfiskeflåten som supplement for å hausta av fleire ressursar. Fiskeriressursane langs kysten bør forvaltast og foredlast vidare lokalt. Slik legg vi grunnlaget for ei sterk fiskerinæring som sikrar sysselsetjing og busetjing langs kysten. Auka fokus på kvalitet, berekraft og marknadsføring vil gjera norsk sjømat til eit endå meir etterspurt produkt.

1. Grunnlovsfesta at råderetten over fiskebestandane og ressursane i havet tilhøyrer folket.

2. Halda på deltakarlova, havressurslova og fiskesalslagslova, med strenge grenser for talet på kvotar eit rederi kan eiga.

3. Sikra rekruttering og sysselsetjing ved utdeling av kvotar, særleg rekruttering av unge. Kvotebytte internasjonalt må skje utan at ein overfører kvotar frå kystfiskeflåten til havfiskeflåten.

4. Overføra kvotar frå havfiskeflåten til kystfiskeflåten dersom forpliktinga til leveringar ikkje vert oppfylte.

5. Halda fram med å halda opne grupper i fiskeria som er opne i dag.

6. Seia nei til både evigvarande kvotar og til at kvotar skal kunna kjøpast og seljast på den opne marknaden. Kvotar som ikkje lenger er i bruk skal gå tilbake til staten.

7. Styrka lokale fiskemottak og føra den lokale kystfiskaren tilbake, og om naudsynt kjøpa tilbake fiskekvotane bit for bit.

Et bærekraftig matsystem og bioøkonomi

8. Auka sysselsetjinga og verdiskapinga i distrikta og sikra meir berekraftig bruk av ressursane ved å redusera meirverdiavgifta for lokalt foredla sjømat.

9. Stilla krav om at norsk fisk skal førast i land og prosesserast i Noreg for å kunna marknadsførast som norsk.

10. Styrka fiskerioppsynet sitt lokale nærvær langs heile kysten og trappa opp arbeidet med å førebyggja ulovleg fiskeriverksemd.

11. Skjerpa regelverk og kontroll for innrapportering av svampar og korallar som bifangst.

12. Forby botntråling.

13. Verna viktige fiskefelt mot oppdrettsverksemd og havvindindustri.

14. Ikkje gje lov til fiske av plankton (t.d. raudåte) og sakteveksande artar på store djup, havbaserte oppdrettsanlegg eller andre nye marine næringar før vi har eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag. (Som punkt i kap. 3.)

15. Gjera kystflåten utsleppsfri ved å etablera ei tilskotsordning for elektrifisering av fiskeflåten.

16. Redusera spøkelsesfiske og ønska bifangst ved å lovfesta krav om sporbart eigarskap for all fiskereiskap og aktiv merking som gjer det mogleg å finna tapt reiskap, og støtta utvikling av selektive og sjølvoppløysande reiskap.

17. Følgja opp forslaga frå Kystfiskeutvalet om eiga lov og forvaltning for kystfisket i Finnmark.

18. Arbeida internasjonalt mot overbeskatning av fisk og andre marine artar, og for ei økosystembasert havforvalting.

19. Endra Trålstigen i kystflåten sin favør, slik at meir fersk fisk kjem til kai og gir auka verdiskaping langs kysten.

20. Etablera kommunale kvotebankar og distriktskvotar

32. OPPDRETT OG HAVBRUK

Noreg har solid kompetanse innan fiskeoppdrett og ein lang kyst med gode straumforhold. Dette gir oss fantastiske moglegheiter for berekraftig verdiskaping frå havbruk. Tang- og taredyrking kan generera store inntekter. Samtidig kan det motverke klimaendringar og havforsuring og reinsa havet for forureining. Ved å utvikla integrert havbruk kan vi utnytta avfall og biprodukt frå fiskeoppdrett til produksjon av tare og skjell. På denne måten kan vi byggja opp nye næringar samtidig som vi reduserer miljøavtrykket frå fiskeoppdrett.

Dei Grøne vil nytta desse moglegheitene ved å satsa på forsking og utvikling og kommersialisering av ny teknologi. Samstundes vil vi stilla strenge krav til omstilling av dagens produksjon av oppdrettslaks. For oss er det ein føresetnad at all næringsverk-

Et bærekraftig matsystem og bioøkonomi semd skjer innanfor naturen sine tolegrenser. Dette er ikkje tilfelle for dagens lakseoppdrett, som er ein av dei verste miljøsyndarane langs kysten. Forureining, rømt laks og lakselus knytt til slik oppdrett truar norske villaksbestandar og skadar økosystema. I åra som kjem trengs det ei storstilt omstilling til produksjonsformer med null utslepp, null lus og null rømming.

Næringa har også store utfordringar knytt til dyrevelferda, både når det gjeld sjukdom, avlusingsmetodar og mengda fisk i merdane. Dyrevelferd må vektleggjast langt tyngre. Dette er tvingande naudsynt for å ta vare på livet i havet og i fjordane, men også avgjerande for at oppdrettsnæringa kan halda fram med å tena internasjonale marknader og bidra til langsiktig verdiskaping for samfunnet.

DeI Grøne vil:

1. Gjennomføra ei omstilling av heile havbruksnæringa i retning av integrert, krinslaupsbasert havbruk med null utslepp. Omfanget av oppdrettsverksemda skal tilpassast eit nivå som er forsvarleg av omsyn til miljø og dyrevelferd.

2. Berre gje nye konsesjonar til lukka oppdrettsanlegg og krevja lukka teknologi på alle eksisterande anlegg innan 2025. Vekst på eksisterande anlegg før 2025 skal ikkje tillatast, med mindre dei har null utslepp, null lus, null rømming og lågt nivå av daud fisk. (Som punkt i kap. 3.)

3. Skjerpa krava til dyrevelferd for oppdrettsverksemda, mellom anna ved å redusera talet på fisk per merd, avvikla lusebehandling med leppefisk og termisk avlusning, i tillegg til å utvida krava til rapportering av sjukdomar.

4. Ta omsyn til all relevant miljøpåverknad ved vurdering av kva for nokre anlegg som skal redusera sin produksjonskapasitet og følgja faglege tilrådingar.

5. Utvida og trappa opp spleiselaget mellom staten og oppdrettsindustrien om FoU, teknologiutvikling og investeringar i lukka anlegg og miljøløysingar.

6. Byggja opp berekraftig fôrproduksjon i Noreg med eit mål om at mest mogleg av fôret til norsk oppdrett skal koma frå norske ressursar innan 2030. Produksjonsomfanget i oppdrettsnæringa må bli justert til dette målet.

7. Intensivera tilsynet med oppdrettsverksemda frå alle relevante styresmakter.

8. Styrka den uavhengige forskinga om korleis oppdrett påverkar økosystem i fjordar og havområde.

9. Påleggja forureiningsstyresmaktene å ta omsyn til alle relevante miljøfaktorar når dei handsamar utsleppsløyve, inkludert påverknad på villaks frå rømming og lus.

10. Heimla vassforskrifta i akvakulturlova slik at den vert bindande for oppdrettsverksemda og må leggjast til grunn i all enkeltsaksbehandling.

11. Skjerpa krava til overvaking av miljøpåverknaden frå eksisterande og nye oppdrettsanlegg.

12. Verna viktige fiskefelt, korallrev og andre sårbare område mot oppdrettverksemd.

13. Innføra både grunnrenteskatt og ei miljøavgift på oppdrett.

Et bærekraftig matsystem og bioøkonomi

14. Satsa på forsking, utvikling og vekst innan plantebasert havbruk.

15. Innføra heimfallsordningar for oppdrettslokalitetar for å hindra permanent privatisering av fjord- og kystområde.

16. Innføra forbod mot å skifta ballastvatn eller tømma kjemikaliar frå lusebehandling nær sårbare område.

17. Avvikla bruk av kitinhemmarar, nervegifter og koparimpregnering i norsk fiskeoppdrett.

18. Få på plass obligatoriske system for sporing av rømt oppdrettslaks.

19. Utvida grensene for nasjonale laksefjordar og avvikla all oppdrettsverksemd i desse fjordane.

20. Leggja til rette for nulltap av fosfor frå norsk oppdrettsnæring, mellom anna ved å ta initiativ til ein nasjonal fosforplattform som samlar bransjane, styresmakter og forskingsmiljø.

21. Satsa på klimasmarte koplingar mellom kraftkrevjande industri og matproduksjon i nord, mellom anna ved å satsa på å bruka utslepp av CO2 frå industriell verksemd til å produsera marine mikroalgar.

Et bærekraftig matsystem og bioøkonomi

DEL 7

DYR

33. DYREVERN OG -VELFERD

Grøn politikk byggjer på ein grunnleggjande respekt for alt liv. Menneska deler jorda med eit mangfald av ulike livsformer som har ibuande verdi. Vi er omgitt av dyr overalt, både i naturen, byar og bygder. Menneskeleg aktivitet påverkar dyra sine liv meir enn nokon gong. Derfor jobbar Miljøpartiet Dei Grøne for eit samfunn der solidariteten også omfattar dyr og natur. Vi vil ta vare på og reparera leveområda for ville dyr, sikra at produksjonsdyr og familiedyr blir behandla godt og ta større omsyn til dyra sine behov i samfunnsutvikling elles.

I dag lever fleire hundre millionar dyr i norske fjøs, hallar og oppdrettsmerdar, og som selskapsdyr, forsøksdyr og sportsdyr. At desse dyra har eigenverdi tyder at dyra sine liv har verdi for dyra sjølve, uavhengig av kor nyttige eller unyttige dei er for menneske. Dyr som blir haldne i fangenskap av menneske skal ha moglegheit til å utfalda si naturlege åtferd, inkludert å kvila, å røra seg og stimulerande aktivitetar, å vera utandørs og få dekt sosiale behov.

Dei Grøne meiner dyrevelferd fortener ein langt større plass i norsk politikk. Viss dyra sine rettar skal respekterast, er det trong for ei reform av mange typar dyrehald i Noreg og ei langt strengare handheving av dyrevelferdslova. Enkelte former for dyrehald, som pelsdyroppdrett, går ikkje saman med god dyrevelferd og bør derfor vera forbode.

For Dei Grøne er det eit mål å redusera kjøtforbruket til nordmenn, også av omsyn til dyrevelferda. I eit landbruk der bonden ikkje lenger er pressa til å produsera mest mogleg, fortast mogleg og billigast mogleg vil det vera meir rom for dyrevelferd og mindre intensiv drift. Landsbrukspolitikken er eit viktig instrument for å heva statusen og livsvilkåra for mange dyr i Noreg. Matproduksjonen og produksjonstilskota må innrettast slik at det løner seg å satsa på berekraft og dyrevelferd.

1. Grunnlovsfesta dyr sin eigenverdi.

2. Styrkja krav til dyrevelferd i alle forskrifter og rettleiingar for dyrehald, jakt og fangst og oppdatera desse i tråd med dyrevelferdslova sitt vern av dyra sine artstypiske og individuelle behov.

3. Sikra gjennomføring av den vedtatte avviklinga av norsk pelsdyroppdrett innan 2025, og forby import av produkt frå pelsdyroppdrett.

4. Forby import av utanlandske varer som ikkje tilfredsstiller norske krav til dyrevelferd.

5. Førebyggja dyretragediar og dårleg dyrevelferd ved å auke ressursane til tilsyn med dyrehald og oppretta eit eige Dyretilsyn under Klima- og miljødepartementet.

6. Forby avl og import av dyrerasar som genetisk fører til store helseproblem eller lidingar for dyra, som hundar med skjelettlidingar eller for korte naseparti.

7. Omstilla norsk kylling-, kalkun-, svine-, og eggproduksjon ved å krevja sunnare rasar og sikra individa meir plass, naturleg stimuli, meir givande miljø, betre luft og tilgang på dagslys og uteområde.

Dyr

8. Starta utfasing av burhøns og maserasjon av hanekyllingar i eggindustrien.

9. Forby kirurgisk kastrering av griser og CO2 som bedøvelsesmetode.

10. Tilby rimeleg investeringsstøtte til små og mellomstore fjøs som må byggjast om i tråd med lausdriftskravet innan 2034, stimulera til rask omlegging og styrkja mosjons- og luftekrava for besetningar utan lausdrift.

11. Styrkja forsking på og utvikling av driftsformer som tillet samvær mellom ku og kalv.

12. Stilla krav til utemoglegheiter også for oksar.

13. Stansa veksten i norsk oppdrettsindustri inntil det er funne løysingar på dyrevelferdsproblematikken ved å inkludera døying og andre dyrevelferdsparameterar i trafikklyssystemet.

14. Raskt avvikla lusebehandling med leppefisk og termisk avlusning, og utvida krava til innrapportering av sjukdommar.

15. Redusera talet på fisk i oppdrettsmerdane og vurdera fleire tiltak som sikrar betre dyrevelferd.

16. Avvikla den kommersielle kvalfangsten.

17. Ha som langsiktig mål å halvera det norske kjøtforbruket, slik at forbruket ikkje stig over det vi kan produsera sjølv på eigne areal og ressursar. Ha som langsiktig mål å fasa ut import av kraftfôr og tilpassa kjøtproduksjonen til det lokale ressursgrunnlaget. (Likelydande punkt i kap. 1 og 33.)

18. Vri produksjonstilskota i landbruket frå å favorisera intensiv volumproduksjon av kjøt, egg og mjølk til å støtta opp om produksjon basert på lokale ressursar med styrkt dyrevelferd.

19. Stilla krav om kortare dyretransportar og leggja til rette for auka bruk av lokale gards- og bygdeslakteri og mobile slakteri. Jobba langsiktig for at alle husdyr kan slaktast heime på garden eller i nærleiken av garden.

20. Sanksjonera brot på dyrevelferdslova i matproduksjon gjennom ei generell avkorting av eventuelle produksjonstilskot.

21. Krevja at alle animalske produkt blir merkte med informasjon om korleis dyr har blitt behandla i produksjonen etter modell frå næringsdeklarasjonen.

22. Gi investeringsstøtte til bønder og andre som produserer mat med betre dyrevelferd enn offentlege minstekrav, og innføra og oppdatera dyrevelferdsprogram for alle typar husdyrbesetningar.

23. Førebyggja skadar på ville dyr og beitedyr grunna menneskeleg aktivitet, til dømes i samband med vegtrafikk, jernbane og slått.

24. Sikra tilstrekkeleg støtte og insentiv til førebyggjande tiltak mot rovdyrskadar, med særleg vekt på ikkje-dødelege tiltak overfor rovvilt og tiltak som bidrar til at skadde dyr på beite blir oppdaga tidlegare.

Dyr

25. Støtta senter og frivillige initiativ som driv omplassering av og informasjonsarbeid om heimlause familiedyr.

26. Innføra obligatorisk ID-merking av alle artar familiedyr, med hund og katt som førsteprioritet.

27. Oppdatera hundelova for å ta betre omsyn til hundar og eigarar si velferd og rettar, og vidare stilla krav om etablering av eigna friområde for hundar i kommunar med utvida bandtvang.

28. Innføra krav om kurs og sertifisering for hundeoppdrettarar med to kull eller meir i året.

29. Forby sal i butikk av fugl, reptilar og smådyr som ikkje kan haldast i bur av velferdsomsyn og auka kontroll og tilsyn med øvrige dyr i dyrebutikkar.

30. Oppretta ei dyrepolitieining i alle politidistrikt i landet, og styrkja Økokrim sitt arbeid mot dyrevelferdskriminalitet.

31. Sikra tilstrekkeleg veterinærdekning i Noreg.

32. Fasa ut dyreforsøk der det er mogleg, oppretta eit nasjonalt senter for alternativ til dyreforsøk og hindra unødvendige dyreforsøk som fører med seg smerte, stress og angst.

33. Stilla strenge krav til avlivingsmetodar i jakt, mellom anna ved å regulera kaliber på jaktvåpen og gå mot innføring av jakt med pil og boge.

34. Forby bruk av langtidsverkande gift som avlivingsmetode for mus og rotter.

35. Skjerpa regelverket for å hindra at dyr blir utnytta for underhaldning.

36. Jobba for eit internasjonalt forbod mot handel med levande ville dyr.

Dyr

DEL 8

LOKALSAMFUNN

34. BYPOLITIKK

Byane våre veks og tiltrekkjer seg stadig fleire. I byane må me leggja til rette for gode og lange liv for innbyggjarane ved å redusera bilisme og transportbehov, sikra tilgang til tur- og grøntområde, skapa fellesskap og tilhøyrsle gjennom mangfaldige og gode nabolag der folk møtest og bryr seg om kvarandre på tvers av bakgrunnar og generasjonar.

Attraktive byar prioriterer barn, grøne byrom og fellesskap. Byar som er bra for barna, er bra for alle. Me satsar på levande bysenter utan bilen. Bilfrie, grøne byrom aukar bruken av gatar, torg, leikeplassar og parkar, som igjen gir betre grunnlag for handelsnæringa, kulturlivet og serveringsstadar. Saman med ei storstilt satsing på sykkelvegar, kollektivtransport og trygge gangvegar, snur me sentrumsdød til sentrumsliv.

Byane er viktige motorar for det grøne skiftet, ved reduserte klimagassutslepp og innføring av sirkulærsamfunnet. Norske byar både kan og må visa veg for resten av verda. Befolkningsvekst kan ikkje løysast gjennom byspreiing og bilbaserte buområde som byggjer ned natur, aukar transportbehov og reduserer tid til kvarandre i kvardagen. Veksten må løysast gjennom transformasjon og fortetting av høg kvalitet. Dette førebyggjer også butikkdød og nedlegging av viktige tilbod i nærområda. Fleire skal kunne busetja seg i “10-minuttsbyar” der heim, jobb, nærbutikk, barnehage eller andre tilbod er innanfor rekkevidde av ti minutt sykkel eller gange.

1. Gjera det tryggare og enklare å sykla og gå ved å etablera attraktive og samanhengande gang- og sykkelvegnett i alle byar og tettstader.

2. Opna sjøkanten for befolkninga i byar nær sjøen, tilretteleggja for reetablering av det marine livet ved havne- og kaiområde i sjø og vatn og etablera grøntkorridorar for dyr og plantar i tettbygde strøk.

3. Sikra gode grøntområde i byane og enkel tilgang til nærnatur, blant anna gjennom ei eiga nærnaturlov som vernar viktige natur- og friluftsområde.

4. Styrkja bynaturen og det biologiske mangfaldet ved å verna, utvida og etablera nye grøntområde i utbygde område, til dømes gjennom å ivareta gamle stadeigne tre og planta nye.

5. Gjenopna bekkar og vassdrag for å gjera disse tilgjengelege for befolkninga og gjera byane i stand til å takla klimaendringar og auka nedbør.

6. Sørgja for trygg og rein luft i norske byar ved å arbeida for betre kollektivløysingar, stimulera til utskifting til reintbrennande vedomnar og gje lokalpolitikarane betre høve til å innføra miljødifferensiering i biltrafikken.

7. Bidra til matkunnskap, fellesskap og levande byrom gjennom prioritering av areal og gode støtteordningar til ulike former for urbant landbruk i byane, parsellhagar og skulehagar.

8. Bidra til spennande byrom gjennom å leggja betre til rette for gatekulturelle uttrykk og ikkje-kommersiell kunst.

Lokalsamfunn

9. Prioritera fotgjengarvenlege by- og tettstadsutvikling framfor biltrafikk og høg hastigheit, og sørgja for at statlege aktørar innan feltet får dette som eksplisitt mål og styringssignal.

10. Stimulera til oppretting av bilfrie gater og torg i byar og tettstader gjennom by- og bygdemiljøpakker, der hovudformålet skal vera å skapa trygge og trivelege byrom for alle aldersgrupper med leikeplass og gratis møtestader.

11. Gje kommunane større handlingsrom overfor statlege vegstyresmakter, slik at dei får høve til å transformera statlege og fylkeskommunale vegar til bygater.

12. Forby bygging av nye bilbaserte kjøpesenter, seia nei til utviding av eksisterande senter, planleggja for etterbruk av kjøpesenter og la byane innføra betalingsparkering.

13. Arbeida for at byutvikling primært skal skje gjennom å transformera bilbaserte næringsområde og grå areal til levande, varierte og grøne bumiljø. Byane må gjevast handlingsrom til å framskunda slike endringar, for eksempel ved at dei får høve til å auka eigedomsskatten for tomteeigarar som hindrar ønskt utvikling i eit område.

14. Støtta opp om etablering av grøne tak eller bruk av takareal til fornybar energiproduksjon og krevja dette for alle offentlege bygg der det er mogeleg.

15. Styrkja byane sin eigenart ved å heve kommunen sin kompetanse på norsk arkitektur og landskapsarkitektur, og byggja opp under stadstilpassing og lokale handverkstradisjonar i nye byggjeprosjekt.

35. LEVANDE, GRØNE DISTRIKT

Det skal vera godt og trygt å leva i det grøne Noreg, uansett om du bur i by eller på bygda, og uansett kven du er. Norske lokalsamfunn skal vera levande og fleirfaldige, og planleggjast for godt naboskap og gode miljøløysingar. Befolkninga i heile Noreg skal ha tilgang på gode velferdstenester, kollektivtransport, rimeleg bustad, grøne jobbar og nødvendig infrastruktur. Busetjing i heile landet er viktig for verdiskaping, naturforvaltning og identitet, så vel som beredskap og tryggleik, og vil spela ei nøkkelrolle i den grøne økonomien.

Me er avhengige av heile landet i det grøne skiftet. Den globale omstillinga må henda nær folk, der me bur, møtest og arbeider. Klima- og naturvenlege alternativ skal vera lettast å velja, også i distrikta. God, grøn politikk i Oslo eller Tromsø kan likevel sjå ganske annleis ut enn god, grøn politikk i Fjærland eller Vang. Ulike miljøløysingar eignar seg best i ulike lokalsamfunn.

Å ivareta livet på bygda handlar om å ta vare på kulturlandskap, natur og møteplassar, samstundes som me tar i bruk teknologi som kan redusera transportbehov, skapa lønsam og berekraftig næring og betre bu- og tenestetilbod. Fleire statlege arbeidsplassar utanfor Oslo er også viktig for å skapa utvikling.

For å sikra demokratisk engasjement, er det viktig at avgjerdene blir tatt på nivå som er nærmast mogeleg dei det gjeld. Dei Grøne vil styrkja det regionale nivået for betre å ivareta oppgåver som går på tvers av kommunar, til dømes forvaltning av samanhengande

Lokalsamfunn økosystem og transportsystem. Dei Grøne vil motsetje seg nye sentraliseringsreformer som ikkje beviseleg betrar tenestetilbodet. Kommuneøkonomien må styrkjast vesentleg slik at tenestetilbod kan ivaretakast sjølv i små kommunar. Kommunane sine frie inntekter må stå i forhold til oppgåvene, slik at lokale prioriteringar faktisk kan bestemmast lokalt. Det må stimulerast til betre regionalt samarbeid.

1. Sikra at regionnivået blir eit sterkt folkevalt nivå, med større ansvar for arealforvaltning, transport og næringsutvikling.

2. At kommune- og fylkessamanslåing skal vera frivillig og dermed vert avgjort lokalt.

3. Gjera klimaomstillinga lettare for kommunar og fylkeskommunar ved å fjerna hindringar i lovverket, auke støtta til kommunale klimatiltak og gjennomføre ei storsatsing på fleire klima- og miljørådgjevarar. (Likelydande punkt i kap. 6.)

4. Innføra ei klimalov for kommunane som fastset at kommunane skal styra etter klimaplanar og klimabudsjett som minimum er i tråd med Parisavtalen. (Likelydande punkt i kap. 6.)

5. Oppretta ei belønningsordning for kommunar som forpliktar seg til naturrestaurering og arealnøytralitet over lang tid.

6. Talfesta og offentleggjera kommunal og fylkeskommunal naturpåverknad og klimagassutslepp.

7. Plassera fleire statlege arbeidsplassar utanfor Oslo for å bidra til utvikling i heile landet.

8. Utgreia ordningar og økonomiske incentiv som gjer det meir attraktivt å busetja seg og bli buande i distriktskommunar.

9. Bidra til å byggja lokale fagmiljø, inkubatorar og næringsklynger i distrikta med utgangspunkt i lokale behov og moglegheiter, og styrkja støtta og finansieringa til dette gjennom Siva og Innovasjon Noreg.

10. Auke kommunane sine økonomiske handlingsrom.

11. Gje kommunar høve til å innføra lokal turistskatt. (Likelydande punkt i kap. 19)

12. Sikra tilgang til breiband over heile landet.

13. Satsa på kommunale prosjekt for grøne nærområde med auka biologisk mangfald, fleire grøntområde og attraktive sosiale byrom og møteplassar.

14. Auka dei regionale utviklingsmidlane og øyremerka aukinga til grøne innovasjonsprosjekt.

15. Styrkja regionsamarbeid for offentlege tenester som helse, utdanning og transport, der det kan bidra til betre oppgåveløysing.

16. Sikra eit godt og føreseieleg luftambulansetilbod i heile landet. (Likelydande punkt i kap. 47.)

Lokalsamfunn

17. Arbeida for eit politi som er synleg og reelt til stades i heile landet, med forsvarleg responstid og tilstrekkeleg kapasitet, også til å driva godt førebygginsarbeid. (Likelydande punkt i kap. 68.)

18. Sikra tilbod som lærar- og sjukepleiarutdanning i heile landet gjennom å styrkja finansieringa til desentraliserte utdanningstilbod med geografisk spreiing.

19. Belønna bedrifter som vel nettmøte framfor fly, men samstundes oppretthalda og arbeida for å elektrifisera dei nødvendige avgangane på kortbanenettet, styrkja infrastrukturen i nord og samkøyra kollektivtilboda.

36. BUSTADSPOLITIKK

Grøn bustadpolitikk handlar om å sikra alle tilgang på ein rimeleg bustad det er godt å bu i, med lågt miljøavtrykk. Dei Grøne vil bruka arkitektur til å tilrettelegga for gode liv som bringar folk saman, både for at me kan bruka mindre plass og bu meir sosialt. Bustadane våre skal gjera det lettare å leva klima- og miljøvenleg. Å riva og byggja nytt fører til store klimagassutslepp. Dei Grøne ønskjer derfor renovering og transformasjon av eksisterande bygg framfor riving av brukbare bygg.

Dagens bustadprisar er altfor høge i dei store byane. For mange unge er terskelen til bustadmarknaden uoverstigeleg. Dei Grøne vil gjenreisa den sosiale bustadpolitikken og leggja til rette for at flest mogleg kan eiga sin eige bustad. Me vil føra ein politikk som gjer det mogeleg for alle å leiga eller eiga ein bustad med god bukvalitet til overkommeleg pris.

1. Arbeida for ein føreseieleg utleigemarknad med akseptabelt prisnivå for dei som ikkje ønskjer eller har moglegheit til å eiga eigen bustad ved å støtta utviklinga av ikkje-kommersielle utleigeselskap eigd av ideelle organisasjonar og det offentlege.

2. Bidra til at fleire kan disponera eige bustad under gunstige vilkår ved å innføra ein ikkje-kommersiell tredje bustadsektor i sjiktet mellom kommunale bustadar og den opne marknaden, og gje kommunane høve til å kreva at inntil 30% av leilegheitene i nye bustadprosjekt vert avsett til tredje bustadsektor.

3. Bekjempa bustadspekulasjon og avgrensa prisveksten på bustadar, blant anna gjennom gradvis å fjerna rentefrådraget for bustadlån og utgreia auka skattlegging av sekundærbustadar. (Likelydande punkt i kap. 19)

4. Styrkja leigetakarane sine rettigheiter og arbeida for ein meir profesjonalisert og rettferdig leigemarknad.

5. Sikra tilstrekkeleg utbygging av bustadar som er tilrettelagt for personar med nedsett funksjonsevne.

6. Gjera det mogeleg for kommunar å stilla fleire klima- og miljøkrav til alle utbyggjarar gjennom plan- og bygningslova.

7. Utvida ordninga med startlån og vurdere å gjera vilkåra meir gunstige for å hjelpa førstegongsetablerarar å koma inn på bustadmarknaden.

Lokalsamfunn

8. Tilretteleggja betre for byggfellesskap, bustadbyggjarlag, minihus, økolandsbyar og andre alternative buformer med lågt økologisk fotavtrykk.

9. Støtta etablering av generasjonskollektiv og andre buformer som gjer det mogeleg for fleire å bu og leva saman, også ulike demografiske grupper.

10. Stilla krav om grøntområde og levande fellesareal i alle bustadområde.

11. Vidareføra og styrkja samarbeidet mellom staten og aktuelle kommunar om områdeløft for å betra miljø, butilhøve og levekår i område med levekårsutfordringar.

12. Fjerna det nasjonale taket for kommunal eigedomsskatt.

13. Auke støtta til ”Housing First”-program, og utvida modellen til bruk i heile landet, for å sikra flest mogeleg heimlause ein plass å bu.

14. Krevja at 1/5 av nye byggjeprosjekt i byar skal leigast ut til sjølvkostprisar og heva dette til ¼ i Oslo. Og gje kommunar høve til å krevja at ein bestemt prosentdel av nybygg skal seljast til redusert pris og/eller med førsterett til førstegongskjøparar i nye utbyggingsprosjekt.

Lokalsamfunn

DEL 9

ARBEID OG

VELFERD

37. ARBEIDSLIV OG ARBEIDSVILKÅR

Arbeid er det viktigaste verkemidlet for å motverka fattigdom og sosiale ulikskapar og har stor effekt på inkludering av den einskilde, meistring og helse. Flest mogleg skal ha løna arbeid og trivast i jobben sin. Dei Grøne vil verna om grunnleggjande rettar i arbeidslivet, som fast tilsetjing og innverknad på eigne arbeidsvilkår. Me vil leggja til rette for aktive arbeidslivsorganisasjonar, ei sterk arbeidsmiljølov og eit godt samarbeid mellom partane i arbeidslivet og staten.

Samarbeidet i arbeidslivet byggjer på og skaper gjensidig tillit, og bidreg til at me har produktive og innovative bedrifter som tek hand om sitt samfunnsansvar. Det er særleg viktig når norsk arbeidsliv skal omstilla seg ut av oljealderen og ny teknologi gjer at mange arbeidsoppgåver blir utført på nye måtar. Me vil vidareutvikla norsk kompetanse og styrkja norsk arbeidsliv gjennom ei rask og målretta omstilling frå oljeavhengigheit til eit berekraftig samfunn.

Arbeidsinnvandring er først og fremst eit gode for Noreg. Dei Grøne vil leggja til rette for meir arbeidsinnvandring frå land utanfor EØS, med utgangspunkt i norske bedrifter sine behov for kompetanse og arbeidskraft. Samstundes anerkjenner me at arbeidsinnvandring gir utfordringar i form av auka konkurranse på arbeidsmarknaden, særleg for unge arbeidstakarar, og i form av sosial dumping. Dette krev systematisk innsats mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, både på nasjonalt og europeisk nivå.

1. Styrkja arbeidsmiljølova sine føresegner om fast tilsetjing, også for tilsette i vikarbyrå.

2. Motarbeida ufrivillig deltid og auka delen heile stillingar i helse- og omsorgssektoren i samarbeid med partane i arbeidslivet.

3. Utvida ordninga med bransjeavtalar og allmenngjering av tariffavtalar til fleire fagområde, mellom anna ved å krevja dokumentasjon på tariffavtale ved fornying eller tildeling av offentlege løyve og kontraktar.

4. Auka innsatsen for å motverka arbeidslivskriminalitet ved å tilføra Arbeidstilsynet, NAV og Skatteetaten auka ressursar, slik at dei i større grad kan handheva arbeidsmiljølova.

5. Auka stønaden til frivillige og ideelle organisasjonar som hjelper offer for sosial dumping, arbeidslivskriminalitet og tvangsarbeid.

6. Praktisera prinsippet om lik løn for arbeid av lik verdi, herunder å forby uløna praktikantstillingar i det offentlege og gjera greie for ulike tiltak for lønsutjamning til fordel for kvinnedominerte yrke. (Som punkt i kap. 57.)

7. Samarbeida med partane i arbeidslivet om å redusera normalarbeidstida, med stor fleksibilitet for den einskilde sin arbeidsplass for korleis arbeidstid og arbeidstidsreduksjon skal organiserast. (Som punkt i kap. 1 og 18.)

8. Innføra ei prøveordning med 6-timars arbeidsdag innanfor offentlege verksemder der arbeidsbelastninga er særleg stor, og/eller for arbeidstakarar med småborn.

Arbeid og velferd

9. Innføra ei ekstra ferieveke for foreldre med barn opp til 12 år.

10. Oppretta eit forsøksprosjekt med eittårig frivillig sivilteneste som eit tilbod til ungdomar over 15 år som er ferdige med grunnskulen.

11. Leggja til rette for auka medeigarskap på arbeidsplassen og auka etablering av medarbeidareigde bedrifter.

12. Utgreia dei langsiktige konsekvensane av aukande automatisering av vare- og tenesteproduksjon, med vekt på tiltak som motverkar auka økonomisk ulikskap og sikrar staten sitt skattegrunnlag. (Som punkt i kap. 19.)

13. Stilla krav til nye næringar innanfor delingsøkonomien, med mål om eit organisert arbeidsliv på lik linje med det øvrige arbeidslivet i Noreg.

14. Krevja openheit og innsyn i pengestraumane til plattformselskap, for å motarbeida skatteunndragingar og svart arbeid.

15. Opna for uføretrygding i mindre brøkar enn 50 prosent.

16. Innføra forsøksordningar med å fjerna aktivitetskrav og -avgrensningar for mottakarar av dagpengar, arbeidsavklaringspengar og uføretrygd.

17. Støtta arbeidsgjevarar som set i verk ekstraordinære tiltak for kompetanseheving i grøne fag og omskulering frå petroleumsfag.

18. Gjennomføra ei grøn kompetansereform saman med partane i arbeidslivet og opplæringsaktørar, med eit omstillingsfond for grøn vidareutdanning, omskulering frå petroleumsfag og ekstraordinære tiltak i særleg utsette bransjer.

19. Utgreia vilkår for at personar med statsborgarskap i land utanfor EU skal kunna bli gitt same vilkår for mellombels arbeidsløyve som EU-borgarar.

20. Arbeida for eit enkelt og føreseieleg regelverk for arbeidsinnvandring, for å sikra raskare tilgang på kvalifisert arbeidskraft, også frå land utanfor EØS-området.

21. Sørgja for at arbeidsinnvandrarar til Noreg får informasjon om rettar og plikter i arbeidslivet, og tilbod om gratis norskundervisning.

22. Gjennomføra ei tillitsreform i offentleg sektor og fjerna New Public Management som styringsprinsipp, mellom anna gjennom vidareføring av trepartssamarbeidet som grunnlag for utvikling av offentleg sektor, avgrensa kommersialisering, konkurranseutsetjing og oppsplitting av offentlige tenester, redusera unødvendige kontroll- og målekrav og investera i utvikling av eigne tilsette og leiarar framfor innleidde konsulentar.

23. Gje likestillings-og diskrimineringsnemnda mynde til å fastsetja oppreising i saker innanfor arbeidslivet.

Arbeid og velferd

38. VELFERD OG SOSIAL RETTFERD

Eit inkluderande samfunn krev aktiv fattigdomsnedkjemping og eit sterkt sosialt sikkerheitsnett. Stadig fleire born veks opp i fattigdom, medan dei aller rikaste har auka sine formuar. Eit samfunn med små skilnader er grunnmuren for å halda på tillit mellom folk og vilje til å slutta opp om felles løysingar. Eit samfunn med små skilnader er også betre rusta til å gjennomføra dei endringane som klima- og naturkrisa krev av oss. Dei Grøne vil føra ein målretta politikk for eit sosialt rettferdig samfunn, der me kjempar mot aukande ulikskap, fattigdom og sosiale skilnader.

Velferdsstaten sine ordningar skal bidra til økonomisk tryggleik og ein anstendig levestandard for born, småbarnsforeldre, seniorar og alle som har avgrensa moglegheiter til å delta i arbeidslivet. Dei ulike ordningane må samordnast godt og bli gjort tilgjengeleg for dei som har rett på dei. Dei Grøne vil føra ein omfordelande skattepolitikk og offensiv offentleg velferdspolitikk som skaper tryggleik i alle fasar i livet.

Dei Grøne vil sikra eit framleis sterkt offentleg velferdstilbod til alle. Ideelle og kommersielle aktørar kan på nokre område gje eit større mangfald og vera eit positivt supplement, men det er viktig at offentleg velferdsmidlar går til å styrkja tenestene og kjem brukarane til gode, ikkje til kommersiell profitt.

Det bør bli enklare for menneske å bruka ressursane sine til det beste for seg sjølv og andre samstundes som ein mottek hjelp frå velferdsstaten. Vårt mål er at flest mogleg skal ha moglegheit til å leva gode liv, der dei får vera ressursar for andre menneske og bidra i sine eigne nettverk og til utvikling av samfunnet med sine ferdigheiter og eigenskapar.

1. At folk med låg eller gjennomsnittleg inntekt skal få redusert inntektsskatt i løpet av stortingsperioden, medan folk med høg inntekt skal betala meir. (Som punkt i kap. 19.)

2. Gjera NAV meir tilgjengeleg overfor brukarane gjennom utvida telefon- og opningstider, og behalda talet på NAV-kontor.

3. Styrkja sakshandsamingskapasiteten i NAV, sørgja for etterutdanning og auka bemanning for å sikra ei forsvarleg og effektiv handsaming.

4. Utvida prosjekta med klart språk til heile NAV, slik at vedtak og annan kommunikasjon med brukarane blir formidla på ein måte som er forståeleg.

5. Styrkja velferdsrettane til sjølvstendig næringsdrivande ved å gjennomgå ordningane for sjukepengar, dagpengar og pensjon.

6. Verna om universelle velferdstenester som barnetrygd.

7. Endra dagpengeordninga til også å omfatta nyutdanna og personar som har mindre deltidsstillingar.

8. Utgreia ordningar for borgarløn tilpassa norsk kontekst og gjennomføra pilotforsøk for å samla erfaringar om verknad og innretning.

Arbeid og velferd

9. Fastsetja ei nasjonal minstenorm for sosialstønad som skal fungera som ein garantert minsteinntekt og ikkje føresetja sal av eigedomar og liknande.

10. Opna opp for at foreldrepermisjonen kan bli tatt ut av fleire enn dei to juridiske foreldra. (Som punkt i kap. 57.)

11. Gi far og medmor sjølvstendig oppteningsrett til foreldrepengar. (Som punkt i kap. 57.)

12. Gjennomgå forholda for sjølvstendig næringsdrivande og andre som ikkje er i eit fast tilsetjingsforhold, med sikte på å gjera det enklare å kombinera born og familieliv med å driva eiga verksemd.

13. Tredobla eingongsstønaden ved fødsel og adopsjon.

14. Auka satsane for sosialhjelp til eit nivå ein kan leva av, til dømes rekna ut frå SIFOs standardbudsjett.

15. Innføra ei ordning der ventetid for behandling blir trekt frå perioden med arbeidsavklaringspengar.

16. Forlengja maksperioden for arbeidsavklaringspengar slik at det blir mogleg med reell avklaring.

17. Betra tilgang til sosiale rettar gjennom å forenkla prosessen for registreringsbevis for EØS-borgarar.

18. Styrkja dei alternative utdanningsløpa og jobbtiltak for å sikra eit meir inkluderande arbeidsliv.

19. Følgja opp Rettshjelpsutvalet si utgreiing og styrkja ordninga med fri rettshjelp, mellom anna ved å heva inntektsgrensene og inkludera fleire sakstypar i ordninga. (Som punkt i kap. 65).

39. SENIORPOLITIKK

Dagens eldre lever lenger og er friskare enn før. Stadig større del av befolkinga er over pensjonsalder. Denna auken av eldre innbyggjarar vil krevja mykje av velferdsstaten. Samstundes representerer den nye typen pensjonistar i stor grad ei seniorkraft som må takast i bruk for å bidra til eit velfungerande samfunn for alle generasjonar.

1. Gå i dialog med partane i arbeidslivet om vilkår for ein meir fleksibel pensjonsalder som inneber at fleire får moglegheit til å jobba lenger enn dagens grense for ordinært stillingsvern.

2. I samarbeid med partane i arbeidslivet, vurdera å sikra retten til redusert arbeidstid for alle personar over 62 år.

3. Leggja til rette for og støtta etablering av seniorkollektiv, med stor grad av fellesområde og dele-policy.

Arbeid og velferd

4. Leggja til rette for mangfaldige buformer for gjensidig hjelp og glede, til dømes mellom barnefamiliar og eldre, og testa ut ordningar der studentar får bu gratis i tilknytning til sjukeheimar dersom dei bidrar som supplement i arbeidet med å skapa trivsel for dei eldre.

5. Leggja til rette for etablering av fleire frivilligsentralar og andre former for møtestader mellom generasjonar, som nærlokalisering av barnehage, skular og institusjonar for eldre.

6. Vidareutvikla og ta i bruk velferdsteknologi som gir tryggare kvardag for eldre.

7. Leggja til rette for individuelle omsorgstilbod der brukarane i større grad kan påverka sin eigen kvardag.

8. Sikra aktiv bruk av eldreråd lokalt og nasjonalt.

9. Støtta ein gjennomgang av pensjonistane sine økonomiske kår i lys av dei siste åras utvikling mot aukande ulikskap og svakare lønsutvikling for store grupper. Endringar i pensjonspolitikken må skje i samarbeid med partane i arbeidslivet og bli grundig utgreidd i eit generasjonsperspektiv for å redusera ulikskap og sikra økonomisk berekraft.

Arbeid og velferd

DEL 10

OPPVEKST OG

UTDANNING

40. EIN GOD START PÅ LIVET

Barndommen har eigenverdi. Den legg samstundes grunnlaget for korleis livet skal utvikla seg gjennom ungdom og vaksenliv. Alle born har rett til ein god start i livet. Tidleg innsats og ressursar for å få til dette er viktig både for det einskilde menneske og samfunnet som heilskap. Dei fleste born og unge lever gode liv i trygge familiar, men nokre veks opp i meir utsette situasjonar. Det er ei samfunnsoppgåve å støtta desse til ein tryggare oppvekst.

Tida som ungdom og ung vaksen kan vera ein sårbar fase i livet for mange. Dei Grøne vil ha eit samfunn med mindre press og stress, der mangfald og likeverd er grunnlaget for det sosiale livet. Våre unge skal ha moglegheit til å bli trygge og sjølvstendige menneske med kompetanse til å utvikla seg, delta, påverka og skapa.

1. Sikra alle born og foreldre ein god start på familielivet, gjennom god svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg og god oppfølging ved adopsjon eller fosterheimsplassering.

2. Gi heilskaplege hjelpetiltak til foreldra under svangerskapet, spesielt dersom det er mistanke om omsorgssvikt under eller etter svangerskap.

3. Auka ressursane til helsestasjonane for å kunna gi tettare oppfølging av born og foreldre som treng det og innføra foreldrevegleiing til førstegongsforeldre som ventar barn.

4. Gi far og medmor sjølvstendig oppteningsrett til foreldrepengar. (Likelydande punkt i kap. 38.)

5. Opna opp for at foreldrepermisjonen kan takast ut av fleire enn dei to juridiske foreldra. (Likelydande punkt i kap. 38.)

6. Dei Grøne går inn for å sikra far/partnar eller annan omsorgsperson to vekers løna omsorgspermisjon i samband med fødsel.

7. Dei Grøne ønskjer at det skal vera mogleg for foreldre å velja ulik dekningsgrad, altså at ein forelder kan ha 80 prosent og ein annan 100 prosent løna permisjon.

8. Ta omsyn til at situasjonen for familiar er ulik og at alle born skal ha moglegheit til trygg tilknyting til begge foreldra. Derfor vil MDG bevara dagens mødre- og fedrekvote på 15 veker, auka talet på fleksible veker i foreldrepermisjonen frå 16 til minimum 20 veker, og innføra fleire moglegheiter til unntak, slik at ein kan få overført permisjonsveker mellom foreldra etter gitte kriterium.

9. Kjempa mot barnefattigdom gjennom betre tilgang på fritidstilbod og gratis barnehage for låginntektsfamiliar, samt auka barnetillegg for uføre og einslege forsørgjarar.

10. Sikra alle born moglegheit til barnehageplass i nærmiljøet.

11. At born og unge skal ha rett til medbestemming etter evne i alle samanhengar og på alle nivå som gjeld dei.

Oppvekst og utdanning

12. Styrkja kompetansen i helsevesen, barnehage og skule for tidleg å avdekkja vald, mobbing og overgrep mot born.

13. Gjennomføra tiltak som gjer borna sin kvardag minst mogleg påverka av ureining og giftstoff.

14. Lovfesta krav til kompetanse for tilsette og leiarar i barneverntenester og på barneverninstitusjonar.

15. Innføra ei rettleiande bemanningsnorm i den kommunale barneverntenesta.

16. Auka rekrutteringa av fosterheimar generelt, og rekruttera fleire beredskapsheimar og fosterheimar som tar imot sysken for å sikra at sysken kan plasserast i same fosterheim dersom dei ønskjer det sjølve.

17. Auka det kulturelle og språklege mangfaldet blant fosterfamiliar, beredskapsheimar og tilsette i barnevernet.

18. Styrkja rettstryggleiken for born i fosterheimar og fosterforeldre, og greia ut korleis det kan ivaretakast. Fosterforeldre må sikrast føreseielege lovheimla rammevilkår.

19. Leggja til rette for fleire lokale lågterskeltilbod for familiar i sårbare situasjonar, mellom anna i samarbeid med helsesjukepleiarar og barnehagar.

20. Styrkja familievernet og meklingstilbodet til familiar som treng det, og betra den skeive kjønnsbalansen ved rekruttering av fleire mannlege familieterapeutar og barnevernspedagogar.

21. Sikra at born med funksjonsvariasjonar eller sjukdom får oppfylt sine lovfesta rettar til opplæring, helsehjelp, fritidsaktivitetar, familiesamvær, omsorg og samfunnsdeltaking, på lik line med andre barn.

22. Styrkja forbodet i § Barnelovas 43 mot at ein forelder saboterer bornas samvær med den andre forelder etter samlivsbrot, og styrkja heimelen for effektive sanksjonar mot samværsabotasje i Barnelovas § 65.

23. Styrkja tilbod om møteplassar og språkopplæring til føresette og born som ikkje brukar barnehage, som til dømes open barnehage.

24. Vidareføra kontantstøtta for born mellom 1 og 2 år.

25. Styrkja skulehelsetenesta.

26. Opna opp for at born med fleire enn to omsorgspersonar også kan ha fleire enn to juridiske foreldre.

27. Sikra born sin rett til samvær og omsorg med begge foreldra, også etter samlivsbrot. Likestilla foreldra i Barnelova og forvaltninga av denne ved å sikra begge foreldre reelt likeverdig foreldreskap, også etter samlivsbrot.

Oppvekst og utdanning

41. BARNEHAGE

Gode barnehagar er mellom dei viktigaste arenaane for sosialisering, integrering og inkludering. Dei tilsette i barnehagane er svært viktige vaksenpersonar i starten av bornas liv. Dei Grøne vil leggja til rette for at dei tilsette har god og riktig kompetanse og at det er nok tilsette til at born og foreldre opplever barnehagen som ein trygg stad der alle blir sett og følgd opp. Dei Grøne har tillit til fagfolk, og vil leggja til rette for at dei tilsette i større grad får bruka sin fagkunnskap og kjennskap til kvart enkelt barn til å leggja opp arbeidet, i staden for standardiserte opplegg. Naturen i og rundt barnehagen skal nyttast til leik og utforsking. Uteareala skal i størst mogleg grad utformast med omsyn til born med ulik funksjonsevne.

Private barnehagar er eit viktig supplement til dei offentlege barnehagane. Dei Grøne vil gjennom krav og tilsyn sikra at den offentlege støtta går til tenestene og kjem brukarane til gode, framfor å gå til kommersiell profitt. Slik styrker me barnehagen som eit trygt og utviklande kvardagstilbod for borna med gode arbeidsvilkår for dei tilsette.

1. Sørgja for nok barnehageplassar i nærmiljøet til dei som ønskjer det, med fleire opptak etter at barnet har fylt eitt år.

2. Arbeida for større breidde i kulturell og språkleg bakgrunn blant dei tilsette.

3. Styrkja rekrutteringa av menn til barnehagen med mål om 25 prosent fleire mannlege barnehagelærarar innan 2030.

4. Gi barnehagepersonalet meir tid til individuell oppfølging av barna ved å redusera krav til unødvendig rapportering og dokumentasjon.

5. Gi alle nyutdanna barnehagelærarar rett til kvalifisert rettleiing de to første åra i jobb.

6. Arbeida for at barnehagelærarane får systematisk etter- og vidareutdanning.

7. Sikra at bemanningsnorma gjeld for heile opningstida.

8. La barnehagen vera ein integrert og aktiv del av lokalsamfunnet gjennom å styrkja samarbeidet med andre offentlege institusjonar og frivillige aktørar.

9. Byggja barnehagar med tilgang til varierte uteareal som bidreg til fri leik, kulturog naturopplevingar.

10. Forby materialar med miljøgifter på leikeplassar og i leikar, og bidra til trygge og miljøvenlege alternativ.

11. Innføra statleg finansierte daglege og fullverdige måltid basert på meir økologisk, plantebasert, lokalprodusert og sunn mat og gi støtte til eigenproduksjon.

12. Gi born på asylmottak rett til plass i ordinær barnehage. (Likelydande punkt i kap. 60.)

13. Gi kommunane tilgang til å stilla same krav til private og offentlege barnehagar.

Oppvekst og utdanning

14. Krevja dokumentasjon for at alle økonomiske tilskot til private barnehagar kjem barna til gode ved å lovfesta krav til bruk av slike tilskot.

15. Leggja til rette for auka bruk av deltidstilbod i barnehagane.

16. Gjera borna si tid i barnehagen fri for bruk av skjermar.

42. GRUNNSKULE

Skulen skal utvikla grunnleggande haldningar, verdiar og kompetanse som enkeltmennesket og samfunnet treng og har glede av. Ein god skule tek vare på bornas nysgjerrigheit og lærelyst gjennom variasjon i pedagogiske verkemiddel og ved å sjå kvart enkelt barn sine føresetnader og behov. Dei Grøne vil redusera omfanget av testing og målstyring, sikra lærarane fagleg handlingsrom og mest mogleg tid til elevane.

Eit godt, inkluderande læringsmiljø er både viktig i seg sjølv og som føresetnad for læring og utvikling. Dyktige og motiverte lærarar er avgjerande for elevane sitt læringsutbytte. Dei Grøne vil sørgja for at me har nok lærarar, med god tilgang på etter- og vidareutdanning, og at lærarane blir støtta av ei leiing, lærarteam og andre fagfolk som kan følgja opp sosiale og helsefaglege spørsmål.

Ein god skule er ein av dei viktigaste arenaene for barns læring og meistring, men den er ikkje den einaste. I historisk samanheng oppheld born seg meir på skulen enn nokosinne. Fri leik, tid med familien og aktivitetar utanfor skulen er også viktig for utvikling og danning hos born. Dei Grøne vil verna om borna si tid utanfor skulen, og går difor mot utvidingar av skuledagen.

1. Styrkja skulen sitt arbeid med medvit kring etikk, demokrati og menneskeverd og respekt for naturen og miljøet slik dette er definert i verdigrunnlaget for læreplanverket.

2. Leggja til rette for praktiske arbeidsmåtar i alle fag ved å leggja til praktiske evner som ei sjette grunnleggande evne.

3. Ta eit krafttak mot mobbing, truslar og vald mot både lærarar og elevar.

4. Auka elevmedbestemming og elevråda si involvering i planlegging og gjennomføring av skulekvardagen.

5. Gi lærarane meir tid til kjerneoppgåvene sine ved å redusera krav til rapportering, dokumentasjon og testing.

6. Stilla krav om at alle kommunar som ikkje har full lærardekning utarbeider handlingsplanar for korleis dei skal sikra at elevane får undervisarar med godkjend lærarutdanning.

7. Auka innsatsen for auka mangfald i kjønn og språkleg og kulturell bakgrunn i lærarrekrutteringa.

Oppvekst og utdanning

8. Føra vidare tilbodet om vidareutdanning for lærarar og intensivera innsatsen for å sikra at tilbodet gir reell kompetanseheving for alle lærarar i alle fag.

9. Gi alle nyutdanna lærarar i grunnskulen rett til kvalifisert rettleiing dei to første åra av sin første lærarjobb, der det er stilt forpliktande krav til kompetanse hjå rettleiarane.

10. Styrkja dei praktisk-estetiske faga i lærarutdanninga.

11. Auka grunnløyvinga til lærarutdanningane, slik at det ekstra året som er lagt på grunnskulelærarar blir fullfinansiert.

12. Behalda, men ikkje auka, tilgangen til å etablera ikkje-kommersielle private skular med pedagogisk, fagleg eller religiøs profil.

13. Sikra moglegheita føresette har til å gi borna sine heimeundervisning under offentleg tilsyn ved å seia nei til å erstatta dagens opplæringsplikt med skuleplikt.

14. Gå mot forslag om obligatorisk heildagsskule.

15. Støtta prøveprosjekt i ungdomsskulen med skulestart seinare på dagen.

16. At skulen frå første til fjerde trinn i hovudsak skal vera leksefri.

17. Avgrensa bruken av karakterar i grunnskulen og ikkje innføra karakterar i barneskulen.

18. Evaluera effekten av digitale læremiddel i skulen.

19. Fjerna karakterar i orden og åtferd i ungdomsskulen.

20. Gjennomføra forsøk med alternativ til dagens eksamen i grunnskulen, med mål om ei sluttvurdering som betre representerer kompetansen som er oppnådd og legg til rette for varierte arbeidsmåtar.

21. Vurdera ein minstenorm for fagpersonale i PP-tenesta på kommunenivå.

22. Greia ut samarbeidsmodellar for høgare utdanningsinstitusjonar og grunnskular, med mål om at forskarar på relevante fagfelt kan driva direkte kommunikasjon til elevar i samarbeid med skulane sine eigne pedagogar.

23. Innføra praktiske, estetiske og IKT-retta valfag frå femte trinn.

24. Styrkja elevane si erfaringslæring gjennom relevant innhald i praktiske fag og arbeidsmåtar, som reparasjon og vedlikehald, og tilgang på gode læringsarenaer, ressursar og lærarkompetanse.

25. Auka finansiering og utbygging av universelt utforma nærskule slik at alle elevar kan gå på skule i sitt nærmiljø.

26. Sikra nasjonale rammer for innhald og kompetanse i skulefritidsordninga.

27. Jobba for auka dagleg fysisk aktivitet for elevane i grunnskulen.

28. Gi støtte til skular som vil oppretta skulehagar.

Oppvekst og utdanning

29. Gi mat- og helsefaget eit kraftig løft i form av auka budsjett til råvarer og eigenproduksjon av mat på skulane, samt ressursar til å tilsetja kompetente lærarar i faget.

30. Styrkja retten til særskild opplæring for minoritetsspråklege elevar.

31. Stilla krav om at bruken av skulebibliotek skal definerast i skulens planverk, med rutinar for samarbeid mellom skulebibliotek og lærarar.

32. Gi eleven rett til ein matpause innandørs i 30 minutt.

33. At det på første trinn på barneskulen skal prioriterast læringsglede og fri leik framfor fagspesifikke kompetansemål.

34. Innføra nasjonale retningsliner for regulering av bruk av digitale verktøy i skulen.

43. VIDEREGÅANDE OPPLÆRING

Dei Grøne vil utvikla ein vidaregåande skule som fremjar læringslyst og meistring, med ulike tilbod som sikrar at flest mogleg er rusta for ein jobb eller til å utdanna seg vidare. Unge skal få eit godt grunnlag både for å ta fagbrev og for å begynna på høgare utdanning.

Ungdom tek viktige og vanskelege val når dei vel kva veg dei skal gå etter endt grunnskule. Samfunnet må leggja til rette for at alle får god informasjon om kva moglegheiter dei har og hjelp til å finna den utdanninga som passar den enkelte best. Gode lærarar er viktige for ein god skule. Lærarar med god fagkompetanse tek hand om læringslyst og gjer skulekvardagen meiningsfull for elevane.

Me treng fleire dyktige fagarbeidarar. Dei Grøne vil føra ein politikk for fag- og yrkesopplæringa som sørgjer for at me har god rekruttering til dei avgjerande oppgåvene for framtida. Omfanget og innhaldet i opplæringstilbodet må tilpassast behovet til elevane og dei enkelte næringane sine behov. Ikkje minst må yrkeskompetansen utviklast i takt med at næringslivet aukar bidraget sitt til berekraftig utvikling.

Fråfallet i den vidaregåande skulen er for høgt. Dei Grøne vil satsa på god rådgiving og fleire moglegheiter til å gjennomføra og fullføra vidaregåande opplæring.

1. Bevara fylkeskommunane si moglegheit til å tilpassa inntaksordningar i vidaregåande opplæring etter lokale forhold og elevane sine val.

2. Innføra klima- og miljøfag som valfag på skular i heile landet og fortsetja utviklinga av eit klima- og miljøprogram.

3. Styrkja rådgivingstenesta og øyremerka ressursar til styrking av skulehelsetenesta.

4. Greia ut moglegheita for felles PP-teneste for kommune og fylkeskommune.

5. Støtta prøveprosjekt med skulestart seinare på dagen i vidaregåande.

Oppvekst og utdanning

6. Styrkja retten til medverknad i eigen skulekvardag for elevar med nedsett funksjonsevne.

7. Gjennomføra forsøk med alternativ til dagens eksamen, med mål om å yrkestilpassa fellesfaga i vidaregåande opplæring ytterlegare og sikra ei sluttvurdering som betre representerer kompetansen til elevane.

8. Leggja til rette for ordningar der læretida i bedrift kan fordelast over heile opplæringstida.

9. Innføra lovfesta rett til læreplass, fjerna arbeidsgivaravgifta for lærlingar og stilla strengare krav i offentlege anbod og offentlege institusjonar om bruk av lærlingar og fagarbeidarar.

10. Tilby meir spesialisering på VG1 og stimulera fylkeskommunar til å samarbeida om opplæringstilbod på spesialiserte og små fagområde.

11. Gi alle lærarar rett og plikt til jamleg fagleg relevant etterutdanning, og påleggja skulane å leggja til rette for dette.

12. Gi nyutdanna lærarar rett til kvalifisert rettleiing dei to første åra i sin første lærarjobb.

13. Styrkja tilbod om praktisk læring som kan hjelpa ungdom til vidare utdanning eller arbeid gjennom ei større satsing på produksjonsskular.

14. Styrkja samarbeid mellom fylkeskommunar og næringsliv for å sørgja for meir relevant praksis i løpet av yrkesopplæringa.

15. Gjera det enklare å ta omval i vidaregåande opplæring og å ta fag- og yrkesopplæring seinare i livet.

16. Stilla kompetanse- og kvalitetskrav til instruktørar og oppfølginga av læreplanen for fagopplæring i bedrift.

17. Innføra differensierte lærlingtilskot for å auka moglegheitene til læreplass for elevar med låg teoretisk kompetanse.

18. Sikra finansiering til vidaregåande skular og folkehøgskular innan økologiske eller andre berekraftige fagområde.

19. Gi fullt utstyrsstipend til elevar på liner der det er behov for særskild utstyr for å gjennomføra utdanninga.

20. Sikra betre moglegheit for individuell vurdering i regelverket om fråværsgrensa.

21. Fjerna karakterar i orden og åtferd i vidaregåande skule og bruka erfaringane frå UDIR sitt prøveprosjekt med fjerning av karakteren til å erstatta dagens ordning.

22. Leggja til rette for at skular med avgrensa elevgrunnlag i spreidd utbygde område blir tildelt sjeldne liner, og bruka lokale kultur-, næringslivs- og naturgitte føresetnader for å gi eit unikt tilbod som kan tiltrekkja elevar utover sitt nærområde.

23. Heva bortebuarstipendet for vidaregåande-elevar.

Oppvekst og utdanning

44. HØGARE UTDANNING OG STUDENTAR

Alle skal ha tilgang til utdanning av høg kvalitet, både ved universitet, høgskular og fagskular. Utdanning er heilt avgjerande for samfunnsutviklinga. Høg kompetanse er naudsynt for å ta Noreg gjennom omstillinga til eit berekraftig samfunn. Spissa formalkompetanse og allmennkompetanse gjer òg einskildmenneske i stand til å løysa nye oppgåver i eit arbeidsliv i endring. Verdien av dette kan ikkje målast berre i pengar.

Den teknologiske utviklinga og det grøne skiftet aukar behovet for etter- og vidareutdanning. Dei Grøne vil sikra alle tilgang på relevant og fleksibel kompetanseheving gjennom heile yrkeskarrieren.

Dei Grøne anerkjenner at studentar er ei utsett gruppe i samfunnet som ofte lever uføreseielege liv med lite pengar, høgt prestasjonspress, avgrensa sosiale nettverk og færre rettar til for eksempel dagpengar ved arbeidsløyse. Studentars utsette posisjon er blant grunnane til at studentar ofte har dårlegare psykisk helse. Dei Grøne vil satsa på å styrka studentanes situasjon gjennom styrking av studentøkonomien, gjera tilgang på studentbustader betre og legga til rette for ein mjukare overgang til arbeidslivet.

1. Sikra lik tilgang på utdanning og gå mot innføring av skulepengar, også for internasjonale studentar.

2. Sikra at alle studentar har gratis tilgang til naudsynte læremiddel gjennom biblioteks- og/eller låneordningar, og i større grad ta i bruk digitale læremiddel og læremiddel med fri lisens.

3. Heva studiestøtta til 1,5 G i året og fordela den over 12 månader.

4. Gi studentar med born rett til 12 månaders studiestøtte.

5. Sikra at minst 40 prosent av studielånet blir gjort om til stipend ved oppnådde studiepoeng.

6. Bygga minst 3000 studentbustader i året inntil ein nasjonal dekningsgrad på 20 prosent er nådd, og satsa på rehabilitering av eksisterande studentbustader. Ved tildeling av midlar til studentbustadbygging og -rehabilitering, skal klima- og miljøkrav vektleggast.

7. Endra finansieringsmodellen for heile universitets- og høgskulesektoren med høgare grunnfinansiering, der finansiering er mindre avhengig av gradsproduksjon og teljekantsystemet for forskingsproduksjon.

8. Lovfesta studentars rett til eit godt læringsmiljø og universelt utforma utdanningsinstitusjonar.

9. Gjera det lettare å behalda rett til dagpengar og NAV-stønad under vidareutdanning, kursing og fullføring av doktorgrad, og endra dagpengeordninga til også å omfatta nyutdanna og personar som har mindre deltidsstillingar.

10. At meir av finansieringa kjem i form av langsiktig grunnfinansiering og rammetilskot, og mindre i form av konkurransebaserte tildelingar som krev søking og rapportering.

Oppvekst og utdanning

11. Gjennomføra eit løft for studentars psykiske helse, gjennom blant anna fleire møteplassar for å motverka einsemd og auka statlege tilskot til studentsamskipnadene sine helsetenester.

12. Gjera det enklare for tilsette ved profesjonsutdanningane å kombinera undervisningsstillingar med arbeid i relevant bransje.

13. Stansa utviklinga der det blir stadig fleire studentar utan ei tilsvarande auke i talet på vitskapeleg tilsette ved universitet og høgskular.

14. Forsterka internasjonaliseringa av norske universitet og høgskular gjennom å gjeninnføra kvoteordninga, forenkla visumreglane, halvera avgifta for visum og gjera Students at Risk til ei permanent ordning.

15. Gi gratis norskkurs til alle internasjonale studentar og forlenga perioden internasjonale studentar kan få opphald for å søka arbeid.

16. Jobba for at alle studentar skal ha moglegheit til praksis i arbeidslivet.

17. Sikra at høgare utdanning er universelt utforma, og at tenester og infrastruktur er lagt til rette for at alle skal kunna delta. (Likelydande punkt i kap. 57.)

18. Utvida ordninga “Y-vegen” slik at fleire elevar med fullført fagbrev har rett til høgare utdanning ved relevante liner.

19. Trappa opp talet på studieplassar ved fagskulane og ivareta fagskulanes eigenart som arbeidslivsnær utdanning med praktisk tilnærming til læring, som også kan tilby lengre utdanningar og livslang læring.

20. Fremja digital kompetanse som del av allmenndanninga gjennom heile utdanningsløpet.

21. Auka satsinga på kvalitetsprogramma i Diku og oppretta fleire Senter for framifrå utdanning for å auka prestisjen i god undervisning.

22. Sikra utdanningstilbod innan undervisning og helsefag i heile landet gjennom å styrka finansieringa til desentraliserte utdanningstilbod.

23. Oppretthalda undervisning på campus Nesna og Sandnessjøen.

24. Greia ut ei reform av dagens opptakssystem for å gi fleire vegar inn til høgare utdanning.

25. Supplera universitets- og høgskulesektorens samfunnsoppdrag med mål om livslang læring, og betra rammevilkåra for dette gjennom studiefinansiering, studiestøtte og digitale studieløp.

26. Legga til rette for at folkehøgskulane kan utvikla tilbodet innanfor føreseielege rammer.

27. Sikra auka bruk av utdanning som arbeidstiltak slik at ein høgare lut av funksjonshemma begynner og fullfører høgare utdanning. Den nedre aldersgrensa på 22 år og varigheitsbestemminga på maks tre år for å få innvilga utdanning som arbeidstiltak må fjernast. Dette gir fleire moglegheit til å fullføra lengre utdanningsløp, samt rom for avbrekk i studieperioden og deltidsstudiar.

Oppvekst og utdanning

28. Fjerna forbodet mot uløna og frivillig arbeid for studentar som mottar lånekassens stipend for manglande arbeid attåt studiet på grunn av nedsett funksjonsevne. Del 10 Oppvekst og utdanning

DEL 11

HELSE OG

OMSORG

45. FOLKEHELSE

God, grøn helsepolitikk er å forebygga sjukdom og gi god helsehjelp når det er nødvendig. Samtidig anerkjenner me at gode liv ikkje berre handlar om fråvær av sjukdom, men om ein meir heilskapleg livskvalitet. For dei aller fleste av oss er god helse ein føresetnad for livskvalitet. Me har eit stort ansvar for å sikra menneskes rett til god helse også i andre land i tråd med FNs berekraftsmål.

Den viktigaste helsepolitikken er å bygga eit samfunn som gjer at færrast mogleg opplever sjukdom og lidingar. For å bevara god fysisk helse, treng me blant anna eit godt kosthald, samt jamleg og tilpassa fysisk aktivitet. Kva me treng for å bevara ei god psykisk helse, kan variera frå person til person, men det vil for dei fleste innebera eit sosialt nettverk, lågt stressnivå og sjølvrealisering. Alt for mange lever liv med eit uønskt høgt tempo og forventningar dei ikkje klarar å møta. Ein god del av dette kan politikarar bidra til å motverka gjennom tilrettelegging og såkalla “dulting”.

Opphald i og kontakt med natur og grøntområde har helsefremjande effektar. I tillegg finn forskinga stadig fleire koplingar mellom menneskes helse og miljøet rundt oss. Verdas helseorganisasjon (WHO) viser til at luftureining allereie fører til like mykje skade globalt som tobakksrøyking. I tillegg til kvaliteten på lufta me pustar inn, er også vatnet me drikk, havet, og jorda me får maten vår frå truga av menneskeleg aktivitet. Det største trugsmålet mot lange og gode liv i framtida er natur- og klimakrisa. God miljøpolitikk er også god helsepolitikk.

1. Styrka helseberedskapen ved å utvida beredskapsfunksjonen hjå Folkehelseinstituttet, styrka Helsedirektoratets koordinerande rolle, bygga opp eit beredskapslager og styrka kommunane og spesialisthelsetenestas intensivkapasitet.

2. Laga ein nasjonal plan for livslang fysisk aktivitet i lokalmiljøet.

3. Støtta arbeid for fleire eigenorganiserte og uorganiserte aktivitetar i born og unges fritid.

4. Stimulera til sunt og miljøvennleg kosthald i tråd med helsemyndigheitenes tilrådingar gjennom tilbodet i offentlege kantiner, institusjonar og tenestestader, mellom anna fleire heil-vegetariske dagar.

5. Gjera det enkelt og lønnsamt å velja sunne og miljøvennlege produkt gjennom å utvida og betra nøkkelholsmerkinga.

6. Innføra eit differensiert system for meirverdiavgift, der momsen blir fjerna på frukt og grønt og auka på sukkerhaldige varer og kjøt.

7. Gradvis innføra berekraftig og sunn skulemat i den norske grunnskulen.

8. Sørga for at alle menneske som er i omsorga til det offentlege, anten på sjukeheim, sjukehus eller andre institusjonar, har tilgang på berekraftig og sunn mat.

9. Saman med partane i arbeidslivet legga til rette for mindre stress i kvardagen ved å redusera normalarbeidstida og styrka rettane til fleksibel arbeidstid, pensjon og ferieuttak.

Helse og omsorg

10. Styrka overvaking, kontroll og opprydding av miljøgifter, ureining og andre utslepp.

11. Sørga for rein luft i norske byar og lokalsamfunn. Dei Grøne vil blant anna satsa på kollektivtransport, sykkel og gange, stimulera til utskifting til reintbrennande vedomnar samt gi lokalpolitikarar betre moglegheiter til å innføra miljødifferensiering i biltrafikken. (Likelydande punkt i kap. 4.)

12. Gi fleire born moglegheit til å sykla og gå til skulen eller skulebussen ved å gjennomføra ein nasjonal plan for trygge skulevegar, og innføra fleire hjartesoner rundt skular og barnehagar.

13. Setja av midlar til eit vaksenvaksinasjonsprogram, med invitasjon til oppfriskingsvaksiner for vaksne.

14. Ytterlegare redusera antibiotikabruken i norsk matproduksjon.

15. Raskt få på plass ein ny nasjonal strategi mot antibiotikaresistens med mål om større reduksjonar i unødvendig bruk.

16. Informera befolkninga om konsekvensane av auka antibiotikaresistens og ta ei leiarrolle internasjonalt i arbeidet mot antibiotikaresistens, blant anna gjennom å forska på og dela norske tiltak.

17. Sørga for at alt folkehelsearbeid i offentleg regi er tilpassa mangfaldet i befolkninga gjennom blant anna fleirkulturell kompetanse, informasjon på fleire språk og kunnskap om kjønns- og seksualitetsmangfald.

18. Arbeida for ein forpliktande internasjonal avtale som raskast mogleg fører til at antibiotikabruken blir redusert til eit medisinsk riktig nivå i alle land.

19. Jobba for å løysa marknadssvikten i legemiddelindustrien som hindrar forsking på viktige sjukdommar og gjer at verdas befolkning ikkje får tilgang til livsviktige medisinar.

20. Styrka forskinga på kvinnehelse.

21. Bestilla ein offentleg utgreiing om menns helse.

22. Aktivt arbeida mot kroppspress i skulen og generelt i samfunnet og auka støtta til ideelle organisasjonar som jobbar mot kroppspress blant born, unge og vaksne, t.d. Spiseforstyrrelsesforeningen.

23. Forby marknadsføring av kosmetisk kirurgi.

24. Forby marknadsføring av slankemiddel.

25. Forby klesdokker med medisinsk uforsvarlege kroppsproporsjonar.

26. Innhenta meir kunnskap om born og unges sårbarheit for reklamepåverknad.

27. Jobba for at ein høgare del av tilgjengelege covid-19-vaksinedoser blir fordelt til låg- og mellominntektsland gjennom dei globale vaksinesamarbeida, slik at landa får tilgang til vaksiner av like høg kvalitet og til same tid som høginntektsland.

Helse og omsorg

46. NÆRE HELSETENESTER

Kommunehelsetenesta er grunnmuren i helsetilbodet. Fastlegane, legevakt, skulehelsetenesta og pleie- og omsorgstenesta er dei viktigaste støttespelarane i arbeidet med å forebygga sjukdom og å følga opp pasientane når ulukker eller sjukdom råkar.

Fastlegane har ein nøkkelposisjon i både behandling av pasientar og som portvakt inn til dei høgspesialiserte tenestene på sjukehusa. Dei er også hjørnesteinen i legevakta, som sikrar befolkninga tilgang til akutt helsehjelp heile døgnet der dei bur. Fastlegetenesta er under sterkt press. Det er avgjerande å setja i verk tiltak for å sikra innbyggarane eit trygt og godt fastlegetilbod også i framtida.

Organiseringa av helsevesenet er viktig for innbyggaranes oppleving av tilbodet. Todelinga av helsevesenet, med éi kommunehelseteneste og éi spesialisthelseteneste, medfører utfordringar som kan gjera det vanskeleg å yta heilskaplege helsetenester. Samhandlingsreforma har ikkje løyst alle samarbeids-utfordringane mellom kommuneog spesialisthelsetenester. Det er nødvendig å betra samarbeidet mellom de ulike aktørane til beste for pasientane. Dei Grøne vil greia ut, forsøksvis innan nokre avgrensa område, ei heilskapleg helseteneste utan nivådeling.

1. Styrka fastlegeordninga gjennom auka rekruttering, for eksempel ved å gjera prosjektet ALIS Vest (allmennlegar i spesialisering) til ei nasjonal ordning.

2. Gjera det lettare å etablera seg som fastlege og redusera insentiva til lange pasientlister ved å styrka grunntilskotet til nye fastlegeheimlar og gjera det slik at basistilskotet aukar mindre etter eit visst tal pasientar.

3. Legga til rette for at ein større del av fastlegane blir tilsett i kommunane.

4. Fremja ei god og lokalt tilpassa legevaktordning i kommunane.

5. Auka talet på legar i spesialisering (LIS1) med to hundre årleg i stortingsperioden for å dekka behovet for spesialistar i både sjukehusa og primærhelsetenesta.

6. Sikra gode og trygge tilbod gjennom graviditet, fødsel og barseltid m.a. gjennom å sikra god nok jordmordekning over heile landet. (Likelydande punkt i kap. 58.)

7. Evaluera samhandlingsreforma og greia ut moglegheita for eitt nivå i helsetenesta innan avgrensa område for å unngå at menneske blir kasteballar mellom dagens ulike nivå.

8. Auka moglegheitene for desentralisert utdanning av helsepersonell.

9. Innføra gratis fastlege fram til fylte 18 år.

10. Sikra tilgang til nødvendige helsetenester og medisinar til papirlause medmenneske.

11. Gjennomføra eit nasjonalt løft for tidleg innsats gjennom helsestasjonar og skulehelsetenesta med øyremerka midlar og bemanningsnorm basert på Helsedirektoratets anbefalingar.

Helse og omsorg

12. Etablera system for betre samhandling mellom skulehelsetenesta, barnevernet, psykisk helsevern og fastlegane.

13. Sikra lågterskeltilbod for menneske med psykiske lidingar.

14. Gi fleire grupper billigare tannhelsetenester, for på sikt å gjera tannlegebehandling til ei gratis og universell velferdsordning.

15. At tannhelse skal inkluderast som ein del av det offentlege helsetilbodet på sikt.

16. Bygga ut det tilrettelagte tannhelsetilbodet til tortur- og overgrepsutsette og personar med sterk angst for tannlegebehandling.

17. Trappa opp satsinga på e-helse også for tannhelsepersonell, for å sikra betre samhandling med resten av helsetenesta.

18. Redusera dokumentasjonskrav og byråkratiske oppgåver for fastlegar, slik at dei får meir tid til pasientbehandling, og yrket blir meir attraktivt.

19. Sikra støttesenter og andre hjelpetilbod til utsette av seksuelle overgrep ei nødvendig og stabil finansiering.

47. SPESIALISTHELSETENESTA

Dei fleste av oss vil i løpet av livet oppleva enten sjukdom, funksjonstap eller skadar. Dei Grøne meiner det er viktig å behalda eit sterkt offentleg helsevesen for å sikra likeverdige helsetenester.

Eit godt helsevesen er avhengig av god fagleg leiing, og tilliten til fagfolka må gjenreisast. Rapportering og byråkrati krev alt for mykje av tida og ressursane i helsevesenet. Dei Grøne vil innføra ei tillitsreform i helsevesenet, som inneber å gi meir fridom, sjølvstende og utføring av skjønn i arbeidet ved å redusera talet på mål- og resultatkrav, rapportering og kontroll.

Helsevesenet må ha god beredskap for store ulykker og pandemiar. Noreg bør samarbeida med naboland om å starta produksjon av kritisk viktige legemiddel.

Alderssamansetnaden i befolkninga er i endring, noko som vil endra og auka behovet for helsetenester. Samstundes har ein del diagnostikk og behandling vist seg å gi liten helsegevinst. Nye legemiddel, behandlingsmetodar og -moglegheiter gir auka etterspurnad og kan medføra vanskelege etiske drøftingar og prioriteringar i åra framover.

Det vil vera viktig å overvaka moglege utilsikta prioriteringsvridningar som kan oppstå gjennom forsikringsordningar, funksjonsfordeling mellom sjukehus og auke i bruken av private, kommersielle sjukehus.

Helse og omsorg

1. Sikra eit sterkt offentleg helsevesen der private berre er eit supplement.

2. Oppretta eit breitt samansett Avbyråkratiserings- og effektivitetsutval som skal gjennomgå all rapportering og foreslå kva som kan fjernast, automatiserast eller utførast av andre enn helsepersonell.

3. Legga til rette for meir oppgåveoverføring slik at spesialutdanna helsepersonell kan frigjerast frå ein del arbeidsoppgåver og kan bruka meir tid på pasientbehandling.

4. Greia ut alternativ organisering av spesialisthelsetenesta med utgangspunkt i å fjerna eller endra føretaksmodellen og sikra ein god kombinasjon av fagleg leiing og politisk styring.

5. Endra finansieringssystemet ved å minska innslaget av stykkprisfinansiering.

6. Setja inn tiltak mot overbehandling gjennom støtte til kampanjar som “Kloke val”.

7. Sikra lik vurdering av pasientar ved at alle vurderingar om nødvendig behandling skjer i det offentlege før operasjonar blir bestilt frå private aktørar.

8. Styrka pasientbehandlinga gjennom å innføra heilskaplege forløp for fleire sjukdommar.

9. Evaluera ordninga Fritt behandlingsval med tanke på kvalitet, forholdet mellom private og offentlege tilbod og effektar på like moglegheiter i distrikta og byane.

10. At takten i utdanning av spesialsjukepleiarar og jordmødrer blir auka i tråd med kartlagde behov.

11. Oppretthalda gode lokalsjukehus som er tilpassa den medisinske utviklinga og behovet i lokalbefolkninga.

12. Sikra eit godt og føreseieleg luftambulansetilbod i heile landet. (Likelydande punkt i kap. 35.)

13. Auka bruken av velferdsteknologi, telemedisin og digitale behandlingsløysingar der det kan bidra til å betra kvalitet og tilgjenge eller unngå unødvendig reising og smitteeksponering.

14. Arbeida for eitt felles journalsystem i kommune- og spesialisthelsetenesta.

15. Sikra innsyn og god flyt i informasjonen mellom offentlege og private behandlarar.

16. Auka talet på sjukehussenger i tråd med OECDs anbefaling.

17. Sikra god fleksibilitet og reservekapasitet i sjukehusa som gir moglegheit for å utvida sengetalet ved katastrofar og pandemiar. (Likelydande punkt i kap. 69.)

18. Bygga opp kriselager for kritisk medisinsk utstyr og smittevernutstyr som trengst ved pandemiar og store ulukker. (Likelydande punkt i kap. 69.)

19. Bygga opp Noregs kapasitet til å produsera medisinar, medisinsk utstyr og vaksiner til eiga befolkning. (Likelydande punkt i kap. 69.)

Helse og omsorg

20. Utvikla samarbeid med nabolanda våre for å få ned prisen på nye og dyre medisinar.

21. Arbeida for at organdonasjon skal vera norma, men med moglegheit for å reservera seg.

22. Styrka delen av musikk-, sanse- og kunstterapi i ulike behandlingsforløp der dette har vitskapeleg dokumentert effekt.

23. Anerkjenna medisinsk cannabis som eit reelt medisinsk alternativ for smertelindring, og gjera dette tilgjengeleg på norske apotek på resept.

48. OMSORG OG REHABILITERING

Dei Grøne meiner at omsorgstilbodet skal tilpassast den enkelte, ikkje standardiserast. Sjuke, skadde og andre med omsorgs- eller rehabiliteringsbehov skal møtast med verdigheit og respekt og gjevast reell innverknad over eigen kvardag. Dei Grøne ønsker også at den enkelte skal få større innverknad på ei verdig ramme rundt sin eigen død.

Ei tillitsreform i helsevesenet skal gi dei tilsette større moglegheiter til å bruka skjønn for å sikra best mogleg og individuell oppfølging av kvar enkelt pasient.

Mange pårørande har påtatt seg store og tunge omsorgsoppgåver som sparer det offentlege for store summar. Det er svært få som mottar omsorgsstønad, ei ordning som i dag er underlagt kommunalt skjønn. Dei Grøne vil sikra at fleire får betalt for det arbeidet dei utfører.

1. Innføra ei tidskontoordning for heimetenester til eldre og uføre slik at dei i større grad kan styra sin eigen kvardag ut frå eigne behov.

2. Gjennomføra ei tillitsreform i helsevesenet som inneber å gi meir fridom, sjølvstende og utføring av skjønn i arbeidet ved å redusera talet på mål- og resultatkrav, rapportering og kontroll.

3. Jobba for at det blir oppretta eigne sjukeheimsavdelingar for kroniske ruspasientar.

4. Arbeida for at det er nok plassar i omsorgs- og bu-tilbod for teiknspråklege seniorar.

5. Styrka kompetansen ved sjukeheimane og samarbeidet med legevakta slik at færre blir sende unødvendig til sjukehus for undersøking og behandling.

6. Auka bruken av teknologiske løysingar og satsing på brukarvennleg velferdsteknologi i det kommunale helse- og omsorgstilbodet.

7. I større grad legga vekt på mat som medisin og tilsetja fleire kliniske ernæringsfysiologar ved sjukeheimar, i heimetenesta og i helsestasjonar.

8. Legga til rette for at ideelle organisasjonar og frivillige kan tilby tenester som supplerer det offentlege helsevesenet.

Helse og omsorg

9. Auka bruken av musikk-, sanse- og kunstterapi på sjukeheimane.

10. Legga til rette for samarbeid mellom barnehagar, skular og sjukeheimar som sikrar gode møteplassar og kontakt mellom generasjonar.

11. Jobba for at omsorgsstønad blir rekna som ein stønad og ikkje som løn og skal vera ei skattefri støtte på lik linje med barnetrygd og hjelpestønad.

12. Kartlegga moglegheitene for å få omsorgsstønad og greia ut korleis ein fastset retten til omsorgsstønad.

13. Etablera fleire hospice som gir eit godt og verdig tilbod til døyande.

14. Legga til rette for at folk kan få døy heime om dei ønsker det gjennom god, kommunal tilrettelegging for ei verdig omsorg for døyande.

15. Greia ut korleis me betre kan sikra tilstrekkeleg omsorg, lindring og hjelp til menneske med store lidingar pga. langtkomen alvorleg sjukdom.

16. Jobba for å unngå at svært sjuke menneske blir gitt behandling som forlenger lidinga i staden for det gode livet.

17. Jobba for at alt helsepersonell som arbeider med eldre, døyande og menneske med langvarige, sterke smerter får styrka kunnskap og kompetanse i lindrande behandling.

18. Sikra gode og individuelt tilpassa tilbod til alvorleg sjuke og døyande born og deira pårørande slik at borna i hovudsak kan vera heime.

19. Legga til rette for at tilbod om heimesjukehus for born blir utvida til heile landet.

20. Betra tilgangen på gode rehabiliteringsstader med sunn mat, godt kvalifiserte tilsette, godt utstyr og naturområde for restitusjon.

21. Auka talet på plassar i dagaktivitet for personar med omsorgsbehov, og bidra til at staten aukar si medfinansiering til kommunane.

22. Utvikla tilboda slik at dei gir trygge og helsefremjande rammer for personar med demens og eldre med omsorgsbehov.

23. Utvikla og tilpassa omsorgstilboda til unge demente. Det må også sikrast at dei pårørande får god oppfølging.

24. Stimulera og auka støtta til frivillige og ideelle aktørar som gir verdifulle bidrag til omsorg og aktivitetstilbod for eldre og pleietrengande.

25. Legga til rette for og støtta etableringa av seniorkollektiv og liknande nettverk som gir auka livskvalitet og der bebuarane bidrar til å ta vare på kvarandre.

Helse og omsorg

49. PSYKISK HELSE

Det psykiske helsevernet i Noreg er underdimensjonert, noko som fører til at mange med psykiske lidingar må stå på lange ventelister eller blir avvist av spesialisthelsetenesta. Dette fører til auka sjukdomsbyrde og auka kostnader i samfunnet. Dei Grønes satsing på psykisk helse inneber førebygging, og ein rask intervensjon på lågast mogleg helsetenestenivå, slik at folk med mildare plager og lidingar blir raskt friske.

Det har blitt ei auka openheit om psykisk helse i samfunnet, noko som i all hovudsak har vore positivt. Den auka openheita må føra til at kvar enkelt blir flinkare til å ta vare på den psykiske helsa vår, men òg at me kjenner att kva plager og symptom som krev oppfølging frå helsetenesta.

Det alvorlegaste utfallet i det psykiske helsevernet er sjølvmord, som er vorte eitt av våre største folkehelseproblem. Ei av våre aller viktigaste oppgåver i åra som kjem, blir å setja tydelege mål med tilhøyrande tiltak for færre sjølvmord.

1. Styrka den nasjonale handlingsplanen mot sjølvmord og følga opp nullvisjonen i samarbeid med fagmiljø, pårørande og brukarorganisasjonar.

2. Dimensjonera opp helsetenesta for psykiske lidingar på alle nivå i helsevesenet, blant anna ved å utdanna og tilsetja fleire fagfolk og styrka fastlegeordninga.

3. Prioritera tiltak som reduserer ventetidene for all behandling for psykiske lidingar.

4. Styrka det kommunale lågterskeltilbodet for psykisk helsehjelp og sikra moglegheitene for tidleg intervensjon.

5. Utvikla fleire digitale behandlingstilbod.

6. Vidareutvikla tilbod om medikamentfrie behandlingstilbod for enkelte pasientgrupper.

7. Styrka og prioritera helsestasjonen og skulehelsetenesta og auka kompetansen på psykisk helse i tenestene.

8. Sørga for ein smidigare overgang mellom barne- og ungdomspsykiatrien og vaksenpsykiatrien.

9. Arbeida aktivt mot einsemd i samfunnet, blant anna gjennom å samarbeida med frivillig sektor om fleire lågterskelmøteplassar.

10. Styrka samarbeidet mellom helsesektoren og NAV for å legga til rette for å kombinera utdanning eller arbeid med behandling.

11. Bidra til å betra bu-tilbodet utanfor institusjonar for pasientar med varige psykiske lidingar som er for sjuke til å bu åleine.

12. Auka merksemda omkring psykiske problem hjå eldre og styrka det psykiatriske helsetilbodet for denne gruppa, blant anna med fleire alderspsykiatriske senter.

Helse og omsorg

13. Sikra etterfølging av ”Den gylne regel”, som seier at helseføretaka skal gi psykiatri og rus høgare prosentvis vekst enn somatikken.

14. Gjennomgå og evaluera erfaringane med endringane i Lov om psykisk helsevern som har gjort det vanskelegare å legga inn pasientar med tvang for å sikra at ikkje konsekvensane har gjort situasjonen verre for pasientar og samfunnet for øvrig.

15. Arbeida for eit psykisk helsevern der tvang berre blir nytta der det er strengt nødvendig. Det må arbeidast systematisk på alle nivå for å avdekka årsaker til at tvang blir gjennomført, og for å innføra tiltak som kan redusera bruk av tvang. (Likelydande punkt i kap. 66.)

50. RUSPOLITIKK

Dei Grøne vil føra ein kunnskapsbasert og human ruspolitikk og vil derfor legga til rette for at born, unge og vaksne skal ha tilgang på varierte rusfrie fritidsaktivitetar og arenaer. Når rusavhengigheit oppstår, skal både den avhengige og pårørande tilbydast god støtte og fagleg basert behandling samtidig som det blir arbeidd aktivt for å forebygga og redusera skadeverknader på individ- og samfunnsnivå.

Rusavhengige skal møtast med kunnskap, nestekjærleik og respekt. Avhengigheit av rusmiddel eller spel er eit helseproblem som skal forebyggast og behandlast. Førebygging av rusavhengigheit skjer blant anna i oppvekst-, skule-, familie- og helsepolitikken. Eit godt og inkluderande samfunn er viktig for å redusera rusbruk og for å unngå at menneske blir avhengige av rusmiddel.

Rusproblem skal ikkje møtast med stigma og straff, men med openheit, helsetilbod og omsorg. Me går inn for avkriminalisering av rusbruk og det å ha mindre brukardosar i tråd med Rusreformutvalets tilråding. Dette vil spara både brukarar og samfunnet for store belastningar.

1. Fjerna straff for bruk og å ha brukardosar av illegale rusmiddel i tråd med Rusreformutvalets tilråding.

2. Legalisera bruk og regulert omsetning av cannabis.

3. Greia ut om ulike modellar for strengt regulert omsetning av enkelte rusmiddel kan bidra til å redusera skadeverknadene av rusbruk for enkeltindivid og samfunnet for øvrig.

4. Vidareføra ein restriktiv alkoholpolitikk, blant anna ved å sikra Vinmonopolet, fjerna innreisekvotane og gå mot fleire utvidingar av skjenketider.

5. Legga til rette for eit godt samarbeid mellom skular og helsesektoren for å sikra førebyggande og faktabasert informasjon om rus og rusmiddelbruk blant unge.

6. Prioritera tiltak retta mot barn og unge som er pårørande eller sjølve er rusavhengige.

7. Auka kompetansen om rus i helsestasjons- og skulehelsetilbodet.

Helse og omsorg

8. Legga til rette for tettare samarbeid mellom behandlarar, interesseorganisasjonar som arbeider med avrusing, kommunehelsetenesta og NAV med ei målsetjing om å bidra til å redusera bruk og misbruk, kriminalitet og skadeverknader.

9. Laga nasjonale faglege retningslinjer for kunnskapsbasert førebyggingsarbeid i kommunane.

10. Sikra at personar med langvarige psykiske lidingar og/eller rusproblem får oppfylt sin rett til ein fast, pasientansvarleg fagperson som skal sikra nødvendig samanheng og omsorg i oppfølginga.

11. Oppretta brukarrom i dei større byane der brukarane får treffa kvalifisert helsepersonell og med moglegheit for annan rusbruk enn injisering.

12. Styrka skadereduserande arbeid, blant anna ved å få på plass ei nasjonal finansiering av utdeling av brukarutstyr.

13. Innføra rusmiddelanalysetenester som lar brukarar undersøka innhaldet i ulovlege rusmiddel, som et førebyggande og skadereduserande tiltak.

14. Erstatta kriteriebaserte system for tildeling av ulike former for medikamentell rusbehandling med heilskapleg og fleksibel medisinsk vurdering hjå kvalifisert behandlar.

15. Etablera eit sterkare helsefagleg hjelpetilbod for rusbrukarar og tungt avhengige i større byar ved å sikra at helse- og sosialarbeidarar er tilgjengelege i det offentlege rom.

16. Legga til rette for at interesseorganisasjonar med ulike tilnærmingar til rusomsorga kan ta imot støtte til informasjonsarbeid og arbeid mot rusavhengigheit.

17. Redusera ventetida i rusomsorga og unngå brot i behandlinga gjennom å sikra gode økonomiske rammer og legga til rette for at tilbod er tilgjengeleg i alle delar av behandlingsfasen.

18. Evaluera og revidera overdosestrategien kvar stortingsperiode og styrka det sjølvmordsforebyggande arbeidet i overdosestrategien.

19. Føra vidare og styrka heroinassistert behandling i Noreg. Dei som skal injisera på brukarromma bør gjevast eit tilbod om å få heroin eller andre morfinstoff i pilleform som eit alternativ til gateheroin.

20. Greia ut moglegheitene for å substitusjonsbehandla også annan type avhengigheit enn opiatavhengigheit.

21. Jobba for å redusera stigma og fordommar retta mot brukarar av ulovlege rusmiddel i helsevesenet og politiet.

22. Sikra trygg overnatting og nok gode opphaldsstader for rusavhengige i byane.

23. Ha auka fokus på ettervern med øyremerka statlege midlar.

Helse og omsorg

DEL 12

KULTUR

51. KUNST OG KULTUR

Kultur fyller livet med meining. Gjennom kunst og kultur kan me utforska menneskeliv, samfunn og natur på unike måtar. I eit grønt samfunn må kulturlivet blomstra. Immaterielle verdiar som kunst- og kulturopplevingar, speler ei viktig rolle når me skal betra livskvaliteten og frikopla økonomien frå ressurskrevjande materielt forbruk og ureining. Forbruket av ting skal ned, forbruket av opplevingar skal opp. Samstundes må politikken støtta opp om initiativ for å redusera også kulturbransjens miljøavtrykk i tråd med naturens tolegrenser.

Dei Grønes kulturpolitikk skal stimulera skaparkraft og engasjement og ta omsyn til heile breidda i det norske kulturlivet. Skapande og utøvande kunstnarar og kulturarbeidarar skal få tillit, fridom og ansvar. Politikarar skal halda ei armlengds avstand til kunstfaglege vurderingar, men sikra trygge rammer med finansierings-, utdannings- og arbeidsmoglegheiter i både byane og distrikta.

Staten bør spela ei aktiv rolle som pådrivar når kulturlivet blir atterreist etter koronapandemien. Kulturbedrifter, scener, museum, kinoar og enkeltmannsføretak over heile Noreg gir skatteinntekter, arbeid og inntekt til mange – i tillegg til verdfulle opplevingar.

Kunst må kunna skapast og opplevast i heile landet og av heile spekteret av menneske med ulike ressursar. Dei Grøne vil styrka det lokale kulturlivet, den frivillige innsatsen og samarbeidet mellom profesjonelle og frivillige aktørar. Dyktige lærarar i skule og kulturskule skal gi alle moglegheiter til å tileigna seg estetisk kompetanse og dugleik.

1. Styrka kulturskuletilbodet, med mål om å rekruttera fleire elevar frå grupper som i dag er underrepresentert.

2. Vidareføra lovpålagt kulturskule, og fastsetja ei eiga forskrift til opplæringslova for mellom anna å regulera krav til fagleg nivå, kapasitet og nivå for eigenbetaling.

3. Auka støtta til kunstfaglege samarbeidsprosjekt mellom kulturskule og grunnskule (Likelydande kap.12.)

4. Gi tilbod om kulturopplevingar for både unge og eldre, blant anna ved å styrka Den kulturelle skolesekken og Den kulturelle spaserstokken, og innføra Den kulturelle bæremeisen nasjonalt.

5. Vidareutvikla gode og føreseielege støtteordningar for kunstnarar, kunstnarorganisasjonar og institusjonar innanfor alle kulturfelt, spesielt det frie feltet.

6. Styrka norsk produksjon, formidling og eksport av musikk, film, litteratur, teater, spel og andre kulturuttrykk og sikra sjangerrikdommen i norsk kulturliv gjennom målretta offentleg finansiering.

7. Sikra kulturtilbod i lokalsamfunna der folk bur og legga til rette for fleire kortreiste kulturopplevingar.

8. Prøva å få til ei jamnare fordeling av kulturmidlar mellom regionane.

9. At støtteordningar for turnéverksemd skal løna miljøvennlege transportformer.

Kultur

10. Revidera og styrka ordninga med utstillingsvederlag og -honorar, slik at kunstinstitusjonar gir kunstnarar riktig kompensasjon for arbeidet med utstillingar og dei reelle produksjonskostnadene.

11. Legge betre til rette for at turnerande produksjonar kan nytta tog og annan kollektivtransport.

12. Stilla offentlege lokale til rådvelde for kulturlivet som atelier, utstillingslokale, verkstader, utsalsstader, øvingsrom, konsertlokale, lydstudio og liknande.

13. Stille skular og andre offentlege lokale til rådvelde for amatørkultur, som korps, band og teatergrupper.

14. Auka løyvinga til tilskotsordninga for teknisk utstyr og lokale.

15. Tilpassa konsert- og øvingslokale og andre visningsarenaer – medrekna skular og andre offentlege lokale – til den bruken som går føre seg, enten dei blir brukte av amatørar eller profesjonelle. Nasjonale standardar (som NS 8178) bør leggast til grunn ved bygging og rehabilitering av lokale for musikkformål.

16. Behalda eit desentralisert og gratis bibliotektilbod og styrka folkebiblioteka som lokal møteplass og arena for mangfaldig kulturformidling, aktivitetar og arrangement, læring, deleordningar og utlån av kulturprodukt i ulike format og sjangrar retta mot alle delar av befolkninga.

17. Hindra at same eigarar kan kontrollera både forlag, distribusjon og bokhandel for å sikra fri konkurranse på bokmarknaden.

18. Vidareutvikla insentivordninga som skal trekka internasjonale film- og serieproduksjonar til Noreg slik at den i enda større grad premierer produksjonar med lågt klima- og miljøavtrykk.

19. Jobba saman med filmbransjen for å sikra at større delar av norske produksjonar skjer i Noreg.

20. Oppretta ein insentivordning for å stimulera til auka bruk av norsk musikk i spel, film og TV-drama.

21. Stilla krav om at offentleg støtta kulturinstitusjonar skal operera i tråd med tariffavtalar og standardkontraktar som sikrar rimeleg løn for arbeidet til skapande og utøvande kunstnarar, inkludert frilansarar, samt jobba for å styrka rettane til kulturskapar i kontraktsforhandlingar generelt.

22. Stilla miljø- og berekraftskrav til festivalar og institusjonar som mottar statsstøtte.

23. Legga betre til rette for gatekulturelle uttrykk og ikkje-kommersiell kunst.

24. Utvida utsmykkingsordninga for offentlege bygg til også å gjelda alle nye statlege samferdselsprosjekt.

25. Stimulera til at statsstøtta kulturinstitusjonar og festivalar søkjer etter auka mangfald og representativitet blant kunstnarar som deltar i produksjonar og framvisingar.

26. Støtta bruk av avtalelisens og kollektive vederlag for å sikra opphavspersonar og rettshavarar i møte med nye bruksmønster og digitale plattformer for kultur.

Kultur

27. Jobba for brukarsentrerte modellar for vederlag frå strøyming av musikk, film, spel og litteratur, slik at mest mogleg av det brukarar av strøymetenester betaler, går til dei som har laga innhaldet den enkelte brukar faktisk strøymer.

28. Jobba for å sikra kulturskaparar rimeleg vederlag frå plateselskap, forlag, produsentar distributørar, strøymetenester, samt ved konsertar og andre framføringar.

29. Greia ut nye modellar for opphavsrettens vernetid som kan sikra at gamle verk ikkje fell ut av den kulturelle allmenningen og blir gløymd.

30. Behalda Fond for utøvende kunstnere (FFUK) eller ei tilsvarande fondsordning for musikarar og den frie scenekunsten.

31. Styrka kunstnarar og frilansarars sosiale rettar i NAV. Heile personinntekta skal telja med i opptening av ytingar, og me vil innføra minstefrådrag for kunstnarar og frilansarar.

32. Støtta amatørkulturråd i alle fylke.

52. KULTURARV

Menneska har alltid sete spor etter seg i landskapet. Reiskapar, gravhaugar, skipsvrak, helleristningar og bygningar er døme på kulturminne forfedrane våre har late etter seg til oss. I tillegg til desse handfaste kulturminna, har me også immaterielle kulturminne som ulike former for tradisjonshandverk og song og musikk. Kulturarven fungerer som vårt kollektive minne og er viktige byggesteinar i forteljinga om oss sjølve. Det må leggast til rette for at kvar ny generasjon møter historia om oss alle og kan forstå meir av kven me er.

Klimaendringar og luftureining trugar dei fysiske kulturminna. Ekstremvêr og mildare, fuktigare klima aukar skaderisikoen. Auka kunnskap gjennom miljøovervaking må føra til eit betre framtidig vern av alle typar kulturminne. Dei Grøne vil ivareta tidlegare bygningskultur og -struktur for å sikra byars og tettstaders særpreg.

Frivillige organisasjonar har vore og skal vera ein viktig del av norsk kulturvern. Dei Grøne vil styrka deira rolle som samfunnsaktørar. Arbeidet med å ta vare på og fremja den immaterielle kulturarven treng nasjonal drahjelp og merksemd gjennom særskilde satsingar. Det er viktig for å oppmuntra og motivera fleire utøvarar og tradisjonshandverkarar til å fortsetja med tradisjonshandverket og slik sikra vidareføring av kulturarven. Dei Grøne vil legga til rette for at ulike typar kulturminne ikkje berre skal bevarast, men også takast i bruk på ein forsvarleg måte.

1. Sikra ein heilskapleg forvaltning av Noregs kulturarv og samla ansvaret for både materielle og immaterielle kulturminne i same departement.

2. Gjenskapa og vedlikehalda område med verneverdige kulturlandskap.

3. Styrka Kulturrådets ressursar til oppfølging av Noregs forpliktingar gjennom UNESCOs konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven.

Kultur

4. Bevara truga immaterielle uttrykk, som tradisjonell song, dans og handverk gjennom stipend og garantilønn for utøvarar.

5. Gi handverksfaga større plass i grunnskulen.

6. Etablera nasjonale vidaregåande opplæringstilbod i fag der kulturarven er truga.

7. Jobba for ei kulturminnelov der kyrkjebygg og deira forvaltning blir omtalt særskilt, og sikra landets kulturhistorisk viktige kyrkjebygg med eit eige fond for vedlikehald.

8. Greia ut moglegheita for fleirbruk av enkelte kyrkjer.

9. Innføra ei kompensasjonsordning for meirkostnader knytt til restaurering av freda bygningar i privat eige og pålagt arkeologisk arbeid med kulturminne.

10. Avgrensa forfall og tap av Noregs bygningsarv.

11. Etablera fartøy- og bygningsvernsenter i alle fylke for kursing av båt- og huseigarar og opplæring av handverkarar.

12. Styrka arbeidet med å digitalisera museas samlingar under frie lisensar.

13. Prioritera kulturminneforsking på klimatilpassa bygnings- og fartøyvern, klimapåverknad på kulturminne, minoritetars og urfolks kulturarv.

14. Styrka støtta til museum og arkiv som dokumenterer nasjonale minoritetars historie.

15. Etablera eit program hjå Innovasjon Norge retta mot verdiskaping ved bruk av kulturarv.

16. Gi kommunane fleire verktøy for å motverka spekulativt forfall av verneverdige bygningar.

17. Arbeida for at nasjonalt og regionalt viktige krigsminne skal inkluderast i kulturminnelova.

18. Ivareta NRK som arkiv- og formidlingsinstitusjon og utvikla eit system for årleg registrering og publisering av verk som fell i det fri når vernetida går ut.

19. Gi dei frivillige kulturvernorganisasjonane føreseielege rammer.

Kultur

53. SPRÅK

Det språklege mangfaldet i Noreg er ein kulturell verdi og ressurs som må ivaretakast og dyrkast. Dei Grøne vil la språkmangfaldet synast og høyrast i kvardagen og utnytta moglegheitene det gir.

Likestilling mellom nynorsk og bokmål må realiserast, og norsk teiknspråk må få offisiell status. Brukarar av urfolks- og minoritetsspråka samisk, kvensk, romani og romanés må få styrka sine rettar. Sørsamisk og lulesamisk, samt samisk i kystområda, treng eit særskilt løft i samepolitiske spørsmål.

Språkkompetansen i innvandrarmiljøa må sjåast på som ein ressurs for heile samfunnet. God morsmålsundervisning er ein nøkkel til integrering, og derfor skal integreringspolitikken fremja borna sin fleirspråklege kompetanse.

1. Sikra minoritetars rett til språk og kultur.

2. Bevara statlege sameskular som samiske alternativ i grunnutdanninga og nasjonale senter for språkopplæring.

3. Styrka retten til opplæring på samisk utanfor språkbevarings- og språkvitaliserings-kommunar, ved at minstekravet på ti elevar blir redusert til tre elevar.

4. Styrka døves og deira familiars rett til teiknspråkopplæring, samt styrka arenaer for døvekultur.

5. Gi norsk teiknspråk offisiell status og større plass i det offentlege rom.

6. Styrka bruken av nynorsk i offentleg kommunikasjon for å gjera den reelt likestilt med bokmål.

7. Handheva og styrka elevanes språklege rettar, som retten til lærebøker på hovudmålet.

8. At elevar som er fritekne frå sidemålsundervisning, skal møta litterære tekstar og sakprosa på sidemålet.

9. Skjerpa krava for tilgjengelege læremiddel, både digitale læremiddel og kontorstøtteprogram, slik at også brukarar av nynorsk får eit fullverdig tilbod.

10. Jobba for at lærarar har tilgang på etter- og vidareutdanning som styrker deira kompetanse i nynorsk.

11. Sikra vidare utvikling av norskspråklege læremiddel og læringsressursar for vaksne innvandrarar.

12. Støtta universitets- og høgskulesektoren i utvikling av norsk fagterminologi for å hindra domenetap til engelsk.

13. Sikra retten til å skriva avhandlingar på norsk ved universitet og høgskular.

Kultur

14. Gi støtte til digitale, fritt tilgjengelege norske ordbøker.

15. Jobba for at fleire kommunar blir innlemma i forvaltningsområdet for samelovas språkreglar.

16. Etablera støtteordningar for omsetjing av barne- og ungdomslitteratur til samisk og for omsetjing av samiske bøker til norsk.

17. Ta initiativ til ei nasjonal satsing for revitalisering av kvensk språk, mellom anna ved å auka bruken av kvensk i det offentlege rom og i media.

18. Setja i verk nasjonale satsingar for å synleggjera og fremja romani og romanés.

19. Øyremerka midlar til tospråkleg fagopplæring, morsmålsopplæring og særskild norskopplæring og undersøka korleis ein kan sikra at denne retten blir følgt opp i skulen.

20. Støtta bruk av andre skandinaviske språk i tv og film for barn.

21. Gjennomføra ei systematisk satsing på klarspråk i alle offentlege etatar og med tydelege krav til måloppnåing.

22. Arbeida for at Grunnlova blir omsett til nordsamisk, med mål om at den etter kvart også skal føreligga på andre minoritetsspråk.

54. IDRETT OG FYSISK AKTIVITET

Idrettsrørsla fremjar samarbeid og meistring og inspirerer individet til å strekka seg etter nye mål. Ho samlar menneske på tvers av generasjonar og famnar eit mangfald av interesser. Idrett er ein essensiell del av folkehelsa.

Norsk idrett er i god form, men ikkje utan utfordringar. Rekrutteringa til vintersportane smeltar bort saman med snøen, og idretten konkurrerer med stadig fleire organiserte aktivitetar blant born.

Dei Grøne ønsker å legga til rette for at det skal vera så låg terskel som mogleg for å delta i idrett, utan overdrive utstyrspress og høge medlemskontingentar. Blant våre viktigaste grep er å satsa på den uorganiserte aktiviteten som alle kan ta del i.

1. Legga til rette for eit mangfald av rimelege og gratis idretts- og fritidstilbod for barn og unge.

2. Prioritera investeringar i anlegg for breiddeidrett og ta vare på eksisterande anlegg framfor å bygga nye.

3. Behalda einerettsmodellen for pengespel, men sørga for at meir av idrettsmidlane frå Norsk Tipping går til breiddeidrett og til lokale klubbar.

Kultur

4. Anerkjenna den eigenorganiserte og uorganiserte idretten som ein del av norsk idrettsliv som har rett på delar av idrettsmidlar, samt eigne nærmiljøanlegg og aktivitetsparkar.

5. Satsa på tiltak som kan hindra fråfall i aldersgruppa 20-25 år.

6. Fasa ut kunstgrasanlegg med gummigranulat og støtta utvikling av og bytte til miljøvennlege alternativ.

7. Støtta deleordningar for frilufts-, kultur- og idrettsutstyr.

8. Gi offentleg støtte til forbund for e-sport, slik at e-sporten får ein representasjon og utvikling på lik linje med annan konkurransesport og jobba for å få eit større internasjonalt e-sportsarrangement til Noreg.

9. Tetta hol i dagens einerettsmodell, som reklamar for pengespel send frå utlandet og lootboxes (tilfeldige påskjøningar som kostar ekte pengar) i dataspel.

55. FRILUFTSLIV

Naturen gir menneska moglegheit til ro, perspektiv og ettertanke. Den gir også spektakulære opplevingar av rå, utamd naturkraft i vind, bølger, dyreliv og urørt natur. Gjennom friluftsliv blir nærleik til naturen fremja og forståing for at me må ta vare på den.

Dei Grøne vil ta vare på og styrka tilgangen til natur og friluftsliv som er ein viktig del av norsk kultur. Utvikling av friluftslivstilbod er også verdfullt for stadstilhøyrsle og reiseliv. Allemannsretten må bevarast. Friluftslivet må vera lett tilgjengeleg. Grøn friluftspolitikk skal ta vare på naturmangfaldet slik at det kan gi naturopplevingar og glede til dagens og framtidas generasjonar.

1. Grunnlovsfesta allemannsretten og verna om prinsippet om at ferdsel i utmark skal vera gratis.

2. Innføra ei nærnaturlov for varig vern av område for friluftsliv og naturopplevingar der folk bur. (Likelydande punkt i kap. 2.)

3. Jobba for at den norske friluftstradisjonen basert på eit enkelt og naturvennleg friluftsliv blir vidareført og styrka.

4. Stramma inn regelverk og praksis med å tillata motorferdsel i norsk natur, også for nyttekøyring, slik at omsyn til plante-, dyre- og friluftslivet blir sett først. Ikkje tillata fornøyelseskøyring med vass-scooter eller motoriserte køyretøy, inkludert snøscooter, utanfor veg og sti. (Likelydande punkt i kap. 2.)

5. Verna skjergarden mot overdrive motorisering og utarbeida eit betre regelverk for fartsgrenser og motorstorleikar for fritidsbåtar.

6. Sikra allemannsretten, bevara kystlandskapet og stansa nedbygginga av strandsona, mellom anna ved å fjerna kommunanes moglegheit til å gi dispensasjon for

Kultur arealkrevjande inngrep i strandsona, lovfesta at bygging berre kan skje i samsvar til reguleringsplan, avgrensa kommunanes moglegheit til å omgå byggeforbodet i 100-metersbeltet gjennom reguleringsplanar, og stilla strenge krav til bevaring av landskap og vegetasjon ved eventuell ny utbygging eller inngrep i strandsona. (Likelydande punkt i kap. 2.)

7. Laga og gjennomføra ein handlingsplan for berekraftig turisme i Noreg i samarbeid med natur- og friluftsorganisasjonar, reiselivsnæringa, kommunar, lokale matprodusentar og lokale kulturinstitusjonar.

8. Auka støtta til organisasjonar og kommunar som driv med dele- og utlånsordningar av hytter, frilufts- og idrettsutstyr.

9. Legga til rette for auka bruk av naturen i offentlege institusjonar som barnehagar, skular og omsorgssenter ved å gjera uteområde eigna for aktivitet og naturopplevingar.

10. Utvida aldersgrensa for gratis innlandsfiske til 18 år.

11. Styrka born og unges kunnskap om natur og friluftsliv ved å auka løyvinga til Den naturlige skolesekken.

12. Forsterka ute- og friluftslivsundervisninga gjennom aktive læringsmetodar i lærarutdanningane og å gi lærarar og barnehagetilsette moglegheit for fagleg påfyll for å møte krava i nye læreplanar.

13. Etablera eit samarbeid mellom samferdsels- og friluftslivsmyndigheiter for å fremja sykling og gange som kvardagsaktivitet.

14. Gjera friluftsliv til ein del av introduksjonsprogrammet for innvandrarar for å bidra til auka inkludering og fellesskap, betre helse og kulturinnsikt.

15. Utvida og styrka skjergardstenesta som forvaltar og ivaretakar av friluftsområde langs kysten og bidragsytar i kampen mot marin forsøpling.

16. Styrka friluftsorganisasjonane og dei interkommunale aktivitetsråda for å fremja friluftsliv for folk flest.

17. At kommunane skal ha konkrete planar for turtilbodet for brukargrupper med spesielle behov, og gjera turstiane tilgjengelege gjennom smart opplysning, skilting og merking.

Kultur

56. FRIVILLIGHEIT

Frivilligheita og sivilsamfunnet bringar folk saman og bidreg til livskvalitet og kunnskap. Frivillige og ideelle organisasjonar er dessutan ein viktig del av velferdstilbodet. Frivilligheita er aller best når den får driva på sine eigne premiss, utan panisk jakt på prosjektstøtte. Derfor må det finnast romslege og føreseielege støtteordningar der driftsstøtte og tydelege og føreseielege rammer er normalen og prosjektstøtte unntaket.

Større tillit til sivilsamfunnet betyr desentralisering av makt, frå staten til kommunane, og frå kommunane til bydelar, nærmiljø og grender. Dei Grøne vil jobba for at fleire engasjerer seg frivillig, sikra gode arbeidsvilkår for dei frivillige organisasjonane og samtidig sikra deira sjølvstende. Det offentlege må spela på alle ressursar i landet vårt, og samarbeid med frivilligheita kan bidra til innovasjon i offentleg sektor.

1. Vera pådrivar for at det frivillige arbeidet og sivilsamfunnet har gode og føreseielege vilkår.

2. Satsa meir på frivilligheit og samarbeid mellom det offentlege og sivilsamfunnet for å supplera og styrka kulturtilbod og omsorgs- og velferdstenester.

3. Sikra betre planlegging i støtte til sivilsamfunnsorganisasjonar og redusera statlege føringar på kva pengane skal brukast til, samt reversera krav til høgare eigendel ved prosjektstøtte.

4. Gi frivillige organisasjonar full kompensasjon for meirverdiavgift.

5. Auka skattefrådraget for gåver til frivillige organisasjonar.

6. Forenkla lover, reglar og rapporteringskrav som gjeld frivilligheita.

7. Legga til rette for frivillige og ideelle aktørar i offentlege anbodsprosessar.

Kultur

DEL 13

DELTAKING,

MANGFALD OG

LIKEVERD

57. LIKESTILLING I UTDANNING OG ARBEIDSLIV

Alle skal ha lik rett og tilgang på utdanning og arbeid. Slik er det ikkje i dag. Diskriminering og stigmatisering er eit alvorleg demokratisk problem. Kvinner tener systematisk dårlegare enn menn. Personar med nedsett funksjonsevne får ikkje den tilrettelegginga i utdanning og arbeidsliv som dei har krav på, og diskriminering på bakgrunn av namn, kulturell tilhøyrsle eller hudfarge går føre seg i tilsetjingsprosessar og på arbeidsplassar. Vi vil gjere tillitsvalde på arbeidsplassane betre i stand til å avdekkje og førebyggje rasisme og diskriminering, stille krav til universell utforming og aktiv rekruttering av personar med funksjonsnedsetjing.

Ein svært stor del av den kvinnelege befolkninga i Noreg er i arbeid, samanlikna med resten av verda. Samstundes har vi eit kjønnsdelt arbeidsmarknad, som i nokre tilfelle forsterkar uheldige kjønnsrollemønster. Difor vil Dei Grøne arbeide aktivt for å rekruttere fleire menn til barnehagesektoren og omsorgsyrka. Vi vil behalde ordninga med høve til å gje kjønnspoeng i utdanningssektoren for å sikre ein betre kjønnsbalanse i yrke som tradisjonelt sett har vore dominert av eitt kjønn. Vi vil kjempe imot alle former for diskriminering, og føre ein normkritisk og feministisk politikk for å byggje ned fridomsrøvande maktstrukturar.

De Grøne vil:

1. Styrke arbeidet mot rasisme i skulen og auke kompetansen til lærarar på feltet.

2. Gjeninnføre handlingsplanen for likestilling i barnehagen.

3. Rekruttere fleire menn til å jobbe i barnehage gjennom mentorordningar, og leikeressursordningar.

4. Gje eineforsørgjarar betre høve til utdanning.

5. Vidareføre ordninga med høve til bruk av kjønnspoeng ved opptak til høgare utdanning.

6. Sikre at høgare utdanning er universelt utforma, og at tenester og infrastruktur er lagt til rette for at alle skal kunne delta. (Likelydande punkt i kap. 44.)

7. At alle yrkestitlar i offentleg sektor skal vere kjønnsnøytrale.

8. Praktisere prinsippet om lik lønn for arbeid av lik verdi, herunder å forby ulønt praktikantstillingar i det offentlege og greia ut ulike tiltak for lønnsutjamning til fordel for kvinnedominerte yrke. (Likelydande punkt i kap. 37.)

9. Kjempa mot ufriviljug deltid og auka bruken av heile stillingar i helse og omsorgssektoren i samarbeid med partane i arbeidslivet.

10. Gje likestillings- og diskrimineringsnemnda makt til å fastsetje oppreisning i saker innan arbeidslivet.

11. Gjere tillitsvalde på arbeidsplassen betre i stand til å avdekkje og førebyggje rasisme og diskriminering.

Deltagelse, mangfold og likeverd

12. Innføre mål om minimum fem prosent nye arbeidsplassar for personar med nedsett funksjonsevne for offentlege arbeidsgjevarar, og at dette også inneber deltidsstillingar tilpassa ulike gradar av uførleik.

13. Utvide vernet mot diskriminering som følgje av manglande universell utforming i arbeidsliv gjennom likestillings- og diskrimineringslova, i tråd med FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD).

14. Arbeide aktivt, målretta og systematisk med å kjempe mot stereotypiar og fordommar i arbeidslivet for å sikre løna arbeid for menneske med nedsett funksjonsevne.

15. Bruke kvotering som verkemiddel der det er naudsynt for å sikre like høve til å delta i arbeidslivet.

16. Innføre stillingssøknadar utan namn på søkjar som norm i statlege tilsetjingar.

17. Gi far og medmor sjølvstendig oppteningsrett til foreldrepengar. (Likelydande punkt i kap. 38.)

18. Opne opp for at foreldrepermisjonen kan tas ut av fleire enn dei to juridiske foreldra. (Likelydande punkt i kap. 38.)

19. Dei Grøne går inn for å sikre far/partner eller annan omsorgsperson to veker lønna omsorgspermisjon i samband med fødsel.

20. Dei Grøne ynskjer at det skal vere råd for foreldre å velje ulik dekningsgrad. Altså ein forelder kan ha 80 % og ein annan 100 % løna permisjon.

21. Ta omsyn til at familiane sin situasjon er ulik, og at alle born skal ha høve til trygg tilknyting til båe foreldra. Difor vil MDG bevara dagens mødre- og fedrekvote på 15 veker, auke talet på fleksible veker i foreldrepermisjonen frå 16 til minimum 20 veker, og innføre fleire høve til unnatak, slik at ein kan få overført permisjonsveker mellom foreldra etter gjevne kriterium.

22. At retten til hjelpemiddel framleis skal vere statleg finansiert gjennom folketrygda, og tilretteleggjast gjennom hjelpemiddelsentralane i samarbeid med kommunane.

58. LIK RETT TIL HELSE OG SJØLVBESTEMMING

I eit likestilt samfunn vert ikkje moglegheitene kvar enkelt har til å leve trygge, varierte og meiningsfulle liv avgrensa av kjønn, seksualitet eller fysiske eigenskapar. Tilgang på likeverdig helsehjelp, høve til deltaking og sjølvråde over eiga kropp, er føresetnader for livskvalitet og helse.

I Noreg har kvinnerørsla gjeve oss hardt tilkjempa gode og rettar. Sjølvbestemt abort er ein av dei. Tilgang på prevensjon og god oppfølging under og etter svangerskap, er ein annan. Vi er likevel ikkje i mål. Samfunnet er framleis innretta slik at enkelte grupper har systematisk dårlegare høve til deltaking, eller oftare vert utsett for manglar i tilbodet i offentlege tenester, helsetilbod eller i kvardagen.

Deltagelse, mangfold og likeverd Dei Grøne vil føre ein politikk som sikrar eit føreseieleg og fullverdig helsetilbod til alle gravide og fødande - i heile landet. Vi vil også sikre eit fullverdig helsetilbod til dei av oss som bryt med samfunnets normer for kjønn og seksualitet.

Sjølvbestemming og god livskvalitet handlar ikkje berre om tilbodet ein møter i helsetenesta. Det handlar også om å kunne styre kvardagen sin slik ein sjølv vil, og delta i sosiale fellesskap på lik linje med andre. Difor vil vi i Dei Grøne sikre eit tilbod om brukarstyrt personleg assistanse (BPA) der kvalitet på tilbodet ikkje avgjerast av kor i landet du bur.

1. At brukarstyrt personleg assistanse (BPA) skal fullfinansierast av staten.

2. At BPA-tilbodet skal vere universelt og ikkje avgjerast av alder, kjønn eller postadressa til dei som treng ordninga.

3. Utvide utdanning og tilsetjingar innanfor teiknspråk og stimulera til høgare lønnstrinn for teiknspråktolkar, samt utbetre løysingar for syns- og høyrslehemma i båe private og offentlege bygg.

4. At all ny kollektivtransport som blir kjøpt inn skal oppfylle krav til universell utforming. Kollektivtransport skal vere eit likeverdig tilbod for alle menneske, uavhengig av funksjonsgrad. (Likelydande punkt i kap. 11.)

5. Sørgje for at jordmødrer er skolerte i og har kapasitet til å ivareta personar som har vore utsett for overgrep.

6. Sikre gode og trygge tilbod gjennom graviditet, fødsel og barseltid mellom anna gjennom å sikre god nok jordmordekning over heile landet. (Likelydande punkt i kap. 46.)

7. Gjere fleirkulturell doula til eit nasjonalt helsetilbod.

8. Forby retusjert reklame som fremjar urealistiske kroppsideal.

9. Sikre auka rettleiing og støtte til dei som ynskjer abort, båe i forkant av eit val, og etterpå.

10. Røyste mot forslag som innskrenkar retten til sjølvbestemt abort og reversere innstrammingane i abortloven frå 2019.

11. Utvide retten til sjølvbestemt abort til veke 18 ved å erstatte dagens abortnemnd med eit rådgjevande og støttande organ som eit frivillig tilbod retta mot kvinner og foreldre som vurderer å avbryte svangerskapet mellom veke 12 og 18.

12. At tidleg ultralyd med tilleggsundersøkingar skal vere eit tilbod til alle personar i fyrste trimester gjennom den offentlege svangerskapsomsorga.

13. Inkludere unge under 16 år i staten si subsidieordning for prevensjon, og sikre helsesjukepleiarar og jordmødrer rekvireringsrett også for denne aldersgruppa.

14. Gjennomføre naudsynte lovendringar for å sikre at alle nye skulebygg og offentlege institusjonar skal ha tilgjengelege kjønnsnøytrale toalett- og garderobemoglegheiter.

Deltagelse, mangfold og likeverd

15. At alle tilsette i helse- og sosialtenestene skal sikrast kompetanse om kjønns- relasjons- og seksualitetsmangfald.

16. At dei nasjonale faglege retningslinene for behandling av transpersonar blir implementerte, og at dette omfattar ei reell og føremålstenleg desentralisering av behandlinga til dei regionale sentra for kjønnsinkongruens.

17. Styrke undervisninga i positiv seksualitet, grensesetjing og normkritikk i barnehage, grunn- og vidaregåande skular, samt relevante profesjonsutdanningar.

18. La helsetilstand og åtferdsmønster vere avgjerande for i kva grad ein kan bli blodgjevar, ikkje kjønn eller seksuell orientering.

19. Forby konverteringsterapi.

20. Ikkje utføre kjønnsnormerande kirurgi på interkjønnborn utan at det er akutt medisinsk naudsynt, og utsetje behandling til barnet sjølv kan ta avgjerd om eiga helse.

21. Arbeide for at lovforbod mot sex mellom menneske av same kjønn vert fjerna over heile verda, og prioritere stønad til organisasjonar som kjempar mot lovforbod, inkludert lokale skeive organisasjonar.

22. Aktivt jobbe for marknadsføringsreglar, også for aktørar på sosiale media, som vernar barn og unge mot kroppspress og annan negativ påverknad, i tillegg til å sikre overnasjonale reguleringar innan internettbasert marknadsføring.

23. Gi gratis prevensjon og graviditetstestar til alle under 30 år, i tillegg til å styrke ordningane med å fremje langtidsverkande prevensjon.

59. TRYGGLEIK OG RETTSTRYGD FOR ALLE

Enkelte grupper er systematisk meir utsette for alvorlege krenkingar enn andre i dagens samfunn. På ei rekkje arenaer og samfunnsområde vert personar utsette for hets, trugsmål og vald på grunn av mellom anna kjønn, kjønnsidentitet og -uttrykk, hudfarge, religion, funksjonsnedsetjing og seksuell orientering. Dette er eit samfunnsproblem. Eit samfunn der flest mogleg lever trygge liv, utan frykt for å røre seg eller ytre seg i det offentlege rommet, er eit betre samfunn for alle.

Dei Grøne vil styrke innsatsen mot trakassering, truslar og vald basert på gruppetilhøyring, kjønn, funksjonsevne eller hudfarge, i skulen, arbeidslivet og rettsstaten. Difor vil vi gje politiet meir ressursar til å etterforske hatkriminalitet og stø organisasjonar som jobbar mot hatprat, rasisme og diskriminering. Vi vil styrke overgreps- og valdtektsmottaka og byggje ut behandlingstilbodet for utsette og overgriparar, med særleg fokus på unge utøvarar av vald og overgrep. Dei Grøne arbeider for eit samfunn utan rasisme og diskriminering, og er difor eit antirasistisk parti.

Deltagelse, mangfold og likeverd

1. Ta FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) inn i menneskerettslova, på same måte som FNs barnekonvensjon og FNs kvinnekonvensjon.

2. Styrke arbeidet mot rasisme, antisemittisme og annan kulturell eller etnisk basert diskriminering i arbeidslivet, på bustadmarknaden og i skule, politi og helsevesen.

3. Gjennomgå politiets praksis med utlendingskontroll for å hindre at den fungerer diskriminerande.

4. Sørgje for at kvart politidistrikt prioriterer etterforsking og påtale av hatefulle ytringar og hatkriminalitet, og tilføre politi og domstolar naudsynte ressursar og kompetanse til dette. (Likelydande punkt i kap. 68.)

5. Gjere det obligatorisk å få kvittering kvar gong du blir stoppa av politiet og tollvesenet, for å avdekkje moglege fordomsfulle rasistiske mønster i pågripingar.

6. Etablere eit nasjonalt varslingsombod.

7. At domfelte for vald i nære relasjonar og æresrelaterte lovbrot i regelen skal bruke elektronisk lenke, såkalla omvend valdsalarm, og at dette vert praktisert strengt.

8. Setje ned ein undersøkingskommisjon for partnardrap for å gå gjennom oppfølginga til offentlege instansar i forkant av dødsfall etter vald.

9. Styrke arbeidet mot seksuell trakassering, mellom anna ved at slike saker vert tekne inn i ordninga for fri rettshjelp.

10. Styrke overgreps- og valdtektsmottaka for å sikre betre oppfølging av offer for valdtekt og seksuelle overgrep.

11. Halde oppe og styrke barnehus, krisesenter og tilbod til offer for vald i nære relasjonar i alle deler av landet, mellom anna gjennom betre rammevilkår.

12. Opprette eit offentleg tilbod, etter modell av Sanitetskvinnene si ressursventilbod, for å følgje opp personar som bryt med valdelege partnarar etter eventuelt opphald på krisesenter.

13. Styrke arbeidet mot festvaldtekter.

14. Byggje ut hjelpe- og behandlingstilbodet til utsette for vald, valdsutøvarar og overgriparar, herunder tilbodet til unge overgriparar.

15. Kjempe mot negativ sosial kontroll, mellom anna ved å styrke den fleirkulturelle kompetansen i barnehage og skule og gjere normkritisk seksualundervisning til en del av introduksjonsprogrammet.

16. Styrke kompetansen til politiet i normbrytande seksualitet.

17. Opprette ei erstatningsordning for dei som har vorte tvungne til sterilisering som ein føresetnad for å endre juridisk kjønn.

Deltagelse, mangfold og likeverd

18. Sikre politiet ytterlegare ressursar til å takle hatkriminalitet og arbeide for at politiet i fleire fylke og kommunar skal ha ei hatkrimgruppe.

19. Innføre ein tredje juridisk kjønnskategori og kjønnsnøytrale personnummer.

20. Ikkje gje statsstøtte til organisasjonar som fremjar rasistiske eller diskriminerande haldningar baserte på kjønn, funksjonsevne, religiøs eller etnisk tilhøyring og hudfarge.

21. Auka statsstøtta til organisasjonar og senter, som 22. juli senteret og 10. august stiftinga, som arbeider mot rasisme, islamofobi og antisemittisme.

22. Sikre føreseieleg finansiering for organisasjonar som arbeider med å gi helsefagleg, sosialfagleg og juridisk bistand til personar i prostitusjon.

23. Revidere hallikparagrafen slik at den igjen berre handlar om utnytting og tvang.

24. Styrke rettstryggleiken til personar utsett for menneskehandel og gje desse rett til opphaldsløyve i Noreg.

25. Evaluere sexkjøpslova med sikte på å styrke rettane og tryggleiken til sexarbeiderar. Vi vil gjere det enkelt og trygt å kome seg ut av ufrivillig prostitusjon.

26. Setje ned eit offentleg utval som skal greie ut og systematisere kunnskap og erfaringar knytte til nasjonal og lokal prostitusjonspolitikk.

27. Endre marknadsføringslova, §2 andre ledd, slik at det vert ulovleg å spele på rasistiske stereotypiar i marknadsføring. Marknadsføring skal ikkje fremma støytande eller nedsetjande karakteristikkar av etniske minoritetsgrupper.

28. Motarbeide alle forsøk på å innføre tiggeforbod og arkitektur som er fiendtleg mot heimlause.

29. Styrke og tydeleggjere rasismeparagrafen slik at det blir enklare å rettsforfølgje hatefulle ytringar, og regulere teknologiselskap som Facebook og YouTube for å sikre at rasistiske og antisemittiske ytringar og konspirasjonsteoriar ikkje blir spreidde gjennom selskapa sine algoritmar.

30. Motverke rasisme i arbeidsmarknaden gjennom å innføre anonyme jobbsøknadar i offentleg sektor og krevje at arbeidsgjevarar i offentleg sektor rapporterer om mangfald på arbeidsplassen sin.

31. Fjerne statsstøtta til Human Rights Service.

32. Motverke rasisme blant større aktørar på bustadmarknaden gjennom anonymisering av identitet, oppfølging av profesjonelle leigetakarar og sterkare sanksjonar mot diskriminering på bustadmarknaden.

Deltagelse, mangfold og likeverd

60. INTEGRERING

Dei siste tiåra har Noreg utvikla seg til å bli eit fleirkulturelt og multireligiøst samfunn. Den utviklinga ynskjer Dei Grøne velkomen. Innvandring fører med seg eit mangfald som gjer landet vårt rikare og sterkare. Det gjeld anten menneske kjem til Noreg for å arbeide eller fordi dei flyktar frå krig og forfølging.

Dei Grøne meiner at god integrering handlar om erfaring og kompetanse, og krev samarbeid over tid med mellom kommunen, næringsliv, skular og frivillige. Vi vil gjere flyktningtenesta i kommunane meir stabil, og halde kompetansen oppe ved å gjere dette til ei fast, lovpålagt oppgåve som kvar kommune har ansvar for, og eventuelt heller kan reservere seg mot i enkeltår ved behov.

Høg innvandring fører med seg nokre utfordringar som god integrering og inkludering kan hjelpe til å løyse. Dei Grøne ynskjer raskare handsaming av asylsøknadar og stør prinsippet om at dei som ikkje får opphald må forlate landet. Samstundes bør det leggast tidlegare til rette for at asylsøkjarar kan delta i samfunnet gjennom språkopplæring, skule og arbeid. Born som kjem som flyktningar utan følgje av vaksne må ein ta særskilt godt vare på, og dei må ha same rettane som andre born i Noreg.

Det er ikkje et mål at færre skal ynskje å søkje asyl her. Ein solidarisk innvandringspolitikk må følgast av verdig og inkluderande integreringspolitikk. Vellukka integrering gjev folk høve til å ta ansvar for eigne liv, delta i lokalsamfunnet og byggje nettverk. Det gjev også viktige ressursar og impulsar til samfunnet, bidreg til å skape gode bustadmiljø og til å hindre radikalisering.

1. At introduksjonsstønaden skal vere lik for alle, uavhengig av alder.

2. Gje staten større moglegheit til å fastsetje busetjingsplassar i kommunar i periodar der flyktningar må vente over 3 månader for å bli busette i kommunar.

3. Gje kommunane økonomiske insentiv til å ta imot fleire flyktningar.

4. Oppheve ordninga med midlertidig opphald for einslege mindreårige asylsøkarar mellom 16 og 18 år, og som eit minimum sikre at desse og unge papirlause får fullføre vidaregåande opplæring som er starta i Noreg, også etter fylte 18 år.

5. Overføre ansvaret for alle einslege mindreårige asylsøkjarar til barnevernet.

6. Sikre at alle born som oppheld seg i Noreg får gå på skule.

7. Gje born på asylmottak rett til plass i ordinær barnehage. (Likelydande punkt i kap. 41.)

8. Avgrense alderstesting til tilfelle der styresmaktene kan dokumentere stor tvil om oppgjeven alder på asylsøkaren. Ved tvil ska dette kome asylsøkaren til gode.

9. Gjere det meir attraktivt for næringslivet å tilsette flyktningar gjennom mentorordningar, lønstilskot og betre oppfølging av praksisplassar og nytilsette flyktningar, frå det offentlege.

Deltagelse, mangfold og likeverd

10. At styresmaktene ikkje skal kalle attende statsborgarskap, og som eit minimum innføre ein foreldingsfrist for tilbakekalling. Ingen skal miste sitt statsborgarskap eller bli sendte ut av landet dersom det er andre familiemedlemer som er årsak til dette. (Likelydande punkt i kap. 74.)

11. Gje amnesti til papirlause vaksne etter til saman 7 års opphald i Noreg, og til papirlause born etter 4 år.

12. Kartleggje kompetansen til asylsøkarar kort tid etter dei kjem til landet, for å kunne tilby arbeidsretta opplæring eller jobb så tidleg som råd og gjere det enklare å få godkjent utdanning frå utlandet.

13. Styrke og differensiere opplæringa i norsk språk og samfunnsliv for asylsøkjarar for å bidra til raskare integrering.

14. Skjerpe krava til tilsynsmyndigheitene som statsforvaltaren (tidlegare: “fylkesmannen”) for betre ivaretaking av tilsynsoppgåver overfor kommunar som buset flyktningar. Tilsynet skal også inkludere grunnskulane for vaksne.

15. Garantere asylsøkjarar på mottak eit aktivitetstilbod inkludert norskundervisning på minimum 20 timar per veke.

16. Hindre fattigdom og svolt på asylmottak gjennom auka stønad som rekker til å kunne sjølvstendiggje og normalisere tilværet for asylsøkjarar.

17. Utvide ordninga med tilskot til organisasjonar som bidreg til integrering i kommunane.

18. Leggje til rette for eit meir samarbeid og erfaringsutveksling på tvers av kommunar, i integreringsarbeidet.

19. Avskaffe krav om inntekt for familiegjenforeining.

61. PERSONAR MED FUNKSJONSNEDSETJINGAR

Miljøpartiet Dei Grøne skal arbeide for at ingen blir funksjonshemma i møte med samfunnet og vi skal halde fram arbeidet med universell utforming av både tenester og fysiske omgjevnader så alle personar med funksjonsnedsetjingar får oppfylt sin rett til å delta i samfunnet. BPA, eller brukarstyrt personleg assistanse, skal vere eit viktig likestillingsverktøy for å auke deltaking og sjølvstende. Då må ordninga oppfylle intensjonen, også for menneske med mindre funksjonsnedsetjingar.

Noreg må ta innover seg kritikken som har kome frå FN og som fleire undersøkingar har vist, om at mange blir mobba, opplever hets og opplever utanforskap på bakgrunn av si funksjonsnedsetjing. Funksjonshemma krev ikkje eigne særrettar, men krev universelle menneskerettar og moglegheit til å kunne vere likestilte borgarar som kan delta i og gje tilbake til samfunnet.

Ein grøn framtid er også ei tilrettelagt framtid. I 2019 var delen av befolkninga med funksjonsnedsetjingar i alderen mellom 16-66 år på 17 %, som svarar til ca. 627 000

Deltagelse, mangfold og likeverd personar. For at så mange menneske som mogeleg skal kunne leva grøne og fullverdige liv, må vi prioritere tilgang og tilrettelegging i heile samfunnet, særleg når det gjeld transport og deltaking.

FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) må bli fullt ut implementert i norsk lov, og eksisterande norske lover må ikkje bryte med CRPD. Alle borgarar har rett til å engasjere seg, ta del og bidra i demokratiet, og det er plikta til storsamfunnet å leggje til rette for like moglegheiter uavhengig av funksjonsnivå.

1. At FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) heilt ut skal takast inn i lovverket ved å inkorporere CRPD og tilleggsprotokollar utan merknadar, og følgje opp FNs kritikk av Noreg. Ein bør utarbeide ein rapport som dokumenterer systematiske brot på menneskerettane til menneske med funksjonsnedsetjingar. Staten må framleis ha oversikt over utviklinga av likestillingspolitikken for funksjonshemma og leggje fram årlege statusrapportar.

2. Vedta den menneskerettslege modellen i alt regelverk, som svar på at Noreg mottok kritikk frå FN i 2019 om at funksjonshemma blir sett på som ei gruppe som treng omsorg og ikkje som sjølvstendige borgarar med rettar og plikter.

3. Utvikle politikk i tett dialog med organisasjonane som arbeider for personar med nedsett funksjonsevne på lik linje med fagforeiningar og næringslivsorganisasjonar når politikk blir utforma.

4. Sikre at utviklingshemma og funksjonshemma kan gjennomføre utdanning på ein fullverdig måte og stå i arbeid. Varig tilrettelagt arbeid (VTA), meiningsfull yrkesopplæring, individuell støtte og andre slag arbeidstiltak må på plass, og er døme på korleis vi sikrar at folk skal få og kunne stå i skjerma eller ordinær jobb.

5. Gje personar med funksjonsnedsetjing høve til å ta del i det grøne skiftet gjennom å legge kollektivtransporten til rette, styrke aktivitetshjelpemiddelordninga, særleg for dei over 26 år, styrke hjelpemiddelordninga ved at bilstønad skal bli gjort tilgjengeleg for fleire med behov for denne og at elbilar også skal omfattast i bilstønadsordninga.

6. Mjuke opp reglane og utdelinga av HC-parkeringsbevis, slik at fleire funksjonshemma og utviklingshemma som treng denne ordninga skal få den, og det må lagast fleire HC-parkeringsplassar.

7. Byrje med å gjere barnehagar, skular, høgskular og universitet tilgjengelege, og jobbe for at samfunnet raskt blir universelt utforma.

8. Sikre at funksjonshemma skal kunne krevje sin rett til sjølvbestemming og likestilt deltaking ved å styrke likestillings- og diskrimineringslovgjevnaden, arbeidsmiljølova og plan og bygningslova, og treffe alle naudsynte tiltak for å redusere skeivskap i bustadtilbod og kommunale forskjellar i handheving av lover og reglar.

9. At lover og offentleg finansiering ikkje bidreg til diskriminering og utanforskap, slik som å avskaffe diskriminerande tvangslovgjevnad i psykisk helsevern, sikre retten til sjølvbestemming og retten til naudsynt hjelp til rettsleg handling. Til dette høyrer retten til å velje eller velje bort støttealternativ, basert på retten den enkelte ha til fritt og informert samtykkje.

Deltagelse, mangfold og likeverd

10. Styrkje aktiv bruk av rådet for personar med funksjonsnedsetjingar lokalt og nasjonalt.

11. At alle uføre som lever på minsteytingar må kome inn under inntektsgrensa til bustøtta, og sikre at desse blir samordna dersom minsteytinga til unge uføre si aukar.

12. At BPA-tilbodet ikkje skal avhenge av talet på timar assistansebehov, alder, kjønn eller postadressa til brukaren, men er universelt og at midla til BPA skal følgje brukaren.

13. At det skal leggjast vekt på fritid og samfunnsdeltaking, like mykje som primære behov i tildelinga av BPA-timer.

14. Greie ut om BPA-ordninga bør fullfinansierast av staten, og ansvaret for ordninga bli flytt til arbeids- og sosialdepartementet. Det må leggjast klare føringar for kommunen sine plikter og reguleringstilgang.

15. Utvide ordninga med funksjonsassistanse i arbeidslivet, og at ordninga blir samordna med andre assistanseordningar som BPA og annan praktisk bistand. Funksjonsassistentordninga må bli utvida slik at den også inkluderer personar som er på arbeidsutprøving, er midlertidig tilsette, har praksisplass, jobbar frilans og for dei som studerer på vaksenopplæring, høgare utdanning eller fagskular.

16. Utvide utdanning og tilsetjingar innanfor teiknspråk og stimulere til høgare lønnstrinn for teiknspråktolkar, samt å betre løysingar for syns- og høyrslehemma i både private og offentlege bygg.

17. Sikre auka bruk av utdanning som arbeidstiltak slik at ein større del av dei funksjonshemma byrjar og fullfører høgare utdanning. Den nedre aldersgrensa på 22 år og varigheitsgrensa på maks tre år for å få innvilga utdanning som arbeidstiltak må takast bort. Dette gjev fleire høve til å fullføre lengre utdanningsløp, samt rom for avbrekk i studieperioden og deltidsstudiar.

62. URFOLK OG NASJONALE MINORITETAR

Staten Noreg er bygd på områda til to folk, det norske og det samiske. Dei nasjonale minoritetane som var her da landet vart etablert har rett til å få høve til å utøve og vidareutvikle sine kulturar.

Urfolk og nasjonale minoritetar har ein viktig plass både i norsk kulturarv og i vår eiga samtid. Noreg har klare forpliktingar til å ivareta den samiske befolkninga sine rettar. Historisk har den samiske befolkninga og minoritetsgrupper i Noreg lidd monaleg urett, ikkje minst gjennom ein brutal fornorskingspolitikk som mellom anna har gått utover språka som kulturberar. Framleis i dag er kunnskapen om samisk historie, språk og kultur avgrensa i store deler av den norske befolkninga, og samar opplever framleis diskriminering.

Fem folkegrupper har status som nasjonale minoritetar i Noreg: jødar, kvenar, rom, romani og skogfinne. Dei Grøne ynskjer ein aktiv politikk for å ivareta denne delen av den mangfaldige norske kulturarven. Vi vil arbeide for styrka kjennskap til urfolk og minoritetar sine vilkår, både hjå styresmaktene og i folket. Urfolk sine rettar må spele ei avgjerande rolle når utbygging og inngrep i deira kjerneområde er under planlegging.

Deltagelse, mangfold og likeverd

1. Gjere samefolkets dag til offisiell fridag i Noreg.

2. Gje grunnleggjande innføring i samisk som del av norskundervisninga for alle skuleborn.

3. Vere ein pådrivar for ein nordisk samekonvensjon for å lette samhandling og styrke samisk kultur på tvers av landegrensene.

4. Stø og vidareutvikle Sametinget som det viktigaste verktøyet for sjølvbestemming for det samiske folket.

5. Styrke og lovfeste konsultasjonsordninga mellom Staten og Sametinget.

6. Arbeide for styrka minoritetsspråkpolitikk mellom anna ved etablering av fleire språk- og kultursenter og auka støtta til oversetjing av litteratur og film, samt styrke infrastruktur, kunnskap og satsingar knytt til digitale verktøy for urfolks- og minoritetsspråk.

7. Styrke kvensk, sørsamisk, lulesamisk, skolte-, ume- og pitesamisk språk.

8. Prioritere arbeid i skule og andre miljø for å motverke antisemittisme og antisiganisme.

9. Stø arbeid som set søkelys på romanifolket og romfolket si historie og kultur i Noreg, inkludert språka romani og romanés.

10. Medverke til at det norske romfolket sin kultur blir teken vare på og vidareført.

11. Innføre prosedyrar for å gje føreseielegheit i økonomiske spørsmål for Sametinget og andre samiske budsjettområde, for eksempel ved at det kvart år blir lagt fram en stortingsproposisjon om satsingsområde og prioriteringar i samepolitikken.

12. Starte om prosessen etter Samerettsutvalet II, som handlar om retten til land og vatn i tradisjonelle samiske område frå og med Troms fylke og sørover.

13. Etablere eit forskings- og formidlingsprogram for eit samla samisk historieverk der fornorskingshistoria er eit av fleire tema.

14. Styrke forsking og formidling på historia, språket og kulturen til urfolk og nasjonale minoritetar i universitet, museum, arkiv og kulturinstitusjonar.

15. Gje reindrifta stabile økonomiske rammevilkår og samstundes sikre god dyrevelferd og forvalting av beiteområde.

16. Bruke resultata frå sannings- og forsoningskommisjonen for å leggje til rette for framtidig utøving av samisk, kvensk og norskfinsk kultur og tradisjonar.

17. At Noreg skal vere ei sterk røyst i Europa-samarbeidet for å sikre rom- og romanifolk sine menneskerettar og formelle orsakingar og oppreising for uretten dei er vortne utsette for.

Deltagelse, mangfold og likeverd

18. Innføre ei ordning med samiske observatørar i Stortinget og gje Sametinget framleggsrett i Stortinget.

63. RELIGION OG LIVSSYN

Trusfridom er grunnleggjande i eit mangfaldig og liberalt demokrati. Uansett religion eller livssyn bør alle vere sikra høve til å ta imot åndelege eller eksistensielle samtalar i livskriser og markere livsfasar i eigna lokale. Trus- og livssynssamfunn er dessutan viktige samfunnsinstitusjonar og kulturberarar. Både religiøse og ikkje-religiøse livssynssamfunn har ein naturleg plass i den offentlege samtalen. Mange trus- og livssynssamfunn er sentrale i opplæring og utøving av musikk, samt ivaretaking av unik materiell og ikkje-materiell kulturarv. Vi vil føre ein politikk for at slike verdiar kan blir tekne vare på og utvikla.

Eit aukande mangfald av religionar og livssyn set nye spørsmål på agendaen. Som samfunn må me ta stilling til nye utfordringar knytt til retten til enkeltmennesket til å utøve livssyn sitt, og plassen religionen har i det offentlege rommet. Me i Dei Grøne vil kjempe mot diskriminering på bakgrunn av livssyn, og føre ein livssynspolitikk som gjev både truande og ikkje-truande rom til å utøve sin livssynspraksis. Aktiv livssynsdebatt er ein del av eit opent og demokratisk samfunn. Ein slik debatt føreset eit sterkt vern av ytringsfridomen, både for kritikk og vern av ulike livssyn.

1. Likebehandle alle trus- og livssynssamfunn, og jobbe for og støtte eit livssynsmangfaldig samfunn.

2. Sikre vern mot diskriminering på bakgrunn av tilhøyrsle til livssyn og kultur, og setje i verk tiltak for å dekkje av og motarbeide systematisk diskriminering på grunn av religion eller livssynstilhøyrsle.

3. Arbeide for stabile rammeføresetnadar for trussamfunna si verksemd.

4. Arbeide for ei livssynsnøytral ekteskapslov.

5. Skilje religiøse seremoniar frå juridisk vigsel og avvikle trus- og livssynssamfunna sin vigselsrett.

6. På nytt etablere ei særleg stønadsordning for musikk- og kulturpraksis i trus- og livssynssamfunn etter modell av Kulturrådets stønadsordning for kyrkjemusikk.

7. Leggje til rette for at eldre og sjuke i institusjonar kan få sjelesørgjarar frå den truseller livssynsretninga dei sjølve ynskje.

8. Erstatte faget KRLE med faget FRED (filosofi, religion, etikk og dialog) som eit inkluderande og mangfaldig religions- og livssynsfag i norsk skule.

9. Gje kommunane ansvaret for organisering av gravplassar og arbeide for fleire gravplassar tilpassa alle livssyn.

Deltagelse, mangfold og likeverd

10. Vidareføre statleg tilskot til drift av KA si nasjonale kyrkjebyggdatabase og finansiere utviding av denne til å omfatte religiøse bygg og gravplassar som høyrer til alle trus- og livssynssamfunn i Noreg.

11. Leggje til rette for etablering av fleire livssynsfleksible seremonirom.

12. Sikre økonomisk støtte til organisasjonar som arbeider for å styrke kvinner og skeive sine rettar innanfor trus- og livssynssamfunn.

Deltagelse, mangfold og likeverd

DEL 14

DEMOKRATI OG

RETTSSTAT

64. DEMOKRATI OG INKLUDERING

Noreg er eit velfungerande demokrati med høg tillit mellom folk. Men demokratiet må heile tida fornyast og utviklast for å sikra legitimitet og brei deltaking. I mange land veks ein folkeleg motstand mot den gjeldande økonomiske og strukturelle politikken. Fleire demokrati er i ei tillitskrise, der avstanden er stor og folk ikkje lenger stolar på avgjerdstakarane. Òg i Noreg kan me sjå byrjande teikn på slik motstand og mistillit.

Mange tykkjer det er vanskeleg eller lite relevant å delta i politiske prosessar, og færre engasjerer seg i polistiske parti. Valdeltakinga er for låg, særleg blant ungdom og unge vaksne. Det er avgjerande å styrkja påverknaden til dei gruppene som er svakt representerte i demokratiet. Alle innbyggjarar skal ha reell moglegheit til å delta i avgjerder som gjeld seg og nærmiljøet sitt.

Dei Grøne vil kjempa mot konsentrasjon av politisk og økonomisk makt og påverknad. Me vil styrkja lokaldemokratiet og sivilsamfunnet, og jobba for demokratisk kontroll over infrastruktur og viktige tenester. Den offentlege samtalen må vere open, inkluderande og faktabasert, og avgjerdsprosessar må vere gjennomsiktige. Alle må bli gjevne god informasjon om demokratiske prosessar, og det offentlege må leggja til rette for at alle som vil delta, kan få nødvendig kunnskap og kapasitet.

1. Sørgja for at barn fødde i Noreg av papirlause får statsborgarskap ved fødselen.

2. Senka røysterettsalderen til 16 år.

3. Greia ut ei felles digital løysing som gjer det enkelt for innbyggjarar å få innsyn i alle offentlege dokument og saker som ligg til politisk handsaming.

4. Verna om tilliten i samfunnet ved å skjerpa karantenelova med to års karantene og forbod mot at statsrådar, statssekretærar og politiske rådgjevarar som går over i påverkings- og rådgjevingsstillingar, kan jobba mot regjeringar dei sjølve har sete i.

5. Ikkje innføra heildigitale val, men vidareføre praksisen med papirbaserte stortingsog lokalval av tryggleiks- og personvernomsyn. (Likelydande punkt i kap. 28.)

6. Innføra ein nasjonal forslagsrett der borgarar kan få ei sak handsama på Stortinget med tilstrekkeleg mange underskrifter.

7. Innføra gyldig fråvær i skulen for politiske markeringar.

8. Oppretta eit ope tilgjengeleg lobbyregister for Stortinget.

9. Gjera politikarar si stemmegjeving frå kommunestyre og fylkesting enkelt tilgjengeleg på nett og i maskinleseleg format.

10. Ta initiativ til sterkare globalt samarbeid om etiske eller demokratiske problemstillingar og moglegheiter knytte til kunstig intelligens.

11. Oppretta eit framtidsombod for å bidra til at interessene til framtidige generasjonar blir tekne vare på i den løpande politikkutviklinga.

Demokrati og rettsstat

65. MEDIUM OG OFFENTLEGHEIT

Eit mangfald av frie, uavhengige medium og ein opplyst offentleg debatt er avgjerande for eit velfungerande demokrati. Mediebransjen er i endring som følgje av ny teknologi og nye bruksmønster. Dei Grøne vil jobba for at dei same journalistiske rammevilkåra skal gjelda på tvers av plattformer og teknologiske distribusjonskanalar, og vil sikra vilkåra for uavhengige, redaktørstyrte, journalistiske medium i eit digitalisert samfunn.

Offentlegheita vert meir fragmentert. I digitale offentlege rom, der algoritmane regjerer, vert enkeltmenneske og miljø i større grad isolerte frå meiningsmotstandarane og andre perspektiv. Medium og plattformer utan ytringsansvar trugar no både ytringsfridom og tilgang til sikker informasjon. Det gjev spelerom for retorikk og argumentasjon som spelar på frykt, spekulasjon og motsetnader. For Dei Grøne ligg det eit sjølvsagt ansvar hjå kvar enkelt, og hjå oss som parti, for å skapa ein debatt som er opplysande, konstruktiv og inviterande.

1. Styrkja mediestøtta, for å sikra eit mangfald av frie medium lokalt, regionalt og nasjonalt.

2. Fjerna meirverdiavgift på redaktørstyrt journalistikk, uavhengig av plattform.

3. Hindra at norske medium vert utarma av internasjonale digitale aktørar som Facebook og Google, ved å greia ut verkemiddel for å sikra like konkurransevilkår og jobba for at alle medie- og teknologiselskap som tener pengar i Noreg, betaler skatt av fortenesta i Noreg.

4. Stramma inn regelverket for utforming og presentasjon av marknadsføring slik at reklame ikkje skal kunna forvekslast med redaksjonelt innhald.

5. Støtta uavhengige, ideelle aktørar i arbeidet mot spreiing av medvite villeiande informasjon.

6. Jobba for strengare regulering av digitalplattformer ved å støtta opp om dei nye EU-direktiva om ulovleg innhald (Digital Services Act) og konkurranseforhold (Digital Markets Act) og vera positive til at desse òg vert innførte i Noreg etter kvart.

7. Greia ut å påleggja tilbydarar av sosiale medium i Noreg rutinar for motkjemping av ulovleg hatprat og spreiing av medvite villeiande innhald (inkludert «deepfakes»), og krevja at tilbydarar av sosiale medium over ein viss storleik har brukarombod.

8. Sikra at det finst hovudredaksjonar for kommersielle radio- og fjernsynstilbod med allmennkringkastingsoppdrag utanfor Oslo.

9. Påleggja alle riksdekkjande kommersielle fjernsynskanalar med ein andel på meir enn éin prosent av dei samla sjåartala for fjernsyn å leggja til rette for program for personar med funksjonsnedsetjingar gjennom teksting, teiknspråktolking, synstolking, lydtekst eller andre teknikkar.

10. At den viktige, statsfinansierte kulturarven i NRK-arkiva må vera tilgjengeleg for fellesskapen.

Demokrati og rettsstat

11. At både offentlege og kommersielle riksdekkjande aktørar med allmennkringkastingsoppdrag skal tilby journalistisk dekning frå lokalsamfunn i heile landet.

12. Sikra eit sterkt kjeldevern for redaktørstyrte medium med teieplikt om identiteten til anonyme kjelder overfor alle myndigheiter, og vitne- og etterforskingsforbod i kjeldevernsaker.

13. Styrkja vernet av varslarar slik at det vert enklare å avsløra skadelege forhold utan å verta straffa eller utsett for andre negative sanksjonar.

14. Gje varslarar som avslører alvorlege kritikkverdige forhold, rett på økonomisk oppreisning for tapte inntekter og tort og svie.

15. Gjera Noreg til ei internasjonal trygg hamn for gravande journalistar, kjelder og varslarar.

66. RETTSSTAT OG MENNESKERETTAR

Rettsstaten og vern av menneskerettane er ein føresetnad for eit mangfaldig og jambyrdig samfunn med tryggleik og fridom for den enkelte. Dei Grøne er ein motpol til krefter som utfordrar desse liberale verdiane, og går til val på å forsvara og forsterka den norske rettsstaten. Fleire av grunnelementa i rettsstaten byggjer i dag på etablert praksis og prinsipp som ikkje er lovfesta. Me har ingen garanti mot at autoritære krefter i framtida vil utnytta hòl i lovverket til å ta kontroll over viktige institusjoner. Det er i gode tider me må rusta oss for dårlege tider. Difor vil Dei Grøne grunnlovfesta viktige rettsstatlege prinsipp, setja i verk tiltak for å sikra ein robust rettsstat og forsvara rettsstaten i internasjonale forum.

Dei grunnleggjande menneskerettane til norske borgarar er ikkje tilstrekkeleg tekne vare på fleire område. FNs menneskerettskomité, FNs torturkomité og FNs barnekomité er blant dei som jamleg fremjar bekymringsmeldingar knytt blant anna til isolasjon og oppfølging av psykisk sjuke i fengsla, sakshandsamingstid i domstolane og uavhengigheita til domstolane. Dei Grøne vil arbeide systematisk for å løysa desse utfordringane og styrkja etterlevinga av menneskerettane på alle område i samfunnet.

Lovgjevinga vert stadig meir kompleks, og forvaltinga får stadig større fullmakter, samstundes som tilgangen på rettshjelp har store manglar. God tilgang på rettshjelp er eit avgjerande enkelttiltak for å ta vare på den alminnelege rettstryggleiken i samfunnet. Ingen skal lida rettstap på grunn av manglande økonomisk evne eller mangel på informasjon.

1. Grunnlovfesta påtalemakta si uavhengigheit og uavhengig utnemning av dommarar.

2. Setja ned eit utval som skal greia ut rettsstaten sine sårbarheiter og føreslå tiltak for å redusera dei.

3. Forsvara ytringsfridomen og retten til å ytra seg mot politiske, religiøse og andre system.

4. Sikra at domstolane er organiserte og finansierte slik at saker kan handsamast tilfredsstillande og avgjerast innan rimeleg tid.

Demokrati og rettsstat

5. Følgja opp utgreiinga frå Rettshjelpsutvalet og styrkja ordninga med fri rettshjelp, blant anna ved å heva inntektsgrensa og inkludera fleire sakstypar i ordningar. (Likelydande punkt i kap. 38.)

6. Auka støtta til organisasjonar som gjev gratis rettshjelp, medrekna studentdrivne rettshjelpstiltak, og sikra deira moglegheit til å driva rettspolitisk arbeid.

7. Gje alle borgarar, uansett inntekt, avgrensa rett til gratis rettshjelp.

8. Auka salærsatsane for straffesaker og fri rettshjelp.

9. Jobba for å endra systemet slik at personar utan fast adresse vert sikra fullverdige borgarrettar i samfunnet.

10. Sikra at straffegjennomføringa betre varetek innsette sitt vern mot umenneskeleg eller nedverdigande behandling og retten til nødvendig helsehjelp.

11. Utarbeida ein nasjonal handlingsplan for torturrehabilitering, etablera eit nasjonalt senter for torturrehabilitering og få kunnskap om konsekvensar og handsaming av tortur inn i utdanningsløpet til relevante yrkesgrupper, som helse- og sosialarbeidarar.

12. Melda Noreg inn i individklageordningane under FNs barnekonvensjon, FNs konvensjon for økonomiske, sosiale og kulturelle rettar og FNs konvensjon om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne.

13. Gjennomgå teiepliktsføresegnene i lovgjevinga og forvaltinga si praktisering av offentleglovgjevinga for å finna ut om offentlegprinsippet vert overhalde.

14. Setja i gang eit omfattande digitaliseringsløft i domstolane og rettsvesenet, ved å blant anna sikra at alle norske rettssaker vert tekne opp med lyd og bilete, og sikra betre integrasjon med påtalemakta sine system.

15. Forby bruk av ansiktsattkjenning i det offentlege rommet og butikklokale.

16. Stimulera til auka bruk av mekling som vanleg tvisteløysingsmetode og styrkja rettstryggleiken ved mekling.

17. Motarbeida straffefridom ved å nytta økonomiske og juridiske sanksjonar mot personar som har gjort grove menneskerettsbrot i andre land.

18. Auka kapasiteten til å etterforska, arrestera og stilla for retten personar som er mistenkte for å ha delteke i folkemord, brotsverk mot menneskeslekta eller krigsbrotsverk innanfor rammene av norsk og internasjonal lov.

19. Støtta ordningar med mellombels opphald for menneskerettsforsvarar som er under sterkt press, for å gje dei moglegheit til å arbeida utan å risikera å verta angripne.

20. Vidareføra støtta til Students at Risk.

21. Innføra ei miljø- og menneskerettslov for næringslivet, med etikkinformasjonsplikt slik at forbrukarar får kjennskap til produksjonsforhold. (Likelydande punkt i kap. 21.)

Demokrati og rettsstat

22. Arbeida for eit psykisk helsevern der tvang berre vert nytta der det er strengt nødvendig. Det må arbeidast systematisk på alle nivå for å avdekkja årsaker til at tvang vert gjennomført, og for å innføra tiltak som kan redusera bruk av tvang. (Likelydande punkt i kap. 49.)

67. DIGITALE RETTAR

Eit opplyst og engasjert folk er blant dei viktigaste vilkåra for eit levande, velfungerande demokrati. Retten til å oppsøkja informasjon og kommunisera utan å verta urettmessig og ufrivillig overvaka av styresmakter eller bedrifter må difor vernast. Samstundes må borgarane vernast mot identitetstjuveri, overgrep, hatprat og andre alvorlege krenkingar.

Den teknologiske utviklinga gjev nye moglegheiter for digital overvaking og kontroll for å avdekkja kriminalitet. Dette utfordrar personvernet. Dei Grøne ønskjer ikkje ei samfunnsutvikling der grensene for inngrep i personvernet vert flytta. For å styrkja vernet mot ikkje grunngjeven overvaking vil me blant anna stansa praksisen med ulovleg lagring av opplysningar frå kommunikasjonskontroll, seia nei til innføring av eit digitalt grenseforsvar og evaluera om personvernet vert godt nok vareteke i politiet sitt arbeid for å motkjempa alvorleg kriminalitet.

1. Forsvara tilgangen til eit fritt og ope internett som ein rett.

2. Sikra nettbrukarar både ytringsfridom og personvern, nasjonalt og internasjonalt.

3. Prioritera omsynet til personvern og borgarrettar i handsaminga av nye lover eller avtalar som kjem inn på digitale rettar.

4. Styrkja forbrukarane sine rettar i møte med brukarlisensar og brukaravtalar.

5. Sikra nettnøytralitet som ein føresetnad for full ytringsfridom.

6. Gå gjennom og evaluera metodane politiet og e-tenesta har til disposisjon for å førebyggja og motkjempa terror og andre alvorlege truslar, for å avdekkja om personvernet er tilstrekkeleg vareteke i arbeidet med å verna rikstryggleiken.

7. Gå mot tilrettelagd innhenting av grenseoverskridande elektronisk kommunikasjon, og krevja slutt på Sverige si overvaking av norsk internett-trafikk gjennom FRA-lova, og all anna tilsvarande masseovervaking utført av andre statar.

8. Ikkje tillata søk etter slektningar i DNA-registeret til politiet.

9. Forby kopisperrer (DRM) og sperring av funksjonalitetar på brukarane si eiga maskinvare.

10. Støtta utvikling av fri programvare, blant anna ved å gjenoppretta Friprog-senteret og prioritera fri programvare i offentlege innkjøp.

Demokrati og rettsstat

DEL 15

EIT TRYGT

SAMFUNN

68. KRIMINALITET, STRAFF OG

KRIMINALOMSORG

Dei Grøne ønskjer ein kriminalpolitikk som fokuserer på rehabilitering og tek vare på Noregs sine menneskerettslege forpliktingar. Dette er avgjerande for å gje straffedømde høve til å venda tilbake til og verta inkluderte i samfunnet etter ferdig straff. Difor vil me leggja til rette for at fleire saker kan løysast utanfor domstolane, og prioritera alternative straffereaksjonar. Me vil redusera bruken av isolasjon til eit minimum, stilla klarare krav til innhaldet i fengselsstraffa og styrkja arbeidet med tilbakeføring under soning. Dei Grøne er særs kritiske til politisering av strafferettsfeltet som svekkjer rettstryggleiken. Me vil gå mot alle forslag om auka bruk av makt og tvang som ikkje er godt fagleg grunngjevne.

Dei Grøne meiner inngrep overfor borgarane berre skal skje når det er godt grunngjeve, og berre når det følgjer av konkret mistanke og følgjer strenge reglar som tek vare på rettstryggleiken. Me vil sikra at all tvangsmiddelbruk og etterforsking skjer i samsvar med krav som følgjer av Grunnlova og menneskerettane.

Politiet nyttar i dag store ressursar på motkjemping av narkotikarelaterte lovbrot, og tek også i bruk inngripande verkemiddel på dette området. Dei Grøne meiner rusmiddelbruk primært bør handterast som eit helseproblem, og at ein stor del av desse ressursane bør omprioriterast til andre føremål. Ressursar bør særleg prioriterast til område der me i dag ikkje oppfyller dei menneskerettslege forpliktingane våre. Døme på dette er vald og overgrep mot kvinner og i nære relasjonar, hatefulle ytringar og hatkriminalitet overfor minoritetar og menneskehandel.

1. Styrkja uskuldspresumpsjonen ved blant anna å gje tydeleg signal i den nye straffeprosesslova om at teiing aldri kan tala i nokon sin disfavør.

2. Arbeida for eit synleg og reelt nærverande politi i heile landet, med forsvarleg responstid og tilstrekkeleg kapasitet, også til å driva godt førebyggingsarbeid. (Likelydande punkt i kap. 35.)

3. Gå mot generell væpning av politiet.

4. Sørgja for at kvart politidistrikt prioriterer etterforsking og påtale av hatefulle ytringar og hatkriminalitet, og tilføra politi og domstolar nødvendige ressursar og kompetanse til dette. (Likelydande punkt i kap. 59.)

5. Sikra at regelverk og praksis for bruk av politiarrest varetek dei menneskerettslege krava knytte til isolasjon og til å framstillast for fengsling innan 48 timar etter pågriping.

6. Utarbeida ein sektorovergripande handlingsplan mot vald mot kvinner og vald i nære relasjonar.

7. Styrkja rettstryggleiken og personvernet til elevar ved å stilla klare krav til heimel for politiaksjonar, og stansa praksisen med skulerazziaer med narkohundar.

8. Styrkja politiet sitt arbeid med organisert og grensekryssande kriminalitet, inkludert menneskehandel.

Et trygt samfunn

9. Styrkja arbeidet for å avdekkja og reagera på miljøkriminalitet ved å intensivera tilsyn, kontroll, handheving og sanksjonering, og å auka strafferammene for større allmennpreventiv effekt.

10. Prioritera og utvikla alternative straffereaksjonar til fengselsstraff, medrekna å utvida bruken av samfunnsstraff og elektronisk fotlenkje.

11. Prioritera gjenopprettande rett og bruk av konfliktråd i straffesaker, særleg for ungdom.

12. Stilla klare krav til aktivitetar, sosial kontakt og høve til for å følgja med i omverda for innsette i fengsla.

13. Redusera bruken av isolasjon til eit absolutt minimum, skjerpa regelverket og styrkja oppfølging, helsehjelp og tilsyn med innsette som vert isolerte.

14. Gå mot forslaget om å ta i bruk spyttehette i kriminalomsorga.

15. Styrkja kriminalomsorga for å betra soningstilbodet og unngå faktisk isolasjon som følgje av mangel på bemanning.

16. Styrkja kriminalomsorga sitt arbeid med tilbakeføring undervegs i soninga, til dømes ved å betra moglegheitene for permisjonar og prøvelauslating, utvida høvet til soning i behandlingsinstitusjonar og gje auka støtte til å planleggja livet etter soning.

17. Styrkja soningstilbodet for kvinner, blant anna ved å oppretta fleire lågtryggingsanstaltar og oppgradera soningsfasilitetar.

18. Krevja bruk av omvend valdsalarm i fleire saker.

19. Tydeleggjera valdtektsføresegna i straffelova, slik at seksuell omgang utan samtykke vert definert som valdtekt.

20. Gå imot nasjonale og lokale tiggeforbod.

21. Fjerna straff for bruk og innehaving av brukardosar av illegale rusmiddel, og i staden satsa på skadereduksjon og frivillige og individuelt tilpassa helsetilbod for rusavhengige.

69. BEREDSKAP

Alle samfunn vert, før eller seinare, råka av store, skadelege hendingar som endevender kvardagslivet. Kor mykje skade slike hendingar gjer, avheng av kor god beredskap me har bygd opp. Både 22. juli og koronapandemien gjorde synleg behovet for betre beredskap. Verda er no i rask endring, og nye kriser kan råke fort og breitt. Det er avgjerande med godt samarbeid mellom kritiske sektorar og etatar, betre forsyningstryggleik og lagring av medisinar, mat og viktig utstyr, robust infrastruktur og ein styrkt beredskapskultur i samfunnet.

Sårbarheita i samfunnet aukar på fleire område. Tryggleik, velferd og utvikling er truga av eskalerande klimaendringar, naturøydelegging og pandemiar. Terror kan råka Noreg

Et trygt samfunn igjen. Geopolitisk uro kan skapa nye utfordringar. Auka digitalisering skjerpar krava til datatryggleik. Nokre trugsmål kan gjera så stor skade at siviliserte samfunn vanskeleg kan atterreisast, til dømes asteroidenedslag eller atomvinter som følgje av atomkrig. Den teknologiske utviklinga har òg gjeve opphav til eksistensielle trugsmål, som masseøydeleggingsvåpen og transformative teknologiar som kan slå feil ut.

Dei Grøne vil styrkja norsk beredskap mot alle slags trugsmål, forhindra masseutryddingar og gjera Noreg til ein pådrivar for forsking, kompetanse og internasjonalt samarbeid som reduserer risikoen for nye kriser. Me vil leggja til rette for god kontakt mellom forskingsmiljø innan framtids- og risikoanalyse, politisk leiing, beredskapsetatar, forsvar, etterretning og frivillige aktørar.

1. Setja ned ein beredskapskommisjon som skal evaluera Noregs totalberedskap og føreslå tiltak for betre førebygging og handtering av kriser, inkludert optimal organisering av aktørar og kritisk utstyr.

2. Forbetre samarbeidet mellom naudetatane, Forsvaret, Sivilforsvaret og sentrale frivillige aktørar ved større ulukker, katastrofar og moglege terroråtak, blant anna gjennom fleire sektorovergripande øvingar.

3. Sikra forsvarleg finansiering av alle naud- og beredskapsetatar og forvaltingsorgan med beredskapsansvar og setja av midlar til beredskapsøvingar i kommunar.

4. Styrkja Sivilforsvaret si evne til å respondera i kriser og unntakssituasjonar i Noreg.

5. Styrkja kompetanse, førebygging og beredskap for handtering av skred, flaum og andre naturfarar. (Likelydande punkt i kap. 9.)

6. Styrkja styresmaktene sin kapasitet for helseberedskap, blant anna ved å utvida beredskapsfunksjonen hos Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet si koordinerande rolle.

7. Byggja opp Noregs kapasitet til å produsera medisinar, medisinsk utstyr og vaksinar til si eiga befolkning. (Likelydande punkt i kap. 47.)

8. Byggja opp kriselager for kritisk viktig medisinsk utstyr som trengst ved pandemiar og store ulukker. (Likelydande punkt i kap. 47.)

9. Sørgja for beredskapslagring av matkorn for minst eitt års forbruk og etablera beredskapslager for andre matvarer og samfunnskritisk materiell som kan verta mangelvare når det oppstår kriser. (Likelydande punkt i kap. 9.)

10. Sikra god fleksibilitet og reservekapasitet i sjukehusa, som gjer det mogeleg å utvida sengetalet ved katastrofar og pandemiar. (Likelydande punkt i kap. 47.)

11. Sikra at primærnæringar som vert råka av endra klima- og naturforhold, kan få krisehjelp gjennom Statens naturskadeordning.

12. Styrkja nærberedskapen i kommunane, blant anna ved å vurdera auka stillingsprosent for deltidsbrannvesen, fleire heiltidsbrannvesen og greia ut regional eller statleg finansiering av brannvesenet.

Et trygt samfunn

13. Arbeida for betre planleggings-, koordinerings- og gjennomføringsevne ved søkog bergingsoperasjonar til havs i nordområda.

14. At frivillige ikkje skal lida økonomiske tap ved å delta i bergingsarbeid.

15. Sikra forsvarlege økonomiske rammer til frivillige organisasjonar som deltek i beredskapsarbeid, og dekkja kostnadene deira for naudnett-terminalar over statsbudsjettet.

16. Oppretta eit risikokompensasjonsfond for å gje lønspåslag til personar som må jobba i samfunnskritiske funksjonar og utset seg for ekstra risiko i krisetider.

17. Auka finansieringa av blodbankane for å sikra bemanning og opplæring som svarar på blodberedskapsbehovet, og leggja til rette for fleire «blodbussar» som senkar terskelen for å gje blod.

18. Styrkja dei eksisterande statlege støtteordningane for kartlegging, sikring og klimatilpassing i kommunane.

19. Byggja opp fagmiljø og leggja til rette for auka satsing på forsking og utvikling innan digital tryggleik, òg i det sivile domenet, og styrkja Noregs evne til å avdekkja og handtera digitale åtak.

20. At Noreg skal vere ein pådrivar internasjonalt for å redusera risikoen for, og styrkja beredskapen mot, konsekvensane av naturkatastrofar, ekstremvêr, pandemiar, skadeleg romvêr, bruk av masseøydeleggingsvåpen og kunstig intelligens.

21. Kartleggja moglege konsekvensar nye transformative teknologiar har for samfunnet, og greia ut korleis utvikling og bruk kan regulerast for å sikra interessene til menneske og dyr.

22. Utvida perspektivmeldinga til å inkludera kartlegging av truslar og moglegheiter for velferda til menneske og dyr dei neste 100 åra.

23. Styrkja norsk forsking på framtidsscenario, ekstrem risiko og reduksjon av risikoen for bruk av masseøydeleggingsvåpen.

24. Styrkja og utvida det nordiske beredskapssamarbeidet, blant anna innan Hagasamarbeidet.

25. Bidra til finansiering av internasjonal overvaking av asteroidar og andre jordnære objekt, inkludert ESAs program for å verna jorda (Hera).

70. FORSVAR

Det norske forsvaret skal verna om rikets tryggleik, demokrati og sjølvstende og skapa tryggleik for befolkninga. I tiåra framover vil raske sosiale, teknologiske, geopolitiske og økologiske endringar føra nye tryggleiksutfordringar med seg. Forsvaret må tilpassast desse utfordringane. Den operative evna og beredskapen må forbetrast, samstundes som ein minimerer miljøbelastninga. Dei Grøne vil jobba for eit sterkt, folkeleg forankra totalforsvar, med godt samarbeid mellom sivile og militære aktørar.

Et trygt samfunn Eit truverdig forsvar av Noreg føreset solide alliansar. Dei Grøne vil styrkja Noregs sjølvstendige forsvarsevne og ha eit meir forpliktande forsvars- og tryggleikspolitisk samarbeid med dei nordiske nabolanda våre og resten av Europa. Det er samstundes avgjerande at Noreg framleis har eit godt nabosamarbeid med Russland. Me vil bruka Noregs medlemskap i NATO til aktivt å arbeida for at forsvarsalliansen skal halda seg innanfor kjerneoppdraget: kollektivt forsvar, krisehandtering og tryggleikssamarbeid. Innanfor tryggleikssamarbeidet vil me særleg prioritera å delta i og styrkja NATOs arbeid for våpenkontroll, nedrusting og ikkje-spreiing.

Fred er eit vilkår for at landa i verda skal kunna løysa vår tids kollektive utfordringar. Norsk deltaking i militære operasjonar utanlands må vera folkerettsleg forankra, og skal ikkje gå på kostnad av primæroppgåvene til Forsvaret. Ein ny verdskrig i atomalderen vil kunna vera utslettande. Avspenning må vera eit av dei viktigaste måla for norsk forsvars- og tryggleikspolitikk. Dei Grøne vil difor arbeida for at NATO unngår å auka spenningsnivået i Europa eller i konfliktsoner i andre delar av verda. Forsvaret inkludert Kystvakta skal ha eit tydeleg og føreseieleg nærvær i nord.

1. Sikra tilstrekkeleg og føreseieleg finansiering av Forsvaret.

2. At Forsvaret skal konsentrera kapasiteten sin om forsvar av landet, og bidra til å styrkja tryggleiken i Europa og verda gjennom å delta i internasjonale fredsoppdrag med folkerettsleg forankring.

3. Styrkja det nordiske forsvarssamarbeidet innan NORDEFCO, blant anna innan operativ verksemd, informasjonsdeling og øvingar.

4. Støtta Noregs tilslutning til europeiske forsvarssamarbeid innanfor EU og til europeiske multilaterale initiativ med land med samanfallande tryggleiksinteresser.

5. Jobba for at NATO skal avvikla sin førsteslagsstrategi for atomvåpen og leia an i eit internasjonalt samarbeid om kjernefysisk nedrusting.

6. Bidra til avspenning i forholdet mellom NATO og Russland ved å seia nei til utplassering av rakettskjold i NATO-regi på norsk jord og behalda ein restriktiv basepolitikk utan fast utplassering av allierte styrkar på norsk territorium i fredstid.

7. Vidareføra praksisen med god varsling av militærøvingar på norsk jord for å hindra auka spenningsnivå.

8. Føra ein tydeleg og dialogbasert politikk overfor Russland, med vekt på menneskerettar, demokrati og folkerett, og med mål om ein vedvarande god naboskap og sivilt samarbeid.

9. Styrkja finansieringa av Heimevernet og auka talet på personell til 38 000 i områdestrukturen og 4000 i innsatsstrukturen.

10. Styrkja Kystvakta for å vareta norske ressursar og sårbare miljø langs kysten og i Arktis.

11. Styrkja Sivilforsvaret si evne til samordna respons i kriser, krig og katastrofesituasjonar i Noreg, og byggja kompetanse og kapasitet innan varsling, kommunikasjon, vernetiltak, berging, miljøinnsats og fredeleg konfliktløysing.

Et trygt samfunn

12. Styrkja den militære og sivile digitale beredskapen for å sikra samfunnskritisk infrastruktur, medrekna sentral offentleg IT-infrastruktur, mot fysiske og digitale åtak.

13. Arbeida for å minimera klima-, miljø- og naturbelastninga til Forsvaret samstundes som den operative evna vert oppretthalden og vidareutvikla, blant anna ved å satsa på simulatorteknologi og stilla miljøkrav i Forsvarets drift, utvikling av konsept og struktur.

14. Oppretthalda dagens verneplikt og ta vare på retten til å nekta militærtenest av samvitsgrunnar.

15. Styrkja arbeidet for jamstilling, kjønns- og seksualitetsmangfald og mot seksuell trakassering i Forsvaret.

16. Styrkja ettervernet for veteranar.

17. At eventuell norsk deltaking i fredsopprettande internasjonale militære operasjonar skal debatterast og vedtakast i Stortinget, og evaluerast grundig i etterkant.

Et trygt samfunn

DEL 16

NOREG I

VERDA

71. INTERNASJONALT SAMARBEID, FRED

OG TRYGGLEIKSPOLITIKK

Fred vert bygd og halden ved like gjennom rettferdig etisk handelssamarbeid, ein rettsbasert utviklingspolitikk innanfor ramma av berekraftsmåla, styrking av FN, folkeretten og menneskerettane og bidrag til sivilt og militært freds- og konflikthandteringsarbeid. Det beste vernet mot krig er breitt og forpliktande samarbeid mellom demokratiske statar, der menneskerettane er institusjonaliserte og respekterte, og alle innbyggjarane har ein akseptabel levestandard.

Framleis godt og omfattande nordisk samarbeid må prioriterast. EU er Noregs viktigaste strategiske partnar for å styrkja miljø- og klimapolitikken nasjonalt og internasjonalt. Noreg bør søkja kostnadseffektivt og strategisk militært samarbeid i Norden, og delta i EUs forsvarssamarbeid. Dei Grøne vil arbeida for å tryggja menneskerettane, medrekna rettane til urfolk og etniske og religiøse minoritetar, og løfta desse i dialog med andre land, inkludert med Kina.

Dei Grøne jobbar for våpenkontroll og kjernefysisk nedrusting, og mot masseøydeleggingsvåpen og autonome våpen. Målet er å redusera behovet for valdsmakt til eit minimum. Ei slik utvikling må veksa fram gradvis ved å byggja gjensidig tillit, fellesskap og kontrollmekanismar på tvers av grensene. Me vil føra ein langt meir restriktiv politikk for norsk våpeneksport, for å hindra at norskproduserte våpen endar opp i land som gjer alvorlege menneskerettsbrot.

I situasjonar der ein stat ikkje er i stand til å verna eigne borgarar mot brotsverk mot menneskeslekta, som folkemord og etnisk reinsing, eller der ein stat sjølv utøver slike brotsverk, har verdssamfunnet både rett og plikt til å gripa inn gjennom humanitære intervensjonar. Norsk deltaking i internasjonale militære operasjonar må normalt vera som følgje av mandat frå Tryggingsrådet i FN. I situasjonar der ei vetomakt blokkerer moglegheita for å hindra folkemord, vil Dei Grøne likevel kunna støtta ein humanitær intervensjon, gjeve brei internasjonal oppslutning og deltaking.

1. Jobba for større bruk av sivil, ikkje-valdeleg konflikthandtering globalt, styrkja norsk innsats for internasjonal konfliktførebygging, observatørbruk og fredsmekling, og auka det norske bidraget til sivil overvaking og førebygging av internasjonale konfliktsituasjonar for å kunna løysa og handtera konfliktar på eit tidleg tidspunkt og verna sivile mot vald og overgrep.

2. Anerkjenna og jobba for aksept for rettane til etniske, religiøse og kulture minoritetar.

3. Styrkja innsatsen mot miljøkriminalitet og grensekryssande kriminalitet, truslar og ekstremisme i europeisk og internasjonalt politi- og justissamarbeid.

4. Gjera barn og ungdom si deltaking til eit berande prinsipp i fredsarbeid, humanitært og førebyggjande arbeid og utarbeida ein norsk handlingsplan for Tryggingsrådsresolusjon 2250 om ungdom, fred og tryggleik.

5. Styrkja innsatsen for vern mot og førebygging av seksuell vald i krig og kriser, respons for offera og straffeforfølging av gjerningspersonane.

Norge i verden

6. Støtta FNs kartleggingar av alvorlege brotsverk som vert gjorde mot barn i krig, og kva for stridande partar som gjer desse brotsverka.

7. Styrkja innsatsen for å førebyggja forsvinningar og finna sakna i væpna konflikt og naturkatastrofar.

8. Auka fokuset på, og styrkja innsatsen for, psykisk helse og bearbeiding av traumatiske opplevingar blant sivile i konfliktområde.

9. Stilla krav om at alle partar i operasjonar der norske styrkar deltek, skal følgja internasjonal humanitær rett. Noreg skal bidra til respekt for folkeretten og ikkje delta i operasjonar der allierte bryt menneskerettar eller internasjonale reglar for krig.

10. Bidra til reell rettsforfølging av norske framandkrigarar, ved at Noreg hentar heim og tek ansvar for norske statsborgarar som har vore tilknytte terrororganisasjonar i utlandet, dersom landa dei oppheld seg i, ber om dette.

11. Sikra at Noreg alltid skal hjelpa norske barn og foreldra deira med å koma heim til Noreg, òg i tilfelle der ein forelder er sikta for lovbrot i utlandet.

12. At norsk deltaking i internasjonale militære operasjonar normalt må vera som følgje av eit FN-mandat. I situasjonar der ei vetomakt blokkerer moglegheita for å hindra folkemord, vil Dei Grøne likevel kunna støtta ein humanitær intervensjon, gjeve brei internasjonal oppslutning og deltaking.

13. Arbeida for forpliktande og balansert global nedrusting.

14. At Noreg sluttar seg til det internasjonale forbodet mot atomvåpen.

15. Prioritera internasjonalt arbeid for kjernefysisk nedrusting og ikkje-spreiing, ta ei leiarrolle internasjonalt i arbeidet mot klasevåpen, landminer og kjemiske og biologiske våpen.

16. Vera ein pådrivar for at statar forpliktar seg til å unngå bruk av eksplosive våpen i byar.

17. Jobba for eit internasjonalt regelverk for autonome våpensystem og våpen som er baserte på kunstig intelligens, for å hindra ein eskaleringsprosess der slike system tek avgjerder på eit stadig meir overordna nivå, utan menneskeleg involvering.

18. Gjennomgå norsk våpeneksportregelverk og -kontroll, med sikte på at omsyn til folkeretten ligg til grunn for alle eksportløyve, og praktisera regelverket strengt.

19. Innføra eksportkontroll på nye typar overvakingsteknologi, som ansiktsattkjenning og andre typar biometrisk overvaking, og jobba for at desse teknologiane vert lagde til på Wassenaars liste for eksportkontroll.

20. Ikkje tillata sal av våpen eller anna militært materiell til autoritære regime og til statar som gjer alvorlege menneskerettsbrot.

21. Krevja sluttbrukarerklæring med reeksportklausul frå alle land som kjøper våpen og ammunisjon produsert i Noreg.

Norge i verden

22. Jobba gjennom Tryggingsrådet i FN for menneskerettar, internasjonal humanitær rett, humanitær bistand til menneske i naud, fredeleg konfliktløysing, motkjemping av organisert kriminalitet, det internasjonale rettsvernet for natur og miljø og for å setja samanhengen mellom klima og tryggleik på agendaen.

23. Støtta ei reform for styrkt representativitet og legitimitet i Tryggingsrådet i FN.

24. Arbeida aktivt for å få slutt på okkupasjonar i strid med folkeretten, som Palestina og Vest-Sahara, og greia ut kriminalisering av handel med selskap og andre aktørar som opererer i slike okkuperte område, og arbeida for at internasjonale observatørstyrkar skal kunna vera til stades og fritt rapportera om overgrep dei er vitne til.

25. Jobba internasjonalt for tiltak mot drap og forfølging av miljøforkjemparar i utlandet.

72. NOREG I NORD

Noreg er ein arktisk nasjon. Nordområda er det viktigaste strategiske området me har, når det gjeld både forsvar, tryggleik og internasjonalt samarbeid. Utviklinga i nord vil vera avgjerande for Noregs økonomiske utsikter i framtida, med hav og kyst som ryggrada i ein moderne fornybarøkonomi på naturen sine premissar.

Dei Grøne vil satsa på berekraftig aktivitet og nærvær i nord og fremja stoltheit, kunnskap og kompetanse om Noreg innanfor polarsirkelen. Det er avgjerande med internasjonalt samarbeid om utviklinga i eit Arktis som er hardt råka av klimaendringar og naturøydelegging. Klimaendringane i nord må møtast med kunnskap om lokale forhold. Dei Grøne vil fremja tiltak for å førebu lokalsamfunn i nord på klimaendringane. Primærnæringar som kystfiske, jordbruk, reindrift og utmarksnæringar er særleg utsette. Me vil sikra at desse næringane kan tilpassa seg klimaendringane gjennom tradisjonell kunnskap, innovasjon, utvikling og statleg økonomisk støtte.

1. Sikra tilstrekkeleg støtte til klimatilpassing for busetjingane på Svalbard.

2. Dela erfaringar og kunnskap om konsekvensane av klimaendringane i Arktis med resten av verda.

3. Oppretta og styrkja utdanningsprogram og finansiera forskingsprosjekt om klimatilpassing og -løysingar i nordområda ved universiteta i Nord-Noreg, og UNIS og forskingsmiljøa på Svalbard.

4. Vidareutvikla næringsliv og forsking knytt til romteknologi i dei nordlege fylka og på Svalbard.

5. At Noreg tek initiativ til ein Arktisk miljøtraktat, forankra i Arktisk råd, med ambisjonsnivå for vern og beskyttelse basert på tilrådingar frå IPCC og IPBES.

6. Arbeida for eit globalt oljemoratorium i Arktisk.

Norge i verden

7. Halda i hevd venskapen mellom folka i nordområda som ein kontinuerleg og stabiliserande faktor.

8. Styrkja samarbeidet med den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO) for å sikra maritim tryggleik og hindra forureining frå skip og shippingverksemd i nordlege havområde.

9. Stå fast ved svalbardtraktaten og avvisa alle krav om særrettar på Svalbard, særleg krav som svekkjer svalbardmiljølova.

10. Vidareføra det arktiske miljø- og klimaarbeidet og vidareutvikla Barentssamarbeidet med vekt på folk-til-folk-samarbeid og samarbeid om kultur, urfolk, helse, miljø og berekraftig samfunnsutvikling.

11. Arbeida for ein nordisk nordområdepolitikk der klima og miljø er blant satsingsområda, og ta initiativ til ei felles satsing på grensekryssande infrastruktur for utsleppsfri samferdsel, inkludert kollektivtransport. (Sjå kap. 12, pkt. 9.)

12. Prioritera det gode samarbeidet med Russland om atomavfallstryggleik.

73. EUROPAPOLITIKK

Eit tett og forpliktande europeisk samarbeid er avgjerande for å løysa store utfordringar som klimaendringar, tap av biologisk mangfald, flyktningkriser, terrorisme, økonomisk ulikskap og kapitalflukt. Dei Grøne vil føra ein open, engasjerande og kunnskapsbasert europapolitikk og styrkja Noregs samarbeid med EU.

Europas «Grøne gjev» (European Green Deal) har som mål å eliminera klimagassutslepp og forureining til luft, jord og vatn og å innføra ein sirkulær økonomi for å setja ein stoppar for ein økonomi basert på kontinuerleg auka forbruk og vekst. Ettersom dette initiativet vil få globale konsekvensar og forsterka presset på Noregs grøne omstilling, er det viktig at Noreg er ein aktiv og engasjert deltakar i prosessen.

I tiåret som kjem, må klima- og naturkrisa verta eit hovudtema i Noregs og EUs utanrikspolitikk. EU har bidrege sterkt til fred og samarbeid i Europa etter andre verdskrigen, og har vorte ein føregangsregion for klimapolitikk i verda. Gjennom tett samarbeid med EU kan Noreg bidra til at unionen tek tydelege grep for å gjennomføra det grøne skiftet.

Samstundes opplever EU alvorlege utfordringar: svak tillit til EU-institusjonane, store økonomiske skilnader, frykt for konsekvensane av auka innvandring og demokratisk underskot. Me ser autoritære utviklingstrekk og alvorlege brot på menneskerettane også på vårt eige kontinent. Noreg må stå saman med demokratiske og humanitære krefter i EU og resten av Europa. Saman med dei europeiske søsterpartia våre vil Dei Grøne arbeida for reformer i EU-systemet og i EØS-avtalen, med mål om meir innsyn, meir demokrati, meir deltaking og betre varetaking av menneskerettar og klima- og miljøomsyn. Spørsmålet om ein eventuell norsk EU-medlemskap må avgjerast etter folkerøysting.

Norge i verden

1. Samarbeida tett med EU om utvikling og gjennomføring av klimapolitikken, og ta initiativ til eit felles mål om eit fossilfritt Europa innan 2040. I tillegg knyta Noreg til EUs nye klimalov om konkrete utsleppsreduksjonar fram mot 2050.

2. Bidra til, og inngå i, forpliktande overnasjonale avtalar med EU som set mest mogleg ambisiøs standard for klima, natur og ressurspolitikk i Europa. Slike avtalar bør samstundes gje rom for at enkeltland kan gjennomføre endå meir ambisiøs politikk.

3. Jobba for at EUs indre marknad vert eit internasjonalt pionerområde for ein fossilfri grøn krinslaupsøkonomi, og støtta nødvendige tiltak for å verna EUs økonomi i ein slik omstillingsfase, medrekna tollbarrierar mot klima-, natur- og ressursskadelege produkt.

4. Støtta og samarbeida med EU om innføring av karbongrenseskatt og økonomiske og handelsbaserte sanksjonar mot land som aktivt undergrev moglegheita for å innfri måla i Parisavtalen.

5. Etablera eit program for å støtta demokrati- og menneskerettsarbeid i Sentral- og Aust-Europa i regi av norske og internasjonale sivilsamfunnsaktørar.

6. Støtta vidareføring av EØS-avtalen og vera opne for å bruka reservasjonsretten i avtalen, til dømes mot direktiv som strir mot viktige klima- og miljøomsyn, eller som undergrev arbeidarrettar eller mattryggleik.

7. Vera ein pådrivar overfor EU og alliansar blant medlemslanda for å endra, unngå og førebyggja EU-direktiv og -rettsakter som står i strid med klima- og miljøomsyn, arbeidarrettar eller andre viktige sosiale tilhøve.

8. Jobba for å auka medvit og engasjement om europeisk politikk og kva avgjerder i EU tyder for Noreg, og vurdera tettare og meir forpliktande involvering av Stortinget.

9. Jobba for at Noreg deltek i LIFE, EUs miljø- og klimaprogram som finansierer lokale og regionale klimatiltak og gjev støtte til miljøorganisasjonar.

10. Arbeida for å knyta Europa saman gjennom eit velfungerande og raskt jernbanenett for å redusera fly- og vegtrafikk.

11. Jobba for strenge, felleseuropeiske standardar for dyrevelferd og antibiotikabruk, og sikra interessene til norske primærnæringar opp mot EU.

12. Sikra at Noregs energiressursar inngår i ein mangfaldig og desentralisert felles kraftmarknad med resten av Europa og bidreg til å erstatta forbruk av fossil energi i nabolanda våre, blant anna gjennom å støtta fleire sjøkablar til Storbritannia og kontinentet. (Likelydande punkt i kap. 8.)

Norge i verden

74. ASYL- OG FLYKTNINGPOLITIKK

Me lever i ei verd der fleire titals millionar menneske er på flukt. Asyl- og flyktningpolitikken til Dei Grøne byggjer på asylretten og solidaritet med dei som flyktar. Nokre land vel no å stengja grensene for menneske i naud. Då er det særleg viktig at Noreg fører ein human, anstendig og føreseieleg flyktningpolitikk, med forankring i menneskerettane og tilrådingane frå FNs høgkommissær for flyktningar. Asylinstituttet skal verna menneske med reelle behov for vern. Dette føreset ei individuell og rettssikker handsaming av asylsøknader.

Tett og forpliktande samarbeid i Europa og med land i Europa sine nærområde er nødvendig for å vareta dei grunnleggjande rettane til asylsøkjarar og flyktningar. Det er verken etisk akseptabelt, rettsleg forsvarleg eller berekraftig for det europeiske samarbeidet at enkeltland får brorparten av børa med å sakshandsama asylsøknader og sikra rettane til det store fleirtalet av asylsøkjarar og flyktningar som ber om vern i Europa. Medan me ventar på felleseuropeiske løysingar på tvers av heile EU, vil Dei Grøne styrkja samarbeidet med andre EU-land i såkalla «koalisjonar av viljuge» om rimeleg ansvarsfordeling for asylsøkjarar, og om evakuering ved akutte humanitære situasjonar i flyktningleirar innanfor Europas grenser.

FN sine klima- og naturpanel åtvarar om at klima- og naturkrisa kan tvinga mange til å måtta flytta og flykta i åra som kjem. Politikk for å løysa klima- og naturkrisa, kombinert med å sikra fred og tryggleik, styrkja demokrati, menneskerettar og utvikling er avgjerande for å skapa ei verd der færre ser seg nøydde til å flykta frå heimane sine.

1. Lovfesta tilgang på gratis rettshjelp til barn i UNE-saker og 18-åringar som har hatt tidsavgrensa opphald og ønskjer å ta opp att asylsøknaden sin.

2. Staten skal ikkje finansiera informasjonsvideoar som fremjar eit feilaktig og ubalansert bilete av Noreg som mottakarland for flyktningar.

3. Styrkja den humanitære bistanden for å hjelpa internt og regionalt fordrivne menneske.

4. Grunnlovfesta retten til å søkja asyl.

5. Ta imot langt fleire kvoteflyktningar enn i dag, og som eit minimum følgja tilrådingane frå FN.

6. Jobba for eit felles europeisk asylsystem som forsvarar asylretten og skapar ei rettferdig og fornuftig fordeling av asylsøkjarar mellom europeiske land.

7. Bidra til internasjonale løysingar for å gje vern til menneske som flyktar på grunn av klimaendringar og naturøydeleggingar, og jobba for at Noreg skal ta imot eit gjeve tal på slike flyktningar årleg.

8. Arbeida for internasjonale avtalar som sikrar lovlege vegar til Europa for dei som treng vern.

9. Samarbeida med andre europeiske land om å relokalisera asylsøkjarar frå områda kring Middelhavet, og ikkje gjennomføra Dublin-returar til Hellas, Italia og andre utsette land så lenge kapasiteten der er utilstrekkeleg.

Norge i verden

10. Arbeida for å oppheva flyktningavtalen mellom EU og Tyrkia.

11. Ta initiativ til felleseuropeiske løysingar for å sikra tilstrekkeleg søk- og bergingskapasitet i Middelhavet.

12. Sikra rettane til barn og andre sårbare grupper på flukt ved å gjeninnføra rimelegvilkåret for internflukt, som seier at ingen skal sendast tilbake til flukt i heimlandet om det vert vanskeleg for dei å klara seg.

13. At styresmaktene ikkje skal tilbakekalla statsborgarskap, og som eit minimum innføra ein foreldingsfrist for tilbakekalling. Ingen skal tapa statsborgarskapen sin eller sendast ut av landet dersom det er andre familiemedlemmer som forårsaker sak om dette.

14. Overføra ansvaret for alle einslege mindreårige asylsøkjarar til barnevernet, leggja større vekt på det beste for barnet i asylsaker og sikra at barnekonvensjonen alltid trumfar innvandringspolitiske omsyn.

15. Verna om retten til familieliv ved å fjerna urimelege barrierar for familiegjenforeining, deriblant søknadsgebyr og inntektskrav.

16. Forkorta sakshandsamingstida i asyl- og familieinnvandringssaker.

17. Styrkja rettstryggleiken for asylsøkjarar ved å innføra topartsprosess i Utlendingsnemnda, tilby fleire timar rettshjelp og sikra føreseielege løyvingar til spesielle rettshjelpstiltak.

18. Styrkja kompetansen hos utlendingsforvaltinga i LHBTI+-spørsmål og sikra moglegheit til å søkja asyl i Noreg for menneske som flyktar på grunn av kjønnsidentiteten sin eller den seksuelle legninga si.

19. Styrkja kompetansen hos utlendingsforvaltinga i handsaminga av asylsøknader på bakgrunn av seksuell orientering eller tru og livssyn, inkludert religiøs konvertering.

20. Gje arbeidsløyve og rett til helsehjelp til papirlause menneske utan opphaldsløyve som av ulike årsaker ikkje kan verta sende til heimlandet.

21. Gje asylsøkjarar mellombels arbeidsløyve frå dagen dei har søkt asyl.

22. Sikra etterforsking og oppfølging av forsvinningssaker av barn frå asylmottak.

23. Følgja FN sin konvensjon om statslause si stilling, innføra ein definisjon av statsløyse i lovverket, gjera statsløyse til eit sjølvstendig opphaldsgrunnlag og ikkje ta frå nokon statsborgarskapen om det fører til at dei vert statslause.

24. Oppheva bruk av «avgrensa opphaldsløyve på grunn av tvil om identitet» for barn under 18 år. Dersom det likevel vert gjeve, ønskjer MDG å sikra rettar til å verta busett i ein kommune, gå på norskkurs/grunnskuleopplæring og få bankkort. Dette gjeld både barn og vaksne.

25. Leggja til rette for og motivera til frivillig retur, og gjennomføra raskare retur etter endeleg avslag.

Norge i verden

26. Betra tilhøva på Trandum, blant anna ved å utvida tolketilbodet, innføra uavhengig psykologfagleg kompetanse, sørgja for menneskerettsleg haldbar handsaming av dei som bur der, og avgrensa opphald til maks 72 timar.

27. Stoppa dagens praksis med opphøyr av flyktningstatus.

28. Ikkje returnera menneske til land som FN definerer som utrygge.

29. Sikra at UDI har ressursar til å få ned ventekøane i asylmottak, og gje grundig og rask sakshandsaming av søknader om asyl, opphald og familiegjenforeining.

30. Kartleggja den fysiske og psykiske helsetilstanden til asylsøkjarar kort tid etter at dei kjem til landet.

31. Styrkja kompetansen om sårbare asylsøkjarar hos UDI og tilsette ved asylmottak.

32. Fjerna avgifta for å søkja om permanent opphaldsløyve.

33. Gjera røysterett meir tilgjengeleg for innvandrarar ved å senka språkkrav til A2-nivå i norsk for å få innvilga statsborgarskap og fjerna kravet til greidd prøve i samfunnskunnskap.

34. Senka krava til å få permanent opphaldsløyve for flyktningar.

75. GLOBAL UTVIKLING OG HUMANITÆR

BISTAND

Klimaendringar, naturkatastrofar, krig og konflikt valdar og forverrar humanitære utfordringar. Betre lokal beredskap mot naturkatastrofar vil bidra til at menneske i krise får rask og god hjelp. Byane spelar ei viktig rolle i kampen mot klimaendringane. Me vil stø opp om byutvikling som hindrar klimagassutslepp og naturtap, dela erfaringar frå norske byar og henta inspirasjon heim. Lokal matproduksjon og bygdeutvikling bør også få ein meir sentral plass i norsk bistand.

Seksuelle og reproduktive rettar, jamstilling og barn sine behov er andre prioriterte tema. Utdanning er ein nøkkel for å nå fleire mål, som betre likestilling, lengre liv, anstendig arbeid og mindre ulikskap. Globale helsetiltak er blant den bistanden me veit fungerer best og mest effektivt, der auka finansiering kan redda og forbetra mange liv, ikkje minst innan førebygging og handtering av pandemiar.

Både naudhjelp og utviklingsbistand må skje på mottakaren sin premissar, ha lokal eigarskap og følgja gode bistandsprinsipp. Godt styresett og antikorrupsjonsarbeid er viktig for å hindra konfliktar og sikra at skatteinntekter vert brukte til det beste for innbyggjarane, og for å hindra rovdrift på naturen. Sterke sivilsamfunn, god statsforvalting og lokal næringsutvikling er difor satsingsområde. Gunstige lån kan vera nødvendige, men det er viktigare å bidra til næringsutvikling som kan dekkja lokale behov og gje inntekter frå regionale og globale markander.

Sivilsamfunnsorganisasjonane kjenner lokale forhold og er viktige samarbeidspartnarar i utviklingspolitikken. Eit sterkt sivilsamfunn styrkjer demokratiet, avlastar staten, stør sårbare og marginaliserte grupper og bidreg til utvikling. Fokuset på staten sitt ansvar for – og evne til – å sikra menneskerettane og ytringsfridomen til innbyggjarane bør likevel styrkjast.

Norge i verden

1. Arbeida for ein samstemd utviklingspolitikk der tiltak innan ulike politikkområde dreg i same retninga. Me vil oppnå dette blant anna ved å oppdatera utgreiingsinstruksen med ei sjekkliste for samstemming.

2. Sørgja for at det i størst mogleg grad er lokale aktørar som får kontraktane på oppdrag Noreg er med på å finansiera i mottakarland.

3. At minst éin prosent av nasjonalinntekta skal gå til humanitær bistand og utviklingsbistand.

4. Sikra at rapportering på om Noreg oppnår berekraftsmåla, byggjer på eksterne evalueringar, kastar lys over reelle dilemma og inkluderer effekten norsk politikk har utanfor Noreg.

5. Prioritera arbeid for å sikra jenter utdanning og styrkja kvinner sine rettar i arbeidslivet, innan seksuell og reproduktiv helse og rettar, og mot vald i nære relasjonar.

6. Vidareføra innsatsen mot mødredødelegheit og barnedødelegheit.

7. Støtta opp om aktørar som jobbar for trygg, lovleg og sjølvbestemd abort og auka tilgang til trygge aborttenester globalt.

8. Fremja jenter og andre som menstruerer, sin rett og si moglegheit til å gå på skule òg når dei har mensen.

9. Løfta seksuell og reproduktiv helse, sjølvbestemming og rettar i utdanningsbistanden, medrekna rettane til seksuelle minoritetar og kjønnsminoritetar.

10. Arbeida for at den offentlege skulen skal vera gratis og tilgjengeleg for alle, slik at alle born og unge, uavhengig av sosial bakgrunn, kjønn, etnisitet og funksjonsnivå, får sin rett til utdanning oppfylt.

11. Utelukka profittbaserte aktørar innanfor utdanningssektoren frå å få norsk bistand.

12. Vidareføra arbeidet med førebygging av åtak mot helsetenester og skular, blant anna Safe Schools-arbeidet.

13. Vidareføra Noregs globale arbeid for å sikra tilgang til utdanning i humanitære kriser.

14. Arbeida for byutvikling med energieffektive og universelt tilgjengelege bygg- og transportløysingar, bidra til å bevara matjord og annan natur så langt mogleg ved utvikling av urbane område, støtta UN Habitat sitt arbeid for berekraftig byutvikling og støtta opp om byar som tek ansvar og set ambisiøse klimamål.

15. Støtta kapasitetsbygging for auka motstandsdyktigheit i lokalsamfunn som er spesielt utsette for naturkatastrofar, gjennom støtte til nasjonale og lokale aktørar som er til stades før, under og etter ein katastrofe.

16. Bidra til å atterreisa lokalsamfunn som er øydelagde i krig og konflikt.

Norge i verden

17. Byggja opp robuste nasjonale skattestyresmakter ved å styrkja Skatt for utvikling, slik at land sjølve kan finansiera grunnleggjande velferdstenester, oppretthalda infrastruktur og handtera kriminalitet.

18. Arbeida for ein global formuesskatt retta mot verdas 1 prosent rikaste, underlagd eit skatteorgan i regi av FN. Skatten skal bidra til å finansiera FN sine berekraftsmål i utviklingsland.

19. Arbeida for ein rettferdig gjeldshandteringsmekanisme under FN, og for eit bindande internasjonalt regelverk for ansvarleg långjeving.

20. Bidra til lokal næringsutvikling ved å vidareføra satsinga på strategiske partnarskapar med næringslivet som kan sikra at investeringar i utviklingsland kjem befolkninga til gode, og utvida satsinga til å dekkja klima- og miljøtiltak på tvers av sektorar.

21. Auka lokal ungdomsdeltaking i bistand, inkludert i planleggingsfasen.

22. Styrkja offentlegheit og ansvarleggjering i samarbeidslanda ved å prioritera støtte til sivilsamfunnsorganisasjonar og uavhengige medium, og utarbeida ein heilskapleg strategi for styrking av sivilsamfunn med vekt på representasjon, lokal forankring og breidd.

23. Halda fram med Noregs viktige arbeid med å verna og støtta menneskerettsforkjemparar, og søkja partnarskap med andre land, sivilsamfunn og næringsliv for å sikra at menneskerettane vert verna.

24. Løfta urfolk som målgruppe i norsk utviklingspolitikk.

25. Støtta finansieringsmekanismar som kan bidra til å gjera viktige medisinar tilgjengelege for alle, og arbeida for at land oftare kan produsera medisinar under unntak frå patenta med ei folkehelsegrunngjeving.

26. Vera ein global pådrivar for offentlege utdannings- og helsetilbod, medrekna psykisk helsevern, med føremål om å fremja lengre liv, jamstilling og høve til arbeid, og å motkjempa ulikskap.

27. Auka stønaden til vaksinering mot og motkjemping av neglisjerte tropiske sjukdomar og sjukdomar som råkar mange i fattige land, gjera medisinar av høg kvalitet tilgjengelege for desse landa og tilby medisinar gratis under store sjukdomsutbrot.

28. At Noreg bør gå inn for å støtta tidlegare og noverande koloniar i deira krav om reparasjonar, spesielt gjeldssletting.

29. Styrkja motkjempinga av korrupsjon, ulovleg kapitalflyt, miljøkriminalitet og annan organisert kriminalitet gjennom strategiske partnarskapar med land, organisasjonar og sivilt samfunn, der norsk kompetanse og internasjonal beste praksis vert tekne i bruk. Delta aktivt i arbeidet for globale reguleringar av internett og motkjemping av det mørke nettet.

Norge i verden

76. MILJØ- OG KLIMABISTAND

Noreg skal verta eit føregangsland i kampen for det globale miljøet. Eit leveleg klima og leveleg natur i heile verda er avgjerande for tryggleik og velferd. Eit av dei billegaste og mest effektive tiltaka for å løysa klima- og naturkrisa er å bevara naturområde og naturlege karbonlager, på land og i havet. Ikkje minst tyder det å ta vare på naturlege skogar, der to tredjedelar av alle artar i verda lever.

I tillegg til den ordinære bistandsprosenten vil Dei Grøne gje éin klima- og naturprosent av bruttonasjonalinntekta til miljøføremål. Denne bistanden skal rettast mot tiltak som kuttar klimautslepp, hindrar øydelegging av natur og miljø, restaurerer øydelagde økosystem og legg naturbaserte løysingar til grunn. Døme er: fornybar energi og utsleppsfrie transportsystem, klimatilpassing, berekraftig og økosystembasert natur- og naturressursforvalting, motkjemping av marin forsøpling, og utvikling av grøn matproduksjon og industri. Bistanden skal prioritera dei mest sårbare statane og menneska som er mest utsette. Investeringar i fattige land vert oppfatta som meir risikofylte enn i industriland. Bistand kan dempa denne risikoen, og dimed utløysa grøne investeringar mange gonger større enn det offentlege bidraget. Det er avgjerande at miljø- og klimabistand ikkje går på kostnad av anna utviklingsarbeid og humanitær naudhjelp.

1. Innføra ein klima- og naturprosent i bistanden, der eit beløp som svarar til éin prosent av nasjonalinntekta (BNI), vert overført årleg frå Oljefondet til klimatiltak, klimatilpassing og naturbevaring i utviklingsland. (Likelydande punkt i kap. 20.)

2. Dobla støtta til klima- og skoginitiativet og utvida det til eit internasjonalt naturprosjekt, som i tillegg til regnskog skal bidra til bevaring av våtmarker, mangroveskogar og sjøgrasenger.

3. Stilla krav om offentlege klima- og miljøplanar og rapportering for alle store mottakarar av bistandsmidlar.

4. Gje minst 10 milliardar kroner i gåvebistand til FNs grøne klimafond per år, som del av klima- og naturprosenten.

5. Avvikla bistandsprogrammet Olje for utvikling og overføra ressursane til Rein energi for utvikling med vekt på å utvikla lokal produksjon og eigarskap.

6. Gjera Hav for utvikling til eit storskala, langsiktig program for kunnskaps- og kapasitetsbygging om heilskapleg havforvalting globalt.

7. Innretta fiskeribistanden mot berekraftig forvalting av fiskeriressursar og arbeidet mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske gjennom Fisk for utvikling.

8. Prioritera programmet Landbruk for utvikling og eit berekraftig, mindre ressurskrevjande jordbruk i norsk utviklingssamarbeid, og bruka ein større del av bistanden til å støtta berekraftig og klimarobust matproduksjon for lokale behov.

9. At investeringar og planar i klima- og miljøbistanden skal vera robuste mot framtidige klimaendringar og vera tilpassa dei langsiktige måla under Parisavtalen og Kunming-avtalen.

10. Sikra tilgang til rein energi ved å styrkja garantiordninga for investeringar i fornybar energi i utviklingsland.

Norge i verden

mdg.no

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10455. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.