Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 2021 · nynorsk

Ansvar for kvarandre KrFs stortingsprogram 2021-2025

Kristelig Folkeparti · 35 498 ord · 1. mai 2021

Ansvar for kvarandre

KrFs stortingsprogram

202 1 --- 2025

Vedtatt på KrFs landsmøte

29. april - 1. mai 2021 Ein solidaritet som byggjer på nestekjærleik er grenselaus. Han gjeld alle menneske,

- frå lokalsamfunnet til verdssamfunnet, både levande og komande generasjonar.

– Jon Lilletun

Innhold

Kristendemokrati for vår tid

Kristeleg Folkeparti er eit kristendemokratisk sentrumsparti. Vår politikk skal verne menneskeverdet, bidra til at alle menneske får oppfylt sine rettar og at dei får erfare rettferd. Den skal forvalte naturen, ressursane og kulturen til det beste for alle menneske og framtidige generasjonar. Våre løysingar skal vise tillit til enkeltmenneske, familiar og lokalsamfunn og vår solidaritet med alle som er avhengig av fellesskapa si støtte, samt vår vilje til å bygge eit sterkt velferdssamfunn og skape ei betre framtid.

Vi vil skape ei betre framtid Kristendemokratar er opne mot verda og tek ansvar for framtida. Menneskeverdet gjeld for alle, og nestekjærleiken er grenselaus. Vårt ansvar er å etterlate våre etterkommarar ei verd som er betre enn den vi overtok. Menneskeheita står ovanfor store utfordringar i åra som kjem:

• Menneskeleg aktivitet har ført til ei klima- og miljøkrise, ein kritisk situasjon for jorda sine økosystem og masseutrydding av arter.

• Talet fattige i verda aukar, og det vert større forskjellar mellom fattige og rike.

• Rekordmange menneske tvingast til å forlate sine eigne land på grunn av krig, vald, klimaendringar eller forfølging

• Demokratiseringa har stoppa opp i fleire land, og vi er vitne til alvorlege tilbakeslag for menneskerettar og demokratiske prosessar, òg i vår eigen del av verda.

• Verda vert meir uroleg, tryggleikssituasjonen meir uoversiktleg og samarbeid mellom land vanskelegare. Ei rekkje land erfarer auka polarisering – og i denne situasjonen er fleire minoritetar særleg utsette.

• Verda digitaliserast og automatiserast, og den teknologiske utviklinga går rekordraskt. Brukt riktig kan dette forbetre livskvaliteten og helsa vår, og bidra til å løyse fleire av våre miljøutfordringar. Men brukt feil kan det truge likeverd, menneskerettar og våre fellesskap. For å møte desse utfordringane vil KrF føre ein politikk i tråd med FN sine berekraftsmål, verda si felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot skilnadar og stoppe dei menneskeskapte klimaendringane. Vi legg Parisavtala og internasjonale miljøforpliktingar til grunn for vår klimapolitikk. Vi vil bidra til meir samarbeid mellom land for å skape fred og løyse felles utfordringar. Vi vil slå ring om menneskerettar og demokrati. Vi vil at ny teknologi skal fremje likeverd, menneskerettar og fellesskap. Arbeidet med å skape ei betre framtid begynner med å gje born og unge ein god start på livet. Vi vil føre ein oppvekstpolitikk som let born vere born, og der kvart enkelt born vert sett. Vi vil føre ein politikk i tråd med prinsippet om borna sitt beste og FN sin barnekonvensjon.

Vi vil bygge eit varmare samfunn Kristendemokratar vil bygge sterkare fellesskap med tillit mellom borgarar, tryggleik og tilhøyrsle til nokon felles verdiar og mål, og for kristendemokratar vil dei kristne og humanistiske verdiane vere det naturlege utgangspunktet. Eit slik fellesskap kan berre byggast nedanifrå, gjennom å finne ei god balanse mellom fridom og personleg ansvar, verne dei naturlege fellesskapa som menneske sjølv lagar og invitere alle borgarar til aktiv deltaking og samfunnsansvar. Fellesskapet styrkast når enkeltmenneske vert vist tillit og får ta ansvar, når familien, naboskap og lokalsamfunn vert bevart og når sivilsamfunnet verdsetjast som ein viktig aktør i fellesskapet. Tillit og tryggleik byggast når vi tek vare på eit samfunn med små sosiale forskjellar.

Det norske fellesskapet står ovanfor utfordringar i åra som kjem:

• Dei naturlege fellesskapa har over tid mista ansvar. Individualisere, marknadstenking og offentlege ordningar har bidrege til å svekke viktige arenaer for fellesskap.

• Fleire utviklingstrekk kan tyde på at «samfunnslimet» og samfunnet sin sosiale kapital, det vil seie dei sosiale nettverka, tillita til kvarandre, opplevinga av tilhøyrsle, deltaking i samfunnet og kjensla av tryggleik, er svekka.

• Sjølv om dei fleste innbyggjarane i Noreg lever trygge og gode liv, ser vi teikn på at fleire står i utkanten av eller utanfor fellesskapet. Fattigdom, eit arbeidsliv som ikkje inkluderer og mangelfull integrering er nokre av årsakene.

• Noreg er prega av stadig større mangfald – både kulturelt og religiøst. Det utfordrar og gjer fellesskapet rikare, men vi treng òg noko som binder samfunnet saman.

• Vi må unngå å skape eit sorteringssamfunn der samfunnet sitt menneskelege mangfald gradvis viskast ut, og der det ikkje er rom for alle. For å møte desse utfordringane vil KrF fremje ein politikk for sterkare fellesskap. Vi vil skape eit samfunn med plass til alle, uavhengig av kva slags eigenskapar ein har. Vi vil bygge eit sterkt fellesskap nedanifrå ved å satse på familie, frivillige, ideell sektor og sterkare lokalsamfunn. Vi vil utvikle eit velferdssamfunn som gjev tryggleik og like moglegheiter for alle, som kjempar mot utanforskap og som lar alle menneske erfare verdigheit. Vi vil verne om verdiar og tradisjonar som bind samfunnet saman og skapar ei tilhøyrsle til eit «vi» på tvers av alle skilnadene.

Vi vil bygge og trygge heile landet Kristendemokratar vil vere verdibevisste forvaltarar, som brukar moglegheitene til å bygge eit samfunn med velferd for alle, verdiskaping og arbeidsplassar og god infrastruktur. Våre felles ressursar skal brukast for å bygge og utvikle landet for å gjere oss betre rusta for framtida. Ein sosial marknadsøkonomi skal tene mennesket, fellesskapet, naturen og miljøet. Ressursane skal fordelast slik at dei kan hjelpe alle menneske til å leve gode liv og realisere sitt potensial. Det norske velferdssamfunnet står ovanfor utfordringar i åra som kjem:

• Noreg sin økonomi skal omstillast. Vi må vere smartare, grønnare og meir innovative for å skape berekraftig vekst og trygge arbeidsplassar over heile landet.

• Oljeinntektene vil reduserast og det vil vere færre yrkesaktive per eldre. Vi må leggje eit godt fundament for fortsatt velferd som samstundes gjev framtidige generasjonar god velferd.

• Distrikta opplever fråflytting og aldrande befolkning, noko som trugar målsettinga om å ta heile landet i bruk. For å møte denne utviklinga vil KrF føre ein politikk for å trygge velferdsstaten sitt økonomiske fundament. Vi vil omstille olje- og gassnasjonen Noreg, og gjennomføre eit grønt skifte. Vi vil skape lønsame arbeidsplassar over heile landet ved å leggje til rette for nye næringsverksemder. Vi vil utvikle lokale og regionale sentra med variert næring- og kulturliv og som kan dempe flyttestraumane inn til storbyane. Vi vil fortsette å bygge ut infrastruktur over heile landet, og vidareutvikle verda sitt mest miljøvenlege transportsystem. KrF vil gje meir støtte til lokale bedrifter som skapar meirverdi lokalt.

1. Tid for grøn omstilling

Jorda si tåleevne er pressa til det ytste. Den globale oppvarminga er den største krisa menneskeheita står ovanfor. Sidan førindustriell tid er verda vorte om lag ein grad varmare. Oppvarminga ventast å fortsette utover i dette hundreåret. Vårt forbruk ligg langt over det jorda faktisk har av naturressursar. Resultatet er avskoging, mangel på ferskvatn, jorderosjon, tap av biologisk mangfald og meir klimagassar i atmosfæren. Klima- og miljøendringane øydeleggjer naturen og livsgrunnlaget vårt, trugar liv, helse og menneskerettar, skapar meir fattigdom og skilnadar, og tvingar fleire menneske på flukt. For å løyse klima- og miljøkrisa må vi fase ut bruk av fossil energi og sørgje for sosial og økonomisk utvikling skjer utan auka forbruk av ikkjefornybare naturressursar.

• Følgje opp Parisavtala og sikre at Noreg kuttar sine eigne klimagassutslepp i tråd med målet om å avgrense og stabilisere den globale oppvarminga til 1,5°C.

• Arbeide for betydelege, raske og tilstrekkelege klimakutt i alle sektorar, og auke Noreg sin innsats for å kutte klimautslepp i utviklingsland.

• At Noreg skal vere eit føregangsland for utviklinga av ein sirkulærøkonomi og redusere det materielle forbruket, medrekna energiforbruket.

Avkarbonisering: betydelege, raske og tilstrekkelege kutt Parisavtala sitt mål med å avgrense den globale oppvarminga er å halde den globale oppvarminga under 2°C, men helst avgrense den til 1,5 °C. Det hastar med store utsleppsreduksjonar for å nå dette målet. Klimakrisa kan berre løysast gjennom eit forpliktande, globalt samarbeid. Noreg må ta ein leiarrolle ved å bidra med betydelege, raske og tilstrekkelege kutt.

Klimakrisa krev at Noreg omstillast til eit nullutsleppssamfunn innan 2050. Omstillinga vil verte krevjande, men Noreg har gode føresetnader for å lukkast med det grøne skiftet. Vi har økonomiske musklar, sterke kunnskaps- og teknologimiljø og god tilgang på fornybar energi. For å nå målet om å verte eit nullutsleppssamfunn innan 2050 må vi skape ein lågutsleppsøkonomi med nye, grøne arbeidsplassar, vi må omstille olje- og gassnasjonen til eit fornybarsamfunn, vi må utvikle verda sitt mest miljøvenlege transportsystem og vi må kutte klimagassutslepp i alle sektorar. I denne samanhengen er det viktig å støtte forsking på nye og alternative drivstofftypar.

Dei rike landa står for ein stor del av klimagassutsleppa, samtidig som klimaendringane vil råke fleire av dei fattigaste landa sterkast. Noreg, og andre rike land, har slik sett eit stort ansvar, og best kapasitet, til å løyse klimakrisa. Klimarettferd handlar om at Noreg må ta ansvar ved å finansiere betydelege kutt i andre land.

• Redusere norske klimautslepp med minst 55 prosent innan 2030, og at Noreg sitt utslepp skal reduserast til netto null seinast i 2050. det langsiktige nullutsleppsmålet skal gjelde alle sektorar, ikkje berre CO2.

• Velje verkemiddel for klimakutt ut frå prinsippet om at forureinar skal betale og at klimamåla vert oppnådd mest mogleg effektivt.

• Lage sektorvise planar for korleis alle samfunnssektorar skal vere utsleppsfrie innan 2050

• Styrkje klimalova og leggje fram klimabudsjetter for alle sektorar.

• Heve CO2-avgifta gjennom ein føreseieleg og aukande prisbane som er tilstrekkeleg for at Noreg når sine forpliktingar i Parisavtala og nasjonale klimamål.

• Vidareføre EUs kvotemarknad som det sentrale verkemiddelet for å kutte klimagassutslepp i konkurranseutsett næringsliv, men vere open for ytterlegare avgifter der kvotemarknaden ikkje strekkjer til.

• I samarbeid med EU arbeide for å kunne påleggja ein CO2-pris på importerte varer i utvalte sektorar frå land kor industrien ikkje betalar for utsleppa sine.

• Innrette Noreg sine finansielle verkemiddel og regelverk slik at dei best mogleg reduserer klimarisiko og bidreg til klimaomstilling.

• Ha ein tydeleg strategi for avkarbonisering og elektrifisering på alle område der olje, kol og gass brukast som energi (sjå kap. 21).

• Fortsette klimaavtala og samarbeidet med EU om kutt i klimagassutslepp, og arbeide for at EU styrkar sine målsetjingar.

• Støtte opp under Den grøne klimafondet (GCF) som det internasjonale samfunnet si hovudkanal for klimafinansiering – og trappe opp det norske bidraget i løpet av stortingsperioden.

• Etablere eit eige klimafond for investering i fornybar energi i utviklingsland. Fondet skal finansierast utanfor bistandsbudsjettet, gjennom rentefrie kapitalinnskot frå statskassa. Målet er å bidra til realisering av lønsame fornybarprosjekt i utviklingsland, som reduserer klimagassutslepp, bidreg til utfasing av kolkraft og sikrar tilgang til rein energi.

• Forsterke det norske samarbeid for å redusere utslepp frå land med store CO2-utslepp, slik som Kina, India og Sør-Afrika.

• Styrkje garantiordninga for utviklinglanda sine investeringar i fornybar energi, og styrkje Verdsbanken sin kapasitet og prioritet til å støtte satsing på overgang til fornybar energi i utviklingsland.

• Jobbe for at Noreg skal verte tropisk avhoggingsfritt, gjennom blant anna å avvise produkt med høg avskogingsrisiko gjennom reguleringar og avgifter.

• Auke bruken av klimakrav i offentlege innkjøp.

• Bruke regulerande verkemiddel for å fase inn låg- og nullutsleppsteknologi etter kvart som teknologien utviklast. Klimapolitikken kan ikkje isolerast til eit kapittel i eit partiprogram, men må gå som ein raud trå gjennom heile partiprogrammet. I dette partiprogrammet vil du finne tiltaka i fleire kapittel.

Avmaterialisering: Sirkulær økonomi og redusert forbruk Noreg har eit svært høgt forbruk som medfører store klima- og miljøutfordringar. I dag forbrukar vi mykje meir enn kva som er berekraftig for kloden. Dette er ein etisk utfordring som må omsetjast i målretta politisk handling. Ein grøn omstilling må innebere avmaterialisering og meir berekraftig forbruk og produksjon

• At Noreg skal vere eit føregangsland i utviklinga av ein grøn, sirkulær økonomi som utnyttar ressursane betre, blant anna ved å innføra målretta nasjonale støtteordningar for å stimulere til meir sirkulær økonomi.

• Utvikle eit system for utvida produksjonsansvar som gjev insentiv til lengst mogleg levetid på produkt, mest mogleg ombruk og materialgjenvinning, og utfasing av helse- og miljøfarlege kjemikaliar i produkt. Fleire produkt enn i dag må få ein utvida reklamasjonsrett på fem år.

• Innføre ei ordning med merking av haldbarheit på varige forbruksvarar, som oppmodar kor lenge forbrukarar kan forvente at eit produkt skal vare, og dermed bidra til å gjere lang levetid til eit større konkurransefortrinn enn det er i dag,

• Sette krav til at innkjøp i regi av offentleg sektor bidreg til mest mogleg berekraftig forbruk og produksjon.

• Arbeide for at all emballasje skal vere eigna for gjenbruk eller resirkulering innan 2030.

• Innføre emballasjeavgift for å unngå unaudsynleg avfall og leggje til rette for alternativ resirkulerbar emballasje som ikkje er plast.

• Gjennom regulering og avgift leggje til rette for å fase ut unaudsynleg eingongsplast, og sikre ein overgang til handleposar, emballasje og eingongsartiklar som er laga av nedbrotbart materiale.

• Fjerne moms på reparasjon, som for eksempel på hushaldningselektronikk og mobiltelefonar.

• Utgreie nullmoms på utleie av eigd verktøy, turklede og turutstyr, slik at folk ikkje skal måtte gå til innkjøp av varer som brukast sjeldant.

• Gjennomføre ein heilheitleg strategi for å redusere unaudsynleg forbruk og matsvinn i offentlege institusjonar.

• Innføre pant og sporing av enkelte typar emballasje, som for eksempel isoporkassar.

• Utgreie innføring av «ja takk»-prinsippet for uadressert kommersiell reklame og post. Uadressert reklame frå lokale lag og foreiningar bør verte lov, òg om ein har takka nei til uadressert reklame.

• Jobbe for ei fellesnordisk panteordning, og arbeide for å ta i bruk panteordningar på fleire område.

• Innføre ei matkastelov og vidareutvikle samarbeidet med næringslivet for å redusere matsvinn, både i detaljhandelen og blant forbrukarar, og redusere svinn i produksjons- og forsyningskjeda, inkludert svinn etter innhausting.

• Stimulere til gjenbruk av byggemateriale

• Jobbe for at Noreg forhindrar moglegheitene for eksport av skadelege avfall og giftige kjemikaliar til utviklingsland.

• Innføre tiltak for å resirkulere sjeldne jordmineral frå elektronisk utstyr.

• Jobbe for datomerking av matvarar som førar til mindre matsvinn

2. Vern av natur og miljø

Vi må ha som mål å overlevere natur og miljø i betre stand til våre etterkommarar enn då vi sjølv overtok ansvaret. Målet med all politikk skal vere å løyse dagens utfordringar utan at det går på kostnad av framtidige generasjonar sine behov. Naturen skal ikkje berre vernast fordi det er vårt livsgrunnlag, men òg fordi den har eigenverdi. Naturressursane skal ikkje misbrukast eller overforbrukast, men brukast for å skape betre liv for alle menneske, og bevarast for framtidige generasjonar. Tap av naturmangfald, spreiing av miljøavgifter og avfall er blant vår tid sine største utfordringar.

• Sikre ulike naturtypar og biologisk mangfald, og trappe opp restaurering av tapt natur.

• Intensivisere arbeidet med å redusere miljøgifter og avfall i jord, vatn og luft.

• Sikre ei langsiktig og berekraftig forvaltning av våre naturressursar.

Naturvern og biologisk mangfald Fleire stadar i verda er naturen trua. Sårbare naturområde og økosystem øydeleggjast. Dyr, plantar og andre organismar forsvinn truleg tusen gongar raskare enn kva som er tilfelle under naturlege omstende. I Noreg er omkring tusen artar kritisk eller sterkt truga. Tapet av naturområde, økosystem og artar er ein trussel mot alt liv på jorda. Ein rik og variert natur har stor eigenverdi, og dekkjer våre grunnleggjande behov og gjev verdiskaping og livskvalitet.

• Sikre at eit representativt utval av norske naturtypar takast vare på for framtida, gjennom nasjonalparkar, naturreservat, landskapsverna områder og marine verneområder.

• At omsynet til naturmangfald skal vektast i arealplanlegging og vurdering av infrastrukturprosjekter, konsesjonar, energi- og kraftutbygging av hyttefelt. Utbetring og utbygging av vegprosjekt bør først og fremst ta utgangspunkt i eksisterande vegtrasear.

• Verne 10 prosent av skogen gjennom både frivillig vern og vern av offentleg eigde skogsareal. Verne av skog skal gjennomførast på ein lik måte at det får minst mogleg konsekvensar for avviklinga og skogsnæringa bidreg til det grøne skiftet.

• Sikre fortsatt rett til berekraftig og tradisjonell hausting frå naturen som jakt, fangst og fiske.

• Arbeide for marint vern innan 2030 i tråd med FN sine berekraftsmål. Norske sjøareal må kartleggjast i form av marine grunnkart innan 2030. Noreg har eit særleg ansvar for tilstrekkeleg verneomfang i arktiske område. Iskantdefinisjonen må fastsetjast i tråd med miljøfagleg råd.

• Trappe opp restaurering av natur. Utgreie ei ordning kor utbyggarar av naturområde bidreg økonomisk til restaurering av natur.

• Arbeide for effektiv og umiddelbar handling for å stanse tapet av biologisk mangfald, både i Noreg og gjennom internasjonalt samarbeid, i tråd med internasjonale mål.

• Betre miljøtilstanden og streva etter eit mest mogleg naturleg artsmangfald i regulerte vassdrag, samtidig som ein tek omsyn til vasskrafta si reguleringsevne, klimabidrag, verdiskapningspotensial og flaumdempingseigenskapar i revisjonen av gamle vasskraftkonsesjonar.

• Følgje opp og vidareutvikle strategien for bier og andre pollinerande insekt.

• Arbeide for å sikre ei berekraftig forvaltning av våre villaksbestandar ved aktivitet å kjempe mot lakseparasittar og lakselus, hindre rømming av oppdrettsfisk ved å stimulere til forsking på betre metodar, vidareføre kalkingsverksemd, og sikre og bidra til rammar for regulering av laksefisket i sjø og vassdrag. Medikamentell behandling av lakselus skal ikkje tillatast. Nye konsesjonar skal vere lukka eller delvis lukka. Utviklinga i oppdrettsnæringa må skje berekraftig.

• Følgje opp Noreg sine forplikting som vertsland for Europa sin einaste villreinstamme.

• Sikre at Noreg tek sin naturlege del av ansvaret for levedyktige bestandar av dei fem store rovviltartane bjørn, ulv, jerv, gaupe og kongeørn, i tråd med Stortinget sitt rovdyrforlik. Det må sikrast tilstrekkelege midlar til registrering av rovdyrbestanden. Raske uttak av skadedyr samt å forhindre at bjørn, ulv, jerv og gaupe etablerer bestand utanfor kjerneområda er ein viktig del av forvaltninga.

• Sikre ein meir effektiv lisensjakt på jerv.

• Ha strenge restriksjonar på utbygging på myr

• Styrkje arbeidet mot spreiing av framande artar, blant anna gjennom å spreie informasjon og auke folk si bevisstheit om høgrisikoartar.

• Innføre mål om arealnøytralitet med grenser for naturtap og mål om restaurering. Alle kommunar må innføre naturbudsjett for å oppfylle dette målet.

• Avgrense utbygging av hytter i sårbar natur,

• Prioritere turisthyttene framfor nybyggjng av hyttefelt, stimulere til auka bruk av turisthytter og hyttedeling og tilretteleggje for kollektive reisemoglegheiter.

• At utbyggingskommunar planlegg naudsynleg beredskap for å ta vare på den periodiske aukinga av befolkninga som fritidsbustadar medfører.

Rein jord, reint vatn og rein luft Forureining av jord, vatn og luft gjennom utslepp av miljøavgifter og uforsvarleg handtering av avfall er alvorlege trugslar mot vår eigen og komande generasjonar si helse, mot miljøet og mot den framtidige matforsyninga. Vi må verne folk si helse og miljøet gjennom å redusere forureining, hindre at miljøgifter havnar i naturen og fremje ei betre behandling av avfall.

• Styrkje Noreg si internasjonale leiarrolle i arbeidet mot marin forsøpling og arbeide for at det kjem på plass ein ny bindande internasjonal avtale som forpliktar alle land til å stanse forsøpling av havet.

• Arbeidet for ein giftfri kvardag og sette nye, ambisiøse mål for å fase ut prioriterte miljøgifter, i den hensikt å stanse utslepp av desse innan 2024.

• Forsterke arbeidet med å kartleggje og rydde opp i gamle miljøutslepp.

• At alle skal ha krav på å få vite om produkt eller tenester inneheld miljøgifter eller helseskadelege stoff.

• Redusere loka luftforureining og lønna effektive tiltak for å sikre luftkvalitet rundt dei store byane, slik som fossilfrie bilar, avgifter som dempar bilbruk, lågutsleppssonar og miljøfartsgrenser.

• Utgreie innføring av merkekrav til kledebransjen som støttar opp om betre og meir informerte forbrukarval rundt haldbarheit, materialbruk (nedbrytbarheit og resirkulerbarheit), kjemikaliebruk og produksjonsforhold (arbeidsforhold).

• Vidareutvikle og styre oljevernberedskapen i Nord-Noreg ved hjelp av strenge myndighetskrav og involvering av lokale aktørar. Nord-Noreg bør verte ein spydspiss internasjonalt i arbeidet med oljevern

• Etablere ein strategi mot marin forsøpling i Noreg som omfattar heile plasten si levetid, frå produksjon til avfallshandtering – og heile vegen til den eventuelt må ryddast opp som søppel i naturen.

• Utgreie ei returordning i samarbeid med fiskerinæringa for linebruk, teiner og garn har mekanismar som forhindrar lang tids «spøkelsesfiske» viss dei mistast.

• Forby bruk av mikroplast i kosmetiske produkt, kunstgrasbaner og liknande, og stimulere til forsking på produkt som kan erstatte stoff som kjelde til mikroplast.

• Innføre ein miljøavgift på deponi av prosessavgang- og overskotsmasser frå mineralnæringa. Avgifta skal gå til vertskommunen.

• Reinse elvar og vatn som er forureina etter nedlagt gruvedrift.

• Intensivere sedimentopprydning i norske havnar og fjordar.

• La fiskeflåten kunne levere avfall frå havet kostnadsfritt.

• Stimulere til og innføre krav om landstraum og på dei største hamnane i Noreg, og at hamneavgifta aukar for skip som ikkje kan nytte seg av landstraum.

• Arbeide for internasjonale reglar som krev låg- og nullutslepp frå cruisetrafikken.

• Avgrense ljosforureininga ved å innføre ljosplanar som ein del av kommuneplanarbeidet og eit nasjonalt forbod mot uteljos knytt til tomme fritidsbustadar. Forureiningslova bør brukast for å hindre ljosforureininga på same måte som anna type forureining.

3. Ei betre verd gjennom samarbeid

Det felles beste er målet med fellesskap, òg det globale. Statar og alliansar søkjar alltid å ivareta sine eigne legitime interesser, men ut frå eit kristendemokratisk grunnsyn er ikkje dette nok. For å skape ein betre og meir rettferdig verd er det ikkje nok at verdas statar søkjar å fremje sine eigeninteresser. Felles interesser og ikkje minst samarbeid for betre levekår for verda sine fattigaste og forfølgde, klima og naturmangfald, samt rettsstatsprinsipp, demokrati og menneskerettar må styrkjast i internasjonal politikk.

• Føre ein verdibasert utanrikspolitikk som tek utgangspunkt i globale fellesinteresser, som fred og sikkerheit, menneskerettar og demokrati, sosial og økonomisk utvikling, og klima og miljø.

• At Noreg skal ta ein pådrivarrolle for å styrkje eit regelstyrt internasjonalt system, og vidareutvikle samarbeid for fred, sikkerheit og internasjonal samhandling.

• At Noreg skal prioritere arbeidet med å fremje menneskerettar, demokrati og fred.

Samarbeid i verda Verda treng samarbeid meir enn nokon gong. Verda er meir uroleg og uføreseieleg enn tidlegare, og fleire land veljar å sjå bort frå sine folkerettslege forpliktingar. Noreg må vere ein pådrivar for å styrkje eit internasjonalt system som bygger på folkeretten og avtaler. Noreg er særleg avhengig av å halde gode relasjonar med våre naboland og våre nærmaste allierte. Utveksling og handel gjev meir samarbeid, mindre konflikt og meir sosial og økonomisk utvikling.

• Arbeide for eit spissa og meir effektiv FN, både administrativt og operasjonelt. Her bør ein vurdere tall organisasjonar og sjå på felles løysingar på system og rutinar.

• At Noreg fortsatt skal vere ein raus og føreseieleg bidragsytar til dei av FN sine utviklingsorganisasjonar som levera best resultat. Noreg må òg oppretthalde ei betydeleg kjernebidragsstøtte til enkelte FN-organisasjonar, men må samtidig stille klare krav til organisasjonane knytte til prioriteringar, objektivitet og vilje til omstilling.

• At Noreg skal sette fokus på born, ungdom og sårbare grupper gjennom sitt arbeid i FN sitt sikkerheitsråd.

• Framhev at respekt for og oppfølging av dei universelle menneskerettane tydeleg må ligge til grunn for arbeidet i FN sitt menneskerettsråd.

• Forsterke det multilaterale handelssystem gjennom Verdas Handelsorganisasjon (WTO) som ein hjørnestein i internasjonal handelspolitikk.

• Leggje til rette for meir handel, forsking- og utviklingsarbeid og turisme og kulturutveksling.

• Seie nei til boikott av Israel.

Menneskerettar og demokrati for alle. Ideen om at alle menneske har nokon rettar i kraft av å vere menneske, slik det kjem fram i Verdserklæringa om menneskerettar og dei ulike menneskerettsfråsegnene, er under press. Samstundes er respekt for menneskerettane avgjerande for å skape sosial og økonomisk utvikling, demokrati og fred.

• Styrkje arbeidet for menneskerettar, gjennom FN og Europa sine menneskerettssystem gjennom utanriks- og utviklingspolitikken og ved å støtte sivilsamfunn i utsette land.

• Prioritere sivile og politiske rettar, helse og utdanning og arbeide for rettar til barn, kvinner, seksuelle minoritetar og menneske med nedsett funksjonsevne.

• Vidareutvikle demokratistøttearbeid, og etablere eit program for å støtte demokrati- og menneskerettsarbeid i Sentral- og Aust-Europa i regi av norske og internasjonale sivilsamfunnsaktørar

• At Noreg fortsett sitt arbeid med EU om utarbeidinga av sanksjonar mot myndigheitspersoner som utførar grove brot på menneskerettane og folkeretten.

• At Noreg skal føre ein tøffare linje ovanfor land som bryt menneskerettane, òg når dette kan skade våre økonomiske interesser.

• Etablere ei ordning for mellombels opphald for menneskerettsforkjemparar som er under sterkt press, for å gje dei moglegheit til å arbeide utan å risikere å verte angripne.

• Arbeide for eit internasjonalt forbod mot dødsstraff.

• Prioritere arbeidet for å sikre trusfridom, og sikre at trusfridom er ein langsiktig prioritet med nok økonomiske ressursar, ressursar til stab og kompetanse på feltet i utanrikstenesta og forvaltning av bistand.

• Aktivt og strategisk bruke blant anna FN, utanrikspolitisk dialog, bilaterale samtalar for å sette trusog livssynsfridom på den internasjonale dagsorden. Noreg bør bygge breie alliansar, sikre at økonomisk støtte gjevast til ein bredde av aktørar, motverke polariserande krefter og sikre at alle sin rett til trusfridom løftast.

• Bidra til sosial og økonomisk utvikling i Afrika sør for Sahara for å førebygge humanitære katastrofar og migrasjon som følgje av sterk befolkningsvekst og klimaendringar.

Samarbeid i Europa og våre nærområde. Det europeiske samarbeidet, gjennom EU, Europarådet og OSSE, har ført landa og folka i Europa nærare kvarandre og bidrege til fred og stabilitet, økonomisk vekst og demokrati. Noreg må føre ein aktiv Europa politikk som bidreg til fortsatt demokratibygging og gode fellesløysingar på viktige områder. Fleire av dagens største utfordringar kan bare løysast dersom vi samarbeider tett med andre europeiske land, og våre nærområde. Fellesskapet med dei andre nordiske landa, og relasjonane til Russland, må gjevast høg prioritet i norsk utanrikspolitikk.

• Behalde dagens tilknytingsform til EU, og gjennom EØS-avtalen sikre eit tett samarbeid med Europa, tilgang til EU sitt indre marknad og andre viktige avtalar, og politisk og økonomisk sjølvråderett på områder som er særleg viktige for Noreg.

• Gjennom EØS-samarbeid bidra til å fremje demokrati og sterkare sivilsamfunn i Europa. KrF aksepterer ikkje at EØS-midlar som er tiltenkt sivilsamfunn omprioriterast av myndigheitene i mottakarlanda.

• At Noreg styrkar arbeidet for demokrati og menneskerettar gjennom å spele ei aktiv rolle i Europarådet og OSSE.

• Styrkje samarbeidet med dei andre nordiske landa, blant anna gjennom Nordisk råd.

• Arbeide for ein god relasjon med Russland, styrkje folk-til-folk og ta ei leiande rolle for vidareføring/utvikling av Barentssekretariatet.

• Jobbe aktivt for å sikre ein fredeleg og berekraftig forvaltning av Arktis og vere ein pådrivar for samarbeidet i Arktisk råd.

Menneske på flukt Rekordmange menneske er på flukt frå krig og konflikt, autoritære regime, utfordringar med klima eller forlet sitt land i håp om eit betre liv. Noreg må samarbeide med både FN og EU om ulike tiltak for å verne flyktningar og migrantar, og ta ein internasjonal leiarrolle i arbeidet med å gje vern for menneske på flukt.

• At Noreg skal forplikte seg til å ta imot 5000 kvoteflyktningar (overføringsflyktningar) årleg. FN sitt kvotesystem må vere berebjelka i norsk flyktningspolitikk, slik at vi i størst mogleg grad sikrar at dei med størst behov for vern og mest krevjande livssituasjon får vern først.

• At Noreg skal ta imot fleire kvoteflyktningar.

• At Noreg, som eit minimum, skal basere sitt mottak av kvoteflyktningar på FN sin høgkommissær for flyktningar si anbefaling.

• Etablere/ integrere flyktningar med dokumentert behov for vern skal ikkje sendast ut av landet.

• Arbeide for at menneske med medisinske behov, kvinner og born, personar med nedsett funksjonsevner og sårbare minoritetar prioriterast ved utveljing av kvoteflyktningar.

• At Noreg tek initiativ til opprettinga av eit FN-fond som brukast til å gje støtte til økonomisk svake land som tek imot ei stor mengde flyktningar.

• Kyrkjeasylinstituttet må bevarast som ein moglegheit for menneske i Noreg.

• Auke den humanitære hjelpa og bistanden til menneske på flukt og land som har teke imot mange flyktningar. Den humanitære hjelpa skal vere i tråd med humanitære prinsipp og internasjonal lov. Den skal vere behovbasert og ikkje vere betinga av migrasjonspolitiske omsyn.

• Ta imot 500 migrantar frå Kara Tepe, og ta desse utanfor talet kvoteflyktningar.

• Arbeide for ein reell ansvarsfordeling mellom europeiske land når det gjeld mottak av asylsøkjarar som kjem til Europa, og at det skal opprettast ein felleseuropeisk avtale om felles mottak og behandling av asylsøknader, med moglegheit for kontaktpunkt utanfor Europa.

• Samarbeide internasjonalt og målretta humanitær innsats for å førebygge årsaka til flukt og migrasjon.

• Greie ut korleis klimafordrivne sine rettar kan ivaretakast.

Fred og sikkerheit Krig og konflikt er eit hinder for å bygge stabile demokrati, oppfylle menneskerettane og for å oppnå sosial og økonomisk utvikling. Noreg må bidra til å førebygge konfliktar, skape, bevare og rette opp igjen fred, og leggje til rette for varig forsoning. Noreg skal bygge vår sikkerheit i samarbeid med andre, forankra i NATO og det transatlantiske forholdet. Fred og stabilitet sikrast best gjennom eit breiast mogleg sikkerheitspolitisk samarbeid.

• Arbeide for at alle involverte partar i væpna konflikt sett i verk tiltak for å verne kvinner, menn, jenter og gutar mot kjønnsbasert vald, valdtekt og andre seksuelle overgrep.

• At Noreg skal ha kapasitet og kompetanse til å bidra i internasjonale humanitære intervensjonar for å bevare eller rette opp igjen fred. Norske militære bidrag må likevel ha ein klar og tydeleg forankring i folkeretten, først og fremst gjennom mandat frå FN sitt sikkerheitsråd.

• At Noreg skal vere førebudd til å komme med eit bidrag til FN sine fredsbevarande operasjonar i Afrika.

• At NATO skal ha ein aktiv tilnærming til å førebygge aggressivt militært eller politisk press mot medlemsland.

• Jobbe for at operasjonar i regi av NATO hovudsakeleg skal skje med eit tydeleg mandat frå FN sitt sikkerheitsråd.

• Vidareutvikle den sikkerheitspolitiske dialogen med EU, og søke å delta i EU sine sikkerheits- og forsvarspolitiske fora, samtidig som våre NATO-forpliktingar ivaretakast.

• Sette ned eit offentleg utval som gjer ein heilskapleg gjennomgang av norsk eksportregelverk og – kontroll herunder Utgreie ei ordning med eit parlamentarisk utval eller etikkråd for eksport av norsk forsvarmateriell.

• Oppheve skilje mellom A- og B-materiell i våpeneksportregelverket, offentleggjere all norsk eksport av militært materiell, samt tilslags- og avslagsgrunnlag, og innføre krav om sluttbrukarerklæring for alle land Noreg sel våpen til, inkludert NATO-land.

• Noreg må vere ein pådrivar for ein internasjonal sluttbrukarerklæring i eksport/handel av våpen og militært materiell.

• Sikre at norskproduserte våpen og våpenkomponentar ikkje lengre eksporterast til autoritære regimer kor det er risiko for at våpna misbrukast til intern undertrykking, ytring av aggresjon eller grunnleggjande brot på menneskerettane, og tolke EU-kriteriet for menneskerettssituasjonen i mottakarland strengare enn i dag.

• At Noreg signerer og ratifiserer FN-avtalen om eit atomvåpenforbod.

• Føre ein balansert Midtausten-politikk som tek utgangspunkt i eit ønske om å skape fred og redusere konflikt, og som respekterer menneskerettane og folkeretten. Løysinga på konflikten mellom Israel og Palestina bør ta utgangspunkt i ein framforhandla avtale mellom to partar.

• Stadfeste Israel sin rett til å forsvare seg innanfor internasjonalt stadfesta grenser.

• Markere ein tydeleg kritisk linje ovanfor alle formar for antisemittisme.

• Stadfeste Vest-Sahara sin rett til folkeavstemming om eigen sjølvstende.

• Arbeide for å sikre eit betre vern av kvinner og born sine rettar i krig.

• Arbeide for internasjonalt for at ansvarlige for overgrep og valdtekter av kvinner og born vert rettsforfølgde.

• At Noreg, i likskap med fleire andre Europeiske land, skal stadfeste folkemordet på Armenarane.

• Flytte den norske ambassaden til Jerusalem så snart dette lar seg gjere på ein måte som ikkje hindrar fredsprosessen, og dersom israelske myndigheter sjølv ønskjer dette.

4. Ei meir rettferdig verd

Ekstrem fattigdom og økonomisk ulikskap fråtek fleire menneske retten til liv, fridom, sikkerheit og moglegheita til å realisere sitt potensial og leve eit godt liv. Utgangspunktet for KrF sin utviklingspolitikk er menneskeverdet, som gjev alle menneske grunnleggjande rettar i kraft av det å vere menneske. KrF sin visjon er å gjere fattigdommen til historie. Det krev at vi fordeler ressursane meir rettferdig og fører ein samstemt utviklingspolitikk som bring menneske ut av varig fattigdom, styrkjer menneskerettane og bidreg til auka demokratisering i fattige land.

• Føre ein samstemt politikk for å oppfylle FN sine berekraftsmål, ved å utrydde fattigdom og oppnå sosial kontroll, økonomisk og demokratisk utvikling i fattige land.

• Innrette bistanden slik at den har motverknad av fattigdom som sitt fremste formål.

• Arbeide for å sikre utviklingsland tilgang på marknader og investeringar.

Ein samstemt politikk for å nå FN sine berekraftsmål FN sine berekraftsmål er verda si felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe imot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. All norsk politikk må vere samstemt slik at tiltak innanfor ulike politiske område trekker i same retning, og støtter opp om kjempe imot fattigdom, sosial utvikling og berekraft samt sikrar berekraftsmåla uttalte ambisjon om at «ingen skal utelatast».

• Følgje opp samstemtheitsreforma ved å føre ein politikk for utvikling der berekraftsmåla leggjast til grunn og ulike initiativ i størst mogleg grad trekkjer i same retning. Dei årlege samstemtheitsrapportane skal baserast på jamlege eksterne vurderingar.

• Utarbeide ein heilheitleg norsk handlingsplan for arbeidet med berekraftsmåla. Regjeringa skal jamleg rapportere til Stortinget om korleis den samla norske politikken bidreg til å oppfylle berekraftsmåla og internasjonal kamp mot fattigdom. Rapporten skal òg innehalde uavhengige eksterne vurderingar.

• Sikre at alle forslag frå Regjeringa til Stortinget med betydelege verknadar for utviklingsland, og innehalde ei vurdering av desse konsekvensane

Bistand for å utrydde fattigdom. For å kjempe mot fattigdom og oppfylle menneskerettane må ressursane fordelast på ein rettferdig måte. Bistand er fortsatt naudsynleg i dei fattigaste landa, og til dei formåla som er mindre attraktive for private investeringar. Norsk bistand skal ha innsats mot fattigdom som sitt fremste formål, bidra til å heve levestandarden for dei aller fattigaste, med fokus på jenter og kvinner, sikre utdanning til fleire, hjelpe fleire til betre helse, bidra til å redusere øydeleggjande klimaendringar og hjelpe fattige land i utviklinga av eit godt styresett og livskraftige økonomiar. Norsk bistand skal vere ubunden, effektiv og resultatorientert.

• Oppretthalde nivået på bistand på minst ein prosent av BNI.

• Konsentrere bistanden der den trengs mest, sette av minst 70 prosent av bistanden til langsiktig innsats mot fattigdom i dei fattigaste landa.

• At norske myndigheiter skal arbeidet aktiv i OECD/DAC og andre relevante arenaar for at bistandsdefinisjonen ikkje skal utvidast, og at norske posisjonar knytte til den internasjonale. Bistandsdefinisjonen bør forankrast i Stortinget.

• Vidareføre den geografiske konsentrasjonen av den bilaterale bistanden, slik at den går til eit avgrensa antal land. Bistanden bør i hovudsak konsentrerast om dei fattige landa, særleg i Afrika sør for Sahara. Konsentrasjonen og eventuelle utfasinga må gjerast forsiktig, over noko tid, og i samarbeid med både partnarar i mottakarland og i Noreg.

• At tiltak som skal redusere klimaendringane hentast frå andre postar i statsbudsjettet enn bistandsposten.

• At bistand gjennom frivillige organisasjonar og humanitær bistand skal verte fritatt konsentrasjonsprinsippet i norsk bistand.

• At all bistand til partnarland med fungerande demokrati skal vere mottakarorientert og basert på langsiktig bistandsavtalar med myndigheitene i partnarlanda.

• At i land der myndigheitene ikkje har fokus på menneskerettane skal ein høgare mengde av norsk bistand kanaliserast gjennom sivilsamfunnet og aktørar som bidreg til halde myndigheitene ansvarlege.

• Styrkje norske ambassadar og stadlege representasjonar i partnarland og gje dei auka ansvar for forvaltning og oppfølging av deler av bistanden.

• Auke bistanden som forvaltast gjennom sivilsamfunnsorganisasjonar, særleg i dei mest sårbare landa.

• At klimafinansiering må trappast opp i tråd med ein rettferdig ansvarsfordeling i Norsk klimafinansiering må vere ny og addisjonell, den må altså komme i tillegg til tradisjonell bistand.

• Sikre at lokal kunnskap vert nytta i opprettinga av nye bistandsprogram, ved bruk av prinsippet om deltakande utvikling.

Marknadstilgang for dei fattigaste Handel skapar økonomisk vekst, arbeidsplassar, skatteinntekter og varer til befolkninga. Å leggje til rette for at fattige land i større grad kan delta i internasjonal handel er noko av det viktigaste vi kan gjere for å motverke fattigdom. Handelshindring som toll, kvotar, subsidier, dumping av overskotsvarer og krav til høgare standar i rike land gjer det vanskeleg for mange fattige land å utvikle eigne marknader og få innpass for sine varer i rike land sine marknader.

• At Noreg må jobbe aktivt for at internasjonale handelsavtalar fremjast gjennom WTO.

• At Noreg bidreg til at utviklinglanda sine interesser takast vare på og avgrensar skeive maktforhold ved inngåing av handelsavtalar.

• At Noreg arbeidar for å sikre rettferdig fordeling av naudsynlege vaksinar til ein oppnåeleg pris for utviklingsland. GAVI og andre internasjonale organisasjonar skal støttast i dette arbeide. At Noreg skal bidra til tilrettelegging for auka regional handel mellom utviklingsland for å auke deira konkurransedyktigheit på det internasjonale marknaden.

• At Noreg arbeidar for avtalar som gjev dei fattigaste landa tilgang til rike land sine marknader, samtidig som det gjevast betre moglegheiter til å verne eigne marknader dersom dei har behov for det.

• At alle land har rett til å sikre matproduksjon til eigne innbyggjarar.

• At bilaterale handelsavtalar Noreg inngå må konsekvensutgreiast (for ivaretaking av menneskerettane og oppnåing av berekraftsmåla) og sendast på høyring kor òg sivilsamfunnsgrupper frå avtalepartnarane sine land kjem til ordet.

• Etablere målretta bistandsprogram for å heve kompetansen i utviklingslanda sine myndigheiter og utdanningsinstitusjonar som er knytte til internasjonal standard, forretningsjus og finansielle tenester.

• Sikre og utvide unntak for toll for dei minst utvikla landa.

Verdiskaping i land som treng kapital og vekst Dei aller fleste jobbar i utviklingsland skapast i privat sektor. Private bedrifter er avhengig av at nokon er villige til å investere i verksemda, i tru på at den vil vere lønsam. I tillegg til arbeid bidreg lønsame bedrifter til skatteinntekter som kan brukast til å finansiere offentlege velferdsgode som helsevesen og utdanning. Høg risiko, ofte som følgje av stabile rammevilkår, gjer at altfor få investorar tek sjansen på å satse, og at mange av landa sine eigne innbyggjarar som har tilgang på kapital, vel å plassere pengane sine i rike land framfor i eige land. Noreg bør gå føre og investere meir i utviklingsland.

• Innføre ein menneskerettslov for næringslivet som forpliktar norske selskap til å gjennomføre aktsemdvurderingar og dei naudsynlege tiltaka for å hindre brot på menneskerettane.

• At land-for-land-rapportering skal utvidast til å omfatte alle bransjar og selskap av alle størrelsar, og at land med støttefunksjonar skal inkluderast

• At Noreg skal jobbe for ein internasjonal skatteavtale for å sikre at selskap skattar til stadane der dei har si verksemd og for å hindre skatteunndraging via skatteparadis.

• At Noreg skal arbeide for å etablere internasjonale avtalar om etablering av eit globalt finansregister.

• Doble kapasiteten til bistandsprogrammet «Skatt for utvikling» i løpet av perioden.

• Slette all illegitim gjeld i norsk utlånsportefølje, og arbeide for at illegitim gjed slettast internasjonalt.

• At Noreg bør støtte opp om ein uavhengig gjeldslettemekanisme.

• Satse på kvinnetiltak og initiativ som fremjar kvinner si økonomiske stilling og utvikling ved likestillingskomponentar og målbare indikatorar.

• Sikre at klimafinansiering ikkje bidreg til oppbygging av uhandterleg gjeld.

5. Ein god start på livet

Ein god, trygg og meiningsfylt barndom varar livet ut. Å leggje til rette for at alle born og unge får ein best mogleg oppvekst med like moglegheiter til å utvikle seg er den beste investeringa vi kan gjere. Sterke og trygge familiar er den beste føresetnaden for å gje alle born og unge ein godt start på livet. Det er viktig at fellesskapet tek ansvar for at alle born vert sett og får like moglegheiter.

• I alle saker følgje barnekonvensjonen sine prinsipp om at alle handlingar og avgjersler som rører borne, skal ha barnet sitt beste som grunnleggjande omsyn.

• Styrkje familiane og gje foreldre støtte, valfridom og tid saman med borna.

• Arbeide for å gje alle born og unge ein god start på livet, uavhengig av økonomi, bakgrunn og funksjonsevne.

Sterke familiar Familien er den naturlege og grunnleggjande eininga i samfunnet, og menneske sitt første og viktigaste sosiale fellesskap. I familien kan menneske møte ubetinga kjærleik, omsorg og aksept, og få den støtta dei treng for å utvikle seg og meistre livet. Over lang tid har det vore ført ein aktiv politikk for å svekke familien si rolle i samfunnet: Familien har fått mindre ansvar og handlingsrom, og omsynet til «arbeidslinja» har vorte prioritert før familien sitt behov. KrF vil gå i motsett veg. Politikken skal støtte familiane, ikkje styre dei. Vi vil styrkje familien og løfte foreldrerolla, vise familien tillit og gje dei ansvar, og sikre at foreldre, born og andre familiemedlemmar har tid til å vere saman.

• Vidareføre kontantstøtteordninga. Foreldre må sikrast moglegheit til å bruke tid med borna medan dei er små, og sjølv velje den omsorgsforma som passar best for fin eittåring.

• KrF vil vidareutvikle kontantstøtteordninga til å gje foreldre rett til 80 prosent jobb med lønskompensasjon fram til barnet er 2 år.

• Fjerne tredelinga av foreldrepermisjonen og øyremerka 10 veker til kvar av foreldra. Viss ein av foreldra ikkje har moglegheit til å ta ut permisjon, vert det gjeve høve til å søke om å overføre desse vekene til den andre forelderen.

• Utvide foreldrepermisjonen med 4 veker til 53 veker.

• Forlenge foreldrepermisjonen etter prematur fødsel tilsvarande tall dagar etter fødselen som mor «mister» frå fødselsdato fram til det som skulle vore svangerskapsveke 37.

• Utvide foreldrepermisjonen med 8 veker for fødsel med fleirlingar.

• Gje fedrar sjølvstendig rett til uttak til foreldrepermisjonen.

• Utgreie ei reform i familiepolitikken for å auke fødselstala og senke gjennomsnittleg alder for fyrstegongsfødande. Dette bør innebere ein full gjennomgang av vilkår for studentforeldre, for foreldrepengar og andre relevante ordningar.

• La foreldre behalde retten til foreldrepengar som ved førre born når det er mindre enn to år mellom fødslane.

• At organiserte barselsgrupper med helsepersonell til stades bør ver ein del av oppfølginga ved helsestasjonen det fyrste året.

• Gje far rett til permisjon tre veker etter fødsel.

• Innføre fri gradering av foreldrepengar.

• Erstatte eingongsstønaden og innføre rett på foreldrepermisjon til alle. Minstenivå skal vere på 2G.

• Fortsette styrkinga av barnetrygda. Barnetrygda skal lyftast til 2000 kroner per månad for born mellom 0-6 år, og til 1500 per månad for dei mellom 6-18 år. Barnetrygd skal ikkje reknast med i grunnlaget for berekning av yting etter lov om sosiale tenester og lov om bustønad.

• Leggje til rette for forpliktande samliv og etablerte familiar. I vår kultur har ekteskap djupe røter som ramma rundt samlivet og familielivet med mor, far og born, og er den samlivsreforma som leggjer best til rette for eit forpliktande samliv og stabile rammar rundt born sin oppvekst. Både storfamilien og kjernefamilien har ein sterk historisk forankring i vårt samfunn. I dag er familieformene mangfaldige. Menneske tek ulike val for sine liv og familiar. KrF vil overfor alle familiar føre ein politikk for forpliktande samliv, stabilitet rundt familielivet og sikring av born sine rettar.

• Arbeide for at lovverket og praksis så langt det er mogleg varetek borna si rett til ein mor og ein far, og varetek FN si barnekonvensjon som understrekar at born har rett til å kjenne sine foreldre og få omsorg frå dei. I nokon tilfelle er det til barnet sitt beste å vakse opp med foreldre og omsorgspersonar som ikkje er deira biologiske foreldre, som ved adopsjon og omsorgsovertaking.

• Arbeide for å betre rammevilkåra for åleinebuande, økonomisk og sosialt.

• Vidareutvikle ein heilskapleg foreldrestøttestrategi i tråd med WHO sine anbefalingar. Alle som treng det får hjelp og støtte til å takle foreldrerolla.

• Gjennomføre ei reform av familievernet for å gjere tilbodet meir tilgjengeleg, og sikre auka ressursar til førebyggande arbeid for å redusere risikoen for samlivsbrot, og styrkje moglegheita for godt foreldresamarbeid i etterkant av eit brot.

• Tilby samlivskurs og foreldrerettleiingskurs for alle fyrstegangforeldre der enten ein eller begge foreldre får born for første gang.

• Utforme samværsreglar slik at born skal ha moglegheit til å ha kontakt med begge foreldra sine, òg etter eit samlivsbrot. I fordelinga av samvær mellom foreldra må borna verte høyrt og borna sitt beste leggjast til grunn.

• Leggje til rette for auka adopsjon, og forbetre og effektivisere prosedyrane ved adopsjon. Adopsjonsstøtta må aukas til 2 G. Born som adopterast frå utlandet, må sikrast betre oppfølging enn i dag.

• Sikre at barnebidragsreglane ikkje gjer økonomi til eit insentiv til å hindre samvær med den andre forelderen.

• Forby bruk av surrogati, både i Noreg og utlandet. Marknadsføring av utanlandske surrogatitenester i Noreg må verte forbode.

• At foreldre som får trillingar (eller fleire) har rett på 15 timar i veka med avlasting/ praktisk hjelp fram til borna er eitt år, uavhengig av kor i landet dei bur.

• I foreldretvistar skal alle handlingar og avgjersler først og fremst bygge på vurderinga av kva som er barnet sitt beste. Omsynet til barnet sitt beste skal gå framfor omsyn til likestilt foreldreskap og andre viktige omsyn.

• Gje ein ekstra ferieveke per foreldre med born mellom 0-10 år.

Alle born skal ha ein trygg oppvekst Ikkje alle born opplever familien som ein trygg stad. Når born og unge lev under forhold som kan skade deira helse og utvikling er det naudsynleg at samfunnet grip inn for å sikre familien støtte, og borna den riktige hjelpa og omsorga. Borna sin tryggleik og sikkerheit skal alltid prioriterast. Borna sitt beste må alltid leggjast til grunn i tilfelle der alternativ omsorg vurderast.

• Styrkje tidleg innsats, førebyggjande tiltak og støtte til familiar, slik at flest mogleg kan vekse opp i sin familie og sitt nærmiljø.

• Folkevalte i alle kommunar bør sikrast innføring i sin barnevernsteneste i starten av kvar periode som folkevald.

• Forsterke barnevernsbarn sine rettar, rett til å verte høyrt og involvert, og moglegheit for å klage på tenestene dei mottar.

• At born og foreldre skal ha rett til fri rettshjelp frå sak vert oppretta. Borna si meining skal verte høyrt, og born skal sjølv avgjere sine talspersonar.

• Ha tilgang på born- og familiehjelp i alle kommunar slik at fleire foreldre kan få hjelp i foreldrerolla før det er naudsynleg at barnevernet gjer ei undersøking. Kommunane må tilby sårbare familiar heilskapleg hjelp frå svangerskapet fram til barnet er 3 år, og tilby familiar i barnevernet med samansette utfordringar å ha ein fast koordinator i det kommunale apparatet.

• Leggje til rette for tettare samarbeid mellom helsetenester som helsestasjon, familietenester, utekontakt og politi for å komme tidlegare inn, og at barnet skal verte betre ivareteke.

• Leggje til rette for å oppretthalde kontakt med biologiske foreldre og ein førebels omplassering av born der det vil vere mogleg for barne å flytte tilbake til sine biologiske foreldre.

• Arbeide for auka behandlingskapasitet i det kommunale barnevernet, nok fosterheimsplassar og institusjonsplassar til å gje alle born eit tilbod tilpassa den enkelte sitt behov, nok kapasitet i fylkesnemdane til å sikre rask saksbehandling, betre tilsyn, opplæring og rettleiing for fosterheim, samt auke rett til ettervern og fokus på oppfølging og samtale med det enkelte born.

• Leggje til rette for barnevernseiningar på ein størrelse som sikrar gode og trygge nok tenester til born og familiar, og som sikrar at tilsette har eit stort nok kompetansemiljø.

• Gje kommunane rammer til å kunne redusere tall pågåande saker som kvar tilsett arbeidar med.

• Følgje opp målet om at 40 prosent av institusjonsplassane i barnevernet skal drivast av ideelle innan 2025, blant anna ved å styrkje rammevilkåra for dei ideelle aktørane og opprette ei låneordning for etablering av ideelle institusjonsplassar.

• Heve rekrutteringa av fosterheim, forbetre vilkåra for fosterfamiliar og betre ettervernet for born i fosterheim.

• Leggje til rette for raskare adopsjon i familiar med fosterheim der det er nærmast umogleg for borne å flytte tilbake til sine biologiske foreldre, nær familie eller nettverk.

• Styrkje hjelpe- og behandlingstilbodet for born og unge som er ofre for eller vitne til vald i nære relasjonar.

• Sikre ei lovfesta tverrfagleg rutinemessig kartlegging av helse- og omsorgsbehov hos born etter barnevernstenesta sin omsorgsovertaking.

• Sikre at born sine grunnleggjande rettar etter FN sin barnekonvensjon (born rett til å få informasjon, born sin rett til privatliv, born sin rett til å snakke fritt og born sin rett til at avgjersler takast til barnet sitt beste) vert tatt inn i alle lover og forskrifter som omhandlar born.

• At alle born i Noreg frå barnehagealder av skal vite kva andre ikkje har lov til å gjere mot dei. Arbeide med vald og overgrep må sikre at born kan fortelje trygt, veit kva som skjer og får best mogleg hjelp.

Barnehagar som lar born vere born Fleire born har store delar av sin kvardag i barnehagen. Barnehagen skal gje trygg og god omsorg. Barnehagen skal ikkje vere skule, men stimulere til læring og utvikling av språk og sosiale dugleikar gjennom leik og kreativ utfalding. Lærelyst hos born skal gjevas rikeleg rom, og ulike interesser og dukelikar må sikrast plass. Vi må sikre ein god bemanning i barnehagen, slik at born kan verte sett og ivaretekne. Gode barnehagar skapast i eit samspel mellom borna og trygge og kompetente vaksenpersonar.

• Sikre at alle born over eitt år rett til ein barnehageplass, uavhengig av når på året dei er født og ved kva alder familien ønsker å nytte seg av barnehagetilbodet.

• Auke mengda barnehagelærarar i barnehagen til 50 prosent. Pedagognorma må fullfinansierast.

• Følgje opp og sikre fullfinansiering av bemanningsnorma for barnehagar med ein vaksen per tre under tre år, ein vaksen per seks born over tre år og ein vaksen per seks born gjennom heile dagen.

• Styrkje rekrutteringa til barnehagane, særleg menn.

• Sikre at barnehagar stimulerer til læring og språkutvikling gjennom leik og kreativ utfalding, og ha mindre fokus på dokumentasjon, språknorm og skuleutvikling i barnehagen.

• Fortsette arbeide med kompetanseheving av personalet i barnehagen.

• Leggje til rette for eit mangfaldig barnehagetilbod av offentlege, ideelle og private barnehagar. Offentlege og private skal gjevast same tilskot. Reguleringa og reglar for private barnehagar må sikre at tilbodet har høg kvalitet og at dei offentlege tilskota går til formålet. Kommunane må sikrast høve til å skilje mellom ideelle og kommersielle barnehagar.

Like moglegheiter for alle born Alle born og unge i Noreg skal ha dei same moglegheitene og den same fridomen til å skape sin eigen framtid. Dei skal få god omsorg, bu trygt, kunne delta i sosiale fellesskap, etablere stabile vennskap i oppveksten og føle seg verdifulle. Diverre er det for mange som haldast utanfor på grunn av økonomi, fordommar, mangelfull tilrettelegging og språklege barrierar.

• Styrkje låginntektsfamiliar sin økonomi, blant anna ved å auke eingangsstønaden og barnetrygda (sjå over).

• Forbetre bustønadsordninga for barnefamiliar.

• Redusere økonomiske hinder for bruk av barnehage og skulefritidsordning.

• Arbeide for at alle born og unge skal ha moglegheit til å delta på minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre, blant anna ved å: o Fortsette innføringa av fritidskortet for alle born frå 6 til 18 år. Målet er at den statlege finansieringa av kortet skal vere på 2500 kroner per brukar, samtidig som det leggjast opp til ein «plussordning» der kommunane og private kan bidra til å auke kortet sin størrelse ytterligare. o Styrkje den nasjonale tilskotsordninga for å inkludere born og unge i fritidsaktivitet. o Sørgje for at Fritidsærkleringa, FNs barnekonvensjon Art.31, vert implementert lokalt. o Auke tilskotet til ordninga for fritidstilbod for barn og unge med nedsett funksjonsevne.

• At teiknspråkbrukarar må få rett til teiknespråktolk etter klokka 16.00 på ettermiddagen.

• Bryte ned barrierar unge med funksjonsnedsettingar og kronisk sjukdom møter på fritidsaktivitetar, og sørgje for at fleire aktivitetar vert tilrettelagt for alle.

• Gje alle born, uavhengig av økonomi og funksjonsevne, moglegheit til eit meiningsfullt ferietilbod.

• Intensivisere innsatsen for å redusere uliksskap i born og unge si helse, blant anna ved å leggje vekt på betre ernæring, fysisk aktivitet i barnehagen, skule og skulefritidsordning, styrkje skulehelsetenesta og fortsette opptrappinga av det psykiske helsetilbodet for barn og unge.

Ein betre borne- og ungdomstid I dag fortel fleire born og unge om stress og press. Psykiske helseplagar fortsetter å auke, og fleire gruar seg ofte til å gå på skulen. Fleire opplever at borne- og ungdomstida vert kommersialisert og seksualisert. Born og unge lever ein stadig større del av livet på nettet – og det gjer dei meir utsette for mobbing, hatefull ytring og skadeleg innhald.

• Gjere det tryggare for barn og unge å ferdast på nettet, blant anna ved å opprette eit tverrfagleg «Senter for barn og unge sin digitale kvardag» knytt til universitet/høgskulemiljø.

• Styrkje etablerte tilbod for born, foreldre og pedagogar som gjev råd om nettvit og nettbruk.

• Etablere ein strategi for å avgrense barn og unge sin skjermtid ved å gje helsestasjon- og skulehelsetenesta eit ansvar for å informere foreldre om viktigheita av å avgrense skjermtid, og stimulere til «foreldreavtalar» i barnehagen og skule.

• Forsterke innsatsen mot marknadsføring som kan føre til auka kroppspress blant born og unge.

• Gje Forbrukartilsynet og Fagutvalet for marknadsføring frå influenserar rammar til å kunne slå ned på marknadsføring i sosiale medium som fører til uheldig kroppsspress.

• Greie ut konsekvensane av at stadig fleire born og unge ser pornografisk innhald på nett, og korleis ein kan møte denne utviklinga med betre opplæring og tiltak for å hindre ein seksualisering av borne- og ungdomstida.

• Sikre born og unge personvern, blant anna ved å skjerpe personvernkrav i produkt og tenester som er retta mot born og unge.

• Styrkje born sitt digitale rettsvern gjennom for eksempel dokumentasjonsfrie arenaar i barnehagen, lovregulering, haldningsskapande arbeid og auka kunnskap som kan førebygge vald og seksuelle overgrep mot born.

• Arbeide for at alle skular skal installere filter mot porno og skadeleg vald på skulen sine digitale medium.

• Arbeide aktivt for å verne born mot skadeleg innhald på nett og ansvarleggjere teknologiselskapa på feltet, samt innføre reguleringar på myndigheitsnivå.

• Samkøyre digitale samtaletenester for spørsmål som omhandlar borna sine liv på internett slik at det tilbydast færre tenester, men at dei tenestene som tilbydast er av høg kvalitet.

6. Ein skule som ser den einskilde elev

«I skolen skal man træde varsomt, thi der bliver mennesker til», sa Grundtvig. En god skule tek alle born på alvor og ser dei som heile menneske. Skulen skal gje alle born kunnskap og grunnleggjande dugleikar, meistringkjensle og stimulere livslang lærelyst. Samstundes skal skulen ha eit breitt syn på kunnskap og kompetanse. I samarbeid og forståing med heim og familie skal skulen bidra til eleven si danning som ansvarlege, deltakande, godt forankra og reflekterte samfunnsborgarar. Skulen er samfunnet sin viktigaste arena for sosial mobilitet, og det må vere eit mål at skulen bidreg til å redusere sosiale skilnader.

• Skape ein skule som gjev eleven både utdanning og danning, og som let læraren vere lærar.

• Prioritere tidleg innsats, ein god overgang mellom barnehage og skule og ein betre overgang frå ungdomsskule til vidaregåande, for å gje alle like høve og auke gjennomføringa.

• Styrkje samarbeidet mellom heim og skule, og involvere foreldra meir i borna si opplæring.

Ein skule som utdannar og dannar for framtida Skulen skal førebu elevane på morgondagen sitt samfunns- og arbeidsliv. Dei grunnleggjande dugleikane som lesing, rekning, evna til å uttrykkje seg skriftleg og munnleg, og til å bruke digitale reiskap, vil framleis stå sentralt. Samstundes vil framtida krevje ny kompetanse. Skulen må gje elevane kompetanse til å lære heile livet, evne til kritisk og etisk refleksjon, samt utruste dei til samspel i eit fellesskap, delta i demokratiet, og stimulere dei til utforskar- og skapartrong. Skulen skal framleis bygge på grunnleggjande verdiar i vår kristne og humanistiske kulturarv.

• Vidareføre satsinga på grunnleggjande dugleikar i skulen.

• Gje skulen høve til å gje elevane god opplæring i framtida sine kompetansar, det som i forskingslitteraturen ofte vert omtala som "21st century skills".

• Ha eit verdiløft i skulen som er i tråd med skulen sin formålsparagraf og menneskerettar som sikrar eleven kunnskap om kristen kulturarv og tradisjon. Eleven skal gjennom KRLE-faget og ein livssynsopen skule sikrast kunnskap om religionsfridom og religionen sin plass i samfunnet.

• Styrkje norskfaget i skulen, for å sikre at alle barn har gode dugleikar i norsk og eit felles språkleg utgangspunkt.

• Behalde obligatorisk skriftleg opplæring og vurdering i sidemål i skulen. Samstundes må kvaliteten på sidemålsundervisninga hevast, og elevane må introduserast for sidemål tidlegare.

• Lærarutdanninga og utviklinga av læremidlar må ta høgde for at vi har to likestilte målformer. Det er viktig å sikre kvaliteten på læremidla på begge målformer.

• Gje høve for opplæring i samisk og kvensk der det er mogleg.

• Oppdatere seksualitetsundervisninga, med meir fokus på etikk, grensesetting og relasjonar, og styrkje anna undervisning som set elevane i stand til å meistre livet, ta vare på helsa og sette grenser for seg sjølv og andre.

• Gje høve for å ha LGA (Læring gjennom arbeid) og entreprenørskap ved dei fleste store byskular.

Ein skule for heile mennesket Ein god skule verdset at barna er heile menneske med mange og ulike behov. Eit godt skulemiljø legg eit godt grunnlag for eleven sin faglege og sosiale utvikling, men òg for at elevane kan verte trygge, kreative og sjølvstendige. Skal me lukkast i skulen, må me styrkje samarbeidet mellom heim og skule, og stimulere til auka involvering frå foreldre.

• Sikre elevar sin rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

• Sørgje for at alle elevar kan få støtte av trygge lærarar, tilstrekkelege spesialpedagogiske ressursar og ei forsterka skulehelseteneste. Skulen må ha rom for å tilsette andre relevante yrkesgrupper for å ivareta skule- og læringsmiljø.

• Gje skulehelsetenesta høve til å vise til BUP.

• Forsterke innsatsen mot mobbing i skulen, mellom anna ved å gje skuleleiarar, lærarar og andre tilsette i skulen kompetanse til å førebygge, avdekke og motverke mobbing, og gripe inn ved bekymringsfull åtferd. Mobbeomboda si rolle må styrkjast.

• Leggje til rette for auka fysisk aktivitet i skulen, med eit mål om ein times dagleg fysisk aktivitet innanfor gjeldande timetal. Skulene sine uteareal må stimulere til fysisk aktivitet.

• At i den grad mobiltelefoner brukast i skulen, skal det vere som ein læringsressurs i undervisninga, eller på andre måtar der lærarane finn det tenleg.

• At lærarane kan gjere unntak og la elevane bruke mobil som læringsressurs i undervisninga.

• Styrkje skulen sitt arbeid med bevisstheit og kvalitet i uteskule.

• Sikre alle elevar sin rett til medbestemming, og gje elevråda tid til å vere eit godt bindeledd mellom skuleleiinga og elevane.

• Sikre at skulane er livssynsopne. Det må framleis vere ope for skulelagsverksemd og andre livssynsbaserte elevaktivitetar. Det må vere eit tilbod om skulegudstenester, med gode alternativ for elevar som melder fritak.

• Styrkje lærarane sin kunnskap om kjønn, kjønnsidentitet og seksuell orientering, slik at skulen ikkje er avhengig av å nytte eksterne miljø og interesseorganisasjonar i opplæringa. Skulen skal ikkje vere ei arena for ideologisk kamp der den biologiske forståinga av kjønn vert sett til side, men sikre oppdatert og forskingsbasert kunnskapsformidling og bidra til at alle elevar møtt med respekt for sin identitet og sine grenser.

• Erstatte karakterar i orden og åtferd med ordningar som kan gje referansar til elevar som har behov for det, anten til læreplass eller seinare arbeids- eller skuleplass.

Gode lærarar, skuleleiarar og rådgivarar Lærarane er skulen sin viktigaste ressurs, og kompetente og oppdaterte lærarar er avgjerande for elevane si læring og meistring. Ei god skuleleiing er viktig for å ta vare på både lærarar og elevar.

• At lærarane si hovudoppgåve skal vere undervisning, difor må vi arbeide mot tidstjuvar, redusere rapportering og dokumentasjon.

• Vidareutvikle mentorordninga og gje alle nyutdanna barnehagelærarar, lærarar i grunnskulen og vidaregåande skule rett til kvalifisert rettleiing dei første åra av lærarjobben sin.

• Utarbeide ein nasjonal handlingsplan for å rekruttere og behalde nok kvalifiserte lærarar i grunnskulen og vidaregåande opplæring. Planen bør innehalde ein strategi for korleis vi sikrar at lærarar har formell kompetanse i faget dei underviser i.

• Sørgje for at lærarar i barneskulen som har godkjent lærarutdanning, kan få halde fram som lærarar i barneskulen utan krav om vidareutdanning.

• Sikre at alle elevar vert undervist av kompetente lærarar i alle fag i alle timar. Opplæringslova bør endrast, slik at elevane får rett til kvalifiserte lærarar i alle timer som reknast som opplæring.

• Leggje til rette for at skuleleiarar har kompetanse innan både pedagogikk og leiing, og høve for å tileigne seg kompetansen om dei manglar ein av dei formelt.

• Vidareføre eiga rådgjevarutdanning, og stille krav om at rådgjevarar i skulen har kompetanse innan rådgjeving og karriererettleiing.

• Erstatte kravet om karakteren 4 i matematikk med eit krav om ei poenggrense på 40 for å vert tatt opp til ei lærarutdanning.

• Utvikle ein strategiplan for rekruttering av fleire lærarar, mellom anna gjennom tilrettelegging for ei meir desentralisert utdanning.

Grunnskulen – ein god start på utdanningsløpet Grunnskulen skal gje alle elevane ein god start på utdanningsløpet, og førebu dei for vidare spesialisering. I dag lukkast me ikkje godt nok på nokon av desse områda. Alt for mange vert hengande etter tidleg i skuleløpet, og går ut av grunnskulen utan å meistre dei grunnleggjande dugleikane godt nok. Skulen bør tilretteleggje for elevar som ønskjer praktiske fag.

• Bruke ressursane i skulen til å heve kvaliteten og auke lærartettleiken.

• Prioritere tidleg innsats frå 1.- 4. trinn, for å sikre at alle elevar får god oppfølging og ikkje vert hengande etter.

• Følgje opp lærarnorma.

• Erstatte dagens 1. trinn med ein "førskuleklasse". I førskuleklassen skal læring gjennom leik og utforsking utandørs stå sentralt, og opplegget skal i større grad kunne tilpassast barn som ikkje er klare for stillesittande tavleundervising. Førskuleklassen skal vere leksefri.

• Sikre at det er gode høve for fleksibel skulestart.

• Sørgje for at elevar med særskilte behov for naudsynt spesialpedagogisk støtte får dette.

• Gjennomgå kvalitetsvurderingssystemet i skulen slik at det i større grad fangar opp breidda i samfunnsoppdraget, og jobbe for å redusere talet på nasjonale prøver og gå imot ei offentleggjering av resultata.

• Lekser kan vere eit viktig verktøy for å skape dialog og involvering mellom heim og skule. Samstundes bør mengda lekser tilpassast, sidan mange elevar har fått ein lengre skuledag, og sikre at elevane får nok fritid og tid med familien på ettermiddagen og kvelden. Særleg gjeld det dei yngste barna. Ordninga med leksehjelp bør styrkjast.

• Leggje betre til rette for praktiske fag og praksisretting av teoretiske fag i ungdomsskulen, mellom anna ved å innføre eit nytt, praktisk og arbeidslivsretta valfag.

• Gje elevar med høgt læringspotensial betre oppfølging og høve til å ta einskildfag på høgare nivå.

• Behalde karakterane i ungdomsskulen, og avvise karakterar i barneskulen.

• Ikkje ha eksamen i praktisk-estetiske fag.

• Vurdere språkdelt ungdomsskule.

• At teiknspråk skal verte ein del av norsk-faget, på lik linje med samisk, kvensk, romani, romanes og nabospråka våre.

Vidaregåande opplæring Den vidaregåande opplæringa skal førebu den einskilde elev på vidare utdanning eller arbeid. Opplæringa skal vere av høg kvalitet, og det skal vere god lærartettleik i klasseromma. Ei hovudprioritering må framleis vere å redusere fråfallet frå vidaregåande skule.

• Styrkje rådgiving- og rettleiingstenesta før og under vidaregåande opplæring.

• Leggje til rette for betre samanheng mellom opplæring i vidaregåande skule og i bedrift gjennom å styrkje skulen si moglegheit til å lage vekslingsmodellar lokalt.

• Styrkje skuler som tilbyr alternative løp for å oppnå yrkes- eller studiekompetanse.

• Fjerne aldersgrensa for rett til vidaregåande opplæring og 5-årsgrensa for retten til å fullføre.

• Forsterke innsatsen for å skaffe fleire lærlingplasser ved å auke lærlingtilskotet.

• At fylka sjølv, som eigar av vidaregåande skular, skal kunne bestemme inntaksordning og kunne tilpasse den til regionale og lokale forhold som tek omsyn til ein spreidd skulestruktur.

• Behalde fråværsgrensa, men bytte ut den rigide 10-prosentgrensa med 15 prosent i 2- og 3-timars fag.

• Gje skulehelsetenesta høve til å dokumentere gyldig fråvær.

• At skulelever med anna religiøs tilhøyrsle enn kristendommen skal få ein utvida fråværskvote ved markering av religiøse høgtider.

• At personlig økonomi skal vere ein del av alle linjer ved vidaregåande opplæring i Noreg

• At elevane skal ha krav på samtale med skulepsykolog eller helsesjukepleiar innan 48 timer etter at personen har tatt kontakt.

• Fjerne arbeidsgivaravgifta for lærlingar.

• At elevar som ikkje får læreplass skal ha rett til kvalifiserande tiltak.

• Sikre at vi har kvalifiserte lærarar.

• Opprette mentorordning òg i den vidaregåande skulen.

• Styrkje vidaregåande utdanning i yrkesfag, og sikre at alle fag har oppdatert utstyr slik at dei yrkesfaglege programma vert attraktive og lærlingane har den kompetansen næringslivet etterspør.

Friskular

Foreldre har rett til å velje alternativ opplæring for barna sine. Friskular bidreg til mangfald, og er eit viktig supplement til den offentlege skulen.

• At friskulane må sikrast økonomiske rammer som gjer dei til reelle alternativ for alle delar av befolkninga, òg dei med svak økonomi.

• Ha ei formålsstyrt friskulelov som legg til rette for skular med alternativ pedagogikk eller livssyn, eller skular med ein spesiell eigenart.

• Auke kapitaltilskotet til friskulane.

• Ha ein ny berekningsmodell for tilskot til frittståande skular som sikrar friskulane økonomiske rammer til å kunne tilby undervisning med same rammevilkår som den offentlege skulen.

• Sikre full dekning av spesialpedagogiske utgifter ved friskulane.

• Sikre friskular som etablerer SFO rett til offentleg støtte.

• Sikre friskulane framleis tilsetjingsfridom på bakgrunn av skulen sitt formål.

• Endre trekkmodellen til kommunane som gjev frå seg elevar til friskular, slik at trekket ikkje vert større enn faktiske elevkostnadar i kommunen.

7. Ei betre framtid med kunnskap og forsking

Kunnskap er grunnlaget for at menneske kan leve frie, sjølvstendige liv, for verdiskaping og for å løyse framtida sine utfordringar. Universiteta og høgskulane våre skal forvalte og utvikle ny kunnskap, utfordre konvensjonell tenking og levere innovative løysningar på samfunnsutfordringane. Studentane skal utdannast til å møte morgondagen sitt samfunns- og arbeidsliv, og dannast til å kunne verte aktive medborgarar med evne til kritisk tenking, analytiske dugleikar og etisk refleksjonsevne.

• Respektere den akademiske fridom og utdanning- og forskingsinstitusjonane sin autonomi.

• Gje universiteta, høgskulane, fagskulane og forskingsinstitusjonane rammevilkår som gjer det mogleg å gje høgare utdanning og drive forsking på høgt internasjonalt nivå, og eit tilbod av høg kvalitet over heile landet.

• Sikre studentane velferdsordningar som gjer lik rett til utdanning reell.

Forsking Vi treng ny kunnskap som gjev betre livskvalitet og helse, legg grunnlaget for nye produkt og tenester, som gjev meir treffsikre avgjersler og som løyser samfunnsutfordringar. ein langsiktig og forpliktande satsinga på forsking vil gje oss eit betre samfunn og ei betre verd. Den nye kunnskapen må i større grad skapast i eit samspel mellom høgare utdanningsinstitusjonar, offentleg sektor og privat næringsliv.

• Trappe opp den norske forskingsinnsatsen, gjennom både å styrkje offentleg finansiert forsking og styrkje næringslivet sine rammevilkår for forsking.

• Sikre at mest mogleg av forskinga i Noreg vert finansiert gjennom frie løyvingar, og gjennom opne forskingsprogram. Forskinga skal ha høg kvalitet og vere uavhengig.

• Forenkle byråkratiet rundt søknader om forskingsmidlar.

• Styrkje og vidareutvikle ordninga med Senter for fremragende undervisning.

• Stimulere til auka samarbeid mellom kommunane og forskingsmiljøa for å heve statusen på forsking på folkehelse, levekår og oppvekst.

• Gjere forskinga meir tilgjengeleg, og stille høgare krav til formidling av forsking ved tildeling av offentlege forskingsmidlar. Dette er avgjerande for å oppnå størst mogleg tillit til at forskinga formidlar kunnskap som er naudsynleg for å løyse viktige samfunnsutfordringar.

• Oppretthalde Noreg si deltaking i Horisont (EU sitt forsking- og innovasjonsprogram).

Høgare utdanning Verda endrar seg raskt, og det norske samfunnet står overfor store omstillingar. morgondagen sitt samfunn har eit stort behov for personar med høg fagleg kompetanse, kritisk og etisk refleksjonsevne og evne til å tileigne seg og bruke kunnskap på nye måtar, heile livet. Noreg har universitet og høgskular med fagmiljø og utdanning på eit høgt internasjonalt nivå. Samstundes skal vi sikre eit høgare utdanningstilbod med eigenart og av god kvalitet over heile landet.

• Auke grunnfinansieringa av universiteta og høgskulane, og auke talet på studieplassar, òg desentraliserte studieplassar.

• Gje den einskilde utdanningsinstitusjonen moglegheit til å ta vare på, vidareføre og vidareutvikle eigenarten sin.

• Utvikle eit finansieringssystem som behandlar alle universitet og høgskular etter likeverdige kriterium.

• Heve undervisingkvaliteten i høgare utdanning, blant anna ved å styrkje Dikus kvalitetsprogramma og ta i bruk nye undervisingsformar. Alle som underviser skal ha pedagogisk kompetanse og god undervisning skal meritterast.

• At institusjonane innanfor høgare utdanning sjølv skal kunne bestemme kva studie dei skal tilby. Særrettar for namngjevne institusjonar til einskilde studie, som i gradsforskrifta, vert fjerna.

• Fasthalde gratisprinsippet, for å sikre at alle skal kunne ta utdanning uavhengig av sosial bakgrunn.

• Opne for at universitet og høgskular i større grad tek i bruk alternative vurderings- og opptaksformer (som intervju).

• Intensivere internasjonaliseringen av studia.

• Styrkje samarbeidet mellom dei høgare utdanningsinstitusjonane og arbeidslivet, og heve arbeidsrelevansen i studieprogramma.

• Leggje til rette for læring heile livet ved å styrkje etter- og viderautdanningstilbodet, og leggje til rette for meir desentralisert etter- og vidareutdanning.

• Gjennomføre eit kvalitetsløft for den høgare yrkesfaglege utdanninga, og likestille fagskulestudentar med andre studentar.

• Føre ein aktiv politikk for at faglitteratur og læremidler er tilgjengelege på norsk, samisk og kvensk.

• At finansieringa av private vitskapelege høgskular vert meir likeverdig med statlege institusjonar.

• Sikre rammevilkår for folkehøgskulane slik at dei kan utgjere eit godt supplement og i nokon tilfelle eit alternativ til det formelle utdanningssystemet.

• Realisere Ocean Space Centre.

• Sikre eit utdanningstilbod på universitets- og høgskulenivå i heile landet.

• Gje bibelskuleelever rett til to tilleggspoeng på lik linje med elevar på folkehøgskule.

Studentvelferd For at alle skal ha høve til å ta høgare utdanning er det naudsynleg med gode velferdsordningar for studentane. Studentvelferda skal leggje til rette for at studentar kan studere på heiltid.

• Prioritere ein tiltakspakke for studentar med barn, med meir fleksible og tilpassa studieløp, ein auka studiestøtte på 2G fordelt over 12 månader fram til barnet er 2 år, og rett til foreldrepermisjon.

• Vidareføre ein høg utbyggingstakt for studentbustader. Alle nye studentbustader skal vere "grøne", med eit lågast mogleg klimaavtrykk.

• Styrkje tenestene som skal ta vare på studentane si fysiske og psykiske helse, og åndelege behov.

• Auke høve for studielån slik at den totale studiestøtta når 1,5 G.

• Forsterke arbeidet med oppfølging av studentane si psykiske helse.

8. Eit liberalt demokrati

Eit liberalt demokrati med folkestyre, sterke mindretalsrettar og rettsstat er den beste garantien for eit samfunn prega av likeverd, fridom og menneskerettar. Noreg er eit av verda sine mest demokratiske land, men ein demokratisk kultur vert ikkje oppretthalden av seg sjølv.

• Leggje til rette for eit levande folkestyre.

• Hegne om og verne ytringsfridom, trusfridom, samvitsfridom og personvernet.

• Leggje til rette for ei open og opplyst offentlegheit og samfunnsdebatt.

Eit levande folkestyre Demokratiet står sterkt i Noreg. Folkesuverenitetsidéen, at all legitim statsmakt stammar frå folket sjølv, er eit svært viktig prinsipp i det norske demokratiet. Eit levande demokrati er mogleg på grunn av folkeleg deltaking og nærleik til dei som gjer vedtak. Når valdeltakinga minkar, vert makta konsentrert på færre hender.

• Sikre eit velfungerande og grunnlovfesta lokaldemokrati, og flytte makt og vedtak nærare dei det gjeld (sjå elles kap. 15).

• Ta initiativ til å sette ned ein demokratikommisjon i løpet av neste stortingsperiode.

• Sikre ein god balanse mellom partidemokrati og veljarane si høve til å endre på vallistene.

• Behalde vala alternerande annakvart år slik som valordninga er i dag. Stemmerettsalder følgjer myndigheitsalder på 18 år.

• Seie nei til e-val for å sikre frie val.

• Styrkje samar i Noreg ved å vidareføre prinsippet om at dei rår over alle løyvingar til spesifikt samiske formål.

• Hegne om det konstitusjonelle monarkiet, som tener Noreg godt.

Eit liberalt demokrati Eit demokrati må vere liberalt visst det skal vere fullt ut demokratisk. Det vil seie at borgarane skal ha makta over staten, og at staten si makt over borgarane skal vere avgrensa. Fleirtalet har alltid ein tendens til å undertrykkje dei som lever, meiner, tenkjer og trur annleis. I eit liberalt demokrati er det ikkje berre fleirtalet sine rettar som respekterast, men òg rettane til mindretalet.

• Hegne om ytringsfridom, samvitsfridom og trusfridom som sentrale prinsipp i det liberale demokratiet.

• Leggje til grunn at meiningsmangfald er ein styrkje. Offentleg støtte skal ikkje brukast som eit pressmiddel til å få organisasjonar, ideelle verksemder og trus- og livssynssamfunn til å endre overtyding.

• Sikre arbeidstakar samvitsfridom til å reservere seg mot arbeidsoppgåver som etter deira samvit set dei i ein situasjon der liv vert sett i fare.

• Arbeide for stor grad av openheit om maktutøving, både i forvaltninga og det politiske systemet. Alle offentlege dokument skal vere tilgjengelege med mindre det er særlege grunnar til å skjerme for innsyn.

• Sikre at personopplysningar til norske borgarar ikkje misbrukast eller kjem på avvege, og arbeide for enkle høve for innsyn og kontroll over eigne personopplysningar.

• Arbeide for å styrkje personvernet gjennom meir praktisk rådgjeving til private og offentlege verksemder, næringsliv og forbrukarar.

• Leggje til rette for at digitaliseringa i samfunnet skal styrkje den einskilde sitt personvern, mellom anna ved å gje enkle høve for innsyn og kontroll over eigne personopplysningar.

• At vurderingar av nye overvakingsmetodar må takast av domstolane slik at ein overheld lova sitt krav om personvern. Så langt det er mogleg, skal tredjepart skjermast frå overvaking.

Ein open samfunnsdebatt Ein føresetnad for eit levande demokrati er ytringsfridom og ein fri, open og opplyst samfunnsdebatt. Sosiale media har endra samfunnsdebatten: Ordskiftet har vorte meir polarisert, og nokre opplever belastningar med å delta i demokratiet. I sosiale media oppstår det ekkokammer, og det har vorte vanskeligare å skilje sanning og fakta frå løgn og desinformasjon. Aldri før har det vore viktigare å hegne om ein god demokratisk kultur og strekkje seg etter ein kunnskapsbasert samfunnsdebatt.

• Sikre eit mangfald av frie og uavhengige media, mellom anna ved å vidareføre mediestøtta for å sikre ein rik flora av både papiraviser og nettaviser som vert gjevne ut både nasjonalt, regionalt og lokalt.

• Behalde NRK som eit ikkje-kommersielt allmennkringkastingstilbod av høg kvalitet og med sterkt nærvær i heile landet. Styringa og finansieringa må vere føreseieleg .

• Arbeide for at mediestøtteordningane gjev rom for innovasjon og nye aktørar i medielandskapet.

• Ta bort all digital journalistikk frå meirverdiavgift.

• At Noreg tek initiativ til eit internasjonalt rammeverk som sikrar at globale nett- og medieaktørar betalar skattar og avgifter i dei landa dei opererar i.

• Sikre gode ordningar for sakprosa, dokumentarfilmar og arenaer for samfunnsdebatt.

• Styrkje skulen si undervisning i demokrati og medborgarskap, og gje elevane kompetanse i kjeldekritikk.

• Sikre dei akademiske institusjonane og forskingsinstitutta si sjølvstende.

• At samfunnet stiller opp med god vern av alle personar som er truga på grunn av sine meiningar og ytringar.

9. Teknologien skal fremje det beste for fellesskapet

Den teknologiske utviklinga endrar samfunnet vårt i ein fart vi ikkje har opplevd før. Ny teknologi og digitalisering av samfunnet kan gje oss betre livskvalitet og helse, skape nye arbeidsplassar og skape ei berekraftig framtid. Utviklinga må likevel styrast klokt for å sikre at teknologien utviklast og nyttast til alle menneske sitt beste. Målet må vere å få det beste ut av teknologien, og motverke uheldige verknader av han.

• Utvikle og utnytte ny teknologi på menneske sine premissar, til gode for fellesskapet.

• Ha gode rammevilkår for teknologisk innovasjon, både i næringslivet og i offentleg sektor.

• Sikre at medisinsk teknologi fremjer liv, helse, menneskeverd og eit samfunn med plass til alle.

Eit framtidsretta teknologisamfunn Ein offensiv teknologipolitikk kan gje Noreg ein framtidsretta posisjon og bidra til eit grønt skifte med nye berekraftige arbeidsplassar, fornye og forbetre velferdstenestene, og fremje løysingar på nokre av vår tids store utfordringar.

• Føre ein forskings- og næringspolitikk som styrkar og vidareutviklar framveksande teknologimiljø.

• Bidra til at den verdsleiande kompetansen som finst i norsk petroleumsnæring vert forvalta og vidareutvikla for å bidra til eit grønt skifte.

• Stimulere til at Noreg kan utvikle ein leiande posisjon innan helse- og velferdsteknologi.

• Sørgje for at offentleg sektor kan utnytte høva digitalisering og ny teknologi gjev for å løyse sine oppgåver på nye og innovative måtar.

Teknologi som fremjar det beste for fellesskapet Teknologi skal utviklast og brukast til samfunnet sitt gode. Dette krev ein vilje til å føre ein aktiv politikk i møte med dei teknologiske endringane. Utan regulering og demokratisk kontroll kan ny teknologi gje større sosiale skilnader og utanforskap, undergrave demokrati og menneskerettar, og gje meir ustabilitet i verda.

• Utgreie korleis vi kan hindre at teknologiplattformer vert brukt til å manipulere politiske prosessar, samstundes som liberale rettar vert teken vare på.

• Utøve demokratisk kontroll med teknologiselskap for å sikre personvern, openheit og menneskerettar.

• Arbeide for internasjonale reguleringar som avgrensar teknologiselskapa sitt høve til å kjøpe og selje personopplysningar.

• At Noreg tek grep, både på nasjonalt og internasjonalt nivå, for å verne norske internettbrukarar mot uønskt overvaking og påverknad gjennom internettselskap si datainnsamling og sikre dei full kontroll over kva deira personlege data vert brukt til.

• At Noreg skal vere ein pådrivar for eit internasjonalt system som sikrar at globale teknologiselskap betalar skatt, og forhindrar monopoldanningar.

• Sikre at bruk av kunstig intelligens i Noreg skal bygge på etiske prinsipp, personvernet og god digital sikkerheit, og arbeide for gode rammer rundt utviklinga av slik teknologi internasjonalt.

• Utvikle ein heilskapleg strategi for å møte automatiseringa av norsk arbeidsliv, for å unngå at det digitale skiftet og auka bruk av robotteknologi gjev auka arbeidsløyse.

• Sikre at skule- og utdanningssystemet gjev alle god teknologikompetanse heile livet.

• At Noreg skal støtte og ta ei leiande rolle i det internasjonale arbeidet for ein traktat som forbyr utvikling, overføring og bruk av dødelege autonome våpensystem.

• Motverke digitale klasseskilnader ut frå kunnskap, økonomi og tilgang til teknisk utstyr/nettkapasitet. Offentlege tenester skal ikkje utelukke brukarar som ikkje meistrar det digitale verktøyet, og skal sikre alle rettane deira.

• Sikre at kontantar framleis skal vere gyldig betalingsmiddel i Noreg.

Teknologi som fremjer menneskeverd Teknologi skal brukast for å fremje menneskeverd og eit samfunn med plass til alle. God bruk av bioteknologi og anna medisinsk teknologi bidreg til å redde liv og sikre god helse og omsorg med færre feildiagnosar og betre oppfølging av den einskilde. Men teknologien kan òg brukast til å velje bort menneske med bestemte eigenskapar, prøve å skape eit nytt og «forbetra» menneske i samfunnet sitt bilde, og redusere mennesket til eit middel for interesser utanfor det sjølv.

• Vidareutvikle bioteknologilova slik at den sikrar at medisinsk bruk av bioteknologi vert nytta til beste for menneske i eit samfunn der det er plass til alle.

• Tillate bruk av fosterdiagnostikk når dette er grunngjeve ut frå ein helsegevinst for mor eller foster, men avvikle ordninga med automatisk tidlig ultralyd for alle.

• At assistert befruktning skal gjevast som eit tilbod til par som av medisinske årsakar ikkje kan få barn og der ein nyttar paret sine eigne kjønnsceller for å sikre barnet sin rett til å kjenne sine foreldre i tråd med barnekonvensjonen artikkel 7.

• Seie nei til genredigering (CRISPR) som har som formål å endre eller forbetre menneske sine eigenskapar, og vidareføre eit forbod mot å skape genetiske endringar som går i arv til komande generasjonar.

• Oppretthalde forbodet mot gentesting av barn sitt arveanlegg, og sikre alle retten til ikkje å vite om arvelege eigenskapar og sjukdomsrisiko.

10. Eit samfunn med plass til alle

Alle menneske har same verdi og like menneskerettar. All form for ufridom og diskriminering på bakgrunn av kven ein er og kva slags eigenskapar ein har, er ei uakseptabel krenking av mennesket si verdigheit og rettar. Vi må motverke alle tendensar til å gjere skilnad på menneske og gradere menneske sin verdi.

• Sikre likestilling, likeverd og like høve for alle, uavhengig av kven ein er og kva slags eigenskapar ein har.

• Arbeide for eit samfunn med plass til alle, og med rom for mangfald og ulikskap.

• Leggje til grunn ei inkluderande forståing av kven som har menneskeverd og menneskerettar.

Likestilling, likeverd og like høve Noreg er eit av verda sine mest likestilte land, men framleis er det formelle og uformelle strukturar i samfunnet som gjer det vanskelig å oppnå reell likestilling og likeverd. KrF vil jobbe for like høve for alle.

• Føre ein aktiv politikk for å fremje reell likestilling mellom kjønna på alle samfunnet sine arenaer.

• Innføre ein likelønsstandard i samarbeid med partane i arbeidslivet innan 2024, der arbeidsgjevar både i det private og det offentlege vert pålagt å gjennomføre lik løn for likt arbeid og dokumentere dette (etter Islandsmodellen). Likelønn er naudsynleg for å gje like pensjonsrettar for kvinner og menn.

• Ha eit lovfesta krav om at leiargruppene i statlege selskap, direktorat og statsetatar skal bestå av minst 40 prosent av begge kjønn.

• Støtte bruk av moderat kjønnskvotering i utdanningsprogram og i yrke med særleg skeiv kjønnsbalanse, såframt søkjarane elles stiller tilnærma likt.

• Forsterke innsatsen mot aldersdiskriminering i arbeidslivet.

• Inkorporere konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i norsk lov.

• Sikre at BPA vert eit reelt likestillingsverktøy, òg for barn og unge med funksjonsnedsettingar, som saman med andre assistanseordningar skal sikre sjølvbestemming, aktivitet og deltaking i dagligliv, utdanning, arbeid og fritidsaktivitetar, òg etter fylte 67 år.

• Følgje opp handlingsplanen mot diskriminering og rasisme, og motverke haldningar og strukturar som fører til at menneske vert handsama ulikt på bakgrunn av hudfarge og etnisk bakgrunn. Styresmaktene må samarbeide tett med partane i arbeidslivet og sivilsamfunnet for å motverke diskriminering og rasisme på ulike arenaer.

• Bidra aktivt for å motverke diskriminering på bakgrunn av seksuell orientering eller kjønnsidentitet. Det er framleis behov for å styrkje rettar og livskvalitet, endre haldningar og motverke hatefulle ytringar og hatkriminalitet.

• Sikre Noreg sitt urfolk, samane, og dei fem nasjonale minoritetane, jødane, kvenane, rom/sigøynarane, romani/taterane og skogfinnane, retten til eige språk, kultur og samfunnsliv, slik det er forankra i internasjonale konvensjonar.

• Motverke jødehat gjennom å følgje opp handlingsplanen mot antisemittisme og iverksette ulike tiltak som å styrkje skulen og lærarutdanninga sitt førebyggande arbeid der undervisning om Holocaust inngår. Vidare må me ha tiltak mot mobbing av jødiske elevar, gje fast støtte til utgifter til sikring ved jødiske institusjonar og vurdere endringar i straffelova for å sikre sterkare reaksjonar på hatkriminalitet.

• Følgje opp handlingsplanen mot diskriminering av og hat mot muslimar for å førebygge og hindre diskriminering.

• Verdsette og dokumentere romanifolket og romfolket si historie og kultur i Noreg, og sikre eit nasjonalt minnesmerke for norske rom som vart drepne under 2. verdskrigen.

• Innføre eit sjølvrapporteringssystem i politiet for kven som vert stoppa og kontrollert på gata med tanke på etnisk profilering, for å bidra til bevisstgjering av haldningar og underbevisste val.

Retten til liv Retten til liv er den mest grunnleggjande av alle menneskerettar, og er nedfelt i grunnlova. KrF vil arbeide for ein mest mogleg inkluderande forståing av retten til liv i lovverk og praktisk politikk. Den mest alvorlege forma for diskriminering er når nokon vert nekta retten sin til liv på bakgrunn av kven dei er, og kva slags eigenskapar og funksjonsevne dei har. Samstundes er retten til liv ein rett som skal realiserast i ein røyndom full av dilemma og interessekonfliktar, der det daglig må takast vanskelege avgjerder om liv, helse og død. KrF vil ta vare på rettsvernet for einskildtmennesket frå unnfanging til naturleg død.

Debatten om etikken rundt livet si byrjing har lenge vore hard og uforsonleg. Overtydingane er sterke på begge sider. Dette har vore til hinder for ein konstruktiv samtale om korleis vi kan samarbeide om det alle er einige om – å redusere talet på abortar og leggje til rette for eit samfunn der det er plass for alle, uansett eigenskapar. KrF vil ikkje la primærstandpunkta stå i vegen for eit breitt politisk samarbeid og dialog om desse spørsmåla.

• Ta initiativ til eit tverrpolitisk løft for eit samfunn med færrast mogleg svangerskapsavbrot og leggje til rette for eit samfunn med plass til alle. Eit slikt løft bør leggje vekt på å:

1. Førebygge uønskte svangerskap. Ungdom og unge vaksne må sikrast eit betre tilbod om rådgjeving og rettleiing ved å styrkje tenestene og organisasjonane som gjev slike tilbod. Seksualundervisninga må vektleggje grensesetting, og prevensjon må vere lett tilgjengeleg. Ungdom mellom 16 og 26 år skal sikrast gratis prevensjon.

2. Sikre at kvinner i vanskelege livssituasjonar ikkje opplever abort som det einaste alternativet. Alle gravide må sikrast informasjon og nøytral rettleiing – og samfunnet må stille opp med støtte til gravide i vanskelege livssituasjonar. Ordningane rundt fødsel må sikre at alle gravide har økonomisk tryggleik i svangerskapet ved å auke studiestipend og eingongsstønad.

3. Forsterke oppfølginga av familiar som venter og får barn med behov for ekstra oppfølging. Foreldre som får barn med nedsett funksjonsevne må sikrast naudsynleg hjelp gjennom heile barnet sin oppvekst og inn i vaksen alder. Likeverdsreforma må følgjast opp og vidareførast slik at alle familiar har «ei dør inn» til det offentlege hjelpeapparatet og ein fast koordinator med kapasitet og kompetanse til å hjelpe familiane.

• Samordne tiltak i familiar der fleire har hjelpebehov, anten det er vaksne eller barn.

• Arbeide for å erstatte dagens abortlov med ei lov som legg til grunn at fosteret har menneskeverd, som er betre tilpassa utviklinga innan medisinsk teknologi og som tek vare på omsynet til fosteret sin verdi og rett til liv, og den naudsynlege ivaretakinga av kvinna sin tryggleik og helse på ein etisk forsvarlig måte. Dette må komme som eit resultat av ei brei forståing for og tilslutning til ein ny, oppdatert og meir etisk forsvarlig lov, ei grundig offentleg utgreiing og ein ansvarlig lovprosess.

• Arbeide for å fjerne den diskriminerande lovbestemminga som gjer eigenskapar ved fosteret til sjølvstendig grunnlag for seinabort.

• Styrkje foreldra sin rett til informasjon og rettleiing under svangerskapet og klargjere helsepersonell sitt ansvar.

• Leggje til rette for auka forsking på årsaker til og seinverknader etter svangerskapsavbrot.

• Sikre at bioteknologi og anna medisinsk teknologi vert utvikla og teke i bruk på ein måte som sikrar menneskeverd og eit samfunn med plass til alle.

• Sikre at kvinner som opplever spontanabortar òg får tilbod om oppfølging i helsetenesta.

• Seie nei til aktiv dødshjelp (eutanasi) og i staden for leggje til rette for livshjelp og lindrande behandling i slutten av livet.

• Bygge ut og styrkje tilbodet om lindrande behandling (palliasjon), òg for pasientar med andre diagnosar enn kreft. For barn som lever lenge med sjukdom prega av smerte og andre alvorlege plager, er palliasjon viktig for å bidra til auka livskvalitet. Barnepalliasjon må vere eit tilbod til alle barn som treng det, uavhengig av bustad og i nærleik til heimen.

• Sikre gode rettar til sjuke og døande personar. Alle må sikrast god informasjon om behandling og sjukdomsforløp, og få tilbod om effektiv smertelindring og hjelp til å førebu seg på å møte døden og la den komme naturleg, utan uønskt medisinske inngrep for å forlenge livet. Det bør leggjast til rette for at pasientar kan medverke i vedtak om behandlingsnivå når livet nærmar seg slutten, mellom anna gjennom såkalla førehandssamtalar.

• Sikre tilbod om oppfølging frå fagperson for begge foreldre etter gjennomgått sjølvvalt svangerskapsavbrot eller spontanabort, uavhengig av lengda på svangerskapet. Dei som har tatt abort eller opplevd spontanabort skal få tilbod om samtalegrupper.

11. Inkludere fleire

Sjølv om dei fleste innbyggjarane i Noreg lever trygge og gode liv, er det for mange som av ulike grunnar står i utkanten eller utanfor fellesskapet. Utanforskap er øydeleggjande for den einskilde og for samfunnet. Dei som står utanfor fellesskapet, kan få færre høve i livet og dårlegare livskvalitet og helse. Eit samfunn med auka utanforskap kan truge noko av det vi er mest stolte av med det norske samfunnet: Dei små skilnadene, grada av tillit mellom folk og opplevinga av tryggleik. Når mange står utanfor arbeidslivet, kan det verte ein trussel mot økonomien og velferdsordningane. Vi må difor føre ein samstemt politikk for å inkludere fleire.

• Føre ein politikk som opprettheld små økonomiske skilnader i det norske samfunnet.

• Halde fram med inkluderingsdugnaden for å redusere terskelen inn i arbeidslivet for fleire gjennom mellom anna å sikre gode rammevilkår for studieforbunda.

• Forsterke innsatsen for å inkludere og integrere innvandrarar og minoritetsspråklege i det norske samfunnet.

• Bruke frivillige og ideelle organisasjonar med erfaring i integreringsarbeid.

Styrkje velferdssamfunnet si dobbelte sikkerheitsnett Det norske samfunnet har svært gode velferdsordningar som sikrar innbyggjarane inntekt ved bortfall av arbeid og inntekt. Alle skal ha like høve, rettar og pliktar til å delta i samfunnet og bruke ressursane sine, uavhengig av økonomisk og sosial bakgrunn. Velferdsstaten sitt sosiale sikkerheitsnett kan likevel forbetrast, slik at det meir effektivt motarbeider fattigdom og utanforskap. Kampen for inkludering kan likevel ikkje vinnast av dei offentlege velferdsordningane åleine. Vi må styrkje familiane, dei sosiale nettverka og sivilsamfunnet si evne til å fange opp menneske som står i fare for å hamne i utanforskap.

• Sikre eit velferdssystem med universelle ordningar som omfattar heile befolkninga og som sørgjer for at alle som ikkje har moglegheit til å arbeide har ei anstendig inntekt.

• Arbeide for at nivået på sosialhjelpa, og særleg satsane for barnefamiliar, er til å leve av.

• Lovfeste at barnetrygd og kontantstøtte skal haldast utanfor ved berekning av sosialhjelp.

• Framleis bruke aktivitetsplikt og aktivitetskrav som eit verkemiddel for å styrkje moglegheita for overgang til arbeid og utdanning.

• Utgreie korleis vi kan styrkje det doble sosiale sikkerheitsnettet gjennom å supplere velferdsstaten sine ordningar ved innsats av familie, sosiale nettverk, lokalsamfunn og organisasjonar.

• La frivillige og ideelle aktørar spele ein større rolle i kampen mot utanforskap.

Eit inkluderande arbeidsliv Arbeid er det viktigaste verkemiddelet mot fattigdom og utanforskap. Noreg har eit velfungerande og trygt arbeidsmarknad der dei fleste er i jobb. Over tid har talet på dei som er utanfor arbeidslivet auka. Unge, personar med «hol i CV-en», menneske med nedsett funksjonsevne og einskilde minoritetsgrupper er særleg utsette for å verte støtt ut av arbeidslivet. Covid-19-pandemien har ført til fleire arbeidsledige. Det må difor arbeidast aktivt for å inkludere fleire i arbeidslivet.

• Vidareføre og forsterke «inkluderingsdugnaden», der det offentlege og det private næringslivet står saman for å inkludere fleire i arbeidslivet.

• Halde fram med og forsterke trepartssamarbeidet mellom arbeidstakarsida, arbeidsgivarsida og det offentlege som viktig verkemiddel for å nå måla om eit ryddig og inkluderande arbeidsliv.

• Styrkje Inkluderande arbeidsliv-samarbeidet (IA) for å skape eit arbeidsliv med plass til alle gjennom å førebygge sjukefråvær og fråfall og på denne måten auke sysselsettinga.

• Arbeide for å nå målet om at 5 prosent av alle nytilsette i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller «hol i CV-en».

• Forsterke innsatsen mot langtidsledigheit og ungdomsledigheit.

• Styrkje ordningar som lønstilskot og arbeidstrening i ordinære verksemder for å få fleire inn i arbeidslivet.

• Tydeleggjere at offentlege etatar har plikt til å vere smidige og løysningsorienterte for at flest mogleg skal komme seg i langvarig og stabilt arbeid sjølv om det inneberer løysningar som ikkje er A4.

• At unge som står i fare for varig utanforskap må få heilskaplege tilbod som bidreg til meistring av livet så vel som av arbeid og utdanning. Spesialisthelsetenesta og arbeidsmarknadstiltak må i større grad samarbeide og målrette innsatsen for denne gruppa.

• Arbeide aktivt mot aldersdiskriminering i arbeidslivet, og arbeide for å inkludere fleire seniorar i arbeidsmarkedet. Det offentlege må gå føre med ein bevisst seniorpolitikk.

• Gjennomføre forsøk med anonyme jobbsøknader i staten.

• Gje alle i yrkesaktiv alder høve til å skaffe seg oppdatert eller ny kompetanse gjennom eit betre etter- og vidareutdanningstilbod.

Personar med nedsett funksjonsevne Nedsett funksjonsevne skal ikkje vere noko hinder for å lukkast i det norske samfunnet. Offentlege myndigheiter, sivilsamfunnet, organisasjonar og næringslivet må arbeide for å redusere menneskeskapte barrierar som stenger menneske ute frå aktiv deltaking i samfunnet. Vi har alle eit ansvar for å leggje til rette for at menneske med nedsett funksjonsevne kan leve frie og sjølvstendige liv.

• Leggje betre til rette for personar med nedsett funksjonsevne i arbeidslivet, mellom anna gjennom å styrkje funksjonsassistentordninga og traineeordningar i offentleg forvaltning.

• Gje menneske med nedsett funksjonsevne eit tilpassa tilbod i barnehagen og gjennom heile utdanningsløpet, slik at dei får like høve som andre til opplæring. Tilboda skal verte gitt i nærområda.

• At lydbøker i grunnopplæringa og høgare utdanning skal vere tilgjengeleg i digitalt format ved semesterstart, og at gebyret på lydbøker opphøyrer.

• Innføre teiknspråk som valfag i ungdomsskular og vidaregåande skular.

• Fjerne den øvre aldersgrensa på 26 år og taket på 3 års varigheit for utdanning som arbeidsretta tiltak.

• Auke satsinga på rehabilitering og habilitering for å sikre ei aktiv kvardag for menneske med nedsett funksjonsevne.

• Utvide høvet for at fleire som har nedsett arbeidsevne skal få tilbod om tidsubestemt lønstilskot.

• Sikre at både statlege og kommunale arbeidsplassar aktivt må rekruttere menneske med nedsett funksjonsevne.

• Etablere og finansiere fleire varig tilrettelagde arbeidsplassar (VTA).

• Utvikle ein heilheitleg plan for hørselshemma som sikrar eit likeverdig og kvalitetssikra tenestetilbod, og sikre framleis finansiering av tolketenester og hjelpemiddel over folketrygda. Planen må ta høgde for at barn og unge har høve for læring i eit språkmiljø i samsvar til Barnekonvensjonen, gjerne ved at det vert oppretta regionale ressurssentre for hørselshemma.

• At offentlege nettsider skal vere universelt utforma.

• Nedfelle forskrifter med tidsfristar for universell utforming av alle grunnskuler.

• Utvide støtteordningane til universell utforming til òg å omfatte forsamlingshus.

• Auke støtta til TT-ordninga (Tilrettelagt transport), og gjere den meir fleksibel med tanke på bruk der det ikkje er alternative kollektive tilbod.

• At eldre med nedsett funksjonsevne skal sikrast tilbod og egna butilhøve, og at dette må vise igjen i overføringane til kommunane.

• Styrkje ordninga med refusjon til kommunane for særleg ressurskrevjande tenester, inkludert for personar over 67 år.

• Menneske med nedsett funksjonsevne som mottar offentleg omsorg må sikrast høve til deltaking i kulturliv, idrett, utøving av tru og aktiv samfunnsdeltaking.

• Styrkje Husbanken sine ordningar for finansiering av universell utforming av bustadar, både ved utbetring av eksisterande bustadar, og ved å auke tilgangen på universelt tilrettelagde bustadar på utleigemarknaden.

• Styrkje Husbanken sine ordningar for finansiering av privateigde bustadar der familiar kan gå saman om å bygge felles bustadar til barna sine.

• Retten til omsorgspengar knytast til omsorgsoppgåvene, og ikkje til barnet sin alder, slik at ordninga kan fortsette etter at barnet fyller 18 år.

Integrering og inkludering av innvandrarar Integreringspolitikken skal sikre at alle som får opphald og buset seg i Noreg skal få bruke ressursane sine og bidra til fellesskapet. Velfungerande integrering og inkludering avhenger både av god eigeninnsats frå den einskilde innvandrar, av innsatsen frå ulike fellesskap innvandraren møter og av samfunnet som heilskap. Målet må vere at fleire innvandrarar kjenner tilhøyrsle til det norske samfunnet, og har eit godt og stabilt fotfeste i arbeidslivet.

• Gje kommunane gode rammer for å motta flyktningar, og sikre at tilskotet dekkjer dei reelle kostnadane som gjer det mogleg å integrere ulike flyktningar og asylsøkjarar godt.

• Innvandrarar som er flyktningar skal integrerast i alle fylke.

• Styrkje integreringsarbeidet som eit samspel mellom offentleg og frivillig innsats, og i større grad involvere frivilligheita, idretten og trus- og livssynsamfunna i kvardagsintegreringa, der det òg brukast økonomiske verkemiddel til å involvere frivilligheita.

• Etablere ei mentorordning for å kunne engasjere kompetente og motiverte pensjonistar som mentorar i samband med arbeidslivstrening for innvandrarar (og andre langtidsarbeidsledige).

• Utvikle eit meir heilskapleg opplegg for kartlegging og oppfølging av flyktningar, asylsøkarar og innvandrarar i ankomstfasa.

• Vidareutvikle introduksjonsprogrammet og andre kvalifiseringsordningar med mål om at fleire skal lære seg norsk og komme seg raskare i arbeid. Kvalifisering må setjast i verk med ein gong etter ein har kome i mottak.

• Det må verte lettare å kombinere norskopplæring og anna kvalifisering med familieliv og deltaking i vanleg arbeid. Det skal, der det vert sett på som naudsynt, utarbeidast eigne tiltaksprogram for kvinner.

• Arbeide for at alle med lovleg opphald i Noreg skal få nasjonalt ID-Kort.

• At kravet til kunnskap i norsk munnleg endrast til nivå A2 for rett til statsborgarskap etter søknad.

• Fornye og forbetre norskopplæringa som sikrar at alle får eit tilbod om opplæring på eit tilfredsstillande nivå.

• Gje minoritetsspråklege barn og unge gode norskkunnskapar, grunnleggjande dugleikar og fagleg kompetanse, mellom anna ved å styrkje støtta til opne barnehagar, tilby gratis kjernetid i barnehage og SFO, og styrkje tidleg innsats i skulen.

• Evaluere prøveprosjekt for hurtigbusetting av einslege og mindreårige asylsøkjarar og vurdere om ordninga skal verte permanent.

• Sørgje for raskare og betre ordningar for godkjenning av utdanning og realkompetanse frå andre land.

• Styrkje den barnefaglege kompetansen i heile asylkjeda frå ankomst til busetting i kommunen.

• Gje mottakarar høve til å velje den norskopplæringa som passar dei best gjennom ei klippekortordning.

• Gje utvida rett og plikt til norskopplæring for kvinner som har vore i fødselspermisjon tilsvarande permisjonen si lengde.

• Gje lengeverande og ureturnerbare asylsøkjarar rett til arbeid, skulegang og grunnleggjande helsehjelp.

• At kravet om tre års opphaldstid før permanent opphaldsløyve endrast til tre år òg for overføringsflyktningar, personar som har opphald på grunn av sterke menneskelege omsyn eller søknad om vern og familieinnvandring.

• At minoritetsforeldre utan tilstrekkelege norskkunnskapar som mottar kontantstøtte skal få norskopplæring der det vert lagt til rette for barnepass, utan at kontantstøtta vert redusert.

• Sikre at barn på asylmottak òg får nytte seg av fritidskortet uansett status på asylsøknad.

• Gje høve til løna arbeid for dei som ventar på effektuering av utvisingsvedtak.

• Forenkle retten til gratis norsk språkopplæring til alle innvandrarar. Dette vil gje fleire høve til å lære språket, gje fleire arenaer for inkludering.

• Utvide ordningar for språkopplæring knytte til arbeid og praksis.

• Utgreie særskilte økonomiske intensiv til praksisplass og inngang til arbeidsmarknaden for innvandrarar.

• Sikre at både statlege og kommunale arbeidsplassar aktivt må rekruttere menneske med minoritetsbakgrunn, samt forsterke verkemiddel for at eit større tal menneske med minoritetsbakgrunn vert vurdert i søknader til stillingar i arbeidslivet.

• Styrkje støtta til livsopphald for alle innvandrarar med forsørgjaransvar under opplæring.

• Leggje til rette for at frivillige organisasjonar kan bidra i tilboda på mottak.

• Ha integreringstiltak på alle mottak.

• Ha nulltoleranse for rasisme, diskriminering og hatkriminalitet.

12. Eit samfunn som fremjar god helse

Helsa har stor betydning for livskvaliteten vår. Fysisk, mentalt og sosialt velvere gjev overskot til å meistre livet. Folkehelsepolitikken skal bidra til å halde folk friske, redusere sjukdom og hjelpe menneske til å leve betre med helseplager. Pandemien har vist oss kor viktig helseberedskap og folkehelsearbeid er. Helsetenesta skal sette pasienten i sentrum, og det må sikrast eit likeverdig tilbod av helsetenester over heile landet

• Prioritere det førebyggjande folkehelsearbeidet ved å leggje til grunn prinsippet om å førebygge der ein kan og reparere der ein må.

• Realisere pasienten si helseteneste ved å leggje til rette for aktiv deltaking og eit helsetilbod av høg kvalitet over heile landet.

• Auke løyvingane til psykisk helse og rusomsorg.

Førebyggjande folkehelsepolitikk Det aller viktigaste helsearbeidet er å førebygge tap av helse. Ein god og førebyggjande folkehelsepolitikk skal leggje til rette for at den einskilde kan ta gode og sunne val for eiga helse. Folkehelsa i Noreg er god, men ulikskap i levekår og fysiske omgjevnader gjev store sosiale helseskilnader. Folkehelsearbeid må bidra til å jamne ut levekårsskilnader, verne folk mot miljøfarar og gje alle høve til fysisk aktivitet og friluftsopplevingar.

• Prioritere innsats for å motverke sosiale helseskilnader.

• Leggje til rette for auka fysisk aktivitet og friluftsliv for å førebygge livsstilssjukdomar og fremje god helse.

• Bruke skatte- og avgiftssystemet aktivt for å stimulere til sunne val (sjå kapittel 19).

• Styrkje tobakkskadelova ved å innføre røykjeforbod på allmenne møtestadar som uteserveringar, haldeplassar og leikeplassar.

• Greie ut korleis alle barn kan sikrast retten til eit røykfritt heimemiljø.

• Sikre at folkehelse fortset å vere det overordna målet i ruspolitikken, slik at dei negative konsekvensane for einskildpersonar, tredjepartar og samfunn vert redusert.

• Sette ned eit offentleg utval som skal foreslå tiltak for å nå målet om 10 prosent reduksjon av det skadelige alkoholforbruket innan 2025, og ytterligare reduksjon etter dette.

• Føre ein restriktiv, solidarisk og tryggleiksskapande alkoholpolitikk ved å styrkje eit løyve- og kontrollsystem som avgrensar tilgang, reduserer den alminnelege skjenketida frå 03.00 til 02.00, vidareutviklar Vinmonopolet som alkoholpolitisk verkemiddel, opprettheld reklameforbodet og held avgiftene på eit nivå som avgrensar forbruket.

• Hegne om samfunnet sine alkoholfrie soner, og la idretten verte ein del av dei.

• At psykisk helse skal vere ein integrert del av folkehelsearbeidet, mellom anna arbeidet for å motverke einsemd.

• Arbeide for at prikkbelastningssystemet må strammast inn.

• Sørgje for at kommunane har betre og hyppigare kontrollar for å hindre sal av alkohol til ungdom under 18 år.

• Oppretthalde lovverket mot alkoholbruk på offentleg plass.

• Merke alkohol med skadevirkingar på lik linje med tobakk.

Primærhelsetenesta Dei fleste helsetenester vert gjevne gjennom dei kommunale tenestene. Etter samhandlingsreforma har mykje avansert behandling vorte overført til kommunane, men det har òg vorte langt fleire pasientar som skal motta ulike hjelpetilbod frå kommunane. Fleire brukargrupper som før døde tidleg, lever no lenger, og dette gjer at det både vert fleire som treng hjelp samstundes og fleire med eit stort hjelpebehov. KrF vil løfte primærhelsetenesta sin status.

• Evaluere og forbetre fastlegeordninga, for å sikre god rekruttering og dekning over heile landet. Måla i fastlegereforma må innfriast.

• Prioritere dei tverrfaglege helsetenestene for barn og unge, slik at det kan tilsette fleire helsesjukepleiarar i helsestasjon og skulehelsetenesta.

• Opprette nasjonalt kompetansesenter for helsestasjon og skulehelsetenesta som kan utvikle, samle og dele forskingsbasert kunnskap og effektive verktøy og tilnærmingar, slik at tenesta ikkje bare vert styrka ressursmessig, men òg med omsyn til kvalitet og effektivitet.

• Gjennomføre ein nasjonal opptrappingsplan for jordmortenesta for å sikre god oppfølging av gravide og ein trygg fødsels- og barselomsorg over heile landet.

• Styrkje kunnskap, kompetanse, førebygging og oppfølging av fødselsdepresjon.

• Styrkje kapasiteten og kompetansen i dei akuttmedisinske tenestene utanfor sjukehus, slik som legevaktordninga og ambulansetenester over heile landet.

• Sikre den offentlege tannhelsetenesta tilstrekkeleg finansiering for å ta vare på dei lovpålagde oppgåvene dei har, og leggje til rette for godt samarbeid mellom privat og offentleg tannhelseteneste for å ta vare på den øvrige befolkninga sine behov for tannhelsetenester, medrekna tannregulering. Skjermingstenestene for personar med svak økonomi og dårleg tannhelse må gradvis utvidast.

• Styrkje tilbodet til tannbehandling for menneske utsett for seksuelle overgrep og tortur.

• Utgreie høvet for å innføre eigenandel hos tannlegen på same måte som ved legebesøk.

• Sette i stand dei nye helsefellesskapa så dei bidreg til betre samhandling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta, fører til mindre byråkrati og at praktiske utfordringar kan løysast raskt.

• Styrkje forsking på kjønnsskilnader når det gjeld verknadar og biverknadar på legemidlar

• Prioritere forsking på kvinnehelse og opprette ein kvinnehelseportal.

• Styrkje helsestasjonar og legar sin kompetanse for å hjelpe kvinner som har vorte utsette for kjønslemlesting.

• Digitalisere helsekort for gravide.

• Opprette eit nasjonalt kompetansesenter for fødsel- og barselomsorg, mellom anna med siktemål å førebygge fødselsskadar.

• At alle kvinner skal få tilbod om ein oppfølgingssamtale med jordmor eller fødselslege tre veker etter fødsel.

• At ein del av barselomsorgen skal vere tilbod om ein time hos fysioterapeut, for å sjekke bekken/magemuskulaturen eller andre fysiske utfordringar etter svangerskap/fødsel.

Sjukehus og spesialisthelseteneste Helsetenestene og sjukehusa skal gje eit trygt tilbod over heile landet. Pasientane skal settast i sentrum ved at pasienten sine behov vert høyrde og at dei vert møtt med kunnskap, respekt og behandling av høg kvalitet. Ventetida skal vere så kort som mogleg. Helsetenestene og sjukehusa skal vere retta utover og nært folk, og tilbodet må balansere behovet for nærleik og spesialisering.

• Sikre eit trygt sjukehustilbod av høg kvalitet over heile landet, innanfor trygge og forsvarlege rammer. Sjukehus som i dag har akuttberedskap og fødetilbod skal framleis ha det.

• Behalde andelen innsatsstyrt finansiering i spesialisthelsetenesta på 50 prosent, men rammefinansiere fødetilbodet.

• Sikre eit styrkja samarbeid mellom små og store sjukehus. Lokalsjukehusa må tildelast oppgåver frå dei større sjukehusa, og det må leggjast til rette for hospiterings- og rotasjonsordningar.

• Vidareføre dagens styringsmodell for sjukehussektoren, men styrkje den demokratiske styringa gjennom å inkludere ein heilskapleg skildring av investeringsplanene for sjukehusa (medrekna ein gjennomgang av akuttberedskap og fødetilbod) i Nasjonal helse- og sjukehusplan.

• Bruke styringsdialog og oppdragsdokument for å sikre ein god dialog mellom sjukehusa sine administrative leiing og styre, og regionale styresmakter og folkevalde organ.

• Sikre at dei ideelle sjukehusa med lokalsjukehusansvar vert inkludert i alle viktige prosessar i dei regionale helseføretaka, på lik linje med dei offentlege sjukehusa.

• Sikre dei ideelle sjukehusa sin plass i dei nye helsefelleskapa.

• Vidareutvikle e-helseløysningar for å skape ei framtidsretta helseteneste og styrkje pasientane sine digitale helseteneste og pasientsikkerheit gjennom mellom anna «Ein innbygger – ein journal» og Pasienten si legemiddelliste.

• Styrkje ettervernet for dei som overlever kreft.

• Arbeide for at alle pasientar får god informasjon før, under og etter behandlinga.

• Sørgje for at offentlege og ideelle sjukehus er likeverdige partar i alt samarbeid på regionalt og lokalt nivå.

• Styrkje forskinga på kjønnskorrigerande behandling, slik at retningslinjer og praksis bygger på god evidensbasert kunnskap.

• Barnehagar, skuler og institusjonar som møter barn og unge skal ikkje vere arenaer for ideologisk kamp der den biologiske forståinga av kjønn vert sett til side, men sikre at alle barn og unge vert møtt med evidensbasert fagkunnskap, omsorg og respekt for sin identitet og sine grenser.

• Leggje barnet sitt beste og føre var-prinsippet til grunn for barn og unge som ønskjer kjønnskorrigerande behandling – med 18-års aldersgrense for irreversible inngrep. Behandlingstilbodet til personar med kjønnsinkongruens skal i størst mogleg grad vere nasjonalt.

• Sikre at spesialisthelsetenesta har implementert og brukar lova som gjev barn rettar som pårørande når mor eller far har alvorleg sjukdom.

• Leggje betre til rette for at barn som er på sjukehus over lengre periodar har gode buforhold for seg og familien sin under opphalda.

Psykisk helse Ei god psykisk helse er avgjerande for menneske sin livskvalitet og for høve til å meistre kvardagen, skule og jobb. Opptrappingsplanen for psykisk helse har hjelpt til å løfte denne delen av helsetenesta, men det er framleis naudsynleg med ein satsing for å sikre førebygging og god behandling. Det er eit særleg behov for å styrkje tilbodet til barn og unge.

• Prioritere tiltak og samarbeid med organisasjonar som førebygger psykiske helseutfordringar, som bidreg med tidlig innsats og som hjelper personar med å meistre kvardagen.

• Sørgje for at spesialisthelsetenesta har tilstrekkelige finansiering, slik at det vil vere mogleg å nå målsettingane med innføring av pakkeforløp innan psykisk helse og rus.

• Ha pakkeforløp innan psykisk helse, og at denne ordninga vert evaluert fortløpande.

• Styrkje kompetansen til helsearbeidarar om traume etter vold og overgrep slik at denne pasientgruppa sikrast adekvat traumebehandling og -omsorg.

• Styrkje kapasiteten i det psykiske helsevernet, med ein klar ambisjon om å redusere ventetida for behandling av psykiske lidingar.

• Sørgje for at opptrappingsplanen for barn og unge si psykiske helse vert følgt opp økonomisk.

• Prioritere det ambulante behandlingstilbodet i psykisk helsevern.

• Styrkje behandlingstilbodet innan psykisk helsevern i kriminalomsorga.

• Forsterke skulehelsetenesta, særleg innan psykisk helse, og forbetre samarbeidet mellom heim og skule.

• Intensivere arbeidet med oppfølging av studentar si psykiske helse.

• Arbeide for at kravet om psykolog i alle kommunar kan gjennomførast.

• Forsterke innsatsen mot unaudsynleg medikamentbruk hjå personar som søkjer psykisk helsehjelp, med vekt på kvardagsrehabilitering og kvardagsmeistring.

• Arbeide for at det ikkje skal vere meir enn 3 vekers ventetid for personar under 23 år.

• Sikre forsking på minoritetskvinnar si psykiske og fysiske helse.

• At behandling skal kunne gjevast delvis eller helt digitalt etter individuell vurdering.

• Arbeide for at fontenehus vert eit nasjonalt tilbod.

• Satse på lavterskeltilbod og lavterskelarenaar kor ein kan få raskt hjelp– slik som UngArena og SeniorArena.

• At Youth Aware of Mental Health (YAM) må gjevast som tilbod til alle ungdomsskuleelever i heile landet.

• At Rask Psykisk Helsehjelp utan tilvising frå fastleger må innførast i heile landet.

• Auke talet på stillingar innan barne- og ungdomspsykiatrien i spesialisthelsetenesta.

• At pasientar i psykiatrien må få eit godt ettervern for å hindre tilbakefall.

Rusomsorg Rusomsorga sitt hovudmål må framleis vere å redde liv og sikre verdigheit gjennom å førebygge rusproblem og å hjelpe rusavhengige til eit liv utan rus. Personar med tunge rusutfordringar skal ikkje møtast med straff, men med gode skadereduserande tiltak, hjelp, behandling og oppfølging. Samstundes må ikkje ei reform av ruspolitikken vere til hinder for arbeid som kan førebygge og avdekke bruk av narkotika.

• Halde fram med styrkinga av rusomsorga, med vekt på rehabilitering og ettervern.

• Styrkje politiet og helse- og sosialtenesta sitt høve til å førebygge og avdekke bruk av narkotika, og gripe inn tidlig. Bruk og oppbevaring av narkotika skal ikkje avkriminaliserast. Det skal settast av midlar til å prioritere tiltak mot bakmenn for narkotikahandel.

• Gje den einskilde rusavhengige juridiske rettar til naudsynleg oppfølging etter behandling. Rusfrie må få tilbod om bustad, arbeid og eit nytt nettverk.

• Gjere medikamentfri behandling til eit reelt val i rusbehandlinga og auke kriteria til å kvalifisere for bruk av LAR. Målet med bruk av LAR skal alltid vere å hjelpe pasienten ut i eit liv utan rus.

• Seie nei til heroinassistert behandling.

• Gje ideelle behandlingstilbod for rusavhengige stabile rammevilkår, og vidareføre tilskota til frivillige og ideelle organisasjonar innan rus.

• Opprette fleire eigne behandlingstilbod og rusbehandlingsplassar for kvinner.

• Styrkje satsinga overfor menneske som har ROP-liding (Rus og psykiatri), mellom anna ved å etablere tverrfaglege behandlingsplassar for denne gruppa i alle landsdelar.

• At rusmiddelavhengige skal sikrast gratis tilgang til oppfølging av lege, tannlege, psykolog, fysioterapeut og anna helsepersonell.

• At alle kommunar skal dele ut nasesprayen naloxon (motgift) gratis til rusmiddelavhengige og pårørande.

• At langtidsbehandlinga skal styrkjast gjennom fritt val av behandlingsstad og utan at personen må gjennom fleire andre korttidstiltak først.

• At personar i aktiv rus skal ha tilgang til eit krisesentertilbod.

• Ha ei auka satsing på ettervern ved å sikre at brukaren får ei stabil inntekt gjennom fast jobb, fast bustad og vekentleg oppfølging etter avslutta rehabilitering.

• Gje føreseieleg og langsiktig støtte til ideelle organisasjonar som arbeider med rusproblematikk.

• Innføre forbod mot pengespelelement i dataspel.

Kompetanse og bemanning Skal ein klare å gje optimal behandling både i primærhelsetenesta og i spesialisthelsetenesta må det vere god nok kompetanse og høg nok bemanning.

• Gjennomføre eit «Sjukepleiarløft mot 2030», med finansiering av auka tal på studie- og praksisplasser, eit utvida etter- og vidareutdanningstilbod, og betre vilkår for sjukepleiarar.

• Styrkje praksisrettleiarane for sjukepleiarar ved å innføre ein lik ordning som praksisrettleiarar for lærarstudentar.

• Følgje opp Grimstadutvalet sine tilrådingar om å utdanne fleire legar i Noreg. Det langsiktige målet må vere at Noreg utdannar tilstrekkeleg tal på leger til å møte det nasjonale behovet.

• Gje studentane innan medisinske fag god etisk refleksjonsevne og kunnskap om å ta vare på pasienten sitt fysiske, psykiske, sosiale og åndelege behov.

12. Livsglede for eldre

Vi vil bygge eit samfunn der eldre menneske møtest med respekt, opplever tryggleik og verdigheit. Ikkje noko menneske skal stemplast ut på grunn av alderen sin. Eldre er rike på livserfaring og er ein ressurs for samfunnet som må få delta og bidra i samfunnslivet. Når behova for pleie og omsorg melder seg, skal ein vere trygg på at ein får den hjelpa ein treng. Anten ein mottar pleie og omsorg i sin eigen heim, i ein omsorgsbustad eller på institusjon, skal alle eldre kunne påverke kvardagen sin og den hjelpa dei får, få god og næringsrik mat og sikrast omsorg for heile mennesket, medrekna åndeleg omsorg.

• Leggje til rette for at eldre kan leve eit aktivt liv gjennom at eldre får bruke ressursane sine, og gjennom å skape fleire møteplassar og motverke einsemd.

• Sikre ei eldreomsorg med høg kvalitet gjennom varierte butilbod, tilstrekkeleg bemanning og omsorg for heile mennesket.

• Involvere familien, dei sosiale nettverka og frivilligheita for å skape livsglede for eldre, og sikre hjelp, omsorg og sosialt fellesskap.

• Styrkje dei frie midla til kommunane, slik at dei har høve til å gjere lokale prioriteringar til beste for dei eldre.

Aktive seniorar Nordmenn er friskare og lever lenger enn før. Dei fleste eldre er aktive deltakarar i samfunnet, og mange bidreg med ein stor frivillig innsats i sine nære fellesskap. Men vi ser òg teikn til aukande utanforskap og meir einsemd. Alle treng sosiale fellesskap og ein meiningsfylt kvardag. Vi må difor skape møteplassar for eldre, styrkje samspelet mellom generasjonar, og verdsette og ta i bruk eldre sitt samfunnsbidrag. Samstundes må vi lette overgangen mellom eit aktivt seniorliv og den perioden av livet der ein treng hjelp til ein del oppgåver.

• Endre praksisar og fjerne reglar som hindrar eldre frå å delta i samfunnet slik dei sjølv ønskjer.

• Leggje til rette for å nytte den ressursen eldre frivillige seniorar kan vere i lokalsamfunna.

• Sikre eldre-, aktivitets- og seniorsenter som eit tilbod til alle eldre borgarar, og gje dei spelerom til å drive oppsøkjande verksemd og styrkje samarbeidet med frivilligsentralane.

• Vidareutvikle seniorsentra SeniorArena, helsefremjande klubbhus, og gje sentra nye oppgåver som eldre har behov for, og samlokalisere ulike senter som for eksempel Senior Arena, frivilligheitssentralar og lærings- og meistringssenter.

• Utvikle nye konsept for samspel mellom generasjonar, for eksempel ved å la eldre vere frivillige i barnehagar og skular, eller etablere bustadar og butilbod for eldre i tilknyting til barnehagar eller studentheimar.

• Etablere ei tilskotsordning for livsgledetiltak for eldre, som til dømes møteplassar og sosiale fellesskap, aktivitetar, opplevingar og kulturtilbod. Både kommunar og sivilsamfunnsorganisasjonar skal kunne søke.

• Vidareføre og forsterke innsatsen mot einsemd mellom eldre, gjerne i samarbeid med frivillige og ideelle aktørar og tros- og livssynssamfunn med særleg vekt på åndeleg omsorg.

• Stimulere til at fleire kommunar gjennomfører førebyggjande heimebesøk for eldre.

• Styrkje satsinga på eldre si psykiske helse.

• Ha ein handlingsplan for aktive seniorar, der både kommunar og frivillige organisasjonar vert stimulert til å leggje til rette for meir fysisk aktivitet for eldre menneske.

Gode og tilpassa tilbod utanfor institusjon Dei fleste eldre ønskjer å bu heime så lenge som mogleg. Tilpassingar og god hjelp i eigen bustad for å møte alderdomen sine behov kan vere ein løysing for å kunne bu heime lengre. Samstundes bur mange eldre åleine og har behov for sosialt fellesskap. Generasjonsbustadar og alders- og demensvenlege bustadar og område skaper meir tryggleik, sosialt fellesskap og god livskvalitet for fleire.

• Styrkje både kommunal, ideell og privat utbygging av tryggleiksbustader, sjukeheimsplassar, hospice, demenslandsbyar og private bufellesskap.

• La private kunne søke Husbanken om støtte til å bygge omsorgsbustadar.

• Stimulere til bygging av fleire bustadar med servicefunksjonar, lettstelte leilegheiter, bustadar og «seniortun», der bebuarane kan nytte seg av fellesfunksjonar. Det må etablerast nasjonale støtteordningar gjennom Husbanken for dette behovet.

• Reglar for investeringstilskot og momskompensasjon for omsorgsbustadar vert utvida til å òg omfatte tryggleiksbustadar.

• Leggje til rette for gode avlastingstilbod for eldre som bur heime, der pårørande som følgjer opp tett får heildøgnsavlasting for sine eldre som ikkje ønskjer å bu permanent på institusjon.

• Styrkje og verdsette omsorga frå pårørande i større grad enn i dag, mellom anna ved ei kontantstøtte til pårørande til eldre.

• Utvikle og ta i bruk Omsorg+-konseptet i større grad for eldre som er for friske for ein sjukeheimsplass, men som føler seg einsame og utrygge om dei bur heime. Dette skal ikkje vere institusjonar, men bustadar med døgnbemanning av omsorgs- og helsepersonell, fellesareal og sosiale tilbod.

• Leggje til rette for at bruk av velferdsteknologi som kan hjelpe eldre til å bu i sin eigen heim så lenge som mogleg, og sørgje for at velferdsteknologiske løysingar som er prøvd ut i nokre kommunar kan verte tatt i bruk av fleire eldre, både heimebuande og dei som bur på institusjon.

• Utvikle ei rettleiande norm for kor mange pleiarar som skal innom ein brukar i heimetenesta.

• Leggje til rette for heimetenesta slik at ho i større grad vert utforma i ein tett dialog mellom tilsette, brukar og pårørande, og vert tilrettelagt gjennom eit samspel med familie, nettverk, naboar, lokalmiljø og frivilligheit.

• Ha ein nasjonal strategi for gode, planlagte ferieavlastningsordningar for pårørande som har sine eldre buande heime, på stadar som òg kan fungere som tryggleik- og/eller feriestad for eldre.

Gode heim for dei som treng heildøgnsomsorg Dei tradisjonelle sjukeheimane har endra seg. Særleg etter samhandlingsreforma er dei som får plass på ein sjukeheim personar med meir samansette og dårligare helsetilstand enn før. Dette stiller store krav til å sette bebuaren sine behov, både for pleie og sosialt liv, i sentrum. Den pleietrengjande sin vilje og verdigheit må vektleggjast sterkt i det tilbodet som vert gjeve. Nye sjukeheim må byggast på ein måte som i størst mogleg grad tek vare på bebuaren si verdigheit og råderett over eigen kvardag.

• Sikre at det er nok sjukeheimsplassar og heildøgns omsorgsplassar til alle som treng det. Vi må unngå ein situasjon der mangel på plassar og kommuneøkonomi fører til at eldre vert buande for lenge heime.

• Arbeide for at sjukeheim i langt større grad byggast slik at dei minner om vanlege heimar, legg til rette for aktivitet og sosialt fellesskap.

• Sørgje for at eldre i institusjonar vert gjeve høvet til å leve eit mest mogleg normalt liv, med normal døgnrytme, sosial kontakt og høve til å komme seg ut i frisk luft.

• Gje ektepar høve til å bu på same sjukeheim, sjølv om den eine ikkje har like stort behov for pleie. Eller finne andre gode løysningar som sikrar at nære pårørande får det fellesskapet dei ønskjer og har behov for.

• Sikre at eldre i sjukeheim har rett på eige bad.

• Styrkje alderspsykiatriske helsetilbod og sørgje for at dette òg er noko som prioriterast i spesialistutdanninga til psykologar. Kvalitet i eldreomsorga Framtida si eldreomsorg skal ha tenester med kvalitet, innhald og kapasitet tilpassa den einskilde sitt behov. Eldreomsorga må ha tid til kvar einskild og sjå heile mennesket, og dekke grunnleggjande fysiske, psykiske, sosiale og åndelege behov. Eldreomsorga må bidra til at eldre kan meistre livet lenger, vere trygge på at dei får god hjelp når dei har behov for det, at pårørande kan bidra utan at dei vert utslitne og at tilsette kan bruke sin kompetanse i tenestene.

• Gjennomføre ei avlastnings-reform, der fastlegen kan påleggje kommunen å gje avlastning til pårørande, og pålegget skal følgast av midlar frå folketrygda.

• Sikre at kvalitetsreforma «Leve heile livet» følgjast opp og vert finansiert. Reforma skal styrkje kvaliteten i det som er grunnleggjande: Mat og måltid, aktivitet og fellesskap, helsetenester og samanheng i tenestene.

• Gjennomføre eit ernæringsløft i eldreomsorga. Gode måltid aukar matlysta, førebygger underernæring og reduserer behovet for medisinar. Løftet skal sikre eldre på institusjon og heimebuande eit betre og sunnare kosthold, gjennom måltid som lukter og smaker godt. Det skal satsast på å skape fellesskap rundt måltida.

• Gjennomføre ein økonomisk forpliktande opptrappingsplan for bemanning i eldreomsorga, og utvikle ein rettleiiande minstenorm for bemanning og kompetanse i sjukeheim og heimetenester basert på helse- og omsorgsbehov.

• Satse på tilsette sin kompetanse, og auke innsatsen for å behalde og rekruttere personell gjennom mellom anna heiltidsstillingar, styrka lønsvilkår og gode arbeidstidsordningar for å sikre kvalitet og kontinuitet i tenestene.

• Jobbe for å rekruttere fleire menn i helse- og omsorgstenestane gjennom program som "Menn i Helse".

• Sørgje for at sjukeheim og andre omsorgstilbod for eldre har leiarar med relevant helse- og leiarkompetanse.

• Sikre at alle eldre skal ha eit tilbod om samtaler om åndelege og eksistensielle spørsmål, og få moglegheit til å utøve trua si tilpassa eigne føresetnader.

• Gjennomføre ein tillitsreform i helse- og omsorgstenestene, der målstyring og rapportering vert avgrensa og der tilsette nær brukaren samarbeider og får brukt fagkunnskapen sin fullt ut.

• Arbeide for eit auka innslag av ideelle aktørar i eldreomsorga, for på denne måten å auke mangfaldet og heve kvaliteten i tenestene.

• Samarbeide med trussamfunna slik at eldre i institusjonar vert gjeve høve for og tilbod om nokon å snakke med om åndelege og eksistensielle spørsmål.

• Arbeide for at den nasjonale kontakttelefonen «vern for eldre» vert godt kjent.

• Førebygge vold mot eldre ved å sette fokus på fysiske, psykiske, seksuelle og økonomiske overgrep, gjennom informasjon til både eldre og tilsette innan eldreomsorgen.

Forsterka innsats mot demens Menneske med demens er ei veksande gruppe. Det er eit sterkt behov for å styrkje demensomsorga og satse meir på hjerneforsking og demensforsking for å finne gode løysningar med tanke på førebygging, behandling og støttande oppfølging.

• Bygge ut ein god demensomsorg, der det vert lagt vekt på fysisk aktivitet, god ernæring, sosialt fellesskap, kognitiv trening, gode opplevingar og kultur.

• Styrkje hjerne- og demensforskinga for å møte auka i demensrelaterte helseutfordringar

• Fjerne aldersgrensa i utgreiinga av demens. Alle som treng utgreiing skal få det av spesialistar.

• Utdanne fleire nevrologar for å møte den komande helseutfordringa frå demens og andre sjukdomar i hjerna og nervesystemet.

• Ved hjelp av stimuleringsmidlar på statsbudsjettet sette mål om at kommunane utviklar lokale lågterskeltilbod for demensramma og pårørande.

Omsorg ved livet si slutt Menneske i livet si sluttfase skal møtast med eit tilbod om aktiv livshjelp, smertelindring og omsorg. Vi må sikre at den einskilde skal få hjelp til å leve best mogleg i eigne omgjevnader, med minst mogleg angst og fysiske plager, og til å møte døden på sine eigne premiss. Menneske er heile skapningar med åndelege behov og spørsmål rundt eksistensielle spørsmål må takast på alvor, til dømes med at helsepersonell stiller prest, pastor eller imam til rådvelde.

• Sikre vidareføringa av dagens tilbod om hospice, og med erfaringane herifrå bidra til at fleire plasser kan opprettast. Målet må vere at alle som ønskjer eit slikt tilbod i livet si siste fase skal få det.

• Styrkje den lindrande behandlinga for alvorlig sjuke frå diagnose og heilt til livets slutt. Lindrande behandling må verte gitt individuelt og etter behov i heimen, i eiga avdeling, på sjukeheim og sjukehus.

• Sikre at ambulante palliative team for lindrande behandling skal vere tilgjengelege i alle kommunar, gjennom eit godt samarbeid mellom spesialisthelsetenesta, primærhelsetenesta og ideelle.

• Arbeide for at flest mogleg av dei som ønskjer det skal kunne få vere den siste levetida i eigen heim.

Familie og sosiale nettverk Dei pårørande i familien og sosiale nettverk spelar ein viktig rolle i eldreomsorga. Mange gjer ein stor omsorgsjobb overfor sine næraste som treng hjelp, pleie og omsorg. Denne innsatsen må verdsettast. Familien og dei sosiale nettverka må sikrast god informasjon og ha påverknad over korleis hjelpetilbodet vert utforma.

• Leggje til rette for betre ordningar med omsorgsløn og avlastningstiltak for familiemedlemmer som sjølv utfører omsorgsteneste, og utvide pleiepengeordninga til òg å gjelde eldre i livet si sluttfase.

• Utgreie innføring av 10 "pårørandedagar" per år etter modell frå "omsorgspengar" for barn under 12 år. Desse skal vere betalt for alle og etter kvart byggast ut.

• Utgreie høvet for å gje skattefrådrag for personar som vel å gjere omsorgsarbeid for sine næraste som ein del av kvardagen sin.

• Sikre at pårørande til personar med demens skal få høve til avlasting.

• Sørgje for at pårørande får støtte og rettleiing gjennom kurs for pårørande og samtalegrupper.

14. Styrkje det frivillige og sivile engasjementet

Det sivile samfunnet har lagt grunnlaget for at Noreg har vorte eit av verda sitt beste land å bu i. Dugnad, frivillig arbeid og ideelle verksemder har sprunge ut av frivillige samanslutningar, og har vore og er avgjerande for utviklinga og oppretthaldinga av det norske velferdssamfunnet og demokratiet. Det sivile engasjementet kan verte trua av ein ekspanderande stat. Vi må sleppe sivilsamfunnet fri og gje det gode vekstvilkår, for å styrkje sosialt fellesskap, mangfald og maktbalanse i det norske samfunnet.

• Stimulere til auka frivillig arbeid

• Prioritere den frivillige, medlemsbaserte idretten.

• Arbeide for at ein større del av velferdstenestene vert drivne av ideelle aktørar.

Sterk frivillig arbeid Noreg er verdsleiande på frivillig arbeid, og frivillig innsats er ein berebjelke i demokratiet og velferdssamfunnet. KrF vil at dei frivillige organisasjonene skal utvikle seg på sine eigne premisser og vere mest mogleg frie frå politisk styring.

• Understøtte frivillig arbeid gjennom gode, breie og ubyråkratiske finansieringsordningar. Støtte til frivillige organisasjonar skal i størst mogleg grad gjevast som ubundne midlar.

• Fjerne «moms på dugnad», ved å omgjere ordninga med momskompensasjon for frivillige organisasjonar til ei regelstyrt ordning, med ei gradvis opptrapping til 100 prosent kompensasjon i løpet av stortingsperioden.

• Stimulere til å auke private gåver til frivillige, mellom anna ved å auke maksgrense for skattefradrag for gåver til frivillige organisasjonar.

• At dei økonomiske rammevilkåra for frivilligsentralane må styrkast. Frivilligsentralane utgjer ryggrada i det frivillige arbeidet i svært mange kommunar, og bør ha ei koordinerande rolle i det frivillige arbeidet i kommunen.

• At det skal leggjast til rette for at alle kan delta i frivillige organisasjonar, uansett bakgrunn og funksjonsevne.

• Sikre barne- og ungdomsorganisasjonane tilgang på lokale til å gjennomføre sine aktivitetar ved å tilretteleggje for bruk av kommunale bygg.

• Styrkje studieforbunda sine høve til å hindre utanforskap og bidra til inkludering.

Idrett og friluftsliv Idretten er Noreg si største folkerørsle, og det er viktig å ta vare på dette frivillige engasjementet og leggje til rette for breidde og mangfald i norsk idrett. Både eigenorganisert og organisert idrett og fysisk aktivitet har positive effektar både for kvar einskild og for samfunnet. Idrettspolitikken må styrkje både eigenorganisert, breidde- og toppidretten. Noreg har ein sterk turkultur, og hytter, stiar og ruter vert ofte forvalta av frivillige. Denne tradisjonen skal vi ta vare på.

• Vidareføre og styrkje rammevilkåra til eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet samt for ressurssenteret for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet i Noreg.

• Prioritere den frivillige, medlemsbaserte idretten, slik at ein kan oppretthalde og utvikle eit omfattande og godt aktivitetstilbod der folk bur.

• Arbeide for at det vert bygd fleire gode idrettsanlegg som gjev flest mogleg høve til å drive idrett og fysisk aktivitet, og som speglar aktivitetsprofilen i befolkninga.

• At idretten skal vere ei alkoholfri sone.

• Sikre grunnlaget for ein etisk og fagleg kvalifisert toppidrettssatsing, mellom anna ved å styrkje finansieringa av norsk toppidrett, herunder både landslagsmodellen, unge utøvarar og ressurssvake idrettar, sikre finansiering av eit nytt nasjonalt toppidrettssenter og tilretteleggje for studie for toppidrettsutøvarar.

• Leggje til rette for at Noreg skal kunne arrangere internasjonale meisterskap.

• Bevare og styrkje den norske spelemodellen og gå imot at det vert opna for nye lotteri og pengespel i konkurranse med dagens spel.

• Auke den økonomiske støtta til friluftsorganisasjonane mellom anna gjennom meir langsiktige prosjektmidlar.

• Bidra til å sikre at hytter og ruter som drifta av og vedlikehaldne av frivillige friluftsorganisasjonar kan haldast i stand, og at tradisjonsrike turisthytter kan rehabiliterast.

• Bidra til at det òg etablerast turisthytter i nord, for eksempel på Kvænangsfjellet og Laksefjordvidda.

Ideell sektor Det norske velferdssamfunnet vart bygd av ideelle aktørar som såg sosiale behov og som fremja løysingar for å møte behova. Ideell sektor har ein eigenverdi, bidrar til mangfald og er viktige sosiale entreprenørar. Foreiningar, stiftingar og forsamlingar er som verdibaserte verksemder er eit viktig korrektiv til offentlege og kommersielle aktørar.

• Arbeide for at ein større del av tenestetilbodet innan barnehage, barnevern, helse og omsorg skal drivast av ideelle aktørar, og sette ambisiøse og tidfesta mål for kvar einskild sektor. Måla skal ikkje gå på bekostning av krava til kvalitet i tenestene og effektiv drift.

• Sikre at styresmaktene tek i bruk heile handlingsrommet for å gje ideelle aktørar positiv særbehandling ved offentlege anskaffingar, og ein større kontinuitet for ideell sektor i anskaffingar som eksempelvis lengre kontraktar.

• Etablere eit innovasjonsfond for finansiering av nye tenestetilbod hjå ideelle aktørar for å sikre sosial innovasjon i regi av ideelle aktørar som har avgrensa høve til å bygge investeringskapital som kan skytast inn i ny verksemd.

• Arbeide for å sikre at ideelle aktører si historiske pensjonsforplikting på alle forvaltningsnivå vert dekt gjennom tilskotssordningar eller løpande avtalar med styresmaktene.

15. Levande lokalsamfunn over heile landet

Eit velferdssamfunn vert bygd nedanfrå, ved å vise tillit og gje ansvar til dei nære og naturlege fellesskapa rundt folk. For å bygge samfunnet nedanfrå treng vi levande lokalsamfunn over heile landet. Vi må gje folk større innverknad over utforminga av sitt eige lokalmiljø og leggje til rette for livskraftige lokalsamfunn over heile landet og vekst i heile Noreg.

• Gjennomføre eit lokaldemokratiløft for å sikre at fleire av avgjerdene vert fatta nærmare der folk bur.

• Føre ein politikk som skaper nærleik til tenestene og grunnlag for gode lokalsamfunn over heile landet.

• Sikre gode og trygge bustadar og buområde for alle, uavhengig av økonomi og bakgrunn.

Levande lokaldemokrati For å bygge samfunnet nedanfrå treng vi levande lokalsamfunn over heile landet. Vi må gje folk større innflytelse over utforminga av sitt eige lokalmiljø. Det gjer vi mellom anna ved å styrkje det lokale sjølvstyret og flytte makt nedover frå staten til lokaldemokratiet. Ein føresetnad for eit godt lokaldemokrati er at kommunane og fylkeskommunane har oppgåver, fridom og tilstrekkeleg ressursar til å foreta eigne politiske val etter regionale og lokale forhold og prioriteringar.

• Sikre kommunane inntekter og økonomisk handlingsrom til å kunne gje gode og likeverdige tenester over heile landet, og gje høve for lokale prioriteringar.

• Gjennomføre eit lokaldemokratiløft med ei opprydding i lovpålagte krav, øyremerkingar og bemanningsnormer med sikte på å sikre kommunane meir handlefridom. o Regelen skal vere: Lokaldemokrati når det er mogleg og statlig styring når det er naudsynleg. o Øyremerking skal berre brukast ved innføring av nye ordningar eller bevisste og tidsavgrensa satsingar for å løfte eit felt særskilt. o Bemanningsnormer vert brukt når ein ser eit gjennomgåande problem med for låg bemanning i ein sektor som ein generell trend. o Det skal ikkje innførast nokre nye, bindande bemanningsnormer i neste stortingsperiode.

• Gjennomføre ei opprydding av søknadsbaserte midlar for kommunane, og i staden for auke rammeoverføringane til kommunane.

• Sikre kommunal handlefridom i arealplanlegginga innanfor overordna nasjonale rammer som er forankra i plan- og bygningslova, og unngå statleg detaljstyring.

• Arbeide for at vertskommunar får ein del av verdiane frå utnytting av mineralressursar, for eksempel gjennom ei arealavhengig miljøavgift, ei generell avgift på bruk av naturressursar, og/eller ei endring av skattlegginga på næringa.

• Arbeide for at vertskommunar beheld dei noverande skatteinntektene og i framtida vidare vert sikra ein varig del av verdiskaping basert på avgjeving av naturressursar.

• Halde fram med overføring av oppgåver, makt og mynde frå staten til kommunane og fylkeskommunane, i tråd med vedtekne reformer.

• Leggje aktivt til rette for at kommunar kan slå seg saman dersom det er eit lokalt ønske om dette, mellom anna gjennom å oppretthalde og styrkje økonomiske insentiv og ha rettleiarar for gode lokale prosessar. Ordninga med trekk i rammetilskotet for kommunar som frivillig har valt å ikkje slå seg saman med andre vert avvikla. Kommunar skal ikkje straffast for å ha tru på eiga framtid.

• Fasthalde generalistkommuneprinsippet; det vil seie at alle kommunar skal levere det same lovpålagte basistilbodet av tenester til innbyggarane.

Livskraftige distrikt og gode bysamfunn Ulike delar av landet står overfor ulike utfordringar og høve. KrF vil på alle område føre ein aktiv distriktspolitikk som gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit aktivt næringsliv, og som sikrar eit godt offentleg tenestetilbod over heile landet. God stadutvikling er viktig for trivsel og tryggleik, busetnad, næringsutvikling og ivaretaking av miljøomsyn. Noreg treng livskraftige distrikt, tettstader i utvikling og gode by- og bygdesamfunn.

• I alle saker føre ein politikk som sikrar mest mogleg nærleik til tenestene.

• Sikre god infrastruktur i alle delar av landet, både i form av transportløysningar, mobildekning og breidbandutbygging.

• Leggje til rette for verdiskaping og arbeidsplassar i alle lokalsamfunn, mellom anna ved å gje dei statlege verkemidla ein tydelegere distriktsprofil og sikre meir lokal og regional påverknad på næringspolitikken.

• Behalde ordninga med regionalt differensiert arbeidsgiveravgift, og behalde tiltakssona for Troms og Finnmark.

• Halde fram med arbeidet for at fleire statlege arbeidsplassar skal flyttast ut av Oslo. Det skal òg gjennomførast forsøk med fleire desentraliserte einingar i statlege verksemder.

• Sikre ein heilskapleg koordinering ved flytting, nedlegging og oppretting av statlege arbeidsplassar, slik at ikkje noko lokalsamfunn vert ramma urimeleg hardt ved endringar.

• Behalde og styrkje Merkur-programmet som skal leggje til rette for butikkdrift òg i område der kundegrunnlaget er for lite til ordinær drift.

• Vidareføre og vidareutvikle byvekstavtalane og sikre dagens nivå på statleg finansiering.

• Med utgangspunkt i byvekstavtalane for storbyane sjå på høva for tilsvarande forpliktande avtalar for småbyregionar.

• Halde fram arbeidet med områdesatsing i dei store byane for å løfte bydelane med sosiale utfordringar.

• Føreslå ei stortingsmelding om korleis Noreg kan oppfylle FNs berekraftsmål om å gjere byar og busetnader inkluderande, trygge, motstandsdyktige og berekraftige.

• Gjennomføre forsøk med tilskot til sanering av tomme/gamle bygningar i distrikta.

• Leggje til grunn at reformer og effektivisering innanfor den enkelte samfunnssektor ikkje utelukkande kan baserast på måloppnåing innanfor den einskilde sektor, men òg må sjåast ut frå breiare målsetningar der omsynet til livskraftige regionar og lokalsamfunn inngår.

Ein god stad å bu Bustaden vår og områda vi bur i er svært viktige for velferda vår og livskvaliteten vår. Bustadpolitikken skal sikre at alle har ein trygg og god stad å bu, og at flest mogleg får høve til å eige sin eigen heim. Buområde må utviklast slik at dei legg til rette for sosial kontakt, nærleik til grøntområde og natur og ei berekraftig utvikling. Det er eit politisk ansvar å hindre auka skilnader innanfor bustadområdet.

• Gjere det enklare å finansiere eigen bustad i distrikta, ved å redusere eigenkapitalkrav og/eller styrkje Husbanken si rolle ved å yte topplån ved nybygg og òg ved kjøp av bustad.

• Ta initiativ til ei offentleg utgreiing om politikken for bygdeomgjevnader/buområde, som skal føreslå ein meir heilskapleg politikk for å sikre sosiale og økologisk berekraftige busetnads- og buområde.

• Stille tydelege krav til bustadar og bustadane sitt uteområde i regelverket, slik at bukvalitet ikkje er noko som vert definert av marknaden åleine, mellom anna ved at: o Bustadar vert bygd slik at klimaavtrykket vert minst mogleg og at arealbruken er berekraftig. o Bustadområder vert bygd slik at ein så stor del som mogleg av bebuarane sine reiser kan gjerast til fots, på sykkel eller med kollektivtrafikk. o Bustadar og bustadområde vert utvikla på ein måte som sikrar auka sosial kontakt og fleire møteplassar, til dømes ved at det vert bygd bustadar med indre, lukka gardsrom. o Bustadområde vert utvikla slik at det er god tilgang på leikeplassar og arenaer for eigenorganisert fysisk aktivitet og friluftsliv.

• Sikre høve for å bruke naturen til aktivitetar som skaper trivsel og berekraftige lokalsamfunn landet over, mellom anna ved å hegne om allemannsretten og sørgje for god tilgang til lokale friluftsområde.

• Auke takten i bustadbygginga, mellom anna ved å forenkle og effektivisere byggeprosessar slik at kommunane si handsaming og godkjenning av byggeklare tomter ikkje verkar unaudsynlege fordyrande eller tidkrevjande.

• Vidareføre sjølveigardemokratiet i den norske bustadmodellen.

• Gje insentiv og tilpasse lovverk slik at bustadbyggarar vert stimulert til å ta i bruk alternative bustadkjøpsmodellar, og gjennom plan- og bygningslova gje kommunar med sterk bustadprisvekst heimel til å stille krav om at ein del på inntil 20 prosent av bustadane i nye bustadprosjekt skal verte tilbydd gjennom alternative bustadkjøpsmodellar.

• Gje kommunane forkjøpsrett på inntil 15 prosent av hus og leiligheiter i alle utbyggingsprosjekt slik at desse kan sikrast til vanskelegstilte på bustadmarknaden.

• At den nasjonale bustøtteordninga skal justerast i tråd med auken i gjengs leige.

• Leggje betre til rette for ein «tredje bustadsektor» med non-profit bustadutleige. Staten må gjennom Husbanken bidra med eit investeringstilskot per bustad, mot at dei ideelle organisasjonane forpliktar seg til å leige ut bustadane til kostnadsdekkande leige og med avgrensa høve til uttak av overskot.

• Tilpasse bustadlånsforskrifta for å gjere det mogleg for fleire førstegangskjøparar å eige bustad, for eksempel ved å senke krav til betalingsevne dersom førstegangskjøparar inngår langsiktig fastrenteavtale.

• Halde fram med å forenkle og modernisere regelverk og fjerne unaudsynlege krav og pålegg i lover og forskrifter som sinkar og fordyrar bustadbygginga.

16. Eit endra og livssynsope samfunn

Det moderne Noreg er forma av ein sterk kristen kulturarv, samstundes som samfunnet i dag vert prega av eit stadig større trus- og livssynsmangfald. Tru, religiøs praksis og tradisjonar har stor meining for einskildmenneske, samtidig som trus- og livssynssamfunna har ei samfunnsskapande kraft.

• Hegne om den kristne og humanistiske arven som samfunnet sitt verdigrunnlag.

• Bygge et livssynsope samfunn med rom for menneska si tru.

• Beskytte den einskilde sin trus- og livssynsfridom, og respektere dei ulike trus- og livssynssamfunna sin eigenart og rett til sjølvbestemming.

Eit samfunn forankra i ein kristen kulturarv Den kristne kulturarven har gjeve oss ideal som likeverd, fridom, ansvar for seg sjølv og for kvarandre og respekt for naturen. Kristendommen har vore, og er, avgjerande for utviklinga av menneskerettane, demokratiet og velferdssamfunnet. Vår kristne kulturarv har forma haldningar, verdiar og normer som er rådande i dagens samfunn. Kyrkjebygg utgjer ein vesentleg del av Noreg sin nasjonale kulturarv og har stor tydning som kontinuitetsberarar i lokalsamfunn over heile landet. Den norske kyrkja skal som Noreg si folkekyrkje framleis ha ei særstilling i det norske samfunnet.

• Hegne om den kristne og humanistiske arven som samfunnet sitt verdigrunnlag, slik det er formulert i Grunnlova sin § 2.

• Sørgje for at nye generasjonar får kunnskap og erfaring med kristendommen sitt innhald og tradisjonar. Gje alle elevar høve til å delta på skulegudstenester.

• Styrkje innsatsen for bevaring og vedlikehald av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg.

• Oppretthalde søndagen som ein annleisdag og behalde dei kristne heilagdagane som ein del av samfunnet sin felles rytme.

• Sikre finansiering av tusenårsjubilea for innføringa av kristenretten på Moster i 2024 og slaget på Stiklestad i 2030, og etablere ei nasjonalt og tverrfagleg forskningsprogram fram mot dei nasjonale jubilea.

• Styrkje pilegrimssatsinga i Noreg i tråd med tidlegare vedteken nasjonal strategi.

Eit samfunn med rom for tru og livssyn Tru og religiøs praksis er ein naturlig del av samfunnet. Mennesket er meiningssøkande, og nærmare 85 prosent av befolkninga er medlem av eit trus- og livssynssamfunn. Trus- og livssynssamfunn er viktige fellesskapsarenaer, dei bidreg til å løyse sosiale utfordringar og er viktige kulturberarar. Vi må leggje til rette for eit livssynsope samfunn som tek menneska sitt åndelege behov på alvor. Trus- og livssynspraksis må kunne utfalde seg i det offentlege rom, og trus- og livssynssamfunna må vere partnarar i utviklinga av velferdssamfunnet.

• Føre ein aktivt støttande trus- og livssynspolitikk med gode finansieringsordningar som likebehandlar alle trus- og livssynsamfunn.

• Nekte finansiering av trussamfunn frå statar som sjølv ikkje har trusfridom i praksis.

• Sikre Den norske kyrkja si særlege stilling som landsdekkande og demokratisk folkekyrkje gjennom lovgjevinga og føreseielege finansieringsordningar. Den norske kyrkje skal ha ressursar til oppdraget sitt over heile landet og overfor menneske i alle livssituasjonar.

• Oppretthalde tilskotsordninga til private kyrkjebygg og andre gudshus og vurdere om løyvingane til ordninga er tilstrekkelege.

• Sørgje for tilstrekkeleg finansiering til at Den norske kyrkje og andre trus- og livssynssamfunn kan tilby trusopplæring til sine barn og unge.

• Gje pasientar og eldre i institusjonar, personell i forsvaret og menneske under kriminalomsorg god livssynshandsaming og høve til samtalar om åndelege og eksistensielle spørsmål.

• Ha auka aksept for tru og livssyn i kriminalomsorga, forsvaret, helsetenesta og eldreomsorga gjennom å sikre at alle får mat som er akseptabel for religiøse minoritetar, rett til å praktisere trua si eller livssynet sitt og rett til samtalar med representantar for sitt trus- og livssyn.

• Arbeide for eit kompetanseløft om tru og trua si tyding i menneska sitt liv for tilsette i velferdstenestene som møter menneske i sårbare livssituasjonar.

• Sikre retten til å uttrykke tru gjennom bruk av religiøse symbol, smykke og plagg i det offentlege så lenge dette ikkje er til hinder for læring, deltaking og utføring av arbeidsoppgåver.

• Gjennomføre eit økonomisk forpliktande løft for diakoni, sosialt arbeid og integreringsarbeid i regi av trus- og livssynssamfunna, og stimulere til auka samarbeid mellom trus- og livssynssamfunna og kommunane for å løyse sosiale utfordringar..

• Vidareføre ordninga med vigsel i regi av trus- og livssynssamfunn.

• Understøtte det breie religiondialogiske arbeidet i Norge.

Styrka trusfridom Trus- og livssynsfridom er ein grunnleggjande menneskerett og ein føresetnad for eit fritt samfunn. Statens fremste oppgåve i trus- og livssynspolitikken er å sikre og beskytte trus- og livssynsfridomen. Vi må tolerere at trus- og livssynssamfunna og medlemane deira har verdiar og normer som skiller seg fra storsamfunnets. Ein sentral del av trus- og livssynsfridomen er òg retten til å skifte tru, bryte med sitt trus- og livssynsamfunn og ha fridom frå negativ sosial kontroll. Alle trus- og livssynssamfunn må følgje norsk lov og menneskerettane.

• Beskytte den einskilde sin fridom til sjølv å velje trua si og livssynet sitt.

• Sikre alle trus- og livssynssamfunns rett til å bestemme i lære- og ordningsspørsmål og tilsetjingar.

• Anerkjenne barna sin trusfridom og rett til å høyre til og vere medlem av eit trus- eller livssynssamfunn.

• Sikre retten til å skifte religiøs tro og gje vern til menneske som risikerer forfølging etter konvertering. Kompetansen om tru og konvertering må aukast i utlendingsforvaltninga.

• Gje hjelp, støtte og samtaletilbod til menneske som går eller har gått gjennom vanskelige religiøse brotprosessar.

17. Eit mangfaldig og tilgjengeleg kulturliv

Kunst og kultur har ein verdi i seg sjølv, og har stor tyding for den einskilde og som samfunnsbyggande kraft. Eit rikt og variert kulturliv er ein av føresetnadene for eit levande demokrati, med ytringsfridom og ei opplyst offentlegheit. Kunst og kultur skal utfordre og vere mangfaldig, sterk, uavhengig og tilgjengeleg for alle. Frivillig arbeid og personleg engasjement er berebjelken i eit fritt, sterkt og variert kulturliv, samstundes som det profesjonelle kulturlivet med deira utøvarar og infrastruktur må understøttast.

• Føre ein kulturpolitikk som gjev rom for både amatørar og profesjonelle, og som gjer kunst og kultur tilgjengeleg for alle.

• Prioritere løft for lokalkulturen og for barne- og ungdomskultur.

• Bevare språka i Noreg og ta vare på det kollektive samfunnsminnet gjennom vern av kulturarv og kulturminne.

Eit mangfaldig og tilgjengeleg kunst- og kulturliv Kunst- og kulturpolitikken skal gje både amatørar og profesjonelle høve til å sprenge grenser og utvikle sine skapande evner og gje flest mogleg av oss andre varierte kulturopplevingar som menneske, kjenne samhøyr med kvarandre og styrkje identitetskjensla vår.

• Sikre kunstnerisk fridom frå politisk styring og eit mangfaldig kulturliv. Det offentlege skal i særleg grad bidra til å understøtte kunst og kultur av høg kvalitet som ikkje har kommersielt potensial.

• Ha ein god balanse mellom å oppretthalde dei etablerte kulturinstitusjonane, stimulere det frie feltet og meir eksperimentelle uttrykksformer.

• Prioritere lokale midlar til lokale kulturtilbod som folkebibliotek, skulebibliotek, kulturskular og frivillig kulturaktivitet.

• Vidareutvikle tilbod som fører kulturuttrykk ut der folk er, som «Den kulturelle skulesekken» og «Den kulturelle spaserstokken».

• Styrkje songen som identitetsskaper ved å stimulere til korverksemda i Noreg.

• Gjennomføre eit løft for barne- og ungdomskultur, som gjev barn og unge like høve til å delta i kulturaktivitetar, kulturell ballast, opplæring og glede i møte med ulike kulturuttrykk og større høve til å skape sitt eige frivillige arbeid.

• Styrkje kulturskulane som eit tilbod til alle som ønsker det, og auke midla til pedagogisk utvikling.

• Sikre eit kulturtilbod av høg kvalitet til menneske med funksjonsnedsettingar.

• Sikre det profesjonelle kunst- og kulturlivet gode rammevilkår, mellom anna gjennom gode stipendordningar.

• Bevare og styrkje dei store kulturinstitusjonane.

• Auke tilskota til det frie scenekunstfeltet.

• Auke tilskot til produksjon og publisering av innspelt ny norsk musikk.

• Stimulere til desentralisering i kulturlivet, og sørgje for betre finansiering av kulturinstitusjonar og kulturbygg i heile landet. Det bør mellom anna settast av midlar til utviding av Den nasjonale scene i Bergen.

• Utvikle ordningar som gjer det meir attraktivt for private å understøtte kunst- og kulturlivet.

• Ha rammevilkår som legg til rette for ein innovativ og konkurransedyktig film- og mediebransje som kan utvikle film og andre audiovisuelle produksjonar på norsk og samisk av høg kvalitet.

• Verne om opphavsretten, og implementere EUs opphavsdirektiv på ein måte som særleg anerkjenner opphaverar. Kompensasjonsordninga for privatkopiering må aukast.

Språk og litteratur Språk er grunnlaget for tenking og samhandling, ein viktig del av kulturarven og ein føresetnad for deltaking i demokratiet. Vi må aktivt sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for dei offisielle språka i Noreg og dei to jamstilte målformene i norsk. Samstundes må det leggjast til rette for kvalitet, breidde og mangfald i innhald og sjangrar både innan fag- og skjønnlitteratur.

• Sikre ei reell likestilling mellom bokmål og nynorsk i Noreg. Eit språk i mindretalsposisjon har eit vanskelegare utgangspunkt enn eit språk som vert brukt av fleirtalet. Det må difor vere ei prioritert oppgåve å løfte nynorsken sin status som bruksspråk, og fjerne hindringar som nynorskbrukarar møter.

• Føre ein aktiv politikk som sikrar rettane til brukarar av minoritetsspråka, teiknspråk og for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).

• Innføre sanksjonshøve for brot på språklova.

• Verne om og styrkje dei sentrale verkemidla i litteraturpolitikken, Norsk kulturråds innkjøpsordningar, meirverdiavgiftsfritak og fastprisordninga for nye bøker.

• Auke den offentlege støtta til å skrive, omsette, utgje og låne sakprosa gjennom innkjøpsordningane i Kulturrådet, og auke talet på heimlar til forfattarar og omsettarar av sakprosa gjennom Statens kunstnerstipend.

• Satse på folke- og skulebiblioteka, mellom anna gjennom å styrkje arbeidet med digitale plattformer og nye modellar for drift av bibliotek.

• Styrkje dei nasjonale leseprosjekta.

Kulturarv og kulturminnevern Gode arkiv og museum tek vare på det kollektive samfunnsminnet, og desse institusjonane har ei viktig demokratisk samfunnsrolle når det gjeld å utvikle og formidle kunnskap om historia og samtida vår. Kulturminna og kulturmiljøa vi tek vare på og sikrar for ettertida er viktige kjelder til kunnskap og opplevingar og for utviklinga av lokalsamfunn.

• Føre ein bevisst arkivpolitikk for å sikre dokumentasjon om samfunnet som skal kunne brukast til å forstå samtid og fortid, og til å bevare og vidareutvikle Noreg som rettsstat og demokrati.

• Sikre gode rammevilkår for landet sine museum, og sørgje for at museumssektoren har autonomi til å reise kritiske spørsmål både ved fortida og samtida.

• Realisere eit nytt Vikingtidsmuseum.

• Arbeide for at Gulatingslova kjem til Noreg og at formidlinga om demokratiutviklinga i Noreg vert styrka mellom anna gjennom tingstad-nettverket og formidlingssenter på Gulatinget.

• Gjennomføre eit kulturminneløft der menneske, frivillige, organisasjonar og lokale lag og foreiningar står sentralt.

• Auke løyvingane til Kulturminnefondet.

• Arbeide aktivt for å avgrense forfall og tap av Noreg sin bygningsarv.

• Etablere eit eige bevaringsprogram for kulturhistorisk viktige kyrkjebygg.

• Styrkje tradisjonshandverksfaga både i den vidaregåande utdanninga og gjennom studieforbunda. Samt styrkje og ivareta kulturarvskulane.

18. Tryggleik i kvardagen

Den einskilde og samfunnet har behov for tryggleik og rettferd. Kriminalitet trugar menneska sine liv, helse og fridom, samt verdiane deira, og undergrev tilliten i samfunnet. Vi må motverke kriminalitet gjennom førebygging, eit tilgjengeleg og nærverande politi, ein effektiv straffeprosess og ei kriminalomsorg med kapasitet til å ta imot og rehabilitere straffedømte.

• Prioritere arbeidet med å førebygge kriminelle handlingar, og sikre kapasitet og kompetanse i politiet til å etterforske og straffeforfølgje i eit kriminalitetsbilde i endring.

• Forsterke kriminalomsorga si evne til å hjelpe straffedømte tilbake til eit liv utan involvering i kriminalitet.

• Føre ein human, rettferdig og ansvarlig asylpolitikk som styrkjer asylsøkane si rettsikkerheit.

Førebygging av kriminalitet Førebygging er det beste verktøyet i kampen mot kriminalitet. Kriminelle handlingarvert førebygd mellom anna ved å bygge moralske barrierar mot kriminalitet, hindre rekruttering til kriminelle miljø og avskrekking gjennom straff og andre negative konsekvensar. Tiltaka bør først og fremst rettast mot barn og unge, og familiane deira. Synleg politi i lokalmiljøet har ein klart førebyggande effekt.

• Oppretthalde ei bemanning på to polititenestepersonar per 1000 innbyggarar, og at responstid og nærvær er god over heile landet. Politi- og lensmannsetaten skal vere desentralisert.

• Sikre at politiet har tilstrekkelege ressursar til å kunne prioritere det førebyggande arbeidet.

• Leggje til rette for samarbeid mellom politiet, barnehage, skole og sivilsamfunn for å bygge og vedlikehalde moralske barrierar mot kriminalitet, og redusere rekruttering til kriminelle miljø og aktivitetar.

• Støtte jobbtreningstiltak i regi av frivillige organisasjonar som til dømes Maritastiftelsen retta mot ungdomskriminelle som er med i kriminelle gjengmiljø.

• Etablere eit nytt program for sterkare involvering av foreldre i det kriminalitetsførebyggande arbeidet.

• Føre ein skjenke- og alkoholpolitikk som reduserer talet på kriminelle handlingar gjort i alkoholpåverka tilstand.

• Behalde det generelle straffenivået, men opne for mindre justeringar der straffenivået vert opplevd som urimeleg. Straffene skal ha både ein individualpreventiv og ein allmennpreventiv effekt.

• Arbeide for auka strafferamme for overgrep mot barn, og produksjon, oppbevaring og deling av bilde og film av overgrep mot barn. Samt fjerne foreldingsfristen for seksuelle overgrep og krenkingar mot barn og unge under 18 år.

• Sikre at mindreårige som har utført seksuallovbrot får behandling for å hindre nye overgrep.

• Sørgje for at det vert endå tryggare for barn å ferdast på nett og løyve auka midlar til forsking på korleis ein kan gjennomføre naudsynlege reguleringar for å halde overgriparar ute av arenaer på nettet som er meint for barn.

• Arbeide for å førebygge radikalisering ved å forske meir på radikalisering og sørgje for gode sosiale sikkerheitsnett rundt unge og unge vaksne som står i fare for å verte radikalisert.

• Seie nei til all legalisering av bruk og oppbevaring av narkotiske stoff.

• I større grad opne for alternativ til straff for personar med tunge utfordringar knytt til rus og/eller psykiatri.

• Redusere gevinsten ved kriminelle handlingar, mellom anna ved å opne for meir effektiv inndraging av midlar som er erverva gjennom kriminalitet.

Kriminalitetsmotverking Samla sett har kriminaliteten gått noko ned dei siste åra, men kriminalitetsbildet er i stadig utvikling og kriminaliteten tek stadig nye former. Nokre alvorlege former for kriminalitet har vorte vanlegare. Kriminaliteten har vorte meir mobil, og skjer ofte både på tvers av politidistrikt og landegrenser. Digitalisering gjer både tradisjonelle og nyare former for kriminalitet mogleg.

• Sikre at politiet har kompetanse, kapasitet og tilgang til verktøy og metodar som set dei i stand til å førebygge, avverje og etterforske kriminalitet.

• Tilsette fleire politifolk i operativ teneste og etterforsking.

• Arbeide for at utdanningskapasitet v/politihøgskulen samsvarar med samfunnets behov.

• Vidareføre ordninga med framskoten lagring av våpen i politibilar, og tillate punktvæpning på utsette stadar som eit alternativ til generell væpning.

• Motverke vald og overgrep på nett.

• Sikre politiet si moglegheit til å kunne forfølgje digital kriminalitet, mellom anna ved å påleggje ekomleverandørar å lagre IP-adresser over ein periode.

• Framleis leggje til rette for godt samarbeid mellom politiet, skattemyndigheitene, Nav og Arbeidstilsynet for å motverke økonomisk kriminalitet og arbeidslivskriminalitet.

• Styrkje innsatsen for å motverke fiskerikriminalitet.

• Kartleggje kor mange ofre for menneskehandel det finst i Noreg, for å sørgje for tilstrekkeleg med ressursar og effektive tiltak.

• Sikre at politiet har kapasitet til å etterforske og straffeforfølgje bakmenn i menneskehandelsaker. Følgje opp at ressursane som vert gjevne faktisk vert brukt til formålet sitt.

• Ha eit tett samarbeid med EU og internasjonale organisasjonar for å motverke grenseoverskridande kriminalitet og handel med narkotika, våpen og menneske i nære relasjonar. Politiets kompetanse og kapasitet til førebygging og etterforsking av vald, valdtekter og seksuelle overgrep må styrkjast.

• Vurdere nye verkemiddel for å motverke grov kriminalitet gjort av barn, mellom anna ved å styrkje samarbeidet mellom politi, barnevern og skule, og forbetre ordninga med ungdomsstraff og ungdomsoppfølging.

• Oppretthalde forbodet mot kjøp av seksuelle tenester.

• Innføre ei lovregulering som tydeleggjer at valdtekt vert definert som seksuell omgang utan fritt samtykke.

• Oppretthalde UP som særorgan.

Ofre for kriminalitet Samfunnet har eit ansvar for å ivareta og følgje opp ofre og pårørande til ofre for kriminalitet. Straffeprosessen skal bidra til rettferd, og ofre og pårørande skal ivaretakast i straffesaksbehandlinga.

• Ivareta og følgje opp ofre for vald og overgrep ved å sikre dei vern, og fullfinansiere voldtektsmottak, krisesentre, incestsentre og ettervern for incestofre. Valdtektsofre skal ha krav på gratis psykisk helsehjelp, og tilgang til hjelpeinstansar over heile landet.

• Sørgje for eit heilskapleg tilbod og oppfølging av ofre for menneskehandel, og gje opphaldsløyve til personar som det er sannsynleggjort at er ofre for menneskehandel.

• Gje lettare tilgang til valdsalarm. Gjere desse sikrare og meir brukarvenlege.

• Arbeide for at omvendt valdsalarm vert idømt og teken i bruk i større grad.

• At ofre og deira pårørande skal informerast når personar som er dømt for drap eller særleg alvorlege overgrepssaker vert sleppt ut av fengsel, og at gjerningspersonar kan dømmast til bustads- og opphaldsforbod i heimkommunar til ofre og deira pårørande.

Rettargang og kriminalomsorg Rettsstaten skal sikre den einskilde sitt krav på rettssikkerheit, rettferd og likskap for lova, og samfunnet sitt behov for vern. Domstolane og kriminalomsorga må sikre ein rettferdig og effektiv straffeprosess, soning med godt innhald utan nemneverdig kø, og hjelpe innsette til å komme tilbake til eit liv utan involvering i kriminalitet.

• Gjennomgå ordninga med fri rettshjelp med tanke på å styrkje denne.

• Sikre ein effektiv straffeprosess utan at rettsikkerheita vert svekka.

• Styrkje domstolane si uavhengigheit.

• Ha fleire soningsplassar for dei under 18 år.

• Halde soningskøane nede gjennom å sørgje for tilstrekkeleg kapasitet i kriminalomsorga.

• Sikre at innsette får tilbod om utdanning, arbeidspraksis, helsehjelp, tilbod om rusbehandling og eit godt samtaletilbod i fengselet.

• Sørgje for at personar som er ferdig med soninga si vert følgt opp med tilbod om arbeid, bustad og butrening og hjelp til å komme i kontakt med nettverk utanfor eit kriminelt miljø.

• Auke støtta til frivillige organisasjonar som arbeider for å hjelpe innsette tilbake til samfunnet etter avslutta soning.

• Sikre likeverdige soningsforhold for kvinner og menn.

• Redusere bruken av isolasjon i fengsel.

Rettssikkerheit for asylsøkarar og innvandrarar Retten til å søke om asyl i eit anna land dersom ein opplever å verte forfølgd på flukt i heimlandet sitt er ein menneskerett. Dei som har eit reelt behov for vern skal få opphald, medan dei som ikkje har behov for vern må reise tilbake. Det er viktig å få avklart asylsøknader så raskt som mogleg, samstundes som det vert ein forsvarleg og grundig behandling.

• Verne om asylinstituttet. Norsk asylpraksis må vere forankra i Flyktningkonvensjonen og hans tilleggsprotokollar.

• Arbeide for å redusere talet på asylsøkarar utan behov for vern, sørgje for ein raskare busetnad av personar som får opphald og rask retur av personar utan lovleg opphald i Noreg.

• Ta utgangspunkt i barnet sitt beste og leggje stor vekt på barna sin situasjon i behandlinga av asylsaker som omhandlar barn og omsorgspersonane deira.

• Redusere saksbehandlingstida for asylsøknader og familiegjenforeining.

• At personar som vert dømt for vald mot ektefelle som er kome til Noreg ved familieetablering skal miste retten til ny familieetablering ved eit seinare høve.

• Sikre papirlause migrantar og tilreisande EØS-borgarar rett og tilgang til naudsynleg helsehjelp, medisinar og tannbehandling basert på helsefaglege vurderingar.

• Utvide ordninga med amnesti for eldre ureturnerbare asylsøkarar.

• At FNs barnekonvensjon og prinsippet om barn sitt beste skal vere styrande i asylpolitikken.

• At barnevernet skal ha omsorgsansvaret for einslege mindreårige asylsøkarar mellom 15 og 18 år.

• At asylsøkarar som har sannsynleggjort sin identitet skal få mellombels arbeidsløyve medan asylsøknaden vert behandla.

• Gje mellombels arbeidsløyve til asylsøkarar frå land med høg innvilgningsgrad.

• Innføre topartsprosess i Utlendingsnemnda (UNE).

• Auke talet timar gratis rettshjelp.

• Avskaffe tidsavgrensa opphaldsløyve til fylte 18 år for einslege mindreårige asylsøkarar.

• Gje ungdom med endeleg avslag rett til skule medan dei venter på utreise eller ny handsaming av søknaden.

• Gjeninnføre rimelegheitsvilkåret i internfluktvurderinga i asylsaker.

• Innføre ein definisjon av statlausheit i lovverket, ein statlausheitsprosedyre og eit eige opphaldsgrunnlag for statlause.

• Styrkje rettstryggleiken for konvertittar i Noreg, og heve kompetansen på trusforfølging og konvertittar i utlendingsforvaltinga.

• Sikre at konverteringssaker vert handsama i nemndmøter med personleg oppmøte.

• At risikovurderinga for konvertittar bygger på ei konkret truverdigheitsvurdering av søkaren sin trus-identitet utan spekulative vurderingar av korleis vedkomande vil innrette seg etter forfølgingsfaren ved retur. I denne vurderinga må uttalar frå prestar, pastorar, forsamlingsleiarar og forsamlingar verte vektlagt.

• Etablere nye retningslinjer for trusidentitet som tek utgangspunkt i UNHCRs retningslinjer om religionsbasert asylmerknad.

• Femtrinns-modellen som vert brukt i LHBTI-saker bør verte brukt for å unngå å sende konvertittar tilbake til forfølging eller til å måtte skjule si tru/sin tusidentitet ved retur.

• Beskytte religiøse minoritetar og konvertittar på asylmottaka slik at dei ikkje vert utsette for trakassering og angrep.

• At barn som hovudregel ikkje skal straffast/utvisast frå Noreg sjølv om foreldra har fått opphald i Noreg på uriktig grunnlag. Dette gjeld òg etter fylte 18 år.

• Redusere kravet om butid for rett til kontantstøtte og ytingar retta mot familiar.

• Arbeide for å halde krav til forsørgar si inntekt ved familiesameining på eit lågt men høvesvis nivå.

• Gjeninnføre avgjerda i utlendingsforskrifta som heimlar opphald utifrå særlege menneskelege omsyn og sterk tilknyting til Noreg.

• Senke butidskravet til 3 år for å få permanent opphald for borgarar utanfor EØS.

19. Trygge og omstille norsk økonomi og velferd

Verdiar må skapast før dei kan delast. Orden i økonomien, høg sysselsetting og verdiskaping er avgjerande for tryggleiken til einskildmenneske og familiar, og for å sikre velferdssamfunnet si berekraft over tid. I åra som kjem må norsk økonomi omstillast, slik at det kan gjennomførast eit grønt skifte og nye jobbar kan verte skapte i fastlandsøkonomien.

• Føre ein ansvarleg og føreseieleg økonomisk politikk som gjev tryggleik for innbyggarar og bedrifter over heile landet.

• Følgje handlingsregelen og tilpasse pengebruken og nye satsingar til situasjonen i økonomien.

• Halde fram omstillinga i økonomien slik at ho stimulerer til eit grønt skifte og grøn konkurransekraft.

Sosial marknadsøkonomi på norsk Den kristendemokratiske tanken om ein sosial marknadsøkonomi handlar om å kombinere økonomisk fridom, eigedomsrett og verdiskaping med sosial balanse og rettferd. Samfunnet treng menneske som vil skape og satse, og politikken må stimulere til entreprenørskap og eigarskap. Samstundes må fellesskapet ha ei klar, regulerande rolle for å sikre at marknaden tener menneske, fellesskap og miljø.

• Føre ein økonomisk politikk som bidreg til auka produktivitet, auka investeringar og verdiskaping.

• Styrkje det private eigarskapet og sjølveigardemokratiet i den norske økonomien gjennom tiltak som sikrar at fleire deltek i økonomien som eigarar i bedriftene.

• Sikre statleg eigarskap der dette er naudsynleg for å sikre sentrale samfunnsoppgåver, kompetansemiljø og hovudkontorfunksjonar.

• Verne hovudprinsippa i dagens arbeidsmiljølov, og sikre eit omstillingsdyktig arbeidsliv med tryggleik for arbeidstakarar, seriøse arbeidsgjevarar og eit velfungerande og effektivt trepartssamarbeid.

• Vurdere tiltak for å stimulere til høgare organisasjonsgrad i arbeidslivet, mellom anna ved å auke fagforeiningsfrådraget.

• Arbeide for å motverke ufrivillig deltid og at norma skal vere heile stillingar.

• Arbeide for å redusere bruken av midlertidige stillingar.

• Skjerpe innsatsen mot useriøse marknadsaktørar og stille strenge etiske krav til alle som skal selje varer og tenester.

• Styrkje samarbeid mellom ulike aktørar i både offentleg og privat sektor og delta i internasjonalt samarbeid for å motverke økonomisk kriminalitet og cyberangrep.

• Arbeide mot sosial dumping på land og sjø.

• Innføre minstelønn for skips-arbeidstakarar på alle fartøy som trafikkerer norske farvatn uansett kva for eit flagg skipet har så lenge dei er i norsk farvatn.

• Forsterke innsatsen mot arbeidslivskriminalitet og svart økonomi, mellom anna ved å styrkje Arbeidstilsynet og sentra mot a-krim.

• Sikre gode rettar for forbrukarane. Forbrukarane har krav på god informasjon om varene og tenestene dei kjøper, og god informasjon om kva for rettar og plikter dei har. Det skal finnast gode ordningar for konfliktløysning mellom kjøparar og seljarar.

• Arbeide for å betre forbrukarane sin rett til å ikkje verte utsette for uønskt marknadsføring.

• Innføre strengare restriksjonar mot reklame for forbrukslån.

• Oppretthalde forbodet mot reklame for alkohol, tobakk og pengespel, og forbodet mot marknadsføring retta mot barn.

• Innføre ei menneskerettslov/etikkinformasjonslov for næringslivet (sjå kap. 4).

• Arbeide for å avgrense forbruksgjeld i Noreg, og underleggje bankane strenge reguleringar.

Ein grøn økonomi Økonomisk vekst kan føre til auka forbruk av naturressursar og forureining. Viss det ikkje vert teke omsyn til miljøet, vil naturen verte øydelagt slik at grunnlaget for vidare økonomisk verdiskaping fell vekk. Ein framtidsretta økonomisk politikk må ta omsyn til naturen si tålegrense og klimaendringar, og utvikle grøne marknader som driv teknologiutviklinga i ei miljøvenleg retning.

• Forsterke det grøne skatteskiftet ved å gjere det billigare å gjere miljøvenlege val og dyrare å forureine.

• Omdirigere offentlege investeringar til grøne sektorar og initiativ.

• Stimulere til økonomisk vekst som ikkje i like stor grad tærer på naturressursar, slik som tenesteproduksjon.

• Stimulere til ein sirkulær økonomi for å utnytte ressursar betre, og hindre at ressursar kjem på avvegar. Skatte- og avgiftssystemet må sikre at det lønner seg å gjenbruke, gjenvinne og dele, framfor å hente ut ubrukte ressursar.

• Leggje til rette for ein delingsøkonomi der privatpersonar deler på underutnytta ressursar.

• Utvikle mål for brutto nasjonal livskvalitet som eit supplement til bruttonasjonalprodukt, for å unngå at økonomisk vekst vert det einaste og altoverskyggande målet for samfunnsutviklinga.

Skattar og avgifter Skatte- og avgiftssystemet skal brukast for å oppnå viktige samfunnsmål. Skattane og avgiftene skal bidra til eit samfunn med velferd for alle, små skilnader, god folkehelse og mindre forureining. Samstundes skal skattesystemet bidra til arbeidsdeltaking, styrka konkurransekraft og auka verdiskaping. Statens inntekter, omfordeling og utjamning bør hovudsakeleg skje gjennom eit progressivt skattesystem, då avgiftssystemet ikkje i den grad utjamnar mellom grupper.

• Ha ei meir rettferdig skattlegging av bustad mellom anna ved å innføre skattefrådrag for reparasjon, ombygging og oppussing av bustad etter modell frå det svenske ROT-frådraget.

• Halde skatte- og avgiftsnivået om lag på dagens nivå, men auke bruttoskattlegginga av dei høgaste inntektene.

• Sikre skattesystemet sin legitimitet ved å vidareutvikle enkle og rettferdige reglar, redusere sjansane for utholing og motverke svart økonomi og skatteunndragingar.

• Arbeide for at eventuelle reduksjonar i personskattlegginga kjem breie grupper til gode.

• Ha lågare skatt på arbeidande kapital enn øvrig formuesskatt, for å bidra til investeringar i norsk næringsliv.

• Arbeide for eit berekraftig bilavgiftssystem, som sikrar at det er lønsamt å kjøpe nullutsleppsbilar.

• Gje kommunane handlingsrom til å fastsette eigedomsskatt innanfor 7 promille.

• I større grad ta i bruk ressursrenteskattlegging for å sikre bidrag frå næringar som nyttar fellesskapet sine ressursar, og at det skal vere ein rimeleg fordeling av skatteinntektene mellom stat og kommune.

• Auke vegbruksavgifta på bensin og diesel.

• Redusere flyseteavgifta på kortbanenettet, og auke den på andre flyreiser.

• Behalde eit avgiftsnivå på alkohol og tobakk som bidreg til eit lågast mogleg forbruk.

• Avvikle taxfree-ordninga.

• Auke grensa for skattefrådrag ved gåver til frivillige og ideelle organisasjonar og trussamfunn.

• Innføre ein skatt på digitale, multinasjonale selskap for å motverke skatteplanlegging og overskotsflytting dersom OECD-arbeidet om ein felles, multilateral skattlegging ikkje fører fram.

• Støtte opp om internasjonale initiativ i kampen mot skatteparadis, og styrkje land-til-land-rapporteringa.

• Trekke Norfund ut av investeringar i skatteparadis.

• Gradvis auke CO2-avgifta til 2000 kr per tonn CO2 innan 2030.

Eit berekraftig velferds- og pensjonssystem Det økonomiske handlingsrommet vil i åra framover verte påverka av at petroleumsinntektene vert redusert, at økonomien skal omstillast i eit grønt skifte og at det vert færre arbeidstakarar per pensjonist. Det er ei stor oppgåve å sikre eit økonomisk berekraftig fundament for framtida si velferds- og pensjonssystem.

• Trygge hovudlinjene i velferds- og pensjonssystemet gjennom ein ansvarlig økonomisk politikk og forvaltning av petroleumsformuen.

• La hovudprinsippa i pensjonsreforma liggje fast, men etter evalueringa av denne reforma vurdere justeringar for å sikre eit meir berekraftig pensjonssystem for framtida. Det bør òg vurderast justeringar av reforma som sikrar rettferdig fordeling.

• Arbeide for at offentlege og private pensjonsordningar i større grad vert harmonisert, for på denne måten å skape berekraft og større mobilitet mellom offentleg og privat sektor.

• Føreslå ei lovendring som sikrar prinsippet om pensjon frå første krone, på bakgrunn av eit forarbeid av eit partssamansett utval.

• At ved aukingar i pensjonar skal dei som har minst prioriterast.

• Gje betre høve til å arbeide etter fylte 70 år.

• Følgje opp Sysselsettingsutvalgets tilrådingar om ei omlegging av sjukepengeordninga, slik at arbeidsgjevarane vert motivert til å få langtidssjukemeldte tilbake til arbeid og arbeidstakarane kan bruke gradert sjukemelding i større grad.

• Sette ned ein «ansvarskommisjon» som skal vurdere kva for nokre oppgåver og ansvar som kan overtakast av familiar, sivilsamfunn og lokalmiljø. Ein betre ansvarsfordeling vil styrkje den delen av samfunnet som ligg mellom staten, marknaden og frivilligheita, og sikre velferdsstaten si berekraft.

Fornye, forenkle og forbetre offentleg sektor Offentlege tenester og forvaltning skal vere brukarorientert, effektiv, resultatorientert og moderne. Dette krev ein offentleg sektor som tek i bruk nye arbeidsmetodar og ny teknologi.

• Halde fram arbeidet med digitalisering av offentlege tenester i tråd med føringane i Digital Agenda for Noreg. IKT-sikkerheita må ivaretakast og tilpassast eit nytt trusselbilde.

• Forsterke samarbeidet om digitalisering med kommunesektoren, medrekna tiltak for auka bruk av velferdsteknologi og digitale verktøy og læringsressursar i skulen.

• Forsterke innsatsen for klart språk i forvaltninga sin kommunikasjon med innbyggarane.

• Sørgje for betre etterleving av regelverk om universell utforming av IKT-løysningar i offentleg sektor.

• Kartleggje og vurdere korleis statlege publikumstenester kan leggjast til kommunale servicekontor for å bidra til ei effektiv forvaltning og god tilgjengelegheit.

• Arbeide for å halde leiarlønningane i offentleg forvaltning og offentlege eigde selskap på eit moderat nivå.

Statens pensjonsfond utland Statens pensjonsfond utland (SPU) er eit av verda sitt største investeringsfond. Det er viktig at fondet framleis vert forvalta basert på faglege vurderingar ut frå eit mål om høgast mogleg avkasting til moderat risiko, men med klare etisk motiverte utelukkingskriterium.

• Styrkje Norges Bank og forvaltninga av Statens pensjonsfond utland (SPU) ved å følgje opp Gjedremutvalet sitt forslag om å skilje ut fondsforvaltninga i eit eige statleg særlovselskap.

• Auke dei særskilte miljømandata i SPU.

• Leggje til rette for gradvis auka investeringar i unotert infrastruktur for fornybar energi innanfor dei særlege miljømandata.

• Trekke SPU ut av alkohol- og våpenproduserande selskap.

• Innlemme skatteetikk i uttrekkskriteria for SPU.

• Innføre etiske retningslinjer òg for norske kommunar og fylkeskommunar sine investeringer i aksjar og obligasjonar i utlandet, etter modell frå SPUs etiske retningslinjer og UNCTADs retningslinjer.

• Sikre at forvaltninga av SPU respekterer menneskerettane, samt sørgje for at forvaltninga av SPU følgjer dei etiske retningslinjene og standardane frå etikkrådet.

20. Lønsame arbeidsplassar i heile landet

Å gjeve alle ein jobb og å take vare på og skape arbeidsplassar over heile landet er eit verdispørsmål. Arbeidsplassar og lønsame næringar utgjer ryggraden i det norske velferdssamfunnet. Vi må skape fleire nye jobbar for å gje enkeltmenneske moglegheit til å leve frie og sjølvstendige liv, for at familiane og dei nære fellesskapa skal kunne vere trygge og for å bevare livskraftige lokalsamfunn. Norge har rike naturressursar og sterke kunnskapsmiljø over heile landet. Dette legg eit godt grunnlag for gründerskap og innovasjon. KrF vil føre ein framtidsretta næringspolitikk som legg til rette for eit skapande, konkurransedyktig og grønt næringsliv, og i tråd med vår haugianske arv stimulere til eit næringsliv som løfter folk ut av fattigdom og over i eit inkluderande fellesskap kor vi samstundes skapar verdiar til beste for landet.

• Leggje til rette for ein kultur for entreprenørskap og nyskaping som gjev lønnsame, grøne arbeidsplassar over heile landet.

• Take vare på og gjeve gode rammevilkår til dei sterke norske næringane knytte til industri, maritim verksemd og reiseliv.

• Ha eit særleg fokus på landbruk, skogbruk, fiskeri og havbruk som distriktsbaserte næringar med stort vekstpotensial basert på berekraftig utnytting av fornybare ressursar.

Kultur for nyskaping Noreg treng ein høg innovasjons- og omstillingsevne for å styrkje vår konkurransekraft og for å skape nye arbeidsplassar i framtida. Vi må skape ein kultur for gründerånd, entreprenørskap og nyskaping, ikkje berre i privat næringsliv, men òg i offentleg sektor og blant ideelle aktørar.

• Ha gründerskap og entreprenørskap som tema i heile utdanningsløpet og leggje til rette for elev- og ungdomsbedrifter.

• Innføre eit gründerstipend for studentar.

• Gjere det enklare å starte sin eigen verksemd og skape nye arbeidsplassar ved å gjeve gode rammer for gründerar og oppstartsselskap og styrkje tilgangen til risikokapital, blant anna ved å forsterke ordningar som Forny, Såkorn og Pre-såkornfond.

• Opprette ein ny ordning i verkemiddelapparatet med tilstrekkeleg tapsavsetning for investering i kommersialiseringa innan kategorien grøn disruptiv innovasjon og teknologi.

• Sikre dei sosiale rettane til sjølvstendig næringsdrivande som startar eigen bedrift.

• Styrkje innsatsen til den offentlege investeringa i forsking og innovasjon (FoI) og forsterke samspelet mellom næringsliv, kunnskaps- og forskingsmiljø og det offentlege verkemiddelapparatet. Skatte- FUNN skal vidareførast.

• Auke bevillingane til Forskningsrådet og Innovasjon Norge for å bidra til meir innovasjon i norske bedrifter.

• Ha gode ordningar som stimulerer næringslivets eiga forskings- og utviklingsaktivitet, og vidareføre satsinga på næringsretta forsking og utvikling.

• At tilskotsordningar, låne- og garantiordningar bør prioritere prosjekter med høg innovasjonsgrad og en tydeleg forretningsplan frå dag éin.

• Stimulere til innføring av kommunale eller interkommunale gründerplanar over heile landet, med moglegheit for matchingsmidler etter gjevne, faglege retningslinjer. Hensikta er å sikre eit sterkare og meir kontinuerleg fokus på gründerskap, etablere tettare kopling mellom kommunanes næringsavdeling og lokalt næringsliv/landbruk, samt meir forskingsbasert verkemiddelbruk.

• Etablere "SKALA 2025" – ein regional satsing på akseleratorar for små og mellomstore bedrifter etter en felles nasjonal modell, med hensikt å skape ny vekst i etablerte små og mellomstore bedrifter over heile landet gjennom innovasjon og/eller ny satsing på eksport.

• Stimulere til meir sosialt entreprenørskap ved blant anna å opprette eit fond for sosial innovasjon, som skal støtte oppstart av nye, ideelle prosjekter som har til hensikt å løyse sosiale utfordringar.

• Støtte og styrkje programmer som stimulerer til internasjonal vekst for aktuelle gründerbedrifter.

• Vidareføre handlingsplanen til regjeringa for kvinnelege gründerar og sørgje for at verkemiddelapparatet er samsvarande med kvinnelege gründerar sine behov.

• Leggje til rette for at endå fleire bedrifter vil tilsette personer med nedsett funksjonsevne, ved å støtte organisasjonar som HELT MED.

• Leggje til rette for at dagpengar kan brukast som startkapital for å starte eigen bedrift etter modell frå Storbritannia (New Enterprise Allowance).

• Sikre at statlege sektormyndigheter utøver skjønn og fleksibilitet ved næringsutvikling i distrikta.

Lønsame bedrifter over heile landet Eit sterkt, mangfaldig og konkurransedyktig næringsliv med arbeidsplassar skapar tryggleik, livskvalitet og velferd. Bedriftene må ha rammevilkår som stimulerer til nyetableringar, vekst og utvikling. Næringspolitikken må særleg bidra til å styrkje dei små og mellomstore bedriftene, som er ryggrada i norsk næringsliv, og bidra til norsk og lokalt eigarskap.

• Leggje til rette for verdiskaping, lønsemd og nye bedrifter i helsenæringen.

• Sikre næringslivet gode og føreseielege rammevilkår og tilgang på risikovillig kapital. Dei næringspolitiske verkemidlane og skattesystemet bør innrettast på ein måte som stimulerer til nyskaping og nye arbeidsplassar (sjå kap. 19).

• Gjennomføre ein forenklingsreform: Næringslivets rapporteringar og søknadsprosesser må forenklast. Unaudsynlege lover, forskrifter og reglar må fjernast, med mål om å redusere næringslivets kostnadar med 10 milliardar kroner i perioden 2021 – 2025. Det bør særleg leggjast vekt på å få til forenklingar for små og mellomstore bedrifter. Digitale verktøy bør takast i bruk for å sikre at opplysningar berre må rapporterast éin gong og det bør etablerast éin inngang til verkemiddelapparatet.

• Take vare på Noreg sine sterke industrimiljø, og sikre dei rammevilkåra som gjer det mogleg å omstille verksemda i møte med endra konkurransevilkår, teknologiske endringar og eit grønt skifte. Norsk kraftkrevjande industri skal fortsatt sikrast tilgang til rein og billig kraft.

• Sikre rammevilkåra for bygg-, anleggs- og eigedomsnæringa ved å oppretthalde aktivitet og verdiskapinga i heile Noreg basert på klima- og miljøvennlege løysingar.

• Styrkje Noreg si rolle som skipsfartsnasjon og leggje til rette for ein fortsatt sterk maritim næring. Rederinæringa (reiarlagsnæringa) må ha føreseielege rammevilkår og ein skatteordning tilsvarande det ein har i Europa. Nettolønsordninga for norske sjøfolk skal oppretthaldast.

• Etablere sterkare regionalt nærvær av Eksportfinansiering Norge (slått saman Eksportkreditt/GIEK).

• Leggje til rette for verdiskaping og lønsemd i reiselivsnæringa og styrkje merkevarebygginga av Noreg som turistmål.

• I dialog med reiselivsnæringa føretake naudsame lovendringar for å sikre kommunane sjølvbestemming i spørsmålet om turistskatt eller andre former for brukarbetaling. Inntektene skal tilbakeførast til reiselivsnæringa og tiltak som kan auke kvaliteten på reiselivsprodukta.

• Sørgje for at Noreg er eit attraktivt land å etablere nye teknologibedrifter i.

• Ha ein positiv haldning til mineralutvinning, og leggje til rette for ny aktivitet med strenge miljøkrav. Leiteaktiviteten etter mineraler på norsk jord må styrkast.

• Leggje til rette for betre utnytting av overskotsmasser og prosessavgang frå mineralnæringa, slik at behov for deponi vert redusert.

• Følgje utviklinga nøye i verdikjeda for mat og daglegvarer, og om naudsynt innføre restriksjonar for å motverke vidare vertikal integrasjon og konsentrasjon av marknadsmakt hos butikkjedene i daglegvaremarknaden.

• Gjere det lønsamt for bedrifter å donere gåver og tenester til frivillige organisasjonar.

• Arbeide for fortsatt differensiert arbeidsgivaravgift. Òg i samanslåtte kommunar som er både by og distrikt.

Grøn verdiskaping Norge har gode føresetnadar for å leie an i det grøne skiftet. Ein "grøn marknadsøkonomi" må sørgje for berekraft i produksjon og forbruk, og verdiskapinga må skje på ein måte som ikkje skader miljø, eller som reduserer utslepp av klimagassar.

• Bidra til teknologiutvikling og realisering av prosjekter innanfor havvind, karbonfangst og -lagring, og gjenbruk av karbon. Grundig forsking og høyring frå fagmiljø må liggje til grunn for realisering av havvindprosjekter.

• Leggje til rette for at det statseigde investeringsselskapet Nysnø har nok kapital til å kunne investere kraftfullt i selskap som løyser utfordringar knytte til klima på ein smart og lønsam måte.

• Auke bruken av hydrogen og etablere nye verdikjeder for å skape ny industri, og bidra til at hydrogenløysingar kan kommersialiserast.

• Fremje ny industri knytt til gjenbruk av karbonutslepp.

• Redusere krava til eigenkapital når verkemiddelapparatet gjev tilskot til prosjekter der målet er kommersialisering av hydrogenbasert transportteknologi.

• Utvikle ny bioindustri basert på auka bruk av fornybare skogressursar og restprodukt frå dagens skogsindustri i Noreg. Kravet til omsetnad for berekraftig biodrivstoff bør oppretthaldast og styrkast for å sikre ein føreseieleg utvikling innan bioindustrien.

• Stimulere til ytterlegare grøn vekst og konkurransekraft i norsk maritim næring.

• Minst 50 prosent sjølvforsyning av jordbruksprodukt, korrigert for forimport.

• Leggje til rette for å stimulere til at eksisterande industrimiljø, der Noreg har ein sterk internasjonal posisjon, utviklast vidare på nye områder og tek ein verdsleiande posisjon innan grøn industri.

Levande landbruk over heile landet Jordbruk og skogbruk er viktige delar av norsk næringsliv og skaper busetting, aktivitet, arbeidsplassar og betydelege ringverknader i mange lokalsamfunn i heile landet. Det å vere bonde og produsere mat er eit av dei viktigaste yrka vi har. KrF vil leggje til rette for eit aktivt, berekraftig og framtidsretta landbruk som utnytter ressursar til matproduksjon i heile landet. Det må vere rom for både små, mellomstore og større bruk for å sikre matproduksjon i alle delar av landet med ulikt ressursgrunnlag. Norsk landbruk og skogbruk er, og skal vere, ein nøkkelaktør i det grøne skiftet og i morgondagens grøne næringsliv.

• Auke sjølvforsyninga og matvareberedskapen gjennom å leggje til rette for auka norsk produksjon av varer vi ikkje er sjølvforsynt med i dag, som korn, frukt og grønt.

• Ha eit godt fungerande importvern, noe som er avgjerande for å oppretthalde høg norsk matproduksjon.

• Vidareføre samvirkebaserte marknadsordningar og årlege jordbruksforhandlingar.

• Avvise krav frå EU om auka tollfrie kvoter av landbruksprodukt i stortingsperioden 2021-2025.

• Vidareføre kanaliseringspolitikken slik at areala som egner seg til plantebasert matproduksjon i størst mogleg grad brukast til dette, mens vi styrkjer grasbasert husdyrhold i distrikta.

• Arbeide for eit levande landbruk i heile landet og ein livskraftig næringsmiddelindustri med basis i landbruket, og leggje til rette for at flest mogleg unge som ønskjer det får moglegheit til å satse på eit liv som bonde.

• Gjennomgå ordningane for areal- og dyretilskot slik at ein sikrar ein regionalt tilpassa bruksstruktur med ulike bruksstørrelsar.

• Sikre bønder, som sjølvstendig næringsdrivande, moglegheiter til å vesentleg redusere inntektsskilnadane til andre yrkesgrupper.

• I dialog med bondeorganisasjonane gjennomføre tiltak for å redusere prispresset i kvoteordningane for mjølk.

• At avløysartilskota må aukast, for å sikre bonden meir fritid.

• Føre ein jord- og eigedomspolitikk som støtter opp om den sjølveigande bonden.

• Leggje til rette for at òg små og mellomstore bruk kan føretake framtidsretta investeringar slik at drifta kan oppretthaldast og ressursgrunnlaget utnyttast til matproduksjon i framtida.

• Sikre ein investeringspakke for mjølk, spesielt retta mot mjølkebruk med under 30 kyr.

• Sikre matjorda vår, som er den viktigaste ressursen for å oppretthalde norsk matproduksjon, og gjeve jordvern høg prioritet i prosessar og planlegging både i kommunar, fylker og på nasjonalt nivå. Det skal takast meir omsyn til dyrkbar jord i arealplanlegging.

• Årleg bruksendring av dyrka jord skal ned til under 3000 dekar årleg.

• Stimulere til auka karbonlagring i dyrka jord i tråd med 4 promilleinitiativet som Noreg er ein del av.

• Styrkje klimatilpassinga i norsk jordbruk ved tiltak som fremjer god jordhelse og beskyttar mot erosjon og avrenning.

• Etablere betre ordningar som sikrar at matjord som går tapt kan erstattast av nytt dyrka areal.

• Forsterke ordningane for bevaring/gjenreising av sårbart kulturlandskap, blant anna for å leggje endå betre til rette for fuglar og spesielt insekt.

• Auke bruken av norske ressursar i fôrproduksjon ytterlegare, både gjennom auka bruk av grovfôr på norske ressursar og auka norskdel i kraftfôret.

• Arbeide for god dyrevelferd i norsk matproduksjon. Dyr skal behandlast godt og med respekt, og beskyttast mot fare for unaudsynlege påkjenningar og belastningar.

• Støtte opp om forskingsinnsatsen på mat og landbruk for å fremje klima- og miljøvenleg matproduksjon, og stimulere til både intensivert innsats på økologisk landbruk og ved framtidsretta teknologi som for eksempel presisjonslandbruk.

• Vurdere å leggje insentiv for oppfylling av klima- og miljømåla til ein eigen post i jordbruksavtalen.

• Etablere ein klimafondsordning for jordbruket slik at bonden kan sette av pengar til investeringar knytte til klimatilpassing og redusert klima/miljø-avtrykk i produksjonen.

• Sette Innovasjon Norge i stand til å vere med å finansiere utbygginga til lausdrift for å møte dette utbyggingskravet på det enkelte bruk, og sikre en raskast mogleg overgang, spesielt for dei små og mellomstore bruka.

• Oppretthalde moglegheiter for kjøp, sal og leie av mjølkekvote. Men innføre maksimal utleigetid på 10 år.

• Intensivere innsatsen for økologisk landbruk.

• Opprette ordningar som stimulerer til satsing på nisjeproduksjon og auka marknadstilgang.

• Sørgje for tiltak som kan lette omstillinga for bønder som mister livsgrunnlaget sitt etter den styrte avviklinga av pelsdyrnæringen.

• Gjeve gode rammevilkår for skogbruket i Norge, blant anna ved å leggje til rette for auka foredling og bruk av trevirke i Norge, bygge ut naudsynt infrastruktur som skogsbilvegar, tømmerkaier og vegnett, og auke forskingsinnsatsen på nye og alternative bruksområder for skogsvirke. Vurdere bruk av særordningar for bruk og produksjon av lauvtrevirke.

• Auke tilskota til skogplanting, skogreising og skogkultur. Dette er kostnadseffektive tiltak for å betre CO2-regnskapet. Samstundes som skogen vil kunne erstatte delar av forbruket av fossil energi, vil auka satsing på skog gjeve betydeleg effekt for sysselsetting og næringsliv i distrikta.

• Aktivt støtte opp om berekraftig skogbruk som ein sentral del av norsk klimapolitikk, blant anna ved bruk av treslag som bidreg til effektiv karbonbinding og auka produksjon av miljøvenleg råstoff.

• Styrkje bioøkonomiprogrammet og Treprogrammet i Innovasjon Norge, og etablere føringar om bruk av norsk trevirke i ordninga "Innovasjon i offentlege anskaffelser".

• Auke bruk av tre i private og offentlege nybygg.

• Sikre at vern av skog gjennomførast ved frivillig vern på privat grunn og gjennom vern av offentleg eigde areal, og leggje til rette for å kunne kombinere verneinteresser med berekraftig landbruksdrift.

• At staten skal take ansvar for arkeologiske utgravingar når det offentlege stiller krav om utgraving.

• Leggje til rette for ein reindriftsnæring som både er økologisk berekraftig, økonomisk lønsam og ein viktig del av samisk kultur.

• Sørgje for gode erstatningsordningar ved tap av dyr i landbruksnæring, og for bønder som gjennomfører omstillingstiltak i dei mest rovdyrgjeldande områda.

• Behalde odelsloven og stille strengare krav til bu- og driveplikten.

• Følgje opp lov om god handelsskikk og sikre ein betre konkurranse i distribusjonen av daglegvarer. Styrkje konkurransetilsynet og daglegvaretilsynet sitt ansvar for å avgrense uheldige sider ved maktkonsentrasjon i verdikjeda for daglegvarer. En verdsleiande sjømatnasjon Noreg er Europas største sjømatnasjon. Fiskeri- og havbruksnæringen er vår nest største eksportnæring, men potensialet for auka verdiskaping er likevel stort. Fiskeri- og havbruksnæringen vil verte ein av våre viktigaste næringar når vi gjennomfører det grøne skiftet og inntektene frå petroleumsnæringa etter kvart vert mindre. Fiskeressursane er vår felles eigedom og må forvaltast berekraftig og langsiktig til beste for landet og for befolkninga langs kysten.

• Forskanse Noreg som sjømatnasjon, og arbeide for god marknadsåtgang for norske sjømatprodukt.

• Sikre ein forsvarleg og langsiktig berekraftig forvaltning av fiskeressursane.

• At fiskerinæringen skal ha forrang i spørsmål som omhandlar avvegingar mellom fiskeri og annan næringsverksemd og energiproduksjon til havs.

• Bevare norsk eigarskap i fiskeri og havbruk, og vurdere tiltak som kan auke rekrutteringa til næringen.

• Vidareføre deltakarloven sine avgjerder om aktivitets- og nasjonalitetskrav og ein fiskeflåte eigd av fiskarane.

• Behalde fiskesalgslagsloven (fiskesalslagslova) som gjennom forhandlingar og minstepriser sikrar fiskerane siste ord ved prisfastsetjing og ein fordeling av inntekt mellom fiskeflåten og industri på land.

• Sikre prinsippet om at dei viltlevande marine ressursane i Noreg høyrer til fellesskapet, slik det er fastslått i havressursloven.

• Auke fiskarfrådraget.

• Innføre ei revidert samfiskeordning for den minste flåten.

• Sette ned eit utval beståande av fagekspertar og fiskarar som skal forenkle regelverket, analysere årsaker til at kvoteprisane er vorte så høge, kva for nokre konsekvensar dette har fått og utarbeide tiltak for å hindre urimeleg vekst i kvoteprisane.

• Halde fast på kvotefordelinga mellom ulike fartøygrupper.

• Arbeide for ein internasjonal aksept for økologisk berekraftig fangst av sjøpattedyr.

• Sikre at strukturkvoter som har vorte innvilga med tidsavgrensing, går til fellesskapet når tidsperioden er omme og kan inngå i grunnlaget som fordelast båtane i kvotegruppa. Stortinget skal gjeve overordna føringar om korleis regelverket for tilbakeføring av strukturkvoter skal utformast.

• At det fortsatt bør stimulerast til levandefangst og levandelagring av villfisk gjennom tilleggskvoter.

• Ha ein effektiv kontroll mot overneskatning av matfisk i norske farvatn og arbeide for ein slik kontroll òg internasjonalt.

• Ha strenge reglar mot dumping av fisk, fiskefusk og urett rapportering, samstundes som ein legg til rette for levering av bifangst.

• Leggje til rette for ein berekraftig vekst innan havbruksnæringa gjennom praktisering og vidareutvikling av trafikklysordninga, og at det etablerast eit nasjonalt program for marin botnkartlegging langs kysten.

• Stille strenge miljøkrav for å avgrense utslepp og handtere produksjonsfisk, og samarbeide med oppdrettsnæringa for å sikre berekraftig produksjon.

• Etablere regelverk og sette av areal for oppdrett av fisk utanfor 1 nautisk mil utanfor grunnlinja og utlyse fleire løyve for offshore havbruk.

• Skjerpe krava til handtering av rensefisk (reinsfisk) i oppdrettsanlegg for å redusere dødelegdommen.

• Auke satsinga på forsking, innovasjon og teknologiutvikling i havbruksnæringa.

• Bruke utviklingsløyve til å utvikle nye og betre løysningar for havbruk og sjømatnæringa, til dømes lukka anlegg.

• At det skal stillast krav om implementering av nyutvikla teknologi ved tildeling av nye utviklingskonsesjonar, til dømes lukka anlegg.

• Samarbeide med næringa for å motverke lakselus, sjukdomsspreiing og rømming.

• Opne for tidsavgrensa utleige av akvakulturløyve til eigenproduksjon for å sikre heilårleg råstofftilgang til fiskeindustribedrifter, innanfor ramma for trafikklyssystemet og miljømessig berekraft.

• Tilarbeide meir av råstoffet i Noreg.

• Greie ut tiltak for å auke andelen ferskt råstoff frå trålflåten til fiskeindustrien, medrekna endringar i prissystemet for ferskt og frose råstoff og kvotebonusordningar.

21. Omstille olje- og gassnasjonen Noreg

Klimakrisen er ein energikrise. For å unngå farlege klimaendringar må vi bruke mindre fossil energi og erstatte den med rein energi. Verda må gjennom ein energirevolusjon. Norges posisjon som ein ledande olje- og gassnasjon må utviklast til å verte ein verdsledande nasjon innan fornybar energi.

• Sikre tilstrekkeleg fornybar kraft for å gjennomføre ein grøn omstilling og elektrifisering av alle sektorer.

• Velje dei gode fornybarprosjekta, og så langt det er mogleg unngå tap av naturmangfald.

• Leggje til grunn at etterspurnaden etter olje og gass vil gå ned, dette vil føre til at storskala petroleumsaktivitet på norsk sokkel vil verte redusert betydeleg på sikt.

• Opprette eit eiget CO2-fond for utvikling av grøn skipsteknologi.

Eit krafttak for fornybar energi Fornybar energi er nøkkelen til berekraftig vekst og nullutslepp i dei fleste sektorer. Verdas behov for energi aukar, blant anna for å løfte menneske ut av fattigdom. Det moderne Noreg vart bygd og industrialisert gjennom at vi klarte å take i bruk elver og fossefall til kraftproduksjon. Vasskraft er fortsatt berebjelken i det norske kraftsystemet, og vil vere det i overskodeleg framtid. Samstundes har Noreg rikelege unytta fornybare energiressursar, og det er mogleg å auke produksjonen mykje gjennom havvind, biogass, solenergi, bølgjekraft og geotermisk energi. All energiproduksjon har konsekvensar for miljøet, men i ulik grad. Det er viktig at vi vel dei gode fornybarprosjekta, og så langt det er mogleg unngår tap av naturmangfald.

• Sikre at fornybar energi har gode vilkår og vekstmoglegheiter, slik at det kan sikrast nok rein kraft til den grøne omstillinga.

• Leggje frem ein elektrifiseringsstrategi med eit veikart for korleis rein energi skal erstatte fossil energi i alle sektorer i Noreg.

• Ha gode rammer for forsking, utvikling, utprøving og kommersialisering av ny fornybar energiteknologi.

• Støtte forsking på alternative drivstoff- og energiformer, blant anna for bruk innan transport, og som dermed òg kan gje nye næringar og arbeidsplasser i Norge.

• Leggje til rette for en opprusting av eksisterande vasskraftverk og utbygging av ny vasskraft og småkraftverk der dette kan forsvarast ut frå naturomsyn.

• Skattlegging av vasskraft må endrast slik at det vert lønsamt å fornye anlegga.

• Gjennomføre ei satsing på havvind i samarbeid og sameksistens med fiskerinæringen og miljøet i havet. Det må etablerast modellar for offentleg støtte og finansiering som kan sikre utbygging og realisering av prosjekter innanfor flytande havvind.

• Stramme inn behandlinga av vindkraftkonsesjonar, og styrkje den lokale og regionale forankringa. Vindkraftprosjekter skal vere ønska av vertskommunane, og ha avgrensa konfliktar mot naturmangfaldet og andre interesser.

• Vertskommunar skal gjennom skattesystemet sikrast ein varig del av verdsskapinga frå all fornybar energiproduksjon.

• Forsterke moglegheitene for eigenprodusert energi frå hushald, burettslag og landbruk.

• Bygge framtidas straumnett med tilstrekkeleg kapasitet til å sikre forsyningssikkerheten for straum, jamne ut prisskilnaden og nettleie mellom landsdelane og sikre grunnlag for næringsutvikling over heile landet.

• Bidra til ein styrking av det nordeuropeiske samarbeidet gjennom å auke overføringskapasiteten til utlandet slik at norsk fornybar kraft kan erstatte fossil energi.

• Sikre at norsk industri kan dra nytte av våre fornybare ressursar.

• Bygge ut kraftnett til større hamner for å tilby landstrøm når skip ligg til kai.

• Gjennomføre tiltak for å framskynde løysingar som kan utløyse verdiskapings- og eksportpotensialet i hydrogen både frå fornybar energi og hydrogen frå naturgass, der CO2 fangast, lagrast og utnyttast til nye formål.

• Effektivisere bruken av energi og stimulere til auka sparing.

• Halde tilbakefallsretten fast. Nasjonale energiproduserande ressursar skal ikkje kunne seljast til utanlandske interesser utan at Noreg beheld eller får att eigedom i ressursane etter ein rimeleg periode.

• Stimulere til auka grøn straumproduksjon.

Ein oljenasjon i omstilling Olje- og gassutvinning har sikra fellesskapet store inntekter over mange år. Sektoren og leverandørindustrien har sysselsatt mange langs kysten og bidrege til teknologiutvikling. Likevel står sektoren overfor store omstillingar i tida framover. For det første er norsk sokkel ein «moden» sokkel, og verdien av olje- og gassressursane avtek. For det andre er Noreg forplikta av Parisavtalen, og vi må gjennom eit grønt skifte for å sikre ein meir miljøvenleg og berekraftig verdiskaping. Det er forbundet betydeleg økonomisk og finansiell risiko med å lene seg for mykje på fossil energiproduksjon. Difor må Noreg i aktivt satse på å take ein leiande posisjon i verda når det gjeld vidareutvikling og omstilling av kompetanse- og fagmiljøa i denne industrien.

• Leggje til grunn at Parisavtala og lov om klimamål, samt omsynet til klimarisikoen for norsk økonomi, set rammene for vidareutviklinga av petroleumsverksemda på norsk sokkel. Framtidige lisenstildelingar må avgrensast til utvidingar eller forlenging av allereie eksisterande produksjon i modne områder, i tråd med det breitt samansette Klimaomstillingsutvalgets (klimaomstillingsutvalets) innstilling.

• Arbeide for at kompetanse- og fagmiljø innan olje- og gassnæringen vidareførast på ein måte som sikrar framtidig tilgang til energi, og hindre at teknologi og leverandørindustri går tapt for tidleg.

• Take initiativ til eit internasjonalt samarbeid for å få verdas oljeproduserande land til å samarbeide om å redusere produksjonen av olje.

• Sikre varig vern mot oljeleiting og petroleumsaktivitet i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen, Senja, Jan Mayen, Mørebankene og kystnære områder i Skagerrak.

• Sikre at det ikkje opnast for oljeleiting i områder nordaust i Barentshavet.

• Innføre stresstesting av klimarisiko for plan for utbygging og drift (PUD). Utgangspunktet for stresstesten bør vere scenario basert på ambisjonane i Parisavtalen.

• Gjennomgå og endre petroleumsskattereglene ut frå omsynet til klima og klimarisiko, slik at skattereglane ikkje stimulerer til investeringar i prosjekt som ikkje er lønsame.

• Stille krav om at eventuelle nye utbyggingar skal elektrifiserast heilt med offshore fornybarproduksjon eller kraft frå land, føresett at dette er fornuftig sett frå eit miljømessig og samfunnsøkonomisk perspektiv.

• Styrkje arbeidet med energieffektivisering og utfasing av fossile energikjelder i alle sektorer.

• Auke overføringane til det statlege investeringsselskapet Nysnø for å sikre lønsame investeringar i ny klimavenleg teknologi.

• Sikre gjennomføringa av eit fullskalaprosjekt for CO2-handtering i Norge, og bidra til at teknologien vert teken i bruk av fleire aktørar, både nasjonalt og internasjonalt.

• Vidareutvikle petroleumsforskinga for å bidra til innovasjon og meir klimavenleg teknologi for offshore energiproduksjon.

• Sørgje for gode rammevilkår for forsking og etablering av næring og industri som nytter seg av karbonnøytrale/karbonnegative produksjonsmetodar.

• Sikre at den viktige kunnskapen frå oljeindustrien nyttast til innovasjon og utvikling innanfor det grøne skiftet.

• Støtte forsking og bruk av alternative råstoff til olje, kull og gass i næringar som bruker desse, eksempelvis i plastproduksjon.

• Stimulere til meir bruk av berekraftig biodrivstoff som erstatning for fossile drivstoff.

22. Verdas mest miljøvennlege transportsystem

Noreg er eit langstrakt land. Gode, moderne og trafikksikre transportsystem er avgjerande for å skape ein enklare kvardag og gode bu- og arbeidsmarknadsområder, oppretthalde spreidd busetting og redusere avstandsulempene for norske bedrifter. Transportsektoren står samstundes midt i det grøne skiftet. Noreg bør vere ein føregangsnasjon for miljøvennleg samferdsel og klimakutt.

• Skape verdas mest miljøvennlege transportsystem, ved å elektrifisere transportsektoren, fremje nullutsleppsløysingar og sette i verk tiltak mot lokal luftforureining.

• Binde landet saman og redusere avstandsulempene med gode og framtidsretta transportløysingar, slik at vi kan oppretthalde busetting og verdiskaping i heile landet.

• Prioritere tiltak som aukar trafikksikkerheten, særleg for barn og unge.

• Take i bruk ny teknologi som gjev nye og større moglegheiter for god mobilitet i by og i distrikt.

Verdas mest miljøvennlege transportsystem Samferdselssektoren står for ein tredjedel av klimagassutsleppa i Noreg. For å lykkast med å gjere transporten utsleppsfri må alle fossile drivstoff ut av marknaden og teknologien må skiftast ut i alle køyretøykategoriar. Samstundes må vi redusere lokale miljøproblem knytte til transport, som nedbygging av natur og matjord, luftforureining og støy. Veksten i personreiser må komme innanfor kollektiv, sykkel og gange.

• Redusere klimagassutslepp frå sektoren ved å fase inn null- og lågutsleppsteknologi, og auke omsetninga av berekraftig biodrivstoff.

• Take i bruk nye verkemidlar for å take elbilrevolusjonen vidare frå personbiler og busser til varebiler, lastebiler, anleggsmaskiner og andre nyttekøyretøy.

• Bygge ut infrastrukturen for nullutsleppsbilar, og gjev økonomisk støtte til ladestasjoner og ladepunkt i burettslag, sameiger og garasjelag.

• Gjennomføre målsettinga om at alle nye bilar som vert selde etter 2025 skal være nullutsleppsbilar. Heile transportsektoren bør vere utsleppsfri/karbonnøytral i 2030.

• Greie ut og gjennomføre vegprising som alternativ til innkrevjing av bompengar. Systemet må differensiere mellom ulik bruk og ulike køyretøy.

• Styrkje rammeføresetnadene for bruk av hydrogen i transportsektoren, spesielt for tyngre transport.

• Innføre ein avgift på flyreiser mellom byer der tog er et alternativ til fly, og øyremerke inntekta til investeringar i togtilbodet.

• Utvikle ein strategi for at Noreg skal verte første nasjon med nullutslepps innanriks luftfart og bruke moglegheita vårt kortbanenett med anbod gjev til å take i bruk utsleppsfrie løysingar for flytrafikken på eit tidleg teknologistadium.

• Bruke omsetningskrav og avgiftspolitikken til å sikre auka bruk av berekraftig biodrivstoff i luftfarten.

• Arbeide for eit godt kollektivtilbod i heile landet.

• Arbeide for at ferjeprisane langs kysten vert redusert.

• Det må sikrast at òg innbyggjarar i distrikta får tilgang til ny teknologi og mobilitetsløysingar.

• Oppretthalde statens del av finansieringa av store kollektivprosjekter i og rundt dei største byane.

• Vidareføre og vidareutvikle byvekstavtalane og utvide dei til fleire byer. Det bør samstundes vurderast betre påskjøningsordningar for fylker og mindre byar.

• At staten skal take terskelkostnadene ved investeringar i nye fornybare transportløysingar for å gjere fylkeskommunal kollektivtransport utsleppsfri.

• Jobbe for snarleg innføring av berekraftig karbonnøytralt/ikkje-fossilt drivstoff til konvensjonelle fly på norske flyplassar.

• Sørgje for at infrastruktur på flyplassar er tilpassa drift av el-fly.

• Styrkje den statlege påskjøningsordninga for sykkelveger, og leggje til grunn eit mål om at 20 prosent av personreisene i byane skal skje med sykkel.

• Arbeide for samanhengande sykkeltrasear for transportsykling i byområde og tettbygde område.

• Sørgje for meir fleksible løysingar for bygging av gang- og sykkelveg.

• Fjerne fordelsskattlegginga på kollektivkort betalt av arbeidsgivar.

• At Redningsselskapet skal vere ein sentral aktør i kystberedskapen og bidra med opplysnings- og ulukkesførebyggjande arbeid til sjøs.

Infrastruktur som binder landet saman Gode lokalsamfunn og konkurransekraft for næringslivet over heile landet krev ein moderne infrastruktur med høg kvalitet og effektive og sikre transportløysingar. Vi skal bygge ny infrastruktur for vegtransport, kollektivtrafikk, tog, sjøtransport og luftfart. Samstundes skal vi prioritere vedlikehald og take godt vare på det som er bygd frå før. Vi må leggje til rette for heilskapleg og berekraftig godstransport/varedistribusjon. Meir av godset må fraktast på bane og sjø, mindre på veg. Ein større del av passasjertrafikken må over frå fly til bane og anna kollektivtrafikk.

• At norsk infrastruktur må byggjast ut frå eit heilskapleg samfunnsperspektiv, og ikkje einsidig leggje vekt på samfunnsøkonomisk lønsemd.

• Bygge ut infrastrukturen på ein måte som bidreg til å minimere inngrepa i natur og dyrka mark.

• At Barnas transportplan skal vere eit sentralt styringsdokument i utviklinga av norsk samferdselspolitikk.

• Leggje til rette for bilfrie soner rundt skolane i Noreg.

• Arbeide for ein trygg, effektiv og framtidsretta vegtransport med redusert reisetid.

• Prioritere midlar for å take att vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane.

• Auke innsatsen for ras- og flomsikring på utsette veg- og banestrekningar.

• Rettferdig og sterkare finansiering av fylkesvegferjene.

• Leggje nullvisjonen for hardt skadde og drepne i trafikken til grunn og prioritere haldningsskapande arbeid, vedlikehald og fornying av infrastrukturen og møtefrie hovudvegar for å auke trafikksikkerheten.

• Fremje bruk av teknologi som gjev redusert CO2-utslepp ved bygging av nye veg- og jernbaneprosjekt.

• I større grad bruke Nye Veier AS for å bygge ut veger raskare og meir effektivt.

• Vidareføre den sterke satsinga på jernbane ved å prioritere og følgje opp framdriftsplanen for Inter- City-trianglet.

• Sette i verk planlegging og gjennomføring av tiltak for å forkorte reisetida mellom norske og skandinaviske byar der toget kan konkurrere med fly.

• Styrkje togets kapasitet og frekvens der toget kan spele ein avgjerande rolle for å knyte saman buog arbeidsmarknadsregionar på ein kapasitetssterk og berekraftig måte.

• Vurdere utgreiing av strekningsvise høghastigheitstog, og sikre at nye jernbanestrekningar vert dimensjonert for tog med høge hastigheter.

• Følgje opp jernbanereforma, som skal sikre eit jernbanetilbod av høg kvalitet, betre organisering og best mogleg ressursutnytting.

• Leggje til rette for ein meir effektiv godstransport på jernbana, slik at meir godstransport kan flyttast frå veg til bane.

• Fortsette elektrifisering av jernbaner.

• Etablere Nye Baner AS for å sikre raskare og meir effektiv utbygging av jernbaneprosjekter.

• Vidareutvikle hamnene og skipsleden for å sikre trygg skipsfart, styrkje konkurransekrafta til norsk maritim næring og flytte meir av godstransporten frå veg til sjø.

• Realisere Stad skipstunnel.

• Sikre eit godt flytilbod og eit godt nett av flyplassar over heile landet. Det er særleg viktig å ivaretake kortbanenettet i område der fly er det einaste reelle transportmidlet.

• Leggje til rette for utvikling og bruk av elektriske fly.

• Si nei til ein tredje rullebane på Oslo lufthavn Gardermoen, men heller utnytte kapasiteten på eksisterande flyplassar som Rygge og Torp.

Post og telekommunikasjon Postverksemd i Noreg skal sikre alle i landet likeverdige posttenester av høg kvalitet, og heile landet skal ha tilgang til gode og rimelege elektroniske kommunikasjonstenester.

• Sikre heile landet gode og likeverdige posttenester, særleg med omsyn til leveringstid og lik pris.

• Sikre høghastighetsdekning på internettdekning i heile landet. Der det ikkje er marknadsmessig lønsamt skal staten take eit ansvar for like vilkår og utbygging.

23. Eit tryggare land

Myndighetenes viktigaste oppgåve er å sikre god beredskap mot hendingar som setter liv og helse i fare, og som trugar grunnleggjande verdiar og funksjoner i samfunnet. Vi må fortsette arbeidet med å styrkje beredskapen for at Noreg skal vere forberedt på å handtere kriser, alvorlege situasjonar og nye truslar lokalt og nasjonalt. Forsvars- og sikkerheitspolitikken skal bygge på avspenning, avskrekking, roing, konfliktførebygging og sikkerheit og stabilitet i våre nærområde, samt arbeid for å forhindre at internasjonal terrorisme spreier seg.

• Styrkje samfunnets evne til å førebygge og handtere kriser og katastrofar.

• Prioritere styrkinga av helseberedskapen.

• Oppretthalde eit sterkt forsvar av Noreg, og forsterke nærværet i nordområda.

• Anerkjenne at sivilsamfunnet er ein helt essensiell del av Norges samfunnssikkerheit og totalforsvar. Under kriser er frivillige sin innsats uvurderleg.

Eit samfunn som er budd i møte med kriser og katastrofar Arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap må tilpassast den verda vi lever i, og take utgangspunkt i det utfordringsbildet vi står overfor. I vår tid ser vi endringar i det sikkerheitspolitiske bildet som gjev auka risiko for spionasje; ein aukande globalisering som gjer at sjukdomar kan spreiast raskare; ein teknologisk utvikling som gjev nye truslar; og klimaendringar som aukar påkjenningane frå naturhendingar. Det førebyggande arbeidet mot hendingar som trugar sentrale samfunnsinstitusjonar, vår felles sikkerheit eller den enkeltes tryggleikskjensle, vert stadig viktigare. Når krisen inntreff, må vi ha evne til å take i bruk våre samla offentlege og sivile ressursar, og vi må ha tydelege strukturer og ansvarsforhold.

• Sikre best mogleg beredskap til kvar ein tid, blant anna ved å styrkje samhandlinga mellom myndigheter og verksemder som tek vare på viktige samfunnsfunksjonar, og jamleg gjennomgå samfunnsberedskapen og den nasjonale kriseleiinga.

• Kartleggje behovet for materiell som er naudsynt for å møte ulike krisesituasjonar, og investere i naudsynt materiell for lagring.

• Ha oppdaterte nasjonale varslingssystem, slik at befolkninga får effektiv informasjon når krisen inntreff.

• Vidareutvikle «totalforsvarskonseptet», som legg vekt på sivil beredskap, krisehandtering og robuste samfunnskritiske funksjoner som ein føresetnad for Noregs samla beredskap og forsvar.

• Vidareføre samarbeidet med dei frivillige beredskapsorganisasjonane, og ha gode planar for mobilisering av frivillige under kriser og katastrofar.

• Sikre naudsynt norsk eigarskap til kritisk infrastruktur. Ved fare for uønskt utanlandsk eigarskap må staten sikre norske interesser.

• Følgje opp Korona-kommisjonens arbeid, og styrkje myndighetenes beredskap og planverk mot smittsame sjukdomar, epidemiar og pandemiar både på nasjonalt og kommunalt nivå.

• Sikre at helse- og omsorgssektoren er godt rusta til førebygging og handtering av alle typar kriser og katastrofar.

• Ha større beredskapslagre i Noreg av dei legemidlane som er mest kritiske for norske pasientar.

• Utgreie moglegheiter for produksjon av kritiske legemidlar i Noreg, eller for raskt å sette i gang slik produksjon ved krise.

• Auke grunnberedskapen i politiet ved å leggje til rette for at innsatspersonell i politidistrikta får auka moglegheit til å trene ved politiets nasjonale beredskapssenter på Taraldrud.

• Gjennomgå beredskapskapasiteten i kommunane, inkludert rollefordeling mellom brannvesen, politi og helsevesen, og fortsette samlokalisering av naudmeldingssentralane til brann- og redningsvesenet og politiet.

• Forsterke beredskapen og redningstenestene i våre nordlege havområder, blant anna ved å fase inn redningshelikopter og etablere ein ny base for redningshelikopter i Tromsø.

• Styrkje Hovedredningssentralene (hovudredningssentralane) med personell for å take vare på og vidareformidle erfaringar frå redningsaksjoner og styrkje rollen som øvingskoordinator for redningsapparatet.

• Følgje opp Nasjonal strategi for digital sikkerhet, og styrkje arbeidet mot truslar i det digitale rom, auke medviten både i offentleg og privat sektor og jobbe for å sikre offentlege institusjonar og sentrale funksjoner mot dataangrep.

• Styrkje arbeidet med klimatilpasning (klimatilpassing), førebygging og beredskap mot naturfare. Bevillingane til NVE for kartlegging og gjennomføring av flom- og skredsikringstiltak må aukast betydeleg og dagens finansieringsordning må evaluerast og endrast slik at byrden vert letta for kommunar med særleg store utfordringar.

• Sikre god samhandling mellom redningstenesta, kystvakta og andre relevante instansar for tryggleik i norske hamner og farvatn.

• Prioritere arbeidet med å sikre infrastruktur, bebygging og naturressursar mot ras, flom, skred og skogbrann.

• Arbeide for betre matvaresikkerheit, blant anna ved å leggje gode beredskapsplanar for å sikre at matvareforsyninga og matvareproduksjonen kan oppretthaldast under kriser og katastrofar, auke sjølvbergingsgraden i Noreg og sikre tilstrekkelege matvarelagre.

• Bygge opp att kornlagre, og auke insentivet for produksjon av mat hos norske bønder. I tillegg vurdere nordiske avtalar for matsikkerhet i Skandinavia.

• Arbeide for å etablere samlokaliserte naudmeldetenester og samlokaliserte vernebuingssenter etter modell av SAMLOK Nord.

• Ha eit betre samarbeid mellom politiet og forsvaret med tanke på moglege terroranslag mot Noreg. Politiets innsatsstyrkje må òg styrkjast for å vere betre rusta mot terroranslag mot Noreg.

Eit sterkt forsvar Noreg treng eit forsvar for å ta vare på det grunnleggjande og tidlause ansvaret det er å skape sikkerheit for staten, befolkninga og samfunnet. Forsvaret skal sikre nasjonal sjølvstendighet og politisk handlefridom, og bidra til å førebygge krig og konflikt i Noreg og for våre allierte, i ein verd der sikkerheitssituasjonen er i endring. Forsvaret av Norge, og innretninga av norsk sikkerhets- og forsvarspolitikk, har sidan andre verdskrig vore basert på erkjenninga av at sikkerheitsutfordringane mot Noreg overgår det Noreg vil vere i stand til å mønstre av kapasitet åleine. Samstundes skal det norske forsvaret vere i stand til å hevde norsk suverenitet.

• Fortsette med ein reell styrking av Forsvaret og sikre balanse mellom oppgåver, struktur og økonomi, samstundes som ein òg gjennomfører naudsynte effektiviseringar.

• Sikre fortsatt norsk medlemskap i NATO og bevare eit godt forhold til våre allierte i forsvarsalliansen.

• Vidareutvikle det nordiske og europeiske forsvarssamarbeidet som eit supplement til NATO.

• Behalde og styrkje dagens verneplikt, og sørgje for brei rekruttering til alle forsvarsgreiner.

• At Noreg fortsatt, saman med allierte i NATO eller i FN-regi, skal kunne bidra til internasjonale militære operasjoner som har ein klar forankring i folkeretten.

• Oppretthalde ein balansert forsvarsstruktur med velfungerande kapasitetar innanfor både Hæren, Sjøforsvaret, Luftforsvaret og Heimevernet.

• Prioritere auka kapasitet med operative einingar i alle tre forsvarsgreiner i nordområda, og vise nærvær ved å behalde militære baser, anlegg og leiingsfunksjonar i Nord-Noreg. Brigade Nord skal styrkast med ein bataljon, auka eldkraft, og skaffe nye stridsvogner. Hærens 2. bataljon skal vidareutviklast til ein ståande avdeling. Oppbygginga av Finnmark landforsvar må fortsette.

• Prioritere oppgradering og tilrettelegging for kvinner i Forsvaret, både i førstegongstenesta og for vidare teneste i forsvarsgreinene.

• Styrkje etterretning, overvaking og rekognosering for å sikre moglegheita til å respondere med riktig og tilpassa militær innsats når det er naudsynt.

• Styrkje sivilforsvarets kapasitet med omsyn til utstyr og mannskap utifrå aktuelt og framtidig risikobilde.

• Fortsette å styrkje Heimevernet, slik at det får auka kapasitet og kompetanse til å vere ein robust og fleksibel beredskapsaktør i fred, krise og krig.

• Leggje til rette for nærvær og seilingsdøgn (seglingsdøgn) for einingar i Sjøforsvaret, spesielt i nordområda.

• Ha et godt forsvar mot cyberåtak.

• Auke det sivil-militære samarbeidet for å sikre ein funksjonsdyktig og forsvarleg sanitets- og veterinærteneste i kriser og krig.

• Sørgje for gode rammeføresetnader for Forsvarets tros- og livssynskorps, slik at alt personell kan få tilbod om samtaler og utøve sitt livssyn under tenesta.

• Sikre at dei som har vore i internasjonal teneste får god oppfølging, og gje veteraner den anerkjenninga dei fortener. Personell og deira familiar skal sikrast god oppfølging før, under og etter tenesta. Sivil forsking på veteraner og deira familiar må finansierast.

• Arbeide for betre helsetilbod for skadde veteraner og ein tydeleggjering av ulike behandlingsmoglegheiter, og at det etablerast desentraliserte veteransentre med relevant kompetanse for rekreasjon. Helsetenesta sin kompetanse om veteraner må vidareutviklast.

• Styrkje veteranerane sitt rettsvern, og take bort tidsavgrensing for rett på behandling/kompensasjon.

• Arbeide for at det etablerast eit minnesmerke for krigsseilerar (krigsseglarar) i Stortinget.

• Sikre fortsatt god demokratisk kontroll med dei hemmelege tenestane.

Verdigrunnlag og ideologi

KrF bygger sin politikk på den kristendemokratiske ideologien. Vårt verdigrunnlag er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggjande menneskerettar og har sin forankring i det kristne menneskesynet, nestekjærleika og forvaltaransvaret.

KrF er eit verdiparti bygga på overtydinga om dei kristne verdiane er det beste grunnlaget for å utvikle politiske løysingar for samfunnet vårt. Samstundes må det settast klare grenser for politikkens verkeområde. Trusfridom er grunnleggjande i kristendemokratisk ideologi, og politikken skal difor aldri blande seg inn i menneskes personlege trusforhold. Målet med politisk arbeid er eit best mogleg samfunn for alle, uavhengig av tru.

KrFs grunnverdiar er det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret, fordi vi meiner dette er verdiane frå Bibelen og kristendommen som har størst relevans for politikken. Ut frå desse verdiane utleiast dei kristendemokratiske prinsippa som dannar grunnlaget for utviklinga av KrFs praktiske politikk.

Verdiforankringa i den kristendemokratiske ideologien utgjer eit alternativ til dei meir systemorienterte ideologiane på høgre- og venstresida. Ein verdiorientert ideologi med menneskeverdet i sentrum er det beste reiskapen i ei verd i stadig forandring. Verdiane våre er uforanderlege og prinsippa våre står fast over tid, men i praktisk politikk vil desse uttrykke seg på ulike måtar når samfunnet endrar seg. Dette gjev grunnlag for ein politikk som både er grunnfesta og dynamisk, og som stadig vil finne nye relevante løysingar på utfordringane vi møter i eit moderne samfunn.

Grunnverdiar

Det kristne menneskesynet Det kristne menneskesynet inneber ein forståing av mennesket som skapt i Guds bilete. Det gjev alle menneske ein unik verdi som ingen har rett til å krenke. Difor vil vern av mennesket frå unnfanging til naturleg død, alltid stå sentralt i vår politikk. Mennesket er skapt til å leve i fellesskap. Men vi er skapt forskjellege og er gjeven både stor fridom og stort ansvar.

Nestekjærleiken Den kristne nestekjærleika inneber ein radikal grunnholdning for korleis vi skal møte våre medmenneske, som òg må få konsekvensar for politikken. Nestekjærleika gjelder alle menneske, uavhengig av kven dei er og kor dei bor. Den inkluderer òg dei vi måtte oppfatte som våre fiendar, og den krev aktiv handling.

Forvaltaransvaret Mennesket har fått eit grunnleggjande ansvar for å forvalte skaparverket. Det gjelder både naturressursar, økonomiske og menneskelege ressursar. Naturen gjev oss store moglegheiter og stiller oss samstundes overfor eit stort ansvar. Godane skal fordelast rettferdig, samstundes som kloden skal overlatast til våre etterkommarar i minst like god stand som då vi fekk ansvar for han.

Kristendemokratiske prinsipp

Ut frå desse tre grunnverdiane utleiar vi prinsippa som til saman utgjer vår kristendemokratiske ideologi.

Menneskeverd Menneskeverdet er eit overgripande prinsipp i kristendemokratisk ideologi, som ligg til grunn for all vår politikk. Kvart menneske har ein uendeleg verdi og ukrenkelege rettar frå unnfanging til naturleg død, først og fremst retten til liv. Eit menneske må aldri reduserast til eit middel for å oppnå noko anna. Alle menneske er likeverdige uavhengig av alder, prestasjonar, kjønn, seksuell legning, hudfarge, tru eller andre skilnader mellom menneske. Vi er forplikta til å arbeide for likeverd, likestilling og realiseringa av menneskerettane for alle menneske.

Fellesskap Mennesket er skapt til fellesskap og utviklar og realiserer seg sjølv saman med andre menneske. Samstundes er vi meir enn berre ein del av eit kollektiv. Enkeltmenneskets verd gjer at ingen må utnyttast av andre som einast eit middel for fleirtalet eller representantar for fellesskapet. Deltaking i fellesskapet utviklar og utfordrar enkeltmennesket, men fellesskapet må òg skape rom for kvart enkelt individ og verdsette mangfaldet av menneske. Kristendemokratisk ideologi representerer difor eit alternativ til både individualisme og kollektivisme, eit alternativ som òg vert kalla personalisme.

Ekteskapet som ordning mellom mann og kvinne har djupe røter i tru og tradisjon, og familien er det mest grunnleggjande fellesskapet i samfunnet. Det er i familien dei første og nære relasjonar utviklar seg, og det er familien som har hovudansvaret for barna og deira oppseding. Det er difor viktig at samfunnet legg til rette for at familien har fridom til å fylle og utvikle sin rolle.

Menneske søkjer òg fellesskap gjennom frivillige organisasjonar, lag, foreiningar, arbeidsfellesskap, bedrifter og forsamlingar. Fellesskapa bidreg til engasjement og utfører ein uvurderleg samfunnsinnsats, som ikkje utan vidare kan eller bør ivaretakast av staten. Saman bidreg dei til å bygge eit velferdssamfunn, ikkje berre ein velferdsstat.

Tru er ein viktig del av det å vere menneske. Religionsutøving har ein naturleg plass i det offentlege rom, og det må leggjast til rette for at menneske skal få utøve sin tro i ulike trussamfunn, forsamlingar og trusfellesskap, og tilsvarande for andre livssyn.

Mennesket har òg kulturelle behov som dekkast gjennom ulike fellesskap. Eit aktivt kulturliv legg grunnlaget for eit samfunn prega av tryggleik, identitet og livskvalitet.

Mangfald Alle menneske er skapt forskjellege, med stor fridom til å velje korleis vi vil leve våre liv. Kristendemokratiet ser på forskjellighet og mangfald som positivt og velkoment. Alle har rett til religionsfridom og kan ikkje påtvingast ein tru på tvers av deira vilje. Alle menneske skal vere likeverdige deltakarar i samfunnet og gjevast moglegheit til å bidra med sine evner og eigenskaper. Vi ønsker eit samfunn prega av ulike menneske, utan at staten eller andre griper inn med einsretting eller avgrensing av mangfaldet.

Folkestyre Vi menneske er ufullkomne, med evne til å gjere både gode og dårlege val. Det finnes difor ingen fullkommen politikk. Det vil alltid vere mogleg å endre samfunnet til det betre. Vi er på vakt mot å samle for mye makt på få hender. Demokratiet er den styreforma som gjev best beskytting mot maktovergrep.

Solidaritet Nestekjærleika og menneskeverdet tilseier ein solidaritet som er meir radikal enn den som kjem frå rettferdsomsyn åleine. Kristendemokratisk solidaritet omhandlar ein vilje til å verne alle menneskes liv, fridom og vørdnad. Alle skal regnast med i fellesskapet, uavhengig av geografisk avstand og på tvers av generasjoner. Vi er forplikta til å stå opp for sårbare og undertrykte menneske og til å streve etter sosial rettferd.

Subsidiaritet Enkeltmenneske og dei naturlege fellesskapa i samfunnet er frie og har i utgangspunktet sjølv ansvaret for å løyse sine utfordringar. Subsidiaritetsprinsippet, ofte kalla nærleiksprinsippet, seier at avgjerder i samfunnet må takast på lågast mogleg hensiktsmessige nivå. Bevisbyrda ligg alltid på dei som vil løfte avgjerdsmynde opp på et høgare nivå. Subsidiaritetsprinsippet må likevel sjåast i samanheng med solidaritetsprinsippet. Det kan vere naudsynt å løfte ein avgjerd til eit høgare nivå, i solidaritet med menneske som elles ville rammast. Subsidiaritetsprinsippet inneber at staten skal opptre som eit subsidium eller eit substitutt for dei naturlege fellesskapa. Det er berre når dei naturlege fellesskapa ikkje fungerer optimalt at staten skal tre inn, og då med mål om å få dei naturlege fellesskapa til å fungere optimalt att for så å trekkje seg ut. Der det ikkje er føremålstenleg at ei oppgåve løysast av den enkelte, familien eller frivillige åleine, må kommunen tre inn. Der det ikkje er føremålstenleg at kommunen løyser oppgåva, må fylket eller staten løyse dei. På same måte treng vi forpliktande internasjonalt samarbeid der det ikkje er føremålstenleg at statar åleine løyser ein utfordring.

Rettferdig fordeling Verdas totale ressursar er avgrensa, og innanfor ramma av ein berekraftig utvikling er det grenser for kor stort ressursforbruket kan vere. Kvart enkelt menneske bør i utgangspunktet ha moglegheit til å få sin rettferdige del av desse ressursane. Vi har eit ansvar for å arbeide for ein meir rettferdig fordeling i verda. Vi ønskjer òg å motarbeide store økonomiske skilnadar mellom fattige og rike i vårt eige samfunn.

Generasjonsansvar Kvar generasjon har ansvar for å forvalte jorda og alle hennar ressursar på ein måte som tek vare på dagens behov, samstundes som vi legg grunnlaget for at komande generasjonar skal få moglegheit til å dekke sine. Vi må leggje til rette for ein verdiskaping som gjev komande generasjonar noko å leve av og noko å leve for. Økonomisk vekst kan likevel ikkje vere eit mål i seg sjølv. Einsidige økonomiske omsyn kan ikkje gå på kostnad av økologisk, sosial og kulturell utvikling. I forvaltninga av ressursane må langsiktig tenking ha forkjørsrett. Generasjonsansvaret inneber òg at vi er satt til å take vare på og foredle det beste i vårt samfunns kulturarv, og overrekke desse verdiane til våre etterkommarar. Generasjonsansvaret er ikkje berre tilbakeskodande. Verdiar skal ikkje takast vare på berre fordi dei er ein del av kulturarven, dei må òg vere gode verdiar å bygge eit samfunn på. Manglar kulturarven viktige verdiar, er det viktig for ein kristendemokrat å få dei inn i samfunnet, fordi dei er gode verdiar. KrF meiner at det er særleg viktig å løfte fram den kristne kulturarven.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10451. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.