Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Program · 2021 · nynorsk

Arbeiderpartiet. Partiprogram 2021 - 2025. Dei store oppgåvene løyser me best saman

Arbeiderpartiet · 46 457 ord

Dei store oppgåvene løyser vi best saman.

PARTIPROGRAM 2021-2025

Vedtatt av Arbeiderpartiets landsmøte - april 2021

Innhald:

Dei store oppgåvene løyser vi best saman Dei grunnleggjande verdiane våre: Fridom, likskap og solidaritet

Del 1: Arbeid

Økonomi: Trygg økonomisk styring Næring: Arbeid og verdiskaping Arbeidsliv: Eit godt arbeidsliv for alle Trygg og klimavenleg transport i heile landet Digitalisering: Tilgjengelighet for alle

Del 2: Velferd

Ein god oppvekst varer heile livet Barnehage, skule og utdanning: Ein god offentleg skule og lik rett til utdanning Helse og omsorg: God helse og livskvalitet for alle Eldre: Sjef i eige liv Justis og beredskap: Tryggleik og nærleik Barnevern: Fellesskapet sitt ansvar til det beste for barna Pensjon: Rettferdig trygd og ein god pensjon å leve av

Del 3: Klima og miljø

Klima og natur: Ramma rundt all annan politikk Sirkulærøkonomi: Dele for å skape Kutte utslepp og ta vare på naturen der vi bur Natur: Ta vare på naturen for velferda i framtida Rovdyr: Ei berekraftig rovdyrforvaltning

Del 4: Folk og samfunn

Distriktspolitikk: Optimisme i heile landet Det gode liv i storbyen Nordområda: Ein ny giv Tru og livssyn: Eit livssynsope samfunn med respekt for alle Bustad: Trygg bustad for alle Kultur: Ein kultur å leve av og for Medium: Ein føresetnad for ytringsfridom og demokrati Idrett: Idrettsanlegg og friluftsliv i heile landet Frivillig innsats: Ein sterk frivillig sektor som står på eigne bein. Likestilling, inkludering og antirasisme: Eit likestilt samfunn er eit fritt samfunn Familie: Gode universelle ordningar for alle familiar Urfolk og nasjonale minoritetar Integrering: Stille opp og stille krav Innvandring: Ein meir rettferdig innvandringspolitikk

Del 5: Verda

Utanriks: Ei tryggare, meir rettferdig og grønare verd Forsvar: Vårt felles forsvar

Dei store oppgåvene løyser vi best saman.

Vi får til meir saman enn kvar for oss. Vegen Noreg har gått frå fattig samfunn til eit rikt land handlar aller mest om eit sterkt fellesskap og om å få til noko saman.

Koronakrisa har nok ein gong vist oss verdien av fellesskapet vårt, ei sterk offentleg helseteneste og eit organisert arbeidsliv. Høg tillit og sterk solidaritet mellom menneske er Noreg på sitt aller beste.

Over tiår har vi bygd opp ein sosialdemokratisk samfunnsmodell i Noreg tufta på fridom, likskap og solidaritet. Denne må vi no forsvare – og byggje vidare på. Berre slik kan vi møte dei store oppgåvene som ventar oss på 2020-talet.

Fleire hundre tusen nordmenn skal tilbake i arbeid. Velferdsstaten skal femne alle: sikre ein god skule, helsetenester i verdsklasse og ei raus omsorg for våre eldste, uansett kven du er, og kor du bur. Vi skal bidra til å redde verda frå klima- og naturkrisa på ein måte som reduserer forskjellane og skapar arbeidsplassar i Noreg. Og vi skal ta kvardagen tilbake når koronakrisa endeleg er over og vi kan leve som normalt igjen.

No treng vi den sosialdemokratiske samfunnsmodellen meir enn på lenge. Vi treng eit fellesskap som tek større ansvar – for verdiskaping og arbeidsplassar og for vår felles velferdsstat. Vi treng eit nytt fleirtal som veit at klimakrisa ikkje kan løysast av kvar enkelt eller av marknaden åleine. Vi treng eit sterkt sosialdemokratisk parti som står klippefast på EØS-avtalen og norsk medlemskap i NATO.

Vi får til meir saman enn kvar for oss.

Vårt første løfte til deg som veljar er at Arbeidarpartiet vil sørge for trygt arbeid til alle. Det er jobb nummer éin.

Vi er rike på naturressursar, på fisk, skog, hav, mineral og rein energi, og vi har verdas beste arbeidarar. Noreg er landet for moglegheiter, men vi er også eit lite land. Det er i fellesskap vi er

sterkast. Den norske modellen byggjer derfor på eit tett samarbeid mellom staten, næringslivet og fagrørsla.

Vi vil at bedriftene igjen skal møte ein aktiv stat som bidrar meir – og som krev meir tilbake. Vi treng ein stat som trår til med kapital, stør opp om ny teknologi og brukar eigarskap og offentlege innkjøp til å skape arbeidsplassar og nå viktige samfunnsmål.

Vi treng ein stat som stiller krav til næringslivet. Meir av naturressursane våre skal foredlast og gi arbeidsplassar her heime. Utsleppa av klimagassar skal ned. Det organiserte arbeidslivet skal styrkast: Utan det overlever ikkje samfunnsmodellen vår. Saman med ei sterk fagrørsle vil vi kjempe mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, avgrense leige av arbeidskraft, sørge for at fleire kan jobbe på heiltid i faste stillingar, og satse på livslang læring og kompetanse.

Alle som kan og vil jobbe, fortener moglegheita til det. Vi må skape fleire arbeidsplassar, og det må bli lettare å kome inn i arbeidslivet. Det skal bli lettare å kombinere trygd og arbeid, og unge menneske skal vite at dei ikkje står åleine, at dei har fellesskapet i ryggen. Det startar i ein skule med nok kvalifiserte lærarar og der alle barn kan utvikle sine evner og moglegheiter.

Det andre løftet vi gir, er å gjere den felles velferdsstaten vår sterkare. Han skal omfatte alle, uavhengig av kven du er, og kor du bur. Ingen unge skal falle utanfor, og alle eldre skal vere trygge.

Skal vi greie det må vi styrke fellesskapet si helse- og omsorgsteneste og seie nei til privatisering og auka klasseskilje.

I dei felles sjukehusa våre skal vanlege folk få den beste behandlinga, det beste utstyret og dei beste fagfolka, nærmast mogleg der folk bur. Politiet, ambulansen og brannvesenet må kome når det verkeleg hastar, og alle distriktskommunar skal få jordmor i full stilling. Etter koronakrisa treng vi eit krafttak for å hjelpe menneske som slit med psykiske helseplager og lidingar.

Eldre er ulike og alderdommen har ulike fasar, men alle eldre fortener å vere sjef i eige liv. Mange eldre vil delta og har mykje å bidra med. Samfunnet må leggje betre til rette for aktive eldre. Vi vil satse på dagtilbod og kultur som gir livsglede og fellesskap. Vi vil sørge for bustader som er tilrettelagde. Vi vil sørge for fleire tilsette med betre tid i heimetenesta slik at eldre får den hjelpa akkurat dei har behov for. Eldreomsorga skal ikkje stykkast opp og setjast ut på anbod.

I heile velferdsstaten skal dei tilsette få bruke meir tid på innbyggarane og mindre tid på papirarbeid og feilslått målstyring. Under koronakrisa har arbeidsfolk i eldreomsorga, i skulen, i politiet, på sjukehusa, verkeleg vist at dei fortener betre. Meir tillit til dei tilsette blir ei av dei viktigaste reformene av velferdsstaten i neste stortingsperiode.

Det tredje løftet er at vi skal nå klimamåla Noreg har sett seg.

Vi treng ein rettferdig klimapolitikk som kuttar utslepp og skapar jobbar, og som ikkje rammar dei svakaste i samfunnet. Natur- og klimapolitikk må bli ei ramme rundt all annan politikk.

I den økonomiske politikken inkludert skatteog avgiftspolitikken, i transportsektoren, i energipolitikken, i utanriks- og utviklingspolitikken og på mange andre område set vi klima og natur høgare på dagsordenen enn nokon gong. Musklane til fellesskapet skal brukast til å kutte utslepp og ta vare på natur overalt i samfunnet vårt.

I framtida vil dei tryggaste arbeidsplassane vere natur- og klimavenlege.

Noreg har dei beste føresetnadene for å byggje ny, klimavenleg industri basert på rein, norsk energi. Fagfolka våre kan utvikle nye, gode jobbar og klimaløysingane verda treng, til dømes

innan karbonfangst og -lagring, hydrogen, havvind, grøn skipsfart og batteriteknologi. Vi skal gjere norsk sokkel utsleppsfri. Noreg skal bli eit utstillingsvindauge for nye, utsleppsfrie transportformer.

Noreg har menneska, økonomien og kompetansen vi treng for å møte klimakrisa, og Arbeidarpartiet er garantisten for ein klimapolitikk der arbeidsplassar står i sentrum, og der alle bidrar etter evne.

Dei siste åra har forskjellane i landet vårt auka: mellom rik og fattig, mellom by og land. Koronakrisa har gjort vondt verre for mange. Mange står utan jobb, og mange sårbare grupper har stått utan hjelp gjennom ei lang og krevjande tid.

No treng vi sterkare fellesskap.

Vi lovar å gjere arbeid til alle til jobb nummer éin. Vi lovar å gjere velferdsstaten sterkare, og vi vil bruke dei store pengane på det som gjer kvardagen tryggare og samfunnet meir rettferdig.

Etter åtte år med auka forskjellar er no turen komen til vanlege folk.

Valet er ditt.

Stem Arbeidarpartiet.

Dei grunnleggjande verdiane våre:

Fridom, likskap og solidaritet

Arbeidarpartiet er eit sosialdemokratisk parti bygd på verdiane fridom, likskap og solidaritet. Arbeidarrørsla vaks fram i eit klassesamfunn med nød, fattigdom og avgrensa demokrati. Rørsla vår vart til fordi det var nødvendig, og i kamp mot manglande rettferd. Vi forstod at saman blir vi sterkare. Ut av det vaks trua vår på fellesskapet og dei grunnleggjande verdiane sosialdemokratiet er tufta på. Desse verdiane har vore og er den politiske grunnmuren for politikken til Arbeidarpartiet:

Fridom Store økonomiske forskjellar og manglande rettferd gir ufridom. Eit trygt og organisert arbeidsliv og rett til velferdsgode som utdanning, helsetenester og pensjon for alle er avgjerande for å sikre reell fridom for alle. Ingen skal bli forfølgde for sine meiningar eller diskriminerte. Alle skal kunne leve liva sine i fridom, uavhengig av kven dei er, og kor dei bur.

Likskap Menneske er ulike, men alle har same verdi. Alle skal ha like moglegheiter til å delta i samfunnslivet og bli ein del av inkluderande fellesskap. Likskap føreset sosial rettferd, jambyrde og høve til å bruke eigne evner for å leve eit godt liv. Politikken skal innrettast slik at dei sosiale og økonomiske forskjellane blir minst moglege. Makt og moglegheiter skal fordelast rettferdig.

Solidaritet Solidaritet i tanke og handling betyr å ta vare på kvarandre. Ingen skal falle utanfor, ingen skal bli hengande etter, det er eit sams ansvar. Solidaritet kjenner inga grenser mellom land, klassar eller generasjonar. Solidaritet skapar fred, tar opp kampen mot fattigdom og må til for å sikre at kloden overlever.

Saman med fagrørsla har Arbeidarpartiet i over 130 år kjempa for eit rettferdig og solidarisk samfunn med fridom og likeverd for alle. Samfunnsmodellen vår, med eit organisert arbeidsliv, ein sterk velferdsstat, små forskjellar og busetjing i heile landet, har gitt menneske større fridom og moglegheiter i eige liv. Eit trygt

arbeidsliv og eit samfunn med små sosiale og økonomiske forskjellar, har skapt tillit mellom folk.

No er dette samfunnet og verdiane våre under press. Dei økonomiske, sosiale og geografiske forskjellane aukar i Noreg og i verda. Klimaendringar og tap av natur trugar livsgrunnlaget vårt og eksistensen vår.

Ein viktig del av arven til arbeidarrørsla er likevel medvitet om at menneska sjølv skapar si eiga historie. Vi veit at politikk nyttar. Samfunnsutviklinga kan styrast.

Å kjempe for fridom, likskap og solidaritet i vår tid betyr:

Trygt arbeid til alle Trygge jobbar og ei løn det går an å leve av, er avgjerande for fridomen til den enkelte og for fellesskapet. Vi lever av arbeidet til kvarandre i Noreg. Retten til arbeid og retten til å yte er grunnleggjande. Arbeid til alle er derfor den viktigaste prioriteringa vår. Det er arbeidsløyse som kostar, både for samfunnet og den enkelte. For Arbeidarpartiet er inga oppgåve viktigare enn å få heile folket i arbeid.

Eit rettferdig økonomisk system Folkestyret må regulere og styre marknaden. Marknadskreftene tar ikkje omsyn til dei viktigaste verdiane i eit godt samfunn for alle. Arbeidarpartiet står for ein styrt blandingsøkonomi der arbeid blir verdsett og marknaden er regulert, der eigarskapen til naturressursane tilhøyrer fellesskapet, og der det er maktbalanse mellom arbeidstakarane og arbeidsgivarane.

Ein offentleg velferdsstat for alle Universelle velferdsordningar skapar tryggleik. Dei gir folk fridom til å greie seg sjølve og nødvendig hjelp til dei som treng det. Velferdsstaten er ein kontrakt der vi alle bidrar etter evne og får etter behov. Ordningane til velferdsstaten skal vere universelle og omfatte alle, uavhengig av bakgrunn eller bustad. Ein sterk velferdsstat er eit viktig konkurransefortrinn for landet og for norsk næringsliv.

Ei sterk fagrørsle Det var fagrørsler som stifta Arbeidarpartiet i

1887. Vi er partiet til det organiserte arbeidslivet. Fagrørsla er ei avgjerande samfunnskraft for demokrati og likeverd og for å sikre meir rettferdig fordeling av makt og moglegheiter. Fagorganisering, landsomfattande tariffavtalar og eit sterkt trepartssamarbeid er føresetnader for eit trygt arbeidsliv. Arbeidarpartiet vil styrke fagrørslene og rolla til dei tillitsvalde i arbeidslivet.

Natur og klima som ramme rundt all politikk Jorda må bli gitt vidare til neste generasjon i betre stand enn ho var då vi fekk henne overlevert. Produksjon og forbruk av varer og tenester må skje på ein måte som er meir rettferdig og berekraftig. Omsynet til naturen og ressursane til jorda må vere ramma rundt all annan politikk. Alle skal få høve til å ta klimavenlege val. Dette er kontrakten vår med komande generasjonar.

Naturressursar som tilhøyrer fellesskapet Noreg er rikt på naturressursar. Desse ressursane tilhøyrer folket og fellesskapet. Difor må verdiskapinga kome alle til gode. Forvaltninga av ressursane til fellesskapet må vere underlagd folkevald styring. Naturen skal vere for alle.

By og land, hand i hand Eit samfunn med arbeid, busetjing og eit godt velferdstilbod over heile landet er fundamentalt for eit sterkt fellesskap og vår felles identitet. For å bruke fortrinna naturressursane våre gir oss, må det også bu og arbeide folk i heile landet. Difor svekkjer sentralisering heile Noreg. Sterke byar er bra for bygdene, og sterke bygdesamfunn er bra for byane: by og land, hand i hand.

Antirasisme og humanisme Samfunnet skal vere trygt og gi moglegheiter for alle, uavhengig av kjønn, hudfarge, tru, funksjonsevne og seksuell orientering. Vi vil aldri godta diskriminering, hets og trugsmål mot enkeltmenneske eller grupper. Den einaste

måten å hindre undertrykking av minoritetar på, er at majoriteten ikkje godtar undertrykkinga. Urfolk og nasjonale minoritetar har ei særstilling i Noreg.

Internasjonal solidaritet Arbeidarrørsla er internasjonal. Noreg skal bidra til sterke internasjonale organisasjonar og ein verdsorden basert på folkeretten og menneskerettar. Noreg har eit ansvar for å ta imot menneske på flukt som har rett til vår verjing og vår hjelp. Solidariteten vår stoppar ikkje ved eiga landegrense.

Arbeid.

Økonomi:

Trygg økonomisk styring

I Noreg lever vi ikkje av andre sitt arbeid, vi lever av kvarandre sitt arbeid. Evna vår til å finansiere det norske velferdssystemet avhenger av kor godt vi lykkast med å skape nye arbeidsplassar og inkludere fleire i arbeidslivet i åra som kjem. Det viktigaste målet med Arbeidarpartiet sin økonomiske politikk er derfor å leggje grunnlaget for auka sysselsetjing og verdiskaping i heile landet. Den økonomiske politikken skal også stø opp om Noreg sine klima- og naturmål og bidra til reduserte økonomiske forskjellar og ei meir rettferdig fordeling av samfunnet sine ressursar. Vi vil byggje på FN sine 17 mål om meir sosial, økonomisk og miljømessig berekraft i alle vedtaka våre.

Velferdsstaten er eit spleiselag, der vi yter etter evne og får etter behov. Skattar og avgifter betalar for vår felles velferd, og dei skal vere rettferdig fordelte. Skattesystemet må vere mest mogleg føreseieleg og stå seg gjennom skiftande økonomiske tider. Eit breitt og solid skatte- og avgiftsgrunnlag gir moglegheit for lågare satsar.

Det siste tiåret har sysselsetjinga i Noreg falle. Arbeidsløysa etter koronakrisa kan bite seg fast på eit høgt nivå, og den norske handelsbalansen er svekt. Dei med store formuar har fått meir, samtidig som mange pensjonistar og arbeidstakarar med låge løner har fått mindre å betale rekningane sine med.

Arbeidarpartiet vil bruke musklane til fellesskapet på det som får fleire i arbeid og gir auka velferd for alle. Den norske arbeidslivsmodellen, som har gitt små lønsforskjellar og høg sysselsetjing og verdiskaping, må styrkast. Slik kan vi skape nye arbeidsplassar i heile landet. Omstillinga av norsk økonomi for å nå klima- og miljømåla vil vere omfattande. Nye, berekraftige næringar og arbeidsplassar må skapast, og fellesskapet må bidra for å løyse desse utfordringane. Klimarisikoen skal reduserast,

og skatte- og avgiftssystemet skal bli meir omfordelande. Eit sterkare internasjonalt samarbeid må til for å sikre at fleirnasjonale selskap betalar ein rettmessig skatt.

• Bruke finanspolitikken aktivt til å sørge for høg sysselsetjing, auka verdiskaping, reduserte økonomiske forskjellar og nødvendig omstilling.

• Sørge for ein sterk og føreseieleg kommuneøkonomi for å sikre vår felles velferd og vekst og busetjing i heile landet.

• Følgje handlingsregelen for ei forsvarleg innfasing av oljepengar i norsk økonomi og sikre at alle utgifter er del av ein open og heilskapleg budsjettprosess.

• Utgreie ytterlegare rammer for innfasinga av oljepengar for å unngå at svingande kronekurs og fondsverdiar gjer det vanskeleg med ei jamn innfasing av oljepengar.

• Sikre bedriftene god tilgang til sine viktigaste marknader gjennom EØS- avtalen.

• Sørge for ein meir produktiv offentleg sektor ved å gjennomføre ei tillitsreform og eit taktskifte i digitaliseringa av offentleg sektor.

• Kutte i konsulentbruk ved å utvikle eigen kompetanse og styre store offentlege IKT- prosjekt med lågare kostnader og betre involvering av brukarar og tilsette.

• Sørge for betre kostnadskontroll i offentleg sektor på område med rask kostnadsvekt, mellom anna i samferdslesektoren

• Fjerne ordninga med ABE-kutt og erstatte henne med målretta prosessar og effektivitetsmål.

Del 1:

• Føre ein føreseieleg og ansvarleg skattepolitikk som gir auka sysselsetjing, meir rettferdig fordeling, tar betre omsyn til klima og natur, og gir betre langsiktig berekraft for velferdsstaten.

• Gi vanlege folk i Noreg betre økonomi gjennom ein meir omfordelande inntektsskatt.

• Styrke den norske arbeidslivsmodellen ved å doble fagrørslefrådraget.

• Sørge for ein meir rettferdig formuesskatt

– det skal meir til for å betale henne, men dei rikaste skal betale noko meir.

• Auke pendlarfrådraget.

• At staten ikkje skal kompensere dei kommunane som vel å nedjustere satsen i formuesskatten.

• Sørge for at avgiftssystemet bidrar til ei klimaomstilling som er effektiv og rettferdig.

• Føre ein føreseieleg og ansvarleg skattepolitikk overfor næringslivet.

• Sikre lokalsamfunn påverknad over eigne naturressursar som blir stilte til rådvelde for verdiskaping, og at lokalsamfunn og fellesskapet får ein rettferdig del av verdiane.

• Kjempe mot arbeidslivskriminalitet og svart økonomi, mellom anna ved å styrke Økokrim, Skatteetaten og Arbeidstilsynet.

• Verne selskapsskattegrunnlaget betre, hindre monopoldanningar og sørge for at fleirnasjonale selskap betalar riktig skatt til Noreg, også for bruken av kollektive gode.

• Sørge for meir openheit om skatt, selskapsstrukturar og eigartilhøve.

• Bruke staten sin eigarskap og Statens pensjonsfond utland for å fremje god skatteetikk.

• Utgreie korleis digitale tenester kan skattleggjast i landet der tenesta blir levert, og ikkje i opphavslandet til selskapet som leverer tenesta.

• At Noreg intensiverer det internasjonale arbeidet for rett skattlegging av multinasjonale selskap og gjennomfører nasjonale tiltak ved utilstrekkeleg framgang i dette arbeidet.

Gjennomføringsgraden av programmet vil avhenge av den økonomiske utviklinga og handlingsrommet på statsbudsjettet.

Statens pensjonsfond utland

Statens pensjonsfond utland (SPU) er sparekontoen til det norske folket. Forvaltninga av fondet skal ha brei legitimitet og vere i tråd med interessene og verdiane til det norske folket og dei etiske retningslinjene for fondet. Forvaltninga skal byggje på økonomisk ansvarsevne, openheit og ein lang horisont, og skal sikre menneskerettar og berekraftig utvikling.

• Halde fast på målsetjinga om høgast mogleg avkasting innanfor moderat risiko.

• Gjere SPU til det leiande pensjonsfondet i verda innan ansvarleg forvaltning, handtering av klima- og naturrisiko og investeringar i selskap som er lønsame i ei verd som lykkast i klimapolitikken.

• Sørge for ei meir heilskapleg politisk styring av den ansvarlege forvaltninga.

• Skjerpe reglane for kva tid SPU skal trekkje seg ut av selskap, særleg selskap som bryt menneskerettar, ILO-konvensjonar for arbeidstakarrettar, øydelegg natur eller står for uakseptable utslepp av klimagassar.

• Opne for at SPU kan investere meir i infrastruktur for fornybar energi og annan klimateknologi innanfor målsetjinga om høgast mogleg avkastning til moderat risiko.

Næring: Arbeid og verdiskaping

Arbeid til alle er jobb nummer éin. Skal vi lykkast med det, må vi utvikle eksisterande arbeidsplassar og samtidig leggje grunnlaget for nytt næringsliv og ny industri i heile landet.

Dei komande åra treng vi fleire hundre tusen nye arbeidsplassar for å få heile folket i arbeid. Eksporten av varer og tenester har falle betydeleg dei siste åra. Eksisterande eksportnæringar må utviklast vidare, og Noreg treng nye store eksportverksemder.

Næringspolitikken skal bidra til å løyse dei store utfordringane i samfunnet. Norsk økonomi skal omstillast, og vi skal reise oss etter koronakrisa. Det vil krevje politisk leiarskap og eit tett samarbeid mellom staten, kommunane, fagrørsla og næringslivet.

Den norske samfunnsmodellen har vist at han kan sikre høg verdiskaping og trygge arbeidsplassar i heile landet. Han er også ein modell for framtida. Partane i arbeidslivet må få eit større ansvar, og Arbeidarpartiet ønskjer eit forsterka og meir avansert trepartssamarbeid. Samarbeidet må bli tettare, meir forpliktande og strategisk. Det må også utvidast til nye område, som ein ambisiøs eksportstrategi for Noreg og satsing på nye eksportnæringar som karbonfangst- og lagring, hydrogen, havvind, batteriteknologi og grøn skipsfart. Det krev tett samarbeid, felles retning og betre tilrettelegging.

Næringspolitikken skal brukast aktivt. Støtte til ny teknologi og risikokapital til bedrifter som går inn i umogne marknader, er den typen hjelp det offentlege må bidra meir med. Gjennom gjensidig forpliktande klimapartnarskap med særleg utsette bedrifter skal fellesskapet bidra med støtte til omlegging og teknologiskifte til lågutsleppsløysingar. Vi vil leggje til rette for meir industri i Noreg og gi norsk industri ein større plass i norsk arbeids- og næringsliv. Noreg har mange fortrinn som gjer dette mogleg, mellom anna rik tilgang på naturressursar, høg kompetanse og den norske arbeidslivsmodellen.

Næringslivet skal ha gode og føreseielege rammevilkår. Det skal vere enkelt og ubyråkratisk å starte næringsverksemd i Noreg, og det må leggjast betre til rette for at tilsette i oppstartsbedrifter kan bli eigarar i eiga verksemd. Noreg er mangfaldig, og dei ulike regionane har ulike fortrinn og moglegheiter. Fylka kan drive aktiv næringspolitikk med utgangspunkt i regionale tilhøve og kunnskap, men viktige verktøy som regionale utviklingsmidlar har dei siste åtte åra blitt kraftig reduserte. Arbeidarpartiet vil la fylka få større fridom og reell moglegheit til å utvikle arbeidsplassar saman med regionale bedrifter.

Fellesskapet skal også stille strengare krav til bedriftene. Krava skal sikre arbeidsplassar, berekraft og norske løns- og arbeidsvilkår. Naturressursane våre skal foredlast og gi arbeidsplassar i heile landet. Det seriøse næringslivet skal ikkje svekkast av useriøse aktørar. Offentlege anbod skal berre gå til aktørar som respekterer norske lover og reglar.

I tett samarbeid med partane i arbeidslivet treng vi ei storstilt satsing på utdanning, forsking og kompetanse: Vi vil trenge fleire lærlingar og fagarbeidarar, fleire som tar etterog vidareutdanning, og ei sterkare satsing på høgare yrkesfagleg utdanning og forsking.

Ein sterk statleg eigarskap er ein styrke for verdiskaping og jobbskaping. Viktige statseigde bedrifter skal behalde ei sterk forankring i Noreg. Vi vil utvikle og forsterke den statlege eigarskapen. Staten bør i større grad gå i partnarskap med private eigarar for å sikre langsiktig industrielt eigarskap og kapital, slik at vi utviklar selskap med stort potensial i Noreg. Det må visast større moderasjon i løner for leiarar i selskap der staten er eigar. Det er ein føresetnad for å sikre tillit til den norske arbeidslivsmodellen.

Ny digital teknologi endrar arbeidslivet vårt og gir moglegheiter for nye næringar til å vekse fram. I framtida er dei tryggaste arbeidsplassane dei som er berekraftige og raskt tar i bruk ny teknologi. Offentleg sektor skal vere ein partnar for selskap som kan levere nye digitale løysingar. Tilsette skal vere trygge på at dei får utvikle seg og lære i takt med nye krav.

Koronakrisa har skapt store utfordringar, og mange bedrifter måtte stengje over natta. Reiselivs-, kultur-, transport- og servicesektoren er særleg utsette. Fellesskapet må stille opp og bidra til at bedrifter står klare til å ta opp igjen drift når pandemien er over, slik at viktige næringar overlever og utviklar seg vidare.

• Sikre norske bedrifter gode og føreseielege rammevilkår ved å halde orden i norsk økonomi, føre ein ansvarleg skattepolitikk og stå opp for EØS-avtalen.

• Fornye og forsterke trepartssamarbeidet og gi det betydeleg større samfunnsoppgåver og -ansvar innanfor område som kompetanseutvikling, berekraft og auka eksport.

• Auke norsk eksport utanom olje og gass med 50 prosent innan 2030. Målet skal eigast av partane i arbeidslivet og bli nådd mellom anna gjennom:

- bransjevise avtalar mellom næringsliv, fagrørsle og styresmakter som forpliktar til å satse der eksportpotensialet er størst.

- industrielle partnarskap på styresmaktsog bransjenivå med andre land og EU.

- forenkling av verkemiddelapparatet som må bli enklare og lettare tilgjengeleg.

- at eksportfremjing blir ei kjerneoppgåve i utanrikstenesta og statsforvaltninga.

• Stille auka krav til bedrifter i tråd med samfunnskontrakten mellom staten, kommunane og næringslivet når det gjeld berekraft, løns- og arbeidsvilkår, innovasjon, lokale ringverknader og eit inkluderande arbeidsliv.

• Endre reglane for offentlege anskaffingar slik at dei stør viktige samfunnsmål som berekraft, løns- og arbeidsvilkår, innovasjon og lokale ringverknader. Det skal gjerast enklare for små bedrifter å delta i anbod.

• Behalde ein sterk statleg eigarskap for å sikre at fellesskapet eig naturressursar, infrastruktur, felles data og bedrifter som er kritiske for å bevare kompetanse i Noreg.

• Opne for at staten etablerer eller kjøper seg inn i selskap der det er av stor strategisk interesse for Noreg.

• Utøve den statlege eigarskapen meir aktivt for å fremje fellesskapet sine interesser knytte til klima og berekraft, løns- og arbeidsvilkår, lokale ringverknader, læreplassar, kamp mot sosial dumping og moderasjon i leiarløner.

• Betre reglane for opsjonsskatting slik at fleire tilsette tar del i verdiskapinga i oppstarts- og vekstbedrifter.

• Vurdere krav om at selskap måler og er opne om klima- og miljøfotavtrykket og relaterte risikovurderingar, minst på linje med eksisterande krav i EU.

Det berekraftige arbeidslivet: ei sirkulær, berekraftig og fornybar framtid

Det grøne skiftet endrar rammevilkåra for heile det norske næringslivet. Allereie ser vi at dei internasjonale marknadene vi leverer til, etterspør varer og tenester med null- eller lågutslepp. Dette skapar store moglegheiter for auka eksport for Noreg på område som energi, mineral, mat, batteriteknologi, transport og grøn og blå bioøkonomi. Arbeidarpartiet vil satse på eit meir klimavenleg og berekraftig næringsliv og avgrense klimarisikoen for norsk økonomi. Ein rask og vellukka overgang til eit berekraftig næringsliv vil trygge arbeidsplassar og krevje at styresmakter, fagrørsle og næringsliv utviklar eit endå sterkare samarbeid.

Mange av klimaløysingane ligg i industrien. Olje- og gassindustrien, maritim industri og leverandørindustrien byggjer no det neste energieventyret i Noreg. Karbonfangst og -lagring, hydrogen, havvind, batteriteknologi, bioøkonomi og grøn skipsfart er industrien sine klimaløysingar og kan bli nye store næringar for Noreg. Noreg er også ein viktig aktør innanfor bioenergi og fôrproduksjon og har store moglegheiter for å auke verdskapinga basert på bioressursane våre frå hav, jord og skog.

• Auke støtta til satsingar som karbonfangst og -lagring, havvind, hydrogen, batteriteknologi og grøn skipsfart, mellom anna ved å gjennomføre ei skattereform slik at det blir meir attraktivt å investere i klimavenlege næringar.

• Starte fullskala-prosjekt for karbonfangst og -lagring både i sementproduksjonen i Brevik og i avfallsforbrenninga på Klemetsrud. Staten skal i tillegg medfinansiere eit transportanlegg med skip og lagringsanlegg i Øygarden og brønnar i Nordsjøen.

• Satse på blå og grøn hydrogen som ei ny stor eksportnæring for Noreg (sjå detaljar i kapitlet «Fornybar energi»).

• Gjennomføre eit forskingsløft for klima og omstilling der næringslivet er tett involverte (sjå detaljar i kapitlet «Forsking for omstilling og klima»).

• Forplikte og støtte norske bedrifter til å resirkulere og gjenbruke meir av ressursar (sjå detaljar i kapitlet «Sirkulærøkonomi»).

• Satse på næringsutvikling knytt til klimavenleg transport på område som tungtransport og skipsfart (sjå detaljar i kapitlet «Ein klimavenleg transportsektor»).

• Satse på grøn næringsutvikling som sikrar berekraftig utvikling, utsleppskutt og mindre naturavtrykk i alle primærnæringane våre (sjå detaljar i kapitla om fiskeri og sjømat, jordbruk og skog).

• At Noreg brukar EØS-avtalen til tett oppfølging av EUs Green New Deal.

Det digitale arbeidslivet: nytt partnarskap mellom næringsliv og det offentlege

Nesten alle næringar i Noreg er endra eller vil bli det av digitalisering. Det kan skape mange nye arbeidsplassar. Samtidig fører automatisering og auka internasjonal konkurranse frå store teknologiselskap med seg utfordringar. I møte med så djuptgripande endringar og ujamne konkurransetilhøve treng vi eit mykje tettare samspel mellom staten, partane i arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane.

Det offentlege skal bidra til infrastruktur i heile landet og gjere data tilgjengelege for næringsutvikling. Det offentlege skal sikre rettferdige konkurransetilhøve og vere ein strategisk partnar for bedrifter som kan levere nye digitale løysingar. Det må leggjast betre til rette for nye eksportmoglegheiter innanfor IKT. Dataspel er ei betydeleg næring internasjonalt, og Arbeidarpartiet ser store moglegheiter for nye bedrifter og arbeidsplassar innanfor dataspel også i Noreg. Digitale løysingar på område der Noreg har store næringar allereie, som energi og maritim sektor, er eit anna område der vi kan skape nye eksportnæringar og arbeidsplassar.

• Gjere tilgang til høgkapasitets internett til ein rett på lik linje med straum, og arbeide for 5G til heile landet.

• Saman med partane i arbeidslivet og industriklyngene i Noreg etablere ei fellessatsing for omstilling i industrien med integrert og digitalisert produksjon for å sikre norsk industri konkurransekraft i framtida.

• Ta initiativ til eit samarbeid mellom styresmakter og næringsliv om eit nordisk talentrekrutteringsprogram, som skal sikre at bedrifter får auka tilgang til dei fremste digitale talenta i verda.

• Styrke innsatsen på forsking, utvikling og innovasjon på mogleggjerande teknologiar som kunstig intelligens, stordata, autonome system og «tingenes internett».

• Etablere forskingssenter for næringsdrive digitalisering og leggje til rette for å skalere og kommersialisere digitale innovasjonar.

• Jobbe for at det skal vere attraktivt å produsere spel i Noreg, og leggje fram ei spelindustrimelding for auka verdiskaping og fleire kompetansemiljø på området i Noreg.

• Etablere eit samarbeid mellom styresmakter og byggjenæringa om digitalisering i byggenæringa.

Det kompetente arbeidslivet: storsatsing på livslang læring i regi av partane

Grunnlaget for velferda og velstanden i Noreg er ein høgt kompetent arbeidsstyrke, og krava til kunnskap og formell kompetanse vil berre bli større i åra som kjem. Kompetansetiltak må møte behova til både dei tilsette og verksemdene, og derfor er det avgjerande at politikken blir gjennomført i tett dialog med partane i arbeidslivet. Eit arbeids- og samfunnsliv i rask endring krev tettare kontakt mellom utdanningsinstitusjonane og arbeidslivet.

Studieforbunda har ei sentral rolle i den livslange læringa og kompetansebygginga og er viktige for å sikre at vaksne over heile landet kan få tilgang til tilpassa opplæring utanfor det formelle utdanningssystemet.

• Leggje fram ein langtidsplan for livslang læring.

• Opprette eit nasjonalt kompetansefond som skal finansiere kompetansetiltak i regi av verksemdene og partane i arbeidslivet.

• At retten til etter- og vidareutdanning blir organisert gjennom eit trepartssamarbeid der:

- det blir utvikla tilbod som er tilpassa arbeidslivet, og som kan kombinerast med det å stå i jobb.

- arbeidsgivarar og arbeidstakarar blir stimulert til å sjå kompetansetiltak som ein naturleg del av jobben.

- arbeidstakarar opparbeider ein rett til å ta etter- og vidareutdanning.

• Sikre betre planlegging, oppfølging og gjennomføring av kompetansetiltak ved arbeidsavklaring, slik at fleire kjem tilbake i arbeid.

• Gi vidaregåande skule, fagskulane og høgskular og universitetet ei større rolle i livslang læring ved at dei får auka ansvar for opplæring og utdanning av vaksne basert på kompetansebehov hos lokalt og regionalt arbeids- og næringsliv.

• Gjere det enklare å ta relevant etter- og vidareutdanning ved å:

- fjerne avgrensingar som hindrar deltaking i utdanningsløp og kompetansetiltak, slik at det blir lettare å delta i utdanning for personar med lite dokumentert kompetanse.

- fjerne hindringar i finansieringssystemet for høgskular og universitet, og gjere det meir attraktivt å tilby kortare tilbod som etter- og vidareutdanning.

- sørge for at reell, ikkje berre formell, kompetanse blir vurdert og lagt vekt på og utgreie ein meir fleksibel modell for opptak til universitet, høgskule og fagskule, slik at det er fleire faktorar enn formelle karakterar som kan leggjast vekt på ved inntaket.

- satse på fjernundervising og modulbaserte utdanningar på nett som kan bli tatt i heile landet, kopla med kommunale praksisplassar innan mellom anna helse- og skulesektoren.

• Styrke arbeidet med vurdering av realkompetanse i grunnopplæring, yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning.

• Byggje opp regionale senter for gratis norskopplæring for arbeidsinnvandrarar i samarbeid med partane i arbeidslivet, frivillige organisasjonar og næringsliv.

• Sikre betre moglegheiter til å ta høgare utdanning over heile landet, basert på lokale kompetansebehov, gjennom ei satsing på lokale utdanningssenter over heile landet med statleg finansiering og som hovudregel er eigd av fylka eller gjennom partnarskap med etablerte studiesenter.

• Gjere det meir attraktivt å bli fagarbeidar.

• At det blir lagt til rette for fleire bransjeprogram og etter- og vidareutdanningstilbod i fagskulen.

• Styrke det frivillige, opne og ubyråkratiske opplæringstilbodet i frivillig sektor, under dette studieforbunda.

Olje og gass og leverandørindustrien: utvikle, ikkje avvikle

Olje- og gassindustrien har vore og er viktig for utviklinga av Noreg. Dyktige arbeidsfolk har skapt ein industri som er svært konkurransedyktig. Arbeidarpartiet vil utvikle olje- og gassindustrien vidare.

Det skal stillast klåre krav om effektiv energiproduksjon med mål om null utslepp frå norsk sokkel. Måla for industrien sine bidrag til utvikling av nye fornybare energinæringar skal vere tydelege og ambisiøse. Utsleppa skal halverast innan 2030 og ned til netto null i 2050 målt mot 2005. Det er nødvendig for å sikre framtidige jobbar og verdiskaping.

Energiressursane våre tilhøyrer fellesskapet. Lokalsamfunn som delar av arealet og naturressursane sine, forventar å få noko igjen i form av verdiskaping og jobbar. Difor må det stillast strengare krav til ringverknader. Vi vil gjere det lettare for lokale leverandørar å konkurrere om, og vinne, kontraktar innanfor ramma av EØS-avtalen. Det er viktig at selskapa forstår og leverer på forventingane til ringverknader og arbeidsplassar lokalt og nasjonalt. Arbeidarpartiet stiller opp for arbeidsfolk i olje- og gassnæringa.

Arbeidarpartiet anerkjenner den viktige kompetansen arbeidsfolk i olje- og gassnæringa representerer. Det er desse fagfolka vi treng for å kunne lykkast med det grøne skiftet. Selskapa må no bidra til oppdrag i leverandørindustrien, kutte utslepp og prioritere fagarbeidarar og lærlingar, leveringstryggleik og HMS-standardar på minst norsk nivå. Leiarløner og utbyte må avgrensast.

Leverandørindustrien som leverer produkt og tenester til olje- og gass-sektoren, har dei siste åra opplevd store utfordringar som følgje av låge oljeprisar og hard konkurranse om kontraktar. Tilsette i desse bedriftene sit på verdsleiande kompetanse. Noreg har ikkje råd til at denne kompetansen forsvinn. Leverandørindustrien skal sikrast tilgang på nye prosjekt der kompetansen blir brukt til å skape nye næringsmoglegheiter.

• Leggje fram ei ny petroleumsmelding med petroleumspolitikk for 2020- talet, med sikte på å:

- sikre Noreg inntekter og arbeidsplassar frå norsk sokkel.

- sørge for lokale ringverknader frå prosjekt på norsk sokkel.

- sørge for netto nullutslepp frå norsk sokkel

- redusere den finansielle risikoen og klimarisikoen for norsk økonomi.

- bidra til utvikling av ny energiindustri med null- eller lågutslepp.

• Leggje til rette for eit stabilt aktivitetsnivå på norsk sokkel, med auka innslag av nye næringar som karbonfangst og -lagring, hydrogen, havvind, havbruk og gruvedrift.

• Sørge for vidare elektrifisering av nye og eksisterande felt, samtidig som det blir sikra tilstrekkeleg fornybar kraft til ny og eksisterande industri på fastlandet. Elektrifiseringa av sokkelen skal i størst mogleg grad skje med havvind eller annan fornybar straum produsert på sokkelen.

• Satse på nye grøne verdikjeder gjennom sektoroverskridande satsingar på område som karbonfangst, -lagring og -bruk, og produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen.

• Stille strengare krav til oljeselskapa slik at meir av verdiskapinga blir igjen lokalt.

• Arbeide for ilandføringsterminal på Veidnes i Finnmark.

• Leggje føre-var-prinsippet og best tilgjengeleg kunnskap til grunn og stille strenge krav til miljø og sikkerheit i eksisterande og nye konsesjonar.

• Sørge for, i samarbeid med næringa, at utsleppa frå olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel blir kutta med 50 prosent innan 2030 og til netto null i 2050, målt mot 2005.

• Stille krav om lågutsleppsløysingar frå 2025 og nullutslepp frå 2030 til offshore supply-skip.

• Auke støtta til skalering og kommersialisering av teknologi utvikla med utgangspunkt i kompetansen frå leverandørindustrien.

• Sørge for at petroleumsselskapa integrerer klimarisiko i sine investeringsvedtak og i si ordinære verksemd og rapporterer på dette.

• Ikkje gå inn for konsekvensutgreiing av petroleumsaktivitet av Nordland VI og VII og Troms II og heller gå inn for utvikling av andre næringar i desse havområda, under dette fiskeri, reiseliv og utvikling av fornybare ressursar.

• Halde fast på ei nordleg grense for petroleumsverksemd frå og med 15 prosent isfrekvens og nordover i iskantsona. Områda sør for 15 prosent isfrekvens fram til ope hav blir rekna som eit verdifullt område. All aktivitet, inklusive petroleumsaktivitet, må ta særlege omsyn til naturmangfaldet i tråd med oppdatert og best tilgjengeleg kunnskap. Føre-varprinsippet skal leggjast til grunn.

Fornybar energi: energieffektivisering, auka produksjon og norsk hydrogensatsing

Framleis er meir enn halvparten av den samla energibruken i Noreg basert på fossile kjelder. Målet er eit heilt fornybart energisystem. Arbeidarpartiet vil byggje ut meir fornybar energi i Noreg.

Kraftoverskot skal bidra til auka verdiskaping og sysselsetjing i norsk industri. Den sterke internasjonale veksten i fornybar energi skapar store eksportmoglegheiter for Noreg innan grøne verdikjeder som fornybar produksjon, hydrogen, biobasert prosessindustri, batteri og maritim transport.

Gjennom foredling av rein fornybar vasskraft bidrar prosessindustrien til betydelege eksportinntekter. Med verdas mest klimavenlege og energieffektive industriverksemder lokaliserte i heile landet, gir prosessindustrien grunnlag for arbeidsplassar og livskraftige lokalsamfunn, samtidig som produksjonen er avgjerande for lågutsleppssamfunnet. Noreg og verda har eit stort behov for meir fornybar energi. Lokalsamfunn og kommunar som stiller naturressursane sine til rådvelde, må sikrast ein større part av verdiskapinga. Dei skal bli lytta til og respekterte på ein betre måte enn i dag før nye konsesjonar blir gitt, og det må strammast betydeleg inn på tida som går mellom tildeling av konsesjon og faktisk utbygging. Ved utbygging skal det bli tatt større omsyn til urørt natur, og nye anlegg skal, der det er mogleg, etablerast på område der det allereie finst infrastruktur. Det må vurderast korleis vi kan stramme inn på høvet til kjøp og sal av konsesjonar, slik at ansvaret for det einskilde prosjektet blir tydelegare og norsk eigarskap blir sikra. Undersøkingar knytte til sårbarheit for natur- og dyreliv må gjennomførast før anleggsverksemd kan starte opp. Arbeidarpartiet vil prioritere mindre anlegg som kan produsere straum til lokalt forbruk, og større anlegg knytte til industriprosjekt.

• Arbeide for at all energibruk i Noreg blir avkarbonisert. Det som kan elektrifiserast, skal elektrifiserast og annan energibruk skal bli utsleppsfri gjennom til dømes hydrogen, ammoniakk eller biomasse.

• Setje ned ein energikommisjon for å kartleggje energibehova i framtida, med mål om at Noreg framleis skal ha overskotsproduksjon av kraft.

• Leggje til rette for forsvarleg utbygging av meir rein energi og infrastruktur gjennom ein samla plan for norsk vasskraft, vindkraft og andre energiutbyggingar som krev konsesjon.

• Innføre ei utjamningsordning som bidrar til jamnare nettleige i heile landet.

• Auke norsk vasskraftproduksjon, mellom anna gjennom å leggje til rette for auka vedlikehald, oppgradering og fornying av eksisterande vasskraftanlegg, for å unngå kraftunderskot og auka kraftprisar.

• Gå gjennom skatte- og avgiftsnivået for norsk vasskraftproduksjon med mål om at ny produksjon og oppgradering av eksisterande anlegg blir meir lønsamt.

• At arealplanar for nye vindkraftanlegg på land blir handsama etter plan- og bygningslova.

• Utgreie ei heimfallsordning for vindkraft.

• Bidra til meir effektiv bruk av energi i næringslivet og hushald gjennom støtteordningar, auka kompetanse og offentlege krav.

• Få på plass eit strengare og meir rettferdig regime for utbygging av energi basert på at:

- lokalsamfunn som stiller naturressursane sine til disposisjon for utbygging, får meir igjen for det og blir sikra ein del av verdiskapinga.

- kommunane det gjeld blir involvert tidleg og grundig i alle energiutbyggingar.

- det blir stramma inn på tilgangen til å la det gå lang tid mellom konsesjon og faktisk utbygging.

- det blir stramma inn på tilgangen til avvik mellom gitt konsesjon og faktisk utbygging.

- oppstart av anleggsverksemd ikkje blir tillate før alle naturundersøkingar det er stilte krav om, er blitt gjennomførte og følgde opp.

- det ikkje blir gitt nye konsesjonar for vindkraft før Stortinget har behandla den varsla stortingsmeldinga om endringar i konsesjonsbehandlinga for vindkraft på land.

• Utarbeide ein ambisiøs nasjonal strategi for botnfast og flytande havvind som mellom anna inkluderer satsing på norsk leverandørindustri, eit godt regelverk, utvikling av nettinfrastruktur til havs, attraktive rammevilkår for investeringar og eit tett samarbeid mellom Noreg og EU.

• Gjennom ein føreseieleg og aktiv eigarskap bidra til at Statkraft er ein spydspiss i utviklinga av fornybar energi i Noreg og internasjonalt, blir ein industriell utviklar innan grøn hydrogen- og batteriverksemd og trekkjer med seg norsk leverandørindustri til utlandet.

• Leggje til rette for auka lokal solenergiproduksjon på kommersielt grunnlag.

• Sørge for at alle utanlandssamband for kraft blir eigd og drifta av Statnett.

• Sikre at tariffmodellane for kraft tar hand om norsk industri på ein betre måte, at kapasiteten i straumnettet blir forsterka og at rimeleg og rein norsk kraft gjer det attraktivt å etablere ny kraftforedlande industri i Noreg.

• Vidareføre CO2-kompensasjonsordninga for å sikre at berekraftig industri ikkje flyttar ut av Noreg.

• Leggje til rette for storskala battericelleproduksjon i Noreg, mellom anna gjennom gode arealplanar og tilgang til rein og rimeleg energi.

• Sørge for føreseielege rammevilkår, sikker krafttilgang og berekraftig vekst i prosessindustrien.

• Satse på blå og grøn hydrogen som ei ny stor eksportnæring for Noreg ved å:

- ha som mål å produsere 400 000 tonn rein hydrogen årleg innan 2030.

- utarbeide eit ambisiøst vegkart for ei samanhengande verdikjede innan hydrogen, der marknad og produksjon blir bygd opp opp parallelt.

- gjere Equinor og Statkraft til lokomotiv innan respektive blå og grøn hydrogen og vurdere å etablere eit statleg hydrogenselskap.

- starte omstillinga til eit fornybart energisystem på Svalbard på ein måte som er i tråd med behova, moglegheitene og miljømåla på staden.

- ta initiativ til industrielle partnarskap innan hydrogen med EU og land som Tyskland.

Hav og maritim: verdas leiande havnasjon

Noreg kan bli verdas leiande sjømat- og havnasjon. Vi har ein langstrekt kyst, rike naturressursar i havet, dyktige arbeidsfolk og sterke fagmiljø innan forsking og forvaltning. Arbeidarpartiet har store ambisjonar for verdiskaping, arbeidsplassar og lokale ringverknader langs kysten. Noreg skal ta ein leiarposisjon internasjonalt for berekraftige hav og utvikling av moglegheitene havet gir og vere i front på kunnskap om hav og klimaendringane.

Maritim industri opplever svekt etterspurnad etter offshoreskip og cruisefartøy. Verft som utgjer heilt sentrale hjørnesteinsbedrifter langs kysten, står i fare for å måtte stengje ned. Noreg er leiande innan utvikling av miljøteknologi og fornybare drivstoffkjelder og har eit unikt høve til å ta ein internasjonal posisjon i utviklinga og produksjonen av utsleppsfrie fartøy. Arbeidarpartiet vil vidareutvikle norsk maritim industri og sikre tilgang på oppdrag som kan gi nye norske arbeidsplassar. Gjennom fleire år har tilhøva for sjøfolk blitt dårlegare. Arbeidarpartiet vil styrke vilkåra og sørge for at Noreg framleis kan vere ein stor sjøfartsnasjon. Norske lønsog arbeidsvilkår skal gjelde for arbeid på norsk sokkel og i norske farvatn.

• Etablere ein sentral arena der aktørar frå styresmakter, næringsliv og kunnskapsmiljø går saman for å realisere ambisjonen om Noreg som verdas leiande havnasjon.

• Utarbeide mål for lokale og regionale ringverknader av kyst- og havaktivitet.

• Utvikle ein strategi for alternativ bruk av areal, betongstrukturar og infrastruktur på norsk sokkel.

• Styrke bestands- og ressursforskinga i havet, langs kysten og i fjordane.

• Sørge for god sameksistens mellom dei ulike havnæringane, mellom anna ved å gjennomføre Nordsjøplanen til Arbeidarpartiet og utarbeide tilsvarande plan for Barentshavet og Norskehavet.

• Styrke innsatsen mot fiskeri- og miljøkriminalitet nasjonalt og internasjonalt og leie an i innsatsen med å stanse plastforureining i havet.

• Satse på Ocean Space Center i Trondheim, Senter for Hav og Arktis i Tromsø, Blått Kompetansesenter Sør og havforskingsmiljøet i vest som arenaer for innovasjon og kunnskap.

• Satse på miljø innan subsea-teknologi, mellom anna for å utvikle ei berekraftig utvinning av mineral og edelmetall på havbotnen.

• Vidareutvikle norsk maritim industri ved å framskunde offentlege innkjøp av utsleppsfrie fartøy, sørge for at eksportordningane byggjer opp under det store potensialet for verdiskaping i maritim sektor, og utforme anbod som betre legg til rette for aktivitet ved norske verft.

• Få på plass ei grøn omstillingspakke for klimavenleg omstilling av skip.

• Setje fylkeskommunane økonomisk i stand til å fortsetje utskiftinga av ferjer og snøggbåtar til miljø- og klimavenlege alternativ.

• Vurdere ein aktiv statleg eigarskap knytt til maritim industri for å sikre maritime arbeidsplassar og norsk verdiskaping.

• Auke forsking, utvikling og innovasjon innan autonomi, grøne løysingar og effektive logistikksystem innan maritim transport.

• Auke løyvingane til miljøvenleg resirkulering av offshoreskip og riggar samt innføre ei toppfinansieringsordning for offshoreflåten.

• Sørge for at gryteklare prosjekt innanfor offentleg eigde skip blir sette i gang så snart som mogleg.

• Bruke konsesjonar innan til dømes olje og gass, oppdrett og mineralutvinning til havs til å stille krav om null- og lågutsleppsskip.

• Ta ei internasjonal leiarrolle innan skipsfart i polare strok og sikre eit strengt og effektivt internasjonalt regelverk knytt til skipstransport i Arktis.

Fiskeri: Samfunnskontrakten må haldast

Dei tradisjonelle fiskeria er ein viktig del av historia vår og ein berebjelke i mange kyst- og distriktssamfunn. Verdiskapinga er avgjerande for norsk økonomi og for busetjing og arbeidsplassar langs store delar av kysten vår. Fiskeriressursane tilhøyrer folket i fellesskap og skal kome kystsamfunna til gode. Samfunnskontrakten mellom fiskarar, oppdrettarar og folk langs kysten inneber at det skal leggjast til rette for at fisken gir arbeidsplassar, aktivitet og trygge busetjinga i kystsamfunna. Vi treng ein variert fiskeflåte som kan sikre berekraftig hausting av fiskeressursane våre. Ressursrenta skal i utgangspunktet bli tatt ut i form av arbeidsplassar og aktivitet langs kysten. Det skal leggjast til rette for lønsemd for den enkelte aktøren i sjømatnæringa samtidig som det blir stilt krav til ringverknader for kystsamfunna. Norske styresmakter må sikre berekraftige bestandar og norske interesser i dei internasjonale fiskeriforhandlingane.

• Sikre at havressurslova, fiskesalslagslova og deltakarlova ligg fast og blir verande viktige pilarar i norsk fiskeripolitikk.

• Seie nei til evigvarande kvoter.

• Vidareutvikle ein differensiert, spreidd og fiskerieigd fiskeflåte som kan sikre ei lønsam næring.

• Utarbeide ei ny kvotemelding som gir føreseielege rammer for fiskerinæringa og som sikrar busetjing, aktivitet og lønsemd langs heile kysten.

• Leggje til rette for at alle flåtegrupper reduserer utsleppa sine av klimagassar.

• Innføre avgrensingar på eigarskap i kystfiskeflåten.

• Styrke breidda og mangfaldet i kystfiskeflåten med målretta ordningar for rekruttering til fiskerinæringa, basert på tilstrekkeleg kvotegrunnlag.

• Sikre gode rammevilkår for ei lønsam utvikling av flåten under elleve meter, som gir føreseielege rammer, fornying og konkurransedyktig avløning også for mannskap på to.

• Slå ned på fiskerikriminalitet og sikre anstendige løns- og arbeidsvilkår for alle tilsette.

• Vidareutvikle ordningar som påskjønar leveransar av fersk fisk til lokale landanlegg.

• Sikre at retten til fiske for alle i sjøsamiske område skal vere reell.

• At eit berekraftig sjølaksefiske blir behalde, med sine tradisjonar som ein viktig kulturberar og ei viktig næring.

Havbruk: auka verdiskaping, auka berekraft

Havbruksnæringa er den viktigaste eksportnæringa i Noreg etter olje og gass og er svært viktig for norsk matproduksjon og verdiskaping. Noreg skal leie an i utviklinga av verdas mest produktive og miljøvenlege havbruksnæring med produksjon av matressursar til ein veksande verdsmarknad. Arbeidarpartiet vil sikre ein føreseieleg, kontrollert og berekraftig vekst i havbruksnæringa.

• Doble verdiskapinga frå havbruk innan 2030.

• Vidareutvikle trafikklyssystemet med fleire miljøindikatorar.

• Stimulere til auka produksjon av norskprodusert berekraftig fôr med mål om at alt fôr til havbruksnæringa skal vere frå berekraftige kjelder innan 2030.

• Utvikle eit eige konsesjonsregime for oppdrett til havs med strenge krav til berekraft og sameksistens mellom ulike næringar til havs.

• Sikre stabile og føreseielege inntekter til kommunar som stiller areal til disposisjon for oppdrett.

• Gjere framtidige oppdrettsløyve tidsavgrensa.

• Gjeninnføre krav om lærlingar, vidareforedling og forsking og utvikling for dei største aktørane innan havbruk.

• Gjennomgå ordningane med løyve i havbruksnæringa for å sikre fortsett mangfald og lokalt eigarskap.

• Stimulere til innovasjon og bruk av ny teknolog i fiskeindustrien og oppdrettsnæringa gjennom eit marint verdiskapingsprogram.

Sjømat: auka eksport og meir foredling som skapar arbeidsplassar

Sjømatnæringa er den nest største eksportnæringa i Noreg. Arbeidarpartiet vil styrke næringa for å auke eksporten og sikre fleire trygge og heilårlege arbeidsplassar langs heile kysten. Arbeidarpartiet vil leggje til rette for marknadsarbeid og eksportfremjande tiltak, mellom anna gjennom Norges sjømatråd, som spelar ei viktig rolle med å fremje eksport av norsk sjømat.

I dag går vi glipp av store verdiar og mange arbeidsplassar fordi mykje fisk blir sendt ut av landet utan å vere foredla. Industrien skal sikrast jamn tilgang på råstoff av god kvalitet heile året.

Eit folketal som aukar raskt gjer at verda har behov for meir sunn, trygg og berekraftig mat. Difor er det viktig at Noreg bidrar til å hauste og dyrke meir mat frå havet og utnyttar dei moglegheitene vi har for matproduksjon basert på fjordane og havområda våre.

• Oppretthalde og forsterke leverings-, foredlings- og aktivitetsplikta knytt til trålkonsesjonar i torskefiskeria.

• Stimulere til auka innanlands foredling, mellom anna ved å auke tilgangen på restråstoff som grunnlag for utvikling av ny norsk industri.

• Sikre at fangst- og landingsmønsteret frå fiskeflåten i større grad tar omsyn til behova industrien har for stabil tilgang til råstoff.

• Bidra til ein desentralisert mottaksstruktur gjennom å styrke ordninga med føringstilskot.

• Prøve ut ei ordning der ein del av framtidige havbruksløyve blir leigd ut til sjømatindustrien for å bidra til heilårleg industri.

• Auke forskinga og stimulere til auka satsing på tang og tare og på nye marine ressursar.

• Ta initiativ til eit eige program for produksjon av berekraftig fôr til oppdrett av fisk.

• Stimulere til innovasjon og bruk av ny teknologi i fiskeindustrien gjennom eit marint verdiskapingsprogram.

• Arbeide for at tilsette i heile sjømatnæringa har gode løns- og arbeidsvilkår, og at det blir slått hardt ned på alle former for sosial dumping på havet og på land.

• Vidareføre særordningar for permittering i fiskeindustrien.

• Kartlegge bruken av leigd inn arbeidskraft og vikarbyrå i primærnæringane.

• Bruke Arbeidstilsynet og arbeidslivskriminalitetssenter meir aktivt i kampen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet i fiskeindustrien.

Jordbruk og næringsmiddelindustrien: trygg mat, trygge arbeidsplassar

Jordbruket er ein berebjelke for busetjing og arbeidsplassar i heile landet. Samfunnsoppdraget til jordbruket er å produsere nok, naturleg og trygg mat på norske naturressursar og på den måten gi arbeid, god ernæring og helse. Vi vil betre den sams tryggleiken vår ved å auke sjølvforsyninga, styrke kanaliseringspolitikken og forsterke beredskapen gjennom eit variert familiejordbruk i heile landet.

Hovudavtalen for jordbruket, importvernet, eigedomslovgivinga og marknadsordningane skal framleis liggje til grunn for landbrukspolitikken. Eit berekraftig og framtidsretta jordbruk med auka verdiskaping basert på norske ressursar er ein viktig del av klimaløysinga. Utsleppa av klimagassar frå norsk landbruk skal reduserast og opptaket av karbon

aukast, samtidig som vi aukar sjølvforsyninga og tilpassar produksjonen til eit endra og vanskelegare klima. Klimaplanen for landbruket skal liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren.

Den landbruksbaserte næringsmiddelindustrien er ein sentral del av verdikjeda for trygg mat og kvalitetsast til forbrukarane. Denne skal ha føreseielege og konkurransedyktige rammevilkår. Den sterke maktkonsentrasjonen vi har i dag i daglegvarebransjen rammar norske forbrukarar og primærprodusentane. Det må sikrast ein betre maktbalanse i verdikjeda for mat. Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon har i stort gjort bonde, forbrukar og norsk mat rikare. Norsk matproduksjon er blitt meir mangfaldig, innovasjonstakta har auka, handverkstradisjonar er blitt tatt vare på, samtidig som norske lokale produkt er løfta fram og stadig oftare blir brukte i ei veksande restaurant- og kokkeverd.

Norske løns- og arbeidsvilkår og norske standardar innan helse, miljø og tryggleik skal gjelde i norsk jordbruk. God dyrevelferd og lite antibiotikabruk er avgjerande i alt dyrehald og i all matproduksjon.

• Redusere inntektsgapet mellom dei som jobbar i jordbruket, og andre i samfunnet.

• Sikre mjølkeproduksjonen i distrikta med justert og lågare kvotetak. Dei som har tilpassa seg det høve nivået i dag, kan behalde kvotene eller selje overskytande kvoter tilbake til staten til avtalt pris.

• Følgje opp lausdriftskravet med eit investeringsprogram for klimavenleg fornying av båsfjøs, som blir tilpassa bruk med inntil 30 kyr, produksjon på norske naturressursar og auka beitebruk.

• Sikre eit sterkt importvern og bruke prosenttoll der det er gunstig.

• Etablere beredskapslagring for korn og såfrø, og betre verkemidla for tørking og lagring av korn på garden.

• Auke sjølvforsyningsgraden til 50 prosent korrigert for import av fôr.

• Ha eit sterkt jordvern og ha eit mål om maksimal årleg omdisponering av matjord på 3000 dekar.

• Sørge for betre berekraft i landbruket gjennom auka tilskot til bruk av utmarksbeite, setring, klimatilpassing og investering i jord.

• Byggje vidare på samvirkemodellen med Tine, Nortura og Felleskjøpet og andre produsenteigde samvirkebedrifter som grunnlag for ein desentralisert næringsmiddelindustri og landbruk over heile landet.

• Gå gjennom rammevilkåra for næringsmiddelindustrien, inkludert bryggerinæringa, for å sikre vidare utvikling av næringa.

• Sikre effektiv innføring av lov om god handelsskikk, med eit uavhengig tilsyn.

• Gjere maten trygg ved å stille strenge krav til antibiotikabruk og tydeleg merking med opphavsland.

• Utarbeide ei matkastelov som sikrar at butikkar og restaurantar ikkje kastar mat som kan etast.

• Auke satsinga på lokalmat og foredling.

Dyrevelferd

Det er ein grunnleggjande verdi i samfunnet vårt at dyr skal ha det godt. God dyrevelferd skal gjelde alle dyr. Arbeidarpartiet tar arbeidet med klima, natur, helse og dyrevelferd på alvor. Berekraftig matproduksjon skal vere i tråd med mål for helse-, miljø- og dyrevelferd. Arbeidarpartiet vil gjere det lett for befolkninga å ta miljøvenlege, sunne og dyreetiske val.

• Styrke Mattilsynet for å sikre god dyrevelferd og dyrehelse hos alle produksjons- og kjæledyr.

• Styrke veterinærtenesta over heile landet slik at alle dyr har tilgang til kvalifisert behandling uavhengig av kor ein bur.

• Støtte nullvisjonen til landbruksnæringa for alvorlege dyrevernsaker og arbeidet med dyrevelferdsprogram for heile næringa.

• Styrke arbeidet med å betre fiskehelse og dyrevelferd i oppdrettsnæringa.

• At krisesentra for menneske utsette for vald av personar i nære relasjonar, også må ha eit tilbod til kjæledyra til familien.

Skog og grøn bioøkonomi: auka berekraft og eksport i distrikta

Den norske skogen er eit eineståande råstoff. Bruken spenner frå tradisjonelle sagbruk til avansert biokjemi. Ein framtidsretta skogindustri byggjer på ei heil verdikjede frå frø og plante til ferdig produkt. Auka bruk av ressursane frå skogen er både god industripolitikk og god klimapolitikk.

Noreg har gode føresetnader for å bli verdsleiande på å levere kunnskap og tenester om trebruk og berekraft kombinert med merkevarebygging. Mange produkt som kan utviklast av biomasse, blir allereie brukt innanfor matproduksjon, helse, bygg og i annan industri. Arbeidarpartiet vil leggje til rette for auka vidareforedling av skog og satse på den grøne bioøkonomien.

• Auke den industrielle vidareforedlinga av skog tilsvarande mengda tømmer som blir hogd i Noreg, mellom anna ved å sikre meir kapital til forsterking og vidare utvikling av skogindustrien.

• Etablere eit utviklingsprogram for trebygg og klimavenleg fornying av bygg.

• Stanse salet av Statskog og bruke Statskog som eit verktøy for industribygging og næringsutvikling der Statskog har eigedomar.

• Innføre priskontroll på skogeigedomar slik som for andre landbrukseigedomar, for å sikre spreitt eigarskap og moglegheit for heilskapleg forvaltning.

• Auke tilskota til skogplanting, ungskogpleie og andre skogkulturtiltak for å sikre fornying, karbonbinding og eit framtidig ressursgrunnlag for industrien.

• Sikre gode ordningar for industrielle lån, tilskot og risikoavlasting innan bioøkonomi.

• Byggje anlegg for gjenvinning av brukt tremateriale frå bygg, som sikrar at materialet kan brukast til nye industriprodukt for å auke sysselsetjinga og verdiskapinga.

• Utarbeide ein eigen strategi for tremekanisk industri og bruk av tre i offentlege bygg og i store konstruksjonar.

• Bruke offentlege innkjøp, under dette Statsbygg, for å styrke etterspurnaden etter produkt baserte på norsk skog.

Reiseliv og handel: utvikling for å trygge arbeidsplassar

Noreg har natur, kultur og destinasjonar som berre vil bli meir attraktive for folk i åra som kjem. Reiselivet skapar spanande arbeidsplassar over heile landet og er ei særleg viktig næring for distrikta. Det må leggjast betre til rette for turisme gjennom heile året, som gir grunnlag for heilårlege arbeidsplassar.

Reiselivsnæringa har som følgje av koronautbrotet opplevd si største krise nokon sinne. Mange verksemder fekk rivne bort inntektsgrunnlaget sitt over natta. Det er gjort lite for å hjelpe levedyktige reiselivsbedrifter gjennom krisa. Arbeidarpartiet vil bidra til at næringa kjem seg gjennom krisa og utviklar seg vidare.

Handelsnæringane står for ein stor del av verdiskapinga i norsk økonomi og mange arbeidsplassar. Digitalisering endrar korleis vi handlar, det påverkar lønsemda og dei som jobbar i næringa. Arbeidarpartiet vil satse på kompetanseutvikling for tilsette i handelsnæringa og støtte norske nettaktørar i konkurranse med internasjonale gigantar. Fysiske butikkar er viktige for mange lokalsamfunn og skal sikrast gode rammevilkår.

• Utvikle ein nasjonal plan for reiselivsnæringa, med fokus på berekraftig utvikling, heilårlege arbeidsplassar og verdiskaping i heile landet.

• Bidra til at det norske reiselivet kjem raskast mogleg tilbake etter koronakrisa, mellom anna gjennom å satse meir på marknadsføring, ta betre hand om

norske pakkereiseselskap og vurdere eit skilje mellom pakkereiser til Noreg og til utlandet.

• Innføre besøksbidrag som skal brukast til nødvendige investeringar i pressa reisemål, slik at natur, miljø og lokalsamfunn kan bli tatt betre vare på.

• Styrke reiselivssatsinga til Innovasjon Norge, med vekt på reiselivsutvikling og noregsreklame, i samråd med reiselivsnæringa.

• Utvikle ei nasjonal godkjenningsordning for lokal- og regionguidar, turleiarar og fjellførarar, i samarbeid med friluftsorganisasjonane.

• Etablere eit heilskapleg system for destinasjonsutvikling, under dette eit velfungerande fellesapparat, auka forsking og auka samarbeid mellom næringsaktørar og styresmakter.

• Knyte tettare band mellom kulturliv, matprodusentar og reiseliv gjennom kompetanseutvikling, marknadsføring og samarbeid om destinasjonar.

• Byggje vidare på den sterke posisjonen Noreg har som turistdestinasjon, og leggje til rette for at fleire kommunar kan bli berekraftige reisemål, med vekt på å utvikle naturlege og unike fortrinn.

• Redusere lokal forureining gjennom å leggje til rette for landstraum for cruisebåtar ved dei mest trafikkerte hamnene og innføre forbod mot tungolje.

• Leggje til rette for attraktive nasjonale turistvegar og turiststiar.

• Leggje til rette for gardssal av lokalproduserte alkoholhaldige drikkar.

• Leggje til rette for gode ordningar for omstilling og vidareutdanning av tilsette i handelsnæringa.

• Seie nei til søndagsopne butikkar.

• Saman med partane bidra til at handelsnæringa held fram med å vere ein viktig arena for inkludering i arbeidslivet.

Helse: betre samspel med arbeidsliv og forsking

Vår sterke offentlege helseteneste og verdsleiande forskingsmiljø, gir Noreg store moglegheiter for verdiskaping og eksport innan teknologi, legemiddel og vaksinar, diagnostikk, helse-IKT og livsvitskap. Arbeidarpartiet ønskjer eit tettare samspel mellom bedrifter, forskingsmiljøa og den offentlege helsetenesta.

• Stille til rådvelde langsiktig kapital for å leggje betre til rette for verdiskaping og eksport.

• Utgreie etableringa av eit nasjonalt farmasiselskap som kan stimulere til norsk legemiddel- og vaksineproduksjon, enten i eigenregi eller i samarbeid med annan industri.

• Etablere eit nasjonalt cluster for utvikling og produksjon av vaksinar.

• Leggje til rette for fleire testfasilitetar for aktørar som utviklar og testar ut nye helseprodukt og -løysingar.

• Utarbeide eit ambisiøst vegkart og eit sams nasjonalt rammeverk for å auke innovasjon, skape arbeidsplassar og samtidig sikre at delar av verdiskapinga frå statleg finansiert grunnforsking kjem fellesskapet til gode.

• Bruke offentleg innkjøpsmakt og finansieringsordningar til å skape ein heimemarknad for helse- og velferdsteknologi.

Mineral: høgare utvinning og lågare miljøpåkjenning

Noreg har betydelege mineralressursar på land og til havs, særleg i nordområda. Auka internasjonal etterspurnad etter mineral og metall gjer at næringa kan bli eit nytt eksporteventyr for Noreg. Arbeidarpartiet vil kartleggje og leggje til rette for auka utvinning av mineral og redusert uvisse for ny verksemd, samtidig om vi sikrar god miljøforvaltning. I nord skal næringa utviklast i nær dialog med Sametinget for å sikre god sameksistens med reindriftsnæringa.

• Korte ned konsesjonsbehandlinga, leggje til rette for betre tilgang på langsiktig kapital der dette kan utløyse lønsame prosjekt, og auke kartlegginga av mineralressursar.

• Vurdere etablering av eit heil- eller deleigd statleg mineralselskap som kan bidra til langsiktig og berekraftig utvikling av næringa.

• Vurdere ein lokal deponikostnad for uutnytta overskotsmassar.

• Leggje til rette for elektrifisering av gruvedrift og attvinning av mineral, mellom anna gjennom å starte opp nye forskingsprosjekt.

• Leggje vekt på lokal forankring ved etablering av nye prosjekt og redusere avfallet frå gruver gjennom strengare krav til ressursutnytting og tilbakefylling.

• Sørge for at det blir gjennomført konsekvensutgreiing om alternative deponiområde før ein vurderer eller tar i bruk sjødeponi.

• Styrke utdanningstilboda innan bergverk og andre studieretningar som er viktige for mineralnæringa.

Rom- og forsvarsindustri: strategisk viktige næringar for Noreg

Norsk romindustri er internasjonalt leiande og har verksemd over heile landet. Å styrke norsk romindustri vil gi auka verdiskaping og er viktig for å verne norske interesser. Arbeidarpartiet meiner Noreg skal vere ein leiande romnasjon i Arktis og Antarktis.

Forsvarsindustrien er viktig for Noreg og ein viktig partnar for Forsvaret. Han står for arbeidsplassar i heile landet, skapar eksportinntekter og bidrar til utvikling av avansert teknolog i andre bransjar. Arbeidarpartiet meiner det er strategisk viktig med statleg eigarskap i dei store forsvarsbedriftene i Noreg, som til dømes Kongsberg- og Raufoss-miljøet. Vi vil stille krav til industrisamarbeidsavtalar og gjenkjøp i alle større forsvarsanskaffingar.

• Satse på aksen Andøy-Narvik-Tromsø- Svalbard i romindustrien, arbeide for eit nasjonalt senter for jordobservasjon i Tromsø og eit nasjonalt innovasjonssenter for rombasert verksemd på Andøya, og sikre at Andøya Spaceport blir realisert raskt.

• Etablere eit formalisert samarbeid mellom forsvarsindustri, romindustri, akademia og styresmakter i eit Space Leadership Council.

• Gi norsk forsvarsindustri gode og langsiktige rammevilkår og sørge for eit strengt regelverk for eksport av forsvarsmateriell.

Leiar- og politikarløner

Aukande lønsforskjellar undergrev tilliten og samhaldet som samfunnsmodellen vår kvilar på. Leiarlønsutviklinga har ein særleg negativ effekt og skapar inntrykk av at ein elite på toppen stikk frå, medan det gjeld andre reglar for vanlege folk.

Leiarlønsgaloppen må derfor stoppast. Det krev sterkare verkemiddel enn i dag. Arbeidarpartiet vil setje ned ein leiarlønskommisjon med deltaking av partane. Han skal sjå løn og bonusar i statseigde selskap og selskap der staten er majoritetseigar, leiarlønsutviklinga i staten samt løner for politikarar, etterlønsordningar og andre godtgjeringar på nasjonalt og lokalt nivå, i samanheng. Han skal grundig vurdere mellom anna kvifor lønsutviklinga på toppnivå har fått fortsetje trass i vedtatte retningslinjer.

Bonus skal sjåast som del av den samla lønsavtalen til ein leiar sin samla lønsavtale og underleggjast same moderasjonskriterium. Avtalar skal grunngis, og i staten og statleg eigde selskap godkjennast av ansvarleg statsråd.

• Setje ned ein leiarlønskommisjon med deltaking frå partane i arbeidslivet og følgje opp konklusjonane med politiske grep for å redusere lønsforskjellane i Noreg.

• Fryse løna til statsminister, statsrådar og stortingsrepresentantar fram til leiarlønskommisjonen har lagt fram konklusjonane sine.

• Sørge for at ansvarleg statsråd årleg rapporterer til Stortinget om leiarlønsutviklinga innanfor ansvarsområdet sitt.

• Sikre at leiarlønsutviklinga i offentleg sektor ikkje overskrid det som er gjennomsnittleg lønsutvikling i samfunnet.

• Sikre at bonusavtalar blir avgrensa og berre brukt i unntakstilfelle.

Arbeidsliv: Eit godt arbeidsliv for alle

For Arbeidarpartiet er inga oppgåve viktigare enn å få heile folket i arbeid. Arbeid gir inntekt til den einskilde og inntekter til fellesskapet. Arbeid bidrar til individuell fridom og sjølvstende og skapar integrering, inkludering og sosial kontakt. Arbeid handlar også om retten til å yte og delta, derfor har arbeid ein stor sosial verdi for den einskilde. Vi skal ha eit arbeidsliv som er trygt og rettferdig, og som gir ei løn å leve av, slik at alle har moglegheit til å etablere seg med heim og familie. Unge skal få ein god start i arbeidslivet, og ingen arbeidstakarar skal gå ut på dato eller skubbast ut.

Folk med nedsett funksjonsevne og helsemessige utfordringar skal møte eit arbeidsliv som er ope og inkluderande. Innvandrarar skal få bidra med ressursane sine. Kvinner og menn skal ha dei same moglegheitene, og ingen skal bli utsette for trakassering eller vald.

For å finansiere velferda for framtida treng Noreg ein større arbeidsstyrke. Vi har ikkje råd til at fleire fell utanfor og ikkje får retten til å yte. Å gå ledig er kostbart både for den enkelte og for samfunnet. I delar av arbeidslivet skjer det sosial dumping, og arbeidsfolk i somme bransjar blir utsette for grov kriminalitet og menneskehandel. Det skal vi rydje opp i. Utanlandske arbeidarar som blir inviterte til å jobbe i Noreg, skal ha dei same vilkåra som andre. Ingen skal bli utnytta i arbeidsmarknaden vår. For næringslivet er eit organisert arbeidsliv eit viktig konkurransefortrinn – det gir auka produktivitet, lojale tilsette og tilgang på riktig kompetanse. Eit reelt trepartssamarbeid og ein høg organisasjonsgrad er ein føresetnad for at arbeidstakarar blir høyrde og har makt. I Noreg skal heile og faste stillingar vere hovudregelen i arbeidslivet. Det vil vi verne om. Vi skal ha eit arbeidsliv med ein balanse mellom jobb og fritid, og det skal vere mogleg å kombinere jobb med omsorgsoppgåver.

Digitaliseringa av arbeidslivet endrar kor og korleis mange jobbar. Det er eit sams ansvar å sørge for reglar som gir eit godt vern for alle, også i det nye arbeidslivet. Folk skal kunne lære på jobben, slik at dei veks i takt med endringane i arbeidslivet. Kompetanse er avgjerande for å kome inn på arbeidsmarknaden for mange unge og heilt sentralt for at mange eldre skal

kunne stå i arbeidslivet. Saman med partane i arbeidslivet må vi gå frå ord til handling i satsinga på livslang læring i det norske arbeidslivet.

Arbeidarpartiet meiner at grunnleggjande velferdstenester ikkje skal konkurranseutsetjast.

Vi vil også gjennomføre ei storsatsing på kompetanse i regi av trepartssamarbeidet. Ho kan du lese meir om under kapitlet «Det kompetente arbeidslivet».

Inkludere fleire i arbeidslivet

Alle som kan og vil jobbe, skal få høve til det. Det er særleg viktig å få unge menneske som i dag mottar passive trygdeytingar, over i aktivitet. Det skal bli lettare for personar som lever på trygd, å kombinere trygd med arbeid, og det skal vere mogleg å fullføre vidaregåande skule medan du mottar velferdsytingar.

• Hindre at stadig fleire ungdom og unge vaksne fell på utsida av skule og arbeid ved å sikre ei betre samordning av tenestene i helsesektoren, NAV og utdanningssystemet, slik at unge får ei heilskapleg oppfølging tilpassa den enkelte med fokus på aktivitet og meistring.

• Innføre ei aktivitetsreform for nye mottakarar av arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd, slik at dei som kan jobbe noko, får ein jobbgaranti som sikrar reelt høve til å kombinere trygd og arbeid. NAV skal ha eit overordna ansvar for å sikre jobbar tilpassa denne gruppa, samtidig som kommunane får ei plikt til å sikre at denne gruppa får jobb. Meirkostnadene til kommunane skal dekkast og ordninga fasast inn og starte med dei unge.

• Sikre at personar ikkje fell ut av ordninga med arbeidsavklaringspengar fordi dei ikkje er avklarte innan AAP-perioden har gått ut.

• Sørge for at alle unge under 30 år får ein garanti som sikrar at dei er i jobb, under utdanning eller kompetansegivande opplæring innan ein periode på to månader.

• Sikre at lengda på ordninga for arbeidsavklaringspengar (AAP) gir reell moglegheit for avklaring, og sørge for at nivået på ytingane er slik at mottakarane kan bruke kreftene på å kome inn i arbeidslivet.

• Gjere NAV meir tilgjengeleg både fysisk og digitalt, og styrke førstelinja i NAV slik at den enkelte saksbehandlar betre kan setje inn tiltak basert på behova til brukaren.

• Innføre ein rett til å kombinere utdanning og dagpengar for dagpengemottakarar over 25 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring eller grunnskule.

• Auke bruken av ordningar som gjer det lettare å kombinere trygd og arbeid, som gradert uføretrygd og lønstilskot.

• Auke bruken av arbeidsførebuande trening (AFT), praksisplassar, kvalifiseringsprogrammet og varig tilrettelagt arbeid (VTA). Plassar for menneske med funksjonsnedsetjingar skal prioriterast.

• At statleg og kommunal sektor skal forplikte seg til å inkludere fleire menneske med nedsett funksjonsevne.

• Fortsetje prøveordninga med anonyme jobbsøknader i offentlege verksemder.

• Ha ein eigen pott på statsbudsjettet til lokale tiltak for å redusere deltidsdelen.

• Stimulere til lokalt partssamarbeid om heiltidskultur gjennom statlege tilskotsmiddel.

• Utgreie ein lengre sjukepengeperiode enn i dag i tilfelle der det er svært gode moglegheiter for å kome tilbake til opphavleg arbeidsgivar.

• Prøve ut ei ordning der sjukepengeperioden blir gjort om til ein tidskonto, som gjer det mogleg å vere sjukemeldt lenger ved gradert sjukemelding.

• Gjeninnføre feriepengetillegg på dagpengar.

• Sørge for ei betre samordning mellom NAV

sine ulike oppdrag som arbeidsformidlar, trygdeytar og sosialhjelpar.

• Styrke arbeidslivskompetansen i NAV og NAV si rolle som arbeidsformidlar, mellom anna ved å:

- la NAV ta rolla som statleg arbeidsformidling.

- styrke språkopplæringa for personar med manglande norskferdigheiter, og sikre tidleg kompetansekartlegging og realkompetansevurdering for godkjenning av utanlandske utdanningar.

- bruke den aukande inkluderingskompetansen både i tiltaksbedrifter og i NAV for å auke likestillinga og inkluderinga i arbeidslivet.

- NAV kan gi førehandsgodkjende arbeidsmarknadsbedrifter direkte oppdrag med avklaring og oppfølging av menneske som treng det.

Les meir om politikken vår for integrering i arbeidslivet i kapitlet «Integrering – stille krav og stille opp».

Gjere det trygge, organiserte arbeidslivet sterkare

Sterke fagrørsler er hjørnesteinen i den norske modellen og det organiserte arbeidslivet. Faste, heile stillingar skal fortsetje å vere hovudregelen i norsk arbeidsliv. I delar av arbeidslivet omgår arbeidsgivarar ansvaret sitt overfor arbeidstakarar ved å bruke kompliserte selskapsstrukturar og omdefinere tilsette til frilansarar og kontraktørar. Lovverket som regulerer arbeidslivet, skal følgje utviklinga i samfunnet. For Arbeidarpartiet er det viktig å styrke vernet til arbeidstakarane.

• Fjerne tilgangen til mellombels tilsetjingar i §14-9 F i arbeidsmiljølova.

• Avgrense leigd inn arbeidskraft slik at det berre er tillate ved reine vikariat, mellom produksjonsbedrifter og etter avtale med tillitsvalde i verksemder bundne av landsomfattande tariffavtale med fagrørsle med innstillingsrett.

• Styrke fortrinnsretten til auka stilling og styrke retten til heiltid i lovverket ved at arbeidsgivar må dokumentere at det er behov for deltidsstilling.

• Doble fagrørslefrådraget.

• Sørge for at partane i arbeidslivet er representerte i alle relevante regjeringsutval.

• Stimulere til auka organisasjonsgrad blant både arbeidstakarane og arbeidsgivarane, mellom anna ved å gi verksemder som er bundne av landsomfattande tariffavtale med fagrørsle med innstillingsrett, ytterlegare unntak og rettar som ved leige av arbeidskraft.

• Tydeleggjere arbeidsgivaransvaret i arbeidsmiljølova slik at den som i realiteten bestemmer korleis arbeidet skal utførast, har rettar og plikter som arbeidsgivar.

• Sikre at løns- og arbeidsvilkår ikkje blir svekka ved anbodsprosessar, oppsplitting av selskap og andre endringar i selskapsstruktur.

• Stramme inn på moglegheita til å omgå arbeidsgivaransvaret ved å organisere tilsette i eigne selskap, slik som enkeltpersonføretak eller ulike driftsformer som plattformøkonomi og franchise.

• Utgreie om sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar skal opparbeide seg sterkare rettar til inntektssikring i folketrygda, i lys av erfaringane frå koronakrisa og utviklinga av såkalla plattformøkonomiar.

• Som ein del av trepartssamarbeidet gjennomgå og styrke krava til forsvarleg arbeidsmiljø ved bruk av heimekontor og oppdatere regelverket for det digitale arbeidslivet. Endre lov om yrkesskadeforsikring slik at alle som av arbeidsgivar tidvis blir pålagde å ha heimekontor, er omfatta.

• Avvikle au pair-ordninga.

• Saman med partane i arbeidslivet styrke kompetansen for å førebyggje og kjempe mot rasisme og diskriminering i arbeidslivet.

Nulltoleranse for sosial dumping og arbeidslivskriminalitet

Vi treng mykje kraftigare tiltak i delar av arbeidslivet for å hindre at menneske blir utnytta på det grovaste, slik vi har sett i somme bransjar. Arbeidarpartiet vil gjennomføre ei storreingjering i arbeidslivet for å rydje opp og forsikre oss om at norske løns- og arbeidsvilkår gjeld.

• Utarbeide nasjonale seriøsitetskrav for alle offentlege anskaffingar for å sikre eit seriøst arbeidsliv, der det mellom anna blir stilt krav om tariffavtale.

• Styrke Arbeidstilsynet og samarbeidet mellom dei viktigaste etatane på området, ved å gi auka ressursar og myndigheit til å ta beslag i verdiar på staden ved avdekking av regelbrot, skjerpe strafferammene for arbeidslivskriminalitet og oppheve teieplikta offentlege etatar imellom.

• Overføre fleire heimlar til reaksjonar frå politiet til utøvande etatar, til dømes Arbeidstilsynet, Skatteetaten, NAV og Tollvesenet.

• Etablere fleire senter mot arbeidslivskriminalitet (A-krim) og støtte lokale initiativ for eit seriøst arbeidsliv.

• Utvide straffelova til å gjelde lønstjuveri og auke strafferamma for grove brot på arbeidslivsreglar, slik at dei er på linje med strafferamma for annan organisert kriminalitet.

• Gjeninnføre ein kollektiv søksmålsrett for å hindre ulovleg innleige og arbeidslivskriminalitet.

• Sørge for at feriepengar til tilsette blir sett av løpande på eigen konto etter modell frå reglane om skattetrekk.

• Gjennomgå reglar for deling av personopplysningar mellom selskapa for å gjere det mogleg å ta hand om påse-plikta for oppdragsgivarar.

• Utgreie moglegheiter for å gi fagrørsla auka styresmakt og fleire verktøy for å kjempe mot arbeidskriminalitet.

• Styrke varslingsinstituttet ved å senke terskelen for varsling internt eller til tilsynsstyresmaktene.

• Prioritere vegtransport i arbeidet mot arbeidslivskriminalitet og opprette kontrollteam lokalt i heile Noreg der Politi (UP), NAV, Arbeidstilsynet, Tollvesenet, Skatteetaten og Statens vegvesen deltar.

Tillitsreform i offentleg sektor

Velferdssamfunnet vårt, med ein stor og sterk offentleg sektor, må tilby breie velferdsordningar som treff flest mogleg på best mogleg måte. Arbeidarpartiet vil styre offentleg sektor basert på norske, sosialdemokratiske verdiar som tillit, openheit og samarbeid. Vi får betre tenester og tettare kontakt mellom brukarar og tilsette om dei tilsette får meir tid og tillit til å gi hjelp og møte behova til brukarane.

Folk på jobb i offentleg sektor har mykje å vere stolte av. Under koronakrisa viste offentleg tilsette kor viktig det arbeidet dei utfører er for fellesskapet. Det er likevel mange tilsette i offentleg sektor som brukar stadig meir tid på papirarbeid, kontrollrutinar og på å rapportere den same informasjonen fleire gongar. Mange blir målte på «indikatorar» som ikkje fangar opp det som verkeleg tel for kvaliteten på tenestene. Altfor mange møter eit system der dei som bestemmer er fjernt frå folk, og der tenestene er flisa opp av konkurranseutsetjing, bestiller– utfører-modellar, outsourcing, internfakturering og ansvarspulverisering. Grunnleggjande velferdstenester er ikkje marknads- og konkurranseutsett produksjon. Vi vil ha slutt på at den felles velferdsstaten vår blir styrt basert på marknadsmekanismar som ikkje passar i offentleg sektor. Vi vil bort frå importerte leiingsmodellar som ikkje passar i Noreg, og misforstått mål- og resultatstyring der det som kan teljast, er det einaste som tel. Det offentlege skal vere gullstandarden i arbeidslivet vårt, og tenestene vi tilbyr her, skal vere av beste kvalitet. Difor treng vi ein ny arbeidsgivarpolitikk i staten.

• Gjere tillitsreform til ei av dei aller viktigaste reformene for ei Ap-leia regjering frå 2021. Reforma skal involvere og forplikte alle delar av offentleg sektor.

• Redusere bruken av marknadsmekanismar i alle delar av velferdsstaten, slik som

bestiller–utfører-modellar, outsourcing, internfakturering, konkurranseutsetjing, privatisering og marknadsbasert finansiering av velferdstilbodet.

• Ta brukarorganisasjonane, dei tillitsvalde og leiinga i alle store offentlege verksemder med på ein forpliktande prosess om korleis tillitsreforma skal utformast på det einskilde område.

• Sørge for at storting, regjering og departementa i samarbeid med partane styrer offentleg sektor basert på færre og betre kvalitetsmål.

• Heve terskelen for å innføre nye brukarrettar som fører med seg auka krav til dokumentasjon og rapportering.

• Styrke trepartssamarbeidet og rettane tilsette har til å bli involverte i alle viktige prosessar, både i staten og i kommunane. Partssamarbeid skal bli ein viktig del av jobben til offentlege leiarar på alle nivå i offentleg sektor.

• Endre tilsynet med offentlege verksemder med større vekt på læring i tett dialog med tilsette og brukarar. Mandatet til Riksrevisjonen og andre kontrollstyresmakter skal endrast i tråd med dette.

• Sikre vilkåra for at god tillitsstyring er til stades, mellom anna gjennom «stadleg leiing», som gir nærleik mellom tilsette og leiing, og gjennom å satse på heile, faste stillingar i velferdstenestene.

• Bruke digital teknologi som verktøy for tillitsstyring og sørge for at store IKT- prosjekt i offentleg sektor blir styrt på ein ny og betre måte basert på tett involvering av brukarar og tilsette, og ved å byggje opp kompetanse i eigen organisasjon framføre å kjøpe konsulenttenester.

• Bidra til å få på plass leiarutdanningar i offentleg sektor basert på den norske arbeidslivsmodellen.

Trygg og klimavenleg transport i heile landet

Auka framkomelegheit, betre tryggleik og miljøomsyn skal liggje til grunn for samferdslepolitikken vår, slik at folk og varer kjem raskt og trygt fram, tilsette sine løns- og arbeidsvilkår må bli tatt hand om og klimagassutsleppa reduserast. Det offentlege må sørge for god infrastruktur som skapar levande lokalmiljø og legg grunnlaget for lønsame arbeidsplassar.

Arbeidarpartiet vil føre ein offensiv jernbanepolitikk for framtida. Jernbanesektoren er splitta opp i mange selskap, og på fleire strekningar er persontrafikken sett ut på anbod. Denne utviklinga gjer det vanskeleg for det offentlege å sikre eit heilskapleg jernbanetilbod, og for mange reisande er det blitt meir komplisert å reise med tog. Vi vil stanse konkurranseutsetjinga og gjennomgå selskapsstrukturen i jernbanen med sikte på ei meir heilskapleg og oversiktleg organisering.

Prisveksten ved bygging av veg og jernbane har vore sterk dei siste åra. Arbeidarpartiet meiner at utbygging av infrastruktur må gjennomførast på ein måte som gir mest mogleg igjen for pengane.

Det er behov for eit kraftig vedlikehaldsløft på fylkesvegane. Fylkeskommunane skal setjast i stand til å ruste opp fylkesvegnettet. Vi vil gjennomgå garantiinstituttet for bygging av veg for å sikre ei rimeleg fordeling av ansvar og risiko mellom nasjonale og lokale styresmakter.

Intelligente og autonome transportsystem er i ferd med å revolusjonere samferdslesektoren. Vi ser store moglegheiter i digitalisering og ny teknologi, som kan skape eit betydeleg tryggare, meir effektivt og meir miljøvenleg transportsystem.

For Arbeidarpartiet er det avgjerande at den offentlege satsinga på infrastruktur gir større regionale og nasjonale ringverknader. Vi vil stykke opp anbod slik at det blir enklare for lokale aktørar å delta. Tilsette i transportsektoren skal sikrast gode løns- og arbeidsvilkår, og kampen mot sosial dumping i transportsektoren må forsterkast.

Trygg og effektiv transport i heile landet

Vegar, jernbane, hamner og flyplassar bind Noreg saman og er heilt avgjerande for busetjing og arbeidsplassar. Det offentlege må ha hovudansvaret for at denne infrastrukturen fungerer godt. Det er behov for ei meir heilskapleg utvikling av infrastruktur. Vi må betre utnytte dei moglegheitene ny teknologi gir, og den totale planleggings- og utbyggingstida for samferdsleprosjekt må reduserast monaleg.

Hamnene er viktige for verdiskaping og busetjing langs kysten. Etterslepet på investeringar i hamnene er stort, og det er behov for ei auka satsing. Vi vil ruste opp hamner og farleier slik at vi kan få meir gods frå veg til sjø og sikre vidare utvikling av fiskeriavhengige kystsamfunn.

Kystruta, som går innom 34 hamner langs den langstrekte kysten vår, er svært viktig for både passasjer- og godstrafikk. Arbeidarpartiet vil sørge for at dette viktige tilbodet bli vidareført med daglege anløp.

Nullvisjon for ulukker bør også gjelde på sjøen, og Arbeidarpartiet vil prioritere det ulukkesførebyggjande arbeidet for å hindre drukning.

• Fortsetje arbeidet med ein nullvisjon med mål om at det ikkje skal førekome ulukker med drepne og hardt skadde i vegtrafikken.

• I samarbeid med fylkeskommunane utarbeide ein heilskapleg og forpliktande plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegar og setje fylkeskommunane i stand til å følgje denne.

• Utarbeide ein heilskapleg og forpliktande plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på riksvegane.

• Utarbeide ein nasjonal gjennomføringsplan for skredsikring av alle strekningar med høg og middels skredfaktor på riks- og fylkesvegnettet som:

- er forpliktande, tidfesta og ambisiøs.

- sikrar at prosjekt blir utførte samanhengande og kostnadseffektivt.

- prioriterer dei mest rasutsette delane av riks- og fylkesvegnettet.

• Planleggje meir heilskapleg når lange riksvegstrekningar skal byggjast ut og prioritere ferdiggjering av allereie planlagde strekningar.

• Gjennomføre samfunnsmessig evaluering av fullførte samferdsleprosjekt for å hauste kunnskap som styrker framtidig organisering og gjennomføring av nye prosjekt.

• Sikre offentleg eigarskap og kontroll i jernbanesektoren og stoppe konkurranseutsetjing og oppsplitting.

• Redusere vedlikehaldsetterslepet på jernbanen og ferdigstille allereie vedtatte jernbaneutbyggingar.

• Gjennomføre ei konseptvalutgreiing for Nord-Noregbana, slik at jernbaneutbyggingar i nord kan vurderast ved neste rullering av Nasjonal transportplan.

• Behalde Avinor-modellen for å drifte og vidareutvikle flyplassar i heile landet.

• Krevje at offentlege innkjøparar av innanlands helikoptertenester stiller konkrete flytryggingskrav ved kjøp av slike tenester.

• Oppretthalde eit godt, desentralisert nett med kortbaneflyplassar og sørge for at desse blir brukt i arbeidet med elektrifisering av luftfarten.

• Auke løyvingane til hamner og farleier langs heile kysten.

• Styrke samarbeidet mellom transportetatane, bygg- og anleggssektoren og relevante forskingsinstitusjonar.

• Sørge for eit godt ferjetilbod og sikre at overføringane til fylkeskommunal ferjedrift samsvarar betre med behovet dei reisande og næringslivet har.

• Arbeide for å halvere ferjetakstane i løpet av komande stortingsperiode i samarbeid

med fylkeskommunane, og senke inngangskostnaden for å kunne nytte Autopass. Endringane skal finansierast av staten.

• Få meir av godstransporten over frå landeveg til sjø og jernbane.

• Gjere ordninga med tilrettelagt transport (TT) til ei nasjonal teneste.

• Vurdere eit breitt sett av verkemiddel for å gjere sjøtransport av varer meir attraktivt.

• Utgreie korleis vi kan sikre effektiv utnytting av norsk hamnekapasitet.

• Sørge for god infrastruktur, som hamner, for transport av tømmer.

• Stoppe konkurranseutsetjing av drifts- og beredskapstenester ved flyplassane.

Ein klimavenleg transportsektor

Samferdsle står for ein stor del av dei norske utsleppa av klimagassar. Om vi skal nå Noreg sine mål om utsleppskutt, må utsleppa frå sektoren betydeleg ned. Den vellukka satsinga på elbilar og elferjer i Noreg viser at det er mogleg. Transportsektoren i framtida må vere klimavenleg.

Arbeidarpartiet vil auke bruken av klimavenleg teknologi i næringstransporten, som står for to tredelar av utsleppa i transportsektoren. Vi vil satse vidare på elbilar og på utbygging av klimavenleg infrastruktur, som ladestasjonar, i heile landet. Betre kollektivtransport er viktig, og staten må bidra meir til utbygging av kollektive transportløysingar i og rundt dei store byane. Vi vil ha lågare klimautslepp, mindre kø og betre byluft.

• At staten skal bidra med inntil 70 prosent av utbyggingskostnadene i store kollektivprosjekt i og rundt dei største byane.

• Stille krav om at all bynær busstrafikk skal gå på nullutsleppsløysingar eller biogass innan 2028.

• Utvikle nye og forbetra modellar for kollektivtilbod i område med spreitt busetjing, som HentMeg-ordninga.

• Innrette avgiftssystemet slik at det er rettferdig og bidrar til kutt i utslepp av klimagassar, og utgreie kor vidt vegprising kan erstatte bompengar som eit bidrag til dette.

• Gradvis redusere fordelane på dei dyraste elbilane, og auke CO2-komponenten for nye bensin- og dieselbilar for å nå målet om at alt nybilsal skal vere nullutsleppsbilar innan 2025.

• Gå gjennom avgifts- og subsidiesystemet for nyttekøyretøy, for å sikre at klimavenlege køyretøy er mest lønsame.

• Byggje ut ladestasjonar for elbil i heile landet.

• Byggje ut godsterminalar, kryssingsspor og annan nødvendig infrastruktur på jernbanen, slik at meir gods kan overførast frå veg til bane.

• Leggje til rette for heil- eller delelektrifisering, eller bruk av annan teknologi, for å redusere utslepp frå attverande dieselstrekningar på jernbanen.

• Forbetre nattog-tilbodet i Noreg og kople Noreg på det dansk-svenske samarbeidet for å etablere nattog til kontinentet.

• Ha ei støtteordning for fylkeskommunar som byter ut hurtigbåtane sine og gamle ferjer med låg- og nullutsleppsfartøy.

• Bruke innkjøpsmakta i stat og kommune til å utvikle og ta i bruk ny teknologi for klimavenleg maritim transport, og leggje til rette for overføring av gods frå veg til sjø.

• Auke kommunane sine moglegheiter til å innføre eigne klimatiltak i transportsektoren, som til dømes utskifting av servicekøyretøy i nullutsleppssoner og større lokalt sjølvstyre i parkeringspolitikken.

• Gi kommunane fridom til sjølv å organisere og regulere tilbodet av elsparkesyklar innanfor grensene sine.

• Etablere landstraum ved dei største hamnene, og opne for differensiert

hamneavgift for å stimulere skip til å gjere nødvendige investeringar for å kunne bruke landstraum.

• Gradvis skjerpe krava til innblanding av andregenerasjons biodrivstoff for alle relevante transportformer.

• Ha som mål at drifta av flyplassane i landet er fossilfrie innan 2030, og at all innanlands flytrafikk er utsleppsfri innan 2040.

• Stimulere til at klimavenlege energiberarar som hydrogen og ammoniakk blir utvikla for tungtransport og store skip.

Trygge arbeidsplassar og norske løns- og arbeidsvilkår

Mange som jobbar i samferdslesektoren opplever press på løns- og arbeidsvilkår. Det gjeld yrkessjåførar på norske vegar, norske sjøfolk og tilsette i luftfarten. Det skapar dårleg tryggleik og fører til tilstandar i arbeidslivet vi ikkje ønskjer i Noreg. Arbeidarpartiet vil skjerpe innsatsen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Dette vil gi tryggare transport, auke yrkesstoltheita blant dei som jobbar i sektoren, betre rekrutteringa og gi betre økonomiske rammevilkår for seriøse transportørar. Vi vil bidra til at fleire ønskjer å bli yrkessjåfør, og sørge for tilgjengeleg utdanning av høg kvalitet.

Det er planlagt store investeringar innanfor samferdslesektoren dei neste tiåra. Samtidig er det for få norske bedrifter som får offentlege oppdrag til utbygging av veg, jernbane og kystverk. For Arbeidarpartiet er det avgjerande at den store offentlege satsinga på infrastruktur bidrar til lokale og regionale arbeidsplassar.

• Sørge for at det i offentlege anbod blir stilt krav om faste tilsetjingar, fagarbeidarar, lærlingar, ryddige løns- og arbeidsvilkår og maksimalt antal kontraktsledd.

• Sørge for at store samferdsleutbyggingar blir organisert slik at nasjonalt, regionalt og lokalt næringsliv kan delta i konkurransen om oppdrag.

• Sikre eit godt drosjetilbod i heile landet og derfor stoppe liberaliseringa av drosjenæringa.

• Ha strengare rammer for tungtransport på veg og kabotasjekøyring ved å:

- stille krav til utanlandske operatørar om registrering og betaling av meirverdiavgift frå første krone både for lastebil- og busstransport.

- auke kontrollverksemda til Arbeidstilsynet og Statens vegvesen.

- stille auka krav til utrusting av køyretøy og kompetanse for sjåførar på vinterføre.

• Stille krav om norske løns- og arbeidsvilkår i norske farvatn og på norsk sokkel, og sikre ei sterk nettolønsordning.

• Ta initiativ til eit regelverk som sikrar tilsette heile og faste stillingar direkte hos flyselskapet, tydeleggjere at heimebasereglane klart definerer arbeidsgivaransvaret, og hindre at norske og europeiske tilsette på norskregistrerte fly i interkontinental trafikk blir bytte ut.

• Sørge for at Luftfartstilsynet har tilstrekkeleg med ressursar til å kunne ta hand om eit høgt tryggleiksnivå i luftfarten, og at Luftfartstilsynet og Arbeidstilsynet gjennomfører tilsyn med alle selskap som opererer i Noreg.

I front for å utvikle og ta i bruk ny teknologi

Samferdslesektoren er under kraftig utvikling, mellom anna på grunn av ny teknologi. Nye, klimavenlege motorar og nye tenesteplattformer utfordrar eksisterande forretningsmodellar. Heilt eller delvis autonome køyretøy skapar ei ny verkelegheit som byr på store moglegheiter. Med ny teknologi følgjer også utfordringar. Skal vi skape norske arbeidsplassar og unngå at teknologien får styre samfunnsutviklinga, er det viktig med sterk politisk styring når ny samferdsleteknologi blir tatt i bruk.

Noreg skal vere i front i utvikling, utprøving og implementering av ny teknologi innanfor eit breitt spekter av transportteknologiar. Det gjeld særleg innanfor maritim transport, der vi allereie er langt framme og har eit stort potensial for arbeidsplassar og verdiskaping.

Arbeiderpartiet vil:

• Ta ei leiande rolle i teknologiutviklinga på område der vi har fortrinn, som utsleppsfrie lastebilar og anleggsmaskiner, autonome og utsleppsfrie skip og utsleppsfri luftfart.

• Starte ei nasjonal satsing på ubemanna teknologi, som vil seie både utvikling og utprøving.

• Auke løyvingane til forsking innanfor samferdslesektoren og leggje til rette for betre samarbeid mellom transportetatane og relevante forskingsinstitusjonar.

• Gjere tilgang til høgkapasitets internett til ein rett på lik linje med straum og arbeide for nye teknologiske løysingar, som til dømes 5G, til heile landet.

• Sørge for at Nasjonal transportplan i større grad blir sett i samanheng med planlegging og utbygging av straumnettet og digital infrastruktur.

• Endre regelverket for å gi kommunane større rom for å prøve ny teknologi og trafikkstyring som kan fremje klimavenleg transport.

• Jobbe for saumlause billettar og overgangar på kollektivtransport i heile landet.

Digitalisering:

Tilgang for alle

Med den teknologiske utviklinga følgjer store moglegheiter. I eit avansert industrisamfunn som Noreg, med små forskjellar og høg tillit, kan digitaliseringa skape nye arbeidsplassar og gjere offentlege tenester betre i heile landet. Digitalisering gir auka moglegheiter for eit desentralisert arbeidsliv og politikken må utformast slik at små lokalsamfunn ikkje blir tappa for kompetanse.

Den teknologiske revolusjonen har også ei bakside. Om vi let marknadskreftene rå, vil plattformøkonomien skape nye monopol, utfordre det trygge arbeidslivet og gjere det offentlege meir polarisert. Vi er i ferd med å få nye, djupare klasseskilje fordi store grupper i samfunnet, ikkje minst eldre, blir hekta av. For Arbeidarpartiet er det avgjerande at alle skal med, og at det er fellesskapet som styrar utviklinga når teknologien endrar samfunnet, og ikkje omvendt. Arbeidarpartiet vil kjempe mot digital utanforskap.

Den viktigaste verdien i den digitale økonomien er data som kvar og ein av oss produserer gjennom bruken vår av internett og alt som er tilkopla. Arbeidarpartiet vil verne innbyggarane mot digital overvaking og påverknad og stille strengare krav til at private selskap deler data.

For Arbeidarpartiet er hovudprioriteringa i digitaliseringspolitikken å:

• Digitalisere offentleg sektor på ein måte som gjer kvaliteten betre og den offentlege forvaltninga meir open, som sikrar løysingar for god offentleg forvaltning av data, og som desentraliserer langt meir av tenestetilbodet enn det som er tilfelle i dag.

• Motverke nye klasseskilje ved å styrke det organiserte arbeidslivet, gjennomføre eit historisk løft for kompetanseheving gjennom heile arbeidslivet og i befolkninga generelt, og sikre at også dei nye digitale aktørane bidrar til fellesskapet ved å betale skatt.

• Føre ein strategisk industri- og næringspolitikk for å skape nye jobbar, og gjere offentleg sektor til ein partnar for selskap som kan levere nye digitale

løysingar innan mellom anna helse, omsorg og energi.

• Føre ein politikk for meir openheit og samarbeid for å sikre personvernet, datadeling og rettferdig konkurranse.

• Leggje til rette for tunge digitale miljø fleire stader i offentleg sektor og over heile landet, slik at offentleg sektor blir ein strategisk partnar for det digitale næringslivet.

• Teste ut ei ordning med frie innovasjonsmiddel, der dei fremste teknologi- og kunnskapsmiljøa årleg blir invitert til å føreslå digitaliseringsgrep som kan betre tenestene offentleg sektor tilbyr.

• Gjennomføre ein grundig digital vask av det norske lovverket med mål om å identifisere og fjerne hindringar for innovasjon og digitalisering.

• Gjennomføre eit breitt kartleggingsarbeid av endra prosessar i offentleg sektor som følgje av handteringa av covid-19, for å identifisere læringspunkt og forbetringar som vi tar med oss og utnyttar etter at pandemien er over.

• Arbeide internasjonalt for å sikre at dei globale plattformselskapa blir skattlagde effektivt, og gjennomføre nasjonale tiltak ved utilstrekkeleg framgang i dette arbeidet.

• Lage ein nasjonal strategi og eit godt regelverk for data gitt av innbyggarane, for å sikre auka verdiskaping og at fellesskapet tar del i verdiskapinga.

• Ta initiativ til eit samarbeid mellom styresmakter og næringsliv om eit nordisk talentrekrutteringsprogram, som skal sikre at bedrifter får auka tilgang til dei fremste digitale talenta i verda.

• Etablere fleire nye forskingssenter for næringsdriven digitalisering (FND), som samlar ekspertise frå forsking, akademia og næringsliv etter modell frå tilsvarande ordningar på miljøvenleg energi.

• Styrke innsatsen på forsking, utvikling og innovasjon innanfor mogleggjerande teknologiar, som kunstig intelligens, stordata, autonome system og «tingenes internett».

• Utvikle ein nasjonal tiltaksplan for cybertryggleik i næringslivet i samarbeid med Næringslivets sikkerhetsråd. Planen bør særleg rettast inn mot små og mellomstore bedrifter.

• Vurdere krav om datadeling frå private selskap og beskytte innbyggarane mot digital overvaking og påverknad.

• Leggje til rette for god opplæring og hjelp til brukarar som ikkje meistrar digital teknologi.

• Leggje til rette for at informasjon, kommunikasjon og IKT er universelt utforma.

• Utarbeide ein nasjonal strategi og retningslinjer for personvern og digitalt privatliv, og ta eit internasjonalt initiativ til internasjonale minstestandardar for personvern.

Velferd.

Ein god oppvekst varer heile livet

Ein god oppvekst varer heile livet. Målet til Arbeidarpartiet er at alle barn skal vekse opp i tryggleik, same kven dei er, kor dei kjem frå, og korleis familien deira er sett saman.

Familien er det viktigaste fellesskapet for dei fleste barn og unge. Familiar med tid og overskot til å vere til stades for sine yngste, er den beste ramma for oppveksten til barn og unge. Difor vil Arbeidarpartiet vidareutvikle skule og barnehage, SFO/AKS og fritidstilbod slik at alle barn og familiar får glede av det. Vi vil organisere skulekvardagen på ein måte som betre enn i dag passar med foreldra sin travle kvardag, og vi vil tilsetje fleire kompetente vaksne til å jobbe med og rundt dei yngste barna. Vi vil sørge for at barn og unge som slit med psykiske problem, stress, press og prestasjonsjag, får den hjelpa dei treng, og ikkje ber heile byrda åleine.

Det er foreldre og føresette sitt ansvar å oppdra barna sine. Men kor godt vi lykkast med å fostre opp komande generasjonar, seier mykje om eit samfunn. Målet til Arbeidarpartiet er at alle barn skal kunne leike, lære, utvikle seg og utfalde seg i trygge omgivnader. Det gjeld i barnehagen, på skulen og på SFO. Dette er viktige fellesarenaer som må vere tilgjengelege for alle barn på lik linje med kulturtilbod, idrett og andre fritidsaktivitetar. Difor må fellesskapet ha gode tilbod til barn og unge, både dei som alle nyttar seg av, og dei som er til for barn og familiar med behov for ekstra hjelp og støtte.

Mange barn veks opp i familiar med utfordringar. Det kan vere økonomiske problem, vald, rus, sjukdom eller andre tilhøve som gjer barn utrygge. Fellesskapet skal stille opp for familiar og barn som treng det. Enten det er gjennom kommunale tenester, barnevern, rettleiing eller eit tilpassa tilbod for å hjelpe foreldre eller barn: Vi må stille opp.

Del 2:

Mange barn med funksjonsnedsetjingar blir i dag ekskluderte frå deltaking i leik og frå nærskulen sin på grunn av manglande universell utforming og tilrettelagd undervising. Barnehagar, leikeplassar og skular må vere universelt utforma for at alle skal kunne delta.

Barnehage, skule og utdanning: Ein god offentleg skule og lik rett til utdanning

For Arbeidarpartiet er ein god offentleg skule og lik rett til utdanning avgjerande for at alle menneske skal ha høve til å utvikle seg, skape gode liv og oppnå måla sine. Gjennom tidleg innsats vil Arbeidarpartiet investere meir i dei yngste barna. Tidleg innsats startar i barnehagen, og vi vil sørge for gode barnehagar med kvalifiserte vaksne som gir tryggleik og stimulerer til leik, læring og utvikling.

Oppgåva til skulen er at alle barn lærer og har det bra. Då treng vi også fleire kvalifiserte lærarar. Arbeidarpartiet vil ha ein inkluderande skule som ser alle elevane og utjamnar forskjellar. Ingen barn skal oppleve å stå utanfor fellesskapet. Alle barn har rett til å gå på nærskulen sin.

Vidaregåande opplæring skal gi ungdom den yrkeskompetansen eller studieførebuinga dei treng vidare i livet. I dag sluttar for mange elevar på vidaregåande før enda utdanning. Arbeidarpartiet skal jobbe for at fleire fullfører vidaregåande opplæring. Yrkesfaga er spesielt viktige for å utdanne fagarbeidarane arbeidslivet etterspør.

Les meir om satsinga vår på kompetanse i arbeidslivet i kapitlet «Det kompetente arbeidslivet».

Gode barnehagar for alle barn

Barnehagen skal vere ein trygg og god stad å ta sine første skritt. Gjennom leik og utforsking utviklar barna ferdigheiter dei tar med seg vidare i livet, innanfor trygge og gode rammer. Vi vil at barna skal møte fleire kompetente og kvalifiserte vaksne. Tidleg innsats byrjar i barnehagen med dyktige fagfolk som har tid og tillit til å følgje opp kvart enkelt barn. Barnehagar må ha ein rimeleg pris, og eventuelle overskot i private barnehagar må kome barna til gode. For Arbeidarpartiet er det eit mål at barn skal få plass i barnehagen uavhengig av kva tid på året barnet er fødd.

• Jobbe for at minst halvparten av dei tilsette i alle barnehagar som jobbar direkte med barna, er barnehagelærarar, og auke delen av fagarbeidarar.

• Styrke kvaliteten i barnehagen gjennom krav til nærverande leiar, vikarbruk, høve til kompetanseutvikling for dei tilsette og krav om barnehagefagleg kompetanse hos eigar.

• Jobbe for at flest mogleg kommunar innfører minimum to barnehageopptak i året.

• Bevare maksprisordninga og rett til søskenmoderasjon.

• Gjere barnehagen gratis frå det tredje barnet som går samtidig i barnehagen. Inntektstap og meirkostnader for denne reforma må kompenserast frå staten.

• Sikre at barna får sunn og variert mat.

• Betre ordninga med gratis kjernetid i barnehagen, særleg i område med integrerings-, språk- og levekårsutfordringar.

• Utgreie rett til å få barnehageplass i nærmiljøet.

• Rekruttere fleire menn til å jobbe i barnehage.

• Innføre eit tydeleg og strengt regelverk for private barnehagar ved å:

- endre det økonomisk regelverket for private barnehagar, for å sikre at skattepengane og foreldrebetalinga går til betre barnehagar og ikkje uakseptable verdiuttak av eigarar.

- ha strengare regulering av kjøp og sal av barnehagar og hindre kortsiktige eigarar som utanlandske oppkjøpsfond å kjøpe seg opp i barnehagesektoren.

- ha eit finansieringssystem for private barnehagar som gir kommunane større moglegheit til å regulere barnehagesektoren lokalt, og som sikrar reelt mangfald av barnehagar.

- innføre eit lovmessig skilje mellom kommersielle og ideelle barnehagar.

- gi kommunar tilgang til å stille same krav til private som offentlege barnehagar, inkludert krav til opningstider, kvalitet, innhald og inntak av lærlingar.

- stille krav om at tilsette i private barnehagar skal ha løns- og arbeidsvilkår minst på linje med tilsette i offentlege barnehagar.

Ei framtidsretta organisering av skulekvardagen

Dei fleste elevar på småtrinnet brukar skulefritidsordninga (SFO) etter enda skuledag. I dag varierer kvaliteten og prisnivået på SFO for mykje. Arbeidarpartiet ønskjer å auke kvaliteten og senke prisen på SFO. Dei ulike yrkesgruppene i skulen må samarbeide for å sikre at fleire barn fullfører utdanningsløpet.

• Innføre gratis SFO, i første omgang for alle førsteklassingar, og arbeide for lågare pris på SFO for alle barn.

• Jobbe for søskenmoderasjon for familiar som har barn både i barnehage og i SFO.

• Vurdere å utvide talet på timar på skulen for dei yngste elevane slik at det blir meir tid til både fag og leik.

• Innføre eit sunt, enkelt skulemåltid i løpet av dagen og gi skulane fridom til å organisere dette sjølve.

• Arbeide for at alle barn og unge skal kunne få undervising på kulturskulen, og at deltakaravgifta ikkje er så høg at nokon blir ekskluderte.

• Utvikle ein nasjonal standard for innhaldet og kvaliteten i SFO. Dei nasjonale kvalitetskrava skal bidra til:

- at barna får eit variert SFO-tilbod, som mellom anna inkluderer leksehjelp og leik.

- at barna får moglegheit til hjelp med skulearbeidet i SFO, mellom anna gjennom ei betre kopling mellom det som skjer i SFO, og skulefaga.

- at det skal vere eit tilbod til alle elevar kvar dag.

- at alle barn dagleg er i fysisk aktivitet.

- at laget rundt barna blir styrka slik at alle barn møter kvalifiserte og kompetente vaksenpersonar.

- at høvet til etter- og vidareutdanning for tilsette i skulefritidsordninga blir styrka, mellom anna ved å utvikle eit fagskuletilbod saman med partane i arbeidslivet og tilby fullfinansierte plassar.

Tidleg innsats i ein skule som ser alle elevar

For Arbeidarpartiet er det avgjerande at alle elevar lærer dei grunnleggjande lese-, skrive- og rekneferdigheitene tidleg, og at vi byggjer eit sterkare lag rundt kvar enkelt elev. Det skal vere plass til alle i den norske skulen, og elevane skal utfordrast og utviklast på sine eigne premiss. Arbeidarpartiet vil at alle elevar som treng spesialundervising, skal få det av kompetent pedagogisk personell.

Venskap og sosiale ferdigheiter er avgjerande viktige for læring og utanforskap er alvorleg for den som blir ståande åleine. Det må jobbast meir systematisk for at dei yngste barna våre raskt blir del av eit sosialt fellesskap.

• Innføre ein lese-, skrive- og reknegaranti, mellom anna ved å opprette innsatsteam med spesialpedagogar og andre fagfolk som skal utgjere eit sterkare lag rundt elevar som har behov for det.

• Betre overgangane mellom barnehage, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule.

• Evaluere seksårsreforma, og gjennomføre fleire prøveprosjekt med meir fleksibel skulestart.

• Sikre at spesialundervisinga blir starta opp raskast mogleg når behovet oppstår, og at ho blir innretta slik at elevane i størst mogleg grad blir inkluderte i klassen.

• Sikre at pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) har forsvarleg kompetanse og bemanning.

• Styrke heim–skule-samarbeidet og sikre gode leksehjelpsordningar, også på ungdomstrinnet.

• Setje inn tiltak for at gutar skal lykkast betre i grunnskulen.

• Leggje til rette for at fagleg sterke elevar får dei utfordingane dei treng.

Ein meir praktisk skule

Arbeidarpartiet meiner grunnskulen skal gi ei brei grunnopplæring til barn og unge, både for dei praktiske talenta og dei som er teoretisk sterke. Grunnskulen skal vere ei førebuing for både yrkesfag og studiespesialisering, og gi alle barn rike og varierte meistringsopplevingar. Praktisk-estetiske fag har ein verdi i seg sjølv og må sikrast ein større plass i skulekvardagen til alle barn. I teorifag er det også viktig å ta i bruk fleire praktiske tilnærmingsmåtar for å lære fagstoff. Kompetanseomgrepet i alle fag handlar om å tileigne seg kunnskap og å trene ferdigheitar, og Arbeidarpartiet ønskjer at norsk grunnskule skal vere i front når det gjeld å utvikle praktisk pedagogikk og didaktikk, særleg innanfor basisfaga norsk, matematikk og engelsk.

Grunnskulen skal førebu og motivere for alle utdanningar. Det skal vere og opplevast som ei reell førebuing for elevar som både siktar seg inn mot yrkesfag og studiespesialiserande på vidaregåande skule. Utvikling av fagarbeidarane for morgondagen startar i første klasse og skal vere ein vesentleg del av norsk grunnskule. Skulen må lære elevane å gjere og gjennomføre, og at det er like viktig som å vite. Elevane må lære å bruke teorien skulen utstyrer dei med. Slik får dei djupare forståing for teoretisk kunnskap og kva dei skal med denne. Det er viktig i alle yrke og utdanningar.

• Innføre «praktiske ferdigheiter» som ei sjette grunnleggjande ferdigheit, fordi praktiske ferdigheiter er kunnskap som er viktig og verdifull i seg sjølv, der elevane skal skape, utforske, utvikle kreativitet, innovasjon, problemløysing og kritisk tenking.

• Auke bruken av praktisk læring i alle fag, og vurdere korleis praktisk læring kan fremjast og leggjast vekt på i kompetansemål, vurdering og eksamensformer.

• Styrke praktisk læring i teoritunge fag ved å lage ein nasjonal strategi som sørger for at det blir utvikla og delt innovativ og engasjerande metodikk, særleg i basisfaga norsk, matematikk og engelsk.

• Leggje til rette for at alle skular har tilgang til verkstad, skaparverkstad, sløydsal og tilsvarande læringsarenaer gjennom eit spleiselag mellom stat og kommune, og begynne med ungdomsskulane.

• Praktisk pedagogikk og didaktikk skal leggjast vekt på i lærarutdanningane og i etter- og vidareutdanning for lærarar i alle fag.

• Styrke og betre dei praktiske og estetiske faga gjennom ein eigen strategi, ved mellom anna å sikre at skulane har materiale og utstyr.

• Gi lærarar høve for etter- og vidareutdanning også i praktiske og estetiske fag.

• Auke delen av kvalifiserte lærarar innan dei praktiske og estetiske faga.

• Gjennomgå valfaga i ungdomsskulen og stille krav om at alle skular skal tilby minst eitt praktisk retta valfag som gir standpunktkarakter.

• Evaluere eksamensordninga, både på ungdomsskule og vidaregåande skule, slik at eksamen/sluttvurderinga speglar att kompetansemåla i læreplanane.

• At kunnskap om den norske modellen og trepartssamarbeidet skal få ein større plass i undervisinga på skulen.

• Leggje til rette for at alle ungdomsskular har tilbod om elevbedrift og utplassering i arbeidslivet.

• Vidareutvikle entreprenørskap i skulen som valfag.

• Stille strengare krav til kvaliteten og omfanget på svømmeundervisinga, slik at alle barn lærer å svømme.

• Sikre at alle elevar framleis har tilgang til skulebibliotek, også elevar på privatskular, og inkludere skulebiblioteka i det pedagogiske arbeidet.

• Arbeidarpartiet vil vidareføre lovkravet om leirskule i ny opplæringslov.

Lærarar med betre tid og tillit

Dyktige lærarar som har tid og tillit til å følgje opp kvar enkelt elev, er føresetnaden for ein god skule. Arbeidarpartiet vil innføre ei tillitsreform som fjernar unødvendig rapportering og byråkrati for dei tilsette og gir dei meir tid til læring og oppfølging av elevane.

• Avbyråkratisere skulen ved å fjerne tidstjuvar og unødvendige krav til rapportering og dokumentasjon.

• Gjennomgå kvalitetsvurderingssystemet i grunnskulen (NKVS) saman med partane i skulen, med mål om å redusere bruken av testar og prøvar og sikre at styringa fremjar meir og betre læring i skulen.

• Leggje til rette for fleire karrierevegar for tilsette i skulen og erstatte lærarspesialistordninga med ei partsforankra ordning som gir lærarane betre tid til utviklingsarbeid, karriereutvikling og profesjonsfellesskap på skulen.

• Garantere fortsett storsatsing på kompetanseutvikling for lærarar i skulen og utvide moglegheitene til etter- og vidareutdanning til å gjelde fleire fag.

Fleire kvalifiserte lærarar

Lærarmangelen i skulen er aukande. For Arbeidarpartiet er det viktig at alle elevar får lærarar som er kvalifiserte og har tid til dei. Vi meiner at behovet for fleire lærarar i den norske skulen er stort, og vil tilsetje, utdanne og rekruttere fleire lærarar.

• Sørge for at det blir tilsett fleire kvalifiserte lærarar og behalde minstenorma for lærartettleik.

• Behalde kompetansekrava, men fjerne «avskiltinga» av lærarar utdanna før 2014.

• Auke delen av kvalifiserte lærarar og investere i auka kompetanse ved å:

- gjennomføre eit kompetanseløft for dei som underviser i skulen og manglar

formalkompetanse.

- auke delen av lærarar som får auka kompetanse på klasseleiing, pedagogisk bruk av digitale læremiddel og spesialpedagogikk.

- flytte ansvaret for at lærarane får kompetanseheving, frå arbeidstakar til arbeidsgivar og gjere det obligatorisk for kommunane å lage ein plan for vidareutdanning.

- etablere hospiteringsordningar i skulen for lærarar, skuleleiarar og dei som utdannar lærarar. Hospitering i relevant arbeidsliv bør bli ei norm for lærarar og rådgivarar på yrkesfag.

• Satse meir på skuleleiing og skulefagleg kompetanse på alle nivå i skulen.

• Utvikle eit eige program for å rekruttere tilbake lærarar som har forlate yrket.

Ei betre lærarutdanning

Foreldre skal vere trygge på at barna får god oppfølging og undervising av høg kvalitet i skulen. Difor er det viktig for Arbeidarpartiet å utdanne fleire lærarar over heile landet og å styrke lærarutdanningane.

• Erstatte inntakskravet på fire i matematikk med breiare og meir treffsikre opptakskrav på lærarutdanninga.

• Prøve ut fleire alternative opptaksordningar til lærarutdanningane, til dømes intervju.

• Styrke kvaliteten i lærarutdanningane og auke studieintensiteten ved å heve pedagogikkdelen, auke talet på praksisdagar og gi studentane meir erfaring i praktisk lærararbeid.

• Behalde den femårige grunnskulelærarutdanninga på masternivå.

• Starte ein ny nasjonal rekrutteringskampanje til lærarutdanninga, særleg retta mot menn.

Auka innsats mot mobbing

Barn og unge skal ha eit godt og trygt skulemiljø, det er eit sams ansvar. Ingen skal vere redde for å oppleve mobbing, verken på skulevegen, i friminutta eller i timen. Arbeidarpartiet vil intensivere innsatsen mot mobbing i den norske skulen.

• Etablere beredskapsteam mot mobbing i alle kommunar.

• Gi kommunane moglegheit til å tilsetje fleire miljøarbeidarar og miljøterapeutar på skular for å styrke eit godt læringsmiljø. Endre kapittel 9A i opplæringslova i dialog med partane i skulen, slik at ein tar vare på rettstryggleiken til både elevane og lærarane på ein betre måte i arbeidet med eit trygt skulemiljø.

• Prioritere det førebyggjande arbeidet og gjennomføre eit breitt kompetansehevingsprogram om mobbing som alle vaksenpersonar i skulen kan søkje på.

• Utvikle statleg kompetansesenter som skal rettleie og sikre lik behandling i saker om mobbing, uavhengig av kva kommune ein bur i.

• Styrke kommunane sitt arbeid med kunnskapsbasert oppfølging av mobbesaker og rettleiing av råka familiar, særleg knytt til oppfølging frå skular og barnehagar av aktivitetsplikta, og arbeide for at alle kommunar får tilgang til kunnskap og rettleiing frå aktuelle fagmiljø i arbeidet sitt.

• Styrke laget rundt elevane med ressursane og fagfolk for betre å kunne løyse sosiale utfordringar og sikre meir tid til læring og elevoppfølging.

Ei framtidsretta vidaregåande opplæring som fleire fullfører

Vidaregåande opplæring skal gi ungdom yrkeskompetansen eller studieførebuinga dei treng, og alle skal få eit tilbod som gir dei gode moglegheiter vidare. Det er framleis for mange elevar som ikkje fullfører vidaregåande opplæring.

• Gi elevar rett til sluttkompetanse i tråd med tilrådingane frå Lied-utvalet.

• Tilby intensivopplæring mellom ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring for elevar med svake grunnleggjande ferdigheiter.

• Sørge for betre oppfølging av elevar med særskilde utfordringar som risikerer stort fråvær.

• Dele skuleåret i terminar.

• Behalde fylka sin rett til sjølv å bestemme korleis opptak til vidaregåande skule skal skje.

• Forbetre fråværsreglementet vi har i dag slik at det blir mindre rigid og byråkratisk, meir rettferdig for elevane og legg opp til auka gjennomføring.

• Tilby fleire språkfag, inkludert teiknspråk, i den vidaregåande skulen.

• Tilby fagleg sterke elevar å ta fleire fag på høgare nivå.

• Ha ein heilskapleg gjennomgang av alle stipendordningane for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring, inkludert ordningane for bortebuarar.

• Evaluere eksamensordninga, både på ungdomsskule og vidaregåande skule, slik at eksamen/sluttvurderinga speglar att kompetansemåla i læreplanane.

Framtidas fagarbeidarar:

Det norske nærings- og samfunnslivet treng fleire fagarbeidarar for å byggje den moderne velferdsstaten og ein industri i verdstoppen. For mange yrkesfagelevar får ikkje læreplass og for få gjennomfører med fag- eller sveinebrev. Arbeidarpartiet vil styrke lærlingordninga, gi yrkesfagopplæringa betre vilkår og sørge for at arbeidslivet som ventar etter fullført utdanning, er attraktivt, trygt og seriøst.

• Innføre ein læreplassgaranti som sikrar at alle elevar som er kvalifiserte, får læreplass. Dette skal skje gjennom eit forpliktande samarbeid mellom staten, fylkeskommunen og arbeidslivet med vekt på:

- Betre oppfølging av ungdom i overgangen frå skule til læretid.

- At talet på elevplassar på yrkesfag samsast med moglegheitene for læreplass

- At innføringa av læreplassgaranti blir påbegynt innan fag der offentlege arbeidsplassar har høg del av læreplassane

- At å vere lærebedrift blir meir attraktivt mellom anna gjennom styrkte krav til seriøsitet og bruk av lærlingar ved offentlege innkjøp og anbod.

• Gi skulen ansvaret for å følgje opp lærlingar det første året av læretida, og saman med lærling og arbeidsgivar differensiere oppfølging og varigheit etter behov.

• Gi ungdom med behov for støtte til livsmeistring særskild oppfølging i skule og læretid, for at fleire skal gjennomføre vidaregåande opplæring.

• Gjeninnføre forsterka lærlingtilskot for bedrifter som tar inn lærlingar med særskilte behov.

• Etablere eit nasjonalt senter for yrkesfag.

• Leggje til rette for fleksible løp i fleire utdanningsprogram, der elevane får veksle

mellom skule og arbeidsliv.

• Styrke stipendordninga.

• Gi alle lærlingar eit lærlingbevis som gir same fordelar som elevar og studentar har.

• Styrke mandatet til yrkesopplæringsnemnda i arbeidet med utvikling av fag- og yrkesopplæring.

• Investere meir i utstyr på yrkesfaglinjene slik at opplæringa blir meir relevant.

Fagskulane:

Fleire studieplassar og auka satsing

Fagskulane skal gi solid høgare yrkesfagleg utdanning og vere eit likeverdig yrkesfagleg alternativ til universitets- og høgskuleutdanning. Arbeidarpartiet vil gi fagskuleutdanningane ei viktig rolle i den livslange læringa og jobbe for eit tett samarbeid mellom fagskulane og partane i arbeidslivet.

• Gjeninnføre ein forpliktande opptrappingsplan med tusen nye fagskuleplassar årleg over fem år, i tråd med behova i arbeidslivet.

• Gjennomgå dimensjoneringa av og finansieringa i fagskulesektoren for å sikre at utdanningstilboda er tilgjengelege, relevante og har god kvalitet.

• Gi fagskulelærarar betre moglegheiter til å utvikle den pedagogiske kompetansen sin.

• Gjere fagskular til ein meir attraktiv karriereveg ved å auke kunnskapen om fagskulesektoren på ungdomsskulen og i vidaregåande opplæring.

• Opprette eit nasjonalt studentombod for fagskulestudentane.

• Leggje til rette for fleire bransjeprogram og etter- og vidareutdanningstilbod som tar i bruk kapasiteten og kompetansen til fagskulane.

• Styrke innhaldet og den pedagogiske undervisingskompetansen i fagskulane.

• Jobbe for fleire desentraliserte fagskuletilbod som kan kombinerast med jobb.

• Leggje til rette for meir internasjonalisering og utveksling i fagskulesektoren.

• At fagskuleutdanning skal byggje på og vere i samsvar med relevante yrkesfaglege, kunstfaglege, etiske, vitskaplege og pedagogiske prinsipp.

• Utvikle og styrke Norges brannskole (NBSK) i Fjelldal.

Eit løft for skulebygg, teknologi og digital kompetanse

Digitalisering endrar kvardagen til lærarar, elevar og foreldre, og digital kompetanse er ein føresetnad for å greie seg i samfunnet i dag. Arbeidarpartiet vil satse på eit teknologiløft for skulen, slik at elevane kan lære betre og bli meir kompetente i møte med digitaliseringa.

Gode skulebygg legg til rette for god, aktiv og variert læring.

• Sørge for gode finansieringsordningar til kommunar som vil byggje nye eller ruste opp gamle skulebygg.

• Sikre tilgjengeleg og oppdatert utstyr og tilgang til høghastigheitsnett i skulen.

• Gi lærarane auka kompetanse i bruk av digitale læremiddel og pedagogisk kvalitetssikring av læremidla.

• Innføre ei nasjonal støtteordning for å utvikle gode digitale læremiddel.

• Sikre at alle elevar får erfaring med koding som del av faginnhaldet i skulen.

Auka likestilling og betre universell utforming

Den norske skulen skal vere likestilt. Det betyr at han må vere tilpassa og reelt tilgjengeleg for alle elevar, uansett kven dei er, og kva behov dei har. For mange elevar opplever at verken bygningsmasse, uteområde, hjelpemiddel eller undervising er tilpassa dei. Ein skule for alle

må vere universelt utforma, og skulen må ha kunnskap om behova til dei ulike elevane, slik at barna kan leike, lære og utvikle seg i trygge rammer.

• Setje rådgivingstenesta i stand til å gi betre rettleiing til elevar med funksjonsnedsetjingar.

• Krevje at læremiddel og eventuelle hjelpemiddel må vere tilgjengeleg og tilpassa funksjonsnivået til den enkelte elev.

• Gjennomføre «Vegkart for universelt utforma nærskular» innan 2030.

Strengare reglar for å hindre privatisering og kommersialisering

For Arbeidarpartiet er det viktig at alle barn får ei god utdanning, og at ulike barn går på same skule. Arbeidarpartiet vil hegne om den offentlege fellesskulen der barn og unge med ulik bakgrunn og frå ulike samfunnslag møtast og lærer kvarandre å kjenne. Fellesskulen byggjer opp tilliten og ned forskjellane mellom folk, det er bra for fellesskapet, økonomien og livskvaliteten vår.

Eit stort innslag av private skular tappar offentlege budsjett og skapar større skilje mellom barna.

• Seie nei til etablering av nye kommersielle privatskular og stramme inn privatskulelova.

• Innføre ein lokal vetorett slik at kommunar og fylkeskommunar sjølv kan styre omfanget av private skular og ta omsyn til det totale lokale skuletilbodet.

• Styrke tilsynet av privatskular for å sikre at dei etterlever regelverket.

• Gjere fellesskulen meir mangfaldig, mellom anna ved at skuleeigarar lettare skal kunne gjennomføre forsøk og utviklingsarbeid med utgangspunkt i lokale behov.

Folkehøgskulane:

Eit verdifullt alternativ i vekst

Folkehøgskulane er eit verdifullt alternativ til det formelle utdanningssystemet som er utan karakter og eksamenar, men som gir lærelyst og ny motivasjon i tillegg til å drive allmenndanning og utvikle ferdigheiter for livet. Folkehøgskulane er meir populære enn på lenge og tilbyr eit stort spenn i fag- og kurstilbod over heile landet.

• Leggje fram ein nasjonal plan for vekst i elevplassar og etablering av nye folkehøgskular.

• Gjennomgå støtte- og finansieringsordningane for å bidra til at folkehøgskule er eit reelt og mangfaldig tilbod for alle. Leggje til rette for folkehøgskulelærarar som ønskjer å ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Meir desentralisert utdanning: Ei storsatsing på utdanning der folk bur

Arbeidslivet vil framover ha behov for eit meir tilpassa og mangfaldig etter- og vidareutdanningstilbod, som kan kombinerast med arbeid, og vi må rekruttere og utdanne nok fagfolk til bedrifter og kommunar i heile landet. Ingen skal gå ut på dato, og vi vil gjere det enklare å få kompetansepåfyll og å ta meir utdanning som vaksen eller ved sidan av jobb. Den regionale rolla til utdanningsinstitusjonane må styrkast, og finansieringssystemet må leggje betre til rette for desentraliserte studiar og livslang læring.

Ap vil tette hola i utdannings-Noreg, og lansere ei storsatsing for lokale utdanningssenter over heile landet som skal gjere livslang læring mogleg der folk bur. Vi vil gi dei nye utdanningssentra ei nøkkelrolle i å tilby etterog vidareutdanning, satsing på fagutdanning for vaksne og utdanning av fleire lærarar og sjukepleiarar, på stader som ikkje er dekte av dei etablerte utdanningsinstitusjonane. Dette vil vi gi fylka ansvar for med statleg finansiering.

• Lansere ei storsatsing for lokale utdanningssenter over heile landet, med statleg finansiering og som hovudregel er eigd av fylka eller det blir inngått partnarskapsavtalar med allereie etablerte studiesenter. Utdanningssentra skal få eit utvida og særleg ansvar for å tilby utdanning til folk der dei bur, basert på lokale kompetansebehov.

• Sørge for at måla om regionalt ansvar og lik tilgang til høgare utdanning i heile landet blir styrka og følgde opp av utdanningsinstitusjonane gjennom oppdragsbrev og utviklingsavtalane.

• Leggje fram opptrappingsplanar for nye studieplassar for heile landet på universitet, høgskular og fagskular, og prioritere utdanningar innan viktige yrke der det manglar tilstrekkeleg kvalifisert arbeidskraft.

• Gi kommunane og helseføretaka plikt til å stille med praksisplassar for profesjonsfaga som sjukepleie- og lærarutdanning.

• Stille tydelege nasjonale krav til universitet og høgskular om regionalt nærvær for å styrke det desentraliserte tilbodet, og endre finansieringssystemet slik at det gir betre utteljing å satse på kortare studietilbod som etter- og vidareutdanning.

• Satse på fjernundervising og modulbaserte utdanningar på nett, som kan bli tatt i heile landet og koplast til kommunale praksisplassar, og som hovudregel er opne for alle.

• Etablere pilotprosjekt der ein brukar digitale løysingar for å gi stads- og tidsuavhengig kompetanseheving.

• Styrke studiesentra som regionale samlingspunkt for desentralisert utdanning saman med universiteta og høgskulane.

• Skreddarsy det desentraliserte utdanningstilbodet til behova til det offentlege og næringslivet, i tett samarbeid med partane i arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane.

• At studentar som er kronisk sjuke, har ei funksjonsnedsetjing eller blir alvorleg sjuke under studietida skal ha tilgang på ordningar som bidrar til gode føresetnader for gjennomført studie.

Universitet og høgskular: meir mangfald og betre arbeidsvilkår

Høgare utdanning, forsking og kompetanse er avgjerande for verdiskaping og innovasjon i det norske samfunnet. Kvaliteten i forsking og høgare utdanning er avgjerande for kor godt Noreg vil lykkast med å utvikle og ta i bruk ny kunnskap. Kunnskap har ein eigenverdi som strekkjer seg ut over det instrumentelle og målbare. Lik rett til utdanning er eit grunnleggjande prinsipp, og Arbeidarpartiet vil betre arbeidsvilkåra til studentar og tilsette, redusere mellombelse arbeidstilhøve og fremje brei rekruttering, betre likestilling og mangfald innan utdanning og forsking.

Noreg treng både dei verdsleiande forskingsmiljøa, dei sterke profesjonsutdanningane og lærestader som leiar an i regional utvikling. Finansieringsordninga bør fremje det breie samfunnsoppdraget til lærestadene, respektere eigenarten ved lærestadene og løne mangfald i sektoren.

• At høgare utdanning i Noreg skal vere gratis, også for internasjonale studentar.

• Trappe opp talet på nye studieplassar, særleg på område som er viktige for arbeidslivet.

• Løfte studiekvaliteten gjennom betre rettleiing og oppfølging, meir praksis, betre digitale løysingar og ved å stille større krav til studieintensitet.

• Innføre ei tillitsreform for universitets- og høgskulesektoren ved å:

- Styre sektoren meir basert på tillit, med overordna mål.

- Avvikle unødvendige og byråkratiske kontrollregime.

- Gå gjennom finansieringsordninga slik at ho fremjar det breie samfunnsoppdraget

til lærestadene, bidrar til betre studiekvalitet, livslang læring og dei faktiske utdanningskostnadene blir dekte.

- Gjere universitet og høgskular til ein meir attraktiv arbeidsplass ved å betre kjønnsbalansen, stramme inn regelverket for bruk av mellombelse stillingar og sørge for at desse kjem ned på nivå med arbeidslivet elles.

- Setje i verk ein brei handlingsplan for auka gjennomføring utvikla i samarbeid med representantar for dei tilsette, studentane og forskarar.

• Sørge for at bygg og infrastruktur på universitet og høgskular held tilfredsstillande standard, og leggje fram ei prioriteringsliste for nybygg og investeringar.

• Styrke ordninga med Senter for fremragende utdanning (SFU), og utvide denne og andre ordningar som stimulerer til god utdanningskvalitet.

• Styrke arbeidslivsrelevansen til studia, og ta hand om humaniora, samfunnsvitskap og andre fagfelt sin eigenart og sjølvstendige bidrag til eit mangfaldig og kulturelt kompetent samfunn.

Fleire bustader og økonomi til å studere på heiltid

Ein god studiestad, trygg økonomi og ein stad å bu medan ein studerer, er svært viktig for læring og livskvalitet til studentane. Arbeidarpartiet vil byggje fleire studentbustader og sikre at det er mogleg å studere på heiltid. Studiestadene skal vere ein god og trygg stad å vere, både fagleg og sosialt, for alle studentar.

• Innføre 12 månaders studiestøtte for heiltidsstudentar med barn under 16 år.

• Sikre opptening av rettar til foreldrepermisjon for studentar og at studentar ikkje skal miste foreldrestipend om ektefellen eller sambuaren tar ut foreldrepermisjon.

• Styrke velferdstilbodet til studentane, inkludert helsetilbodet.

• Trappe opp studentbustadbygginga med mål om 3000 bygde bustader i året, med vekt på pressområde der behovet er størst.

• Auke studiestøtta og leggje fram ein ny modell for studiefinansiering som betre legg til rette for heiltidsstudentar og gir høve for differensiert finansiering for utdanning på deltid.

Forsking for omstilling og klima

Forsking er ein føresetnad for utvikling og vekst og heilt nødvendig for å møte dei store samfunnsutfordringane nasjonalt og globalt. Forsking og utvikling er avgjerande for å sikre innovasjon, teknologiutvikling og konkurransekraft og dei teknisk-industrielle forskingsinstitutta har ei nøkkelrolle for nødvendig omstilling i både næringsliv og offentlege verksemder.

Ei satsing på grunnforsking og breidde i akademia handlar også om «kunnskapsberedskap» og om å få fram idear og resultat vi enno ikkje veit om vi vil få behov for. Arbeidarpartiet vil styrke norsk forsking, både i regi av det offentlege og i næringslivet. Noreg skal vere ei drivkraft i den internasjonale kunnskapsutviklinga og ha verdsleiande miljø innanfor område der vi har særlege fortrinn.

• Vidareføre treprosentmålet i forskingspolitikken og leggje fram ein strategi for at forsking og utvikling i næringslivet utgjer to prosent av BNP innan 2030.

• Innføre eit forskingsløft for klima og omstilling:

- Prioritere meir av forskingsmidla til fellesskapet til område der samfunnet har størst behov.

- Satse meir på langsiktig forsking gjennom ordningar som Sentre for fremragende forskning (SFF), Sentre for forskningsdrevet innovasjon (SFI), kompetanseklynger og fleirårige forskingsprogram.

- Utvide satsinga på framståande forskings- og utdanningsmiljø og etablere nye forskingsmiljø i internasjonal toppklasse knytt til kunnskapsklynger.

- Sjå på nye finansieringsmåtar for toppforskingsmiljø av ekstraordinær internasjonal kvalitet.

- Leggje til rette for fleire ordningar der arbeidstakarar frå andre delar av arbeidslivet kan få tilrettelagt forskarløp.

• Heve forskingsdelen til departementa og sikre betre samordning av forskingspolitikken på tvers av staten, organisasjonane og næringslivet.

• Leggje fram ein strategi for å styrke forsking som attraktiv arbeidsplass.

• Sørge for at offentlege finansiert forsking er tilgjengeleg, og sikre at alle høgare utdanningsinstitusjonar har gode ordningar for publisering med open tilgang.

• Dei regionale forskingsprogramma må verke i samspel med dei nasjonale programma, med forskingsmiljøa, dei nasjonale verkemidla og fylka sine eigne satsingar, slik at vi mobiliserer fleire bedrifter og forskingsaktivitetar til å hauste frå Horisont-programma. Det vil auke konkurransekrafta, forsterke nettverka og gi norske bedrifter og forskingsmiljø større arenaer å utvikle seg på.

• Redusere søknadsbyråkratiet og rapporteringa knytt til dei konkurranseutsette arenaene i Norges forskningsråd.

Helse og omsorg:

God helse og livskvalitet for alle

Ei felles offentleg helseteneste, styrt av fellesskapet og finansiert over skattesetelen, er det beste forsvaret mot auka forskjellar. Vi skal ha ei helseteneste i verdsklasse der fagfolka står i front, ei teneste som vil satse meir på førebygging, som lyttar til pasientane, og som er tilgjengeleg for alle uansett kven dei er, og kor dei bur. Det er eit sams ansvar å forhindre at koronapandemien fører til langvarige helseutfordringar for menneske og grupper i samfunnet vårt.

Det er framleis mykje å ta fatt i for å skape verdas beste helseteneste. Dei sosiale helseforskjellane veks, mange har ikkje råd til ordentleg tannbehandling. Fleire pasientar får ikkje rehabilitering etter alvorleg sjukdom og skade. Vi ser ein auke i psykiske plagar, særleg blant unge, og ventetidene og det føreseielege i psykisk helsevern er for dårleg. Mange sjukehus slit med kapasiteten, og tilsette må bruke tid på rapportering og byråkrati i staden for å hjelpe og behandle.

Vi må auke helsebudsjetta for å kunne innlemme dei nyaste og beste behandlingsmetodane i den norske helsetenesta.

Psykisk helse er like viktig som fysisk helse. Vi må trappe opp førebygginga av psykiske helseplagar og sikre at det blir lettare å få hjelp når slike plagar oppstår.

Eldre er like forskjellige som alle andre aldersgrupper. Eldre må få vere sjef i eige liv. Politikken må både sjå eldre som ein ressurs og greie å trygge tilværet når helsa sviktar og ein treng hjelp.

Hovudprioriteringane til Arbeidarpartiet i helse- og omsorgspolitikken er:

• Eit likeverdig helsetilbod over heile landet, basert på behov og ikkje på betalingsevna til den enkelte.

• Ein folkehelsepolitikk som bidrar til å utjamne sosiale helseforskjellar.

• Å sørge for nok folk på jobb, i faste og heile stillingar, med moglegheiter for praksis og

vidareutdanning i heile helsetenesta.

• Ei kommunehelseteneste som er nær, oppdatert og førebudd på ei befolkning i endring.

• Auka kapasitet i sjukehusa og reduksjon i bruken av marknadsmodellar, til fordel for meir tillit til helsepersonell, meir medverknad for pasientar og betre samarbeid på tvers i helsesektoren.

• Sterkare nasjonal helseberedskap, særleg legemiddeltilgang, akuttmedisin og kritisk helsepersonell, i heile landet.

• Styrking og prioritering av psykisk helsehjelp og rus, med både akuttilbod og lågterskeltenester.

• Ei eldreomsorg som gir meir fridom og tryggleik, innanfor ei offentleg ramme.

• Ei gradvis utviding av den offentlege tannhelsa.

• Å unngå å auke eigendelane i helse utover prisvekst.

Folkehelse – fellesskapet sitt ansvar

God helse skapar vi der folk lever, bur og arbeider. Vi må sørge for at alle samfunnssektorar er med på å førebyggje og investere i god folkehelse. Eit godt folkehelsearbeid er helsefremjande og kan motverke framveksten av kroniske sjukdomar i befolkninga. Førebyggjande helsearbeid kan også hindre at menneske blir ståande utanfor arbeidslivet. Å utjamne økonomiske og sosiale forskjellar vil i seg sjølv fremje den norske folkehelsa.

• Innføre dagleg fysisk aktivitet i skulen.

• Leggje til rette for gang- og sykkelvegar og lett tilgjengeleg og rimelege offentlege transportmiddel ved dagleg kommunikasjon for alle.

• Innføre eit sunt, enkelt skulemåltid i løpet av dagen og gi skulane fridom til å organisere dette sjølv.

• At folkehelse blir sett på dagsorden i skulen, og at vi sikrar at barn får kunnskap om fysisk og psykisk helse i skulen.

• Gå gjennom og vurdere innstrammingar i lovverket for regulering av marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn og unge.

• Føre ein restriktiv alkoholpolitikk og oppretthalde samfunnsrolla til Vinmonopolet.

• Sørge for retningslinjer for alkoholbruk på alle arbeidsplassar og styrke det rusførebyggjande arbeidet i skulen.

• Stimulere kommunar til å følgje opp folkehelselova og lovpålagde tiltak i all kommunal planlegging.

• Sørge for at det i byar og tettbygde strok, der det ofte er press på areala, blir sett av tilstrekkeleg med område til friluftsliv og rekreasjon.

• Vurdere tiltak mot luftforureining som eit ledd i å førebyggje alvorleg sjukdom.

• Utgreie verkemiddel for å avgrense barn sin bruk av energidrikkar.

• Lage ein ny strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar og kamp mot einsemd.

• Tydeleggjere at folkehelsekonsekvensar skal vurderast i alle samfunnssektorar.

Betre kvalitet og kapasitet i sjukehus i heile landet

I ei sterk, offentleg og solidarisk helseteneste er fagfolka sjølve nerven og den ressursen vi må ta best vare på. Fagfolk må få tilgang til oppdatert teknologi og moglegheit til kompetanseutvikling, slik at dei alltid kan liggje i front i faget. Fleire eldre gir større behov for fleire ulike behandlingsplassar ved norske sjukehus. Vi må byggje store nok bygg med rom til behandling og pleie, som også er gode arbeidsplassar for dei som jobbar der.

• Gi meir pengar til sjukehusa gjennom auka grunnfinansiering.

• Satse på sterke lokalsjukehus i heile landet.

• Korte ned helsekøar ved å styrke tilbodet der køane er lange.

• Auke utgreiings- og behandlingskapasiteten i poliklinikkar på ettermiddagar og kveldar.

• Sørge for at pasientar får god informasjon gjennom heile behandlinga.

• Sørge for at avtalespesialistar er eit reelt tilbod for alle same kor dei bur.

• Sørge for at «beste praksis» blir implementert i pasientbehandling over heile landet, for å fjerne urettferdige forskjellar i kvaliteten på behandling, utgreiing og oppfølging.

• Satse på nødvendig teknologi for at nye teknikkar og medikament skal bli tatt i bruk.

• Leggje til rette for at persontilpassa medisin blir tilgjengeleg i Noreg.

• Styrke kvalitetsregistra og bruke dei aktivt i kvalitetsforbetrande arbeid.

• Leggje til rette for at fleire pasientar får delta i kliniske studiar.

• Styrke ettervernet etter kreftbehandling.

• Gjennomgå talet på sengeplassar i sjukehusa tilpassa ei eldre befolkning, som kan ha eit samansett sjukdomsbilete, og auke talet på plassar der det er behov.

• Auke bruken av heimesjukehus og avstandsoppfølging gjennom å lage finansieringsordningar som stør dette.

• Ha ein full gjennomgang av arbeidet med pasienttryggleik, og satse på meldesystem og forsking som gjer at vi blir betre til å lære på tvers i heile helsetenesta.

• Få ned overbehandling i helsetenesta, særleg behandling med liten forventa helseeffekt, og som også kan vise seg å ha uheldige biverknader.

• Sikre openheit rundt prioriteringar i helsetenesta og utgreie endringar i systemet for nye metodar, for å sikre tillit til systemet og gi brukarar og fagfolk ei sterkare røyst.

• Gi tilsette i helseføretaka moglegheit til å forske også om dei er tilsette ved mindre, desentraliserte einingar.

Mindre marknad, meir tillit, medverknad og samhandling

Arbeidarpartiet vil innføre ei tillitsreform og gi tilsette meir tillit og auka medverknad, ved at marknadstenkinga og målstyringa blir redusert, og ved at vi tar sterkare politisk styring over den felles helsetenesta vår. Pasientane skal høyrast og delta i dialog med behandlarane sine. Samhandling mellom sjukehus og heimkommune skal bli betre.

Sjukehusa og den felles helsetenesta vår skal eigast av staten og styrast politisk. Vi vil ta eit oppgjer med privatiseringsreformer i helsetenesta. Regjeringa si finansieringsordning fritt behandlingsval, som gir fri etableringsrett for private behandlarar på dei offentlege sjukehusa si rekning, skal avviklast. Vi seier nei til outsourcing av reinhaldstenester og andre kritiske driftsfunksjonar og vil avvikle ordninga med nøytral moms for helseføretaka. Ordninga fritt sjukehusval skal behaldast som pasientrett der pasientane kan velje behandlingsstad mellom alle offentlege sjukehus og ideelle og private aktørar som har avtale med eit helseføretak.

Eit kommersielt helsetilbod på sida av den offentlege, finansiert av forsikringsprodukt, er oppskrifta på auka forskjellar og tappar det offentlege for både menneskelege og økonomiske ressursar. Den offentlege helsetenesta skal sikre ei trygg og god helsehjelp til alle. Målet vårt er at den sams offentlege helsetenesta alltid skal vere best, og at privat helseforsikring blir overflødig.

For å betre samhandling og styrke brukarmedverknaden vil Arbeidarpartiet:

• Gjennomføre ei samhandlingsreform 2.0 og sørge for at krav til kvalitet og fristar blir kopla til heile pasientløpet, ikkje berre til tida pasientar ligg på sjukehus.

• Betre samhandlinga mellom sjukehus og kommunal helseteneste til det beste for pasienten.

• Hente inn viktig støttepersonell i sjukehusa, som helsesekretærar og anna administrativt personell, og betre oppgåvedelinga mellom helsepersonell slik at ressursane kan utnyttast fullt ut.

• Prioritere IKT-løysingar som lettar kommunikasjon på tvers av nivåa, som til dømes Pasienten si legemiddelliste, som gir helsepersonell oversikt over legemiddelbruken til pasientar.

• Styrke brukarmedverknaden i pasientbehandlinga, også ved at pasientane får høve til å gi tilbakemelding med vurdering av mottatt behandling.

• Setje av samhandlingsmiddel på budsjetta til sjukehusa for å utvikle ulike samhandlingstiltak mellom sjukehusa og kommunane i fellesskap.

For å forbetre styringa av sjukehusa vil Arbeidarpartiet:

• Starte opp eit arbeid for å redusere marknadsstyringa i alle delar av spesialisthelsetenesta saman med partane.

• Redusere bruken av den innsatsstyrte finansieringa og byte denne heilt ut med ei meir kvalitetsbasert finansiering i fødetilbodet og i psykiatri og rus.

• Redusere mål- og resultatstyring og fjerne unødvendig rapportering i helsesektoren saman med partane i arbeidslivet.

• Etablere som hovudregel at alle norske sjukehus skal ha stadleg leiing.

• Utgreie modellar for korleis sjukehusa kan gjere større investeringar utan at det må sparast opp eigenkapital, slik at innsparing ikkje går ut over drift.

• Sikre demokratisering av sjukehusa ved å gi dei tilsette reell medråderett i viktige avgjerder.

• Utgreie alternative former for demokratisk forankring i opptaksområdet til helseføretaka, utan å utfordre prinsippet om statleg eigarskap.

• Avvikle ordninga med nøytral meirverdiavgift i helseføretaka, fordi det bidrar til outsourcing av viktige driftsoppgåver.

• Gå gjennom talet på regionale og lokale helseføretak og tydeleggjere kva vedtak som skal avgjerast av helseministeren i føretaksmøtet.

• Setje ein stoppar for outsourcing av reinhaldstenester og andre kritiske driftsfunksjonar.

• Gå gjennom talet på leiarstillingar i helsesektoren og vurdere regelverk som kan stø opp under ein fornuftig leiarstruktur.

• Setje ein stoppar for lukrative etterlønsog sluttavtalar i helsesektoren, gjennom regelverk som avgrensar ei slik utvikling.

For å hindre todeling av helsetenesta vil Arbeidarpartiet:

• Fjerne fri etableringsrett for private på rekning frå det offentlege og bevare «Fritt sjukehusval» så pasientar kan velje mellom alle offentlege sjukehus og ideelle og private aktørar som har avtale med eit helseføretak.

• Å unngå å auke eigendelane i helse utover prisvekst.

• Prøve ut utvida opningstider og auke kapasiteten i den offentlege helsetenesta.

• Vidareutvikle det gode samarbeidet med ideelle aktørar, som leverer eit viktig supplement til den offentlege helsetenesta.

• Leggje til rette for at offentleg tilsett helsepersonell kan bruke heile kapasiteten sin på eigen arbeidsplass, ved at ein ikkje har sideerverv hos private behandlingsinstitusjonar som gir helsehjelp til dei same pasientane ein behandlar i det offentlege.

• Redusere behovet og bruken av private helseforsikringar.

• Gå gjennom utviklinga av private helseaktørar og privat helseforsikring i Noreg og gjere framlegg om ytterlegare tiltak for å hindre ei todelt helseteneste.

• Gå gjennom praksisen av rett til nødvendig helsehjelp som ikkje kan vente, for personar utan lovleg opphald, og vurdere ordningar for å sikre at desse rettane blir oppfylte.

• Utarbeide ein ny strategi for migrasjonshelse og satse på forsking på dette feltet.

For å sikre innovasjon og digitalisering og betre bruk av helsedata vil Arbeidarpartiet:

• Oppgradere den digitale grunnmuren i helsetenesta og ta i bruk brukarvenlege løysingar for fagfolk og pasientar.

• Gjere helsedata trygt tilgjengelege i heile helsetenesta for å sikre pasienten behandling og medråderett.

• Bidra til auka innovasjon og aktivitet for å utvikle velferdsteknologi med universelt utforma brukargrensesnitt.

• Leggje til rette for auka bruk av helsedata og data frå norske biobankar til kliniske studiar og til samarbeid med helseindustrien, på ein måte som sikrar offentleg kontroll med data.

Psykisk helse – tidleg innsats, kort veg til hjelp og sterkare ettervern

Psykisk helse er like viktig som fysisk helse. Førebygginga av psykiske plagar byrjar med eit samfunn der alle blir sett og får delta på eigne premiss, ein skule med nok lærarar til å følgje opp den enkelte og ein arbeidsmarknad som også har jobbar for unge som ikkje vil ta ei lang utdanning. For menneske med psykiske helseplagar er det heilt avgjerande å få hjelp der dei er, om det er på skulen, på ein sjukeheim eller på ein arbeidsplass. Arbeidarpartiet meiner psykisk helsevern og rusomsorg treng eit forpliktande løft, både når det gjeld tidleg innsats, behandling og ettervern.

For å sikre hjelp i heimkommunen til menneske med psykiske helseplagar vil Arbeidarpartiet:

• Sørge for rask psykisk helsehjelp og lågterskeltenester utan tilvising i alle kommunar.

• Innføre ei nasjonal bemanningsnorm for skulehelsetenesta i tråd med tilrådingane frå Helsedirektoratet.

• Forsterke den tidlege tverrfaglege innsatsen rundt elevane i skulen, slik at unge tidleg får hjelp med utfordringane sine, på rett nivå.

• Styrke arbeidet med å førebyggje sjølvmord.

• Investere i digital ungdomshelse som når ungdom på alle plattformar og er bemanna av helsepersonell, og som tar hand om personvern på ein trygg måte.

• Setje av ressursar til frivillige organisasjonar innan psykisk helsevern, særleg med tanke på godt ettervern.

• Sørge for at helsesjukepleiarar kan tilvise til BUP i heile landet.

• Sørge for at dei som har fått oppfølging av BUP, er sikra eit vidare tilbod ved behov etter fylte 18 år.

• Satse på studentar si psykiske helse, både ved å styrke forskinga og satse på tilpassa lågterskeltilbod.

• Bidra til at menneske med psykiske helseproblem og rusproblem kan kome ut i det ordinære arbeidslivet, gjennom ordningar som IPS – eit forpliktande samarbeid mellom NAV, spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.

• Auke bruken av gradert sjukemelding og gjere ordninga meir fleksibel.

• Styrke samhandlinga mellom spesialisthelsetenesta, fastlegen og kommunen for å fange opp menneske som får avslag eller blir sette på venteliste i psykisk helsevern, og sørge for at desse blir tatt hand om i kommunen.

• Utarbeide ein nasjonal handlingsplan for reduserte dødstal og auka levealder for menneske med psykiske og/eller rusrelaterte lidingar.

• Auke bruken av aktivitetssenter o.l. i rusomsorga.

• Styrke sjukepleiarkompetansen i psykisk helsevern og rusbehandling.

For å styrke spesialisert psykisk helsevern vil Arbeidarpartiet:

• Plassere spesialistane i front, slik at erfarne spesialistar vurderer alle tilvisingar og hentar alle inn til ein vurderingssamtale.

• Lage ein forpliktande opptrappingsplan for psykisk helse og få ned behandlingskøane, slik at alle som har behov for akutt hjelp, får det.

• Stanse nedbygginga av døgnplassar i psykisk helsevern og auke plassane der det er nødvendig, etter ein grundig gjennomgang av tilbodet i dag.

• Satse på desentralisert psykisk helsevern slik at det er kort veg til spesialistar for folk i hele landet.

• Etablere fleire brukarstyrte plassar.

• Erstatte pakkeløysingar i psykisk helsevern med løysingar som er meir tilpassa brukargruppa og basert på tillit til vurderingane til fagpersonane.

• Fjerne eigendelen for pasientar til og med 25 år for behandling i offentleg psykisk helsevern.

• Gi nødvendig fagleg oppfølging av pårørande til pasientar i psykisk helsevern og rusomsorga slik at dei kan støtte sine nærmaste i deira behandling og kvardag.

• Prøve ut ein rett på pasientansvarleg fagperson for pasientar med langvarige psykiske problem og/eller rusproblem.

• Vidareutvikle ordninga med eiga psykiatriambulanseteneste for å avlaste den vanlege ambulansetenesta.

• Byggje ut team som leverer heilskaplege tenester til menneske med psykiske lidingar og rusproblem (ACT- og FACT- team) over heile landet.

• Styrke ettervernet i psykisk helsevern og rusomsorga, slik at dei som har vore gjennom behandling, får hjelp til arbeid, bustad og ei meiningsfull fritid, ut frå behova til den einskilde.

Ambulanse og distriktsmedisin – hjelp når ein treng henne

Tryggleiken til folk avhenger av at hjelpa kjem når dei treng henne og Arbeidarpartiet vil derfor satse tungt på akuttmedisin og distriktsmedisin.

• Forskriftsfeste responstider for ambulansetenesta og setje ein standard for kompetanse og akuttmedisinsk utstyr i ambulansebilane og på ambulansebasane.

• Avklare ansvarstilhøvet mellom ambulansetenesta og brann- og redningstenesta, og kompensere kommunane for meirbelasting ved bruk av brann- og redningstenesta, der dei må stille opp innan ansvarsområdet til ambulansetenesta.

• Gjennomføre ei statleg overtaking av luftambulansen og utgreie moglege modellar for samarbeid med ideell sektor.

• Modernisere sentralane for akuttmedisinsk kommunikasjon (AMK).

• Satse på moderne og store akuttmottak, med sengepostar for korttidsobservasjon og god kommunikasjon med resten av sjukehuset, slik at dei fleste får rask hjelp i mottaket.

• Jobbe for ein gjennomsnittleg beleggsprosent på under 85 prosent for intensivavdelingar og avdelingar som yt strakshjelp.

• Auke bruken av lokalmedisinske senter og helsehus og sørge for at desse blir tilførte fleire spesialisttenester.

• Lage rekrutteringsordningar for helsepersonell i distriktskommunar.

• Sørge for at det er tilbod om desentralisert utdanning i relevante og kritiske helseyrke.

• Gå gjennom og vurdere organisering og bemanning av legevakttenesta i kommunane.

• Vurdere ordningar for rimelegare parkering ved offentlege sjukehus, særleg for

pårørande til pasientgrupper som ligg lenge på sjukehuset.

• Finne eit meir fornuftig system for finansieringa av pasientreiser, som også ser på dei menneskelege og økonomiske konsekvensane av regelverket.

Fødetilbodet: tryggleik for fødande i heile landet

Både fødande kvinner og fagmiljø har over fleire år ropt varsku om utviklinga i fødetilbodet i Noreg. Fleire kvinner opplever risikosvangerskap, mellom anna fordi dei er eldre når dei før. Arbeidarpartiet vil styrke fødetilbodet ved å styrke bemanninga, satse på følgjetenesta og betre finansieringa.

• Styrke bemanning på fødeavdelingane med mål om éi-til-éi-oppfølging frå jordmor.

• Leggje til rette for at mor kan vere så lenge som nødvendig på barselavdeling etter fødsel.

• Sikre at fødande kan ha med seg partnar eller annan person under fødsel.

• Styrke jordmorstyrte fødestover.

• Innføre rammefinansiering av fødetilbodet.

• Innføre ei nasjonal ordning som sikrar at alle jordmødrer i distriktskommunar får full stilling.

• Sikre at kvinner i kommunar med 90 minutt reiseveg eller meir til sjukehuset får følgje av jordmor på veg til sjukehuset.

• Sikre at alle kommunar kan oppfylle kravet om heimebesøk til nybakte mødrer.

Kvinnehelse

Arbeidarpartiet vil prioritere kvinnehelse for å sikre likeverdige helsetenester. Sjukdomar som revmatiske lidingar, stoffskiftesjukdomar, migrene CFS/ME, spiseforstyrringar og muskel- og skjelettsjukdomar rammar kvinner oftare enn menn, og dei er underprioriterte og underfinansierte innan medisinsk behandling og forsking. Det same gjeld sjukdomar som berre rammar kvinner, som endometriose og adenomyose. Arbeidarpartiet vil gå framføre for å skape openheit om kvinnehelse og sjukdomar som er tabubelagde, og satse på kunnskap om kvinnehelse og betre utgreiing, behandling og oppfølging i helsetenesta.

Arbeidarpartiet vil sikre god familieplanlegging og hindre uønskte svangerskap gjennom god seksualopplysning, tilgjengeleg langtidsverkande prevensjon og ei abortlov som sikrar kvinner retten til å bestemme over eige liv og helse. Dei siste åra er det gjort innstrammingar i abortlova, og kvinner sin rett til sjølvråderett er svekt. Arbeidarpartiet vil oppheve desse endringane. Vi vil styrke kvinner sin rett til sjølvråderett og rett til forsvarleg oppfølging. Arbeidarpartiet vil gi kvinner som ønskjer abort, rett til god informasjon og rettleiing i regi av det offentlege. Nemndsystemet i dag for kvinner som ønskjer abort etter veke 12, blir opplevd som ei påkjenning for mange.

• Leggje fram ein strategi for kvinner si helse, som fører med seg styrking på kvinnehelse, meir kunnskap om kvinnehelse i helseutdanningar og tiltak for å sikre kvinner betre utgreiing, behandling og oppfølging i helsetenesta.

• Sikre meir kunnskap og vurdere standardiserte diagnoseforløp for sjukdomar som berre rammar kvinner og sjukdomar der kvinner er overrepresenterte.

• Utvide ordninga med gratis prevensjon for unge jenter og kvinner.

• Reversere alle innskrenkingar som er gjort i abortlova dei siste åra.

• Avvikle nemndsystemet i abortlova mellom veke 12 og 18 og utgreie eit alternativ

med trygg oppfølging og medisinsk rettleiing mellom veke 12 og 18. Kvinnas sjølvråderett skal sikrast.

• Leggje til rette for eit fagleg forsvarleg val mellom medikamentell og kirurgisk abort, og styrke oppfølginga etter ein abort for kvinner som har behov for det.

• Følgje opp endringane i bioteknologilova som sikrar fleire moglegheit til å stifte familie.

• Gi alle gravide tilbod om tidleg ultralyd i svangerskapet før veke 12 i det offentlege helsevesenet, og rett på utvida fosterdiagnostikk, under dette NIPT, samt rådgiving og oppfølging.

Tannhelse – eit hol i velferdsstaten

Tannhelsetenestene er svært dyre, og det er eit problem at ikkje alle kan ta hand om si eiga tannhelse. Dette rammar dei som har svakast økonomi i samfunnet.

Arbeidarpartiet vil prioritere ei gradvis utviding av den offentlege tannhelsetenesta med mål om å likestille henne med andre helsetenester. Vi vil begynne utvidinga av det offentlege tannhelsetilbodet for unge vaksne og utvide refusjonsordningane for grupper med spesielle diagnosar, svak økonomi og dårleg tannhelse.

• Styrke det førebyggjande arbeidet for god folketannhelse.

• Gjennomføre ei tannhelsereform, med gradvis utviding av den offentlege tannhelsetenesta, der vi prioriterer unge vaksne og grupper som ikkje har høve til å få gjennomført nødvendig tannhelsebehandling.

• Styrke og forenkle ordningane for refusjon av tannhelseutgifter gjennom folketrygda til dei med diagnosar som gir dårleg tannhelse.

• Betre ordningane for dei som i dag ikkje har økonomisk høve til å få gjennomført nødvendig tannhelsebehandling.

• Innføre pristak på tannhelsetenester i dei tilfella der offentlege stønadsordningar skal dekkje heile eller delar av tannhelsebehandlinga.

Ein ansvarleg og solidarisk ruspolitikk

Alkohol og andre rusmiddel forårsakar kvart år store problem og lidingar for mange enkeltpersonar og deira nærmaste. I tillegg har det store konsekvensar for samfunnet. Politikken vår skal bidra til betre folkehelse og redusere dei negative konsekvensane av rusproblem for den enkelte, for familien og for samfunnet. Difor vil Arbeidarpartiet ha ein kunnskapsbasert og differensiert ruspolitikk.

Vi vil arbeide for ein ansvarleg og solidarisk ruspolitikk som held bruken av illegale rusmiddel låg, samtidig som han sørger for at personar med rusproblem har høve til aktive og meiningsfylte liv. Personar med rusproblem må møtast med helsehjelp, støtte og motivasjon til behandling og eit godt ettervern. Arbeidarpartiet vil satse på førebygging og rask oppfølging av ungdom som prøvar ut illegale rusmiddel.

Rusreform

Arbeidarpartiet har gått i front for å gi pasientrettar til personar med rusproblem og fremja ein politikk som møter desse personane på ein kunnskapsbasert og differensiert måte. Arbeidarpartiet ønskjer ei omlegging av dei helse- og strafferettslege sidene av dagens ruspolitikk, der personar med rusproblem skal møtast med hjelp framfor straff. Arbeidarpartiet vil flytte ansvaret for samfunnet sine reaksjonar for bruk og innehav av narkotika frå justissektoren til helsetenesta.

Narkotika skal framleis vere forbode, og politiet skal framleis avdekkje og beslagleggje illegale rusmiddel som før. Alternative reaksjonar til straff for bruk av narkotika kan til dømes vere forpliktande helse- og sosialfaglege oppfølgingssamtalar. Endringar i dei strafferettslege reaksjonane for eigen bruk av narkotika må følgjast av ei styrkt satsing på rusbehandling, som skal gjere det lettare å hjelpe menneske ut av rus.

• Oppretthalde eit forbod mot narkotika.

• Møte personar med rusproblem med god helsehjelp, ikkje straff.

• Sikre ein betre livssituasjon og verdigheit og redusere stigma for personar med rusproblem.

• Evaluere bruken av ungdomskontraktar.

• Auke ressursane til politiet sin innsats mot narkotikasal og -kriminalitet.

• Gjere det tryggare å søkje helsehjelp.

• Utvikle i samarbeid med fagstyresmaktene og kommunane.

• Gi kommunane økonomi og ressursar slik at dei kan tilby helse- og sosialfaglege oppfølgingssamtalar, kartleggje rusbruk og samhandle med spesialisthelsetenesta om vidare helsehjelp og behandlingstilbod.

Legemiddel – større nasjonalt ansvar

Legemiddelmangel er eit veksande problem. I 2008 vart det registrert 34 tilfelle av medisinmangel. I 2019 var talet 1240. Vi er for sårbare når det gjeld tilgang på medisinar, og bør ta eit større ansvar nasjonalt og globalt for å sikre tilgang til viktige medisinar og vaksinar.

• Utgreie etableringa av eit nasjonalt farmasiselskap som kan stimulere til norsk legemiddel- og vaksineproduksjon, enten i eigenregi eller i samarbeid med annan industri.

• Få på plass norsk beredskapsproduksjon av viktige legemiddel.

• Auke bruken av beredskapslagring av legemiddel og medisinsk utstyr.

• Få ned ventetida på godkjenning av nye legemiddel.

• Styrke skandinavisk og europeisk innkjøpssamarbeid.

• Auke talet på kliniske studiar i Noreg.

• Utvikle ein ny strategi for antibiotikaresistens.

Helsepersonell – kompetanse og kapasitet

Utan helsepersonell stoppar helsetenesta opp. Dei er sjølve nerven i den felles helsetenesta vår, og den aller største ressursen vår. Det er stor mangel på sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, spesialsjukepleiarar, legespesialistar, under dette fastlegar. Samtidig har vi sett ein kraftig auke i vikarbruk. I tillegg til å rekruttere fleire og styrke bemanninga må vi skape eit attraktivt og trygt arbeidsliv for desse yrkesgruppene, innanfor ei offentleg helseteneste. Heiltidsstillingar skal vere standarden i helsetenesta.

For å satse på kompetanse og kapasitet mellom helsepersonell vil Arbeidarpartiet:

• Auke talet på turnusstillingar til legespesialistar trinn 1 (LIS1- stillingar), helsefagarbeidarar og andre kritiske helseprofesjonar og talet på spesialiseringar for helsefagarbeidarar, og auke talet på spesialiseringar for helsefagarbeidarar. Inkludere fleire faggrupper i eldreomsorga, slik at dei eldre, særleg menneske med demens, kan få betre hjelp til å vere i fysisk og mental aktivitet.

• Auke talet på studieplassar ved landet sine utdanningsinstitusjonar for profesjonsstudiet medisin.

• Leggje til rette for fleire praksisplassar av høg kvalitet i sjukehus og kommunal helseog omsorgsteneste.

• Sørge for at det blir laga «startpakker» for nyutdanna som kjem inn i spesialist- eller kommunehelsetenesta, slik at dei raskare greier å orientere seg på ny arbeidsplass.

• Sørge for at heiltid og faste stillingar blir norma i helse- og omsorgssektoren gjennom lovverk og eigne heiltidsmiddel.

• Utarbeide fleire ordningar for kompetanseheving i tenesta, særleg når det gjeld kunnskap om metodar for å førebyggje og avdekkje vald og overgrep.

• Sørge for at dei som jobbar i pleie- og omsorgsyrke, har gode norskkunnskapar.

• Få fleire menn inn i pleie- og omsorgsyrke.

• Gjennomgå det norske autorisasjonssystemet for helsepersonell for å vurdere om nye yrkesgrupper bør inn, og kva kvalifiseringskriterium som skal leggjast til grunn for autorisasjon.

• Arbeide for eit felles nordisk register for helsepersonell som har misbrukt stillinga si eller mista autorisasjonen sin, for å trygge pasientane.

• Førebyggje vald mot tilsette i helse- og omsorgssektoren ved å sikre gode rutinar for rapportering, styrke varslingsinstituttet og sørge for at det er trygt å varsle i helsetenesta.

• Leggje til rette for god oppgåvedeling mellom ulike profesjonar i helsetenesta.

• Leggje til rette for at kommunane legg til rette for at tilsett utan fagbrev får høve til å ta fagbrev og anna vidareutdanning.

For å sikre fastlegeordninga vil Arbeidarpartiet:

• Auke talet på utdanningsstillingar til legespesialistar trinn 1 (LIS1-stillingar).

• Ha ei nasjonal ordning med utdanningsstillingar for allmennmedisinarar, som ALIS-Nord og ALIS-Vest, med høve for enten fast tilsetjing under spesialiseringa eller tilbod om grunnstønad til etablering av fastlegepraksis.

• Sikre at det er gratis for ungdom å gå til fastlegen ut kalenderåret ein fyller 18 år.

• Innføre ordningar som gjer det lettare for fastlegane å styrke kompetansen sin, som til dømes praksiskompensasjon ved kompetanseheving.

• Endre dagens finansiering av fastlegeordninga og sikre legevakttenesta.

Rask og god habilitering og rehabilitering

Etter alvorleg sjukdom treng folk eit godt habiliterings- og rehabiliteringstilbod for å kome tilbake til kvardag og arbeid. Rask og god rehabilitering kan vere forskjellen mellom å bli varig ufør og å kome tilbake til arbeid etter sjukdom.

• Styrke helsetilbodet innan muskel- og skjelettlidingar med vekt på førebyggjande tiltak, rehabilitering og betre samordning mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.

• Styrke rehabilitering, habilitering og ettervern for dei som har langtidsutfordringar knytte til sjukdom, under dette covid-19-pasientar.

• Styrke kommunane si evne til å ta hand om rehabilitering og styrke rehabiliteringsfeltet i samarbeid med ideelle organisasjonar.

• Styrke lærings- og meistringssentra i sjukehusa og vurdere læringsog meistringsaktivitetar inn i alle pasientforløp.

• Ha ei offentleg utgreiing om kvardagshelse og meistring av sjukdom.

Eldre: Sjef i eige liv

Den store etterkrigsgenerasjonen er dagens og morgondagens pensjonistar. Vi lever stadig lenger, og mange eldre vil halde seg friske og i god form lenge. Arbeidarpartiet vil sikre alle ein god alderdom, men eldre er ulike, og alderdomen har ulike fasar. Difor vil vi leggje til rette for seniorar i arbeidslivet, for aktivitet og fridomsteknologi, for ein aldersvenleg bustadsektor og heilskaplege heimetenester, i tillegg til at vi vil sørge for god pleie og omsorg når behovet melder seg.

Det er viktig at eldre gjennom heile alderdomen blir verande sjefar i eige liv. Desse åra av livet skal innebere meir enn å bli tatt vare på. Det skal vere ei tid prega av livskvalitet, meistring og nye moglegheiter for å utfalde seg i samfunnet og nærmiljøet. Sjølv om helsa skrantar, skal langt fleire eldre kunne bu og trivast heime, med hjelp frå flinke fagfolk. Arbeidarpartiet vil jobbe for at alle eldre skal vere trygge på at det finst eit godt tilbod tilpassa deira behov. Pårørande og frivillige som ønskjer å gjere ein innsats, skal anerkjennast og bli gitt gode rammer. Mange eldre opplever i dag einsemd. Arbeidarpartiet vil jobbe for at alle eldre kan ha eit fellesskap å høyre til i, og redusere barrierar for deltaking.

Betre inkludering av eldre i arbeidslivet

For mange seniorar fell i dag ut av arbeidslivet. Arbeidarpartiet vil gjere det lettare for eldre å delta i arbeidslivet. Alle skal kjenne seg verdifulle på jobb til siste dag. Både for den einskilde og for samfunnet er det viktig at eldre står i jobb. Eldre arbeidstakarar har både erfaringskunnskap og kompetanse som arbeidslivet treng.

• Stimulere til at fleire eldre står i arbeid.

• Ha ei storsatsing på livslang læring.

• Sikre ein god pensjon, og at han kan kombinerast med å vere i arbeid.

• Behalde den ekstra ferieveka for arbeidstakarar over 60 år.

• Jobbe mot aldersdiskriminering i arbeidslivet.

Les meir om satsinga til Arbeidarpartiet på livslang læring under «Det kompetente arbeidslivet: storsatsing på livslang læring i regi av partane».

Meir livsglede og aktivitet for eldre

Mange eldre vil delta og har mykje å bidra med. Samfunnet må leggje betre til rette for aktive eldre. Eldrepolitikken vår legg stor vekt på tiltak som gir meir livsglede og aktivitet for eldre.

• Gjeninnføre «Den kulturelle spaserstokken», med kulturtilbod retta særleg mot eldre.

• Sørge for gode transportordningar som gir eldre mobilitet i kvardagen, som «de rosa bussene» i Oslo.

• Redusere barrierar for deltaking på ulike samfunnsarenaer og i lokalsamfunnet, slik at pensjonistane sine erfaringar, kompetanse og ressursar kan kome til nytte også i arbeidslivet.

• Sikre at kommunane er i stand til å oppretthalde gode og tilgjengelege tilbod om fysisk aktivitet for eldre.

• Styrke samarbeidet mellom kommunen og frivillige for å utløyse frivilligressursar, mellom anna frivilligsentralar.

• Lage møteplassar der eldre og unge kan møtast.

Digital meistring for eldre

Mange av gjeremåla i kvardagen krev digital kunnskap, også bruk av offentlege tenester. Det skapar forskjellar, og folk fell utanfor. Vi lever veldig mykje av livet vårt på nett no, og får dei fleste offentlege tenestene på nett. Eldre som ikkje har høve til å delta i den digitale kvardagen, skal kunne vere ein del av samfunnet på lik linje med alle andre. I tillegg kan ny teknologi gi fleire eldre fridomen til å leve gode liv og bu trygt heime. Kommunane må ta i bruk teknologi for å gjere kvardagen enklare og tryggare for eldre, tilsette og pårørande.

• Jobbe for at eldre tar del i den digitale utviklinga.

• Satse på god internettilgang

• Sørge for at det blir sett inn tiltak for dei som opplever eit digitalt utanforskap, slik som digital trening for seniorar eller tilrettelagd teknologi.

• Sørge for at fleire kan bu trygt heime ved å investere i tilrettelagd velferdsteknologi, slik som tryggingsalarm og GPS-sporing.

• Byggje moderne sjukheimar som er tilpassa bruk av velferdsteknologi.

• Jobbe for at brukarar får spele ei aktiv rolle når nye løysingar blir utvikla og tatt i bruk.

• Tilby digital opplæring for eldre og sørge for at det finst ei analog minimumsløysing der hovudløysinga er digital.

Tryggleik til å vere sjef i eige liv

Eldre skal vere sjef i eige liv. I dag er ikkje helsetenesta eller kommunane godt nok førebudde på at vi blir fleire eldre utover på 2020-talet. Vi manglar sjukeheimsplassar og tilrettelagde butilbod, for få kommunar har organisert heimetenesta med utgangspunkt i den eldre sjølv, og sjukehus og kommunar samarbeider ikkje godt nok til det beste for dei eldre.

• Ha ei heimetenestereform for å gjere det best mogleg å bu heime så lenge ein kan og ønskjer det.

• Styrke det heilskaplege tilbodet i eldreomsorga, med éi dør inn til kommunale tenester.

• Setje krav til at kommunale tilbod heng saman og blir innretta på ein slik måte at eldre får meir fridom i bruk av offentlege tenester, knytt til kor dei vil reise med offentleg transport, kva slags mat dei ønskjer, og kor og korleis dei mottek heimetenester.

• Motverke einsemd og styrke det psykiske helsetilbodet for eldre, både for heimebuande og dei som bur på sjukeheim eller i omsorgsbustad.

• Etablere tilbod for å førebyggje vald og overgrep mot eldre.

• Føre ein bustadpolitikk som byggjer ut fleire trinn i omsorgstrappa, frå sjukeheim og demensvenlege bustader til generasjonsbustader, og opne for inkludering av tryggleiksbustader i investeringstilskotet til bygging og renovering av heildøgns omsorgsplassar.

• Investere i samhandling mellom sjukehus og primærhelseteneste rundt eldre multisjuke som beveger seg mykje mellom nivåa i helsetenesta, som «Pasientsentrert helsetenesteteam» i Tromsø.

Ei eldreomsorg som er heilskapleg og tilpassa den enkelte

Eldre skal vere trygge på at fellesskapet stiller opp, og at det alltid står eit tilbod klårt når behovet oppstår og ein treng hjelp. Om det blir opp til kvar enkelt å sikre seg ein god alderdom, vil det føre til store forskjellar og djup urettferd. Det er fellesskapet sitt ansvar å stille opp, med tilpassa hjelp ut frå behov. Eldreomsorga må henge saman, ikkje stykkast opp.

I dag lever over 100.000 menneske med demens i Noreg, og talet vil auke i åra som kjem. Dei utgjer ei stor og veksande gruppe eldre som vil vere avhengige av døgnkontinuerleg hjelp og omsorg dei nærmaste åra. Dette vil krevje ei målretta satsing.

For å sikre kvalitet i eldreomsorga vil Arbeidarpartiet:

• Gjennomføre ei tillitsreform, der ansvaret for eldre på sjukheimar og i heimetenesta blir tatt hand om av mindre, faste team, der brukarane får påverke tilbodet meir, og der eldreomsorga blir styrt etter kvalitetskrav i staden for stoppeklokke.

• Tilby alle eldre over 75 år eit heimebesøk frå kommunehelsetenesta.

• Sørge for å opprette eigne tverrfaglege team til å følgje opp kvaliteten i omsorgstenestene, og lære av dei kommunane som har gode løysingar.

• Ha ein opptrappingsplan for bemanning i eldreomsorga, satse på tilsette sin kompetanse og på heiltid som norma i helse- og omsorgstenesta.

• Sikre kompetanse på mat og ernæring ved norske sjukeheimar, leggje til rette for å fremje mat i og utanfor institusjonane og stimulere til ordningar med måltidsvener.

• Sørge for tilstrekkeleg med sjukeheimsplassar og heildøgns omsorgsplassar for dei som treng det.

• Sørge for at sjukeheim får tilrettelagde uteområde, med moglegheit for rørsle og aktivitet for der som bur der.

• Sikre at ektepar eller sambuarar som ønskjer det, kan bu saman dei siste åra av livet når den eine har fått sjukeheimsplass og den andre også er avhengig av omsorgstenester.

• Prøve ut ordningar med tilpassa tannpleierom på sjukeheimane.

• Endre investeringstilskotet til bygging og renovering av heildøgns omsorgsplassar slik at vi premierer kommunar som legg til rette for generasjonsmøte, til dømes studentbustader, barnehagar eller skular i tilknyting til sjukeheims- og omsorgsbustader.

• Seie klårt nei til eit hurtigspor for privatisering og oppsplitting av helse- og omsorgstenester.

For å førebyggje demens og hjelpe menneske med demens vil Arbeidarpartiet:

• Ha lågterskeltenester for menneske med demens, mellom anna gjennom å auke bruken av demenskoordinatorar, innføre demensskular for eldre og deira pårørande og gjeninnføre tilskotsordninga for dagtilbod for demenssjuke.

• Investere i tidleg diagnostisering, slik at folk får behandling tidlegare.

• Investere i demensvenleg velferdsteknologi.

• Prøve ut nevroteam i kommunane, til støtte for dei med hjernesjukdom.

• Sørge for eigne skjermingstilbod for særleg utagerande demenssjuke.

• Ta ei internasjonal leiarrolle i forskinga på alzheimer, demens og andre nevrologiske sjukdomar.

For å gi betre omsorg i livets siste fase vil Arbeidarpartiet:

• Styrke den lindrande omsorga i livets siste fase.

• Gjere palliative team tilgjengelege i alle kommunar, og investere i betre kompetanse på lindrande behandling hos tilsette i pleie- og omsorgssektoren.

• Leggje til rette på ein trygg måte slik at dei som vil døy i eigen heim saman med sine nærmaste, har denne moglegheita.

• Styrke samarbeidet med ideelle aktørar og frivillige, under dette støtte utprøving av hospicar i fleire fylke.

Justis og beredskap:

Tryggleik og nærleik

I Noreg har vi ein sterk rettsstat og ein lang tradisjon for fellesskapsløysingar og offentlege etatar som skapar tryggleik og er til stades nært folk. Alle i Noreg skal kjenne seg trygge – same kor dei bur, og kva bakgrunn dei har.

Likevel opplever mange i dag at denne grunnleggjande tryggleiken er svekt. Han er redusert av eit politi som er mindre til stades og meir sentralisert, av lange køar i rettsvesenet og av aukande klasseskilje, også i justissektoren. Vi ser med alvor på den store auken i alvorleg internettkriminalitet der barn og unge blir utsette for seksuelle overgrep. Arbeidet med digital tryggleik må forsterkast og koordinerast langt betre enn i dag.

Arbeidarpartiet vil kjempe mot kriminalitet, men også årsakene til kriminalitet. Det skal satsast meir på førebygging og kriminalomsorg, og det er spesielt viktig at unge som står i fare for å falle utanfor, blir gitt høve til utdanning, arbeid, meiningsfulle fritidsaktivitetar og fellesskap i nærmiljøet sitt.

Det skal vere politi til stades der folk bur, og der folk ferdast. Likskap for lova skal gjelde alle uansett bustad eller bakgrunn. Underfinansieringa av politiet dei siste åra har saman med ei kraftig sentralisering utarma politiet i distrikta våre. Vi vil prioritere fleire politifolk i lokalmiljøa, og vi vil gjennomføre ein særleg innsats i byane for å førebyggje og kjempe mot gjengkriminalitet. Politiet skal vere til stades i kvardagen til folk, også i den digitale kvardagen. Politiet må setjast i stand til å førebyggje og kjempe mot internettrelatert kriminalitet.

Arbeidarpartiet vil gjennomføre ei tillitsreform i offentleg sektor. Vi treng ei betre og meir tillitsbasert styring av politiet, kriminalomsorga og justissektoren. Vi må sjå heile straffesakskjeda under eitt, vi treng færre mål og rapporteringskrav, og det må bli mindre detaljstyring. Slik kan politiet bruke tid og ressursar på den viktigaste oppgåva si: å skape tryggleik for innbyggarane og kjempe mot kriminalitet.

Politi der folk bur

Arbeidarpartiet vil førebyggje og kjempe mot kriminalitet i heile landet og ha eit politi som er til stades i kvardagen til folk. Responstida må betrast, og talet på patruljar må aukast.

• Satse på eit politi med sterk lokal forankring, med meir ressursar til politidistrikta og auka grunnbemanning.

• Gjennomføre eit reelt etterforskingsløft gjennom ei eiga satsing på etterforskarar og påtalemakta i politiet, slik at offer for kriminalitet ikkje står i uverdige køar i straffesakskjeda.

• Forby deltaking i og rekruttering til kriminelle gjengar og auke straffenivået for organisert kriminalitet.

• Auke talet på patruljar i politidistrikta slik at politiet kjem når folk treng dei.

• Sørge for at det blir utdanna nok politifolk og vurdere gjenopning av nedlagde studiestader.

• Etablere «nærtenestesenter» over heile landet, som skal sikre at folk har kort veg til tenester som juridisk rådgiving og rettshjelp og utskriving av førarkort og pass.

• Forsterke den nasjonale satsinga på kriminalitetsområde som krev spisskompetanse, som overgrep på nett, valdeleg radikalisme, hatkriminalitet, økonomisk kriminalitet og arbeidslivskriminalitet.

• Etablere sterke kompetansemiljø på æresvald og sosial kontroll i politidistrikta, i tett samarbeid med barnevern og skular.

• Styrke arbeidet mot menneskehandel og sikre at offer for menneskehandel får bli i landet når dei hjelper politiet med å avdekkje hallikverksemd og bakmenn.

• Gjennomføre ei evaluering av nærpolitireforma.

• Behalde Utrykningspolitiet som særorgan i politiet.

• Vidareføre ordninga i dag med framskoten lagring og punktvæpning av politiet på sårbare lokasjonar.

• Vidareføre arbeidet med å sikre full identitetsskjerming for polititilsette gjennom heile straffesakskjeda.

• Styrke politiet sitt arbeid med å følgje opp bekymringsmeldingar om radikalisering.

• At mandatet til PST blir utvida til også å gjelde politisk eksponerte personar utanfor Stortinget og regjeringa.

Ny teknologi og betre leiing i politiet

Arbeidarpartiet vil ha eit politi, eit rettsvesen og ei kriminalomsorg som blir styrt av demokratiske institusjonar, basert på faglegheit, ikkje mistillit og detaljstyring. Vi vil at moglegheitene som digitalisering fører med seg, skal bli tatt i bruk og kome heile landet til gode.

• Gjennomføre ei tillitsreform i justissektoren i samarbeid med tilsette og tillitsvalde, som sikrar færre mål, mindre detaljstyring og mindre unødvendig rapportering.

• Sørge for ein betre og meir open kultur for å varsle om kritikkverdige tilhøve i politiet, og etablere eit eige varslingsombod.

• Revitalisere arbeidet med kultur og leiing i sektoren, som vart sett i gang etter Gjørvkommisjonen.

• Endre måten store IKT-prosjekt blir organisert på i justissektoren, slik at tilsette blir betre involvert, behova til brukarane blir lagt vekt på og kostnadene redusert.

• Gjennomgå rolla til Politidirektoratet med mål om at meir av ressursane blir brukt ute i politidistrikta.

Kortare køar i domstolane og god rettshjelp til alle

Arbeidarpartiet ønskjer ei effektiv straffesakskjede som heng saman. Den uavhengige rolla til domstolane som den tredje statsmakta skal vernast, og domstolane skal ha ei føreseieleg og berekraftig finansiering slik at dei blir sette i stand til å løyse oppgåvene sine med høg kvalitet og innan rimeleg tid. Fleire saker kan løysast gjennom mekling. Det er behov for å redusere køane i domstolane. Offer for kriminalitet står i uverdige køar medan kriminelle får strafferabatt.

Arbeidarpartiet ønskjer ein desentralisert domstolsstruktur og at eventuelle endringar i domstolsstrukturen blir avgjort av Stortinget. Vi vil leggje til rette for betre samarbeid mellom domstolar og utgreie korleis mindre domstolar kan styrkast for å gjere dei mindre sårbare.

• Redusere køane i domstolane monaleg, mellom anna ved å auke ressursane til domstolane og påtalemakta.

• Fortsetje digitaliseringa av domstolane, vidareutvikle prosjekt som

• «hurtigbehandling av straffesaker» og leggje til rette for at fleire saker kan løysast gjennom mekling.

• Sikre ein desentralisert domstolsstruktur som tar hand om rettstryggleiken og tenester nært folk i heile landet, og leggje til rette for moderat spesialisering.

• Redusere den økonomiske risikoen det fører med seg å få avgjort ei sak av domstolane, ved å auke bruken av mekling, redusere tidsbruken i domstolane og gjere det enklare for domstolane å redusere urimelege salærkrav.

• Styrke dei frivillige rettshjelpstilboda, etablere ein ny retthjelpsmodell som sikrar at fleire utsette grupper får rettshjelp, og tilby rettshjelpsrettleing til folk over heile landet i nærtenestesenter.

Brei innsats for kampen mot vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep

Vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep er alvorleg kriminalitet og utgjer eit stort samfunnsproblem. Arbeidarpartiet vil prioritere innsatsen mot vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep.

Noreg har ratifisert Istanbulkonvensjonen som forbyr seksuell omgang utan samtykke. Arbeidarpartiet vil kjempe mot valdtekt, mellom anna ved å skjerpe lovverket og sørge for at politi, barnevern, barnehage, skule og helseog omsorgstenester samarbeidar tettare om å kjempe mot denne typen kriminalitet.

• Leggje fram ein meir ambisiøs nasjonal opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og mot vald i nære relasjonar.

• Innføre krav om at alle kommunar skal utarbeide handlingsplanar mot vald i nære relasjonar.

• Sørge for betre samarbeid mellom etatane som jobbar med personar utsette for vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep, mellom anna ved å rydje opp i uklåre sider knytte til teieplikta.

• Styrke særskilt viktige institusjonar i arbeidet med vald i nære relasjonar, som krisesentra og barnehusa, samt opprette fleire såkalla barnehus-satellittar.

• Leggje til rette for auka bruk av omvendt valdsalarm, ved å gi påtalemakta kompetanse til å påleggje kontaktforbod med elektronisk kontroll, og gjennomgå ordninga med besøksforbod.

• Kamp mot valdtekt gjennom mellom anna å tydeleggjere straffelova, slik at ordlyden speglar att at seksuell omgang utan samtykke er forbode og definert som valdtekt.

Gjenreise den norske kriminalomsorga

Kriminalomsorga i Noreg har vore mellom dei beste og mest progressive i verda. Opne fengsel, utstrakt bruk av fridomsrelaterte straffar og innsats for god rehabilitering har vakt merksemd langt utover grensene i landet. Dei siste åra har mykje av innhaldet og førstelinja i kriminalomsorga blitt bygde ned. Tilsette i kriminalomsorga rapporterer om mindre bruk av førebyggjande og ikkje-pålagte tiltak som følgje av kostnadskutt til låg bemanning.

Arbeidarpartiet vil gjenreise norsk kriminalomsorg. Vi vil sørge for eit straffesystem som verkar, og som er rettferdig. Samfunnet skal reagere på lovbrot av ålmennpreventive omsyn, men også for å bidra til rehabiliteringa til den einskilde, slik at dei som har sona ferdig, kan tilbakeførast til samfunnet på ein trygg og god måte. God kriminalomsorg er god samfunnstryggleik.

Ein føresetnad for å nå dette målet er auka ressursar, fleire tilsette, mindre detaljstyring og mindre unødvendig rapportering, og at tilsette i kriminalomsorga får høve og tillit til å utføre arbeidet sitt.

• Utvide kriminalomsorga med fleire fengselsplassar og oppretthalde ein desentralisert fengselsstruktur.

• Auke medvitet rundt moglegheitene for å ta i bruk ulike typar reaksjonar, som ungdomsstraff, samfunnsstraff, program mot ruspåverka køyring og narkotikaprogram med domstolskontroll. Ein føresetnad for dette er at friomsorga blir styrkt.

• Leggje til rette for utdanning og reell arbeidstrening under soningstida i alle fengsla i landet, med mål om kompetansebevis.

• Etablere fleire overgangsbustader i regi av kriminalomsorga, for å styrke ettervernet og leggje til rette for tilbakeføring til samfunnet for den einskilde.

• Etablere rusmeistringseiningar i alle fengsla i landet.

• Stoppe ulovleg isolasjon av tilsette i norske fengsel.

• Etablere tryggleiksheimar for forvaringsdømde i tett samarbeid med helseføretaka.

• Avvikle all praksis med at barn under 18 år blir fengsla i ordinære fengsel, og utvide og styrke ungdomseiningane og betre overgangen til ordinær fengselsplass etter fylte 18 år.

• Sørge for at kvinner blir sikra ei fullverdig og likeverdig straffegjennomføring på lik linje med menn, samt avvikle all samsoning mellom kvinner og menn.

• Sikre nok tilsette og ein trygg og meiningsfylt arbeidsdag, mellom anna ved å styrke driftsbudsjetta til kriminalomsorga og gi dei tilsette betre høve til etter- og vidareutdanning.

• Tilsetje eit tilstrekkeleg tal på fagutdanna betjentar og tilsette med helse- og sosialfagleg kompetanse i kriminalomsorga, for å kunne ta hand om eit rehabiliterande tilbod til dei innsette og betre arbeidssituasjonen til dei tilsette.

• Gjenreise programverksemda i fengsla for å bidra til det rehabiliterande arbeidet for den enkelte innsette.

• Styrke kriminalomsorga si evne til å motverke radikalisering i norske fengsel.

Samfunnstryggleik og samfunnsberedskap

Terroren 22. juli og koronapandemien demonstrerte at sjølv eit av dei tryggaste samfunna i verda er sårbart. Naturkatastrofar, terror, alvorleg kriminalitet, digitale åtak og pandemiar er berre nokre av trugsmåla vi må beskytte oss betre mot i tida som kjem.

Den norske samfunnsmodellen med høg tillit og ein sterk offentleg sektor dannar eit godt utgangspunkt for å gjere beredskapen betre. Vi stolar på kvarandre, vi stiller opp for kvarandre i kriser, og vi har eit sterkt fellesskap som både kan førebyggje og beskytte oss mot trugsmål. Vi har også sterke lokalsamfunn med arbeidsplassar, lokalt brann-

og redningsvesen og gode velferdstenester i heile landet. Dette utgjer den kanskje viktigaste beredskapsressursen vi har.

Koronakrisa avdekte store manglar i beredskapen i helsetenesta, mellom anna manglande beredskapslager av smittevernutstyr, svak intensivkapasitet i sjukehusa og liten kapasitet for beredskapsproduksjon av legemiddel. Den nære beredskapen – brann- og redningsvesenet, nærpolitiet, Sivilforsvaret og ambulansen – må styrkast for at vi skal stå betre rusta i neste krise. Vi er heller ikkje godt nok førebudde mot digitale trugsmål og mot følgjene av klimaendringar som skogbrann, flaum og ras. Noreg manglar eit nasjonalt regelverk som sikrar bygg og konstruksjonar mot terroråtak og andre tilsikta, uønskte handlingar. Utan eit slikt regelverk og ein plan for å få det på plass, blir liv og helse for menneske sett i fare.

Dei ulike delane av samfunnsberedskapen må henge betre saman. Ressursane skal finne kvarandre betre enn i dag. Målet vårt er betre samordning og samlokalisering av nødmeldingssentralane slik at etatane kan trene meir saman. Vi vil førebyggje meir, og vi må hegne om samfunnsmodellen vår. Han gir høg tillit mellom folk og gjer at vi stolar på kvarandre. Det er det sterke fellesskapet som best kan førebyggje og beskytte oss mot trugsmål og kriser.

For å sørge for betre samhandling og heilskap i beredskapsarbeidet vil Arbeidarpartiet:

• Setje ned ein totalberedskapskommisjon som mellom anna skal vurdere:

- betre tilgang til analysar som ser risiko og beredskap under eitt.

- korleis beredskapsressursane til departementa, det frivillige og lokalt kan samarbeide betre.

• Sørge for eit tettare samarbeid mellom Politiets sikkerhetsteneste og Etterretningstenesta for å førebyggje og hindre terroråtak.

• Ta omsyn til politiet og anna sivilt samfunn for innretninga av utvalde kapasitetar i Forsvaret, til dømes helikopter og spesialstyrkar.

• Leggje til rette for fleire regionale øvingsog beredskapssenter for samtrening og kompetansebygging mellom nødog beredskapsetatane og dei frivillige beredskapsorganisasjonane.

• Forsterke statsforvaltaren som koordinerande beredskapsledd.

• Jobbe for at staten tar alle kostnadene og ansvaret for drift av nødnett for alle nødetatar.

For å styrke det offentlege ansvaret for beredskapen vil Arbeidarpartiet:

• Sørge for at tryggleik og beredskap får større vekt i vurderingar av om oppgåver skal løysast i privat eller offentleg regi.

• Seie nei til privatisering av politioppgåver og hindre at vaktselskap tar over oppgåver som eit nærverande politi bør gjere.

• Gjennomføre ei statleg overtaking av luftambulansen, og utgreie moglege modellar for samarbeid med ideell sektor.

• Etablere eit statlig beredskapslager av matkorn og auke sjølvforsyningsgraden av mat.

For å beskytte Noreg mot pandemiar og mangel på legemiddel vil Arbeidarpartiet:

• Utgreie etableringa av eit nasjonalt farmasiselskap som kan stimulere til norsk legemiddel- og vaksineproduksjon, enten i eigenregi eller i samarbeid med annan industri.

• Auke eigenproduksjonen av legemiddel ved norske sjukehus.

• Sørge for beredskapsavtalar med private bedrifter for medisinsk utstyr.

• Gå nøye gjennom om finansieringa av helsetenesta bør endrast, slik at tronge driftsbudsjett og kortsiktig fokus på økonomi ikkje fører til kutt i ledig kapasitet og beredskapslager.

• Gå gjennom føringane for belegg på norske sjukehus og sørge for at nye sjukehus blir bygde slik at dei kan skalere opp talet på sengeplassar på kort tid.

• Lage klårare retningslinjer for kommunalt smittevern og ein nasjonal handlingsplan for smittevernet utanfor helseinstitusjonane.

• Sørge for helseberedskapskompetanse i leiarutdanningar i helse- og omsorgstenestene og i grunnutdanningane i helse- og sosialyrke.

• Styrke det internasjonale samarbeidet og WHO si rolle som internasjonal koordinator i krisesituasjonar, og ta initiativ til ei ordning med internasjonale smitteinspektørar.

• Fortsetje den internasjonale satsinga på vaksineutvikling og styrke den globale koalisjonen for førebygging av epidemiar og pandemiar.

For å gjere den nære beredskapen betre vil Arbeidarpartiet:

• Sørge for betre samhandling og fleire øvingar både mellom nødetatane og saman med dei frivillige beredskapsorganisasjonane.

• Etablere fagskulen for brann- og redningsvesenet så raskt som mogleg, stille krav til heiltidsleiing i alle lokale brann- og redningsvesen og gå gjennom oppgåver og prinsipp for framtidas brann- og redningsvesen i ei eiga stortingsmelding.

• Styrke akuttmedisinen og oppgradere sentralane for akuttmedisinsk kommunikasjon (AMK).

• Sørge for at Heimevernet og Sivilforsvaret får tilført meir ressursar til utstyr og trening.

• Stimulere til beredskapssamarbeid mellom kommunar og lokale næringsaktørar ved å utarbeide nasjonale standardavtalar for dette.

• Sørge for auka satsing på ras- og skredsikring av viktig infrastruktur og prioritere skredpunkt som kan hindre leveransar i krise eller krig.

• Satse vidare på frivillige organisasjonar i beredskapsarbeidet og sørge for meir ressursar til utstyr og trening.

• For å styrke det førebyggjande arbeidet og for å minimere skadar som følgje av tilsikta uønskte handlingar vil Arbeidarpartiet:

- Sørge for eit effektivt regelverk og gode standardar som sikrar at materiale og utsette konstruksjonar blir dimensjonerte for å stå imot plutseleg og ekstrem påkjenning.

- Sørge for forskingsbaserte utdanningsog vidareutdanningstilbod innan fysisk sikring av bygg og infrastruktur, og samle dette i eit nasjonalt senter der også innovasjon står sentralt.

For å gjere oss tryggare i møte med IKT- trugsmål vil Arbeidarpartiet:

• Styrke fagkompetansen på cybertryggleik i heile beredskapskjeda og vurdere ei eiga spesialeining i politiet som arbeider med digital kriminalitet.

• Byggje ut alternative breibandslinjer fleire stader, for å gi meir stabil internettdekning i distrikta.

• Styrke innsatsen til forsvarssektoren mot trugsmål frå det digitale rom og sørge for at Forsvaret kan rekruttere og behalde personell med digital kompetanse.

Barnevern:

Fellesskapet sitt ansvar til det beste for barna

Alle barn og unge har krav på eit godt oppvekstmiljø, same kven dei er, og kva bakgrunn dei har. Det er fellesskapet si oppgåve å stille opp for barn og unge som slit, og familien, kommunen, barnehagen, skulen, helsetenesta og arbeidslivet må samarbeide for å lykkast. Vårt felles barnevern må ha høg tillit i befolkninga, og det skal opplevast trygt å ta kontakt med barnevernet, enten ein treng hjelp sjølv eller er uroa for andre sine barn.

Barnevernet i dag er for fragmentert. Samarbeidet på tvers av etatar er ikkje godt nok, og privatisering og oppstykking gjer at ansvar blir pulverisert og blir uklårt. Dei som betalar prisen, er barn, unge og deira familiar.

Frivillige og førebyggjande hjelpetiltak til familiar som slit eller treng hjelp og rettleiing i oppdraginga, må forsterkast. Det gjeld både familiar med eigne barn, familiar med fosterbarn, besøks- og beredskapsheimar og andre som av ulike grunnar fungerer som omsorgspersonar. Vi må gjere meir for å rekruttere og følgje opp fosterfamiliar, avlastingsheimar og andre vaksenpersonar som stiller opp for våre barn og unge. Tenester som er retta inn mot barn, unge og deira familiar, må vere samlokaliserte og ha tverrfagleg kompetanse. Samarbeid på tvers av etatar må lovfestast, og vi må vurdere ei bemanningsnorm i barnevernstenesta og eit tak for kor mange pågåande saker ein tilsett kan ha ansvar for samtidig.

Å ta frå foreldre omsorga for barna sine er djupt inngripande, og det beste for barnet må alltid liggje til grunn når det først skjer. Foreldra eller andre med omsorgsansvar det gjeld, må få hjelp og støtte, og vi må styrke rettstryggleiken og medverknaden til dei involverte i slike saker. Sakkunnige må kunne oppnemnast utanfor barnevernet, og det bør vere krav om andrehandsvurdering av akutt- og hastevedtak.

Arbeidarpartiet vil ha ein gjennomgang av organiseringa av barnevernet for å sikre at tenesta er føremålstenleg organisert. Barnevernstenesta treng fleire tilsette, både kvinner og menn. Det trengs fleire karriereløp for barnevernspedagogar, sosionomar og andre tilsette og fleire stipendiatstillingar innan

sosialt arbeid og barnevernsutdanning. Det må leggjast betre til rette for at tilsette som har behov for det, får gjennomført nødvendig kompetanseheving.

Arbeidarpartiet meiner at barnevernet ikkje er eigna for stykkpris, anbod, kommersiell drift og forteneste. Løyvingar til barnevernet skal brukast på utvikling av eit betre barnevern, med beredskap, omsorg og åtferd i fokus. Verktøykassa må utvidast, tiltaka må tilpassast behova til barna, og vi treng ryddige og tydelege linjer som viser kven som har ansvaret for barna. Vi vil utvide ettervernet fram til fylte 25 år.

• Gjennomføre ei tillitsreform i barnevernet.

• Sikre at barneverntenesta tar i bruk eit breitt spekter av verkemiddel, samarbeidar på tvers av fagområde og har tilstrekkeleg kompetanse og nok tilsette til å løyse oppgåvene.

• Drive alle delar av den felles barneverntenesta vår i offentleg og ideell regi, og utarbeide ein opptrappingsplan for å få til dette.

• Sikre at ei heilskapleg vurdering av situasjonen til barn inkluderer helsekartlegging.

• Styrke og innføre ordningar med brukarmedverknad i alle ledd.

• Sørge for at tenestene til barn, unge og familiar er samlokaliserte lågterskeltiltak og har tverrfagleg kompetanse.

• Sikre at tilbod om fagleg rettleiing og etterutdanning er tilgjengeleg for alle tilsette.

• Sikre at informasjon om utsette barn blir overførte mellom barnevern ved flytting mellom kommunar.

• Sikre at kommunane samordnar eigne tiltak for førebygging av vald og seksuelle overgrep mot barn, og inkluderer tiltak i ideell regi drøfte viktige spørsmål i eldrepolitikken. Pensjonsoppgjeret skal igjen leggjast fram som eiga sak i Stortinget.

• Vidareføre eit skjermingstillegg for uføre som blir alderspensjonistar, slik at dei blir skjerma for delar av levealdersjusteringa.

• Forbetre reglane om yrkesskade og yrkesskadeforsikring, mellom anna ved å arbeide for at belastningsskadane som rammar mange tilsette i helse-, omsorgs- og sosialsektoren, får status som yrkesskadar.

• Sikre betre kompetanse på EØS-avtalen i norsk statsforvaltning generelt og NAV spesielt, slik at rettane til folk blir tatt hand om.

• Sikre at reglane om mottak av ytingar i utlandet er i tråd med EØS-avtalen, og samtidig legg til rette for at mottakarar får oppfølging av NAV og sjølv bidrar der det blir stilt krav om det.

• Auke minstepensjonen

Pensjon:

Rettferdig trygd og ein god pensjon å leve av

Velferdsstaten er eit spleiselag der vi yt etter evne og får etter behov, og folketrygda er det viktigaste verktøyet fellesskapet har for å sikre dette. Målet til Arbeidarpartiet er ein god og rettferdig pensjon for alle. Å sørge for at det skjer, er eit felles ansvar. Folketrygda er det berande elementet i pensjonssystemet, medan gode og kollektive ordningar, som AFP og tenestepensjonar, er viktige tillegg.

Forskjellane i samfunnet aukar, også blant pensjonistar. Dei siste åra har vi sett usosiale kutt i viktige ordningar som uførepensjon og arbeidsavklaringspengar. Også sjukelønsordningar er under press.

Arbeidarpartiet slår ring om pensjonsreforma og hovudprinsippa i reforma, slik som levealdersjusteringa, fleksibelt uttak av pensjon og moglegheita til å kombinere pensjon og inntekt frå arbeid. Vi vil vidareutvikle pensjonssystemet og gjere det endå meir rettferdig i tråd med prinsippa frå pensjonsreforma og dei sosialdemokratiske verdiane ho byggjer på. Tenestepensjon frå første dag og første kroner blir den viktigaste saka vår på pensjonsområdet i tida som kjem. Det vil gi ein betre pensjon for mange og særleg for dei med lågast inntekt.

For Arbeidarpartiet er det avgjerande at vi har gode ordningar for uførepensjon og arbeidsavklaringspengar. Sjukelønsordninga skal ikkje kuttast.

• Vidareføre pensjonsreforma og prinsippa ho byggjer på.

• Forbetre dagens sjukelønsordning.

• Endre lov om obligatorisk tenestepensjon slik at det blir gitt pensjon frå første krone.

• Bidra til eit meir rettferdig pensjonssystem ved å regulere pensjonane basert på det reelle gjennomsnittet av pris- og lønsvekst.

• Gi organisasjonane til pensjonistane auka medråderett og moglegheit til å

Klima og miljø.

Ein rettferdig klima- og naturpolitikk som kuttar utslepp og skapar jobbar

Menneskeskapte klimaendringar og global oppvarming er det mest alvorlege trugsmålet mot livsgrunnlaget på jorda. Vi er den første generasjonen som for fullt merkar klimaendringane i kvardagen. Ekstremtørke, storflaum og skogbrannar aukar i omfang. Hava blir surare, Arktis smeltar. Innan 2030 må verda halvere utsleppa av klimagassar, og i 2050 skal Noreg vere karbonnøytrale. Vi må også stanse tapet av verdifull natur og artsmangfald. Dette er dei største utfordringane i vår tid. Vi er den siste generasjonen som har reell moglegheit til å avgrense skadeomfanget. Vi må handle, og vi må handle no.

Arbeidarpartiet legg klimamåla til Noreg til grunn. Dei skal vi nå. Vi vil ta ansvar for å gjere samfunnet vårt og økonomien vår berekraftig, slik at vi oppfyller vår del av kontrakten med komande generasjonar. Vi vil byggje på berekraftsmåla til FN og ta omsyn til sosial, økonomisk, geografisk og miljømessig berekraft i vedtaka våre. Vi skal bidra til store utsleppskutt i andre land, samtidig som vi oppfyller våre eigne klimamål. Vi skal sørge for framtidig verdiskaping og inntekter til fellesskapet. Vi skal utvikle eksisterande arbeidsplassar og skape nye, trygge jobbar, og vegen dit må vere rettferdig, inkluderande og forståeleg for alle som blir ramma. Alle må få moglegheit til å ta klimavenlege val, uavhengig av økonomi og bustad. Dei som forureinar mest og har mest ressursar, må også bere den tyngste børa. Dei som blir råka av klimaendringar, skal få meir støtte av fellesskapet.

Klima og natur skal vere fundament og ramme for alle områda der vi utviklar politikk. Difor finn du ikkje klimapolitikken berre ein stad i dette programmet, men som ein integrert del av heile det politiske prosjektet vårt. Vi vil bruke offentlege anskaffingar og statleg eigarskap til å

Del 3:

skape marknader for klimavenlege produkt. Vi vil leggje grunnlaget for nye næringar som kan stå på skuldrene til vår mest teknologisk avanserte og innovative næring i dag, nemleg oljebransjen. Rein energi til fattige land er det viktigaste satsingsområdet vårt i utviklingspolitikken, og Noreg skal bli eit utstillingsvindauge for utsleppsfri næringstransport. For Arbeidarpartiet er det sjølvsagt at klima og natur står i første rekkje når vi til dømes utviklar forskingssektoren, landbruket og bygg- og anleggsbransjen, eller når vi forvaltar Statens pensjonsfond utland (SPU).

Det aller viktigaste vi kan gjere for eit berekraftig fellesskap, er å skape nye, klimavenlege arbeidsplassar i Noreg. I framtida vil dei tryggaste arbeidsplassane vere natur- og klimavenlege. Allereie ser vi at dei internasjonale marknadene vi leverer til, etterspør varer og tenester med null- eller lågutslepp. Mange av løysingane på klimautfordringane ligg i industrien – det er menneska som jobbar her, som skal utvikle og skape morgondagens utsleppsfrie arbeidsplassar. Noreg har menneska, kompetansen og økonomien som no vi no treng. Vi har ein rein industri som kan bruke rein, norsk energi, og som kan resirkulere langt meir av ressursane enn i dag. Noreg bør leie an i utviklinga av dei klimaløysingane verda treng, mellom anna karbonfangst og -lagring, hydrogen som energiberar, batteriteknologi, havvind og utsleppsfri skipsfart. Ved å liggje i forkant av denne utviklinga skapar vi også nye marknader i ei verd som i stadig større grad vil etterspørje framtidsretta, klimavenleg teknologi.

Vi vil stanse tapet av natur og slå ring om allemannsretten. Arbeidarpartiet er garantisten for ein rettferdig politikk der vi kuttar klimagassutsleppa og tar vare på naturmangfaldet, samtidig som vi utviklar nye, klimavenlege arbeidsplassar og verdsleiande industri.

Klima og natur: Ramma rundt all annan politikk

• Kutte 55 prosent av dei norske klimagassutsleppa målt mot 1990 innan 2030, som ein del av dei forsterka måla våre under Parisavtalen. Denne lovnaden gjeld heile økonomien og alle sektorar og klimagassar. Noreg skal oppfylle denne lovnaden i samarbeid med EU i tråd med klimaavtalen mellom Noreg, EU og Island. I 2050 skal Noreg vere karbonnøytralt.

• Auke CO2-avgifta fram mot 2030 slik at vi når Noreg sine klimamål. Auken skal skje gradvis. Effekten på bensinog dieselprisane skal reduserast og vegbruksavgifta geografisk differensierast for å sikre at utsleppskutta frå transport er sosialt og geografisk rettferdige. Dette skal sikre at effekten på pumpeprisen blir avgrensa.

• Innføre konkrete mål for utsleppskutt for kvar enkeltsektor og -næring i Noreg. Måla skal utviklast i samarbeid med næringane det gjeld og følgje det felles klassifiseringssystemet som no blir utvikla i Europa. Det skal etablerast eit system for jamleg og forpliktande oppfølging av tiltak og måloppnåing.

• Auke støtta til satsingar som karbonfangst, havvind, hydrogen, batteriteknologi, bioøkonomi og grøn skipsfart, mellom anna gjennom å gjennomføre ei skattereform slik at det blir meir attraktivt å investere i klimavenlege næringar.

• Satse på nye, grøne verdikjeder gjennom sektoroverskridande satsingar på område som karbonfangst, -lagring og -bruk, og produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen.

• Starte fullskalaprosjekt for karbonfangst

og -lagring både i sementproduksjon i Brevik og avfallsforbrenninga på Klemetsrud. Staten skal i tillegg medfinansiere eit transportanlegg med skip og lagringsanlegg i Øygarden og brønnar i Nordsjøen.

• Gjere miljørapportering lettare for norske bedrifter gjennom å leggje til rette for betre og meir tilgjengeleg informasjon om rapportering i tråd med EU sine kriterium for berekraftig verksemd.

• Leggje vekt på klima og naturomsyn sterkare i offentlege anskaffingar.

• Gjere større bruk av det statlege eigarskapet til å fremje målsetjingar knytte til klima og natur.

• Auke delen av offentlege forskingsmiddel som blir brukt på klima og natur, vesentleg.

• Satse på naturbaserte løysingar på klimakrisa, mellom anna bevare og forbetre naturlege karbonlager som myrer og våtmarker, auke karbonlagringa i matjorda, reetablere tareskog og auke rotasjonstida i skogbruket.

• Opprette eit nasjonalt råd for rettferdig omstilling der partane i arbeidslivet har ei sentral rolle.

• Ta større omsyn til fordelingsprofil i utforming av klima- og miljøpolitikken, og utgreie korleis næringar som forureinar mest, og personar som har størst betalingsevne, kan bidra meir enn i dag.

• Sikre ei berekraftig forvaltning av fiskeriressursane i Oslofjorden og Skagerrak for å sikre framtidig god og berekraftig utnytting av ressursane.

Du kan lese mer om nye, klimavennlige arbeidsplasser i kapitlet «Det bærekraftige arbeidslivet», klimavennlig transport i kapitlet «En klimavennlig transportsektor», klima og forskning i kapitlet «Forskning for omstilling og klima», klima i bistands- og utenrikspolitikken i kapitlet «En varmere verden» og om ansvarlig forvaltning og SPU i kapitlet «Statens pensjonsfond utland».

Sirkulærøkonomi:

Dele for å skape

På 2020-talet må vi leggje om samfunnet slik at vi brukar ressursar om igjen, i det som blir kalla ein sirkulær økonomi. I dag kastar vi bort ressursar som kunne vore brukte om igjen, vi sender verdifullt avfall til utlandet, og for mykje søppel blir brent i avfallsanlegg eller forureinar naturen. Då kastar vi også vekk eit høve for raskare overgang til fornybarsamfunnet.

Arbeidarpartiet vil stoppe veksten av avfall og leggje til rette for meir gjenvinningsindustri i Noreg. Det som i dag blir avfall, kan bli råmateriale på nytt. Men sirkulærøkonomi handlar om mykje meir enn avfall. Det handlar om å ta vare på ressursar i heile samfunnet og skape nye arbeidsplassar over heile landet basert på det. Arbeidarpartiet vil satse på industri og jobbar i Noreg knytte til resirkulering av materiale og leggje betre til rette for at norsk eksportindustri kan framstille resirkulerbare produkt.

• Sørge for at staten inngår avtalar med næringslivet med eigne årlege prosentmål for reduksjon av nye råmateriale.

• Bidra til å skape nye marknader ved at staten som innkjøpar stiller krav til innblanding eller bruk av til dømes resirkulert plast og sement utan CO2- utslepp.

• Leggje til rette for auka gjenbruk av materiale frå pensjonerte maritime installasjonar frå olje- og gassnæringa og skip som skal til opphogging.

• Stille strengare krav til garantitid og at produsentar har delar på lager.

• Stille krav om at produkt blir designa for å vare lenger, blir gjenbrukte, reparerte og resirkulerte.

• Stille krav om at nye bygg og anlegg blir bygde med klimavenlege materiale og blir designa for låg energibruk og gjenbruk, samt leggje opp til at byggjeplassar blir utsleppsfrie.

• Sørge for at forbrukarar og innkjøparar får informasjon om kor mykje ressursar som er brukte for å lage eit produkt, kor store utslepp det står for, eventuelle skadelege miljøgiftar og korleis arbeidstilhøva er for dei som lager dei.

• Sørge for at forbrukarar får informasjon om korleis eit produkt kan reparerast, gjenbrukast og resirkulerast.

• Skape marknader for rest-råstoff og sirkulære produkt gjennom krav i offentlege innkjøp.

• Skjerpe krava til avfallshandtering, slikt at avfallet blir sortert, vidareforedla og brukt på nytt som råstoff.

• Leggje til rette for CO2-fangst og -lagring på større forbrenningsanlegg, og utnytting av CO2 og CO i industriell produksjon.

• Leggje til rette for betre og fleire innsamlingsordningar, mottaksanlegg og gjenvinningsanlegg for plast, og sørge for at all emballasje i bruk i Noreg er eigna for gjenbruk eller resirkulering seinast innan 2030.

• Utgreie avgift på fossil plast, innføre ei ordning med produsentansvar og sporing av plast og gjenvinne halvparten av plastemballasjen i Noreg innan 2025.

• Arbeide for at alle batteri som skal brukast i Noreg, skal kunne resirkulerast.

• Oppdatere forureiningslova for å sørge for meir effektiv avfallshandtering.

• Jobbe for at avfall i størst mogleg grad blir handtert og gjenvunne lokalt eller regionalt heller enn å bli transportert over større avstandar.

Kutte utslepp og ta vare på naturen der vi bur

Strand, skog, fjell og fiskevatn skal vere tilgjengelege for alle. Retten til naturopplevingar og natur er ein grunnleggjande rett i landet vårt, likevel ser vi at han blir utfordra. Strandsona blir bygd ut, og viktige frilufts- og naturområde bygde ned.

Arbeidarpartiet vil styrke allemannsretten. Statskog og andre offentleg eigde eigedomar må gå framføre som gode døme. Det er kommunane som forvaltar den naturen som er nærast folk, og dei må få eit større ansvar for å ta vare på naturen som eit verdifullt fellesskapsgode.

Arbeidarpartiet vil gjere det enkelt for folk å kutte utslepp og ta vare på naturen der dei bur.

• Grunnlovsfeste allemannsretten og styrke han gjennom lovverk, oppkjøp og reguleringar.

• Utvikle klimabudsjett i kommunane slik at dei kan setje seg konkrete og uforpliktande klimamål og utvikle betre ordningar for å rapportere utslepp.

• Gi omsynet til natur og klima større vekt i plan- og bygningslova.

• Arbeide for mekanismar som gjer at utbyggjar som byggjer ned skog, jord eller annan natur, skal kompensere for det ved å restaurere natur andre stader gjennom eit såkalla naturbidrag.Styrke kommunane si rolle og kompetanse i naturog klimaarbeidet, med særleg vekt på berekraftig arealforvaltning.

• Sikre at grøntområde er lett tilgjengelege for alle i tettbygde område.

• Satse på gang- og sykkeltiltak.

• Sørge for fleire bildelingsløysingar og gjere biloppstillingsplassar for bildeling tilgjengelege nær knutepunkt og i nye større bustad- og næringsprosjekt.

Natur: Ta vare på naturen for velferda i framtida

Vi må sikre vekst og velferd i framtida utan å øydeleggje naturen. Naturen er sjølve grunnlaget for velferda vår: I Noreg har vi skapt vekst og arbeidsplassar gjennom olje, fisk, skog og godt jordsmonn, og menneske verda over brukar naturen til å hente ut mat og medisinar og for å få tilgang til reint vatn og rein luft.

Arbeidarpartiet vil sikre ålmenta tilgang til strandsona og at 100-metersbeltet i strandsona ikkje blir privatisert og bygd på gjennom å oppretthalde dei gjeldande statlege planretningslinjene for differensiert forvaltning av strandsona og plan- og bygningslova.

Ein økonomi i balanse er avhengig av ein natur i balanse. Arbeidarpartiet vil stanse tapet av natur. Vi kan byggje smartare, planleggje betre og ta klokare val for å ta vare på den mest sårbare naturen. Ei berekraftig forvaltning av naturressursane vil også hindre utbrot av nye pandemiar og bidra til å redusere omfanget av klimakrisa. Naturen vår absorberer og lagrar omtrent halvparten av alle klimagassutslepp i skogar, myrer, hav og andre naturtypar. Slike prosessar dempar verknaden av menneskeskapte utslepp. Med gode løysingar som byggjer på naturen sin eigen teknologi, kan vi greie å både stanse naturtapet og finne gode løysingar for klima og nye arbeidsplassar. Arbeidarpartiet vil føre ein politikk som aktivt utnyttar naturen si eiga evne til å fange og lagre klimagassar.

• Gjennomføre ei utgreiing av naturrisiko for norsk økonomi etter modell frå Klimarisikoutvalet.

• Etablere «Naturkur» etter modell av «Klimakur», for å bidra til at Noreg opprettheld eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand.

• Utarbeide ein nasjonal plan for å oppretthalde og restaurere natur i tråd med internasjonale plikter.

• Utgreie korleis norske statleg eigde selskap skal redusere naturrisiko for si verksemd, i tråd med berekraftsmåla frå FN.

• Utgreie korleis vi gjennom norsk lovverk kan sørge for at norske selskap i utlandet ikkje bidrar til alvorlege skadar på miljøet.

• Intensivere arbeidet med å redde truga norske artar og naturtypar.

• Ta vare på bier og andre pollinerande insekt i Noreg og leggje fram ein nasjonal pollinatorstrategi.

• Utarbeide ein ny plan for nasjonalparkar og andre verneområde for å sikre representativt vern av norsk natur.

• Sikre at Noreg når dei internasjonale pliktene sine under konvensjonen for biologisk mangfald.

• Utarbeide eit nasjonalt mål og ein strategi for å auke den naturlege karbonlagringa i norsk natur og landskap.

• Satse på naturbaserte løysingar på klimakrisa, mellom anna bevare og forbetre naturlege karbonfangarar og karbonlager som skogar, myrer og våtmarker, reetablere tareskog og auke rotasjonstida i skogbruket.

• Leggje til rette for jakt, fiske og friluftsliv for alle, mellom anna gjennom fjellstyra.

• Styrke skogvernet slik at vi når målet om at 10 prosent av den norske skogen blir verna, gjennom ei meir treffsikker ordning for frivillig vern og auka drift av den produktive skogen.

Rovdyr: Ei berekraftig rovdyrforvaltning

Noreg skal ha både levedyktige rovviltstammar og trygge område for beite. Denne todelte målsetjinga er grunnlaget for politikken vår, og regelverk og forvaltning skal stø opp under den. Konflikten mellom beitedyr og rovdyr skapar sterke kjensler, motsetnader og konflikt. Folk som bur i område med nærleik til rovdyr, kjenner ofte frykt for seg og sine i det daglege. Dette er ei frykt vi må ta på alvor. Eit viktig føremål med forvaltninga er å skape tillit til forvaltninga og bidra til større tryggleik for dei som lever med rovdyr tett innpå seg. Dagens konfliktnivå knytt

til rovdyrforvaltninga er til hinder for ein god og berekraftig rovdyrpolitikk og må reduserast.

• Vidareføre den todelte målsetjinga om både å ha levedyktige rovviltstammar og eit aktivt beitebruk.

• Sikre ein berekraftig rovviltbestand i tråd med forliket til Stortinget, naturmangfaldlova og dei internasjonale pliktene våre.

• Ha ei tydeleg og konsekvent soneforvaltning og eit effektivt regime for uttak av rovvilt når det ikkje trugar overlevinga til bestanden. Det skal også vere aktiv forvaltning av rovdyr i rovdyrprioriterte område når bestandsmåla er oppfylte.

• Ha ein høg beredskap slik at tapa av beitedyr blir så små som moglege.

• At det ved rovdyrskade i beiteprioriterte område skal bli gitt fellingsløyve med ein gong.

• At fellesskapet ved rovdyrskade tar ansvar for å kompensere eigarar av beitedyr.

• Sikre at terskelen er låg for uttak av rovvilt i beiteprioriterte område og høg for uttak i rovviltprioriterte område.

• Sikre at ein faktisk følgjer opp bestandsmåla, for å skape tillit mellom befolkning og forvaltning. Når ein bestand ligg over bestandsmålet, skal han forvaltast i tråd med det målet som til ei kvar tid er vedtatt av Stortinget.

• Sørge for dialog og lokal involvering, der det blir tatt omsyn til at det å leve med rovvilt tett innpå seg fører med seg ei påkjenning for både beitenæringa og lokalsamfunnet.

• Ta hand om den regionale forvaltninga med rovviltnemnder delte inn i åtte regionar.

• At det samla rovdyrtrykket i større grad blir sett i samanheng.

Folk og samfunn.

Distriktspolitikk:

Optimisme i heile landet

Arbeidarpartiet vil føre ein politikk for sterkare fellesskap, vekst og utvikling i heile landet. Eit meir rettferdig Noreg handlar om meir enn arbeid til alle, inntektsutjamning og lik tilgang til helse og skule. Det handlar også om makt og moglegheit til å byggje ei framtid og gode lokalsamfunn der ein kan delta og kjenne seg heime. Difor er distriktspolitikken både eit rettferdsprosjekt og eit fridomsprosjekt.

Dei sentraliserande kreftene i økonomien og politikken er sterke. Lenge har det skjedd ei sektorvis sentralisering i staten, utan at det er tatt omsyn til heilskapen og konsekvensane for lokalsamfunn og regionar. Som ei følgje av sentraliseringa har statlege arbeidsplassar forsvunne ut av stadig fleire lokalsamfunn, og viktig kompetanse har blitt borte. Arbeidarpartiet vil snu sentraliseringa og fremje ein heilskapleg strategi for statleg nærvær i regionane, der statleg nærvær sikrar velferdstenester nær befolkninga, og der offentlege etatar og institusjonar bidrar til lokale arbeidsplassar og kompetansemiljø.

Sterke regionar er ei viktig drivkraft i utviklinga av kunnskap og verdiskaping. Arbeidarpartiet vil styrke den strategiske samhandlinga mellom regionane og nasjonale styresmakter på viktige område for samfunnsutviklinga, som utdanning, næringsutvikling, velferd, transport og busetjing.

Byane spelar viktige roller som regionale motorar, som bidrar til gode tenester til befolkninga, utvikling av næringslivet og attraktive regionar. Samtidig har politikken i for stor grad fokusert utelukkande på dei store byane eller dei mindre kommunane. Arbeidarpartiet vil løfte fram rolla til dei mellomstore byane i utviklinga av Noreg og vil lansere ein strategi for å styrke konkurransekrafta, velferds- og kulturtilbodet og ei klimavenleg utvikling slik at det kan bidra til vekst i Distrikts-Noreg.

Del 4:

Arbeidarpartiet sitt svar på den aukande sentraliseringa er ein sektorovergripande distriktspolitikk. Alle sektorar har eit distriktspolitisk ansvar. Målretta tiltak for ein god distriktspolitikk finn vi fleire stader i dette programmet, og dei fleste punkta med distriktspolitisk betydning er lagt til kapitla der dei høyrer heime.

Arbeidarpartiet er opptatt av at landet er delt inn på ein tenleg måte, og vil ha ein gjennomgang av konsekvensane av regionreforma, staten si eiga regioninndeling og korleis fleire oppgåver kan overførast til fylka. Om tvangssamanslegne fylke ønskjer å endre grensene sine for betre å kunne løyse oppgåvene, vil Arbeidarpartiet i regjering gå i dialog med fylka for å få til dette på ein fornuftig, heilskapleg og ansvarleg måte.

• Innføre nærprinsipp for statleg styring:

- statlege verksemder skal organiserast slik at kompetansen ligg så nært innbyggarane som mogleg.

- nye statlege arbeidsplassar skal leggjast utanfor Oslo, med mindre heilt openberre grunnar tilseier noko anna. Veksten innanfor eksisterande statlege arbeidsplassar skal fordelast meir rettferdig mellom by og land.

- Byggje sterke kompetansemiljø i heile landet gjennom ei jamnare fordeling av offentlege arbeidsplassar.

- ingen vedtak om nedleggingar av statlege tenestestader skal gjerast i neste stortingsperiode med mindre det er avgjerande for å ta hand om viktige nasjonale interesser.

- digitalisering skal bli tatt i bruk for å sikre eksisterande arbeidsplassar og utvikle tilboda der innbyggarane er.

Det gode livet i storbyen

Dei store byane våre blir kjenneteikna av eit stort mangfald. Storbyen skal vere ein trygg og sunn stad å vere for alle innbyggarar, der menneske frå ulike bakgrunnar med ulike liv lever saman. Byane er viktige motorar i norsk økonomi og spelar ei avgjerande rolle i å nå klimamåla våre. Skal vi nå klimamåla våre, må vi ha klimavenlege storbyar.

Kollektivsystemet i dei store byane må vere godt utbygd og velfungerande, og vi må gjere det enklare å vere fotgjengarar og syklistar, slik at lufta blir reinare og utsleppa går ned. Både unge og gamle må ha tilgang på grøntområde og arenaer for fysisk aktivitet.

I storbyane bur både dei som har mest, og dei som har minst. Mange lever i område med klårt lågare inntekter enn gjennomsnittet, der fleire står utanfor arbeidslivet, og der det er større sosiale helseforskjellar og kortare levealder. Fleire barn i desse områda veks opp i familiar som lever i fattigdom. Delen av einslege er også høgare i byane enn andre stader, og mange av desse er einsame. Sjølv om ein bur i ein by, kan avstanden til dei som tar avgjerder, bli opplevd som stor.

Det er moglegheitene og mangfaldet som gjer bylivet godt. For at vi skal få gode og trygge storbyar, har alle innbyggarar interesse av at vi førebyggjer einsemd og reduserer forskjellar. Arbeidarpartiet vil ha byar som gir alle tilgang til moglegheitene og mangfaldet som byane tilbyr. Det krev ein aktiv politikk. Vi må styrke det inkluderande fellesskapet og openheita byane står for, og sørge for gode fellesskapstenester som er tilgjengelege for alle.

Dei store byane er motorar i regionane sine og har mykje å seie for befolkning og næringsliv også i nærliggjande distrikt. Arbeidarpartiet meiner by og land er gjensidig avhengige av kvarandre og vil leggje til rette for eit godt samarbeid mellom storbyane og omlandet rundt.

• At det skal innførast ein regel om distriktspolitisk konsekvensanalyse av alle reformer.

• Utvikle «regionavtalar» mellom staten, kommunar og regionar, som skal sikre utvikling og vekst i heile landet og langsiktige rammer for næringsliv, transport, busetjing, utdanning og velferd

• Etablere eit program for utprøving av nye tiltak i distriktspolitikken, med sikte på arbeid, velferd og utvikling.

• Gjere tilgang til høgkapasitets internett til ein rett på lik linje med straum og arbeide for nye teknologiske løysingar, som til dømes 5G, til heile landet.

• Etablere fleire lokale nærtenestesenter, der ein får ordna med pass, førarkort og sivile oppgåver som testament, og sjå på moglegheitene for lokal rettshjelpsrettleiing.

• Samle ulike offentlege tenester slik at ein får større fagmiljø sjølv om kvar einskilde etat har få tilsette. Fleire statlege stillingar bør lysast ut med høve for kontorstad utanfor hovudkontoret.

• Gi fylkeskommunar, kommunar og verkemiddelapparatet meir styresmakt til å gjere lokale og regionale vurderingar i arbeidet med å skape nye arbeidsplassar.

• Sikre innovasjon og eit betre tenestetilbod gjennom verkemiddel som tar omsyn til ulike regionale utfordringar og behov, og samtidig leggje til rette for at alle regionar får reell moglegheit til å nytte seg av nasjonale ordningar.

• Vidareføre og utvikle ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift.

• At inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar sikrar eit liveverdig tenestetilbod i heile landet.

• Utvikle storbyområda med bustader og arbeidsplassar slik at det meste av persontransporten kan gjennomførast til fots, på sykkel eller med kollektivtrafikk.

• Auke takta i bustadbygginga og sørge for rimelegare bustader av god kvalitet slik at folk skal kunne kome inn på bustadmarknaden i tråd med prinsipp for arealeffektiv og klimavenleg byutvikling.

• Utforme grøne og trivelege gater og byrom som også bidrar til betre overvasshandtering i møte med klimaendringar.

• At staten skal bidra med inntil 70 prosent av utbyggingskostnadene i store kollektivprosjekt i og rundt dei største byane.

• Byggje idrettsanlegg i byar der det er mangel på fleirbrukshallar, som også kan brukast til uorganisert idrett og fritidstilbod for barn og unge, og fremje fysisk aktivitet ved å byggje ut nærmiljøanlegg, turløyper og treningsanlegg i nærmiljøa, som er tilgjengelege for alle.

• Forsterke områdesatsingane i storbyane og leggje vekt på integrering, norsk språk, arbeid og førebygging blant barn og unge i desse satsingane.

• Setje inn tiltak mot einsemd i samarbeid med det frivillige.

• Sikre trygge byar, mellom anna gjennom meir nærverande politi, meir ressursar til førebygging og auka innsats mot gjengkriminalitet.

• Sikre at storbyane er gode vertskommunar for dei høgare utdanningsinstitusjonane.

Les meir om kollektivtransport i byane i kapitlet «Ein klimavenleg transportsektor», folkehelse i kapitlet «Folkehelse – fellesskapet sitt ansvar», natur og klimatiltak i kommunane i kapitlet «Kutte utslepp og ta vare på naturen der vi bur» og integrering i kapitlet «Integrering: Stille opp og stille krav».

Nordområda: Ein ny giv

Nordområda er Noreg sitt viktigaste strategiske satsingsområde. Initiativ vi tar i nordområda, er viktige for lokalsamfunna, for Noreg og for verda. Nord-Noreg og nordområda er ein avgjerande del av den norske økonomien, og området vil berre bli viktigare i åra framover. Ressursane i nord fører med seg enorme moglegheiter innan havbruk, energi, mineral, reiseliv og industri. Skal vi ha aktivitet, utnytte ressursane og ha truverde overfor naboane våre, må det bu folk i nord. Difor må sentralisering snuast til satsing. Det skal vere attraktivt å bu i eit sterkt og levande Nord- Noreg, med gode velferdstilbod og ettertrakta arbeidsplassar.

Det er behov for ein ny giv i nordområdepolitikken. Arbeidarpartiet vil fornye og forsterke innsatsen og har større ambisjonar for utviklinga i nord enn det vi ser i dag. Nordområdepolitikken må nærmare folk og bety noko for kvardagen deira.

Den nye nordområdepolitikken må snu den negative folketalsutviklinga, utnytte dei lokale verdiane til å skape vekst og grøn utvikling og fremje nye initiativ for samarbeid med naboane våre.

Det viktigaste fredsprosjektet vårt

Noreg sin posisjon og rolle i nord er unik. Det er i nord at Noreg møter verda, og det er der initiativa våre har mest å seie for den generelle utviklinga i området og for norske interesser. Å sikre ei fredeleg, regelstyrt utvikling er i Noreg si interesse og legg grunnlaget for ein god kvardag for våre eigne innbyggarar og for dei i nabolanda våre. Ei fredeleg utvikling føreset aktivitet og nærvær. Det er derfor vi prioriterer å byggje opp i nord, heller enn å byggje ned eller sentralisere. Dette er ein sentral del av vårt viktigaste fredsprosjekt.

Fleire land, mellom dei stormakter som USA, Russland, Kina og EU, har fornya interesse for nord. Noreg må byggje på erfaringane som både NATO-alliert og nabo med Russland og manøvrere klokt og offensivt for å sikre ei fredeleg og berekraftig utvikling i området.

Kunnskap i nord, for nord, frå nord

Kunnskap er navet i nordområdepolitikken til Arbeidarpartiet og nøkkelen til å gi alle unge tilgang til ei god utdanning, til å sikre bedriftene kompetansen dei treng, og til å utvikle ny forsking og verdsleiande kunnskapsmiljø i området.

Om vi skal nå måla om velferd, verdiskaping og grøn omstilling i nordområda, treng vi ei langsiktig, strategisk satsing på kunnskap. Vi vil utdanne fleire i landsdelen og byggje kompetansemiljøa sterkare, samtidig som vi vil satse på desentralisert utdanning. Det at vi har to universitet og ein samisk høgskule i landsdelen, er ein enorm styrke for nordområdenasjonen Noreg. Dei to universiteta er viktige nordområdeaktørar, som vi vil gi særskilte oppdrag som er særleg relevante for utforsking og verdiskaping i nordområda. Aktivt nærvær gjennom nye forskingsprogram og sterke fagmiljø sikrar også norske interesser og gir oss ein fordel internasjonalt. Målet til Arbeidarpartiet er at det blir utvikla kunnskap i nord, for nord, frå nord.

Ein stat som satsar i nordområda

Det offentlege skal vere ein sentral medspelar i utviklinga i nord. Statleg nærvær sikrar velferdstenester nært befolkninga, og lokalisering av offentlege etatar og institusjonar bidrar til arbeidsplassar og kompetansemiljø.

Dei siste åra har mange opplevd at avstanden til makt og moglegheiter blir større, når velferdstilbodet blir svekt og offentlege tenester flytta. Vi må snu sentraliseringa og heller utvikle tenestene nært folk. Arbeidarpartiet vil gi auka kompetanse og definisjonsmakt til folk i nord. Relevante statlege aktørar skal utvikle eigne nordområdestrategiar.

Byggje ny industri på dei sams ressursane våre til gode for alle

Nordområda har eit grønt reiseliv og mange av ressursane verda treng i framtida: berekraftig mat frå havet, energi og mineral. Arbeidarpartiet ønskjer ein aktiv næringspolitikk som byggjer ny industri gjennom å etablere heile verdikjeder og byggje kunnskap. Vi vil både styrke etablerte næringar og utvikle nye. Slik utviklar vi potensialet i nord.

Nord-Noreg har opplevd økonomisk vekst dei siste åra, men verdiane kjem ikkje alle til

gode. For lite blir lagt igjen i lokalsamfunna. Dette er «det arktiske ressursparadokset». Arbeidarpartiet vil investere i landsdelen på ein måte som skapar arbeidsplassar og sikrar verdiskaping lokalt. Ressursane til fellesskapet skal utnyttast berekraftig og kome befolkninga til gode gjennom større lokale ringverknader og fleire arbeidsplassar.

Sentrum for grøn omstilling

Klimaendringane merkast sterkast i nord, men mange av løysingane på krisa finst også her. Nord-Noreg er godt posisjonert til å levere klimaløysingar og grøne jobbar. Målet til Arbeidarpartiet er å utvikle nordområda til verdas mest berekraftige region.

Industrien er ein viktig del av klimaløysinga og ein viktig del av sirkulærøkonomien. I nord er det gode vilkår for produksjon med lågare klimagassutslepp, dette må vi utnytte betre enn i dag.

Knyte Arktis saman

Arbeidarpartiet vil modernisere infrastrukturen i nord for å få til ei ny satsing på moderne industri og leie an i utviklinga av transport utan utslepp. Infrastruktursatsinga i nord må kople ressursane med marknaden. Det må gjerast lettare for folk og varer å ferdast både internt i landsdelen og på tvers av landegrensene, samtidig som klimaavtrykket blir redusert.

Frakt av varer frå sjømatnæringa og andre nordlege næringar blir hindra av flaskehalsar i transporten. Arbeidarpartiet vil fjerne desse flaskehalsane og gjere det enklare for næringstransporten og befolkninga å kome fram. Dette vil særleg seie ei opprusting av fiskerihamnene og eit særskilt krafttak for fylkesvegane, for å sikre trygg og effektiv transport frå kyst til marknad.

Arbeidarpartiet er for utvikling av jernbane i Nord-Noreg. Det vil vere eit løft for verdiskaping og klimavenleg transport av gods og folk. Nordlandsbanen må utviklast med låg- og nullutsleppsløysingar. Dobbeltspor på Ofotbanen, som er ei viktig transportåre, må realiserast. Det må også på plass eit grundig vedtaksgrunnlag for Nord-Noregbanen i Nasjonal transportplan, som avklarar trasé- og teknologival, klimaeffekt, kostnader og framdrift, slik at vi får prosjektet framover med mål om å realisere Nord- Noregbanen.

Svalbard: grøn utvikling i eit livskraftig familiesamfunn

Svalbard er den nordlegaste regionen i Noreg. Noreg er det einaste landet som har ein moderne og sivil utbygd infrastruktur med ein tilnærma normal samfunnsstruktur så langt nord. Svalbard har mykje å seie strategisk for Noreg sine moglegheiter i nordområda og Arktis, og svalbardpolitikken er derfor ein viktig del av nordområdestrategien til Arbeidarpartiet.

Longyearbyen skal framleis vere eit livskraftig familiesamfunn med gode tenester og jobbmoglegheiter, samtidig som samfunnet skal vidareutviklast i ei grønare retning.

Den vidare utviklinga av næringslivet på Svalbard skal ha fokus på at ein kan tilby stabile og attraktive heilårsarbeidsplassar, med ordna løns- og arbeidsvilkår gjennom heile verdikjeda. Reiselivet er ei av dei største private næringane i Longyearbyen. Saman med næringa skal vi jobbe for eit grønare reiseliv med ein høg del av heilårsarbeidsplassar, samtidig som dei høge miljømåla for Svalbard blir tatt vare på. Svalbard har mykje å seie for norsk og internasjonal forsking. Vi vil styrke forskingsarbeidet og bidra til at lokale kunnskapsleverandørar kan ha ei sentral rolle i dette.

For å få ein ny giv i nordområdepolitikken vil Arbeidarpartiet:

• Sørge for aktivt nærvær og nye initiativ på tvers av landa i nord innan næringsliv, forsking, klima og kultur.

• Satse på eit sterkt og moderne forsvar med tyngdepunkt i nord, inkludert sentrale leiingsfunksjonar.

• Styrke det institusjonelle samarbeidet mellom landa og folka i nord, som Arktisk råd og Barentsrådet.

• Styrke sjøtryggleiken som ein viktig del av satsinga i nordområda.

• Styrke den utanriks- og tryggingspolitiske dialogen i nord, og etablere sams møteplassar for å diskutere tryggingspolitiske utfordringar og forsterke folk-til-folk-samarbeidet, gjennom å styrke Barentssamarbeidet og Barentssekretariatet.

• Auke kvaliteten i ein god nordnorsk skule basert på særtrekka og styrkar for regionen, og opprette eit skuleutviklingsprogram som støtte for kvalitetsutvikling i kommunane.

• Gjennomføre eit nytt forskingsløft i nord:

- auka samfunnsvitskapleg forsking knytt til nordområda.

- utvikle nye forskingsprogram for nordområda særleg innan ressursforvaltning, havbruk, romaktivitet, energi og klima.

- opprette eit regionalt talentprogram i samarbeid med internasjonale toppinstitusjonar, som kan gi nye impulsar og bidra til leiande forsking.

• Vidareutvikle sterke kompetansemiljø særleg innan havbruk, klima, romfart og beredskap.

• Sørge for lokal verdiskaping frå næringsverksemd i nord, gjennom tydelege krav om arbeidsplassar, inntekter til kommunane og oppbygging av lokal leverandørindustri, samt oppdeling av store anbod.

• Utarbeide ein eigen næringsstrategi for reiselivet i nordområda.

• Auke matproduksjonen i nord og samtidig få meir ut av verdiskapinga som skjer i det arktiske landbruket.

• Utarbeide ein industriplan for Norskehavet og Barentshavet.

• Fornye den heilskaplege forvaltninga vår av havet gjennom å etablere eit program for sameksistens i kystsona, som sameinar næringsliv og naturverdiar.

• Etablere eit industriprogram for sirkulærøkonomi i nord.

• Bruke Arktis som utviklingsarena for ny teknologi, og innføre eit nordnorsk katapultprogram for grøn innovasjon, med støtte til overgang frå idé til marknad.

• Få på plass eit pilotprosjekt med smarte bygder der energisystem og småskala energiproduksjon blir prøvd ut i småsamfunn i nord.

• Gjere nordområda leiande innanfor utsleppsfri transport, gjennom eigne elektrifiseringssatsingar for elektriske fly og til havs.

• Sørge for at Noreg tar ein strategisk posisjon i nordaustpassasjen og utviklar Kirkenes som knutepunkt, og kople Noreg på arbeidet med bygging av fiberkabel gjennom nordaustpassasjen.

• Satse kraftfullt på klima og miljø på Svalbard og gjere Svalbard til eit føregangssamfunn for sirkulærøkonomi og eit utsleppsfritt samfunn.

• Auke den norske forskings- og innovasjonsdelen på Svalbard.

• Utgreie moglegheita for å gjere Svalbard til «utstillingsvindauge» for grøne energiløysingar, til dømes hydrogen.

• Satse på aksen Andøy-Narvik-Tromsø- Svalbard i romindustrien, arbeide for eit nasjonalt senter for jordobservasjon i Tromsø og eit nasjonalt innovasjonssenter for rombasert verksemd på Andøya, og sikre at Andøya Spaceport blir realisert raskt.

Tru og livssyn:

Eit livssynsope samfunn med respekt for alle

Arbeidarpartiet ønskjer eit livssynsope samfunn, der alle har respekt for og kunnskap om andre si tru, livssyn eller ikkje-tru.

Noreg har ein kristen og humanistisk arv, som vi tar med oss i møte med eit stadig meir mangfaldig samfunn. Retten til å tru, skifte tru eller ikkje å tru er ein menneskerett. Utøvinga av religion er ikkje berre ei privatsak, men også ei offentleg sak. Både finansiering av, kontroll med og innsyn i religiøse samfunn er viktige offentlege oppgåver.

Arbeidarpartiet anerkjenner kva trus- og livssynssamfunna har å seie både for enkeltmenneske og for samfunnet. For mange menneske utgjer trus- og livssynssamfunna viktige fellesskap, dei skapar tilhøyrsle og identitet. Gjennom å vere til stades over heile landet bidrar dei til å byggje fellesskap og utvikle lokalsamfunn. Samtidig opplever mange truande hatkriminalitet. Sterke krefter prøvar å skape splitting mellom menneske både i Noreg, Europa og resten av verda. Trus- og livssynssamfunna spelar ei sentral rolle i liva til mange enkeltmenneske, derfor er innsyn i og utsyn frå desse samfunna også viktig for storsamfunnet.

På dei fleste andre område av samfunnet vårt stiller vi krav til demokrati, openheit og representasjon. No er det på tide å gjere det same overfor trus- og livssynssamfunna. Krava som blir stilt, skal ta vare på trusfridomen og ikkje gripe inn i teologien til trus- og livssynssamfunna.

• Sikre føreseieleg finansiering for trus- og livssynssamfunn.

• Ta vare på Den norske kyrkja si særlege rolle som ei levande og inkluderande folkekyrkje.

• Utarbeide og inngå ein samfunnskontrakt med trussamfunn som mottar offentleg finansiering. Denne skal anerkjenne trusog livssynssamfunna si viktige rolle i samfunnet og bidra til at dei saman med det offentlege jobbar aktivt for integrering, betre likestilling og auka kunnskap om norske lover.

• Stille krav om at offentlege institusjonar som sjukehus, sjukeheimar og fengsel legg til rette for at pasientar og innsette får høve til å utøve si tru og sitt livssyn.

• Stille krav til personar som kjem til Noreg for å praktisere som religiøse leiarar, at dei skal ha eller skaffe seg kunnskap om korleis dei skal utøve den religiøse rådgivingsrolla i møte med vald i nære relasjonar, eksilerfaringar og sentrale verdiar i det norske samfunnet.

• Stille krav om full openheit om gåver og finansiering til trussamfunn.

• Krevje at organ som forvaltar offentleg tilskot på vegner av trussamfunn, er demokratisk valde og har minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn.

• Utgreie om ein kan forby utanlandsk finansiering av trussamfunn.

• Sikre barn sin medverknad og sjølvråderett i spørsmål om tru og livssyn.

• Krevje at personar som kjem til Noreg for å praktisere som religiøse leiarar, har eller skaffar seg kunnskap om norske lover, og om korleis dei skal utøve den religiøse rådgivingsrolla. Det kan handle om vald i nære relasjonar, ekteskapsinngåing, skilsmisser, arveoppgjer, traumatiske erfaringar og sentrale verdiar i det norske samfunnet.

• Krevje full openheit om finansiering av trussamfunn.

Bustad: Trygg bustad for alle

Alle har rett til ein trygg og god bustad. Den norske bustadmodellen byggjer på at folk skal kjøpe og eige eigen bustad.

Det er store økonomiske forskjellar i bustadmarknaden, både geografisk og mellom enkelthushald. Dei siste åra har bustadprisane stige kraftig, og det er blitt vanskelegare for mange å etablere seg i sin eigen bustad. Forskjellen mellom å eige og å leige eigen bustad er i ferd med å bli ein av dei største ulikskapsfaktorane i samfunnet. Bustad skal vere ein stad å bu, ikkje eit spekulasjonsobjekt.

Bustadpolitikken kan ikkje sjåast isolert frå andre delar av samfunnsutviklinga. Han er nært knytt til økonomi, arbeidsmarknad, næringspolitikk, levekår, livskvalitet og klima. Staten og kommunane har eit særleg ansvar for å ta hand om ein heilskapleg bustadpolitikk. Arbeidarpartiet vil leggje fram ei melding om ein heilskapleg politikk, der kommunane vil få ei styrkt rolle i arbeidet med å utjamne forskjellar i bustadmarknaden. Ein god bustadpolitikk er avhengig av ein velfungerande og regulert leigemarknad. Rettane til dei som leiger bustad og er i ein pressa situasjon, må styrkast. Ein framtidsretta bustadpolitikk skal bidra til å jamne ut slike forskjellar. Husbanken har vore og skal framleis vere ein viktig aktør i bustadpolitikken.

Skal vi nå klimamåla, må nye buområde få innbyggarane effektivt og klimavenleg til og frå jobb. Nye bustadområde må ta vare på klima og naturomsyn både når det gjeld sjølve utbygginga, transportløysingar, materialbruk og gjenbruksløysingar. Vi vil ha ei meir miljøvenleg byggjenæring slik at vi tar større klimaomsyn i bustadpolitikken. Bustadpolitikken kan også bidra til å byggje bru mellom generasjonane, og retten til ein aktiv og verdig alderdom heng nært saman med busituasjonen.

For å byggje fleire bustader vil Arbeidarpartiet:

• At kommunane må leggje til rette for kommunale tomter og rimelege bustader for førstegangsetablerarar og studentbustader.

• Utgreie ei statleg rentekompensasjonsordning for kommunale tomtekjøp, som skal leggje til rette for bustadbygging, gjerne med nye eigeformer.

• Leggje til rette for at kommunane i samarbeid med aktørar som bustadbyggjelaga kan byggje bustader til folk med avgrensa eigenkapital.

• Knyte infrastruktur til bustadbygging og auke bustadbygging rundt kollektivknutepunkta.

• Trappe opp studentbustadbygginga med mål om 3000 bygde bustader i året.

• Ta initiativ til eit eldrebustadprogram og lage bustadtilbod slik at generasjonar kan dra nytte av kvarandre.

• Korte ned saksbehandlingstid for plan- og byggesaksbehandling.

• Koordinere offentlege innvendingar i byggjeprosessar betre.

• Sikre at geologisk informasjon og kompetanse blir utnytta i planlegginga av arealutnyttinga i kommunane slik at bustadbygging skjer på stabil grunn.

For å få fleire som treng bustad inn i bustadmarknaden vil Arbeidarpartiet:

• Auke utlånsrammene i Husbanken slik at fleire kan få startlån. Husbanken skal kunne brukast som verkemiddel også for førstegangsetablerarar.

• Utvide mandatet til Husbanken, særleg retta mot leigemarknaden og ein «tredje bustadsektor».

• Gi kommunane høve til å tildele startlån til unge med liten eigenkapital og gode inntektsutsikter.

• Oppmode kommunar til å bruke «frå leige til eige» eller andre liknande initiativ som utgangspunkt i lokal bustadsosial planlegging.

• Gi kommunane høve til å fastsetje disposisjonsform i bustadprosjekt gjennom endring i plan- og bygningslova.

• Auke tilskot til kommunalt bustadsosialt arbeid og etablere fleire ikkjekommersielle utleigebustader.

• Unngå for sterk konsentrasjon av kommunale bustader i eitt område.

• Arbeidarpartiet vil leggje fram ei melding om ein heilskapleg politikk, der kommunane vil få ei styrkt rolle i arbeidet med å utjamne sosiale og geografiske forskjellar i bustadmarknaden.

• Fryse BSU-ordninga (Bustadsparing for ungdom) på 25 000 kroner i året og 300 000 kroner totalt og avgrense ordninga til å gjelde førstegangs bustadkjøp.

• Revidere husleigelova med mål om å styrke rettane til leigetakarane og at det skal bli enklare å føre tilsyn og kontroll hos utleigarar.

• Sikre betre innløysingsrett for tomtefestarar slik at flest mogleg kan eige grunn til eige hus eller eiga hytte.

• Styrke lovgivinga for å hindre uheldig seksjonering av leilegheiter i sameige.

Kultur:

Ein kultur å leve av og for

Kultur gir oss noko å leve for. Gode kulturopplevingar gir den enkelte høve til refleksjon og læring, og i samfunnet oppstår det sams historier og samlingspunkt gjennom kulturelle opplevingar. Kulturen bidrar på denne måten til å skape gode liv og eit godt samfunn. Museum, kulturminne og handverkstradisjonar er viktige delar av kulturarven vår, og kulturarven vår må bli tatt vare på for å vere tilgjengeleg for framtida.

Samtidig er norsk kulturliv ei viktig næring med mange titusen arbeidsplassar, og det er avgjerande for eit sterkt og fritt kulturliv at utøvande kunstnarar og andre som jobbar i kultursektoren, har noko å leve av. Mange frilansarar i kulturlivet har ikkje dei same sosiale rettane som ordinære arbeidstakarar, og kulturlivet har framleis ein jobb å gjere for å representere mangfaldet i det norske samfunnet. Arbeidarpartiet vil sørge for at kulturopplevingar av god kvalitet er tilgjengelege for alle, uavhengig av bustad og bakgrunn.

Norsk språk er under press på mange samfunnsområde, og Arbeidarpartiet vil styrke språkpolitikken for å sikre at norsk framleis skal vere eit fullverdig og samfunnsberande språk i landet vårt. Nynorsk og bokmål skal vere likestilte målformer. Som det minst brukte skriftspråket skal nynorsk fremjast og sikrast gode vilkår, mellom anna gjennom å sikre god nynorskkompetanse i lærarutdanningane, betre sidemålsundervisinga, sørge for fleire digitale læremiddel på nynorsk og greie ut retten til å gå i eigen nynorskklasse gjennom heile grunnskulen.

Arbeidarpartiet vil auke mangfaldet, både på scenen og i tilbodet til publikum. Vi vil byggje ned tersklar for deltaking og fremje det breie kulturlivet i alle kommunar og fylke gjennom eit nytt «Kulturløft». Vi vil sørge for at kulturarbeidsplassar blir verdsette på same måten som resten av det norske arbeidslivet. Fleire av morgondagens talent skal få sjansen til å lykkast, og Noreg si tiltrekkingskraft på internasjonale kunst- og kulturmiljø skal styrkast.

• Gjennomføre eit nytt kulturløft, der dei statlege midla i større grad enn i dag, kjem heile landet til gode og der kulturen sin del av statsbudsjettet igjen gradvis blir auka til éin prosent. Senke tersklane for deltaking slik at fleire, særleg barn og unge, får høve til å delta i kulturaktivitetar.

• Betre levekåra til kunstnarane gjennom ei kunstnarøkonomireform, styrke dei sosiale rettane til frilansarar og sikre at kunstnarar faktisk får betalt når verka deira blir brukte eller delte, både fysisk og digitalt.

• Innføre regionale kulturfond.

• Gi full momskompensasjon til idrett, det frivillige og kultur.

• Avvikle gåveforsterkingsordninga, fordi den offentlege støtta ikkje skal vere på vilkår av private donasjonar.

• Styrke den regionale filmsatsinga og auke produksjonsmidla til norsk film.

• Auke mangfaldet i norsk film ved å arbeide for fleire kvinner i film og seriar, og satse meir på samisk film.

• Styrke scenekunsten over heile landet ved å styrke institusjonane og satse på det frie feltet.

• Vidareutvikle filminsentivordninga til å bli ei rettsfesta ordning.

• Sikre ein desentralisert kinostruktur.

• Innføre ei insentivordning for ny, norsk dramatikk.

• Gjeninnføre ei boklov som sikrar fastprissystemet.

• Innføre ei ny festivalstøtteordning som sikrar kvalitet og føreseielege rammer for festivalane.

• Styrke musea med vekt på formidling og fagleg utvikling.

• Ta vare på kystkulturen, kulturlandskapet langs kysten, naust- og sjøhus og styrke fartøyvernet.

Medium:

Ein føresetnad for ytringsfridom og demokrati

Medium for nyhende-, aktualitets- og djupnejournalistikk spelar ei avgjerande rolle for mykje av det viktigaste i samfunnet vårt: demokrati, folkeopplysning, tillit og fellesskap. Sterke og redaksjonelt uavhengige medium bidrar til å hindre maktmisbruk, polarisering og auka mistillit og er ein føresetnad for ei demokratisk offentlegheit.

No blir dei redaksjonelle media utfordra av maktkonsentrasjon og monopolisering. Mange har store utfordringar med å finansiere god journalistikk i ein marknad der globale teknologiselskap tar ein stadig større del av annonseinntektene og kontrollerer marknadsplassane der konkurransen skjer. Falske nyhende og såkalla ekkokammer på sosiale medium utgjer ei stor utfordring for samfunnet og demokratiet.

Målet til Arbeidarpartiet er å sikre sterke norske medium og leggje til rette for at alle grupper i samfunnet har eit godt medietilbod. Behovet for truverdige, redaktøransvarlege medium av høg kvalitet er viktigare enn nokon gong. Arbeidarpartiet er særleg uroa for kåra til kvalitetsjournalistikken. Styresmaktene må ta eit større politisk ansvar for å sikre dei økonomiske rammevilkåra til dei redaktøransvarlege media og media si moglegheit til å fylle samfunnsrolla si i alle delar av landet.

• Verne frie medium og det offentlege ordskiftet mot alle forsøk på å innskrenke ytringsrommet og ytringsfridomen.

• Verne menneske som er truga på grunn av meiningane og ytringane sine. Redaktørar og journalistar skal ha eit særskilt vern.

• Ha ei årleg utgreiing for Stortinget om pressefridom, mediemangfald og vilkåra for journalistikken i Noreg.

• Understreke at ytringsfridom blir sikra ved god tilgang på informasjon, og at offentleglova og prinsippet om meiroffentlegheit skal praktiserast i alle offentlege verksemder. Vi vil vurdere

• Styrke og vidareutvikle dei universelle kulturordningane som gir alle ein smakebit av kunst og kultur, som den kulturelle beremeisen, skulesekken og spaserstokken.

• Styrke litteraturformidlinga, mellom anna gjennom innkjøpsordningane, og stimulere til leselyst blant unge.

• Sikre at fleire barn får høve til å delta i kulturskulane til ein rimeleg pris.

• Bidra til at meiropne bibliotek skal vidareutviklast som ein aktiv møteplass for kunnskap, debatt og kulturformidling, og sikrast høve til å låne ut digitale verk.

• Ta vare på den norske og den samiske kulturarven, under dette tradisjonar og språk.

• Anerkjenne og satse på samisk kultur, film, musikk og handverkstradisjon.

• Føre ein språkpolitikk som gjer at norsk eller samisk blir føretrekt i alle delar av samfunnet.

• Jobbe for likestilling og mangfald innanfor alle område i kulturlivet.

• Føre ein aktiv og framtidsretta politikk for å ta vare på og formidle historia vår knytt til kulturminne, byggjeskikk og tradisjonar.

• Ha politikk som stør opp om alt det positive ved digital spelkultur, og som førebyggjer eventuelle negative sider ved dataspel.

• Utforme ein aktiv politikk for arkitektur og det bygde landskapet. Kvalitet, berekraft og nyskaping er stikkord for framtidas landskapsutvikling. strengare sanksjonar ved brot på offentleglova.

• Arbeide for at dei globale medie- og teknologiaktørane betalar skattar og avgifter i dei landa dei opererer i, og utgreie ein modell for omfordeling til dei redaktørstyrte media som produserer journalistikk.

• Aktivt støtte arbeidet til EU med å sikre rettferdig konkurranse og avgrense monopolisering i plattformøkonomien.

• Stille krav til at plattformgigantane delar meir data og viser større openheit om bruk av data.

• Regulere medieannonsemarknaden strengare for å styrke dei redaksjonelle media i konkurransen mot sosiale media og globale plattformselskap.

• Lage ein nasjonal strategi mot falske nyhende.

• Vidareutvikle mediestøtta vi har i dag slik at ho skapar innovasjon og breitt nærvær av redaktøransvarlege medium i heile landet, og satse spesielt på digital medieutvikling og grave- og djupnejournalistikk.

• Innføre momsfritak for all digital redaktøransvarleg journalistikk.

• Sikre at unge lesarar har tilstrekkeleg tilgang på gratis kvalitetsjournalistikk.

• Bidra til auka kunnskap om kritisk medieforståing, kjeldekritikk og personvern gjennom skuleverket og tiltak for vaksne.

• Sikre nettnøytralitet og god digital infrastruktur over heile landet.

• Sikre brukarane reell valfridom gjennom tiltak som aukar konkurransen i marknaden for breiband.

• Sikre NRK si rolle som ein brei allmennkringkastar med sterkt nærvær i heile landet gjennom føreseieleg styring og finansiering, og bidra til at NRK styrkar mediemangfaldet i Noreg.

• Arbeide for kommersiell allmennkringkasting med hovudkontor i og nyhendesendingar frå Bergen, og ein kommersiell allmennkringkastar på radio med hovudkontor i Lillehammer.

• Ha som mål at dei viktigaste idrettsarrangementa skal vere tilgjengelege for alle.

Idrett: Idrettsanlegg og friluftsliv i heile landet

Idrett skapar engasjement og begeistring og gir auka livskvalitet, trivsel og gode oppvekstvilkår i bygd og by. Breiddeidretten er også ein viktig bidragsytar for betre integrering, folkehelse, sosial utjamning og likestilling. Idrett, ikkje minst toppidretten, byr på opplevingar som bind oss tettare saman, både lokalt og som nasjon.

Idrettsrørsla er den største frivillige organisasjonen i Noreg. Ho er sjølvstendig med eigne demokratiske organ. Idretten har også eit stort samfunnsoppdrag og dermed ei viktig rolle i nasjonsbygginga. Samfunnsoppdraget løyser vi i samspel og samarbeid med stat, fylke og kommunar.

Arbeidarpartiet vil sikre gode idrettstilbod som er tilgjengelege for alle, særleg for barn og unge. Då må vi byggje ut anlegg og leggje til rette for at terskelen for deltaking er så låg som mogleg. Deltaking må vere så billeg som råd, og det må arbeidast for å redusere utstyrspresset. Satsing på friluftsliv er mellom dei viktigaste tiltaka våre for god folkehelse. Naturområde skal gjerast lett tilgjengeleg for alle. For mange toppidrettsutøvarar er det vanskeleg å kunne leve av idretten sin, og det må bli enklare å kunne kombinere karriere og utdanning for toppidrettsutøvarar. For Arbeidarpartiet er det viktig å sikre likestilling også i idretten.

• Ruste opp og byggje fleire idrettsanlegg og lage ein nasjonal plan for idrettsanlegg saman med idrettsrørsla som dannar grunnlaget for prioritering av spelemidla.

• Gjere momskompensasjon for idrettsanlegg regelstyrt.

• Vurdere om staten også skal bidra til å dekkje driftskostnader i nasjonalanlegga.

• Leggje til rette for nærmiljøanlegg og eigenorganisert idrett.

• Vidareføre ordninga med ekstra spelemiddel i pressområde.

• Gjennomgår spelemiddelreglane for å leggje til rette for utfasing av gummigranulat på kunstgrasbanar, og

bidra til utvikling av meir miljøvenlege løysingar. Ta vare på og verne Norsk Tipping sin einerett og sikre at overskot frå Norsk Tipping til idretts-, kultur- og frivilligføremål ikkje går til kommersiell verksemd.

• Jobb for å redusere etterslepet i utbetaling av spelemidla slik at det blir kapital til aktivitet for barn og unge og realisering av nye anlegg.

• Sikre at alle innbyggarar har moglegheit til gratis lån av utstyr til trening og friluftsliv og sørge for at det blir laga ein plan for tilgang til slikt utlån i alle kommunar.

• Innføre dagleg fysisk aktivitet.

• Ta vare på bynære friluftsområde og leggje til rette for universell tilgang til turvegar og friluftsopplevingar.

• Leggje til rette for at fleire toppidrettsutøvarar kan ta utdanning.

• Støtte arbeidet mot doping og kampfiksing.

• Støtte idretten sitt arbeid for likestilling og inkludering i idretten.

• Vurdere om staten også skal bidra med driftskostnader i nasjonalanlegga.

Frivillig innsats:

Ein sterk frivillig sektor som står på eigne bein.

Frivillig innsats gjer samfunnet vårt rikare og fellesskapet sterkare. Frivillig arbeid fyller ei rolle verken marknaden eller det offentlege kan fylle i samband med omsorg, friluftsliv, integrering, folkehelse, kultur og idrett. Frivillige organisasjonar bidrar til læring og inkludering og gir folk i alle aldrar høve til å møtast, engasjere seg og tilhøyre eit fellesskap. Frivillig deltaking motverkar einsemd og fremjar folkehelse.

Arbeidarpartiet vil sikre det frivillige god finansiering, stor fridom og ein sentral plass i samfunnet. Vi vil sørge for at det frivillige får god tilgang på lokale, anlegg og utstyr, og fjerne hindringar for frivillig engasjement, som unødvendige søknadsprosessar og papirarbeid.

• Gi full momskompensasjon til idrett, det frivillige og kultur

• Sikre det frivillige ei finansiering med høg del av frie middel.

• Sikre gode ordningar for bruk av lokale og areal, mellom anna ved at statlege og kommunale bygg kan lånast ut utanom arbeidstid.

• Leggje til rette for at det blir oppretta fleire frivilligsentralar og frivilligråd i kommunane.

• Sikre finansieringa til frivilligsentralane gjennom å flytte dei til eigen post på kulturbudsjettet.

• Forenkle og samordne regelverk og støtteordningar i samarbeid med organisasjonane.

• Samle alle tilgjengelege statlege støtteordningar for frivillig sektor i ein felles søkjeportal.

• Vidareføre og vidareutvikle samarbeidet med friluftsorganisasjonane.

• Bidra til, i samarbeid med friluftsorganisasjonane, tilrettelegging, skilting, merking og kartfesting av stiar, turvegar og turruter i heile landet.

• Gjere friluftsliv enklare tilgjengeleg for personar med nedsett funksjonsevne.

Likestilling, inkludering og antirasisme: Eit likestilt samfunn er eit fritt samfunn

Arbeidarpartiet skal føre ein offensiv og målretta likestillingspolitikk som gjer at alle blir inkluderte i samfunnet, uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet. Store forskjellar mellom kjønna i skuleprestasjonar og gjennomføring i skulen, i arbeidslivet, i lønsnivå, i familieliv og i helse trugar det likestilte samfunnet. Diskriminering og manglande inkludering fører til at menneske blir utestengde frå viktige fellesskap i samfunnet vårt.

Ingen menneske skal diskvalifiserast frå arbeidslivet, stengjast ute frå det sosiale fellesskapet eller hetsast på bakgrunn av kva hudfarge, tru, funksjonsevne eller seksualitet han eller ho har, og ingen minoritetar skal diskriminerast. Arbeidarpartiet skal byggje ned hinder for deltaking, styrke arbeidet mot diskriminering og for eit meir inkluderande samfunn.

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig verktøy for å sikre alle menneske deltaking og likestilling i samfunnet. Vi vil sørge for at ordninga og finansieringa av BPA gir eit best mogleg universelt tilbod til dei som treng og ønskjer det i alle kommunar.

Likestilling på alle samfunnsområde

Alle skal ha like moglegheiter. Det er framleis ujamt makttilhøve mellom kvinner og menn i Noreg. Likestilling er også meir enn kjønnskamp, og det er ikkje reell lik moglegheit til deltaking og tilgang for alle i det norske samfunnet i dag.

Likestilling kjem ikkje av seg sjølv. For å få eit likestilt samfunn må det jobbast systematisk med likestilling på alle samfunnsområde. Universell utforming er heilt nødvendig for å gi alle høve til å kunne delta likeverdig på alle samfunnsområde. Arbeidarpartiet har som mål at Noreg skal vere universelt utforma innan 2035.

Arbeidarpartiet vil jobbe for at menneske med funksjonsnedsetjingar skal oppnå sine fulle rettar til deltaking på alle arenaene i samfunnet på lik linje med alle andre, ved å sikre at FN- konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) blir realisert i alle delar av samfunnet. Vi vil byggje ned

samfunnsbarrierar som står i vegen for denne realiseringa, og slik bidra til større synleggjering, likestilling og livskvalitet for denne gruppa.

• Opprette eit eige trepartssamarbeid for likestilling.

• Sørge for auka mangfald i arbeidslivet samt betre representasjon mellom kjønna i dei bransjane der dette går for sakte.

• Opprette nye likestillingssenter og styrke dei fire som allereie finst.

• Kamp mot seksuell trakassering.

• Innlemme FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i den norske menneskerettslova.

• Styrke Likestillings- og diskrimineringsombodet og Diskrimineringsnemnda.

• Etablere kontaktutval mellom styresmaktene og likestillings- og mangfaldsorganisasjonane, og bruke desse som ein ressurs i politikkutforminga.

• Setje ned eit nytt mannsutval for å sjå på likestillingsutfordringane for menn.

• Auke støtta til organisasjonane som jobbar for auka likestilling.

• Innføre nye lovendringar og tiltak for å kjempe mot netthets.

• Innføre reguleringar som kan avgrense den kommersielle industrien som byggjer oppunder skjønnheitstyranniet, retta særleg mot barn og unge.

• Utvide staten sine prinsipp for eigarstyring til også å gjelde mål om likestilling.

• Styrke arbeidet mot seksuell trakassering i samfunnet, i dei kvinnedominerte yrka spesielt, mellom anna ved å få arbeid mot seksuell trakassering inn i HMS-reglane i arbeidsmiljølova, styrke dei aktørane som arbeider mot seksuell trakassering, og jobbe haldningsskapande frå barnehagen av og gjennom skuleløpet.

• Vurdere auka bruk av kvotering for å sikre fleire kvinner i leiande stillingar i det offentlege og private.

• Behalde kjønnspoeng i høgare utdanning for å sikre betre kjønnsbalanse på kjønnsskeive utdanningar.

• Forby konverteringsterapi.

• Ratifisere ILO-konvensjon 190 om avskaffing av vald og trakassering i arbeidslivet.

Inkludering i fellesskapet

I samfunnet vårt skal ingen menneske diskriminerast. Fellesskap med plass til alle menneske er eit gode og ein styrke for Noreg, ikkje eit trugsmål. For å byggje sterke fellesskap må alle menneske få dei same moglegheitene til å ta del i samfunnet. Dei sosiale fellesskapa, enten det er gjennom skulevesenet, arbeidslivet, idretten, kulturen eller det frivillige, må vere opne og inkluderande arenaer.

Vallovutvalet har fremja fleire framlegg og røysterett for 16-åringar er diskutert. Arbeidarpartiet viser til at mange kommunar har svært gode erfaringar med dette, og vi tar med oss desse erfaringane vidare i prosessar.

• Jobbe for universell utforming og tilgang slik at alle kan delta i samfunnet.

• Auke kunnskapen om rettane til funksjonshemma blant tilsette i staten og kommunane.

• Jobbe for at offentlege verksemder går framføre og jobbar aktivt for rekruttering av tilsette med fleirkulturell bakgrunn.

• Sørge for at fleire fritidsaktivitetar blir tilrettelagde for alle, slik at barn med funksjonsnedsetjingar og kroniske sjukdomar kan delta.

• Setje i verk ny handlingsplan for LHBT+- personar med fokus på levekår.

• Sørge for at behandlingstilbodet for personar med kjønnsinkongruens blir gjort lettare tilgjengeleg og desentralisert til relevante fagmiljø.

• Styrke undervisinga i seksualitet og grensesetjing, kjønns- og seksualitetsmangfald, LHBT+ og reproduktiv helse i barnehagen, grunnskulen og den vidaregåande skulen.

Les meir om korleis Arbeidarpartiet vil skape eit meir inkluderande arbeidsliv, i kapitlet «Arbeidsliv: Eit godt arbeidsliv for alle».

Antirasisme – ei sams oppgåve

Arbeidarpartiet er eit parti som kjempar for å få slutt på både kvardagsrasisme, ideologisk fundert rasisme og den strukturelle rasismen. Vi meiner det er ei sams oppgåve for alle å kjempe mot rasisme og hatefulle idear og haldningar. Arbeidarpartiet ser med bekymring på utbreiing av rasistiske idear og rørsler. Vi må erkjenne dei potensielle konsekvensane til det farlege hatet og forhindre at menneske i samfunnet vårt blir radikaliserte og eit trugsmål mot andre. Rasisme er uakseptabelt uavhengig av kven som blir utsett for han. Arbeidarpartiet ser med særleg stor bekymring på utbreiinga av hatefulle konspirasjonsteoriar og rasistiske idear retta mot muslimar og jødar og vil prioritere kamp mot av muslimhat og antisemittisme.

Den antirasistiske politikken til Arbeidarpartiet skal fjerne hindra som gjer at nokre grupper blir haldne utanfor, og gi like moglegheiter. Det viktigaste forsvarsverket vårt mot terror og politisk vald er eit sterkt fellesskap, ein sterk velferdsstat og eit inkluderande samfunn – fundamentet for eit samfunn med små forskjellar og like moglegheiter. Kampen mot rasismen må kjempast i kvardagslivet: på arbeidsplassane, i skulegarden, i kultur- og idrettslivet og på internett.

• Utarbeide ein ny handlingsplan mot rasisme med konkrete tiltak.

• Fjerne statsstøtta til Human Rights Service.

• Arbeide for å motverke spreiing av konspirasjonsteoriar.

• Styrke studietilbod og kompetanse om ekstremisme og radikalisering.

• Jobbe for at flest mogleg norske ungdomsskulelevar får tilbod om besøk til

22. juli-senteret og/eller Utøya.

• At dei synlege spora etter 22. juli-angrepet i Høgblokka blir tatt vare på og blir avsette til 22. juli-senteret sitt virke.

• At det blir gitt meir kunnskap og informasjon om hatefulle ytringar og konsekvensar av rasismen gjennom skuleløpet.

• Styrke forskinga og kompetansebygginga på rasisme og ekstremisme.

Familie: Gode universelle ordningar for alle familiar

Gode universelle ordningar for alle familiar. Godt utbygde offentlege velferdstenester er ein føresetnad for å gi fridom til alle typar familie. Arbeidarpartiet vil derfor styrke det universelle velferdstilbodet til barn og unge. Det vil bidra til sterkare fellesskap og mindre forskjellar i samfunnet.

Framleis er det mange småbarnsfamiliar som slit med å få dagen til å gå opp. Ein del foreldre opplever at permisjonsordninga ikkje fullt ut tar omsyn til livssituasjonen deira. I tillegg bidrar kontantstøtta til å halde ein del menneske, særleg mødrer med innvandrarbakgrunn, utanfor arbeidslivet.

Alle skal kunne kombinere arbeid med familieliv. Arbeidarpartiet vil fortsetje å utvikle og forbetre ordningane, slik at det blir enklare å kombinere arbeid med familieliv. Foreldrepermisjonen skal vere raus og sikre at både mor og far har sjølvstendig krav på sin del av permisjonen saman med barnet. Vi vil også gjere det betre for familiar med barn som har særskilde behov, og vi vil fjerne kontantstøtta.

• Styrke det universelle verdstilbodet for barn og unge gjennom å prioritere velferdstenester som omfattar alle barn.

• Sørge for at barn med særskilde behov får den oppfølginga og tilrettelegginga dei har behov for også i skulefritidsordninga, tilsvarande rettane opplæringslova gir gjennom skuledagen.

• Gå gjennom og betre ordningar for familiar med særskilde behov.

• Vidareføre ein tredelt foreldrepermisjon og sikre mor moglegheit til å amme i tråd med helsefaglege råd.

• Sikre at mødrer ikkje får kutt i permisjonstida om dei før før termin, og at ikkje permisjonen startar å gjelde om dei før seinare enn termin.

• Behalde fedrekvota vi har i dag og styrke rettane til fedrar.

• Vurdere ei oppdeling av utbetaling av eingangsstønaden.

• Fjerne kontantstøtta og erstatte henne med ei ventestøtte for dei som ikkje har fått barnehageplass.

• Oppretthalde barnetrygda på dagens nivå.

• Utgreie korleis rettane til foreldra til omsorgspengar for fråvær ved sjukdom hos eigne barn delvis kan bli tatt i bruk av andre nære pårørande.

• Gå gjennom ordninga med brillestøtte til barn, og innføre ei ny ordning som skjermar familiar med store brilleutgifter til barn.

Urfolk og nasjonale minoritetar

Staten Noreg er etablert på territoriet til to folk, nordmenn og samar. Noreg skal vere eit føregangsland når det gjeld urfolk sine rettar. Vi vil sikre gode rammevilkår for samisk kultur, næringsliv, samfunnsliv og samiske språk. Samane skal ha reell moglegheit til å lære samisk, bruke det i kvardagen og kunne overlevere det til neste generasjon.

Dei tradisjonelle samiske næringane treng gode og stabile rammevilkår. Samtidig må vi leggje til rette for utvikling også innan annan næringsverksemd, og bidra til å oppretthalde busetjing i dei samiske områda.

Norsk og samisk språk og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romanes og romani som Noreg har ansvar for, utgjer ramma for kulturuttrykk i det norske samfunnet. Alle desse språka er under press.

Kommunane har ei avgjerande rolle i å utvikle dei samiske samfunna. Ein sterk kommuneøkonomi er viktig for å ta hand om samiske rettar.

Eit sterkt folkevalt organ i Sametinget er viktig for den demokratiske legitimiteten nasjonalt og for å løfte spørsmål som rammar urfolk, i internasjonale fora. Sametinget må tilførast tilstrekkelege ressursar for å ta hand om denne rolla. At Noreg er eit føregangsland når det gjeld rettane til urfolk, styrkar også truverdet overfor nabolanda våre.

• Ha eit nasjonalt samisk kulturløft.

• Styrke samisk filmsatsing.

• Ta vare på den norske, kvenske og den samiske kulturarven, tradisjonar og språk.

• Løfte samisk kultur, film, musikk og handverkstradisjon, mellom anna ved å auke løyvinga til føremålet.

• Sikre nok samiske læremiddel av tilfredsstillande kvalitet.

• Utdanne fleire samisktalande lærarar, førskulelærarar og helsearbeidarar.

Integrering:

Stille opp og stille krav

Innvandringa har gjort Noreg til eit meir mangfaldig samfunn. Arbeidarpartiet ser på mangfaldet som ein styrke. Den norske modellen og måten vi har organisert det norske samfunnet på, er ein av hovudgrunnane til at vi har lykkast betre med integrering enn dei fleste andre land. I framtida vil land som lykkast med integreringa, vere vinnarar på den globale arenaen.

Mange av utviklingstrekka som set samfunnsmodellen vår under press, blir forsterka av høg innvandring og rammar integreringsarbeidet særleg hardt. Aukande sosiale og økonomiske forskjellar og ein lågare sysselsetjingsgrad er mellom dei mest alvorlege utviklingstrekka. Vi er avhengige av å lykkast betre med integreringa om vi skal ta vare på den norske modellen også i framtida.

Hovudmålet til Arbeidarpartiet for integreringsarbeidet er å få fleire i arbeid, byggje sterke fellesskap, fremje likestilling og kjempe mot negativ sosial kontroll.

Barnehagane og skulane er mellom dei viktigaste fellesskapsarenaene vi har. Her lærer barna norsk og byrjar å meistre dei sosiale og kulturelle kodane. Dei som ikkje går i barnehage, strevar ofte fagleg allereie tidleg i grunnskulen og kan lett miste motivasjonen. Barn som blir vekke frå skulen, søkjer andre fellesskap utanfor skulen, som ofte viser seg å vere starten på eit trøblete tilvære i utkanten av samfunnet. Det vil Arbeidarpartiet kjempe mot.

Fleire i arbeid – nøkkel til integrering i samfunnet

Arbeid er ein nøkkel til integrering i samfunnet, og for å bli del av det norske arbeidslivet treng ein utdanning, kvalifisering og kompetanse i norsk språk. Diverre ser vi at ein altfor høg del av innvandrarar ikkje kjem inn i eller har svak tilknyting til arbeidsmarknaden. Velferdsmodellen vår føreset ei høg grad av sysselsetjing, med ei løn som er til å leve av.

Om vi skal lykkast med integreringsarbeidet, må det innrettast slik at fleire oppnår kompetanse som er etterspurd i arbeidslivet. Målet er at fleire får ei varig tilknyting til arbeidslivet og slik blir aktive deltakarar i det norske samfunnet.

• Auke talet på samiske barnehageplassar.

• Arbeide for styrkt barnehustilbod for samiske barn.

• Støtte samisk LBHT+-arbeid.

• Føre ein aktiv språkpolitikk som gjer at norsk eller samisk blir verande det føretrekte språket i alle delar av norsk samfunnsliv.

• Ta hand om dei internasjonale lovnadene overfor dei nasjonale minoritetane våre og arbeide for at dei får vidareutvikle sin identitet, kulturhistorie og språket sitt i Noreg.

• Jobbe for gode rammevilkår som sikrar arbeidet med kvensk språk og kultur.

• Styrke etablerte refusjonsordningar og etablere nye ordningar til kommunane for å styrke samisk språkopplæring og auke talet på språkberarar. Introduksjonsprogrammet må bli meir arbeidsretta. Arbeidarpartiet ønskjer større grad av individuelle tilpassingar i introduksjonsprogrammet, utan å senke kompetansekrava. Vi vil sjå introduksjonsordninga, NAV si verktøykasse og vaksenopplæringa meir i samanheng.

Aktørar i det lokale næringslivet er svært viktige samarbeidspartnarar i integreringsarbeidet. Dei skal møte ein offentleg sektor som spelar på lag. Vi vil gjere det enklare, meir føreseieleg og mindre risikofylt for norske bedrifter å bidra til integreringa, mellom anna gjennom lønstilskot.

Når flyktningar skal busetjast, må framtidige jobbmoglegheiter vege tungt i val av kommune. Kompetansen til flyktningane og arbeidsmarknaden til kommunane og tilgang på utdanningstilbod må matchast betre enn i dag. Ein viktig grunn til at Noreg har lykkast betre med integrering enn nabolanda våre, er at vi har busett flyktningar i heile landet. Å sikre spreitt busetjing er derfor viktig for at vi skal lykkast med integrering.

• Innføre betre og meir langsiktige økonomiske støtteordningar for kommunar som buset flyktningar med særlege behov, for å sikre at alle som har fått opphaldsløyve blir busette så fort som mogleg.

• Starte kvalifisering for arbeid allereie i mottak og styrke kompetanselinja i norsk integreringspolitikk.

• Ytterlegare styrke kvalifiserande tiltak for innvandrarkvinner som fell utanfor andre ordningar.

• Gjere det lettare å gjennomføre opplæring og kvalifisering av innvandrarar i bedrifter.

• At yrkesmål skal inngå i integreringsplanen til den enkelte, basert på gjennomført kompetanseplanlegging.

• Gjennomgå introduksjonsordninga for å sikre tettare samarbeid mellom involverte aktørar og ein raskare veg ut i aktivitet for den enkelte.

• Auke bruken av utdanning og arbeidsretta tiltak i introduksjonsprogrammet.

• Styrke ordninga med «hurtigspor» i introduksjonsprogrammet og satse på norskopplæring i arbeidslivet.

• Sørge for at alle kommunar som tilfredsstiller kvalitetskriterium knytte til busetjing og integrering, skal kunne busetje, uavhengig av storleik.

• Redusere tida den enkelte sit i mottak og blir halden utanfor arbeid, gjennom raskare saksbehandlingstid.

• Sørge for at opplæring om den norske arbeidslivsmodellen og rettane til arbeidstakarar kjem inn i opplæringsplanen for norsk og samfunnsfag.

• Unngå at nyleg komne flyktningar blir busette i område med store levekårsutfordringar.

• At arbeid, kompetanseoppbygging og språkopplæring skal skje parallelt. Det skal bli gitt tilbod om tidleg kartlegging av kompetanse og godkjenning av utdanning, og om realkompetansevurdering der det er relevant.

• Tilby fleire praksisplassar og god oppfølging i samarbeid mellom kommunane og det lokale næringslivet.

• Sørge for at tilsette i barnehage og skule har fleirkulturell kompetanse.

• At asylmottak som hovudregel skal drivast av det offentlege eller ideelle aktørar som har kvalitet, ikkje profitt, som mål.

Deltaking i det frivillige og det sivile samfunn – viktig veg inn i fellesskapet

Deltaking i frivillig arbeid er ein god måte for innvandrarar som er nyleg komne til Noreg å raskare tileigne seg norsk språk og kultur og gjeldande sosiale kodar og verdiar på, og vil ofte bidra til å gjere vegen inn i arbeidslivet og det store fellesskapet kortare.

Arbeidarpartiet vil støtte utviklinga av frivillige organisasjonar sine tilbod til flyktningar, asylsøkjarar og andre med fleirkulturell bakgrunn, og jobbe for eit tettare samarbeid mellom kommunane og det frivillige.

• Involvere frivillige organisasjonar i aktivitetstilbodet for asylsøkjarar og leggje til rette for frivillig arbeid for asylsøkjarar som ikkje har arbeidsløyve.

• Leggje til rette for språkpraksisplassar i frivillige organisasjonar, mellom anna gjennom tilskotsordningar.

• Etablere faste kontaktpunkt i kommunen for innvandrarar, til dømes gjennom frivilligråd.

• Styrke midla til lokale dialogtiltak mellom ulike trus- og livssynssamfunn.

• Jobbe med organisasjonane for å mobilisere etniske minoritetar til frivillig arbeid.

Likestilling og kamp mot sosial kontroll

Fridom er ein grunnleggjande rett i samfunnet vårt. Alle skal ha fridom til å vere seg sjølv, til å delta der dei måtte ønske, og til å bryte med miljø eller menneske om dei opplever avgrensingar i fridomen sin.

Mange av dilemmaa vi møter i integreringsdebatten, knyter seg til situasjonar der menneske skal velje korleis dei vil leve livet sitt, og opplever eit sosialt og kulturelt press som avgrensar den fridomen.

Sosial kontroll og fysisk og psykisk æresvald har ikkje ein plass i samfunnet vårt. Det er eit felles samfunnsansvar å kjempe mot dette.

Eit alvorleg utslag av negativ sosial kontroll er at barn og ungdom blir etterlatne av foreldra i utlandet mot si vilje. Arbeidarpartiet meiner styresmaktene må gjere meir for å sikre at rettane til dei unge blir tatt hand om, og at heile tiltakskjeda i dette arbeidet må styrkast og koordinerast betre enn i dag.

• Sørge for at det finst kontaktpersonar i alle kommunar for å hjelpe barn og vaksne som

treng støttespelarar.

• Krevje at partane i arbeidslivet sikrar nødvendig kompetanse om negativ sosial kontroll blant sine leiarar og tillitsvalde.

• Auke talet på minoritetsrådgivarar i skulen, slik at elevar på vidaregåande skule kan søkje råd hos denne tenesta uavhengig av kva skule dei går på.

• Trappe opp det sosialfaglege arbeidet retta mot familiar som er råka av sosial kontrollproblematikk.

• Endre lova slik at foreldre som systematisk og medvite hindrar barna sine pliktig grunnskuleopplæring, blir sanksjonerte økonomisk gjennom dagbøter og trekk i barnetrygda for heile perioden barnet har udokumentert skulefråvær.

• Etablere eit program for å ta hand om barn og ungdom som har vore etterlatne i utlandet, også etter retur til Noreg.

• Endre lova slik at styresmaktene kan følgje opp og hjelpe barn som er etterlatne i utlandet betre, uansett kva land barnet oppheld seg i.

Rask og god integrering av kvoteflyktningar

Utforminga av flyktning- og asylpolitikken har mykje å seie for integreringspolitikken. Politikken vår skal bidra til føreseielege rammer for både flyktningane og lokalsamfunna der dei skal busetjast. Vi vil at fleire av dei som får vern i Noreg, skal busetjast direkte i eit lokalsamfunn og ikkje må vente på eit mottak medan dei får saka si behandla.

Asylsøkjarar som kjem til grensa, skal leve eit så normalt liv som mogleg medan søknaden deira blir behandla. Kartlegging av kompetanse og jobbmoglegheiter og opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal starte frå dag éin. Vi vil unngå institusjonalisering og eit passiv tilvære og vil som hovudregel ha desentraliserte mottak.

• Starte integreringa av kvoteflyktningar frå det er vedtatt at dei skal til Noreg, ikkje først ved tilkomst.

• Sørge for at kvoteflyktningar, før dei kjem til Noreg, skal:

- gjennomføre intensivkurs i demokrati, likestilling og norsk arbeidsliv.

- ta del i ei grundig kompetansekartlegging som grunnlag for jobb og eit kvalifiseringsløp med mål om arbeid.

- matchast med riktig busetjingskommune og det skal utarbeidast grunnlag for ein individuell plan som leiar til sjølvforsørging.

- starte prosessen med godkjenning av utanlandsk utdanning, der det er mogleg.

• Gjennomføre prøveprosjekt med fjernundervising i norsk i det landet det blir henta flest kvoteflyktningar frå.

Innvandring:

Ein meir rettferdig innvandringspolitikk

Noreg har eit ansvar for å hjelpe menneske som flyktar frå krig og forfølging. Asyl- og innvandringspolitikken vår skal byggje opp under den norske samfunnsmodellen med små forskjellar og like moglegheiter, høg tillit og sterkt samhald. Vi skal vise solidaritet med verdas flyktningar og samtidig ta vare på velferdsstaten og den norske modellen. Asylog innvandringspolitikken vår skal byggje på våre grunnleggjande verdiar og internasjonale lovnader. Vi må sikre at det er brei oppslutning om asyl- og innvandringspolitikken, og at vi har ein politikk som samlar Noreg.

Dagens asylregime har fleire inhumane, urettferdige og lite berekraftige konsekvensar. Difor vil vi tilpasse asylordninga i dag betre til intensjonen i flyktningkonvensjonen om å gi menneske vern frå forfølging.

Vi ønskjer ei meir kontrollert innvandring gjennom ein heilskapleg politikk som er meir rettferdig, meir human og meir berekraftig for det norske samfunnet. Politikken vår skal gjere oss i stand til å handtere framtidige situasjonar med store aukar i talet på migrantar til Europa, og bidra til ei kontrollert og føreseieleg innvandring til Noreg.

Etablere solidaritetspott

Det er nabolanda i konfliktregionar som tar imot det største talet på flyktningar, og det er i desse landa behovet for hjelp er størst.

Arbeidarpartiet vil derfor byggje opp ein solidaritetspott på utviklingsbudsjettet, som skal gå til å betre tilhøva for menneske på flukt og gi fattige land som tar imot mange flyktningar, høve til å ta hand om dei langsiktige behova til flyktningane.

Solidaritetspotten skal lukke gapet mellom humanitær nødhjelp og den meir langsiktige utviklingsbistanden og styrast utan geografiske bindingar.

• Auke Noreg sitt bidrag til UNHCR for å setje organisasjonen betre i stand til å ta hand om rettane til menneske på flukt.

• Skape nye finansieringsmekanismar for å hindre at auka asyltilkomstar til Noreg fører med seg dramatiske kutt i resten av utviklingsbistanden.

• Byggje opp ein solidaritetspott i bistandsbudsjettet på minimum 5 milliardar kroner som skal gå til å betre tilhøva for menneske på flukt. Solidaritetspotten skal:

- styrke arbeidslinja samt humanitær innsats, utdanning og velferdstiltak.

- bli gitt gjennom mellom anna multilaterale organisasjonar og globale bistandsorganisasjonar og styrke landa si moglegheit til å ta hand om flyktningar sine moglegheiter for å skape si eiga framtid.

Ei meir rettferdig asylordning

Retten til å søkje asyl og vern frå forfølging er ein grunnleggjande menneskerett. Arbeidarpartiet vil verne om asylinstituttet. Om asylinstituttet også i framtida skal vere i stand til å gi vern til personar som flyktar frå individuell forfølging, må vi ha ei meir rettferdig asylordning. Ho må sikre fleire vern i det første trygge landet dei kjem til, og hjelpe fleire gjennom kvoteflyktningordninga. Vi må kjempe mot årsakene til at menneske legg ut på flukt, og skilje klårare mellom konvensjonsflyktningar og dei med behov for subsidiært vern. Vi vil ha ei dreiing av flyktningpolitikken til fleire kvoteflyktningar framføre asylsøknader ved grensa.

Kvoteflyktningssystemet til FN er den tryggaste og mest rettferdige ordninga for å sikre mottak av menneske som skal ha varig vern. Her kan Noreg prioritere dei mest sårbare flyktningane med størst behov for vern, til dømes barnefamiliar.

I periodar med låge tilkomstar vil vi leggje til rette for at kommunane kan ta imot fleire kvoteflyktningar. Talet skal setjast på bakgrunn av forhandlingar mellom kommunen og staten, der regjeringa fastset det totale talet. Tilrådingane frå FN sin høgkommisær for

flyktningar skal leggjast vekt på gjennom heile prosessen.

• Hjelpe fleire gjennom kvoteflyktningordninga:

- sjå asyltilkomstar, talet på kvoteflyktningar og familiegjenforeining i samanheng.

- fastsetje talet på kvoteflyktningar på bakgrunn av forhandlingar mellom regjeringa og kommunane. Sikre kommunane føreseielege rammer så langt det er mogleg, slik at dei veit kor mange flyktningar dei skal ta imot årleg over tid.

• Hindre at fleire legg ut på ei farleg flukt:

- auke innsatsen for å hjelpe sårbare statar, og styrke humanitær bistand og utviklingsbistand overfor sårbare statar.

- styrke innsatsen mot menneskehandel og kriminelle nettverk som utnyttar flyktningar.

- at Noreg skal støtte og delta i redningsarbeidet i regi av EU i Middelhavet.

• Innføre eit klårare skilje mellom kven som får konvensjonsstatus og subsidiært vern, innanfor rammene av internasjonale plikter:

- prioritere humanitær hjelp og støtte til dei som flyktar frå ein vanskeleg situasjon i heimlandet, i tråd med den opphavlege tanken bak FN sin flyktningkonvensjon.

- avgrense retten til familiegjenforeining samt utvide bruken av mellombelse løyve for personar med subsidiært vern.

• Styrke identitetskrav:

- sørge for at dei som får innvilga opphaldsløyve i Noreg, må dokumentere identiteten sin, og at det blir stilt same krav til klarlegging av identitet for permanent opphaldsløyve og familieetablering som ved statsborgarskap.

• Oppretthalde tilliten til asylordninga gjennom eit effektivt returarbeid:

- returnere dei som får avslag, til heimlandet.

- sørge for at alle som oppheld seg i Noreg, har rett til nødvendig helsehjelp som ikkje kan vente.

- bidra til relevante, returførebuande aktivitets- eller opplæringstilbod for mindreårige ungdomar med endeleg avslag fram til utreisedato, føresett at dei samarbeider om retur.

- Gjennomgå praksisen med rett til nødvendig helsehjelp for papirlause, under dette finansieringsordninga, og vurdere ordningar for å sikre at desse rettane blir oppfylte.

- Sikre at alle barn som oppheld seg i Noreg har full tilgang til nødvendige helse- og omsorgstenester, uavhengig av opphaldsstatusen deira.

Barnets beste – grunnleggjande i alle saker

Barn på flukt er ei særleg utsett gruppe. Noreg skal vere ein pådrivar for at ein tar hand om rettar for barn på flukt. Dei svake sidene ved asylordninga i dag rammar særleg einslege mindreårige barn på flukt hardt. Det er grunnleggjande urettferdig at barn blir ramma hardast av eit system som ikkje fungerer.

Barn skal bli tatt imot på ein trygg og god måte som tar hand om deira rettar og behov. Saker som omfattar barn bør prioriterast høgt. Dei siste åra har det gjentatte gongar blitt retta kritisk søkelys mot praksisen til utlendingsstyresmaktene i samband med enkeltsaker som omfattar lengeverande barn. Regelverket må etterlevast slik at vi unngår situasjonar vi har sett tidlegare med aukande grad av mellombelsheit. Det er viktig å sikre ei rask og effektiv saksbehandling som tar hand om rettstryggleiken og unngår å setje liva til barn og unge på vent.

• Prioritere barnefamiliar gjennom kvoteflyktningordninga.

• Sikre at det beste for barnet er eit grunnleggjande omsyn i behandlinga av asylsaker som rammar barn.

• Prioritere mindreårige asylsøkjarar i saksbehandlinga.

• Ha ein gjennomgang av praksisen til utlendingstyresmaktene når det gjeld vurderingar av det beste for barnet i utlendingssaker.

• Utgreie høvet til å erstatte bruk av utvising av innreiseforbod med eit breiare sett av reaksjonsformer når særlege tilhøve tilseier det.

• Plassere familiar med små barn på desentraliserte mottak, ikkje på asylmottak, slik at dei lever så normale liv som mogleg medan dei ventar på integrering i Noreg eller retur til heimlandet.

• Opprette trygge omsorgssenter i heimlandet som blir nytta der det kan dokumenterast at einslege mindreårige har ei sterkare tilknyting til heimlandet, som alternativ til mellombels opphald i Noreg. Kortvarig plassering på slike omsorgssenter kan også bidra til raskare oppsporing av familien til den einslege mindreårige.

Internasjonalt samarbeid

Asylsøkjarar skal kunne tilvisast til trygge land i og utanfor Europa så lenge deira behov for vern blir godt tatt hand om. Dette krev betre samarbeidsavtalar med tredjeland slik at dagens heimel for dette kan brukast meir aktivt. Før ein inngår slike avtalar, skal det gjerast ei konkret vurdering av menneskerettssituasjonen for flyktningane i landet. Denne vurderinga skal tilleggjast stor vekt. Asylsøkjarar skal ikkje returnerast til land der dei risikerer forfølging. Rettstryggleiken skal bli tatt hand om. Noreg skal i større grad hjelpe desse mottakarlanda med økonomisk og praktisk støtte som gjer dei i stand til å ta hand om sine plikter.

• Ha ein effektiv kamp mot irregulær migrasjon:

- søkje samarbeid med avsendar- og transittland for å sikre betre handtering av migrasjonsutfordringar.

- tilvise asylsøkjarar til trygge land i og utanfor Europa så lenge deira behov for vern blir godt tatt hand om.

- sørge for betre samarbeidsavtalar med trygge tredjeland utanfor EU.

- leggje fram ein konkret plan for Noreg sitt internasjonale bidrag til å etablere verdige mottakstilhøve som tar hand om menneskerettane i transittland.

• Jobbe aktivt i EU og med dei nordiske naboane våre for å inngå fleire migrasjonsavtalar:

- vurdere å slutte seg til ein avtale på nordisk eller europeisk nivå som opnar for å behandle asylsøknader i tredjeland utanfor EU, om ein slik avtale kjem i stand.

- ha som utgangspunkt at Noreg skal vere ein del av ein eventuell avtale i EU som ein byrdefordelingsmekanisme, som vil seie at asylinnvandring blir regulert og irregulær migrasjon kontrollert betre enn i dag.

- sørge for at Noreg deltar i oppfølginga av EU sin asylavtale, og bidra med ressursar i arbeidet, som til dømes finansiell støtte og fagleg ekspertise.

Familieinnvandring: Integrering, arbeidslinje og sjølvforsørging

Familieinnvandring er ein viktig del av ein heilskapleg asyl- og innvandringspolitikk. Omsynet til integrering, arbeidslinje og sjølvforsørging må leggjast vekt på. Erfaringar viser at det også har mykje å seie korleis regelverket er utforma samanlikna med andre land.

• Ved familiegjenforeining:

- gjenforeine flyktningar med familiane sine raskt, for å sikre god integrering.

- sørge for at kvoteflyktningar skal ha avklart eventuelle familiegjenforeiningar før dei kjem til Noreg.

- gi bistand til å gjenforeinast med familien regionalt for flyktningar som ønskjer det.

- redusere saksbehandlingstida og ventetida på asylsøknader og søknader om familiegjenforeiningar.

- avgrensa moglegheitene til familiegjenforeining ved subsidiært vern i Noreg og innføre forbod mot søskenbarnekteskap. Søskenbarnekteskap skal presumptivt reknast som tvangsekteskap og ein søknad om familieinnvandring for desse skal dimed avslåast.

- forby arrangerte ekteskap inngått under psykisk press.

- At reglane for familiegjenforeininga må endrast og praktiserast slik at diskriminerande lovgiving i heimlandet til flyktningen ikkje blir til hinder for familiegjenforeining når ein er gitt opphaldsløyve i Noreg. Unntak frå dokumentasjonskravet for flyktningar som kjem frå land der likekjønna samliv ikkje kan praktiserast, bør fastsetjast i utlendingsforskrifta.

• Ved familieetablering:

- sikre at ektefellen, eller den som kjem, skal kunne forsørge seg sjølv.

- innføre obligatorisk introduksjonskurs for den som kjem til Noreg. Kurset skal innehalde informasjon om rettar og lover, hjelpeapparat, arbeidsliv og språkkurs.

- skjerpe tilknytingskravet for familieetablering.

Verda.

Utanriks:

Ei tryggare, meir rettferdig og grønare verd

Utanrikspolitikken til Arbeidarpartiet skal ta hand om norske interesser og er forankra i dei grunnleggjande sosialdemokratiske verdiane våre: fridom, likskap og solidaritet. Målet vårt er ei verd utan krig, fattigdom, urettferd eller undertrykking. Toleevna til jorda er ei absolutt ramme for politikken vår. Vi er ein del av eit fellesskap på tvers av landegrensene. Tryggleiken og velstanden i Noreg er bygd på ein forpliktande og fungerande internasjonal orden.

Verda kjem stadig nærmare vår eigen kvardag: Verken virusutbrot eller klimaendringar tar omsyn til landegrenser. Ved inngangen til 2020-talet er verda prega også av meir uro, endring og uføreseielege vilkår. Spenninga mellom stormaktene aukar. Nedrustingsavtalane blir undergravne og sagt opp. Risikoen aukar for nye våpenkappløp. Raske og dramatiske klimaendringar vil få alvorlege konsekvensar for norsk velferd, tryggleik og internasjonal stabilitet. Forpliktande samarbeid er under press. Frammarsjen til folkestyret har møtt ei motbølgje. 80 millionar menneske er på flukt. Verda er ikkje i rute til å nå berekraftsmåla til FN. Ulikskapane veks, både i Noreg og i land verda over. Koronapandemien har forsterka mange av desse endringane.

Noreg skal vere ein engasjert og attkjenneleg medlem av det internasjonale samfunnet. Hovudlinjene i norsk utanrikspolitikk skal bestå: folkeretten, FN-medlemskapen, NATO-alliansen og EØS-avtalen. Men i ei tid prega av meir uro og mindre føreseielege rammer treng vi fleire bein å stå på i utanriks- og tryggingspolitikken. Vi må evne å balansere og byggje nye alliansar. Og vi må løfte klimapolitikken inn i handels- og utanrikspolitikken i brei forstand.

Del 5:

Ei tryggare verd: tryggings- og fredspolitikk

Fred og tryggleik blir best sikra gjennom eit føreseieleg internasjonalt samarbeid basert på folkeretten, ikkje ved at den sterkaste sin rett får rå. Eit meir føreseieleg og allianseorientert USA vil bidra til auka internasjonal stabilitet. Framveksten til Kina og den meir sjølvhevdande måten dei opptrer på påverkar nær sagt alle politikkområde. Nabolandet vårt Russland sine forsøk på å endre landegrenser med militærmakt har utfordra stabiliteten i Europa. Auka stormaktsrivalisering på stadig fleire område er skadelege for heile verdssamfunnet og ikkje i norsk interesse. Å bidra til ei fredeleg, regelstyrt utvikling i nærområda våre er viktig for Noreg. Nordområdepolitikken er derfor Noregs viktigaste fredsprosjekt.

I nabolaget til Europa blir store område frå Vest- Afrika til Afghanistan verande ustabile. Sårbare, autoritære eller ikkje-fungerande statar er arnestader for krig og konflikt, humanitær liding og radikalisering. Noreg må ta vår del av ansvaret for å kjempe mot alle former for ekstremisme og bidra gjennom konfliktløysingsdiplomati. Samvirket med våre NATO-allierte er fundamentet for den militære tryggleiken vår, men norsk tryggingspolitikk er også tent med å ha fleire bein å stå på. Vi vil forsterke samarbeidet med dei nordiske naboane våre, med Tyskland og andre nærståande land.

Målet til Arbeidarpartiet er ei atomvåpenfri verd. Dette målet når vi først når land som har atomvåpen, pliktar seg til gjensidig nedrusting. Arbeidarpartiet vil at Noreg skal engasjere seg sterkare i FN, NATO og bilateralt for atomnedrusting. Den internasjonale forbodstraktaten er eit godt initiativ og bidrar til å auke stigma rundt atomvåpen. I den tryggingspolitiske situasjonen i dag er det ikkje mogleg for NATO-land som Noreg å underteikne utan å redusere moglegheita vår for påverknad og vern. Det bør vere eit mål for Noreg og andre NATO-land å underskrive atomvåpenforbodet. Noreg bør invitere likesinna land i og utanfor NATO til å samarbeide om nedrusting. Den teknologiske utviklinga stiller oss også overfor nye og samansette trugsmål. Stadig meir omfattande digitalisering, sjølvstyrte våpen, dronar, kunstig intelligens, posisjoneringsteknologi, nye materiale og biologiske og medisinske gjennombrot vil i stor grad forandre korleis krigar og konfliktar går, og kan utfordre grunnleggjande prinsipp i krigens folkerett. Vi treng internasjonalt samarbeid og regelverk for å styre denne utviklinga.

• Føre ein robust og balansert tryggingspolitikk for å ta hand om Noreg sin tryggleik og handlefridom, interessene og verdiane våre.

• Halde fast ved NATO-samarbeidet og samtidig gi norsk tryggingspolitikk fleire bein å stå på ved å forsterke det tryggingspolitiske samarbeidet vårt i Norden, med Tyskland og andre nærståande land i og utanfor EU.

• Styrke norsk innsats for konfliktløysing og forsoning gjennom nye fredsinitiativ.

• Støtte aktivt opp om det svensk-tyske Stockholm-initiativet for atomnedrusting og saman med likesinna land bidra til å styrke ikkjespreiingsavtalen NPT.

• Ta det internasjonale våpenkontrollog nedrustingsarbeidet vidare og ta nødvendige initiativ for å regulere utviklinga av sjølvstyrte våpensystem.

• Arbeide med mål om å innføre sluttbrukarerklæring frå alle land ved eksport av forsvarsmateriell og for at dette blir ei norm internt i NATO.

Ei varmare verd: klima i utanriks- og utviklingspolitikken

Global oppvarming og tap av natur er den største utfordringa i vår tid. Ei meir rettferdig verd må byggjast på rein energi, lågare klimagassutslepp og ei betre forvaltning av sårbar natur. Klimaendringane får også tryggingspolitiske konsekvensar. Dei vil påverke konfliktmønster, alliansar og styrketilhøve og dimed også vilkåra for norsk utanrikspolitikk.

Klimaendringane rammar ulikt og urettferdig. Innsatsen for å avgrense klimakrisa og bidra til klimatilpassing er derfor også god utviklingspolitikk. Sårbar natur som blir øydelagt, og artar som blir utrydda, trugar livsgrunnlaget på jorda. I dag er verdshava dårleg forvalta og svakt styrte. Resultatet er overfiske, forsøpling og forgifting. Noreg som havnasjon bør leie an i arbeidet for ei betre forvaltning av verdshava.

Alle land må kutte i eigne klimautslett i tråd med Paris-måla. Samtidig må det internasjonale samarbeidet om klima og naturtap bli meir forpliktande. I solidaritet med dei som blir ramma først og hardast av klimaendringar, vil vi gjere klima til hovudprioritet i norsk utviklingspolitikk. Energinasjonen Noreg skal ta ei internasjonal leiarrolle for å støtte fattige land med å ta i bruk rein energi.

Klimaomstillinga skapar også store internasjonale moglegheiter for norsk verdiskaping. Norsk kompetanse kan bli eit viktig bidrag i utviklinga av ny, klimavenleg teknologi. Å fremje norsk næringsliv i utlandet skal vere ei viktig oppgåve i utanrikspolitikken.

• Gjere Noreg til ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet og gjere klima og natur til ein hovudprioritet i utanriks- og utviklingspolitikken.

• Ta internasjonalt leiarskap ved å etablere ei klimasatsing som framskundar finansieringa og utbygginga av fornybar energi og klimateknologi i utviklingsland og framveksande økonomiar med store utslepp frå kolkraft og der kapitalkostnadene er høge.

• Sørge for at Noreg leiar an internasjonalt på område der vi har fortrinn, som i utviklinga av karbonfangst og -lagring, fornybar kraft og grøn skipsfart og i arbeidet for berekraftige verdshav.

• Bruke plassen Noreg har i tryggingsrådet i FN til å setje natur og klima høgare på dagsorden.

• Gjere Noreg til ein sterk pådrivar for ein ambisiøs internasjonal avtale for å stanse tap av natur, etter modell av Paris-avtalen for klima.

• Sørge for at tap av natur blir lagt sterkare vekt på i relasjonane våre med andre land, til dømes i nye handelsavtalar.

• Ta initiativ til å opprette eit internasjonalt klimasamarbeid mellom landa som har boreal barskog.

Les meir om ansvarleg forvaltning av Statens pensjonsfond utland i kapitlet «Statens pensjonsfond utland».

Ein ny solidaritets- og utviklingspolitikk

Utviklingspolitikken vår er forankra i FN sine berekraftsmål, klimamåla og menneskerettane. Utviklingspolitikken skal stø opp under demokratiske krefter. Vi vil framleis bruke éin prosent av bruttonasjonalinntekt til internasjonal innsats for å oppnå måla til FN om sosial, økonomisk og miljømessig berekraft. Vi legg til grunn at målet med utviklingspolitikk er samfunnsendring. Tradisjonell «gåvebistand» blir stadig mindre viktig. Noreg kan heller ikkje gjere alt åleine. Utviklingspolitikk risikerer å bli ei oppsamling av gode føremål på svært mange område, utan reelle prioriteringar. Vi må samordne med andre aktørar og meir enn i dag styre innsatsen vår slik at han får størst mogleg effekt. Samtidig skal Noreg vere til å stole på – vi vil respektere inngåtte politiske lovnader og demokratiske prioriteringar i mottakarland.

For Arbeidarpartiet er desse fem områda dei viktigaste for norsk utviklingspolitikk på 2020-talet:

• Kutte utslepp og bevare natur: Klimaog naturkrisa skal få førsteprioritet i utviklingspolitikken. Vi må sameine klimaog utviklingspolitikken og vil prioritere fornybar energi saman med ei revitalisering av regnskogsatsinga og middel til klimatilpassing.

• Kamp mot ulikskap: Hovudvegen ut av fattigdom går gjennom berekraftig økonomisk vekst, jobbskaping i eit anstendig arbeidsliv og rettferdig fordeling. Eit velfungerande skattesystem og ein god offentleg sektor kan levere helse, utdanning og velferd. Vi må unngå bistandsavhengigheit.

• Gi fleire kvinner støtte til å bestemme over eigen kropp: Kvinners rett til sjølv å bestemme over eigen kropp blir utfordra i stadig fleire land. USA under Trump-regjeringa kutta drastisk i støtta til prevensjon og familieplanlegging. Vi vil auke innsatsen vår og etablere nye alliansar.

• Stille opp med humanitær nødhjelp: Noreg skal stille opp for å lindre nød etter sjukdomsutbrot og natur- og menneskeskapte katastrofar. Vi vil etablere ein solidaritetspott for verdas flyktningar og fordrivne.

• Kamp mot smittsame sjukdomar: Vi treng kraftigare internasjonalt samarbeid for å handtere smittsame sjukdomar. Det er avgjerande at vi utviklar, produserer og delar ut vaksinar. Vi treng også eit effektivt internasjonalt samarbeid for å stanse framveksten av antibiotikaresistente bakteriar.

• Gjere rein energi til den viktigaste enkeltsatsinga i norsk utviklingspolitikk ved å:

- samle norske energiaktørar i ei koordinert og ambisiøs satsing.

- skape alliansar og stille krav som utløyser investeringar frå andre land og private aktørar.

- gjere støtta på vilkår av at mottakarland stansar utbygging og bruk av kol.

- omgjere programmet «Olje for utvikling» til «Energi for utvikling».

• Revitalisere den norske regnskogsatsinga ved kritisk å gjennomgå situasjonen i dagens mottakarland og behovet for støtte til vern av regnskog i nye land.

• Byggje opp ein solidaritetspott i utviklingsbudsjettet på minst 5 milliardar kroner for å betre tilhøva for menneske på flukt og lokalsamfunna som mottar flyktningar.

• Bruke erfaringane frå bygginga av vår eigen velferdsstad til å vidareføre Noreg si pådrivarrolle for helsetenester til alle og inkluderande utdanning, ikkje profittstyrte løysingar, med mål om å kjempe mot ulikskap og fremje likestilling.

• Stille klåre og etterprøvbare krav til mottakarane av norsk bistand, også om regelbunden evaluering og dokumentasjon av oppnådde resultat.

• Opne for forsøk med nye metodar og tilnærmingar innan humanitær nødhjelp, til dømes auka bruk av kontantbidrag.

Godt naboskap: Europa og Norden

Europeiske land er Noreg sine viktigaste politiske og økonomiske partnarar. Mange av dei er også våre allierte i NATO. Vi vil stå tydeleg opp for verdiane av eit ope og samarbeidande Europa i ei tid der autoritære krefter, nasjonalisme og framandfrykt er på frammarsj.

Interessene våre blir best fremja ved å samarbeide med dei europeiske naboane våre. Arbeidarpartiet er tilhengar av eit sterkt politisk samarbeid i Europa. Ved to tidlegare folkerøystingar har vi derfor rådd til å seie ja til norsk medlemskap. Samtidig er det hos oss rom for ulike syn i EU-spørsmålet. Om eit medlemskapsspørsmål skulle bli aktuelt, skal det vere gjenstand for ny landsmøtebehandling i Arbeidarpartiet. Uavhengig av tilknytingsform er det i Noreg si interesse at EU-samarbeidet lykkast i avgjerande spørsmål som kampen for ein ansvarleg klimapolitikk og i forsvaret av demokrati- og rettsstatsprinsipp.

EØS-avtalen har gjennom eit kvart hundreår i sum tent Noreg godt. Vi har opplevd høg vekst i sysselsetjing og realløn, stabil lønsfordeling og sterk vekst i offentlege tenester. Avtalen er ikkje minst avgjerande for norske distrikt og norsk eksport. Samtidig har den store arbeidsinnvandringa til Noreg også ført med seg fleire utfordringar, særleg i arbeidslivet.

Naboskapen vår med Russland må vere basert på samarbeid og dialog, fastheit og føreseielege vilkår. Vi må stå saman med våre allierte og europeiske partnarar i møte med brot på folkeretten. Samtidig må vi føre ein aktiv naboskapspolitikk og særleg hegne om samarbeidet i nord, som har bidratt til lågspenning i nordområda, ikkje minst folk-tilfolk-samarbeidet.

• Utnytte handlingsrommet i EØS-avtalen maksimalt gjennom å medverke tidleg i vedtaksprosessar og ved å gjennomføre kraftfulle tiltak for eit organisert arbeidsliv.

• Utvide og fordjupe det nordiske samarbeidet innan tryggingspolitikk, økonomi, teknologi, klimapolitikk og infrastruktur.

• Ta hand om norske interesser og arbeidsplassar i eit nytt avtaleverk med Storbritannia etter EU-utmeldinga og behalde eit breitt samarbeid over Nordsjøen.

• Bidra til eit forsterka justispolitisk samarbeid i Europa for betre å kunne kjempe mot grensekryssande kriminalitet, ikkje minst digital kriminalitet.

• Bruke vår fulle medlemskap i Det europeiske sosialdemokratiske partiet (PES) til både å ta hand om norske interesser og å fremje synet vårt på utviklinga i Europa.

Samarbeid, rettar, folkestyre og likestilling under press

Verda vår står overfor utfordringar inga land kan løyse åleine. Arbeidarpartiet vil arbeide for ei regelstyrt og betre organisert verd. Samtidig har FN-systemet og andre internasjonale organisasjonar vesentlege svake sider og manglar. Noreg var med på å grunnleggje mange av desse organisasjonane. No vil vi ta ansvar for både å forbetre og forsvare dei.

Arbeidarrørsla oppstod som ein reaksjon på klassesamfunn der det systematisk vart gjort forskjell på folk. Respekt for dei grunnleggjande rettane til alle menneske ligg til grunn for det internasjonale engasjementet vårt. Vi vil jobbe mot innskrenking av menneskerettane og kjempe mot folkeretts- og menneskerettsbrot same kor dei måtte finne stad. Dei siste åra har demokratiet i verda vore i tilbakegang. Også i Europa blir grunnleggjande demokratiske og rettsstatlege verdiar utfordra og trua. I mange land blir særleg frie medium og uavhengige domstolar sette under press.

Ei rettferdig verd er også ei likestilt verd. Kvinner si aktive deltaking i samfunnet skapar utvikling og vekst. Verda over blir likestilling sakte, men sikkert meir ukontroversielt. Det skyl samtidig ei konservativ bølgje over verda med mål om å innskrenke kvinner sin rett til å bestemme over eigen kropp. Vi vil byggje nye alliansar og trappe opp norsk bistand til familieplanlegging, prevensjon og trygge abortar. Vi vil gjere styrking av kvinner sin rett til sjølv å bestemme over eigen kropp til hovudsaka i det internasjonale likestillingsarbeidet vårt.

• Ta nye initiativ for å vidareutvikle havretten og annan internasjonal folkerett.

• Bruke medlemskapen i FNs tryggingsråd i 2021–22 til å forsterke folkeretten, løfte klima- og naturspørsmål og verne om sivile og barn sine rettar i krig og konflikt.

• Vere ein pådrivar for reform av FN og gjere FN-systemet sterkare, meir effektivt og representativt.

• Gi fleire kvinner støtte til å bestemme over eigen kropp.

• Ta initiativ til og støtte opp om

internasjonale tiltak for å kjempe mot kjønnsbasert vald.

• Arbeide for nordisk samordning og ei tydelegare nordisk røyst i FN, og samtidig søkje samarbeid med nye land i andre delar av verda for å vidareutvikle FN-systemet og ein regelstyrt verdsorden.

• Styrke arbeidstakarrettar globalt gjennom vår utanriks-, handels- og utviklingspolitikk og sikre gjennomføring av kjernekonvensjonane til den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO.

• Auke Noreg sin kapasitet til å straffeforfølgje alvorlege brotsverk mot menneskeslekta, folkemord og krigsbrotverk.

• Styrke demokratiet si stilling i verda gjennom å støtte opp under frie medium og uavhengige domstolar.

• Forsvare menneskerettane og arbeide for å styrke ytrings-, trus-, forsamlings- og organisasjonsfridomen.

• Arbeide internasjonalt for å kjempe mot forfølging og diskriminering av menneske basert på seksuell legning.

• Bruke utviklingspolitikken til å byggje berekraftige demokrati ved å støtte demokratiske krefter som fagrørsle og anna sivilsamfunn.

Skape og dele: handel, kapitalflyt, skatt og økonomisk samarbeid

Eit ope og regulert handelssystem skapar føreseielege rammer og er ein føresetnad for rettferdig handel. Verdas handelsorganisasjon (WTO) må spele ei sentral rolle i å setje rammer for verdshandelen. Regionale og fleirnasjonale handelsavtalar må sikre grunnleggjande standardar og rettar, klima- og miljøomsyn og arbeidstakarrettar.

Vi ser at det økonomiske tyngdepunktet i verda flyttar seg aust- og sørover. Ein open verdshandel har bidratt til at millionar av menneske har kome ut av fattigdom. Samtidig fører handel og kapitalflyt til nye samfunnsutfordringar. Forskjellar i inntekt og velstand aukar. Dei siste åra har også gjeldsbyrda til mange utviklingsland auka dramatisk. Trass i framsteg for internasjonalt skattesamarbeid blir stadig større verdiar plasserte i skatteparadis. Skatteunndraging svekkjer tilliten til skattesystemet i eit land, fører til urettferdig konkurranse mellom bedrifter, høgare skattepåkjenning for folk og dårlegare evne til å finansiere velferd.

Ein regelstyrt handel er ei motvekt til at den sterkaste sin rett og kapitalkreftene får rå fritt. Eit langt sterkare internasjonalt samarbeid må til for å førebyggje og avdekkje skatteunndraging og aggressiv skatteplanlegging. Eit auka skattegrunnlag er også ein føresetnad for å stabilisere sårbare statar og gjere utviklingsland uavhengige av bistand.

• Sørge for at Noreg tar ei leiiande rolle i det internasjonale arbeidet for å kjempe mot ulovleg kapitalflyt og skatteunndraging.

• Styrke berekraftige skattesystem og drive institusjonsbygging gjennom «Skatt for utvikling»-programmet.

• Arbeide for ein internasjonal konvensjon om økonomisk openheit.

• Forsvare prinsippet om eit regelstyrt handelssystem og WTO si avgjerande rolle for å sikre rettferdig handel mellom land.

• Arbeide for at fleirnasjonale handelsavtalar tar inn grunnleggjande standardar og rettar, baserte på ILO sine kjernekonvensjonar, som også kan byggjast inn i globale handelsavtalar i regi av WTO.

• Støtte opp om etableringa av internasjonale mekanismar for effektiv og rettferdig handtering av statlege gjeldskriser.

Forsvar: Vårt felles forsvar

Forsvaret skal ta hand Noreg si sikkerheit, tryggleik og handlefridom, interessene og verdiane våre. Basert på NATO-alliansen skal Forsvaret avskrekke og førebyggje krig og konflikt.

Det tryggingspolitiske landskapet rundt oss er i endring og har blitt meir uføreseieleg. Samtidig blir dei nordiske landa vovne stadig tettare saman tryggingspolitisk. Verda er inne i ein teknologisk revolusjon med store konsekvensar for både vårt eige forsvar og trugsmålsbiletet vi står overfor. Noreg blir allereie utsett for daglege trugsmål i det digitale rommet. Sjølvstyrte våpen, kunstig intelligens, posisjoneringsteknologi, nye materiale og biologiske og medisinske gjennombrot vil kunne forandre vesenet til krigar og konfliktar.

For å kunne handsame nye og meir samansette trugsmål treng Noreg eit sterkt forsvar, moderne utrusta og med høgkompetent personell. Vi må styrke Forsvaret si evne til å handheve norsk råderett i heile territoriet vårt til lands og til havs. Vi skal bidra til lågspenning i nærområda våre ved å opptre tydeleg, føreseieleg og roleg. Arbeidarpartiet meiner det framleis er ubrukte moglegheiter i eit nordisk forsvarssamarbeid som eit tillegg til NATO-alliansen. Vi vil bidra til fleire nordiske fellesøvingar i nærområda våre.

Det er spesielt viktig at Forsvaret er i stand til å løyse utfordringar Noreg kan stå i overfor nordområda. Arbeidarpartiet vil styrke forsvarsevna og det militære nærværet i Nord- Noreg. Samtidig må Forsvaret også kunne bidra i felles innsats for internasjonal fred og tryggleik.

Menneska er Forsvaret sin viktigaste kapasitet og ressurs. Det er viktig for Arbeidarpartiet at dei forsvarstilsette har gode rammevilkår. Samtidig treng Forsvaret fleire folk. Dei neste åra er det nødvendig med ein betydeleg bemanningsauke i dei operative avdelingane for å forbetre reaksjonsevna og uthaldenheita til Forsvaret. Arbeidarpartiet ønskjer eit forsvar basert på verneplikta. Vi skal anerkjenne innsatsen til veteranane våre for landet i internasjonal teneste og sørge for god helsemessig og sosial oppfølging før, under og etter teneste.

Arbeidarpartiet seier nei til omfattande privatisering av støttefunksjonane til Forsvaret. På enkeltområde kan samarbeid med private aktørar vere fornuftig, føresett at det reelt blir spara pengar, og at samarbeidet tar hand om Forsvaret sitt behov for intern kompetanse og beredskapsevne, spesielt i krise og krig.

• Auke den totale forsvarsevna til Noreg ved å styrke og vidareutvikle vårt eige nasjonale forsvar, NATO-alliansen og samarbeid med enkeltallierte.

• Forsterke og fordjupe nordisk tryggingsog forsvarspolitisk samarbeid som eit tillegg til NATO-alliansen.

• Gjennomføre ein ambisiøs opptrappingsplan for talet på tilsette og vernepliktige i Forsvaret sine operative ledd.

• Fortsetje moderniseringa av Forsvaret med relevante og gjensidig forsterkande kapasitetar innan land-, sjø- og luftmakt og i det digitale rom.

• Styrke forsvarsevna i Nord-Noreg med relevante bidrag frå alle forsvarsgreiner.

• Slutte opp om toprosentmålet til NATO og vere ein pådrivar for langsiktig balanse mellom Forsvaret sine oppgåver, struktur og økonomiske rammer.

• Satse spesielt på å utvikle Hæren til ein moderne, mobil og slagkraftig landmilitær styrke, med eiga helikopterstøtte. Heimevernet må tilførast fleire ressursar til betre utstyr og meir trening.

• Investere i nye fartøy for å setje Sjøforsvaret betre i stand til å ta hand om norsk råderett over dei store hav- og kystområda våre og kompensere for fregatthavariet i 2018.

• Fortsetje å stille krav om effektivisering i forsvarssektoren, men måltala skal vere handfaste, og Forsvaret skal sjølv få bruke frigjorte middel.

• Vidareutvikle den samla innsatsen til forsvarssektoren mot trugsmål frå det digitale rom, og setje inn særskilte tiltak for at Forsvaret kan rekruttere og behalde personell med digital kompetanse.

• Leggje til rette for eit tettare samarbeid mellom Forsvaret og samfunnet elles for å styrke både forsvarsevna og vår totale samfunnsberedskap.

• Sørge for at reinhaldet i heile forsvarssektoren igjen blir organisert i Forsvaret sin eigen regi.

• Ta betre vare på veteranane våre før, under og etter teneste, med spesiell vekt på helsemessig og sosial oppfølging, økonomisk tryggleik og pårørande.

• Etablere ein fast praksis med uavhengige evalueringar av større militære utanlandsoppdrag for å lære og bidra til mest mogleg openheit.

No er det vanlege folk sin tur!

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10441. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.