Valgprogram · 2021 · nynorsk
Arbeiderpartiet. Kortversjon partiprogram 2021 - 2025. Dei store oppgåvene løyser me best saman
Arbeiderpartiet · 10 207 ord
Dei store oppgåvene løyser me best saman.
KORTVERSJON PARTIPROGRAM 2021–2025
Innleiing
Arbeiderpartiet vil gjera samfunnet vårt meir rettferdig og sørga for at det igjen vert vanlege folk sin tur her i landet. Det siste året har vist oss at ingen klarar seg utan fellesskap, og at folk i Noreg verkeleg er gode på å stilla opp for kvarandre. Det siste året har likevel også gjort samfunnet vårt meir urettferdig, og det har gjort alvoret i kampen mot forskjells-Noreg endå større.
Me får til meir saman enn kvar for oss. Vegen Noreg har tatt frå eit fattig samfunn til eit rikt land handlar aller mest om eit sterkt fellesskap og om å få til noko saman.
Fleire hundre tusen nordmenn skal no tilbake i arbeid. Velferdsstaten skal famna om alle: sikra ein god skule, helsetenester i verdsklasse og raus omsorg for våre eldste, uansett kven du er, og kvar du bur. Me skal bidra til å redda verda frå klima- og naturkrisa på ein måte som minskar skilnadar og skapar arbeidsplassar i Noreg. Når koronakrisa endeleg er over skal me ta tilbake kvardagen og leva som normalt igjen.
Over tiår har me bygd opp ein sosialdemokratisk samfunnsmodell i Noreg som er tufta på fridom, likskap og solidaritet. Den må me forsvara - og byggja vidare på. Berre ved dette kan me møta dei store oppgåvene som ventar oss på 2020-talet.
No treng me den sosialdemokratiske samfunnsmodellen meir enn på lenge. Me treng eit fellesskap som tar større ansvar - for verdiskaping og arbeidsplassar, og for vår felles velferdsstat. Me treng eit nytt fleirtal som veit at klimakrisa ikkje kan løysast av kvar enkelt eller av marknaden åleine. Me treng eit sterkt sosialdemokratisk parti som står klippefast på EØS-avtalen og norsk medlemskap i NATO.
DEI TRE VIKTIGASTE LØFTA ME GIR VELJARANE:
1. Vårt første løfte til deg som veljar er at
Arbeidarpartiet vil sørga for trygt arbeid til alle. Det er jobb nummer ein.
2. Det andre løfte me gjev, er å gjera vår felles velferdsstat sterkare. Den skal omfamna alle, uavhengig av kven du er og kvar du bur. Ingen unge skal fella utfor, og alle eldre skal vera trygge.
3. Det tredje løftet er at Noreg skal nå klimamåla våre! Me treng ein rettferdig klimapolitikk som kuttar utslepp og skapar jobbar, og som ikkje rammar urettferdig.
Etter åtta år med aukande skilnadar er det no vanlege folk sin tur. Valet er ditt. Stem Arbeiderpartiet.
Arbeid
Trygt arbeid til alle, trygge jobbar og ei løn ein kan leva av, er avgjerande både fridomen til den enkelte og for fellesskapet. Arbeid til alle er difor vår fremste prioritering.
Vår evne til å finansiera det norske velferdssystemet avheng av kor godt me lukkast med å skapa nye arbeidsplassar og inkludera fleire i arbeidslivet i åra som kjem.
Saman med ei sterk fagrørsle vil me motverka sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, avgrensa innleige, sørga for at fleire kan jobba heiltid i faste stillingar, og satsa på livslang læring og kompetanse.
VÅRE VIKTIGASTE SATSINGAR
1. Arbeid til alle er jobb nummer ein – aktiv næringspolitikk
Me er rike på naturressursar, på fisk, skog, hav, mineralar og rein energi, og me
har verdas beste arbeidarar. Me vil at verksemdene igjen skal møta ein aktiv stat
som bidreg meir – og som krev meir tilbake. Me treng ein stat som trør til med
kapital, støttar ny teknologi og brukar eigarskap og offentlege innkjøp til å skapa
arbeidsplassar og nå viktige samfunnsmål.
• Ved å halda orden i norsk økonomi, føra ein ansvarleg skattepolitikk og føra ein ansvarleg skattepolitikk og stå opp for EØS-avtalen vil me sikra norske verksemder gode og føreseielege rammevilkår.
• Auka norsk eksport utanom olje og gass med 50 prosent innan
2030. Målet skal eigast av partane i arbeidslivet og me skal nå måla mellom anna gjennom bransjevise avtalar mellom næringsliv, fagrørsle og styresmaktene som forpliktar seg til å satsa der eksportpotensialet er størst.
• Behalda eit sterkt statleg eigarskap for å sikra at det er fellesskapet som eig naturressursar, infrastruktur, felles data og verksemder som er kritiske for å bevara kompetanse i Noreg.
• Opna for at staten etablerer eller kjøper seg inn i selskap som er av stor strategisk interesse for Noreg.
• Utøva det statlege eigarskapet meir aktivt for å fremja interessene til fellesskapet knytt til klima og berekraft, løns- og arbeidsvilkår, lokale ringverknadar, læreplassar, kamp mot sosial dumping og moderasjon i leiarløningar.
• Leggja til rette for eit meir stabilt aktivitetsnivå på norsk sokkel, med større innslag av nye næringar som karbonfangst og -lagring, hydrogen, havvind, havbruk og gruvedrift.
• Auka støtta til skalering og kommersialisering av teknologi som er utvikla med utgangspunkt i kompetanse frå leverandørindustrien.
• Ikkje gå inn for konsekvensutreiing av petroleumsaktivitet av Nordland VI og VII og Troms II, men heller gå inn for utvikling av andre næringar i desse havområda, med fiskeri, reiseliv og utvikling av fornybare ressursar.
• Halda fast på ei nordleg grense for petroleumsverksemd frå og med 15 prosent isfrekvens og nordover i iskantsona. Områda sør for 15 prosent isfrekvens fram til ope hav vert rekna som eit verdifullt område. All aktivitet, inklusive petroleumsaktivitet må ta særlege omsyn til naturmangfaldet i tråd med oppdatert og best tilgjengeleg kunnskap. Føre-var-prinsippet skal leggjast til grunn.
• Føra ein føreseieleg og ansvarleg skattepolitikk som gir større sysselsetting, meir rettferdig fordeling, tar betre omsyn til klima og natur, og gir betre langsiktig berekraft for velferdsstaten.
• Gje vanlege folk i Noreg betre økonomi gjennom ein meir omfordelande inntektsskatt.
2. Kompetanse i arbeidslivet: Storsatsing på livslang læring
Grunnlaget for velferda og velstanden i Noreg er ein veldig kompetent arbeidsstyrke
og at me løyser dei store oppgåvene i fellesskap. Krava til kunnskap og formell
kompetanse vil berre bli større i åra som kjem. Eit arbeids- og samfunnsliv i rask
endring krev tettare kontakt mellom utdanningsinstitusjonane og arbeidslivet.
Kompetansetiltak må møta både behova til dei tilsette og til verksemdene, og
difor er det avgjerande av politikken vert gjennomført i tett dialog med partane i
arbeidslivet.
• Leggja fram ein langtidsplan for livslang læring.
• Oppretta eit nasjonalt kompetansefond som skal finansiera kompetansetiltak i regi av verksemdene og partane i arbeidslivet.
• At retten til etter- og vidareutdanning vert organisert gjennom eit trepartssamarbeid der:
→ det vert utvikla eit tilbod som er tilpassa
arbeidslivet, og som kan kombinerast med det å vera i jobb.
→ arbeidsgivarar og arbeidstakarar vert stimulert til å
sjå kompetansetiltak som ein naturleg del av jobben.
→ arbeidstakarar opparbeider seg ein rett til å ta
etter- og vidareutdanning.
• Sikra betre planlegging, oppfølging og gjennomføring av kompetansetiltak ved arbeidsavklaring, slik at fleire kjem tilbake i arbeid.
• Gje vidaregåande skular, fagskular og høgskular og universitet ei større rolle i livslang læring ved at dei får større ansvar for opplæring og utdanning av vaksne basert på kompetansebehov hos lokalt og regionalt arbeids- og næringsliv.
• Gjera det enklare å ta relevant etter- og vidareutdanning.
3. Eit tryggare, og meir organisert arbeidsliv, kamp mot arbeidskriminalitet og inkludera fleire i arbeidslivet
Sterke fagforeiningar er hjørnesteinen i den norske modellen og det organiserte
arbeidslivet. Faste, heile stillingar skal fortsetja å vera hovudregelen i norsk
arbeidsliv. Lovverket som regulerer arbeidslivet, skal følgja utviklinga i samfunnet.
Arbeidarpartiet vil gjennomføra ein storreingjering i arbeidslivet for å rydda opp
og forsikra oss om at norske løns- og arbeidsvilkår gjeld. Det skal verta lettare for
personar som lev på trygd, å kombinera trygd med arbeid, og det skal vera mogleg å
fullføra vidaregåande skule medan du mottar velferdsytingar.
• Fjerna tilgangen til midlertidige tilsetjingar i §14-9 F i arbeidsmiljølova.
• Avgrensa innleie slik at det berre er tillat med reine vikariat, mellom produksjonsverksemder og etter avtale med tillitsvalde i verksemder som er bundne av landsomfattande tariffavtale med fagforeiningar med innstillingsrett.
• Styrka fortrinnsretten til auka stilling og styrka retten til heiltid i lovverket ved at arbeidsgivar må dokumentera at det er behov for deltidsstilling.
• Dobla fagforeiningsfrådraget.
• Sørga for at partane i arbeidslivet er representert i alle relevante regjeringsutval.
• Tydeleggjera arbeidsansvaret i arbeidsmiljølova slik at den som i realiteten bestemmer korleis arbeidet skal utførast, og har rettar og plikter som arbeidsgivar.
• Sikra at løns- og arbeidsvilkår ikkje vert svekka i anbodsprosessar, oppsplitting av selskap og andre endringar i selskapsstruktur.
• Etablera Noregsmodellen – nasjonale seriøsitetskrav for alle offentlege anskaffingar, for å sikra eit seriøst arbeidsliv, der det mellom anna vert stilt krav om tariffavtale.
• Gjeninnføra kollektiv søksmålsrett for å hindra ulovleg innleige og arbeidslivskriminalitet.
• Styrka Arbeidstilsynet og samarbeidet mellom dei viktigaste etatane på området, etablera fleire senter mot arbeidslivskriminalitet (A-krim) og støtta lokale initiativ for eit seriøst arbeidsliv.
• Fornya og forsterka trepartssamarbeidet og gje det betydeleg større samfunnsoppgåver og ansvar innanfor områder som kompetanseutvikling, berekraft og auka eksport.
• Endra reglane for offentlege anskaffingar slik at dei støttar viktige samfunnsmål som berekraft, løns- og arbeidsvilkår, innovasjon og lokale ringverknadar. Dette skal gjera det enklare for små verksemder å delta i anbod.
4. Inkludera fleire i arbeidslivet og få fleire ut i jobb
Det er utruleg viktig å få unge menneske som i dag får passive trygdeytingar over i
aktivitet. Det skal verta lettare for personar som lev på trygd å kombinera trygd med
arbeid, og det skal vera mogleg å fullføra vidaregåande skule medan du tek imot
velferdsytingar.
• Hindra at stadig fleire ungdommar og vaksne fell på utsida av skule og arbeid.
• Innføra ei aktivitetsreform for nye mottakarar av arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd slik at dei som kan jobba.
• Sikra at personar ikkje fell ut av ordninga med arbeidsavklaringspengar fordi dei ikkje er avklart innan AAP-perioden har gått ut.
• Sørga for at alle unge under 30 år får ein garanti som sikrar at dei er i jobb, under utdanning eller kompetansegivande opplæring innan ein periode på to månadar.
• Sikra at lengda på ordninga for arbeidsavklaringspengar (AAP) gir ei reell moglegheit for avklaring, og sørga for at nivået på ytinga er slik at mottakaren kan bruka kreftene på å koma inn i arbeidslivet.
• Innføra ein rett til å kombinera utdanning og dagpengar for dagpengemottakarar over 25 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring eller grunnskule.
• At statleg og kommunal sektor skal forplikta seg til å inkludera fleire menneske med nedsett funksjonsevne.
• Ha ein eigen pott på statsbudsjettet til lokale tiltak for å redusera deltidsandelen.
• Gjennomføra feriepengetillegg på dagpengar.
5. Tillitsreform i offentleg sektor
Vårt velferdssamfunn, med ein stor og sterk offentleg sektor, må tilby breie
velferdsordningar som treff flest mogleg på best mogleg måte. Arbeidarpartiet vil styra
offentleg sektor basert på norske, sosialdemokratiske verdiar som tillit, openheit og
samarbeid. Me får betre tenester og tettare kontakt mellom brukarar og tilsette om
dei tilsette får meir tid og tillit til å gi hjelp og møta behova til brukarane.
Aukande lønsskilnadar undergrev tilliten og samhaldet som samfunnsmodellen vår
kviler på. Høge leiarløningar har ei særleg negativ effekt og skapar inntrykk av at ein
elite på toppen rykkar fram, medan det er andre reglar som gjeld for vanlege folk.
Leiarlønsgaloppen må difor stoppast. Det krev sterkare verkemiddel enn me har i dag.
• Gjera tillitsreforma til ei av dei aller viktigaste reformene for ei Apleia regjering frå 2021. Reforma skal involvera og forplikta alle delar av offentleg sektor.
• Redusera bruken av marknadsmekanismar i alle delar av velferdsstaten, som bestillar-utførar-modellar, outsourcing, internfakturering, konkurranseutsetjing, privatisering og marknadsbasert finansiering av velferdstilbodet.
• Ta med brukarorganisasjonane, dei tillitsvalde og leiinga i alle store offentlege verksemder på ein forpliktande prosess om korleis tillitsreforma skal utformast på det enkelte området.
• Styrka trepartssamarbeidet og rettane tilsette har til å bli involvert i alle viktige prosessar, både i staten og i kommunane. Partssamarbeid skal bli ein viktig del av jobben til offentlege leiarar på alle nivå i offentleg sektor.
• Bidra til å få på plass leiarutdanningar i offentleg sektor basert på den norske arbeidslivsmodellen.
• Setja ned ein leiarlønskommisjon med deltaking frå partane i arbeidslivet og følgja opp konklusjonane med politiske grep for å redusera lønsskilnadane i Noreg.
• Frysa løna til statsminister, statsrådar og stortingsrepresentantar fram til leiarlønskommisjonen har lagt fram sine konklusjonar.
Velferd
Arbeiderpartiet skal gjera den felles velferdsstaten vår sterkare. Den skal famna om alle, uavhengig av kven du er, og kvar du bur. Ingen unge skal ramle utanfor, og alle eldre skal vera trygge. Lik rett til utdanning er eit grunnleggjande prinsipp. Målet til Arbeidarpartiet er at alle born skal ha ein trygg oppvekst, uansett kven dei er, kvar dei kjem frå, og korleis familien deira er sett saman. Ei felles offentleg helseteneste, styrt av fellesskapet og finansiert over skatteseddelen, er det beste forsvaret mot større forskjellar. Arbeidarpartiet vil styrka helse og omsorgstenestene til fellesskapet, og sikra lik rett til utdanning for alle.
OPPVEKST: Ein god barndom varar heile livet
Målet til Arbeidarpartiet er at alle born skal veksa opp i tryggleik uansett kven dei er, kvar dei kjem frå og korleis familien deira er sett saman. Grunnskulen skal vera ei førebuing for både yrkesfag og studiespesialisering, og gi alle born rike og varierte opplevingar av meistring.
Noreg treng både dei verdsleiande forskingsmiljøa, dei sterke profesjonsutdanningane og lærestadar som leiar an i regional utvikling. Lik rett til utdanning er eit grunnleggjande prinsipp, og Arbeidarpartiet vil betre arbeidsvilkåra til studentar og tilsette, redusera midlertidigheit og fremja brei rekruttering, betre likestilling og mangfald innanfor utdanning og forsking.
VÅRE VIKTIGASTE SATSINGAR:
1. Barnehage, skule og utdanning:
Ein god offentleg skule og lik rett til utdanning
For Arbeidarpartiet er ein god offentleg skule og lik rett til utdanning avgjerande for at
alle menneske skal ha moglegheit til å utvikla seg, skapa gode liv og oppnå sine mål.
Gjennom tidleg innsats vil Arbeidarpartiet investera meir i dei yngste borna.
Tidleg innsats startar i barnehagen, og me vil sørgja for gode barnehagar med kvali-
fiserte vaksne som gir tryggleik og stimulerer til leik, læring og utvikling. Oppgåva til
skulen er å sørga for at alle born lærer og har det bra. For å få til det treng me fleire
kvalifiserte lærarar. Arbeidarpartiet vil ha ein inkluderande skule som ser alle elevar
og utjamnar forskjellar. Ingen born skal oppleva å stå utanfor fellesskapet. Alle born
har rett til å gå på sin nærskule.
For å sikra gode barnehagar for alle born vil Arbeidarpartiet:
• Jobba for at minst halvparten av dei tilsette i alle barnehagar jobbar direkte med borna er barnehagelærarar, samt auka andelen fagarbeidarar.
• Styrka kvaliteten i barnehagen gjennom krav til tilstadeverande leiarar, vikarbruk, moglegheit for kompetanseutvikling for dei tilsette og krav om barnehagefagleg kompetanse hos eigar.
• Jobba for at flest mogleg kommunar innfører minimum to barnehageopptak i året.
• Bevara maksprisordninga og rett til søskenmoderasjon.
• Gjera barnehagen gratis frå det tredje barnet som går samstundes i barnehagen. Inntektstap og meirkostnad for denne reforma må staten kompensera.
• Sikra at barn får sunn og variert mat.
• Forbetra ordninga med gratis kjernetid i barnehagen, særleg i områder med integrerings-, språk- og levekårsutfordringar.
• Innføra eit tydeleg og strengt regelverk for private barnehagar.
For å sikra tidleg innsats i ein skule som ser alle elevar, vil Arbeidarpartiet:
• Innføra ein lese-, skrive, og reknegaranti, mellom anna ved å oppretta innsatsteam med spesialpedagogar og andre fagfolk som skal utgjera eit sterkare lag rundt elevar som har behov for det.
• Betra overgangane mellom barnehage, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule.
• Evaluera seksårsreforma, og gjennomføra fleire prøveprosjekt med ein meir fleksibel skulestart.
• Sikra at spesialundervisinga vert starta opp så raskt som mogleg når behovet oppstår, og at den vert innretta slik at elevane i størst mogleg grad vert inkludert i klassen.
• Sikra at pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) har forsvarleg kompetanse og bemanning.
• Styrka heim-skule-samarbeidet og sikra gode ordningar for leksehjelp, også på ungdomstrinnet.
• Iverksetje tiltak for at gutar skal lukkast betre i grunnskulen.
• Leggja til rette for at fagleg sterke elevar får dei utfordringane dei treng.
2. Ein meir praktisk skule
Arbeidarpartiet meiner grunnskulen skal gi ei brei grunnopplæring til born og unge,
både for dei praktiske talenta og for dei meir teoretisk anlagde. Grunnskulen skal vera
ei førebuing for både yrkesfag og studiespesialisering, og gi alle born rike og varierte
opplevingar og meistringar.
• Innføra «praktiske ferdigheiter» som ein sjette grunnleggjande ferdigheit, fordi praktiske ferdigheiter er kunnskap som er viktig og verdifull i seg sjølv, der elevane skal skapa, utforska og utvikla kreativitet, innovasjon, problemløysing og kritisk tenking.
• Auka bruken av praktisk læring i alle fag, og vurdera korleis praktisk læring kan fremjast og vektleggjast i kompetansemål, vurdering og eksamensformer.
• Styrka praktisk læring i teoritunge fag ved å laga ein nasjonal strategi som sørger for at det vert utvikla og delt innovativ og engasjerande metodikk, serleg i basisfaga norsk, matematikk og engelsk.
• Leggja til rette for at alle skular har tilgang til verkstadar, skaparverkstadar, sløydsal og tilsvarande læringsarenaer gjennom eit spleiselag mellom stat og kommune, der ein startar med ungdomsskulane.
3. Fleire kvalifiserte lærarar med betre tid og tillit
For Arbeidarpartiet er det viktig at alle elevar får lærarar som er kvalifiserte og har
tid til dei. Me meiner at behovet for fleire lærarar i den norske skulen er stort, og vil
tilsetja, utdanna og rekruttera fleire lærarar. Dyktige lærarar som har tid og tillit til
å følgja opp kvar enkelt elev, er føresetnaden for ein god skule. Arbeidarpartiet vil
innføra ei tillitsreform som fjernar unaudsynt rapportering og byråkrati for dei tilsette
og som vil gi dei meir tid til læring og oppfølging av elevane.
• Sørga for at det vert tilsett fleire kvalifiserte lærarar og behalda minstenorma for lærartettleik.
• Behalda kompetansekrava, men fjerna «avskiltinga» av lærarar som er utdanna før 2014.
• Auka andelen kvalifiserte lærarar og investera i større kompetanse mellom anna ved å gjennomføra eit kompetanseløft for dei som underviser i skulen og manglar formalkompetanse.
• Utvikla eit eige program for å rekruttera lærarar som har forlate yrket.
• Avbyråkratisera skulen ved å fjerna tidstjuvar og unaudsynte krav til rapportering og dokumentasjon.
• Gjennomgå kvalitetsvurderingssystemet til grunnskulen (NKVS) saman med partane i skulen, med mål om å redusera bruken av testar og prøvar og sikra at styringa fremjar meir og betre læring i skulen.
• Erstatta inntakskravet på fire i matematikk med breiare og meir treffsikre opptakskrav på lærarutdanninga.
• Prøva ut fleire alternative opptaksordningar til lærarutdanningane, til dømes intervju.
• Styrka kvaliteten i lærarutdanningane og auka studieintensiteten ved å heva pedagogikkandelen, auka talet på praksisdagar og gi studentane meir erfaring i praktisk lærararbeid.
4. Eit løft for fagarbeidarar og fagskular
Me treng fleire fagarbeidarar i det norske nærings- og samfunnslivet for å byggja
den moderne velferdsstaten og ein industri i verdstoppen. I dag har me for mange
yrkesfagelevar som ikkje får læreplass og for få som gjennomfører med fag- eller
sveinebrev. Arbeidarpartiet vil styrka lærlingordninga, gje yrkesfagopplæringa betre
vilkår og sørga for at arbeidslivet som ventar etter fullført utdanning, er attraktivt,
trygt og seriøst.
Fagskulane skal gi ei solid høgare yrkesfagleg utdanning og vera eit likeverdig
yrkesfagleg alternativ til universitets- og høgskuleutdanninga. Arbeidarpartiet vil gi
fagskuleutdanningane ei viktigare rolle i den livslange læringa og jobba for eit tett
samarbeid mellom fagskulane og partane i arbeidslivet.
• Innføra ein læreplassgaranti som sikrar at alle elevar som er kvalifisert, får læreplass. Dette skal skje gjennom eit forpliktande samarbeid mellom staten, fylkeskommunen og arbeidslivet med vekt på:
→ Betre oppfølging av ungdom i overgangen frå skule til læretid. → At mengda elevplassar på yrkesfag samsvarar med
moglegheitene for læreplass
→ At ein startar med innføringa av læreplassgaranti innan fag der
offentlege arbeidsplassar svarar til ein stor del av læreplassane.
→ At det å vera læreverksemd vert meir attraktivt mellom anna
gjennom styrka krav til seriøsitet og bruk av lærlingar ved offentlege innkjøp og anbod.
• Gje skulen ansvaret for å følgja opp lærlingar det fyrste året av læretida, og differensiera oppfølging og varigheit etter behov saman med lærling og arbeidsgivar.
• Etablera eit nasjonalt senter for yrkesfag.
• Gjennomføra ein forpliktande opptrappingsplan med tusen nye fagskuleplassar årleg over fem år, i tråd med behova i arbeidslivet.
• Gå gjennom dimensjoneringa av og finansieringa i fagskulesektoren for å sikra at utdanningstilboda er tilgjengelege, relevante og har god kvalitet.
• Leggja til rette for fleire bransjeprogram og etter- og vidareutdanningstilbod som tar i bruk kapasiteten og kompetansen til fagskulane.
• Jobba for fleire desentraliserte fagskuletilbod som kan kombinerast med jobb.
• Leggja til rette for fleksible løp i fleire utdanningsprogram, der elevane får byta mellom skule og arbeidsliv.
• Styrka stipendordninga.
5. Eit løft for kunnskap og meir desentralisert utdanning
Arbeidslivet vil i tida framover ha behov for eit meir tilpassa og mangfaldig tilbod om
etter- og vidareutdanning. Arbeidarpartiet vil tetta hola i utdannings-Noreg, og lansera
ei storsatsing på lokale utdanningssenter over heile landet som skal gjera livslang
læring mogleg der folk bur. Dette skal gjerast ved å tilby etter- og vidareutdanning,
satsing på fagutdanning for vaksne og utdanning av fleire lærarar og sjukepleiarar på
stadar som ikkje er dekka av dei etablerte utdanningsinstitusjonane.
• Auka mengda på nye studieplassar, særleg i område som er viktige for arbeidslivet.
• Styrka arbeidsrelevansen til studia, og ta vare på humaniora, samfunnsvitskap og andre fagfelt sin eigenart og det sjølvstendige bidraget til eit mangfaldig og kulturelt kompetent samfunn.
• Lansera ei storsatsing på lokale utdanningssenter over heile landet, med statleg finansiering og som i hovudregelen er eigd av fylka eller at ein inngår partnaravtalar med allereie etablerte studiesenter.
Utdanningssentra skal få eit utvida og særleg ansvar for å tilby utdanning til folk der dei bur, basert på lokale kompetansebehov.
• Sørga for at måla om regionalt ansvar og lik tilgang til høgare utdanning i heile landet vert styrka og følgt opp av utdanningsinstitusjonane gjennom oppdragsbrev og utviklingsavtalane.
• Leggja fram opptrappingsplanar for nye studieplassar for heile landet på universitet, høgskular og fagskular, og prioritera utdanningar innan viktige yrke der det manglar tilstrekkeleg kvalifisert arbeidskraft.
• Gje kommunar og helseføretaka plikt til å stilla med praksisplassar for profesjonsfaga som sjukepleie og lærarutdanning.
• Stilla tydelege nasjonale krav til universitet og høgskular om regionalt nærvære for å styrka det desentraliserte tilbodet, og endra finansieringssystemet slik at det gir betre utteljing å satsa på kortare studietilbod som etter- og vidareutdanning.
• Styrka studiesentera som regionale samlingspunkt for desentralisert utdanning saman med universiteta og høgskulane.
• Styrka ordninga med Senter for framragande utdanning (SFU), og utvida denne og andre ordningar som stimulerer til god utdanningskvalitet.
• Innføra ei tillitsreform for universitets- og høgskulesektoren.
• Vidareføra treprosentmålet i forskingspolitikken og leggje fram ein strategi for at forsking og utvikling i næringslivet skal utgjera to prosent av BNP innan 2030.
• Innføra eit forskingsløft for klima og omstilling.
HELSE OG OMSORG
Ei felles offentleg helseteneste, som er styrt av fellesskapet og finansiert over skatteseddelen, er det beste forsvaret mot større skilnadar. Me skal ha ei helseteneste i verdsklasse der fagfolka står i front, ein teneste som vil satsa meir på førebygging, som lyttar til pasientane, og som er tilgjengeleg for alle uansett kven dei er, og kvar dei bur. Det er eit felles ansvar å forhindra at koronapandemien fører til langvarige helseutfordringar for menneske og grupper i samfunnet vårt.
I helse- og omsorgspolitikken vil Arbeidarpartiet prioritera:
• Eit likeverdig helsetilbod over heile landet, som er basert på behov og ikkje på betalingsevna til den enkelte.
• Ein folkehelsepolitikk som bidreg til å utjamna sosiale helseskilnadar.
• Å sørga for nok folk på jobb, i faste og heile stillingar, med moglegheiter for praksis og vidareutdanning i heile helsetenesta.
• Ei kommunehelseteneste som er nær, oppdatert og førebudd på ei befolkning i endring.
• Auka kapasitet i sjukehusa og reduksjon i kor mykje ein brukar marknadsmodellar til fordel for meir tillit til helsepersonell, meir medverknad for pasientar og betre samarbeid på tvers i helsesektoren.
• Sterkare nasjonal helseberedskap, særleg legemiddeltilgang, akuttmedisin og kritisk helsepersonell, i heile landet.
• Styrking og prioritering av psykisk helsehjelp og rus, både med akuttilbod og lågterskeltenester.
• Ein eldreomsorg som gir meir fridom og tryggleik, innanfor ei offentleg ramme.
• Ei gradvis utviding av den offentlege tannhelsa.
• Å unngå å auka eigenandelen i helse utover prisvekst.
1. Betre kvalitet og kapasitet i sjukehusa over heile landet
I ei sterk, offentlege og solidarisk helseteneste er fagfolka sjølve nerva og den
ressursen me må ta best vare på. Fagfolk må få tilgang til oppdatert teknologi og
moglegheit til kompetanseutvikling, for at dei alltid kan liggja i front i faget. Fleire
eldre fører til eit større behov for fleire ulike behandlingsplassar ved norske sjukehus.
Me må byggja store nok bygg med rom til behandling og pleie, som også er gode
arbeidsplassar for dei som arbeidar der.
• Løyva meir pengar til sjukehusa gjennom å auka grunnfinansieringa.
• Satsa på sterke lokalsjukehus i heile landet.
• Korta ned helsekøar ved å styrka tilbodet der køane er lange.
• Auka utreiings- og behandlingskapasiteten i poliklinikkar på ettermiddagar og kveldar.
• Sørga for at avtalespesialistar er eit reelt tilbod for alle uansett kvar dei bur.
2. Folkehelse – fellesskapets ansvar
God helse vert skapt der folk lev, bur og arbeidar. Me må sørga for at alle
samfunnssektorar er med på å førebyggja og investera i god folkehelse. Eit godt
folkehelsearbeid er helsefremjande og kan motverka framvekst av kroniske
sjukdommar i befolkninga. Å utjamna økonomiske og sosiale skilnadar vil i seg sjølv
vera med på å fremja den norske folkehelsa.
• Innføra dagleg fysisk aktivitet i skulen.
• Leggja til rette for gang- og sykkelvegar, samt lett tilgjengelege og rimelege offentlege transportmiddel ved dagleg kommunikasjon for alle.
• Innføra eit sunt, enkelt skulemåltid i løpet av dagen og gje elevane i skulane meir fridom til å organisera dette sjølv.
• At folkehelsa vert satt på dagsorden i skulen, og at me sikrar at born får kunnskap om fysisk og psykisk helse i skulen.
• Gå gjennom og vurdera innstrammingar i lovverket for regulering av marknadsføring av usunn mat og drikke som er retta mot born og unge.
• Føra ein restriktiv alkoholpolitikk og oppretthalda samfunnsrolla til Vinmonopolet.
• Reversera alle innskrenkingane som er gjort i abortlova gjennom dei siste åra.
• Avvikla nemndsystemet i abortlova mellom veke 12 og 18, og utgreia eit alternativ med trygg oppfølging og medisinsk rettleiing mellom veke 12 og 18. Kvinner sin rett til sjølvråderett skal sikrast.
• Styrka det førebyggjande arbeidet for god tannehelse.
• Gjennomføra ein tannhelsereform, med gradvis utviding av den offentlege tannhelsetenesta, der me prioriterer unge vaksne og grupper som ikkje har moglegheit til å få gjennomført naudsynt tannhelsebehandling.
3. Rus og psykisk helse
– tidleg innsats, kort veg til hjelp og sterkare ettervern
Psykisk helse er like viktig som fysisk helse. For menneske med psykiske helseplagar
er det heilt avgjerande å få hjelp der dei er – om det er på skulen, på ein sjukeheim
eller på ein arbeidsplass. Arbeidarpartiet meiner psykisk helsevern og rusomsorg
treng eit forpliktande løft, både på tidleg innsats, behandling og ettervern.
For å sikra hjelp i heimkommunen til menneske med psykiske helseplager vil Arbeidarpartiet:
• Sørga for rask psykisk helsehjelp og lågterskeltenester utan tilvising i alle kommunar.
• Innføra ei nasjonal bemanningsnorm for skulehelsetenesta i tråd med tilrådingane til Helsedirektoratet.
• Forsterka den tidege tverrfaglege innsatsen rundt elevane i skulen, for å sikra at unge tidleg får hjelp med sine utfordringar, på rett nivå.
• Styrka samhandlinga mellom spesialisthelsetenesta, fastlegen og kommunen for å fanga opp menneske som får avslag eller vert satt på venteliste i psykisk helsevern, og sørga for at dette vert tatt hand om i kommunen.
For å styrka spesialisert psykisk helsevern vil Arbeidarpartiet:
• Plassera spesialistar i front, slik at erfarne spesialistar er med på å vurdera tilvisingar, og prøva ut løysingar der alle dei tilviste får høve til å få ein vurderingssamtale.
• Laga ein forpliktande opptrappingsplan for psykisk helse og få ned behandlingskøane for at alle som har behov for akutt hjelp får det.
• Stansa nedbygginga av døgnplassar i psykisk helsevern og gjennomføra ein grundig gjennomgang av dagens tilbod og ved det skapa fleire plassar der det er naudsynt.
• Satsa på eit desentralisert psykisk helsevern, for å sikra at folk i heile landet har kort veg til spesialistar.
For å få ein meir sosialdemokratisk ruspolitikk vil Arbeidarpartiet:
• Oppretthalda eit forbod mot narkotika.
• Sikra ein betre livssituasjon og redusert stigma for personar med tung rusavhengigheit gjennom ei avkriminalisering for bruk og å ha mindre brukardosar for tunge rusavhengige.
• Evaluera bruken av ungdomskontrakter, ha ein hovudregel om påtaleavkall som reaksjon i møte med ungdom og fyrste gongs misferd og avgrensa kor lenge bruk og å ha brukardosar blir på rullebladet.
• Auka ressursane til innsatsen til politiet mot narkotikasal og – kriminalitet.
• Gjera det trygt å søka helsehjelp.
• Gje kommunane økonomi og ressursar for at dei kan tilby helse- og sosialfaglege oppfølgingssamtalar, kartleggja rusbruk og samhandla med spesialisthelsetenesta om vidare helsehjelp og behandlingstilbod.
4. Hjelp som er der når du treng det, uansett kvar du bur
Tryggleiken til folk er avhengig av at hjelpa kjem når dei treng den, og Arbeidarpartiet
vil difor satsa tungt på akuttmedisin og distriktsmedisin. Både fødande kvinner og
fagmiljø har i fleire år ropt varsku om utviklinga i fødetilbodet i Noreg. Arbeidarpartiet
vil styrka fødetilbodet ved å styrka bemanninga, satsa på følgetenesta og betra
finansieringa.
• Forskriftsfesta responstider for ambulansetenesta og setja ein standard for kompetanse og akuttmedisinsk utstyr i ambulansebilane og på ambulansebasane.
• Avklara ansvarsforholdet mellom ambulansetenesta og brann- og redningstenesta, og kompensera kommunane for meirbelastninga ved bruk av brann- og redningstenesta, der dei må stilla opp innanfor områda til ambulansetenesta.
• Gjennomføra ei statleg overtaking av luftambulansen og greia ut rundt ulike moglege modellar for samarbeid med ideell sektor.
• Auka bruken av lokalmedisinske senter og helsehus, og sørgja for at desse vert tilført fleire spesialisttenestar.
• Laga rekrutteringsordningar for helsepersonell i distriktskommunar.
• Sørga for at det vert tilbydt desentralisert utdanning i relevante og kritiske helseyrke.
• Styrka bemanninga på fødeavdelingane med bakgrunn i mål om eintil-ein oppfølging av jordmor.
• Styrka jordmorstyrte fødestover, og innføre ei nasjonal ordning som sikrar at alle jordmødrer i distriktskommunar får full stilling.
• Sikra at kvinner i kommunar med reiseveg på 90 minutt eller meir til sjukehuset får følge av jordmor på veg til sjukehuset.
• Sikra at alle kommunar kan oppfylla kravet om heimebesøk til nybakte mødrer.
Eldre: sjef i eige liv
Arbeiderpartiet vil sikra alle ein god alderdom, men eldre er ulike, og alderdomen har ulike fasar. Difor vil me leggja til rette for seniorar i arbeidslivet, for aktivitet og fridomsteknologi, for ein aldersvenleg bustadsektor og for heilskaplege heimetenester, i tillegg til at me vil sørga for god pleie og omsorg når behovet melder seg.
• Stimulera til at fleire eldre står i arbeid
• Ha ei storsatsing på livslang læring
• Sikra ein god pensjon, og sjå til at den kan kombinerast med å vera i arbeid.
• Gjeninnføra “Den kulturelle spaserstokken”, med kulturtilbod som er særleg retta mot eldre.
• Sørga for gode transportordningar som gir eldre mobilitet i kvardagen. Til dømes “dei rosa bussane” i Oslo.
• Redusera barrierar for eldre si deltaking på ulike samfunnsarenaer og i lokalsamfunnet, slik at erfaringa, kompetansen og ressursane til eldre kan koma til nytte også i arbeidslivet.
• Styrka samarbeidet mellom kommunen og frivillige for å utløysa frivilligheitsressursar, mellom anna frivilligheitssentralar.
• Gjennomføra ei heimetenestereform for å gjera det best mogleg å bu heime så lenge ein kan og ynskjer det.
• Setja krav til at kommunale tilbod heng saman og vert innretta slik at eldre får meir fridom i bruk av offentlege tenester. Mellom anna knytt til kvar dei vil reisa med offentleg transport, kva mat dei ynskjer, og når og korleis dei mottar heimetenester.
• Motverka einsemd og styrka det psykiske helsetilbodet for eldre, både for heimebuande og for dei som bur på sjukeheim eller i omsorgsbustad. For å sikra kvalitet i eldreomsorgen vil Arbeidarpartiet:
• Gjennomføra ei tillitsreform, der ansvaret for eldre på sjukeheim og i heimetenesta vert tatt hand om av mindre, faste team, der brukarane får påverka tilbodet meir, og der eldreomsorga vert styrt etter kvalitetskrav i staden for stoppeklokke.
• Tilby alle eldre over 75 år eit heimebesøk frå kommunalhelsetenesta.
• Sørga for å oppretta eigne tverrfaglege team til å følgja opp kvaliteten i omsorgstenestane, og læra av dei kommunane som har gode løysingar.
• Ha ein opptrappingsplan for bemanning i eldreomsorga, satsa på kompetansen til tilsette og på heiltid som norma i helse- og omsorgssektoren.
• Sikra kompetanse på mat og ernæring ved norske sjukeheimar, leggja til rette for å fremja næringsrik mat i og utanfor institusjonane og stimulera til ordningar med måltidsvener.
• Sørga for tilstrekkeleg med sjukeheimsplassar og heildøgns omsorgsplassar for dei som treng det.
• Sikra at ektepar eller sambuarar som ynskjer å bu saman dei siste åra får moglegheit til det når den eine har fått sjukeheimsplass og den andre også er avhengig av omsorgstenestar.
For å førebyggja demens og hjelpa menneske med demens vil Arbeidarpartiet:
• Ha lågterskeltenester for menneske med demens, mellom anna gjennom å auka bruken av demenskoordinatorar, innføra demensskular for eldre og deira pårørande, samt gjeninnføra tilskotsordningar for dagtilbod for demenssjuke.
• Investera i tidleg diagnostisering, slik at folk får tidlegare behandling.
• Investera i demensvenleg velferdsteknologi.
Klima
Klima og natur: ramma rundt all anna politikk
Menneskeskapte klimaendringane og global oppvarming er den mest alvorlege trugselen mot livsgrunnlaget på jorda. Me treng ein meir rettferdig klimapolitikk som kuttar utslepp og skapar jobbar på ein rettferdig måte. I framtida vil dei tryggaste arbeidsplassane vera natur- og klimavenlege. Noreg har dei beste føresetnadane for å byggja ny, klimavenleg industri basert på rein, norsk energi. Natur- og klimapolitikk lyt bli ei ramme rundt all anna politikk.
VÅRE VIKTIGASTE SAKER
1. Klima skal vera ramma
Arbeidarpartiet legg klimamåla til Noreg til grunn. Dei skal me nå. Me vil difor ta ansvar
for å gjera samfunnet vårt og økonomien vår berekraftig, slik me oppfyller vår del av
kontrakta med komande generasjonar. Me vil byggja på berekraftsmåla til FN og ta
omsyn til sosial, økonomisk, geografisk og miljømessig berekraft i våre avgjersler.
Me skal sørga for framtidig verdiskaping og inntekter til fellesskapet. Me skal utvikla
eksisterande arbeidsplassar og skapa nye, trygge jobbar, og vegen dit må vera
rettferdig, inkluderande og forståeleg for alle som vert påverka av den.
• Kutta 55 prosent av dei norske klimagassutsleppa mot mot 1990 innan 2030, dette som ein del av våre forsterka mål under Parisavtalen. Denne skyldnaden gjeld heile økonomien og alle sektorar og klimagassar. Noreg skal oppfylla denne skyldnaden i samarbeid med EU i tråd med klimaavtalen mellom Noreg, EU og Island. I 2050 skal Noreg vera karbonnøytralt.
• For at Noreg skal nå klimamåla, vil me auka CO2-avgifta fram mot
2030. Aukinga skal skje gradvis. Effekten på bensin- og dieselprisane skal reduserast og vegbruksavgifta geografisk differensierast for å sikra at utsleppskutt frå transport er sosialt og geografisk rettferdig. Dette skal sikra at effekten på pumpeprisar vert avgrensa.
• Innføra konkrete mål for utsleppskutt for kvar enkeltsektor og -næring i Noreg. Måla skal utviklast i samarbeid med aktuelle næringar og følga det felles klassifiseringssystemet som no vert utvikla i Europa. Det skal etablerast eit system for jamleg og forpliktande oppfølging av tiltak og måloppnåing.
• Auka støtta til satsingar som karbonfangst, havvind, hydrogen, batteriteknologi, bioøkonomi og grøn skipsfart. Dette skal mellom anna gjerast gjennom å gjennomføra ei skattereform slik at det vert meir attraktivt å investera i klimavenlege næringar.
• Starta fullskala prosjekt for karbonfangst- og lagring både i sementproduksjonen i Brevik og avfallsforbrenninga på Klemetsrud. Staten skal i tillegg medfinansiera eit transportanlegg med skip og lagringsanlegg i Øygarden og brønnar i Nordsjøen.
• Skjerpa krava til avfallshandtering, slik at avfallet vert sortert, vidareforedla og brukt på nytt som råstoff.
• Leggja til rette for betre og fleire innsamlingsordningar, mottaksanlegg og attvinningsanlegg for plast, og sørgja for at all emballasje i bruk i Noreg er eigna for gjenbruk eller attvinning seinast innan 2030.
• Satsa på næringsutvikling knytt til klimavenleg transport på område som tungtransport og skipsfart.
• Satsa på grøn næringsutvikling som sikrar berekraftig utvikling, utsleppskutt og mindre naturavtrykk på alle våre primærnæringar.
• Vurdera krav om at selskap måler og er opne om klima- og miljøfotavtrykket og relaterte risikovurderingar, minst på linje med eksisterande krav i EU.
• At Noreg brukar EØS-avtala til tett oppfølging av EU sin Green New Deal.
2. Kutta utslepp og ta vare på naturen der me bur
Strand, skog, fjell og fiskevatn skal vera tilgjengelege for alle. Retten til naturopplevingar
og natur er ein grunnleggjande rett i landet vårt, men me ser likevel at den vert utfordra.
Strandsona vert bygd ut, og viktige frilufts- og naturområde vert bygd ned.
Det skal vera enklast mogleg å ta vare på naturen, og kutta utslepp i lokalmiljøet.
• Grunnlovsfesta allemannsretten og styrka den gjennom lovverk, oppkjøp og reguleringar.
• Utvikla klimabudsjett i kommunane for at dei kan setja seg opp konkrete og forpliktande klimamål og utvikla betre ordningar for å rapportera utslepp.
• Vektleggja omsynet til natur og klima sterkare i plan- og bygningslova.
• Arbeida for mekanismar som gjer at utbyggjar som bygger ned skog, jord eller anna natur, skal kompensera for det ved å restaurera natur andre stadar gjennom eit såkalla naturbidrag.
• Styrka rolla og kompetansen til kommunane innan natur- og klimaarbeidet, med særleg vekt på berekraftig arealforvaltning.
• Sikra at grøntområde er lett tilgjengeleg for alle i tettbygde område.
• Satsa på gang- og sykkeltiltak.
• Sørga for fleire bildelingsløysingar og gjera biloppstillingsplassar for bildeling tilgjengeleg nær knutepunkt og i større bustad- og næringsprosjekt.
3. Natur: Ta vare på naturen for velferd i framtida
Me må sikra vekst og velferd i framtida utan å øydeleggja naturen, for naturen er
sjølve grunnlaget for velferda vår.
Ein økonomi i balanse er avhengig av ein natur i balanse. Arbeidarpartiet vil stoppa
tapet av natur. Me kan byggja smartare, planleggja betre og ta klokare val for å
bevara den mest sårbare naturen.
Noreg skal ha både levedyktige rovviltstammer og trygge område for beite. Denne
todelte målsettinga er grunnlaget for vår politikk, og regelverk for forvaltning skal
støtta opp under den.
• Gjennomføra ei utgreiing av naturrisiko for norsk økonomi etter modell frå Klimarisikoutvalet.
• Etablera “Naturkur” etter modell av “Klimakur”, for å bidra til at Noreg opprettheld eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand.
• Utarbeida ein nasjonal plan for å oppretthalda og restaurera natur i tråd med internasjonale skyldnadar.
• Utgreia korleis norske statleg eigde selskap skal redusera naturrisiko for si verksemd, i tråd med berekraftsmåla til FN.
• Utgreia korleis me gjennom norsk lovverk kan sørga for at norske selskap i utlandet ikkje bidreg til alvorlege skadar på miljøet.
• Intensivera arbeidet med å redda trua artar og naturtypar.
• Vidareføra den todelte målsetjinga om å både ha levedyktige rovviltstammar og eit aktivt beitebruk.
• Sikra ein berekraftig rovviltbestand i tråd med forliket til Stortinget, naturmangfaldslova og våre internasjonale forpliktingar.
• Ha ei tydeleg og konsekvent soneforvaltning og eit effektivt regime for uttak av rovvilt når det ikkje truar overlevinga til bestanden. Det skal også vera ei aktiv forvaltning av rovdyr i rovdyrprioriterte område når ein har oppfylt bestandmålet.
• At fellesskapen skal ta ansvar for å kompensera eigarar av beitedyr ved rovdyrsskade.
Andre viktige saker
Bustad
Alle har rett til ein trygg og god bustad. Den norske bustadsmodellen byggjer på at folk skal kjøpa og eiga eigen bustad. Det er store økonomiske skilnadar i bustadmarknaden, både geografisk og mellom enkelthushaldningar. Me meiner at bustad skal vera ein stad å bu, ikkje eit spekuleringsobjekt.
Ein framtidsretta bustadpolitikk skal bidra til å jamna ut skilnadar, samstundes som den skal ta omsyn til klima og natur.
For å byggja fleire bustadar vil Arbeidarpartiet:
• At kommunane må leggja til rette for kommunale tomter og rimelege bustadar for fyrstegangsetablerarar og studentbustadar.
• Gjennomføra ei utgreiing av ein statleg rentekompensasjonsordning for kommunale tomtekjøp, som skal leggja til rette for bustadbygging, gjerne med nye eigarformer.
• Leggja til rette for at kommunane i samarbeid med aktørar som bustadbyggjarlaga kan byggja bustadar til folk med avgrensa eigenkapital.
• Trappa opp studentbustadbygginga med mål om 3000 bygde bustadar i året.
For å få fleire som treng bustad inn på bustadmarknaden, vil Arbeidarpartiet:
• Auka utlånsrammene i Husbanken slik at fleire kan få startlån. Husbanken skal kunne brukast som verkemiddel også for fyrstegongsetablerarar.
• Utvida mandatet til Husbanken, særleg retta mot leigemarknaden og ein “tredje bustadsektor”.
• Gje kommunane moglegheit til å tildela startlån til unge med liten eigenkapital og gode inntektsutsikter.
• Oppmoda kommunar til å nytta “frå leige til eige” eller andre liknande initiativ som utgangspunkt i lokal bustadsosial planlegging.
• Auka tilskot til kommunalt bustadsosialt arbeid og etablera fleire ikkje-kommersielle utleigebustadar.
• Unngå for sterk konsentrasjon av kommunale bustadar i eitt område.
• Frysa BSU-ordninga (Bustadsparing for ungdom) på 25 000 kroner i året og 300 000 kroner totalt og avgrensa ordninga til å gjelda fyrstegongs bustadkjøp.
Justis og vernebuing
Alle i Noreg skal kjenna seg trygge - uansett kvar dei bur, og kva bakgrunn dei har. Likevel opplev mange i dag at denne grunnleggjande tryggleiken er svekka. Den er redusert av eit mindre tilstadeverande og meir sentralisert politi, av lange køar i rettsvesenet og av aukande klasseskilje, også i justissektoren. Me vil prioritera fleire politifolk i lokalmiljøa, og me vil gjennomføra ein særleg innsats i byane for å førebyggja og motverka gjengkriminalitet.
Koronakrisa avdekka store manglar i vernebuinga til helsetenesta. Den må styrkast. Også den nære vernebuinga - brann og redningsvesenet, nærpolitiet, Sivilforsvaret og ambulansen - må styrkast for at me skal stå betre rusta i neste krise. Dei ulike delane av vernebuinga i samfunnet må henga betre saman.
Terroren 22. juli og koronapandemien demonstrerte at sjølv eit av verdas tryggaste samfunn er sårbart. Naturkatastrofar, terror, kriminalitet, digitale angrep og pandemiar er berre nokre av trugslane me må ha betre dekning mot i tida som kjem. Dei ulike delane av samfunnsvernebuinga må henga betre saman. Ressursane skal finna kvarandre betre enn dei gjer i dag. Vårt mål er betre samordning og samlokalisering av naudmeldingssentralane slik etatane kan trena meir saman. Me vil førebyggja meir, og me må hegna om samfunnsmodellen vår. Den gjer høg tillit mellom folk og gjer at me stolar på kvarandre. Det er den sterke fellesskapen som best kan førebyggja og beskytta oss mot trugslar og kriser.
• Satsa på eit politi med sterkare lokal forankring, med meir ressursar til politidistrikta og auka grunnbemanning.
• Gjennomføra eit reelt etterforskingsløft gjennom ei eiga satsing på etterforskarar og påtalemakta i politiet, slik at offer for kriminalitet ikkje står i uverdige køar i straffesakskjeda.
• Forby deltaking i og rekruttering til kriminelle gjengar og auka straffenivået for organisert kriminalitet.
• Auka talet på patruljar i politidistrikta slik at politiet kjem når folk treng dei.
• Sørga for at det vert utdanna nok politifolk og vurdera gjenopning av nedlagte studiestadar.
• Etablera “nærtenestesenter” over heile landet slik at folk har kort veg til tenester som juridisk rådgiving og rettshjelp og utskriving av førarkort og pass.
• Gjennomføra ei evaluering av nærpolitireforma.
• Styrka arbeidet til politiet gjennom å følga opp bekymringsmeldingar om radikalisering
• Gjennomføra ei tillitsrefom i justissektoren i samarbeid med tilsette og tillitsvalde som sikrar færre mål, mindre detaljstyring og mindre unaudsynt rapportering.
• Setja ned ein totalvernebuingskommisjon.
• Revitalisera arbeidet med kultur og leiing i sektoren, som vart starta etter Gjørvkommisjonen.
• Redusera køane i domstolane betrakteleg, mellom anna ved å auka ressursane til domstolane og påtalemakta.
• Fortsetja digitaliseringa av domstolane, leggja til rette for at fleire saker kan løysast gjennom mekling og vidareutvikla prosjekt som “hurtighandsaming av straffesaker”.
• Sikra ein desentralisert domstolsstruktur som tek hand om rettstryggleik og tenester til folk i heile landet, samt legg til rette for moderat spesialisering.
• Styrka dei frivillige rettshjelpstilboda, etablera ein ny rettshjelpsmodell som sikrar at fleire utsette grupper får rettshjelp, og tilby rettshjelpsrettleiing til folk over heile landet i nærtenestesenter.
• Leggja fram ein meir ambisiøs nasjonal opptrappingsplan mot vald og overgrep mot born og mot vald i nære relasjonar.
• Utvida kriminalomsorga med fleire fengselsplassar og oppretthalda ein desentralisert fengselsstruktur.
• Setja ned ein totalvernebuingskommisjon som mellom anna skal vurdera:
→ å betra tilgangen til analyser som ser risiko og vernebuing under
eitt.
→ korleis departementa, frivilligheita og lokale
vernebuingsressursar kan samarbeida betre.
• Leggja til rette for fleire regionale øvings- og vernebuingssenter for samtrening og kompetansebygging mellom nød og vernebuingsetatane og dei frivillige vernebuingsorganisasjonane.
• Jobba for at staten tek alle kostnadane og ansvaret for drift av naudnett for alle naudetatar.
Familie
Godt utbygde offentlege velferdstenester er ein føresetnad for å gi fridom til alle former for familiar. Arbeidarpartiet vil difor styrka det universelle velferdstilbodet til born og unge. Det vil bidra til sterkare fellesskap og mindre skilnadar i samfunnet. Alle skal kunne kombinera arbeid med familieliv.
• Styrka det universelle velferdstilbodet for born og unge gjennom å prioritera velferdstenestar som omfattar alle born.
• Sørga for at born med særskilde behov for oppfølginga og tilrettelegginga dei har behov for også i skulefritidsordninga, tilsvarande rettane oppføringslova gjer gjennom skuledagen.
• Vidareføra ein tredelt foreldrepermisjon og sikra mor moglegheit til å amma i tråd med helsefaglege råd.
• Sikra at mødre ikkje får kutt i permisjonstida om dei føder før termin, og at ikkje permisjonen startar å løpa om dei føder seinare enn termin.
• Behalda fedrekvota me har i dag og sikra rettane til fedre.
• Fjerna kontantstøtta og erstatta den med ein ventestønad for dei som ikkje har fått barnehageplass.
• Oppretthalda barnetrygda på nivået me har i dag.
• Gå gjennom ordninga med brillestøtte til born, og innføra ei ny ordning som skjermar familiar med store brilleutgifter til born.
Likestilling, inkludering og antirasisme:
Eit likestilt samfunn er eit fritt samfunn
Arbeidarpartiet skal føra ein offensiv og målretta likestillingspolitikk som gjer at alle vert inkludert i samfunnet, uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet. Store skilnadar mellom kjønna i skulepresentasjonar og gjennomføring i skulen, i arbeidslivet, i lønsnivå, i familieliv og i helse trugar det likestilte samfunnet. Arbeidarpartiet skal byggja ned hinder for deltaking, styrka arbeidet mot diskriminering og for eit meir inkluderande samfunn.
• Oppretta eit eige trepartssamarbeid for likestilling
• Sørga for større mangfald i arbeidslivet samt betre representasjon mellom kjønna i dei bransjane der dette går for sakte.
• Innlemma FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i den norske menneskerettslova.
• Auka støtta til organisasjonar som jobbar for meir likestilling.
• Innføra nye lovendringar og tiltak for å motverka netthets.
• Jobba for universell utforming og tilgjengelegheit slik at alle kan delta i samfunnet.
• Jobba for at offentlege verksemder går framfor og jobbar aktivt for rekruttering av tilsette med fleirkulturell bakgrunn.
• Setja i verk ein ny handlingsplan for LHBT+-personar med fokus på levekår.
• Utarbeida ein ny handlingsplan mot rasisme med konkrete tiltak.
• Fjerna statsstøtta til Human Rights Service.
• Jobba for at flest mogleg norske ungdomsskuleelevar får tilbod om besøk til 22.juli-senteret og/eller Utøya.
Trygg og klimavenleg transport i heile landet
Vegar, jernbane, hamner og flyplassar bind Noreg saman og er heilt avgjerande for busetjing og arbeidsplassar. Det offentlege må ha hovudansvaret for at denne infrastrukturen fungerer godt. Det er behov for ei meir heilskapleg utvikling av infrastrukturen vår.
Dei viktigaste prioriteringane i samferdselspolitikken til Arbeidarpartiet er å:
• Kutta utsleppa frå transportsektoren, slik me når våre internasjonale klimaskyldnadar.
• Byggja sterkare bu- og arbeidsregionar og styrka rammevilkåra for norsk næringsliv.
• Hindra sosial dumping i transportsektoren - sikra eit seriøst arbeidsliv.
• Samferdselsinvesteringar skal styrka norske verksemder med norske løns- og arbeidsvilkår.
• Visjonen om null drepte og hardt skadde i trafikken er viktig. Me vil intensivera den førebyggjande innsatsen.
Les meir om dei konkrete satsingane i partiprogrammet vårt og i vårt alternative opplegg for nasjonal transportplan.
Kultur og idrett
Arbeidarpartiet vil sørga for at alle skal ha tilgang til kulturopplevingar av god kvalitet, uavhengig av bustad og bakgrunn. Me vil ha lågare terskel for deltaking og fremja det breie kulturlivet i alle kommunar og fylker gjennom eit nytt “Kulturløft”.
Arbeidarpartiet vil sikra gode idrettstilbod som er tilgjengelege for alle, serleg born og unge. Då må me byggja ut anlegg og leggja til rette for at terskelen for deltaking er så låg som mogleg. Deltaking må også vera så billeg som mogleg, og me må jobba mot å redusera utstyrspresset.
• Gjennomføra eit nytt kulturløft, der dei statlege midlane i større grad enn i dag, kjem heile ladet til gode og der andelen til kultur i statsbudsjettet igjen gradvis aukar til ein prosent.
• Senka terskelen for deltaking slik at fleire, og serleg born og unge, får moglegheit til å delta kulturaktivitetar.
• Betra levekåra til kunstnarar gjennom ein kunstnarøkonomireform.
• Innføra regionale kulturfond.
• Gje full momskompensasjon til idrett, frivilligheit og kultur.
• Sikra at den offentlege støtta ikkje er avhengig av private donasjonar gjennom å avvikla gåveforsterkingsordninga.
• Styrka den regionale filmsatsinga og auka produksjonsmidlane til norsk film.
• Sikra ein desentralisert kinostruktur.
• Gjeninnføra ei boklov som sikrar fastprissystemet.
• Innføra ei ny festivalstøtteordning som sikrar kvalitet og føreseielegheit for festivalane.
• Styrka musea med vekt på formidling og fagleg utvikling.
• Sikra at fleire born får moglegheit til å delta i kulturskulen til ein rimeleg pris.
• Bidra til at meiropne bibliotek skal vidareutviklast som ein aktiv møteplass for kunnskap, debatt og kulturformidling, og sikrast moglegheit til å låna ut digitale verk.
• Ta vare på den norske og samiske kulturarva.
• Anerkjenna og satsa på samisk kultur, film, musikk og handverkstradisjon.
• Ha eit samisk kulturløft.
• Ha politikk som støttar opp om alt det positive ved digital spelkultur, og som førebyggjer eventuelle negative sider ved dataspel.
• Ruste opp og byggja fleire idrettsanlegg og laga ein nasjonal plan for idrettsanlegg saman med idrettsrørsla som skal danna grunnlaget for prioritering av spelemidla.
• Gjera momskompensasjonen for idrettsanlegg regelstyrt.
• Leggja til rette for nærmiljøanlegg og eigenorganisert idrett.
• Vidareføra ordninga med ekstra spelemidlar i pressområde.
• Bevara og beskytta eineretten til Norsk Tipping og sikra at overskotet frå Norsk Tipping til idretts-, kultur- og frivilligheitsformål ikkje går til kommersiell verksemd.
• Jobba for å redusera etterslepet i utbetaling av spelemidlar, slik det blir kapital til aktivitet for born og unge og realisering av nye anlegg.
• Sikra at alle innbyggjarar har moglegheit til gratis lån av utstyr til trening og friluftsliv.
By og land – hand i hand
Arbeidarpartiet vil føra ein politikk for sterkare fellesskap, vekst og utvikling i heile landet. Me vil snu sentraliseringa og fremja ein heilskapleg strategi for statleg nærvær i regionane, der staten ved å vere til stades sikrar velferdstenestar nær innbyggjarane, og der offentlege etatar og institusjonar bidreg til lokale arbeidsplassar og kompetansemiljø.
Om tvangssamanslåtte fylke ynskjer å endra grensene sine for å løysa sine oppgåver, vil Arbeidarpartiet i regjering gå i dialog med fylka for å få til dette på ein fornuftig, heilskapleg og ansvarleg måte.
Dei store byane våre er kjenneteikna av eit stort mangfald. Storbyen skal vera ein trygg og sunn stad å vera for alle innbyggjarar, der menneske med ulike liv lev saman. Byane er viktige motorar i norsk økonomi og spelar ei avgjerande rolle i å nå våre klimamål.
For å sikra levande distrikt og optimisme i heile landet vil Arbeidarpartiet:
• Innføra nærleiksprinsipp for statleg styring:
→ statlege verksemder skal organiserast slik at kompetansen ligg
så nært innbyggjarane som mogleg
→ nye statlege arbeidsplassar skal leggjast utanfor Oslo, med
mindre det er heilt openbare årsaker som tilseier noko anna. Veksten innanfor eksisterande statlege arbeidsplassar skal fordelast meir rettferdig mellom by og land.
→ byggja sterke kompetansemiljø i heile landet gjennom ei jamnare
fordeling av offentlege arbeidsplassar.
→ ingen vedtak om nedlegging av statlege tenestestadar skal
gjerast i neste stortingsperiode med mindre det er avgjerande for å ta hand om viktige nasjonale interesser.
→ digitalisering skal nyttast for å sikra eksisterande arbeidsplassar
og utvikla tilboda der innbyggjarane er.
• At det skal innførast ein regel om distriktspolitisk konsekvensanalyse av alle reformer.
• Utvikla “regionavtalar” mellom staten, kommunar og regionar, som skal sikra utvikling og vekst i heile landet og langsiktige rammer for næringsliv, transport, busetting, utdanning og velferd.
• Samla ulike offentlege tenester slik ein får større fagmiljø sjølv om kva enkelt etat har få tilsette. Fleire statlege stillingar bør lysast ut med moglegheit for kontorstad utanfor hovudkontoret.
• Vidareføra og utvikla ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift.
• Arbeida for å halvera ferjetakstane i løpet av komande stortingsperiode i samarbeid med fylkeskommunane, og senka inngangskostnaden for å nytta Autopass. Endringane skal finansierast av staten.
• Utarbeida ein nasjonal gjennomføringsplan for skredsikring av alle strekningar med høg og middels skredfaktor på riks- og fylkesvegnettet.
• At inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar sikrar eit likeverdig tenestetilbod i heile landet.
• Gjera tilgang til høgkapasitets internett til ein rett på lik line med straum og arbeida for nye teknologiske løysingar som til dømes 5G, over heile landet.
For å sikra det gode liv i storbyane vil Arbeidarpartiet:
• Utvikla storbyområda med bustadar og arbeidsplassar slik det meste av persontransporten kan gjennomførast til fots, på sykkel eller med kollektivtrafikk.
• Auka takta i bustadbygginga og sørga for rimelegare bustadar av god kvalitet for at folk skal kunne koma inn på bustadmarknaden i tråd med prinsipp for arealeffektiv og klimavenleg byutvikling.
• Utforma grøne og trivelege gater og byrom som også bidreg til betre handtering av overvatn i møte med klimaendringar.
• At staten skal bidra med inntil 70 prosent av utbyggingskostnadane i store kollektivprosjekt i og rundt dei store byane.
• Byggja idrettsanlegg i byar der det er mangel på fleirbrukshallar, som også kan nyttast til uorganisert idrett og fritidstilbod til born og unge, og fremja fysisk aktivitet ved å byggja ut nærmiljøanlegg, turløyper og treningsanlegg i nærmiljøa, som er tilgjengelege for alle.
• Forsterka områdesatsinga i storbyane og vektleggja integrering norsk språk, arbeid og førebygging blant born og unge innanfor desse satsingane.
• Setje i verk tiltak mot einsemd i samarbeid med frivilligheita.
• Sikra trygge byar, mellom anna gjennom eit politi som er meir til stades, meir ressursar til førebygging og auka innsats mot gjengkriminalitet.
• Sikra at storbyane er gode vertskommunar for dei høgare utdanningsinstitusjonane.
Nordområda: Med ny giv
Det er behov for ein ny giv i nordområdepolitikken. Arbeidarpartiet vil fornya og forsterka innsatsen og har større ambisjonar for utviklinga i nord enn det me ser i dag. Nordområda er det viktigaste strategiske satsingsområdet for Noreg. Nordområdepolitikken må nærare folk og bør tyda noko for deira kvardag. Den nye nordområdepolitikken må snu den negative innbyggjarutviklinga, utnytta dei lokale verdiane til å skapa vekst og grøn utvikling og fremja nye initiativ for samarbeid med våre naboar.
For å få ein ny giv i nordområdepolitikken vil Arbeidarpartiet:
• Sørga for lokal verdiskaping frå næringsverksemd i nord, gjennom tydlege krav om arbeidsplassar, inntekter til kommunane og oppbygging av lokal leverandørindustri, samt oppdeling av store anbod.
• Styrka det institusjonelle samarbeidet mellom landa og folka i nord, som Arktisk råd og Barentsrådet.
• Styrka den utanriks- og sikkerheitspolitiske dialogen i nord, og etablera felles møteplassar for å diskutera sikkerheitspolitiske utfordringar og forsterka folk-til-folk-samarbeidet, gjennom å styrka Barentssamarbeidet og Barentssekretariatet.
• Auka kvaliteten i ein god nordnorsk skule basert på særtrekka og styrkane i regionen, og oppretta eit skuleutviklingsprogram som støtte for kvalitetsutvikling i kommunane.
• Gjennomføra eit nytt forskingsløft i nord.
• Utarbeida ein industriplan for Norskehavet og Barentshavet.
• Fornya vår heilskaplege forvaltning av havet gjennom å etablera eit program for sameksistens i kystsona, som foreinar næringsliv og naturverdiar.
• Etablera eit industriprogram for sirkulærøkonomi i nord.
• Gjera nordområda leiande innanfor utsleppsfri transport, gjennom eigne elektrifiseringssatsingar til havs og for elektriske fly.
• Ha ei kraftfull satsing på klima og miljø på Svalbard og gjera Svalbard til eit føregangssamfunn for sirkulærøkonomi og eit utsleppsfritt samfunn.
• Satsa på aksen Andøy-Narvik-Tromsø-Svalbard i romindustrien, arbeida for eit nasjonalt senter for jordobservasjon i Tromsø og eit nasjonalt innovasjonssenter for rombasert verksemd på Andøya, og sikra at Andøya Spacereport vert raskt realisert.
Migrasjon
Noreg har eit ansvar for å hjelpa menneske som flyktar frå krig og forfølging. Asyl- og innvandringspolitikken er basert på våre internasjonale forpliktingar og skal byggja opp under den norske samfunnsmodellen med små skilnadar og like moglegheiter, lik tillit og sterkt samhald. Me ynskjer ei meir kontrollert innvandring gjennom ein heilskapleg politikk som er meir rettferdig, meir human og meir berekraftig for det norske samfunnet.
Innvandring har gjort Noreg til eit meir mangfaldig samfunn. Hovudmålet til Arbeidarpartiet for integreringsarbeidet er å få fleire i arbeid, byggja sterke fellesskap, fremja likestilling og motverka negativ sosial kontroll.
• Auka bidraget Noreg gir til UNHCR for å setja organisasjonen i betre stand til å verna om rettane til menneske på flukt.
• Byggja opp ein solidaritetspott i utviklingsbudsjettet på minst 5 milliardar kroner for å betra forholda for menneske på flukt og lokalsamfunna som tek imot flyktningar.
• Hjelpa fleire gjennom kvoteflyktningsordninga.
• Hindra at fleire legg ut på farleg flukt og effektivt motverka irregulær migrasjon.
• Innføra eit klarare skilje mellom kven som får konveksjonsstatus og subsidiær vern, innanfor rammene av internasjonale skyldnadar.
• Oppretthalda tilliten til asylordninga gjennom eit effektivt returarbeid.
• Prioritera barnefamiliar gjennom kvoteflyktningordninga.
• Sikra at det beste for barnet er eit grunnleggjande omsyn i handsaminga av asylsaker som råkar born.
• Innføra betre og meir langsiktige økonomiske støtteordningar for kommunar som buset flyktningar med særskilte behov, for å sikra at alle som har fått opphaldsløyve vert busett så snart som råd.
• Startkvalifisering for arbeid allereie i mottak og styrka kompetanselina i norsk integreringspolitikk.
• Gjera det lettare å gjennomføra opplæring og kvalifisering av innvandrarar i verksemder.
• At yrkesmål skal inngå i integreringsplanen til den enkelte basert på gjennomført kompetansekartlegging.
• Gå gjennom introduksjonsordninga for å sikra tettare samarbeid mellom involverte aktørar og ein raskare veg ut i aktivitet for den enkelte.
• Involvera fleire frivillige organisasjonar i aktivitetstilbodet for asylsøkarar og leggja til rette for frivillig arbeid for asylsøkarar som ikkje har arbeidsløyve.
• Leggje til rette for språkpraksisplassar i frivillige organisasjonar, mellom anna gjennom tilskotsordningar.
• Krevja at partane i arbeidslivet sikrar naudsynt kompetanse om negativ sosial kontroll hos sine leiarar og tillitsvalde.
• Auka mengda minoritetsrådgivarar i skulen for at elevar i vidaregåande skule kan søka råd hos denne tenesta uavhengig av kva skule dei går på.
Utanriks og forsvar
Utanrikspolitikken til Arbeidarpartiet skal ta hand om norske interesser og er forankra i våre grunnleggjande sosialdemokratiske verdiar: fridom, likskap og solidaritet. Noreg skal vera eit engasjert og gjenkjenneleg medlem av det internasjonale samfunnet. Hovudlinjene i norsk utanrikspolitikk skal bestå: FN-medlemskapet, NATO-alliansen og EØS-avtalen. I ei meir uroleg og uføreseieleg tid treng me likevel fleire bein å stå på i utanrikspolitikken. Me må evna å balansera og byggja nye alliansar.
Me må også brei forstand løfta klimapolitikken inn i handels- og utanrikspolitikken. Klimaendringane er den største utfordringa i vår tid og påverkar konfliktmønster, alliansar og styrkeforhold. Ei meir rettferdig verd må byggjast på rein energi, lågare klimagassutslepp og betre forvaltning av sårbar natur.
Utviklingspolitikk risikerer å verta ei omfattande samling av gode formål, utan reelle prioriteringar. Noreg kan heller ikkje gjera alt åleine. I større grad enn i dag må me styra vår innsats slik den får størst mogleg effekt. Målet for utviklingspolitikken må vera samfunnsendring. Me vil fortsatt nytta ein prosent av bruttonasjonalinntekta til Noreg til internasjonal utviklingsinnsats.
Forsvaret skal verna om sikkerheita, tryggleiken og handlefridomen til Noreg. Basert på NATO-alliansen skal Forsvaret avskrekka og førebyggja krig og konflikt. For å handtera nye og meir samansette trugslar treng Noreg eit sterkt forsvar, som er moderne utrusta og med høgkompetent personell. Me må styrka evnene til Forsvaret til å handheva norsk råderett i heile vårt territorium, både til lands og til havs. Me vil auka forsvarsevna og den militære tilstadeveringa i Nord-Noreg. Menneska er den viktigase ressursen og kapasiteten til Forsvaret. Forsvaret treng fleire folk og dei forsvarstilsette må ha gode rammevilkår.
• Føra ein robust og balansert sikkerheitspolitikk for å sikra Noreg sin tryggleik, handlefridom våre interesser og verdiar.
• Halda fast ved NATO-samarbeidet og samstundes gi norsk sikkerheitspolitikk fleire bein å stå på ved å forsterka samarbeide i Norden, med Tyskland og andre nærståande land i og utanfor EU.
• Gjera klima og natur til ein hovudprioritet i utanrikspolitikken og utbygging av fornybar energi til den viktigaste enkeltsatsinga i norsk utviklingspolitikk.
• Sørga for at Noreg er leiande i det internasjonale klimaarbeidet på område der me har fortrinn, som i utviklinga av karbonfang og -lagring, fornybar kraft og grøn skipsfart, og i arbeidet for berekraftige verdshav.
• Løfta fram fem hovudmål i utviklingspolitikken: kutta klimautslepp og ta verna om natur, motverka ulikskap, gje fleire kvinner rett til å bestemma over eigen kropp, stilla opp med
humanitær nødhjelp og motarbeida smittsame sjukdomar.
• Motarbeida innskrenkinga av menneskerettar og folkestyret og kjempa mot folkeretts- og menneskerettsbrot, uansett kvar dei måtte finna stad.
• Vera ein pådrivar for å gjera FN-systemet sterkare, meir effektivt og representativt.
• Nytta handlingsrommet i EØS-avtalen maksimalt gjennom medverknad tidleg i avgjersleprosessar og ved å gjennomføra kraftfulle tiltak for eit organisert arbeidsliv.
• Utvida og fordjupa nordisk samarbeid innan sikkerheitspolitikk, økonomi, teknologi, klimapolitikk og infrastruktur.
• Sørga for at Noreg tar ei leiande rolle i det internasjonale arbeidet for å motarbeida ulovleg kapitalflyt og skattesvik.
• Auka den totale forsvarsevna til Noreg ved å styrka og vidareutvikla vårt eie nasjonale forsvar, NATO-alliansen og samarbeid med enkeltallierte.
• Gjennomføra ein ambisiøs opptrappingsplan for å få fleire tilsette og vernepliktige i dei operative ledda i Forsvaret.
• Styrka forsvarsevna i Nord-Noreg med relevante bidrag frå alle forsvarsgreiner.
Nå er det vanlege folk sin tur
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10400. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.