Valgprogram · 1936
Politisk program til stortingsvalet 1936
Ingen partitilknytning · 415 ord
Politisk program til stortingsvalet 1936.
Vedteke på årsmøtet i Noregs Mållag i Oslo 3. og 4. januar 1936.
Det norske målet skal verta atterreist til einaste riksmålet i landet. Difor krev me:
I.
a. Alle må få høve til turvande upplæring i nynorsk. Difor må skuleverket verta skipa slik at det vert høve til full upplæring på alle steg i utdaningi. Dette gjeld ikkje minst fagskulane og etatskulane. Prøve i nynorsk ved høgskulane for alle som vil inn i statstenesta og ikkje hev vitnemål frå fyrr um at dei er kunnige i nynorsk. Det må krevjast at ingen vert tilsett i norske embete utan at han hev skrive minst eitt av svari på uppgåver til embetseksamen på nynorsk.
b. Vern um norsk folkemål i skulen. Lojal gjenomføring av vedtaket um at borni skal bruka sitt eige talemål i skulen. Ein må so snart råd er få slik skipnad at abc og lesebøker i småskulen på bygdene må vera på norsk mål. I alle folkeskular skal det vera noko skriftleg upplæring i nynorsk.
c. Statsstønad til dei høgre skulane må verta skift ut slik at det vert gjeve naudsynt statstilskot til nye millomskular og gymnas med nynorsk til upplæringsmål i alle fylke der det trengst.
d. Riksmaktene må gjeva naudsynleg hjelp til å få ut lærebøker og handbøker på nynorsk for skular og høgskular og stydja nynorsk ved kulturløyvingar elles òg.
II.
a. Fyresegnene um målbruk i statstenesta må verta utbygde og sette fullt i verk. - I centralstyringi og i krinsar med nynorsk styringsmål må det berre verta tilsett og framflutt embets- og tenestemenn som hev synt at dei fullt ut meistrar nynorsk i den skriftlege tenesta.
b. Nynorsken må få eit høveleg rom i styringsverket for dei landslutene som hev sagt seg nøytrale i målspursmålet.
c. Ved tilsetjing av prestar skal det verta teke kyrkjelege umsyn, so det vert tilsett nynorsktalande prestar i byar og bygder der det er mange som ynskjer gudstenest på nynorsk, serleg ved dei kyrkjene som kringkastingi nyttar mest.
III.
Nye lover skal til vanleg verta gjevne på nynorsk. Riksstyret må gjeva nynorsken større rom i fyrelegg for Stortinget. Sterkare arbeid med å få eldre lover umset til nynorsk.
IV.
Etterkvart som kringkastingsnetet vert utbygt, må bruket av nynorsk i kringkastingi auka, so det svarar til kravi um nynorsk målbruk elles i landet.
V.
Arbeid med umvøling av riks- jordeboki må verta sett i gang, so ho snarast råd er kjem i samsvar med fyresegnene um skrivemåten av stadnamn.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10278. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.