Valgprogram · 1933
Målfolkets program
Ingen partitilknytning · 285 ord
Målfolkets program.
Vedteke på årsmøtet i Noregs Mållag på Hamar 7. og 8. januar 1933.
Det norske målet skal verta atterreist til einaste riksmål i landet. Difor krev me:
1. a. Lojal gjenomføring av dei fyresegner som er vedtekne um målbruk i statstenesta.
b. Nynorsken må få eit høveleg rom i styringsverket i dei landsluter som hev sagt seg nøytrale i målspursmålet.
2. Riksstyret må gjeva nynorsken større rom i fyrelegg for stortinget. Nye lover skal vanleg verta gjevne på nynorsk. Sterkare arbeid med umsetjing av eldre lover.
3. a. Skuleverket må verta skipa so det vert høve til full upplæring på nynorsk på alle steg i utdaningi. Dette gjeld serleg fagskulane og etatskulane.
b. Lojal gjenomføring av det gamle vedtaket at borni skal få bruka sit eige talemål i skulen. Større rett for nynorsken i folkeskular der bokmålet er hovudmål.
c. I millomskulen må det vera minst 2 timar nynorsk for vika og skriftleg prøve med serskild karakter til millomskuleeksamen. Til artium skal det skrivast tvo hovudstilar, ein på kvart mål med serskild karakter for kvar.
d. Statsstønaden til dei høgre skulane må verta skift ut slik at det vert gjeve naudsynt statstilskot til millomskular og gymnas med nynorsk til upplæringsmål i alle fylke der det trengst.
e. Prøve i nynorsk ved høgskulane for alle som vil inn i statstenest.
f. Riksmaktene må gjeva naudsynleg hjelp til å få ut lærebøker og handbøker på nynorsk for skular og høgskular.
4. Arbeidet for eit norskare namneverk held på som fyrr.
5. Ved tilsetjing av prestar skal det takast kyrkjelege umsyn, så det vert tilsett nynorsktalande prestar i byar der det er mykje norsklynd ungdom og andre som ynskjer gudstenest på nynorsk, serskilt ved kringkastingskyrkjone.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10277. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.