Valgprogram · 1927
Maalfolkets program
Ingen partitilknytning · 215 ord
Maalfolkets program.
Det politiske programmet aat maalfolket vedteke paa aarsmøtet i Noregs maallag i Sandefjord 5te januar 1927.
Det norske maalet skal bli atterreist til einaste riksmaal i landet. Difor krev vi:
Retten for det norske maalet i styringsverket maa bli utforma i aalmenn lov, soleis at umbodsmaktene aat folket faar avgjersla um styringsmaalet, kvar innanfor sin krins. I krinsar der norsk er styringsmaal, skal alle embets- og tenestemenn bli tilsette med plikt til aa nytta norsk i tenesta si. I sentralstyringa maa ingen bli tilsett eller framflytt utan han er fullfør i norsk.
Nye lover skal vanleg bli gjevne paa norsk.
Skuleverket maa bli skipa so at det blir høve til aa faa full upplæring paa norsk paa alle steg i utdaninga. Dette gjeld og fagskulane og etatskulane. Riksmaktene maa gjeve naudsynleg hjelp so skulane kan faa dei lærebøker og hjelpebøker som trengst paa norsk.
Statsstønaden til dei høgre skulane maa bli skift ut slik at det blir høve til aa faa ordinært statstilskot til eitt gymnas med norsk til upplæringsmaal i dei fylke som ikkje har noko offentleg landsgymnas. Det blir skipa ei norrøn artiumsline.
Reglement og kommando, lærebøker og munnleg upplæring i militærskular og paa øvingsstadane blir bygt paa norsk maal, og fyrebuing til dette maa straks bli sett i verk.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10275. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.