Valgprogram · 1915
Maalmannsprogram for vali 1915
Ingen partitilknytning · 117 ord
Maalmannsprogram for vali 1915.
Vedteke paa sendemannsmøtet i Norigs maallag 27. februar 1915.
Arbeidet med aa reisa det norske maalet held fram i denne leidi:
l. Stortingsvedtaket fraa 1885 um full rett for det norske maalet i skule og riksstyring maa verta gjenomført.
2. Landsens lover maa etter kvart verta gjevne paa norsk. Alle offentlege kontor skal etter kvart nytta norsk.
3. I alle vidaregaaende skular som staten driv eller gjev studnad, og i alle læreskeid for offentlege tenestemenn skal det vera upplæring og prøva i norsk.
4. Dei nye 4-aars-gymnas som me etter kvart skal faa, maa hava norsk til upplæringsmaal.
For jordbruks og andre fagskular for bondeungdom maa norsk verta upplæringsmaal snarast raad er.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10271. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.