Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 1912

Program for Norigs maallag

Ingen partitilknytning · 277 ord

Program for Norigs maallag.

Arbeidet med aa reisa upp att det norske maalet held fram etter dette programmet:

1) Loyal gjenomføring av odelstingsvedtaket av 1878 um talemaalet i skulen, av stortingsvedtaket av 1885 um like rett for norsk og norsk-dansk og av loverne for maalet i skulen.

2) Rett for born og lærarar til aa bruka folkemaalet i talen i alle offentlege skular.

3) Brigde i dei fyresegnerne, som no gjeld um dei tvo maali, bør gaa i den leid, at det vert so stor personleg fridom i maalvegen, som samhøveleg er med det nasjonale samheldet.

4) Fireaarige gymnas uten millomskuleeksamen serleg med umsyn til landsungdomen.

I tillæg til dette program og til nærmere forklaring av det blev vedtat følgende resolutioner:

1) Jamstelling av norsken og norsk-dansken maa føra til: 1) At dei offentlege styregreiner etter kvart kann bruka båe maal, so folk, som skriv til dei, kan faa svar paa det maalet dei spør i. 2) At brev og rundskriv fraa offentlege kontor vert utsende anten i baae maal eller sumtid i det eine og sumtid i det andre maalet. 3) At blankettar av alle slag vert aa faa i baae maal.

2) Naar spursmaalet um aa brigda maalparagrafen i folkeskuleloverne kjem fram, bør riksmagterne gjera sovore brigde: 1) At skulestyret skal skipa mindretalsskular, der det er raad aa faa slike skular utan nemnande meirutlegg for stat og kommune. 2) At skulestyret skal retta seg etter avrøysting i krinsen um hovudmaalet i skulen, der det ikkje er skipa mindretalsskular. 3) Ved dei høgare stats- og kommunale skular der det vert skipa parallelklassor, skal dei skipa heilnorske klassor straks det melder seg mange nok til dei.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10270. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.