Valgprogram · 1981
VENSTRES ARBEIDSPROGRAM 1981-1985
Venstre · 23 998 ord
«bompenger» er markert i 0 avsnitt. Fjern markering
VENSTRES ARBEIDSPROGRAM
1981 - 1985
I. VENSTRE - GRUNNSYN OG REFORMPROGRAM
VERDIGRUNNLAG
Venstre er eit radikalt, liberalt parti som med utgangspunkt i kristne og humanistiske verdiar arbeider for fridom og likeverd for alle menneske og rettferd, mangfald og toleranse i samfunnslivet. For å sikre dette må alle menneske sikrast trygge materielle kår, rett til utdanning og arbeid, og rett til kulturell vekst. Dermed kan ein skape eit samfunn som er til gagn for einskildmennesket, og med det for heile samfunnet. Venstre set mennesket i sentrum.
Venstre er ubunde av klasse- og gruppeinteresser. Derfor kan Venstre vere med og jamne ut motsetnadene i samfunnet og vil i alle rettkomne interessekonfliktar stå på dei svake og undertrykte si side.
Med kravet sitt om eit samfunn i jamvekt representerer Venstre eit alternativ til både sosialistisk og kapitalistisk vekstpolitikk. Siktemålet må vere å føre så mykje som mogleg av produksjonen og forbruket vårt over på dei fornybare naturressursane, og å nytte ut desse så langt dei toler, utan å minke den avkastingsevna dei kan ha i framtida.
SAMFUNNSANALYSE
Venstre er eit reformparti. Venstre ønskjer å endre viktige utviklingstrekk i samfunnet vårt ved hjelp av reformar. Dette tyder at vi trur på at vi steg for steg kan kome over i eit samfunn som betre tek vare på dei liberale grunnverdiane. Grunnlaget for Venstre sitt reformprogram er ei samfunnsanalyse som syner kvar det er størst trona for reformar.
Gapet mellom rike og fattige i verdssamfunnet, den rike verda si rovdrift på naturressursane og den sterke vekt på materiell vekst er etter Venstre sitt syn eit trugsmål mot livsvilkåra for komande generasjonar og er eit brot med dei fridoms- og rettferdsideala som Venstre står for. Venstre ser det som avgjerande for mennesket si framtid at det blir lagt om til ein ny kurs, slik at kravet om rettferd og til balanse mellom tilgang på og bruk av ressursar vert sett over omsynet til sterk økonomisk vekst og materiell framgang for dei rikaste på jorda. Venstre vil stå fast på demokratiet og motverke sentralisering som undergrev einskild- mennesket sin innverknad og det kulturelle mangfald i landet vårt.
Utviklingstrekk
I etterkrigstida har vi i landet vårt hatt ein sterk materiell vekst.Dette har sikra rimelege levekår for breie folkegrupper, men det er viktige sider ved denne utviklinga Venstre reagerer på.
Noreg er part i ein verdsøkonomi som i stor grad er basert på dei rike landa si utbytting av den fattige verda. Størstedelen av folka på jorda lir av svolt og underernæring og manglar elementære menneskerettar. Dei manglande framskritta i dei fattige sine levekår representerer ikkje berre ei menneskeleg tragedie, men er og eit trugsmål mot freden.
Veksten i forbruket vårt har ført med seg rovdrift på naturressursar både i vårt eige land og hos andre. Energikrise gjennom fleire år er eit varsel om at det er ei grense for kor lenge vi kan halde fram med denne politikken. Venstre har peika på at ein alternativ politikk må få konsekvensar for forbruksveksten.
Ei anna side ved samfunnsutviklinga i landet vårt er mangelen på stabilitet i økonomiske tilhøve. Over ein relativt kort periode i historia vår - etterkrigstida - har vi hatt enorme endringar i næringsmønsteret og i bustadmønsteret. Omfanget av og tempoet i desse strukturendringane synes framleis å auke. Dette fører med seg at folk ofte må skifte jobb, flytting og pendling. Misbruk av oljen og oljeinntektene vil forsterke dette mønsteret.
Mangel på stabilitet på arbeidsmarknaden forplantar seg raskt inn i sosiale tilhøve. Etablerte lokalsamfunn er revne frå kvarandre, medan nye bumiljø utan sosial tilknyting er bygd opp. Vi må vedkjenne oss at vi ikkje har makta å hanskast med dei sosiale problema som har kome med nye busetnadskonsentrasjonar. Dette krev både ein ny bypolitikk og at vi må motverke sjølve sentraliseringa. Større stabilitet i næringsstrukturen er grunnlaget for å oppnå det, og dette krev igjen ei stabilisering av for bruksutviklinga for dei fleste.
Fordelingsproblema er enno ikkje løyst. Store grupper fell utanfor dei ordningane vi har laga for å sikre utjamninga av velstanden. Eit eksempel på dette ser vi av butilhøva for eldre i delar av dei største byane våre. Det må gjerast endringar i fordelingssystemet for at desse vanskelegstilte også skal få sin del av velstanden. Mange minoritetsgrupper har ikkje fått trygga rettane sine. Jamstelling mellom kvinner og menn har heller ikkje nådd langt nok i samfunnet enno.
Mange snakkar om krise i demokratiet. Grunnen til dette er ei aukande kjensle av avmakt i høve til dei store trekka i utviklinga. Det er vanskeleg å halde oversikt over eit sentralisert og komplisert samfunn. Det kan vere eit trugsmål mot folkestyret at vi får ei stadig sterkare samanvaksing mellom den sentraliserte forvaltinga og dei store organisasjonane. Samstundes er den offentlege forvaltinga i seg sjølv i ferd med å bli så komplisert at svake grupper som det offentlege skal forsvare, ikkje når fram. Når vi fremjer viktige offentlege reguleringar, må vi legge vekt på å sikre hovudlinene og ikkje legge opp til detaljstyring. Det er samstundes for liten folkeleg aktivitet rundt dei demokratiske organa, og desse organa har til no i for liten grad teke opp dei grunnleggande utfordringane vi står andsynes.
Når det gjeld dei kulturelle sidene ved utviklinga, meiner Venstre vi må tenkje nøye over den aukande kommersialiseringa. Kulturell eigenaktivitet vert erstatta av passivitet og eit forbrukartilhøve til kultur. Kontakt med andre land og kulturar er ein naudsynt del av kulturpolitikken, men samstundes må lokale og nasjonale kulturelle særdrag verte tekne vare på. Venstre ønskjer å ta opp desse utfordringane med sikte på å skape ei anna utvikling. Vi må då ha klart for oss drivkreftene i utviklinga vi no har.
Drivkrefter
Sterke drivkrefter i denne utviklinga synest å ligge i dei økonomiske tilhøva. Dei er nær knytta til vekstøkonomien sine generelle trekk. I Noreg har styresmaktene og dei store einingane i næringslivet gått saman om å skape ein økonomisk vekst som har gått ut over viktige samfunnsmessige verdiar. Det er derfor behov for reformar som skil seg frå dagens vekstpolitikk og som sikrar ei økonomisk utvikling som betre tek vare på desse breiare samfunnsmessige målsettingane.
Med verksemda i Nordsjøen som drivkraft stig lønningane og prisane ukontrollert. Dette fører til store problem for det tradisjonelle næringslivet vårt. Ei rekke verksemder og arbeidsplassar står i fare for å gå tapt. Utviklinga mot ein økonomi som er sterkt bunde til oljen, gjer at inntekts- og levestandardsutviklinga må dekkast med auka oljeinntekter. Dette tyder at vi lever over evne.
Noreg har ein svært open økonomi og er derfor sterkt avhengig av internasjonale økonomiske tilhøve. Store delar av næringslivet vårt opererer i hard konkurranse med utlandet. Dette set sterke skrankar for handlefridomen vår dersom vi ikkje vil gripe inn i handelstilhøva.
Ei anna viktig drivkraft er utviklinga på det teknologiske område. Det skjer stendig store teknologiske nyvinningar internasjonalt. Næringslivet er under stendig press for å ta i bruk den mest effektive teknikken. Det siste eksempelet på dette er mikroprosessoren. Ukontrollert bruk vil føre til store endringar i arbeidslivet.
Desse økonomiske tilhøva formar den samfunnsutviklinga vi får i Noreg, men vi treng ikkje vere bundne til blinde krefter. Vi kan gripe inn andsynes desse drivkreftene i utviklinga vår.
Trekanten i norsk politikk
Når politikken skal utformast, er det viktig å vere klår over at ulike grupper i landet har ulike interesser i den økonomiske og sosiale utviklinga. For å få ei betre forståing av partipolitiske skiljeliner enn det den tradisjonelle to-delinga mellom sosialistar og borgarlege gjev, meiner Venstre at det er fruktbart å syne fellesskap og konfliktar i det norske samfunnet ved hjelp av ein trekant med raude, blå og grøne interesser.
I denne trekanten står Venstre fram som ein forsvarar av dei grøne interessene. Dei er først og fremst karakterisert ved små einingar i produksjon og busetnad og forsvar av miljø-verdiane. Framveksten av den breie miljørørsla i 70-åra har vore ein stor stimulans for Venstre. Dei grøne interessene har vore knytta til å ta vare på menneskelege miljø i byane og halde oppe bygdesamfunna våre og å trygge dei små og mellomstore verksemdene. Desse interessene har i stor grad vore taparane i den einsidige vekstøkonomien etter krigen. Venstre ser det som ei hovudoppgåve å sikre desse verdiane ved større stabilitet i næringsutvikling og busetnadsmønster.
I arbeidet for eit nytt samfunn, meiner Venstre det er viktig å legge vekt på sentrale verdiar som omsorg for andre, solidaritet og fridom.
REFORMPROGRAM FOR EIT SAMFUNN I JAMVEKT
Venstre søker å mobilisere ein folkeopinion for å endre staten sin politikk og for at staten i større grad skal forsvare dei svake gruppene sine interesser. Venstre sine idear må ha ei sterk stilling i opinionen for å kunne bli gjennomført.
Venstre legg fram retningsliner og reformar partiet vil arbeide for. Desse reformane er naudsynte for å stogge dei negative utviklingstrekka og for å legge om kursen til ein jamvektsøkonomi. Vi har lagt vekt på å fremje programområda sysselsettingspolitikk, helse- og sosialpolitikk, folkestyre/byråkrati og bustadpolitikk. Ut over dette legg Venstre fram ein detaljert politikk for alle område av samfunnslivet.
Økologiske retningsliner
For å nå fram til økologisk jamvekt, vil Venstre følgje desse overordna retningslinene:
- utnytte og ta vare på krinsløpressursane, slik at grunnlaget for fornying vert halde ved lag og slik at ein kan stanse rovdrifta
- avgrense uttaket av lagerressursar, med stabilisering av forbruket under det nivå vi har i dag
- stabilisere energiforbruket i landet innan 199O.
Politiske retningsliner
Dei økologiske retningslinene set ramme for næringsutvikling og samfunnsutvikling. Dei set med det og krav til ein ny kurs på desse områda:
- arbeid for alle
- sjølvberging av matvarer med minst 60 prosent innan 1990
- gjere oss mindre bundne av internasjonale konjunkturar
- jamne ut økonomisk og politisk innverknad mellom einskildpersonar, folkegrupper og distrikt
- halde oppe det noverande busetnadsmønsteret med forankring i lokalt næringsliv
- sikre mangfaldet i næringsstrukturen vår
- styrke den nasjonale kontrollen over produksjonen i landet vårt
- trygge den nasjonale og lokale kulturarven og motverke kommersialiseringa
- styre den teknologiske utviklinga i retning av auka vekt på desentralisert produksjon.
Desse retningslinene vil gje oss ein kurs bort frå den einsidige vekstøkonomien.
Reformar
1. Pris på ressursbruk
Styresmaktene må påverke sysselsetting og næringsutvikling ved å endre prisen på arbeid, maskinar og energi som vert bruka i verksemdene. For det første må det settast prisar på bruk av naturressursar gjennom mellom anna bruk av avgift. For det andre må energiprisen aukast for å stimulere til sparing av energi. For det tredje må prisen på arbeidskraft reduserast i høve til prisen på teknologi og energi. Dette kan gjerast ved å redusere arbeidsgjevaravgifta, endre investeringsavgifta, endre avskrivingsreglar og mindre rentesubsidiar frå statsbankane.
2. Inntektsutjamning
Venstre går inn for å stabilisere forbruksnivået. Ein politikk for å stabilisere forbruket, krev ei anna fordeling og inntektsutjamning, fordi for store skilnader i levestandard alltid vil føre til krav om vekst. Venstre meiner også at skeiv fordeling av inntekter må rettast opp ut frå reine rettferdsomsyn. For å sikre ei rettvis fordeling av inntektene går Venstre inn for å bygge ut minsteinntektsordningar på basis av folketrygda og ei stabilisering av inntekta til dei som tener mest.
Venstre vil arbeide for å fange opp dei store gruppene som i dag fell utanfor utjamningssystemet - både blant dei svakaste og dei sterkaste i samfunnet vårt.
3. Forbrukarpolitikk
Venstre vil ha eit skattesystem som legg skatt på forbruk framfor innsats, og vil derfor støtte ein overgang frå direkte til indirekte skattlegging. Det må leggast om frå meirverdiavgift til omsetnadsavgift. Dette vil gje mindre høve til å snyte skatt og gjere det mogleg å legge ulike avgifter på ulike typar varer. På denne måten vil Venstre gå inn for å sikre rimelege prisar på naudsynte varer, og samstundes auke prisane på luksusforbruk. Ein slik politikk vil også gje ei meir rettvis inntektsfordeling.
Venstre går ikkje med på at inntektsskatten vert skjerpa som ein automatisk følgje av inflasjonen. Skal skatten skjerpast, må Stortinget gjere positivt vedtak om dette. Venstre meiner derfor at inntektsskatten til staten bør vere inflasjonskorrigert.
4. Lågtlønsfond
Inntektsoppgjera dei siste åra har ikkje løyst lågtlønsproblemet og dei har fremma ei strukturrasjonalisering som til dels har vore uheldig. Heller ikkje skattepolitiske tiltak har motverka dette i særleg grad. Venstre går derfor inn for eit lågtlønsfond som overfører pengar mellom dei einskilde verksemdene og bransjane. Folkevalde organ må ha styringa med fondet, og det må vere ein del av den økonomiske politikken. Fondet må sikre rimelege lønningar i lågtlønsverksemdene som vi ønskjer å halde oppe, og det må ikkje undergrave eksistensen til dei arbeidskraftintensive verksemdene.
5. Handelspolitikk
Venstre meiner at norsk handelspolitikk må leggast om for å møte ønsket om eit sterkare nordisk samarbeid, krava om ei ny økonomisk verdsordning og ønsket om handlefridom i norsk økonomisk politikk.
6. Olje og nasjonal kontroll
Valet vårt av utvikling i oljesektoren vil vere avgjerande for samfunnsutviklinga i Noreg fram mot år 2000. Venstre er redd for ei utvikling i retning av ein Kuwait-økonomi i Noreg. Bruk av oljeinntektene kan føre til at staten gjer seg ubunden av dei andre næringsinntektene. Dette kan føre til ein statskapitalisme vi ikkje er tent med. Sterk bruk av oljeinntektene kan føre til ei monopolisering både i privat og offentleg næringsverksemd. Venstre vil arbeide mot dette, og går inn for å avgrense oljeverksemda. Oljeverksemda må ikkje i noko høve bli større enn 50 millionar tonn olje-ekvivalentar pr. år. Dette er ein føresetnad for å minske oljeinntektene og presset til å bruke desse innanlands. Det bør sikrast norsk kontroll over større industriverksemder som i dag vert styrt frå utlandet.
7. Bank- og kredittpolitikk
Gjennom statsbankane har det offentlege styring med størstedelane av kredittstraumane i landet. Dei må særleg brukast til å tryggje mangfaldet i næringslivet vårt og verksemdene i distrikta. Venstre går inn for å styrke regionbankane og dei mindre sparebankane med gunstige ordningar i samsvar med mellom anna kredittlova.
8. Kommunane og fylkeskommunane sin økonomi
Venstre vil føre fleire arbeidsoppgåver over til kommunane og fylkeskommunane og vil derfor styrke deira økonomi gjennom skattepolitikken. Minstekravet må vere at kommunar og fylkeskommunar får att det halve skatteøret dei ga frå seg til skattefordelingsfondet frå 1979, slik at kommuneskatten på nytt vert 14 prosent og fylkesskatten 8 prosent. Til skattefordelingsfondet blir det då 1 prosent fellesskatt og overføring frå staten. Denne styrkinga av kommunane og fylkeskommunane sin økonomi skjer ved å redusere staten sine skatte- og avgiftsinntekter tilsvarande.
Venstre vil få vurdert ei ordning der kommunesektoren får all direkte skatt og at staten får den indirekte skatten.
II. VÅRT TILHØVE TIL ANDRE LAND
Innleiing
All politikk må i dag ha verdssamfunnet som perspektiv. Manglande rettferd i fordelinga av mat og andre ressursar er det alvorlegaste problemet ved sida av dei kjernefysiske våpna og trugsmålet mot den økologiske balansen og ressursgrunnlaget.
Noreg må ta aktivt del i den internasjonale kampen for større rettferd og mot politisk, økonomisk og andeleg undertrykking. Utanrikspolitikken må ikkje berre ha som siktemål å verne våre eigne interesser.
For å bryte dominansen til supermaktene og dei internasjonale selskapa i verdspolitikken, må Noreg og Norden vere aktive for å få til samarbeid mellom mindre land. Måla må vere rettferd, fred og verkeleg nedrusting.
VÅR TRYGGLEIK
Målet for forsvars- og tryggingspolitikken vår er å sikre fred og nasjonal fridom og vere med å sikre ei fredelig utvikling i verda. Tryggleiken vår er sterkt prega av tilhøvet mellom supermaktene, samstundes som gapet mellom rike og fattige land vert eit stendig stigande trugsmål for at Noreg skal bli dregen inn i ein konflikt som har sitt utspring i andre delar av verda.
VENSTRE vil:
- gå inn for at medlemskapet vårt i NATO skal halde fram til ein kan kome fram til ei fullnøyande all-europeisk tryggingsordning under FN og gjensidig avvikling av militærblokkene
- gå mot at NATO utvidar arbeidsområdet sitt til å omfemne geografiske område utanfor dei noverande medlemslanda og til andre saksområde enn forsvars- og tryggingspolitikken
- at Noreg skal vere budd til å stø FN sitt arbeid for fred også ved å stille fredsstyrkar til rådvelde.
EIT BETRE FORSVAR
Venstre ønskjer eit sterkt, konvensjonelt og defensivt forsvar som er bygd på eit forpliktande samarbeid innan NATO-alliansen. Eit slikt forsvar må byggje på folk sin vilje til å forsvare seg og på ein fornuftig bruk av norske ressursar. Totalforsvaret må trekkast sterkare inn i beredskapen vår. Vi må gjere oss mindre sårbar ved større satsing på enkel teknologi, større lokal sjølvberging av mat, energi og produksjonsmidlar. Forsvaret vårt må i tråd med dette gjevast eit nytt og meir omfemnande innhald.
Forsvaret av landet vårt må fremje avspenning i vår del av verda. Det må ikkje treffast tiltak som svekkjer innhaldet i den fastlagte atom- og basepolitikken vår, og med det auke faren for bruk av atomvåpen på norsk jord. Noreg må styrke innsatsen sin for avspenning, rustningskontroll og nedrustning. Vi må bli meire opne i debatten om forsvarspolitiske spørsmål.
VENSTRE vil:
- satse på mannskapsressursane, på mindre og mobile einingar og ei desentralisert oppbygging av forsvaret med større vekt på enklare våpensystem, særleg panservernutstyr og utstyr til nærforsvar av flyplassane
- nytte ut dei naturgjevne fortrinna betre ved større mobilitet og større grad av mobilisering i tilknyting til lokalsamfunnet
- vurdere å gå over til kortare førstegongsteneste og oftare repe- tisjonsøvingar for å styrke mobiliseringsforsvaret
- styrke heimevernet sin plass i forsvaret, mellom anna ved å gje det betre panservern
- satse på organisert sivil beredskap og opplæring i ulike former for sivil motstandskamp
- gje alle som av alvorlege overtydingsgrunnar ikkje kan ta del i det militære forsvaret høve til anna teneste utan tillegg i tenestetid og helst med fredsrelevant teneste
- gå mot kvinneleg verneplikt.
AVSPENNING OG NEDRUSTING
Den sterke opprustinga og det spende tilhøve mellom supermaktene har gjort eit trugsmål om ein altøydande krig i verda meir reell.
For Venstre er det eit overordna mål å minske faren for at ein slik krig kan bli røyndom. Dette stiller krav til ein ny og meir aktiv norsk utanrikspolitikk. Avspenningspolitikken mellom aust og vest må halde fram og verte gjeve eit nytt innhald. Dei små og mellomstore statane i Europa har eit særskilt ansvar for å gje denne politikken eit innhald som og fører til ei reell militær styrkenedbygging mellom aust og vest.
Etter Venstre sitt syn fins det ikkje noko alternativ til ein politikk som legg avgjerande vekt på avspenning og auka kontakt og samarbeid mellom landa i Europa.
VENSTRE vil:
- legge særleg vekt på å styrke dei kulturelle, økonomiske og politiske sambanda med mindre land i aust- og vest-Europa
- bruke medlemskapen vår i NATO-alliansen også til aktivt arbeid for å bygge ned styrkane i Europa og mellom stormaktene
- gå mot stasjonering av atomvåpen på norsk territorium
- gå mot basar for framande styrkar på norsk jord i fredstid
- styrke arbeidet med all-europeisk samarbeid og tryggingstiltak innafor ramma av Konferansen for tryggleik og samarbeid i Europa, og arbeide for at alle statar som underteiknar Helsingforserklæringa, skal leve etter denne, og særleg avtalen sitt punkt om rettane til einskildindividet
- styrke arbeidet for nedrusting og rustingskontroll ved sterk auke i løyvingane til forskings- og informasjonsverksemd
- arbeide for atomvåpenfrie soner med sikte på eit atomvåpenfritt Europa, om mogleg innan ramma av arbeidet for all-europeisk tryggleik og samarbeid (KSSE)
- gå inn for streng oppfølging av reglane for norsk våpeneksport.
EI NY VERDSORDNING OG UTVIKLING FOR DEI FATTIGE
Det aukande gapet mellom fattig og rik i verdssamfunnet er noko vi ikkje kan godta, korkje frå ein moralsk, politisk eller sosial synstad. Noreg dreg i dag på mange måtar føremon av det urettvise verdssystemet. Krava frå dei fattige landa om grunnleggande endringar i verdsøkonomien til føremon for dei, gjeld derfor også Noreg direkte.
Norsk utanrikspolitikk må ha som eit av sine hovudmål å stø prinsippa i ei ny økonomisk verdsordning. Krava om ei slik nyordning kan berre realiserast dersom dei rike industrialiserte landa sjølv er viljuge til å endre sin økonomiske politikk. Internasjonal solidaritet må tyde at fleirtalet i dei rike landa gjev avkall på å kunne halde fram med å auke forbruket sitt.
VENSTRE vil:
- stø u-landa sitt krav om full råderett over eigne ressursar og rett til å skipe råvaresamanslutningar for å betre posisjonen sin
- gje dei fattige landa betre høve til særhandsaming på handels-, finans- og industriområda. Den noverande maktfordeling og utviklingspolitikk i generelle avtalar for handel og toll (GATT), Det Internasjonale Pengefondet og Verdsbanken, må endrast til føremon for utviklingslanda
- at prinsippet om nasjonal rett til å utvikle eigen sjølvbergingsevne så langt evner og ressursar tillet det, må slåast fast i rettane for internasjonalt handels-, valuta- og u-hjelpssamarbeid
- at Noreg, først og fremst i samarbeid med andre industriland med same syn, tek skritt for å sette ut i livet prinsippa i UNCTAD sitt program for å stabilisere prisane på råvare frå og med 1982 sjølv om det innan dette tidspunkt ikkje er oppnådd semje om dette.
VÅR U - HJELPSPOLITIKK
I tråd med ansvaret vårt for å få til ei meir rettvis verdsordning, må u-hjelpa til dei fattige landa trappast kraftig opp i åra som kjem. Målet for u-hjelpa vår må vere å skape grunnlaget for at u-landa ikkje vert så avhengig av dei rike landa, at dei vert meir sjølvstendig og får ei sosialt forsvarleg utvikling. U-hjelpa frå Noreg må gjevast eit innhald som fremjer desse måla.
U-hjelpa bør i hovudsak gå til dei fattigaste landa og til dei av desse som fører ein politikk som kjem dei breie laga av folket til gode.
VENSTRE vil :
- auke dei offentlege overføringane til utviklingslanda slik at dei i 1985 vil vere minst 1,7 prosent av bruttonasjonalproduktet
- at utviklingshjelpa særleg tek sikte på å betre kåra til barn og kvinner i dei fattigaste landa
- gå inn for at det vert utarbeidd eit regelverk for korleis norsk næringsliv skal engasjere seg i utviklingsland og å sikre at det skjer i utviklingsfremjande former, og hindre ei aukande kommersialisering av u-hjelpa
- auke støtta til kyrkjelege og andre friviljuge organisasjonar sitt utviklingsarbeid i dei fattige landa
- tilby utviklingslanda ein teknologi som er tilpassa behova deira særleg med tanke på å fremje sysselsettinga
- auke den norske humanitære støtta til frigjeringsrørslene i den tredje verda
- at u-hjelpa vår til dei afrikanske randstatane også skal ha som siktemål å gjere desse landa mindre avhengig av Sør - Afrika-republikken
- gå inn for økonomisk boikott av Sør-Afrika til det er innført fleirtalsstyre i landet og Namibia har fått sitt sjølvstende
- syne solidaritet med dei som lir under politisk, økonomisk og åndeleg undertrykking, mellom anna gjennom auka flyktningshjelp og anna humanitært hjelpearbeid
- vurdere valget av hovudsamarbeidsland i lys av prinsippa for norsk u-hjelpspolitikk
- gå inn for eigen konsultativ statsråd for u-hjelpsspørsmål
SAMARBEIDET MED ANDRE INDUSTRILAND
Samfunnet vårt og økonomien vår er sterkt retta utover, noko som gjer at endringar i andre land ofte i stor grad kan gjere det vanskeleg
realisere måla for politikken og for samfunnsutviklinga i Noreg. Venstre meiner at ein nå må sjå nærare på føremoner og ulemper ved ein så open økonomi. Freistnader på å løyse den internasjonale økonomiske krisa ved å halde fram med ressurskrevjande vekstpolitikk, går på tvers av Venstre sin jamvektspolitikk.
Noreg må framleis ta aktivt del i det internasjonale samarbeid om felles mål. Men den internasjonale handelen og arbeidsdelinga mellom nasjonane må verte underordna dei måla Venstre har for samfunnsutviklinga, både for det nasjonale og det internasjonale samfunnet.
Gjennomføringa av prinsippa i ei ny økonomisk verdsordning krev inngrep i det internasjonale handelssystem vi har i dag. Nasjonale ressursomsyn, distriktspolitiske målsettingar og ønsket om ein størst mogleg nasjonal sjølvbergingsevne i ein konfliktssituasjon er grunnar som gjer at vi må vurdere desse spørsmåla nøye.
VENSTRE vil:
- at vårt tilhøve til EF framleis skal byggjast på den handelsavtalen som folkeavrøystinga i 1972 la grunnlaget for
- at Noreg på lengre sikt må bli mindre avhengig av endringar i internasjonal økonomi ved å gjere oss mindre avhengig av eksport, spre handelen på fleire land og auke sjølvbergingsgraden ved å auke norsk produksjon av varer og tenester som vi no importerer
- at assosieringsavtalen med det internasjonale energibyrået (IEA) skal seiast opp og at vi i staden får ei fast konsultasjonsordning med Organi- sasjonen av Oljeeksporterande Land (OPEC) og IEA
- styrke den internasjonale kontrollen med forureining av luft og vatn mellom anna i form av forpliktande avtaler
- syne til det utkastet som ligg føre til traktat som eit første skritt i retning av eit internasjonalt regelverk for verksemda på havet og havbotnen. Venstre vil at Noreg skal arbeide aktivt for å utvide dette regelverket slik at ein vert betre i stand til å ta vare på desse ressursane basert på soner på 200 mil langs norskekysten og havområda rundt Jan Mayen og Svalbard.
NORDISK SAMARBEID
Nordisk samarbeid byggjer på eit vidtrekkande og naturleg fellesskap mellom grannar og har på mange område nådd langt. Venstre meiner likevel at det nordiske samarbeidet må byggast vidare ut. I ein ressurssamanheng og i høve til dei måla Venstre har sett for samfunnsutviklinga, er eit utvida nordisk ressurs- og industripolitisk samarbeid både eit naturleg og naudsynt skritt. Ulike tryggingspolitiske løysingar er ikkje til hinder for eit styrka fellesnordisk opplegg, også i ein vidare internasjonal samanheng.
VENSTRE vil:
- ta konkrete steg i retning av fastare energi- og industripolitisk samarbeid på det nordiske planet. På det industripolitiske område må det særleg satsast på verksemd som gjeld nøkkelnæringar som har distriktspolitisk interesse
- prioritere samarbeid på områda ressurs- og miljøvern
- utvide det kulturelle samarbeidet med mellom anna samnordiske radio og fjernsynssendingar og utvida utgjeving av litteratur på originalspråket
- styrke og effektivisere dei nordiske samarbeidsinstitusjonane
- legge særleg vekt på å styrke samarbeidet på Nordkalotten, og gje samane betre høve til sjølvstendig samarbeid for å styrke interessene sine
- utvide det nordiske samarbeidet om større utviklingsprosjekt i utviklingsland og styrke arbeidet med fellesnordisk engasjement i internasjonale forhandlingar, særleg i spørsmål om ei ny økonomisk verdsordning.
FRIGJERING OG VERN OM MENNESKERETTANE
I tråd med Venstre sine grunnleggande liberale tradisjonar, held Venstre fram kampen for menneskerettane. Politikken vår i 70-åra har gjeve dette arbeidet nye sider. Vern om ressursar og miljø og ein ny økonomisk politikk er naudsynt for å sikre desse rettane i eit moderne industrisamfunn.
Men rettane må også femne om sosiale tilhøve. Ingen kan nyte godt av politiske og kulturelle rettar dersom dei grunnleggande krava ikkje er sikra.
VENSTRE vil:
- arbeide for internasjonale tiltak som sikrar at grupper, som arbeider opent og ikkje-valdeleg, får eit rettvist høve til å påverke og ta del i den politiske prosessen i alle land
- arbeide for å styrke vernet om dei individuelle menneskerettane, mellom anna gjennom auka stønad til Amnesty International
- arbeide for at det palestinske folket får rett til eigen stat på Vestbredden og i Gaza-stripa. Staten Israel må få garantert sikre grenser. Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) må godkjennast som palestinarane sin representant i forhandlingar med sikte på ei fredleg løysing i Midt-Austen-konflikten
- auke den politiske og økonomiske stønaden til etniske minoritetsgrupper, mellom anna gjennom stønad til Verdsrådet for urfolk (WCIP) og Den internasjonale arbeidsgruppa for innfødte sine tilhøve (IWGIA)
- auke den humanitære og politiske støtta til representative frigjeringsrørsler mellom anna i Eritrea, til POLISARIO i Vest-Sahara, den SørAfrikanske frigjeringsorganisasjonen ANC og til motstandsrørsla i Afghanistan
- arbeide for å få bort tradisjonen med omskjæring av kvinner ved å gje stønad til kvinneorganisasjonar i u-land sitt arbeid med desse spørsmåla.
III. LIBERALE RETTAR OG PLIKTER
FOLKESTYRE - BYRÅKRATI
Innleiing
Samfunnet vårt har vorte stendig meir komplisert og mindre oversiktleg. Makta blir konsentrert hos dei få som har ressursar til å halde oversyn og folk flest får ei kjensle av avmakt ovanfor dei kreftene som avgjer utviklinga i samfunnet. Dette fører lett til at folk flest blir uinteresserte og passive, eller at oppfatningar og krav blir uttrykt gjennom aksjonar utanom dei vanlege styringsorgana. Venstre meiner at retten til sakleg samfunnskritikk er ein grunnleggande rett som må sikrast. Demokratiet si framtid kan berre verte trygga gjennom eit aktivt folkeleg engasjement innan dei demokratiske organa. Berre då vil demokratiet bli oppfatta som verkeleg av det store fleirtalet. Venstre vil arbeide for at den positive samfunnsinteressa som ligg bak folkelege aksjonar kiem til sin rett i styringsverket.
I eit velferdssamfunn må det offentlege spele ei aktiv rolle. Så viktige som dei offentlege styringsordningane er i dag, er det avgjerande at vi stendig tek dei opp til kritisk prøving. For å utvikle og halde ved like folkestyret, vil Venstre stimulere til auka opplysning og kunnskap om dei ulike sentrale felta innafor demokrati / byråkrati-spørsmåla. Forskingsinnsats kan her vere naudsynt. Forskinga må ha som mål å stimulere og vere til nytte for den allmenne politiske debatten, derfor må forskingsresultata gjerast lettast mogleg tilgjengelege.
Sentralisering - desentralisering
Utviklinga av eit moderne industrisamfunn har ført til auka sentralisering. Store einingar i produksjon og forvalting skaper avstand mellom dei som styrer og folk flest, og vert ei kjelde til vantrivsel og avmakt for den einskilde. Venstre vil arbeide for at avgjerdene vert tekne nærast mogleg dei det vedgjeng. Samstundes er vilkår over at ei desentralisering av styringsretten i visse høve kan gjere det vanskeleg å få til lik handsaming av grupper og individ. Viktige delar av det lokale miljø er forvalta av sentrale og sterkt spesialiserte instansar, som til dømes utbygging av vegar og bustader. Særskilt i slike saker som vedgjeng lokalmiljøet er det viktig å desentralisere avgjerdene. Venstre vil vurdere å overføre større avgjerdsrett til lokale organ i slike saker. Det kan mellom anna gjelde organisert kontakt mellom styresmaktene i fylke og kommune og grupper i bygdelag, bustadfelt, bydelar, kvartal og liknande.
Fullmaktslovgjeving
Stortinget vedtek i aukande grad lover som gjev vide fullmakter til administrasjonen, som må forfatte omfemnande føreskrifter - ofte i nært samarbeid med dei store organisasjonane. Det er ein fare for at eit toppsjikt innan eit fåtall store og leiande organisasjonar får urimeleg stor innverknad. Dette gjeld særleg for dei "tunge" sektorane som bank og kredittvesen, industri, handel, skipsfart og energi. Organiserte grupper innan desse sektorane, i samarbeid med forvaltinga, avgjer i høg grad korleis lovene skal verke i kvardagen.
I eit samfunn under utvikling er det på einskilde område bruk for den handlefridom som fullmaktslovene gjev, men det fører med seg ein fare for at viktige grupper av folket og deira synstader vert sett til sides. Dei gruppene som oftast vert sett til sides er dei eldste og dei yngste, kvinner, småbarnsforeldre og funksjonshemma. Desse har i liten grad høve til å påverke utforminga av føreskriftene til lover som vedgjeng dei sjølve. Venstre meiner det er naudsynt å redusere bruken av fullmaktslovgjeving. Når fullmaktslovgjeving skal nyttast, bør ein i større grad enn no sikre interessene også til dei svake gruppene i samfunnet.
Stimulerande lovpraktisering
Venstre meiner at forvaltinga skal legge meir vekt på stimulerande lovpraktisering i staden for dirigerande praktisering av lover. Barnehagelova er eit døme på ei lov som vert praktisert stimulerande, ved at lova gjev rom for varierte løysingar som er tilpassa dei lokale tilhøva.
Venstre ønskjer at fleire lover i større grad skal praktiserast fleksibelt og ikkje strengt dirigerande. Dette gjeld mellom anna konsesjonslova.
Organisering av den offentlege forvaltinga
Dei politiske målsettingane som ligg til grunn for forvaltinga har ofte ei generell form og er knytta til rammelover som forvaltinga må tolke, presisere og utfylle. Organiseringa av byråkratiet er derfor også eit styringsproblem som er heilt grunnleggande både for kva for oppgåver det offentlege skal ha innverknad over, og for korleis dei skal løysast.
Venstre meiner det er viktig å sjå byråkratiet i lys av dei forpliktingane samfunnet har til å løyse felles oppgåver. Ei rekke velferdspolitiske mål krev eit offentleg byråkrati, og det er viktig at sjølve organiseringa av byråkratiet er høveleg andsynes oppgåvene som skal
løysast.
Venstre ønskjer eit trygt samfunn, men også eit samfunn med mangfald og variasjon. Venstre kan derfor ikkje godta at det offentlege skal styre og kontrollere detaljar, men vil i staden at det offentlege skal legge vekt på å sikre at vesentlege politiske mål vert nådd. Dette vil i seg sjølv kunne gjere den offentlege kontrollen enklare.
Venstre meiner at målet må vere at offentleg forvalting skal stimulere til eigeninnsats og lekmannsskjønn på flest mogleg område. Dei svakaste gruppene i samfunnet ma få den hjelpa av forvaltinga som dei har krav på. Venstre vil styrke oppsøkande tenesteyting og rettleiing for desse gruppene.
Venstre vil arbeide for ei forenkling av den offentlege kontrollen innanfor mellom anna planlegging og bustadbygging. Husbankreglane bør gjerast enklare og bli meir fleksible.
Venstre vil og arbeide for ei forenkling av sakshandsaminga ved spurnader til det offentlege. Det bør gjerast til ein fast regel at det offentlege informerer om vidare saksgang og om dei rettane den einskilde har. Saksgang og skjemabruk må forenklast og talet på skjema må reduserast, særleg av omsyn til ressurssvake personar og mindre verksemder og organisasjonar.
For mykje og for lite byråkrati
Som følgje av lite målretta sektorinndeling er byråkratiet for stort og for komplisert på mange område. På andre område er byråkratiet for svakt utbygd. Det gjeld mellom anna natur- og miljøvern og einskilde sektorar som tek vare på dei svake gruppene sine interesser.
Det vil ofte vere overlate til den einskilde klient / brukar å ta initiativ for å få oppfylt visse rettar. For ressurssvake klientar vil det at det er naudsynt å etablere kontakt med fleire styringsorgan, med dokumentasjon i skjema, søknader o.l. vere vanskelege stengsler, og i praksis føre til at ein ikkje nyttar godene fullt ut. Dette er aktuelt i sosial- og helsesektoren, og for problem som er knytta til lokale miljø: bumiljø, trafikksituasjonar, utemiljø for barna o.s.b.
Inndelinga av offentleg forvalting i sektorar gjer i praksis at fleire organ har eit delansvar for spesielle sider av samme sak. I bysamfunna er dette kanskje særleg tydeleg. Medan dei fysiske sidene ved bysamfunna kan ha ei velorganisert forvalting (t.d. teknisk etat med ansvar for veg, vatn og kloakk), er dei sosiale konsekvensane av fysiske tilhøve (t.d. trafikkulukker, dårleg helse / slitasje på grunn av forureining, støy, stress, lange reiser) ofte underrepresenterte, ved at organ, bemanning og kompetanse for slike sider manglar heilt eller er svakt utvikla. Det gjeld ikkje minst dei organa som skal gripe inn i samanheng med fysiske tilhøve og sosialt liv. Dei organa som er tillagt ansvaret her er som regel planleggingsorgan, utan avgjerdsrett og ressursar som skal til for å gjennomføre løysingar.
Venstre meiner at det er naudsynt med ei kritisk gjennomgåing av byråkratiet sin storleik og organisering slik at det kan avdekkast kva område som har for mykje, og kva for område som har for lite byråkrati.
Utvikling av organisasjonsdemokratiet
Organisasjonsmessig styrke kan ofte vere ein avgjerande føresetnad for å fremje rettane og interessene til dei einskilde menneska. I dei seinare åra har vi opplevd at einskilde organisasjonar har styrka sin innverknad på norsk samfunnsliv og på det politiske miljøet. Det er berre eit fåtal store og ressurssterke organisasjonar som tek del i eit "organisert" og formalisert samarbeid med styresmaktene, 15 prosent av organisasjonane har 93 prosent av deltakinga. Med dette får einskilde store organisasjonar større makt enn dei små og svake organisasjonane. Sterke organisasjonar vil dessutan kunne medverke til å pulverisere det parlamentariske og konstitusjonelle ansvaret ved at organisasjonane gjev byråkratiet ryggdekning.
Dei svakaste i denne samanhengen er dei uorganiserte. For dei er det vanskeleg å hevde interessene sine innafor dette systemet. Fordelinga av goder og rettar i samfunnet må sjåast i samanheng med utviklinga av eit sentrum og ein utkant i organisasjonslivet.
Venstre ønskjer eit sterkt folkestyre, og meiner derfor at det politisk- administrative systemet må organiserast slik at dei folkevalde kan ta vare på dei sentrale prioriterings- og samarbeidsfunksjonane. Den stendig sterkare samanvaksinga mellom ei sentralisert forvalting og dei store organisasjonane kan verta eit trugsmål mot eit aktivt folkestyre.
Venstre vil ta opp til debatt kor vidt dei fast utbygde sambanda mellom forvaltinga og dei store organisasjonane er ein rett måte for å skape representasjon og forhandlingar. Venstre vil fremje tiltak som kan gjere det mogleg å få meir rettvise høve for grupper og individ til påverking og innverknad.
Spesialisering kontra generalisering
Spesialisering er eit allment trekk i heile samfunnet vårt, og problema som skal løysast blir gjerne delt opp i sterkt spesialiserte sektorar. Innafor kvar einskild sektor vert det utvikla ulike profesjonar. Denne utviklinga fører til auka byråkrati. Det er no naudsynt å drøfte kva for oppgaver spesialistane bør utføre og kva for oppgåver dei ikkje bør utføre. Ved å trekke slike grenser kan vi få folk til å sjå kva for område dei sjølv må ta ansvar for, og kva oppgåver dei sjølv må gjere.
Det vert stendig utdanna fleire spesialistar som skal dekke kvar sin vesle sektor. Venstre vil vurdere om det på einskilde område kan vere rett å utdanne "generalistar" som kan ha alminneleg godt oversyn over dei problema dei skal løyse. På den måten vil vi få eit klarare heilskapssyn og betre oversyn over sektorar som heng saman. Venstre meiner at dette kan gjere sitt til å fremje arbeidsmåtar som går over sektorgrensene, slik at det kan bli lettare for tilsette i offentleg forvalting å skifte saksfelt når det trengst.
I mange saker treng dei folkevalde fagleg ekspertise. Ekspertane vil vere informert tidlegare og grundigare enn dei folkevalde om viktige samfunnsproblem. Venstre vil vere på vakt mot at dette utviklar seg i retning av at ekspertane får monopol på viktig informasjon. Det er naudsynt å bygge opp alternativ ekspertise og alternative informasjonskanalar mellom ekspertane og folk flest. Venstre vil arbeide for at det vert meir opent og at det vert mindre ekspert-anonymitet i den offentlege forvaltinga, til dømes i utbyggingssakene. Opne høyringssystem kombinert med motekspertise vil betre kunne klarlegge kompliserte saksfelt før dei vert lagt fram til avgjerd i folkevalde organ.
Offentleg kontra privat innsats
Dei friviljuge organisasjonane og / eller privat initiativ er i mange høve eit godt alternativ eller supplement til offentleg innsats, til dømes innan idrett, kultur, i barne- og ungdomsarbeid og innan helse- og sosialsektoren. Venstre vil oppmuntre den einskilde til å utvikle ansvar for seg sjølv og andre. Eigenaktiviteten hos unge og vaksne må stimulerast og verte gjeve betre vekstgrunnlag, mellom anna gjennom stønad til friviljuge organisasjonar. Men Venstre meiner at det offentlege må ta ansvaret for å sikre likskap i tilboda mellom regionar og distrikt og mellom ulike lag av folket. Ikkje minst er det viktig at det offentlege sikrar dei ressurssvake gruppene sine interesser.
VENSTRE vil:
- forsvare dei liberale rettane for einskildmennesket, men og prøve å gjere klårt det ansvar og dei pliktene som einskildmenneske har i eit demokratisk samfunn og som krev aktivitet og deltaking
- styrke folkevalde styringsorgan slik at byråkratiet og sterke særinteresser og organisasjonar ikkje får stendig meir makt
- føre over meir avgjerdsrett og økonomiske ressursar fra staten til fylka og kommunane
- arbeide for at offentlege kontor skal bli betre til å hjelpe og rettleie folk
- arbeide for at folkevalde organ skal vere aktivt med på å velje ut ekspertar og organisasjonsformer når offentlege tiltak skal settast ut i livet, og at det vert gjort kritiske vurderingar av resultata
- forbetre og forenkle den offentlege kontrollen ved at vesentlege område vert kontrollert betre enn i dag, medan detaljreguleringane vert reduserte
- få ein gjennomgang av lovverket med sikte på å fjerne føresegner og reguleringar som ikkje er naudsynte
- arbeide for at det i større grad skal vere fristar for sakshandsaming og at det må bli færre og enklare offentlege skjema
- arbeide for meir open offentleg forvalting, mellom anna gjennom opne høyringssystem
- ta opp til debatt det representasjons- og forhandlingssystem som eksisterer i samfunnet i dag med sikte på å fremje ei meir rettvis deling av dei einskilde gruppene og individa sitt høve til å påverke avgjerdene
- stimulere og oppmuntre dei som er komne i pensjonsalderen til å halde fram i organ med avgjerdsrett
- innføre ei stortingsvalordning med utjamningsmandat, slik at alle røyster tel ved mandattildelinga og at mandattildelinga gjev eit rettvist uttrykk for valresultatet
- innføre høve til å gjennomføre bindande og rådgjevande folkeavrøystingar på riksplan, i fylka og kommunane
- innføre direkte val til bydels-/grendeutval med avgjeras- og rådgjevingsrett innafor visse område
- gje mindretalet i offentlege organ rett til i visse høve å kunne kreve at også deira alternative forslag til løysingar vert forsvarleg utgreidd
- forby forskjellsbehandling på grunn av seksuell orientering
- kjempe for alle menneske sine demokratiske rettar utan omsyn til politisk syn
- arbeide aktivt for å verne om ytringsfridomen
- sikre minoritetsgrupper klårare rettar og meir effektive kanalar til å fremje sine krav og rettar
- at samane skal få lovfesta sine rettar som urfolk og rett til å opprette eit folkevalt politisk organ
INNVANDRARANE
Innvandrarane er den gruppa som stiller svakast på dei fleste område i samfunnet vårt. Dei har ofte store problem med å få arbeid og høveleg bustad. Innvandrarane vert lett utsette for undertrykking, samstundes som dei har store problem med å lære norsk.
VENSTRE vil:
- at innvandringsstoppen skal handhevast rettvist
- at lova om rasediskriminering må handhevast
- sikre innvandrarane dei same rettane som nordmenn, og gje dei betre høve til å fremje krava og rettane sine
- innføre røysterett og gjere innvandrarar valbare ved kommune og fylkestingsval etter tre års samanhengande opphald i landet
- utvide den obligatoriske undervisninga i norsk språk og norske samfunnstilhøve for nye innvandrarar
- gje barna opplæring på deira eige språk og i deira eigen kultur
- utvide programtilbodet for innvandrarane i radio og fjernsyn
- gje meir generell opplysning om innvandrarane sin situasjon
- gje innvandrarane høve til betre å kunne ta vare på sin eigen kultur.
SIVIL ULYDNAD
I samfunnet vårt har vi i aukande grad vore vitne til at lovlege politiske avgjerder er blitt møtt med motstand og protestar som har gått over i sivil ulydnad. Eit demokratisk system krev respekt for fleirtalet sine vedtak. Men, styresmaktene og dei politiske partia må også ta alvorleg dei spørsmåla og problema som denne formen for politisk arbeid reiser.
Når lovlydige menneske ser seg tvungne til å ta i bruk sivil ulydnad og samstundes står fram og er viljuge til å ta ansvaret for det, ser Venstre det som eit alvorleg teikn på svake sider ved det politiske systemet vårt. Slike alvorlege konfliktar må føre til at partia er viljuge til å ta opp til drøfting det saklege innhaldet bak aksjonane.
VENSTRE vil :
- arbeide for at fleire einskildpersonar og grupper kan bli med i handsamingsprosessen i viktige spørsmål på eit tidlegare tidspunkt
- arbeide for å trekke fleire med i samfunnsgagnleg arbeid ved å desentralisere samfunnet
- arbeide for at bruk av "motekspertise" og alternative vurderingar av saker som gjeld omfemnande inngrep i lokalsamfunnet, skal få statleg stønad.
POLITI - RETTSVESEN
Verksemda til politiet må vere bygd på eit tillitshøve til publikum, og må derfor i størst mogleg grad knyttast til lokalsamfunnet og ha ei desentralisert oppbygging. Auka oppklaring og raskare sakshandsaming av kriminelle handlingar vil i seg sjølve verke førebyggjande. Politiet må få betre arbeidstilhøve.
VENSTRE vil:
- opprette bydelspoliti i større byar
- gå inn for styrking av politi- og lensmannsetaten både når det gjeld mannskap og utstyr, mellom anna for å få ei raskare oppklaring av lovbrot
- gå inn for desentralisering av politi- og lensmannsetaten
- oppretthalde juryordninga i lagmannsretten
- styrke utdanninga for fengselsetaten
- gå inn for reformar i kriminalomsuta som sikrar menneskeverdige tilhøve i fengsla, og gjer dei innsette betre førebudd på eit fullverdig liv etter soninga - styrke ordninga med Fri Rettshjelp
- styrke Kriminalomsorg i Frihet
- auke den kriminelle lågalderen til 16 år og samstundes bygge ut det sosiale hjelpetilbod
- utgreie alternativ til straff for ungdom
- senke den lågaste fengselsstraffa frå 21 dagar til 7 dagar og redusere bruken av varetektsfengsel
- at samfunnet skal ha eit klårt ansvar for ofra for vald og ran, slik at skadeverknadene på helsa, sosialt og økonomisk, vert minst moglege.
JAMSTELLING
Jamstelling - i tydinga like rettar for menn og kvinner - er felt ned i målsettingane for utdanning, kvinner og menn si stilling i familien, økonomisk politikk og ressurspolitikk, i lover, offentlege utgreiingar og erklæringar.
Målet for jamstellingsarbeidet er at kvinner og menn skal få like rettar og lik handsaming på alle område av samfunnslivet. Situasjonen i dag, når ein ser på arbeidslivet, er at kløfta mellom kvinnelønningane og mannslønningane har auka dei siste åra.
Dei særlege føremonene og belastingane som menn og kvinner har hatt til no, har som regel vore bundne til fastlagte rollemønster som det er vanskeleg å endre. Lov om jamstelling har som føremål å verne den einskilde mot slik urett. Fordi kvinnene i dag har den svakaste utgangsposisjonen, vil jamstellingslova først og fremst betre deira stilling.
Det er fleire årsaker til at det er så skeivt i dag. Menn har ofte betre utdanning enn kvinner. Kvinner er ofte å finne i lågtlønsyrke. Fleire menn enn kvinner har lønna arbeid. Der begge ektefellene arbeider utanfor heimen, er det som regel kvinna som også er ansvarleg for husarbeid og for omsorg for eldre, sjuke og for barna.
Jamstellingslova kan ikkje åleine garantere jamstelling mellom kjønna. Ho skal likevel fremje endra haldning, noko som er naudsynt for at vi skal få jamstelling. Jamstellingslova skal ikkje handhevast når det gjeld tilhøva innafor den einskilde familien, men ho skal likevel gje uttrykk for prinsipp og tene som rettesnor også her. Vi må få kjennskap til kva det er som til dømes hindrar kvinnene i å bruke dei rettane dei har når det gjeld utdanning.
Venstre vil arbeide mot tendensane til at kvinner si yting vert vurdert lågare enn ytinga til menn sjølv om desse er likeverdige.
I arbeidet for full jamstelling mellom kvinner og menn, både når det gjeld plikter og rettar, må utgangspunktet vere at kvart menneske skal kunne sørge for seg sjølv ved eige arbeid, dersom det ikkje er særskilde hindringar for dette.
Ved sida av jamstellingslova si hjelp til å skape endra haldningar, er oppsedinga i heim og skole heilt avgjerande for gjennomføringa av jam- stellinga. Dette vert seinka når barn vert oppseda til å tru at kvinner er mindre skikka til å ta på seg ansvarsfulle oppgåver enn menn. Her ligg årsaka til noko av undertrykkinga.
Det vil også vere ei politisk viktig sak i åra frametter å vere på vakt mot ein del førestellingar som ligg like under overflata i samfunnet vårt, og som det lett kan spelast på når situasjonen "krev" det, til dømes når arbeidsløysa aukar, og der det til no har vore kvinner som har hatt dei største vanskane. Teorien om at barna treng ei heimeverande mor har hatt ein tendens til å kome med aukande styrke i slike periodar.
Venstre meiner at kvart kjønn skal representerast med minst 40 prosent i styre, rad og utval. Partiet vil framleis arbeide for at fleire kvinner kjem med i dei organa der det vert gjort viktige avgjerder på alle område i samfunnet. Venstre meiner og at det er viktig å få med fleire menn i organ som i dag er kvinnedominert.
Venstre vil gjere framlegg om at det både ved stortingsval og fylkesting val vert betre høve for veljarane til å ha innverknad på sjølve personvalet.
VENSTRE vil:
- fremje haldningar til jamstelling frå tidleg skolealder. Barna bør få eit nyansert bilete av røyndomen. Vert jamstelling handsama som eige emne, kan ein motverke diskriminerande haldningar
- legge særleg vekt på å styrke jentene sin sjølvtillit og tru på eigne krefter . Utdanningsinstitusjonane må vere opne for båe kjønn og må ha opptaksvilkår som vert utforma slik at dei gjev ei jamn fordeling av kvinner og menn på dei ulike utdanningsområda
- at tradisjonell kjønnsrolletenking skal takast ut av all undervisning og alt skolemateriell. I staden må det gjevast uttrykk for det syn at omsorgsfunksjonane må ha ein like naturleg plass i mannsrolla som i kvinnerolla. Kvinna si historie ma få ein brei plass i den vanlege undervisninga
- at det må verte betre høve til redusert arbeidstid og fleksibel arbeidstid både for kvinner og menn
- at lik løn for arbeid av lik verdi skal bli ein realitet
- at kjønnskvotering skal nyttast i delar av utdanningssystemet i ei overgangstid for å kome fram til ein betre kjønnsmessig balanse i yrke der denne er skeiv
- at kjønnskvotering skal vurderast i delar av arbeidslivet der balansen er skeiv og der søkarar elles står likt når det gjeld kvalifikasjonar
- endre ekteskaps-, trygde- og skattelovene slik at kvart vaksent individ blir rekna som sjølvstendig og uavhengig
- at kvart vaksent individ skal kunne syte for seg sjølv gjennom lønna arbeid
- gje offentleg tilskott til krisesentra både for kvinner og menn
- nytte kjønnskvotering for å sikre at minst 40 prosent kjem fra kvart kjønn til offentlege utval, styre og råd, men utan å avgrense retten til høvetalsval
- arbeide for at NRK skal legge større vekt på jamstelling både med omsyn til innhaldet i programma og når det gjeld at både kvinner og menn er med i programma
- arbeide for at jamstellingslova sine intensjonar skal få slagkraft på alle områda i samfunnet
- jamstelle kvinner og menn nar det gjeld foreldreretten til barn ved skilsmål
- motarbeide kjønnsdiskriminerande reklame
- arbeide for fullt fradrag i inntekta for legitimerte utgifter til barnepass.
IV. ØKONOMISK UTVIKLING OG ARBEIDSPLASSUTVIKLING
Venstre ser ikkje lenger auka materielt forbruk som eit hovudmål i samfunnsutviklinga. Den raske økonomiske veksten vi har hatt i Noreg i dei siste åra, har ført til eit aukande forbruk av ressursar som ikkje kan fornye seg , som t.d. olje. Påkjenninga på naturmiljøet har auka. I næringslivet har det vore ein tendens til geografisk sentralisering og verksemdene har vorte slegne saman, og samfunnet har vorte stendig sterkare urbanisert. Dette har ført til meir pendling, flytting og skifte av yrke for mange. Det har og redusert sjølvberginga og minska konjunkturstabiliteten i samfunnet som eit heile. Avstanden til dei fattige landa når det gjeld materiell velstand og ressursbruk, vert stendig større. Sett fra eit velferds- og trivnadssynstad vert nettovinsten ved auka materiell velstand stendig mindre.
Dei naturressursane vi kan hente råstoff og energi frå, er avgrensa. Derfor må vi skape størst mogleg jamvekt mellom økonomisk vekst og naturgrunnlaget vårt.
Det økonomiske synet som rår i dag, bygger ikkje på denne vedgåinga, men har som siktemål å gjere forbruket stendig større. Dette skjer ved å utnytte ressursane så langt det er naudsynt for å skaffe nye mengder råstoff og energi til produksjonsauken. Det vert ikkje teke omsyn korkje til korleis det verkar for framtida eller på den fattige delen av verda.
Venstre vil motarbeide ei slik utvikling og i staden arbeide for eit jam- vektssamfunn. Siktemålet må vere å føre så mykje som mogleg av produksjonen og forbruket vårt over på dei fornybare naturressursane, og å nytte desse så langt dei toler det utan å redusere deira framtidige avkastingsevne. Jamvektsøkonomi tyder at vi må legge opp til minst mogleg forbruk av lagerressursar og ein forsvarleg bruk av dei fornybare ressursane.
Ei meir realistisk vurdering av kva som verkeleg fremjer velferd og trivnad tilseier etter Venstre sitt syn at vi må :
- Medmedvetne ta sikte på å avgrense forbruket av ressursar som ikkje fornyar seg og unngå å overskattlegge krinslaupsressursane
- avstå fra produksjonsmetodar som må føre til alvorlege påkjenningar i naturmiljøet
- fremje ei næringsutvikling som sikrar eit desentralisert og variert næringsliv og auka sjølvberging av naudsynte varer
- fremje ein spreidd busetnad ved å styrke lokalsamfunna gjennom ein målmedveten desentraliseringspolitikk som femner om både næringsliv og forvalting.
Desse måla må etter Venstre sitt syn gjevast prioritet framfor økonomisk vekst. Det tyder ikkje at ein ikkje kan ha økonomisk vekst, men at denne må kome som eit resultat av auka kunnskap og ressurs- og miljøvenlege produksjonsmetodar i staden for auka ressursbruk. Dette vil i praksis føre til redusert takt i velstandsutviklinga målt på tradisjonelt vis, men vil til gjengjeld gje ei rolegare og meir stabil samfunnsutvikling med reduserte påkjenningar på individet. Det vil føre til eit samfunn i meir harmonisk jamvekt med ressursgrunnlaget sitt, med si eiga framtid og med omverda. Det vil vere ein tidkrevjande, gjennomgripande og omfemnande prosess å skape ein politikk som kan erstatte den noverande vekstøkonomien. Ei slik omlegging vil måtte få konsekvensar for mest alle område av samfunnsstyringa. Men det vil særleg gje seg store utslag innafor den økonomiske politikken, næringspolitikken, ressurs- og miljøpolitikken og i utanrikspolitikken.
Norsk "Kuwait-økonomi"
Noreg er på full fart mot ein Kuwait-økonomi som vil bryte ned det noverande busetnadsmønsteret vårt og det eksisterande næringslivet vårt. Det er i dag mange sjukdomstrekk ved økonomien vår som vert dekka over av stendig auka bruk av oljeinntekter. Eksporten av tradisjonelle vareslag står stille, medan importen aukar sterkt. Dersom vi ser bort fra oljeverksemda, produserer Noreg mindre industrivarer enn i 1975. Både statsbudsjett og driftsbalanse i høve til utlandet, syner store underskot når vi ser bort frå oljeinntektene. Med verksemda i Nordsjøen og den innanlandske bruken av oljeinntektene som drivkraft, har lønningane og prisane igjen teke til å stige ukontrollert. Den smitteeffekt høge lønningar i Nordsjøen har på resten av økonomien, gjev eit kostnadsnivå som det tradisjonelle næringslivet vårt ikkje er i stand til å leve med. Denne utviklinga vert forsterka av ein ekspansiv inntekts- og finanspolitikk. Det vanlege næringslivet og dei verdiane som vert skapt her, er ikkje i stand til å dekke inntekts- og levestandardsutviklinga, den må vi dekke gjennom auka bruk av oljeinntekter. Denne politikken gjev ikkje stabilisering, men syner at vi lever over evne.
Denne utviklinga tyder også ei sentralisering av økonomisk makt og eit trugsmål mot blandingsøkonomien vår. Ved at det vert meir og meir bruk for offentlege redningsaksjonar som følgje av at kostnadsnivået vert for høgt, særleg i arbeidskraftkrevjande verksemder, samstundes som staten får hand om store oljeinntekter, aukar staten si makt over det vanlege økonomiske livet i Noreg. I staden for at oljeressursane kjem folk og verksemder til gode og gjer dei i stand til å finansiere fellesforbruket i Noreg gjennom vanlege skattar og avgifter, får vi ei form for stats- kapitalisme der oljeinntektene først kjem inn i statskassa og så vert spreidd ut att på innbyggarane gjennom subsidiar og inntektstillegg.
Venstre meiner at vi må slutte å leve over evne og i staden få ei stabi- lisering av inntekter og forbruk. Dette vil gjere det mogleg å kontrollere næringsutviklinga og å ta vare på busetnadsmønsteret. Det er naudsynt med eit lågare tempo i oljeutvinninga samstundes som vi må slutte å bruke oljeinntektene til auking av forbruket vårt. Vi må i staden bruke dei til ei langsiktig utbygging av næringslivet vårt og av samferdsla, til heimkjøp av utanlandske eigarinteresser i vår eigen industri, til utviklingshjelp osb. Det samla innanlandske forbruket må avgrensast ved hjelp av finans- politikk, skattepolitikk og inntektspolitikk, samstundes som finans- og kredittpolitikken må nyttast til å omprioritere ressursar fra sterke til svake grupper.
Bruken av oljeinntektene for å skape balanse på offentlege budsjett må reduserast. Venstre går inn for eit eige oljebudsjett, slik at vi får eit oversyn over inntekter og utgifter knytta til oljen.
SYSSELSETTINGSPOLITIKK - NY TEKNOLOGI
Spørsmålet om arbeidsplassutviklinga og arbeidsløysa i Noreg må ein sjå ut frå tre viktige utviklingstrekk dei siste åra. For det første er dei vestlege industrilanda inne i ei generell økonomisk krise som er den største sidan 1930-åra. Det er om lag 20 millionar arbeidsløyse i OECD - landa, dvs. Vest-Europa, USA, Canada og Japan. Det ser ikkje ut til at desse økonomiane vil vekse seg ut av arbeidsløysa dei næraste fem åra. Den opne økonomien til Noreg blir sterkt påverka av aktivitetsnivået i desse industrilanda. Manøvreringsevna vår er derfor sterkt avgrensa dei næraste åra.
For det andre skjer det gigantiske omleggingar i verdsøkonomien. Hovudbiletet er at tradisjonell industri (som tekstil og konfeksjon, stål, kjemisk, transport osb.), vert flytta fra dei vestlege industrilanda over til u-land og Aust-Europa. Berre teknologisk avansert industri, såkalla "know-how"-industri vert attende. Dette vil også ha konsekvensar for Noreg. Veksten i sysselsettinga vil i stor grad skje i dei tenesteytande næringane der det offentlege spelar ei dominerande rolle.
For det tredje skyt den teknologiske utviklinga ny fart. Det gjeld særleg rundt EDB-teknologien. Det er venta at 40-50 prosent av dei yrkesaktive i industrilanda vil bli påverka av utviklinga innan datateknologien fram til 1990.
Desse tilhøva vil sette rammer for norsk økonomisk utvikling og føre til store omstillingar i norsk næringsliv. Omstillingar er i seg sjølv ikkje noko nytt, men når vi går inn i ei tid der det kan bli vanskeleg å halde full sysselsetting, kan dei til saman føre til langvarige kriser.
Problema med å halde full sysselsetting er eit godt argument for å avgrense omstillingane i åra frametter. Dette gjeld særleg når mangel på stabilitet gjer at vi lett kan gjere feil omstillingar, og når desse omstillingane særleg vil ramme svake grupper på arbeidsmarknaden. Sjølv om omstillingane vert reduserte, synes det klart at det i dei næraste åra vil vere vanskeleg å skape fleire arbeidsplassar innan primærnæringane og industrien.
Det må derfor skapast vekst i sysselsettinga innan andre sektorar. Samstundes kan det vere fornuftig å dele meir på arbeidet, gjennom fleire deltidsstillingar og / eller redusert generell arbeidstid.
Venstre trur at det særleg er på sosial- og miljøområda at levekåra for folk kan verte betra, og ikkje gjennom enno meir materiell vekst. Viktige sosiale tenester i lokalsamfunnet er ofte ei mangelvare. Dette fører til at det er mogleg å aktivisere arbeidskraft som i dag fell utafor resten av arbeidsmarknaden. Men desse oppgåvene må i stor grad organiserast av det offentlege. Dette vil sette store krav til det offentlege sin evne til å gjennomføre tiltak på arbeidsmarknaden.
Venstre meiner at styresmaktene må sikre seg betre kontroll med rammene for den teknologiske utviklinga. I stor grad kjem dei teknologiske endringane fra utlandet, og det er først og fremst valet av arbeidsstruktur som vil avgjere kva slag teknologi som skal nyttast. Men vi kan sjølv gjere ein innsats for å utvikle ein teknologi som er tilpassa målsettingane våre, til dømes teknologi som skaper ressursar, teknologi for små einingar, teknologi for energisparing osb. Venstre vil auke innsatsen for å utvikle norsk småskalateknologi. Samstundes må det offentlege motverke for store og raske omstillingar på grunn av ny teknologi. Konsesjonsplikt kan kome på tale for einskilde teknologi-typar.
DEI EINSKILDE NÆRINGANE
Rammene for næringsutviklinga vert i særleg grad styrte gjennom den generelle økonomiske politikken og sysselsettingspolitikken. Vi vil her legge fram Venstre sitt syn på tiltak som må gjerast særskilt for den einskilde næringa.
Venstre sine mål for næringsutviklinga
Venstre meiner det har ein eigenverdi å ta vare på mangfaldet i norsk næringsliv - både når det gjeld storleik på verksemdene, fordeling på næringar og bransjar og plassering i bygd og by. Vi må i større grad enn i dag basere oss på sjølvberging og landet sine eigne ressursar. Dette er i samsvar med Venstre sine mål om å ta vare på dei avgrensa råvareressursane og på energiressursane, og å halde på ein spreidd busetnad. Næringspolitikken må ta sikte på å avgrense veksten i dei få store bransjane, særleg innan oljeverksemda. Dette er naudsynt for å få livskraftige små og mellomstore einingar og for å styrke primærnæringane. Arbeidsplassane i eit område er heilt avgjerande for busetnaden. Samfunnet har plikt til å syte for at den viktigaste ressursen vi har - menneska - ikkje går utan arbeid.
PRIMÆRNÆRINGANE
Primærnæringane vil stå særskilt sentralt i den næringspolitikken Venstre vil føre. Både landbruk og fiske er grunnlagt på utnytting av fornybare ressursar. Dei produserer i hovudsak matvarer og andre naudsynte varer som det er svært vanskeleg å kome fram til auka sjølvberging av, og dei er også tradisjonelle berarar av den spreidde busetnaden.
Venstre vil gå aktivt inn for å bygge ut landbruk og fiske med sikte på betre utnytting av dei produktive areala og fiskeressursane. Venstre vil auke sjølvberginga av matvarer, sikre råstoff til treforedlings- og næringsmiddelindustrien og sikre grunnlaget for busetnaden på bygdene.
JORDBRUK OG SKOGBRUK
Fire hovudsyn må følgjast under utforminga av landbrukspolitikken: For det første er det store matvareproblem i verda. Derfor må målet vårt vere maksimal sjølvforsyning av landbruksprodukt og utnytting av lokale ressursar.
For det andre må vi legge vekt på distriktspolitikken for å ta vare på den spreidde busetnaden og halde oppe folketalet i alle kommunar i landet. For det tredje må vi ta omsyn til arbeidsplassane. Trygge og gode arbeidsplassar må sikrast for dei som er i næringa, og dei må ha kontrollen med sin eigen arbeidssituasjon. Spesielt må småbrukarane og bøndene halde på styringa i produksjon og marknadsføring gjennom landbrukssamvirket.
For det fjerde må vi ta omsyn til beredskapssituasjonen. Samfunnet vårt er svært sårbart i tilfelle av internasjonale kriser eller krig. Jordbruket spelar ei heilt sentral rolle i sikringa av beredskapen i slike situasjonar. Venstre vil ta omsyn til beredskapsmessige tilhøve når offentlege tiltak overfor næringa skal praktiserast.
Ein målmedveten jordbrukspolitikk med sikte på å auke sjølvberginga vil stoppe nedbygginga og gjere det lettare å få strukturomforminga under effektiv kontroll.
Venstre aksepterer ikkje strukturomformingar som trugar med å sette busetnaden i fare. Derfor må det alt no settast inn stabiliserande tiltak, til dømes gjennom deltidsarbeidsplassar i offentleg eller privat verksemd. Variasjonen i bruksstorleiken er blitt ein styrke for bygdemiljøa og bør haldast ved like. Kombinasjonsbruk må også takast vare på. Venstre legg også stor vekt på at det er eit fordelingsproblem innafor landbruket, og at tilhøvet mellom sterke og svake grupper må jamnast ut.
VENSTRE vil gå inn for desse hovudsakene :
- streke under at landbruket har eit særleg ansvar for busetnad og aktivitet i distrikta og at utviklinga av bygdesamfunnet må vere ei hovudsak for store delar av verksemda i landbruket
- justere avgifts- og skattepolitikken slik at ein ikkje fremjer alt for mykje mekanisering som gjev auka energi- og ressursbruk og som reduserer sysselsettinga
- sikre dei produktive areala til jord- og skogbruksføremål gjennom meir effektivt og konsekvent jordvern
- la foredling av landbruksprodukt skje i det område dei vert produserte. Styresmaktene må hindre sentralisering innan næringsmiddelindustrien. Husdyrproduksjonen må ikkje få karakter av fabrikkproduksjon. Effektivitetskrava må settast slik at dei gjev brukarane betre høve til å utnytte eigne ressursar
- innføre ordningar med kraftforkvoter pr. dyr med tanke på å redusere bruken av kraftfor i jordbruket
- sikre arbeidsplassane ved å utvikle mindre bruk, gjere det mogleg med yrkeskombinasjonar, og støtte opp om samvirke
- sikre inntektsmessig jamstelling andsynes andre grupper og inntekts- utjamning innanfor dei som arbeider i landbruket.
VENSTRE vil vidare :
- fremje nydyrking og bakkeplanering ved å betre tilskottsordningane og ved å prioritere nydyrking
- auke kornproduksjonen ved å stimulere til dyrking av korn i område utafor dei eigentlige korndistrikta, til dømes ved å nytte ulike prisar etter geografiske tilhøve
- styrke hagebruket mellom anna gjennom regionale stønadsordningar
- legge vekt på energisparetiltak innen veksthusnæringa
- stelle mindre og større bruk likt når det gjeld lån og tilskott ved reising av driftsbygningar
- gå inn for at det skal gjevast fullgod erstatning for avlingsskade for å sikre inntektene ved uår og når veksten slår feil
- sikre gode fritids- og ferievilkår for dei som arbeider i næringa
- sikre kvinner som arbeider i jordbruket jamstelling med andre yrkesaktive kvinner og menn, mellom anna når det gjeld skattlegging og trygdeordningar
- nytte utmarksareal til fritidsføremål slik at det styrker driftsgrunnlaget på bruka
- auke staten sitt tilskott til produksjonsfremjande tiltak i skogbruket, særskilt når det gjeld skogsvegbygging
- arbeide for at skog i offentleg eige kan bli selt til bruk som treng tilleggsareal
- arbeide for å gjere det lettare å selje prestegarder til jordbruksføremål
- styrke tiltak for auka avverking av skog i vanskeleg terreng
- sikre alle som har sitt yrke i landbruket høve til fullgod fagopplæring
- gå inn for at lova skal tolkast slik at det vert lettare for ungdom å få kjøpt jord. Landbruket treng ungdom som vil skaffe seg yrke og leveveg innan næringa
- gje landbruksforskinga gode arbeidsvilkår
- halde på konsesjonslova, men gå inn for angrefrist ved sal av konsesjonspliktig eigedom. Staten sin forkjøpsrett må ikkje nyttast til å legge ned mindre bruk
- på ny innføre overskjønn ved ekspropriasjonssaker
- gå inn for å vurdere nærare regionale målsettingar i landbrukspolitikken, mellom anna med sikte på ei betre regional sjølvberging, ein betre beredskapssituasjon og for å sjå landbrukspolitikken meir i høve til distriktspolitikken
- gje rom for ei distriktsvis prioritering av utbyggingsområda i landbruket vurdert ut frå krav til distriktsutbygging og til bruk av lokale ressursar
- gå inn for at tilskottsordningane og ressursane på garden skal sjåast i nærare samanheng, og at det vert lagt større vekt på ressursane i skogen når ein skal vurdere bygging og drift av gardsbruk
- arbeide for å registrere og avklare konflikt- og interessemotsetnader mellom landbruket og verneinteresser (natur, miljø, kultur og fritid)
- gå inn for at Landbruksbanken skal ha ei sentral rolle som finansieringskjelde og styringsmiddel i utviklinga av landbruket
- forsvare den sentrale plassen landbrukssamvirkeorganisasjonane har i omsetnad og marknadsregulering for landbruksvarer
- arbeide for ei sterk offentleg rettleiingsteneste for landbruket, koordinert med rettleiing for landbruket sine faglege og økonomiske organisasjonar
- gå inn for at det i arbeidet med alternative driftsmåtar vert lagt vekt på delt reiskapsopplegg, alternative måtar for å bekjempe ugras og skadedyr, og jordbruksdrift utan bruk av giftige sprøytemiddel og næringssalt som vert lett løyst opp.
FISKE
Ressurssituasjonen i dag skaper nye utfordringar for fiskeripolitikken i den komande 4-årsperioden. Venstre vil legge desse hovudmåla til grunn for fiskeripolitikken:
- kystfisket bør haldast oppe av di det er avgjerande for busetnaden langs kysten
- ressursane i havet må vernast. Det har vore ei for hard skattlegging som tilseier sterk regulering av fisket i åra frametter
- aktive fiskarar bør framleis ha einerett til å eige fiskefarty
- fiskarane må halde på den reelle kontrollen med førstehandssalet av fisk
- føre ein rimeleg prispolitikk på fisk og fiskeprodukt fordi fisk er ein viktig del av kosthaldet vårt og ein stor del av matforsyninga vår. Ved auka bruk av fisk vil sjølvberginga kunne styrkast.
VENSTRE vil gå inn for desse hovudsakene :
- lage ei inntektsmålsetting for fiskarane og gjennomføra denne innan 1985
- redusere trålarflåten, men fornya han etter som det trengst
- stimulere foredlingsverksemda på dei stadene som elles har svakt næringsliv
- prioritere kystfiskeflåten i finansierings- og reguleringsordningane.
VENSTRE vil også:
- sikre fiskeressursane og den økologiske balansen i havet gjennom internasjonalt samarbeid og avtalar
- arbeide for å sikre norsk råderett gjennom 200 mils økonomisk sone også for Svalbard og Jan Mayen, og for tosidige avtalar med land der Noreg har fiskeriinteresser
- utvide den noverande fiskerigrensa til 50 nautiske mil fra grunnlina
- gå inn for å bygge ut eit sterkt vakthald i den økonomiske sona
- bygge ut ein tenleg og effektiv kystvaktflåte
- prioritere fiske framfor oljeboring der dei kjem i konflikt
- styrke fiskeriforskinga
- gje full erstatning for fiskereiskap som har kome bort eller har vorte øydelagd som følgje av oljeverksemda
- auke utlånsrammene i Statens Fiskarbank slik at fiskarflåten kan fornyast og haldast ved like
- arbeide for at det så snart som råd skal bli sett iverk ei tenleg ordning for utskifting av eldre fiskefarty
- at det vert vurdert å sette ned aldersgrensa for fiskarpensjon
- at rettleiingstenesta for fiskarane skal bli bygd ut i raskare tempo
- sikre fiskeoppdrett som næringsveg for dei som bur i kyststroka
-at konsesjonar for fiskeoppdrett og volum vert fordelt fylkesvis
- sikre redningsskøytene økonomisk
- at tryggingsarbeidet i fiskeria skal bli styrka
- at det skal gjevast større løyvingar til utbygging av fiskerihamner og hamner som kan halde oppe og styrke busetnaden på kysten
- prioritere råstofftilgangen til dei mindre samfunn på kysten
- gå inn for at dei fiskeritekniske høgskolane våre vert bygde ut så snart som mogleg.
INDUSTRI OG HANDVERK
Ut frå Venstre sitt ønskje om ein variert busetnad og eit samfunn i betre jamvekt, med større sjølvberging, mangfald og sterke, livskraftige lokalsamfunn, bør siktemålet vere å halde oppe og utvikle ein industri
- med sysselsetting på om lag det nivå næringa har i dag
- basert på ein framtidsretta bruk av ressursar og vern om miljøet
- sett saman av små, mellomstore og større verksemder, med hovudtyngde på små og mellomstore verksemder
- med god geografisk spreiing
- som gjev arbeidstilbod også til arbeidstakarar med svak utdanning, som er funksjonshemma, unge og eldre, til kvinner så vel som til menn
- der hovudtyngda av produksjonen går føre seg i private verksemder, med eit godt utbygd bedriftsdemokrati og under samfunnsmessig kontroll.
Det største trugsmålet mot dei tradisjonelle industribransjane våre i 80-åra er oljeverksemda og bruken av oljeinntektene. Det er naudsynt med sterk moderasjon i oljesektoren dersom det skal vere mogleg å halde på ein variert næringsstruktur.
VENSTRE vil gå inn for desse hovudsakene :
- endre finansieringsgrunnlaget for folketrygda slik at dei arbeidsintensive verdsemdene vert styrka. Gje fullt fritak for arbeidsgjevaravgifta for dei fem første arbeidsplassane. Ta sikte på ein reduksjon av arbeidsgjevaravgifta for arbeidsintensive verksemder som er konkurranseutsette
- gå inn for at staten, fylka og kommunane skal føre ein innkjøpspolitikk som prioriterer dei små einingane og verksemdene i distrikta
- gje føremoner til mindre og mellomstore verksemder i skatte- og avgiftspolitikken og styrke rettleiingstenesten og opplæringstilbodet til desse.
VENSTRE vil og:
- halde oppe ein eigen norsk teko- industri
- gå mot ei vidare utbygging av den sterkt kapital- og energikrevjande råmetallindustrien, t.d. aluminiumsindustrien, og gå inn for at det med utgangspunkt i denne industrien vert utvikla miljøvenleg ferdigvareindustri med større sysselsettingseffekt
- følgje ei restriktiv line ved utbygging av petrokjemisk industri. Siktemålet bør vere høg foredlingsgrad og at vidareforedlinga så langt råd er vert lagt til verksemder i distrikta
- innføre ei ordning med offentleg garanti for eigenkapital og realsikring ved etablering av småverksemder
- vurdere finansieringa av sjukelønsordninga med sikte på å lette den økonomiske situasjonen for mindre verksemder og utgreie om det er råd å endre lova slik at også sjølvstendig næringsdrivande får den same retten til sjukepengar som lønstakarane har
- gjere det lettare for små og mellomstore verksemder å få reknskapservice og reknskapskontroll
- at industri som har resirkulert råstoff som grunnlaget sitt skal få særleg gode vilkår
- prioritere forsking og utviklingsarbeid med sikte på å utvikle ny teknologi og å tilpasse høveleg eksisterande teknologi for dei mindre verksemdene
- at det offentlege skal sette i gang konkrete utviklingsprosjekt innafor vidareforedling av jordbruks- og fiskeriprodukt gjennom mindre einingar
- at den offentlege rettleiingstenesta på industrisektoren skal bli styrka både gjennom Statens Teknologiske Institutt og i fylka
- gå inn for organisatoriske tiltak med sikte på å gjere det lettare for mindre, sjølvstendige verksemder å skaffe seg informasjon og utvikle samarbeidsformer i produksjon og marknadsføring
- gå inn for å redusere dei utanlandske eigarinteressene i norsk industri gjennom aktiv heimkjøpspolitikk i statleg og privat regi. Det bør leggjast særskilt vekt på heimkjøp av selskap som nyttar viktige nasjonale ressursar eller som på annan måte har ein viktig nasjonal funksjon
- gjere det økonomisk lettare for personlege firma og familieaksjeselskap å gjennomføre eigarskifte ved generasjonsskifte, mellom anna gjennom omlegging av arveavgiftsordninga
- arbeide for at ansvaret for all husflidsnæring vert lagt til Industri- departementet
- arbeide for å betre husflidproduksjonen sine vilkår ved å gje stønad til utdanning, produktutvikling og marknadsføring
- gå inn for stønad til løysing av miljøproblema til eksisterande verksemder når det er bedriftsøkonomisk naudsynt
- at staten skal ta aktiv del i arbeidet med å løyse dei overkapasitets- problema skipsbyggingsindustrien strir med. Det må i samband med dette leggjast vekt på å sikre framtida for dei små og mellomstore skipsverft og det må takast sikte på omlegging til annan produksjon. Det er særskilt viktig i distrikt der næringa er viktig for det lokale arbeidslivet.
TENESTEYTANDE NÆRINGAR
Det har vore ein stendig vekst innan helse- og sosialvesen, undervisning, offentleg administrasjon, varehandel og privat kontorverksemd. Det må for framtida bli lagt vekt på sterkare kontroll med lokaliseringa av denne verksemda, med sikte på å sikre eit nett av tenesteytingar over heile landet, også i distrikta.
Det er og eit viktig mål for Venstre å motverke den konsentrasjonen i større einingar vi særleg har sett innan varehandelen, medan den mindre og heilt lokale service har vorte svekka. Vi ma ta vare på den varierte nær-service der folk bur, og som berre kan haldast oppe ved å ta vare på dei mange mindre verksemdene.
VENSTRE vil :
- gå inn for at det vert lagt fram ein konkret plan for desentralisering av offentlege arbeidsplassar
- motarbeide ei sentralisering av varehandelen i form av varehus og kjøpesentra o.l. ved å krevje konsesjonshandsaming for desse. Arbeidet med å sikre eksistensgrunnlaget for nærbutikkane og varehandelen i grisgrendte strok må halde fram, mellom anna gjennom økonomisk stønad og ved at nærbutikkane får tilleggsfunksjonar i lokalsamfunnet
- arbeide for å løyse ferieproblema for dei som er sterkt bundne i mindre forretningsverksemder og andre tenestenæringar
- vurdere å innføre ei ordning med sikte på å hindre diskriminering av småbutikkane, der leverandørane ikkje får høve til å gje dei einskilde butikkane kvantumsrabatt, utan at dette har sin bakgrunn i at leveringane gjev reelle innsparingar for leverandøren
- at lån og tilskott fra Distriktenes utbyggingsfond skal gjevast til handelsverksemder i distrikta der slik stønad vert gjeven til industrien
- utgreie om det er bruk for eit fraktutjamningsfond for daglegvarer.
SKIPSFART
Skipsfartsnæringa er viktig for landet vårt. Styresmaktene må derfor aktivt hjelpe til med å løyse dei store problema næringa har. For transport mellom industrilanda vert skipsfarten regulert gjennom det eksisterande avtaleverket. Internasjonalt bør Noreg støtte utviklingslanda sine krav om endringar i internasjonal skipsfart. Norsk skipsfart har gode føresetnader for å gje utviklingslanda hjelp når det gjeld utbygging av skipsfarten i desse landa.
VENSTRE vil:
- at arbeidet for å utvikle medavgjerd ombord og i rederia må førast vidare
- styrke undervisningstilbodet med særleg vekt på allmendannande fag for ungdom som ønskjer å gå til sjøs. Det må krevjast ei rimeleg opplæring i yrket før ein mønstrar på for første gong
- gje auka stønad til Sjømannskyrkja og Velferdstenesta til sjøs
- arbeide for å avgrense forureiningane i havet fra skip, ikkje minst gjennom internasjonale avtalar og kontrollen av desse
- at Noreg skal gje hjelp og fagleg assistanse til utviklingsland som ønskjer å bygge opp ei eiga skipsfartsnæring.
ARBEIDSTAKARINTERESSER - FAGLEG POLITIKK
Arbeidstakarane må gjennom lover og regelverk få sikra interessene sine. Dei må få eit effektivt vern av helse- og arbeidsmiljø og fri organisasjonsrett. Arbeidslivet må vere slik organisert at den einskilde kan få reell innverknad på sin eigen arbeidssituasjon. Vi vil halde på Arbeidsmiljølova sine målsettingar og hovudprinsipp. Venstre meiner at lova er ein viktig lekk i den førebyggjande helsepolitikken.
VENSTRE vil:
- prioritere arbeidet med å gjennomføre arbeidsmiljølova på utsette arbeidsplassar, slik som i Nordsjøen og på store anleggsarbeidsplassar
- styrke forskinga når det gjeld arbeidsmiljøet og auke innsatsen for å gjere denne forskinga meir kjend hos brukargruppene
- intensivere arbeidet med å lage eit sentralt register over giftige og helsefarlege stoff
- styrke arbeidet for å fjerne det kunstige skiljet mellom arbeidar og funksjonær ved å gjennomføre reell jamstelling når det gjeld arbeidstid og andre arbeidsvilkår. Staten som arbeidsgjevar må her gå føre
- sikre full og reell jamstelling for innvandrarar i alle arbeids- og lønsspørsmål
- lovfeste rett til tariffavtale for tilsette som ønskjer det
- gjere det lettare for kvinner å kome ut i arbeidslivet, og få menn til å ta større del i arbeidet i heimen, ved å tillate redusert arbeidstid og større bruk av fleksibel arbeidstid
- at spesielle grupper kan få nedsett arbeidstid når dei har spesiell trong til det, til dømes småbarnsforeldre, fysisk eller psykisk funksjonshemma, yrkesutøvarar med omsorgsansvar for gamle, sjuke og funksjonshemma
- i samband med revisjonen av konkurslova stø framlegget om at dei tilsette skal kunne ha ein representant i gjeldsnemnd og bustyre
- finne fram til reglar som sikrar både arbeidstakarar og funksjonærar god representasjon i dei valde bedriftsorgana
- sikre gode arbeidsplassar for personar som har nådd pensjonsalderen og som framleis ønskjer arbeid
- innføre lovreglar for å integrere funksjonshemma i det vanlege arbeidslivet
- utvide arbeidet for å skaffe arbeidsplassar for delvis arbeidsføre ved å krevje av større verksemder at eit visst tal arbeidsplassar skal fylle kravet om verna arbeidsplassar, og ved økonomisk stønad til mindre verksemder. Ein bør ta sikte på at flest mogleg skal arbeide i vanlege verksemder, men i den grad det ikkje er mogleg, må det verte gjeve auka statleg løyving til verna verksemder
- sikre arbeid for dei kvinner som ønskjer å gå ut i arbeidslivet
- gjere det lettare å få til lærlingekontraktar mellom anna for å motarbeide arbeidsløysa mellom ungdom
- greie ut skiftarbeidarane si stilling for å beire kara deira
- auke løyvingane til arbeidsformidling slik at denne kan gje betre individuell rettleiing både når det gjeld høvlege arbeidsplassar og når det gjeld yrkesorientering generelt.
V. HELSE- OG SOSIALPOLITIKK
Venstre sitt mål er eit samfunn i jamvekt; eit meir stabilt samfunn der det ikkje er raske og omfemnande endringar i busetnadsmønsteret og i næringsverksemda. Færre omstillingar vil føre til større tryggleik for den einskilde, noko som og vil føre til mindre utgifter i helse- og sosialsektoren. I eit meir stabilt samfunn vil det bli lettare enn i dag å drive førebyggande arbeid og til å nå målet for Venstre sin sosialpolitikk: å hjelpe menneske til best mogleg fysisk og psykisk helse, rette det som er sosialt og økonomisk skeivt i samfunnet, og gje den einskilde betre høve til sjølv å velje livsmønsteret sitt og forme livssituasjonen sin.
Venstre ønskjer eit desentralisert samfunn, og meiner at også helse og sosialtenesta fungerer best i små einingar.
Arbeid til alle - eit gode
Arbeid til alle er ikkje berre eit middel, men og eit mål i sosialpolitisk samanheng. Trygdebudsjettet vil elles bli ein del av rekninga for ein sosialpolitikk som har slått feil.
Konsekvensar av den økonomiske veksten
Den politikken som har hatt einsidig økonomisk vekst som mål, har ført til uheldig spesialisering, rasjonalisering og stordrift både når det gjeld arbeidsplassar, sjukehus og skolar. Dette har ført til oppbrot i ei rekke lokalsamfunn, pendling og ei samling av gamle på einskilde plassar medan det andre stader er blitt ein konsentrasjon av unge barne- familiar. l helsesektoren har spesialisering og sentralisering ofte skjedd på kostnad av helsestellet i nærmiljøet
Omstilling og flytting
Når skifte av jobb har ført til skifte av bustad, har dette helst råka unge familiar med dårleg råd. Dei opplever ofte isolasjon og liten sosial kontakt på den nye staden. I tillegg kjem bustadproblema som er i press- områda, samstundes med at gode hus står tomme i utkantdistrikta.
For dei som ikkje har sett seg i stand til å flytte, har arbeidsløysetrygd vorte naudsynt fordi høveleg arbeid ikkje har eksistert.
Denne utviklinga og den einsidige økonomiske veksten vi har hatt, har ført til auka sosiale problem og til fleire sosiale klientar.
Sosial og geografisk fordeling
Auka sosial velstand har heller ikkje i stor nok grad kome dei svakaste i samfunnet til del. Det synest som om helse- og sosialpolitiske ressursar vert fordelte slik at sosiale og geografiske skilnader vert haldne oppe. Helsetilstanden og folk sine sosiale tilhøve vert i stor grad påverka av tilhøva innan andre sektorar enn sosialsektoren. Derfor vil det ikkje vere tilstrekkeleg med tiltak i helse- og sosialsektoren for å fjerne årsaka til sosiale problem. Vi vil ikkje ha ei helse- og sosialteneste som i det vesentlege får som oppgave å døyve symptom . Derfor må vi ta vare på dei sosialpolitiske omsyna når vi legg planar for lokalsamfunn, næringspolitikk, arbeidsliv, bustadbygging og trafikktilhøve.
Sentralisering
Sentraliseringa i samfunnet har ført til sentralisering også innafor helse- og sosialsektoren på ein måte som folk ikkje er tent med. Dei alvorlegaste sidene ved dette er :
1.
Institusjonane har vorte alt for store og kostbare å drive og vanskelege å styre. Prioriteringa har ofte gått ut over dei mindre institusjonane og særleg har det skjedd på kostnad av primærhelsetenesta og det førebyggande arbeidet.
2.
Det har skjedd ei profesjonalisering og spesialisering av helsepersonellet på kostnad av allmennmedisinen og med det og primærhelsetenesta og det førebyggande helsearbeidet. Ei følgje av at profesjonaliseringa har teke overhand er at færre føler ansvar for heilskapen og veit kva det tyder at den einskilde har ansvar for eiga helse.
Førebyggande arbeid
Dei store helseproblema vi har i dag kan vi ikkje aleine løyse ved bygging av nye sjukehus. Det som må til er eit omfemnande førebyggande helsearbeid med utgangspunkt i små einingar innan den lokale helse- og sosialtenesta. Arbeidet må rette seg dels mot uheldige samfunns- og miljøtilhøve, dels mot det einskilde menneske sin livsstil. Mange av dei alvorlegaste sjukdomar i dag er ei følgje av uheldig levesett. Ei endring av dette krev haldningsendringar gjennom opplysing.
Eigenomsorg
Haldningsendringane må føre til at det einskilde menneske tek større ansvar for si eiga helse. Eigenomsorg er avgjerande i eit førebyggande helsearbeid og viktig i ein behandlingssituasjon.
Eigenomsorgsomgrepet må utvidast til å femne om foreldra sitt høve til å ta hand om barna sine. Dette er avhengig av at dei får betre kunnskap om barna sine behov. Det er ikkje nok med gode skolar og barnehagar.
Solidaritet
I tillegg til eigenomsorg er det viktig å utvikle naboomsorg slik at ein kjenner ansvar også for andre enn seg sjølv og den næraste familien sin. Nærmiljøet må leggast til rette for slik omsorg.
Solidaritetsomgrepet femner også om alle vaksne sitt felles ansvar for alle barn. For menneske utan barn, kan dette gjera det mogleg å få opp- leve gleda av å vera saman med barn.
Ansvar for kvarandre er elles ei haldning som det må leggast vekt på alt i barnehagane.
Organisering
I helse- og sosialsektoren har det vore tendensar til auka krav om at yrkesutøvarane må ha formell utdanning, og med yrkesmonopol på det dei steller med. Dette har ofte vore naudsynt for å sikre ein fullnøyande standard, men på lengre sikt kan dette svekke tiltrua til læring gjennom praktisk røynsle og bryte ned det ansvar som den einskilde har for eiga helse. Ei oppmjuking av dette systemet kan gje den einskilde meir interessante jobbar samstundes med at klientane vert spart for så mange forskjellige personar kring seg for at dei ymse omsorgsfunksjonane skal oppfyllast. Det sosiale personellet må legge vekt på å bruke dei ressursane både einskildmenneske og grupper kan by på - slik at desse kan bli tildelt oppgaver med å hjelpe andre ut av isolasjon og til eit betre daglegliv.
Rustgiftproblem
Misbruk av alkohol og bruk av narkotika må sjåast både som eit symptom og som eit onde i seg sjølv. Moderne forsking har synt at det er ein klar samanheng mellom den totale mengde alkohol som vert konsumert i eit samfunn og det skadeomfang det fører til. Ei dobling av konsumet tyder ei firedobling av skadene.
Narkotika har i dei seinaste åra vorte meir og meir utbreidd i Noreg, og dei som vert avhengig av dette, får ofte store sosiale problem med kriminalitet og prostitusjon som følgje.
Både alkoholmisbruk og bruk av narkotika må bli motarbeidd både ved førebyggande tiltak og ved behandling. Eit viktig tiltak for å stanse narkotikahandelen er å få bukt med omsetnadsleddet, og til det må politiet få tilstrekkeleg mannskap og utstyr for å drive spaning og etterforsking.
Ofra for narkotikatrafikken må få eit reelt behandlings- og hjelpetilbod. Tiltak som det svenske Hassela-kollektivet må få skikkelege arbeidstilhøve, anten det er i offentleg regi eller av friviljuge organisasjonar. Samstundes må det offentlege til eikvar tid vurdere nye hjelpetiltak. Tilboda bør vere så varierte og allsidige at dei dekker alle stoffmisbrukarane sine ulike behov for behandling.
Oppsøkande hjelpearbeid og poliklinisk verksemd må ikkje hindrast av eit stivbeint regelverk slik at menneske i naud blir kasteballar mellom dei ymse etatane.
Alkoholomsetnaden må framleis også bli regulert ved prispolitiske verkemiddel. Ettersom alkohol ikkje er naudsynt til livsopphald, må den takast ut av beregningsgrunnlaget for konsumprisindeksen.
Venstre meiner at ølsortane i skatteklasse III må takast ut av produksjon, og pilsnerølet må bli underlagt eit omsetnadssystem utanom daglegvarehandelen.
SOSIALSEKTOREN
VENSTRE vil :
- vurdere på ny heile finansieringa av folketrygda og gå inn for ei enklare handsaming innafor folketrygdsystemet slik at det kan stimulere til framleis deltaking i arbeidslivet
- styrke heimesjukepleia og heimehjelpa slik at dei eldre kan få bu i heimen sin lengst mogleg. Pårørande som ønskjer å vere heime for å stelle sjuke familiemedlemmer, må gjevast økonomisk vederlag og rett til å tene opp pensjonspoeng. Til heimesjukepleia bør det og nyttast andre yrkesgrupper som vernepleiarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar
- auke særtillegget i Folketrygda slik at minstepensjonistar får betra dei økonomiske kåra sine og sikre ei utjamning i pensjonen. Pensjonistar som treng pleie eller har auka utgifter på grunn av sjukdom, bør få hjelpestønad
- ha likt pensjonsgrunnlag for alle som har krigspensjon
- at det ved planlegging av lokalsamfunn må takast omsyn til at funksjonshemma skal bu og ferdast der. Verna sysselsetting er ofte eit alternativ til uføretrygd, og det må derfor skaffast fleire slike arbeidsplassar
- ikkje la bruk av sivilarbeidarar innan sosial- og helsesektoren gå på kostnad av varige løysingar
- ha indeksregulerte satsar for stønad til livsopphald som etter Lov om sosial omsorg tilkjem personar som ikkje er i stand til å sørge for seg sjølve. Satsane må vere like i alle kommunar. Der det dreier seg om pliktmessige ytingar som økonomisk hjelp til mat og bustad- utgifter, skal kommunen ha refusjon fra staten
- ha bumiljø som er allsidig samansette aldersmessig og sosialt med plass til utfalding for barn og ungdom så vel på det fysiske som på det psykiske plan. Husbanken sine reglar bør stimulere til bygging av generasjonsbustader. Bustadmiljøa må planleggast slik at dei gjev plass for alders- og sjukeheimsplassar i små einingar, og arbeidsplassar og små skolar som samstundes tener som aktivitetssentrum for dei som bur der
- at sosial- og kultursektoren skal engasjere seg sterkare i førebyggande arbeid også i samarbeid med friviljuge organisasjonar
- auke stønaden til det friviljuge edruskapsarbeidet og til forsking omkring alle former for rusgiftproblem
- utvide offentlege og friviljuge hjelpetiltak og styrke ettervernet for alkoholskadde, narkomane og tidlegare innsette, og legge vekt på å bygge ut små behandlingsinstitusjonar
- arbeide for oppretting av ein felles opplysningssentral i alle fylke der det vert gjeve opplysingar om behandlingstilbod og aktuelle hjelpetiltak
- at rehabiliteringstiltak som arbeid, bustad og sosial kontakt må effektiviserast
- auke opplysingsarbeidet om skadeverknadene ved bruk av tobakk, alkohol og narkotika, og også sjå slik informasjon i samanheng med behandlingsarbeid og innføring av restriksjonar
- at alkoholvarer skal underleggast ein prisstiging som minst svarar til prisstiginga på andre varegrupper
- auke opplysingsarbeidet om samanhengen mellom livsstil, samfunns- og miljøtilhøve og det einskilde menneske si helse
- at offentleg representasjon skal vere alkoholfri
- utvikle stønadsordningar for alkoholfrie serveringsstader, særleg med tanke på å kunne kome med tilbod til ungdom om ein plass å vere.
HELSESEKTOREN
VENSTRE vil:
- føre over ansvaret for og rammeløyvingane til dei somatiske sjukeheimane fra fylkeskommunane til kommunane. I grisgrendte strok må det bli vurdert om dei også bør tilleggast sjukestovefunksjonar
- styrke primærhelsetenesta og få fleire distriktslegestillingar
- halde oppe lokaliseringa av sjukehus om lag som i dag slik at folk får best mogleg behandling nærast mogleg heimstaden sin
- fremje ein opptrappingsplan for behandling av psykisk sjuke og for det psykiske helsevernet mellom anna med eiga tilskottsordning med 75 prosent refusjon frå folketrygda
- føre over meir av den psykiatriske verksemda til primærhelsetenesta og til psykiatrisk poliklinisk verksemd. Dette krev at menneske med psykiatriske lidingar får fullnøyande bu- og arbeidsvilkår i lokalmiljøet slik at dei ikkje vert tvinga til å bu i institusjonar. Venstre vil på lang sikt byggje ned ein del psykiatriske sjukehus og istaden satse på fleire små døgninstitusjonar til hjelp i akutte krisesituasjonar
- at pasientar ved innlegging i institusjon skal få opplysingar om rettane sine. Kontrollkommisjonen må få arbeidshjelp slik at den vert ein reell klageinstans som tek vare på pasientane sine interesser
- gje psykiatriske institusjonar særlege statlege stønadsordningar i ein overgangsperiode. Særskilt må tungpsykiatrien tilførast midler for å rette opp dei uverdige tilhøva som er avdekka på dette området
- bygge ut helsevernet for psykisk utviklingshemma. Det bør satsast på mindre lokale dag- og døgninstitusjonar framfor sentralinstitusjonar
- at etter- og vidareutdanning skal utformast slik at særleg primærlækjarane sitt behov vert stetta. Primærlækjarane som ønskjer fast løn, få det, og tariffsatsane må utformast slik at allmenmedisinarane og spesialistane vert økonomisk jamstelt
- gå inn for å gje tilbod for jordmorutdanning i Nord-Noreg
- styrke fysioterapitenesta som ein lekk i førebyggande verksemd
- sjå tannhelsa som ein naturleg del av den generelle helsetilstanden, og la tannrøkta kome inn under trygdeordninga. Offentleg tannrøkt må byggast ut på dette grunnlaget og gje eit likeverdig tilbod til alle utan omsyn til kvar folk bur
- bygge ut kreftbehandlingsavdelingane i Trondheim og Tromsø
- gje Haukeland sjukehus i Bergen og regionsjukehusa i Trondheim og Tromsø særavtalar med staten.
Abortspørsmålet
Venstre vil at den noverande abortlova skal få eit tillegg slik at fosteret sitt menneskeverd og rett til liv, og samfunnet si plikt til å verne det ufødte liv, skal kome til uttrykk i lova si føremålsparagraf. Venstre vil streke under at abort alltid må vere ei naudløysing, og ser det som positivt av talet på abortar har gått ned.
VENSTRE vil:
- styrke ei etisk fundert samlivsundervisning og prevensjonsrettleiing, særleg for ungdom
- at det skal gjevast grundig etisk, medisinsk og sosial rådgjeving til den abortsøkjande kvinna, og til mannen
- at det skal gjevast den støtte som er naudsynt for å finne løysingar på dei økonomiske, bustadmessige og eventuelle andre problem som eit nytt barn fører med seg, og som kan utløyse ønsket om abort
- at den endelege avgjerda skal takast av kvinna i samråd med mannen, eventuelt av kvinna åleine der det ikkje er mogleg å trekkje mannen inn.
ERNÆRING OG MATFORSYNING
Kosthald og kroppsleg aktivitet har innverknad på helsa vår. Venstre meiner at det er viktig å påverke kosthaldet og levesettet både ut fra omsynet til ei betre folkehelse og ut fra omsynet til ernæringstilhøva i resten av verda.
Overforbruk og kasting av matvarer må ein unngå, og det må settast i verk resirkulering av matavfall.
VENSTRE vil:
- arbeide for å auke sjølvforsyninga av matvarer og dyrefôr i samsvar med tilrådinga frå Verdens Matvarekonferanse i 1974
- gjennom informasjon stimulere til at forbrukarane friviljug legg om til eit helsemessig godt kosthald
- bruke subsidiar og prispolitiske verkemiddel for å fremje eit forsvarleg og høveleg kosthald, mellom anna ved å redusere bruken av feitt og sukker, og fremje bruken av fisk og plantekost
- arbeide for at kost- og ernæringslære skal få ein breidare plass både i grunnskoleundervisninga og i opplæring av undervisningspersonale
- gå inn for løyvingar til ein omfemnande kosthald- og mosjonskampanje
- innføre strengare reglar for marknadsføring av barnemat og morsmjølktillegg. Det må gjevast betre kunnskap og gjennomførast tiltak som fører til meir amming.
- styrke næringsmiddelkontrollen
- legge tilhøva til rette for dyrking av parsellar og kolonihagar
FORBRUKARPOLITIKK
Det moderne industrisamfunnet produserer ei rekke varer som menneska utan tap kan klare seg utan. Gjennom reklame, motar og på andre måtar vert det skapt kunstige behov for nye merke og produkt. Forbrukarpolitikken må først og fremst ta sikte på å sikre skikkelege bustader, høveleg arbeid, forsvarleg kosthald, høvelege klær, utdanning og meiningsfylt fritid Samstundes er det ei sentral oppgåve å minske kjøpepresset og jaget etter nye produkt som ikkje tek omsyn til varekvalitet og behov. Samfunnet må oppmuntre til eigeninnsats. Vi må bort frå bruk- og kastmentaliteten, fråtsing og overforbruk.
VENSTRE vil :
- intensivere forskinga til beste for forbrukarane
- arbeide for at reklamen skal vere meir informativ
- arbeide for å halde oppe småbutikkar og andre servicetiltak i nærmiljøet
- arbeide for at forbrukaropplysing skal få ein breidare plass i radio og fjernsyn
- gå inn for betre offentleg styring med avbetalingshandelen - omfanget må reduserast
- stimulere til personleg sparing og nøysemd
- auke forbrukaropplysinga om varige forbruksgjenstandar sin kvalitet og bruksverdi
- gå inn for tvungen varedeklarasjon på visse forbruksvarer, til dømes brannfarlege tekstilar , for å gje forbrukarane større tryggleik
- gå inn for at alle produkt som ikkje har fått særskilt dispensasjon skal vere merka med produsentnamn, produksjonsstad og eventuelt importør
- stø ein aktiv statleg forbrukarpolitikk
- styrke det lokale pristilsynet
- føre strengare kontroll med sal av barneleiker
- arbeide for ei vidare styrking av forbrukarinteressene ved å styrke det lokale apparatet.
VI. NÆRMILJØ - FELLESSKAP
BUSTAD- OG BYPOLITIKK, EIGEN BUSTAD - EIN MENNESKERETT
Venstre ser det som eit hovudmål at alle skal kunne bu godt til ein pris som er forsvarleg.
Flest mogleg skal kunne eige bustaden sin. Einslege må her stillast likt med familiar. Folk må få støtte til å satse på hus og heim, ikkje verte hindra. Venstre ønskjer ei ny satsing der ein både stimulerer til bygging av nye bustader i høgt tempo, og der ein i større grad betrar den eldre bustadmassen. Venstre vil gå inn for ei sterkare premiering av sparing til bustadføremål.
Viktige saker for VENSTRE er:
- betre levekåra til dei svakast stilte i byane ved hjelp av særskilte tiltak
- yte statleg støtte til ei rask opptrapping av dei kommunale styresmaktene sin planleggingskapasitet for byfornyingsoppgåver
- sikre tilstrekkeleg med lån til bustadføremål gjennom Husbanken, Landbruksbanken, og gjennom avtalar med private bankar
- gå inn for ei raskare nedbetaling av eldre husbanklån og prioritering av subsidiane til dei som skal sette bu for første gong og til bustadutbetring
- auke Husbanken sine rammer til eigenkapital (etableringslån), utbetringslån og ervervslån
- gå inn for at kommunane skal intensivere arbeidet med kjøp og klarering av tomter, og at bustadadministrasjonen skal bli styrka både politisk og administrativt
- gjere det lettare for folk i pressomrada å kjøpe tomt til eigen bustad ved at kommunane fører ein aktiv bustadpolitikk
- stimulere til auka sparing til bustadføremål gjennom ei utviding av ordninga med skattefrie fradrag til bustadføremål, og ordningar med tilleggssparing gjennom privatbankane. Ordningane må femne om både nybygging, utbetring og vedlikehald
- halde bu-utgiftene under kontroll mellom anna gjennom avtalar mellom styresmaktene og kredittinstitusjonane om bustadrente og avdragstid, gjennom kredittpolitikken, bustøtteordninga og aktiv priskontroll, og gjennom gunstige vilkår for eigeninnsats. Det er særleg viktig å gjere bu-utgiftene rimelegare den første tida etter innflytting i ny bustad
- knytte lån gjennom Husbanken og anna offentleg avtalt bustadfinansiering til bustaden sitt bruttoareal og volum slik at ein ikkje får detaljstyring av utforminga av bustaden
- gje betre høve til eigeninnsats i bustadbygginga, også for andre byggeformer enn einebustader
- arbeide for at det vert utbygd ei kommunal rettleiingsteneste for sjølvbyggjarar
- arbeide for at ferdighus i størst mogleg grad vert tilpassa landsdelen og distrikta sine byggetradisjonar
- gje betre høve til å nytte mindre entreprenørar og handverkarar i bustadbygging istaden for ei einsidig prioritering av dei store entreprenørane og fabrikkproduksjonen
- arbeide for å gje Husbanken auka rammer slik at eventuelle meirkostnader ved bustadbygging i vanskeleg terreng kan dekkast
- arbeide for betre høve til bustadbygging i grisgrendte strok ved at kommunane utarbeider planar for slik bustadbygging og gjennom intensivert arbeid med å byggje ut og ta i bruk alternative kloakkordningar
- gjere det lettare å planlegge og finansiere fleirgenerasjonsbustader, bukollektiv eller vanlege husvere og hus knytta saman til ymse former for bufellesskap
- fremje framlegg som tek sikte på å innføre låne- og garantiordningar i Husbanken og i lokale bankar for kjøp av eldre bustadeigedomar eller delar av slike, mellom anna for å gjere det lettare for unge familiar å skaffe seg rimeleg husvere
- gå mot bruksendringar og sanering av bustader i dei sentrale byområda
- heve standarden ved rehabilitering av bustader i dei sentrale byområda på premissane til dei som bur der
- arbeide for at husbanklån til utbetring av eldre bustader skal bli gjeve utan omsyn til eigedomsform, og for at aldersgrensa for sosiale lån til utbetring av eldre bustader skal bli tatt bort
- innføre på nytt ei revidert ordning med energisparelån
- betre vilkåra for eigeninnsats i utbetring av eldre bustader, og
- arbeide for at det i aktuelle kommunar skal bli oppretta ei eiga informasjons- og rettleiingsteneste for huseigarar som ønskjer å utbetre og rehabilitere husa sine
- arbeide for å skaffe bustader som stettar dei funksjonshemma sine behov
Venstre meiner at ei hovudline fra det offentlege si side i bustadpolitikken må vere å legge tilhøva til rette for friviljug arbeid og eigeninnsats og for å kome fram til minnelege løysingar og samarbeid. Venstre vil at det offentlege skal verne dei gruppene som står svakast i arbeidet for å få bustad.
Også av den grunn vil VENSTRE:
- halde på bustadkooperasjonen som ein viktig lekk i arbeidet for å skaffe bustad, særleg i pressområda, men ikkje la kooperasjonen få monopol på bustadbygging i slike område eller la den avgjere hovudtrekka i kommunane sin bustadpolitikk
- gjere framlegg om tiltak som på nytt kan gjere borettslag tilgjengelege for dei som ønskjer eigeninnsats og eigen administrasjon i bustadbygginga
- arbeide for utvida rett til oppløysing av borettslag. Ei slik endring må ha som utgangspunkt at kooperasjonen framleis må spele ei viktig rolle, særleg i pressområda
- halde på takseringa av bustader, men takseringsgrunnlaget må endrast slik at takseringa svarar til takstane for tilsvarande nyproduserte bustader, og slik at det vert teke omsyn til andel i opparbeidde grøntareal og friområde
- greie ut korleis det kan settast ei øvre grense for storleiken på borettslag ved nybygging, og utarbeide retningsliner for korleis store borettslag kan delast opp i mindre einingar
- ta initiativ for å fjerne forkjøpsretten for borettslag, for ikkje å diskriminere når det gjeld rett til eigen eigedom for dei som bur i frittståande borettslag
- halde oppe husleigekontrollen i eldre buområde for å sikre leigetakarar, men husleia må revurderast og fastsettast på eit reelt grunnlag slik at det blir mogleg for huseigarane å gjennomføre utbetring og rehabilitering. Husleia bør fastsettast slik at den svarer til husleia i bustader av tilsvarande standard, ikkje slik at den vert bestemt av huset sin alder
- bruke kommunen sin forkjøpsrett for å overføre leiegarder til dei som bur der i form av borettslag, sameige eller sjølveigarhusvere
- arbeide for at kommunale leiegarder skal bli overførte til dei som bur der i form av borettslag eller andre eigedomsformer
- ta bort forbodet mot å etablere sjølveigarhusvere i leiegarder og i bustader med meir enn fire bustadeiningar
- gå inn for særskilte bustadtiltak for dei største byane, mellom anna for å overføre leiegarder til dei som bur der og for å unngå ei kostnadsstiging som ikkje er naudsynt.
FAMILIEPOLITIKK
Venstre meiner det er viktig å styrke familien og heimen som det grunnleggande element i samfunnet. Den noverande samfunnsutviklinga trugar familien. Å ta vare på familien som ei funksjonsdyktig eining må vere eit viktig mål. Den økonomiske politikken må bli underordna familien og det einskilde menneske sitt behov slik at det press familien har i dag kan bli letta. Ein meir familievenleg samfunnspolitikk er naudsynt for å sikre livsvilkåra både for det ufødte og det fødte barn.
Familieomgrepet må sjåast i vidaste tyding. Heimen kan femne om einslege, yngre, eldre, søsken, foreldre og vaksne barn som bur saman, ektepar utan barn og den såkalla kjernefamilien, foreldre og mindreårige barn. Heimen kan og femne om fleire generasjonar. Ein god heim der alle har tid til å vere saman, er eit aktivum for menneska som lever der, og for samfunnet.
Familiepolitikken må baserast på at familiemedlemmene føler ansvar for kvarandre. Familiepolitikken må formast ut slik at den gjev rom for sjølvutfalding og sjølvrealisering for alle familiemedlemmene. Venstre vil arbeide for at kvinner som ønskjer det, i større grad skal kunne velje arbeid utafor heimen. Dette må føre til at ein del av mennene sin arbeidskraft må førast attende til heimen.
VENSTRE vil:
- innføre dagpengar ved sjukdom og pensjonspoeng til folketrygda for personar med omsorg for barn under 10 år, eller med omsorg for eldre og uføre husstandsmedlemmer, og vurdere ei ordning med omsorgsløn/hjelp frå folketrygda til desse gruppene
- bygge ut heimehjelpsordningane, særleg for eldre, funksjonshemma og dei som har det sosialt vanskeleg
- prioritere tiltak som sikrer at eldre og funksjonshemma kan bli i heim og nærmiljø framfor å flytte til institusjonar
- bygge fleire institusjonar som kan ta seg av eldre og funksjonshemma for ein del av dagen eller for kortare tidsrom
- gje ansiennitet ved tilsetting og ved skoleopptak for arbeid i heimen med stell av barn, sjuke og eldre, der dette er rimeleg
- arbeide for auka utbyggingstakt av eit variert barnehagetilbod
- legge aukande vekt på familieplanlegging i undervisninga i skolen
- gjere det lettare å få deltidsarbeid og fleksibel arbeidstid både for kvinner og menn
- styrke nærmiljøet med omsyn til bustad, område for leik og rekreasjon, fritidstilbod, serviceinstitusjonar og arbeidsplassar
- gå inn for lovreglar som sikrar alle barn rett til samver med og omsorg fra begge foreldra, også når dei ikkje er gift
- arbeide for at aleine-forsørgarar-situasjonen vert letta gjennom økonomiske tiltak for dei som er vanskeleg stilte
- arbeide for auka sosial akseptering av aleineforeldra slik at desse i større grad enn i dag vert møtt med forståing og tillit, og får hjelp i nærmiljøet sitt.
UNGDOMSPOLITIKK
Ungdomspolitikken må sjåast i samanheng med nærmiljø-/skolepolitikk og kultur. Ein aktiv ungdomspolitikk er også førebyggande sosialpolitikk. Ungdom blir som andre grupper råka av den økonomiske politikken som vert ført. Kjenneteikn er spesialisering, sentralisering og flytting. Dette fører til auka busetnad i nyetablerte, kalde buområde med liten sosial kontakt. Sosiale problem som skilsmål, psykiske lidingar og alkoholmisbruk, er eit av resultata i eit slikt samfunn. Dette råker ungdommen. Kjensla av ansvar og tryggleik kjem bort og skaper i staden mangel på sosial tilknyting og samhald. Det er ein tendens til at ungdom fyller fritida si med kjøpte ting: Diskotek, plater, motar, fest og alkohol. Ungdomsproblema er ofte knytta til auka rusgiftbruk.
Djupare sett er ungdomsproblema eit samfunnsproblem der mangelen på sosial tilknyting, omtanke og solidaritet er avgjerande. Venstre meiner det er viktig å peike på at dette heng saman. Løysinga av ungdomsproblema krev endringar som heng nøye saman med endringar i samfunnsutviklinga. Ein aktiv ungdomspolitikk må derfor føre til endra økonomisk politikk, ny næringspolitikk og tiltak innan bustad-, skole- og nærmiljø.
VENSTRE vil:
- styrke lærlingeordninga slik at meir av yrkesutdanninga går føre seg utanfor skolebenken. Dei verksemdene som tek imot lærlingar, må få betre kompensasjon for dette
- utvide ordninga med spesielle sysselsettingstiltak for ungdom
- gå inn for å gje ungdom betre høve til arbeid som alternativ til formell utdanning
- gje høve til redusert arbeidstid for småbarnsforeldre, og gje betre høve til deltidsarbeid og ektefelledelt arbeid
- redusere inngangsbilletten til bustad for yngre familiar og kompensere dette ved at ein må betale meir når etableringsfasen er over
- gje plass for andre buformer enn tradisjonelle bustadfelt og drabantbybygging
- gje auka stønad til oppstarting og drift av ungdomsklubbar i kommunar eller privat regi
- sette av middel til alkoholfrie restaurantar, kafear og stader der ungdom kan treffast
- gje auka stønad til særskilte tiltak for ungdom som ei motvekt til den auka kommersialiseringa av ungdomskulturen. Stønaden må gjevast til ulike former for kulturelle aktivitetar
- auke avgifta på bruk av plater og kassettar på kommersielle diskotek og restaurantar.
VII. MILJØ- OG RESSURSSPØRSMÅL
ENERGI
Venstre vil arbeide for at den årlege voksteren i energiforbruket vert redusert. Venstre sin politikk tek sikte på å stabilisere forbruket av ikkje-fornybare ressursar som olje og gass. Vidare bør bruken av elektrisk kraft som er produsert på basis av vasskraft stabiliserast. I den komande stortingsperioden bør voksteren i den samla energibruken avgrensast til 2 prosent pr. år, med stabilisering innan 1990. Venstre sin politikk opner for ei omlegging av energibruken til fornybare energikjelder og ei sterk satsing på energiøkonomisering. Dessutan meiner Venstre at også Noreg må gjere sitt for å gjere verda mindre avhengig av olje som energiberar.
Venstre sin energipolitikk kan ikkje sjåast uavhengig av den moderate økonomiske politikken som partiet står for, til dømes den alternative industripolitikken. Energipolitikken er ein viktig del av utviklinga i retning av eit samfunn i jamvekt.
Vasskraft
VENSTRE vil:
- at den vidare utbygginga av norsk vasskraft må skje etter ein samla plan
- sette eit "tak" på produksjonen av elektrisk kraft på grunnlag av vasskraft med 105 TWh i middels årsproduksjon
- verne vassdrag som til dømes Jotunheimen/Breheimen, Gaular, Rauma, Forra, Tovdal, øvre Glåma og store delar av Saltfjellet mot utbygging
- gå inn for å gje konsesjon for utbygging av meir vasskraft i komande stortingsperiode dersom det blir naudsynt. Venstre har i vassdragsplanen sin sett opp ei liste over vassdrag som kan byggast ut under visse føre setnader. Einskilde av desse kan det bli aktuelt å bygge ut innan 1985, til dømes Tjodan, Sjønstå, øksneelvane, Tysfjord, Naddvik og Tysso
- sette i verk eit handlingsprogram for ombygging av eldre kraftverk
- gå inn for ein varleg utbygging av småkraftverk
- at Noreg ikkje skal bygge ut vasskraft med sikte på eksport.
Prisar og kraftrammer
VENSTRE vil:
- trappe opp prisane på elektrisk kraft til alminneleg forsyning i løpet av stortingsperioden til langtids grensekostnad, dvs. samfunnet sine verkelege kostnader ved nyutbygging og ved framføring av vasskraft. Prisane bør vere like over heile landet. For å sikre svakare stilte grupper som blir råka av prisauken, bør særtillegget til minstepensjonistane aukast, og bustønadsordningane bli utvida
- at langtids grensekostnad skal leggast til grunn for den kraftintensive industrien. Innan 1984 bør det gjennomførast lik pris for all kraft, noko som vil føre til at einskilde verksemder vil stå framføre gjennomsnittsprisar som vil gå ned, andre framføre prisar som stig. I tidsbolken frå 1984 til 1990 vil "likhetsprisen" bli heva med 10 prosent pr. år i faste prisar. Det vil tyde at den kraftintensive industrien i 1990 vil betale ein pris på om lag 8 øre/kWh (prisnivå januar 1980). I 1990 skal prispolitikken vurderast på nytt på grunnlag av kalkulasjonsrenta og den internasjonale utviklinga
- at den kraftintensive industrien må tildelast ei fastkraftramme på 31 TWh fram til 1990. Behov for meir kraft kan dekkast ved at industrien sjølv får nytte kraft som har blitt attvunne, og at den får disponere om lag 2 TWh kraft med avbrotsklausul
- arbeide for at det blir oppretta eit omstillingsfond på 3000 millionar kroner for den kraftintensive industrien. Fondet skal betale ut tilskott til dei verksemder og lokalsamfunn som vel å legge om produksjonen sin i perioden 1980 til 1995
- at alle einsidige industristader, der lokalsamfunnet eller verksemda avgjer at det skal skje omlegging, skal bli fritekne for arbeidsgjevaravgift i ein 20-årsperiode
Olje
VENSTRE vil:
- at den innanlandske bruken av olje og oljeprodukt skal stabiliserast og på sikt minskast
- stabilisere utvinninga av olje og gass på den norske kontinentalsokkelen på 50 millionar tonn oljeekvivalentar. Venstre ønskjer ikkje oljeboring nord for 62. breiddegrad, og vil arbeide for å avgrense slik boring. Funn i 4. konsesjonsrunde skal ikkje utnyttast før etter 1990.
Energiøkonomisering
VENSTRE vil:
- at elektrisitetsverka må få pålegg om å ruste opp overførings- og fordelingsnettet for elektrisk kraft med sikte på å redusere nett- tapet. I samband med dette må naudsynte økonomiske middel stillast til disposisjon
- gå inn for at alle større bygg skal påleggast å gjennomføre all varmegjenvinning som vert billegare enn 20 øre/kWh (1980-pris)
- at energigjenvinning i industrien skal oppmuntrast ved at slike investeringar gjev grunnlag for skattefrie fondsavsetnader, fritak for investeringsavgift og spesielle låne- og tilskottsordningar
- skjerpe byggeforskriftene både for bustadhus og industribygg med sikte på betre energiøkonomi. Husbankens lånerammer må justerast i tråd med dette
- legge om samferdselspolitikken med sikte på auka gods- og persontrafikk på tog, båt og kollektive transportmiddel
- innføre ei miljøavgift på 2 øre/kWh på kraft til vanleg forsyning som vert øyremerka til kommunale, fylkeskommunale og statlege føremål, for å finansiere energiøkonomiseringstiltaka.
Andre energikjelder
Venstre meiner at planlegging og bygging av kjernekraftverk eller større olje/kolfyrte varmekraftverk ikkje er aktuelt.
VENSTRE vil:
- sette i verk eit forsert forskings- og utviklingsprogram når det gjeld bruk av solenergi til varmeføremål, og vind- og bølgjekraft til elektrisitetsproduksjonen
- gje tilskott til å etablere private og kommunale flisfyringsanlegg i distrikt med overskot på treavfall eller unytta skogsressursar. Statsbankane sine utlånsreglar må justerast slik at investeringane kan dekkast gjennom billege lån
- etablere prøveordningar for å nytte skogsvirket til trekolproduksjon og metanolproduksjon
- gje særskilte tilskott til å etablere biogassanlegg ven gardsbruka
- gje avfallsforbrenningsanlegg pålegg om å utnytte varmepotensialet
- stimulere utbygginga av eit meir fleksibelt energiforsyningssystem. Der tilhøva ligg til rette for det, bør konvensjonelle oppvarmingssystem bli erstatta av fjernvarmesystem der ulike energiberarar kan nyttast, t.d. avfall, flis, spillvarme, tilfeldig el-kraft, varmepumpe o.s.b.
Organisering av Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen
Venstre vil gå inn for å omorganisere Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen. Denne omorganiseringa vil tyde at Statskraftverka vert skiIt ut som eigen etat. Vassdragsdirektoratet vert overført til eit nytt direktorat som vert lagt under Miljøverndepartementet, og det må opprettast eit eige energidirektorat.
OLJE- OG MINERALRESSURSAR
Olje
Olje- og gassressursane på den norske kontinentalsokkelen må bli sett som det norske samfunnet sin eigedom. Dette er lagerressursar som det er eit spesielt ansvar for oss å forvalte. Det er i komande generasjonar si interesse at forbruks- og vekstøkonomien tilpassar seg ei stabilisering av oljebruken.
VENSTRE vil:
- ha auka norsk innverknad over alle sider av oljeverksemea i Nordsjøen
- nytte norske leverandørar til oljeverksemda i størst mogleg grad
- stå mot internasjonalt press for å auke utvinningstakta for olje og gass ut over 50 millionar tonn oljeekvivalentar
- føre over eigedomsrett til eksisterande og framtidig olje- og gassressursar til det norske samfunnet, og gjere om oljeselskapa til entreprenørselskap
- gje private norske selskap andel og arbeidsoppgåver i oljeverksemda på kontinentalsokkelen
- avgrense deltakinga av utanlandske oljeselskap med sikte på full norsk overtaking av oljeaktiviteten
- sjå etter at arbeidsmiljølova vert fylgt opp når det gjeld Nordsjøaktiviteten
- endre Statoil sin organisasjon slik at folkevalde organ får større innsyn og innverknad, mellom anna ved å dele Statoil og Norol
- bruke staten sin avgiftsolje til å utvikle det nordiske samarbeidet
- avgrense den innanlandske bruken av oljeinntektene sterkt, og prioritere langsiktige investeringar, ikkje forbruk
- gjennomføre særskilte tiltak for å hindre at lønsnivået i oljeverksemda skapar store ulikskapar og lønspress i norsk økonomi
- hindre at det norske samfunnet blir for sterkt prega av oljeverksemda ved at til dømes ein alt for stor del av den norske forskinga, kapital og utdanningsressursane m.m. vert konsentrert om denne sektoren
- redusere koplingshandel mellom oljeverksemd og industrisamarbeidsavtalar
- styrke utdanninga og opplæringa av oljepersonell
- bygge opp ein fullgod kontroll med drifta av oljeinstallasjonane
- arbeide for eit lågt, men stabilt aktivitetsnivå (leiting, utbygging, drift) i oljesektoren
- bygge ut gasskraftverk på eit marginalt felt i Nordsjøen.
Minerala
Noreg er rikt på mineralressursar, sjølv om malmførekomstane kan ha låge konsentrasjonar. Den framtidige ekspansjonen vil truleg skje innan utvinning og foredling av industriminerala. Det er bruk for auka kunnskap om ressursane sin storleik når det gjeld dei tradisjonelle malmane våre, som industrimineraler og sand og grus. Det er ei offentleg oppgåve å sørgje for at denne kunnskapen er tilgjengeleg. Vi må vere meir merksame på mineralsektoren med sikte på å legge tilhøva til rette for å endre både strukturen og styringa av verksemdene.
VENSTRE vil:
- gje grunnlag for raffinering av norsk koppar
- utvide bauxitt-, oksyd- og aluminiumssamarbeidet med Jamaica
- auke leitinga etter malm og mineral i Noreg, særleg i gruvesamfunn som er truga av nedlegging (som Skorrovas m.fl.)
- la staten ta over eigedomsretten til norske malmar og industrimineralar
- pålegge rehabilitering av naturen etter gruvedrift og sand- og grustak
- legge tilhøva til rette for betre og meir omfemnande utnytting av industriminerala
- gå mot utvinning av uran og thorium
- stille dei naudsynte ressursar til rådvelde for utvikling av koldrifta på Svalbard
- endre bergverkslovene slik at utnytting av industriminerala kjem under betre samfunnsmessig styring.
NORSK POLITIKK I POLAROMRÅDA
Staten må gjennom løyvingar og andre tiltak ta konsekvensane av at Svalbard er ein del av Noreg. Verksemda på Svalbard må haldast på eit forsvarleg nivå.
VENSTRE vil:
- at Noreg må arbeide for å auke engasjementet sitt og innverknaden sin i polarområda
- at Stortinget i komande stortingsperiode må få høve til å diskutere norsk engasjement i polarområda i breid samanheng, særleg når det gjeld framtidig norsk engasjement i Antarktis
- bygge opp ein betre kompetanse på dette saksområdet både når det gjeld administrasjon og forsking
- gjere meir for at Noreg skal drive både mellombelse og permanente forskingsekspedisjonar og forskingsstasjonar
- at Noreg må ta nasjonalt og internasjonalt initiativ til ei vidare fredleg utvikling av områda, og at denne utviklinga må skje på ein slik måte at dei ikkje vert øydelagte av forureining eller på grunn av at dei vert utnytta for mykje og slik at eventuell framtidig bruk av ressursane også kjem dei fattige landa til gode
- intensivere opplysingsarbeidet på dette saksområdet i skole og media.
FORUREINING OG RESSURSAR
Auka forureining minskar verdien av ressursane.
Frisk luft, reint vatn, mat som ikkje er forureina og lett tilgjenge til levande natur er gode som det stendig vert mindre av. Den viktigaste årsaka til auka forureining er eit stendig høgare energiforbruk basert på fossilt brennstoff. Auka overgang frå olje til kol vil forsterke problema. Det er grunn til å frykte at Noreg vil få direkte føling med ei slik venta utvikling gjennom auke i den sure nedbøren frå andre land i Europa (England og kontinentet). Den "sure" nedbøren har i seg stoff som er framande for den menneskelege organisme, mellom anna kraftframkallande stoff.
Den auka spreidinga av ei rekke ulike kjemiske stoff i miljøet, må bli sett som det største trugsmålet mot menneska si helse. For å gjere noko med desse problema, må det settast i verk både nasjonale og internasjonale tiltak.
I landet vårt er det i dei seinaste åra sett i verk ei rekke tiltak mot forureining. På nokre område har det vore ei betring, men totalt sett har problema auka. Eit døme er auka bilisme som fører med seg luftforureining og støy. Avfallsproblemet er også veksande. Avfallsfyllingar gjev gjerne vatnforureiningsproblem etter ei tid, også av grunnvatnet. Avfall må i større grad verta nyttiggjort og resirkulert med sikte på betre ressursbruk og mindre forureining.
VENSTRE vil:
- basere produksjon og forbruk i stendig større grad på ressursar som kan fornyast
- utvikle behandlingsmetodar for resirkulering av avfall
- hindre avfallslagring som kan føre til forureining av vatnressursane
- gå inn for at staten skal stimulere til bruk av ordningar og utstyr for gjenvinning og gjenbruk av råstoff frå all slags avfall
- utvide arbeidet med betring, nyanlegg og drift av avløypsleidningar og større og mindre renseanlegg for kloakkutslepp
- gå inn for forsking og utvikling av betre avløypsløysingar for spreidd bustadbygging
- stille krav til eksisterande industri om å nytte tilgjengeleg teknologi for å sette miljøet attende til opprinneleg tilstand
- føre ein meir systematisk og omfemnande kontroll med utslepp til luft og vatn
- gå inn for strenge konsensjonsvilkår for luft- og vatnforureinande verksemd
- utarbeide eit handlingsprogram for ulike støydempande tiltak, mellom anna støyskjermar langs hovudvegar
- innføre strengare normar i Noreg for den einskilde bil når det gjeld forureining og energibruk
- utarbeide trafikkplanar og legge til rette for bilfrie område i byar og tettsteder med forureiningsproblem
- intensivere arbeidet med internasjonale avtalar mot sur nedbør og spreiding av helseskadelege stoff gjennom lufta
- gå inn for å skaffe ein effektiv beredskap mot oljeforureining i dei distrikta der dette er naudsynt
- gje arbeidet for å hindre oljeforureining høg prioritet
- la dei statlege og lokale styresmaktene samarbeide om å ta vare på dei nasjonale naturverninteressene
- sikre friluftsområda og verneverdige naturområde effektivt
- gje verksemder som fører til store inngrep i terrenget ansvaret for å sette området i stand att når arbeidet sluttar
- sikre reint drikkevatn for alle innbyggarane
- verne havområda og atmosfæra mot forureiningar gjennom nasjonale og internasjonale avtalar
- skjerpe produktkontrollstyresmaktene sitt tilsyn med kjemiske stoff og produkt.
VIII. SAMFERDSEL
Eit godt tilbod innan samferdsel er naudsynt for å skape ei rettvis fordeling av materielle og kulturelle gode for folk ut over heile landet. Det er også viktig for å halde oppe sosiale kontaktar og for at dei som treng transport mellom bustad og arbeidsplass skal få eit akseptabelt tilbod.
Samferdselpolitikken må formast ut slik at han gjev grunnlag for eit allsidig og spreidt næringsliv, at han motverkar sentralisering av produksjon og busetnad, og at han fremjer ressurssparing og skapar eit tryggare trafikkmiljø. Dette krev store ressursar både når det gjeld pengar og drivstoff. I pakt med partiet sitt syn på ressurssparing, ønskjer Venstre å kome fram til eit godt samferdseltilbod med så liten bruk av ressursar som mogleg, og vil gå inn for:
- å stimulere til bruk av dei transportmidla som brukar lite energi og gjev lite støy og forureining
- å minske behovet for godstransport gjennom eit desentralisert næringsliv
- å skape mindre behov for pendling gjennom desentralisering av arbeidsplassane. Ei rekke tiltak er naudsynte for å få verksemder til å etablere seg i utkantane.
VENSTRE vil:
- prioritere bygging av vegar til veglause strok og utbetring av vegar med dårleg standard
- innføre eins bensinpris over heile landet
- gje Europavegen gjennom Nord-Noreg ein forsvarleg standard
- erstatte korte fergestrekningar med bruer og tunnelar der trafikkgrunnlaget gjer dette mogleg
- gå inn for sterkare utbygging av kaier, moloar og hamneanlegg også på mindre stader
- styrke lokalsambandet på kysten ved å opprette ruter med snøgg-gåande båtar som kan supplere hurtigruta, eller oppretthalde kombinerte gods- og passasjerruter der dette er det mest tenlege
- halde oppe hurtigruta på strekninga Bergen-Kirkenes
- gå mot nedlegging av jarnvegstasjonar og sideliner, og vurdere å opne på nytt einskilde nedlagde stasjonar og sideliner
- gå inn for å føre vidare elektrifiseringa av jarnvegen med sikte på at heile jarnvegen i framtida skal bli elektrifisert
- gå inn for at arbeidet med å forlenge Nord-Noreg-banen skal bli sett i gang i denne perioden.
AUKA TRYGGLEIK I TRAFIKKEN - KOLLEKTIVTRANSPORT
Venstre ønskjer å redusere energibruken. Dette krev tiltak for å minske massebilismen. Auka energiprisar vil ha ein slik effekt. Gjennom ein politikk som fører til auka bruk av kollektive transportmiddel, kan vi redusere talet på trafikkoffer.
For å gjere dei kollektive transportmidla meir attraktive, er frekvens og køyretid viktige verkemiddel. Bystrok og utkantstrok har ulike behov når det gjeld transport. Ein reduksjon i bruken av privatbil må i første rekke skje i bystrok.
Venstre vil prioritere jarnvegtransport framfor vegtransport.
VENSTRE vil:
- gje kollektivtrafikken eigne køyrefelt og om naudsynt også eigne gater eller felt for kollektivtrafikk og syklistar
- bygge ut dei kollektive transportmidla med fleire ruter og avgangar og føre vidare lågprispolitikken
- lette bruken av kollektive transportmiddel for funksjonshemma, eldre og folk som reiser med små barn
- gå mot bygging av storflyplass på Austlandet fordi det ikkje er behov for det
- føre over meir av tungtransporten frå bil til jarnveg og båt, men unngå å treffe tiltak mot langtransport med bil der det er det einaste alternativet
- sikre eit eige bytakstregulativ som grunnlag for subsidiar til kollektivtransporten i dei største byane
- gje statleg stønad til bygging av forstadbanar
- redusere løyvingane til motorvegar
- legge gjennomfartsvegar utanom bustad- og serviceområda
- gå inn for større trafikktryggleik for mjuke trafikantar gjennom arbeid med reguleringsplanar, og ved auka løyvingar til gang- og sykkelstiar
- innføre restriksjonar for privat bilkøyring i bykjernene
- gjennomføre ein avgiftspolitikk til føremon for meir trafikksikre og miljøvenlege bilar
- stø arbeidet med å prøve ut elektriske bilar
- arbeide for at alle parkeringsavgifter skal kunne nyttast til andre trafikkføremål, mellom anna for å styrke kollektivtrafikken
- auke løyvingane til støyskjerming
- gje lokale styresmakter større fridom til å innføre reduserte fartsgrenser
- skjerpe fartskontrollen på vegane og reaksjonane ved fartsoverskridingar
- halde på den noverande promillelovgjevinga, men sette promillegrensa til 0,35
- gå inn for at store motorsyklar berre skal tillatast for politiet
- gje meir trafikkopplæring i skolen
- sikre eit regelverk som gjer at all transport av farleg gods må skje etter dei strengaste tryggingsføreskriftene.
TELEVERKET
VENSTRE vil:
- gje Televerket høve til å finansiere utbygging av telekommunikasjonane på lik line med andre næringsgreiner
- gå inn for ei omlegging av teletakstane med ei lokalsone innan eit større distrikt og ein sats for resten av landet
- gje staten plikt til å skaffe nye arbeidsplassar i distrikta i staden for dei som vert borte på grunn av teleautomatisering
- gje ressursar til norsk forsking for å kunne møte utviklinga innan telekommunikasjonen
- gå inn for å opprette ein opplysingssentral i indre Finnmark der dei som talar samisk kan få hjelp.
REISELIVET
Dei viktigaste kategoriane innan norsk reiselivsnæring - overnattings- og servicenæringane, transportnæringa og reisebyråa/turoperatørane sysselset vel 70.000 personar i Noreg. I denne næringa er det svært mange kvinne-arbeidsplassar, ofte i strok av landet der det er få andre tilbod til kvinner.
Ein større del av reiselivsverksemdene ligg i utkantstrok enn verksemder innan andre næringar. Reiselivsnæringa har derfor ei stor distriktspolitisk tyding.
Næringa har verd på fleire område:
Næringa skapar arbeidsplassar og direkte inntekter, og har ringverknader på andre næringar (varehandel, bensinstasjonar osb.). Utbygging av tenester som kommunikasjonar, varetilbod, tenestetilbod, aktivitetstilbod, betre tilbod om møtelokale osb. er også til nytte for dei fastbuande.
Dette ser Venstre som viktige faktorar for å halde oppe busetnaden i ei rekke utkantstrok.
Den vidare utbygginga i reiselivsnæringa må prioritere anlegg som gjev:
- tilbod på heilårs-arbeidsplassar
- tilbod også på deltids-arbeidsplassar og sesongarbeid for dei som ønskjer det (skoleungdom, kvinner m.fl.)
- høve til attåtnæring for næringssvake bruk
- betre tilbod på varer og tenester for dei fastbuande
- tryggleik for lokal levering av varer og tenester som det er naturleg for lokalsamfunnet å tilby (til dømes handverksarbeid og transportteneste).
Venstre meiner at med dei ressursane Noreg har i friluftsamanheng, ligg det føre eit ansvar for å dele desse goda med folk frå andre nasjonar. Ved ei styring av utviklinga er det etter Venstre si meining plass for både norske og utanlandske turistar i Noreg utan at det bør kome konfliktar ut av det.
Reiselivet kan også ha ei verdfull sosial tyding for menneske som til vanleg har liten kontakt med andre.
Med den utviklinga vi kan vente i reiselivsnæringa i åra som kjem, vil kravet til utdanning innan denne sektoren auke. Det må leggast vekt på etterutdanning for dei mange ufaglærte arbeidstakarane, særleg kvinner, som arbeider i dette yrket.
Turisttrafikken må kanaliserast til stader som toler det, og bort frå strok som er særleg sårbare. Elles må det settast i verk tiltak for å hindre forsøpling langs vegane som er eit problem fleire stader. Forbod mot fri camping i eit belte langs riksvegane i sårbare område kan vere eit slikt verkemiddel.
VENSTRE vil:
- skjerpe kontrollen med å få fjerna dei "bevillingslause" verksemdene for å trygge reiselivsverksemdene og arbeidsplassane der
- bygge ut rettleiingstenesta for reiselivsnæringa i den standard andre næringar nyt godt av
- ha eit fagutval til å sjå på utdanninga i reiselivssektoren
- legge vekt på etterutdanning for den store delen av ufaglært arbeids kraft, særleg kvinner, i næringa
- betre arbeidsmiljøet og lønstilhøvet for dei tilsette, særleg for kvinner som kjem klårt dårlegast ut
- auke vegvesenet sitt budsjett slik at det kan settast opp avfallsdunkar og toalett langs vegane og at desse kan haldast ved like, og at dette kan gå inn som ein naturleg del av vedlikehaldet av vegnettet
- vurdere forbod fri camping i eit belte langs riksvegane i sårbare område
- tillate hyttebygging på stader der det eksisterer disposisjonsplanar som tek tilstrekkeleg omsyn til naturmiljøet
- gå inn for at kommunane også på regional basis skal legge tilhøva til rette for bygging av private hytter og andelshytter. Sakshandsaminga ved søknad om byggeløyve må forenklast
- gå inn for bygging av utleie/andelshytter der det er behov for attåtnæring for å halde oppe busetnaden
- innføre fartsregulering for fritidsbåtar.
IX. KULTURELL JAMVEKT OG MANGFALD
Kultur er det sett av idear, verdiar og normer kvar generasjon tek over, forvaltar, påverkar og førar vidare til komande slekter.
Kultur i denne tydinga av omgrepet gjer kulturpolitiske synsmåtar sentrale i samfunnsplanlegginga.
Venstre ser det som eit politisk hovudmål å forme eit samfunn som også kulturelt er i jamvekt.
Dette tyder:
- at Venstre vil arbeide for vern av dei sider ved kulturarven vår som står i fare for å gå tapt i konkurransen med samfunnsutviklinga på andre område. Det gjeld både fysiske spor frå tidlegare generasjonar sin innsats, og andre kulturverdiar vi har fått i arv
- at Venstre, som ei motvekt til kommersialisering av vesentlege kulturverdiar, vil styrke det lokale kulturlivet som tradisjonelt bygger på eigenaktivitet, amatørverksemd, folkeopplysning og anna organisasjonsarbeid
- at Venstre vil arbeide for å hjelpe einskildmenneska og dei gruppene som står svakt i høve til resten av samfunnet til å få fridom og rett til kulturell utfalding
- at Venstre vil arbeide for toleranse, åndsfridom og høve for den einskilde til sjølv å velje former for kulturell aktivitet og utfalding
- at Venstre vil sikre plass for dei kulturpolitiske synsmåtane i samfunnsstyringa
- at avgjerder som gjeld kulturoppgåver av regional og lokal karakter skal overførast til folkevalde styringsorgan i fylkeskommunar og kommunar. Kulturpolitikken må i sterkare grad bli ført ut frå lokale tilhøve og ut frå eigne føresetnader innanfor ramma av ein nasjonal kulturpolitikk.
KULTURPOLITISKE VERKEMIDDEL
For Venstre gjev hovudprinsippa i kulturmeldingane frå 1970-åra eit godt utgangspunkt for den praktiske kulturpolitikken. Kulturmeldingane introduserte økonomiske, organisatoriske og informative verkemiddel for å fremje kulturlivet over heile landet. For distriktskulturen har desse verkemidla vist positive og synbare resultat.
Endringar i lokalforvaltinga kan resultere i nye inntektssystem for kommunar og fylkeskommunar som vil føre til bortfall av statlege overføringar til kulturføremål. I denne samanheng vil det vere naudsynt med overgangsordningar i kultursektoren. Det gjeld mellom anna statlege overføringar til allment kulturarbeid, halvoffentlege museer, regionsteater og institusjonsteater, symfoniorkester og andre kulturinstitusjonar der staten har teke på seg økonomisk ansvar.
DET LOKALE KULTURLIVET
Venstre vil arbeide for at flest mogleg blir aktivt med i kulturarbeid i nærmiljøet sitt. Det offentlege hjelpeapparat må i større grad rette seg mot dei små einingane i lokalmiljøet der det er lettare å få med seg menneske med ulik bakgrunn. Dei friviljuge organisasjonane spelar her ei viktig rolle.
VENSTRE vil:
- styrke tilskottsordninga for bygging, utbetring og ombygging av samfunnshus, lokale kulturhus og aktivitetshus med rom til mellom anna ungdomsklubbar og dagsentra for eldre og uføre
- auke løyvingane til kulturtiltak for minoritetsgrupper, mellom anna samane, slik at dei får ta vare på og utvikle kulturarven sin
- arbeide for at skolen i større grad enn no skal gje rom for fag som musikk, drama, biletkunst og lokal historie
- stø friviljuge organisasjonar slik at dei kan gjere sitt til å skape auka engasjement og eigenaktivitet. Arbeidet mellom barn og ungdom må styrkast gjennom ein vekselverknad mellom friviljuge organisasjonar og kommunalt organiserte tiltak.
FRILUFTSLIV - IDRETT
Naturen vår gjev gode høve til eit aktivt friluftsliv. Gjennom idrett og friluftsliv opplever mange menneske gleda av å vere i god fysisk og psykisk form, og dei får del i den kulturopplevinga og samkjensla idretten kan gje. Friluftsliv, masseidrett og eliteidrett må utfylle kvarandre. Eliteidretten må ikkje få dominere idrettslivet.
VENSTRE vil:
- gjere friluftsliv og idrettstilbod tilgjengeleg for alle, også i nærmiljøet
- verne fritids- og rekreasjonsområda i nærmiljøet og arbeide for å sikre fleire friområde
- dele løyvingane til friluftsliv og idrett slik at det fremjer aktivitet for dei mange
- auke løyvingane til helsesportlag og handikapidrett.
SPRÅKET
Språket er ein viktig del av identiteten vår, både som individ og som nasjon. Det er derfor naudsynt at kvar einskild får opplæring i den målforma han eller ho finn naturleg. Vi må arbeide for eit levande skriftspråk som ligg nær opp til talemålet både i ordval og i setningsbygging.
VENSTRE vil:
- arbeide for at den nye mållova skal bli fylgt
- stille begge målformer likt i undervisning, kringkasting og offentleg teneste
- gå inn for å opprette på ny nynorsk-konsulentstillingar i NRK
- gje samisk- og finsktalande barn opplæring på deira eige språk
- gje dialektane høve til å utfalde seg som den positive kulturfaktoren dei er, mellom anna ved å auke dialektbruken i NRK
- arbeide for at løyvingane til nynorske lærebøker skal bli store nok til å oppnå reell jamstelling, og at lærebøker til alle skoleslag skal ligge føre på båe målformer til same tid og same pris
- styrke opplæringa i sidemål i ungdomsskolen, den vidaregåande skole og i høgare skoleslag
- arbeide for å avgrense den utanlandske påverknaden av språket.
KUNSTEN
Kunsten er ein viktig del av eit land sitt kulturliv. Det offentlege må sørgje for at kunstnarane får økonomiske kår på line med andre yrkesgrupper. Særleg viktig er det at dei får arbeidstilhøve som gjer at dei kan arbeide i lokalmiljøet. Dette vil også auke breidden i rekrutteringa til denne yrkesgruppa og på den måten sikre mangfaldet.
VENSTRE vil:
- arbeide for at NRK i større grad skal kjøpe inn litterære og musikklitterære norske verk
- betre vilkåra for kunst for barn, til dømes barnelitteratur, barne- og dokketeater, film og musikk for barn
- stimulere til oppretting av kommunale musikkskolar
- bygge ut den regionale musikkverksemda mellom anna gjennom regionorkester
- gje amatørteatra betre arbeidsvilkår, stø frie teatergrupper og musikkfestivalar
- utvikle mangfaldet innan kunsten ved å få til samspel mellom yrkeskunstnarar og amatørar i lokalsamfunnet
- gå inn for å opprette ein eigen norsk filmskole ved ein av distriktshøgskolane
- arbeide for at ein del av byggesummen skal avsettast til kunstnerisk utsmykking ved bygging av offentlege bygg og anlegg.
BIBLIOTEK
VENSTRE vil:
- gå inn for å styrke bibliotektenesta i samsvar med føresetnadene i biblioteklova
- bygge ut bibliotekbuss- og -båttenesta i distrikta.
KULTURVERN
VENSTRE vil:
- effektivisere vernet om kulturminna våre og auke løyvingane til arbeidet med å registrere dei faste kulturminna rundt om i landet
- arbeide for eit fastare samarbeid mellom skole, musé og samlingar slik at kunnskapen om kulturen vår blir meir allmenn
- at det skal gjevast brei informasjon om lokale byggeskikkar og arkitekturvern for å hindre forflating i bygningskulturen
MASSEMEDIA
Demokratiet sitt beste vern er ein vaken folkeopinion og ein fri, open debatt bygd på kunnskap om det som verkeleg skjer i samfunnet. Ytringsfridom er ikkje nok. Han må supplerast med rett til allsidig informasjon.
Påverknad frå massemedia vil ofte vere meiningsdannande for einskildindivid og for grupper av menneske. Det er derfor naudsynt med ei fri og differensiert presse, og ei desentralisert og allsidig kringkastingsverksemd der både kvinner og menn får kome til orde.
Venstre meiner at den vidare utbygginga av kringkastinga må skje innan ramma av det noverande NRK-monopolet. Innan dette monopolet må det vere rom for langt større variasjonsbreidde. NRK må i den regionale verksemda si følgje ein praksis som fører til at mellom anna dei som står for det lokale organisasjons- og kulturarbeidet, føler at dei har sin naturlege plass i dette mediet.
VENSTRE vil:
- sikre ei presse som baserer seg på variasjon og fridom, ved å legge tilhøva til rette for eigne bygde- og bydelsaviser, og for aviser på båe målformer
- sikre at vesentlege delar av norsk dags-, veke- og fagpresse ikkje skal bli styrt, eigd eller kontrollert av utanlandske interesser
- styrke programtenesta i distrikta gjennom mellom anna at NRK sine distriktskontor får eige budsjett, og at ein del av desse kontora vert lagt til bygdemiljø
- gje språklege minoritetsgrupper eigne kringkastingsprogram
- innføre faste samnordiske sendingar i radio og fjernsyn
- arbeide for at fjernsynsprogram i større grad må tekstast for hørselssvekka
- arbeide for å avgrense omfanget av valdslitteratur og porno, valdsfilmar i alle media, og forby sal av kassettar med valdsscener
- gå mot all reklame i radio og fjernsyn
- arbeide for å gjere Program 2 til eit program for distrikta med sendingar som går over heile riksnettet, med administrasjon utanfor Oslo
- auke stønaden til arbeidet med utgjeving av lydavis
LIVSSYN OG RELIGION
Eit grunnleggande prinsipp for eit demokratisk samfunn er einskildmennesket sin rett til sjølv fritt å velje den tru, det livssyn og den religion som han / ho vil slutte seg til eller dyrke.
VENSTRE vil :
- halde oppe statskyrkjeordninga, men stille seg open til å vurdere kyrkjelege og praktiske reformar med sikte på større fridom for Den Norske Kyrkja
- arbeide for å auke respekten for einskildmennesket utan omsyn til stand, stilling, evner og anlegg eller alder, seksuell legning, tru eller livssyn, rase eller politisk innstilling
- arbeide for at kyrkja, dei kristne organisasjonane, dissentarmenighetene og andre trussamfunn og livssyssorganisasjonar skal få gode arbeidsvilkår, og at alle livssynsorganisasjonane må få faste tilskott på line med dei tilskotta som vert gjevne til mellom anna kristne dissentarmenigheter
- arbeide for at det der det trengst skal bli bygd arbeidskyrkjer som er høvelege for dei ulike aktivitetare som høyrer med i eit variert arbeid innan ein kyrkjelyd
- gå inn for at tilskottet til Kirkerådet skal bli auka monaleg, og at rådet skal få i oppdrag å stø kyrkjebygg på same måte som Kulturrådet stør kulturbygg.
X. UTDANNING OG FORSKING
Gjennom utdanning og forsking kan vi forme framtida vår.
I ei tid med mange og raske omstillingar må barn og unge ha rotfeste i det beste av fortida sin kultur. Skolen må ikkje berre formidle desse verdiane, men og ta opp framtida sine problem: Trygging av menneskerettane, styrking av demokratiet, arbeidet for fred og eit godt liv for alle, fri forsking og fri kunst, kultur- og miljøvern, eit samfunn i jamvekt, riktige bruk og ei rettvis fordeling av ressursane, god yrkesutdanning og arbeid for alle.
Barn og ungdom må lære å forstå at dei normene og dei verdiane vi vel, den politikken vi fører, den utdanning og forsking vi driv, former framtida vår. Vi må få innsyn i korleis samfunnet fungerar både i det små og i det store, innsyn i kva for krefter som verkar på oss, og korleis vi betre kan rå med desse kreftene slik at vi som nasjon kan bli betre i stand til å styre landet vårt fram mot dei mål som vi har for framtida.
Barn og ungdom, foreldre, lærarar og andre tilsette må få delta aktivt i det demokratiet vi vil ha i skolen. Vi må lære å forstå demokratiet sine spelereglar. Skal dei unge bli gode medarbeidarar i eit demokratisk samfunn, må skolen medverke aktivt til at dei unge vil nytte seg av den røysteretten dei har fått. Det trengst ikkje berre kunnskap og innsyn, men også evne til engasjement, kritisk tenking og samarbeid.
Kontakten mellom utdanning og forsking må bli styrka slik at forskingsresultata tidlegare kjem all utdanning til gode. Spreiding av forskinga til regionale høgskolar og regionale forskingsinstitusjonar kan medverke til at forsking og forskingsresultat vert ein del av kvardagen for oss alle.
Lokalsamfunnet sin natur, kultur og arbeidsliv må bli ei viktigare kjelde til kunnskap i framtida. Praktiske og nære problemstillingar kan vere utgangspunktet for teoretiske basiskunnskapar, praktisk arbeid, forskings- og utviklingsarbeid.
SKOLE OG OPPLÆRING
Sentraliseringa i skoleverket har ikkje berre skapt større einingar, men og ein meir einsretta skole. Venstre vil endre denne utviklinga ved å skape eit demokratisk skoleverk med små einingar der alle har medansvar. Ein slik skole må bli prega av mangfald, av like vilkår og likeverd, av initiativ og evne til eiga utvikling. Samarbeidet mellom skole og heim må bli langt betre. Skolen må ikkje isolere aldersgrupper, men istaden prøve å bryte ned generasjonsmotsetnadene. Skolen må på nytt bli eit kulturelt midtpunkt i lokalmiljøet. Skolen må ikkje bli ein oppbevaringsplass for ungdom.
Kontakten mellom skole og arbeidsliv må styrkast. Dei unge må i større grad få velje mellom skolegang og arbeid eller ein kombinasjon av skole og arbeid.
Nasjonal og regional skoleplanlegging og skoleutbygging fører til at heile årskull ofte må reise frå heimbygda for å gå på skole. Venstre vil styrke det vidaregåande skoletilbodet i lokalmiljøa. Dette vil gje lokalmiljøa lærarkrefter med eit høgt utdanningsnivå og gje positive resultat for grunnskolen. Venstre er klår over at eit samfunn i større jamvekt, som både bygger på dei økonomiske målsettingane og solidariteten, også er eit samfunn som stiller krav til den einskilde sitt arbeid og innsats.
Lik rett til utdanning må bli ein realitet, ikkje eit slagord. Korkje sosiale, geografiske, økonomiske tilhøve eller kjønn skal vere til hinder når den einskilde vel utdanning. Dette stiller krav til innhaldet i skolen, stipend- og låneordningar, og reglane for å kome inn på utdanningsinstitusjonane.
VENSTRE vil:
- stå fast på den kristne føremålsparagrafen for all opplæring av barn og ungdom i skolen
- gje tilbod om alternaliv livssynsundervisning for dei som ønskjer det
- styrke undervisninga innanfor økologi, ressursforvalting og miljøvern, også sett i høve til dei globale problema
- gje den einskilde skole større fridom til å utvikle eigenarten sin innanfor visse økonomiske og pedagogiske rammer. I framtida vil dette bli den viktigaste form for forsøksverksemd
- la dei funksjonshemma, så langt råd er, gå i den vanlege skolen, og leve i heimemiljøet. Føresetnaden for integrasjon er at det vert stilt fullnøyande ressursar til disposisjon
- gje samane betre utdanningstilbod. Det samiske utdanningsrådet må styrkast
- gje innvandrarane og familiane deira betre høve til utdanning
- gje private skolar rimelege arbeidsvilkår innanfor ramma av det samla skoleverket. Venstre meiner det er verdfullt at barnehagar og skolar blir drevne at det offentlege. Dei som av livssynsgrunnar eller av pedagogiske grunnar likevel ønskjer eit privat tilbod, må få det.
BARNEHAGAR
Det er viktig at barn kan kome saman og lære å leve i fellesskap. Barnehagane skal i første rekke vere eit pedagogisk tilbod til barna, og gje dei eit trygt pedagogisk miljø for leik og aktivitetar. Venstre vil arbeide for at alle barn skal få tilbod om barnehageplass.
VENSTRE vil;
- at det offentlege skal ha ansvaret for å bygge ut barnehagane
- bygge ut barnehagar og skape eit meir triveleg leikemiljø for småbarn både i gamle og nye bustadområde. Barnehagane kan knyttast til grendeskolar, samfunnshus o.l.
- arbeide for at barnehagane skal få kapasitet og ressursar til å integrere psykisk og fysisk funksjonshemma barn
- halde barnehagetakstane på eit rimeleg nivå.
GRUNNSKOLEN
Venstre vil gjere skolen til ein trygg og god arbeidsplass for alle. Trivnad- og disiplinærproblema må løysast av elevar og foreldre i samarbeid med dei tilsette i skolen og kommunen. Det må bli lettare for elevar i ungdomsskolen å gå ut i arbeidslivet.
VENSTRE vil:
- prioritere bygging av grendeskolar for dei yngste barna
- styrke den etiske opplæringa
- styrke dei praktiske og estetiske faga i den obligatoriske undervisninga
- styrke trafikkopplæringa
- skape meir interesse og respekt for dialektane
- styrke retten til undervisning i den målforma elevane og foreldra deira ønskjer
- gje alle røysteføre i krinsen røysterett ved avrøysting om målform i skolen - auke ressursrammene for skolen slik at den einskilde skole kan organisere undervisning og læring, helst for små elevgrupper. Venstre vil gå inn for rammereglar for klassedeling fordi det gjev den einskilde skole større fridom til å bruke ressursane på beste måte
- lære barn og ungdom til å bli glad i og ta vare på kroppen sin
- gå inn for førebyggande fysisk helsevern. Staten må gje same økonomiske tilskott til løn for fysioterapeutar som til lærarar
- gå inn for uformelle vurderingsformer som fører til betre kontakt mellom lærar og elev og mellom skole og heim. Både fagleg dugleik, arbeidsinnsats og samarbeidsevne, ikkje berre medfødte evner og anlegg, må bli vurderte. I ein obligatorisk skole må alle bli verdsette og inkluderte. Venstre vil i komande stortingsperiode halde på bruken av karakterar, men har som mål eit karakterfritt ungdomstrinn. Skolen er i dag ikkje budd på dette. Venstre vil derfor arbeide for å legge tilhøva økonomisk og pedegogisk til rette for å kunne nå dette målet
- gå inn for skolevurdering. I dette ligg det at lærarar og andre tilsette, foreldre og elevar, vurderer korleis skolen fungerer i høve til målsettinga. Skolevurdering vil naturleg bli fylgt opp av skoleutvikling og skoleforbetring
- styrke yrkesrettleiinga både i grunnskolen og i den vidaregåande skolen.
VIDAREGÅANDE SKOLAR
Venstre vil arbeide for jamvekt mellom teoretiske og praktiske fag både i utdanning, opplæring og i samfunnet elles. Både samfunnet sine krav og dei unge sine ønskje må bli vurderte i skoleopplæringa. Venstre vil derfor arbeide for ein open vidaregåande skole der dei unge sjølv vel utdanning.
VENSTRE vil:
- fremje tiltak som stimulerer arbeidet for jamstelling mellom kjønna
- prioritere utbygging av dei praktiske studieretningane. Prioriteringa bør skje i samarbeid med yrkeslivet på staden
- stå fast på formell vurdering i dei vidaregåande skolane
- gå inn for at det ikkje vert bygd skolar med meir enn 450 elevar
- inntil vidare nytte kjønnskvotering ved opptak til utdanning over grunnskolen for å skape ein betre balanse i delinga mellom kvinner og menn i utdanningsinstitusjonane våre
- gå inn for at opplæring i sidemålet framleis skal vere obligatorisk
- la ein større del av stønaden til ungdom under utdanning bli gjeven som stipend
- la kommunane få høve til å bygge ut eitårige grunnkurs med allmenn- og yrkesfag som er tilpassa lokalt næringsliv og regionale behov
- auke samarbeidet mellom arbeidskontora, arbeidslivet og arbeidslivsorganisasjonane og skolen med tanke på å redusere arbeidsløysa blant dei unge.
VAKSENOPPLÆRING
Vaksenopplæring må jamstellast med førstegongsopplæring. Overgangen til yrkeslivet må gjerast meir fleksibel, mellom anna slik at ein ikkje treng å gjere seg ferdig med heile grunnutdanninga før ein går ut i arbeidslivet. Delar av grunnutdanninga må det vere høve til å ta seinare. Offentlege skolar og institusjonar må sørgje for at det blir bygd ut vaksenopplæringstiltak i alle delar av landet. Slike tilbod må bli tilgjengelege for alle delar av folket. Vidaregåande skoletilbod og vaksenopplæring kan i visse høve samordnest.
VENSTRE vil:
- gje radio og fjernsyn ein meir sentral plass i vaksenopplæringa
- skape gode arbeidstilhøve for alle dei friviljuge folkeopplysningsorganisasjonane, og motsette seg at einskilde private institusjonar får eineretten til å drive vaksenopplæring i store delar av landet
- gje folkehøgskolen gode vilkår, også med tanke på vaksenopplæring, og sikre den frie stillinga til dette skoleslaget.
HØGARE UTDANNING OG FORSKING
Det er framleis store grupper som har problem med å få høgare utdanning. Vi må prioritere utbygging av regionale høgskolar som gjev tilbod om studier på 2 - 3 år, og legge tilhøva betre til rette for deltidsstudiar. Det er ei nasjonal oppgåve å fullføre utbygginga av universitetet i Tromsø.
Forskinga skal vere eit sjølvstendig og sentralt innslag i kulturlivet vårt. Universiteta og høgskolane må settast i stand til å halde oppe eit godt og allsidig forskingsmiljø, og utdanne nok kvalifiserte forskarar. Venstre vil gå inn for statsstønad til dei regionale forskingsorganisasjonane, og prioritere forsking til innsats for eit meir desentralisert samfunn med ein teknologi som er mindre kompleks, mindre sårbar og mindre ressurs- og energikrevande. Samstundes vil Venstre streke under grunnforskinga sitt verd. Det er viktig at dette vert sikra gjennom stabile og levedyktige forskingsmiljø.
VENSTRE vil:
- gå inn for å halde oppe dei regionale høgskolane som sjølvstendige forskings- og undervisningsinstitusjonar
- styrke vaksenopplæringa for deltidsstudentar på høgskolenivå, og gå inn for å tilby kurs tilpassa det lokale arbeidslivet og kurs med tilknyting til lokal natur og kultur. Underpriviligerte grupper må få fleire kurstilbod
- samordne reglane for opptak til høgare utdanning slik at praktisk yrkesrøynsle, til dømes omsorgsarbeid, skal telje med som opptaksgrunnlag
- organisere studentsamskipnader for alle som tek høgare utdanning
- gå inn for ei samordning av studietilbod ved universitet og høgskolar slik at studentane utan tap av tid kan bygge opp eit fullt studium
- gå inn for ei studiefinansiering som motverkar skeiv sosial rekruttering.
Venstre vil gå inn for at ein større del av forskingsmidla skal bli kanaliserte
til:
- forsking med sikte på å redusere veksten i energi- og ressursbruken, og da forsking i samband med energisparing og alternative energikjelder som til dømes bio-energi, bølgjekraft, vindkraft og solenergi
- forsking og utviklingsarbeid som fremjer enkel og oversiktleg teknologi som kan tene som realistiske alternativ til den einsidige kapitalkrevjande og komplekse stordriftteknologien
- forsking som fremjer matvareproduksjonen og kunnskapar om ernæring og helse
- forsking som fremjer ei betre forståing av spørsmål omkring natur-, arbeids- og bustadmiljø
- forskings- og utgreiingsarbeid om økologiske konsekvensar som følgje av oljeverksemd på kontinentalsokkelen, ilandføring av olje til Noreg og om utbygging av større industriføretak
- konflikts- og fredsforsking.
VENSTRE vil:
- styrke grunnlaget for bruksretta forsking av meir langsiktig karakter, på tvers av sektorane
- gå inn for at pengar som vert avsette til forsking etter avtale med oljeselskapa, skal verte disponerte over dei vanlege forskingsbudsjetta.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10237. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.