Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 1977

VENSTRES ARBEIDSPROGRAM 1977-81

Venstre · 14 178 ord

VENSTRES ARBEIDSPROGRAM

1977 - 81

I. VENSTRE - grunnsyn.

VENSTRE er eit radikalt, sosialliberalt parti som med utgangspunkt i kristne og humanistiske verdiar arbeider for fridom og likeverd for alle menneske, for rettferd, mangfald og toleranse i samfunnslivet ved å sikre alle menneske trygge materielle kår, rett til utdanning og kulturell vekst, likeverd med andre og åndeleg fridom. Dermed kan ein skape eit samfunn som er til gagn for einskildmennesket, og med det for heile samfunnet. VENSTRE set mennesket i sentrum.

VENSTRE er ubunde av klasse- og gruppeinteresser. Derfor kan VENSTRE vere med og jamne ut motsetnadene i samfunnet og vil i alle rettkomne interessekonfliktar stå på dei svake og undertrykte si side.

Gapet mellom rike og fattige i verdssamfunnet, den rike verda si rovdrift på naturressursane og den sterke vekt på materiell vekst, er etter VENSTRE si meining trugsmål mot levekåra til komande generasjonar og eit brot mot dei fridoms- og rettferdsideala VENSTRE står for.

VENSTRE ser det som avgjerande for menneska si framtid at det vert staka ut ein ny kurs, slik at krava til rettferd og til jamvekt mellom tilgang og forbruk av ressursar vert overordna omsynet til sterk økonomisk vekst og materiell framgang for dei rikaste på jorda. VENSTRE vil stå fast på demokratiet, og motverka sentralisering som undergrev einskildmennesket sin innverknad og det kulturelle mangfaldet i landet vårt.

Med kravet sitt om eit samfunn i jamvekt representerer VENSTRE eit alternativ til såvel sosialistisk som kapitalistisk vekstpolitikk. Ein ny kurs vil krevja ei anna styring av hovudlinene i politikken. Styringa må mest mogeleg vere desentralisert og gje den einskilde kvinne og mann høve til å påverke samfunnsutviklinga. VENSTRE meiner at næringslivet i hovudsak framleis må bestå av privateigde verksemder der dei tilsette må ha stor innverknad på sin eigen arbeidsplass.

Nokre hovudpunkt i Venstres politikk.

Dei grunnleggande prinsippa for VENSTRE's politikk er nedfelt i eit eige prinsipprogram. For dei komande fire åra vil VENSTRE setje desse 6 områda fremst:

1.

Arbeide for å fremja eit samfunn i jamvekt - der ein ikkje brukar opp meir av ressursane enn det er høve til utan å skade den økologiske balanse og utan å true livsgrunnlaget for komande generasjonar. Auka materiell velstand er såleis ikkje noko generelt mål for VENSTRE. Spesielt vil VENSTRE legje vekt på dempa takt i oljeutvinninga og energibruken og auka sjølvforsyning av mat og andre naudsynte varer. VENSTRE vil gå mot bygging av atomkraftverk.

2.

VENSTRE ønskjer eit desentralisert næringsliv og sterkt lokalt sjølvstyre. VENSTRE vil bryte med den politikken som prioriterer stordrift og konsentrasjon og utnytte dei føremonene små- og mellomstore verksemder har for trivsel på arbeidsplassen. Desse verksemdene gir og grunnlag for eit allsidig næringsliv og sikker sysselsetting. VENSTRE vil styrka jordbruk og fiske, desentralisere dei offentlege servicetiltaka og leggje stor vekt på kulturell og menneskeleg vekst i lokalsamfunna.

3.

VENSTRE vil prioritere sikring av arbeidsplassane framfor rask auke i den materielle levestandarden. Det må leggjast særleg vekt på å halda oppe dei utsette næringane og dei arbeidsintensive verksemdene. Innan ramma av ein moderat økonomisk vekst i det totale forbruket, vil VENSTRE arbeide for økonomisk og sosial utjamning for dei grupper og distrikt som i dag ligg etter. Skatte- og avgiftspolitikken er her saman med verkemidla i distriktspolitikken viktige reiskapar. VENSTRE vil såleis gå inn for ein vesentleg reduksjon av arbeidsgjevaravgifta.

4.

Samferdselspolitikken må etter VENSTRE sitt syn i sterkare grad enn no nyttast som ein aktiv reiskap i distriktsutbygginga. Samferdselspolitikken må og ta sikte på å føre ein større del av trafikken over på miljøvenlege kollektive transportmiddel m.a. jernveg og båt. Trafikken må skiljast at og biltrafikken må leggjast utanom sjølve bumiljøet.

5.

VENSTRE ønskjer å fremja jamstilling mellom kvinner og menn, og vil gå inn for ei eiga lov om jamstelling mellom kjønna. VENSTRE vil og arbeide for å styrke familien si stilling. VENSTRE vil bryte med det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret og arbeide for at kvinner og menn skal dele omsorgsarbeidet i heimen.

6.

VENSTRE vil gå inn for ein politikk som fremjar utjamning mellom fattige og rike land, og som set folka i dei fattige landa betre i stand til å forme si eiga utvikling. Politikken vår - i høve til utviklingslanda - må formast slik ut at han kjem dei breie laga av folka i desse landa til gode. Vi vil aktivt stø arbeidet for å kome fram til ei ny økonomisk verdsordning.

II. Eit samfunn i jamvekt.

VENSTRE ser ikkje lenger auka materielt forbruk som eit hovudmål for samfunnsutviklinga. Den raske økonomiske veksten ein har hatt i Noreg dei seinare åra, har ført til eit stigande forbruk av ressursar som ikkje fornyar seg, t.d. olje. Påkjenninga på naturmiljøet har auka. I næringslivet har det vore ein tendens til geografisk sentralisering og samanslåing av bedrifter, og samfunnet har vorte jamt sterkare urbanisert. Det har ført til meir pendling, flytting og skifte av yrke for mange. Det har og redusert sjølvberginga og minska konjunkturstabiliteten i samfunnet som eit heile. Avstanden til dei fattige landa når det gjeld materiell velstand og ressursforbruk, vert jamt større. Sett fra ein velferds- og trivselssynsstad, vert nettogevinsten ved framleis sterk aukande materiell velstand jamt mindre.

Dei naturressursar vi kan hente råstoff og energi frå er avgrensa. Derfor må vi skape størst mogeleg likevekt mellom økonomisk vekst og det naturgjevne grunnlaget vi har.

Det økonomiske syn som rår i dag byggjer ikkje på denne erkjenninga. Men det har som hovudmål å gjere forbruket stadig større. Vidare å utnytte ressursane så langt det er naudsynt for å skaffe nye mengder råstoff og energi til produksjonsauke utan å ta omsyn korkje til verknadene for framtida eller den fattige delen av verda. VENSTRE vil motarbeide ei slik utvikling og i staden arbeide for eit jamvektsamfunn. Siktemålet må vere å få så mykje som mogeleg av produksjonen og forbruket vårt over på dei fornybare naturressursane og å utnytte desse så langt dei tåler utan å redusere deira framtidige avkastningsevne. Jamvektøkonomi tyder at vi må leggje opp til eit minst mogeleg forbruk av lagerressursar og ein forsvarleg bruk av dei fornybare ressursane. Ei meir realistisk vurdering av kva som verkeleg fremjer velferd og trivsel tilseier etter VENSTRE sitt syn at vi

- målmedvete tek sikte på å avgrense forbruket av ressursar som ikkje fornyar seg og unngår å overskattleggja krinslaupsressursane

- avstår frå produksjonsmetodar som må føre til alvorlege påkjenningar i naturmiljøet

- fremjer ei næringsutvikling som sikrar eit desentralisert og variert næringsliv og auka sjølvberging av naudsynte varer

- fremjer ein spreidd busetnad ved å styrke lokalsamfunna gjennom ein målmedveten desentraliseringspolitikk som i tillegg til næringslivet også må femne om kommunikasjonane, skoleverket, kulturinstitusjonane og den offentlege administrasjon.

Desse måla må etter VENSTRE sitt syn gjevast prioritet framfor økonomisk vekst. Det tyder ikkje at ein må avstå frå økonomisk vekst, men at denne meir må kome som eit resultat av auka kunnskap og ressurs- og miljøvenlege produksjonsmetodar i staden for auka ressursbruk. Det vil i praksis føre til redusert takt i velstandsutviklinga målt på tradisjonell måte, men vil til gjengjeld gje ei rolegare, meir stabil samfunnsutvikling med reduserte påkjenningar på individet. Det vil føre til eit samfunn i meir harmonisk jamvekt med ressursgrunnlaget sitt, med si eiga framtid og med omverda.

Det vil vere ein omfattande, gjennomgripande og tidkrevjande prosess å skape ein politikk som kan erstatte den noverande vekstøkonomi. Ei slik omlegging vil måtte få konsekvensar for mest alle område av samfunnsstyringa, men vil gje seg spesielt store utslag innanfor den økonomiske politikken og næringspolitikken, i ressurs- og miljøpolitikken og i utanrikspolitikken.

Økonomisk politikk.

Den økonomiske politikken må sikre full sysselsetting og gode og trygge kår over alt i landet. Inflasjonen må reduserast vesentleg ved at balansen i vår indre økonomi vert gjenoppretta. Ein må avsta frå forbruksauke som føreset auka opplåning utanlands, og den økonomiske utjamninga mellom grupper og distrikt må skje innan ramma av ein moderat vekst i det totale forbruket.

VENSTRE vil:

- at dei politiske styresmaktene gjennom skatte-, avgifts og subsidiepolitikken må ta aktivt del i fastlegginga av pris- og inntektspolitikken og sikre ei rettferdig fordeling av inntektene ved å redusere veksten i inntektene til dei som tener vesentleg meir enn gjennomsnittet

- at dei store summane som vert forvalta av det offentlege må nyttast meir målmedvete med sikte på å styrke næringsgrunnlaget i distrikta og sikre eit variert og desentralisert næringsliv

- at spørsmålet om overgang frå meirverdiavgift til omsetningsavgift vert teke opp

- at avgiftene vert høgre på luksusprega varer og tenester

- at skatte- og avgiftspolitikken vert lagt om med sikte på å letta stoda for dei mindre og dei arbeidsintensive verksemdene

- at ein desentraliserer statsbankane og vedtaksprosessen i Distriktenes Utbyggingsfond

- at folkevalde organ må dra opp retningsliner og rammer for det private kredittvesen med sikte på ei sterkare styring av lånetildeling både i høve til regionar og etter føremål

- verne og videreutvikle eit desentralisert sparebank- og forretningsbanksystem

- at folkevalde organ bør ha høve til å peika ut eit mindre tal av personane i forretningsbankane sine representantskap og 2 styrerepresentantar i dei største bankane. Dei til sette bør også ha høve til å vere representerte i representantskapa

- at overføringane til jordbruket vert lagt opp slik at stønadstiltaka stimulerer til bruk av nasjonale og lokale ressursar

- at arbeidsplassane i utsette bedrifter må sikrast dersom det er samfunnsmessig viktig å halde oppe verksemda, sjølv om bedriftsøkonomiske kalkyler og marknadstilhøve på eit gjeve tidspunkt synest å vise at produksjonen ikkje er lønsam.

Framtidsretta bruk av ressursane og vern om miljøet - energi- og oljepolitikk, jordvern og resirkulering av avfall.

Jord og andre ressursar er grunnlaget for alt liv og må brukast ansvarleg. Bruken av lagerressursar må verta stabilisert og etter kvart redusert. Fornybare ressursar må ikkje verta skattlagt slik at tilgangen minkar.

Ei betre ressursutnytting, gjenvinning, gjenbruk og økonomisering må verte overordna auka forbruk og økonomisk vekst. Vern av jord må verta overordna kortsiktige økonomiske interesser. Låg pris og tru på ubegrensa tilgang på energi har ført til eit økonomisk forbrukarmønster og store energitap. Slike "tap" må verta resirkulert og gagnlaust forbruk redusert. Energipolitikken må stimulere økonomisering, gjenvinning og reduksjon av tapa, framfor utbygging av fleire vassdrag og naturområde.

VENSTRE vil leggje desse retningslinene til grunn for sin ressurspolitikk og vil

- lovfeste jordvern som eit overordna prinsipp i all planlegging

- ta opp til revisjon godkjende arealdisponeringsplanar med sikte på å redusere forbruket av dyrka og dyrkbar jord til utbyggingsføremål

- vurdere å innføre ei avgift på dyrka eller dyrkbar jord som likevel måtte verta nytta til utbyggingsføremål

- arbeide for eit lågare tempo i oljeutvinninga enn det Regjeringa har lagt opp til

- ta sikte på å stabilisere utvinninga på om lag 50 mill. tonn oljeeiningar frå 1990

- desentralisere offentleg og privat oljeverksemd

- styrke lovgjevinga og likningsvesenet for å hindre at utanlandsk dominerte oljeselskap kan dra seg unna norske skattar og avgifter

- at ein i stortingsperioden ikkje må førebu eller setje i gang prøveboring nord for 62. breiddegrad.

- at det ikkje må verta delt ut nye blokker i Nordsjøen før vernetiltaka er betre utbygde enn dei har vist seg å vera

- stimulere til bruk av system og utstyr for gjenvinning og gjenbruk av råstoff frå avfall, både industriråstoff, som metall og papir og organiske vekstmidlar som kloakkslam og kompost og fremja vidare forsking på dette feltet

- utvide dei statlege stønads- og kredittordningene til næringslivet for å stimulere verksemdene til frivillig å leggja om produksjonen til meir miljøvenlege produksjonsprosessar og produkt

- utvide arbeidet med bygging av renseanlegg for kloakkutslepp og utdanning av driftspersonale

- at det vert ein konkret plan for lagring og, snarast råd er, gjenbruk av problemavfall frå renseanlegg og prosessar i industrien. Hovudprinsippet må vere intern gjenvinning og gjenbruk i så stor grad som råd. Det må ikkje verta gjeve tilsegn om reising av ny industri som vil føre med seg vesentlege forureiningar av jord, luft og vatn eller som fører med seg uløyste avfallsproblem

- at administrasjon, forsking og utviklingsavdelingane i større verksemder vert plassert i tilknytning til produksjonsarbeidsplassane i distrikta

- fremje overgang til kollektivtransport på kostnad av privatbilisme

- bruke prismekanismen og statlege tilskott til ei planlagt betring av energihushaldninga, m.a. betre isolasjon av bustader, energiøkonomisk områdeplanlegging, betring av kraftnettet, betre energiøkonomi og energigjenvinning i industrien, forsking og bruk av energisparande teknologi

- justere lovverket, særleg bygningslova, for å fremje energisparande byggje- og produksjonsmetodar

- fremje forsking med sikte på alternative energiformer m.a. utnytting av bølgjekraft, solenergi, tidevatn, jordvarme, vindkraft osb.

- redusere den årlege veksten i energiforbruket til 2% for året i gjennomsnitt fram til 1985 med sikte på å stabilisere energibruken innan 1990

- gå inn for eit omfattande vern av vassdrag med særleg vekt på både å oppnå vern av større samanhengande område som etter måten er urørte, slik som Hardangervidda med Dagali og Veig, Jotunheimen, Finnmarksvidda og Saltfjellet og verneverdige einskildvassdrag

- gå mot planlegging og utbygging av atomkraftverk

Forbrukarpolitikk.

Det moderne industrisamfunnet produserer ei rekkje varer som menneska utan tap kunne vere utan. Gjennom reklame, motar og på annen måte vert det skapt kunstige behov for nye merke og produkt.

Forbrukarpolitikken må først og fremst ta sikte pa å sikre skikkelege husvere, høveleg arbeid, godt kosthald, fornuftige klede, utdanning og meiningsfylt fritid. Samstundes er det ei sentral oppgåve å minske kjøpepresset og jaget etter nye produkt som ikkje tek omsyn til varekvalitet og behov. Samfunnet må oppmuntre til eigeninnsats. Vi må bort frå bruk- og kastmentaliteten, fråtsing og overforbruk.

VENSTRE vil:

- arbeide for at reklamen vert meir informativ

- arbeide for å oppretthalde småbutikkar og andre servicetiltak i nærmiljøet

- arbeide for at forbrukaropplysning får breiare plass i radio og fjernsyn

- gå inn for betre offentleg styring med avbetalingshandelen

- omfanget må reduserast

- stumulere personleg sparing og nøysemd

- auke forbrukaropplysninga om varige forbruksgjenstandar sin kvalitet og bruksverdi

- gå inn for tvungen varedeklarasjon på visse forbruksvarer for å gje kjøparane større tryggleik

- gå inn for at alle produkt som ikkje har fått særskilt dispensasjon skal vere merka med produsentnamn, produksjonsstad og eventuell importør

- støtte ein aktiv statleg forbrukarpolitikk gjennom forbrukarombodsmannen og Forbrukarrådet

- styrke det lokale pristilsynet

- auka kontroll og reglar for sal og tilbod av barneleiker

- gå inn for at den nye lova om produktkontroll vert nytta som eit effektivt verkemiddel for å forby sal av vatnforureinande vaskemiddel

Ernæring og matforsyning.

Kosthald og kroppsleg aktivitet har innverknad på helsetilhøva. VENSTRE meiner det er viktig å påverke kosthaldet både ut fra omsynet til betre folkehelse og ut frå omsynet til ernæringstilhøva i resten av verda. Overbruken og kasting av matvarer må unngåast og ein må få sett i verk resirkulering av matavfall.

VENSTRE vil:

- arbeide for å auke sjølvforsyninga av matvarer og dyrefor i samsvar med tilrådinga frå Verdens Matvarekonferanse i 1974

- bruke subsidiar og prispolitiske verkemiddel for å fremje forsvarleg og høveleg kosthald, m.a. ved å redusere bruken av feitt og sukker og å fremje bruken av fiske- og plantekost

- styrke næringsmiddelkontrollen

- arbeide for at kosthaldslære får breiare plass både i grunnskoleundervisninga og i opplæringa av undervisningspersonale

- gje auka stønad til organisasjonar som arbeider for å betre kosthaldet

- gå inn for løyvingar til ein omfattande kosthalds- og mosjonskampanje

- strengare reglar for marknadsføring av barnemat og morsmjølktillegg. Det må gjevast betre kunnskap og gjennomførast tiltak som fører til auka amming

III. Næringsliv og arbeidsplass, - mangfald og tryggleik.

VENSTRE ønskjer eit næringsliv bygd på livskraftige primærnæringar, ein industri som er variert med omsyn til bedriftsstorleik, ressursgrunnlag og markandstilknyting og desentraliserte servicenæringar. Hovudtyngda av produksjonen bør vere i private verksemder under samfunnsmessig kontroll og med omfattande internt demokrati.

VENSTRE vil:

- sikre alle heilt eller delvis arbeidsføre eit meiningsfylt og trygt arbeid, sikker inntekt og innverknad på og medansvar for sin eigen arbeidssituasjon

- at private og offentlege arbeidsplassar vert organiserte slik at det vert teke omsyn til den einskilde sitt ansvar og behov i familiesituasjonen

- sikre grunnlaget for å halde oppe ein spreidd busetnad

- fremje og styrke innsatsvilje og initiativ hos den einskilde

- bygge på ein ansvarleg ressurspolitikk, både når det gjeld utnytting og vern om dei fornybare ressursane og eit ansvarleg uttak av dei ikkje fornybare ressursane

- verne balansen i naturen og få forureiningar av luft, vatn og jord under kontroll

- gjere oss meir sjølvberga med matvarer og andre naudsynte varer og mindre sårbare andsynes endringar i dei internasjonale konjunkturane

- arbeide for ei planmessig desentralisering av offentlege arbeidsplassar

- fasthalde og auke talet på stillingar for kvinnearbeidskonsulentar i distrikta

Sysselsetjing og arbeidsplassar - arbeid for alle.

Ei overordna målsetting for Venstres økonomiske politikk er å sikre full sysselsetjing over heile landet. Retten til arbeid er og slått fast i Grunnlova. Etter VENSTRE sitt syn er denne retten å forstå som rett til trygg og god utkome gjennom meiningsfylt arbeid for alle heilt eller delvis arbeidsføre. VENSTRE sin politikk tek sikte på å redusere kostnadspresset slik at norske verksemder kan vere konkurransedyktige.

Den grunnleggjande føresetnaden for at denne grunnlovsretten skal verta ein realitet er eit næringsliv som er:

- variert med omsyn til dei krava det stiller til kvalifikasjonar og interesser

- geografisk spreidd, slik at den einskilde, så langt råd er, kan finne høveleg arbeid der han/ho bur

Målet er eit allsidig og spreidd næringsliv der små og mellomstore verksemder utgjer hovudtyngda. Ved å prioritere jamvekt og tryggleik framfor effektivitet og snøgg økonomisk vekst, vert det og lettare å kontrollere omforminga av næringslivet ut frå at omsynet til mennesket skal vere det avgjerande.

VENSTRE meiner at systemet med omfattande bruk av framandarbeidarar er feil. Vi må basere næringslivet på innanlandsk arbeidskraft og samstundes hjelpe til med å skape arbeidsplassar i dei landa framandarbeidarane kjem frå.

VENSTRE vil:

- sikre arbeidsplassane ved å styrke verksemdene si konkurranseevne både i høve til importerte varer og når det gjeld eksport. Dette må kome framom rask auke i det innanlandske forbruket

- styrkje dei arbeidsintensive verksemdene

- gjere det lettare å kome ut i arbeidslivet ved å fremje reising av deltidsstillingar, større bruk av fleksibel arbeidstid o.l.

- legge tilhøva slik til rette at også menn får reelt høve til å ta sin del av ansvar og plikter i heimen og innan familien, m.a. ved kortare arbeidstid og deltidsstillingar også for menn

- at spesielle grupper kan få nedsett arbeidstid når dei har spesielt behov til det, t.d. småbarnsforeldre, fysisk eller psykisk helsehemma, yrkesutøvarar med omsorgsansvar for gamle, sjuke og funksjonshemma

- at det vert utvida rett for begge kjønn til permisjon med sjukepengar i inntil 14 dagar for året for stell av sjuke husstandsmedlemmer

- sikre høvelege arbeidsplassar for personar som har nådd pensjonsalderen og som ønskjer å arbeide

- innføre lovreglar for å integrere funksjonshemma i det vanlege arbeidslivet

- utvide arbeidet for å skaffe arbeidsplassar for delvis arbeidsføre ved å pålegge større verksemder at ein viss del av arbeidsplassane skal fylle kravet om verna arbeidsplassar og ved økonomisk stønad til mindre verksemder. Ein bør ta sikte på at flest mogeleg skal arbeide i vanlege verksemder, men i den mon dette ikkje er mogeleg, må det gjevast auka statleg stønad til verna verksemder

- sikre arbeid for dei kvinnene som ønskjer å gå ut i arbeidslivet

- gjere det lettare å få til lærlingekontraktar, m.a. for å motverke arbeidsløysa blant ungdom

- innføre stønadstiltak til private verksemder som tek inn arbeidslaus ungdom til arbeid og opplæring

- auke overføringane til arbeidsformidlinga slik at ein kan gje betre individuell rettleiing både når det gjeld tilpassing av arbeidsplass og yrkesorientering generelt

Fagleg politikk.

Arbeidstakarane må gjennom lov og regelverk få sikra sine interesser. Dei må få effektivt vern om helse- og arbeidsmiljø og fri organisasjonsrett. Arbeidslivet må vere slik organisert at den einskilde kan få reell innverknad på sin eigen arbeidssituasjon.

VENSTRE vil:

- styrke arbeidstakarane sin påverknad på vedtaksprosessen i samband med utviding eller nedlegging av verksemder

- gje arbeidstakarane sterkare vern mot usakleg handsaming ved tilsetjing eller avskil

- gjere det lettare for arbeidstakarane å skaffe seg dei kunnskapar som er naudsynte for å kunne ta effektiv del i leiinga av bedriftene gjennom bedriftsforsamlingar og styre

- skjerpe regelverket med omsyn til helsefarleg arbeid

- styrkje arbeidsvernet, særleg på arbeidsplassane i Nordsjøen og på dei store anleggsarbeidsplassane

- styrkje forskinga kring arbeidsmiljøet m.a. for å organisere arbeidet slik at det vert meir variert og interessant

- styrkje arbeidet for å fjerna det kunstige skilet mellom arbeidar og funksjonær ved å gjennomføre reell jamstelling når det gjeld arbeidstid og andre arbeidsvilkår

- staten som arbeidsgjevar må her gå føre

- sikre full og reell jamstelling for framandarbeidarar i alle arbeids- og lønsspørsmål, også med omsyn til organisasjonsrett

- finne fram til reglar som sikrar både arbeidarar og funksjonærar god representasjon i dei valde bedriftsorgana

- lovfeste rett til tariffavtale for tilsette som ønskjer det

Primærnæringane.

Primærnæringane vil stå serskilt sentralt i den næringspolitikk VENSTRE ønskjer å føre. Både landbruk og fiske er grunnlagde på ei utnytting av fornybare ressursar. Dei produserer i hovudsak matvarer og andre naudsynte varer som det er sterkt ønskjeleg å oppnå auka sjølvberging av. Dei er og dei tradisjonelle berarane av den spreidde busetnaden.

VENSTRE vil gå aktivt inn for å byggje ut landbruk og fiske med sikte på å betre utnyttinga av dei produktive areala og fiskeressursane. VENSTRE vil auka sjølvberginga av matvarer, sikre råstoff til treforedlings- og næringsmiddelindustrien og sikre grunnlaget for busetnaden på bygdene.

Landbruk.

Landbrukspolitikken må formast ut fra det grunnlaget at næringa

- utnyttar fornybare ressursar og produserer varer som reelt sett er mangelvare i verdsmålestokk

- er eit sentralt element for å halde oppe den spreidde busetnaden

- gje arbeidsplass og levemåte for ei stor folkegruppe

Det er mangel på mat i verda. Store folkemengder lir under svolt og feil-ernæring. Derfor er det etter VENSTRE sitt syn uforsvarleg at vi ikkje utnyttar vår eigen produksjonsevne, men i uturvande mon tevlar om matvarane på verdsmarknaden. Eit høgt lønsnivå og følgjeleg høge produksjonskostnader, er ikkje eit akseptabelt argument for å la våre eigne ressursar liggje unytta. Vårt ansvar som verdsborgarar tilseier auka sjølvberging med matvarer ved:

- større innanlands jordbruksproduksjon gjennom nydyrking og betre utnytting av dei produktive areala medrekna dei naturlege beita

- ei omlegging av kosthaldet med større vekt på plantekost og andre mindre arealkrevjande produkt som kan produserast innanlands

- ei omlegging som og vil gje eit meir helsesamt kosthald.

Det er og mangel på skogvyrke; det andre hovudproduktet frå landbruket. Kapasiteten i treforedlingsindustrien er jamt over større enn avverking. Det er ønskjeleg å auke avverkinga m.a. gjennom utvida skogreising og tiltak for reduksjon av områda som ikkje er økonomisk drivverdige.

Ein målmedveten jordbrukspolitikk med sikte på auka sjølvberging, vil stoppe nedbygginga av næringa og gjere det lettare å få strukturomforminga under effektiv kontroll. Det vil og auke verdien av landbruket i distriktspolitisk samanhang. Etter VENSTRE sitt syn må ein arbeide fram mot ein struktur i næringa som byggjer på at bruksstorleiken ikkje berre må tilpassast dei naturgjevne og økonomiske føresetnadene, men og behovet for alternativ sysselsetjing. Siktemålet må vere bruksstorleiker som kan gje levemåte som hovud- eller eineyrke, men VENSTRE aksepterer ikkje ei strukturomforming av næringa som trugar med å setja busetnaden i fare. Derfor må det alt no setjast inn tiltak som stabiliserar strukturen, t.d. gjennom deltidsarbeidsplassar i offentleg eller privat verksemd. Variasjonen i bruksstorleiken har vore ein styrke for bygdemiljøet og bør haldast ved lag.

Ein ekspansiv landbrukspolitikk har som føresetnad at næringa får større ressursar til disposisjon; det gjeld forskingskapasitet og kapital, men framfor alt menneskelege ressursar. Det er ein klar føresetnad at dei som arbeider i næringa, får trygge økonomiske og sosiale kår på line med andre yrkesutøvarar.

VENSTRE vil:

- sikre dei produktive areala til jord- og skogbruksføremål ved eit meir effektivt og konsekvent jordvern

- fremje nydyrking og bakkeplanering ved å betre tilskottsordningane og ved å prioritere nydyrking i vanskeleg tilgjengelege område framfor i høgproduktive skogområde og verneverdige våtmarksområde

- gje tilskott til vatningsanlegg der dette er naudsynt

- styrke det nasjonale forgrunnlaget ved tiltak for auka planteproduksjon,

- betre utnytting av utmarksbeita og redusert bruk av innkjøpt kraftfor

- auke kornproduksjonen ved tiltak for å utvide korndyrkinga utanom dei eigentlege korndistrikta, eventuelt ved å nytte eit geografisk gradert prissystem

- den nedre arealavgrensinga for stønadsordningar i jordbruket må senkjast

- styrke matproduksjonen m.a. ved å utvida sortsforsking for kveite og rug og ved å gi økonomisk tilskott til å auka matproduksjonen. Vi må bruke norsk korn til brød

- styrke hagebruket m.a. ved regionale støtteordningar

- betre kapitaltilgangen til landbruket. Særleg må utlånskvotane til bustadhus på bruka aukast

- endre avgifts- og skattepolitikken slik at ein ikkje fremjer ei mekanisering som reduserer sysselsetjinga i landbruksnæringa

- at mindre bruk vert stelt likt med større bruk når det gjeld lån og tilskott ved bygging av driftsbygningar

- at avlingsskadetrygda skal gje god sikring av inntektene ved uår og misvokster

- at statsmaktene i samarbeid med bondeorganisasjonane, greier ut problemet med å sikre avsetnad av jordbruksprodukt i ei stode med sterk stigande totalproduksjon og med sikte pa å sikre at produksjonen vert leidd inn på eit ressurs-, produksjons- og ernæringsmessig rett spor

- sikre og styrke arbeidsplassane ved m.a. utvikling av dei mindre bruka til større brukseiningar ved nydyrking, yrkeskombinasjonar og ved å stø opp om produksjonssamvirket i næringa

- arbeide aktivt for at vedtaket om inntektsmessig jamstelling innan 1982 vert gjennomført i praksis

- sikre næringa sine folk fullnøyande fritids- og ferievilkår

- sikre yrkesaktive kvinner i jordbruket full jamstelling med andre yrkesaktive kvinner og menn m.a. når det gjeld skattlegging og trygdeordningar kvinna må jamstellast med mannen i landbruket m.a. ved at det ved jordbruksforhandlingane vert lagt vekt på å sikre at også kvinnene får kompensasjon for det arbeid dei gjer på gardsbruka

- at utnyttinga av utmarksareala til rekreasjonsføremål må skje slik at det styrker driftsgrunnlaget på bruka

- auke staten sitt tilskott til produksjonsfremjande tiltak i skogbruket, spesielt når det gjeld skogsvegbygging

- arbeide for at spesielt mindre isolerte skogteigar i offentleg eige vert selde til bruk som treng tilleggsareal, og gjere det lettare å selja prestegardar til jordbruksføremal

- styrke tiltak for auka avverking av skog i vanskeleg terreng

- sikre alle som skal ha sitt yrke i landbruket høve til fullgod fagopplæring

- sikre opplæring av nok avløysarar til landbruket

- gå inn for at det ved praktiseringa av lovverket vert lettare for ungdom også frå byar og tettstader, å få kjøpt jord. Landbruket treng ungdom som vil skaffe seg yrke og leveveg i næringa

- gje landbruksforskinga gode arbeidsvilkår

Fiskerinæringa.

Noreg har som kystnasjon eit særleg ansvar for vern av fiskeressursane i havet. Fiskerinæringa er av avgjerande verd for arbeidsliv og busetnad langs kysten og for auka sjølvforsyning av mat. Vi må sørgje for at fiskeressursane ikkje vert overskattlagt i dei havområda der norsk råderett gjeld.

For internasjonale farvatn må ein framleis halde på kvote-reglar og andre tiltak. Forureininga av havet må avgrensast både gjennom nasjonale tiltak og ved internasjonale avtalar.

Dei aktive fiskarane bør så langt det er råd, sjølve eige båt og bruk. Det må takast omsyn til dette ved tildelinga av konsesjonar og finansiering i fiskerinæringa. Rekrutteringa til fiskaryrket må styrkast både gjennom utdanning og ved økonomiske tiltak. Dei som vil satse på kombinasjonen fiske/jordbruk, må få slike vilkår at dei finn det tenleg å arbeide med det. Høvelge alternative arbeidsplassar på kysten må byggjast ut, særleg arbeidsplassar for kvinner og for fiskarar som ikkje lenger maktar det harde fiskarlivet.

VENSTRE vil:

- ved internasjonalt samarbeid og avtalar sikre fiskeressursane og den økologiske balansen i havet

- at norsk råderett ved 200 mils økonomiske soner vert sikra, og at det vert inngått tosidige avtalar med land der Noreg har fiskeri-interesser

- at noverande fiskerigrense vert utvida til 50 nautiske mil frå grunnlina

- gå inn for sterk utbygging av vakthaldet ved fiskerigrensa

- at tilhøva vert lagt til rette slik at kystfiske kan oppretthaldast

- at fiske vert prioritert framfor oljeboring der desse kjem i konflikt

- at det vert innført forbod mot dumping av fisk

- at fiskeriforskinga vert utbygd, særleg forsking for betre å kunne nyttiggjere seg fiskeressursane, medrekna det som no går til avfall til mat for menneske, men og forsking med sikte på å sikre ressursgrunnlaget i havet

- at trålarflåten ikkje vert utvida

- at det vert ytt full skadebot for fiskereiskap som er bortkomen eller øydelagd som fylgje av oljeverksemd

- at utlånsrammene i Statens Fiskarbank vert auka

- at renta for 2. prioritetslån i Statens Fiskarbank vert sett ned

- at det snarast vert sett i verk ei tenleg ordning for utskifting av eldre fiskefartøy

- at det vert gjeve klare og einsarta reglar for helgedagsfredinga

- at ferieordninga for fiskarar snarast vert sett ut i livet

- at aldersgrensa for fiskarpensjonen vert sett til 60 år

- at fiskarpensjonen vert justert med jamne mellomrom

- at det vert høve for fiskarane å setja av meir til driftsreguleringsfond at rettleiingstenesta for fiskarane vert bygd ut i raskare tempo

- at fiskeavl vert sikra som næringsveg for dei som bur i kyststroka

- at foredlingsverksemdene først og fremst vert lokaliserte til stader der næringslivet fra før er svakt

- at redningsskøytene vert sikra økonomisk

- at det vert gjeve større løyvingar til utbygging av fiskerihamner og hamner som kan vere med å halde oppe og styrke busetnaden på kysten

Industri og handverk.

Industrien er meir enn noko anna næring beraren av den materielle levestandarden vår. Han gjev og inntektsgrunnlaget og arbeidsmiljøet for nærare 400 tusen tilsette, og formar såleis ramma kring kvardagen for ein stor del av det norske folk. Den har i veksande grad vorte avgjerande for busetnadsmønsteret. Med sitt store forbruk av energi og lagerressursar og som kjelde for forureiningar, påverkar den sterkt både ressursstoda og naturmiljøet.

Inngangen til oljealderen i norsk økonomi representerer eit industripolitisk tidskifte. - Utnyttinga av petroleumsressursane på kontinentalsokkelen vil

- utvide råstoffgrunnlaget for industriell verksemd

- skaffe landet store valutainntekter

- føre til aukande kostnadsnivå og dermed til svekking av konkurranseevna for industrien

Ut frå VENSTRE sitt ønskje om å halde oppe ein variert busetnad og eit samfunn i større jamvekt, prega av auka sjølvberging, mangfald og sterke livskraftige lokalsamfunn, bør siktemålet vere å halde oppe og utvikle ein industri

- med ei sysselsetjing på omlag det nivå næringa har i dag

- basert på ein framtidsretta bruk av ressursane og vern om miljøet

- sett saman av små, mellomstore og større bedrifter og med hovudtyngda blant dei små bedriftene

- med god geografisk spreiing

- som gjev arbeidstilbod også til arbeidstakarar med svak utdanning, funksjonshemma, unge og eldre, til kvinner savel som til menn

- der hovudtyngda av produksjonen går føre seg i private føretak, med godt utbygd bedriftsdemokrati og under samfunnsmessig kontroll

For å nå dette mål vil VENSTRE:

- sikre arbeidsplassane ved å styrke konkurranseevna til industrien framfor å auke den materielle levestandarden ved bruk av oljeinntektene innanlands

- prioritere dei mindre og mellomstore bedriftene, industribransjar som tradisjonelt produserer ferdigvarer og kunnskapsorientert industri

- halde oppe ein eigen norsk tekoindustri

- gå mot ei vidare utbygging av den sterkt kapital- og energikrevjande råmetallindustrien, t.d. aluminiumsindustrien, og gå inn for at det med utgangspunkt i denne industrien, blir utvikla miljøvenleg ferdigvareindustri med større sysselsetjingseffekt

- følgje ei restriktiv line ved utbygging av den petrokjemiske industrisektoren. Det bør takast sikte på høg foredlingsgrad og at vidareforedling, så langt råd er, vert lagt til bedrifter i distrikta

- gå mot særleg auke i energibruken i den kraftkrevjande industrien med høgst 6 TWh, som Stortinget har føresett

- at det vert gjeve særleg gode vilkår for industri basert på resirkulert råstoff

- at det vert gjeve prioritet til forsking og utviklingsarbeid med sikte på å utvikle ny, og å tilpasse høveleg eksisterande teknologi for dei mindre bedriftene

- at det offentlege set i gang konkrete utviklingsprosjekt innanfor vidareforedling av jordbruks- og fiskeriprodukt som byggjer på prinsippet om mindre einingar

- at den offentlege rettleiingstenesta på industrisektoren vert styrkt ved utbygging av Statens Teknologiske Institutt og ved tilsetjing av industrikonsulentar i fylka. STI må økonomisk verte sett i stand til å utvide si oppsøkjande verksemd

- gå inn for organisatoriske tiltak med sikte på å gjere det lettare for mindre, sjølvstendige bedrifter å skaffe seg informasjon og å utvikle samarbeidsformer i produksjon og marknadsføring

- utvide ordninga med investeringstilskott til og å gjelde sikring av eksisterande arbeidsplassar i tillegg til det å skape nye

- ved omlegging av skatte- og avgiftsreglane gjere det lettare for bedriftene å auka eigenkapitalen

- revudere finansieringa av folketrygda med sikte på å styrke spesielt dei arbeidsintensive verksemdene. I mellomtida vil VENSTRE gradvis setje ned arbeidsgjevaravgifta i handverk, industri og bergverk med 5 prosent i løpet av ein femårsperiode og gje full fritaking for dei fem første arbeidsplassane Samstundes vil Venstre halde oppe den geografiske differensieringa

- at avgiftssatsen for folketrygda skal følgje lokaliseringskommunen og ikkje arbeidstakaren sin skattekommune

- innføre ei ordning med skattefri avsetnad til konjunkturreguleringsfond

- gje statleg stønad til intern bedriftsopplæring i utsette industribransjar

- gjere det økonomisk lettare for personlege firma og familieaksjeselskap å gjennomføre eigarskifte ved generasjonsskifte, m.a. ved omlegging av arveavgiftsordninga

- fremje industrireising ute i distrikta

- gå inn for offentleg stønad til løysing av miljøproblema ved eksisterande bedrifter når det er samfunnsøkonomisk forsvarleg og bedriftsøkonomisk naudsynt

- gå inn for at staten, kommunane og fylka fører ein innkjøpspolitikk som styrker næringslivet i distrikta

- gå inn for å redusere dei utanlandske eigarinteressene i norsk industri ved aktiv heimkjøpspolitikk i statleg eller privat regi. Det bør leggast spesielt vekt på heimkjøp av selskap som nyttar ut viktige nasjonale ressursar, eller som på annan måte har ein viktig nasjonal funksjon

- sikre skipsbyggingsindustrien m.a. gjennom kredittpolitikken

- at staten skal ta aktiv del i arbeidet med å løyse dei overkapasitetsproblema skipsbyggingsindustrien strir med. Det må leggast spesiell vekt på a sikre framtida for dei små og mellomstore skipsverfta

- sikre båtbyggingsindustrien ved tiltak for omlegging av produksjon til andre varer og tenester av meir aktuell karakter

- at investeringa i våpenindustrien må verte pålagd investeringsavgift på same måte som all annan investering.

Tenesteytande næringar.

Det må leggast avgjerande vekt på å utforme dei tenesteytande næringane slik at dei fremjer målsetting om spreidd busetnad og varierte lokalsamfunn med høg grad av sjølvberging når det gjeld arbeidsplassar og tenester. Nærmiljøet må få godt utbygde servicetiltak. Særleg viktig er det med slike naudsynte tenester som skole, butikkar, post, telefon, bank-, lege- og sosialteneste i lokalmiljøet.

VENSTRE vil:

- gå inn for at det vert lagt fram ein konkret plan for desentralisering av offentlege arbeidsplassar

- motarbeide ei sentralisering av varehandelen i form av varehus og kjøpesentra o.l. ved å krevje konsesjonshandsaming for desse. Arbeidet med å sikre eksistensgrunnlaget for nærbutikkane og varehandelen i grisgrendte strøk må halde fram, m.a. gjennom økonomisk stønad og ved at nærbutikkane får tilleggsfunksjonar i lokalsamfunnet

- arbeide for å løyse ferieproblema for dei som er sterkt bundne i mindre forretningstiltak og andre tenestenæringar

- vurdere innføring av ei ordning der leverandørane ikkje får høve til å gje dei einskilde butikkane kvantumsrabatt utan at dette har si rot i at leveringane gjev reelle innsparingar for leverandøren

Skipsfart.

Skipsfartsnæringa er framleis viktig for landet vårt. Styresmaktene må derfor aktivt hjelpe til med å løyse dei store problema næringa no har. Internasjonalt bør Noreg arbeide for prinsippet om like konkurransevilkår, men med avgrensingar for dei utviklingsland som ønskjer å byggje opp ein eigen skipsfart. Norsk skipsfart har gode føresetnader for å gje utviklingslanda hjelp når det gjeld utbygging av skipsfarten i desse landa.

VENSTRE vil:

- at det snarast mogeleg blir oppnemnt eit breitt samansett utval til å gå gjennom sikringstiltaka til sjøs og kome med forslag om endringar på dette området. Sjøfolka skal vere representerte i utvalet og i granskingsutval etter forlis

- at arbeidet for å utvikle medavgjerd ombord og i rederia må førast vidare

- styrke undervisningstilbodet med særleg vekt på allmenndannande fag for ungdom som ønskjer å gå til sjøs. Det må krevjast ei rimeleg opplæring i yrket før ein mønstrar på for første gong

- gå inn for at praksis som ein opparbeider til sjøs, i høgre grad blir godkjent for arbeid i land

- gå inn for tiltak som tek omsyn til dei særlege problema som sjømannshuslydane har. Det må leggast stor vekt på omsynet til barna og deira rett til kontakt med foreldra

- gje auka stønad til Sjømannskyrkja og Velferdstenesta til sjøs

- arbeide for å avgrense forureininga i havet frå skip, ikkje minst gjennom internasjonale avtalar og kontrollen av desse

- at Noreg skal gje hjelp og fagleg assistanse til utviklingsland som ønskjer å bygge opp eiga skipsfartnæring

IV. Samferdsel.

Eit godt utbygd og variert kommunikasjonssystem er ein grunnleggjande føresetnad for å kunne skape og halde ved lag eit samfunn med god jamvekt mellom spreidd og tettare busetnad. Samferdselspolitikken må etter VENSTRE sitt syn formast ut slik at den gjev grunnlag for eit allsidig og spreidd næringsliv, motarbeider sentralisering av produksjon og busetnad, fremjer ressurssparing og skaper eit tryggare trafikkmiljø.

I dette arbeidet vil VENSTRE prioritere tiltak som:

- betrar kommunikasjonane i utkantane

- stimulerer til bruk av miljøvenlege og kollektive transportmiddel

- skaper auka tryggleik i trafikken

Utbygging av kommunikasjonane i utkantane.

Etter VENSTRE sitt syn er utbygging av gode kommunikasjonar ein avgjerande lekk i distriktsutbygginga. Gode kommunikasjonar er ein føresetnad for å kunne byggje ut desentralisert og variert næringsliv og motverke fråflytting.

VENSTRE vil:

- nytte ein del av staten si inntekt fra olje til å finansiere utbygging av kommunikasjonane med særleg vekt på sjø- og jernvegtransport og kommunikasjonane på Vestlandet og i Nord-Noreg

- redusere billettprisar og fraktsatsar på lengre avstandar og arbeide for å jamne ut transportkostnadene på sjø og land

- innan vegsektoren prioritere utbygging av veg til veglause strok og av vegar med dårleg standard

- innføre eins beinsinpris i heile landet

- arbeide for ei ordning som gjer det lettare for folk i utkantane å få opplæring for førprøve for bil

- gje Europaveg 6 gjennom Nord-Noreg ein forsvarleg standard

- sjå fergesambandet som ein lekk av vegnetettet og bygge det ut i takt med dette

- der trafikkgrunnlaget gjer det mogeleg, må korte fergesamband etter kvart verte avløyst av bruer og tunnelar

- at fergetakstane etter kvart må verte så rimelege at det ikkje vert dyrare å nytte ferge enn å kjøre tilsvarande vegstrekning

- gå inn for sterkare utbygging av kaier, moloar og hamneanlegg også på mindre stader

- halde oppe hurtigruta på strekningen Bergen-Kirkenes, og bygge nye moderne hurtigrutebåtar

- styrke lokalsambandet på kysten ved å oppretta fleire ruter med hurtiggåande båtar, eller halde oppe kombinerte gods- og passasjerruter der dette er det mest tenlege

- gå mot nedlegging av jernvegstasjonar og sideliner og vurdere gjenåpning av einskilde nedlagte stasjonar og sideliner

- gå inn for å føre vidare elektrifiseringa av jernvegen med sikte på at heile jernvegnettet i framtida vert elektrifisert

- gå inn for at arbeidet med å forlenge Nordlandsbanen vert sett igang i denne perioden

- utgreie spørsmålet om å forlenge Raumabanen til Ålesund

- sørge for at billettprisane med fly til og frå Nord-Noreg vert så rimelege at flytransport også kan nyttast av folk flest

-at ein i større mon enn nå nyttar utbyggingsmidlar til veg- og brusamband mellom øysamfunn og fastland, som t.d. Kristiansund fastlandssamband

Stimulering til bruk av miljøvenlege og kollektive transportmiddel og auka tryggleik i trafikken.

Bilen har ein naudsynt funksjon. Dette gjeld særleg i distrikta. Etter VENSTRE sitt syn tilseier omsynet til sparing av ressursar, vern om miljø og omsynet til helse og velferd at jamt meir av person- og godstrafikken vert overført til kollektive transportmiddel.

VENSTRE ønskjer å redusere energiforbruket. Dette tilseier og tiltak for å minske massebilismen.

VENSTRE kan ikkje godta at bilismen årleg skal koste kring 500 menneskeliv - mellom desse 200 barn og unge - og sette kring 1000 i rullestol. Vi kan heller ikkje godta at bilismen bryt ned helse og trivsel med støy, utryggleik og forureining av lufta i tettstadene.

For å sikre at ein større del av transporten vert overført til kollektive transportmiddel, vil VENSTRE betre kollektivtrafikktilbodet, og samstundes legge restriksjonar på privatbilismen i bysentra og enkelte andre tettstader.

VENSTRE vil prioritere jernvegtransport framfor vegtransport.

VENSTRE vil:

- bygge ut dei kollektive transportmiddel med fleire ruter og avgangar

- stimulere til større bruk av kollektive transportmiddel både landvegs og sjøvegs ved å gå mot auke i billettprisane

- tillate at parkometerpengar vert nytta direkte til tiltak for å fremje kollektivtransporten

- lette bruken av kollektive transportmiddel for funksjonshemma, eldre og folk som reiser med barn

- gå mot bygging av storflyplass

- overføre meir av tungtransporten frå bil til jernveg og båt, men samstundes må ein ikkje treffe tiltak som er retta mot langtransporten i område der dette er einaste alternativ

- gje statleg stønad til bygging av forstadbaner

- redusere løyvingane til motorvegar

- hindre at vegbygging øydelegg dyrka og dyrkbar mark

- legge gjennomfartsvegar utanom bustad- og serviceområda

- auke løyvingane til gang- og sykkelstiar, fortau og gågater

- sikre bussrutene eigne gjennomgående trasear i byområda

- innføre restriksjonar på privat bilkjøyring i bykjernene

- at ein ved vegbygging som hovudregel sikrer dei mjuke trafikkantane den kortaste strekninga

- gjennomføre ein avgifts- og påbodspolitikk som gjev føremon for meir trafikksikre bilar og bilar som lagar mindre støy og forureining og brukar mindre energi

- auke løyvingane til støyskjerming

- gje lokale styresmakter større fridom til å innføre reduserte fartsgrenser

- gå inn for reduserte og varierande fartsgrenser i bustadområde

- innføre full stopp for motorkjøretøy for fotgjengarar i gangfelt

- skjerpe fartskontrollen på vegane, og skjerpe reaksjonshandlingane ved fartsoverskridingar

- gå inn for å halda oppe noverande promillelovgjeving, men sette promillegrensa ned til 0,35, og gje politiet rett til å ta alco-test ved rutienkontroll

- forby dei store motorsyklane, utanom polititenesta o.l.

- innføre særskilt førarprøve for alle motorsyklar

- innføre ei ordning med førarkort på to års prøve for nye bilførarar

- gje meir trafikkopplæring i skolen

- stø arbeidet med å prøve ut elektriske bilar

Televerket.

VENSTRE vil:

- setje ned eit offentleg utval til å gå gjennom Televerket si verksemd med sikte på at verksemda vert desentralisert og prisen på telefon vert sett til eit meir rimeleg nivå

- i større mon finansiere utbygginga av telefonkommunikasjonane ved låneopptak slik at abonnementslåna kan falle bort

- gå inn for ei omlegging av teletakstane med ei lokalsone innan eit større distrikt og ein sats for resten av landet

- gje distrikta sjølv rett til å avgjere om telefontenesta skal automatiserast

- at staten skal ha plikt til å skaffe nye arbeidsplassar i distrikta i staden for dei som vert borte på grunn av teleautomatisering

- gå inn for tale-stasjonar med tenesta i dei distrikta der dei lokale styresmaktene meiner det er trong for det

- gå inn for å opprette ein opplysningsentral i Indre Finnmark der dei som talar samisk, kan få hjelp

V. Nærmiljøet.

Familiepolitikk.

VENSTRE meiner det er avgjerande å styrke familien og heimen som det grunnleggande element i samfunnet. Familieomgrepet må en sjå i vid tyding. Heimen kan omfatte einslege, yngre, eldre, sysken og foreldre og vaksne barn som bur saman, ektepar utan barn og den såkalla kjernefamilie, foreldre og mindreårige barn. Heimen kan ofte femne om fleire generasjonar. Ein god heim, der alle har tid til å vere saman, er eit aktivum for menneska som lever der, og for samfunnet.

VENSTRE vil:

- innføre dagpengar ved sjukdom, barselspengar og pensjonspoeng til folketrygda for heimearbeidande med omsorg for barn under 14 år eller med eldre og uføre husstandsmedlemmar, og vurdere ei ordning med omsorgsløn frå folketrygda for desse gruppene

- bygge ut heimehjelpordningane, særleg for eldre, funksjonshemma og sosialt vanskelegstilte

- prioritere tiltak som sikrar at eldre og funksjonshemma kan bli i heim og nærmiljø, framfor å flytte til institusjon

- bygge fleire daginstitusjonar som kan ta seg av eldre og funksjonshemma for delar av dagen eller for kortare tidsrom

- gje tenestealder, ved tilsetting og ved skoleopptak, for arbeid med stell i heimen av barn, eldre og sjuke, der dette er rimeleg

- auke takten i utbygginga av eit variert barnehagetilbod

- halde barnehagetakstane på eit rimeleg plan, og på lengre sikt gjere dei gratis når alle har høve til å få slik plass

- innføre rett til permisjon med sjukepengar i inntil 14 dagar pr. år for stell av sjuke husstandsmedlemmar

- bygge ut dei offentlege forbrukar- og heimstellkontora

- bygge ut vidare familierådgjevingskontora

- legge auka vekt på familieplanlegginga i undervisninga i skolen

- gjere det lettare å få deltidsarbeid og skiftande arbeidstid

- styrke nærmiljøet med omsyn til bustad, fritidstilbod, serviceinstitusjonar og arbeidsplassar

- gå inn for lovreglar som sikrar alle barn rett til samvær og omsorg frå begge foreldre, også når dei ikkje har inngått ekteskap.

Bustad- og bypolitikk.

VENSTRE ønskjer at flest mogeleg skal kunne eige bustaden sin. Bustadsbygginga må haldast oppe i eit høgt tempo, slik at alle får ein stad å bu. Bustadområda må planleggast slik at biltrafikken vert halden utanfor sjølve bustadområda og i god avstand frå leikeplassar.

VENSTRE vil:

- gå inn for å vurdere, med sikte på å betre, dei økonomiske rammevilkåra for by- og forstadskommunar, og med dette og dei statlige refusjonsordningane

- gå inn for at staten yter økonomisk stønad til ei snøgg opptrapping av dei kommunale styresmaktene sin planleggingskapasitet for by-fornyingsoppgåver

- gå inn for at den nye planleggingslova må pålegga kommunane å utarbeide ein plan for oppvekstmiljøet samstundes som ein utarbeider general- og kommuneplan

- at flest mogeleg skal eige bustaden sin, og at einslege blir jamstelte med gifte

- at omsynet til svake grupper, som barn, eldre og funksjonshemma, må prioriterast ved utforminga av bustad og bumiljø

- gå inn for at hus- og blokkbygging vert avgrensa til føremon for tett og låg småhusbygging.

- endre bustøtteordninga slik at ho i større grad hjelper dei som har lågast inntekt

- innføre subsidiering av bygging på fjellgrunn

- forenkle regelverket for sakshandsaming i bygningsråda

- oppmuntre til bygging av fleirgenerasjonsbustader m.a. ved å nytte økonomiske stimuleringstiltak

- gå inn for at nye bustedfelt og bydelar vert allsidig samansette aldersmessig, sosialt og økonomisk at det vert betre høve til spreidd bustadbygging

- at det blir betre høve til eigeninnsats i bustadbygginga, også ved bygging av rekkjehus

- endre byggeføresegnene slik at ein sikrar betre varme- og lydisolasjon

- styrke kontrollen for å hindre ulovleg omgjering av bustader til kontor

- i visse høve gjere det mogeleg for leigebuarar til å overta private og kommunale leigegardar

- sikre bustaden for familien ved dødsfall, der avlidne hadde tenestebustad

- at Husbanken kan finansiere småhusbygging også i byar og forstadskommunar

- at alle som bygger etter retningslinene for Husbanken, får lån i banken

- innføre utvida ordning med sparing med skattefrådrag til bustadsbygging

- gje husbanklån til utbetring av eldre bustader utan omsyn til eigedomsform og oppheve aldersgrensa for lån til utbetring av eldre bustader

- innføre ordningar med husbanklån for kjøp av eldre bustader

- innføre høve til skattefri sparing frå fylte 50 år, til pensjonsbustad /husvere

- halde stigninga i bu-utgiftene på eit rimeleg nivå gjennom skjerpa priskontroll, rente- og kredittpolitikken, bustøtteordninga og gjennom betre høve til eigeninnsats. Det er særleg viktig å gjere bu-utgiftene rimelegare den første tida etter innflytting i ny bustad

- arbeide for større fridom for dei som bur på langtidsinstitusjonar

VI. Helse- og sosialpolitikk.

VENSTRE meiner at målet for sosialpolitikken må vere å hjelpe menneska til best mogeleg psykisk og fysisk helse, rette det som er sosialt og økonomisk skeivt i samfunnet og gje den einskilde betre høve til sjølv å velje sitt livsmiljø og forme sin livssituasjon. Den solidaritet dette krev, fører til eit ansvar utover ansvaret for oss sjølve. Sosial politikk har derfor og med fordeling av politisk makt og med verknad å gjere.

Mennesket må stå i sentrum. Vi er ikkje alle like, men som menneske og medmenneske er vi likeverdige.

Mange sosiale problem har si rot i tiltak og avgjerd på andre område i samfunnslivet. Sosialpolitisk tenking og målsetting må derfor prege heile samfunnslivet. Eit samfunn meir i jamvekt vil ikkje skape så mange sosiale klientar, så mange taparar og så mange som er funksjonshemma i høve til dei krav som vert stilte. Einskilde grupper i folket må i særleg stor grad bera dei problema som har fylgt med den sentraliserings- og utbyggingspolitikken som har vore ført. Ikkje minst flytting fra bygder og mindre stader inn til drabantområda i dei større byane, har skapt store problem i familiane, særleg mellom barn og ungdom.

VENSTRE ser det som ei hovudoppgåve å ta opp desse problema, skaffe ungdommen arbeid og praktisk utdanning, få til deltidsarbeid for familiemedlemane, byggje ut daginstitusjonar og betre kåra til småbarnsfamiliane.

Arbeid er med og gjev innhald i livet. Rett til arbeid er ein menneskerett. Denne retten må gjelde alle, også dei som berre kan yte ein avgrensa arbeidsinnsats.

Det ma satsast sterkt på å sikre delvis arbeidsføre høveleg arbeid som alternativ til trygd. Dette vil krevje ei monaleg styrking av attføringssektoren.

Det er framleis stor mangel på spesialutdanna arbeidskraft på fleire viktige område innan helse- og sosialsektoren. Dette er ei vesentleg hindring for betre helse- og sosialvelferd for mange menneske.

VENSTRE vil innanfor helse- og sosialsektoren i komande fireårsperiode legge særleg vekt på:

- å betre tilhøva for dei som ligg lengst etter i samfunnet, spesielt grupper av eldre og funksjonshemma og dei psykisk utviklingshemma og deira næraste familie

- arbeide for å redusere misbruken av rusgifter som alkohol, narkotika og andre stimulerande medikament

- arbeide for ein monaleg auke av utdanningskapasiteten for personell i helse- og sosialsektoren

- gje gode og mest mogeleg like helse- og sosialtilbod til alle utan omsyn til kvar dei bur, gjennom mellom anna ei vesentleg desentralisering av helse- og sosialtenesta og oppbygging av tilbod i nærmiljøet

- utvide den offentlege legetjenesta, m.a. gjennom å opprette fleire distriktslegestillingar. Også byar bør inndelast i distriktslegeområde.

Helsesektoren.

VENSTRE vil:

- styrke det førebyggande helsearbeid særleg ved vidare utbygging av kommunale helsestasjonar. Helsetenesta innanfor og utanfor sjukehus må samordnast betre. Det må leggast vekt på poliklinisk verksemd, også ved hjelp av ambulerande spesialistar

- styrke eksisterende sjukehus i distrikta

- bygge sterkt ut hjelpeordningane for heimane (heimesjukepleie, heimehjelp, nabo- og familiehjelp)

- auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar m.a. ved å ta opp ekstra klasser på høgskolen for sjukepleielærar

- halde oppe utdanningsnivået for helsepersonell

- at sjukepleiarane skal ha ei einskapleg 3-årig utdanning i eigne faghøgskolar

- bygge vidare ut fødselshjelpa med sikte på å minske talet på hjerneskadde barn og gje større tryggleik for mora. Hjelpa må tilpassast dei lokale tilhøva - betre jordmortenesta i distrikta - ved å tilsetje jordmødre ved dei lokale helsestasjonane, halde oppe og bygge ut fødestovene med fullverdig utstyr. Det må og skaffast utdanna jordmødre og anna kvalifisert personale

- gå inn for å bygge ein jordmorskole i Troms

- styrke vesentlig hjelpetilboda som alternativ til abort, basert på at prevensjonsopplysning er eit samfunnsansvar, at lærarane må få betre utdanning i prevensjonsspørsmål slik at skolen kan gje skikkeleg opplysing og at alle helsestasjonane får kapasitet til å gje prevensjonsrettleiing i samsvar med Lov om helsestasjonar

- arbeide for ei abortlovgjeving som fører til ei lik og rettferdig handsaming over heile landet basert på sjølvstendig søknadsrett for kvinner og automatisk ankehandsaming ved avslag, og å la den noverande lova gjelde til ein har fått betre røynsle om korleis ho verkar

- ha betre opplysing om familieplanlegging og gje alle som ønskjer det, råd og rettleiing

- nytte meir effektive verkemiddel, som t.d. pris- og subsidiepolitikken, i arbeidet med å fremje eit rett og helsesamt kosthald

- bygge vidare ut den offentlege tannrøkta og gje eit likeverdig tannrøkt-tilbod utan omsyn til kvar folk bur

- utvide ordninga med trygderefusjon for tannrøkta

- forenkle lov- og regelverk innanfor helse- og sosialsektoren for m.a. å forenkla sakshandsaminga og for at den einskilde kan finna fram i lovverket, slik at dei som har krav på stønad, kan få det dei har rett på.

Andre helse- og sosialspørsmål.

VENSTRE vil:

- utgreie ei ordning der grunnsatsen i folketrygda vert knytta til statens lønsregulativ

- innføre forhandlingsrett for pensjonistane og dei andre trygda

- gje høve til ei meir individuell handsaming og større rett

- til personleg avgjerd når det gjeld fastsetjing av pensjonsalder

- innføre lovreglar for å integrere funksjonshemma i det vanlege arbeidslivet

- styrke attføringssektoren ved arbeidskontora i distrikta

- arbeide for å utvide forsøksverksemd med sikte på å få flest mogeleg uføre inn i arbeidslivet

- legge tilhøva til rette for heil- eller deltidsarbeid i det vanlege arbeidsliv, m.a. for pensjonistar som ønskjer arbeid

- setje i verk dei planar som ligg føre, om utbygging av verna arbeidsplassar, og gje lokalsamfunnet høve til å medverke til oppretting av slike, også i private bedrifter etter behov

- gå inn for ei utbygging av sjukeheimsplassar, aldersbustader og aldersheimar på ein slik måte at dei eldre og sjuke får best mogeleg samband med sitt eige miljø. I institusjonane må alle som ønskjer det få einerom

- at tiltak for dei funksjonshemma vert forma ut frå målsettinga om likeverdige levevilkår og størst mogeleg integrering i det heimlege miljø

- arbeide for ordningar som lettar arbeids- og fritidsstoda for foreldre med heimeverande psykisk og fysisk utviklingshemma barn

- gå inn for tiltak som motverkar at funksjonshemming oppstår, og arbeide for at funksjonshemming vert oppdaga så tidleg som råd

- at det på fylkesplan vert ført tilsyn med, og bygd opp, eit støtteapparat for dei kommunale tiltaka for dei funksjonshemma

- at det vert bygd ut lokale tilbod for ungdom som kjem ut frå spesialskoler o.l.

- auke opplysningsverksemda om skadeverknader ved bruk av tobakk, alkohol og narkotika, m.a. gjennom skoleverket

- utvide dei offentlege hjelpetiltaka og styrke ettervernet for narkomane og alkoholskadde og dei som har vore i fengsel

- styrke det offentlege edruskapsarbeidet ved større løyvingar til Edruskapsdirektoratet, til forsking kring rusgiftproblem og til dei lokale edruskapsnemndene

- gje auka stønad til det friviljuge edruskapsarbeidet

- bygge ut det fysiske helsevern og styrke fysioterapeuttenesta.

VII. Kulturelt mangfald.

Målet for kulturarbeidet må vere å setje alle i stand til sjølv å utvikle sine skapande evner og anlegg og til å ta imot kunst- og kulturopplevingar. I kulturarbeidet må ein søkje etter kvalitet.

VENSTRE vil arbeide for at alle skal få lik rett til å få del i kulturtilboda, utan omsyn til bustad, alder eller sosial status.

VENSTRE vil verne dei gamle og sermerkte kulturdraga i landsdelane og i dei einskilde by- og bygdemiljø. Den folkelege kulturen må oppvurderast. Samekulturen må få gode vekstvilkår, og alle må få lære å kjenne den kulturarven vi har i folkekunsten og tradisjonane våre, og det miljøet dei har sprunge ut av.

Det lokale kulturliv.

Vi må arbeide for at alle vert aktivt med i kulturarbeid i sitt eige miljø. Vi må bygge på dei små einingane i grenda og bydelen, der menneska kjenner kvarandre og der det er lettare å få menneske med ulik bakgrunn til å samarbeide. Det er viktig at ein i dei nye bustadsområda maktar å bygge opp eit kulturmiljø.

VENSTRE vil:

- at skolelokala må vere opne for fritidsaktivitetar utanom skoletida, og at det vert teke omsyn til dette ved reising av nye skolebygg

- styrke tilskottsordningane med sikte på bygging av lokale kulturhus og aktivitetshus med rom til m.a. ungdomsklubbar og dagsenter for eldre og uføre

- at kunstnarane får gode vilkår til å arbeide i sitt eige lokale miljø

- auke løyvingane til kulturtiltak for minoritetsgrupper m.a. samane, slik at dei får rikt høve til å ta vare på og utvikle sin kulturarv

- lette tilgjenge til kulturtilboda for barn, eldre og funksjonshemma

- at skolen i langt større mon enn no skal gje rom for fag som musikk, drama, biletkunst og lokal historie og kultur

- gje auka stønad til organisasjonar og lag som driv barne- og ungdomsarbeid

- gå inn for å styrke bibliotektenesta i samsvar med føresetnaden i biblioteklova

Friluftsliv - idrett.

Menneska må få eit godt og allsidig fritidstilbod i nærmiljøet. Eliteidretten må ikkje få dominere idrettslivet. Alle må få oppleve gleda ved å kjenne seg i form og få del i den kulturopplevinga og den samkjensla idretten kan gje. Friluftsliv, masseidrett og eliteidrett kan utfylle einannen og gje kvarandre positive impulsar.

VENSTRE vil:

- at frilufts- og idrettstilboda må vere tilgjengelege for alle grupper, også i nærmiljøet

- at det må gjevast auka statleg stønad til bygging av idrettsanlegg og til utdanning av leiarar

- at fritids- og rekreasjonsområda i nærmiljøet må vernast og at arbeidet med å sikre fleire friområde må halde fram

- at ein gjennom region- og fylkesplanarbeidet sikrar at nabokommunar ikkje øydelegg friluftsområda for kvarandre

- at løyvingane til friluftsliv og idrett vert fordelte slik at det fremjer aktivitet for dei mange

- auke løyvingane til helsesportlag og handikapidrett

- forby bruk av snøscooter til anna enn nyttebruk

- forenkla handsaminga i samband med løyve til bygging av fritidshus.

Kulturvern.

Verne om og utvikle vidare vår nasjonale kultur er ei hovudoppgåve i kulturpolitikken. Kulturvernet må ikkje berre femne om hus og ting, men og om folkemusikk, dialektar,

litterære tradisjonar, handverkstradisjonar o.l.

VENSTRE vil:

- effektivisere vernet om kulturminna våre m.v. gjennom praktiseringa av lovverket

- skunde på arbeidet med å registrere dei faste kulturminna rundt om i landet

- arbeide for eit fastare samarbeid mellom skole, muse og samlingar slik at kunnskapen til vår gamle kultur vert meir allmenn

Språket.

Språket er ein viktig del av identiteten vår som individ og som nasjon. Det er derfor naudsynt at kvar einskild kan få opplæring i den språkforma han eller ho finn naturleg.

Vi må arbeide for eit levande skiftspråk som ligg nær opp til talemålet, både i ordval og setnadsbygging.

VENSTRE vil:

- at begge språkformene vert stilt likt i undervisning, kringkasting og offentleg teneste

- at samisk- og finsktalande barn i høgre mon skal få opplæring i sitt eige språk

- sikre framandarbeidarfamiliane god opplæring i eit norsk skriftspråk og at barn, der dette er mogeleg, skal få ei grunnleggande opplæring i sitt eige språk

- at dialektane får høve til å utfalde seg som den positive kulturfaktor dei er

- arbeide for å avgrense den utanlandske innverknad på språket

- sikre Norsk Språkråd gode arbeidsvilkår

Kunsten.

Kunsten er ein vesentleg del av eit lands kulturliv. Det offentlege må syte for at kunstnarane får økonomiske kår på line med andre yrkesgrupper. Kunstnarane må få arbeidsvilkår slik at dei kan verke i nærmiljøet. Det er spesielt viktig at kunstnarar som bur i distrikta, får betre arbeidsvilkår.

VENSTRE vil arbeide for mangfald i kunsten. Profesjonell kunst og amatørverksemd må få leve saman og utfylle kvarandre.

VENSTRE vil:

- at støtta til kunstnarleg verksemd vært knytt til bruken

- at NRK i større mon bør kjøpe inn litterære og musikklitterære norske verk

-betre vilkåra for kunsten for barn, så som barnelitteratur, barne- og dokketeater og musikk for barn

- arbeide for at dei store kulturinstitusjonane skal yte eit betre tilbod til distrikta enn i dag

- bygge ut den regionale musikkverksemda, ved m.a. regionorkester

- bygge vidare ut dei regionale teater- og teatergrupper til alle regionar utan hovudscene har fått regionteater

- gje amatørteatret betre arbeidsvilkår slik at det kan verta eit reelt kulturtilbod i lokalmiljøet

- gje auka stønad til norsk produksjon av film

- betre vilkåra for produksjon og syning av ikkje-kommersiell film, ikkje minst kortfilm for barn, og revurdere kinolova når det gjeld framsyning av slik film

Massemedia.

Demokratiets beste vern er ei vaken folkemeining og eit fritt offentleg ordskifte bygd på kunnskap til det som verkeleg skjer i samfunnet. Ytringsfridomen er ikkje nok. Den må supplerast med rett til allsidig informasjon.

Påverknaden frå massemedia vil ofte vere meiningsdannande for einskildindivid og for grupper av menneske. Det er derfor naudsynt med ei fri og differensiert presse og ei desentralisert og mangslungen kringkastingsverksemd der både kvinner og menn får kome til orde.

VENSTRE vil:

- sikre ei presse som er grunna på mangfald og fridom, ved å legge tilhøva til rette for eigne bygde- og bydelsaviser og for aviser på båe målføre

- at ein ved lovheimel sikrar seg mot at vesentlege delar av norsk dags-, veke- og fagpresse vert styrt, eigd eller kontrollert av utanlandske interesser

- at NRK må sikre den fordelinga mellom målformene som Stortinget har vedteke

- at NTB får stønad til å gjennomføre full jamstelling av dei to skriftspråka våre

- sikre alle innbyggjarar gode mottakertilhøve for radio og fjernsyn

- at sendetida i fjernsynet, utanom opplæringsprogramma, ikkje skal utvidast

- styrke programtenesta i distrikta m.a. ved at NRK's distriktskontor får eigne budsjett og at ein del av desse kontora vert lagde til bygdemiljø - bygge ut programtenesta og letta mottakartilhøva i distrikta, og bygge ut eit program 2 i radioen framfor utbygging av TV2

- at språklege minoritetsgrupper får eigne kringkastingsprogram

- innføre faste samnordiske sendingar i radio og fjernsyn at TV-program må tekstast for høselssvekka i større mon

- arbeide for å avgrense bruken av valdslitteratur og valdsfilmer i massemedia

- gå mot all reklame i radio og fjernsyn

Livssyn og religion.

Eit grunnleggande prinsipp for eit demokratisk samfunn er einskildmennesket sin rett til sjølv fritt å velje den tru, det livssyn og den religion som han/ho vil slutte seg til eller dyrke.

VENSTRE vil:

- halde oppe statskyrkjeordninga, men vil stille seg open til å vurdere kyrkjelege og praktiske reformer med sikte på større fridom for Den Norske Kyrkja

- arbeide for å auke vyrdnaden for det einskilde menneske - utan omsyn til stand eller stilling, evner og anlegg, kjønn eller alder, tru eller livssyn, rase eller politisk innstilling

- at kyrkja, dei kristne organisasjonane og dissentarmenighetene og andre trussamfunn og livssynsorganisasjonar får gode arbeidsvilkår

- arbeide for at det, der dette trengst, vert bygd arbeidskyrkjer som er tenlege for dei ulike aktivitetane som høyrer med i eit variert arbeid i ein kyrkjelyd

- at tilskott til Kyrkjerådet vert auka monaleg og at rådet får i oppdrag å stø kyrkjebygg på same måte som Kulturrådet stør kulturbygg

- motarbeide vald og undertrykking av den personlege fridomen.

VIII. Utdanning og forsking.

Gjennom utdanning og forsking er vi med på å forme framtida vår. Venstre vil at utdanning og forsking skal fremje eit samfunn meir i jamvekt og skape utvikling, mangfald og variasjon i produksjons- og samfunnsliv. Dette må gje oversikt over korleis samfunnet verkar, skape klårleik om dei kreftene som påverkar oss. VENSTRE går inn for auka kontakt og samkvem mellom skole og lokalt arbeidsliv.

Skole og opplæring.

Sentraliseringa i skoleverket har ikkje berre skapt større einingar, men og meir einsretta skolar og ofte mindre kontakt skole/heim og mellom lærar og elev. VENSTRE vil snu denne utviklinga ved å skape eit desentralisert skoleverk med små skoleeiningar. Skolen må på ny verta eit kulturelt midtpunkt i lokalmiljøet. Undervisningsplanane må i større mon hente emne frå lokalmiljøet, slik at ungdommen får auka interesse for å leve i og utvikle vidare det miljøet dei har vakse opp i.

Skal dei unge bli gode medarbeidarar i eit demokratisk samfunn, trengst det ikkje berre kunnskap og innsikt, men og evne til engasjement, kritisk tenking og samarbeid.

VENSTRE vil:

- stå fast på den kristne føremålsparagrafen for den 9-årige skole, men vil gje rom for alternativ livssynsundervisning for dei som ønskjer det

- styrke undervisninga innanfor økologi, ressursforvaltning og miljøvern

- gje den einskilde skolen større fridom til å utvikle sin eigenart innanfor visse økonomiske og pedagogiske rammer. Dette bør i framtida verta den viktigaste forma for forsøksverksemd

- desentralisere det meste av forsøksverksemda til dei pedagogiske høgskolane og til einskildskolar. Ei sentral jamstelling kan skje gjennom eit kontaktorgan mellom dei ulike skoleslaga. Forsøksrådet for skoleverket kan byggast ned

- gå inn for at norskfaget vert obligatorisk for alle studentane ved dei pedagogiske høgskolane. Norskfaget må styrkast ved m.a. auka timetal

- gje den samiske folkegruppa betre skole- og utdanningstilbod

- arbeide for at den lovfesta regelen om at læremiddel i grunnskolen og vidaregåande skolar skal kome på bokmål og nynorsk til same tid og til eins pris, vert følgt i praksis

- gå inn for at opplæring i sidemål skal halde fram som obligatorisk fag i dei vidaregåande skolane

- at dei funksjonshemma så langt råd er, må få skolegangen sin i det vanlege skoleverket og innanfor det miljøet dei kjenner. Føresetnaden for integrasjonen er fullnøyande ressursar og klare reglar om fordeling av desse

- gje private skolar rimelege arbeidsvilkår innanfor ramma av det samla skoleverket

- gje framandarbeidarane og familiane deira betre høve til opplæring og utdanning

- la ein større del av stønaden til ungdom under utdanning verta gjeven som stipend

Barnehagar.

Det er viktig at barna kan kome saman og lære å leve i fellesskap. Barnehagane skal i første rekkje vere eit pedagogisk tilbod til barna og gje dei eit trygt og stimulerande miljø for leik og aktivitet. VENSTRE vil arbeide for at alle barn skal få tilbod om barnehageplass.

VENSTRE vil:

- bygge ut barnahagar og skape eit meir triveleg leikemiljø for småbarn både i gamle og nye bustadsområde. På bygdene kan barnehagar knyttast til grendeskolar, samfunnshus o.l.

- barnehagane må få kapasitet og ressursar til å integrere psykisk og fysisk hemma barn

- halde barnehagetakstane på eit rimeleg nivå og på lengre sikt gjere barnehagane gratis når alle har høve til å få slik plass

Grunnskolen.

VENSTRE meiner at skolen si hovudmålsetting må vere å gi dei einskilde elevane høve til personleg vekst og utvikling. Gjennom arbeidsmåtane i skolen må det skapast gode vekstvilkår for den demokratiske styreforma.

VENSTRE er klar over dei problema ein 9-årig obligatorisk skole skapar og vil gjere det lettare å få alternative opplæringstilbod. Elevar som vert fritekne, må skaffast arbeid eller få alternative skoletilbod.

VENSTRE vil:

- prioritere bygging av grende- og bydelsskolar

- at alle kominunar som ønskjer det, skal ha rett til å gje sin eigen ungdom skolegang til og med 9. skoleår innanfor sine eigne grenser

- styrke dei praktiske og estetiske faga

- arbeide for betre oppseding ved å betre kontakten mellom skole og heim og ved å styrke den etiske opplæringa

- styrke retten til undervisning i den målforma eleven og foreldra ønskjer

- at alle røysteføre i krinsen skal ha røysterett ved røysting om målforma i skolen

- styrke trafikkundervisninga

- avgrense elevtalet i vanlege skoleklassar til 25 elevar

- auka ressurstilgangen til skolen ved høgre rammetimetal på barnetrinnet

- gå inn for førebyggande fysisk helsevern i grunnskolen. Staten må gje same økonomiske tilskott til løn for fysioterapeuter som til lærarløn

- gå inn for vurderingsmåtar som også verdset innsats, arbeidsvilje og samarbeidsevne hjå den einskilde. Det er viktig at barn og ungdom får utvikle arbeids- og samarbeidsevne og at skolen tek vare på alle.

Vidaregåande skolar.

VENSTRE vil arbeide for likeverd mellom teoretiske og praktiske fag både i utdanning og opplæring, og i samfunnet elles.

Målsettinga må vere eit mest mogeleg variert skoletilbod. Fylka bør få høve til i samarbeid med kommunane, å bygge ut skolane etter det mønsteret dei sjølv ønskjer. I mange bygdemiljø kan vidaregåande skoletilbod utviklast i tilknyting til ungdomskolar og med dei klassar og tilbod som elevtilgangen gjev grunnlag for.

VENSTRE vil:

- bygge ut skoleverket slik at all ungdom kan få vidaregåande skoleopplæring og så langt som mogeleg, fritt få velje studieopplegg

- nytte kjønnskvotering ved opptak til utdanning over grunnskolen for å skapa ein betre balanse i fordelinga av kvinner og menn ved utdanningsinstitusjonane våre

- prioritere ei utbygging av dei praktiske studieretningane. Prioriteringa bør i større mon enn no skje i samarbeid med yrkeslivet på staden

- gå inn for å endre reglane slik at det ikkje vert høve til å bygge vidaregåande skolar med meir enn 450 elevar mot no 600

- gå inn for at rammetimetalet vert utvida til 120 timar

- bygge folkehøgskolen vidare ut og sikre den frie stillinga til dette skoleslaget.

Vaksenopplæring.

Vaksenopplæring må jamstellast med førstegongsopplæring. Overgangen til yrkeslivet må gjerast meir fleksibelt, m.a. slik at ein ikkje treng gjere seg ferdig med heile grunnutdanninga før ein går ut i yrkeslivet. Delar av grunnutdanninga må det vere høve til å ta seinare. Offentlege skolar og institusjonar må syte for at det vert bygd ut vaksenopplæringstiltak i alle delar av landet. Slike tilbod må verta tilgjengelege for alle delar av folket.

VENSTRE vil:

- at radio og fjernsyn må få ein meir sentral plass i vaksenopplæringa

- skape gode arbeidstilhøve for alle dei friviljuge folkeopplysningsorganisasjonane, og vil motsette seg at ein privat vaksenopplæringsinstitusjon får eienretten i store delar av landet.

Høgre utdanning og forsking.

Det er framleis store grupper som har problem med å få høgre utdanning. Det er derfor viktig å arbeide for å skipe tverrfaglege studietilbod og legge tilhøva til rette for delstidsstudier. Samstundes må ein freiste å skaffe oversyn over trongen for nye kandidatar frå dei ulike studia slik at ein unngår ei aukande arbeidsløyse blant ungdom med høgre utdanning.

Forskinga skal vere eit sjølvstendig og sentralt innsalg i kulturlivet vårt. Dette må vere utgangspunktet for dei arbeidsvilkåra vi gjev forskinga.

Universiteta og høgskolane utgjer fundamentet for forskingsinnsatsen vår. Dei må setjast i stand til å utvikle og halde oppe eit godt og allsidig forskingsmiljø og utdanne nok velkvalifiserte forskarar.

Det må ikkje leggjast einsidig vekt på nytteforsking i utbygginga av forskingsmiljøa. Den humanistiske forskinga må gjevast betre vilkår.

Venstre vil prioritere forskingsressursar til innsats for eit meir desentralisert samfunn med ein teknologi som er mindre kompleks, mindre sårbar og mindre ressurs- og energiøyande.

VENSTRE vil:

- gå inn for å oppretthalde dei ymse høgskolane som sjølvstendige skoleslag

- sikre at universitata og høgskolane får ressursar til å halde oppe det faglege nivået sitt som forskings- og undervisningsinstitusjonar

- at vaksenopplæring på høgskolenivå for deltidsstudentar må gjerast tilgjengeleg for alle ved at kursverksemda i distrikta vert styrkt

- gå mot sentralisering av distriktshøgskoleverksemda i studiesenter

- at distriktshøgskolane i undervisninga og forskinga si legg vekt på lokale tilhøve

- styrke opplæringstilbodet og kursverksemda med sikte på dei mindre og mellomstore bedriftene

- gå inn for at det vert oppretta studiar for arbeidsleiarar og faglege tillitsverv

- at opptaksreglane for all høgre utdanning vert samordna og utvida slik at praktisk yrkesrøynsle, t.d. husmoryrket, tel med som opptaksgrunnlag

- innføre ordninga med studentsamskipnader for alle som tek høgre utdanning

VENSTRE vil gå inn for at ein større del av forskingsmidlane vert kanaliserte til

- forsking med sikte på å redusere veksten i energi- og ressursbruken, herunder forsking i samband med energisparing og alternative energiberarar, t.d. vindkraft, bølgjekraft og solenergi

- forsking og utviklingsarbeid som fremjer enkel og oversiktleg teknologi som kan tene som realistisk alternativ til den einsidige, kapitalkrevjande og komplekse stordriftsteknologien

- forsking som fremjer matvareproduksjonen og kunnskapane om ernæring og helse

- forsking som fremjer ei betre forståing av spørsmål kring natur-, arbeids- og bustadsmiljøet

- forsking- og utgreiingsarbeid om økologiske konsekvensar som følgjer med oljeverksemda på kontinentalsokkelen, ilandføring av olje til Noreg og om utbygging av større industriforetak

- auka stønad til konflikts- og fredsforsking

IX. Individ - Samfunn - Jamstelling.

Samfunnsutviklinga fører med seg auka sentralisering. Resultatet vert eit meir komplisert og eit mindre oversiktleg samfunn. Makt vert konsentrert hjå dei få som har ressursar til å halde oversikt. Folk flest kan lett få kjensle av avmakt andsynes dei kreftene som avgjer utviklinga i samfunnet. VENSTRE ser retten til sakleg samfunnskritikk som ein grunnleggande rett

som må sikrast. Offentleg forvalting må verta meir open.

Sentraliseringa er den store fare for demokratiet og ei kjelde til vantrivsel for den einskilde. Demokratiet si framtid kan berre sikrast gjennom stadige forbetringar og ved at demokratiet vert oppfatta som verkeleg av det store fleirtalet.

Vi må snu utviklinga som gjer at avgjerdseiningane vert stadig større. Dette gjeld i både den offentlege og den private sektor. Også dei økonomiske verksemdene må følgje demokratiske spelereglar.

Datateknikken må styrast. Den einskilde sin rett til personleg integritet må sikrast gjennom den nye datalova og det kontrollapparatet som lova krev.

Folkestyre.

VENSTRE vil:

- at folkevalde styringsorgan vert styrkte slik at byråkratiet og sterke særinteresser og organisasjonar ikkje får stadig meir makt

- overføre meir avgjerdsrett frå statsmakta til fylke og kommunar samstundes som økonomiske ressursar vert overførte frå staten

- at dei som er komne i pensjonsalder vert stimulert til å vere med i organ som har avgjerdsmakt

- innføre ei stortingsvalordning med utjamningsmandat, slik at alle røyster tel med ved mandatfordelinga og at mandatfordelinga gjev eit rettvist uttrykk for valresultatet

- opne høvet til bindande og rådgjevande folkerøystingar på riksplan, i fylka og i kommunane

- innføre direkte val til bydel-/grendeutval som får avgjerds- og rådgjevingsrett innanfor visse område

- gje mindretal i offentlege organ rett til i visse høve å kunne krevje at også deira alternative framlegg til løysing vert forsvarleg utgreidd

- kjempe for alle menneske sine demokratiske rettar, uansett politisk syn

- innføre ei ordning som gjev veljarane rett til å overføre namn frå ei liste til ei anna ved kommunestyreval

- gje framandarbeidarar, etter ei viss butid, høve til å delta i kommunestyre- og fylkestingsval.

Politi - rettsvesen.

Politiet si verksemd må baserast på eit tillitshøve til publikum. Det må derfor i størst mogeleg mon knyttast til lokalsamfunnet og ha ei desentralisert oppbygging.

VENSTRE vil:

- opprette bydelspoliti i større byar

- gå inn for styrking av politi- og lensmannsetaten både når det gjeld mannskap og utstyr

- gå inn for desentralisering av politi- og lensmannsetaten

- gå mot oppretting av politidirektoratet

- halde oppe juryordninga i lagmannsretten

- gå inn for reformer i kriminalomsorga som sikrar menneskeverdige tilhøve i fengsla og gjer fangane betre budde på fullverdig liv etter soninga

Jamstelling mellom kjønna.

Kravet om jamstelling er grunnleggande ut frå prinsippa om menneskeverd og personleg fridom. Haldnings- og samfunnsendringar må gå jamsides for å sikre også kvinnene dei same rettar og val som menn tradisjonelt har hatt.VENSTRE vil bryte med det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret. Kvinner måha lik rett til å velje utdanning og arbeid, noko som krev arbeidstilbod nær heimstaden også for kvinner. Det må gjerastlettare å fordele arbeid og ansvar i heim og arbeid.

VENSTRE vil:

- gå inn for lov om jamstelling og innføre forbod mot kjønnsdiskriminerande reklame

- arbeide for minst 40 prosent representasjon av begge kjønn i offentlege utval, styre og råd

- at skoleundervisninga fremjer jamstelling

- at tradisjonell kjønnsrolletenking må takast ut av undervisning og skolemateriell. Kvinna si historie må få brei plass i den vanlege historieundervisninga

- innføre rett til omsorgspermisjon for mannen i samband med fødsel

- gå inn for at ordningar med arbeid i heimen med småbarn, sjuke og gamle gjev tenestealder for utdanning, tilsetjing og lønsfastsetjing i yrke der slik praksis kan ha noko meining

- innføre lik løn for kvinner og menn for likt arbeid og for arbeid av lik verdi

- gå inn for auka høve til deltidsarbeid for både kvinner og menn. Staten som arbeidsgjevar må her gå føre med oppretting av faste deltidsstillingar

- oppheve aldersgrensa for stipend til utdanning

- sikre rett til heilt eller delvis fråver med sjukepengar i inntil 14 dagar i året for stell av sjuke husstandsmedlemmar

- innføre høve til særskilt likning av ektefelle også når det gjeld medel

- forby ved lov diskriminering av homofile på grunn av seksuell orientering

Ungdomspolitikk.

Samfunnet i dag er prega av stadig meir avansert teknologi, store skolar, storarbeidsplassar og konsentrasjon av busetnader. Dette skapar ei rekkje vanskar for barn og unge.

Kjensla av tryggleik blir borte. Skolen stiller store krav til teoretiske interesser, medan praktiske og faglege interesser vert sett til side. Arbeidslivet stiller stadig større krav til arbeidskrafta, og dei faglege krava aukar. Dette fører til store problem for mange unge.

Resultata av ei slik utvikling vert arbeidsløyse, psykiske problem, aukande stoffmisbruk og kriminalitet.

VENSTRE ser det som viktig å peike på årsaken til problema, samstundes som vi finn løysingar som betrar tilhøva for dei som alt har fått vanskar. VENSTRE vil minst mogeleg bruke institusjonar og kunstige verkemiddel for å løyse dei problem ei rekkje unge har i dag. Gjennom arbeidsmarknadspolitikken vår, skole- og familie- og ein eigen ungdomspolitikk vil vi freiste å redusere eller fjerne årsaka til dei problem vi har i dag.

VENSTRE vil:

- auke samarbeidet mellom skole og arbeidsliv og auke informasjonen om arbeidslivet i skoleverket

- betre lærlingelova slik at ein kan ta vare på grunnleggjande rettar og betre dei økonomiske sidene for arbeidsgjevarane

- arbeide for at det offentlege og private får høve til å skape gode og varierte fritidstilbod

- utvide tilskottsordningane til verksemder som tek inn arbeidsledig ungdom. Stønad må gjevast bransjevis og ta omsyn til geografisk plassering

- sette ned røysterettsalderen til 18 år

- la utviklinga av ein eigen ungdomspolitikk verta ei høgt prioritert offentleg oppgåve

X. Vårt tilhøve til andre land.

All politikk i dag må ha verdssamfunnet som perspektiv. Urettvis fordeling av makt og ressursar i verda er det alvorlegaste politiske problemet ved siden av trugsmåla mot den økologiske balansen og ressursgrunnlaget.

Noreg må ta aktiv del i den internasjonale kampen for større rettferd, og mot politisk, økonomisk og åndeleg undertrykking. Utanrikspolitikken må ikkje berre ta sikte på å verne våre eigne interesser.

For å bryte dominansen til supermaktene og dei internasjonale selskapa si makt i verdspolitikken, må Noreg og Norden bidra til aktivt samarbeid mellom mindre land. Målet må vere rettferd, fred og verkeleg nedrusting.

Ei ny økonomisk verdsordning.

Fleirtalet av folka i verda har ikkje den fridom og den tryggleik mot økonomisk naud som vi har. Verdsbiletet er prega av urett, overgrep og ulikskap. Ressursane er høgst ulikt fordelte og det mindretalet av folka i verda som har tilgjenge til dei beste ressursane, sløser ofte utan tanke på dei fattige landa.

Noreg er eit av dei rikaste landa i verda. Vi nyt på mange måtar godt av det økonomiske systemet som pregar tilhøvet mellom rike og fattige land. Kravet frå dei fattige landa om radikale endringar i dette systemet, gjeld derfor oss direkte.

Norsk utanrikspolitikk må ha som eit hovudmål å redusere gapet mellom fattige og rike land og folkegrupper. Ressursane må bli jamnare fordelte og meir fornuftig utnytta. Noreg må gå aktivt inn for ei ny økonomisk verdsordning. Makta til dei fleirnasjonale konserna må reduserast.

Den norske u-hjelpa må framleis trappast opp i eit raskt tempo. Målet for hjelpa til utviklingslanda må vere å skape grunnlag for sjølvstendig, økonomisk vekst i mottakarlanda. Utviklingshjelp må først og fremst gå til dei aller fattigaste landa i verda og til land som sjølv fører ein sosial utjamningspolitikk, slik at hjelpa kjem dei breie lag av folka til gode. Ein bør freiste å finne fram til enklare former for hjelp, m.a. med direkte stønad til dei vanlege utviklingsprogramma i desse landa.

VENSTRE vil:

- stø u-landa sitt krav om å få full råderett over eigne ressursar og om frigjering frå utanlandsk dominans

- auke dei offentlege overføringane til utviklingslanda til minst 1,7 prosent av nasjonalproduktet innan 1981. Deler av denne kan vere produksjonsutstyr og kapitalvarer. U-hjelpa må fremje eit utviklingsmønster og ein teknologi som tek sikte på å dekke primærbehova til folk flest

- at det vert utarbeidd eit regelverk for norske firma når dei etablerer seg i u-land, slik at ein sikrar at dette skjer i utviklingsfremjande former

- stø u-landa i deira freistnad på å styrke forhandlingsposisjonen sin og sikre kjøpekrafta si gjennom råvareavtalar o.l.

- stø arbeidet for å gje u-landa ein sterkare posisjon i Verdsbanken og i andre internasjonale kredittinstitusjonar

- medverke til at u-landa får ein større og meir rettvis del av den internasjonale handelen og fraktmarknaden

- stø fleirtalet i deira kamp for fleirtalsstyre i Sør-Afrika, Rhodesia (Zimbabwe) og Namibia. Venstre stør frigjeringsrørslene i dette området og går inn for total handelsboikott av desse statane inntil dei har innført fleirtalsstyre

- at det offentlege må syte for kompensasjonstiltak for dei verksemdene som vert skadelidande ved en slik boikott

- gå inn for auka støtte til folk som lir under politisk, økonomisk og åndeleg undertrykking, m.a. gjennom auka flyktningehjelp

- i hjelpearbeidet vart legge auka vekt på familieplanlegging og arbeid for å stanse veksten i folketalet i verda

- at Noreg framleis skal kanalisere like stor del av u-hjelpa gjennom FN og andre internasjonale organ som i dag

- gå inn for å opprette ein fiskeproteinbank organisert gjennom FAO

- at Røde Kors, Kirkens Nødhjelp, misjonsselskapa og andre friviljuge organisasjonar får auka stønad til sitt humanitære arbeid i utviklingslanda.

Nordisk samarbeid.

Det nordiske samarbeidet bør styrkast og byggast vidare ut. Det er i denne samanhengen spesielt viktig å ta omsyn til den nye stoda petroleumsressursane på kontinentalsokkelen vår skaper.

VENSTRE vil:

- tille seg positivt til utvida energi- og industripolitisk samarbeid på det nordiske plan

- rioritere samarbeid på områda ressurs- og miljøvern

- tvide det kulturpolitiske samarbeidet med spesiell vekt på radio og fjernsyn, m.a. ved å innføre faste samnordiske programpostar

- å inn for å effektivisere og forenkla dei nordiske samarbeidsinstitusjonane

- styrke samarbeidet på nord-kalotten

Økonomisk og handelspolitisk samarbeid.

Noreg må framleis delta i forpliktande økonomisk og handelspolitisk samarbeid. Internasjonal handel og arbeidsdeling må likevel ikkje verta eit mål i seg sjølv, men må vurderast i høve til andre sentrale målsettingar, både på det internasjonale og det nasjonale plan.

Samarbeidet må ikkje ha front mot u-landa, og vi må akseptere at internasjonal utjamning kan krevje inngrep i frihandelssystemet. På det nasjonale plan kan ressurs- og distriktspolitiske omsyn, og omsynet til den stoda landet kan kome i ved ei eventuell avsperring, tilseie at ein må modifisere, eventuelt ta i bruk tiltak som motverkar visse konsekvensar av frihandel.

VENSTRE vil:

- at vårt tilhøve til EF framleis skal vere basert på den handelsavtale som folkerøystinga i 1972 la grunnlag for

- at Noreg på lengre sikt må bli mindre avhengig av internasjonale konjunkturbølgjer ved å spreie handelen på fleire land og ved auka norsk produksjon av naudsynte varer til erstatning for importvarer

- gå inn for at assosieringsavtalen med det internasjonale energibyrået IEA vert sagt opp

- prioritere arbeidet for å få kontroll med forureininga av luft og vatn ved hjelp av forpliktande internasjonale avtalar

- stø arbeidet for vern om og utnytting av ressursane i og under havet basert på økonomiske soner på 200 mil langs norskekysten og havområda rundt Svalbard, og internasjonalisering av dei store havdjup

- at Noreg framleis skal ta aktiv del i arbeidet med å løyse dei internasjonale valutaproblema, og gå inn for at utviklingslanda får større innverknad på desse spørsmåla

Vår tryggleik.

Målet for tryggingspolitikken er å sikre fred og nasjonal fridom, og medverke til ei fredeleg utvikling i verda. Tryggleiken vår er nær knytt til tilhøvet mellom supermaktene, men og til tilhøvet mellom fattige og rike land. Dette er prega av store motsetnader. Trass i arbeid for avspenning, har kapprustingane halde fram både i omfang og våpenutstyr, med enorm sløsing av ressursar.

Oljeressursane på kontinentalsokkelen og reising av økonomiske soner med utvida fiskerigrense stiller nye krav til evna vår til å handsama norsk suverenitet. Dette vil krevje auka innsats både politisk og med utbygging og tilpassing av forsvaret.

Svalbard er ein del av Noreg. Det må førast ein meir aktiv politikk for å bygge ut norsk administrasjon og næringsverksemd på øygruppa. Dei norske interessene i Antarktis må styrkast.

VENSTRE vil:

- gå inn for at NAT0-medlemskapet skal halda fram til ein kan kome fram til ein fullnøyande all-europeisk tryggingsordning under FN og gjensidig avvikling av militærblokkene

- arbeide for vidare avspenning med reelt innhald til føremon for alle, ikkje minst for dei små nasjonane både i aust og vest

- arbeide aktivt for gjensidige og balanserte reduksjonar av dei militære styrkane og dei strategiske våpna

- legge spesiell vekt på at nedrustingstingingane også må gjelde gjensidig reduksjon av rakettførande u-båtar og militære styrkar på nordflanken

- gå mot stasjonering av atomvåpen på norsk territorium, og vil ikkje gje andre land løyve til å ha basar på norsk område i fredstid

- arbeide for at Forsvaret så langt dei andre oppgavene tillet det, yter størst mogeleg hjelp til det sivile samfunnet, ved mellom anna å vere med i fiskerioppsyn, redningsteneste, utbygging av kommunikasjonar og navigasjonssystem og yte hjelp i katastrofesituasjonar

- at NATO og medlemslanda skal arbeide ut frå målsettinga om at alliansen skal verne om demokrati og fridom og seie klårt fra når alliansemedlemer ikkje følgjer desse prinsippa

- å gå mot bruk av NATO-styrkar utanfor dei områda som organisasjonen femner om, når ikkje NATO-land vert utsette for åtak

- gå mot ei kvar form for tilknyting til NATO for nye land som ikkje har demokratisk styre

- at Noreg skal vere budd til å stø FN's arbeid for fred også ved å stille fredsstyrkar til rådvelde

- at sjøforsvaret vårt vert styrkt i samband med utvidinga av det geografiske området som vert underlagt norsk suverenitet

- at heimevernet sin plass i det norske forsvaret må styrkast som lekk i utbygginga av eit effektivt, desentralisert landforsvar

Sivil motstand og ikkje-valdforsvar.

VENSTRE vil:

- at dei som av alvorlege overtydingsgrunnar ikkje kan ta del i det militære forsvaret, må få høve til annan innsats utan tillegg i tenestetida og helst ved innsats på fredsrelevante arbeidsplassar for dei som ønskjer det

- at det må verta utarbeidd planar for sivile motstandsformer som kan nyttast under ein militær konflikt på norsk jord

- arbeide for å få skipa ei fast organisert førstegongsopplæring for dei som er sivile tenestepliktige. Stortinget må trekke opp retningslinene for ordninga.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10236. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.