Valgprogram · 1973
VENSTRES ARBEIDSPROGRAM 1973-1977
Venstre · 11 937 ord
«bompenger» er markert i 0 avsnitt. Fjern markering
VENSTRES ARBEIDSPROGRAM
1973 - 1977
I Innleiing
Vi opplever ei gjennomgripande omstilling i samfunnsliv og økonomi. Klasseskilje blir brotne ned, men samtidig blir andre diskriminerande skiljeliner til mellom menneska. Teknologi og maskinar kjem i staden for mykje av den menneskelege arbeidskrafta. Vi ser at vi på mange område er i ferd med å øydelegge eller fjerne det livsgrunnlaget som nye generasjonar skal byggje på. Rovdrift på uerstattelege naturressursar held fram.
Det rike mindretalet av nasjonar og folk blir stadig rikare materielt sett, medan dei fattige landa kjempar ein fortvila kamp mot overfolking, underutvikling og industrilanda si utnytting av naturressursar som skulle vere felleseige for menneskja.
Enorme ressursar blir bundne i militære rustningar, medan langsiktig, fredsskapande arbeid ofte kjem i andre rekke. Stormaktskonfliktene går føre seg uten avbrot, men no skjer det ikkje lenger på eiga jord. Dei fattige landa er slagmarka.
For mange er politisk og personleg fridom ukjende omgrep. For dei fleste må kampen mot svolt og undertrykking gå framfor dette. Andre lever under styresett som ikkje tillet denne fridomen sjølv om det materielle grunnlaget finst.
Stadig fleir menneske også i vårt land spør: Skal utviklinga styre oss, eller skal vi styre utviklinga? Kan eg saman med dei andre gjere noko for å skape det samfunnet som dei fleste av oss ønskjer?
Vi kan styre utviklinga dersom vi vil. Dette må vere målsettinga for alt vårt arbeid. Venstre vender seg mot førestellinga om at menneska ikkje kan bryte ei utvikling vi ikkje ønskjer. Mennesket i sentrum er Venstres motto. Det tyder respekt for menneskeverdet hos den einskilde og tru på den evne kvar einskild har til å skape rettferdigare samfunnsforhold.
Planane for samfunnsutviklinga kan ikkje avgrensast til eit visst tidsavsnitt. Venstres prinsippielle grunnsyn er nedfelt i vårt prinsipp-program. I arbeidsprogrammet for perioden 1973 77 legg vi fram ein del av dei sakene som vi vil arbeide med innanfor desse fire åra. I løysinga av andre spørsmål vil prinsipp-programmet vere rettesnor for Venstres arbeid.
I dei komande fire åra må det politiske arbeidet spenne over heile spektret av samfunnsoppgaver. For Venstre vil ein del område stå i framgrunnen:
1.
Omsynet til å verne ressursar for seinare generasjonar må i langt sterkare grad enn hittil prege vår haldning på alle felt innan samfunnslivet. Venstre vil konsekvent prioritere løysingar som økologisk sett er dei mest forsvarlege.
2.
Målsettingane og verkemidla innan distriktspolitikken må leggjast radikalt om. Veksten i dei store byområda må bremsast og utkantane prioriterast sterkare. Vi må leggje større vekt på å etablere arbeidsplassar og halde dei oppe. Vi må få varige økonomiske verkemiddel.
3.
Folkestyre og rettsvern må sikrast ved nye reformer. Menneske skal styre og ikkje bli styrte. Venstres mål er likestilling for alle og større medverknad for den einskilde.
4.
Helse- og sosialtenesta må tilførast ein større del av våre samla ressursar. Verksemda må desentraliserast, og omsynet til trivsel for den einskilde skal telje meir.
5.
Venstre vil arbeide for auka internasjonalt samarbeid, og vil leggje vekt på tiltak som kan føre til ei økonomisk og sosial utjamning i verdssamfunnet. Noregs forhold til EF er fastlagt gjennom den handelsavtalen som folkerøystinga la grunnlaget for.
I samsvar med sitt prinsippielle grunnsyn vil Venstre i stortingsperioden arbeide for blant anna dei sakene som er nemnde i dette arbeidsprogrammet.
II Vårt ansvar for etterslekta
Industrialiseringa av vårt samfunn har skapt grunnlag for sysselsetting og betre inntektsforhold for dei aller fleste. Det må likevel nemnast at veksten i vårt nasjonalprodukt er eit bruttoomgrep. Forureinsingane og forbruket av naturressursar som ikkje kan fornyast, har vi vore for lite opptekne av. Tiltaka mot forureinsingane blir i dag rekna som ein del av nasjonalproduktet. Venstre ser det som grunnleggjande at det blir skapt eit nytt omgrep for økonomisk vekst, der netto-resultatet blir målt.
Ein økonomisk vekst som fører til at naturen blir forureinsa og tappa for ressursar, gir eit falskt billde. Spørsmålet er ikkje om vi skal ha vekst. Vi må nå fram til eit vekstomgrep der vi også tek med i vurderingane ulempene og skadeverknadene, og som tek større omsyn til einskildmenneskets trivsel og legg til grunn ein langsiktig ressurspolitikk.
Vi må styrke opplysningsarbeidet for å stabilisere folketalet også i vårt eige land.
VENSTRE VIL
- føre vidare Ressursutvalets arbeid til også å gjelde utnyttinga av landets ressursar i dei einskilde næringane og produksjonsledene
- arbeide for ein ny lov som kan gje eit felles siktepunkt til eksisterande lovverk som gjeld miljø og ressursar :
- ein fornuftig bruk av naturressursane i landet
- gå inn for å skjerpe påboda i lovverket som regulerer produksjon, import og sal av miljøskadelege og/eller sterkt ressursforbrukande produkt og auke avgiftene på miljøskadelege produkt
- gjere framlegg om at det blir utarbeidd normer for tillatne utslepp av alle typar giftige og forureinsande stoff i luft, jord og vatn, og at det skal fastsetjast ei øvre grense for eksosutslepp fra bilar. Noreg må aktivt medverke til internasjonalt samarbeid på dette området
- arbeide for at det blir gitt statsstønad til kommunale og interkommunale reinseverk
- gå inn for at Røykskaderådet og Statens vann og avløpskontor blir slegne saman og lagde til Miljøverndepartementet
- gå inn for å skipe offentleg avfallsverk slik at ein kan ta vare på nyttbare råstoff
- gå inn for at det ved innlevering av skilt fra kondemnert bil må krevjast attest for at vraket er innlevert til godkjend opphoggingsstad
- at kravet til kvalitet i general- og reguleringsplaner må skjerpast. Spørsmål om landskapsvern, kulturvern, støy, forureinsing, trafikk, kontakt mellom bustad og arbeidsplass og gode fellesomrade for barn og vaksne må vi legge stor vekt på både i nye og gamle bustadområde
- at det må utarbeidast klare retningsliner for kor mykje støy og luftforureinsingar som kan tolast i eit bustadområde
- gå inn for at framføringar av leidningar og kablar og telekommunikasjonar blir teke med i planleggingsarbeidet på line med veg, vatn og kloakk
- fremje framlegg om klåre lovvedtak om utnytting og sikring av sand og grus
- at arbeidet med å sikre naturparkar og skjærgardsparkar må halde fram.
Forbrukarane
Det moderne industrisamfunnet produserar ei rekke varer som menneska utan tap kunne ha vore forutan. Gjennom reklame og på annan måte blir det skapt eit kunstig behov for nye merke og produkt. Samtidig manglar vi middel til å løyse nokre av dei mest påtrengande oppgåvene innan sosial- og helsetenesta, distriktsutbygginga og på andre felt.
Venstre ser det som ei sentral oppgave å minske presset mot forbrukaren og å stanse jaget etter nye produkt utan omsyn til varekvalitet og behov.
VENSTRE VIL
- gå inn for at det blir skipa eit statleg organ som får til oppgåve å føre kontroll med produktutvikling og omsetjing i Noreg
- intensivere forbrukaropplysninga om kvalitet og bruksverdi til dei varige forbruksgjenstandane, slik at ho når fram til dei store forbrukargruppene
- gå inn for tvungen vardeklarasjon på visse forbruksvarer for å gje forbrukarane betre kjøperettleiing
- arbeide for å minske kjøpepresset bl.a. ved å auke skatten på reklame
- ha ei effektiv desentralisering av opplysningsverksemda og handsaminga av klager
- gå inn for betre offentleg styring med omfanget av avbetalingshandelen og dei formene han har.
Den langsiktige energipolitikken
Energiforbruket i verda stig raskt. Vi må sjå i auga at menneska på nokre ti-år kan kome til å stå overfor ei energikrise. På dette området pliktar Noreg som alle andre land å føre ein langsiktig energipolitikk med vekt på å avgrense verksemd som krev mykje energi. Vårt ansvar for energiforvaltninga er auka i og med funna på den norske kontinentalsokkelen.
Venstre vil ha ein samla nasjonal energipolitikk med større samfunnsmessig styring og mindre plass for forretningsmessige interesser.
VENSTRE VIL
- at ved val mellom ulike former for energiforsyning må ein konsekvent velje løysingar som økologisk sett er dei mest forsvarlege
- gjere framlegg om at alle statlege organ som arbeider på energisektoren blir slegne saman til eit energidirektorat under Miljøverndepartementet
- få greidd ut kor vidt det er mogleg å utnytte gassressursane i den vanlege energiforsyninga i Noreg
- gå inn for at ny kraftkrevjande industri som byggjer på vasskraft ikkje får etableringsløyve. Auka krafttilførsle til kraftkrevjande industri bør avgrensast til vidareforedling
- at dei miljøvernmessige forholda ved utbygging av petrokjemisk industri blir nøye kartlagte før ein etablerer slik industri
- arbeide for at utnyttinga av oljeressursane på norsk territorium blir avgrensa så ein kan bremse eksport av råolje. Ilandføring i Noreg bør vere hovudregelen. Ei avgrensa utnytting av olje- og gassressursane på den norske kontinentalsokkelen vil på lang sikt vere klok politikk, da ei for intensiv utnytting dei første åra vil tøme desse viktige energi- og råstoffkjeldene. Dei vil få langt større verdi om nokre år
- få utgreidd spørsmålet om oppretting av eit nasjonalt selskap for distribusjon av oljeprodukt
- i samband med den konkrete handsaminga av konsesjonssøknader gå inn for at Sperstadutvalets framlegg til verneplan for vassdrag blir gjennomført fullt ut.
Samfunnsmessig styring av den økonomiske utviklinga
Dei som har hand om kapitalen, tek i for høg grad avgjerd om på kva felt og i kva delar av landet det skal vere utbygging og utvikling. Målsettinga innan sosial- og helsetenesta, distrikts- og samferdslepolitikken, næringspolitikken og på andre område, krev samfunnsmessig styring av penge- og kredittpolitikken. Ein stigande del av dei samla utlåna må kanaliserast gjennom dei offentlege kredittinstitusjonane.
Venstre vil
- desentralisere det private kredittvesenet ved å stø utviklinga av sterke og uavhengige kredittinstitusjonar
- at det offentlege får høve til å peike ut representantar i dei styrande organa i dei private kredittinstitusjonane
- desentralisere og samordne verksemda til statsbankane gjennom avdelingskontor og styre i landsdelane. Ordninga blir gjort gjeldande for Husbanken, Kommunalbanken, Industribanken, Fiskarbanken, Landbrukets utbyggingsfond, Håndverks- og småindustrifondet og eventuelt andre offentlege kredittinstitusjonar
- framleis desentralisere pengeplassering i Folketrygdfondet
- setje i verk tiltak mot ulovlege lånetransaksjonar og ågerrenter.
III Utvikling og vekst i distrikta
Folkekonsentrasjon til større byregionar og avfolking og stagnasjon i mange distrikt har vore eit karakteristisk trekk ved utviklinga sidan den andre verdskrigen. I dei seinare åra har det vore ei viss endring. Bl.a. har innlandsfylka på Austlandet og deler av kyststrekninga på Sørlandet kome inn i ei positiv utvikling. Det same gjeld område langs Trondheimsfjorden, dei større byane i Nord-Noreg og enkelte andre distrikt. Men framleis står ein vesentleg del av landets kommunar overfor faren for stagnasjon og vidare nedgang. Ekspansjonen i Oslo-området kan kome til å tappe serlegNord-Noreg for mykje av arbeidskrafta i landsdelen. Hovudoppgavene for Venstres distriktspolitikk i den komande perioden vil bli å
- bremse veksten i dei store byregionane
- gje distriktspolitikken større gjennomslagskraft innan dei einskilde sektorane som t.d. næringspolitikken, samferdsle, helse- og sosialteneste og utdannings- og forskningspolitikken
- arbeide for at landsdelane i størst mogleg utstrekning framleis skal kunne ha sin relative del av folketalet i landet. Ingen landsdel skal ha tilbakegang i folketalet
- styrke dei einskilde kommunane gjennom oppbygging av minst eitt senter i kvar kommune.
VENSTRE VIL
- arbeide for ei ny utforming av verkemidla i distriktsutbygginga, der det blir lagt større vekt på varige ordningar, på tiltak som skaper mange og varierte arbeidsplassar, og ei prioritering av utkantområde og andre serleg vanskeleg stilte distrikt. Det må leggjast stor vekt på å verne dei arbeidsplassane som alt finst i distriktet
- ha serlege utgreiingar om dei problema som vil kunne melde seg på stader med einsidig industristruktur. Partiet vil kome med framlegg for å skape eit meir allsidig næringsliv på desse stadene
- gå inn for at ein del av dei distriktspolitiske verkemidla skal kunne nyttast på desse stadene i ei overgangstid inntil det er skapt eit meir allsidig næringsliv
- at dei statlege industrivekstanlegga (SIVA) skal kunne nyttast i arbeidet med å styrke næringslivet på dei einsidige industristadene
- gå inn for ei omlegging av finansieringa av folketrygda slik at serleg arbeidskraftkrevjande verksemder får mindre sosiale utgifter pr. tilsett enn dei mest kapitalkrevjande. Lågare sosiale utgifter vil serleg vere aktuelt for verksemder i område med vesentlege distriksproblem og for verksemder som sysselsett arbeidstakarar med fysiske eller psykiske handikap
- sikre kommunar som leverer elektrisk kraft betre høve til å halde oppe arbeidsliv og busetting. Venstre vil fremje framlegg om indeksregulering av konsesjonsavgifter i samband med alle nye konsesjonssaker. Spørsmålet om indeksregulering i samband med konsesjonar som alt er gjevne må utgreiast, og vi må få denne ordninga dersom det er høve til det. Konsesjonsavgiftene skal ikkje brukast til saldering av kommunens driftsbudsjett, men dei må avsetjast til eigne næringsfond for utbygging av næringslivet i kommunen
- samordne lokaliseringsrådgjevinga for industri og handverk og for privat og offentleg service. Det må innførast rådgjevings-plikt for privat og offentleg service på line med industri og handverk
- ha nedsett ein parlamentarisk kommisjon som innan høgst eitt år skal ha vurdert og gjort framlegg om kva arbeidsplassar og funksjonar innan statsinstitusjonane i Oslo, forskningsinstitusjonar medrekna, som kan flyttast til andre stader enn Oslo-området
- at innkjøpstenesta i staten, fylka og kommunane blir organisert slik at ho styrkar distrikta i staden for å fremje sentralisering som lett fører til at mindre verksemder må legge ned
- gå inn for ei fastare etableringsstyring (etableringskontroll). Ordninga skal gjelde industri, handverk, privat og offentleg service, og ho skal gjennomførast i nært samarbeid mellom styresmaktene og næringslivet
- utnyete dei høve EDB gjev for desentralisering av offentleg administrasjon - gje støtte til handverks- og husflidsverksemder, kunsthandverk og småindustri som er tenlege som tilleggsnæringar
- endre arbeidsordninga i Stortinget slik at kommunal- og miljøvernkomiteen får til handsaming alle større saker der lokaliseringa er serleg viktig
- arbeide for oppretting av eit landsplanråd med representantar for dei politiske partia, nærings- og arbeidstakarorganisasjonane og forskinga
- arbeide for at olje- og gass-ressursane utanfor kysten i høgst mogleg grad skal kome norsk samfunns- og næringsliv til nytte. Ein må ta sikte på å styre lokaliseringa av oljeservicebasar og foredlingsanlegg mest mogleg i samsvar med retningslinene for vår distriktspolitikk
- gå inn for at staten i sin utbyggings- og utviklingspolitikk innan fiskeforedlingsindustrien skal prioritere fiskevær og andre typiske fiskeridistrikt og at tiltaka ikkje blir kanaliserte til større bysamfunn
- byggje ut dei direkte statlege stønadsordningane for å setje kommunane i stand til å tilretteleggje tomter, bygningar o.s.v. for næringsverksemd
- gjere framlegg om ei brei offentleg gjennomgåing av kva verknad transportkostnadene har for næringslivet i distrikta
- arbeide for at det snarast mogleg blir innført ei ny og sterkare ordning med regional transportstøtte.
IV Likestilling og folkestyre
Likestilling
I dag er den mest openberre diskrimineringa mellom kvinner og menn fjerna. Kvinner har alle sivile og politiske rettar på line med menn, og formelt er likelønsprinsippet akseptert.
Likevel har dei formelle rettane ikkje gjeve reell likestilling mellom kjønna, bl.a. fordi både menns og kvinners haldningar til spørsmåla ikkje har late seg endre i same grad.
I heile den industrialiserte perioden har kvinnene vore brukte som arbeidskraftreserve, og dette har svinga i takt med konjunkturane. Tradisjonelt har kvinnene fått lågstatusyrka eller arbeid av mellombels karakter. Dei har hatt liten styrke til å kunne påverke sin eigen arbeidssituasjon. Med dårleg utdannings- og yrkesmessig bakgrunn har dei derfor også vore politisk passive.
Samfunnet har i høg grad gått ut fra at kvinna si rolle først og fremst skulle vere knytt til huslyden, og at ho skulle vere forsytt der. Derfor har også kvinnene vore lite motiverte til å skaffe seg yrkesutdanning som dei kan forsyte seg sjølve med. Den markerte skilnaden i manns- og kvinneløn har i praksis serleg råka einslege kvinner.
Venstres prinsipp om menneskeverdet og dei menneskeleg rettane gjer kravet om likestilling til noko av fundamentet for partiet. I arbeidet med å sikre likestilling mellom kvinne og mann vil Venstre:
- medverke til å skape ei haldningsendring for å fjerne den tradisjonelle kjønnsrolletenkinga
- prøve å sikre allmenn godkjenning i lov og praksis av prinsippet om likestilling mellom kvinner og menn
- legge vekt på at mønsterplanens prinsipp om likeverd mellom kjønna blir etterlevd på alle steg i skolen
- sjå til at lærebøker og program i skolen blir gjennomgått for å fjerne diskriminerande framstillingar
- at lærarutdanninga set lærarane i stand til å undervise i pakt med likeverdsprinsippa
- at førebuingar som elevane gjer til vidareutdaning og yrkesliv blir slik at jenter og gutar står fritt og ubundne i sitt val
- at både jenter og gutar blir oppøvde i å vere aktivt med i det offentlege livet
- fremje ei best mogleg geografisk spreiing av arbeidsplassar, serleg med tanke på sysselsetting for kvinnene. Arbeidet må gå inn som ein led i den generelle økonomiske politikken og distriktspolitikken
- at det skal vere lik løn for kvinner og menn for likt arbeid og for arbeid av lik verdi
- gå inn for ei oppvurdering av såkalla typiske kvinneyrke, både i den offentlege og den private sektoren
- auke tilgjenget til deltidsarbeid for både kvinner og menn. Staten som arbeidsgjevar må her gå føre med oppretting av faste deltidsstillingar
- få i stand fleksibel arbeidstid der dette er mogleg
- lengje den lovfesta svangerskapspermisjonen til 18 veker og gje rett til lengja permisjon utan løn i barnets første leveår. Denne lengja permisjonen kan delast mellom foreldra. Det bør innførast høve til omsorgspermisjon for mannen for 2 4 veker
- sikre foreldre og føresette rett til heil eller delvis permisjon frå sitt arbeid for å stelle sjuke barn
- motarbeide inndeling i mann- og kvinneyrke ved annonsering av ledige stillingar
- gå inn for like pensjonsrettar for kvinner og menn
- at vaksenutdanninga skal lokaliserast nær heimar og arbeidsplassar
- gje høve til vaksenopplæring på deltid
- byggje inn i organisasjonen av vaksenopplæringa sosiale hjelpemiddel som barnetilsyn, økonomisk erstatning, rådgjeving osv.
- oppheve aldersgrensa for stipend til utdanning
- at kjønnsdiskriminerande reklame bør bli forbode med lov
- at radio og TV bør ha som klart fastlagt målsetting å verke for likestilling mellom kjønna. Denne målsettinga bør få effekt på innhaldet av programma, på avveging mellom programtyper og på personalpolitikken
- innføre høve til serskilt likning av ektefeller også når det gjeld midel
- gå inn for ordningar bl.a. i samband med offentlege tariff- og arbeidsavtalar, som gjev arbeid i heimen ein viss ansiennitet når det gjeld løn, tilsettingshøve og utdanning for yrke der slik praksis kan ha noko å seie, og greie ut kva grupper dette kan gjelde.
Utvida folkestyre og vern om individet
Føresetnadene for eit levande demokrati er ei stadig fornying av arbeidsformene. Dette gjeld for kontakten mellom veljarane og dei valde, engasjementet til veljarane mellom vala, forholdet mellom folkevalde organ og deira administrasjon, og ikkje minst gjeld det i arbeidslivet, på skolen og i grannelaget.
VENSTRE VIL
- gå inn for ei valordning til Stortinget som gjev partia eit best mogleg samsvar mellom røystetal og representasjon
- styrke den retten stortingsrepresentantane har til fagleg og økonomisk hjelp til utgreiingsarbeid
- arbeide for lovreglar som vil gje sterke midretal i dei folkevalde organa og blant veljarane rett til å krevje folkeavrøysting om viktige kommunalpolitiske, innanriks- og utanrikspolitiske saker
- arbeide for at røysterettsalderen blir sett ned til 18 år
- få i stand ei ordning med ein eigen ombudsmann til å ta seg av dei interessene barn og ungdom har i vårt samfunn
- leggje overvakingstenesta under parlamentarisk kontroll og sikre at ingen blir registrerte på grunn av politiske meningar
- at bedriftsdemokratiet skal utvidast til også å gjelde verksemder i personleg eige, kooperasjonen og offentleg verksemd
- arbeide for ein lov som skal hindre misbruk av innsamla data ved å opprette offentleg konsesjons- og kontrollfullmakt med datasentralar i offentleg og privat verksemd
- desentralisere så mykje som mogleg av avgjerdsmakta.
Det lokale demokrati
Venstre legg avgjerande vekt på at flest mogleg blir med i avgjerdsprosessen i vårt samfunn. Ei sterkare desentralisering av råderett til lokale organ er ein av dei vegane vi må gå i dette arbeidet.
VENSTRE VIL
- røyste for ei ordning med direkte valde fylkesting. Det må sikrast ein rimeleg representasjon fra alle deler av fylket.
- få i stand ei ordning med direkte skattlegging til fylkeskommunen
- ha ein eigen fylkeskommunal administrasjon
- gå inn for delvis opne møte i formannskap og sentrale kommunale utval, fylkesutval og sentrale fylkeskommunale utval
- ha innført ei ordning med statleg støtte til det arbeidet som parti og grupper driv i kommunar og fylke
- desentralisere styret i kommunane ved å skipe kommunedelsutval til handsaming av saker som ligg til rette for det
- fremje framlegg om at representantane til kommunedelsutvala skal veljast ved direkte val
- gjere framlegg om at bygningsloven blir endra med sikte på å gie innbyggjarane i lokalsamfunnet forsvarlege fristar og betre høve til å vere med i planlegginga.
V Næringsliv og arbeidsplass
Ei vedvarande god utvikling innan næringslivet vil vere grunnlaget for den framgangen som vi i komande periode tek sikte på innan ei rekke felt av samfunnslivet. Næringspolitikken må utformast slik:
- at alle som søkjer arbeid kan sikrast ein trygg arbeidsplass der medråderett og ansvar blir utvikla
- at innsatsvilje og initiativ til den einskilde blir styrkt
- at ressursøkonomiske omsyn får større gjennomslagskraft
- at distrikspolitiske omsyn må vege sterkare ved lokalisering av arbeidsplassane.
Sysselsetting og arbeidsplassar
Venstre vil arbeide for full sysselsetting. Utbygginga av demokratiet i arbeidslivet må førast vidare. Sosiale, menneskelege og trivselsmessige omsyn bør få avgjerande vekt i arbeidsmarknadspolitikken. Tiltaka på arbeidsmarknaden må utformast i nøye samsvar med målsettinga i vår distriktspolitikk. Arbeidsmiljøet må gjerast mest mogleg sikkert mot skader og sjukdomar. Tiltak for å sikre dei mange delvis arbeidsuføre høve til sysselsetting må prioriterast høgare enn i dag.
VENSTRE VIL
- gå inn for at skiljet mellom arbeidar og funksjonær blir fjerna når det gjeld arbeidstid og arbeidstilhøve elles
- greie ut spørsmålet om omfattande og samordna lovgjeving om arbeidsmiljøet
- arbeide for å skjerpe vedtektene som regulerer helsefarlege arbeidsforhold
- at det statlege arbeidstilsynet skal vere gjennomført for heile landet innan utgangen av perioden
- at verknadene av dei noverande lønssystema må vurderast nærare
- gjere framlegg om at gruvearbeidarane kan gå av med pensjon når dei fyller 60 år
- at det blir laga ein ny landsplan for verna arbeid der ein tek sikte på ein sterkare auke i varierte arbeidstilbod og der det blir lagt ein plan for den verna sysselsettinga i dei forskjellige distrikta
- styrke attføringsarbeidet, blant anna gjennom auka innsats innan omskoling og vaksenopplæring og ved å syte for at det er nok kvalifisert personell
- gå inn for at offentlege organ går føre i arbeidet med å tilsette eller engasjere delvis arbeidsføre.
Industri og handverk
Venstre vil ha ei brei gjennomgåing av dei problema og oppgåvene norsk industri står overfor med sikte på å finne fram til langsiktige retningsliner og verkemiddel som kan sikre at næringa framleis har vekst og utvikling. Venstre meiner at ein også må få særskilt utgreidd dei problema som kan kome på stader med einsidig industristruktur. Det må gjennomførast tiltak for å skape eit meir allsidig næringsliv på desse stadene.
Venstre vil
- arbeide for ei betre samfunnsstyring av strukturutviklinga innan industrien
- skipe eit fond for industriell vekst og omstilling i heile landet
- prøve å legge forholda til rette gjennom skattemessige tiltak så verksemdene kan auke eigenkapitalen. Ein må da ta serleg omsyn til at skjerpa konkurranse stiller krav om kapital og finansiering av leverandørkreditt, forsking, produktutvikling, markedsføring o.a. som vanskeleg kan dekkast med lån
- gjere framlegg om at det blir nedsett ein offentlige komité som får til oppgåve å greie ut korleis avgiftssystemet verkar inn på industripolitikken og gjere framlegg om revidering av dette avgiftssystemet for å fremje nye målsettingar i industripolitikken
- arbeide for at store og små verksemder, både dei i personleg eige og aksjeselskapa, vert stilte mest mogleg likt når det gjeld avskrivings- og skattereglar
- gå inn for statsverksemder når klåre distriktspolitiske og andre samfunnsmessige omsyn talar for det
- intensivere arbeidet med å finne nye marknader for norske produkt. Det offentlege bør gje støtte til eksportfremjande tiltak. Ordninga med statlege eksportgarantiar bør byggjast ut
- gå inn for at den offentlege innsatsen i forsking og produktutvikling prioriterer produksjonsformer som er meir miljøvennlege. I samband med det er det viktig å syte for at dei små verksemdene blir sette i stand til å utvikle nye produksjonsformer
- at dei lokale avdelingane til Statens Teknologiske Institutt blir utbygde slik at små og mellomstore verksemder får den tekniske viten dei treng satse sterkare på yrkesfaga i skolesystemet for å skaffe skikka arbeidskraft til kunnskapskrevjande industri
- styrke yrkesutdanninga i bygg og anlegg.
Primernæringane
Jord- og skogbruk, hagebruk og fiske sysselset ein stadig mindre del av dei yrkesaktive. Men når vi ser kva dei har å seie i vår samla næringsverksemd, må dei vurderast ut frå ei rekke andre omsyn og målsettingar. Vi treng derfor framleis ein sterk offentlige innsats for å tilrettelegge utviklinga innan desse næringane.
Landbruk
Tre forhold er grunnleggjande for den landbrukspolitikken Venstre vil føre i komande fireårsperiode:
Omsynet til det matvareproblemet verda står overfor, som understrekar at også vårt land har ansvar for å produsere dei matvarene vi har naturlege føresetnader for, og verne våre produktive areal for etterslekta. Det må derfor vere ei politisk oppgåve å auke vår eiga sjølforsyning av landbruksprodukt.
Omsynet til vår distriktspolitikk, som skulle seie oss at landbrukspolitiske verkemiddel må setjast inn på ein slik måte at dei samtidig tener til å skape eit variert næringsliv og til å halde ved lag busettinga i alle deler av landet.
Omsynet til mennesket på arbeidsplassen, som seier oss at dei som arbeidar i landbruket må få trygge og gode kår og del i velstandsutviklinga og den høgare levestandarden på line med andre næringar.
VENSTRE VIL
- skape eit sterkare vern om dei produktive areala og andre naturressursar som er grunnlaget for planteproduksjon, husdyrbruk og skogbruk
- prioritere dei deler av produksjonen innan jordbruket som byggjer på norsk fôr
- gå inn for at husdyrproduksjonen må drivast i tilknytning til regulert jordbruk og ikkje få karakteren av fabrikkproduksjon
- byggje ut landsbruksforskinga parallelt med anna forsking med serleg vekt på miljø- og naturvern og på planteforedling
- prioritere forsking med tanke på å føre avfallsstoffa tilbake til krinslaupet i naturen
- arbeide for at foredlinga av landbruksprodukt først og fremst skal gå føre seg i dei distrikta der råvarane er produserte
- gå inn for ein revisjon av kornordninga i samarbeid med landbruksorganisasjonane
- tryggje og styrke arbeidsplassane i jord- og skogbruk både gjennom utvikling av større driftseiningar og yrkeskombinasjonar, og ved å stø opp om samyrketiltak innafor næringa
- revidere odelsloven med sikte på å avgrense høvet til å løyse ut eigedomen utan at utløysaren busett seg på bruket og driv det. Innføre likestilling for kvinner og menn når det gjeld odelsrekkefølgja
- sikre alle som skal ha sitt yrke i landbruket tilgjenge til fullgod fagopplæring
- styrke tiltak for auka utnytting av fjellbeita og dyrking i fjellet
- sikre at dei verdiane som utmarksnæringane representerer først og fremst kjem bygdesamfunnet til gode
- fremje skogreising og skogkultur med sikte på auka produksjon og styrking av næringsgrunnlaget i bygdene
- gå inn for at bruk utan eller med lite skog får bruksrett i statsskogane etter nærmare gjevne reglar der dette er distriktspolitisk ønskjeleg
- gje auka støtte til planting og skjøtsel av verneskog i kyst- og fjellstrok
- styrke tiltak for auka hogst av skog i vanskeleg terreng
- byggje ut 4 H-klubbane i byar og landdistrikt.
Fiske og fangst
Fiske og fangst er avgjerande for busettinga langs store deler av kysten vår. Skal ein tryggje dette næringsgrunnlaget, må ein aktivt gå inn for å verne om ressursane i havet, og naudsynte vernetiltak må kunna setjast inn på kort varsel om forholda krev det. Venstre vil vurdere spørsmålet om den norske fiskerigrensa, slik at ein nasjonalt kan regulere ressursutnyttinga om det trengst. Ein må få utgreidd alle forhold ved ei utviding av fiskerigrensa slik at Noreg kan møte vel førebudd på den komande FN-konferansen om havets folkerett. Noreg bør på konferansen arbeide for at kyststatane skal ha rett til å verne om sine naturresursar.
Dei aktive fiskarane bør så langt det er råd siølve eige båt og bruk, og dette må det bli teke omsyn til ved alle tildelingar av konsesjonar i fiskerinæringa. Rekrutteringa til fiskaryrket må styrkast både gjennom utdanning og ved økonomiske tiltak.
VENSTRE VIL
- ved internasjonalt samarbeid og avtalar sikre fiskeressursane i verda og halde ved lag den økologiske balansen i havet
- at det blir utarbeidd lovverk som sikrar fiskeal som ein næringsveg for dei som bur i distrikta
- at foredlingsverksemdene først og fremst blir lokaliserte til stader der næringslivet frå før er svakt
- at Fiskarbankens 2. prioritets lån skal kunne nyttast i større monn, så aktive fiskarar kan skaffe seg fiskefartøy på eit økonomisk forsvarleg grunnlag
- at 2. prioritets lån bli gjevne også til fiskefartøy som er mindre enn 50 fot
- at investerinkstilskottet blir utvida til også å gjelde fiskefartøyet etter nærare fastsette reglar
- at fiskeriforskinga blir utbygd med serleg vekt på å sikre dei ressursgrunnlaga vi no har og å utvikle dei naturgjevne føresetnadene for fiskeal i stort omfang
- at det blir skipa eit katastrofefond ved ei øremerka avgift på olje og gass til bruk ved uhell under arbeid ved boringsplattformar eller ilandføring
- at det kjem i stand ein fiskeritime i NRK til liks med landbrukstimen
- gå inn for å styrke vakthaldet av fiskerigrensa.
Tenesteytande næringar
Den største auken i sysselsettinga har vi innan helse- og sosialstellet, undervisninga, offentleg administrasjon, varehandelen og på dei private kontora. Denne utviklinga reiser krav om ein meir medviten lokaliseringspolitikk når det gjeld servicenæringane. Vi må vere serleg merksame på arbeids- og opplæringsforholda for dei som har sitt arbeid i desse næringane, og nye tiltak må setjast i verk.
Det offentlege må medverke til å styre utviklinga så vi får eit tenleg nett av varehandel og andre tenesteytande næringar for alle deler av landet.
VENSTRE VIL
- gjennom planlegging og ved opplegg av kommunikasjonar styrke lokalsentret og distriktssentret. Dette må ha eit variert tilbod innan varehandel og tenestenæringar i tillegg til at det også må gje eit variert kulturtilbod. Eksisterande miljøkvalitetar må haldast ved lag. I samband med reguleringstiltak må ein prøve å fremje trivelege og trafikksikre gatemiljø.
- at nærbutikken må styrkast. Det blir gjort framlegg om eit fond som skal sikre eksistensgrunnlaget for varehandelen i grisgrendte strok. Fondet skal og gje rimelege lån til modernisering og tilskiping av butikkar som kan sikre eit minimum av nærservice i bustadområda
- at handelsnæringa, staten og kommunane skal greie ut spørsmålet om å leggje statlege og kommunale serviceoppgåver til butikkane i grisgrendte strok og i bustadområde. Vidare må det bli klarlagt kva det offentlege skal betale for denne servicen
- i samarbeid med næringa sjølv ta sikte på å etalblere ei konsesjonsordning for å sikre ein balanse mellom nærbutikkar og større forretningar
- ta opp spørsmålet om ferieordningar for dei gruppene som blir sterkt bundne i mindre forretningar og andre tenestenæringar.
Skipsfarten
Skipsfarten er i dag inne i ein sterk omstillingsprosess med strenge krav til rasjonalisering og effektivisering av driftsmidla. Dette stiller store krav til dei som arbeider i næringa. Styresmaktene må aktivt hjelpe til i denne omstillinga slik at norsk skipsfart kan hevde seg i den internasjonale konkurransen.
I internasjonal skipsfartpolitikk må Noreg arbeide for ei utvikling som kan medverke til å minske gapet mellom dei fattige og dei rike landa i verda.
Dei sosiale forholda for sjøfolka og for huslydane deira er spesielle både i arbeidssituasjonen og når det gjeld sambandet med heimen. Venstre vil derfor prioritere tiltak som kan styrke kontakten mellom våre sjøfolk og heimlandet.
VENSTRE VIL
- gå inn for tiltak, bl.a. endringar i husmorvikarordninga, som tek omsyn til dei serlege problema som sjømannshuslydane har. Det må leggjast stor vekt på omsynet til barna og deira rett til kontakt med foreldra
- sikre sjøfolka og huslydane deira betre tilgjenge til bustader. Serleg omtanke må ein syne for pensjonerte, einslege sjøfolk
- gå inn for ei radikal utbygging av kortbølgesendarar, der to blir påbyrja i stortingsperioden. Dette arbeidet må finansierast over statgbudsjettet
- styrke undervisningstilbodet med serleg vekt på allmenndannande fag for ungdom som ønskjer å gå til sjøs. Det må krevjast ei rimeleg opplæring i yrket før ein mønstrar på for første gong
- gå inn for at forholda blir lagde til rette for etterutdanningskurs og omskoleringskurs både ombord og i land. Deleksamen må utvidast til også å gjelde maritime eksamenar o.l.
- gå inn for at kravet til oppteningstid i samband med fri heimreise for sjøfolka blir redusert fra 9 til 6 månader
- gå inn for at praksis som ein opparbeider til sjøs i høgre grad blir godkjent for arbeid i land
- at det snarast mogleg blir oppnemnt eit breitt samansett utval til å gå gjennom sikringstiltaka til sjøs og kome med framlegg om reformer på dette området. Sjøfolka skal vere representerte i utvalet og i granskingsutvai etter forlis.
VI Økonomiske spørsmål
Pris- og inntektspolitikk
Balanse i vår indre økonomi er ein føresetnad om vi skal kunne ha varige og trygge arbeidsplassar. Alle grupper i samfunnet er interesserte i at pris- og inntektsoppgjøra blir haldne innanfor rammer som er realøkonomisk forsvarlege. Venstre vil framleis ha den frie forhandlingsretten i arbeidslivet, men regjering og Storting har også plikt til å verne om dei svake gruppene og deira stilling.
VENSTRE VIL
- at staten i høgare grad enn hittil skal engasjere seg i inntektspolitiske utgreiinger og tilretteleggjing av grunnlagsmateriale for pris- og inntektsoppgjøra
- gjennomføre reell lønnsmessig likestilling mellom kvinner og menn gå inn for offentlege tiltak for å heve inntektene til låginntektsgruppene
- gjere framlegg om eit permanent låginntektsråd, der minst halvparten av medlemane sjølve høyrer til i desse inntektsgruppene
- utvide bruken av direkte pristilskott for å motverke regionale prisskilnader på viktige varegrupper.
Skatte- og avgiftspolitikk
Dersom vårt samfunn skal kunne løyse dei fellesoppgavene vi i dag står framfor, må vi gjennomføre vesentlege inntektsoverføringar frå den private sektoren til det offentlege. Skatte- og avgiftspolitikken må utformast slik at dette kan skje på ein forsvarleg måte. Veksten i dei offentlege budsjetta må avpassast slik at det også blir ein rimeleg vekst i disponibel inntekt etter fradrag av skattar for alle personlege skatteytarar, og slik at nødvendig kapitalopplegg for eigenfinansiering i næringslivet blir sikra. Dei komandeåra må vi derfor redusere auken av det offentlege sin del avnasjonalproduktet.
VENSTRE VIL
- gå inn for ein lågare vekst i dei offentlege budsjetta og gjere ei nøye vurdering av bruk av offentlege midlar
- vurdere om offentlege utgifter på enkelte felt kan reduserast eller sløyfast
- ta sikte på å justere satsane for klassefrådrag og for progresjonsgrensene i takt med den vanlege pris- og inntektsstigninga for å unnga for sterk stigning i dei marginale skattesatsane
- gjennomføre tiltak for å halde prisane på bestemte matvarer nede enten med nedsett meirverdiavgift eller ved bruk av subsidiar
- ha ei brei gjennomgåing av verknadene av skatteomlegginga fra 1970, serleg med sikte på ei vurdering av dei sosiale konsekvensane
- skjerpe skattekontrollen så ein i større monn kan finne fram til skattesvik og sette i verk strengare reaksjonar mot det
- at skattelovens hustrufradrag må bli omgjort til eit ektemakefradrag når begge ektemakane har inntekter ved arbeid utanfor heimen og at fradraget blir fordelt med ein halvpart på kvar av ektemakane. Dei satsane som no er, må høgjast
- innføre høve til særskilt likning av ektemakar også når det gjeld skatt på eige
- at utgifter til arbeidsreiser fullt ut skal kunne trekkjast fra ved skattelikninga.
VII Samferdsle
Samferdslepolitikken skal utformast på grunnlag av bl.a. dei overordna målsettingane innan distriktspolitikken og natur- og miljøvernet og den trongen næringslivet har til gode transportar. I dette arbeidet vil Venstre gå inn for ei samla kommunikasjonsplanlegging som vurderer alle kommunikasjonsmidla under eitt.
Venstre vil i sin samferdslepolitikk prioritere tiltak som:
- medverkar til å oppfylle målsettinga om ei variert busetting i langt høgare grad enn før
- samlar seg om sikringstiltak på vegane våre
- nyttar ut det kollektive og skinnegåande transporttilbodet for personar og varer og gjer desse tilboda relativt billegare.
VENSTRE VIL
- ta serlege omsyn til fylke som har veglause område og stamvegar med låg standard, og redusere busetningskravet for riksveg
- gå inn for at det blir stile større løyvingar til rådvelde for Kommunaldepartmentet og Samferdsledepartementet til vegføremål i samband med distriktsutbygging
- gå inn for at riksveg / Europaveg 6 i Nord-Noreg snarast råd får ein forsvarleg standard
- sjå fergesambandet som ein del av vegnettet og gå inn for at det blir bygd ut i takt med dette. Der trafikkgrunnlaget gjer det mogleg, må korte fergesamband etter kvart bli avløyst av bruer og / eller tunnelar
- at fergetakstane etter kvart må bli så rimelege at det ikkje blir dyrare å bruke ferge enn å kjøre ei tilsvarande vegstrekning
- gå inn for ei omlegging av teletakstane med ei lokalsone innan eit større distrikt og ein sats for resten av landet
- gjere postgangane i bygdene betre og arbeide for at alle strok av landet får dagleg postgang, helst utan å legge ned dei postopneria som no er
- greie ut spørsmålet om ei generell transportordning med mest mogleg like transportkostnader for heile landet
- at Linjegods A/S må omorganiserast så ein kan fjerne dei distriktsnedbrytane verknadene som avtalen fører med seg
- gå inn for at jarnvegen og andre kommunikasjonsmiddel blir nytta og utvikla på ein måte som tek serlege omsyn til dei distriktspolitiske og ressursøkonomiske verknadene
- arbeide for ein langtidsplan for Norges Statsbaner som i høgare grad tek distriktspolitiske omsyn enn det framlegget som no ligg føre
- at det ved byggjing og betring av sterkt trafikkerte vegar må gjennomførast tiltak som sikrar at gang- og sykkeltrafikken blir teken med i veganlegget på line med bilbanen
- gå inn for større løyvingar til vern og kontroll i samband med trafikksikring. Til dette vil vi ha eit særskilt kapittel i statsbudsjettet
- sikre ein effektiv og sikker vognkontroll, blant anna ved at Statens Bilsakkyndige får skikkelege arbeidshallar, betre tekniske hjelpemiddel og meir personell
- arbeide for strengare reaksjonar mot brot på trafikkreglane
- at statstilskotta til samferdsle i dei tettfolka områda blir ordna slik at kollektivtransporten kan prioriterast
- satse på skeinegåande kommunikasjonsmidel som eit miljøvennleg transporttilbod, serleg i samband med kollektivtrafikken inn til dei store byane
- at klasseinndelinga ved kollektive transportmiddel etter kvart blir oppheva
- ha ei brei vurdering av den plassen jarnvegen og sjøtransporten vil ha i den framtidige samferdsla, der også distriktspolitiske og ressursøkonomiske omsyn må ha avgjerande vekt
- arbeide for at ein større del av landverts tungtransport blir overførd til jarnvegen
- at ein i lokal- og regionaltrafikken skal ta i bruk moderne, snøgg-gåande båtar for å avvikle persontransporten
- at det på høvelege stader blir bygd godsterminalar som kan lette omlastinga frå bil til båt
- at dei kombinerte passasjer- og godsrutene blir haldne ved lag som eit godt transporttilbod for kyst- og fjordbygdane.
VIII Helse- og sosialpolitikk
Venstre meiner at målet for sosialpolitikken må vere å fjerne økonomiske og sosiale misforhold i samfunnet og gje det einskilde individet høve til sjølv å velje sitt livsmiljø og forme sin eigen livssituasjon. Dette krev at den einskilde ikkje berre har ansvar for seg sjølv. Sosialpolitikken har derfor med fordeling av politisk makt og medverknad å gjere. Mennesket og miljøet må stå i sentrum. Mange sosiale problem er resultat av avgjerder og tiltak i andre sektorar. Sosialpolitisk tenking og målsetting må derfor prege alle område av samfunnslivet. Dette bør også gjelde for kvar einskild av oss i vår daglege verksemd.
Det vil alltid vere einskildmenneske eller grupper som kjem til kort og blir liggjande etter når det gjeld rimelege kår både fysisk og psykisk i arbeid, økonomi og trivsel. Ei hovudoppgåve må derfor vere å gje dei som treng det mest, den hjelp og støtte dei har krav på i kraft av sitt menneskeverd.
Dagens samfunn og utviklinga fram til dette samfunnet har skapt ei rekkje sosiale og helsemessige problem. Desse problema må vi rå bot på, og vi må hindre at dei får vare ved. Skal vi greie dette, må vi vere viljuge til å endre mange tilvande forhold. Om vi skulle klare det, vil det likevel stå igjen mange uløyste eller mangelfullt løyste oppgåver i helse- og sosialsektoren.
Graden av trygdemisbruk er ikkje registrert, men ein må rekne med at han utgjer ein liten del av dei totale trygde- og sosialutgiftene. Overbruk og misbruk må fjernast så langt råd er.
I den samanhengen er det viktig å vurdere forbruket på dei områda der det offentlege brukar trygd framfor å nytte andre verkemiddel for å sikre den einskilde.
Mange får i dag likevel ikkje det dei har krav på, enten på grunn av manglande opplysningar om sine rettar, eller fordi dei er tilbakehaldne i bruken av desse rettane. Ein bør såleis utvikle den sosiale rettleiingstenesta overfor publikum og byggje ut frie rettshjelpsordningar.
Mange område i helse- og sosialsektoren manglar kvalifisert arbeidsrkraft.
Arbeidskontor og attføringsapparat treng vesentleg utbygging. Mange delvis arbeidsføre blir i dag viste til uføretrygd i staden for til høveleg arbeid. Det ventar store utbyggingar i sjukeheim- og sjukehussektoren. Det førebyggjande helsearbeidet må utbyggjast sterkt, ikkje minst på det psykiske området, om vi skal ha håp om å snu ei utvikling som har trugande tendensar.
Alt dette og meir til gjer at vi ikkje kan minske ytingane til helse- og sosialsektoren. Sjølv om vi kan oppnå ein del ved å finne fram til betre og meir rettferdig utbygging av dei tilmålte midla til denne sektoren, må vi likevel rekne med at helse- og sosialsektoren ma krevje auka ressursar i dei næraste åra. Venstre ser det som eit hovudmål at utbygginga innanfor dette området skjer på ein slik måte at det, så langt råd er, blir gode og like tilbod til alle, same kvar i landet dei bur.
I komande fireårsperiode vil Venstre innanfor helse- og sosial sektoren serleg leggje vekt på
1. å betre forholda for dei som ligg lengst etter, og spesielt prioritere omsorga for eldre og funksjonshemma
2. ein sterk auke av kvalifisert personell
3. gode og mest mogleg like tilbod utan omsyn til bustad i landet.
Lovverk, reformarbeid og personell
VENSTRE VIL
- endre sjukehuslova slik at fylka og kommunane sjølve kan ha hand om den delen av helsestellet som dei er ansvarlege for
- gjere framlegg om eit politisk og fagleg breitt samansett utval som får i oppdrag å lage ei allmennlov for omsorg og trygd og elles kome med framlegg om ei forenkling av lovverket innan helse- og sosialsektoren
- at innstillinga fra Sosialreformkomiteen blir vurdert grundig og at vidfemnande prøveordningar blir gjennomførde før ein tek endelege avgjerder innanfor dette viktige området . Ein må sjå framlegget frå Sosialreformkomiteen i samanheng med andre omleggingar innanfor helse- og sosialsektoren
- gå inn for auka utdanning av kvalifisert personell, serleg på område der mangelen er stor, blant anna når det gjelde helsesystrer, arbeids- og miljøterapeutar, sosionomar, personell til arbeids- og attføringssektoren
- gå inn for nye og varierte arbeidsordningar i helse- og sosialsektoren, blant anna når det gjeld arbeidsforholda til sjukepleiarane.
Helsetenesta
VENSTRE VIL
- gå inn for å styrke det førebyggjande helsearbeidet. Serleg vekt må leggjast på utbyggjinga av kommunale helsestasjonar, som bør bli krumtappen i det førebyggjande helsearbeidet på lokalplanet. Helsetenesta innanfor og utanfor sjukehus må samordnast, med langt større vekt på poliklinisk verksemd, også ved bruk av ambulerande spesialistar
- gå inn for vesentleg utbygging av heimesjukepleie og heimehjelp gå inn for ei vidare utbygging av det offentlege legevesenet, både i landdistrikt og i byar. I slutten av perioden bør det opprettast minst 50 nye distriktslegestillingar om året
- gå inn for koordinert helse- og sosialteneste i kommunane, og for utbygging av helsesentra der dei lokale forholda gjer dette tenleg
- at fylka bør bli pålagde det overordna ansvaret for ei ordna og tenleg ambulanseteneste innanfor sine område. Ambulansetenesta bør samordnast med vernebuing ved ulykker, katastrofar og anna. Ein må kunne passe lokale initiativ inn i dette opplegget
- at fødeplassar i distrikt får ein forsvarleg medisinsk standard, og at dei blir tilpassa dei lokale forhold
- arbeide for ein revisjon av abortloven med sikte på å skape lik praksis over heile landet, og vil derfor gå inn for sjølstendig søknadsrett for kvinna og automatisk ankehandsaming ved avslag
Ved avslag i abortnemnda vil saka automatisk bli å handsame av ei fylkesnemnd, dersom ikkje kvinna tek søknaden tilbake. I fylkesankenemnda skal det vere 3 medlemar, og begge kjønn skal vere representerte
- styrke hjelpetilboda som alternativ til abort
- arbeide for opplysning om familieplanlegging og for å gje alle som ønskjer det hjelp og rådgjeving på dette området
- stille større midlar til disposisjon for opplysning om nærings- og kosthaldsspørsmål.
Andre helse- og sosialspørsmål
VENSTRE VIL
- snarast mogleg gjennomføre ei brei vurdering av den stillinga dei einslege har i samfunnet vårt
- gjere framlegg om at det blir skipa eit Einsleges Råd som permanent kan arbeide for å betre dei kåra einslege lever under og vurdere om ymse samfunnstiltak på ein urimeleg og diskriminerande måte rammar ulike grupper av einslege. Organisasjonane som dei einslege har må sikrast representasjon i rådet
- styrke bustadtilbodet for einslege med svak økonomi
- ha utgreidd spørsmålet om meir smidige arbeidsordningar for eldre menneske
- byggje ut hjelpeordninga for eldre slik at dei kan bli buande i heimane sine lengst mogleg
- byggje aldersbustader, aldersheimar og sjukeheimar slik at dei eldre og pleiepasientane kan ha best mogleg kontakt med sitt vante miljø
- at målsettinga for alle tiltak for dei funksjonshemma skal vere at desse gruppene får likeverdige vilkår og i størst mogleg utstrekning blir integrerte i sitt heimemiljø
- gå inn for tiltak som kan motverke funksjonshemming og tiltak som fører til at ein oppdagar funksjonshemming så tidleg råd er. Forholda må leggjast til rette så ein kan gje hjelp så snart som mogleg
- at det blir laga ein ny landsplan for verna arbeid der ein tek sikte på ein sterkare auke av tilbodet av varierte arbeidstilbod, og der det blir lagt ein plan for verna sysselsetting i dei ymse distrikta
- at det på fylkesplan blir gjennomført ei registrering av dei funksjonshemma og at eit serskilt organ blir pålagt å setje i verk og følje opp med naudsynte tiltak for dei funksjonshemma
- gå inn for utvida opplysningsverksemd, blant anna gjennom skoleverket, om skadeverknadene ved bruk av alkolhol, tobakk og narkotika
- ga inn for vidare utbygging av offentlege hjelpetiltak for narkomane og alkoholskadde
- gå inn for forbod mot reklame for alkohol
- få utgreidd spørsmålet om monopol på omsetning av øl
- vurdere ei lovfesta ordning med produktansvar og erstatningsansvar for produsentar av medikament, nærings- og nytingsmiddel, kosmetika o.a. som kan føre med seg skader eller siukdomar
- styrke det offentlege edruskapsarbeidet og gje større løyvingar til Edruskapsdirektoratet og fagleg og økonomisk hjelp til dei lokale edruskapsnemndene
- gå inn for skjerpa kontroll med omsetning av stoff som blir brukte til sniffing
- skjerpe straffene for profesjonelle narkotikaseljarar
- snarast mogleg få ei brei utgreiing om den plass og funksjon som fengselsvesenet har i vårt samfunn
- leggje større vekt på forsøk med reformer innanfor fengselsvesenet,serleg knytt til handsaminga av dei som har brote lova for første gong.
IX Bustadpolitikk
Følgjande målsetjing vil bli lagt til grunn for den bustadpolitikken Venstre vil føre i komande 4-årsperiode:
1. Flest mogleg bør få eige sin eigen bustad, og innan råma av gjeldande reguleringsvedtekter velje korleis han skal utformast.
2. Omsynet til dei svakaste individa (barn, eldre, funksjonshemma og lågtlønsgrupper) må prioriterast ved utforminga av det fysiske miljøet og ved betre kontroll med bu-utglfter.
3. Det må leggjast vekt på å sikre ei variert samansetjing av befolkninga i bustadområda.
4. Bustaden og dei næraste omgjevingane må utformast på ein slik måte at det er grunnlag for eit godt naboskap i nærmiljøet.
5. Miljømessige og kulturhistoriske verdiar som kan liggje i eldre bustader og bu-område må vernast om.
VENSTRE VIL
- at staten skal stimulere kommunar, boligbyggelag og boligprodusentar til å satse på bustadfelt med tette, låge småhus. Bustadene bør ein kunne endre, utvide og dele opp etter som den einskilde har bruk for. Det må bli meir høve til eigeninnsats.
- prøve å ordna planlegging og administrasjon på ein slik måte at dei som skal ha bustad kan vere med i utforminga av sitt framtidige bustadmiljø
- arbeide for å endre byggjeføresegnene slik at rørslehemma menneske lettare får tilgjenge til 1. etasje i alle nye bygningar som skal vere tilgjengelege for ålmenta
- gå imot at den faste skatten på bustader skal vere større i pressområde enn elles i landet
- gje dei som har boliglagshusvære rett til, etter nærare retningsliner, å trekke frå bustadrenta i skattelegginga
- vurdere ei endring av skattelovene slik at også leigebuarane ved skattlegginga kan trekke frå nærare bestemte utgifter til bustad
- gjere framlegg om at det blir innført ei statleg låneordning der kommunane kan få lån til sikring og istandsetting av friluftsområde, friareal og leikeplassar i gamle og nye bustadområde
- stø tiltak som gjev betre bu-service i bustadområda ved at Husbanken får høve til å yte lån til velferdssentra for eldre, ungdoms- og leikesentra og rom for vanleg møteverksemd og for vaktmeister- og handverkservice både i gamle og nye bustadstrok
- utvide Husbankens låneordning for istandsetting av eldre hus ved å:
a. late alle få lån når det er dokumentert at huset treng investeringar ut over vanleg vedlikehald,
b.Innføre eit generelt høve til å kunna få lån på inntil kr. 10.000, pr. bustadeining for heilårsbustader for å skape ordna vass- og kloakkforhold der det manglar.
- at alle som byggjer innan gjeldande areal- og kostnadsgrenser skal vere sikra lån i Husbanken
- gå inn for ei endring av gjeldande tilskottsordning for bustader slik at ho også gjeld ombygging, utbygging og modernisering av eldre bygningar og buområde som er verneverdige
- utvide ordninga med vintertilskott til småhusbygging slik at ho gjeld i fleire distrikt
- ha utforma retningsliner som gjev leigebuarane høve til å overta leiegardane etter takst
- gå inn for betre utbygd kommunal bustadformidling slik at kontrollen med bustadomsetninga kan styrkjast
- at det blir sett i verk tiltak mot ulovleg omgjering av bustader til kontor.
X Utdanning og forsking
Venstre vil i den vidare utviklinga av skoleverket byggje på prinsippet om små einingar. Skolen har da ved sida av dei pedagogiske føremunne, større høve til å bli eit aktivt element i lokalsamfunnet, blant anna som kulturformidlar for alle. Eit samarbeid mellom det offentlege skoleverket og opplysningsorganisasjonane vil i denne samanhengen vere verdfullt.
Venstre meiner at den einskilde skolen må få langt større fridom til sjølv å utvikle sin eigenart innan for dei økonomiske og pedagogiske rammene som er gjevne. I framtida kan dette bli den viktigaste forma for forsøksverksemd.
Flest mogleg av dei funksjonshemma må få sin skolegang i det vanlege skoleverket og innanfor det miljøet dei kjenner.
Det må skipast pedagogiske og spesialpedagogiske sentra som er tilpassa lokale behov. Desse sentra bør stå til teneste for heile skoleverket.
Undervisninga bør ta sikte på å øve elevane opp i problemvurderingar. Skolen skal ikkje berre gje elevane svar, men like mykje hjelpe dei til å finne svar på dei spørsmåla som engasjerer dei.
Undervisninga innanfor økologi og miljøvern må styrkjast.
Den institusjonen som gir grunnutdanninga, må også få ansvaret for etterutdanninga.
Dei private skolane må få rimeleg arbeidsvilkår innanfor ramma av det samla skoleverket.
Førskolen
VENSTRE VIL
- arbeide for at funksjonshemma barn må få eit pedagogisk tilbod så snart råd er før skolepliktig alder
- ha innført ei eiga lov om planlegging, byggjing og drift av daginstitusjonar for barn
- gå inn for ei ordning med statsstøtte til drifta av barneparkar og leikesentra som fyller visse krav
- at ordninga med fritidsheimar for barn i skolealderen blir ut bygd.
Grunnskolen
VENSTRE VIL
- at alle kommunar som ønskjer det skal ha rett til å gje sin ungdom skolegang til og med 9. skoleåret innanfor sine eigne grenser
- gå inn for at foreldra skal kunne krevje klassedeling i heile grunnskolen i alle fag der målforma spelar ei rolle dersom minst 10 elevar ønskjer eit anna opplæringsmål enn det som er vedteke
- at alternative opplæringstilbod og mellombels arbeidstilbod blir utbygde i ungdomsskolen blant anna for å auke trivnaden og motiveringa i skolen
- at alle elevane i 9. klasse skal få opplysning om prevensjon av kvalifisert personell. Denne opplysninga skal bli gjeven i samband med rettleiing om etisk ansvar og opplysning om lovgjeving og stønader
- at alle røysteføre i krinsen skal ha røysterett ved røysting om målform i skolen
- gå inn for vurderingsmåtar som honorer innsatsen og arbeidsviljen til den einskilde, og ikkje berre evner og anlegg.
Vidaregåande skolar
VENSTRE VIL
- styrke forsøksverksemd med tanke på å finne fram til meir varierte skoletilbod
- at yrkesutdanninga blir lagt opp i nært samarbeid med yrkeslivet
- at nye vidaregåande skolar blir bygde ut som kombinerte skolar med både teoretisk og praktisk studium. For å sikre grisgrendte distrikt slike skolar kan det vere tenleg å leggje gymnas- og yrkesskoleklassar til ungdomsskolane
- arbeide for høve til reell overgang mellom dei ulike kursa og skolane
- at folkehøgskolen framleis må ha si frie stilling
- at vaksne får undervisningstilbod ved alle vidaregåande skolar.
Vaksenopplæring
Venstre vil hevde prinsippet om at vaksenopplæringa skal sidestillast med førstegangsopplæringa, og vil derfor gå inn for ei rask utbyggjing på dette området.
Det offentlege har ansvar for å syte for at vaksenopplæringstilboda blir bygde ut i alle deler av landet, og at dei blir gjorde tilgjengelege for alle grupper i folket. Venstre vil samstundes føre ein politikk som sikrar opplysningsorganisasjonane gode arbeidsforhold.
Venstre vil byggje på prinsippet om like forhold både for dei gruppene som søkjer vaksenopplæring som ein led i etterutdanning og for dei som ikkje har dette siktemålet.
Radio og fjernsyn må få ein meir sentral plass i vaksenopplæringa og det må leggjast større vekt på utdanning av leiarar og lærarar innanfor dette området.
Forsking og høgare utdanning
Søkinga til postgymnasial utdanning har auka sterkt dei seinare åra. Dette har ført til at universiteta er sprengde.
Dersom landet vårt skal løyse dei problema det står overfor med dei avgrensa ressursane vi disponerer , vil det bli nødvendig å gjennomføre ei streng prioritering. Siktepunktet må vere å skipe nye, kortare og meir yrkesorienterte studietilbod, å desentralisere den elementære universitetsundervisninga og å styrke universiteta som institusjonar for forsking på eit kvalitativt høgt nivå.
VENSTRE VIL
- gjere framlegg om at det blir utarbeidd ein behovanalyse som grunnlag for ein nasjonal forskingspolitikk. I denne analysen er det serleg viktig å finne fram til behova hos sosiale lågstatusgrupper og i utkantområde
- at universiteta blir utbygde slik at dei kan ta hand om sine oppgåver innan forskning og undervisning på eit kvalitativt høgt nivå
- at det normalt blir utbygd ein distriktshøgskole i kvart fylke der det ikkje er universitet. Desse skolane må byggjast ut på ein slik måte at dei kan bli eit pedagogisk alternativ til universiteta. Ein må kome i gang med reising av minst 6 nye distriktshøgskolar i perioden
- at arbeidet med å flytte studietilbod frå universitetsbyane til distrikta må intensiverast
- at lærarskolar, tekniske skolar og sosialskolar får ei fagleg sjølvstendig stilling i distriktshøgskolesystemet , slik at dei kan halde ved lag sin eigenart
- at det ved distriktshøgskolane skal skipast liner for utdanning av arbeidsleiarar og faglege tillitsmenn
- at arbeidet for at opptaksreglane for alle former for postgymnasial utdanning blir samordna , og at ein utvider opptaksgrunnlaget slik at praktisk yrkesrøynsle blir eit reelt alternativ til teoretisk utdanning
- at våre avgrensa forskingsressursar i høgare grad blir kanaliserte til å løyse nasjonale oppgåver
- gå inn for utbygging av fjernundervisning kombinert med kortare samlingar på ein lærestad for å oppnå kompetansegjevande eksamenar på gymnasialt og postgymnasialt nivå
- styrke det friviljuge folkeopplysningsarbeidet blant anna ved ei eiga lov om vaksenopplæring
- skipe fleire skolar for arbeids- og fysioterapeutar.
XI Kulturlivet
Det lokale kulturlivet
Målet for kulturpolitikken må vere å opne for ei rekkje immaterielle rikdomskjelder slik at alle, kor dei enn bur og kva alder og bakgrunn dei har, skal ha høve til å finne noko som gjer livet meir meiningsfyld.
- Det må leggjast stor vekt på amatørverksemd og på å utvikle eit aktivt kulturliv i nærmiljøet. Grunnlaget må vere dei behov og ønskjer folket i lokalsamfunnet har.
- Amatøren har behov for impulsar frå den profesjonelle, som på si side har verdiar å hente fra det vanlege folkeliv. Det lokale kulturliv treng påverknad fra det som folk er opptekne av.
- Lokale serdrag og tradisjonar må ein ta vare på.
- Grunnlaget for kulturpolitikken må vere eit fritt åndsliv.
VENSTRE VIL
- at det må skipast faste organ for kulturpolitiske oppgåver både på kommunalt og fylkeskommunalt plan. Desse organa må disponera eigne budsjett
- at ansvar og arbeidsområde for den regionale og lokale kulturverksemda må lovfestast
- at lokalt kulturliv og lokal amatørverksemd får støtte ved at staten gjev tilskott til lønn for kultursekretærar, leiarar og instruktørar etter same hovudprinsippet som tilskottsordninga for grunnskolen
- at det må bli betre kontakt mellom kunstnarane og folket. Gjennom tilbod om verkstader og arbeidslokale må kunstnarane få høve til å arbeide i eit lokalt miljø. Det må gjennomførast ordningar med gjesting av kunstnarar i skolar og ved universitet
- at større kulturinstitusjonar (regionteater, orkester, galleri, musé og bibliotek) faå fullnøyande økonomisk støtte slik at dei kan drive meir utovervend verksemd. Dei må både reise ut i distrikta og verke som kultursentra i sitt eige lokalmiljø
- at det må gjennomførast spesielle tiltak for å halde ved like den samiske kulturen.
Kunstartene
VENSTRE VIL
- at også forfattarane bør få høve til fagleg utdanning, blant anna ved skiping av eit praktisk-litterært institutt ved eit av våre universitet og ved ei systematisk utbygging av kurs- og seminarverksemd
- at det bør innførast ein honorarstønad til oversetjarar etter mønster av honorarstønaden til norske diktarar under innkjøpsordninga
- at barnelitteraturen får status som eiga grein av litteraturen i forsking, lærarutdanning og barneoppseding
- at utdanninga for biletkunstnarar må styrkjast
- at musikkopplæringa må utbyggjast bade lokalt og sentralt
- at regional teaterverksemd må utbyggjast i samarbeid med Riksteatret.
Kulturvern
VENSTRE VIL
- at ein må prøve å realisere framlegget om ein sams kulturvernlov så snart råd er. Lova må også gjelde vern og vedlikehald av heile bygningsmiljøet
- at framlegget til lov om kulturvern blir sett fram som mellombels lov inntil ein kan gjere vedtak om eit sams kulturvern
- at den registreringa av faste kulturminne som Norsk Kulturråd har teke til med, må halde fram, slik at ein får eit riktig grunnlag til å vurdere regulerings- og saneringsvedtak på
- at den offentlege stønadsordninga for musé snarast råd blir gjennomført over heile landet
- at det blir skipa eit fond for sikring av faste kulturminne. Stønaden til fredning av verneverdige hus må aukast.
Kyrkje, religion, livssyn
Eit grunnleggjande trekk ved eit fritt samfunn er den retten medlemane har til å dyrke sin religion og til personleg å velje kva trusretning eller livssynsretning dei vil halde seg til. Med trusfridomen må den einskilde ha full rett til å leve med sin religion eller sitt livssyn utan noka form for diskriminering.
VENSTRE VIL
- arbeide for at det i takt med endringa av busettingsmønsteret blir bygd arbeidskyrkjer som er tenlege for dei ulike aktivitetane som høyrer med i eit variert arbeid i ein kyrkjelyd
- at tilskott til kyrkjerådet bør aukast vesentleg og at rådet får i oppdrag å stø kyrkjebygg på same måten som kulturrådet stør kulturbygg
- gå inn for ei meir differensiert utdanning for prestar og andre som skal arbeide i kyrkjelydane og at kyrkja får midlar til å auke interessen ved skipinga av nye stillingar
- gå inn for at prestane blir avlasta for kontorarbeid
- ha ein klar grenseoppgang mellom det mandatet den norske kyrkja og staten har i spørsmål som har med den norske kyrkja å gjere.
Språket
I språket er det nedfelt menneskelege verdiar som vi aktivt må verne langt betre enn tidlegare. Det gjeld for alle dei språka og språkformene som vi har: bokmål, nynorsk, samisk og finsk. I vår kommersialiserte massekultur er det sterke motkrefter til desse verdiane. For det einskilde mennesket og for nasjonen har språket med vår identitet å gjere, og det må vernast effektivt. Norsk målarbeid har alltid hatt solid støtte i Venstre. Likestillingsvedtaket i førre hundreåret var i høg grad eit resultat av Venstres arbeid. Det er enno langt igjen før dette vedtaket er gjennomført i praksis. Venstre vil halde fram med sitt arbeid for rettferdig språkforhold. Dette vil blant anna gjelde i radio og fjernsyn, presse og statsadministrasjon.
VENSTRE VIL
- arbeide for at lærebøker og læremiddel bli gjevne ut på begge skriftspråk til same tid og same pris. Det blir sett i verk statlege tiltak når det gjeld utgjeving og produksjon. Tiltaka bør i høgast mogleg grad også gjelde høgskole og universitet.
- at samisk- og finsktalande barn i høgare grad enn i dag skal få opplæring på sitt eige språk
- at Norsk Språkråd blir sikra gode arbeidsvilkår
- gå inn for at staten sikrar det finansielle grunnlaget for ei avis på samisk
- gå inn for statleg støtte til NTB slik at byrået betre skal kunne løyse si oppgave i vårt språkkløyvde samfunn
- at arbeidet med morsmålet blir høgt prioritert blant dei vitskaplege oppgåvene. Her kjem dialektgranskinga inn som ein naturleg led. Dei institusjonane som arbeider med dette, må få gode arbeidsvilkår, slik at dei på breiare basis kan ta opp til gransking språket i sosial samanheng.
Radio og fjernsyn
Det er ei viktig oppgåve å skape vilkår for at flest mogleg kan ta del i meiningsdanninga i samfunnet vårt. Dette arbeidet må gjelde kringkasting, presse, opplysningsarbeid på alle område. Kringkastinga har ei serleg oppgåve og eit serleg ansvar i denne samanhengen. Utbygginga av Norsk Rikskringskasting har i for høg grad gått føre seg sentralt på Marienlyst i Oslo. Venstre vil ha ei avgjerande endring i dette forholdet, og vil klart prioritere tiltak som styrkjer den plassen distriktet har innan radio og fjernsyn.
VENSTRE VIL
- prioritere naudsynt sendar- og omformarutbyggjing inntil alle innbyggjarane har skikkelege mottakarforhold for radio- og TV-program
- at kortbølgjeutbygginga blir intensivert slik at det blir eit reelt programtilbod for alle nordmenn utanfor våre grenser
- gå inn for større sjølstende for dei einskilde distriktskontora
- arbeide for at fleire distriktskontor blir lagde til bygdemiljø
- at det snarast råd blir sett i gang forsøk med nærkringkasting (lokalradio, bygderadio) i ulike miljø
- at utbyggjinga av eit program 2 i radio tek til nordafrå
- setje seg mot ei rask stigning i lisensavgifta, etter som ho råkar dei lågare inntektsgruppene på ein urimeleg måte.
Venstre meiner at innføring av reklamesendingar i NRK er ei uakseptabel form for finansiering av auka utgifter.
Venstre meiner at spesialtenester som NRK utfører, men som ikkje primært høyrer inn under NRK's budsjett, bør finansierast over statsbudsjettet.
Fritidsliv, idretts- og ungdomsarbeid
Automatisering i arbeidslivet, mindre fysisk aktivitet og auka fritid gjer at det må leggjast større vekt på eit meir allsidig fritidstilbod enn tidlegare. Serleg er det vesentleg som førebyggjande barne- og ungdomsvern at det blir etablert tilbod slik at alle utan omsyn til alder, kjønn eller interesse kan finne eit miljø der dei trivst i fellesskap med andre.
- Fritidstilboda må i høgast mogleg grad utviklast innan dei einskilde lokalsamfunna.
- Det bør skapast kontakt mellom ulike alders- og interessegrupper. Ein må samordne bruk av lokale slik at alle kan få høve til å drive si verksemd. Serleg må skolelokala, leike- og idrettsplassane utnyttast betre.
- Ein må leggje stor vekt på initiativ, eigeninnsats og på medråderett også for barn og unge.
- Funksjonshemma må få betre høve til å vere med i det vanlege sosiale liv.
VENSTRE VIL
- at det blir skipa faste organ på statleg og lokalt plan for fritidsliv. Ein må ta sikte på å samordne tiltak innan fritidssektoren, i første omgang idrett, friluftsliv og ungdomsaktivitetar
- at det blir skipa mindre leikesentra og ungdomsklubbar i dei einskilde lokalsamfunna
- at det blir utforma eit utdanningstilbod for fritidspedagogar som skal arbeide med barn og unge
- at staten gjev tilskott til løn for leikeleiarar, ungdomsleiarar og idrettsinstruktørar og - leiarar etter same hovudprinsipp som tilskottsordninga for grunnskolen
- at ein ved å gjeste ungdommen i deira eige miljø tek sikte på å få kontakt med dei som fell utanom vanlege fritidstilbod og som viser teikn til mistilpassing
- at idretten må få ein større del av overskottet av tippemidla
- gå inn for auka statleg stønad til idretten for blant anna å kunne styrke opplærings- og utdanningsarbeidet i fylka
- at idrettens eigne organisasjonar får større innverknad på bruken av dei midla som dei blir tildelte
- at idrettens eigne leder blir sikra ein tilfredsstillande plass i samfunnsplanlegginga
- at det blir gjeve auka støtte til fysisk trening og idrett for funksjonshemma
- ha auka støtte til det arbeidet som friviljuge ungdomsorganisasjonar driv
- at spørsmålet om større statsstønad til idrettslag blir utgreidd snarast råd med tanke på å styrke økonomien i laga.
XII Vårt forhold til andre land
Noreg er sterkt avhengig av den verda vi har kring oss. Det som skjer i verdssamfunnet, verkar inn på vår sikkerhet og det daglege livet for oss alle.
Samtidig har vi eit ansvar for det som skjer i verdssamfunnet. Fleirtalet av folket i verda har ikkje den fridomen og tryggleiken mot økonomisk naud som vi har i vårt land. Vår oppgave må vere å verne om det beste i vår eigen situasjon og arbeide for at andre folk og nasjonar kan få del i den same freden, fridomen, tryggleiken og velstanden som vi sjølve har.
Den største utfordringa for menneska er å stanse det veksande gapet mellom dei industrialiserte landa og utviklingslanda og å sikre at utviklingslanda får større medråderett over verdshandelen og dei internasjonale økonomiske spørsmåla.
Venstre vil i dei komande fire åra arbeide for at Noreg skal realisere desse måla blant anna gjennom følgjande tiltak:
Dei norske offentlege overføringane til utviklingslanda må seinast innan perioden er gått ut kome opp i 1 prosent av nasjonalproduktet. Gjennom vår økonomiske planlegging må forholda leggjast til rette slik at vi også etter 1977 kan halde fram med å auke den offentlege hjelpa til utviklingslanda. Spørsmålet om i kor høg grad denne auken kan skje i form av ferdig produksjonsutstyr og andre kapitalvarer som er produserte i Noreg, må utgreiast.
Noreg må framleis kanalisere ein like stor del av hjelpa som no gjennom FN og andre internasjonale organ.
I vår bistand til utviklingslanda må det leggjast vekt på familieplanlegging.
Målet for vår hjelp til utviklingslanda skal vere å skape grunnlag for sjølvstendig økonomisk vekst i mottakerlanda. Norsk utviklingshjelp skal først og fremst gjevast til land som brukar ho slik at ho i høgare grad enn til no kjem det breie laget av folket til gode. Noreg bør prøve å finne fram til enklare former for hjelp, blant anna ved direkte støtte til dei vanlege utviklingsprogramma i desse landa.
Hjelpa til frigjeringsrørslene i det sørlige Afrika må aukast. Ho bør først og fremst gå til konkrete utviklingsprosjekt i dei frigjorde områda. Ein må halde fram å stø humanitære og kristelege organisasjonar som har eller planlegg utviklingsprosjekt i utviklingsland.
Noreg må i samarbeid med dei andre nordiske landa medverke til at Vietnam blir gjenreist.
Noreg må gjennom sin medverknad i internasjonale organisasjoner arbeide for at utviklingslanda må få sikre avtalar om stabile og tilfredsstillande prisar for råvarene sine. Vi må også arbeide for at utviklingslanda ved verdsomfattande avtalar gjennom UNCTAD får einsidige føremoner for industrivarene sine på markedene i dei rike landa.
Det må skipast eit eige department for samarbeid med utviklingslanda.
Informasjonen i vårt land om samfunnsforholda i utviklingslanda og om utviklingsarbeidet i desse landa må betrast vesentleg.
Venstre vil styrke det nordiske samarbeidet. Serleg vekt må ein leggje på samarbeidet om regionalpolitikk og distriktsutbygging med sikte på å styrke dei verdiane det desentraliserte samfunnsmønstret i Norden har.
Tiltak for å styrke samarbeidet på Nordkalotten må prioriterast spesielt.
Venstre vil stå fast på grunnlovsvedtaket om 3/4 fleirtal i Stortinget når vi skriv under internasjonale traktater som krev at vi gjev avkall på nasjonal suverenitet.
Noregs forhold til EF er fastlagt gjennom den handelsavtalen som folkerøystinga la grunnlaget for.
Vår tryggleik
Målet for vår tryggjingspolitikk er å tryggje vår eigen fred og nasjonale fridom og samtidig gjere det vi kan for å medverke til ei fredeleg utvikling i verda elles.
Den internasjonale situasjonen er ved sida av supermaktkonfrontasjonen mellom USA og Sovjet merkt av framveksten av nye stormakter som China og Japan, og ei aukande økonomisk integrering i Vest-Europa. Nord/sør-problemet som har sin bakgrunn i interessemotsetningane mellom utviklingslanda og dei industrialiserte landa, vil i åra som kjem få meir og meir å seie i spørsmålet om krig eller fred i verda.
Sjølv om vi på det globale planet kan få meir skiftande og samansette maktpolitiske konstellasjoner, vil framleis forholdet mellom dei to supermaktene vere avgjerande for vår tryggjingspolitiske situasion i stortingsperioden 1973 77.
Den tryggjingspolitiske situasjonen i Europa er prega av politiske avspenningstendensar, auka samhandel og eit sterkare teknologisk og kulturelt samarbeid mellom aust og vest. Den militære styrkeoppbyggjinga har likevel halde fram i jamt tempo, også i farvatna omkring Noreg, trass i dei politiske avspenningstendensane.
VENSTRE VIL
- arbeide for vidare politisk avspenning, for auka samhandel, større forståing og sterkare samarbeid mellom aust og vest
- arbeide aktivt for gjensidige og balanserte reduksjonar av dei militære styrkane og dei strategiske våpna
- leggje spesiell vekt på at nedrustningstingingane også må gjelde gjensidig reduksjon av rakettførande u-båtar og militære styrkar på nordflanken
- at det langsiktige målet skal vere å gjere militære allianse- og blokkdanningar utruvande. Ei alleuropeisk ordning under FN må kome i staden.
Noreg er geografisk plassert i skjeringspunktet mellom dei to største supermaktene i verda. Vårt territorium har på grunn av den militærtekniske utviklinga fått auka strategisk verdi.
VENSTRE VIL
- sikre vår tryggleik gjennom medlemskap i NATO
- arbeide aktivt for at alle medlemslanda skal respektere NATO's målsetting om å vere eit vern om demokratiet og seie klart frå dersom desse prinsippa ikkje blir følgde, slik som i Hellas, Tyrkia og Portugal, bl.a., ved å arbeide for at våpenhjelp til desse landa blir stansa inntil demokratiske tilhøve rår
- gå imot stasjonering av atomvåpen på norsk territorium og vil ikkje gje andre land løyve til å ha basar på norsk område i fredstid.
Innanfor ramma av den samla forsvarsinnsatsen vil Venstre leggje vekt på:
- å gjennomføre ei effektiv overvakings- og varslingsteneste, der ein også tek omsyn til det som skjeijr på oljefelta i Nordsjøen og Norskehavet
- å hevde suvereniteten over norsk område og å kunne yte sterkast mogleg mostand mot alle former for åtak
- å legge forholda best mogleg til rette for alliert hjelp, samtidig som ståande vernebuing i utsette område raskt og tenleg skal kunne styrkjast
- å vere budd til å stø FN's arbeid for freden, også ved å stille norske kontingentar til rådvelde
- å arbeide for at Forsvaret, så langt dei andre oppgavene tillet det, yter størst mogleg hjelp til det sivile samfunnet, ved blant anna å vere med i fiskerigrenseoppsyn, redningsteneste, utbygging av kommunikasjonar og navigasjonssystem og å yte hjelp i katastrofesituasjonar
- gje høg prioritet til tiltak på personellsektoren i Forsvaret for å betre tilgangen på troppebefal
- at Heimevernets plass i det norske forsvaret må styrkjast.
Sivil motstand og ikkjevaldsforsvar
VENSTRE VIL
- at dei som av alvorlege overtydingsgrunnar ikkje kan vere med i det militære forsvaret, må få høve til annan innsats utan tillegg i tenestetida, og at innsatsen helst må kunne gjerast ved fredsrelevante arbeidsplassar for dei som ønskjer det
- at det må bli utarbeidd planar for sivile motstandsformer som ein kan nytte om det skulle bli krig
- arbeide for a fa skipa ei varig førskoleordning for dei som er sivile tenestepliktige. Stortinget må trekke opp retningslinene for denne ordninga
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10235. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.