Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 1969

Arbeidsprogram for stortingsperioden 1969-73

Venstre · 15 670 ord

«skolemat» er markert i 0 avsnitt. Fjern markering

VENSTRE

Arbeidsprogram for stortingsperioden

1969 - 73

INNLEIING

I vår eigen del av verda har vi ein større velstand enn nokon tidlegare generasjon fekk oppleve. Men i skuggen av vår velferd lever ein stor del av folket i verda i ei naud vi ikkje kan skjøne. Dette er den store utfordringa i internasjonal politikk. Vi må handle no for å hindre ei katastrofe i framtida.

Venstre vil i den neste stortingsperioden arbeide for stor auke i utviklingshjelpa. Samstundes vil vi arbeide for at Noreg skal nytte sin innverknad i internasjonale organisasjonar til å få godteke handelspolitiske tiltak som kan stimulere handelen og utviklinga til dei fattige landa.

Enorme ressursar er bundne i militære rustninger. I åra som kjem vil det bli ei anna hovudoppgåve både i vår eigen verdsdel og i internasjonal politikk elles å gjennomføre nye politiske vedtak som kan rydde vegen til rustningskontroll og internasjonal nedrustning. Slik vil og nye midlar bli frigjort til arbeidet med ei jamnare inntektsfordeling mellom landa.

Det er naudsynt å styrke SN politisk, økonomisk og organisatorisk, slik at organisasjonen kan bli ein mykje betre reiskap i arbeidet for fred og internasjonalt samarbeid.

I vårt eige samfunn må vi arbeide for at langt fleire menneske engasjerer seg i og får innverknad på vedtak som gjeld dei sjølve. Vi må styrke dei demokratiske institusjonane våre på riks-, fylkes- og lokalplanet. Like viktig er det å gjennomføre grunnleggande reformer for å betre og styrke demokratiet på arbeidsplassane og i utdanningsverket vårt.

Ansvaret for våre medmenneske krev ein auka innsats av oss for dei funksjonshemma, dei eldre, låginntektsgruppene, dei som bur i utkantstrok og våre kulturelle minoritetar.

Venstre vil halde ved lag ein variert busetnad i Noreg og nytte sterkare verkemidlar til å greie dette.

Vi må verne oss sjølve og generasjonane i framtida mot dei øydeleggingane som avfallsstoff frå det moderne samfunnet fører med seg når det gjeld plante- og dyreliv, luft, vatn og jord. Tiltak som vil gi varig vern om vår natur og vårt livsmiljø må prioriterast mykje sterkare enn før. Auka forsking og ei framtidsretta planlegging er særs viktig i dette arbeidet.

Alt dette vil kreve meir av det offentlege og føre til auka kostnader for næringslivet. Dette vil få følgjer for veksten i vårt eige private forbruk og føre til at ein større del av ressursane blir nytta til offentlege fellestiltak.

Venstre vil arbeide for å få gjennomført dei naudsynlege prioriteringar i politikken, slik at dei måla som er sette kan realiserast.

1. Utanriks- og forsvarspolitikk

VERDSSAMFUNNET

Hovudføremålet for utanrikspolitikken vår er å arbeide for fred og for ålmenn sosial og økonomisk framgang i verdssamfunnet.

Dei moderne våpna trugar med å utslette manneætta. Noreg må sette all si kraft inn i arbeidet for å minske spenninga mellom folka, medverke til fredeleg løysing av konfliktar, styrke SN sitt fredsapparat og få i stand avtalar om internasjonal nedrustning.

Den aukande kløfta mellom fattige og rike land er ei utfordring til vår menneskelege solidaritetskjensle. Samstundes skaper dette gapet nye internasjonale motsetnader. Av begge desse grunnane må vi hjelpe utviklingslanda med å vinne over fattigdomen og medverke til ei rettvis internasjonal inntektsfordeling.

Dei midlane som i framtida blir gjort frie ved nedrustning må nyttast til internasjonalt utviklingsarbeid.

VENSTRE vil

- styrke SN slik at organisasjonen kan utviklast til ein maktfaktor som effektivt kan hindre mellomfolkelege konfliktar,

- arbeide for ei utvida internasjonal rettsordning saman med eit effektivt sanksjonssystem, slik at avgjerder eller rettsordningar kan gjennomførast,

- at SN skal få eigne politistyrkar, og at Noreg må stille styrkar til rådvelde for SN og under SN sin kommando,

- at SN og andre internasjonale organisasjonar får auka makt og innverknad ved at medlemslanda overlet flest mogleg oppgåver til desse, m. a. ved at ein hovudpart av midlane til utviklingshjelp blir nytta til multilaterale prosjekt,

- at utforsking og utnytting av verdsrommet, atmosfæren, arktiske område og havbotnen ikkje skal kome dei få og rike statane til gode, men nyttiggjerast av heile verdssamfunnet gjennom organisasjonane til Dei sameinte nasjonane,

- at Noreg skal arbeide for eit mest mogleg omfattande forbod mot militære installasjonar på havbotnen,

- at folkerepublikken China så snart råd er må bli medlem i SN,

- auke utviklingshjelpa, slik at ho utgjer minst 1 prosent av brutto nasjonalproduktet i 1973, og at løyvingane frå staten utgjer minst tre fjerdepartar av dette. Denne målsettinga må revurderast ofte.

- utarbeide rullerande langtidsplanar for norsk utviklingshjelp

- få i stand eit eige departement for utviklingshjelp,

- arbeide for samordning via SN av multilateral og bilateral hjelp,

- oppmode private investeringar i utviklingsland gjennom stimulerande tiltak og garantiar når desse fremjar utviklinga og har verde for folket og fell innanfor den ramma det einskilde utviklingslandet har når det gjeld prioritering og utviklingsplan,

- at Noreg må anbeide for eit internasjonalt garantiinstitutt der utviklingslanda sjølve er med,

- krevje at norske bedrifter som får stønad frå staten til investeringar i utviklingsland, fører ein progressiv industri-, personal- og sosialpolitikk, og at ein monaleg del av overskotet blir reinvestert i utviklingslandet,

- greie ut spørsmålet om overføring av eigedomsretten til vedkomande utviklingsland etter nærare bestemt tidsperiode for prosjekt som staten gir økonomisk stønad

- stimulere utviklingslanda sin utanrikshandel med tiltak som stabiliserar marknaden og avgrensar variasjonar i prisane, hjelpe land som ønskjer hjelp i familieplanlegging og arbeide for eit felles nordisk institutt for familieplanlegging.

- stø reisinga av ein internasjonal proteinbank i samband med matvareprogrammet til FA0 og SN,

- stø arbeidet til dei kristelege og andre private organisasjonar i utviklingsland

- stø gjensidig utveksling av ungdom mellom alle land for å nå fram til større internasjonal skjønsemd

- gi ungdom frå utviklingsland effektiv hjelp til utdanning, først og fremst i sitt eige land,

- auke løyvingane til organisasjonar som driv internasjonalt ungdomsarbeid,

- bygge ut fredskorpsverksemda, motarbeide diskriminering p.g.a. kjønn, nasjonalitet, rase og religion

- kjempe mot all apartheidpolitikk, framleis ta imot flyktningar, også dei som er funksjonshemma, gjera det slik at dei finn seg til rette i samfunnet og får høve til å halde på sine kulturelle særdrag.

AVSPENNING, NEDRUSTNING

Varig fred kan vi berre få ved å få bort dei militære blokkene.

VENSTRE vil

- arbeide for gjensidige og kontrollerte nedrustningstiltak med rustningskontroll og internasjonale inspeksjonsordningar,

- at Noreg skal påverke andre statar til å underteikne og ratifisere prøvestansavtalen og ikkje-spreiingsavtalen,

- at Noreg, både gjennom NATO og ved direkte kontakt med alle europeiske statar, skal arbeide for aust-vest-tingingar, der DDR er med som sjølvstendig partnar, om ei almenn europeisk tryggingsordning med gjensidige og kontrollerte rustningsavgrensingar. Ei varig europeisk tryggingsordning må kunne avløyse dei noverande alliansesystema og ein må på lang sikt kunne sjå ho som ein lekk i eit verdsomfattande tryggingssystem under SN.

- satse på auka opplysningsarbeid om andre land og folk,

- auke samkvemet og samabeidet tvers over riksgrensar og maktblokker,

- arbeide for auka bilateral og multilateral kontakt med Aust-Europa,

- at Noreg skal legge hovudvekta på universalitetsprinsippet når det gjeld å godkjenne statar.

NATO

Norsk medlemskap i NATO bygger på ønskjet om å sikre freden og trygge Noreg sitt sjølvstende.

VENSTRE vil

- halde ved lag medlemskapen vår i NATO fordi vi meiner organisasjonen i den noverande situasjonen tener til å verne om freden og skape avspenning i verda,

- kontinuerleg vurdere målsetting og innald for alliansen,

- ikkje tillate framande makter å ha basar på norsk område,

- gå mot stasjonering av atomvåpen på norsk område,

- gå mot at diktaturstyrde statar skal ha tilgjenge til medlemskap i NATO og gjere framlegg om at Hellas og Portugal blir utestengde frå medlemskap dersom det ikkje lukkast å få gjennomført demokrati i desse landa, og det ikkje lukkast ,å stanse Portugal sine krigshandlingar i Afrika,

- arbeide for at militærleveransane til Hellas og Portugal blir stansa.

FORSVAR

Føremålet med forsvaret er å hindre krig og trygge Noreg sitt sjølvstende og fridomen til å handle fritt.

I tillegg til dei primære oppgåvene forsvaret har må det så langt råd er vere med å løyse sivile oppgåver m.a. gjennom utdanning av ungdom.

Forsvaret sine viktigaste oppgåver er desse:

- å gjennomføre ei effektiv sikrings- og varslingsteneste,

- å kunne yte så sterk motstand som mogleg mot invasjon,

- å legge tilhøva best mogleg til rette for hjelp frå dei allierte,

- å vere budd på å gi frå seg styrkar til SN.

VENSTRE vil

- ha ståande styrkar som er store nok til å hindre krenkingar av norsk land-, sjø- og luftterritorium i fredstid,

- halde ved lag eit mobiliseringsforsvar der det blir lagt vekt på snarleg mobilisering,

- rasjonalisere og effektivisere forsvaret m. a. ved å utarbeide rullerande langtidsplanar,

- at arbeidet med å skaffe verva mannskap i dei ymse forsvarsgreinene blir styrkt og at det så langt som mogleg blir lagt vekt på å gi sivil kompetanse under opplæring og praksis,

- legge vekt på rasjonalisering av drift og opplæring, styrke heimevernet,

- at dei som av ålvorlege overtydingsgrunnar ikkje kan vere med i det militære forsvaret må få høve til annan innsats utan tillegg i tenestetida. Når dei sivile tenestepliktige ønskjer det, må innsatsen helst gjerast ved arbeidsplassar som er fredsrelevante,

- utarbeide klåre planar for bruk av sivile motstandsformer om det skulle bli krig. Vi må vere meir merksame på metodane for ikkje-valdsforsvaret også som eit mogleg alternativ til militærnektarar,

- arbeide for å få reist ein førskole for dei sivile tenestepliktige, slik at dei kan gjere seg dugande for ein eventuell motstandskamp,

- at fredskorpsteneste blir alternativ vernepliktsform,

- greie ut spørsmålet om sivil løn under førstegongstenesta med det mål å kome fram til ei ordning for alle.

INTERNASJONALE MARKNADSTILHØVE

VENSTRE vil

- gå inn for eit utvida kulturelt og økonomisk samarbeid i Norden. I ein avtale om utvida økonomisk samarbeid må dei næringspolitiske interessene til landet vårt tryggast, særlegg for jordbruk, fiske og industri m.,m. Venstre vil arbeide for bindande avtalar i faste institusjonelle former om samordning av kapital-, samferdsels-, forskings- og undervisningspolitikken i Norden og for at det kjem i stand ein nordisk tollunion med låge ytre tollsatser, utan diskriminerande handelshindringar for u-landsvarer.

- arbeide for å styrke EFTA-samarbeidet ved at medlemslanda godtek meir bindande målsettingar for den økonomiske politikken og samstundes gå inn for konsultasjonar for å sikre gjennomføringa av ein slik politikk i medlemslanda. Dersom Portugal skal vere med i eit slikt utvida samarbeid, må føresetnaden vere grunnleggande demokratiske endringar i landet sin politikk.

- arbeide for at det ikkje oppstår nye økonomiske grenser mellom dei nordiske landa ved ei utvida europeisk marknadsordning,

- arbeide for å hindre varig økonomisk kløyving i Vest-Europa og for ei open og samarbeidsviljug europeisk stode til omverda,

- betre tilhøvet til dei aust-europeiske landa og prøve å normalisere samhandelen og det økonomiske samkvemet elles med desse landa,

- arbeide for å redusere toll og andre hindringar i verdshandelen, særleg arbeide for å få bort dei hindringane industrivareeksporten frå utviklingslanda møter på verdsmarknaden, og for at eksporten frå desse landa til industriland får førerett utan krav om motytingar,

- stimulere til auka økonomisk og kulturelt samkvem også med utviklingslanda.

2. Utbygging av demokratiet

Eit levande demokrati krev at styresmaktene legg tilhøva til rette for aktiv deltaking i dei politiske avgjerdene, og at dei som ønskjer å vere med og ta avgjerd over utviklinga, engasjerer seg aktivt i politisk arbeid.

VENSTRE vil

- stimulere til auka engasjement i samfunnslivet og rydde veg for at individet kan vere aktivt med på alle plan i vedtaksprosessen,

- arbeide for reformer som skal knyte veljarar og representantar betre saman,

- vere med på å gjennomføre tiltak som utviklar og styrker demokratiet og som fører det inn på nye område i samfunnslivet.

FOLKESTYRET

Behovet for planlegging aukar sterkt på dei ymse felt i samfunnet. Dette stiller dei folkevalde andsynes nye oppgåver som krev auka innsikt og nye samarbeidsformer mellom folkevalde organ, fagfolka og den einskilde. Dei folkevalde organa må forme retningslinene og vedta målsettingane for planlegginga. På alle stadium i arbeidet er det difor naudsynt med eit nært samarbeid mellom veljarane, politikarane og fagfolka. Det er viktig at veljarane og kan vere med og drøfte kva planane kan føre til og kva følgjer dei får.

Folkegrupper som har vanskar med å skaffe seg turvande fagleg hjelp til å kunne ta vare på sine rettkomne interesser, må sikrast slik hjelp. Vi må difor syte for ei variert utdanning av fagfolk på dei ymse områda i samfunnet.

VENSTRE vil

- på ny slå fast prinsippet om at avgjerdsleretten skal ligge i hendene på dei folkevalde både på lokal- og riksplanet,

- aktivt arbeide for å betre det demokratiske styresettet vårt og styrke arbeidet for demokrati på arbeidsplassane, i skolar, i universitet og sosiale institusjonar,

- arbeide for at også dei politiske og sosiale mindretalsgruppene får innverknad på avgjerdsleprosessen i samfunnet,

- at stat, kommune og andre offentlege organ skal vere særleg merksame på mindretalsgruppene sine problem,

- vere på vakt mot nye klassemotsetnader.

FOLKERØYSTING

Folkerøystingar kan også fylle ein viktig funksjon i demokratiet. Dei kan stimulere til auka interesse for politikk, utvide folket sin rett til å dele det politiske ansvaret og tene som eit korrektiv i viktige politiske stridsspørsmål. Dei kan og gi sterke mindretal rett til å få synsmåtane sine prøvde hos veljarane.

VENSTRE vil

- difor arbeide for lovreglar som vil gi sterke mindretal i dei folkevalde organa og mellom veljarane rett til å kreve folkerøysting om viktige kommunalpolitiske, innanriks- og utanrikspolitiske saker.

STORTINGET

Valordninga dreg opp ramma for samansettinga av Stortinget. Venstre vil at valordninga skal skape eit rett høve mellom partia sine røystetal og representasjon.

VENSTRE vil

- arbeide vidare med gjennomføringa av ei valordning med utjamningsmandat for å få ei så rettvis fordeling som råd er,

- at mandat-talet i Stortinget skal aukast for dei krinsane som er sterkast underrepresentert,

- gå inn for ei ordning som gjer det lettare for veljarane å få reell innverknad på personvalet ved stortingsval,

- arbeide vidare med reformer som kan gi Stortinget ressursar til at det heilt kan fylle oppgåva si som initiativtakande og kontrollerande organ.

- at Stortinget sine organ og den einskilde representanten må få fagleg og teknisk hjelp som styrker den kontrollfunksjonen

- Stortinget har og som gjer det lettare for representantane å lage eigne og alternative framlegg.

DEI POLITISKE PARTIA

Dei politiske partia har sentrale oppgåver i folkestyret vårt. Det er ei viktig oppgåve for partia å informere om kva som blir gjort i kommune, fylkeskommune, storting og regjering og samstundes få fram krav og forventningar frå veljarane. I tillegg rekrutterar partia store delar av den politiske leiarskapen. Partia set opp program og vedtekter som er retningsgjevande for politikarane.

I dag er ein svært liten prosent av folket medlemer i dei politiske partia. Dette fører med seg at den politiske planlegginga ligg hos få personar. Partia bør difor arbeide for å bli ein meir aktiv bindelekk mellom representant og veljar.

VENSTRE vil

- at landsomfattande parti skal ha statsstønad,

- at partia skal kunngjere spesifiserte rekneskapar.

DEPARTEMENTSSTRUKTUREN

VENSTRE vil

- arbeide for ei meir rasjonell og effektiv forvaltning,

- gå inn for ein revisjon av saksfordelinga mellom departementa og ei anna fordeling av arbeidsoppgåvene i departementa,

- skipe eigne departement for utviklingshjelp og kulturspørsmål og gå inn for å avvikle departementet for familie- og forbrukarsaker,

- gå inn for at regjeringa knyter til seg rådgjevande statsrådar og vurdere spørsmålet om ein eigen rådgjevande statsråd for samesaker,

- gi statssekretærane tilgjenge til Stortinget.

DET LOKALE SJØLVSTYRET

Kommunen

Det kommunale sølvstyret er eit grunnleggande element i folkestyret vårt. Kommunane utgjer til vanleg ein relativt oversynleg og kontrollerbar einskap. Eit mest mogleg fritt kommunalt sjølvstyre kan sikre individet sin innverknad på den politiske styringsprosessen. Behovet for langsiktig planlegging og disponering av ressursane kan sette grenser for graden av det lokale sjølvstyret. Omforminga av strukturen i våre lokalsamfunn krev ei ny gjennomtenking av demokratiet sin funksjon. Skal det lokale sjølvstyret overleve systemet med omfattande general- og regionalplanar, må folk få større innsikt, så dei kan vere med i drøftingane. Her ligg det store oppgåver for kursverksemd.

Venstre vil arbeide for eit aktivt og engasjerende kommunalt sjølvstyre.

VENSTRE vil

- stimulere flest mogleg til å vere aktivt med i planlegginga og utforminga av lokalsamfunna våre i framtida,

- greie ut folkestyreproblemet i storkommunane, gå inn for at det i større kommunar blir overført oppgåver til mindre delar av kommunen og utarbeide klåre retningsliner for ei slik desentralisering,

- arbeide for lokale folkerøystingar i viktige spørsmål,

- gå inn for kommunale ombodsmenn og utbygging av opplysnings- og servicetenesta,

- arbeide for at administrasjonen i kommunane og fylka i større grad legg fram fleire alternativ til vurdering i viktige saker og at dei politiske mindretalssynsmåtane og blir tilfredsstillande utgreidde,

- styrke økonomien i primærkommunane.

FYLKESKOMMUNEN OG STATSADMINISTRASJONEN I FYLKA

Fylkeskommunane representerar ein viktig desentraliseringsfunksjon. På den andre sida skal dei samordne fellesoppgåvene for primærkommunane i fylket.

Det er eit hovudprinsipp i norsk forvaltning at det organet som vedtek utgiftene og skal vere ansvarleg for å skaffe inntektene. Når det gjeld utgifts-, inntekts- og funksjonsfordelinga, må vi vurdere fleire ulike storleikar, tilhøvet mellom staten og primærkommunane, mellom staten og fylkeskommunen og mellom fylkeskommunane og primærkommunane. Regjering og storting må meir nøye vurdere gjennomføringa av nye oppgåver som direkte eller indirekte fører med seg nye utgifter for kommunesektoren.

VENSTRE vil

- gå inn for auka desentralisering av avgjerdene. Fleire avgjerder bør førast over til fylkesplanet. Samstundes må det overførast midlar til fylka, utan at dette går ut over primærkommunane sin økonomi.

- styrke fylkeskommunane si stilling i folkestyret og gå inn for at fylkestinget og nemndene i fylkestinget held møte oftare,

- greie ut spørsmålet om direkte val til fylkestinget med det mål å gjennomføre denne reforma,

- gi fylkeskommunane eigen fylkeskommunal administrasjon med eigne fylkesrådmenn,

- frita fylkesmannen for oppgåva som øvste sjef for administrasjonen i fylkeskommunen. Hovudoppgåva hans må i framtida bli å samordne statsverksemda i fylket,

- at verksemda til staten sine etatsjefar innan dei einskilde sektorane i fylka, som vegsjef og skoledirektør m. m., blir samordna under fylkesmannen si leiing,

- gjere framlegg om endring i finansieringa av dei fylkeskommunale oppgåvene med det som mål å få direkte skattlegging også for fylka,

- gå inn for enklare reglar når det gjeld funksjonsfordelinga mellom staten og kommunesektorane.

INDIVIDET OG FORVALTNINGA

Veksten i den offentlege verksemda skapar behov for reformer som tar sikte på å verne individet mot vilkårlege administrative avgjerder.

VENSTRE vil

- bygge ombodsmannsinstitusjonen vidare ut,

- slå fast offentlegprinsippet i administrasjonen,

- arbeide for faste lovreglar i sakshandsaminga mellom stat og individ,

- bygge ut dageinstansar,

- gå inn for klåre reglar når det gjeld å skaffe data og å nytte desse når det gjeld bruk av dataregister,

- legge overvakingstenesta under parlamentarisk kontroll. Det må sikrast at ingen blir registrert skuld sine politiske meiningar,

- fremje rasjonell forvaltning, effektivitet og streng økonomi med statsmidlane.

MEININGSDANNINGA

Vi må verne og stimulere den frie folkemeininga og den opne debatten. Men ytringsfridom er ikkje alltid nok. Vi må og sikre oss objektiv og allsidig informasjon og vere på vakt mot monopolisering og sentralisering av meiningsdanninga. Dei offentlege opinionsorgana held oftast til i større bysentra, særleg i hovudstaden. Denne sentraliseringa reduserar distrikta sin innverknad pa opinionsdanninga. Ikkje minst gjeld dette dei kulturelle mindretala. Venstre vil motarbeide konsentrasjon av opinionsdanninga og arbeide for at også mindretalssyn skal nå fram.

OFFENTLEG FORFATNINGSKOMMISJON

Venstre vil arbeide for at det blir oppnemnt ein forfatningskommisjon med oppgåve å greie ut og drøfte alle sider ved vårt folkestyre.

3. Økonomisk politikk

MÅLSETTINGA FOR DEN ØKONOMISKE POLITIKKEN

Venstre meiner at hovudmålet for den økonomiske politikken må vere:

- å sikre at den økonomiske verksemda i landet blir styrt slik at ho fremjar dei sosiale og menneskelege verdiane samfunnet set opp,

- å sikre full sysselsetting,

- å sikre ei rettvis fordeling av dei økonomiske goda i samfunnet,

- å sikre ei betre jamvekt i den geografiske utbygginga av landet,

- å sikre at krava om produksjonsvekst til personleg forbruk ikkje går ut over produksjonsvekst til fellesgode og kulturføremål,

- å hindre at utnyttinga av den veksten som den teknologiske utviklinga gir høve til, skal øydelegge vårt naturgrunnlag og vårt livsmiljø.

VENSTRE meiner vidare

- at den økonomiske makta ikkje må samlast på få hender, korkje hos private kapitalinteresser eller i statsadministrasjonen,

- at det skal vere ei rimeleg fordeling mellom private tiltak og samyrketiltak. Statsdrift bør og kome på tale som eit middel til å sikre næringsgrunnlaget og variert busetnad.

STABIL VEKST EIT ANSVAR FOR SAMFUNNET

Den teknologiske utviklinga gjer det mogleg i stor mon å auke produksjonen og dekke behova. Dette må vår økonomiske politikk ha som mål å nytte ut. Den store etterspurnaden frå det offentlege i landet gir oss viktige verkemidlar til regulering og kanalisering av aktiviteten og kan vere med og stabilisere pris- og kostnadsutviklinga og motverke inflasjon.

Utviklinga fører med seg omstillingsproblem. Med vår utvende økonomi og dei strukturendringar som kan ventast, må vi snøgt kunne sette i verk tiltak som kan minske skadeverknader og andre ulemper.

VENSTRE meiner

- at det er ei plikt for dei folkevalde styresmaktene å styre økonomien slik at vi får nytte av den teknologiske utviklinga og unngår uturvande skadeverknader,

- at dei finans-, penge- og kredittpolitiske verkemidla må utformast slik at dei tilsaman gjer det mogleg å styre sentrale område av økonomien og regulere det totale aktivitetsnivået med tanke på vår økonomiske målsetting.

PERSPEKTIV OG ØKONOMISK PLANLEGGING

Den økonomiske politikken har langsiktige verknader, ikkje berre på det økonomiske livet i samfunnet, men og på felt som busetnad, utdanning og trivsel. Ei rekkje problem kan berre løysast på lengre sikt. Dette gjer det naudsynt med budsjettoversyn for fleire år og analyser av dei langtidsverknadene ein bestemt politikk fører med seg.

Med å ta eit slikt analyseapparat til hjelp kan alle politiske parti få høve til å vurdere sine alternativ til den økonomiske politikken. Dette kan føre til ein breiare debatt og medverke til klårare prioriteringar i dei partipolitiske framlegga. Venstre vil gå sterkt inn for å få bygt ut analyse- og forskingsavdelingane i statsadministrasjonen.

AKTIVITETEN I DEN OFFENTLEGE SEKTOR

Løysinga av problema i eit moderne samfunn krev ei vesentleg utviding av arbeidsoppgåvene og tenesteytingane til dei offentlege organa, slik som undervisning og samferdsle, helsestell og andre sosiale tenester. Det er difor naudsynt at det offentlege framleis har hand om ein aukande del av ressursane i landet.

Men det er ein fåre for at den offentlege sektor som stadig ekspanderar vil føre til overorganisering av samfunnet, samstundes som det blir vanskelegare for dei folkevalde organa å føre effektiv kontroll. Det ser elles ut til å vere ein tendens til å halde oppe ein tidlegare velgrunna offentleg innsats på område der argumenta for innsatsen ikkje lenger er til stades. Dette kan da føre til at det blir løyvt mindre til nye føremål som har krav på høgre prioritet.

VENSTRE meiner

- at det i tida framover blir behov for å auke den offentlege innsatsen mykje på ei rekkje felt,

- at vi til kvar tid må vurdere nøye om det er like god grunn til dei "nedarva" budsjettpostane som då dei vart innførde,

- at vi m. a. for å skaffe plass til nye tiltak må legge mykje sterkare vekt på rasjonalisering og forenkling i den offentlege verksemda.

STRUKTURRASJONALISERING OG OFFENTLEG ØKONOMISK POLITIKK

I ein ekspansiv og utvendt økonomi som er utsett for sterk internasjonal konkurranse vil det vere behov for store endringar i produksjonslivet dersom målsettinga om mest mogleg effektiv produksjon til kvar tid skal vere oppfylt. Dersom omstillinga skjer utan kontroll, vil ho kunne føre med seg store skadeverknader. Særleg må ein vere merksam på dei menneskelege problema ho kan føre med seg.

VENSTRE meiner

- at dei naudsynlege strukturendringane må gå føre seg på ein slik måte at dei desse endringane gjeld, kan kjenne seg verna av samfunnet til kvar tid,

- at staten må syte for at ekspansive bransjar og einskildverksemder kan utvikle seg,

- at meir permanent stønad til verksemder som har vanskar ikkje må bli gitt utan at det er mykje viktige grunnar til å halde verksemda oppe,

- at hovudprinsippet må vere å stimulere lønsam produksjon for ekspansive marknader, nasjonalt og internasjonalt,

- at vi må legge stor vekt på omskolering av arbeidskraft.

INNTEKTSPOLITIKK

Venstre vil at styresmaktene skal ha heile landet og heile folket sitt vel for auge. Det er regjeringa si plikt å stå mot presset frå sterkt organiserte maktgrupper der dette kan føre til overgrep mot andre, særleg svakt organiserte grupper. Staten må bruke verkemidlane sine til å rette opp det som er skeivt når det gjeld inntektsutviklinga i samfunnet, slik at den økonomiske framgangen betre kjem alle grupper i folket til gode.

VENSTRE meiner

- at inntektsoppgjera prinsipielt bør bli avgjort ved frie tingingar, men når konfliktar trugar viktige samfunnsinteresser, bør bruk av lønsnemnd og offentleg prisfastsetting haldast oppe,

- at arbeidet med utgreiing av dei verknadene inntektsoppgjera har, bør halde fram og utvidast, slik at både det offentlege og organisasjonane får større klårleik i korleis oppgjera verkar,

- at vi særleg må arbeide for å løyse dei lønsproblema som er knytte til likelønsspørsmåla og låginntektsgruppene og at dette må gjerast i samarbeid mellom dei faglege organisasjonane og dei politiske organa.

SKATTE- OG AVGIFTSPOLITIKK

I dag er skattar og avgifter det viktigaste midlet for det offentlege til å påverke den økonomiske aktiviteten. Men når skattenivået er så vidt høgt, vil kvart skatte- og avgiftssystem ha visse uheldige sideverknader.

VENSTRE meiner

- at vi til kvar tid må sikre oss oversyn over verknadene av skatte- og avgiftssystemet, slik at vi kan rette opp det som er urettvist og skeivt,

- at det ved gjennomføring av meirverdiavgifta er naudsynt alltid å ha kontroll over systemet, og at vi særleg må sette i verk tiltak som vil rette opp den sosiale og geografiske ulikskapen som måtte oppstå,

- at overgangen til meirverdiavgift må følgjast opp av ei forenkling av skattesystemet, ved at ein får bort alle dei småavgiftene som finst,

- at den direkte skattlegginga av inntekt og formue må gjerast enklare,

- at vilkåra må leggast til rette for innføring av lønsskatt i penoden,

- at det skal settast i verk fleire tiltak for å rå bot med skattesnyteriet,

- at standardfrådraga blir høgre, at det blir gitt enno større frådrag for utgifter til pass av born for einslege og ektemakar som arbeider ute,

- at vi må prøve å innføre eit system med skafflegging på verdauke på tomter når innsats frå det offentlege er skuld i denne auken.

PENGE- OG KREDITTPOLITIKK

Venstre meiner at det er storting og regjering som må utforme retningslinene for penge- og kredittpolitikken, også rentepolitikken, og ta standpunkt til kva verkemidlar som skal nyttast.

VENSTRE meiner

- at penge- og kredittpolitikken må utformast slik at vi får tilgodesett regionar, næringar og sosiale føremål med kapital i samsvar med den økonomiske målsettinga som er vedteken,

- at det i gjennomføringa bør vere eit nært samarbeid mellom det offentlege, bankane og andre kredittinstitusjonar, at vi må få bygt ut eit system med sterke og ubundne distriktsbankar.

4. Naturressursar, naturvern og helse

Utnyttinga av naturressursane har gått snøggare og vore meir omfattande dei siste ti åra enn nokon gong før. Byar og tettstader veks, og bygg- og anleggsarbeid tek etter kvart større areal. Behovet for transport i næringsliv og fritid krev nye, større vegar og flyplassar, og steinbrot og grustak kjem til. Ofte er det dyrka jord eller jord som kan dyrkast som går med til slike føremål. Framføring av elektrisk kraft gjer det turvande å bygge liner, ofte i natur som tidlegare ikke var røyrt. Samstundes blir fleire og fleire av vassdraga våre regulerte til produksjon av elektrisk kraft.

Alt dette er turvande og ofte fornuftig bruk av ressursane, men naturen og kvaliteten i landskapet blir ringare. Samstundes med denne auka nytten av naturressursane har vi auka forurensinga av vatn, luft og jord, forgifting av dyre- og planteliv og meir og meir støy.

Forurensinga fører til at mange av vassdraga våre ikkje kan nyttast som kjelder for reint vatn eller til rekreasjon og friluftsliv. Ei liknande utvikling har vi ved sjøen, særlig nær dei store folkesentra. Lufta i dei større folkesentra blir forurensa frå industri, bustadoppvarming og motortrafikk.

Kjemiske preparat som blir nytta meir og meir i næringsliv og i hushald, fører til forgiftingar med store skadar for dyre- og planteliv og dermed også for menneska.

Vi står her framfor eit globalt problem som må løysast på mellomfolkeleg plan, men samstundes må vi i vårt eige land arbeide for å sikre oss sjølve og generasjonane i framtida eit natur- og livsmiljø.

Det er difor særs viktig at både den kjennskapen vi har i dag og den nye kjennskapen vi må skaffe oss til dei biologiske føresetnadene for ei fornuftig utnytting av naturressursane, blir nytta i planlegging og utbygging av samfunnet vårt i åra framover. Utfordringa for 1970-åra ligg i at vi alt no tar trugselen mot livsmiljøet vårt ålvorleg. Difor må vi både gjennom auka forsking og ved å skaffe oss og nytte andre naudsynte verkemidlar, påskunde arbeidet med å sikre vårt naturmiljø og våre naturressursar for oss sjølve og generasjonane i framtida.

VENSTRE vil

- opprette eit eige departement for naturvern, frilufs- og forurensingsspørsmål,

- at folk som søkjer til fjell, skog og strandareal ikkje skal verta hindra avdi arealplanlegginga har vore mangelfull,

- sikre nok friområde nær dei store byane

- arbeide for å få fleire naturparkar, nasjonalparkar og naturreservat og gå inn for at strandlova skal bli forlengd

- arbeide for at den vidare utbygginga av kraftkjeldene skal gå etter ein samla plan, slik at ein sikrar at einskilde vassdrag blir freda og at det blir stilt strengare krav til landskapspleie. Krava må og bli strengare når det gjeld å minske skadeverknadene ved utbygging.

- finne fram til ei økonomisk utjamningsordning for folk i strok som ikkje får dei økonomiske ytingane som ei utbygging kan føre med seg,

- styrke planlegginga innanfor vassforsyning og kloakkreinsing og gi høgre prioritet til konkrete tiltak på dette området,

- gå inn for at staten og næringslivet tar på seg større skyldnader når det gjeld å hindre jord-, luft- og vassforurensing og forgifting av plante- og dyreliv, og arbeide for at vi på dette området får styrkt kontrollapparatet innanfor det lovverket vi har og skunde på arbeidet med eit samordna tidhøveleg lovverk som kan avklare kvar ansvaret ligg når det gjeld forurensing av naturen,

- gjennomføre restriktive tiltak når det gjeld bruk av tunge fyringsoliar,

- gå inn for strengare kontroll med produksjon og sal av produkt med stor forurensingseffekt,

- ta ut av bruk giftstoff som er eit ålvorleg trugsmål mot vårt livsmiljø,

- stille strengare krav før konsesjon vert gjeven til industri og anna verksemd som skapar forurensingar, støy og andre ulemper for trivsel og helse,

- at støyplagen i større mon må hindrast ved planlegging og utbygging av industri og transportsystem,

- motverke den auka bruken av privatbilar i persontrafikken i større byområde ved å gi utbygginga av kollektive transportmidlar auka prioritet og ved å subsidiere billettprisane og å vurdere mindre bruk av privatbilar,

- stø arbeidet for så snart som mogleg å få internasjonale avgjerder og lovreglar mot spreiing av forurensing over større område.

5. Distriktsutbygging og lokaliseringspolitikk

Vi ønskjer å halde oppe ein variert busetuad i Noreg. Med den rasjonaliseringa som held fram innen landbruket må det skaffast nye arbeidsplassar i bygdene for at samfunna der skal vere leveføre.

Staten må kome aktivt med når det gjeld å etablere nye arbeidsplassar i distrikta og medverke til å få bort presset frå dei sentrale områda. Gjennom offentlege tiltak må vi stimulere små og mellomstore verksemder til å samarbeide for å redusere kostnadene og finne utvegar for betre avsetning.

Ein framtidig busetnad langs kysten krev at fiskeripolitikken med investeringar i fiskeflåte, foredlingsanlegg, marknadsføring og yrkesutdanning, må bli lagt opp med ei klår distriktspolitisk målsetting.

Ei anna fordeling av arbeidskrafta innanfor og mellom dei einskilde regionane krev auka innsats i vaksenopplæringa. Vi må og vurdere nytten av næringskombinasjonar, både tradisjonelle som jordbruk-skogbruk og jordbruk-fiske, og nye kombinasjonsformer. Distrikspolitiske omsyn må prioriterast når det blir gitt løyvingar til samferdsleføremål.

Ein effektiv distriktspolitikk krev grundig planlegging på kommunalt og regionalt plan, og ho må samordnast på landsplanet. Planane må kunngjerast på eit tidleg tidspunkt i alle ledd slik at det kan bli ein brei offentleg debatt om dei.

VENSTRE vil

- at når ein reiser nye offentlege serviceorgan og læreanstaItar, må det leggast vekt på den ringeffekten reising av slike institusjonar vil ha for distrikta,

- at offentlege investeringar i utbyggingssentra ikkje må gå ut over eller stenge for offentleg stønad til andre kommunale og regionale utbyggingsprosjekt,

- at samferdsleløyvingar og val av vegliner må gå inn i regionalplanlegginga,

- at rettleiingtenesta for småverksemder blir styrkt,

- at utbyggingsavdelingane i fylka får fleire løyvingar til engasjement av konsulentar, slik at avdelingane i større mon kan hjelpe regionane og kommuane i regional- og generalplanlegginga,

- at statstilskot til planlegginga i kommunane blir auka,

- at innkjøpspolitikken i staten blir lagt opp med tanke på regionale leveransar,

- arbeide for å løyse spørsmålet om fraktutjamning eller for iverksetting av andre tiltak som kan jamne ut urimelege prisskilnader på viktige varer og tenester,

- greie ut spørsmålet om samordning og samarbeid mellom dei offentlege fond og finansinstitusjonar,

- at skatteutjamninga blir utvida,

- at særlege offentlege løyvingar blir stilte til rådvelde for særlege tiltak i utbyggingsområda,

- at statssubsidiering ved nyreising av utbyggingsområda blir utvida,

- at staten tar initativ og stør nye tiltak for å fremje samarbeid mellom verksemder når det gjeld marknadsføring,

- bygge ut opplæring og trening av leiarar og la dette gå inn som ein del i det eksisterande utdanningsverket.

6. Samferdsle

Venstre meiner at samferdsleutbygginga er av dei samfunnsoppgåvene som må prioriterast høgst og at vi må nytte ein større del av dei offentlege inntektene til samferdsleføremål enn vi har gjort til no.

Vi må sjå på samferdsleutbygginga som ein viktig faktor i distriktsutbygginga.

Venstre vil arbeide for betre samordning av kommunikasjonane på land, på sjøen og i lufta og så langt råd er også innan dei einskilde kommunikasjonsgreinene.

Innan samferdslesektoren bør utbygginga av vegnettet ha størst vekt. Dette er påkravt for å få vegsamband til dei distrikta som enno er utan veg, men løyvingane til vegføremål må og auka så vi kan greie utbyggingsoppgåvene i sterkt trafikkerte område. I desse områda må ein innanfor ramma av dei samla løyvingane til samferdsleføremål satse på utbygging av dei kollektive transportmidla.

Særleg med tanke på å knyte nye delar av landet til flyrutenettet må vi gi større løyvingar til flyplassutbygginga.

Venstre vil gå inn for at løyvingane til sivil luftfart blir auka monaleg.

VEGBYGGING

VENSTRE vil

- ta særleg omsyn til fylke med veglause område og fylke der vegbygging av topografiske grunnar er særleg dyr, også når statstilskot til vegutgifter i fyka blir fordelt,

- gå inn for bygging av mellomriksvegar, også for å stimulere til auka vekst i samarbeid med distrikt i grannelanda,

- i større mon bruke nye finansieringsformer utanom statsbudsjettet til snøggare å få bygt vegar, bruer og tunnelar i sentrale og tettbygde område,

- arbeide for at staten tar over fleire fylkesvegar etter kvart som desse stettar krava til riksvegstandard,

- at kommunane må vere fritekne for utgifter til utbygging og vøling av riksvegar,

- ta naturvernomsyn ved planlegging, prosjektering og bygging av vegar,

- bygge fleire sikre heilårsvegar mellom landsdelane,

- auke vegløyvingane til utviding og utbetring av vegnettet og ta sikte på å bruke stadig fleire midlar til legging av fast vegdekke,

- gå inn for at det blir stilt større løyvingar til rådvelde for kommunal- og samferdsledepartementa til vegføremål i samband med distriktsutbygging

- styrke planleggingskapasiteten i vegsektoren slik at styresmaktene for distriktsplanar og vegar snøggare kan fastlegge veglinene,

- gå inn for at større delar av vegbygginga blir overlatne til private entreprenørar.

TRYGG TRAFIKK

Talet på trafikkulukker aukar i uhyggeleg grad. Trafikkulukkene fører med seg menneskelege tragediar og påfører samfunnet store kostnader.

VENSTRE vil

- at det blir teke i bruk naudsynlege verkemidlar for å gjere trafikken tryggare, m. a. ved å ofre meir til forsking, vern og kontroll,

- arbeide for at det blir tatt meir omsyn til gåande og syklande trafikk ved planlegging og bygging av vegar, m.a. ved anlegg av fortau, sykkelstiar og planfrie kryss,

- arbeide for auka trafikkopplæring i skole, barnehage m. m.,

- gå inn for meir omfattande krav til effektiv kontroll med bilkjøring og med bilane sin tekniske standard,

- arbeide målmedvete for å skape større respekt for trafikkreglane hos både gåande og kjørande trafikantar,

- arbeide for strengare reaksjonar mot brot på trafikkreglane.

FERJER OG BRUER

VENSTRE vil

- sjå ferjesambandet som ein del av vegnettet og gå inn for at det blir bygt ut i takt med dette. Der trafikkgrunnlaget gjer det tilrådeleg, må korte ferjesamband etter kvart avløysast av bruer eller tunnelar,

- at ferjetakstane må bli så rimelege at det ikkje blir dyrare å bruke ferje enn å køyre ei tilsvarande vegstrekke,

- arbeide for å få lokalbåttakstane ned slik at dei svarar til ferjetakstane. Større statstilskot er rimeleg for å halde oppe busetnaden og trygge og bygge ut næringslivet i distrikt som ikkje har veg eller ferjesamband. Det er eit vilkår for dette å få ei effektiv rasjonalisering av drifta.

BILRUTENE

VENSTRE vil

- gi bilruteselskapa i distrikt med dårleg trafikkgrunnlag stønad i arbeidet med å betre kommunikasjonane,

- gå inn for ei kilometeravgift som ikkje skapar særlege vanskar for arbeids- og næringslivet i område som har lang veg til marknadene.

FLYTRAFIKK

VENSTRE vil

- arbeide for at det så snart råd er kjem i stand eit tilfredsstillande småflyrutenett i Sogn og Fjordane, Vesterålen og Lofoten og Finnmark og vurdere andre aktuelle område for småflytrafikk,

- gå inn for at dei prioriterte stamflyplassane straks må bli utbygde, og arbeide for at også Svalbard må få sin flyplass,

- arbeide for ei snøgg utgreiing av spørsmålet om ein storflyplass for Oslo og Austlands-området og seinare gå inn for ei utbygging som ikkje øydelegg trivselen og livsmiljøet i vedkomande strok

- arbeide for å senke billettprisane på lengre flyruter innanlands, som t. d. mellom Nord- og Sør-Noreg.

JARNVEGEN

Jarnvegen har ein viktig plass i transportsystemet. Det hastar med å fastlegge målsetting og utforme klåre retningsliner for verksemda. Ved rasjonaliseringa må det takast omsyn både til samfunnet og til personalet.

VENSTRE vil

- gå inn for at distriktspolitiske omsyn må telje med ved sida av reint økonomiske vurderingar. På lengre sikt vil det og kunne føre til betre driftsresultat.

- gå inn for at dei folkevalde organa må få seie si meining før det blir teke avgjerder i rasjonaliseringsspørsmål som gjeld nedlegging av jarnvegsliner eller stasjonar,

- arbeide for at jernvegsliner ikkje blir nedlagde før vedkomande distrikt er sikra andre og like gode kommunikasjonar,

- legge tilhøva til rette slik at meir av tungtrafikken kan overførast til jarnvegen m. a. ved samarbeid mellom trailertransport og jarnvegen, slik at ein kan sleppe den lite samfunnsøkonomiske dobbeltkjøringa ein har i dag,

- gjere dei kollektive transportmidlane mest mogleg tillokkande.

TELEFON OG TELEGRAF

VENSTRE vil

- gå inn for ei sterk utbygging og rasjonalisering av Televerket. Men distriktspolitiske omsyn må telje med ved sida av reint økonomiske vurderingar ved rasjonaliseringa.

- arbeide for større lokaltelefonområde og for at bruk av rikstelefon innan ein og same kommune snarast råd kan falle bort,

- halde fram med arbeidet for å jamne ut dei innanlandske telefontakstane med ei takstsone for heile landet som mål,

- arbeide for honnørtelefon til eldre og uføre.

POSTVERKET

VENSTRE vil

- gjere postgangen i bygdene betre og arbeide for at grisgrende strok må få postsamband kvar dag,

- arbeide for at dei lokale styresmaktene skal få meir å seie i rasjonaliseringsprosessen.

7. Arbeidstakar- og næringspolitikk

SYSSELSETTINGA

Utviklinga i sysselsettinga er karakterisert ved at ein mindre del av yrkesfolket arbeider i primærnæringane, ein etter måten like stor del i industrien og ein relativ auke i servicenæringane. Rasjonaliseringa og den snøgge teknologiske utviklinga vil truleg styrke desse tendensane og også føre til relativ nedgang i industrien. Hardare økonomisk konkurranseklima og endra tilhøve når det gjeld etterspurnaden vil sette store og veksande krav til omstilling i produksjon og yrkesliv. Dette vil igjen stille store krav til sysselsettingspolitikken vår.

VENSTRE vil

- at dei sosiale og menneskelege omsyn og omsynet til trivselen må ha stor vekt i arbeidsmarknadspolitikken,

- at omskolering av arbeidstakarar og vaksenopplæring må få høg prioritet, arbeidstakarane må kjenne seg trygge på at dei blir hjelpne gjennom omstillingsproblem og økonomiske påkjenningar som omstillinga fører med seg,

- at arbeidstakarane får betre høve til mobilitet,

- at bedriftene sin kjennskap til og kontakt med potensielle arbeidstakarar må aukast,

- at attføringsinstitusjonar og verna arbeidsplassar og anna høveleg sysselsetting må byggast ut med varierte arbeidstilbod,

- at arbeidsmarknadsorgana må få verkemidlar som kan settast inn når det oppstår press eller arbeidsløyse på arbeidsmarknaden eller på delar av han,

- at yrkesrettleiinga må byggast ut og sikrast kvalifisert personell med sikte på individuell yrkesorientering og rådgjeving, både for ungdom og vaksne,

- at dei arbeidspsykologiske kontora blir utbygde og sikra nok personell,

- påskunde ein personalpolitikk i bedriftene som tar sikte på å bygge ned det noverande skiljet mellom arbeidarar og funksjonærar,

- legge tilhøva til rette for auka deltaking i yrkeslivet for personar som ønskjer deltidsarbeid eller særleg tilpassa arbeidstid,

- at daginstitusjonar for born blir utbygde,

- gjennomføre skattereglar som ikkje legg hindringar i vegen for at begge ektemakar er med i yrkeslivet,

- styrke og betre arbeidsformidlinga og dei tenestene ho kan gi dei eldre, også omskolering og etterutdanning,

- få i stand ei ordning under arbeidsløysetrygda eller andre stønadsordningar som kan dekke perioden fram til pensjoneringa for eldre arbeidstakarar som ikkje finn seg nytt arbeid.

SAMARBEIDSFORMER I BEDRIFTENE

Arbeidstakaren sin føresetnad for å kunne vere med i avgjerdsleprosessen heng saman med korleis ein i heim, skole og fritidssysler er i stand til å legge grunnlaget for eit demokratisk samarbeid. Grunnlaget for ein demokratiseringsprosess i arbeidslivet er reformer innan utdanningssystemet. Ved å skape føresetnad for innverknad og medverknad i ein kvar livssituasjon, kan vi og legge grunnlaget for ei reflektert og grundig deltaking når vedtak blir gjort på arbeidsplassen.

VENSTRE vil

- at det skal settast i verk eit program slik at arbeidstakarane jamnt kan auke sin medverknad og sitt medansvar,

- at dette programmet skal omfatte skolering av arbeidstakarrepresentantar og forsøk med ymse former for medverknad i dei ymse slag bedrifter innan industri og servicetiltak og innan bedrifter med ymse storleik. Forsøksverksemda må og omfatte nye lønsformer.

- at forsøksverksemda innan både offentlege tiltak, statlege og private bedrifter snarast må følgjast opp av avtalar eller lovreglar som sikrar arbeidstakarane reell rett til medverknad, også i dei styrande organa i bedriftene,

- at informasjonsverksemda andsynes arbeidstakarane straks blir utbygt. Arbeidstakarane i den einskilde bedrift må få høve til å skipe ei bedriftsforsamling for alle arbeidstakarar i bedrifta. Informasjonsplikta andsynes bedriftsforsamlinga skal ordinært vere den same som andsynes ei generalforsamling. Bedriftsforsamlinga bør i hovudsaka ha ein kontrollerande funksjon.

- at bedriftsforsamlinga som ei prøveordning får høve til å velje eit råd som etter kvart skal få framlagt alle retningsliner for omfattande endringar i arbeidsrutinen, lønssystem, produksjonsomlegging, salgsplanar, investeringsplanar eller planar om innskrenkingar. Prinsippspørsmål som gjeld framtida for bedrifta eller tiltaket skal rådet kunne legge fram for bedriftsforsamlinga.

- at det bør vurderast å få i stand bransjeråd med representantar for arbeidsgjevarar, arbeidstakarar og politiske styresmakter som ankeinstans for bedriftsforsamlinga. Bransjeråd kan eventuelt nyttast som voldgiftsorgan.

- at forsøksverksemda med arbeidstakarane sin medverknad blir sett i gang og gjennomført parallelt med den offentlege utgreiinga som går føre seg.

SAMFUNNET OG ORGANISASJONANE

Venstre meiner at organisasjonsrett og organisasjonsfridom må bygge på ansvarskjensle. Dei politisk ansvarlege organ må respekterast som organ med endeleg og avgjerande myndigheit til å ta avgjerder.

Etablerte landsomfattande faglege organisasjonar som har avtale med Norsk Arbeidsgiverforening ber også kunne få rett til å vere med i tingingar for arbeidstakarar i statleg og kommunalt arbeid.

VENSTRE vil

- at alle faglege organisasjonar må ha rett til å ta politiske standpunkt og gå inn for desse. Dei aller fleste sakene organisasjonane handsamar, har politiske sider. Men det strir mot politisk fridom at personar eller grupper ved fleirtalsvedtak blir knytte til eit politisk parti. Etter Venstres skjøn bind dette også organisasjonane på ein uheldig måte.

INNTEKTSPOLITISK SOLIDARITET

Ein vesentlig del av inntektsfordelinga i samfunnet i dag blir avgjort ved frie tingingar mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane. Venstre meiner at prinsippet om fri tingingsrett og streikerett er riktig, og at vi som hovudregel bør ha det målet at lønsspørsmål blir løyste i ubundne tingingar mellom partane.

VENSTRE vil

- at dei politiske styresmaktene må ha høve til å gripe inn i situasjonar der tingingar ikkje fører fram og der ein maktkamp vil påføre andre grupper urimelege skadar. Dette bør og vere mogleg i situasjonar der usemje mellom partane gjeld mindre vesentlege generelle inntektsjusteringar. Nårtvisten gjeld prinsipp-spørsmål om metodar og organisering i den einskilde bedrift eller innan eit forbundsområde, bør styresmaktene så langt råd er halde seg frå å gripe inn.

- gå inn for samordna oppgjer når det gjeld spørsmål om generell heving av lønsnivået, dette m. a. for å halde lønskostnadene i eit rimeleg høve til bedriftene si bæreevne. Venstre ønskjer å føre vidare det inntektspolitiske utgreiingsarbeidet med eit fast utgreiingsorgan tilknytt Riksmeklingsmannen.

- at det bør opprettast eit låglønsråd som gjer framlegg til regjering og storting om retningsliner til å løyse låglønsgruppene sine problem som det har synt seg vanskeleg å løyse ved tariff-tingingar.

LANDBRUKET

Venstre vil føre ein politikk med det mål å sikre harmonisk og livskraftig busetnad i bygdene, rasjonell utnytting av naturressursane og akseptable forsyninger ved eventuell avsperring. Også på grunn av matvaremangelen i verda er det naudsynt å ta vare på dei norske landbruksressursane. Eit sterkt rasjonelt og lønsamt landbruk der det er mogleg for dei unge å ta over bruka på eit sunt økonomisk grunnlag, er etter Venstres syn ein avgjerande føresetnad for å nå dette målet.

VENSTRE vil

- bygge vår landbrukspolitikk på dei målsettingane som vart vedtekne av Stortinget våren 1965 og på eit intimt samarbeid med dei faglege og økonomiske landbruksorganisasjonane,

- verne dei produktive areala som naturgrunnlag for jord-, hagebruk- og skogbruksnæringa i framtida. Arbeidet med arealdisponeringsplanar etter bygningslova må framskundast, og gjennom vedtekter må vi sikre oss at planane blir fylgde. Der det trengst, må kommunane få turvande økonomisk og teknisk hjelp til planleggingsarbeidet, som må gjennomførast i samarbeid med grunneigarorganisasjonane og faginstansene innan den offentlege administrasjonen.

- fremje ein meir tenleg bruksstruktur i landbruket der ein er fullt klår over at dei små bruka har ein viktig funksjon når det gjeld å sikre busetnadsmønstret. Både målsetting og tiltak i strukturpolitikken må tilpassast tilhøva i dei ymse distrikt. Etter Venstres syn må det bli lagt stor vekt på ei slik regional differensiering av strukturpolitikken. Realistiske distriktsplanar bygde på koordinert bruk av våre innmarksareal, skogareal og andre utmarksareal som tar omsyn til busetnad og vilkåra for yrkeskombinasjonar vil vere tenlege midlar til å sikre ei harmonisk utvikling. Prisutviklinga på jord- og skogeigedomar må kome under kontroll, m. a. ved målmedveten og rasjonell bruk av konsesjonslovene.

- at Odelslova må reviderast. Jordadministrasjonen må få dei økonomiske verkemidla som er naudsynte m. a. for å kunne kjøpe opp eigedomar for seinare bruk til rasjonaliseringsføremål. Jord og skog i offentleg eige må nyttast i strukturrasjonaliseringa der tilhøva ligg til rette for det.

- arbeide for å styrke og koordinere dei stønadsordningar som tar sikte på utbygging av det einskilde bruk. Så langt råd er, må ein legge til grunn ein langsiktig utbyggingsplan for bruk, bygt på ei avbalansert utnytting av tilgjengelege ressursar og med individuell prioritering av utbyggings- og stønadstiltak.

- sluttføre arbeidet med konkretisering av inntektsmålsettinga i 1965 og revurdere dei inntektspolitiske tiltaka som denne generelle målsettinga bygger på, særleg med vekt på busetnadsstrukturen. Så langt råd er, vil vi freiste å unngå at tiltak med sikte på direkte inntektsstønad motverkar den meir langsiktige utbygging og rasjonalisering av næringa.

- gå inn for at det blir lett tilgjenge til tidhøveleg fagopplæring. Rettleiingstenesta må bli meir effektiv ved at ho så langt råd er blir avlasta for administrative oppgåver og ved at ho blir koordinert med den rettleiingstenesta landbruksorganisasjonane driv. Forsøk og forsking må byggast ut og resultata presenterast på ein slik måte og i ei slik form at dei snøgt kjem til nytte i det praktiske landbruk. Distriktsveterinærordninga må ordnast slik at husdyrbruket kan vere sikra den naudsynlege service.

- legge stor vekt på ei avbalansert produksjonsutvikling i jordbruket med avgrensa bruk av importert kraftfôr og med så stabile produktprisar som mogleg. Vi vil ikkje tolerere ei utvikling som fører til at dei kraftfôrkrevjande husdyrprodukta blir produserte i industriell skala. Tilhøva må leggast til rette for ei effektiv utnytting og regulering av den innanlandske maknaden og for eksport.

- arbeide for auka skogproduksjon m. a. ved utvida skogsvegbygging og ved å fremje skogreising og skogkultur. Problemet med underavverking må takast opp til grundig analyse med sikte på å klårlegge årsakene og finne fram til effektive botemidlar. Transportsystemet må byggast ut og skogiindustrien leggast opp rasjonelt, slik at dei distrikta som ligg vanskeleg til blir sette i stand til å konkurrere på verdsmarknaden.

- fremje utnytting av utmarksareal til friluftsliv og turisme ved å legge tilhøva til rette for meir systematisk planlegging og for samarbeid mellom grunneigarane.

REINDRIFT OG ANDRE TILHØVE I SAMISKE BUSETNADSOMRÅDE

Trass i arbeidet med både indre og ytre rasjonalisering i reindrifta er det truleg at ein stor del av det folket som i dag er knytte til reindrifta, særleg i Finnmark og indre Troms, må skaffast anna sysselsetting.

VENSTRE vil

- gjennom beitegranskingar og beiteforsking arbeide for å få eit oversyn over kor mykje rein dei ymse reinbeitedistrikta kan tåle,

- bygge opp ei effektiv rettleiingsteneste i så stor mon som mogleg rekruttert av folk innan næringa som gjennom utdanning prøver å kvalifisere seg som rettleiarar

- styrke forskinga, undervisninga, forsøks- og prøveverksemda med reindrift,

- arbeide for å få ei effektiv indre organisering av reindrifta gjennom samvirke mellom yrkesutøvarane,

- arbeide for ei meir rasjonell utnytting av beiteplassane,

- gjere tilhøva betre for arbeidsrasjonalisering ved investeringstilskot til tekniske anlegg, som gjerde, hytter, snøscootarar, slakteanlegg m. m. samt med sterk innsats i utbygging av vegnettet,

- styrke inntektsgrunnlaget både for reindriftsutøvarane og folket elles gjennom stønadstiltak for slakteriutbygging, produktutvikling og effektiv omsetning av reinkjøtt med biprodukt og skinn,

- arbeide for at reindriftsamar frå fylte 60 år kan få førtidspensjonsordning.

VENSTRE vil vidare:

- arbeide for nye reglar for forvaltning og utnytting av naturressursane, som molteplukking, jakt og fiske, på statens eigedomar i Troms og Finnmark, slik at dei i større mon enn no kan kome folket i vedkomande kommune til gode,

- stimulere til auka produksjon og omsetning av heimeyrkeartiklar i dei samiske områda, slik at næringsgrunnlaget kan styrkast på den måten og,

- arbeide for auka utdanningstilbod til den delen av folket som vil søke arbeid ved Biddjovagge og ved skiferindustrien som ein prøver bygge ut i desse områda,

- arbeide for at utbygging av undervisningstilbodet i sameområda skal halde fram,

- styrke språkundervisninga og undervisning i samisk kultur og i historie,

- syte for å få bort økonomiske hindringar for å nytte eit utvida utdanningstilbod.

PELSDYRNÆRINGA

VENSTRE vil

- styrke pelsdyrnæringa gjennom auka forsking og undervisning og med at det framleis blir gitt offentleg stønad til utbygging av fôrkjøkken og pelsingssentralar som tilfredsstiller dei naudsynte hygieniske krav.

FISKERIA

Fiske og fangst er avgjerande for busetnaden langs kysten vår. Fiskeria er ei viktig valutakjelde for landet og yter eit teljande tilskot til matvareproduksjonen i verda. Det er difor viktig å halde denne næringa oppe og å gi næringa høve til å utvikle seg vidare. På grunn av ei mengd spesielle faktorar, frå variasjonar i naturgrunnlaget til politiske vanskar på marknadene, og ikkje minst på grunn av utilstrekkeleg forskingsinnsats og opplæring, har fiskeria hatt og vil framleis få store vanskar å slite med. Integrering, forsking, undervisning og produktutvikling er heilt vesentleg i arbeidet med å staibilisere og trygge næringa.

VENSTRE vil

- bygge fiskeripolitikken på dei målsettingar som er dregne opp i hovudavtalen for fiskeria og på eit intimt samarbeid med dei faglege og økonomiske organisasjonane,

- halde på ein spreidd eigedomsstruktur med førsterett for den aktive fiskaren til å eige båt og bruk,

- stimulere til effektivt samarbeid mellom dei ymse einingar og ledd i næringa, med rasjonell utbygging og moderne produktutvikling som mål.

- arbeide for at fiskarorganisasjonane, fisketilverkarane og eksportørane i samarbeid med staten utviklar mest mogleg sentraliserte organ for marknadsføring og eksport. Også den innanlandske marknadsføringa må effektiverast.

- ta eit krafttak for forskings- og undervisningsektoren i næringa med å styrke og supplere dei verkemidla vi i dag rår over, og med nye tiltak som fiskerihøgskole, høveleg undervisning på distriktshøgskoleplanet, med omlegging og modernisering av undervisninga ved fiskarfagskolane og med å bygge opp ei effektiv opplæring i tilvirke og foredling. På den måten vil vi og styrke rekrutteringa til næringa.

- aktivt stø arbeidet med å kome fram til reguleringsformer med sikte på ei rasjonell skattlegging av fiskeførekomstane både i våre eigne farvatn og i internasjonale farvatn. Dette er turvande både for å kunne auke den delen av fiskesetnaden som no er skattlagt for høgt og sikre oss mot at det på nytt blir for høg skattlegging,

- styrke rettleiingstenesta både på havet, m. a. ved betre fiskeleiting og meir effektiv informasjonsteneste, og i land m. a. med fiskerisekretærar i fiskerifylka,

- ta opp til vurdering kvalitetskontrollen av fisk og fiskeprodukt og dei hygieniske reglane som gjeld for fiskeproduksjon ombord og i land,

- gå inn for forsking med det mål å nytte ut meir av fisken til menneskeføde slik at ein kan auke proteininnhaldet i den maten som finst i verda,

- tilpasse dei ålmenne kredittreguleringane til dei særskålde krava som gjeld i fiskeridistrikta og dei krava som ei naudsynleg utbygging av denne næringa set.

- arbeide for at staten i større mon enn til no medverkar med lånekapital for å modernisere og bygge ut produksjonsanlegga på land,

- arbeide for at Statens fiskarbank skal ha til oppgåve å gi aktive fiskarar høve til å vere med i utviklinga av fiskeflåten også når det gjeld dei største einingane,

- at styresmaktene planfast må freiste å regulere veksten og fornyinga av fiskeflåten vår, slik at ikkje tronge og kortsiktige syn på lønsemda åleine avgjer utbyggingstakten i fiskeflåten,

- arbeide for at offentlege stønadstiltak til fiskerinæringa er med på å fremje ei rasjonell utvikling innan næringa og at det må gjennomførast ei kondemneringsordning for gamle og uhøvelege fiskefarty,

- vurdere om det er mogleg å opprette eit eige fiskerivitskapleg forskingsråd,

- arbeide for å få løyst spørsmålet om ei eiga ferieordning for fiskarane,

- arbeide for folkepensjon for fiskarar frå 65 år med tilsvarande senking av aldersgrensa for den særlege fiskeripensjonen. Forskingsarbeidet som omfattar dei særlege helseskadane fiskarane er utsette for, må styrkast.

- gjere framlegg om ei utbygging og effektivisering av sjøbergingstenesta m. a. ved ei samordning med bergingstenesta i andre land.

HAMNEUTBYGGING

VENSTRE vil

- gå inn for å bygge dei naturlege fiskerihamnene betre ut. Dette blir stadig meir påtrengande etter kvart einingane aukar i storleik, og det blir difor også turvande å gå inn for ei viss prioritering av desse tiltaka til hamner der fiskeflåten har sine naturlege utrustningsstader og leveringsbasar.

- arbeide for å få bort nokre av dei farlegaste «flaskehalsane» i skipsleia langs kysten. Midla til desse utbedringane må ikkje gå av hamnekvotane til fylka, men må løyvast direkte over statsbudsjettet, då slike arbeid vil kome all skipsfart langs kysten til gode.

- gå inn for at dei midlane Trafikkavgiftsfondet har, fullt ut må kome trafikkhamnene til gode.

SKIPSFART

Skipsfarten er i dag inne i ein sterk omstillingsprosess, som også skapar nye menneskelege problem for dei yrkesutøvarane som er knytte til næringa. Det blir stilt nye krav til ytterlegare rasjonalisering og effektivisering av driftsmidla. Det er eit påtrengande behov for omlegging og utbygging av undervisningsmetodar og -system innanfor næringa, og det er eit klårt behov for å styrke forskinga som gjeld skipsfarten. Styresmaktene si oppgåve blir å vere meir aktivt med og hjelpe til i denne omstillingsprosessen, slik at norsk skipsfart kan gjennomføre den tilpassinga som er turvande og slik at yrkesutøvarane i denne næringa har tryggleik på arbeidsplassen.

VENSTRE vil

- gi skipsfarten arbeidsvilkår som styrker konkurranseevna,

- arbeide for sams konkurransevilkår internasjonalt og motarbeide systemet med skipsregistrering i såkalla «billege land»,

- bygge ut og styrke den offentlege velferdstenesta for sjøfolk og sikre at sjømannskyrkjene og sjømannsmisjonen arbeider under trygge økonomiske kår,

- at både almennutdanninga og den spesielle opplæringa for sjømannsyrket blir lagt opp slik at utøvarane av sjømannsyrket både blir i stand til å tilpasse seg endringar innan næringa og at deira yrkesbakgrunn også gjer det mogleg for dei å gå over i eit anna yrke om dei ønskjer det,

- at sjøfolka og får ei studieordning som ikkje berre gir høve til å lese seg fram til eksamen på eiga hand, men at sjøfolka våre og får høve til å ta eksamenar i hamner som passar utan at dei må mønstre av, og at eksamenar kan takast i etappar,

- arbeide for ein betre og meir effektiv kontakt mellom sjøfolk i utanriksfart og vårt eige land ved å lette kåra for seglande mannskap m. a. med gunstige ferieordningar og ved at det blir gitt særlege reisetilskot til ektemakar og born. Dette bør skje på ein slik måte at det blir lagt stor vekt på omsynet til borna.

- sikre sjøfolka og familiane deira betre tilgang på bustader, gjennomføre endringar i husmorvikarordninga slik at dei spesielle behov sjømannsfamiliane har for hjelp kan stettast,

- styrke helse- og sosialtenesta for sjøfolk,

- arbeide for ei meir effektiv avis- og postsending til norske skip i utanriksfart og for eit betre kortbølgjesamband,

- arbeide for tiltak som kan betre dei sosiale og økonomiske kåra for utanlandske sjøfolk på norske skip,

- gå inn for eit internasjonalt samarbeid for å skape betre og trivelegare kår for sjøfolk i dei store hamnebyane,

- gå inn for at tilskotet fra staten til sjømannstrygda blir auka, slik at sjømannstrygda kan kome på høgd med andre trygde- og pensjonsordningar.

INDUSTRI OG HANDVERK

I industripolitikken i framtida må det takast omsyn til det store verdet industrien har for norsk økonomi. Kravet om full sysselsetting og høgre levestandard kan ikkje oppfyllast dersom konkurranseevna blir veikare. For å sikre at den økonomiske veksten skal halde fram må det førast ein politikk som legg tilhøva til rette for dei industri- og handverkbedrifter som kan greie seg og som ekspanderer, og for nye bedrifter som blir etablerte.

Fleire av dei konkurransemessige føremonene vi hadde tidlegare til å konkurrere, som rimeleg tilgang på kraft og innanlandske råstoff, blir borte. Meir enn før blir det difor turvande å vurdere kontinuerlig om dei ymse økonomiske verkemidla, som kredittpolitikken, skattepolitikken og næringslovgjevinga, blir nytta på den mest rasjonelle måten, og fører til at ressursane blir fordelte slik det er ønskjeleg. Det offentlege må føre effektiv kontroll med dei pris- og konkurranseregulerande avtalar som blir inngått. Konkurransen mellom bedriftene må gå føre seg på en måte som er forsvarleg for samfunnet, og slik at internasjonale monopoltendensar ikkje medfører at norske interesser blir sette til sides.

VENSTRE vil

- gå inn for at innsatsen frå det offentlege i forsking og produktutvikling blir meir intens og samordna med den private innsatsen. Det offentlege må i særleg mon syte for at mindre bedrifter gjennom forsking og samarbeid får høve til å dra nytte av tekniske framsteg og nye produksjonsmåtar, m. a. ved ei utbygt konsulentteneste.

- at staten bør vere meir aktivt med i forsking som kjem industrien til nytte, ved planmessig plassering av forskingskontraktar og utviklingsarbeid i industrien, og stimulere til at nye tiltak blir sette i verk

- freiste å legge tilhøva til rette gjennom skattetiltak som aukar eigenkapitalen i bedriftene, då det må takast omsyn til at hardare konkurranse fører til behov for kapital og finansiering av leverandørkreditt, forsking, produktutvikling, marknadsføring m. m., som vanskeleg kan dekkast ved lån,

- at omlegginga til meir indirekte skattlegging og utforminga av reglane for direkte skattar til stat og kommune må skje på ein måte som medverkar til at investering og utbygging av næringslivet blir gjennomført så rasjonelt som råd er,

- at avskrivingsreglane må utformast slik at dei blir enklare og betre kan tilpassast dei snøgge omstillingane og dei nye metodane som det moderne produksjonslivet krev. Avskrivingsreglane bør gjerast betre for mindre bedrifter, slik at desse så sant det er råd får same avskrivingsavgang som større bedrifter. Ein bør vurdere å lempe på reglane om at avsettingar til investeringsfond og andre fondsavsettingar fullt ut skal bindast i Norges Bank.

- at tilhøva må leggast til rette slik at bankar og institusjonar kan dekke lån til investeringar m. m. som står i rimeleg høve til produksjonsbehov og evne til å tene dei inn. Særleg vil det vere viktig å auke tilgangen på langsiktig lånekapital til lønsame industriprosjekt,

- at ein ved tiltak som det offentlege tar initiativ til, må freiste å dekke kredittbehovet til utgifter til marknadsføring og andre eksportfremjande tiltak, strukturrasjonalisering, forsking m.m. Ordninga med statlege eksportgarantiar bør byggast ut.

- tilføre handverk og småindustrifondet og fondet for nye industritiltak midlar til finansiering av ei høveleg utbygging av næringslivet i distrikta,

- bygge ut yrkesskolane for å skaffe kvalifisert arbeidskraft og for å få opplæringsinstitusjonar som kan gi undervisning i handsaming av elektroniske maskinar og anna moderne teknisk utstyr,

- gå inn for ei betre og utvida bedriftsøkonomisk utdanning,

- gå inn for at det blir sett i verk nye tiltak som gjer det lettare for kvinner å få yrkesarbeid i industrien

- at det blir vurdert om bedriftene bør få høve til sjølv å utdanne dei tilsette ved at det blir gitt høve til skattefrie avsettingar til fond for opplæringsføremål,

- at det offentlege ved grunnlagsinvesteringar legg tilhøva til rette til reising av ny industri utover i landet. Skattepolitikken må kunne nyttast som eit verkemiddel i distriktsutbygginga,

- betre kåra for lærlingane.

KRAFTUTBYGGING

Investering i utbygginga av elektrisk kraft må ein sjå i samanheng med prioritering av ressursane våre.

VENSTRE vil

- ta initiativet til å få utarbeidd ein landsplan der kraftutbygging og naturvern blir vurdert i samanheng,

- at utbygginga skal gå føre seg på ein økonomisk forsvarleg måte,

- at planlegginga av atom- og varmekraftanlegg blir påskunda,

- at nye vasskraftanlegg og utbygginga av stamlinenettet må passe inn i utbygginga i framtida,

- at kraftprisen må endrast i samsvar med dei verkelege kostnadene for elektrisk kraft når det blir gitt konsesjon til kraftindustri,

- at det blir lagt stor vekt på at naturherlegdomane ikkje blir øydelagde i samband med utbygginga av vasskrafta og at vi må tenke nøye over kva nasjonale og økonomiske verdiar naturen kjem til å representere i framtida,

- at det blir tatt avgjerande omsyn til korleis kraftutbygginga vil verke inn i dei lokalsamfunna der utbygginga går føre seg,

- at ein må sjå utbygginga av vasskrafta i sammanheng med dei moglege drivverdige førekomstane av olje og gass på norsk område i Nordsjøen,

- at drivverdige førekomstar i Nordsjøen helst blir førde i land i Noreg.

VAREHANDEL

Den snøgge produksjonsauken gjer at marknadsføring og sal etter kvart blir viktigare. Sysselsettinga i varehandelen aukar tre-fire gonger sterkare enn i samfunnet i det heile.

VENSTRE meiner

- at det er påkravt at tilhøva blir lagde best mogleg til rette for yrkesutdanning i handelen,

- at vi gjennom regionalpolitikken må sikre plassering av butikksentra o. l. slik at vi ut frå eit samfunnsyn får gode løysingar,

- at eit godt samspel mellom større einingar og mindre spesial- og nærleiksbutikkar vil trygge ein så sterk konkurranse som råd er og eit variert varetilbod til forbrukarane. Det er difor i samfunnet si interesse å stø dei mindre, sjølvstendige einingane i handelen gjennom auka tilføring av kapital og konsulentverksemd.

TURISME

Landet vårt byr på gode vilkår for reiseliv og turistnæring. Arbeidet med å nytte ut vilkåra må sameinast og styrkast:

VENSTRE vil

- gi reiselivsorganisasjonane stønad til utbygging av verksemda,

- stø reising av gode og rimelege herberge, fjellstover, hotell og campingplassar,

- medverke til at feriane blir spreidde til føremon både for reiselivsnæringa og for bedriftene elles

- gi stønad til turistforeningar og andre som på ideelt grunnlag arbeider for auka friluftsliv og styrkande feriereiser,

- stimulere til vern om naturen, m. a. ved artiktektonisk rettleiing, slik at hotell, hytter o. l. høver godt inn i norsk natur, fjellterreng og byggetradisjonar.

FORBRUKARANE

I det moderne samfunnet blir forbrukarane utsette for sterk påverknad gjennom ymse media. For å gjere eit rett val er det viktig å ha opplysningar om den einskilde varen og viktig at forbrukarane er pris- og kvalitetsmedvetne.

VENSTRE vil

- arbeide for at resultat frå forskinga kan koma ut til forbrukarane snøgt og sikkert

- at skole, radio og fjernsyn legg vekt på sakleg forbrukarinformasjon,

- auke nytten av varefakta og varedeklarasjonar og legge større vekt på kontrollerande tiltak

- arbeide for fleire undersøkingar og forbruk og for å få i stand eit internordisk samarbeid på dette området

- få vurdert korleis det ligg til for å opprette regionale råd som kan tene som klage- og serviceinstitusjon for forbrukarane,

- særleg arbeide for auka opplysning om sammensettinga av kosten og kva han har å seie,

- få greidd ut kva verknader reklamen har.

8. Utdannings-, forskings- og kulturpolitikk

UTDANNING

Skolen si sentrale oppgåve er å hjelpe den einskilde til å sette ut i livet sine evner og interesser. Kvar og ein skal få hjelp til å skjøne og oppleve sitt eige og andre sine verd. Kunnskap, innsikt, engasjement, evne til kritisk tenking og til samarbeid er turvande dersom vi skal kunne styre utviklinga og samarbeide i eit demokratisk samfunn.

Kunnskapar blir lett forelda. Dette skapar behov for kontinuerleg justering av skolefaga og det kunnskapstilfang som skal bli gitt i det einskilde fag. Utdanning høyrer ikke berre barne- og ungdomstida til. Livslang læring må bli eit grunnleggande prinsipp.

Eit sentralt krav er sams verd mellom skoleslaga og høve til utdanning for alle utan omsyn til evnenivå, interessefelt, bustad, økonomi og alder. All ungdom må sikrast bustad og ein rimeleg økonomi under utdanninga. Ordninga med bortebuarstipend må byggast vidare ut, og ein må arbeide for å gjere slutt på behovsprøvinga for å få studielån.

Forsøksverksemda og det pedagogiske utviklingsarbeidet bør intensiverast og også omfatte undervisninga i fådelte skolar. I åra som kjem bør forsøksverksemda meir enn til no samle seg om det indre livet i skolen. Forsøksverksemda bør så langt råd er tilfredsstille vitskapelege krav. Lærarane bør difor og få utdanning som omfattar forsøksverksemd og få slike arbeidsvilkår at dei på ein forsvarleg måte kan gjennomføre dette. Våre pedagogiske forskingsinstitutt må styrkast, og ein bør ta sikte på å knyte pedagogisk-metodisk forsking til fleire av våre lærarutdanningsinstitusjonar.

Den einskilde skolen bør stillast friare i val av pedagogisk opplegg.

Elevar og studentar bør mest mogleg vere med og diskutere, avgjere og ta ansvar for ting som gjeld dei dagleg. I alle vidaregåande skolar og ved universiteta og høgskolane bør det gjennomførast grunnleggande reformer som kan gi elevar og studentar reell innverknad og medavgjerdslerett. Ansvaret for skoleaviser må utan sensur ligge hos elevane. Samarbeidet mellom heim og skole må bli styrkt. Foreldra og deira organ bør og få større innverknad og medavgjerdslerett.

Det må finnast fram til ei betre ordning med autorisasjon av læremidlar. Det bør koma i stand ei stipendordning for lærarar som ønskjer å lage lærebøker. Det må bli sett meir inn på å utvilkle norske læremidlar.

Skolane må byggast økonomisk rasjonelt og fleksible, slik at dei høver til nye undervisningsformer og til elevgrupper med ymse storleik. Dei må høve for ulike elevkategoriar som ymse grupper funksjonshemma. Skoleromma bør stillas til rådvelde for elevar og organisasjonar utanom skoletida.

FØRSKOLEKLASSAR

VENSTRE vil

- stimulere til fleire forsøk med førskoleundervisning og auke utbygginga av førskoleundervisninga for 6-åringar med det mål at det kan bli eit generelt tilbod om førskoleopplæring. Førskoleundervisning for 6-åringar bør leggast til grunnskolen.

- få i stand eit betre samarbeid mellom skole barnehage og heim når det gjeld å utvikle moglege førskolesysler.

GRUNNSKOLEN

VENSTRE vil

- arbeide for at alle kommunar så snart råd er gjennomfører 9-årig grunnskole og at det blir tatt strengt omsyn til busetnadsstrukturen når ein planlegg plassering av skoleeiningane,

- arbeide for at vi gjennom forsking og forsøk kan kome fram til eit godt skoletilbod for samisktalande elevar med undervisning i samisk språk, kultur og historie og vidare at det blir sytt for nok utdanning av kvalifisert undervisningspersonale i denne delen av skoleverket

- arbeide for at elevar med finskspråkleg bakgrunn kan få undervisning på finsk,

- gå inn for at ein mykje meir nyttar standardiserte og fleksible skolebygg,

- at det ikkje bør vere meir enn 25 elevar i kvar klasse og at det blir godt høve til undervisning også i mindre grupper,

- gjere framlegg om at elevar i grunnskolen får ha lærebøkene sine

- bygge ut skolerådgjevingstenesta, som ved sida av hjelp med utdanningsval og må ta opp menneskelege problem,

- arbeide for at born som har eit handikap må få opplæring så tidleg som mogleg før skolepliktig alder og at undervisninga av funksjonshemma så langt råd er blir integrert i den ordinære grunnskolen,

- snarast råd er bygge ut den spesialundervisning som trengst og syte for nok utdanning av kvalifisert undervisningspersonale,

- gi dei som av psykiske grunnar fell utanfor, den hjelp og dei undervisningstilbod som dei har krav på,

- gi yrkesorienteringa ein brei plass,

- hevde at grunnskolen skal gi solid opplæring i faget kristendomskunnskap. Det er mykje viktig at undervisninga i dette faget blir styrkt, slik at ho engasjerer elevane. Skolen må ha for auge at elevane sjølve skal velje livssyn og må difor og gi orientering om andre religionar og livssyn.

- styrke det globale perspektivet i samfunnsfaga,

- styrke undervisninga i økologi, d.v.s. miljøproblema i naturen,

- styrke kroppsøvingsfaget fagleg og pedagogisk,

- arbeide for eit betre læretilbod for dei elevane i grunnskolen som har evner i praktisk lei.

UTDANNINGSTILBODET FOR 16 - 19 ÅRSGRUPPA

Venstre ser det som særs viktig å få gjennomført grunnleggande reformer i vårt vidaregåande skoleverk med det mål å gi også denne delen av utdanningsverket ein karakter av einskap. Samstundes må vi sikre oss at vi kan gi eit tilfredsstillande utdanningstilbod for alle i 16 19 årsgruppa. Difor må særleg alle former for praktisk utdanning få høgre prioritet.

VENSTRE vil

- sjå skoletilboda for aldersgruppa 16 19 år under eitt og freiste å finne fram til eit rommeleg og fleksibelt skolemønster som bygger på prinsippet om einskap, og som samstundes stettar individuelle behov,

- ta sikte på eit friviljug skoletilbod på 1-, 2- og 3 -års kurs med høve til overgang og slik at det blir høve til eit fjerde repitisjonsår eller suppleringsår. Systemet må gi både yrkesutdanning og vidare ålmennutdanning, samstundes som det er førebuande til studium,

- arbeide for omfattande forsøksverksemd som dekker dei skoletilboda vi har i dag for denne aldersgruppa og nye kurs og liner som kan bli turvande,

- bygge ut det skoletilbodet vi har i dag for denne aldersgruppa innanfor ramma i eit slikt system,

- å sikre dei funksjonshemma høve til utdanning etter grunnskolen

- i den nye høgre skolen legge større vekt på at elevane kan utvikle seg til sjølvstendige tenkande menneske, til individ som kan orientere seg fritt, vurdere sakleg og kritisk og handle og samarbeide med omsyn til andre og med ansvar for framtida.

FOLKEHØGSKOLEN

VENSTRE vil

- halde oppe folkehøgskolen som ein frittståande skole utan eksamen,

- gi folkehøgskolen gode arbeidskår og økonomisk grunnlag til utbygging og modernisering.

LÆRARUTDANNING

VENSTRE vil

- sterkt presisere behovet for ei ny lærarutdanning som er føremålstenleg ut frå struktur, innhald og målsetting for grunnskolen,

- at det blir gjennomført ei ny lov om lærarutdanning,

- ha som mål å utvide lærarutdanninga til tre og fem år,

- styrke lærarutdanninga slik at det m. a. blir plass til meir pedagogikk og fagmetodikk. Særleg for lærarane i ungdomsskolen, må krava til den faglege sida av utdanninga bli større.

- styrke fag- og yrkeslærarutdanninga og bygge ut barnehagelærarutdanninga på line med annan lærarutdanning,

- at ein til kvar tid vurderer kapæsiteten i lærarutdanninga. Ved reising av nye lærarskolar må dei fylke som no ikkje har lærarskole prioriterast.

- finne fram til eit tilfredsstillande system for fordeling av spesialutdanninga på universitet, lærarhøgskolen, faglærarskolane og dei einskilde lærarskolar,

- gjere lærarutdanninga meir til eit studium,

- arbeide for å samordne ymse slag lærarutdanning,

- at all lærarutdanning som gir kompetanse til offentleg skole skal gå føre seg ved offentlege institusjonar.

FORSKING OG HØGRE UTDANNING

VENSTRE vil

- verne om universiteta og høgskolane si bundne stilling i samfunnet,

- styrke den stilling studentane og tenestemennene har i dei avgjerande organa ved universitet, høgskolar og forskingsinstitusjonar,

- gå inn for eit samla og prioritert program for auka løyvingar til utbygging av forsking og høgre utdanning,

- at høvelege organ eller råd blir sette i stand til å hjelpe til med slik prioritering og at dei dessutan kan hjelpe regjering og storting når det gjeld utbygging av nye og eksisterande høgre lærestader,

- ut frå desse vilkåra gi dei einskilde lærestadene større økonomisk sjølvråderett,

- gå inn for ei organisert forskarutdanning,

- arbeide for at norsk forsking og høgre utdanning kan oppretthalde ein standard som gjer det mogleg å halde fram med internasjonalt samarbeid på dette området,

- prioritere dei forskingsprosjekta som særleg verkar inn på mennesket sin situasjon, som gransking av menneskelege læreprosessar og betring av dei underpriviligerte gruppene si stilling i samfunnet,

- opprette distriktshøgskolar for høgre yrkesutdanning, førebuande universitetsutdanning og ei rekkje oppgåver i vaksenopplæringa,

- at innhaldet i forsking og undervisning ved distriktshøgskolane må fastsettast etter distrikta sine eigne behov. Dei må legge vekt på å gi innsikt i næringsgrunnlaget i lokalsamfunna, deira samfunnsproblem og kulturtradisjon. I denne samanhengen er det viktig at vi også tar omsyn til bygdemiljøa når distriktshøgskolar skal plasserast.

VAKSENOPPLÆRINGA

Etterutdanninga og vaksenopplæringa vil i åra framover bli ein enno viktigare del av utdanningsverket. Det må arbeidast mykje med utforminga av eit tilfredsstillande system for denne delen av utdanningsverket.

VENSTRE vil

- gå inn for ei utgreiing av spørsmålet om den plassen vaksenopplæringa skal ha i utdanningsverket i framtida,

- at undervisninga skal bli gitt av dei organa som har dei beste føresetnadene for å løyse dei både fagleg og pedagogisk,

- arbeide for godt samarbeid og høveleg fordeling av oppgåvene mellom det offentlege skoleverket, folkeuniversitetet, arbeidslivet og yrkesorganisasjonane, opplysningsorganisasjonane, arbeidskraftmyndigheitene, brevskolane og radio og fjernsyn.

PRIVATSKOLAR

VENSTRE vil

- at private skolar som fyller dei krava til fagleg nivå og lærarkompetanse som skolelov og undervisningsplan set og som dekker eit behov, skal få statsstønad etter faste retningsliner.

UNGDOMS- OG IDRETTSARBEID

VENSTRE vil

- gå inn for å få gjennomført ein grundig analyse av den situasjonen ungdomen er i i dag med det mål å legge tilhøva best mogleg til rette slik at ungdomen kan få betre fritidskår i framtida,

- at fritidstilbodet må gjelde alle born og all ungdom og gjelde alt frå den første skolealderen,

- gå inn for at ein får oppretta kommunale ungdomssentra på alle større bustadsenter i landet med eit variert tilbod for fritidssysler for ungdommen, auke stønaden til det friviljuge ungdoms- og idrettsarbeidet med særleg vekt på opplæring av ungdomsleiarar og på bygging av idrettsanlegg og fritidsrom,

- arbeide for at idrettsutøvarar og lærarar må bli tekne med på råd når idrettsanlegg skal planleggast,

- at ungdomen sine eigne organisasjonar må få større innverknad på fordelinga av dei midla som blir løyvde til ungdomsarbeid,

- legge stor vekt på å legge til rette fritidssyslar for den ungdomen som ikkje er organisert,

- arbeide for at skoleromma blir stilt til rådvelde for organisasjons- og hobbyverksemd av ymse slag,

- opprette eigne ungdomsutval på fylkesplanet til å samordne ungdomarbeidet i fylka,

- stimulere internasjonal ungdomsutveksling med auka løyvingar til nasjonale og internasjonale organisasjonar som driv kontakt- og utvekslingsarbeid av ymse slag tvers over riksgrensene,

- føre ein idrettspolitikk med tilbod til alle aldersgrupper.

KYRKJA OG DET RELIGIØSE LIVET

Eit grunnleggande drag i eit fritt samfunn er den rett samfunnsmedlemmene har til å utøve sin religion og til sjølve å velje kva trussamfunn dei vil høre til. Religionsfridomen må for kvar einskild føre med seg retten til religionsdyrking utan risiko for diskriminering av noko slag.

VENSTRE vil

- gå inn for at det blir sett ned ein allsidig samansett kommisjon til å vurdere alle sider når det gjeld tilhøvet mellom kyrkje og stat,

- at Den norske kyrkja, religiøse organisasjonar og ymse trussamfunn må få gode vilkår til å styrke det personlege religiøse livet.

KULTURSPØRSMÅL

VENSTRE vil

- styrke kultur- og miljøvernet gjennom utbygging av lovverketog planfast samarbeid, også økonomisk, mellom lokale og statlege styresmakter,

- arbeide for betre spreiing av kulturgoda til distrikta m. a. ved å samordne verksemda til Riksteatret, Riksgalleriet og Rikskonsertane

- at stønaden til lokale kulturtiltak blir styrkt og kjem i faste former og at utbygging av rikstiltak ikkje må gå ut over stønaden til lokale og regionale orkester, teater eller andre kulturinstitusjonar,

- styrke muséa og arkiva gjennom faglege og økonomiske tiltak. Den noverande stønadsordninga frå det offentlege må gjerast betre slik at musea kan løyse sine særlege oppgåver i undervisningssektoren når det gjeld å ta vare på kulturskattane på tilfredsstillande måte. Fylkeskonservatorane skal, som fylkeskommunale tenestemenn, stø opp om museumsarbeidet i fylka, vere rådgjevarar for alle ledd i fylkesadministrasjonen når det gjeld førtidsminne og miljøvern og samordne aktiviteten i fylket på desse områda.

- ved hjelp av ny biblioteklov trygge folkebiblioteka og gi dei gode arbeidsvilkår og trygg økonomi. Biblioteka må styrkast i arbeidet sitt med å tene grisgrende strok,

- arbeide for at teatra, operaen, store orkester og norsk filmproduksjon må få stønadsordningar som gir eit trygt arbeidsgrunnlag

- føre inn att kunstnarløn og arbeide for at arbeidsstipenda først og fremst blir nytta til å hjelpe unge og yngre kunstnarar i deira utvikling,

-systematisk gjere utdanninga og arbeidsvilkåra betre for kunstnarar med regionale institutt og kunstnarverkstader og ved å samordne den høgre utdanninga,

- gi prioritet til musikkhøgskole og nytt kunstakademi,

- bygge ut grunnleggande musikk-, song- og anna kunstopplæring over heile landet,

- bygge ut kontakten mellom kunstlivet og skolen og styrke dei estetiske faga i skolen. Elevar over heile landet må få betre tilgjenge til musikk, teater, bildande kunst og film. Vitjing av kunstnarar ved skolane blir innarbeidd i læreplanen for dei ymse skoleslag.

- sette i verk tiltak til å stimulere kunstnarleg aktivitet i bygd og by, styrke kontakten mellom kulturinstitusjonar og folk, bygge ut instruktørutdanning og gi amatørorkester, musikk-korps, kor, amatørteater, leikarringar, kunstgrupper og all annan verdfull aktivitet, stønad til instruksjon, instrument, øvingsrom og anna turvande utstyr,

- arbeide for å styrke kulturkontakten med andre land. Kjennskap til norsk kunst prøver ein fremje i utlandet gjennom godt planlagte tiltak.

RADIO OG FJERNSYN

Norsk Rikskringkasting må framleis ha sjølvstendig ansvar for programverksemda.

VENSTRE vil

- at fargefjernsyn ikkje blir innført i perioden,

- gå mot reklamesendingar i radio og fjernsyn,

- at spørsmålet om statstilskot til den tekniske utbygginga blir vurdert,

- at administrasjonen blir utbygt med ei utgreiingsavdeling direkte under kringkastingssjefen. Denne avdelinga skal vere til hjelp for dei avgjerande organa med å lage kontinuerlege utgreiingar både for kortare og lengre periodar av kringkastinga sin plass, og oppgåva ho har i samfunnet. Avdelinga skal gi utkast til ei rullerande langtidsplanlegging både når det gjeld program og det tekniske arbeidet.

- vurdere kringkastingssjefen si stilling med tanke på om det vil vere rett å tilsette den øvste leiaren for NRK på åremål

- at kringkastinga fritt må kunne ta opp dei problema som til kvar tid blir drøfta i samfunnet. Venstre ser dette som viktig når NRK har statsmonopol.

- at radio og fjernsyn blir gitt store oppgåver innan utdanning og opplæring. Vaksenopplæringa må bli prioritert.

- at det skal arbeidast for å innføre internasjonale reglar når det gjeld bruk av TV-satelittar,

- greie ut spørsmålet om eit forlag i NRK-regi for lærebøker i samband med kursopplegg i NRK.

SPRÅKET

Det er naudsynleg å samle alle positive krefter til vern om norsk språk. Berre på den måten kan ein stå mot dei uheldige sidene ved den påverknaden som framande språk representerar. Vi hevdar prinsippet om full og reell jamstelling mellom våre to skriftspråk, med sikte på ei utvikling fram mot eitt norsk mål.

VENSTRE vil

- at lærebøker for alle skoleslag blir gitt ut på begge skriftspråk til same tid og til same pris,

- at det blir utarbeidd lovreglar med det mål å få full jamstelling mellom våre to språk også i radio og fjernsyn,

- at det til kvar tid må finnast eit reelt tilbod om naudsynte og tidhøvelege bøker på samisk.

9. Bustadpolitikken

Bustadreisinga må og i den komande 4-årsperioden ha høg prioritet. For å kunne auke bustadproduksjonen i enno større mon enn i 1966 69 må staten sine verkemidlar framleis utvidast og utbyggast. Alle kommunane i landet må følgje opp den same målsettinga.

VENSTRE vil

- utforme ein bustadpolitikk med større vekt på å skape gode og trivelege bustadmiljø og i samband med det stimulere til betre samarbeid mellom reguleringsmakter, finansieringsinstitusjonar, byggebransjen og dei som skal skaffe seg eige hus,

- arbeide for auka forsking for å finne fram til gode bustader og bumiljø,

- at utviklinga held fram mot ein meir omfattande innsats frå Husbanken ved finansiering av bustadområda og i tilrettelegginga av eit meir variert bustadtilbod,

- skunde på arbeidet med general- og reguleringsplanar og freiste å gjere kvaliteten i desse planane betre. Særleg må ein vere merksam på spørsmålet om tilsulking, trafikktryggleik og betre høve til tryggleik for borna.

- stimulere til ymse former for servicetiltak og reising av servicebygg,

- utforme byggeløyveordninga med det mål å få ei mest mogleg samla utbygging av nye bustadområde,

- skunde på arbeidet med ei fast sanering i dei gamle byområda våre og i tettstadene og gi kommunane betre økonomiske kår til å gjennomføre dette,

- gjere det lettare for kommunane å få lån i Kommunalbanken, gunstigare lånevilkår for langsiktige og samanhengande arealerverv og rentestønad i særlege høve for på den måten å få kommunane til å auke arbeidet med å sikre grunn til utbygging i framtida,

- auke kreditten til staten til ytterlegare klårgjering av bustadtomter samstundes som kommunane sin eigeninnsats må haldast oppe slik at dei betra lånekåra heilt kan nyttast til å skaffe og opparbeide tomter,

- legge større vekt på at kommunane gjennom tomtepolitikken sin fremjar reell konkurranse med omsyn til kostnad, kvalitet og variasjon i utbygginga av bustadområde,

- at det snarast råd er blir gjennomført ei meir einfelt skjønsordning.

VENSTRE vil vidare

- lette problema med eigenkapitalen for dei som låner i statsbankane gjennom generell heving av låna og ved særlege tiltak for spesielle grupper,

- gjennomføre ei låneordning i Husbanken til kommunar, stiftelsar, bustadbyggelag m. m., slik at desse kan reise innskotsfrie bustader for bustadsøkarar som har særlege vanskar med å skaffe eigen kapital

- gjere finansieringa lettare, både gjennom den generelle kredittpolitikken og gjennom ei ny ordning med 1. prioritetslån i Husbanken for dei som ønskjer ein bustad noko over vanleg husbankstandard,

- utvide husleigestønaden for familiar og grupper som ikkje sjølve kan greie dei husleigene som krevst i dei nye bustadene,

- legge stor vekt på tiltak som sikrar den arbeidskrafta som trengst til den sterke veksten ein ventar innan bustadbygginga og innan byggesektoren i det heile. Dette må ein prøve å få til både gjennom ei sterkare samordning mellom ulike grupper innan byggebransjen, ei ordning med byggeløyve som sikrar nok arbeidskraft til bustadsektoren og betre samarbeid mellom staten, kommunane og byggebransjen når det gjeld å greie av feriane for bygningsarbeidarar og når det gjeld opplæring i byggefaga.

- at prøveordninga med tilskot til bustadbygging i vinterhalvåret blir gjort permanent og utvida til å gjelde ein større del av landet,

- gå inn for at rasjonaliseringa i byggefaget held fram m. a. med at utbygginga av større samanhengande areal blir lagt betre til rette, m. a. gjennom tomtepolitikken og meir smidige finansieringsformer,

- skunde på arbeidet med standardisering og sikre eit større tilbod av gode typeteikningar,

- at byggeføresegnene må reviderast etter kvart av omsyn til nye materialar og nye byggemåtar,

- at løyvingane til byggforsking blir auka vesentleg,

- freiste å gjere handsaminga av byggesaker på statleg og kommunalt plan meir einfelt utan at kvaliteten i planane blir dårlegare,

- gjennomføre meir desentralisering i handsaminga av saker, m. a. ved å delegere delar av funksjonane i bygningslova frå departementet til fylkesmannen som statens representant i fylka.

10. Sosialpolitikken

MÅLSETTINGA FOR SOSIALPOLITIKKEN

Målet for sosialpolitikken er å fjerne økonomiske og sosiale mishøve i samfunnet og å gi det einskilde individ høve til å velje sjølv mellom ymse livsmiljø og til å kunne forme sin eigen livssituasjon.

I dag bygger vårt samfunn i så sterk grad på kravet om effektivitet og tilpassing at mange menneske av den grunn fell utanfor. Det må no vere ei primær oppgåve i samfunnsutbygginga å motverke utviklinga av psykiske og fysiske sjukdomar. Vi må difor i mykje sterkare grad prioritere førebyggande tiltak. Mennesket treng i vårt samfunn vederlag for mange naturlege aktivitetar som den gamle livsforma ga. Samfunnet må bygge ut barnevenlege tiltak som ved sida av heimen kan gi eit så godt grunnlag som råd er til ei sunn utvikling. Dei unge må få stønad og praktisk rettleiing når det gjeld yrkesval, utdanning og samliv. Målet må vere at det einskilde mennesket kan oppleve ein større fridom til val av livsstil og livsmiljø.

Barnevernsarbeidet må pregast av familiebehandlingsprinsippet. Ein må koma dit at alle kommunale sosialkontor får nok utdanna hjelp, slik at dei folkevalde nemndene kan konsentrere seg om den sosialpolitiske utforming og prioritering, medan klientbehandlinga blir overlaten til fagpersonell. Det er viktig i barnevernsarbeidet at vi ikkje einsidig tenker på institusjonsplassar utan at det også er økonomisk mogleg med andre behandlingsopplegg, og at det blir lagt større vekt på det førebyggande arbeidet.

Dei sosialpolitiske verkemidla må nyttast slik at alle får den stønaden dei treng ved sjukdom, arbeidsløyse eller i andre situasjonar der det er naudsynleg at samfunnet hjelper. Ei vesentleg betring av livsvilkåra for dei vanskeleg stilte sosialgruppene og for dei eldre må få høg prioritet.

Det må vidare gjerast ei grundig vurdering av heile vår soisale administrasjon, både sentralt og lokalt med tanke på mest mogleg samordning, slik at nytten av den samla innsatsen kan bli så stor som råd er.

DEI FUNKSJONSHEMMA

VENSTRE vil

- vurdere kontinuerleg kva tiltak som best kan tene dei funksjonshemma til å få høve til aktiv livsinnsats,

- arbeide for meir differensiert behandling, utdanning og yrkesinnsats etter dei ulike behov og føresetnader,

- gå inn for snøggare utbygging av verna arbeidsplassar og utvida yrkesrettleiing for funksjonshemma,

- arbeide for eit betre tilbod av høvelege bustader slik at dei som bur heime og treng pleie må få nok stønad,

- gå inn for fullgod offentleg stønad til velferds- og trivselstiltak for ulike grupper funksjonshemma,

- gå inn for at dei funksjonshemma sjølve gjennom sine organisasjonar får aktiv medverknad over samfunnstiltak og innsats i denne sektoren og at foreldra til funksjonshemma som har varig omsorg, blir representerte i institusjonane sine styre og utval etter vanlege demokratiske prinsipp.

FAMILIANE

VENSTRE vil

- arbeide for å styrke økonomien til barnefamiliane,

- arbeide for planfast og god kvalitet i utbygging av helsestasjonane for mor og born slik at vi får tilfredsstillande dekking i heile landet. Helsestasjonane bør mellom anna gi opplysning om familieplanlegging.

- bygge ut daginstitusjonane for born med det mål at alle familiar som ønskjer det, kan få plass for borna sine. Familiedagheimar kan og i mange høve vere ei tenleg løysing. Statstilskotet til anlegg og drift må aukast.

- at ansvarstilhøvet ved oppretting og drift av daginstitusjonar må gjerast klårt,

- arbeide for auka økonomisk stønad til einslege forsørgjarar. Det må leggast vekt på løysing av bustadproblema for einslege forsørgjarar.

- auke forskotteringsbidraga og arbeide for ei meir effektiv innkrevingsordning,

- gå inn for at også fråskilde bør ha behovsprøva rett til dei ymse hjelpeordningane i folketrygda,

- gå inn for minst eitt tilfredsstillande utbygt familierådgjevingskontor i kvart fylke og auke utdanningskapasiteten for kvalifisert personell,

- styrke arbeidskåra for barnevernsnemndene med større vekt på det førebyggande arbeidet og på fleire institusjonsplassar for born og ungdom med tilpassingsvanskar og arbeide for mest mogleg differensierte behandlingstilbod for desse gruppene,

- bygge ut husmorvikartenesta og gjere reglane for hjelp meir elastiske,

- arbeide for at sjukevikarordninga i landbruket til kvar tid er i stand til å dekke dei behov som finst.

ELDREOMSORG

Eldreomsorga krev større løyvingar og auka innsats både absolutt og relativt etter som talet på eldre stig i høve til talet på yrkesaktive.

VENSTRE vil

- skaffe dei eldre eit meir nyansert og rimeleg bustadtilbod og plassere bustadene slik at det blir god kontakt med dei yngre generasjonane,

- engasjere seg sterkt i tiltak som kan skape trivsel for dei gamle. Aktivitetstiltak og sosial kontakt for dei eldre må stimulerast, gjerne i samarbeid med religiøse og humanitære organisasjonar.

- bygge ut serviceordningar for tilsyn, stell, matservering og velferdstiltak,

- gå inn for sterk utbygging av heimehjelp og heimesjukepleie slik at dei eldre så langt råd er kan leve tilfredsstillande i eigen heim. Kvar kommune bør ha eit organisert system for slike tenester.

- bygge ut nok pleie- og sjukeheimplassar for eldre som stadig må ha tilsyn og pleie, men og gi tilskot til pleie i eigen heim,

- gå inn for å reise eigne avdelingar for alderssløve (senil demente),

- prioritere lågare pensjonsalder framfor kortare arbeidstid og gå inn for å redusere den generelle pensjonsalderen i folketrygda til 67 år med høve til førtidspensjonering frå 64 år,

- greie ut spørsmålet om å auke minsteytinga i sosialomsorga med det mål å få ho opp på line med grunnsatsen for folketrygda og få ho statleg garantert,

- gå inn for å få gjennomført grundig vurdering og revisjon av samordningslova slik at urimelege sider ved lova blir fjerna og reglane gjort meir skjønsame,

- greie ut spørsmålet om ei garantert minsteinntekt for dei gruppene som fell utanfor gjeldande pensjon- og trygdeordningar.

HELSEVERN

VENSTRE vil

- styrke utdanningskapasiteten i sosialsektoren særleg med tanke på utdanning av fleire legar, tannlegar, sosialarbeidarar og sjukepleiarar,

- arbeide for ei høgre utdanning for sosialarbeidarar og legge tilhøva til rette for meir effektiv utnytting av arbeidskrafta til desse gruppene,

- betre løns- og arbeidstilhøva slik at tilgangen til sosialyrka blir stimulert

- freiste å avgrense avgangen på kvinneleg arbeidskraft frå sosialyrka med stimulerande tiltak, m. a. med å gjere det lettare å få deltidsarbeid og ved snøgg utbygging av daginstitusjonar for born,

- gå inn for ei snøggare utbygging av sjukehus og andre helseinstitusjonar og sikre ei føremålstenleg plassering i distrikta som dermed gjer det lettare å få spreidd spesialavdelingar rundt i landet. Vi vil skunde på utbygginga av sjukeheimar.

- arbeide for at helse- og legetenesta blir utbetra planfast slik at det i større distrikt som i lange perioder har vore utan legehjelp så snart råd er blir utbygt legesentra som både geografisk og når det gjeld kommunikasjonar ligg sentralt til og som er samordna med helsevernet elles i distriktet,

- legge vekt på utbygginga av det psykiske helsevern og arbeide for meir kvalifisert hjelp til born og ungdom med nervøse lidingar og for snøggare utbygging av barnevernklinikkar rundt i landet,

- gå inn for å analysere og effektivisere dei offentlege tannrøkt-tenestene, m. a. med sikte på ei betre jamvekt mellom den vidare utbygging av folketannrøkta og utdanningskapasiteten for tannlegar,

- legge vekt på det førebyggande arbeidet når det gjeld tannhelse og helse elles,

- styrke jordmorutdanninga og arbeide for tilfredsstillande dekking av fødeheimplassar med fullgodt økonomisk grunnlag, kompetent legehjelp og tilfredsstillande utstyr,

- arbeide for planfast utbygging av barnepleieavdelinga,

- gjennomføre forsøk med å få i stand helikopterteneste knytt til sentrale offentlege legestillingar i utkantstroka.

KOSTHALDSPØRSMÅL

Rett kosthald er grunnlaget for god helse. Uheldig kosthald kan vere årsak til mange sjukdomar, m. a. hjerte-karsjukdomar, tannsjukdomar.

VENSTRE vil

- auke tilskot til forsking i denne sektoren og satse meir på opplysningsarbeid om rett kosthald,

- arbeide for å få gjennomført klåre reglar for bruk av tilsettingsstoff i næringsmidlar og arbeide for eit tilfredsstillande apparat til analyse av stoffa,

- kreve utvida varedeklarasjon for matvarer.

FERIE OG ARBEIDSTID

VENSTRE vil

- intensivere arbeidet med å løyse feriespørsmålet for dei gruppene som ikkje har ordna ferie,

- gå inn for at stat og kommune må stimulere samarbeid mellom grannar i jordbruket som ledd i utviklinga av ei høveleg ferieordning i jordbruket,

- at arbeidet med ein reduksjon av arbeidstida til 40 timars veke må høve saman med utviklinga i våre naboland og med omsyn til gjennomføringa av lågare pensjonsalder.

KRIMINALOMSORG

VENSTRE vil

- at skolen må gi effektiv opplysning om følgjene av lovbrot og at det førebyggande arbeidet mot ungdomskriminialitet må styrkast,

- arbeide for reformer i fengselstellet med det mål å få meir personleg og differensiert fangebehandling og betre høve til utdanning og arbeid,

- freiste å bygge ut eit effektivt ettervern, særleg med tanke på løysing av bustadspørsmål og sysselsetting,

- gi meir stønad til vernelag og andre hjelpeorganisasjonar,

- revidere lausgjengarlova,

- oppheve avgjerdene i straffelova om mannleg homofili.

ALKOHOL, TOBAKK OG NARKOTIKA

VENSTRE vil

- at det blir gitt stønad til gransking av alkohol- og narkotikaproblemet og til organisasjonar som driv opplysningsarbeid, førebyggande og behandlande arbeid. Ein større del av alkoholavgifta må nyttast til dette føremålet.

- auke det offentlege opplysningsarbeid om alkohol- og narkotikaproblemet,

- intensivere arbeidet mot smugling, omsetning og bruk av narkotikastoff,

- arbeide for fleire behandlingsinstitusjonar og betre ettervern for alkoholskadde og narkomane,

- hevde det lokale sjølvstyret i skjenkerettspørsmål,

- greie ut om staten bør overta all produksjon av drikkar med alkohol i landet for at private vinningsinteresser av alkoholproduksjon skal bli fjerna,

- stø reising av alkoholfrie restaurantar og ungdomssentra,

- at det ikkje skal vera høve til reklame for alkohol og tobakk.

FORSKING I SOSIALSEKTOREN

Samfunnsutviklinga krev ei kontinuerleg omprøving av sosisalpolitikken både når det gjeld nye arbeidsfelt, oppgåver, nye verkemidlar og metodar.

VENSTRE vil

- arbeide for meir systematisk forsking med konkrete undersøkingar for å klårlegge kvar behova for innsats er størst og kva verkemidlar som er mest effektive og føremålstenlege. Vi må særleg vere merksame på dei mange små sosialgruppene som lett blir gløymde.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10234. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.