Prinsipprogram · 1984
VEGVISAREN
Venstre · 17 070 ord
Prinsipprogram
Vedtatt 1984
VEGVISAREN
Politikk er striden om korleis samfunnet skal formast. Venstres prinsipprogram utfordrar den einskilde til å vere med og forme samfunnet saman med andre. Kvar og ein har rett og ansvar for å ta imot den utfordringa. Prinsipprogrammet er meint som ein vegvisar for dei som vil vere med.
Samfunnsutviklinga i eit lite land som Noreg blir sterkt påverka av det som skjer utanfor landegrensene. Likeins avgrensar tilhøva innanfor landegrensene den politiske handlefridomen. Mange av problema kan verke uløyselege. Ressursøyding og fare for utsletting trugar verdssamfunnet der naud og urett herjar og valdelege konfliktar er blitt ein del av kvardagen. I ein slik situasjon ser mange menneske med mistru på politikk og politikarar.
Men vi er ikkje underlagde blinde krefter. Den som gir opp vender ryggen til alt som politikk heiter, overlet berre til andre å bestemme framtida.
Samfunnet utviklar seg gjennom omstillingar. Ny teknologi i arbeidslivet, raske endringar i massemedia, sosiale nettverk i endring og rovdrift på naturressursane - dette er berre nokre av utfordringane vi står overfor. Vi må velje, vi kan peike ut ein ny kurs. Strevet for å frigjere og likestille kvinnene, folkerørslene mot atomkrig og for miljøvern, og den aktive støtta til dei fattige og undertrykte på jorda er noko av det som gir von om ei anna framtid.
Oppgåva for Venstre er å samle menneske med eit sosial-liberalt grunnsyn til eit politisk arbeid som kan gjere framtidsvonene til røyndom. Vi møter utfordringane med ei radikal haldning.
GRUNNSYNET
DEN IDEOLOGISKE GRUNNMUREN
Venstre står for eit radikalt, sosial-liberalt alternativ. Venstre byggjer sin politikk på dei sosial-liberale verdiane fridom, likeverd og fellesskap, dei økologiske prinsippa og dei kristne og humanistiske verdiane. Venstre er eit ideparti uavhengig av sterke særintresser.
Dei sosial-liberale verdiane
Like sidan Venstre blei skipa som det første norske partiet i 1884 har det kjempa for folkestyre og nasjonalt sjølvstyre, individets rettar og menneskeverd, rettsstaten, og likeverd og fellesskap. Verdiane er dei same, utfordringane er nye. Difor må vi aldri ta dei sosial-liberale verdiane for gitt. Vi må alltid forsvare dei, fornye dei og skape dei på ny om det trengst. Det ber gale av stad om vi isolerer desse verdiane frå samfunnsutviklinga, eller om vi skil dei frå kvarandre. Fridom utan likeverd og fellesskap opnar for den sterkes rett. Likeverd utan fridom og fellesskap kan føre til einsretting. Fellesskap utan fridom og likeverd kan resultere i totalitært styre og undertrykking av eigenart. Difor sameiner Venstre dei ulike verdiane i den radikale sosial- liberalismen.
Fridom er meir enn fråver av tvang. Fridom vil også seie at individ og grupper kan nå sine oppsette mål og skape utvikling. Men vi godtek ikkje at kravet om fridom blir brukt til å verne særrettar og tilhøve som skaper avmakt. Samfunnet skal hindre undertrykking og gi både individ og grupper høve til utvikling. Dette krev at makta blir omfordelt og at opphoping av makt på offentlege eller private hender blir motarbeidd.
Føresetnaden er ytrings-, trus- og organisasjonsfridom. Difor går Venstre mot alle forsøk på å forby politiske organisasjonar, same kor udemokratiske haldningar dei byggjer på. Vi vil heller møte dei i open strid og skape ei samfunnsutvikling som demmar opp for slike straumdrag. Prinsippa om ytrings-, trus- og organisasjonsfridom føreset at dialog, diskusjon og resonnement har noko å seie i forminga av samfunnet. Difor må informasjonsformidlinga vere desentralisert og alle ha høve til å søkje og formidle informasjon. Det er ikkje slik at den høgrøysta eller pengesterke alltid har rett. Difor må det offentlege syte for at også mindretalet og dei svake gruppene kjem til orde.
Fridom betyr også retten til å verne privatlivet og retten til å vere annleis. Rettstryggleiken må vere absolutt. Difor er det så viktig at domstolane er uavhengige og at svake grupper blir sikra juridisk støtte. Personvernet må ikkje bli avgrensa gjennom overvaking og registrering, diskriminering eller fysisk vald. Samfunnet må altså gi avkall på ambisjonane om detaljstyring. Meir toleranse sikrar retten til eigenart, men vil ikkje seie det same som likesæle eller blind underkasting. Toleranse er å verdsetje at andre har ulike oppfatningar, og å anerkjenne deira rett til å hevde sitt syn og utøve det så lenge det ikkje skader andre.
Likeverd er ei utviding av kravet om likskap. Individa skal ikkje bli like, men må bli respekterte på sine eigne premissar og ha dei same sjansane. Dette må ikkje bli ei orsaking for å godta urettferdige skilnader. Utjamning av goda er eit mål i seg sjølv; berre ei omfordeling kan sikre fridom for dei mange.
Krava om fridom og likeverd fører med seg krav om utjamning av makt. For store folkegrupper er det langt til dei maktsentra som tek avgjerdene. Prøver ein å oppnå likskap ved sentralisering og standardisering, vil dette skape mindre likeverd. Difor er mangfald i kultur, tru og livssyn ein verdi også for dei som må gi avkall på å dominere.
Verdien av fellesskap pålegg oss å motarbeide egoisme og einsemd. Det er altså ikkje nok å sikre individet sine rettar og plikter. Fellesskapet har ein verdi i seg sjølv som gjer at vi må arbeide for eit samfunn der menneska tek ansvar for kvarandre og opplever samkjensle. Fellesskap må ikkje bli eit argument for gruppesjåvinisme. I staden må fellesskap vere ein verdi som byggjer på at menneska er frie, ulike og likeverdige; fellesskapet femner om alle. Sosial og økonomisk ulikskap hindrar fellesskap. Slik ulikskap skaper motsetnader i staden for solidaritet, og dermed uro i staden for stabilitet. Eit samfunn som byggjer på samkjensle vil vere eit sosialt trygt samfunn.
Vi kjenner ingen nasjonale eller etniske grenser for desse sosialliberale verdiane. Dei er heller ikkje avgrensa i tid. Også komande generasjonar skal kunne nyte godt av desse prinsippa. Svaret frå Venstre på denne utfordringa har vore å byggje opp og stå for ein grøn politikk. Når vi utvidar solidariteten slik at den også gjeld dei som kjem etter oss, fører vi vidare Venstres tradisjon og dei sosialliberale verdiane. Difor har Venstre slått fast prinsippa om at ei rettferdig fordeling og jamvekt mellom tilgang på og forbruk av ressursar må vere overordna den økonomiske veksten og materielle framgangen for dei rikaste. Venstre har også erkjent at mennesket har eit forvaltaransvar overfor naturen. Denne er eit gode i seg sjølv, ikkje berre ein verdi for menneska. Naturmiljøet og dei økologiske lovene utgjer dei absolutte rammevilkåra for menneskeleg verksemd.
Dei sosial-liberale verdiane er også grunnlaget for Venstres politikk overfor andre nasjonar og verdssamfunnet. Meir enn nokon gong er det no nødvendig å arbeide for nedrusting og samarbeid mellom nasjonane for å skape fred på jord. Dette samarbeidet må vere tufta på gjensidig respekt for sjølvråderett, eigenart og dei allmenne menneskerettane .
Det finst ingen fred utan fridom og rettferd. Men det finst ingen fridom eller rettferd før det er skapt ein fred utan frykt.
Vi trur på mennesket
Ut frå fornuft og innsikt har mennesket evna til å peike ut rett kurs. Men for å nå målet må omfordeling av makt til. Den einskilde har ansvaret for seg sjølv og livet sitt. Men den einskilde må høyre til i eit fellesskap med andre gjennom sosiale grupper og organisasjonar for å kunne ta ansvar for seg sjølv. Mennesket har krav på at det kan få yte noko for andre, ikkje berre nyte noko for seg sjølv. A ta ansvar er altså ikkje berre ei plikt, men ein grunnleggjande rett. Slik kan den einskilde vere med og forme si framtid gjennom meiningsbryting, læring og handling.
Store delar av den vestlege verda er blitt prega av einspora materialisme og tanken om å vere si eiga lykkes smed. Difor saknar mange menneske rotfeste og trygge omgivnader, i forhold til andre eller til seg sjølv. Motstridande krefter gjer seg gjeldande : individet blir splitta og møter hindringar i sitt samver med andre menneske. For oss er ikkje framsteg først og fremst eit spørsmål om nye tekniske innretningar eller høgare forbruk. Når det kjem til stykket, er det frigjeringa av mennesket som utgjer framsteget. Retten til kulturell identitet for individet og gruppa er svaret på denne utfordringa. Samkjensla innanfor eit kulturfellesskap er den beste garantien for personleg tryggleik og utvikling.
Ein slik kulturell identitet krev eit mangfald av kulturelle ytringsformer og konsekvent toleranse. Identitet må altså ikkje forvekslast med einsretting. Samhaldet innanfor ein nasjon må byggje på dei kulturformene som alt finst der og gi rom for dei nye. Mangfald er eit gode, og konfliktar mellom ulike kulturformer kan vere nødvendig for å kome vidare på vegen mot målet : identitet og samkjensle.
Avgrensing mot andre ideologiar
Den radikale sosial-liberalismen har mange motpartar. Den viktigaste er alle totalitære og autoritære ideologiar. Rett nok byggjer også det liberale samfunnet på autoritet, men på friviljug grunnlag, ikkje ved tvang. Difor vil Venstre alltid konsekvent forsvare menneskerettane og dei sosial-liberale verdiane mot undertrykkjande ideologiar, system og regime.
Andre demokratiske idéretningar står vi saman med på vesentlege punkt, på andre skil vi lag med dei.
Dei konservative idéane er blitt førte i ulike retningar, slik at det er vanskeleg å tala om ein einskapleg konservativ ideologi. Eitt fellestrekk har vore at dei bevarer det beståande samfunnssystemet bygd på tradisjonelle verdiar som makthavarane og leiande krinser har godteke. Difor har konservative idéretningar sett seg imot politiske og sosiale reformer som har hatt som mål å utvide dei demokratiske rettane og fjerne sosial ulikskap.
Etter kvart har konservative parti vedkjent seg liberalistiske idéar i større eller mindre grad. Staten skal gripe minst mogleg inn i fridomen til den einskilde, og skal difor ikkje regulere økonomisk verksemd. Marknadskreftene skal rå. Slik oppnår dei ein formell fridom som er verdfull i seg sjølv. Men slik skaper dei også sosiale skilnader og held urettferda ved lag.
Denne liberalistiske politikken har lite å gjere med den radikale sosial-liberalismen. Også vår ideologi plasserer fridomen i høgsetet, men vi gir fridom eit positivt innhald. Det er ikkje berre tale om fridom frå inngrep og reguleringar, men også fridom til å velje kva ein vil gjere. Ein liberalistisk politikk leivnar ingen sjansar for svake grupper til å velje. Vårt svar er ein sosial- liberal politikk som gir alle høve til å nyte godt av dei sosiale goda. Dette pliktar staten å syte for. Difor går vi inn for ein aktivt styrande økonomisk og sosial politikk som sikrar økonomisk tryggleik og menneskeverdig liv for alle.
Enkelte verdikonservative retningar som framhevar folkeleg kultur og økologiske omsyn har derimot Venstre mykje felles med. Forsvaret av bygdenorske interesser og dei tradisjonelle motkulturane er ei vidareføring av slik verdikonservativ tradisjon.
Både sosial-liberalismen og sosialdemokratiet legg vekt på sosial og økonomisk likskap og meiner at det trengst ein sterk offentleg sektor for å forvalte fellesskapsinteressene. I åra frametter kan vi stå saman om å forsvare grunnleggjande sosiale og økonomiske rettar, og vi kan føre vidare arbeidet for internasjonal utjamning og fred.
Men sosialdemokratiet legg for mykje vekt på kollektive løysingar og offentleg styring og organisering. Dei undervurderer kor viktig det er at den einskilde sjølv finn svar på visse sentrale spørsmål. For mange kollektive løysingar går ut over retten den einskilde har til å ta ansvar, og den overdrivne trua på byråkratiets evne til å løyse problem er ein trussel både mot den einskilde og mot folkestyret. Sosialdemokratiet undervurderer rett og slett kva det vil seie for folkestyret at det offentlege sentraliserer avgjerdene, at store einingar dominerer i næringslivet og at lokale særtrekk blir viska ut. Heller ikkje gir sosialdemokratiet gode svar på spørsmålet om korleis retten til personvern overfor det offentlege kan bli sikra. I staden har dei fremja forslag som har truga personvernet.
Ressurs-og miljøvern er framleis salderingspostar når sosialdemokratiet driv økonomisk politikk. Heller ikkje klassiske naturverninteresser står sterkt blant sosialdemokratane, men lir nederlag når konfliktane kvessar seg til. Så lenge sosialdemokratiet følgjer denne linja vil det kome i konflikt med Venstre.
Den marxistiske sosialismen står fjernt frå den radikale sosial-liberalismen. Marxismen fornektar dei liberale rettane og det mangfaldet eit demokrati må vere tufta på. Endå om målet blir sagt å vere frigjering av massane, kan vi ikkje godta dette når klassekamp og proletariatets diktatur er vegen som skal føre dit. Det har vist seg at maktelitens diktatur oppstår i dei statane som gjer krav på å byggje på marxismen. I Noreg har ulike sosialistiske grupper vist lita forståing for maktfordeling og desentralisering. Ein diskusjon om sosialisme på norsk strekk ikkje til.
Verken konservative idéretningar, sosialdemokratiet eller den marxistiske sosialismen har gitt gode svar på dei nye utfordringane; den økologiske utfordringa har dei ikkje noko svar på i det heile. Dei får heller ikkje tak på spenninga mellom individ og samfunn. Konservative legg einsidig vekt på haldningsendring hos den einskilde. Sosialdemokratiet og marxismen satsar einast på strukturendringar. Vi trur derimot at både haldningar og strukturar må endrast for å skape eit betre samfunn.
Slik forstår vi samfunnet
Økonomiske interesser er ei viktig drivkraft i samfunnsutviklinga, men også sosiale, teknologiske og kulturelle drivkrefter gjer seg gjeldande. For Venstre er det viktig å styrkje dei interessene som fremjar ei utvikling i samsvar med dei sosial-liberale verdiane og økologiske prinsippa.
Vi forstår det norske samfunnet ut frå kryssande konfliktar og ulik grad av fellesskap. Det velkjende skiljet mellom borgarleg og sosialistisk politikk skjuler mange av desse konflikt-og fellesskapslinjene. For å bruke eit bilete: Det gir meir meining om vi plasserer interessemotsetnadene og -fellesskapa i ein trekantmodell med ein raud, blå og grøn pol. Eit stykke på veg høyrer sosialdemokratiske, sosialistiske, konservative og sosial-liberale idéear til kvart sitt hjørne.
Interessene ved den raude polen forsvarar likskap og utjamning, arbeidstakarane og sterke kollektive institusjonar. Dei blå interessene står for privatdrift, betrestilte og storkapital. Interessene ved den grøne polen gjeld økologisk jamvekt, distrikta, dei mindre einingane og dei lokale særdraga. Mellom desse polane finst både semje og konfliktar.
Konflikten mellom raud og grøn pol gjeld synet på sentralisering og økologiske prinsipp. Felles for dei to polane er sosial utjamning og global omfordeling.
Også konfliktane mellom blå og grøn pol gjeld sentralisering og økologiske prinsipp. Det gjer seg gjeldande visse felles oppfatningar om eigedom og individets rett til å ta ansvar.
Raud og blå pol står saman i synet på bruk av naturressursar, dessutan legg begge vekt på sentralisering, og ingen av dei legg vekt på mangfald. Konfliktane gjeld fordeling av inntekt, utjamning, og kven som skal eige kva.
Dette programmet syner korleis Venstre plasserer seg i dei ulike konfliktane, og presenterer Venstres reformpolitikk - som gjeld alle delar av samfunnslivet.
INDIVIDET I SAMFUNNET
RETTANE - OG ANSVARET
Den radikale sosial-liberalismen inneheld ei spenning mellom individ og samfunn. Der finst rettar og plikter for individet, men der finst også eit ansvar for samfunnet. Personvernet, konflikten mellom det private og det offentlege og vilkåra for folkestyret er såleis problem vi aldri blir ferdige med. Medan andre politiske retningar undervurderer desse problema, vedkjenner vi oss at dei er der, som varige dilemma.
Noreg var ein gong ein "nattvektarstat" med vern av borgarane mot overgrep og fornedring som særleg oppgåve. I dag er Noreg eit samfunn der staten grip inn i livet til den einskilde på fleire og fleire område. Her må vi setje grenser, slik at det som skulle vere rettsvern ikkje blir ein trussel mot individets rettar. Med ei slik avgrensing blir krava til individets plikter sterkare, likeins våre eigne haldningar i viktige konfliktar.
Personvernet
Elektronisk databehandling opnar for mange nye utvegar på ei rekkje område, både for den einskilde og for fellesskapet. Denne utviklinga gjer eit sterkare personvern nødvendig. Det skal vere eit prinsipp at den einskilde gir samtykke til at opplysningar om vedkomande blir utlevert via dataregister. Det må bli klarare grenser mellom register som er underlagde konsesjonsplikt og dei som ikkje er det. Offentlege styresmakter skal ikkje kunne overta register som ikkje har konsesjonsplikt. Datatilsynet må få tilført meir ressursar og bli ein uavhengig instans som er direkte underlagd regjering og storting.
Den einskilde må vere sikra mot at fødselsnummeret blir brukt på urettmessig og utilbørleg vis i offentlege eller private register. Kopling mellom register kan hindrast ved at personnummer ikkje blir nytta som gjennomgåande identifikasjon i ulike register. Den friviljuge eigenkontrollen som medieinstitusjonane sjølve utfører for å sikre personvernet i samband med omtale av enkeltpersonar, skal halde fram. Det einaste unntaket er dei som er underlagde konsesjonsplikt.
Retten for den einskilde til å kontrollere korleis namn og bilete blir brukt, må bli reell. Retten til anonymitet er for nokre like grunnleggjande som ønsket om å bli kjend er for andre.
Dei ulike formene for overvaking av telefon, rom og offentlege stader må vere sterkt innskrenka. Ingen må få rokke ved prinsippet om at politiet skal ha løyve frå rettsvesenet for å setje i verk undersøkingar i private heimar eller overvaking av telefon og rom. Berre i svært spesielle situasjonar kan slik overvaking skje utan at den som er overvaka veit om det. Endå sterkare krav må vi stille til private som ønskjer å bruke kamera eller mikrofonar for å overvake privat eigedom som er offentleg tilgjengeleg. Særleg gjeld dette når dei ønskjer å gjere opptak. Då skal dei som blir overvaka alltid bli gjort merksame på kva som skjer og korleis det skjer.
Ingen må bli overvaka på grunn av etnisk bakgrunn eller politiske oppfatningar. Difor må den parlamentariske kontrollen med dei hemmelege tenestene bli sterkare. Datatilsynet skal vere representert i kontrollutvalet for desse tenestene.
Politiet må igjen bli nært knytt til lokalsamfunnet. Den sosiale førebygginga vil vere mest effektiv dersom politietaten er meir desentralisert. Politiet skal ikkje få vidare fullmakter for å bruke våpen. Men dei må få betre høve til å førebyggje og stanse narkotikahandelen. Grov økonomisk kriminalitet må bli meir prioritert i etterforskinga. Politiet skal verne alle mot overgrep; overgrep frå politiet kan ikkje tolast.
Fengselsstraff er ei alvorleg innskrenking av fridomen for den einskilde. Dette legg eit tungt ansvar på både lovbrytar og samfunn. Alt som er mogleg må gjerast for å føre lovbrytaren tilbake til eit fullverdig liv etter at straffa er sona. Ulike former for kriminalomsorg i det fri og ei human framferd mot dei innsette kan likevel ikkje utelukke at rettsvesenet bruker lange fengselstraffer og særskilde sikringstiltak mot særleg farlege forbrytarar. Samtidig meiner vi at den kriminelle lågalderen bør bli høgare, at minimumsstraffa bør bli kortare og at alternative straffeformer bør brukast overfor unge lovbrytarar. Samfunnet skal stå ansvarlege for framtida til valds-og ransoffer, slik at dei lir minst mogleg skade økonomisk, sosialt og på eiga helse.
Inga diskriminering, inga manipulering
Eit liberalt samfunn kan ikkje tole at individ eller grupper blir diskriminerte, same kva som er grunnen : tru, kjønn, etnisk bakgrunn, seksuell legning, ideologisk oppfatning. Toleransen blir sett på nye og harde prøver fordi livs-og haldningsmønstra endrar seg, og fordi det blir meir kontakt og konkurranse på arbeidsmarknaden mellom menneske med ulik bakgrunn. Vernet mot diskriminering kan difor aldri bli for sterkt. Men forsvaret av liberale verdiar krev at meiningar blir møtte i open diskusjon, ikkje ved forbod.
Dei mange etniske gruppene og kulturane i dagens Noreg kan verke framande for mange. Når arbeidsløysa er stor og sosialt eller økonomisk press gjer seg gjeldande, er få meir utsette enn nett desse gruppene. Både etter internasjonal og norsk lov pliktar alle å behandle innvandrarane slik andre norske borgarar blir behandla, når innvandrarane har arbeidsløyve eller løyve til å vere her av andre grunnar. Difor må også dei ulike etniske gruppene ha høve til å ta vare på sin kulturelle eigenart i praksis, og få vere med og påverke avgjerdene om korleis det norske samfunnet skal formast vidare.
Det finst enkelte område der det er særleg vanskeleg å fordele ansvaret mellom individ og samfunn. Den tekniske utviklinga i medisinske fag gjer det vanskelegare å trekkje skarpe grenselinjer mellom liv og død. Befruktning kan skje utanfor menneskekroppen, og det er mogleg å halde menneske i live i lang tid. Arve-og geneforsking gjer det mogleg å kartleggje arvestoffa, og opnar for manipulering med genar og arvelege eigenskapar. Det er med andre ord blitt mogleg å manipulere med menneskeliv. Ut frå liberale verdiar har vi streka under respekten for menneskeverdet. Difor er det viktig å vere varsam. Vårt svar er eit sterkare personvern, og at offentlege organ skal ha eit overordna ansvar i høve til dei institusjonane som driv med arve-og geneforsking. Dette ansvaret gjeld også moralske og forskingsetiske spørsmål.
Abort er sjølvsagt ein naudutveg. Difor må abortlova ta vare på fosterets menneskeverd og rett til liv, og understreke den plikta samfunnet har til å verne det ufødte liv. Kvinna skal ta den endelege avgjerda om abort i samråd med mannen, eventuelt åleine når det ikkje er råd å dra inn den andre parten. Det offentlege skal gi tilbod om grundig etisk, medisinsk og sosial rådgivning til kvinna som søkjer om abort - og til mannen.
Likestilling og frigjering
Kvinnenes kamp for likestilling og frigjering har gitt visse resultat. Mange formelle hindringar for likestillingar er no borte, men framleis finst sterke kulturelle haldningar og fordommar mot vidare likestilling. Med lover og andre offentlege tiltak må samfunnet hindre kollektive eller individuelle utslag av diskriminering. Det bør innførast lovregulering også av andre samlivsformer enn ekteskapet dersom dei det gjeld ønskjer det. Det trengst også eit strengare lovverk mot pornografi som inneheld vald, bruk av barn og dyr i seksuelle situasjonar eller systematisk fornedring av menneske til kjønnsobjekt.
Kvinnene skal ha dei same sjansane som mennene lenge har hatt. For ei tid må difor kvinnene få visse førerettar i utdanning, arbeidsliv og politikk. Slike kjønnskvoteringar må til for å få bort hundreårlang undertrykking. Det skal vere lik løn for arbeid av lik verdi.
Kvinnerørsla har lagt vekt på solidaritet og fellesskap mellom kvinner og vist at kvinnesak gjeld meir enn den einskilde. Den har også rokka ved skiljet mellom det private og det offentlege. Særleg har feministiske grupper tilført den offentlege diskusjonen mykje ved at dei har teke opp viktige saker som valdsbruk i det private og seksuell frigjering. Liksom Venstre har kvinnerørsla prøvd å fremje mjuke verdiar som omsorg for kvarandre, fridom og omsyn til dei som kjem etter oss.
Også samfunnet treng ein moral
Kvinnerørsla har arbeidd for likeverd og frigjering. For oss er det eit mål at innsatsen for fellesskapet, samkjensla og stabile sosiale til høve i lengste laget byggjer på friviljug tilslutning frå kvar enkelt. Når fellesskapet blir framheva, kan vi oppnå at den einskilde yter sitt til fellesskapet fordi ho eller han ønskjer det og oppfattar det som riktig og viktig. Dermed vil også den einskilde vere måtehalden i sine individuelle krav slik at fellesgode kjem fleire til nytte. Venstre vil kjempe fram haldninger som er med og skaper ein slik samfunnsmoral. Dette vil vere med og sikre likeverd, og er eit nødvendig motstykke til organisering som fører til sentralisering av makt.
I eit slikt samfunn har familien ein viktig plass. Vi bruker omgrepet familie i vid tyding : einslege, yngre, eldre, søsken, foreldre og vaksne barn som bur saman, ektepar utan barn, kjernefamilien med mor, far og barn, og ulike former for sambu og bufellesskap. Familien kan også femne om fleire generasjonar. Ein god heim der alle har tid til å vere saman er eit gode for dei som bur der og for samfunnet.
Stabile familietilhøve er viktig for såvel barn og vaksne. Difor må samfunnet syte for tiltak som kan skape slike tilhøve. Her skal dei ulike bu-og samlivsformene bli behandla likt. For barna som veks opp, er familie og nærmiljø framleis avgjerande. Ein politikk som tryggjer nærmiljøet og familien er difor det beste barnevern. Det avgjerande er dermed kva slags økonomisk politikk, planlegging og utbygging som blir gjennomført. Samstundes strekar vi under at kvinne og mann skal ha same høve til å ta ansvar for barn og samfunn. Plikta til å ta vare på kvarandre og på barna kan aldri vere avgrensa til det eine kjønn.
Vi vil mobilisere for oppslutning til tanken om at både individ og grupper har ansvar for fellesskapet. Men dette kan berre gi resultat dersom det politiske systemet blir demokratisert og politisert.
FOLKESTYRE MOT SÆRINTERESSER
Endå ein gong vil Venstre reise kampen for folkestyret. Folkevalde organ skal ta tilbake makta, på bekostning av organisasjonsmakt, offentleg og privat byråkrati. Vi vil styrkje dei folkevalde organa for at det skal bli mogleg å forsvare viktige verdiar, skape meir samordning og tvinge sterke interessegrupper til å prioritere innanfor dei rammene fellesskapet set. Vi vil ogsa styrkje folkestyret for å kome nærare idealet om at individ og grupper skal ha den same sjansen til innsikt og ansvar. Difor vil vi også styrkje folkets makt over dei folkevalde. Vår strategi for å styre samfunnsutviklinga er å gjere meir med rammevilkåra og mindre med detaljane.
Samstundes som dei folkevalde organa blir styrkte, skal makta bli spreidd nedover. For oss er det eit prinsipp at avgjerdene skal takast nærast råd dei sakene gjeld. Dette kan skape meir politisk engasjementog gi større oppslutning om vedtaka som dei folkevalde gjer. Berre eit slikt folkeleg engasjement i og omkring dei demokratiske institusjonane kan sikre folkestyret i framtida. Aksjonar og anna utanomparlamentarisk arbeid er eit nødvendig tillegg til det som skjer i dei folkevalde organa. Ofte er slike aksjonar ei påminning om at viktige folkelege straumdrag ikkje når inn i det politiske systemet.
Det politiserande Stortinget
Dei som tek initiativ, er med og utgreier sakene, gjer vedtak eller set vedtaka i verk har politisk innverknad. Stortinget er altså eitt ledd i eit større styringssystem. All makt er ikkje samla i denne sal. Offentleg forvaltning, kapitalinteresser og interesseorganisasjonar er viktige deltakarar i avgjerdsprosessen. Dette skaper vanskar både for maktfordelinga og prinsippet om at vedtaka skal vere representative for folkeviljen.
Venstre vil gjere Stortinget til noko meir enn ein formell deltakar i avgjerdsprosessen. Vi vil at Stortinget skal ta initiativ, drive eige utgreiingsarbeid, få meir kontroll med iverksetjinga av vedtaka og skaffe seg meir kunnskap om korleis tiltaka verkar. På denne måten blir Stortinget eit politiserande organ som samordnar verksemda og utgjer eit motstykke til det finmaska kontaktnettet mellom offentleg forvaltning og organiserte interessegrupper. Stortinget må også få meir å seie slik at andre enn dei store interesseorganisasjonane når fram til dei viktige kontora i den offentlege forvaltninga.
For at Stortinget skal få meir å seie, må dei ulike partigruppene på Stortinget få ressursar til å byggje opp eigne sekretariat for utgreiingsarbeid. Stortinget må også ta i bruk opne høyringar for å få fram informasjon om politiske saksfelt som elles ekspertane og sektorinteressene kontrollerer. Derimot må Stortinget vedta færre fullmaktslover, for å unngå dei utilsikta verknadene som oppstår når den offentlege forvaltninga fastlegg dei detaljerte reglane i slike lover.
Sektortenkning er ikkje av det gode : sterke interessegrupper pressar fram løysingar som fellesskapet taper på. Saman kan ein interesseorganisasjon, eit departement og ein stortingskomité få til uheldige vedtak. Difor vil Venstre styrkje organ som kan samordne tiltak og verksemd, både i forvaltninga og Stortinget. Den offentlege forvaltninga er organisert på ein slik måte at visse interesser når meir fram med sine krav enn andre. For Venstre er det difor eit viktig verkemiddel å omorganisere offentleg verksemd.
Folkestyre krev at valordninga er rettferdig. Utjamningsmandat for parti som får mange nok røyster til å kome over ei nedre grense, sikrar rettferd for desse mindre partia. Partia har ein viktig funksjon i det demokratiske systemet. Difor må desse få så mykje økonomisk støtte frå det offentlege at dei ikkje blir avhengige av bestemte interessegrupper. Partia skal også offentleggjere rekneskapane for å gi veljarane meir innsyn i kva dei driv med.
Venstre vil arbeide for at folkerøystingar blir meir brukte i avgjerdsprosessen. Desse kan vere eit nødvendig korrektiv til politiske parti og særinteresser i spesielt viktige saker. Samstundes må minoritetsgruppene få meir effektive kanalar til rådvelde for å fremje sine rettar. Samane skal få sine rettar som urfolk lovfesta, og høve til å opprette sitt eige folkevalde organ.
Meir makt til lokalsamfunn
Venstre vil gi meir politisk og økonomisk makt til lokalsamfunna. Dermed kan dei som bur i dei einskilde lokalsamfunna få meir høve til å påverke sin eigen livssituasjon og vere med i styringa av lokalmiljøet. Lokalt folkestyre føreset at alle grupper er sikra ein viss innverknad på styringa av kommunen. Som før bør det lokale sjølvstyret vere bygt på innsats av personar som ikkje er heiltidspolitikarar. Difor går vi mot ordningar med kommune-regjeringar og andre blokkordningar som berre vil svekkje det lokalpolitiske engasjementet.
Avstanden mellom veljarane og dei folkevalde må bli mindre. Dette krev at politikarane tek i bruk andre arbeidsformer enn dei som har vore vanlege til no. Lokalt folkestyre krev politikarar som riv seg laus frå utgreiingar og dokumentstablar og går ut for å lytte til det folk har å seie om sin kvardag.
Kvardagslivet skal bli enklare, utan at det oppstår urettferd. Sjølv om Venstre ønskjer ei sterk offentleg forvaltning, vil vi fjerne overflødig byråkrati og unødvendige reguleringar. Vi vil gjere saksbehandlinga enklare og meir effektiv ved å få bukt med skjemaveldet og setje fristar som skal haldast.
For Venstre er det viktig å styrkje inntektsgrunnlaget for kommunane, slik at dei kan løyse oppgåvene på forsvarleg vis, skape utjamning og sikre arbeidsplassane. Når vi vil ha eit sterkare lokalt sjølvstyre, krev det at den einskilde kommunen står friare til å disponere eigne ressursar enn dei har gjort før. Systemet for overføringar av pengar frå staten til fylka og kommunane må difor bli forenkla. Kommunane må altså sjølve løyse dei pålagde oppgåvene ut frå lokale ønske og behov, formidla av dei lokale folkevalde.
Samstundes må dei nasjonale likskaps- og rettferdsmåla haldast oppe. På visse område må det difor innførast minstemål som tek vare på interessene til dei svake gruppene. For ei tid trengst det særlege tilskotsordningar på enkelte område. Det må i mykje mindre grad enn no bli bestemt i særlover kva slags nemnder og utvalg kommunane skal opprette. Venstre går inn for å opprette bydelsutval og grendestyre, med høve til direkte val. Bydelsutvala og grendestyra må få økonomiske midlar og makt til å ta avgjerder i saker.
I staden for avmakt
Det norske samfunnet er ikkje gjennomorganisert. Mange grupper fell utanfor det samarbeidet som eksisterer på topplan mellom det offentlege og organiserte interessegrupper. Både einskildpersonar og grupper kan oppleve avmakt overfor regulering og styring ovanfrå. Dette er eit uttrykk for at avstanden er stor mellom styrande og styrd. Dei få driv altså politikk for dei mange. Vårt svar er å desentralisere makt og demokratisere fleire område av samfunnslivet.
Medråderetten for dei tilsette over tilhøva på arbeidsplassane og utviklinga i bedriftene må bli utvida. Denne kampen for medråderett er eit ledd i fornyinga av folkestyret. Difor er det viktig at informasjonen og opplæringa på arbeidsplassane blir betre, at den einskilde arbeidstakar og grupper av arbeidstakarar blir tildelt meir ansvar, og at det blir oppretta styringsordningar som gir arbeidstakarane verkeleg innverknad på avgjerdene.
Retten til å organisere seg er grunnleggjande, og kan vere viktig for å sikre arbeidstakarane innverknad på sin eigen arbeidsplass og tryggleik mot overgrep. Men ofte får organisasjonane så mykje makt at allmenne samfunnsinteresser blir skadelidande og svake grupper eller einskildpersonar blir ramma. Vi vil motarbeide tendensane til at organisasjonane byggjer opp yrkesmonopol og gjer profesjonsinteressene viktigare enn dei allmenne. Det er dei folkevalde, ikkje yrkesorganisasjonane, som skal styre dei offentlege institusjonane. For oss er det viktig at borgarane har like sjansar til å vere med og forme samfunnet. Framleis er det å utøve politisk og økonomisk makt prega av mannssamfunnets kjønnsroller og strukturar. Difor vil vi kjønnskvotere verva i offentlege styre og råd, på same vis som vi krev at begge kjønn er representerte med minst 40 prosent i partiets eigne organ.
Mindre detaljstyring og meir desentralisert styring skal redusere avmakta i det politiske systemet. Makt skal kome i staden for avmakt. Der er mange døme på at grupper som ikkje har nådd fram gjennom folkevalde organ, tek i bruk sivil ulydnad mot lovlege vedtak, som ein siste moralske utveg. Når lovlydige borgarar blir ulydige, er det eit uttrykk for at det politiske systemet framleis ikkje er godt nok. I slike situasjonar må dei folkevalde organa vere viljuge til å diskutere sakene på ny. Eit demokratisk system føreset respekt for dei vedtaka fleirtalet gjer, men fleirtalet må også respektere den retten mindretalet har til å kjempe for sitt syn og si overtyding.
SLIK VIL VI LEVE
KULTURPOLITIKK FOR MANGFALD OG KRITIKK
Kulturen er eit uttrykk for samfunnets livskraft og bereevne. Samfunnets kvalitet, nasjonens identitet og verdiar som blir førte vidare til neste generasjon, blir utvikla innanfor kulturlivet. Der står også kampen om haldningane. Både den einskilde og samfunnet treng ein kulturell identitet. Difor er kulturpolitikken så viktig.
Kultur femner om mykje : formidling av tradisjon, livsform, kunst og skapande aktivitet, kommunikasjon, kritikk og auka innsikt. Kultur er tradisjon, men også eksperiment og utprøving av grenser. Kultur rommar både mangfald og motsetnader.
Den nasjonale kulturen er sjelden einskapleg, alltid mangfaldig. Det finst altså mange kulturar - ungdomskulturar, kvinne- og mannskulturar, motkulturar, innvandrarkulturar. Eit slikt mangfald og slike motsetnader er føresetnaden for kulturell, kunstnarisk og menneskeleg utvikling. Venstre vil styrkje kulturar som fremjar eigenaktivitet, identitet og forståing. Venstre vil arbeide fram alternativ til ein kulturindustri som med si kommersialisering og stereotype einsretting formar alle i sitt bilete og tilslører konfliktar, minkar eigenaktiviteten og svekkjer den kunstnariske utfaldinga. Vår motstandar i dette arbeidet er den transnasjonale kulturindustrien. Bustad eller sosial bakgrunn skal ikkje vere avgjerande for vilkåra for kulturell deltaking og kunstnarisk oppleving. Difor legg vi stor vekt på eit allsidig kulturtilbod, skapt av mange, spreidd til alle. Dette kan vi berre oppnå med ein aktiv og offensiv kulturpolitikk frå det offentlege, med romslege løyvingar frå stat, fylke og kommune. Dei friviljuge organisasjonane er også viktige for nærmiljøet, fellesskapet og den kulturelle verksemda.
Kultur som livsform
Måten det sosiale liv er organisert på, verkar inn på livsforma. For oss er det viktig å styrkje nærmiljøa og dei sosiale nettverka som bind folk saman. Dette fellesskapet femner om både velforeiningar, ungdomsklubbar, idrettslag, uformell omsorg, dugnader og ulike tilstellingar. Slik fellesinnsats er eit nødvendig tillegg til privat og offentleg verksemd. Dette er ei livsform som byggjer på ansvar for kvarandre.
Venstre vil gjenskape livet mellom husa. Med offentlege tiltak og støtteordningar vil vi skape møtestader for folk flest - på kaféen, gatetunet, grendehuset. Dette stiller krav til utforminga av bustadene og bustadområda, og gjer det viktig å redusere avstanden mellom bustad og arbeid.
Bygdekulturen møter nye utfordringar i industri-og tenestesamfunnet. Vi vil ikkje plassere bygdekulturen på museum, men at den i all sin variasjon lever vidare side om side med moderne bykultur. Storbylivet skal altså ikkje få vere einerådande i skapinga av normer, haldninger og verdiar. Det som i større bymiljø treng mykje organisering, blir kanskje ordna på meir uformelt vis i mindre bygdemiljø. Det viktige er ikkje at alt blir som før, men at alle kjenner seg heime i sitt kulturelle nærmiljø.
Språket er ein del av livsforma ; gjennom språket formar og forstår mennesket omverda. Venstre vil arbeide for ei språkleg frigjering som sikrar alle retten til å bruke eige talemål, og som tek vare på mangfaldet i norsk språk. Dette kan vere med og hindre språkleg avmakt og utanlandsk språkpress. Dialektane må vere grunnlaget for skriftspråket og dei to offisielle språka skal vere jamstelte på alle område. Det er eit rettferdskrav at undervisningsmateriell ligg føre til same tid og til same pris på begge målformer.
Det er ein klar menneskerett for samane at dei får halde på si livsform og utvikle den vidare. Dei skal vere sikra undervisning på sitt eige språk, og i sitt eige språk. Likeins skal innvandrarane vere sikra undervisning i eigen kultur, dermed også eige språk. Dei har krav på å få halde på sin kulturelle eigenart. Difor er det viktig å utvide og betre sendingane for innvandrarar i radio og fjernsyn.
Kultur som vare - og skapande aktivitet
Kulturindustrien er i ferd med å bli ei viktig næring i Noreg. Nye økonomiske interesser har kjøpt seg inn og utvida produksjonen av kulturvarer. Livsstilar er ei av dei viktigaste og mest ettertrakta varene. Ein slik kommersiell livsstilskultur trugar mangfaldet og kan skape passivitet eller einsretting. Vi vil stø kampen for å utvikle alternativ til dette, og vil hindre at den nye medieindustrien blir eit ettertrakta investeringsobjekt som i neste omgang skaper uønskt informasjonsmonopol.
Vårt alternativ er det heimlege og det nordiske. Noreg skal sjølvsagt ikkje stengje omverda ute ; påverknad og impulsar utanfrå er av det gode. Men vi vil vere med i ein haldningskamp om kva det norske samfunnet treng og kva det ikkje treng. Norden har mange felles kulturtrekk som vi ikkje ønskjer at det internasjonale mediesamfunnet skal få viske ut.
Det sjølvlaga, lokale og uerfarne er eit viktig element i vår kulturpolitikk. Like viktig er den profesjonelle skapande aktiviteten. Dei profesjonelle kunstnarane skal vere sikra utfalding og skaparkraft utan å matte ty til tilfeldige attåtinntekter eller vere prisgitt marknadskreftene. Den norske kulturøkonomien skal ha eit sterkt offentleg innslag, med eit høgt tal på statlege stipend, fond og garantiinntekter som kunstnarorganisasjonane sjølve forvaltar. Offentlege tiltak og støtteordningar er også nødvendige for at det profesjonelle tilbodet kan nå ut til alle distrikta. Ved sida av den støtte som går til dei etablerte kunst-og kulturinstitusjonane er det viktig at sjølvstendige kunstnargrupper og -tiltak blir tekne på alvor og blir sikra tilfredsstillande økonomiske arbeidsvilkår. Igjen er mangfaldet rettesnora for vår kulturpolitikk.
Kulturpolitikken set dei liberale verdiane på prøve. Skapande aktivitet rommar opposisjon, eksperiment, provokasjon. Også dette vil vi ta på alvor. Den offentlege støtta skal nettopp sikre kvalitet, mangfald og kritikk. Kunstnarar og kulturarbeidarar skal ha rett til å gå sine eigne vegar, og prøve ut det utenkte. Også difor er det så viktig at kulturindustrien ikkje får rå grunnen åleine.
Friviljuge organisasjonar står for mykje av den kulturelle aktiviteten. Desse skal nyte godt av romslege offentlege støtteordningar og få gode arbeidsvilkår, også når dei går på tvers av det som er opplese og vedteke.
Blant dei mange aktivitetane har også idretten sin sentrale plass. Eit allsidig idrettsmiljø kan ha mykje å seie for barn og ungdom, og knyte dei nærare til lokalmiljøet og fellesskapet. Toppidretten er fascinerande, men skaper også normer om at det er viktigare å prestere det beste enn å vere med på godt og vondt. Når valget står mellom masseidretten og eliteidretten, prioriterer Venstre alltid masseidretten. Vi ønskjer at idretten skal vere sunn aktivitet, ikkje usunn forretningsdrift. Difor bør idrettsorganisasjonane få auke offentleg støtte, slik at dei blir mindre avhengige av sponsor-og reklameinntekter, som elles raskt skaper ulike vilkår for ulike idrettar og idrettslag.
Sponsing av kulturaktivitetar kan vere viktig nettopp for å sikre sjølvstende i høve til det offentlege. Men sponsing kan også føre til uønskt påverknad på den kulturelle verksemda og det kunstnariske uttrykket eller innhaldet. Venstre går berre god for den typen sponsing som sikrar det kulturelle mangfaldet.
Kultur som kommunikasjon
Kulturformidling skjer både direkte og indirekte. Massemedia som trykksaker, radio, film og fjernsyn har vore dei viktigaste indirekte formidlarane. Kulturinstitusjonar som bibliotek, museum, teater, konserthus, galleri og samfunnshus har stått for eit vidfemnande formidlingsarbeid med meir direkte kontakt mellom utøvar og mottakar. Den direkte formidlinga gir såleis betre høve til tovegskommunikasjon. Utviklinga av ny kommunikasjonsteknologi endrar vilkåra for formidling, og stiller massemedia og institusjonar overfor nye utfordringar.
Bøker og andre trykksaker må framleis vere hjørnesteinen i kulturformidlinga. Det trykte ord har som kultur- og informasjonsformidlar eigenskapar det er viktig å ta vare på : tanken og ettertanken. Norsk kulturpolitikk må sikre eit mangfald av bøker, aviser og tidsskrift også i framtida.
Samstundes ønskjer Venstre å ta vare på dei sjansane den nye kommunikasjonsteknologien byr fram. Nye kommunikasjonsnett skal byggjast ut over heile landet, slik at einskildpersonar, organisasjonar og bedrifter kan dra nytte av fordelane samtidig. Noreg skal kablast, men kabelnettet skal vere offentleg styrt. Dette gjeld også enklare kabelnett for TV-formidling. Privatpersonar og foretak får tilgjenge til nettet etter spesielle avtalar som sikrar viktige prinsipp for kommunikasjon, redaktøransvar medrekna.
Norske sjåarar skal ha høve til å ta imot utanlandske fjernsynsendingar formidla via satellitt. For at kommersialiseringa ikkje skal gripe om seg, trengst det norske og nordiske alternativ til dei mange kontinentale programma og stasjonane.
NRK skal vere den viktigaste formidlaren av radio og fjernsyn i Noreg. Men ingen institusjon skal ha monopol på slik formidling. Venstre ønskjer å styrkje den lokale kringkastinga. Det krev at distriktskontora i NRK blir bygde ut slik at dei kan stå for eigen produksjon av nærfjernsyn. I tillegg til
NRK skal også private kunne sende fjernsynsprogram lokalt. I nærradioen skal flest mogleg få sleppe til. Også NRK bør engasjere seg i nærradiodrift.
Dei nye media skal finansierast med lisens, abonnement eller tilskot frå organisasjonar. Nærkringkastingsstasjonane kan finansiere delar av verksemda si med kunngjeringar, såkalla lydplakatar. Venstre går imot at riksdekkjande etermedia finansierer verksemda si med reklame.
Kulturinstitusjonane som driv med direkte kulturformidling må vere sikra eit økonomisk grunnlag som gjer det mogleg for dei å løyse oppgavene sine og arbeide vidare for å desentralisere tilbod og aktivitetar. Den offentlege bibliotektenesta med sine mange skule-og folkebibliotek er sterkt desentralisert, og høver godt til å bli informasjonssentralar for lokalsamfunna. Ved sida av trykksaker kan desse formidle nyare kulturvarer som plater, lyd-og videokassettar, og etter kvart ta form som offentlege databankar. Også musea, teatra, kunstgalleria og andre direkte formidlarar må framleis få romsleg offentleg støtte. Men det er nødvendig å vurdere kritisk kva former for kulturproduksjon og -formidling som må ha og bør ha offentleg støtte. Til no har dei offentlege støtteordningane bygt på slump og tradisjonsbundne vurderingar. Venstre ønskjer såleis at også ein del av dei nye kulturvarene skal få si støtte, dei er ein del av mangfaldet.
Kultur som livssyn og trusretning
Statskyrkja, friviljuge religiøse organisasjonar, ulike trus-og livssynssamfunn hevdar alle sin plass som berarar av religiøse og etiske verdiar. Difor må dei vere sikra gode vilkår. Same om Den norske kyrkja blir verande statskyrkje eller ikkje, meiner Venstre at det offentlege skal støtte kyrkjeleg, religiøs og anna livssynsorientert verksemd. Held statskyrkja fram, trengst både praktiske og kyrkjelege reformer som både gir Den norske kyrkja meir fridom og samstundes sikrar rom for ulike oppfatningar innan kyrkja.
Vi vil også sikre gode vilkår for ikkje-religiøse livssynsorganisasjonar og syte for at dei får same støtta som kristne frikyrkjer. Det verdifellesskapet som er skapt på tvers av livssynsskilja, er ein styrke for samfunnets moralske nivå. Offentlege institusjonar ma byggje på dette verdifellesskapet.
STRATEGI FOR OMFORDELING
Føremålet med den økonomiske politikken er å skape menneskeleg frigjering og sosial vekst. All einsidig vekstpolitikk er i sin konsekvens ein trussel mot eit menneskleg samfunn og økologisk jamvekt. Ved sida av trusselen frå atomvåpna er utsiktene til ei økologisk krise den største utfordringa menneskja står overfor. Det vi gjer i dag må difor alltid vere innanfor ramma av det som er forsvarleg i morgon.
Den sosiale krisa gjer at kampen mot sosial urettferd må ha høg prioritet. Men åtgjerder mot arbeidsløysa og urettferd må ikkje stri mot ein politikk som er økonomisk fornuftig over lengre tid. Økonomisk vekst er ikkje eit mål i seg sjølv ; veksten har sine grenser. Vi er altså ikkje med på at valet står mellom økonomisk vekst og sosial urettferd.
I staden for vekstproblema står vi no overfor dei problema økonomisk stagnasjon skaper. I ein slik situasjon gjeld det om å skaffe arbeid for alle og skape sosial utjamning. Dette er målet for vår økonomiske politikk.
Noreg i verdsøkonomien
Den norske økonomien er svært open. Difor har Noreg kunna utnytte fordelane ved ei internasjonal arbeidsdeling. Men det har også gjort det vanskelegare å styre den norske økonomiske utviklinga. For at landet skal bli meir uavhengig av omskifta på verdsmarknaden, vil Venstre auke sjølvberginga og satse meir på langsiktige handelsavtalar.
Det er mest av alt overkapasitet og politikken til styresmaktene i dei store industrilanda som har skapt økonomisk stagnasjon og krise. Dei har einast vore opptekne av konkurranseevna, inflasjonen og balansen i utanrikshandelen. Den store arbeidsløysa har kome i andre rekkje. Ei slik prioritering må Noreg aktivt gå imot, for å sikre full sysselsetjing og hindre store sosiale problem. Gjennom Organisasjonen for økonomisk samarbeid i Europa (OECD) må Noreg gjere sitt for å verke inn på den sosiale og økonomiske utviklinga.
Overfor dei store industrilanda blir Noreg likevel fort avmektig. Det gjeld om å møte situasjonen på andre måtar også. Dei nordiske landa utgjer eit godt grunnlag for økonomisk samarbeid og for felles initiativ overfor verdssamfunnet. Venstre ønskjer å utvide fellesskapet med andre små og mellomstore statar, som saman kan påverke stormaktene.
Dei nordiske landa må gå føre med å støtte frigjeringa i dei fattige landa og stimulere industrialisering og sjølvhjelp i desse. Handelsavtalar med utviklingsland er nødvendige for at dei skal oppnå jamt sal og rimeleg forteneste. Der desse landa har særlege fordelar i produksjonen må Noreg vere viljug til å leggje om sin eigen næringspolitikk.
Vår modell : blandingsøkonomien
Den skandinaviske modellen for økonomisk og sosial utvikling byggjer på eit samspel mellom offentleg styring og privat drift. For den offentlege styringa må dei viktigaste måla framleis vere rettferd, tryggleik og høgare livsstandard.
No står blandingsøkonomien overfor nye problem. Den vestlege verda er prega av at industriverksemd blir avvikla. Dei offentlege institusjonane og virkemidla er ikkje tilpassa denne situasjonen. Dessutan er det offentlege byråkratiet blitt for stivbeint. Den offentlege sektoren må bli smidigare, for å få bukt med dei mange detaljreguleringane og ordningane som skaper avmakt.
Offentleg byråkrati, private næringsinteresser og sterke interesseorganisasjonar har gjort dei folkevalde organa mindre viktige - og blandingsøkonomien mindre effektiv. Dette har ført til at det er blitt vanskelegare å påverke og styre den økonomiske utviklinga med dei velkjende offentlege virkemidla. I ein forhandlingsøkonomi trengst nye styringsmåtar.
Den nye oljenæringa har også stilt blandingsøkonomien på ei hard prøve. Oljeverksemda har skapt sterkt press på delar av arbeidsmarknaden. Norske styresmakter har ikkje hatt kontroll over dei transnasjonale selskapa som har vore med i Nordsjøen. For Venstre er det viktig at oljeutvinninga skjer i eit moderat tempo, at demokratisk styring blir oppnådd og at det norske samfunnet unngår for sterke påkjenningar.
Strategi mot arbeidsløysa
Vi tek mål av oss til å skaffe arbeid til alle, difor godtek vi ikkje arbeidsløyse. Den nye arbeidsløysa har særleg gått ut over ungdom, kvinner og arbeidstakarar i tradisjonelle industribransjar. Stagnasjonen i den offentlege sektoren har gitt kvinnene færre høve til å få arbeid. Det er dei som har minst utdanning, lita yrkeserfaring og svak helse som blir gåande langtidsledige. Først av alt gjeld det om å motarbeide slik langtids-arbeidsløyse.
Økonomien må bli organisert betre om arbeid for alle skal bli røyndom. Det offentlege har eit klart ansvar for å utnytte den arbeidsevna og dei kvalifikasjonane folket har. Særleg gjeld dette miljøarbeid, reparasjonar og vedlikehald, omsorg og ymse sosialt arbeid elles. Berre når det offentlege er aktivt med, er det mogleg å oppnå full sysselsetjing.
Kommunane skal spele ei sentral rolle i sysselsetjingspolitikken. Det er dei kommunale organa som kjenner dei lokale vanskane og oppgavene best. Difor vil vi desentralisere fleire oppgåver til kommunane og syte for at kommunane får betre økonomiske vilkår. Den noverande åtte timars normalarbeidsdagen er ei lite smidig ordning som høver dårleg for dei nye samversformene. Særleg skaper lønsarbeid saman med reisetid og omsorgsoppgåver sterkt press på familien. Så lenge kjønnsrollemønsteret ikkje er brote opp, er det ofte kvinna som får mest vanskar med å tilpasse seg normalarbeidsdagens krav. Det blir mindre tid til omsorg og fellesskap, og nærmiljøa mister handlekraft.
Venstre vil arbeide for smidigare ordningar av arbeidet og gradvis redusere den generelle arbeidstida. Hovudregelen skal vere at den daglege arbeidstida blir kortare, ikkje at ferien blir lengre. Målet er at tretti timars arbeidsveke blir gjeldande norm. Arbeidarar og funksjonærar skal ha same arbeidstid.
Det må likevel vere høve til å ta ut den kortare arbeidstida på ulike måtar. Såleis ønskjer Venstre også smidigare overgangar til pensjonsalderen. Dei eldre skal sjølve ha rett til å velje om dei framleis vil vere med i arbeidslivet.
Utfordringa : den nye teknologien
Den nye datateknologien blir utvikla og driven fram internasjonalt. Det norske samfunnet må sjølv velje korleis den nye teknologien skal nyttast. Den nye teknikken gir sjansar til å skape eit betre arbeidsmiljø, auke kunnskapsmengda og kommunikasjonen, spare energi og desentralisere verksemd. Under andre føresetnader kan den same teknikken skape framandgjering, nye sosiale skilnader, opne for manipulering med informasjon, sentralisere avgjerder og føre til arbeidsløyse. Måla for samfunnsutviklinga må avgjere korleis den nye datateknikken blir brukt.
Den teknologiske fornyinga i arbeidslivet må skje i kontrollerte former slik at det ikkje skaper utryggleik og sosiale problem. Det er særleg viktig at arbeidstakarane har oversyn over planar og høve til å påverke omstillingane. Venstre vil for sin del arbeide spesielt for å bruke datateknikken til å skape vekst i mindre einingar og desentralisere produksjonen. Likeins opnar den nye teknikken for enklare og desentralisert saksbehandling i den offentlege forvaltninga.
Eit høgt kunnskapsnivå kan vere med og hindre at ny datateknologi fører til framandgjering og avmakt. Skuleverket må gi dei unge tilstrekkjeleg innsyn i teknologien til at dei kan vere med i planlegginga og avgjerdene om bruk av denne på arbeidsplassane. Dessutan skal bedriftene vere forplikta til å gi grundig opplæring. Alt dette er nødvendig for at den nye datateknikken ikkje skal skape nye sosiale skilnader.
Næringspolitikk i tenestesamfunnet
Næringslivet skal vere allsidig og variert, desentralisert med små og mellomstore foretak som grunnlaget. Innanfor politisk fastsette rammevilkår skal privat initiativ og næringsdrift verke saman med samvirketiltak, offentlege foretak og andre eigedomsformer.
Landbruk og fiske vil alltid vere viktige næringar i vår næringspolitikk. Dette henger sammen med krava til matproduksjonen, distriktspolitikken, sysselsetjinga, beredskapen og den forsvarlege ressursbruken. Noreg vil framleis vere eit land som er avhengig av livskraftige bygdesamfunn som forvaltar lokale ressursar og tek vare på kulturelle verdiar. Overproduksjon og knappe ressursar gjer at primærnæringane står overfor store omleggingar. Vi vil halde oppe overføringane til bygdenæringane, men arbeide for at overføringane i større grad kjem dei grisgrendte strøka til gode. Desse overføringane må prioritere auka sysselsetjing framfor auka mekanisering. I fiskerinæringa er det viktig å tryggje ressursgrunnlaget og byggje opp utsette ressursar. Venstre går inn for ei planlagd satsing på oppdrettsnæring og havbruk. Avtalane mellom staten og fiskarlaget skal framleis sikre det økonomiske grunnlaget for dei som arbeider i fiskerinæringa. Til ressursane i havet er bygde opp att og næringa kan klare seg sjølv, er det nødvendig med statleg støtte. Dette krev også ei forsvarleg fornying av kystflåten.
Forsking og fornying, det er stikkorda for vår industripolitikk. Det høge inntektsnivået gjer at Noreg må satse meir på kunnskapsintensiv industriverksemd. Dessutan går vi inn for å byggje opp ein industri som er tevlefør med importen utanfrå. Dette vil auke sjølvberginga og sikre norsk kompetanse på nye område. Dess viktigare blir det å drive industriell forsking og utvikling. Her skal det offentlege ha eit stort ansvar, særleg for at dei små og mellomstore foretaka byggjer opp kompetanse.
Det er likevel verken primærnæringane eller industrinæringa som kan skaffe den nødvendige og store veksten i sysselsetjinga det neste tiåret. Først og fremst er det gjennom dei tenesteytande næringane vi kan skaffe arbeid til alle : Noreg blir eit tenestesamfunn. I dette samfunnet må arbeidsplassane i dei tenesteytande næringane vere betre spreidde enn dei er i dag. Her trengst fleire og nye verkemiddel for å gjennomføre dei ønskte reformene, med brei og demokratisk deltaking i utforminga lokalt. Det vil vere ein god start å byggje ut telekommunikasjonane likt over heile landet.
Fornorska petroleumsverksemd
Olja og gassen på kontinentalsokkelen skal utvinnast i eit moderat tempo, slik at også dei som kjem etter oss, kan nyte godt av ressursane. Dette fører og til at omstillingane i næringslivet skjer i eit sosialt forsvarleg tempo. Difor vil Venstre halde aktiviteten på det nivået som verksemda hadde kring 1980. I tilfelle der utbygginga av petroleumsindustrien kjem i konflikt med fiskeriinteressene, skal det takast særskild omsyn til desse.
Gevinstane frå utvinninga av petroleum skal kome heile nasjonen til gode. Difor må bedrifter over heile landet bli trekte med i leveransane til verksemda på sokkelen. Dei teknologiske utfordringane burde oppmuntre til industriverksemd og kunnskapsproduksjon som kan gi ringverknader også i regionar som er lite utbygde. Støtta frå oljeselskapa til industriell og teknisk forsking skal i større grad enn før bli overført via offentlege budsjett.
For å hindre press i økonomien må olje- og gassinntektene brukast varsamt, og på eit stabilt nivå. Det er difor nødvendig å skipe eit eige fond som kan gi full folkevald styring av inntektene frå oljenæringa. Dessutan må skattekontrollen for denne verksemda bli monaleg betre og skattlegginga skjerpast.
Petroleumsverksemda skal vere kontrollert og styrt av nasjonale folkevalde organ. Styresmaktene må bruke statens oljeselskap, Statoil, for å oppnå dette, men det trengst sterk folkevald styring av dette storkonsernet slik at det ikkje blir ein stat i staten. Det skal også vere plass for private, norske selskap i utvinninga, men dei må vere underlagde strenge offentlege reguleringar. Sett under eitt må arbeidet med å fornorske næringa halde fram.
Fordeling og omfordeling
Venstre vil forsvare og utvide dei sosiale ordningane velferdsstaten byggjer på. Økonomiske vanskar kan aldri bli argument for å svekkje eldreomsorga, helse-og sosialstellet. Skattenivået må gi rom for eit høgt fellesforbruk og dermed sikre dei sosiale ordningane. Skattesystemet må vere rettferdig, slik at det ikkje blir ein trussel mot oppslutninga om fellesforbruket.
Venstre vil gjennomføre store endringar i skattesystemet, etter følgjande retningslinjer:
· Det skal skape utjamning ved at skatten svarar til skatteevna målt ut frå inntekt og formue.
· Det skal verke rettferdig både overfor lønstakarar og sjølvstendige næringsdrivande.
· Det skal ha enkle reglar, slik at såvel hushaldningar og bedrifter som likningsvesenet bruker mindre tid og ressursar til arbedet med skattebetalinga.
· Det skal føre til ein effektiv ressursbruk i næringslivet.
Dei store skilnadene i levestandard i det norske samfunnet heng ikkje berre saman med inntektsskilnadene. Frynsegode som fri bil, feriereiser og rimelege lån er blitt stadig viktigare. Slike ordningar må vere offentleg kjende, og skal trekkjast inn i lønsforhandlingane. Ei anna viktig årsak til inntektsskilnadene er at fortenesta i næringslivet varierer mykje. I ein blandingsøkonomi vil det alltid vere slik at nokre kan gjere god forteneste medan andre driv med tap. Slike inntektsskilnader blir eit sosialt problem når dei fører til ei inntektsutvikling som favoriserer visse grupper over tid. Er det nødvendig vil Venstre ta i bruk verkemiddel som pris-og avansereguleringar for å sikre ei rimeleg inntektsutvikling for næringsdrivande.
Forhandlingsretten for partane i næringslivet står fast. Staten har likevel ansvaret for at lønsutviklinga sett under eitt held seg innanfor dei forsvarlege rammene. Når særleg viktige økonomiske eller sosiale omsyn krev det, skal staten ha rett til å gripe inn i forhandlingane.
Offentlege overføringar avgjer inntektene for store grupper. Desse ordningane vil vi framleis halde på, både for å nå dei næringspolitiske måla og for å utjamne inntektene mellom regionar. Sidan pressgrupper prøver å oppnå fordelar gjennom staten, er det nødvendig å prioritere overføringane strengt. Fellesinteressene skal framleis vere viktigare enn slike sterke særinteresser. Offentlege overføringar bør difor ikkje kome grupper til gode som tener meir enn gjennomsnittet. Dette gjeld både for primærnæringane, dei som eig industribedrifter og dei som arbeider i bedriftene.
MEIR Å VITE, MEIR Å LÆRE
Læring og utdanning er grunnleggjande føresetnader for at den einskilde skal kunne realisere seg sjølv og aktivt vere med på å forme samfunnet. Og kunnskap er framleis eit maktmiddel : produksjon og formidling av kunnskap er med og avgjer samfunnsutviklinga. Det er viktig å erkjenne at der er stadig meir å vite, stadig meir å lære. Vi må ta vare på evna til læring, og skape vilkår for ny innsikt gjennom forsking.
Samfunnet endrar seg raskt, påverknadene utanfrå er mange og sterke. Difor må kunnskapsformidlinga gi barn og unge fotfeste i det beste av fortidas kultur. Men den må også ta opp framtidas utfordringar : vilkåra for liberale verdiar, faren for utsletting, fordeling og omfordeling, likestilling og frigjering, arbeid for alle. Denne kunnskapsformidlinga skal først og fremst skje gjennom utdanningsinstitusjonane : førskule, barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule, høgare utdanningsinstitusjonar. Åra på skulebenken skal tene til å føre den oppveksande slekta inn i det vaksne samfunnet, dei skal ikkje gjere institusjonane til oppbevaringsplass. Barn og unge skal få oppøvd dei evner som trengst seinare i livet.
Men kunnskapsformidlinga skal også gjere det mogleg å forstå korleis verdivala og den politiske praksisen endrar samfunnet og formar framtida. Dei unge møter ei vaksenverd prega av tvil, uvisse og krise. Dei gamle generasjonskonfliktane har endra karakter drastisk, normkonfliktane er svekte. Dette skaper nok uvisse hos somme, men gir individ og grupper betre høve til å forme sitt eige liv.
Opplæringa i skuleverket skal vere bygd på dei liberale verdiane. Det vil seie at kritisk prøving skal vere sjølvsagt. Kunnskapsformidlinga skal gjere det mogleg for elevane å setje saman kunnskap i eigne perspektiv. Undervisninga må med andre ord vere problem-og konfliktorientert. Det er ikkje tale om å formidle Den eine sanninga, men å gi nye generasjonar høve til å prøve ut kva som er rett og gale, sant og usant. Kunnskap og innsikt er ikkje nok ; det trengst evne til samarbeid, kritisk tenking og engasjement.
Endra vilkår for læring
Livslang læring er i ferd med å bli røyndom. Når den formelle utdanninga er avslutta, er den einskilde sjeldan ferdig utdanna for heile livet. Det moderne tenestesamfunnet stiller krav om meir kunnskap, meir spesialisert kunnskap, meir effektiv bruk av kunnskap. Sjølv om læring skjer i mange samanhengar, er likevel skuleverket den dominerande kunnskapsformidlaren. Denne opplæringa av nye generasjonar er så viktig for samfunnet at Venstre vil arbeide aktivt for at skuleverket framleis skal ha mest å seie her. Men dette skal skje i eit samspel med familie, nærmiljø og arbeidsliv. Berre på denne måten kan sjølvstendig læring gjennom førstehands erfaring igjen bli det typiske.
Ved sida av den institusjonaliserte læringa skjer mykje av kunnskapsformidlinga gjennom aktivitetar i fritida, i ungdomsmiljøa, via massemedia. Det er då heller ikkje ønskjeleg at alt skal bli formidla i klasserommet. Dei unge må i større grad enn før få høve til å velje mellom skulegang, arbeid og kombinasjonar av skule og arbeid.
Flaumen av informasjon blir berre sterkare, formidla gjennom massemedia. Dess viktigare er det at skuleverket gir systematisk innføring i ulike fag, formidlar oversyn og skaper evne til å sjå samanhengar. Vi ønskjer å styrkje dei faga som gir høve til aktiv deltaking, kritisk tenking og kreativ utfalding. Fredslære må bli innført som eit nytt fag. Lokalsamfunnets natur, kultur og arbeidsliv må bli viktigare som kjelde til kunnskap og erfaring. Her kan praktiske og nære problemstillingar vere utgangspunktet for teoretiske basiskunnskapar, praktisk arbeid og forsking.
Verdiar som likskap, likeverd og fellesskap har gjort det nødvendig å prioritere utbygging av eit offentleg utdanningstilbod som kunne gi eit likeverdig tilbod til alle. Samstundes har Venstre halde på retten for einskilde grupper til å drive eigne, private skular. Men vi er på vakt mot ei auka privatisering som fører til at det er betalingsevna til foreldra som avgjer kvaliteten på utdanningstilbodet. I utjamningspolitikken er difor rammevilkåra for det offentlege skuleverket avgjerande.
Opplæring for alle
Kravet om lik rett til utdanning står altså fast. Sosial og økonomisk bakgrunn, kjønn eller etnisk opphav skal ikkje hindre den einskilde i å velje si utdanning. Dette stiller krav både til innhaldet i skulen, oppbygginga av skuleverket og stipend- og låneordningane. Venstre vil også streke under at funksjonshemma elevar har sin plass i det vanlege skuleverket.
Venstre vil arbeide for at alle barn skal få tilbod om barnehageplass. Det er viktig at barna kan kome saman og lære å leve i fellesskap. Barnehagane skal først og fremst vere eit pedagogisk tilbod, og gi barna eit trygt miljø for leik og aktivitet. Det offentlege har ansvaret for utbygginga av barnehagar, og må halde takstane på eit rimeleg nivå.
Som før skal grunnskulen formidle verdiar, dugleik og kunnskapar. Men grunnskulen blir også konfrontert med dei mange problema barn og unge møter i samfunnet, og må difor verke innanfor ei vidare sosialpedagogisk ramme. Dette krev at skuleverket får tilført større ressursar, som den einskilde skulen kan disponere innanfor visse rammer, for å ta omsyn til lokale tilhøve.
Skulen må ikkje lenger først og fremst sortere elevane til ulike livskarrierar. Venstre går difor inn for uformelle vurderingsformer som fører til betre kontakt mellom lærar og elev og mellom skule og heim. Skulen må leggje vekt på såvel samarbeidsevne, arbeidsinnsats og fagleg dugleik som evne til sjølvstendig vurdering. Målet er ein ungdomsskule utan karakterar, og Venstre vil arbeide for å vinne erfaringar med nye og betre vurderingsformer.
Venstre vil arbeide for ein open vidaregåande skule. Vi ønskjer jamvekt mellom teoretiske og praktiske fag, og prioriterer difor utbygging av dei praktiske studieretningane. Inntil vidare er det nødvendig å kjønnskvotere opptak til vidaregåande skular for å oppnå ei likare fordeling av kvinner og menn ved utdanningsinstitusjonane.
Vaksenopplæringa må vere likestilt med førstegongsopplæringa. Overgangen til yrkeslivet må bli smidigare, slik at delar av grunnutdanninga kan takast seinare. Det offentlege skuleverket har ansvaret for at det blir oppretta vaksenopplæringstiltak i alle delar av landet. Også dette er med på å gjere livslang læring til ein røyndom.
Styring nedanfrå og innanfrå
Stortinget skal syte for lik rett til utdanning. Likeins skal Stortinget syte for at interessene til minoritetsgruppene blir ivaretatt. Innanfor desse rammevilkåra skal skuleverket bli meir styrt nedanfrå og innanfrå. Den einskilde skulen, med lærarar, føresette og elevar, må få meir innverknad over sin eigen kvardag. Den omfattande skuleadministrasjonen var viktig for å nå målet om eit likeverdig utdanningstilbod over heile landet. No må meir makt tilbake til kvar skule.
Vi vil altså bort frå den sentraliseringa som ikkje berre skapte større einingar, men også meir einsretting. I staden vil vi byggje opp eit demokratisk skuleverk med små einingar der alle har medansvar. Ein slik skule må bli prega av mangfald, like vilkår og initiativ, og evne til eiga utvikling.
Denne medverknaden må også gjelde sjølve undervisninga. Skulen må leggje meir vekt på elevane sitt skapande arbeid og utvikling av eit sosialt godt læringsmiljø. Det vil bli lettare å nå dit om elevane får høve til å delta i opplegg for undervisninga og arbeide i grupper med bestemte prosjekt. På denne måten kan kunnskapsformidlinga bli meir forma av dei den vedrører. Difor er det viktig å dempe tendensane til spesialisering av lærarane. Oversyn og evne til å setje kunnskapen inn i ein samanheng er framleis avgjerande. Spesialisering kan også hindre det samspelet som trengst mellom utdanningsinstitusjonane og andre kunnskapsformidlarar i samfunnet.
Forsking er av det gode
Den som forskar leitar etter ny kunnskap og innsikt, prøver den kjende kunnskapen og freistar å flytte grensene for menneskeleg erkjenning. Mykje av forskinga er knytt direkte til anna verksemd i samfunnet. Forsking og utviklingsarbeid kan såleis ha mykje å seie for korleis samfunnet blir forma. Hjørnesteinane i norsk forsking er universiteta, høgskulane og forskingsråda. Saman med frittståande forskingsinstitusjonar og den verksemda private bedrifter står for, skaper dette eit nødvendig mangfald. Dette mangfaldet vil Venstre ta vare på og styrkje.
Det er sjølvsagt viktig at forskingsresultata kan bli nytta i utviklinga av samfunnet. Dette må likevel ikkje skuve grunnforskinga til sides. Oppgåva for denne er å føre dei viktige verdidiskusjonane, øve samfunnskritikk og ta opp dei meir langsiktige og grunnleggjande utfordringane. Ut frå Venstres grunnsyn vil vi understreke kor verdifull også den forskinga er som kan verke unyttig i kortsiktige, økonomiske perspektiv.
Dei folkevalde organa skal fastsetje dei økonomiske rammevilkåra for forskinga. Dei ulike forskingsorgana skal så ha fullmakt til å fordele ressursane og vurdere kvaliteten på forskinga. På dette punktet kan ikkje dei folkevalde overprøve avgjerdene i forskingsorgana.
Venstre vil gi både grunnforskinga og nytteforskinga gode arbeidsvilkår. Når ressursane skal fordelast, må ein ta omsyn til at dei einskilde forskingsmiljøa som regel krev mykje personell, utstyr og midlar for at dei kan halde seg oppe som berekraftige einingar med tilstrekkjeleg kompetanse. Difor er det uheldig å spreie ressursane for mykje. Forsking skal likevel ikkje vere eit privilegium for universiteta og dei sentrale institusjonane. I delar av landet som i dag får ein svært liten del av forskingsressursane, må det byggjast opp forskingsinstitusjonar med tilfredsstillande kompetanse. Dette er nødvendig for at forskinga og kunnskapsproduksjonen skal bli betre geografisk fordelt, og på den måten styrkje det intellektuelle mangfaldet.
Felles for dei fleste av desse institusjonane er at dei vitskapleg tilsette skal vere pålagde både plikt til forsking og pålegg om kunnskapsformidling. Slik skaper institusjonane ny innsikt og fleire kunnskapsprodusentar.
I VÅR VELFERDSSTAT HAR OGSÅ DEN EINSKILDE ANSVAR
Venstre held fast på grunnlaget for velferdsstaten : Gjensidig solidaritet mellom individ og mellom grupper, alle har ansvar og kjenner ansvar for andre, alle har like sjansar. Kravet om rettferdig fordeling er ufravikeleg, og samfunnet må ha eit sosialt hjelpeapparat som skaper tryggleik og løyser problem. Det er ikkje nok å byggje ut hjelpeapparatet ; det førebyggjande arbeidet blir viktigare. Omsorg for eiga og familiens helse høyrer sjølvsagt heime både i det førebyggjande arbeidet og i behandlinga av sjukdomane. Vi vil også byggje ut helsetenesta utanfor institusjonane.
Slik vil Venstre styrkje det ansvaret som fellesskapet og den einskilde har, utan at vi går bort frå prinsippet om at det offentlege har eit overordna ansvar for å tryggje velferdsstaten. Her skil vi lag med konservative grupper som vil svekkje fellesgoda ; det går særleg ut over dei svake gruppene. Og vi skil oss frå sosialdemokratar og sosialistar som legg einsidig vekt på det offentlege ansvaret. Begge undergrev den solidariteten og det fellesskapet som trengst menneska imellom for at samfunnet skal bli trygt å leve i.
Det beste grunnlaget for velferdsstaten er eit samfunn utan arbeidsløyse. Når arbeidsløysa aukar og blir stor, fører dagens ordningar til at trygdesystemet får lågare inntekter og høgare utgifter. Dette kan skape sosiale problem, fordi trygdeytingane kan bli reduserte. Vi vil difor sikre velferdsstaten ved å føre ein politikk som gir arbeid til alle og fordeler dei sosiale goda jamt og rettferdig.
Det førebyggjande arbeidet
Hjarte-/kar-sjukdomar, kreft og ulykker utgjer dei tre største sjukdomsgruppene. Langt på veg er dette livsstilssjukdomar. Berre eit stykke på veg er det mogleg å behandle desse. Difor blir det viktig å førebyggje mot dei.
Denne førebygginga må skje på mange måtar. Det gjer godt med meir fysisk aktivitet, betre ernæring og sunnare levevanar generelt. Miljøarbeid må til, likeins betre trafikksikring som vernar mjuke trafikantar. Dessutan vil vi styrkje forskinga på giftstoff i mat og miljø, og syte for at forskingsresultata får praktiske følgjer og blir nedfelte i regelverk.
Førebygginga krev eit samspel mellom offentleg helsestell (særleg primærhelsetenesta), friviljuge organisasjonar og den einskilde. Pris-og avgiftspolitikken kan vere eit effektivt verkemiddel. Likeins agitasjon og opplysning ; her må skuleverket spele ei sentral rolle. For vaksne er arbeidsmiljøet avgjerande, difor er det viktig å stø arbeidet i fagrørsla og deira krav om betre miljø.
Eit av dei største problema gjeld misbruk av rusmiddel, særleg alkohol. Vi meiner mange verkemiddel må til for å redusere alkoholforbruket : agitasjon, opplysning, avgifter, lovregulert omsetnad som gjer alkohol mindre tilgjengeleg. Venstre vil gå aktivt imot alle forsøk på å gjere misbruk av narkotika lovleg.
Ustabilt nærmiljø og usikre familietilhøve er årsak til mange av dei sosiale problema. Heller ikkje desse problema er det råd å løyse passivt ved å betale ut trygder. Betre bumiljø, arbeid for alle og høve til meiningsfylt aktivitet gjer det mogleg for folk flest å oppleve samkjensle, tryggleik og visse om at dei høyrer til ein stad.
Det er eit mål for Venstre å få til eit betre samarbeid mellom dei friviljuge organisasjonane og den offentlege forvaltninga. Kortare arbeidstid og smidigare overgang til pensjonistalderen er med på å sikre at omsorgsarbeidet ikkje blir ei ekstra byrde for kvinnene, men ei sjølvsagt oppgåve for begge kjønn.
Likeverdig tilbod til alle
Den økonomiske krisa og stagnasjonen har endra vilkåra for helse- og sosialtenestene. Venstre vil ha eit likeverdig tilbod om helseteneste for alle. Difor gjeld det å hindre ei kløyving av helsestellet, som fører til eit privat system for dei som kan betale mykje for rask og god hjelp, medan det offentlege slit med køar og ventelister. Venstre vil ha fast høvestal for dei ulike yrkesgruppene i helsestellet i høve til folketalet i kommunane. Dette fordeler helsetilbodet over heile landet. Føremåla i lov om kommunal helseteneste held vi fast ved. For at den lokale helsetenesta skal få tilført fleire midlar, må difor kommunane få ein betre økonomi.
Den offentlege helse-og sosialtenesta blir no lagd om til eit meir desentralisert system, der primærhelsetenesta blir viktigare enn før. Dei som er sjuke, og dei som treng omsorg, får best stell i sitt eige nærmiljø, der omgivnadene er kjende, og slekt og venner innanfor rekkjevidde. Primærhelsetenesta må bli betre utbygd med legar, heimesjukepleie og heimehjelp, slik at fleire kan få behandling i sitt eige miljø. Institusjonar og butilbod må bli bygde ut i nærmiljøa, med trygdebustader og sjukeheimar. På denne måten kan primærhelsetenesta avlaste sjukehusa.
Ansvar og økonomisk avgjerdsmynde innanfor dei store institusjonane må bli desentralisert med rekneskap og budsjett for kvar avdeling. I dei ulike avdelingsstyra på sjukehusa skal det offentlege vere representert for å ta vare på interessene til pasientane og det offentlege. Hovudregelen må vere at sjukehusa finansierer nye tiltak ved innsparingar eller minka aktivitet på andre område i avdelinga eller institusjonen.
Venstre vil opprette mindre institusjonar for det psykiske helsevernet og i helsestellet for psykisk utviklingshemma. Også her trengst ei sterkare desentralisering.
Den formelle kompetanse helse-og sosialarbeidarane har skaffa seg i etterkrigstida er ein av dei viktigaste føresetnadene for den høge standarden i det norske velferdssamfunnet. Dette må likevel ikkje føre til yrkesmonopol, som lett svekkjer trua på at pasienten kan lære gjennom erfaring. Ei slik haldning kan også bryte ned det ansvaret kvar einskild har for si helse. Difor vil Venstre motarbeide for sterk spesialisering, og dermed syte for at pasientane slepp å forholde seg til mange tilsette på kort tid, men får å gjere med personell som har meir ansvar og vide kunnskapar. Dette gir også meir variert arbeid for dei tilsette.
Noreg treng ein nasjonal helseplan
Situasjonen stiller større krav til helse-og sosialtenesta i kommunane. Ved sida av eit meir desentralisert helse-og sosialstell vil Venstre streke under at samfunnet treng eit nasjonalt, høgt kvalifisert behandlingstilbod. Difor skal riksinstitusjonane framleis vere statens ansvar.
I ein offentleg nasjonal helseplan vil vi fastleggje rammevilkåra og styringsmidla. Planen skal vere ein arbeidsreiskap, ikkje eit dokument gitt ein gong for alle. Ein slik helseplan må klargjere kva god omsorg vil seie når det gjeld butilbod, høve til å få behandling og hjelp, og kva som skal prioriterast. Kommunane og fylka skal sjølve stå for prioriteringane, men slik at også det desentraliserte behandlingsapparatet sikrar smidige ordningar og likeverdige tilbod.
Ein nasjonal helseplan krev også ei klargjering av kor store midlar som skal brukast i helse-og sosialstellet, kva investeringar som trengst, korleis ressursane skal fordelast til fylke og kommunar, korleis dei ulike tenester skal vere utbygde, og kva helsepersonell som trengst. På denne måten kan ein nasjonal helseplan verne helse-og sosialsektoren mot krava frå sterke særinteresser og gjere samla styring mogleg. Ein slik helseplan gjer det også lettare å sjå fleire fylke i samanheng og bryte ned mange av hindringane for eit effektivt samarbeid på tvers av administrasjonsgrensene.
Enklare trygdesystem
Sjølv om Noreg har eit av dei best utbygde trygdesystema i verda, finst det både manglar og hol i dette systemet. Det femner enno ikkje vidt nok ; ungdom utan arbeid og dei som blir gåande lenge utan arbeid fell lett utanfor. Arbeidsløysetrygd må bli gitt heile året - og meir enn nokon gong gjeld det om å sikre arbeid til alle.
Den sentrale saka er å forenkle trygdesystemet. Rekneskapen for Folketrygdfondet må syne korleis innbetaling av folketrygdavgift finansierer trygdene, og korleis innbetaling til-folketrygdavgift og skatt finansierer helsetenestene. Det blir fleire eldre, og dette krev ei endra finansiering. Den beste måten å sikre alderstrygda på er å føre ein politikk som gir alle under pensjonistalderen arbeid.
Venstre vil auke overføringane til dei gruppene som no får minst av desse. Vi ønskjer også å byggje ut folketrygda slik at den får meir å seie som generell minsteinntekt.
Ein føresetnad for at dagens trygdesystem skal haldast oppe, er at tilleggspensjonane ikkje blir overførte til ein privat marknad. Den retten som kvar og ein har i dag til å kjøpe tilleggspensjon i private forsikringsselskap, skal framleis gjelde. Men dersom store grupper einsidig får dekt sine pensjonsbehov på denne marknaden, kan det føre til at dei krev å betale mindre eller ingen ting til den offentlege folketrygdordninga. Ei slik utvikling ville rive grunnen unna eit sikkert folketrygdsystem. Difor ønskjer Venstre å halde tilleggspensjonane innanfor det vanlege folketrygdsystemet utan ei vidare privatisering.
Forenkling og desentralisering kan gjere trygdesystemet meir effektivt. Mange data må samlast inn, men personvernet skal sikrast ved desse registreringane. Når regelverket blir enklare og avgjerdene blir tekne lokalt, med høve til å anke til sentrale instansar, må det vere mogleg å gjere saksbehandlingane raskare. Dette skal ikkje svekkje kravet om likskap og lik behandling.
EIN POLITIKK FOR BYGD OG BY
Det norske busetnadsmønsteret endrar seg etter kvart lite. Både avfolkinga som truga utkantane og overveksten som prega byane har minka eller stoppa. I staden er det bygt ut fleire kommunesenter, og fleire pendlar enn før. Ein aktivt styrande distriktspolitikk har vore med og påverka denne utviklinga.
Enno er levekåra ulike i Noreg. I høve til landsgjennomsnittet ligg einskilde regionar langt etter. For oss er det eit prinsipp at levekåra er likeverdige same kvar ein bur i landet. Difor vil Venstre setje i verk ei rekkje reformer for å utjamne skilnadene i levekåra, både mellom regionane og innan regionane.
Tiltak for betre bygdesamfunn
Venstre vil halde på den spreidde busetnaden. At lokalsamfunna i bygd og by er varierte, har ein eigenverdi. Det gir innbuarane høve til å velje korleis dei vil leve, og verkar imot einsretta livsformer.
Noreg er på veg inn i tenestesamfunnet. Det er i dei tenesteytande næringane at dei fleste nye arbeidsplassane kjem. Her skal det offentlege spele ei sentral rolle. Men oljenæringa konsentrerer verksemda til nokre få regionar, og dette kan lett skape sentralisering. Framleis er det difor nødvendig med ein aktiv distriktspolitikk som fordeler arbeidsplassane betre mellom regionane. Likeins trengst store overføringar til næringslivet i utkantane. Desse overføringane må endrast, slik at dei ikkje blir skeivt fordelte mellom utkantane, og slik at støttetiltaka ikkje hopar seg opp i områda nær byane. Dessutan er det avgjerande at nye offentlege arbeidsplassar blir spreidde til fleire stader.
Livskraftige lokalsamfunn krev at den lokale forvaltninga er aktiv, og at innbuarane er aktivt med i avgjerdsprosessen. Vår viktigaste reform for å styrkje lokaldemokratiet er at styresmaktene desentraliserer makt til kommunane. Dessutan må kommunane ha økonomiske rammevilkår som set dei i stand til å forme si eiga utvikling. Får den lokale planlegginga større gjennomslagskraft, kan kommunane stå sterkare overfor statlege sektorinteresser. Men dette krev også ei sterkare stilling for dei lokale folkevalde, med ordførar og formannskap i spissen.
Generelt står kvinnene no sterkare på arbeidsmarknaden enn før. Situasjonen er annleis i arbeidslivet i utkantane. Mangelen på tenestetilbod og arbeidsplassar har gjort det vanskeleg for utkantkommunane å gi kvinnene der same høve til yrkesdeltaking som dei har i meir sentrale område. Det trengst med andre ord ein aktiv likestillingspolitikk i Utkant-Noreg også.
At så mange fleire pendlar no enn før, har nok gjort sitt til å halde på busetnadsmønsteret, men belastar også mange familiar. Meir smidige ordningar for arbeidstid kan gi betre vilkår for desse pendlar-hushaldningane. Likeins krevst fleire og betre vegar, og ein betre kollektivtransport. Den viktigaste reforma er sjølvsagt å spreie arbeidsplassane slik at færre må pendle.
Tiltak for betre byar
Venstre ønskjer grøne og menneskevenlege byar, buområde med sosialt samhald, mangfaldige kulturaktivitetar og variert tilbod av arbeidsplassar.
Byane treng fornying ved at eldre bustader blir sette i stand, og ei nybygging som er tilpassa det særpreget dei einskilde strøka av byen har. Uteområda må vere forma slik at alt ligg vel til rette for leik og samver. Midlane frå Husbanken er det bebuarane som skal nyte godt av, dei skal ikkje gi urimeleg forteneste til eigarane av leigegårdar. Flest mogleg må få vilkår for å overta sin eigen bustad og byfornyinga må bli finansiert av det offentlege på ein måte som gjer at alle kan bli buande. Det skal ikkje vere slik at det er bebuarane som må betale for det forsømde vedlikehaldet, medan eigarane stikk av med verdiauken. Er bustøtte nødvendig, må denne blir overført slik at den ikkje får preg av sosialhjelp.
Mykje av den nye bustadbygginga må skje ved at gamle bustadområde blir bygde ut tettare. Dette krev ei planlegging som legg vekt på kvalitet og fellesskap. Nye bydelar som blir bygde skal gi plass for alle aldersgrupper. Denne utbygginga må gå i etappar, slik at dei einskilde lokalsamfunna ikkje veks for raskt. Dei nye bydelane må vere bygde opp omkring sosialt liv og aktivitet i nærmiljøet. Samdrift og fleirbruk av møtestadene og lokale høyrer med.
Biltrafikken er det største miljøproblemet i byane. Venstre vil satse på trafikksanering og betre tilhøve for gåande, syklande og kollektivtrafikk. Kollektive transportmiddel skal vere den vanlegaste reisemåten. Dette krev både oversiktsplanlegging og ein fornya samferdslepolitikk. Men det krev og at transportmidla er baserte på betalingsformer og ein service som gjer dei tenlege også for barn og eldre. Moderne kommunikasjonsmiddel skal vere eit servicetilbod for dei mange, ikkje eit privilegium for dei få eller ei umyndiggjering av dei reisande.
Samfunnsutviklinga i og kring storbyane er merkt av at fleire bur i forstadskommunane, medan bysentra stagnerer eller får færre innbuarar. Dei økonomiske vanskane dette til tider skaper for byane, vil vi løyse ved at by-og forstadskommunane samarbeider meir om både plasseringa av nye arbeidsplassar og bruken av kollektive transportmiddel. Venstre ønskjer ikkje at byane skal bli avindustrialiserte og dominerte av ny serviceverksemd. Målet for oss er at arbeidsplassar, serviceinstitusjonar, kulturtiltak og bustader ligg nærare kvarandre og utgjer eit heile. Dermed kan også bydelane og forstadskommunane bli mangfaldige og levande lokalsamfunn.
VI VIL OVERLEVE
NATURMILJØET ER VÅRT LIVSVILKÅR
Økologien dreiar seg om samspelet i naturen og samspelet mellom natur og menneske. Den byggjer på eit heilskapssyn om at naturmiljøet er menneskets livsvilkår. Dette heilskapssynet legg Venstre til grunn for sin politikk. Vi erkjenner med andre ord at naturmiljøet har sin eigenverdi.
Både nasjonalt og internasjonalt melder dei økologiske problema seg med aukande styrke. Synlege uttrykk er død skog, døde innsjøar og vassdrag, utvida ørken, øydelagde leveområde for plantane og utsette dyreartar. Miljø-og ressursproblema er blitt større, men også meir samansette enn dei var då dei kom inn på den politiske saklista i 1960-åra. Og fristen for å løyse dei er blitt kortare. Men vi meiner det er mogleg å løyse samtidas fordelingskonfliktar utan å truge framtidas naturmiljø.
Økologiske retningslinjer
Både globalt og internasjonalt er det nødvendig å skape ein betre balanse regionvis mellom befolkningsutviklinga og ressursgrunnlaget. Naturmiljøet skal ikkje utarmast, men bli nytta slik at det kan fornye seg sjølv. Dette er eit av dei sentrale prinsippa i Venstres politikk for utvikling og omfordeling.
Ramma for menneskeleg aktivitet er den langsiktige bruken av ressursane. Dagens generasjonar har ikkje lov til å late etter seg eit samfunn med tømde ressursar og uoverstigelege avfallsdynger. Det offentlege må representere generasjonane som kjem etter oss, føre kostnadene for ressursbruken og forureininga tilbake til dei som håvar inn gevinsten, og drive ein aktiv miljø-og ressurspolitikk. Her trengst meir planlegging, sterkare administrasjon og meir kontroll med andre ord meir pengar. Dei grøne interessene er eitt av dei områda som krev meir, ikkje mindre byråkrati.
Kravet om ei langsiktig disponering av ressursane gjeld også for næringslivet. Eit utvida miljøvern vil føre til nye arbeidsplassar og ny aktivitet. Etter kvart som ressursane blir disponerte meir økologisk forsvarleg, trengst overgangsordningar til fordel for lokalsamfunn og arbeidstakarar.
I økologien er eitt av prinsippa at alt går i kretsløp i små og store system. Blir feil politikk ført, kan ein og same ressurs vere knapp ein stad og så konsentrert at den forureinsar ein annan stad. Den lokale produksjonen må difor bli bygd opp omkring dei lokale ressursane. Dette vil også føre til eit meir stabilt økonomisk system.
To prinsipp for ressursvern
Sett over tid er ressursdisponeringa den viktigaste delen av miljøpolitikken. Ny teknologi kan nok flytte grensene for kor mykje av ressursane på jorda som kan nyttast, men der finst likevel absolutte grenser. Dagens generasjonar har ikkje lov til å byggje eit overflodssamfunn på vona om at neste generasjon vil finne nye ressursar eller ta seg av avfallet frå forgjengarane. Difor stiller Venstre opp to prinsipp for ressursvernet.
Det første prinsippet er at ressursar som ikkje blir fornya, skal forbrukast minst mogleg. Det gjeld om å stabilisere og redusere ressursforbruket ved at ressursar som ikkje blir fornya blir erstatta med ressursar som kan fornyast, ved at ressursane blir resirkulerte, og ved at forbruksmønsteret blir endra.
Det andre prinsippet er at ressursar som blir fornya, skal vernast mot øydelegging eller overbelasting. Skog-og jordressursane er døme på at avkastingsevna aukar for mange av desse ressursane dersom dei ikkje ligg brakk, men blir nytta. Fiskeforekomstane er døme på at mange av desse ressursane er truga av rovdrift, medan direkte øydelegging trugar dyrka og dyrkbar jord ved at den blir bygd ned eller forgifta.
Det trengst auka løyvingar til forsking omkring desse ulike ressursane, det trengst sterkare institusjonar som arbeider med ressursplanlegging, og det trengst både tilskot og restriksjonar for at ressursane skal få ein langsiktig verdi når dei blir disponerte no. Dessutan trengst eit sterkt lovverk for å verne dei biologiske ressursane, og det må innførast strengare restriksjonar for sprøyting med giftstoff.
Energiressursane er avgjerande
Energiressursane har vore grunnlaget for at det materielle forbruket har kunna auke så raskt som det har gjort. Utvinning av lager av fossilt brennstoff (olje og gass) eller temming av kreftene i vassdrag har gjort det mogleg å omforme og flytte materialane i naturen. Rikeleg med energikjelder har vore til fordel for Noreg, men har også ført til store naturinngrep og øydeleggingar, og til uvettig bruk og sløsing av energi.
Det burde vere unødvendig å auke energiforbruket ; mykje kan gjerast for å nytte energiressursane meir effektivt. Om forbruket likevel aukar, skal det dekkast ved energiøkonomisering. Slik energiøkonomisering kan også føre til at det blir oppretta nye arbeidsplassar. Vassdragsutbyggingsepoken er avslutta. Utbygginga av vassdrag må difor trappast ned og avsluttast etter ei samla planlegging der berre dei minst verneverdige vassdraga blir bygde ut. Noreg treng ein ny verneplan som sikrar at alle landsdelane har ein rimeleg del av dei verna vassdraga, og gir dei eit variert tilbod av vassdragstypar. Held utbygginga fram som no, fører det til store konfliktar med ulike brukarinteresser. Urørte vassdrag er viktige for den økologiske balansen.
Næringslivet må stimulerast til å ta i bruk alternative energikjelder, til dømes solenergi og bioenergi, som dermed gjer det mogleg å redusere forbruket av olje og gass. Energi skal ha ein slik pris at forbrukarane - hushaldningar, bedrifter, forvaltning - blir flinkare til å spare. Våre krav om rettferdig fordeling inneber at prisen på energi må bli utjamna mellom landsdelane.
Venstre vil streke under kor viktig det er å endre forholdet mellom prisane på menneskeleg arbeidskraft, maskinar og energi i produksjonen. Teknologien og energien må bli høvesvis dyrare. Lågare arbeidsgivaravgift og endra avskrivingsreglar er tiltak som kan rette på dette.
Den kraftkrevjande industrien er merkt av krise, og må satse på energisparing og omstilling. Dette vil minke energiforbruket, skape nye arbeidsplassar og tryggje utsette lokalsamfunn.
Ressursar på avvegar
Forureinsingar er ressursar på avvegar. Frisk luft, reint vatn, giftfri mat og tilgjenge til levande natur er gode som blir meir og meir knappe. Den viktigaste grunnen til at forureinsingane har auka, er at forbruket av fossilt brennstoff stadig veks. Blir olje erstatta meir med kol, aukar forureinsingane ytterlegare. Noreg vil merke følgjene av ei slik utvikling, med sur nedbør frå andre land i Europa. Den sure nedbøren forgiftar naturen, og inneheld stoff som er framande for den menneskelege organismen, kreftskapande stoff medrekna.
Ei rekkje kjemiske stoff blir spreidd meir og meir. Vi ser på dette som ein av dei største truslane mot menneskets helse. Både nasjonale og internasjonale tiltak må til for å løyse problema, verne naturmiljøet og sikre menneskets framtid.
Venstre vil forsterke arbeidet med internasjonale avtalar mot sur nedbør og spreiing av helsefarlege stoff gjennom lufta. Er det ingen veg utanom, må norske styresmakter stille vilkår om minka utslepp for at Noreg skal levere olje og gass.
Forvaltninga må byggjast ut og få så store midlar at det blir mogleg å føre meir systematisk og vid kontroll med utslepp i luft, jord og vatn, og tilsyn med kjemiske produkt. Det trengst drastiske reduksjonar av utsleppa av miljøgifter i luft og vatn. Styresmaktene må leggje fram eit vidfemnande og forpliktande program som reduserer desse utsleppa, særleg frå industri og biltrafikk.
Venstre ønskjer å leggje om samferdslepolitikken, av omsyn til miljøet, tryggleiken og transportøkonomien. Kollektivtransport må få betre vilkår, og vi vil føre ein politikk som oppmuntrar til å bruke transportmiddel som forbruker lite energi og gir heller lite støy og forureinsingar.
Venstre vil innføre nye skattereglar for bilar. Det skal bli billegare å bruke bilar som forbruker lite energi, forureinsar lite og er meir trafikksikre. I byar og tettbygde strøk skal det setjast i verk trafikksanering som opnar for meir kollektivtrafikk og fleire bilfrie område. Ein føresetnad for at dette arbeidet skal gi resultat, er at kollektive transportmiddel blir gjorde mykje meir attraktive for trafikantane.
I dag blir avfall lagra slik at det oppstår alvorlege forureinsingar. Også avfall må kunne resirkulerast og bli nytta om att. Dette minkar forureinsinga og fører til betre ressursbruk, og det gir nye arbeidsplassar.
Klassisk naturvern
Den eldste forma for naturvern er å frede dyre- og planteartar eller heile naturområde. Framleis er dette ei viktig form for naturvern slik at mangfaldet i naturmiljøet blir halde oppe. Likeins er klassisk naturvern nødvendig for å sikre samspel og balanse i livssystema, og for å sikre at det finst store, samanhengjande naturområde utan menneskelege inngrep. Ein slik politikk må sjå samanhengen mellom artane og deira leveområde. Strenge vernetiltak må til for artar som er truga av utsletting.
Frå naturens side er det norske landskapet allsidig og variert. Styresmaktene må lage landsplanar som fører vidare arbeidet med å ta vare på typiske natur-og økosystem både lokalt, regionalt og nasjonalt. Ulike typar av kulturlandskap må vere med i desse planane. Meir midlar trengst for å forvalte naturområda på ein riktig og framtidsretta måte. Dei som gir frå seg grunn eller andre verdiar skal ikkje li økonomisk tap.
Det krevst både kunnskap om og respekt for naturens lovar og system for at naturområda, plante-og dyrelivet skal bli forvalta på rett måte. Styresmaktene har ansvaret for å gjennomføre det opplysningsarbeidet som må til, ikkje minst gjennom skuleverket.
Når større inngrep i naturmiljøet er planlagde, må det bli sett i verk grundige undersøkingar i området. Desse granskingane skal gjere det klart kva følgjene og skadeverknadene blir for andre brukarinteresser. Slike konsekvensanalysar skal vere avslutta før styresmaktene gir løyve til inngrep. Miljøvernforvaltninga skal stå for prioriteringane og vurderingane i slike saker.
INTERNASJONALT SAMARBEID
Dei måla vi har for utviklinga av det norske samfunnet er saman med dei globale forpliktelsane grunnlaget for det internasjonale samarbeidet Venstre ønskjer. Fred, utjamning og fridom for dei undertrykte er dei almenne måla. Nasjonal sjølvråderett er eitt vilkår for å nå dei politiske måla. Prinsippet om økologisk jamvekt må respekterast både for at vi skal oppnå ei global utjamning og for at vi skal sikre ressursgrunnlaget for komande generasjonar.
Den opne norske økonomien har gitt landet materielle fordelar. Framleis må Noreg innføre og utføre varer og tenester i ein bytehandel med andre land. Men nettopp fordi Noreg har vore så avhengig av omverda, har det også vore mindre høve til å styre samfunnsutviklinga. Her må fordelane og ulempene ved den opne økonomien målast mot kvarandre, med tanke på at den politikken som skal førast sikrar nasjonal sjølvråderett.
Det er nødvendig å gripe inn i dagens handelssystem for å oppnå ei ny økonomisk verdsordning som er til fordel for dei fattige landa. Den internasjonale arbeidsdelinga og handelen som gjer seg gjeldande i dag, er det store transnasjonale bankar og industriselskap som styrer. Meir innsikt og kontroll med deira verksemd er ein ufråvikeleg føresetnad, likeins er det viktig å hindre dei i å gå utanom det nasjonale lovverk. På den måten kan meir av dei økonomiske og teknologiske ressursane bli nytta for å nå felles mål. Det offentlege må syte for kontrollen, i samarbeid med andre land.
Samarbeidet mellom nasjonane må vere mangfaldig. Tryggleik og fred blir umogleg utan at samarbeidet også femner om ideologiske motpartar. FN blir ein så god eller ein så dårleg organisasjon som medlemslanda gjer den til. Difor må Noreg heile tida forsvare den plassen FN har og bør ha i det internasjonale samarbeidet. Noreg skal vere aktivt med i dei ulike FN-organa, og stille væpna styrkar til rådvelde for dei fredsbevarande operasjonane FN set i verk. Dessutan meiner vi at norske styresmakter skal spreie ein vesentleg del av si utviklingshjelp gjennom FN. Noreg bør melde seg ut av det internasjonale energibyrådet IEA for å kunne opprette likeverdige kontaktar med OPEC og IEA.
Noreg må arbeide for at Vest-Europa er eit opent samfunn som er folkestyrt og ikkje dominerer eller undertrykkjer andre land. Vi ønskjer eit tett samarbeid med andre vestlege land i avspenningspolitikken overfor austeuropeiske land. Dette høyrer med i arbeidet for ei alleuropeisk tryggingsordning. Noreg skal framleis halde gjeldande avtalar om handel-, industri- og pengepolitisk samarbeid med andre land i Vesten. Dei offentlege styresmaktene må føre ein streng kontroll med norsk våpeneksport.
Venstre går inn for at Noreg held nær kontakt med andre land om generelle utanrikspolitiske og internasjonale saker. Noregs forhold til EF og andre organ med overnasjonalt preg skal byggje på det grunnlaget som folkerøystinga i 1972 la. Dette er ikkje til hinder for at Noreg utvidar samarbeidet med EF i politiske og utanrikspolitiske saker.
Meir nordisk samarbeid
Dei nordiske landa har mykje felles historie både kulturelt, sosialt og økonomisk. Dei nordiske landa er mykje like ; Norden er ei mangfaldig eining. For Noreg må det vere eit av dei viktigaste måla å styrkje det nordiske samarbeidet.
Eit slikt samarbeid opnar for innverknad i verdssamfunnet. Det gir høve til å føre vidare ei samfunnsutvikling som legg meir vekt på menneskelege verdiar enn andre land gjer. Meir nordisk samarbeid kan vere eit nyttig bidrag for fred, utjamning og fridom.
Den økonomiske krisa i verdssamfunnet krev internasjonalt samarbeid. Her kan samarbeidet i Norden vere med og stoppe verknadene av stagnasjonen i den vestlege økonomien. Slik skapar vi økonomisk grunnlag for ei trygg utvikling i denne delen av verda. Likeins trengst eit sterkare nordisk fellesskap som bolverk mot ein internasjonal kulturindustri som trugar med einsretting av det nordiske mangfaldet.
Vår strategi er med andre ord at Norden spelar ei uavhengig rolle i internasjonal politikk.
Alt ligg vel til rette for at dei nordiske landa har mykje økonomisk samkvem. Døme på dette er den store samhandelen, dei mange investeringane på tvers av landegrensene, produksjonssamarbeidet og samarbeidet mellom finansinstitusjonane. Styresmaktene i dei nordiske landa har brukt regelverket for å opne for slikt samarbeid ; landa fører såleis regelmessige rådslagningar om den økonomiske politikken.
Den skandinaviske modellen har internasjonalt ry fordi den har ført til økonomisk vekst, full sysselsetjing og sosial tryggleik. Mange ser eit førebilete i den nordiske velferdsstaten, for saman med veksten har dei nordiske landa klart å ta vare på verdiar som regional balanse, sosial utjamning, variert næringsstruktur og nasjonal kontroll i høve til dei transnasjonale selskapa.
Den sosiale stabiliteten dette har skapt, har vore ein særs viktig føresetnad for den økonomiske framgangen i Norden. No er velferdsstaten truga. Vårt svar er å styrkje det nordiske samarbeidet. Føremålet med dette samarbeidet må vere at det gjer samfunnet meir menneskeleg, samstundes som naturressursane i Norden blir utnytta betre - i samsvar med dei prinsippa for ressursbruk vi har sett opp.
For det første må dei nordiske landa utnytte arbeidsdelinga seg imellom, slik at Norden gjer seg mindre avhengig av tilhøva i den internasjonale økonomien. Dei livsnødvendige varene bør Norden vere sjølvforsynt med, landa sett under eitt. Det gir både økonomisk og politisk handlefridom.
For det andre bør dei nordiske landa sameine kreftene sine i den internasjonale samhandelen. Står dei saman på den internasjonale marknaden, får nordisk eksport større tyngd. Samhald gir styrke, og mogleg gevinst ved handelsavtalar og andre samarbeidsordningar.
For det tredje må dei nordiske landa stå saman om å få til ein rettferdig handel med u-landa. Dei må prøve å opprette felles handelsavtalar med u-land som dermed får sleppe til med sine industriprodukt på den nordiske marknaden. Berre slike mindre steg kan gi synlege resultat av arbeidet for ei ny økonomisk verdsordning det komande tiåret. Åleine eller saman med andre mindre industriland kan Norden setje i verk eit program for utvalde land i den tredje verda, først og fremst dei fattigaste landa og statane i det sørlege Afrika. Målet for dette programmet skal vere å gjennomføre prinsippa for ei ny økonomisk verdsordning i eit mindre område. Ein slik reform kan gjere det lettare å få til ei løysing som gjeld heile verda.
Ingen fridom utan fred, ingen fred utan fridom
Mest av alt skal utanrikspolitikken tryggje velferda og sjølvråderetten. Målet er tryggleik, fridom og fred.
Det finst ingen fridom utan fred. Det er ei krenking av menneskeverdet å bruke makt og valdsmiddel for å løyse mellomfolkelege konfliktar. Opprusting vil seie å sløse med ressursar som kunne ha vore nytta til å gi fleire menneske fridom. Difor er nedrusting ein føresetnad for meir fridom i verda, og for fridom utan frykt.
Det finst heller ingen fred utan fridom. Vi godtek inga form for undertrykking i fredens namn. Frigjering og sjølvråderett er difor føresetnader for at det kan skapast ein fred som varer.
Utan rettferd er der ingen fridom eller fred. Den rike er ikkje fri dersom velstanden og overfloda er oppnådd ved å utbytte den fattige. Få ting er viktigare for Venstre enn at Noreg og andre land fører ein politikk som gir rettferd gjennom utjamning.
Frigjering - med menneskerettar
Den rett nasjonalstaten har til indre sjølvstyre og sjølvråderett over eigne saker, må ikkje handhevast slik at det går ut over dei grunnleggjande menneskerettane som internasjonale avtalar har slått fast. Konsekvent og utan nøling skal Noreg forsvare desse rettane. Norske styresmakter er også forplikta til å motarbeide forsøk frå samarbeidsland på å sjå bort frå rettane. Ikkje minst gjeld dette landa Noreg samarbeider med i NATO. Det er i strid med måla for denne alliansen når medlemsland direkte eller indirekte stør statar og regime som opent bryt menneskerettane.
Urfolka har krav på særleg vern. Difor vil Venstre arbeide for at det blir oppretta eit eige FN-organ, styrt av representantar for desse gruppene, som vernar deira rettar.
Utjamningspolitikk for utvikling
Dei fattige landa må sjølve leggje grunnlaget for framgang. Det vil seie at dei må setje i verk politiske og sosiale reformer og mobilisere innbuarane til støtte for ein slik politikk. Utan hjelp utanfra er det dei færraste u-landa som maktar å gjennomføre dei mest nødvendige investeringane eller å få dekt grunnleggjande materielle behov. Ein vesentleg del av norsk u-hjelp skal formidlast som fleirsidig hjelp gjennom FN og utviklingsbankane. Sosiale vilkår skal vere retningsgivande for denne hjelpa, ikkje politiske eller forretningsmessige.
Resten av hjelpa skal Noreg formidle gjennom tosidige samarbeidsavtalar med nokre få utvalde land. Denne hjelpa må først og fremst nå fram til dei fattigaste innbuarane i dei fattigaste og minst utvikla landa. Føremålet med all slik hjelp skal vere å gjere desse landa meir og meir sjølvhjelpte.
Hjelp er ein nødvendig, men ikkje tilstrekkjeleg føresetnad for at dei fattige landa bryt ut av elendet. Like nødvendig er det å endre den internasjonale økonomien og avgrense makta til store land og transnasjonale selskap. Det arbeidet som tok til i 1970-åra for å få til ei ny økonomisk verdsordning, må såleis førast vidare og gi resultat. U-landa må få stabile og tilfredsstillande prisar på dei viktigaste eksportvarene sine, og få rimeleg plass for ferdigvarene sine på marknadene i dei rike landa. Vidare må dei få tilgjenge til kapitalmarknadene og på den måten få kreditt til investeringar. Dei rika landa og OPEC-landa må auke si offentlege u-hjelp.
I kontakten og samarbeidet med u-landa må Noreg respektere kulturformer som kan verke framande. Utdanning, forsking og mellommenneskeleg kontakt kan hjelpe på kjennskapen til andre kulturar. Dette vil også seie at u-landa sjølve må få betre høve til å informere nordmenn om sin kultur og sitt samfunnsliv.
Av di ressursane på jorda er avgrensa, og komande generasjonar har rett til sitt liv og si utvikling, må ressursvern og økologiske prinsipp få mykje å seie i dei ulike utviklingsplanane og -programma. Norsk politikk overfor u-landa bør såleis vere bygd på ein økologisk forsvarleg bruk av ressursane.
Den tredje vegen
Di meir statane og militæralliansane prøver å oppnå tryggleik ved militære maktmiddel og ikkje noko anna, di mindre trygg blir verda å leve i. I atombombas tidsalder fører den snevre nasjonale tryggingspolitikken til kollektiv uvisse og utryggleik. Målet for vår forsvars- og tryggingspolitikk er difor å skape nasjonal fridom og samstundes gjere vårt til å skape ei fredeleg utvikling i verdssamfunnet. Tilhøvet mellom supermaktene har svært mykje å seie for den norske tryggleiken. Avstanden og konfliktane mellom rike og fattige land aukar risikoen for at Noreg blir trekt inn i ein konflikt som startar ein annan stad i verda. Venstre ønskjer å halde oppe den norske medlemskapen i NATO til dei vestlege og austlege statane har fått i stand ei tilfredsstillande alleuropeisk tryggingsordning kontrollert av FN, samstundes som militærblokkene på begge sider blir bygde ned.
Dit er det langt. Framleis er forsvarssamarbeidet i NATO den beste garantien for den norske tryggleiken, kombinert med eit truverdig defensivt og konvensjonelt forsvar. Venstre går imot at atomvåpen, kjemiske og bakteriologiske våpen skal brukast til å forsvare Noreg. Vi vil også arbeide for at NATO ikkje gjer seg avhengig av atomvåpen, og vil motarbeide at NATO byggjer sin strategi på at alliansen tek i bruk atomvåpen først. For oss er det viktig at det ikkje er supermaktsinteressene til USA som styrer alliansen og NATO-strategien. Difor vil vi at Noreg satsar på samarbeid med andre små medlemsland. Dette er den tredje vegen i norsk forsvarspolitikk.
Så lenge atommaktene held oppe kjernfysiske styrkar og gjer åtak med desse til grunnlaget for den gjensidige avskrekkinga, må målet for kampen mot atomvåpen vere å minke talet på våpen, opprette avtalefesta atomvåpenfrie soner og hindre at våpna blir spreidde. Prøvestansavtalen må bli utvida slik at den blir eit absolutt forbod.
Internasjonale avtalar må stoppe utviklinga av nye våpen som kan truge sjølv den minste antydning av stabilitet i tilhøvet mellom aust og vest. Noreg må arbeide for å forby våpenkappløpet i verdsrommet og på havbotnen. Eit første initiativ vil vere at Noreg gjer sitt til at statane held sine kjernefysiske våpenarsenal på dagens nivå. Etter kvart må desse arsenala i både vest og aust ned på det lågast moglege nivå av gjensidig avskrekking.
Verken ei effektiv avskrekking eller forsvaret av den vestlege verda tilseier at det er nødvendig med balanse mellom aust og vest i alle våpentypar og konfliktområde. Eit slikt krav driv berre opprustinga vidare. Einkvan må vere viljug til å ta det første steget på nedrustingsstigen. Venstre meiner at dei vestlege landa står sterkt nok både militært, økonomisk og politisk til å ta dette steget. Styrkepolitikk fører ikkje til nedrusting. I staden må motparten bli utfordra til å kome etter.
Venstre går inn for at det blir oppretta atomfrie sonar i Europa. Er det ingen veg utanom, får denne sona bli avgrensa til Norden. Både den vestlege og austlege alliansen bør dessutan tynne ut blant troppane sine i Sentral-Europa. I Vest-Europa må dei taktiske atomstyrkane bli avvikla gradvis, og mellomdistanserakettane må bli trekte tilbake.
Det norske forsvaret skal vere bygt opp kring tre einingar : ein ståande styrke som er meir mobil enn dagens ; ein større mobiliseringsstyrke som disponerer mannskapa fornuftig og som gir eit betre kuppforsvar og ei raskare mobilisering til lokalvernet ; ein styrkt sivil beredskap. Forsvaret må vere organisert slik at det kan meistre situasjonar som oppstår når kommunikasjons- og forsyningslinjene bryt saman. Forsvaret skal også gi ei realistisk opplæring i bruk av sivile, ikkjevaldelege motstandsformer. Dei fordelane naturen gir i forsvaret av landet må bli utnytta meir gjennomtenkt.
Det skal framleis vere allminneleg verneplikt for menn. Ikkjevaldeleg motstandsteneste er og skal vere ein viktig del av totalforsvaret. Dei som ikkje kan utføre vanleg militærteneste av samvitsgrunnar, skal difor få ei teneste og ei opplæring som svarar til deira prinsipielle syn.
Forsvarsevna må bli betre. Dette burde det vere mogleg å oppnå ved at ressursbruken blir omorganisert og omprioritert. Våpen som er enkle og billege, men likevel effektive, kan erstatte dyr og sårbar våpenteknologi.
Den norske våpenindustrien bør difor satse meir på å utvikle og produsere våpen til det norske forsvaret, i staden for eksport og samproduksjon med utanlandsk våpenindustri. Særleg landforsvaret kan gjerast meir effektivt dersom styresmaktene held fram med å desentralisere styrkane, lagerhaldet, festningsverka og kommandostrukturane.
Venstre byggjer sin forsvarspolitikk på den einaste realistiske føresetnaden: Forsvaret av land og nære kystområde er ei oppgåve for dei nasjonale styrkane. Den strategisk viktige posisjonen Noreg har, er ein viktigare garanti for at allierte kjem til hjelp i ein krisesituasjon enn det at dei allierte har lager på norsk jord. Venstre går ikkje prinsipielt imot slike lager, men vil vurdere dei kvar for seg. Dette gjeld også tekniske installasjonar og andre anlegg for allierte styrkar. Vi held bestemt fast på dei restriksjonane norske styresmakter har pålagt seg sjølve om at framande styrkar ikkje skal vere stasjonerte i Noreg i fredstid.
I høve til supermaktene ligg Noreg strategisk utsett til. At vi treng ein garanti frå den eine supermakta for norsk tryggleik, inneber inga automatisk norsk støtte til den globale strategien USA har. For Noreg er det heilt avgjerande at spenningsnivået i nærområda er lågast mogleg. Denne nasjonale interessa, som Noreg deler med sine nordiske granneland, må heile tida vegast mot dei allierte interessene.
Avspenninga mellom aust og vest stoppa opp i 1970-åra, og no har ei ny spenning kome til. I denne situasjonen er det livsviktig at Noreg og andre små land held oppe samarbeidet og dialogen på tvers av skiljet, og tek nye initiativ til avspenning. NATO må atter ein gong etterleve føresetnaden om at dei politiske sidene av den politikken alliansen fører overfor austmaktene skal vere viktigare enn dei reint militære. Men sovjetrussisk styrkepolitikk må møtast med ei fast haldning, og sambandet skal vere bygt på respekt for menneskerettane. Alle utvegar skal likevel prøvast for å oppnå løysingar gjennom forhandlingar, så sant dette ikkje går ut over eigen tryggleik eller vilkåra for enkeltmenneske og grupper i Aust-Europa.
Visjonen
Venstre har ein visjon, eit håp : Ein gong skal verdssamfunnet bli slik at forhandlingar og meklingar er nok for å løyse konfliktane som oppstår. I denne nye fredsorden har dei einskilde statane berre dei maktmidla som må til for at dei skal halde oppe indre orden. I staden for dei nasjonale militære styrkane er det i denne nye fredsorden FN som har makt og mynde til å halde freden ved like. Dei verdiane, prinsippa og normene Venstre legg fram i dette programmet, gir gode vekstvilkår for den kimen til fred og fridom som trass alt finst.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10200. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.