Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Prinsipprogram · 1971

SOSIALISTISK FRAMTID. Politisk informasjon fra Sosialistisk Folkeparti

Sosialistisk Folkeparti · 1 657 ord

SOSIALISTISK FRAMTID

Politisk informasjon fra Sosialistisk Folkeparti

Prinsippfråsegn

Vedtatt 1971, stadfestet 1973

I. Noreg i den kapitalistiske verda

Noreg er ein del av den kapitalistiske verda. Der rår det systemet at eit mindretall kontrollerer dei økonomiske ressursane og dermed det meste av folks livssituasjon gjennom eigedomsretten til produksjonsmidla. Drivkrafta i produksjon er ynsket om profitt for dei få, medan dei mange må selja arbeidskrafta si til kapitaleigarane og la dei disponera overskotet av arbeidet.

Kontrollen over økonomien kjem på jamt færre hender, og dei fleirnasjonale gigantselskapa slår under seg meir og meir av produksjonsutstyret, meir og meir av verdsmarknaden.

Kapitalismen gjev økonomisk vekst for dei rike i verda men ikkje trivsel og rettferdig fordeling av verdiane. Kapitalismen skaper ein unyttig vareflaum i dei rike land men kan ikkje skaffe menneska nok mat, frisk luft og reint vatn. Kapitalismen nyttar den moderne teknologien til eit ukontrollert forbruk av natur- og miljøverdiar som ikkje kan fornyast, han tappar ressursar frå fattige land og frå komande generasjonar og samlar økonomisk og politisk makt hjå dei rike stormaktene. Moderne kapitalisme tyder rovdrift på naturressursane, forgifting av jord, luft og vatn, øyding av gardsbruk og dyrkingsjord, han set heile vårt livsmiljø i fare.

Også vårt samfunn vert meir og meir ein lekk i det internasjonale kapitalistiske system. Utanlandsk storkapital kjøper opp norske bedriftar og får meir og meir hand om den økonomiske utviklinga. Heile industrigreiner er under full eller delvis framand kontroll. I aukande grad blir den norske økonomien styrt utanfrå for å tene interessene til stormaktene i vest og krigsøkonomien deira. NATO-medlemskapen bind oss til ein militærallianse som fører krigar mot verdas fattige folk, lemer oss inn i ei europeisk stormaktsblokk, og verkar som ein berebjelke for den kapitalistiske maktstrukturen i Noreg. EEC-medlemskap vil gjere innleminga i dette systemet fullstendig.

Det norske økonomiske systemet og den offisielle politikken tener såleis den verdsomspennende imperialismen som held dei fattige land nede i armod og står mot deira frigjeringskamp med våpen og undertrykking. Sameleis er imperialismen ein føresetnad for kapitalismen og difor er kampen frigjeringsrørslene fører retta mot det kapitalistiske verdssystemet. Såleis er frigjeringskampen i dei fattige landa og kampen for sosialisme i Noreg to sider av same sak.

Storkapitalen styrkjer sitt grep om vårt samfunn. Den vesle gruppe som kontrollerer storkapitalen her i landet avgjer korleis ressursane skal brukast, om folk skal få arbeid og kvar dei skal arbeida. Bygdesamfunn vert utarma medan arbeidsplassar og ressursar blir konsentrerte om nokre få pressområde der overfolking skaper menneskefiendske miljø. I kapitalens interesse avskaffar strukturrasjonaliseringa tusenvis av arbeidsplassar. Dette råkar serleg eldre arbeidstakarar som vert kasta ut av produksjonslivet med dårlige trygder. Kvinnene vert haldne som en arbeidskraftreserve eller blir underbetalte når næringslivet har bruk for dei. Under dette systemet verkar kvinna som ein gratis serviceinstitusjon i heimen slik at samfunnet kan sleppe frå pliktene sine på den sosiale sektoren. Eit fåmannsvelde kontrollerer investeringane og dei økonomiske disposisjonane. Dette trugar med å endre og forverre livssituasjonen for størstedelen av folket. Denne utviklinga råkar ikkje berre arbeidarklassen i tradisjonell meining. Heile folket lønstakarar, bønder, fiskarar, husmødrer, dei som lever av trygder, ungdom i utdanning og i militær- og sivilteneste har sams interesser i kampen mot kapitalismen og for eit sosialistisk demokrati.

Makta åt dei folkevalde organa er oftast illusorisk. Viktige avgjerder som gjeld folkets livsvilkår vert tekne ganske andre stader. Anten det er borgarlege eller sosialdemokratiske politikarar som styrer, byggjer dei viktigste vedtaka i storting og kommunestyre på premissane åt kapitaleigarane og tener såleis i fyrste rekke interessene deira.

Meir og meir vert statsapparatet ein reidskap for produksjonssystemet og kapitalens profittinteresser ved disponering av dei offentlege ressursane. Det kjem til syne i skattepolitikken, subsidieringstiltaka, investeringspolitikken, utdanningsstellet, busettingspolitikken osv., samtidig som militærmakt, politi, og domstolar verkar til å stabilisere og garantere dei rådande makttilhøva.

Dei store interesseorganisasjonane vert i stor monn dregne inn i dette hopehavet mellom stat og næringsliv på ein slik måte at dei vert reidskapar for systemet mot medlemsinteressene. Denne korporativiseringa undergrev demokratiet i organisasjonane og i samfunnet, og verkar til å kontrollera og passiviseramedlemene og stabilisera det kapitalistiske systemet. Utviklinga i sosialdemokratiet og fagrørsla etter siste krig illustrerer dette.

Kapitalens makt over samfunnet kviler og på eit kulturelt herrevelde gjennom kontroll og innverknad over utdanningsstell, fjernsyn, radio, presse osb. Frå barnsbein vert alle innpoda med borgarskapet sitt bilete av verda og forestillinga om at dette samfunnssystemet er det einaste tenlege. Mange godtek difor borgarlege «ideal» og normar og stiller seg passive både til gjennomgripande endringar av vårt samfunn og til frigjeringsrørslene ute i verda.

Den teknologiske revolusjonen, ressursproblema og øydelegginga av livsmiljøet set dei sosialistiske rørslene framfor ein del nye problem som dei sosialistiske klassikarane rimeleg nok ikkje kan gi eit direkte svar på.

Før var det opplagt at økonomisk og materiell vekst og auka forbruk var eit viktig mål for alle sosialistar. I dag er det snarare slik at økonomisk vekst i tradisjonell kapitalistisk forstand kjem i skarp konflikt med omsynet til vårt eige miljø og til solidariteten med dei fattige land.

Derfor er det ei plikt for sosialistar i dei rike land å sette økonomisk vekst i tradisjonell kapitalistisk forstand, bak dei andre siktemåla som er nemnde framfor.

Vårt mål må ikkje vera å overta den kapitalistiske teknologien og føra den vidare under eit statsbyråkrati. Gjennom vår nye innsikt i ressurs- og miljøproblema må vi utvikla eit sosialistisk syn på teknologien, og gjennom dette må vi planfast sette til side dei teknologiske nyskapingar som trugar miljøet, og i staden bygge på den delen av teknologien som sparer miljø og ressursar på best mogleg måte.

II. Sosialismen og vegar dit.

Vårt mål er eit sosialistisk Noreg eit samfunn der det arbeidande folket har kontrollen over produksjonsmidla, der ingen blir utbytta av ei overklasse, der produksjonen, statsapparatet og samfunnslivet elles, vert styrt av folket for å stetta folkets behov.

I eit sosialistisk industrisamfunn må det finnast politiske styringsorgan med makt til å planleggja samfunnsutviklinga og setja planane i verk. Staten må såleis ha hand over mykje av dei viktigaste produksjonsmidla, t. d. storindustrien. Dette må sameinast med direkte arbeidarstyre på arbeidsplassen. Balansen mellom sentralisert planlegging og direkte demokrati i økonomien er eit hovedproblem i sosialismen som ikkje kan løysast med teori, men berre gjennom konkret praksis.

Statseige er berre ei av dei sosialistiske eigedomsformene. Kommunal drift, kooperativ produksjon og sjølvsysselsetting er naturlege og viktige lekkar i ein folkestyrt økonomi i vårt land.

Kapitalismen inneber for kvinnene ei underordna og passiv rolle utan reell innverknad på planlegginga og styringa av samfunnsutviklinga og utan herredøme over sin eigen situasjon. Dette tilhøvet kan ikkje endeleg opphevast utan å oppheve kapitalismen. Arbeidet for eit demokratisk samfunn krev full medverknad frå både kvinner og menn på alle område og kvinnas undertrykte stilling kan ikkje opphevast utan deira eigen aktive innsats i politisk arbeid generelt og for deira eiga frigjering spesielt. Sosialismen blir ikkje til røyndom utan at kvinna sjølv får makt til å krevje sine rettar og rå over sin situasjon. Arbeidet for frigjering av kvinna er ein nødvendig lekk i kampen for eit nytt samfunn der det kapitalistiske fåmannsvelde er brote.

Røynsler frå andre land syner at offentleg eige av produksjonsmidla ikkje i seg sjølv sikrar demokratiske rettar og folkestyre. Eit sosialistisk parti i maktposisjon målber ikkje automatisk folkets røynlege interesser. Partiet kan fjerna seg frå folket og utvikla eit byråkrati som etterkvart kan verka som ein ny herskar-klasse. Utviklinga i Aust-Europa gjev døme på dette. Det levande demokratiet i partiet og det aktive folkestyre i alle lekkar av samfunnslivet er den einaste garanti mot ei slik utvikling. Difor må tale-, trykke- og organisasjonsfridomane utviklast slik at dei får eit reelt innhald for folket og ikkje blir ein reidskap for dei priviligerte. Berre på den måten kan ein løysa meiningsskilnader innanfor folket og tryggja folkemakta mot at borgarskapet tek styringa på ny.

Den sosialistiske teori og røynslene frå andre land viser at overgangen til sosialisme tek former som skifter med dei økonomiske vilkår, politiske tradisjonar, historisk og den faktiske praksis åt sosialistane i det land det gjeld.

Det har ikkje vore sosialistiske omveltningar i land som beinveges kan jamførast med Noreg. Dei konkrete røynslene frå kamp for sosialisme under slike vilkår er avgrensa. Ein detaljert og eintydig resept på korleis overgangen kan bli i Noreg, kan difor ikkje stillast opp.

Kampen mot kapitalismen har til mål å flytte makta fra dei få til dei mange. Stortinget er berre eitt av maktsentra i vårt samfunn. Viktige avgjerder som fastset folks livsvilkår blir tekne andre stader. Kapitalismens fall kan tenkjast å koma som resultat av økonomiske kriser, langvarige krigar, politiske kriser, men også av medveten og langvarig politisk kamp. I alle tilfelle avheng gjennomføringa av sosialismen av masseaksjon og revolusjonær handling. Kampen for sosialismen kan ikkje førast fram til siger i Stortinget, men kamp innanfor og utanfor dei folkevalde organ må gå hand i hand, og folkets eigen innsats er den avgjerande faktor, og det parlamentariske arbeidet må innordnast i denne innsatsen. Denne kampen er revolusjonær fordi han har til formål å skapa eit nytt samfunn der folket styrer ikkje reparerer på eit gamalt samfunn der kapitalen styrer.

SF vil arbeida for å sikra ein fredeleg overgang til sosialismen og søkja gjera det umogeleg for borgarskapet å gripa til kupp og valdsbruk for å hindra ei avgjerande demokratisering av samfunnet og for å prøva atterreisa kapitalismen. Røynslene frå andre land syner kor vanskeleg dette er, men historiske føresetnader og politiske tradisjonar i Noreg gjev eit godt grunnlag for å arbeida for ein fredeleg overgang til sosialismen så langt det norske folk sjølv kan rå over si sosiale utvikling i ei verd der stormakts-blokkene dominerer. Skulle sosiale forandringar i Noreg bli møtte med valdsmakt, kupp eller intervensjon, må folket sjølvsagt verja seg med dei middel som er nødvendige.

I arbeidet med dei kortsiktige hovudmåla er det viktig å læra meir om korleis kapitalismen fungerar og korleis kapital og stats-makt vil svara når ho vert utfordra. Ut frå dei røynslene vi vinn i klassekampen må vi leggja opp den vidare strategien.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10181. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.