Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Partiprogrammer

Valgprogram · 1989

Ta Norge i bruk! Program for Senterpartiet 1989-1993.

Senterpartiet · 24 198 ord

SENTERPARTIET

Ta Norge i bruk !

Program 1989 - 1993

PROGRAM FOR SENTERPARTIET

1989 - 1993

GRUNNSYN

Senterpartiet vil at Noreg skal byggje si framtid på dei kristne grunnverdiane, humanistiske verdiar i pakt med dette og vår nasjonale arv og demokratiske styringsmåte. Målet for politikken vår er å skape eit fellesskap av frie og sjølvstendige menneske, der rettferd, tryggleik og likeverd er berande prinsipp. Det kristne synet på menneskeverdet skal vere grunnmuren i dette byggverket.

Senterpartiet vil ha eit samfunn som gir mennesket valfridom og medråderett og eit samfunn som kan sikre trusfridom, trykkefridom, organisasjons- og ytringsfridom og rettsvern.

Ansvaret og pliktene for kvar einskild av oss som medlemer av eit fellesskap er ramma kring den personlege fridomen.

Senterpartiet ser heim og familie som ei grunnleggjande sosial eining i samfunnet. Vi ser det som ei hovudoppgåve å gi folk slike livstilhøve at dei kan kjenne på seg at dei høyrer heime i oversiktlege lokalsamfunn.

Senterpartiet vil motarbeide ulik og urettvis handsaming av folk ut fra etnisk opphav, sivilstand, kjønn, religion og bustad. Målet er likeverd og likestilling på alle område.

Senterpartiet vil styrkje den folkevalde innverknaden i samfunnslivet. Gjennom desentralisering og styrking av lokalsamfunnet vil vi gi kvar einskild betre høve til å påverke og forme sin eigen livssituasjon.

All samfunnsplanlegging må ta utgangspunktet i at naturressursane er knappe og det økologiske systemet sårbart. Ein må også ta omsyn til å skape eit godt miljø og ha eit vake auge for den veksande avstanden mellom fattige og rike her i verda.

Den økonomiske verksemda må gå føre seg innanfor dei rammene som ressurstilgangen og omsynet til eit godt miljø krev.

Vekst er ikkje å forbruke meir, men å styre og stelle på ein betre måte.

Senterpartiet vil arbeide for ei meir rettferdig fordeling mellom rike og fattige her i verda. Arbeidet for å sikre menneskerettane for alle må vere grunnleggjande i norsk innanriks- og utanrikspolitikk.

Noreg må gjennom sin nasjonale politikk og internasjonalt samarbeid gjere sitt til for å skape fred. Det er viktig å byggje ut det internasjonale samarbeidet. Dette samarbeidet må formast ut slik at det er i samsvar med dei demokratiske og nasjonale tradisjonane våre.

UTFORDRING

Noreg er eit rikt samfunn. Gjennom fleire generasjonar har forfedrane våre skapt ein materiell velstand og kulturelle verdiar som vi no dreg nytte av og som det er vårt ansvar å gi vidare til etterkomarane våre.

Vi kan sjølve vere med på å påverke og avgjere utviklinga. Då krevst det kunnskap om viktige utviklingstrekk i samfunnet og oversyn over dei utfordringane vi står overfor.

Folkestyret har fått ringare kår. Avgjerdsprosessen er blitt meir innvikla og færre er med. Krav om ei omfattande kommunesamanslåing kan føre til lengre avstand mellom avgjerdsmakta og dei som blir råka av vedtaka der. Dette er også i strid med ønsket om å gi kvar einskild betre høve til å påverke sin eigen livssituasjon.

Dei siste åra har vore prega av ei kraftig sentralisering, der folkeveksten har samla seg kring nokre få stader i landet vårt. Målsetjinga om å verne hovuddraga i busetnadsmønsteret vårt står no i fare. Utfordringa er å føre ein politikk som tek heile Noreg i bruk, og som gir likeverdige levekår same kvar i landet ein enn måtte bu.

Arbeidsløysa har også auka på i det siste. Det er ein menneskerett å ha eit arbeid å gå til. Gjennom ei målretta styring må det leggjast grunnlag for ei større verdiskaping i Noreg, slik at fleire kan kome i arbeid att. Arbeidsløysa har særleg råka distrikts-Noreg. Det er difor ei viktig oppgåve å skape nye arbeidsplassar i distrikta, og særleg då for ungdom og kvinner.Dette kan bli avgjerande dersom vi no skal unngå ei endå sterkare sentralisering.

Rein natur og eit godt miljø er ein menneskerett. Jorda vår, lufta og vatnet har fått store skadar som no må rettast opp att. Gjennom ein kraftig innsats må vi førebyggje nye skadar på omgjevnadene våre. Men ein aktiv miljøpolitikk og ei ansvarleg ressursstyring krev ei kursendring.

Større internasjonalisering inneber større press på og pårøyning for norsk språk og kultur. Denne utfordringa må møtast med ein brei og aktiv kulturpolitikk. Utfordringa gjeld både å sikre eit likeverdig kulturtilbod over heile landet og å ta vare på lokale kulturtradisjonar. Kulturpolitikken må også mane til større eigenaktivitet og oppglødd interesse.

Samfunnet har også plikt på seg til å gjennomføre ein fordelingspolitikk som kan gjere alle sosialt trygge. I dag er mange barnefamiliar i ein pressa situasjon. Samfunnet må hjelpe til slik at foreldra kan ta meir aktivt del i oppsedinga av borna, samtidig som begge foreldra får høve til å vere aktivt med i arbeidslivet.

Talet på eldre aukar. Dette gjer det då viktig å føre ein politikk som betre kan utnytte dei kreftene og ressursane som dei eldre sit inne med i arbeids- og samfunnslivet. Det veksande talet på eldre må i sin tur føre til fleire omsorgsoppgåver, både i institusjonar og i open omsorg.

Meir kunnskap er nødvendig dersom Noreg skal hevde seg i tevlinga med andre land. Samfunnet må leggje tilhøva til rette for ei betre undervisning på alle nivå, og særleg då i dei første skuleåra, der eit viktig grunnlag blir lagt.

Som samfunn og som einskildmenneske står vi alle andsynes desse utfordringane. Dersom vi tek vare på verdiforankringa vår og det kulturelle rotfestet og sikrar ei fornying av Senterpartiet sin politikk på dette grunnlaget, kan vi løyse desse utfordringane i lag.

HOVUDSAKER I PERIODEN

Med bakgrunn i dei utviklingsdraga og utfordringane som vi har skissert ovanfor, ønskjer Senterpartiet å prioritere desse sakene i den komande stortingsbolken:

1)

Arbeidet med å skape eit betre miljø og ei ansvarleg ressursstyring må trappast kraftig opp. Det trengst ei omlegging av kursen dersom vi skal sikre dei nasjonale og internasjonale skyldnadene våre.

Det må i den komande stortingsperioden setjast i verk tiltaksplanar som reduserer forureininga av lufta og vatnet vårt. Energiforbruket må frysast fast før utgangen av 1990-åra, og energiøkonomisering må få ein breiare plass enn no.

Eit samfunn i regional balanse er ein føresetnad dersom vi skal skape eit godt miljø og ei ansvarleg ressursstyring.

2)

Senterpartiet vil føre ein aktiv politikk for å ta heile Noreg i bruk. Arbeidet må styrkjast slik at vi stoggar sentraliseringsbølgja og kan skape eit samfunn i regional balanse.

Senterpartiet har som mål at busetnaden og folketalet skal haldast oppe i alle distriktskommunar. Senterpartiet vil at forsvarslina for busetnaden skal gå gjennom kvar kommune. Initiativ og tiltakslyst må støttast over alt i landet vårt.

Skal vi oppnå dette, er det nødvendig a byggje opp eit allsidig arbeidsplass-, teneste- og kulturtilbod over heile landet. Arbeidsplassar for kvinner er her særskilt viktige.

Senterpartiet vil redusere pressproblema i byane gjennom desentralisering. Vidare kan ei sterkare satsing pa kollektivtraflkken og byfornying leggje grunnlaget for eit betre og trivelegare miljø.

3)

Ei lågare rente og ei moderat løns- og prisutvikling er ein viktig faktor i arbeidet med å styrkje norsk næringsliv. Betre rammevilkår for næringslivet, omframme tiltak på miljøsida og meir samordna innsats trengst dersom vi skal skape fleire arbeidsplassar og dermed få fleire folk i arbeid. Dette må skje gjennom ein økonomisk politikk som tek sikte på å gjenreise fastlands-Noreg og gjere oss mindre avhengige av oljeverksemda.

Det må setjast i gang offentlege program som kan gi arbeidslause høve til å ta på seg oppgåver (t.d. innanfor helse- og sosialsektoren, kulturlivet) som elles ikkje ville ha blitt utførte. Dette gjeld ofte i høve der utbetaling av trygd elles er den einaste utvegen.

4)

Noreg må ha eit aktivt forhold til Europa, og særleg halde eit vake auge med utviklinga i EF. Norske styresmakter må gjere sitt til for å styrkje den europeiske frihandelsorganisasjonen EFTA, og halde oppe og ta vare på eit godt nordisk samarbeid.

Ein norsk medlemskap i EF er i strid med målsetjinga om eit levande folkestyre. Målsetjingane til Senterpartiet om å skape eit samfunn i regional balanse, ha ein aktiv miljøpolitikk og ei ansvarleg ressursstyring, kan ikkje sameinast med ein norsk medlemskap i EF. Senterpartiet seier difor nei til norsk medlemskap i EF.

Norsk tilpassing til EF må ta utgangspunkt i kva slags samfunnsutvikling vi ønskjer oss nasjonalt.

5)

Senterpartiet vil arbeide for at folk som treng pleie og pårørande må sikrast rett til omsorgskontakt, som m.a. omsorgsløn og avlastingstiltak. Alle som treng det må ha eit tilbod om hjelp, anten det no gjeld open omsorg eller i institusjon.

Dei eldre må få ta del i arbeid, både i nærmiljøet og samfunnslivet elles. Alle aldersgrupper må samarbeide om å løyse oppgåver i lokalsamfunnet.

6)

Tilhøva må leggjast betre til rette for barnefamiliane, slik at dei kan velje meir sjølve korleis dei vil ha det. Ved å auke kontantoverføringane må dei få betre høve til å vere meir heime medan barna er små. Dei må også få bruke utdanninga si ute i arbeidslivet. Oppvekstkåra for barna må også bli betre.

Senterpartiet vil gå inn for større barnetrygd, 40 vekers svangerskapspermisjon med løn og minst like stor auke av fødselspengane til dei som arbeider heime. Senterpartiet vil skjere ned momsen på grunnleggjande matvarer, som eit middel til å betre stoda for barnefamiliane. Det er eit mål at alle som ønskjer det skal ha eit tilbod om barnehageplass for barna sine.

7)

Undervisningstida i grunnskulen må aukast til 143 timar. Nar elevtalet går ned, skal dei frigjorde ressursane brukast innanfor skulen.

Senterpartiet går inn for å utvide undervisningstida for 1.- 4. klasse. Alle 6-åringar skal få eit pedagogisk tilbod alt etter kor moge barnet er. Lokale føresetnader avgjer korleis dette tilbodet skal organiserast.

8)

Det er ikkje økonomisk grunnlag for noka kortare arbeidstid eller lengre ferie no. Vi må i staden leggje vekt på å mane til større sparing og betre arbeidsinnsats. Arbeidsmiljølova må vurderast på nytt, med sikte på å styrkje den personlege fridomen når det gjeld å velje arbeidstid og -omfang. Såleis må vi også prøve å få utnytta utstyr og investeringar i offentleg og privat verksemd på ein betre måte.

FOLKESTYRE OG DESENTRALISERING

Folkestyre vil seie at makt og innverknad for dei mange skal vere spreidd. Eit desentralisert samfunn er ein føresetnad for å gjere demokratiet til røyndom for så mange menneske som råd. Skal folk kunne føle ansvar og gjere bruk av sine demokratiske rettar, må omgjevnadene vere så oversiktlege at folk finn det meiningsfullt å kasta seg inn i dette. Senterpartiet vil leggje større vekt på ein politikk for dei små einingane.

Norsk medlemskap i EF er i strid med eit levande folkestyre.

Den snøgge teknologiske utviklinga fører store utfordringar og positive framtidsutsikter med seg. Dette kan skape høve til kontakt og samband over store avstandar, men samstundes kan det også føre til menneskeleg avstenging og mangel på identitet om utviklinga får vekse styrlaust fram.

Styring og utvikling

Vi kan ikkje la dei frie krefters spel ta over heile utviklinga. Dersom viktige politiske målsetjingar skal haldast oppe, må marknadsøkonomien utfyllast og sameinast med avgjerder som er tekne av dei folkevalde på ymse nivå.

Det er turvande med eit effektivt offentleg styringsverk for å halde oppe sentrale politiske mål og for å sikre at rettsstatens prinsipp blir tekne vare på, m.a. i sakshandsaminga. Dette målikevel ikkje føre til uturvande byråkrati. Offentleg administrasjon skal i første rekkje hjelpe folk til å få større innverknad over sin eigen livssituasjon.

Styringa må difor ta sikte på dei overordna måla som gjeld i samfunnslivet. Vi bør skjere ned på reguleringa av småting, m.a. ved å gjere lover og reglar enklare.

Senterpartiet vil arbeide for meir heilskapsstyring og mindre detaljstyring.

Meir folkevald innverknad

Senterpartiet ser det som ei viktig oppgåve å gjenskape trua på folkestyret.

Ein lyt då arbeide aktivt for å styrkje heilskapstenkinga i politikken gjennom dei folkevalde organa. Folkevalde organ må sleppe å avgjere alle slags småting, så dei heller kan få samle seg om dei meir prinsipielle og langsiktige spørsmåla.

Desentralisering av avgjerdsmakt kan kome i motstrid med t.d. målet om likeverdige offentlege tilbod. Det er difor nødvendig å setje opp nasjonale standardkrav på særskilt viktige område, t.d. innanfor helse- og sosialsektoren.

Senterpartiet går då inn for :

- at det blir nemnt opp ein parlamentarisk folkestyrekommisjon med sikte på å styrkje folkestyret vårt. Ein slik kommisjon bør m.a. ta omsyn til dei røynslene som vi har gjort i forsøka med frikommunar.

Stortinget

Stortinget må stå i første rekkje når det gjeld å tenkje stort og nasjonalt.

Senterpartiet vil gå inn for at det blir halde såkalla opne høyringar på Stortinget. På denne måten kan vi betre få kasta lys over sakene frå fleire sider og Stortinget kan få fram andre opplysningar i høve til dei framlegga som kjem frå Regjeringa.

Dei politiske partia må få gode arbeidsvilkår slik at dei kan gjere oppgåvene sine på beste måten.

Senterpartiet går då inn for:

- at det blir innført ei meir rettferdig valordning enn den som gjeld no. Valordninga må gi eit betre samsvar mellom oppslutninga kring partia ved valet og talet på stortingsrepresentantar.

- at rådgjevande folkerøystingar blir nytta i spørsmål som har svært mykje å seie nasjonalt. Ein skal ikkje bruke slike folkerøystingar i humanitære spørsmål.

Kommunane

Kommunane gir tenester som har mykje å seie for innbyggjarane sine. Dei bør difor ikkje vere større enn at dei gir oversikt og fremjar eit lokalt engasjement. Senterpartiet går imot at kommunar blir slått saman dersom folk som bur der ikkje ønskjer det. Det bør difor haldast rådgjevande folkerøysting når framlegg om å slå saman kommunar kjem opp. Kommunar som før har vorte slått saman ved tvang, bør kunne løysast opp att dersom det er eit sterkt ønske om dette.

Senterpartiet ser positivt på at grendeutval blir skipa i kommunar der folk ønskjer dette.

Senterpartiet meiner det må lagast samarbeidsmodellar mellom fleire kommunar, slik at forholda mellom by- og omlandskommunar kan bli lettare. Styresmaktene må setje opp eit lovverk som slår fast korleis utgifter og inntekter ved ymse utbyggingstiltak i slike samarbeidskommunar kan fordelast.

Det nye inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar har utvida det lokale sjølvstyret. Det nye inntektssystemet må sikre at folk i alle delar av landet får likeverdig tenesteyting og eit breitt kommunalt tilbod.

Senterpartiet går då inn for:

- at kommunane i større grad ser etter om oppgåver m.a. i teknisk etat og barnehagedrift, kan gjerast av private. Overordna mål som rettvis fordeling, må likevel sikrast.

- å prøve ut nye modellar slik at ein får til ei effektiv og god styring av kommunane.Som eit utgangspunkt bør ein likevel halde på formannskapsprinsippet.

- å utvikle forsøka med frikommunar vidare.

- at leiande administrative stillingar i stat, fylkeskommune og kommunar heretter gjeld på åremål.

Fylkeskommunen og statleg lokalstyring

Fylkeskommunen har fått lagt på seg viktige oppgåver innanfor sjukehusdrift, vidaregåande skular, samferdsel, næringsutvikling, miljøvern og regional planlegging.

Senterpartiet vil gå inn for at fylkeskommunen framleis blir halden oppe, m.a. fordi ei nedlegging av fylkeskommunen elles kan føre til krav om større kommunar. Senterpartiet vil då på si side gå inn for at fordelinga av oppgåver mellom stat, fylke og primærkommune må drøftast på nytt, for å hindre dobbeltarbeid og overstyring.

Det statlege styringsverket lokalt har vakse mykje i dei seinare åra. Senterpartiet vil gå inn for at oppgåvene til fylkeskommunen og det lokale statlege styringsverket blir betre samordna. Siktemålet er då å få til ei rasjonalisering og innsparing. Det statlege styringsverket lokalt bør då i utgangspunktet avgrense seg til å sjå etter at lover og reglar blir følgde (legalitetskontroll).

Senterpartiet går då inn for:

- at det statlege styringsverket lokalt blir betre samordna, ved å ta bort somme oppgåver eller overføre dei til kommunar og fylkeskommunar.

- at miljøvernavdelinga til fylkesmannen blir overført til fylkeskommunen.

Det samiske folket

Dei allmenne samfunnstiltaka må kome samane til gode, på like fot med folket elles. Samane må også ha godt høve til materiell og kulturell utvikling på sitt eige grunnlag.

Ein må ikkje gjere inngrep i bruksområda på ein slik måte at grunnlaget for dei samiske hovudnæringar blir brote ned. Gjennom styrking av samiske organ må samane få større innverknad på planlegging og tiltak som har med dei å gjere. Det er også nødvendig med betre samordning og planlegging av tiltak som gjeld samane, både innanfor sentralt og lokalt styringsverk.

Sametinget må setjast i stand til å verke som eit aktivt organ i saker som er viktige for samane. Sametinget må også litt etter litt få seg tilført avgjerdsmakt på stadig nye saksområde.

Det nordiske samarbeidet for og mellom samane må førast vidare. Her må ein særleg ta sikte på å samordne det lov- og regelverket som kvart land har. Det gjeld då lover og reglar som seier noko om utviklinga av samisk kultur og bruken av naturressursane i dei samiske områda.

Dei næringsvegane som er særskilt viktige for tradisjonell samisk busetnad og kultur må styrkjast. Dette kan mellom anna skje gjennom meir forsking og støtte til organisasjonsarbeid og kursverksemd. Dette gjeld i særleg mon reindrift, jordbruk/fedrift, fjordfiske, utmarksnæringar, handverk/husflid og ymse kombinasjonar av alle desse næringsvegane.

Senterpartiet går då inn for:

- at vi tek vare på beiteområda og flyttvegane til reindrifta. I tilfelle der areal må takast i bruk til felles behov for heile samfunnet, bør det då opnast nye areal til reindrift. Reindrifta må likevel tilpassast naturtilhøva og ikkje tære for mykje på dei.

- at jordbruksnæringa i dei samiske områda får sikra ein tilfredsstillande beiterett på statens grunn.

- at ein planfast utviklar eit variert næringsliv i samebygdene, slik at fleire kan få seg arbeid der og gjere ein samfunnsinnsats på stader der dei har røtene sine.

- at det blir skipa eit samisk kulturfond som skal styrast av eit samisk kulturråd med tilknyting til Sametinget.

- ei samisk språklov, og at det må stillast til rådvelde store nok statlege midlar til å få denne lova gjennomført. Arbeidet med læreplanar og lærebøker i samiske kulturfag må styrkast og førast vidare. Det er viktig at dei elevane som bruker samisk får læremiddel til same tid og same pris som elevane i dei andre målformene våre.

- at samiske media blir styrkte ved at ein satsar meir på samisk radio og fjernsyn, presse og tidsskrift, og særleg på skrifter som er mynta på barn og ungdom.

Frivillige organisasjonar

Dei frivillige organisasjonane spelar ei sentral rolle m.a. i kulturlivet, natur- og miljøvernarbeidet, helse- og sosialsektoren, idretten og i ungdoms- og nærmiljøarbeidet. Ei mengd folk er medlemer av ein eller fleire slike frivillige organisasjonar, og legg her ned ein stor arbeidsinnsats - ikkje minst på fritida si.

Det klårt viktigaste motivet for denne oppglødde innsatsen er ønsket om å arbeide i lag med andre for ei sams sak, eit føremål eller ein ide. Ulike saker, livssyn og idear har vore opphavet til at organisasjonar har kome til. Eit kjenneteikn ved dei frivillige organisasjonane er den evna dei har til å dra til seg folk og mane dei til meiningsfylt og samfunnsnyttig arbeid.

Senterpartiet går då inn for:

- at dei frivillige organisasjonane får gode vilkår, m.a. gjennom økonomisk støtte og høve til å bruke offentlege bygningar.

- at tilhøva blir lagde til rette for eit betre samarbeid mellom det offentlege og dei frivillige organisasjonane.

- at dei frivillige organisasjonane skal få tildelt midlar frå lotteriinntektene til Staten. Senterpartiet meiner likevel at talet på statlege lotteri skal avgrensast.

Likestilling

Gjennom ein medviten politikk kan vi styrkje likestillings- og likeverdstanken. Arbeidet for jamstilling mellom kvinner og menn lyt halde fram, og arbeidet for å sikre jamstilling mellom folk med ulik funksjonsevne og ulikt etnisk opphav må få større vekt enn før.

Senterpartiet ser på lik løn for likt arbeid som eit grunnleggjande jamstillingsprinsipp. Folk med ymse funksjonshemmingar må få både rett og høve til arbeid, utdanning og høveleg bustad.

Senterpartiet går då inn for:

- at vedtaket til Stortinget om minst 40 prosent av begge kjønn i offentlege nemnder og utval blir følgt opp.

- at det blir meir lik kjønnsfordeling når det gjeld "tunge posisjonar" i arbeids- og samfunnslivet.

- at ein held fram med oppmodingstiltaka for å få fleire kvinner inn i leiande stillingar.

- at gutar og jenter blir oppmoda om å ta utradisjonell utdanning.

- at det blir laga arbeidstidsreformer som gir rom for omsorgsarbeid. Yrkesgreiner med mange kvinner må ikkje bli ståande att som låglønsyrke.

Rettsvern

Dei lovlege rettane til mindretalet må alltid haldast oppe. Alle har rett til likeverdige og menneskeverdige levekår, same kva religion, politisk overtyding, etnisk gruppe, kjønn og funksjonsevne dei har.

Senterpartiet vil arbeide for eit opnare styringsverk. Ein må halde oppe høvet til å klage på vedtak i eit styringsorgan til eit anna høgare organ i same grad som i dag.

Senterpartiet går då inn for:

- at ordninga med fri rettshjelp blir styrkt. Det er sameleis viktig at ordninga er tilgjengeleg for alle låginntektsgrupper. Fri rettshjelp må ikkje avgrensast berre til nokre få saksområde. Rettsgebyret må ikkje bli så høgt at det hindrar folk i å reise søksmål.

- at overvaking av lovleg politisk verksemd må avvisast.

MILJØ- OG RESSURSSTYRING

Naturen og miljøet er sjølve livsgrunnlaget vårt. Eit samfunn i økologisk jamvekt er på lengre sikt ein føresetnad for å overleve.

Det er ein grunnleggjande menneskerett å ha ei god helse og trivast i ein rein natur og i eit sunt miljø. Difor er det viktig at all verksemd går føre seg innanfor dei grenser som omsynet til naturen og eit godt miljø set.

Vekst er ikkje å forbruke meir, men å styre og stelle på ein betre måte.

Omgrepa "berekraftig utvikling" og "tenkje globalt - handle lokalt" er viktige utgangspunkt for miljøpolitikken. Gjennom forsking og utgreiing må vi avklare kva følgjer slike omsyn skal få for ymse delar av den nasjonale politikken vår.

Det er eit ansvar og ei utfordring både for kvar einskild av oss og dei offentlege styresmaktene, å sikre ei ansvarleg ressursstyring som tek omsyn til dei generasjonane som kjem etter oss. Offentlege organ på alle styringsnivå - kommune, fylkeskommune og stat - må leggje avgjerande vekt på ei ansvarleg ressursstyring og miljøpolitikken allment.

Ressursstyring og miljøpolitikk er altså ikkje eit avskjerma område - dei kjem inn i dei fleste sider ved samfunnet, m.a. regionalpolitikk, økonomisk politikk, energipolitikk, samferdselspolitikk, landbrukspolitikk og fiskeripolitikk. Det er difor nødvendig med ei kursendring på fleire område her. Senterpartiet meiner at dei to hovudsiktemåla for norsk miljøpolitikk i dei nærmaste åra må vere:

- at det no må ryddast opp i dei skadane som naturen og miljøet vårt har fått.

- at det er nødvendig med ei kursendring for å førebyggje nye skadar på naturen og miljøet.

Både som samfunn og som einskildmenneske må vi vere villige til å betale kostnadene med å nå desse hovudmåla.

Senterpartiet vil bruke desse hovudverkemldla for å oppnå dei to

hovudmålsetjingane:

- Noregs samla miljøverninnsats må aukast til minst 1.5 prosent av bruttonasjonalproduktet i den komande stortingsbolken.

- Den som forureinar skal sjølv betale kostnadene med å rydde opp etter seg og førebyggje nye skadar.

- Det blir sett i verk omfattande tiltak som skal minske utsleppa frå industri, landbruk, samferdsel, kommunale avløp og private hushaldningar.

- Miljøvernet kan samordnast lokalt ved å skipe til hovudutval for ressurs- og miljøvern i kvar kommune og fylkeskommune.

Personleg ansvar

Utan at vi får til ei omfattande haldningsendring til miljø- og ressursspørsmåla, er det det uråd å gjennomføre dei miljøpolitiske målsetjingane våre. Det trengst difor at kvar einskild av oss tek ansvaret for sine eigne handlingar her og innser samanhengen mellom livsform, ressursstyring og livskvalitet.

Senterpartiet går inn for at styresmaktene hjelper til med dette m.a. ved:

- meir informasjon og bruk av kampanjar for å få folk til å forstå kor viktig miljø- og ressursvern er og kva kvar og ein her kan gjere på sitt felt.

- at miljøfag får ein breiare plass i utdanningssystemet og får ein eigen fagplan i den vidaregåande skulen.

- meir bruk av panteordningar og innsamlingar av m.a. glas og batteri, attåt sorteringav avfall frå hushaldet. Kvar kommune må lage til praktiske ordningar for dette.

- bruk av miljøavgifter på miljøfarlege produkt.

- bøter for å kaste frå seg avfall langsmed gater, vegar og ute i naturen.

- byggjeforskriftene bør reviderast med tanke på å bruke meir miljøvenlege byggjematerialar.

Forureining av vatn og luft

Tilskitninga av vatnet vårt skaper problem både for kvaliteten på drikkevatnet og vasstilførsla til industri og jordbruk, fiske og fiskeoppdrett.

Forpestinga av lufta påverkar både helse og trivsel og miljøet omkring oss. Svoveldioksid, sot, nitrogenoksid (NOx), kolos og tungmetall er alle slike stoff som er eit trugsmål mot miljøet. Det er i hovudsak industrien og biltrafikken som gir fra seg desse utsleppa.

Dei siste åra har vi fatt illevarslande meldingar om "hol" i ozon-laget. Det er også teikn til at temperaturen på jorda stig raskare enn før - den såkalla "drivhus-effekten". Sur nedbør har ført til skogsdød og øydelagt fleire av dei beste fiskevatna våre.

Senterpartiet vil i arbeidet sitt mot forureininga av luft og vatn byggje på desse hovudlinene:

- det blir stilt strengare krav til utslepp frå næringsliv, landbruk, privat hushald og staten sjølv. Utsleppa fra desse områda må skjerast ned gjennom forpliktande tiltaksplanar. Lovverket og økonomiske verkemiddel lyt då takast i bruk.

- forureininga frå biltrafikken må reduserast, m.a. ved større satsing på kollektivtrafikken. Det lyt innførast best mogeleg reinseteknikk på alle slags motoriserte transportmiddel.

- tilhøva må leggjast til rette for ei betre attvinning av utsleppa frå industrien og jordbruket.

- gjennom internasjonalt samarbeid hindre at forureininga kjem langvegsfarande. -

vaskemiddel med fosfat og enzym i skal erstattast av meir miljøvenlege vaskemiddel.

- skjerpa overvaking av utsette havområde.

Skal vi sikre den miljøpolitiske kursendringa som trengst, så meiner Senterpartiet at det er nødvendig med:

- at det innan 1990 blir heilt forbode å dumpe miljøgifter i Nordsjøen og brenne avfall til havs.

- tiltaksplanar for å redusere svoveldioksyd-utsleppa med 80 prosent innan 1993, nitrogenoksyd-utsleppa med 75 prosent innan år 2000 og karbondioksyd-utsleppa med 50 prosent innan år 2000.

- totalforbod mot å bruke ozon-skadelege gassar nasjonalt og internasjonaltinnan 1995.

Kommunale utslepp

For å få bukt med tilsvininga av vatnet, trengst det ein kraftig innsats for å redusere dei kommunale utsleppa - som i stor mon skriv seg frå dei private hushaldningane våre.

Prinsippet om at den som forureinar også skal betale for skadane, gjeld på dette området også. Utbygginga av kommunale reinseanlegg må i hovudsak dekkjast av kloakkavgiftene. Difor vert det då turvande å auke dei dersom vi skal få skore ned dei kommunale utsleppa.

Senterpartiet går då inn for:

- at kommunale miljøinvesteringar blir fritekne for investeringsavgift.

Forureining frå landbruket

Landbruket skitnar til både gjennom utslepp av næringsstoff til vassdrag og ved bruk av ymse slags plantevernmiddel.

Moderne driftsformer og stadig strengare effektivitetskrav har gjort det meir vanskeleg å få bukt med tilsulkinga frå landbruket. Eit meir miljøvenleg landbruk krev difor ei endring av landbrukspolitikken vår.

Senterpartiet vil særleg arbeide etter desse hovudlinene for å få bukt med landbruksforureininga:

- det blir laga ein handlingsplan mot forureining frå landbruket, med sikte på å få skore kraftig ned på utsleppa innan 1995. Det må vere heilt slutt med utslepp frå siloar og gjødselkjellarar innan 1995.

- krava til produktivitetsvekst i landbruket må ikkje stå i strid med miljøpolitiske målsetjingar. Miljøvern må vere ei viktig målsetjing for jordbruksavtalen mellom staten og landbruksorganisasjonane.

- miljøavgifter på kunstgjødsel og plantevernmiddel må leggjast opp slik at dei fører til ein meir miljøvenleg bruk av slike stoff. Desse inntektene skal heilt ut øyremerkjast til miljøverntiltak i landbruket sjølv.

- ein større del av forskingsmidlane i landbruket må gå til miljøforsking.

- tilhøva blir lagde til rette m.a. gjennom undervisning og forsking slik at eit alternativt jordbruk får betre vilkar. På den måten kan vi mellom anna også dekkje den etterspurnaden som alt finst etter slike varer blant forbrukarane.

Forureining frå industrien

Industrien gir sine tilskot både til forureininga av vatnet og lufta. Difor er det nødvendig å setje strenge utsleppskrav her, og samstundes få til ei betre oppfølging og kontroll med at krava vert haldne.

Staten må ikkje hjelpe til med å setje i gang ny forureinande industri i område som alt er sterkt plaga av slikt frå før.

Senterpartiet går då inn for:

- at industrien får pålegg om å bruke effektive reinseanlegg.

- at næringslivet får oppmoding om å utvikle ny miljøteknologi som både kan gi ein meir miljøvenleg industri og skape nye arbeidsplassar.

- at Statens forureiningstilsyn får meir ressursar, slik at dei kan følgje opp dei strengare utsleppskrava.

Spesialavfall

Staten har eit overordna ansvar for å skaffe eit dekkjande behandlings- og lagringstilbod for spesialavfall. Kommunane må også organisere eit tenleg apparat slik at ein kan samle inn og ta imot slikt spesialavfall.

Når ein behandlar og oppbevarer spesialavfall, så må dette gjerast på ein slik måte at det ikkje skader helse og miljø. Den som forureinar, skal sjølv syte for at spesialavfallet blir lagra på ein mest mogeleg forsvarleg måte. Slikt avfall bør vi ta hand om i Noreg.

Kostnadene med å ta seg av spesialavfall må leggjast på produktprisen.

Rein mat

Rein og sunn mat har mykje å seie for helsa og miljøet vårt. Det er difor nødvendig med eit betre kontrollapparat for å kartleggje framandstoffa i maten. Dette gjeld m.a. restar av ymse slags plantevernmiddel i matvarer.

Ein del av matvarene må merkjast, slik at forbrukarane kan lese seg til kva vara inneheld. Det må både stå noko om kva slags tilsetningsstoff og framandprotein der er, og om dei kan føre til sjukdomar.

Det må byggjast opp eit betre kontrollapparat for importert mat. Senterpartiet går mot at mat som er utsett for radioaktiv stråling kan førast inn i Noreg.

Senterpartiet seier nei til bruk av hormon i matproduksjonen, og går også imot å bruke antibiotika som vekstfremjande middel i kjøtproduksjonen.

Naturvern

Naturvernet skal ikkje berre femne om vern av urørt natur, men i aukande grad også om verdiane i kulturlandskapet vårt. Senterpartiet vil streke under kor viktig eit slikt levande kulturlandskap er, og at folk også skal få finne seg eit utkome der.

Styringa av naturressursane våre må skje på ein slik måte at det ikkje blir nokon uturvande interessekonfliktar andsynes det behovet for arbeidsplassar som distrikta no har. Ei varsam styring av naturressursane er her ei god verneform.

Dersom vi skal kome slike konfliktar i forkjøpet, er det ein føresetnad at lokale interesser vert høyrde og kjem med i avgjerdsprosessen når t.d. vernetiltak skal gjerast. Lokale ressurs- og miljøvernutval kan gi ei sterkare lokal forankring av natur- og miljøvernet.

Når verneområde skal setjast opp, må grunneigarar sikrast full erstatning.

Gen-teknikk

Genane, arvematerialet er grunnlaget for alt vidare liv på jorda. For produksjonen av mat og medisinar er det heilt nødvendig med eit genetisk mangfald. Dersom ulike arter døyr ut eller nye blir skapte, kan det påverke det økologiske systemet pa ein måte som vi no ikkje har oversikt over.

I dag driv ein med forsking på celle- og genmaterialet både i offentlege forskingsinstitusjonar og i private laboratorium. Senterpartiet går inn for at dette feltetkjem inn under offentleg innsyn og kontroll, og at ein vedtek strengelovreglar her.

Senterpartiet går inn for at det vert skipa ein sentral etisk komite på dette området. Denne komiteen får da til oppgåve å føre kontroll med forskinga på dette feltet og skal kome med etisk rettleiing. Dette organet må også ha oversyn over den forskinga som går føre seg internasjonalt.

Senterpartiet godtek ikkje at det blir gitt større høve til patent på liv (plantar, dyr og mikroorganismar). Senterpartiet går mot overføring av genmateriale mellom menneske og dyr.

Internasjonalt samarbeid

I arbeidet for eit betre miljø trengst det eit forpliktande internasjonalt samarbeid. Luft- og havforureining kjenner ingen landegrenser. Både for å bøte på skadar og for å førebyggje nye, er det både ønskjeleg og naudsynt med eit samarbeid mellom mange statar.

Eit forpliktande internasjonalt miljøvernsamarbeid må ut fra Senterpartiet sitt syn byggje på desse prinsippa:

- traktakfest forbod mot forureining utover landegrensene. Internasjonale domstolar må ha høve til å fastsetje erstatningsansvar for slik forureining mot andre land.

- internasjonale miljøvernstandardar og effektive kontrollordningar må setjast opp. Eit internasjonalt kontrollorgan må ha innsyn i utslepp i luft og vatn frå kvart einaste land.

- forpliktande avtalar om informasjonsutveksling og varsling av kjernekraftulykker og andre store miljøkatastrofar.

- verksemder som slår seg ned utanlands må bli pålagde miljøkrav på line med retningslinene i heimlandet, også dersom dei er strengare der.

Senterpartiet vil arbeide for at ressursstyring og miljøvern også får ein meir sentral plass i norsk utanrikspolitikk.

Senterpartiet går då inn for:

- å styrkje ekspertisen i Utanriksdepartementet på miljøspørsmål.

- at Noreg arbeider for at Haag-domstolen også kan ta opp miljøsaker.

- at Noreg arbeider for eit eige "tryggingsråd" i FN som kan drøfte ressursstyring og setje i verk effektive internasjonale tiltak ved miljøulykker.

- ein "ikkje-spreiingsavtale" for miljøfarleg avfall som m.a. hindrar at slikt avfall spreier seg til utviklingsland.

- at ressursstyring og miljøvern kjem inn som ein sentral del av u-hjelpspolitikken vår.

ENERGIPOLITIKKEN

Bruken av energiressursane våre er ein sentral del av den samla ressursstyringa vår. Vi må prøve å erstatte bruken av dei ressursane som ikkje kan fornyast med slike energiressursar som kan det, slik at dei kjem generasjonane etter oss til gode. Vi må også styrkje arbeidet med å utvikle nye energiformer attåt dei vi alt har.

Senterpartiet går då inn for:

- å auke utnyttingsgraden av energien. Energiøkonomisering må difor bli ei hovudsak.

- ei stabilisering av det samla energiforbruket innan utgangen av 1990-åra.

- eit Norden som er fritt for kjernekraft. Senterpartiet går mot å innføre kjernekraft i Noreg.

- at elektrisitetsverka bør omformast til energiverk i område som er naturleg å avgrense. Det bør da skipast ein samla administrasjon til produksjon og fordeling av energien her.

Energiøkonomisering

Energiøkonomisering (ENØK) dempar veksten i energiforbruket, hjelper til å utnytte ressursane betre, frigjer energi der vi treng han og er meir lønsam enn ny kraftutbygging. ENØK gir sysselsetjing i distrikta og aukar beredskapen vår.

Senterpartiet meiner at vi no må arbeide hardt for å utnytte dagens ENØK-potensiale på 20 Twh i året. Skal vi oppnå dette, må det satsast både politisk, organisatorisk og økonomisk.

Senterpartiet vil gå inn for at det no blir laga ein plan for energiøkonomisering, der tiltak frå sentrale styresmakter blir meir samordna med ENØK-arbeidet i kommunar, fylkeskommunar, bedrifter og organisasjonar. Planen må følgjast opp i form av årvisse, faste budsjett.

Eit viktig område i ENØK-arbeidet er bruken av energi i bustadhus. Tiltak for å betre isoleringa, gjerne i samband med riktig ventilasjon i bygningar, bør premierast. Byggjeforskriftene bør reviderast slik at dei manar til meir energiøkonomisering enn no. Det bør lagast eit program for ENØK i offentlege bygg og næringsbygg, og ein bør leggje vekt på å lære opp dei som er ansvarlege for drifta av anlegga.

Vidare er det viktig å ruste opp dei kraftverka vi alt har. Vi må m.a. fornye mykje umoderne teknisk utstyr og utvikle meir effektive overføringssystem for elektrisk kraft. Dette gjeld særleg lagspenningsoverføringar som no utgjer ein monaleg stor del av linetapa.

Senterpartiet vil gå inn for at fylka no får oppmoding om å skipe ENØK-fond. Det må også setjast i gang rådgjevingsteneste for ENØK og ein meir fleksibel energibruk i alle fylke.

Energiforsking

Ei ansvarleg ressursstyring må leggje vekt på å utvikle nye energiformer og energiberarar.Det bør difor lagast eit nasjonalt forskingsprogram som kan utvikle utfyllande energiberarar. I dette programmet bør ein m. a. setje opp konsekvensanalysar ved bruken av andre energikjelder. Ein må også freiste å utvikle alternativ til tradisjonelle energiberarar, særleg varmepumpe og bioenergi, tufta på norske tilhøve. Her blir det då viktig å samarbeide med internasjonale forskingsmiljø.

Forskinga på andre energikjelder, som t. d. solenergi, vind- og bølgjekraft måaukast.

Vasskraft og gasskraft

Norsk produksjon av elektrisk kraft har i hovudsak bygt på vasskraftkjeldene våre. Desse fornyingskjeldene har vore ein føresetnad for utviklinga av næringslivet vårt og gitt grunnlag for mang slags verksemd i ymse delar av landet. Vasskrafta er også den viktigaste naturressursen i mange utkantkommunar.

Senterpartiet vil føre ein energipolitikk som gjer det råd å sikre varig vern av dei mest verneverdige vassdraga våre. Samla plan for dei vassdraga som står att, skal ha status som styringsreiskap for den framtidige vasskraftutbygginga her i landet. Denne planen må også leggjast til grunn for prioriteringa når vi skal sjå på kva slags vassdrag som skal vernast eller byggjast ut seinare.

Det finst i dag store gasskjelder på norsk kontinentalsokkel - ressursar som vi til no har ført ut til andre land.Innanlandsk bruk av gassressursane gir høve til å produsere elektrisk kraft, bruke gass som råstoff til industrien og få gass til vanleg forsyning.

Etter Senterpartiet sitt syn må dei energi- og samfunnsøkonomiske omsyna avgjere korleis vass- eller gasskrafta skal brukast. Føresetnaden er då at ein har teke overordna omsyn til miljøet først. Det er også nødvendig med ei fullstendig utgreiing av kva følgjer det kan få for miljøet dersom ein byggjer slike gasskraftverk.

ØKONOMISK POLITIKK

Den økonomiske politikken må fremje Senterpartiets målsetjingar for samfunnsutviklinga: full sysselsetjing, økonomisk og sosial utjamning, desentralisering, større sjølvbergingsgrad og eit meir effektivt vern om miljø og ressursar.

Ei sunn og framtidsretta utvikling i Noreg har som føresetnad at den økonomiske politikken rettar seg etter og blir sett inn i ein samla ressursøkonomisk samanheng. Veksten må tilpassast ressurstilgangen og dei miljøbehova vi har. Økonomisk vekst er ikkje noko mål i seg sjølv. I staden skal denne veksten hjelpe til med å halde oppe og byggje ut velferdsgoda våre og leggje grunnlaget for ei utvikling der flest mogeleg hender er i arbeid.

Ein moderat økonomisk vokst må tilmåtast dei rammene som naturen set. Det kjem til å gjere det lettare å ta vare på kvaliteten i denne veksten. Naturressursane kan også økonomiserast på ein betre måte og vi slepp uønskte strukturendringar og store miljøproblem.

Den økonomiske politikken må ta sikte på å atterreise fastlandsøkonomien og gjere oss mindre avhengige av olja. Denne gjenreisingspolitikken krev større innsats fra kvar einskild av oss, måtehald og streng prioritering. Den økonomiske stoda inneber at vi meir må omfordele ressursane når vi skal satse på visse sektorar og i utsette strok av landet.

Ein sunn økonomisk politikk krev eit samfunn i regional balanse. Dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved sentraliseringa, sjølve prisen på sentraliseringa, må difor kartleggjast før vi kan ta viktige økonomiske avgjerder her.

Ein sterk pris- og kostnadsauke svekkjer konkurranseevna og fordelingspolitikken. Difor er det eit sentralt mål å dempe inflasjonen. Det må førast ein økonomisk politikk som gir eit lågare rentenivå.

Senterpartiet går då inn for:

- at arbeidsmiljølova blir teken opp på nytt med sikte på å gi folk friare høve til å velje arbeidstid og -omfang. Vi må også utnytte investeringar og utstyr på ein betre måte, både i privat og offentleg verksemd.

- at det blir sett i gang ei gransking av produktiviteten på alle nivå i offentleg forvaltning, slik at vi kan utnytte ressursane der på ein betre måte.

Inntektspolitikk

Det er eit sentralt mål for inntektspolitikken å få pris- og kostnadsveksten under kontroll. Såleis kan vi også styrkje konkurranseevna for næringslivet vårt og sikre full sysselsetjing.

Det ideelle utgangspunktet for alle lønsforhandlingar er støtt frie tingingar mellom partane. Frie forhandlingar kan likevel gi risiko for ein lønsvokst som det ikkje er grunnlag for. Dette kan da m.a. også setje arbeidsplassar i fare.

Det er difor naturleg og nødvendig med eit inntektspolitisk samarbeid mellom partane i arbeidslivet og styresmaktene, som sit med det overordna ansvaret for norsk økonomi. Formene og omfanget av dette samarbeidet må drøftast mellom partane i arbeidslivet og dei politiske styresmaktene. Det er likevel naturleg at styresmaktene kjem med tilrådingar om dei rammene for lønstillegg som kan gjevast. Det må også vere ei målsetjing å sleppe og kome beinveges inn på sosiale reformer eller andre ytingar som det ligg klart til dei folkevalde organa å fastsetje. Eit inntektspolitisk samarbeid må ta opp i seg viktige fordelingsomsyn.

Skattepolitikk

Det offentlege må sikrast store nok inntekter til å kunne løyse viktige velferdsoppgåver. Jamvel om dei mange uløyste fellesoppgåvene kjem til å krevje høg innsats framleis, så må det vere eit mål å sleppe hardare skattlegging. Skattenivået må sjåast i lys av den økonomiske utviklinga.

Senterpartiet ønskjer eit skattesystem som byggjer på evneprinsippet og som kan vere ei god utnytting av dei samla ressursane i heile samfunnet. Vi må då leggje vekt på å mane til meir sparing og større arbeidsinnsats.

Skattesystemet må vere så enkelt som råd, slik at alle kan få oversyn over det og planleggje sin eigen økonomi. Det er viktig å kontrollere godt at skattereglane blir etterlevde, slik at folk får dei frådraga dei har krav på. Unnaluring av skatt må vi også kome til livs.

Senterpartiet går inn for ei omlegging av skattesystemet, med vekt på bruttoskatt og mindre marginalskatt. Dette er i tråd med den skatteskissa som eit fleirtal i Stortinget har samla seg om. Her må vi då ta særskilde omsyn til økonomien til dei nyetablerte og barnefamiliane. Senterpartiet går difor inn for å auke barnetrygda, som eit viktig tiltak for å betre forholda til barnefamiliane.

Senterpartiet vil gå inn for ei stegvis omlegging frå direkte til meir indirekte skattlegging. Skattesystemet bør også tuftast meir på kvart individ for seg, med eit personfrådrag som kan overførast mellom ektemakane. Senterpartiet vil halde oppe ordninga med sparing med skattefrådrag (SMS), og fribeløpet for skatt på renteinntekter må aukast.

Senterpartiet går då inn for:

- ein gjennomgang av bedriftsskattlegginga med sikte på å få eit skattesystem som sikrar lønsame investeringar, betre utnytting av ressursane og trygge arbeidsplassar.

- at ein ved å skipe om på skattesystemet legg meir vekt på å halde ein rimeleg balanse på skattlegginga av lønsinntekter og inntekter som er skapte i næringsverksemd. Alle utgifter til opptening av inntekt skal ein kunne dra ifrå når skattbar inntekt skal reknast ut.

- at ein må skjerme vanleg bustadstandard mot hardare skattlegging når bustadskatten skal formast ut.

- at ein set inn redusert arbeidsgjevar- og investeringsavgift som tiltak, m.a. i Nord-Noreg, for å oppnå regional balanse.

- at satsane på arbeidsgivaravgifta skal knytast til den staden der bedrifta ligg og ikkje til dei kommunane der arbeidstakarane bur.

Kredittpolitikk

Kredittpolitikken må utformast slik at han sikrar ein fornuftig bruk og fordeling av samfunnsressursane. Ein må då gi slike rammevilkår at dei sikrar nødvendig kapitaltilgang til alle delar av landet. Senterpartiet ser det som viktig å ha ein desentralisert bankstruktur, med sterk lokal innverknad i styringsorgana åt bankane. Det er også viktig å halde oppe og utvikle eit godt system med sparebankar vidare.

Sparebankane må framleis spele ei viktig rolle i kredittilførsla til ymse distrikt og sektorar. Bustadfinansieringa er då eit særskilt viktig område. Ein må framleis gi lån på rimelege vilkår til dei som etablerer seg for første gong og andre prioriterte grupper. Gjennom Distriktsutbyggingsfondet, Industrifondet og andre offentlege institusjonar bør det leggjast opp til ei betre tilførsle av risikokapital til næringslivet. Dette gjeld særleg i distrikt med stor arbeidsløyse og mykje fråflytting.

Det må førast ein økonomisk politkk som gir grunnlag for eit lågare rentenivå. Sjølv om det i dagens situasjon er lite aktuelt med ei beinveges styring av rentenivået, så bør styresmaktene framleis ha høve til å gripe inn for å sikre ei forsvarleg renteutvikling.

Moms

Ei lågare meirverdiavgift på nødvendige varer, først og fremst mat, er eit viktig fordelingstiltak. Ikkje minst kan dette ha mykje å seie for m.a. barnefamiliar og pensjonistar med lita inntekt.

Senterpartiet vil difor arbeide for ei oppdeling av momsen, med sikte på å halvere momsen på grunnleggjande matvarer.

Arbeidstidsreformer

Etter Senterpartiet sitt syn må det leggjast til rette for ei meir glidande arbeidstid for småbarnsforeldre, slik at begge foreldra kan ta ansvar for å oppsede barna. Svangerskapspermisjonen må utvidast til 40 veker med løn, og foreldra må kunna dele på å ta ut ei slik løn.

Det er ikkje økonomisk grunnlag for meir nedkorting av arbeidstida eller lengre ferie no. Det er heller ikkje rom for generelt nedsett pensjonsalder, men det må bli høve til meir fleksible pensjonsordningar ved å sameine arbeid og pensjon.

Full sysselsetjing

Full sysselsetjing er eit av dei viktigaste måla Senterpartiet har for samfunnsutviklinga. Senterpartiet godtek ikkje arbeidsløyse som ein reguleringsmekanisme i økonomien. Det føreset vilje til samarbeid om ein moderat inntektsvokst.

Manglande regional balanse fører til større arbeidsløyse i utkantane. Ein aktiv regionalpolitikk er difor ein viktig del av det arbeidet styresmaktene gjer for å sikre full sysselsetjing.

Det offentlege må syte for å halde så mange hender som råd i arbeid. Dette kan dei gjere gjennom ymse slags arbeidsmarknads- og sysselsetjingstiltak. Det er ei særskilt viktig oppgåve å gi ungdomen innpass på arbeidsmarknaden.

All ungdom under 20 år får tilbod om arbeid eller utdanning.

Arbeidsløyse kan føre til at grupper som sit vanskeleg i det, fell utanfor arbeidsmarknaden. Det offentlege har eit særskilt ansvar for at desse gruppene får innpass på arbeidsmarknaden gjennom ymse slags arbeidsmarknadstiltak. Arbeidsmarknadsetaten, fylkeskommunen og kommunen må samarbeide om dette.

Kravet til omstilling og effektivitet er stigande. Difor aukar også trongen for arbeidstilbod til dei som er yrkeshemma. Når fylke og distrikt tek initiativet til vidare utbygging av t.d. verna bedrifter og arbeidssamyrke, så må dei få stønad til slike tiltak.

Bustadfinansiering

Bukostnadene er i dag eit problem for mange, særleg for ungdom og folk i etableringsfasen. Den offentlege bustadpolitikken må difor i første rekkje ta sikte på å nå desse målgruppene.

Prisnivået på bustader ymsar sterkt frå den eine delen av landet til den andre. Det er i dei store byane og pressområda vi finn dei største problema med å skaffe seg ein tilfredsstillande bustad til ein overkomeleg pris. Betre regional balanse er også det beste verkemidlet til å få eit rimelegare prisnivå på bustadene.

Dei private bankane og kredittinstitusjonane må spele ei sentral rolle i bustadfinansieringa. Her avspeglar det generelle rentenivået seg, og styresmaktene må føre ein økonomisk politikk som sikrar eit lågare rentenivå. Gjennom forhandlingar mellom styresmaktene og bankar og kredittinstitusjonar må ein sjå til at dei private bankane og kredittinstitusjonane tilbyr laglege låneordningar til ungdom.

Dct er viktig å sikre kvar persons rett til å eige sin eigen bustad, anten åleine eller saman med andre. Ein må leggje tilhøva til rette for større eigeninnsats i bustadbygginga. Bustadsamyrket må få gode vilkår, m.a. for å sikre ein sosial bustadpolitikk.

Senterpartiet går då inn for:

- at Husbanken i større grad må vere ein førsteheimsbank. Ungdom og slike som etablerer seg for første gong, må difor kome i første rekkje i Husbanken.

- å halde oppe buspareordninga for ungdom ved ei utvida sparing med skattefrådrag (SMS) som gir høve til ei målmedviten bustadsparing mellom ungdomen.

- at Postsparebanken si ordning med ungdomslån får vidarerammer.

- at kommunane satsar meir på å byggje utleigebustader som er mynta på grupper med spesielle behov, særleg då ungdom. Det må også byggjast fleire mindre bustader som er billegare og meir tilmåta det bustadbehovet som dei unge har.

- at det gjennom finansieringsordningar blir mana til meir bygging av fleire livsløpsbustader - bustader som er utforma slik at dei høver for menneska i ymse fasar av livet og eventuelt dei som har funksjonshemmingar av ulike slag.

Folketrygda

Ordningane i folketrygda bør utformast slik at alle kan vere sikra grunnleggjande tryggleik dersom dei misser noko av inntektene sine eller står der heilt utan innkomer av noko slag. Det kan kome av sjukdom, endra livssituasjon eller alder.

Det er ei viktig nasjonal oppgåve å sikre økonomien i folketrygda. Det kan skje ved større innbetalingar, endringar i regelverket og andre innsparingar. Eventuelle omleggingar må gjennomførast på ein rettvis måte. Det kan i det heile ikkje godtakast at nokon misser rettar som alt er opparbeidde.

Sjølv om folketrygda gjeld for alle, sa er det lønsinntektene til kvar einskild som avgjer kor store desse rettane er. Dette har ført til at kvinner allment har kome dårlegare ut enn menn, fordi kvinner jamtover har hatt nødvendig omsorgsarbeid. I denne tida har kvinnene gjerne hatt lagare løn eller ikkje tent noko i det heile.

Siktemålet med folketrygda bør vere større grunnleggjande tryggleik for alle. Det vil seie at trygdeutbetalingane i større mon bør vere meir like, trass i ulike yrkesbanar og inntekter. Omsorgsarbeidet må oppvurderast, også i samband med trygdene våre.

Utbetalingane av pensjonar bør følgje den gjennomsnittlege inntektsutviklinga elles i samfunnet.

Senterpartiet går då inn for:

- at ein arbeider for mest mogeleg likestilling mellom pensjonistektepar og pensjonistar som bur i lag.

- at rettane ved arbeidsløyse skal knytast til ei plikt til å ta seg arbeid som erledig, sjølv om dette arbeidet ikkje ser høveleg nok ut. Vi må styrkje arbeidsmarknadsetaten for å hindre at unge menneske blir gåande utan arbeid i lengre tid.

- å minske høvet til å gi eiga melding når ein er borte på grunn av sjukdom.

EIT STYRKT NÆRINGSLIV

Senterpartiet vil gi sin tilskuv til å byggje ut ein allsidig næringsstruktur. Næringsgrunnlaget på fastlandet må styrkjast. Dette er nødvendig for å sikre både stabil sysselsetjing og ein stø økonomi, som igjen er grunnlaget for vår velferd. Vi kan ikkje over lengre tid forbruke meir enn vi produserer.

Senterpartiet meiner det er viktig å leggje alt til rette, slik at vi får eit lønsamt og variert næringsliv i alle delar av landet vårt. Dette kan vi best gjere gjennom eit samspel mellom privat tiltakslyst og offentleg innsats. Vi må leggje alt til rette for å få ein vekst i konkurranseutsette næringar og i eksporten vår. Såleis kan vi også få ein betre balanse i norsk økonomi.

Senterpartiet vil også mane forbrukarane til meir medvit om kor viktig det er å nytte seg av norske varer og tenester.

Det trengst omstilling, effektivisering og fornying i norsk næringsliv i dag. Effektivitetskravet må rettast mot alle delar av næringslivet. Vi må leggje vekt på meir røynleg konkurranse enn no. Særleg gjeld dette i dei tenesteytande næringane og på finansmarknaden. Dct er også turvande å leggje større vekt på omstilling og fornying innanfor offentleg sektor.

Næringspolitikken til Senterpartiet har som mål å ta i bruk ressursane frå alle landsdelar. Dette treng vi både for å skape balanse i økonomien og for å sikre sjølvforsyninga vår av viktige varer. Den offentlege innsatsen må ta sikte på å gi rammer som kan sikre lønsemd og ei balansert geografisk lokalisering av arbeidsplassane.

Senterpartiet vil setje omsynet til lønsemd, plassering og miljø øvst på lista i sin næringspolitikk.

Dct er turvande å leggje meir vekt på å bruke slike ressursar som kan fornyast. Krava til reinsing og utslepp må også strammast kraftig inn. Vi må også oppfordre til meir produksjon av miljøvenlege produkt.Avgiftspolitikken må utformast med tanke på dette.

Vi må også leggje meir vekt på utdanning, forsking og utviklingsarbeid. Dette trengst om vi skal heve kvaliteten på varer og tenester og skape grunnlag for ny aktivitet.

Primærnæringane

Styringa av dei ressursane som kan fornyast er eit viktig sams drag ved alle primærnæringane. Det gjeld då både jordbruk, hagebruk, skogbruk, utmarksnæringar, fiske, fangst og havbruk.

Omsynet til busetnad, beredskap, naturforvaltning og kravet om rein mat krev at vi må halde fram med å setje grenser for matvareimporten.

Primærnæringane er med og sikrar mange viktige samfunnsmål. Det gjeld m.a. utnyttinga av dei spreidde naturressursane våre, beredskapen og ei forsvarleg sjølvforsyning av matvarer. Primærnæringane formar grunnlaget for eit desentralisert næringsliv og busetnad. Såleis held dei også oppe eit levande naturlandskap.

Samyrkeorganisasjonane i landbruk og fiske må ha ein sterk og trygg plass i næringslivet vårt. Dette trengst fordi dette sikrar inntektene i primærnæringane og gir forbrukarane ein stabil tilgang på gode og sunne matvarer. Samyrkeorganisasjonane har eit medansvar for å halde oppe eit desentralisert busetnadsmønster. Når ein skal plassere lokale samyrkebedrifter, må det difor også takast distriktspolitiske omsyn.

Jordbruk og hagebruk

Jordbruk og hagebruk kjem framleis til å vere ein berebjelke for busetjinga og sysselsetjinga i store delar av landet vårt. Skal vi halde oppe dagens busetnadsmønster og sysselsetjing ute i distrikta, treng vi å halde på ein variert bruksstruktur og økonomiske einingar som er levedyktige. Her må også heiltids-, kombinasjons- og deltidsbruk ha sin naturlege plass. Ei god stamme av heiltidsbruk over heile landet er ein føresetnad for å halde oppe og utvikle kompetanse og miljø i denne næringa.

Senterpartiet vil arbeide aktivt for å sikre det økonomiske grunnlaget for dei som er sysselsette i jordbruks- og hagebruksnæringane. Partiet ønskjer difor å halde oppe dagens tal på driftseiningar i landbruket. Økonomisk tryggleik er ein føresetnad for å halde oppe ein røynleg eigedomsrett også.

Senterpartiet vil leggje større vekt på målsetjingane innanfor miljøarbeidet, og dei produktive jordareala våre må difor sikrast eit betre vern enn no. Vidare utnytting av små og spreidde areal er ein viktig del av arbeidet for å skape eit miljøvenleg landbruk. På denne maten kan vi også sikre ei trygg og langsiktig matforsyning her i landet.

Stortingsvedtaket om likestilling av inntekter mellom jordbruket og industrien må oppfyllast. Yrkesutøvarane i jordbruket må jamstillast med andre grupper når det gjeld ferie, avløysing og sjukepengar.

Gjennom landbrukspolitikken må vi hindre at det veks fram så store einingar i husdyrproduksjonen og plantedyrkinga at vi riv bort grunnlaget for store delar av landbruksverksemda vår. Folk må få betre høve til yrkeskombinasjonar, noko som kan hjelpe til med å halde oppe mindre produksjonseiningar.

Vi må sikre ein fri og sjølvstendig bondestand m.a. ved å halde fast på kravet om bu- og driveplikt når gardsbruka skifter eigar. Det må vere høve til rimelege unntaksordningar her.

Senterpartiet går då inn for:

- vidare utjamning av inntektene i næringa.

- at kombinasjonsbruk blir jamstilte med beredyktige einingar når det er snakk om offentlege låne- og tilskotsordningar.

- å arbeide for eit meir miljøvenleg landbruk gjennom m.a. betre retningsliner og informasjon om korleis ein skal nytte husdyrgjødsel, kunstgjødsel og plantevernmiddel.

- at jordbruket kan setje av midlar til konsolideringsfond.

- at landbruket får den nødvendige langsiktige lånekapitalen frå Statens landbruksbank og Landkreditt, slik at næringa sjølv kan nå dei måla som er sette opp.

- sikring av drivstoff på kvart gardsbruk for eitt år om gongen, som eit ledd i den generelle beredskapen.

- at jenter med odelsrett blir oppmoda om å utnytte dei rettane dei har til å overta eigedomen.

- at salet av prestegardar må effektiviserast.

Utmarksnæringane

Utmarksområda må vi sjå på som ein del av det samla produksjonsgrunnlaget ute i bygdene. Aktivitetar som jakt, fiske, utleigehytter og andre former for bygdeturisme må utviklast og samordnast med reiselivsnæringa.

Utmarksområda har også stor verdi for friluftslivet. Desse verdiane må takast vare på, slik at flest mogeleg får høve til å ta del i naturopplevingane her.

Ønsket om eit skogbruk som er drive på ein rasjonell måte kan godt samordnast med ønsket om eit meiningsfylt friluftsliv og naturvern, dersom ein får til eit fornuftig samarbeid om dette.

Senterpartiet går då inn for:

- at bygdefolket framleis får føreretten til jakt og fiske.

- at når verdfulle naturgode som vassdrag og større utmarksareal blir bundne opp av omsyn til allmenne samfunnsinteresser, så må det innførast lovheimel for at kvar einskild grunneigar/kommune kan få erstatning for dette.

Skogbruk

Senterpartiet vil styrkje skogbruksnæringa. Meir hogst og tilverking betrar utnyttinga av ressursane i skogen. Dermed sikrar vi også næringsgrunnlaget og sysselsetjinga i distrikta og råstofftilgangen til treforedlingsindustrien. Dette vil også auke eksportinntektene våre.

Ein stor del av skogen høyrer saman med jordbruket og har same eigarane. Skogbruket må difor få ein meir sentral plass i den samla landbrukspolitikken.

Meir hogst og tilverking må følgjast opp med skogkulturtiltak som aukar produksjonen av trevyrke. Langsiktig satsing trengst for å skape eit stabilt grunnlag for produksjon, hogst og tilverking.

Senterpartiet går då inn for :

- at bruken av verkemiddel i skogbruket må utvidast for å sikre atproduksjonen blir betre tilpassa resten av jordbruket. Dette må kome inn i avtalane som gjeld på desse områda.

- at samarbeidstiltak i gardsskogbruket blir styrkte.

- at salet av statsskog held fram, slik at ressursgrunnlaget for dei mindre bruka blir styrkt.

- at forskinga som gjeld årsakssamanhengar og beredskapstiltak ved skadar på skogen blir styrkt. Desse problema bør også takast opp i internasjonale fora.

Fiske og fangst

Senterpartiet meiner at det må setjast i verk tiltak som sikrar at ein får bygt opp att nedfiska fiskestammer og retta opp den økologiske balansen i havet att.Forskinga kring ressursgrunnlaget må styrkjast, slik at fangstmengda gjennom reguleringar betre kan tilpassast det fiske- og fangstgrunnlaget vi faktisk har.

Fiske og fangst spelar ei viktig rolle i arbeidet med å halde oppe eit spreidd busetnadsmønster.

Det nasjonale og internasjonale samarbeidet om å verne fiskeressursane og regulere fisket må styrkjast. Vi må leggje større vekt på å få ein effektiv kontroll med at kvoteavtalar og fiskeforbod vert haldne. Kontrollen med det aukande internasjonale fisket i Svalbard-sona må skjerpast. Det er særleg viktig med ei effektiv overvaking av fisket i område der det finst mykje yngel og småfisk. Desse områda må kunna stengjast på stutt varsel dersom fangstmengda blir for stor.

Senterpartiet legg vekt på å utvide og halde oppe ein variert og moderne fiskeflåte som kan sikre ei rasjonell og forsvarleg styring av fiskeressursane våre. Fangstteknologi, behandling og transport må sikre at kvaliteten på råstoffet blir så god som råd.

Fiskeindustrien må moderniserast slik at råstoffet kan utnyttast best mogeleg og nye produkt kan utviklast. Mindre fiskemottak og vanleg produksjon må få rammevilkår som sikrar at det blir halde liv i fiskemottaka i dei småe fiskeværa. Forskingsinnsatsen, produktutviklinga og marknadsføringa må då styrkjast.

Bygginga av fiskefartøy må tilmåtast det ressursgrunnlaget som finst. Kyst-og bankflåten må setjast i fremste rekkje i tida framover. Dette kan bestgjerast ved å betre finansieringsutvegane, samtidig som ein legg vekt på å sikre havgåande fartøy til dei tre nordlegaste fylka våre.

Fiskarane må skattleggjast på line med sjøfolka våre, og fiskarane må få høve til å setje av midlar til konsolideringsfond.

Fiskarane må få full erstatning for avbrot i fisket, når dette kjem av skadar frå oljeverksemda. Sakshandsaminga ved slike saker må gjerast enklare enn ho er no. Kontrollen med oljeverksemda må styrkjast for å hindre forsøpling av havbotnen i viktige fiskeområde.

Senterpartiet går då inn for:

- at oppvekstområde for ungfisk blir verna gjennom fangstreguleringar og avstenging av område.

- at den havgåande fiskeflåten blir tilpassa ressursgrunnlaget.

- at ein større del av fiskeressursane blir foredla i Noreg og at fiskarane blir oppmoda om å utnytte nye fiskeslag.

- at ein held fangsten av sel og kval på eit nivå som er biologisk og økologisk forsvarleg.

- at fiskeeksportlova blir forenkla.

Havbruk

Senterpartiet vil streke under kor viktige havbruka er. Dette er ei næring som skaper grunnlag for sysselsetjing og gode inntekter til kyststroka våre.

I tida framover blir spørsmålet om korleis vi skal utvikle kostnads- og marknadstilhøva ei av hovudutfordringane for denne næringa. Vi må vere villige til å endre økonomiske, teknologiske og lovmessige rammevilkår, dersom det trengst for å sikre næringa og framtida i Kyst-Noreg.

Vi må difor leggje tilhøva til rette for ein styrt vokster i denne næringa. Viktige tiltak i denne samanhengen er vidare å sikre at vi får stabile tilførsler av fôr og kan førebyggje all sjukdom og forureining. Dertil må vi få betre oversyn over teknologisk utvikling, produktutvikling og marknads- og eksportarbeid.

Vi må leggje vekt på miljøomsyna når vi skal utvikle oppdrettsnæringa vidare. Bruken av antibiotika må skjerast ned.

Det er viktig å satse på meir forsking og utviklingsarbeid med sikte på å byggje opp produksjonen av andre kjende (nye) oppdrettsslag. Det er sameleis eit mål å auke foredlingsgraden av oppdrettsfisk og skjel. Det må setjast meir fart i forskinga, slik at vi får ei positiv utvikling av havbruket i den nordlege landsdelen var. Næringa må då utnytte dei konkurransefordelane ho har, som til dømes jamn tilgang på råstoff og god kvalitet.

Senterpartiet vil halde oppe konsesjonsordninga i havbruket. Dette er nødvendig dersom vi skal prøve å få til ei balansert utvikling av næringa. Distrikts-, miljø - og marknadsomsyn tel også med her. Konsesjonsavgiftenemå ein kunne rekne ut og fastsetje ulikt, alt etter kor store oppdrettsanlegga er.

Senterpartiet vil understreke kor viktig det er at styresmaktene kastar seg aktivt inn i arbeidet med å sikre havbruksnæringa eit godt tilgjenge til marknadene.

Industri og handverk

Industrien må få slike rammevilkar at han kan omstille seg i tråd med dei krava som endra marknadstilhøve og ny teknologi krev. Gjennom forsking og utvikling må det leggjast grunnlag for ny aktivitet og verksemd. Kravet om at produksjonen skal vere miljøvenleg må da få ein brei plass.

Senterpartiet meiner at små og mellomstore bedrifter må ha ein sterk plass i industrien vår. Dei må difor få gode arbeidsvilkår. Ein spreidd bedriftsstruktur med mange mindre verksemder gir ei god tilpassingsevne, og dette er difor også den beste trygginga av miljøet, arbeidsplassane og lokalsamfunnet.

Senterpartiet ser det som eit stort problem at eigenkapitalen i industrien no har gått ned. Dette gir bedriftene mindre handlefridom, og lokalsamfunna blir dermed også meir avhengige av det samla kredittsystemet.

Sentraliseringa i kredittsektoren saman med låg eigenkapital i industrien, fører til at avgjerdene i viktige spørsmål glir bort fra kvar einskild bedrift og lokalsamfunn. Difor er det viktig at det offentlege legg tilhøva til rette slik at verksemdene kan få byggje opp eigenkapitalen sin att. Dette styrer ein best gjennom den allmenne økonomiske politikken og skattlegginga av bedriftene.

Offentlege styresmakter må hjelpe bedriftene til å finne gode og langsiktige marknader for varene sine. Difor må dei då leggje opp ein pågåande og utettervend eksportstrategi.

Senterpartiet går då inn for:

- at det blir sett opp eit eige aksjonsprogram for mindre og mellomstore bedrifter. Da må ein leggje særskild vekt på avgiftslette, styrking av marknadsføring, økonomistyring og leiing. I tillegg må finaniseringsordningane byggjast ut.

- at industripolitikken blir tilpassa målsetjinga om å halde eit jamt energiforbruk og stette miljøkrava.

- ei effektiv konsesjonslovgjeving som hindrar at utanlandske interesser får eigarfleirtalet i bedriftene og såleis meir og meir tek over styringa i norsk industri.

- å sikre at dei tilsette får medråderett, og få til eit samarbeid mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar, slik at ein kan hjelpe til med å halde oppe arbeidsplassane.

- å samordne den offentleg rettleiingstenesta og verksemda i Distriktsutbyggingsfondet ved å styrkje fylkeskommunane og byggje ned sentraladministrasjonen i DU.

- meir aktiv bruk av etableringslova saman med stimuleringstiltak for å leggje arbeidsplassar dit det høver best, så viktige samfunnsmålsetjingar kan stettast.

Handel og tenesteytande næringar

Senterpartiet meiner at det er viktig å halde oppe ein struktur innanfor handel og tenesteytande næringar slik at vi får eit variert vare- og tenestetilbod over heile landet. Gode tenesteytande verksemder og eit variert tilbod dekkjer viktige behov for innbyggjarane og sikrar busetjinga kringom. Den sterke og styrlause sentraliseringa innanfor handel og tenesteytande næringar er skremmande. Denne utviklinga må vi motarbeide både ved at brukarane blir meir medvitne og at styresmaktene set inn naudsynte tiltak.

Senterpartiet meiner at bank, forsikring og finansiell tenesteyting må takast for seg, sidan dei har så mykje å seie for heile samfunnet. Dct gjeld her då å avgrense eigarforholda slik at vi kan sikre uavhengige og sjølvstendige institusjonar. Samstundes må eigenkapitalen tryggjast og det må sikrast at desse institusjonane står på trygg grunn.

Senterpartiet går då inn for:

- ein variert struktur for bankar og forsikringsselskap, tufta på lokal styring og med folkevald innverknad.

- ei utbygging av ordninga med driftsstøtte til utkantbutikka, slik at vi kan halde oppe eit lokalt handelstilbod i distrikta.

- at ymse slags tenestetilbod som post, tipping, bensinsal, medisinutsal, vareekspedisjon og varehandel må sjåast i samanheng, slik at ein kan skape levedyktige tenesteeiningar i utkantane.

- at lov om apotek kan praktiserast slik at alle kommunar som ønskjer det, får høve til å opprette minst eitt apotek.

Reiseliv

Senterpartiet meiner at reiselivsnæringa må lage produkt som gir folk høve til å velje mellom ymse slags ferietilbod, kulturaktivitetar og andre fritidsgjeremål. Meir fritid og større reiseverksemd gir næringa gode framtidsutsikter til å vekse endå meir. Reiselivsnæringa kan verte viktig for sysselsetjinga ute i distrikta. Den samla verdiskapinga vår får også nyte godt av dette. Særleg ligg det her gode framtidsvoner om å skape heilårsverksemder ute i distrikta.

Den varierte og særmerkte naturen og mangfaldet i kulturlandskapet vårt er viktige føresetnader for reiselivsnæringa. Dette grunnlaget må takast godt vare på.

Reiselivsnæringa kan gjere Noreg meir kjent i utlandet, noko som mellom anna er viktig for å auke eksporten av norske varer.

Senterpartiet meiner at det må leggjast vekt på å byggje ut aktivitetstilbod som gir grunnlag for aktiv medverknad. Utbygginga av reiselivsnæringa bør difor samordnast slik at vi kan utnytte kapasiteten best mogeleg. Turistanlegg bør såleis kunne dekkje ein del av det behovet innbyggjarane har for tenester og aktivitetstrong.

Førebuingane til OL på Lillehammer i 1994 må ta utgangspunkt i ei total planlegging. Ein må også ta med i rekninga at anlegga skal kunna brukast etter OL. Omsynet til miljøet må her få sterk vekt.

Senterpartiet går då inn for:

- at reiselivsnæringa blir jamstilt med anna næringsverksemd når det gjeld offentlege tiltak og stønad.

- at marknadsføringa av denne næringa blir styrkt og betre samordna, både innanlands og på den utanlandske marknaden.

- at utdanningstilbodet i reiselivsfag blir bygd ut, slik at vi kan dekkje behovet for høgt kvalifisert arbeidskraft.

- at det blir lagt vekt på å utvikle kvalitetstilbod og at reiselivsnæringa og kulturetaten må samarbeide om dette.

Skipsfart

Senterpartiet meiner at det er viktig å halde ved lag ein handelsflåte som er på norske hender. Denne flåten må segle under norsk flagg og sikre det norske sjøfartsmiljøet vårt. Norske styresmakter må då gi rammevilkår som held oppe konkurranseevna til skipsfartsnæringa. Norsk internasjonalt skipsregister (NIS) er eit viktig verkemiddel til å oppnå dette.

Senterpartiet går då inn for:

- å halde oppe sosiale tiltak og velferdsordningar for sjøfolk.

- at arbeidsmiljøet og tryggleiken til sjøs lyt rette seg etter dei same krava som verksemda i land. Vernearbeidet må også styrkjast.

- at det må arbeidast for å gi norske sjøfolk betre høve til sysselsetjing innanfor ramma av Norsk internasjonalt skipsregister.

Informasjonssamfunnet

Industri som er bygt på EDB, såkalla informasjonsteknologi, er no ein sektor i sterk vokster. Det norske samfunnet er på veg over i det vi kan kalle informasjonssamfunnet.

Ny teknologi kjem til å føre til store endringar når oppgåveløysingar skal organiserast og produksjonsmåtar veljast. Tekniske nyvinningar må nyttast slik at vi kan sikre eit lønsamt og variert næringsliv.

Senterpartiet vil særleg understreke det grunnlaget som bruken av EDB kan gi for å auke sysselsetjinga ute i distrikta. Informasjonsteknologien skaper nye utvegar for næringsutvikling og kan tryggje busetnaden i alle delar av landet. Dette kan best skje ved å byggje ut kommunikasjonane og andre tiltak som kan skjere ned avstandane. Då kan vi også lettare skape varierte arbeidsplassar i heile landet. Det offentlege har eit særskilt ansvar for å hjelpe til med å spreie informasjonsteknologien. Kompetansen må spreiast til alle landsluter.

Informasjonsteknologien får avgjerande innverknad for konkurranseevna vår. Han kjem også til å føre til ei rasjonell utvikling i fleire næringar og offentleg styringsverksemd. Senterpartiet vil m.a. gjennom vaksenopplæring, gjere sitt til for at folk kan ta i bruk dei nye hjelpemidla.

Senterpartiet vil arbeide for at næringslivet kan omstille seg til ny teknologi. Det offentlege på si side må skape grunnlaget for ei slik omstilling gjennom forskings- og utviklingskontraktane sine (FoU).

Det er viktig å vere merksam på at ny teknologi kan skape framandgjering for den einskilde. Dette må ein motarbeide med informasjon og lovreglar som sikrar vernet for einskildmennesket.

Senterpartiet går då inn for:

- at personvernet for den einskilde må sikrast når vi fører inn ny teknologi.

- at vi må sikre den retten til innsyn i forvaltninga som kvar einskild har når datateknologien blir innført i all offentleg styringsverksemd på denne måten.

Petroleumsverksemda

Verksemda på norsk kontinentalsokkel må ta utgangspunkt i at olje- og gasskjeldene våre er slike ressursar som ikkje kan fornyast. Dei må difor styrast slik at dei kjem fleire generasjonar til gode.

Senterpartiet vil streke under kor viktig det er med eit moderat og jamt investeringsnivå i petroleumsverksemda vår. Dette får følgjer både for tilhøvet mellom petroleumsøkonomien og fastlandsøkonomien. Sameleis får det mykje å seie for den meir langsiktige utnyttinga av petroleumskjeldene våre. Det er difor turvande å setje opp "kø-ordningar" som sikrar oss dei løysingane som er best for samfunnet når petroleumsressursane skal byggjast ut.

Dei store gasskjeldene på kontinentalsokkelen har vi eksportert fram til no. Senterpartiet vil peike på dei framtidsutsiktene ein innanlands bruk av gassen kan gi for industrioppbygging i alle landsdelar. Desse gassressursane må kome heile Noreg til gode. Dei gir også grunnlaget for eit nordisk energisamarbeid.

Før vi vedtek at nye olje- og gassfelt skal byggjast ut, må det gjerast fullgode analysar av følgjene dette kan få for miljøet og fiskeriinteressene.

Senterpartiet vil streke under kor viktig det er å ha ein nasjonal kontroll med verksemda på kontinetalsokkelen vår. Statoil må då stå sentralt i all norsk oljeverksemd. I tillegg til dette bør vi sikre at vi har norske oljemiljø som kan vere tevleføre på ein effektiv måte. Makt og risiko må også spreiast på fleire hender her.

Oljeverksemda må styrast sterkare, slik at vi sikrar den distriktspolitiske effekten. Alle kystfylke med olje på kontinentalsokkelen må få del i denne aktiviteten. Ojeselskapa må også binde seg til å følgje opp føresetnadene i konsesjonsvilkåra om å bruke lokale varer og tenester.

Senterpartiet går då inn for:

- at det blir skipa eit oljefond som gjer norsk økonomi mindre ømtolig andsynes svingingar i oljepris og dollarkurs.

- at ein ser på om det er råd å innføre eit "tak" på norsk oljeproduksjon for å verne om oljekjeldene også til seinare generasjonar. Norsk økonomi kunne då også bli mindre avhengig av oljeindustrien.

TA HEILE NOREG I BRUK

Noreg opplever no ei sentraliseringsbølgje som kan føre til dramatiske endringar i busetnadsmønsteret vårt. Dette kan igjen endre samfunnsbygnaden og står då i motstrid til dei måla Senterpartiet har på dette feltet. Denne utviklinga kan berre motarbeidast og stoggast ved å setje i verk ei omfattande desentralisering av arbeidsplassar, kapital og makt.

Senterpartiet vil ta heile Noreg i bruk.

Senterpartiet har som mål at busetnaden og folketalet skal haldast ved lag i alle kommunar ute i distrikta. Senterpartiet vil at forsvarslina åt busetnaden skal gå gjennom kvar kommune. Initiativ og tiltakslyst må støttast alle stader kringom i landet.

Ein viktig føresetnad for denne kommunestrategien er at det blir skipa eit breitt tilbod av arbeidsplassar og tenester. Særskilt viktig er det å få til eit arbeids- og servicetilbod for kvinner og folk med høgare utdanning. Kommunane må samarbeide om ein allsidig regional arbeidsmarknad.

Senterpartiet vil åtvare mot ein distriktspolitikk som er tufta på ideen om såkalla "desentralisert konsentrasjon". Det er urealistisk å tru at slike oppdemmingssentra kan stogge fråflyttinga.

Distriktspolitikken skal gi kvar einskild større valfridom, hindre tvangsflytting og skjere ned avstandskostnadene. Samspelet mellom sentrum og eit levedyktig omland må forsterkast. Naudsynte omstillingar og bruk av ny teknologi skal styrkje utviklinga av distrikta, ikkje føre til ei ny sentraliseringsbølgje.

I arbeidet med å ta heile Noreg i bruk treng vi å tenkje heilskapleg, der ymse samfunnsområde som t.d. sysselsetjing, miljøpolitikk, utdanningspolitikk, kulturpolitikk og helse- og sosialpolitikk må sjåast i samanheng.

Regional balanse

Den negative folketalsutviklinga i distrikta er svært alvorleg. Det er fleire årsaker til den veksande regionale ubalansen. Tidlegare hadde distrikta eit stort fødselsoverskot. Dette fødselsoverskotet er no mindre enn før, og distrikta er difor meir vare for utflytting enn dei var tidlegare. Fødselsoverskotet i dei utsette områda samlar seg også stadig meir i byane.

Det er stadig fleire som no tek seg høgare utdanning. Mange lyt flytte i samband med dette, og ofte er det då ikkje arbeidsplassar i heimekommunen som høver til utdanninga deira.

Utkantane greier også i mindre mon enn før å dra til seg folk som er "komne på flyttefot". Det har vorte ein stigande ubalanse i flyttinga til og frå distrikta. Det er ikkje så mange fleire som fer ut, men langt færre reiser no attende til heimstadene sine.

Dei nye arbeidsplassane har kome på andre stader enn der den ledige arbeidskrafta held til. Dette har gjort det nødvendig for mange å flytte til sentrale strok. Ei sentral målsetjing må difor vere å skunde på utbygginga av nye arbeidsplassar ute i distrikta og bremse den sterke veksten i pressområda. Det må bli ein mykje betre regional balanse når nye arbeidsplassar skal plasserast i åra som kjem.

Det må også leggjast større vekt på dei endringane som skjer når det gjeld familiestruktur og utdanningsmønster. Utviklinga viser tydeleg kor stor trongen er for eit variert arbeidsplasstilbod for kvinner og menn. Dei med høgare utdanning kjem her i same bås. Levande lokalsamfunn føreset at det finst gode og høvelege arbeidsplassar både for kvinner og menn. Distrikta må få betre høve til å byggje ut tilbod som gjer at dei kan tevle om den best utdanna og kvalifiserte arbeidskrafta.

Ressursar og framtidsvoner i distrikta

Det er ei stor utfordring å ta i bruk dei ressursar og framtidsvoner som distrikta sit inne med. Her må ein sjå framover. Eit desentralisert busetjingsmønster gjer det mogeleg å nytte og utvikle lokale ressursar i alle landsdelar. Dette kan verte grunnlaget for både vekst, arbeid og velferd. Det gjeld då både menneskelege ressursar, naturressursar, indre oppbygging og produksjonsapparat. I ein samla strategi for å styrkje næringslivet i fastlands-Noreg, må vi leggje avgjerande vekt på å utnytte dei ressursane og framtidsvonene som heile landet har å by på.

Det er viktig for den personlege fridomen til kvar einskild å skaffe seg inntektsgjevande arbeid. Folk må også få høve til å slå seg ned på heimstaden sin, dersom dei ønskjer det.

Det ligg alt no store økonomiske verdiar i det busetnadsmønsteret vi har. Desse verdiane finn vi i form av bustader, vegar, skular, bedrifter, helseinstitusjonar, butikkar osv. Den spreidde busetnaden har også mykje å seie for beredskapen vår.

Samla strategi for ein regional balanse

Av omsyn til den samla samfunnsøkonomien, miljøet og dei menneskelege levekåra må det setjast opp ein samla strategi for å oppnå ein regional balanse. Denne strategien må byggje på desse hovudprinsippa:

- ein økonomisk politikk som tek heile Noreg i bruk, og der ein satsar målmedvite på å styrkje økonomien i fastlands-Noreg.

- bruk av økonomiske verkemiddel og betre kommunikasjonar, særleg for å setje fart i næringsutbygginga i distrikta.

- målretta bruk av informasjonsteknologi og kompetanseutbygging for å styrkje konkurranseevna i distrikta.

- bruk av styringsverkemiddel for å lette presset i sentrale strok og styre arbeidsplassane ut til distrikta.

- tiltak for å auke arbeidsplasstilbodet for kvinner.

- utbygging av eit fullverdig tenestetilbod og styrkte fellestenester. Det vil seie at vi må leggje vekt på barnehagetilbod, helsestell, eldreomsorg, utdanningstilbod, kultur- og idrettstilbod m.m.

- ei kartlegging av dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved sentraliseringa, "prisen for sentraliseringa".

Ein samla strategi for ein betre regional balanse kjem i første omgang til å krevje større offentleg satsing. Offentlege midlar må brukast meir målmedvite og i større mon setjast inn på konkrete problemområde. Senterpartiet vil gi lokalsamfunna større ansvar i arbeidet med å skaffe fleire arbeidsplassar.

Lokalt tiltaksarbeid og kompetanseutbygging med offentlege midlar kjem til å løyse ut større privat innsats i distriktspolitikken også. Vi må setje fart på å kartleggje og prøve ut nye næringsvegar i alle kommunar.

Det er nødvendig å sjå nøgnare på og dele opp arbeidsgjevaravgifta innanfor den økonomiske ramma vi no har. Arbeidsgjevaravgifta må leggjast om, slik at ho blir knytt til den staden der bedrifta ligg og ikkje til dei kommunane der arbeidstakarane bur. Avskrivingsordningane må skiljast betre slik at dei blir ulike for pressområda og utbyggingsområda.

Senterpartiet går inn for å bruke etableringslova meir aktivt. Vi vil også setje inn andre verkemiddel som kan dempe aktiviteten og veksten i pressområda.

Informasjonsteknologien fører til at det tidlegare argumentet om at statlege arbeidsplassar må leggjast nær inntil andre offentlege etatar no i stor grad er borte. Ein bør difor setje opp eit handlingsprogram som tek for seg utflyttinga av statlege arbeidsplassar bort frå Oslo-området.

Distriktsutbyggingsfondet (DU) skal framleis vere eit viktig verktøy i distriktspolitikken. For å sikre ei snøggare sakshandsaming og meir effektiv bruk av ressursane, ønskjer Senterpartiet å gi distriktspolitikken eit sterkare lokalt fotfeste.

Som eit ledd i ei slik effektivisering går Senterpartiet inn for å skjere kraftig ned på det sentrale apparatet i DU. DU må i større mon gi frå seg makta over sakshandsaming og avgjerder til lokale organ. Senterpartiet meiner at hovudtyngda av dei midlane DU no har rådvelde over, bør styrast av fylkeskommunane. Her bør ein då følgje den såkalla "frifylke-modellen". Dette inneber då at dei politiske organa i fylkeskommunen skal fordele midlane som vedkomande fylke sjølv skal bruke.

Senterpartiet går då inn for:

- at kommunane får større ansvar til å skape arbeidplassar lokalt. Gjennom den ordninga vi alt har med lokale tiltaks- og næringsfond, bør kommunane i utbyggingsområda då få meir DU-midlar. Desse pengane skal då vere øyremerkte til åstyrkje næringslivet og sysselsetjinga ute i distrikta.

- at det sentrale sekretariatet i DU blir flytt til Nord-Noreg når verksemda er ferdig omlagd.

- at distriktsskattelova blir halden ved lag, og at midlane som er avsette etter denne lova blir brukte til å finansiere bru- og tunnelprosjekt med.

- ei stegvis geografisk utjamning av teletakstane. Den regionale transportstøtteordninga må betrast og stønaden til nærbutikkar i utkantstrok må tryggjast.

Levande byar

Ein aktiv regionalpolitikk med vekt på desentralisering er ein føresetnad for å redusere pressproblema i dei store byane. Vidare er det behov for ein særskild innsats for å betre bumiljøet i somme bydelar. Innsatsområda her blir då helst fornying av bustader som er bygde før 1940 og bustad- og miljøarbeid i drabantbyane.

Sentrumsområda i byane bør styrkjast som populære bustrok, også for ungdom og familiar med barn. Den tunge byfornyinga av dei eldre bustadene bør framleis kome langt fram i rekkja. Midlane frå Husbanken i byane bør helst gå til ungdom, unge familiar, eldre og folk som sit trongt i det ute i byfornyingsområda. Tilhøva må også leggjast til rette for at eldre lenger kan halde til i bustadene sine.

Senterpartiet ser det som heilt nødvendig å betre trafikkmiljøet i bystroka, då først og fremst i dei indre bydelane. Det er uråd å få til eit betre trafikkmiljø her dersom ikkje bruken av privatbil blir skoren kraftig ned.

Senterpartiet går difor inn for å styrkje kollektivtrafikken og la dette gå ut over privatbilismen. Nye modellar for kollektivtraflkk må då utprøvast og tilboda må bli billegare. Mellom anna må det bli mange fleire avgangar. Dermed blir det også lettare å ta seg fram for fotgjengarar og syklistar. Mindre bilbruk er nødvendig dersom vi skal betre miljøsituasjonen og minske talet på trafikkulykker.

Eit levande og godt bymiljø er også avhengig av at det er lett tilgjenge til skog og mark og "grøne lunger", parkar og løkker. Bymiljøa må bli tryggare og formast slik at barn også kan trivast der.

Bysamfunnet er stort og uoversiktleg. Dette skaper stor avstand mellom dei styrande og innbyggjarane. Gjennom reformer må vi ta sikte på å minske avstanden mellom veljarane og politikarane/sentraladministrasjonen. Såleis kan ein også gi dei som bur der betre høve til å påverke og betre nærmiljøet sitt.

Senterpartiet går då inn for:

- direkte val til bydelsutval og overføring av avgjerdsmakt i lokale saker til lokalt nivå. Dette gjeld t.d. på bygnings-, trafikk-, park- og idretts- og helse- og sosialsektoren. Bydelsutvala bør få eit særskilt ansvar for nærmiljøpolikken, og dei bør også få overført budsjettmidlar til seg.

- at det blir skipa lokal administrasjon og tenesteyting i bydelane, dit folk som bur der då kan vende seg. Alle skal då vite kvar dei kan kontakte offentlege kontor og institusjonar i bydelen.

Dei tradisjonelle oppgåvene til kommunane

Bykommunane bør tilliks med alle andre kommunar, basere seg på dei arbeidstakarane som held til der eller som bur innanfor vanleg dagpendlingsavstand. For å minske den regionale ubalansen må storbyane godta at bedrifter eller offentlege institusjonar flytter ut. Samfunnsøkonomisk løner dette seg, fordi dagens ubalanse kostar svært mykje for heile samfunnet.

Betre regional balanse gjer det også mogeleg å prioritere dei tradisjonelle oppgåvene til kommunane. Dette er då t.d. barnehagar, tiltak for ungdom, helse- og sosialomsorg og miljøverntiltak.

Senterpartiet ser det som eit mål å skape eit variert arbeidsplasstilbod og betre jamvekta mellom industriarbeidsplassar og arbeidsplassar i tenesteytande næringar. Her må dei store byane kome i fremste rekkje. Utflytting av offentlege institusjonar er då eit verkemiddel for å oppnå dette.

SAMFERDSEL

Senterpartiet sin samferdselspolitikk har to hovudsiktemål:

- å bruke samferdselspolitiske verkemiddel til å sikre busetnad og næringsverksemd i heile landet.

- å minske skadeverknadene som følgjer av forureininga frå trafikken mest mogeleg. Dette gjeld då både skadar på menneske og miljø.

Senterpartiet vil leggje desse hovudmåla til grunn for prioriteringane og standpunkta sine i komande periode. Dette tilseier då at samferdselsinvesteringane må spreiast over heile landet.

Vegnett

Senterpartiet tykkjer det no er viktigast å ruste opp eit godt riksvegnett over heile landet. Arbeidet med å knyte øysamfunn til fastlandet med bru eller tunnelsamband må her kome høgt opp på lista. Når nye veganlegg skal byggjast, må følgjene for miljøet få større vekt enn før. Vegutbygging finaniserer vi med offentlege tilskot og bompengar. Norsk Veg- og Vegtrafikkplan skal framleis vere den sentrale styringsreiskapen når vi byggjer vegar i Noreg.

Privatbilen

I byar og sterkt trafikkerte område er avgass frå bilar ei stor forureiningskjelde. Senterpartiet vil prioritere tiltak som minskar miljøulempene frå biltrafikken. Dette vil partiet m.a. gjere gjennom krav til mindre avgassmengder på slike stader. Det må førast ein aktiv politikk for å skjere ned bilbruken i bysentra og dei store bustadområda. Dette må gjerast ved å byggje ut det kollektive trafikktilbodet og leggje band på privatkøyringa. Det må byggjast parkeringsplassar attmed jernbane- og bussknutepunkt.

I distrikta er privatbilen ofte det einaste framkomstmidlet. Styresmaktene må her setje i verk ei sjølvfinansierande ordning med fraktutjamning, slik at bensinprisane kan bli like store over heile landet. Oljeselskapa må forplikte seg til å levere drivstoff til forhandlarane sine til same tid og til like prisar.

Tryggleik i trafikken

Det bør ikkje vere avgifter på utstyr som fremjar trafikksikring eller miljø på køyretøy. Det må setjast fart i utbygginga av gang- og sykkelvegar.

Senterpartiet vil ha eit meir synleg politi og automatisk trafikkovervaking på vegar som er særs utsette for ulykker.

Omsynet til tryggleik og miljø tilseier at fartsgrensa ikkje må setjast opp.

På bakgrunn av den kjennskapen vi no har til at alkohol og bilbruk ikkje høyrer i hop, bed vi om at promillegrensa blir sett til 0.

Kollektivtrafikk

Senterpartiet vil føre ein politikk som fremjar meir bruk av kollektivtrafikk. Partiet vil også sikre gode kollektivtilbod i heile landet. Senterpartiet vil leggje mykje vekt på å ruste opp kollektivtrafikken og set dette framfor store investeringar i bilvegnettet i sentrale strok. Midlane frå bompengar bør brukast til å byggje ut kollektivtrafikktilbodet med.

Kollektivtrafikken må få slike vilkår at han kan ta ein mykje større del av transportmengda i og omkring byane og tettstadene våre. Ein større del av godsmengda som går på båt, buss eller bane er mykje meir trafikk- og miljøvenleg. Distrikta må sikrast gode kollektivtilbod, m.a. ved hjelp av meir smidige ordningar mellom ulike transportslag.

Luftfart

Norsk luftfartspolitikk må i sterkare grad prioritere tiltak som knyter dei forskjellige landsdelane og regionane betre saman. Det må førast ein konsesjonspolitikk som gjer at vi kan utnytte kapasiteten på alle dei regionale flyplassane våre best mogeleg. Dette gjeld både for innanlands og internasjonal flytrafikk. Nord-Noreg må sikrast eit godt flytilbod, m.a. gjennom offentlege garantiordningar til aktuelle flyselskap.

Jernbane

Fordelane med jernbanen som miljøvenleg transporttilbod må utnyttast mykje betre enn før. Dette tilseier at ein rustar opp jembanenettet i dei områda som har størst trafikkgrunnlag. Dette kan m.a. gjerast med dobbeltspor, slik at jernbanen kan gi eit fullverdig tilbod når det gjeld reisetid og reisemåtar. Jembanen må gradvis avlaste vegnettet med tungtransporten, der tilhøva ligg til rette for det. Ein må også sjå på om traseane til dei nedlagde sidebanane kan haldast oppe, med sikte på å byggje opp tilbodet.

Senterpartiet går inn for at ein tek til med å planleggje forlenginga av Nord-Noreg-banen, så snart det er økonomisk rom for dette.

Båttransport

Sjøtransport av gods og menneske kjem framleis til å spele ei viktig rolle i transportavviklinga. Det er trong for ei distriktsvis samordning av rutegåande sjø- og landtransport i kyststroka. For å tryggje busetnad og næringsverksemd i utsette kyststrok, vil Senterpartiet sikre rammevilkåra for fraktefartøy-næringa.

Hurtigruta må haldast oppe. Det er både transportmessige, distriktspolitiske og reiselivsmessige grunnar til dette.

Post

Post og betalingsordningar som er knytte til Postverket, spelar ei viktig rolle som formidlar av informasjon, varer og tenester over heile landet vårt. Postverket må framleis ha som siktemål å yte eit like godt tilbod til folk, same kvar dei bur i landet.

Utlånsrammene til Postsparebanken må aukast.

Teletenester

Senterpartiet meiner at Televerket framleis skal ha ansvaret for å byggje ut linenettet for alle dei ulike teletenestene her i landet. På denne måten kan alle landsdelar vere sikre på å få eit likt tilbod. Opprettinga av avanserte telekommunikasjonssystem må vi då setje øvst på lista. Televerket og norsk industri bør ha føreretten når nye teletenester skal byggjast ut.

Senterpartiet går inn for like teletakstar over heile landet. Dette kan best skje gjennom ei stegvis geografisk utjamning av takstane.

UTDANNING OG FORSKING

Skule- og utdanningspolitikken er viktig for det norske framtidssamfunnet. Både det norske samfunnet og omverda kjem stadig oftare til å ha etterspurnad etter utdanning og kompetanse. Innhaldet i og omfanget av utdanninga får då mykje å seie. Retten til fullverdig utdanning skal vere lik for alle same kva sosial bakgrunn dei har. Bustad og økonomisk evne skal heller ikkje ha noko å seie. Difor er utdanning først og fremst eit nasjonalt ansvar og ei offentleg oppgåve. Prinsippa om desentralisering og integrering skal leggjast til grunn for all utbygging av skuleverket.

Utdanninga skal stette dei behova elevane har. Ho skal hjelpe elevane til å utvikle sjølvstendige haldningar og på den måten styrkje einskildmennesket si stilling i samfunnet. Elevane skal få slike kunnskapar og skulering som gjer at dei kan føre eit meiningsfylt og aktivt samfunnsliv. Barn og ungdom kjem til å møte sterke krav til omstilling i sitt vaksne liv. Elevane må difor få meir ansvar for si eiga læring. Skulens arbeidsmåte og måten undervisninga er organisert på, må difor også vere merkt av dette.

Kunnskapsformidling skal vere ei plattform for alle, både sterke og svake. Formidling av felles verdiar som er knytte til kristne og humanistiske grunnhaldningar og til nasjonale kulturtradisjonar, er ei sentral oppgåve i denne samanhengen.

Eit desentralisert skuletilbod er avgjerande for at vi skal makte å halde oppe livskraftige lokalsamfunn. Skulen høyrer til i lokalsamfunnet, og han må organiserast på ein slik måte at han kan gli inn som ein del av nærmiljøet åt folk. Senterpartiet vil difor gå mot skulesentralisering.

Skule-og utdanningspolitikken skal vere med på å leggje tilhøva til rette for ei utvikling fram mot eit desentralisert samfunn og skape ansvarlege haldningar til miljø- og ressursspørsmåla. Skulen skal hjelpe til med å byggje opp kompetanse og skape arbeidsplassar over heile landet. Han skal også tilføre næringslivet større kompetanse.

Samarbeidet mellom skule, heim, lokalsamfunn og næringsliv må byggjast ut. Samanhengen mellom teori og praksis må då vere ei viktig rettesnor i utdanningspolitikken.

Rådgjevartenesta i skulen må styrkjast, og det må bli eit nærmare samarbeid med arbeidslivet.

Både fysisk og psykisk utviklingshemma bør få opplæring ut frå evner og dugleik. Kommunar og fylkeskommunar må setjast økonomisk i stand til å ta inn funksjonshemma i skuleverket, slik at dei glir naturleg inn i miljøet der.

Det er nødvendig å styrkje elevkunnskapane i norsk, framandspråk, naturfag og matematikk.

Senterpartiet går inn for at utdanning og forsking skal samlast i eitt departement.

Grunnskulen

Grunnskulen skal ha ein kristen føremålsparagraf. Grunnskulen skal planleggjast som ein naturleg del av kvart lokalsamfunn. Det bør då leggjast vekt på at skulen skal fungere som miljøsenter, også utanom vanleg skuletid.

Når elevtalet i grunnskulen går ned, må ressursrammene haldast oppe, slik at ein kan betre kvaliteten i undervisninga.

Undervisninga i grunnskulen må leggje vekt på å formidle kunnskapar, dugleik og haldningar i tråd med Mønsterplan 87. Skulen må lære elevane å ta ansvar for seg sjølve og andre. På skulen må ein også drive haldningsskapande arbeid og trene opp flid og sjølvdisiplin.

For å betre undervisninga i grunnskulen, må elevtalet setjast ned til maksimum 25 elevar i kvar klasse. Delingstalet i fådelte skular skal då skjerast ned tilsvarande. Minstetimetalet må aukast til 143 timar og undervisningstida for elevar i 1.- 4. klasse må utvidast.

Det bør også vere høve til utvida opningstid på skulen, utover obligatorisk undervisningstid. Dette bør då vere eit frivillig tilbod. Utgiftene til dette må betalast av foreldra.

I tillegg ser Senterpartiet det som viktig å leggje meir vekt på utviklingsarbeid i skulen. Forholda for innvandrarbarn må betrast og tiltaka for å integrere dei funksjonshemma i skulen må følgjast opp. Utviklingsarbeid og lokal utvikling av læreplanar må setjast høgare og leggjast til rette i samarbeid med lokalmiljøet rundt skulen.

Alle 6-åringar skal få eit pedagogisk tilbod, alt etter kor modne barna er. Lokale føresetnader avgjer då korleis dette tilbodet skal organiserast.

Eit tilbod om 10. skuleår kan organiserast der det er trong for det.

Vidaregåande opplæring

Senterpartiet ser det som eit viktig punkt å arbeide for å nå målet om eit treårig utdanningstilbod for alle etter grunnskulen. Kombinerte skular bør leggjast til grunn for denne utbygginga.

For å betre undervisninga, særleg innanfor yrkesopplæringa, må undervisningsutstyret oppdaterast. Samarbeidet mellom skule og arbeidsliv må også utviklast. Fleire tilbod med sams grunnopplæring bør setjast opp. Dette kan vere ei motkraft til spesialiseringa tidleg på utdanningsvegen. Det kan også spare inn på ressursar og gi distrikta høve til eit breiare utdanningstilbod.

Undervisninga i den vidaregåande skulen bør kunne bli meir individuell, slik at kvar einskild elev i større mon kan utvikle sine eigne evner. Vi må arbeide for å sikre behova til dei flinkaste elevane innanfor det offentleg skulesystemet.

Små vidaregåande skular må få eit høgare minstetimetal enn større skular, slik at dei kan gi eit meir fullnøyande undervisningstilbod. Staten har eit særskilt ansvar for dei små faga ved å setje i gang landsliner. Det må setjast fortgang i arbeidet med å godkjenne fagplanar. Emne frå natur- og miljøfag må leggjast inn i all undervisning i den vidaregåande skulen. Natur- og miljølære må bli eit eige linefag i allmennfagleg studieretning.

Skulen bør brukast som utviklingssenter for lokalsamfunnet. Det inneber at tilhøva må leggjast til rette for oppdragsundervisning, sal av "opplæringspakker" til arbeidslivet og samarbeid med kultur og lagsliv.

I dag er det ein tendens til at fleire fylkeskommunar legg eigendelar på skuleskyss. Dette råkar særleg ungdom fra utkantane, og er difor ikkje i tråd med prinsippet om lik rett til utdanning. Senterpartiet seier difor nei til eigendelar på skuleskyss.

Senterpartiet går då inn for:

- at ein ser nøgnare på røynslene med den såkalla gjeste-elevordninga. Dette må då bli grunnlaget for ei vurdering av heile ordninga og måten ho har vore praktisert på.

- at det ved opptak til vidaregåande skule blir innført eit opptaksdepositum. Dette får elevane tilbake etter at dei har teke til på skulen.

- at bortebuarstipendet blir auka, slik at det dekkjer dei røynlege meirkostnadene ved å bu borte.

- at lærlingeordninga blir bygd ut, slik at dette kan bli eit godt tilbygg til den vidaregåande opplæringa.

- at lovene om vaksenopplæring, om fagskulane i landbruket, om fagopplæringa i arbeidslivet og om vidaregåande opplæring alle blir samla i ei sams lov.

Folkehøgskular

Folkehøgskulane er ein viktig del av skulesystemet. Dei gir også eit godt ankerfeste for verdiar og kultursyn. Denne skulen må få høve til å halde oppe sine særmerke, der ein legg vekt på den personlege utviklinga åt elevane. Fordjuping i særskilde emne og interessefelt er ein viktig del av undervisninga i folkehøgskulen.

Folkehøgskulane er også eit godt tilbygg til dei vidaregåande skulane og arbeidslivet. Eit opphald her bør difor også gi poeng ved opptak til andre skular.

Private skular

Private skular har sin plass i skuleverket, og dei er eit viktig tilbygg der dei dekkjer viktige teoretiske og pedagogiske behov. For at dei private skulane skal kunne eksistere i samsvar med sitt særpreg, må dei få ha råderetten over lærartilsetjingane sine. Elles bør dei sameleis vere sikre på at dei også har den avgjerande styringsmakta over verksemda si.

Reine kommersielle skuletilbod er ikkje i tråd med Senterpartiet si målsetjing om lik rett til utdanning. Senterpartiet vil difor gå mot offentleg stønad til slike skular.

Vaksenopplæringstiltak

I eit samfunn med raske endringar og store teknologiske forandringar, blir kunnskapane snøgt forelda. Dette gjer det nødvendig med livslang læring som m.a omfattar meir veksling mellom skule og arbeidsliv enn no. Det må også bli meir omstilling og etterutdanning enn tidlegare. Samarbeidet mellom studieorganisasjonane, næringslivet, skuleverket, styresmaktene på arbeidsmarknaden og andre styresmakter må difor styrkjast.

Ein må difor ta i bruk ny informasjonsteknologi i vaksenopplæringa, slik at vi kan sikre eit desentralisert tilbod og samtidig gi meir kompetanse i databehandling.

Høgare utdanning

Noreg satsar i dag for lite på høgare utdanning. I verdsmålestokk ligg vi langt attende. Dette gjer det nødvendig å setje inn tiltak som kan sikre fleire rett og høve til å skaffe seg høgare utdanning.

Det er viktig å følgje opp det desentraliserte utbyggingsmønsteret som Stortinget har vedteke. Nye studieplassar bør leggjast til strok der det ikkje finst tilbod fra før eller der det er lite. Dei minste høgskulane må då kome øvst pa lista.

Dei regionale høgskulane må få meir forskingsmidlar og satse på å bli sterkare kopla til innarbeidde forskingsmiljø. Det bør vere høve til å byggje vidare på dei 2-3-årige linene ved distriktshøgskulane. Stillingsstrukturen ved dei regionale høgskulane bør tilpassast det same mønsteret som finst ved universiteta våre.

Allmennlærarutdanninga bør gjerast 4-årig. Ho må også styrkjast i sentrale skulefag, samstundes som nye fagområde kjem meir inn. Ein må leggje vekt på at lærarane blir kvalifiserte til å knyte skulen og undervisninga til lokale ressursar, så dette kan bli eit grunnlag for lokalt arbeidsliv og lokal berekraftig utvikling. Systematisk etterutdanning og ajourføring må takast med som ein del av årsverket til lærarane.

Sidan vi er eit lite land og treng å halde oppe ein nasjonal spisskompetanse, så må vi likevel samle undervisning og forsking i visse fag på ein eller få stader. I denne samanhengen må universiteta våre spele ei sentral rolle.

Ei av dei største utfordringane i dag er å auke talet pa studentar som gjennomfører eit hovudfagsstudium. Dette har mykje å seie for kunnskapspotensialet vårt på fleire område. Det må her innførast hovudfagsstipend ved fleire studium, alt etter kor stort behovet er.

Studiefinansiering

Ordninga med studiefinansiering har mykje å seie for om ungdomen maktar å ta seg høgare utdanning og kva slags utdanning dei då tek. Stigande otte for gjeld fører til mindre effektive studiar, og valet av studieretningar kan bli skeivt. Dette riv grunnen under målet om lik rett til utdanning. Dagens studiefinansieringsordningar må difor gjerast betre.

Studiefinansieringsordninga må prøve å jamne ut gjeldsbørene fram gjennom livet og omfordele desse børene innanfor studentmassen.

Senterpartiet går imot behovsprøving av stipend og studielån for elevar over 18 år. Stipenddelen av studielånet må aukast. Senterpartiet vil arbeide for ein opptrappingsplan for bortebuarstipendet, slik at det dekkjer dei røynlege meirutgiftene ved å bu borte.

Velferdstiltak

Skal retten til utdanning for alle vere reell, er det viktig at tilgangen på studentbustader er stor nok til å dekkje behovet. Det må difor satsast meir på å byggje slike bustader.

Tilgangen på barnehageplassar for studentar med barn må betrast.

Forsking .

Forsking og utvikling blir i åra som kjem ein stadig viktigare del av verdiskapinga i Noreg. Omfanget av og kvaliteten på vår eiga forsking og utvikling blir viktig for konkurranseevna vår. Det er difor svært avgjerande at vi på alle plan arbeider for å utvide kunnskapsmengda og kompetansen i landet vårt. Tilhøva må leggjast til rette for at bedriftene kan setje meir pengar av til forsking og utvikling.

Det offentlege har eit særskilt ansvar for å tryggje vilkåra for grunnforskinga og sikre forskarfridomen. Grunnforskinga gir basiskunnskapar som er eit nødvendig og viktig grunnlag for bruksforsking og utviklingsarbeid. Universiteta må her spele ei sentral rolle.

Bruksforsking er ein viktig føresetnad for god vekst og sunn samfunnsutvikling. Det offentlege må også vere medvitne om ansvaret sitt for å halde oppe eit norsk forskingsmiljø. Dette miljøet må ha ein høg standard i slike studium som er avgjerande for at vi kan forstå vår utvikling som folk og nasjon. Forskingsresultata må også formidlast betre, slik at ny kunnskap kan kome til praktisk nytte.

Forsking og vitskap reiser etter kvaut stadig fleire etiske problemstillingar. Etiske normer må støtt vere ein viktig del av dei vurderingar ein gjer seg i samband med ymse forskingsprosjekt. Forskingsetikk og tryggleiksspørsmål vert særleg viktige i samband med bioteknologisk og genetisk forsking. Det er trong for lovregulering av denne verksemda. Forsking som blir driven i private laboratorium må opne for offentleg innsyn og kontroll.

Senterpartiet vil gå inn for at det blir sett ned ein etisk komite som får til oppgåve å føre kontroll med all forsking på desse områda. Denne komiteen skal gi etisk rettleiing der det trengst.

Ein bør gi tilskuv til å byggje opp tverrfaglege forskingsmiljø, der forskarar med ulik bakgrunn kan gå saman om å løyse aktuelle og viktige samfunnsoppgaver.

Senterpartiet går då inn for:

- at ein satsar sterkare på miljøforsking, mellom anna for å få meir kunnskap om årsakene til forureining. Sameleis kan ein då finne fram til ny teknologi som kan bøte på dei skadane som har oppstått og hindre nye.

- at kvinneforskinga får økonomisk armslag nok og ordningar som kan auke vørdnaden for henne og skape større breidd.

- at det vert sett fart på å få fram forskingsaktivitetar på regionalt nivå. Det må då lagast eit samarbeids- og arbeidsdelingssystem som kan knyte band mellom dei regionale miljøa og sentrale forskingsinstitutt.

ANSVAR OG OMSORG FOR KVARANDRE

Senterpartiet vil følgje opp arbeidet med å styrkje velferdssamfunnet og sikre den einskilde eit tilbod etter behov. Senterpartiet vil byggje på samfunnssolidariteten og samtidig stille krav til den einskilde om større innsats.

Utviklinga byggjer på eit samspel mellom einskildmennesket og fellesskapet. Kvart menneske har ansvar for seg sjølv og handlingane sine. Det skal også gjere sitt til for å sikre eit aktivt fellesskap. På same måten har fellesskapet ansvaret for å gi kvart menneske høve til å leve eit fullverdig liv og til å utnytte sine evner og anlegg.

Stabil busetnad er viktig for å gi kvar einskild heimkjensle og rotfeste og sikre det uformelle sosiale nettverket. Levande lokalsamfunn gir folk oversikt og innsikt i sin eigen livssituasjon. Samstundes får folk då fritt høve til å velje og forme sitt eige liv. Stabil busetnad er såleis ein føresetnad for velferdssamfunnet vårt.

Familie og nærmiljø

Senterpartiet ser på familien som den grunnleggjande sosiale eininga i samfunnet. Tilhøva i heimen er avgjerande for både utvikling og trivsel hos barn og vaksne. Ein trygg familiesituasjon kan oppfylle dei behova folk har for omsorg og heimkjensle, utvikling og utfalding. Dette er viktig for å skape gode oppvekstvilkår for barn.

Ein framtidsretta familiepolitikk må også rette seg mot forhold utanfor familien og lokalsamfunnet. Familiens vilkar blir i stor grad påverka av spørsmål som bustad, arbeid, styringsmønster og ytre miljø. Likeverd og like rettar mellom menn og kvinner er ein føresetnad for at familien skal fungere som ei god sosial eining.

Tiltak for barnefamiliane

Mange barnefamiliar slit i dag med økonomiske og praktiske problem. Senterpartiet vil arbeide for at småbarnsfamiliar skal få større valfridom, slik at dei sjølve mest mogeleg kan få avgjere korleis dei vil organisere barneomsorga og familielivet sitt.

Senterpartiet vil arbeide for at overføringane til barnefamiliane i hovudsak skal skje ved større kontantoverføringar. Først og fremst bør dette skje ved å auke barnetrygda. I tillegg må det vurderast ulike modellar for større kontantoverføringar ilys av skattesystemet og noverande overføringar. Det er særleg turvande å auke dei overføringane som gjeld dei yngste barna.

Større kontantoverføringar fører då til at foreldra i større grad kan velje å bruke pengane sine på å betale andre for ymse tilbod til barna eller å ta på seg omsorga av barna sine sjølve. Dokumenterte utgifter til barnepass bør kunna trekkjast frå på skatten. Dette kan gi meir ryddige skatteforhold for dagmammaordningar også.

Senterpartiet går då inn for:

- statleg innsats i barnehageutbygginga i tråd med hovudtanken i barnehagemeldinga. Skal vi nå målsetjinga om full barnehagedekning, må vi få eit variert og smidig tilbod der private løysingar får ein brei plass. Barnehagetilbodet må også tilpassast tilbod som finst lokalt.

- at svangerskapspermisjonen blir forlenga til 40 veker med løn. Det bør bli høve for foreldre til å dele på permisjonsrettane, slik at også menn kan ta ut den samla permisjonen. Rettane ved adopsjon må betrast på same måten.

- at fødselspengar til dei som arbeider heime blir auka i takt med at svangerskapspermisjonen blir lengre. Desse pengane bør då knytast til grunnstønaden i Folketrygda, slik at dette blir justert i takt med prisauken.

Generasjonsfellesskap

Dette at aldersgruppene i sterk grad bli kløyvde opp i generasjonar, hindrar naturleg kontakt mellom folk. Dette kan igjen skape konfliktar mellom folk på ulike alderssteg. Folk blir dermed lett sett ulikt på og behandla forskjellig, alt etter kva generasjon dei høyrer til. Senterpartiet vil motarbeide ei slik utvikling.

Senterpartiet ønskjer at mest mogeleg ansvar for og arbeid med kvardagsoppgaver skal leggjast direkte til folk i lokalsamfunna. Desse oppgavene må løysast i samarbeid mellom innbyggjarane. Dei ulike aldersgruppene har forskjellige verdiar og erfaringar som må utnyttast. Det er viktig å få til eit samspel her, slik at vi kan skape eit rikare kvardagsliv for kvar einskild.

Ei utvikling med sterke skiljeliner mellom generasjonane kjem til å gjere det vanskelegare for folk å løyse oppgåver i lokalt fellesskap. Difor er det nødvendig å leggje opp til eit sterkare samspel mellom aldersgrupper både i heim, familie og lokalsamfunn.

Aktiv tid som eldre

I framtida vert det både ønskjeleg og viktig at dei eldre tek aktivt del i arbeid både i nærmiljøet og samfunnslivet elles.

Senterpartiet vil ha ein meir fleksibel pensjonsalder med høve til å kombinere arbeid og trygd. Det er ikkje rom for å setje pensjonsalderen generelt ned no.

Det er viktig å leggje tilhøva til rette for funksjonelle bustader for dei eldre. Eldres buspareklubb og ymse slags former for bustadsamyrke kan byggjast opp i samarbeid med kommunane. Bukollektiv der eldre har høve til å hjelpe og ha omsorg for kvarandre, er eit godt alternativ til kommunal bygging av eldrebustader.

Senterpartiet vil gå inn for skattefritak for pensjonistar som utfører enkle omsorgsoppgåver og tenester for andre.

Senterpartiet vil streke under kor viktig det er å ha eit forskjellig omsorgstilbod for slike som treng pleie. Det krevst då eit smidig og omfattande hjelpeapparat, slik at det vert råd å bu heime så lenge som ein ønskjer det. Å styrkje innsatsen for pleie og omsorg i kommunane er ei sentral oppgåve for Senterpartiet.

Det bør setjast opp kommunale formidlingssentralar som kan hjelpe dei eldre med praktiske gjeremål, handverksarbeid osv. Servicestasjonar som byggjer på frivillig innsats til hjelp for dei eldre, er mellom dei tiltaka som bør støttast aktivt.

Nødvendig å prioritere

Målsetjinga for helse- og sosialpolitikken til Senterpartiet er å sikre mest mogeleg likeverdig og tilfredsstillande tilbod for alle, same kva økonomi- og bustadforhold dei enn måtte ha.

Krava til helsetenesta aukar. Tekniske nyvinningar gjer det mogeleg å behandle stadig fleire. Alderssamansetjinga i folket er slik at talet på gamle eldre og eldre som bur åleine, aukar. Då krevst det også ein større offentleg innsats her. På pleie- og omsorgssektoren er det eit stort gap mellom behov og tilbod. Sameleis er det i arbeidet med psykisk utviklingshemma og tiltak ved psykiatriske lidingar. I tillegg til dette har vi stadig fleire livsstilssjukdomar enn før, og nye sjukdomar som HIV / AIDS-epidemien.

Omsynet til pasientane må setjast framfor omsynet til ulike yrkesgrupper. Vi må stille krav til ei føremålstenleg organisering og setje primærhelsetenesta framfor institusjonshelsetenesta.

Finansieringa av helse- og sosialtilboda stiller store krav til samfunnet. Det er nok nødvendig med eigendelar på helsetenester, men ordninga med eigenbetaling må utformast slik at vi skjermar dei som bruker helse- og sosialtenestene mest.

Skal vi få til ein mest mogeleg rasjonell og fornuftig bruk av dei samla ressursane, er det avgjerande å få til eit betre samarbeid mellom dei ymse styringsnivåa på tvers av fylkesgrensene og yrkesgrensene. Vi må leggje større vekt på samordning, leiing og administrasjon. Informasjonsteknologien må også utnyttast meir målretta i helse- og sosialsektoren.

Førebyggjande helsearbeid

Samanhengen mellom livsstil, forbrukarmønster, kosthald og helse blir stadig klårare. Livsstilssjukdomar dominerer etter kvart sjukdomsbiletet. Kvart einskildmenneske har ansvar for si eiga helse. Det å gjere folk meir medvitne om dette, er ei av dei viktigaste utfordringane vi no står overfor. Helseopplysning og større kunnskapar bør føre til endra åtferd, og dermed kan helsa også bli betre.

Kommunane må setje meir inn på å styrkje helseopplysninga, og kunnskapane til ymse grupper av helsepersonell må utnyttast betre.

Senterpartiet vil få klarlagt samanhengen mellom livsstil og den samla samfunnsøkonomien.

Rein mat, rein luft og reint vatn er då sjølvsagde krav. Kosthaldspolitikken er ei viktig side av det førebyggjande helsearbeidet.

Senterpartiet går då inn for:

- at miljøretta helsevern kjem fremst på lista i kommunane og på arbeidsplassane. Som eit ledd i det ulykkesførebyggjande arbeidet er det viktig å forme ut det ytre miljøet på best mogeleg måte.

- at barne- og ungdomsvernet må styrkjast. Det er turvande å gi særleg barn og unge eit sterkare vern mot seksuell misbruk og andre maktovergrep.

- at tilgangen på video med spekulativt valds- og sex-innhald blir fjerna gjennom konsesjonsordningar og førehandskontroll.

- at fritids- og kulturtilbodet for barn blir styrkt. Dei frivillige organisasjonane og idretten spelar ei viktig rolle i det allmenne førebyggjande arbeidet.

- at det vert skipa krisesenter og naudtelefonar for mishandla og valdtekne kvinner i kvart fylke.

Rusmisbruk

Rusmisbruk er no blitt eit stort helse- og sosialproblem. Bruken av rusmiddel fører til store kostnader for samfunnet og tragiske følgjer for einskildpersonar og familiar.

Senterpartiet ser arbeidet for eit desentralisert og trygt samfunn som grunnleggjande i ein langsiktig plan for å motarbeide rusmisbruken. Arbeidet mot dette må ta sikte på å klårleggje årsakene til rusmisbruken. Vi må også i større grad satse på førebyggjande tiltak, då medrekna opplysningsverksemd. Innanfor arbeidslivet er AKANs verksemd eit viktig førebyggjande tiltak av dette slaget. Det er viktig å byggje opp gode rusfrie miljø, ikkje minst blant ungdom.

Forbruket av alkohol har nær samanheng med tilgangen til slike varer. Difor går Senterpartiet inn for ei atterhalden line når det gjeld omsetninga av alkohol.

Kommunane si rolle i alkoholpolitikken bør leggjast meir vekt på enn no. Dette kan skje ved å lage ein edruskapspolitisk plan i kvar kommune. Kommunane bør kunne skipe kommunale ølmonopol. Systemet med å gi løyve bør bli smidigare enn i dag. Det bør bli mogeleg å knyte vilkår til løyvet. Vin og brennevin skal framleis berre omsetjast gjennom Vinmonopolet.

Bruken av narkotika stig stadig, trass i strenge lovføresegner på dette området. Dette gjer det då nødvendig å styrkje politi- og tollvesenet, slik at vi betre kan hindre innførsla av slike stoff.

Tilbodet med akutthjelp til narkomane må bli betre. Uteseksjonane og feltarbeidarverksemda har svært mykje å seie for arbeidet med dei narkomane. Desse tiltaka må styrkjast.

Sameleis må vi byggje ut fleire små behandlingskollektiv som kan gi aktiv omsorg og sosial læring. På denne måten kan vi betre stette dei behandlingskrava som alt finst. I samband med dette blir det nødvendig å byggje ut ettervernet også.

Tvangsinnlegging bør brukast i tilfelle der det ikkje finst anna råd.

HIV / AIDS

HIV-epidemien er ei stor medisinsk, helsepolitisk og menneskeleg utfordring. Det er viktig at vi møter denne sjukdomen på ein fornuftig måte.

Den overordna strategien i kampen mot HIV / AIDS må byggje på informasjon, behandlingstilbod og støtte til dei smitta. Sameleis bør vi byggje ut behandlingstilbodet og den sosiale attføringa til stoffmisbrukarane. Tiltaka må då rettast mot dei mest utsette gruppene, og heile folket må få sakleg informasjon om dette.

Utgangspunktet må vere at spreiinga av denne sjukdomen heng saman med endringar i kultur og haldningar hos oss. Å hindre at smitten spreier seg samstundes som vi prøver å kartleggje utbreiinga av denne smitten, er då viktige sider ved kampen mot AIDS.

Ei omlegging av seksualvanane våre kan avgrense smittespreiinga også. Kvart einaste menneske har difor eit ansvar for si eiga åtferd her. Ein må såleis ikkje utsetje seg sjølv for smitte. Dei som ber smitten med seg, har på si side eit ansvar for å ikkje smitte andre.

Senterpartiet meiner ein bør vurdere å kriminalisere såkalla "horekundar".

Vi må setje inn ressursane for å få bukt med HIV-epidemien, og desse framstøytane bør i første rekkje rettast mot dei mest utsette risikogruppene. Mykje må også setjast inn på å gi informasjon om sjukdomen og risikoen for smitte.

Vi bør oppmode folk om å teste seg meir frivillig, og alle blodprodukt må testast. Ein massetest av heile folket blir likevel for omfattande og dyr. Eit slikt stortiltak kan då føre til at vi ikkje får kontakt med dei målgruppene vi gjerne vil nå.

Senterpartiet meiner det er nødvendig å delfinansiere dei tilboda fylka har på dette området.

Helse- og sosialtenesta i kommunane

Tilboda i kommunane må utformast ut frå lokale tilhøve og føresetnader. Det må nødvendigvis føre til at det blir lokale variasjonar i tilbodet. Senterpartiet godtek dette, men vil peike på at det då er viktig å sikre eit tilbod som er mest mogeleg likeverdig. Det kan vere trong for meir rettskrevjande tilbod og nasjonale minstenormer.

Senterpartiet meiner at det er behov for å styrkje helse- og sosialtenestene i kommunane. Eit betre og meir manggreint tilbod med vekt på pleie, omsorg og attføring er ein føresetnad for eit fullnøyande tilbod til kvar einskild av oss. Dette kan også gi høve til å bruke den sjukehuskapasiteten vi alt har på ein meir fornuftig måte.

Senterpartiet vil leggje vekt på å byggje opp eit meir heilskapleg tilbod kringom i kommunane. Det krev då nytenking og nyorganisering, slik at vi kan bruke ressursane våre på ein samordna og føremålstenleg måte.

Sjukeheimane kjem framleis til å spele ei viktig rolle, og dei må også gi eit variert tilbod til alle. Somme vil framleis ha behov for eit tradisjonelt sjukeheimstilbod, mens andre på si side meir treng tilbod om avlasting på sjukeheimen i stuttare eller lengre tid.

Sjukeheimane bør byggjast ut slik at dei kan bli eit ressurssenter for den opne omsorga. Såleis kan m.a. samarbeid mellom dei tilsette sikre attføring og god og trygg oppfølging av dei som bur der og dei som står dei nær.

Eit heilsleg og manggreint omsorgs- og pleietilbod må byggjast ut frå lokale føresetnader. Ymse tenester som vaktmeisterordningar, heimehjelp, avlastingstiltak og heimesjukepleie, tryggleiksalarmar og ombering av mat er viktige tiltak her.

Senterpartiet vil streke under at kommunane har plikt på seg til å følgje opp føresegnene i kommunehelselova om omsorgsløn og avlastingstiltak. Dette gjeld då andsynes personar som har eit særleg tungt omsorgsarbeid og for familiemedlemer som treng pleie.

Senterpartiet vil arbeide for at folk som treng pleie og slike som står dei nær, kan vere sikre på å få retttil omsorgskontrakt på m.a. omsorgsløn og avlastingstiltak.

Frå 1.1.1991 skal kommunane ha ansvaret for tilbodet til personar som er psykisk utviklingshemma. Denne reforma krev større innsats og meir nytenking. Dei som kjem tilbake til heimkommunane sine frå ein institusjon, må vere sikre på å få eit betre og meir framtidsretta tilbod.

Interkommunalt samarbeid blir viktig når vi skal gjennomføre den vedtekne reforma og sikre at det best mogelege tilbodet skal organiserast. Vi treng då smidige ordningar i omsorga heime, i eigen bustad og eventuelt i varig bustad i mindre institusjonar, slik at vi får til eit tilbod som er så godt som råd.

Staten har eit særskilt ansvar for dei problema som møter vertskommunar for store institusjonar når dei då skal byggjast ned. Staten må då sikre kommunane ein økonomi som gjer dei i stand til å innfri hovudmålsetjinga i reforma.

Senterpartiet vil streke under kor viktig det er at kommunane gjennom eit samarbeid mellom fleire kommunar finn fram til høvelege ordningar for jordmor- og ergoterapitenesta.

Fylkeshelsetenesta

Institusjons- og spesialisthelsetenesta bør framleis vere eit fylkeskommunalt ansvar. Det er viktig at sjukehusdrifta er effektiv. Gjennom endringar i arbeidsmiljølovamå ein prøve å utnytte personell- og utstyrsressursane på ein betre måte.

Vi må leggje større vekt på administrasjon og leiing. Ansvaret for budsjetta må desentraliserast.

Oppgjeret for gjestepasientar hindrar ofte at vi kan få utnytta dei samla sjukehusressursane i landet vårt. Staten har eit overordna ansvar for at vi kan bruke dei samla ressursane våre på ein effektiv og heilskapleg måte. I dette arbeidet blir informasjonsteknologien eit viktig hjelpemiddel.

Senterpartiet meiner at det er trong for sterkare nasjonal styring av spisskompetanse og fordeling av landsfunksjonar til dei ymse regionsjukehusa. Ei slik styring kan sikre ei betre utnytting av dei ressursane vi har investert. Vi får også ei betre utnytting av kapasiteten og kan hindre dyre og uturvande investeringar.

Den sjukehuskapasiten vi har no, bør vi nytte fullt ut før vi går vidare på store og kostnadskrevjande nyinvesteringar.

Lokalsjukehusa har ein viktig funksjon, og dei bør framleis tryggjast ein sikker plass i sjukehustilbodet og lokalsamfunnet.

Senterpartiet meiner at vi må sikre dei rettane pasientane har på ein betre måte. Dette kan best gjerast ved å auke opplysningsverksemda, betre informasjonsplikta og få til betre vederlagsordningar.

Grupper med særskilde behov

Senterpartiet vil arbeide for at personar med særskilde fysiske og psykiske behov mest mogeleg skal gli inn i samfunnet rundt seg på ein naturleg måte. Vi ser likevel trongen for å halde oppe somme spesialinstitusjonar her.

Funksjonshemma har krav på undervisning, arbeid, transport og bustader som er tilpassa dei evner og behov som dei har. Innføringa og tilpassinga i samfunnet bør ta sikte på å sikre alle den retten dei har til å få vere aktivt med i fellesskapet.

Senterpartiet vil arbeide for å betre levekåra til dei funksjonshemma. Vi må då i størst rimeleg grad vege opp dei problema dei har med å tilby gode transportordningar, tilgang på nødvendige hjelpemiddel og gi dei betre høve til å ta seg inn og rundt i bygningar av ymse slag.

Private tenester - eit utfyllande tillegg

Private helsetenester er eit nyttig tilbygg til det offentlege helsestellet. Det kan også fungere som eit tildriv til nytenking og større innsats. Slike tilbod bør difor tilmåtast dei offentlege helseplanane.

Av omsyn til pasientane og det offentlege helsestellet, så må drifta av slik rein privatfinanisert aktivitet også godkjennast av offentlege styresmakter. Styringa av personell, utstyr og økonomiske ressursar må leggjast inn under slike retningsliner at vi kan halde oppe eit helsestell som er tilgjengeleg for alle. Dette er då eit offentleg helsestell.

Etiske konfliktar først og sist i livet

Senterpartiet si haldning til etiske konfliktar først og sist i livet er tufta på det kristne synet på menneskeverdet og det ukrenkelege individet. Eit befrukta egg er spiren til eit nytt menneskeliv. Samfunnet har då plikt til å gi fosteret og kvinna høveleg trygd og vern. Det kan anten skje gjennom lovgjeving eller på anna vis.

Senterpartiet vil arbeide for svangerskapsførebyggjande tiltak og styrkje hjelpearbeidet for gravide som sit vanskeleg i det. På denne måten vonar vi å skjere ned talet på abortar.

Senterpartiet er sterkt uroleg for sider ved utviklinga innanfor medisinsk genetisk forsking og bioteknologi. Den teknologiske utviklinga opnar for skremmande framtidsutsikter. Senterpartiet meiner at det no trengst klåre grenser for den genetiske forskinga. Etiske synsmåtar kan ikkje overlatast til forskarar og medisinsk personell aleine.

Utviklinga på dette området har ikkje berre følgjer for einskildpersonar og familiar, men kan på lengre sikt også påverke menneskesynet vårt. Dette kan få ringverknader for samfunnsutviklinga også. Senterpartiet meiner difor at det er behov for ei lovregulering av den genetiske forskinga.

Barnlause ektepar bør kunna få tilbod om hjelp, dersom dei sjølve ønskjer det. Men avdi dette rører ved spørsmål som er knytte til opphavet åt menneska, så må barnets interesser vere utgangspunktet for oss når vi skal tenkje nøye gjennom dette.

Senterpartiet har ei restriktiv haldning til kunstig befruktning. Slikt må skje under offentleg kontroll og styring. Barn som er fødde på kunstig måte, skal ha høve til å få kjennskap til det biologiske opphavet sitt når dei er komne opp i moden alder.

Her må vi endre dagens lovfesta praksis om anonym sædgjevar.

Prøverøyrsmetoden har gitt mange barnlause nytt håp. Men metoden er ressurskrevjande og bør ikkje kome så høgt oppe på lista i det offentlege helsestellet. Etter Senterpartiet sitt syn kan denne metoden også brukast av private klinikkar, men då må føresetnaden vere at dette skjer under offentleg innsyn og kontroll.

Senterpartiet går mot at det kan forskast på befrukta egg. Partiet ønskjer også ein streng og avgrensa praksis når det gjeld nedfrysing av befrukta egg.

Senterpartiet er atterhaldne når det gjeld utbygginga av eit generelt tilbod om fosterdiagnose, utover det som alt er tilgjengeleg i dag. Tilbod om fosterdiagnose med tilbod om abort deretter, kan i sin tur føre til ei gradering av menneskeverdet. Dette kan ikkje sameinast med det grunnsynet Senterpartiet elles har.

Dei teknologiske utvegane og framtidsutsiktene kjem også til å påverke synet vårt på døden og dødsprosessen. Å godta at døden er ein naturleg del av livet, vil då seie at ein er negativ til ei kunstig forlenging av dødsprosessen også. Aktiv dødshjelp, som her vil seie eit aktivt avbrot av livsprosessen, kan vi då heller ikkje godta.

Senterpartiet vil oppmoda kommunar om å setje ned ei tverrfagleg gruppe som skal ha omsorg for pleie av dei som er alvorleg sjuke. Frivillige organisasjonar kan eventuelt også bli med på dette.

KRIMINALPOLITIKK

Å sikre einskildmennesket trygd mot valdsbruk er ei av dei mest grunnleggjande og viktigaste oppgåvene samfunnet har. Samfunnet har skyldnad til å sikre alle folks rett til å gå trygt og fritt ikring, utan otte for å bli utsette for personlege krenkingar.

Kvar einskild av oss har eit individuelt ansvar for handlingane sine, og må svare for seg dersom han bryt med fellesskapsreglane. Senterpartiet er ottefulle over den stigande kriminaliteten i samfunnet som går ut over uskyldige menneske. Dette gjeld då særleg ungdomskriminalitet og upersonleg vald.

Aukande kriminalitet har m.a. samanheng med meir bruk av rusmiddel og stoffmisbruk. Dette krev då at vi må føre arbeidet mot kriminaliteten på fleire plan, m.a. gjennom forbod og avstenging og haldningsskapande arbeid. Her kan skulane og dei frivillige organisasjonane vere med og arbeide aktivt blant barn og unge.

Kriminalitet er ofte eit resultat av normoppløysing i samfunnet. Han veks ofte fram or miljø som ikkje gir mennesket rotfeste, kontakt og positive utfordringar. Eit levande lokalmiljø der ungdom tidleg kan spele ei aktiv rolle, er ein føresetnad for å få ned kriminaliteten. Senterpartiet vil difor arbeide for at vi no på alle plan i samfunnsutviklinga set omsynet til tryggleik og trivsel i sentrum.

Det er teikn som tyder på at tilliten til rettsstellet er svekka, m.a. på grunn av manglande etterforsking og ved at saker ofte vert lagde bort. Politi- og lensmannsetaten og domstolane lyt difor få meir ressursar, slik at sakene kan etterforskast og kome opp til doms.

Senterpartiet går då inn for:

- at saksgangen ved domstolane blir forenkla. Herads- og byretten bør meir enn no då vere førsteinstans i straffesaker. Retten til å straffe ved bøtlegging og utskriving av mulkt, i staden for å føre saka inn for retten, blir difor utvida. Ordninga med forenkla bøtlegging bør utvidast til å gjelde fleire område enn no.

- at ein tek opp kampen mot økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet.

- at kampen mot pornografi og valds- og pornovideo må styrkjast. Sameleis må vi motarbeide ymse slags seksuelle overgrep mot barn. Lovverket må endrast slik at vi får effektive verkemiddel mot pornografien.

- at ein bør bruke konfliktråd andsynes slike som bryt lova for første gong.

Politi- og lensmannsetaten

Politi- og lensmannsetaten må vere desentralisert og innarbeidd i lokalsamfunnet. Politiet og lensmannsetaten må få tilsett fleire folk. Det kriminalførebyggjande arbeidet må setjast høgare på saklista. Såvel ordens- og patruljetenesta som den effektive etterforskinga av straffesaker er viktige ledd når det gjeld å hindre kriminalitet. Eit synleg politi verkar førebyggjande og har avgjerande innverknad på kor trygt samfunnet kjenner seg.

Senterpartiet går då inn for:

- at ein må byggje ut bydelspolitiet endå meir og gi det enkle etterforskingsoppgåver.

- at ein styrkjer det samarbeidet politiet har med andre offentlege etatar, til dømes sosial-, skatte-, toll- og forureiningsstyresmaktene.

- at lensmannsetaten får innført EDB innan tre år.

Fengsel

Senterpartiet meiner at det no trengst ein brei gjennomgang av arbeidskår og soningsforhold i fengsla våre. Her må vi ha for auga å skape ei ny fengselsreform.

Vi må få til meir skilde og varierte soningsformer i fengsla, slik at soninga blir avpassa dei brotsverka som er gjorde og den faren det kan vere for at forbrytarane kan gjere ting opp att.

Det må innførast effektive tiltak mot narkotikamisbruk i fengsla. Her kan m.a. då lagast eigne avdelingar for dei fangane som er mest trugande og avhengige av narkotika. Vi må få til meir oppfølging med visitasjonspatruljar og faste narkohundar i fengsla. Andre fangar må få høve til å sone straffa si i eit miljø som er fritt for narkotika.

Senterpartiet går då inn for:

- at soning av straff i opne anstaltar og arbeidsleirar blir bygd ut. Dette må då særleg bli eit ledd i arbeidet med å lette overgangen frå fengslet til eit fritt liv utanfor murane. Det må byggjast ut meir samfunnsteneste som ei alternativ straffeform.

- at fangane får eit godt nok tilbod om attføring og ettervern, slik at dei kan førast tilbake til samfunnet etter at soninga er over.

- at fylka byggjer opp avdelingar for fangar som treng behandling. Det bør då byggjast opp to sterkavdelingar for slike fangar som treng behandling og dei som ikkje maktar soninga si sjølve. Fylkeskommunane og staten må samarbeide om dette.

KULTURPOLITIKKEN

Kultur er noko vi forvaltar og skaper, ikkje berre noko vi forbrukar og konsumerer. Siktemålet med kulturpolitikken må vere å gi kvart einskildmenneske eit rikare liv ved å gi det høve til oppleving og eigenaktivitet. Eit levande lokalt og nasjonalt kulturliv som skaper kvalitet, formidling og vidareutvikling av den nasjonale kulturarven vår, kan vi berre få fram ved å gi dei utøvande kunstnarane og kulturarbeidarane våre gode arbeidstilhøve. Vi må då også få til ein vekselverknad mellom amatørar og profesjonelle. Dei frivillige organisasjonane skal ha ein sentral plass i dette arbeidet.

Kulturoppgåvene må utviklast som ei brei yrkesgrein. Det kjem så til å setje i gang nye funksjonar og arbeidsoppgåver. Dermed kan vi få større sysselsetjing på kjøpet.

Dei snøgge omskifta i samfunnet gjer det nødvendig å styrkje fellesskapskjensla vår. Kontakten mellom generasjonane er viktig, både fordi dei eldre er berarar av vår felles kulturarv og fordi den erfaring og tradisjon dei kan formidle skaper eit stabilt og trygt samfunn.

Kulturhistorisk forsking, lokalhistorie og museumsverksemd må på bakgrunn av dette få ein brei plass i kulturlivet.

Stabil busetnad er ein naudsynt føresetnad for eit levande kulturliv. Stadig fleire medietilbod og masseproduserte underhaldningsprogram gjer det nødvendig å skape større mangfald i det norske kultur- og medietilbodet. Dette er særskilt viktig i eit lite språksamfunn som Noreg.

Skal vi sikre eit likeverdig kulturtilbod i heile landet, så må staten ha hovudansvaret for økonomien i norsk kulturliv. Staten må også auke den offentlege innsatsen her. Kulturlivet bør sikrast med ei særskild kulturlov. Senterpartiet går difor inn for at 2/3 av LOTTO-inntektene skal øyremerkjast til kulturføremål.

Det er viktig å sikre fridom for kunstnarane og kulturelt mangfald. Kunstnarane må då få dei same levekåra som andre grupper i det norske samfunnet. Ordninga med etableringsstipend for forfattarar må styrkjast, og utvidast til å gjelde andre kunstnargrupper også. Ordninga med arbeidsstipend må byggjast ut og gjerast smidigare.

Lokalt kulturarbeid

Etter Senterpartiet si meining er det viktig å ta vare på dei lokale tradisjonane og utvikle dei vidare. Då må vi også mane til større eigenaktivitet, m.a. i organisasjonar og lag. Kommunane bør stille lokale til rådvelde for ymse slags kulturaktivitetar.

Bygging og utbetring av lokale kulturbygg må kome høgt opp på lista no. Det må lagast ei særskild tilskotsordning for lokale fleirbruksbygg/regionale kulturbygg.

Dei lokale husflids- og handverkstradisjonane må styrkjast og utviklast vidare.

Norsk språk og litteratur

Språket er det fremste nasjonale identitetsmerket vårt, og ein føresetnad for at Noreg skal kunne utvikle seg som kulturnasjon. Den norske skriftkulturen er ein hjørnestein i vårt kultur- og samfunnsliv. Språket er også den viktigaste reiskapen skulen har når kunnskapar og oppleving skal formidlast. Behovet for ein levande og nyansert skriftkultur kjem til å auke i takt med at nye medium veks fram.

Senterpartiet vil arbeide for full språkleg jamstilling. Særleg må jamstillingsreglane følgjast i statsteneste og offentleg styringsverk. Samisk språk må også tryggjast.

Norskfaget sin plass må styrkjast i alle skuleslag. Dialektane har sin eigenverdi som det må hegnast om m.a. ved at dei blir dregne meir inn i norskundervisninga. Dei to offisielle målformene våre må få like utviklingsvilkår. Den sterke innblandinga av utanlandske ord og uttrykk i det norske språket må motarbeidast. Fullgode norske ord må haldast i hevd.

Senterpartiet går inn for å halde oppe den allmenne røysteretten i skulemålssaker, og nynorske læremiddel må få nok ressursar i alle skuleslag. Godkjenningspliktige læremiddel skal liggje føre på begge målformer til same tid og til same pris.

Biblioteka og folkeopplysningstanken bak dei har vore ei grunnstamme i det lokale kulturarbeidet. Hovudtanken bak biblioteklova om større bruk av biblioteka til fleire aktivitetar må no setjast ut i livet. Det må skapast eit nært samarbeid mellom folke- og skulebiblioteka, slik at ressursane kan brukast på best mogeleg måte.

Senterpartiet vil halde på gratisprinsippet for utlån frå biblioteka. Ved utlån av t.d. video må det likevel vere høve til å krevje ei viss eigenbetaling.

Innkjøpsordninga for skjønnlitteratur må utvidast og det må innførast ei stønadsordning for skjønnlitteratur. Innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for barn og unge må byggjast ut, og det må skipast ei innkjøpsordning for omsett skjønnlitteratur også.

Teater

Senterpartiet går inn for å styrkje økonomien til regionteatra, m.a. ved ein særskild turnestønad. Det økonomiske grunnlaget åt institusjonsteatra må sikrast. I dei landslutene som ikkje har regionteater, bør vi oppmode dei til å lage teaterverkstader, og dei må få statsstøtte på line med institusjonsteatra.

Riksteatret må omorganiserast, og får då til oppgåve å formidle framsyningar frå institusjonsteatra og dei frie gruppene. Amatørteatra treng kvalifiserte instruktørar og faglege rettleiarar. Det er difor nødvendig med eit nærmare samarbeid mellom profesjonelle teater og amatørteater.

Film og video

Senterpartiet vil streke under kor viktig det er å halde oppe ein norsk filmproduksjon. Difor vil vi arbeide for dette gjennom offentlege tilskot. Det er viktig at barne- og kortfilmproduksjonen då blir sikra.

Senterpartiet går inn for å innføre konsesjonsordning og førehandskontroll av videogram, slik at vi kan hindre spreiing av porno- og valdsfilmar.

Idrett

Idretten er viktig for folkehelsa. Han har også mykje å seie som kontakt- og karakterskapande faktor blant barn og vaksne.

Senterpartiet ser det som viktig å styrkje indrettsarbeidet og den fysiske aktiviteten i alle folkegrupper. Dette må gjerast ut frå individuelle føresetnader og behov. Målet for idretten må vere å gi eit høveleg tilbod til alle, same kvar dei bur. Vi må her vere særleg merksame på idretten for dei funksjonshemma.

Idrettsorganisasjonane må få høve til å utvikle ein sunn toppidrett og masseidrett side om side.

Senterpartiet vil i denne samanhengen peike på kor viktige dei lokale "idrettsskulane" er, slik dei kan vere med og byggje opp ei allsidig fysisk fostring. Det er viktig å få til eit samarbeid mellom idrettslaga og kommunen.

Kommunen må leggje vekt på å stille idrettsbanar og anlegg, klubbhus og møtelokale til rådvelde for organisasjonane. Idrettsleiarane må få gode utdanningstilbod og arbeidsvilkår som skaper glød og glede i arbeidet.

Offentlege styresmakter og idrettsorganisasjonar må samarbeide for å avsløre og hindre bruk av dopingmiddel i idretten.

Mediepolitikk

Senterpartiet ser det som viktig å ta vare på ei allsidig og manggreint dagspresse. Dei ulike tevlevilkåra som avisene arbeider under, krev at vi held oppe pressestønaden. Han må også utformast slik at annonseinntektene ikkje blir avgjerande for om aviser skal overleve.

Senterpartiet ser på alle dei små lokalavisene som eit verdfullt tilskot til norsk presse, og pressestønaden må også kome dei til gode.

Senterpartiet vil leggje desse hovudretningslinene til grunn for kringkastingspolitikken sin:

- NRK må styrkjast slik at institusjonen kan møte den aukande konkurransen og sikre eit riksdekkjande tilbod. Distriktskontora må få ei friare administrativ og økonomisk stilling.

- kringkastinga si rolle som kulturformidlar skal styrkjast.

- utbygginga av norsk kringkasting skal vere med på å fremje distriktspolitiske mål. Heile landet må få eit godt tilbod, og vi må leggje meir vekt på lokale sendingar og produksjon.

- Senterpartiet ser det ikkje som noka viktig og aktuell oppgåve å skipe TV-2 i den komande stortingsbolken.

- dersom det berre er ein fjernsynskanal i Noreg (NRK), så skal han vere fri for reklame.

- finansieringa av norsk kringkasting skal ikkje påverke programproduksjonen. Senterpartiet ser på lisensinntektene som grunnlaget for norsk fjornsynsdrift.

- Senterpartiet går inn for at det blir skipa eit produksjonsfond som kan delfinansiere slike fjernsynsproduksjonar som er særskilt dyre.

Song og musikk

Song- og musikklivet er ein viktig del av det lokale kulturarbeidet. Musikkskulane har spela ei viktig rolle i å byggje opp song- og musikklivet, og kommunane bør no leggje stor vekt på å halde oppe musikkskulane sine. Målet må vere at alle kommunar skal ha kvar sin musikkskule.

Rikskonsertane tek seg av viktige oppgåver i norsk musikkliv. Det er viktig å byggje ut tilbodet til alle fylka våre. Stønaden til lokale konserttilskipingar må styrkjast, og samarbeidet mellom profesjonelle og amatørar må byggjast ut vidare. Rikskonsertane bør utvide verksemda si til førskulebarn også. Norsk samtidsmusikk må få større olbogerom framover, m.a. ved at ein kan få midlar til leveringsverk.

KYRKJE OG KRISTENLIV

Senterpartiet går inn for at Den norske kyrkja framleis skal vere ei folkekyrkje som er knytt til staten. Tilhøva må no leggjast endå betre til rette for at meir avgjerdsmakt kan overførast til kyrkja sine eigen organ.

Den grunnleggjande funksjonen til kyrkja er å vere eit trussamfunn. Det er då viktig at kyrkja får gode kår, slik at ho kan makte denne oppgåva. Det kristne verdigrunnlaget må tryggjast gjennom lovverket.

Arbeidet til kyrkja er også viktig som ein kultur og miljøskapande faktor i lokalsamfunnet. Senterpartiet ønskjer å sikre kyrkja gode arbeidsvilkår, m.a. ved å betre vilkåra for verksemda åt kyrkjelydane på lokalplanet. Ein bør arbeide for å gi kyrkjelydane meir sjølvstyre i høve til kommunen, både når det gjeld økonomi og styring.

Det bør setjast opp normer for korleis ein skal bemanne ymse slags kyrkjelydar, og det bør skipast fleire kyrkjelege stillingar både for prestar, kateketar og diakonar.

Dct sosiale arbeidet som kyrkja gjer, er eit viktig felt, og det må difor vere sikra gode arbeidsvilkår. Dctte gjeld særleg Kirkens bymisjon, Kirkens familierådgivningskontor og Kirkens SOS.

Det bør vere full likestilling mellom kjønna i kyrkja.

Senterpartiet vil streke under kor viktig det er at kyrkja er til stades i lokalmiljøet heilt frå starten av når nye lokalsamfunn skal byggjast opp. Vi må her leggje vekt på å få til arbeidskyrkjer som kan fylle fleire funksjonar.

FRAMAND I NOREG

Diskriminering av medmenneske på grunn av ulikt etnisk opphav står heilt i motstrid til det synet Senterpartiet har på menneskeverdet. Senterpartiet vil motarbeide alle tendensar til rasisme i samfunnet vårt.

Innvandringa til Noreg må framleis avgrensast og kontrollerast.Innvandringsstoppen må difor haldast ved lag.

Noreg har i fleire år teke imot flyktningar som er valde ut i samarbeid med FNs høgkommisær for flyktningar. Denne ordninga må halde fram, av di vi som medmenneske har eit ansvar for å hjelpe folk som er på flukt og i naud.

I dei siste åra har talet på dei som søkjer politisk asyl i Noreg vore sterkt stigande. Slike søknader må alltid handsamast individuelt, slik at folk ikkje blir sende attende til død, tortur eller forfølging. Vi må arbeide for å gjere sakshandsamingstida så kort som råd - slik at ikkje asylsøkjarane i lengre tid må leve i uvisse og vonløyse om sin eigen lagnad.

Flyktningar og andre som får godkjent asyl i Noreg må vere sikre på at dei får dei same livsvilkåra som norske borgarar. Prinsippa om samarbeid, gjensidig tillit og toleranse mellom innvandrarar og nordmenn er heilt grunnleggjande på dette området. Like vilkår inneber då både rettar og plikter.

Folk frå andre kulturar kan gi positiv innverknad på det norske samfunnet gjennom den yrkeskompetansen og utdanninga dei har med seg. Ein viktig føresetnad for dette er då at flyktningar som kjem hit til landet snøgt blir følgde opp med ei vurdering av den kompetansen dei har. Skikkeleg språkopplæring lyt dei også få med ein gong. Rettsvernet til innvandrarkvinnene må også sikrast.

Kommunane må få dei ressursane som trengst, slik at dei kan gi asylsøkjarane og flyktningane eit tilfredsstillande bustads-, skule- og arbeidstilbod.

Det er nødvendig med meir informasjon om den stoda asylsøkjarane og flyktningane er i, og vi må setje meir inn på å motarbeide uheldige tendensar til framandfrykt og rasisme. Sameleis må vi gi flyktningar og asylsøkjarar meir informasjon om norske tilhøve.

NOREG OG DET INTERNASJONALE SAMFUNNET

Stadig fleire oppgåver kan berre løysast gjennom eit breitt mellomfolkeleg samarbeid. Gjennom eit slikt internasjonalt samarbeid må Noreg arbeide for global utjamning, fred og eit betre miljø. Den internasjonale teknologiske, økonomiske og politiske utviklinga har gjort landa meir avhengige av kvarandre enn før. Noreg er avhengig av eit vidt samarbeid med andre land, og landet vårt er samstundes sterkt påverka av den internasjonale og tryggingspolitiske utviklinga.

Det internasjonale samarbeidet bør finne ei form som sikrar det nasjonale folkestyret og den nasjonale sjølvråderetten i saker som kvar nasjon har dei beste føresetnadene for a avgjere sjølv.

Noreg må arbeide for å styrkje Dei sameinte nasjonane si rolle. FNs arbeid er særskilt viktig for eit lite land som Noreg.

Forsvar og tryggleik

Målsetjinga for norsk forsvars- og tryggingspolitikk er å tryggje fridomen og tryggleiken vår og gjere alt for å sikre freden i verda.

Tryggingspolitikken vår må framleis byggje på vårt nasjonale forsvar og medlemskapen i NATO. Gjennom NATO-samarbeidet er Noreg forplikta til å arbeide for alliansens likeverdige mål: forsvar og avspenning.

Det må ikkje rå nokon tvil om at denne organisasjonen skal vere ein forsvarsallianse med skyldnader som er avgrensa til det nordatlantiske området, slik det er definert i NATO-traktaten. På lengre sikt må det vere ei målsetjing å skape føresetnader for at dei militære blokkene kan byggjast ned.

Det er viktig at vi fører ei forsvars- og tryggingspolitisk line her i Noreg som det kan bli brei politisk semje om.

Busetnad i alle delar av landet er eit svært viktig tilskot til den samla beredskapen vår. Dette må vere ei viktig side ved den framtidige forsvarspolitikken vår når han no skal formast ut.

Innkjøpspolitikken til forsvaret må nyttast som eit ledd i distriktspolitikken.

Heimevernet må ha ein sentral plass i totalforsvaret vårt, slik dei særmerkte geografiske tilhøva våre krev. Ein må også gi røynleg og raskt vederlag for øydeleggingar som militære øvingar valdar i lokalsamfunnet.

Det må innførast ei meir rettvis ordning med godtgjersle når folk skal kallast inn og vere med på repetisjonsøvingar.

Senterpartiet går inn for at forsvarsevna vår skal haldast oppe. Forsvarsevna må vi då sjå i lys av den tryggingspolitiske utviklinga. Det må vere eit godt og nært samarbeid mellom sivile og militære styresmakter om vi skal halde oppe eit godt totalforsvar.

Senterpartiet vil halde på den allmenne verneplikta, og styresmaktene må oppmode kvinnene om å gjere ein større frivillig innsats. Senterpartiet går imot situasjonsbunden militærnekting. Dei som av ymse grunnar blir fritekne frå verneplikt, lyt då gjere ei høveleg teneste innanfor rammene av eit utvida norsk totalforsvar.

Norsk base- og atomvåpenpolitikk må liggje fast. Vi må leggje tilhøva til rette for at allierte styrkar kan ta seg raskt fram i ein krise- og krigssitiuasjon.

Sivil beredskap

Den sivile beredskapen utgjer ein monaleg stor del av totalforsvaret her i Noreg. Ansvaret for den sivile beredskapen kviler på fleire offentlege etatar og nivå. Eitt av dei fremste måla blir då å verne sivilfolket mot øydeleggingar. Ei viktig side ved dette er bygging og vedlikehald av tilfluktsrom. Det må arbeidast aktivt for å styrkje kontrollen med tilfluktsromma.

Kommunane har eit sentralt ansvar for den sivile beredskapen. Dette vernebuingsarbeidet i kommunane må styrkjast. Det bør sameleis haldast regelmessige beredskapsøvingar for å sikre at det lokale styringsverket kjenner sitt ansvar her.

Senterpartiet vil arbeide for ein total gjennomgang av den sivile beredskapen. Siktemålet må då vere å effektivisere heile apparatet. Folk flest må også få ei aktiv haldning til og bli meir positive til vernebuingsarbeidet.

Nedrusting og avspenning

Arbeidet for nedrusting og avspenning er ei avgjerande og omfattande internasjonal oppgåve. Her spelar også dei små landa ei viktig rolle. Sentralt står då arbeidet med å redusere atomvåpna si rolle, då med sikte på å få dei heilt bort til slutt. Dette må skje utan at det svekkjer tryggleiken og fridomen til nokon nasjon. Senterpartiet vil peike på den risikoen kjernekraft-teknologien står for når det gjeld spreiinga av atomvåpna.

Etter Senterpartiet sitt syn må Noreg, innanfor NATO og i andre internasjonale organ, særleg leggje vekt på desse sakene:

- gi sin stønad til alle forhandlingar som tek sikte på å skjere ned talet på atomvåpen.

- Noreg må arbeide for at NATO endrar den noverande førstebruksstrategien sin. Dette kan bli råd dersom det no blir ein styrkebalanse av konvensjonelle våpen på lågast mogeleg nivå i Europa.

- å sikre konvensjonell stabilitet i heile Europa på eit så lågt styrkenivå som råd.

- at det blir totalforbod mot produksjon og lagring av kjemiske våpen.

- at det blir arbeidd for å skipe ei atomvåpenfri sone i nordisk område. Dette må då verte ein del av ein avtale mellom NATO og Warszawa-pakta.

Nord-områda

Dei såkalla nord-områda omfattar ovstore land- og havstrok med stor strategisk verdi. Områda har også store naturkjelder. Det er viktig at det frå norsk side blir ført ein politikk som sikrar lågspenning i dette området. Dette lyt skje både ved å utnytte dei ressursane som finst der og ved at vi sjølve og våre allierte ofte held oss der fast.

Norske styresmakter må arbeide for ei ansvarleg ressursstyring og eit effektivt miljøvern i nord-områda. Dette kan m.a. gjerast gjennom samarbeid og avtalar med andre land.

Dei ymse forhandlingane om å skjere ned talet på atomvåpen kan føre til at nordområda får større vekt og kjem til å spele ei meir strategisk rolle enn før. Det blir då i norsk interesse å arbeide for å hindre meir spenning i desse stroka.

Nord-områda er prega av overlegne og store sovjetiske militærstyrkar. Det ville vere ønskjeleg at fleire allierte marinestyrkar kunne halde meir regelmessig til der og skape grunnlag for ei gjensidig atterhalden framferd. Dette er nemleg ein føresetnad for å halde fast den låge spenninga i desse områda.

Svalbard

Gjennom Svalbard-traktaten har Noreg fått suvereniteten over denne øygruppa på dei vilkara som er fastsette i traktaten. Noreg lyt då føre ein Svalbard-politikk som understrekar interessene våre her. Dei andre maktene som har skrive under på denne traktaten må skjøne at vi utøver den suvereniteten som krevst. Difor er det viktig at Noreg held oppe busetnaden og næringsverksemda si på Svalbard, og at vi held jamn kontroll over øygruppa ved regelmessig inspeksjon. Gjennom næringsplanen for Svalbard må vi leggje tilhøva til rette for større verksemd på øygruppa.

Den aukande verksemda på og interessa for Svalbard gjer det nødvendig med ei sterkare styring av øygruppa. Kravet om full etterleving av norsk lov må då haldast oppe. Norsk jurisdiksjon må handhevast.

Plante- og dyrelivet på øygruppa er svært sårbart. Større verksemd på Svalbard føreset difor at vi må leggje meir vekt på miljøpolitikken her. Utbygginga av turistnæringa på Svalbard må haldast innanfor dei rammene som ikkje kan skade eigenart og naturmiljø på øyane.

Senterpartiet går inn for at dei skattefordelane som folket på Svalbard no har, blir haldne ved lag. Samstundes må dei sosiale forholda og tenestetilboda betrast med sikte på å kome meir på line med tilhøva på fatslandet. Det må såleis lagast ein helseplan for Svalbard.

Norden

Dei nordiske landa utgjer ei naturleg samarbeidseining - både kulturelt, økonomisk og geografisk. Senterpartiet ser det difor som ei viktig oppgåve å fremje og styrkje det nordiske samarbeidet.

Gjennom t.d. miljø- og samferdselspolitikken må vi arbeide for å knyte dei nordiske landa nærmare saman. Eit sterkare nordisk samarbeid kan også hjelpe til med å gi Norden større tyngd i internasjonal politikk. I energipolitikken ligg alt også godt til rette for eit breitt nordisk samarbeid. Senterpartiet vil arbeide for eit Norden som er fritt for kjernekraft.

Senterpartiet går inn for å byggje det nordiske økonomiske samarbeidet vidare ut. Dette kan m.a. gjerast ved å leggje tilhøva til rette for at Norden i større mon kan fungere som ein "heimemarknad". Det regionalpolitiske samarbeidet må byggjast ut til å gjelde fleire område i Norden.

Det aukande vest-europeiske samarbeidet må føre til at Nordisk Råd drøftar korleis ein best kan aktvisere og setje meir fart i arbeidet sitt. Senterpartiet går difor inn for at det blir skipa ei statssekretærstilling for nordiske spørsmål.

Noreg og Europa

Ved ei rådgjevande folkerøysting i 1972 sa fleirtalet av det norske folket nei til norsk medlemskap i EF. Senterpartiet meiner at Noregs samarbeid med EF må ta utgangspunkt i dette vedtaket. Berre ei eventuell ny folkerøysting kan gjere om dette vedtaket.

Eit levande folkestyre og målsetjinga om eit desentralisert samfunn er begge i strid med norsk medlemskap i EF. Norsk tilpassing til EF må ta utgangspunkt i den samfunnsutviklinga vi ønskjer nasjonalt. Ei tilpassing som går for langt i retning av EF, kan få alvorlege følgjer m.a. for den økonomiske politikken vår, fordelingspolitikken, distriktspolitikken og miljøpolitikken. Norsk sjølvråderett og folkestyret vert då også

skadelidande.

Utgangspunktet må vere at Noreg ikkje gir frå seg sjølvråderett på område der vi sjølve har dei beste føresetnadene for å ta avgjerdene.

Det europeiske fellesskapet (EF) har vedteke å skipe ein "indre marknad" med fri ferdsel og handel for varer, tenester, personar og kapital innan utgangen av 1992. Dette stiller norske styresmakter og norsk næringsliv overfor store utfordringar i åra som kjem. Norske styresmakter må ta aktiv stode til den vest-europeiske integrasjonsprosessen. Statsmaktene her i landet må difor prøve å hindre at denne indre marknaden i EF skaper nye handelshindringar mellom Noreg og EF.

Noreg må sikre sine interesser andsynes EF gjennom eit sterkare samarbeid i det europeiske frihandelsforbundet (EFTA), auke det nordiske samarbeidet og få til tosidige kontaktar mellom Noreg og EF. Norske styresmakter må også arbeide for å få til og halde på best mogeleg kontakt med det utanrikspolitiske samarbeidet mellom EF-landa (EPS). På denne måten kan vi også hente inn informasjon og makte å påverke vedtak som har mykje å seie for Noreg.

Offentlege styresmakter har eit viktig ansvar nar det gjeld å sikre folket ein brei og nøytral informasjon om utviklinga innanfor EF.

Noreg må halde oppe gode kontaktar med dei aust-europeiske landa, for på den måten arbeide for å bryte ned skiljet mellom aust og vest i Europa.

Senterpartiet ser med glede på ei utvikling fram mot nasjonal fridom og sjølvstende i dei baltiske statane Estland, Latvia og Litauen. Som nære grannar har dei nordiske landa eit særskilt ansvar for å hjelpe fram ei slik fredeleg utvikling på sitt vis i Baltikum.

Noreg og den fattige verda

Målsetjinga om større rettferd og solidaritet mellom menneske, desentralisering av gode, makt, samyrke, sjølvforsyning og fornuftig ressursstyring gjeld i høgste grad også for vårt forhold til den tredje verda.

Det ser ut til at det trengst grunnleggjande endringar i det internasjonale økonomiske systemet før vi kan få ei meir rettferdig fordeling mellom dei fattige og rike landa. Dei industrialiserte landa har her eit ansvar, og Noreg lyt kaste seg inn på u-landa si side for å få til ein ny økonomisk verdsorden.

I dag særmerkjer ei hard gjeldskrise økonomien i mange u-land. Noreg må difor vere med og arbeide aktivt gjennom internasjonale organisasjonar for å bøte på denne situasjonen.

Senterpartiet vil då arbeide for at vi i norsk politikk legg meir vekt på at u-landa i større mon får herredøme over sine eigne ressursar. Dette må då bli grunnlaget for ein sjølvforsyningsøkonomi i desse landa. U-landa må såleis få høve til å verne oppbygginga av sitt eige produksjonsliv.

Noreg må stø slike tiltak med å setje opp råvareavtalar og råvareprisar som sikrar u-landa større produksjonsinntekter.

Senterpartiet går inn for å auke den norske utviklingshjelpa, også som del av bruttonasjonalproduktet vårt (BNP). Vi må då leggje vekt på ei effektiv utnytting av midlane, m.a. ved å heile tida sjå på kor effektiv slik stønad er.

Norsk u-hjelp bør i første rekkje ta sikte på å dekkje grunnbehov som mat, vatn og brensel, helse og utdanning. Hjelp til sjølvhjelp må då vere utgangspunktet.

Noreg må setje av om lag halvparten av den offentlege stønadshjelpa si til tosidige hjelpeprogram. Det er også nødvendig at innsatsen samlar seg om nokre få land, slik at midlane kan utnyttast effektivt.

Fredskorpsinnsatsen bør styrkjast og utvidast, og vi må framleis leggje stor vekt på den rolla dei private organisasjonane har i u-hjelpsarbeidet.

Dersom mottakarane av u-hjelp gjer alvorlege brot på menneskerettane, så må norske styresmakter ta eit atterhald om å dra hjelpa si tilbake.

Menneskerettane

Senterpartiet ser det som ei viktig oppgåve å sikre eit trygt vern av menneskerettane. Vi må då leggje særskild vekt på å byggje ut det apparatet som FN og andre internasjonale organ har sett opp for å verne om dei grunnleggjande rettane åt folk.

Det må gjevast stønad til det arbeidet som frivillige organisasjonar gjer for menneskerettane. Gjennom informasjon må vi skape ei allmenn forståing for kor viktige desse rettane er. Skulen må leggje vekt på å utvikle toleranse, respekt og solidaritet hos elevane.

Noreg må setje enda meir krefter inn i arbeidet sitt mot raseskiljepolitikken i Sør-Afrika, og halde fast ved dei vedtekne boikott-tiltaka. Dct er ei viktig oppgåve å styrkje det økonomiske samarbeidet med nabostatane til Sør-Afrika for å gjere dei mindre avhengige av dette landet enn dei er no.

I Afghanistan er det enorme oppgåver som må løysast etter mange år med sovjetisk krigsherjing og hærsetjing. Noreg må gjere sitt til for å byggje opp att Afghanistan og såleis vere med og sikre landet ei fri og uavhengig framtid.

Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10176. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.