Dokument · 1918
PROGRAMMET AAT NORSK LANDMANDSFORBUND - EI STUTT UGREIDING
Norsk Landmandsforbund · 6 071 ord
1919 - 1921
PROGRAMMET
AAT
NORSK LANDMANDSFORBUND
EI STUTT UGREIDING
AV
W. M. DIETRICHSON
SKRIVAR I FORBUNDET
"I svartmyr erobrer den gamle glans,
paa heden en landekrans,
og Noriges skattelande
de ligger her indenlands."
(Wergeland)
Bønderne og Stortinget.
Norsk landmandsforbund er jordbrukssamskipnaden - modernæringi sin samskipnad. Paa ymse maatar arbeider det for Jordbruket og landet. Det ligg utanfyre raama aat dette vesle skriftet aa koma inn paa det samla arbeidet i samskipnaden. Her skal me berre koma inn paa den sida av arbeidet som stend i samband med stortingsvalet.
Tek storting eller riksstyre upp ei sak, som kjem inn paa jordbruket, so vert saki fyrst dryfta av arbeidsutvalet i "forbundet." Dei mindre sakerne vert avgjorde med det same, men dei store vert oftast sende til eit serlegt utval. Naar tilraadingi ligg fyre, vert ho vanleg dryfta i arbeidsutvalet og i landsstyret, seend rundt til krinsarne og so lagt fram for utsendingsmøtet og landsmøtet til endeleg avgjerdsla.
Slike saker vert altso dryfta so vel og gjeng igjenom so mange instansar, at ein trygt maa kunna segja um tilraadingarne fraa "forbundet", at dei tolkar bonden si meining paa beste maaten.
Desse tilraadingarne er grunnlaget for det programet, som vert vedteke paa landsmøtet. Dette vert halde framfyre kvart stortingsval. Programet er altso i stutt form eit uttryk for bonden sitt syn paa vigtuge samfundsspursmaal. Det vert av krinsstyri lagt fram for dei menn, som er paa tale til stortingsmenn, og det vert gjort utan umsyn til politisk parti. "Landmandsforbundet" styd seg soleis ikkje til noko politisk parti. Naar dei politiske partii tek stoda til "forbundet" sitt program maa det verta deira sak. Den hjelp me fær, takkar me for; men me slengjer oss ikkje bak paa kjerra hjaa nokon av dei politiske flokkarne. Framfyre siste val vart soleis programet vaart vedteke i utsendingsmøte 13. februar 1915, lenge fyrr me høyrde noko fraa dei politiske flokkarne. Og det vart endeleg vedteke paa landsmøtet i Aalesund. Det programframlegget, som no ligg fyre, vart ihopsett paa utsendingsmøtet 7de - 4de februar og vedteke paa landsmøtet i Bergen 17.- 19 juni.
Programmet ser soleis ut:
Den store heimskrigen hev slege fast og innprenta den gamle sanningi at nasjonen sitt sjølvstende maa byggjast paa eit sterkt vern og paa landsens eigi evna til aa avla det som trengst til livsens upphelde.
Norsk landmandsforbund hev heile tidi og etterkvart med alt klaarare syn paa fyremaalet stræva for at jordbruket fær dei økonomiske kaar som hovudnæringi i landet hev rettkome krav paa. Forbundet vil eit sterkt jordbruk, som ikkje berre i krisetider kann berga fraa undergang, men som og under jamne høve tryggjer framgang og trivnad for alle næringar og ein god kulturvokster paa heimegrunn.
Ut ifraa dette grunnsynet og i samsvar med tidlegare vedtak, tilraadingar og arbeid byd me inn til samling um dette programet:
P o s t 1.
Eit sterkt og sjølvhjelpt bondestand maa haldast uppe og vera grunnlaget for landsens fridom og nasjonale kultur. Jordbruket maa gjevast slike vilkaar at det vert likso lønande som andre næringar og kann gjeva arbeidararne sine likso gode kaar. Landet si forsvarsevna skal styrkjast og utviklast med dei krefter, nationen raader yver.
P o s t 2.
Jordbruket skal baade i tollpolitikken og i andre høve jamstellast med handverk og industri med det fyremaal aa gjera landet sjølvberga i matvegen. Naar tollsatsarne vert umlagde, skal tollen paa det me ikkje avlar i landet setjast ned so tollbyrdi ikkje vert auka. Umskipingi av tollen maa ogso koma fiskarnæringi til gode.
P o s t 3.
Landet skal gjerast sjølvberga med korn av eigen avl. Skal me naa dette maalet maa Landmandsforbundet no som fyrr hevda at kornavlen maa gjerast lønsam baade for dei som avlar til sal og for dei som berre avlar til eige bruk. Sameleis skal potetavlen gjerast lønande. Til me får ein varig skipnad trygdar staten minsteprisar. Varigt kornmonopol maa ikkje innførast i komande tingseta.
So snart raad er skal staten syta for at korn for eit aars bjørg, helst av norsk avl, vert lagra i landet. Norsk kornvara skal ha fyreretten, naar staten kjøper inn til her og flote og offentlegt kosthald og faa same fyremuner som industrivara. Skilsmun i fragterne landsluter imillom skal jamnast ut.
P o s t 4.
Med ein sterk jordpolitik maa det sytast for at landsens dyrka jord kann hevjast til høgare kultur, og at dei store udyrka vidderne vert rudde og bygde so snart raad er. Til dette fyremaalet legg staten upp eit fond, som ogso kann brukast til aa raada bot paa arbeidsløysa.
Høveleg dyrkingsjord som er i stats- eller kommuneeiga skal bytast ut paa rimelege vilkaar til folk som dyrka og byggja nye gardar eller smaabruk. Skog og hamn bør fylgja med.
Det skal ytast billege laan og tilskot til dyrking. Smaanæringarne maa faa lønande vilkaar.
Samferdsla skal førast vidare fram og skal fyrst av alt tena uppdyrkingi og produktionon i landet.
P o s t 5.
Den private eigedomsretten skal vernast, og ættekjensla styrkjast m. a. dermed at aasætesretten vert utvida, men soleis at denne retten ikkje kann misbrukast. Spekulasjonen i jord og herlegdomar til gardar skal motverkast. Det maa verta forbode at jord-, fjell- og skogeigedomar kjem yver paa lutlag.
Norske borgarar skal eiga landsens natur-rikdomar. Utlendingar og utlendske samlag maa ikkje faa konsession paa kjøp eller leiga av vatskraft og grunn. Kraftkjeldor og verk som hev kome paa framande hender, bør vinnast tilbake.
P o s t 6.
Fjellbygderne maa faa slike vilkaar at dei paa nytt kann gaa fram i velstand og folketal. Dei maa faa sine gamle rettar til fjellet heilt attende og staten maa yta gagns tilskot til vegar og andre hjelperaader, so beitene best mogeleg kann verta utnytta.
P o s t 7.
Folkeskulen paa landet skal reisast paa heimegrunn og vera i samband med det arbeids- og kulturliv som høyrer bygdi til. Framhaldsskule, arbeidsskule, ungdoms- og fagskular byggjer so vidare paa det gjevne grunnlaget. Staten syter for at lønsvilkaari vert so gode og jamlike at baade smaa og store kommunar kann faa dugande lærarar. Staten tek paa seg ein større lut av lærarløni enn no.
Husstell og hagstell kjem inn i fagkrinsen, og der det høver skal ein faa seg skulejord og lærarbustad.
Ungdomsskulen skal trygdast og faa rikelege statstilskot. Samdrift og økonomi vert faste skulefag. Det skal skipast deilder med valfrie fag for større aalmenndaning og som fyreskule for fagskulane. Jordbruksskulane bør krevja kunnskapsmaalet fraa ein god ungdomsskule for dei som vil inn.
P o s t 8.
Varevendings- og laanevilkaari for jordbruket skal stydjast og ordnast med ei kraftig samdrift.
P o s t 9.
Forbundet hevdar grunntanken um sosial rettferd og samansvar. Sjølvstendige smaakaarsfolk og alle som driv jord-, skogsarbeid og fiskeri lyt faa større sosial trygd. Folketrygdingi maa tilmaatast aat bygdene, og sers lyt ein faa ein god skipnad for alderdomstrygdingi paa landet.
P o s t 10.
Høvet millom vareavling og varevending (produksjon og forretningsliv) skal nøgje granskast.
P o s t 11.
Finanspolitikken maa førast med varsemd so samfundet stend budd til aa møta faarlege nedgangstider etter krigen.
P o s t 12.
All offentleg eigedom, som vert driven for vinnings skuld, fossar, aalmenningar, kommuneskogar og statsskogar medrekna, skal liknast i skatt til stat og kommune etter same reglar som til kvar tid gjeld for privateigedom.
P o s t 13.
Naar staten arbeider ut landsplan for elektrisitetsforsyningi og naar det vert gjeve konsessjonar og reguleringsløyve e. l. maa det sytast for at jordbruket og smaaindustrien paa landsbygderne fær fullnok elektrisk kraft - ogso med syn for dei større krav framtidi hev - og til same pris som industrien og byarne.
Alt no vantar jordbruket elektrisk kraft. Difor maa staten finna gagns raadar til aa bøta paa vanhjelpi so snart gjerast kann.
Noko av staten si eigi fossekraft bør nyttast til laging av billeg kunsthevd.
Fyrr landsplanen er vedteken bør lutlag ikkje faa konsessjon paa større fosseutbyggjingar.
P o s t 14.
Dei offentlege løningar skal jamnast ut so dei fyl prisane paa dei vigtigaste bruksvaror av norsk produksjon - upp som ned - og soleis at det hermed vert sams bate for hovudnæringi og samfundet sine tenestemenner.
Dei viktugaste programpostarne.
l innleidningi til valprogramet i 1915 stod det m. a.: "Hendingarne hev lært folket vaart, at næringspolitiken til denne tid hev gjenge i ei gali leid." Dette var eit sterkt ankemaal. Men "forbundet" stend ved det. Krigen hadde daa vara eit aar. No er me komne langt inn i 4de krigsaaret. "Hendingarne" hev gjenge slag i slag sidan den tid, og "forbundet" kann skjerpa fraasegni med fylgjande:
"Den store heimskrisa hev slege fast og innprenta den gamle sanningi, at det nationale sjølvstende maa byggjast paa eit sterkt vern og paa landsens eigi evna til aa avla, det som trengst til livsens upphelde". Forbundet hev i 20 aar halde fram, kor turvande det er aa halda uppe jordbruksinteressorne. I dei seinare aari hev tilraadingar og fraasegner meir og meir gjeve uttryk for vigti av den nationale sjølvhjelpi. Fyre krigen hev det allstødt vore hamra paa desse strengjerne.
I j u n i 1 9 1 4 , 6 v i k o r f y r e k r i g e n , v a r t d e t p a a l a n d s m ø t e t v e d t e k e e i f r a a s e g n , s o m s l u t t a r m e d d e i a a t v a a r a n d e o r d i , a t d e r s o m i k k j e d e t t e v e r t g j o r t , v i l d e t f y r r e l l e r s e i n a r e g j e l d a l i v e t f o r e i n s k i l d m a n n e n o g f o r n a t i o n e n . E i t a a r e t t e r k o m a l t s o p r o g r a m e t m e d d e i o r d i , s o m e r n e m d e , o g n o v e r t d e n g a m l e s a n n i n g i i n n p r e n t a p a a n y t t .
Hev nationen høyrt paa denne tala fyrr? Svaret maa diverre verta nei. Fylgjerne av næringspolitiken til denne tid ser ein best, naar ein hugsar, at av vaare 7,4 millionar maal dyrka jord var fyre krigen berre 2,3 mill. maal aaker (korn, rotfrukter osb.). Me dyrka i 70-aari 360 mill. kg. korn; men daa krigen kom var det sokke til 300 mill. I 40 aar hev 1/2 million menneskje reist fraa Norig til Amerika (berre fraa 1876til 1906 557,196) og dei fleste av desse hev dyrka amerikanskprærie i tevling med norsk jordbruk, medan yver 10 mill. maaludyrka, men dyrkande norsk jord hev lege her heime og venta paaaa verta utløyst paa lag som prinsessa i eventyret.
For ikkje aa verta mistydd skal eg halda fram, at desse sterke ordi fraa "forbundet" ikkje raamar nokon politisk partiflokk. Vinstre og høgre hev stort set skiftast um magti. Dei kann soleis sleppa takast um "næringspolitiken til denne tid". Heller ikkje skal politikarane peikast ut til syndebukkar. Det er hjaa heile nationen ansvaret ligg. I Norig hev det lenge vore aalmenn røysterett. Folket sjølv hev valt styresmennerne og peika paa den leidi, riksskipet skulde stemna. No er atter folket sin time komen. Iaar skal me slaa fast, um me vil fylgja dette ropet fraa jordi eller um me framleides vil lita paa andre; det maa me, naar me hev kornaakrarne vaare i utlandet.
I krigsaari hev Norigs bønder lagt 0,8 million maal jord til dei 2,3 millionar open aaker, og til vaaren krev nationen endaa ein million inn under beinvegjes matproduktion. Etter dette skulde 4 millionar av dei 7,4 dyrka jord vera open aaker. Men "forbundet" krev eit sterkt jordbruk, som ikkje berre i krisetider kann berga fraa undergang. No tek me norsk jord ibruk. Vil nationen, naar havi vert opna att, verja um landet si eigijord? Det er det store spursmaalet. Alle som vil eit fritt og sjølvstyrtland, fylgjer lina aat "Norsk landmandsforbund".
Jamstellingi i jordbruket.
Dette kravet er kjerna i "Landmandsforbundet" sitt arbeid. Dette grip so vidt, at det igrunnen femner heile programet. Kravet er sett fram i post 2; men det ligg ogso i dei andre. Me vil jamstelling i tollpolitik og i andre maatar. Det skal vera jamstelling paa alle umkverve: i tollspursmaal, i handel, skule, skatteleggjing, arbeidsløner osb. Paa alle maatar skal bygderne faa same vilkaar som byarne og fabrikstroki. Er det ikkje eit rimelegt krav?
I post 1 set me fingren paa dette kravet: Jordbruket maa faa slike vilkaar, at det vert like lønsamt som andre næringar og kann bjoda arbeidarane sine tilsvarande løn. Der kjem kravet um jamstelling att. Og dette kravet er ikkje berre eit bondekrav. Det grip um alt, som høyrer bygdi til. Gjeld dette kravet berre dei store gardbrukarane? Gjeld det ikkje for alle, som hev med jordi aa gjera, at arbeidet maa verta lønsamt? Det gjeld, at jordi kann gjeva arbeidaren sin høveleg dagløn. Eit døme vil syna, kva me meiner. Fyre krigen selde dei havre paa torget i Oslo for 9 øyre kiloen. 200 kg. paa maalet er god avling, dei fleste gardar gjev mindre. Ein sovoren avling gjev altso kr. 18 og noko halm. Alt arbeid paa eit maal jord med pløgjing, horving, hevd (skal ein faa 200 kg, so maa det hevd til), saaing, skjering, innkøyring, trusking, reinsking, køyring til byen eller stationen, dessutan svinn og rentetap vart altso den gongen lønt med vel eit sneis krunor. Kor stor dagløn vert det tru? Er det ikkje um aa gjera ogso for dei, som berre hev nokre faa maal jord, at det arbeid han legg paa jordi løner seg. Oftast søkjer ein sovoren mann arbeid paa næraste garden. Er det so til hans bate, at eit veikt jordbruk gjev lite høve til arbeid? Peikar ikkje ogso hans bate i same leid? Gjeld det ikkje at det vert mest mogleg arbeid, og at det vert godt betala? Men naar ein tenar kr. 20 paa maalet er det greidt, at arbeidsløni ikkje kann verta stor. Naar tilhøvi er soleis, so sparer ein arbeidskraft paa den maaten, at ein brukar jordi till voll eller endaa læt skogen veksa til, soleis som det hev vore med den næringspolitiken, dei hev førttil denne tid.
Men arbeidarane, som ikkje hev jord daa. Kva vil dei? Finn dei sin bate i eit veikt jordbruk med lite bruk for arbeidskraft og laage løner? Nei! Hev dei bate av eit sterkt jordbruk, som spyrr etter arbeidskraft, og sorn kann betala godt ? Sjølvsagt !
Handverkarane i bygderne, hev dei bate av eit veikt jordbruk? Nei, det er sjølvsagt til deira bate, at bønderne hev magt til aa skaffa dei arbeid med umvøling, husbyggjing osb. osb.
Lærarane og andre tenestemenn i bygderne, korleis samstavar deira interessor med "Landmandsforbundet" sitt krav? Sjølvsagt ynskjer dei eit sterkt jordbruk, som skapar liv og rørsla i bygdi, som set kveik i folket og lyfter det upp. Dei maa daa snu seg beint imot den andre lina, som i altfor mange aar hev herja bygderne.
I det heile er ikkje dette noko einsidigt bondekrav. Ja, ein kann segja, at det ikkje vedkjem bonden stort meir enn folket i byarne og fabrikstroki. Det er tvertum desse, som sit verst i det, um me skal koma til aa vanta det vigtugaste til uppheldet, og det er difor desse, som burde sjaa den største baten i eit sterkt jordbruk. Og so gjeld det daa her spursmaalet um national sjølvhjelp og dermed sjølvstende; det kann koma til aa gjelda vera eller ikkje vera for fedralandet.
Men vil ikkje maten verta dyrare? Til eit sovore spursmaal kann ein svara beintfram, at me i tollspursmaalet berre krev jamstelling. "Naar tollsatsarne vert umlagde, skal tollen paa det me ikkje avlar i landet setjast ned, so tollbyrdi ikkje vert auka", heiter det i § 2. Skulde det syna seg, at me ikkje fær medhald i kravet vaart um jamstelling, skulde det syna seg, at det framleides er industri og andre næringar, som gjer dei store framsteg, medan jordbruket og serleg kornavlen stend i stampe eller gjeng attende, daa fær bønderne tenkja yver, um dei ikkje var betre tent med aa taka burt all toll. Det kunde i alle høve ikkje verta verre. Kanske betre.
Matfordyring hev her vorte. Men skuldi ligg beint fram i den økonomiske lovi um stor etterspurnad og liten tilgang paa varor. Næringspolitiken til denne tid hev skuldi for det veike jordbruket. Heile folket hev skuldi for den knappe tilgangen paa varor, som maatte fylgja. Det er sovisst ikkje bønderne, som no er matfordyrarar.
Fiskarar og bønder stend kvarandre nær. Fiskaren og bonden er ofte same mannen, og ellest hev desse tvo klassorne lett for aa skyna kvarandre. Det er difor naturleg, at umleggjingi ogsa "skal koma fiskarnæringi tilgode".
Kornsaki hev i dei siste aari kome sterkt fråm i norsk politik. "Forbundet" hev i aarevis masa med denne saki utan at riksmagterne vilde høyra etter. Med det same krigen kom vart saki med ein gong aktuel. Hendingarne tvinga leidarane til aa leggja øyra til. Dei høyrde ei tid paa røysti fraa "Landmandsforbundet". Men etterkvart kom den store nationalsaki ,paa avvegar. Ho forvilla seg inn millom tannhjuli i dei politiske maskinorne. Tvo stykkje, som var so ulike som spursmaalet um verjetoll til vern um produktionen og spursmaalet um umsetnad ved eit monopol vart mælte met same aln. Me hev fenge det merkjelege, at ein part av folketer monopolmenn, medan motsetnaden skal vera toldarar. Og so slæst desse tvo lægri med aa løysa kornsaki paa kvar sin maate.
Det er ille dette, men der er daa nokre ljospunkt. Korn-saki hev vorte til ei "sak", som skal løysast.
I samband med andre tilskipingar peikte programet vaart ved siste valet paa glidetoll. Eg heldt daa m. a. fram um dette kravet: "Denne serhandsamingi burde ikkje vera. Korntoll er ikkje anna eller meir enn ein led i det samla tollkravet. Og for korn er kravet endaa veikare enn for kjøt, skinn, huder, ull, pengar, potetor osb. For desse krevst nemleg fast toll, men, som ein ser av post 1 a, berre glidetoll for kornet. Der krev me ikkje anna enn at det skal kunna løna seg aa avla korn her i landet, so nationen skal vera matberga i kornvegen. Denne tollen leidar ogso til, at det ikkje vert noko toll under denne krisa. Fyrst naar prisen fell under produktionskostnaden tek tollen til aa verka. I sanning eit rimelegt krav. Og det er dette kravet, som skal vera so meiningslaust. "
Desse ordi gjeld den dag idag. Alle er samde um, at kornavlen maa verta lønsam.
Det skulde ikkje vera turvande aa peika paa den uhorvelege vigt, det vil ha for landet aa føra heimatt ein stor part av den kornproduktionen, som me hev vanta, og som no i krigsaari hev gjort at me maa betala hundrad og atter hundrad millionar krunor og i fredstid kvart aar 70 millionar krunor.
Men, vil en segja, programet denne gongen talar ikkje um sovori toll. Nei, det gjer ikkje det. Kvifor? Jau, avdi "forbundet" etter eit vedtak paa eit utsendingsmøte 13. febr. 1915 "ikkje hev noko imot, at spursmaalet um kornmonopol vert utgreidt". Me pliktar difor aa studera og taka stoda til tilraadingi fraa monopolkommissionen. Flertalstilraadingi fraa denne kom 5 dagar fyre utsendingsmøtet vaart 7. februar iaar, og mindretalstilraadingi 8 dagar etter. Utsendingsmøtet kunde daa ikkje taka stoda til dette store spursmaalet. Difor fekk posten um kornsaki millombils den formi, han hev fenge i post 3. Dessutan vart det nedsett ei nemnd, som skal greida ut og koma med tilraading i denne vidsveimde saki. I nemdi sit desse:
Riksraad Johan E. Mellbye (formann),
jordbruksskulestyrar P. Kolstad, Smaaleni,
gardbrukar Nils Nersten, Nedenes,
konsulent N. Roald, Romsdal,
forsøksleidar O. Glærum, Trøndelag,
amtsagronom - P. Breirem, Nordland.
Varamenn: Gardbrukar B. Helgerud, Lier, gardbrukar E. Hognestad, Time, gardbrukar Bruvoll, Olden, konsulent J. Lende-Njaa, Sparbu, og gardbrukar Jacobsen, Korgen.
Ein ser av samansetjingi, at det er teke umsyn til alle landsluter. Kva denne tilraadingi vil gaa ut paa er det ingen som no kann segja. Nemndi hev berre gjeve ei fyrebils fraasegn til landsmøtet. Nemndi tok straks til med arbeidet; men det var so vidsvinnt, at dei ikkje fekk det ferdigt til landsmøtet. Dei hev difor til dette gjeve ei fraasegn, som er innteki i "Landmandsposten" nr. 70 og i "Landmandsforbundet" nr. 7. Fyrebils krev "forbundet", at kornavlen maa gjerast lønsam baade for dei som avlar til sal og for dei som berre avlar til eige bruk. Til me fær ein varig skipnad trygdar staten minsteprisar. I post 3 stend vidare: "Norsk kornvara skal ha fyreretten, naar staten kjøper inn til her og flote og offentlegt kosthald og faa same fyremunar som industrivara." I utgreidingi um siste programet heldt eg fram um dette:
"Naar staten bed um tilbod paa industrivaror fær dei norske fabrikarne ein fyremun paa 12 - 15 pct. framfyre dei utanlandske. Er det paa same maaten med jordbruket? Aa, langt ifraa. Staten brukar tvertum det utanlandske kornet til aa tevla med det norske. Norske soldater et utanlandsk brød, og hestarne fær ikkje so lite utanlandsk havre.
Kjøper den norske staten ei maskina, som Tyskland byd fram for 100 kr., so fær ein norsk fabrik kr. 100 + 25 pct. av 100 = kr. 125.00.
Er det paa same maaten med kornet fraa Tyskland? Aa nei! Med jordbruket er det onnorleis."
Denne anka gjæld forsovidt endaa; me hev ikkje fenge jamstelling. Tilhøvi hev gjort det umogleg aa faa inn korn fraa utlandet. Men kven trygdar for, at det ikkje vert paa same maaten att, naar hamnarne vert opna. Her hev me noko aa verna. Det maa verta jamstelling ogso paa dette umkvervet. Kven vil vera med og slaa ring um desse interessor? Det skulde liggja nær for alle nordmenn aa verna um Norigs jord.
Ein sterk jordpolitik.
Alle vil at jordi skal dyrkast. Men kjem ein til drivfjøri i jorddyrkingi, set ein heil slump beini i bakken og segjer stopp. Nationen bør no skyna motstriden i ropet paa dyrking, naar dei ikkje samstundes vil leggja tilrette tilhøvi her i landet etter jordbrukslinorne. Me maa skyna, at det vert gjort urett mot den mannen, som med fagre ord vert lokka til aa taka til derute, og som so fær sjaa, at nationen ikkje vil driva den jordpolitiken, som er turvande, dersom jordi skal betale slitet. Vil ein naa maalet, maa ein ogso yta midlarne. Me maa no skyna her i landet, at mykje stend att, fyr dei 7—8 millionar maal dyrka jord er drivi upp til høgkultur. Og me maa leida den nationale arbeidskraft mot den arbeidsmarki, som ligg i dei 10 millionar maal udyrka, men dyrkande jord. Vegen gjeng gjenom ein sterk jordpolitik, billege laan, dyrkingstilskot, studnad til smaanæringar, framhjelp av samferdsla osb. soleis som post 4 peikar paa.
Burde ikkje alle nordmenn kunne vera med paa dette?
Norig for nordmennerne.
Denne yverskrifti kann setjast baade yver post 5 og post 6. Kravet er klaart forma i dette "Norske borgarar skal eiga landsens naturrikdomar". Men kravet um, at "den private eigedomsretten skal vernast, odels- og ættekjensla styrkjast" peikar i same leid. Me vil "eit sterkt sjølvhjelpt bondestand" (post 1). Det er daa turvande aa verna um eigedomsretten og styrkja det, som alltid hev vore god bondesed. Framfyre dette syner ein stor part av folket lite skynsemd. Kann henda det fell vanskeleg for byfolk aa skyna den styrke som ligg i dette, at garden vert i ætti, at faren kann gjeva han til sonen. Men til all lukka skynar bønderne det.
Jordarbeidet er tungt, og det gjeng ofte seint aa finna løni. Med nybrot og planting osb. kann løni fyrst koma i andre og tridje ættled. Ymse jordarbeid gjev berre løn paa den maaten. Og soleis vert dette ikkje berre eit bondekrav - det er beint fram eit jordkrav, som maa til, dersom me skal ha god drift og skal kunna arbeida med lange maal.
Soleis som tilhøvi no er, er dei altfor lause og lettvinte. Bønderne sel gardarne sine fort vekk. Ein gardhandel gjeng like snøggt som lausøyrehandelen. At dette er ille skynar alle, som er noko inne i gardsbruk.
Ja, sjølv byfolk maa skyna dette, naar dei tenkjer seg um.
Eg vil setja fingren paa fylgjande i post 5: "Spekulasjonen i jord og herlegdomar skal motverkast". Dette er eit krav, som femner vidt. Det er nokk aa peika paa det og herma eit par slagord, som kom fram paa utsendingsmøtet i denne samanhengen. "Jordi er til bruk og ikkje til spekulasjon" og "bygdefolket skal eiga bygdi". Naar eg finn det høveleg aa setja post 6 inn under dette, so er grunnen serlegden, at her hev me misst noko, som me maa vinna att.
Den halve millionen, som hev reist or landet, hev serleg reist fraa fjellbygderne. Paa utsendingsmøtet fortalde formannen fraa Dalane krins, at ikkje langt ifraa han laag 18 nedlagde fjellgardar. Um dette vart det halde fram i fyrre programet:
"Det er fleire døme paa, at me hev tapte provinsar i fjellbygderne. Me burde gaa uppetter fjellet; men me gjeng nedetter. Den økonomiske politiken til denne tid hev skuldi for, at me hev sendt den beste ungdomen fraa fjellbygderne ut av landet eller til fabrikarne. Dei sterke armane hev ikkje fenge løn nokk heime. Ikkje noko hev lønt seg, og den spirande tvili, som alt fraa barneaari er planta i sjæli, ber si frukt. Det vart til den lange reisi yver Atlantaren eller det uvande livet inn millom dei surrande hjuli. Folket i desse bygderne tapte paa dette. Mykje hjarteblod hev runne etter den økonomiske politiken til denne tid, for det er ikkje altid so lett aa reisa. Men mor Norig taper mest. Ho leid tap millom sine beste søner og døtrer, og ho misste store luter av seg sjølv.
Dette tap er det me no maa vinna inn att."
Skulen.
Post 7 handlar um skulen. Kva er vel naturlegare enn at eit bondeprogram legg stor vigt paa denne saki. Det er daarleg upplæring, som serleg gjer det vanskelegt for bønderne aa halda seg framme og halda uppe kravi sine. Dei kjenner det sjølv, og difor er skulen ei av dei kjæraste og vigtugaste uppgaavorne aat forbundet. I fleire aar hev "Landmandsforbundet" havt eit skuleutval, som gjenom vegtige tilraadingar og skriv hev sett merke etter seg i skulestellet vaart. Skuleposten er liksom eit utdrag av arbeidet i dette utvalet. Ein vil av posten sjaa den raude traaden, som gjeng like fraa den gode folkeskulen, som "skal reisast paa heimegrunn" og fram til dei høgre skularne med valfrie fag tilmaata for vidare aalmenndaning. Desse skulde daa gaa so høgt i aalmennkunnskap som landet kann bjoda det. Og paa den maaten er vegen klaar og greid for den landsungdom, som vil fram. Til denne tid hev det vore altfor vanskeleg. Det hev vanta mykje paa jamstelling paa dette umkvervet.
Varevending og laanevilkaar.
Post 8 og 10 handsamar dette vanskelege og vigtuge emnet. Det vantar mykje paa, at avsetningstilhøvi endaa er skipa for jordbruket. Me er langt paa veg med meierii vaare, samsslagtehus, samssali osb., men det maa arbeidast vidare paa det grunlaget som er lagt. Laanevilkaari hev vorte betre i den seinare tid; men endaa er det nokk langt att, fyrr me fær jamstelling med byarne. Det er t. d. ikkje vanskelegt for en kjøpmann aa faa bankkonto. Men dersom ein bonde spyrr um det, so maa det trygd til. Og det endaa det oftast er lettare aa døma um bonden si økonomiske stoda enn um handelsmannen si.
Det hev vore vanskeleg med laan paa gardarne. "Kreditforeningen for land- og skogbruk" er eit godt tiltak til aa bøta paa desse vanskarne. Dei folk, som styrer der, arbeider vidare med andre maatar for laanevilkaari. Vegen til betring her gjeng gjenom ei "kraftig samdrift". Me venter her studnad fraa riksrnagterne.
Post 10 er sers vigtig. Han vil, at tilhøvi millom vareavling og varevending skal granskast nøgje. Det er nokk aa peika paa, at i Norig liver kvart 8. menneskje av handel. Eit menneskje søkjer altso si næring med aa handla med dei 7. Skulde ikkje dette vekkja oss til ettertanke? Men til dette kjem for bønderne, at bykravet paa smaasal osb. fører til ein prisauke, som varebrukarane skuldar bønderne for.
Orsakerne til skilnaden paa dei prisar, bønderne fær og det brukarane betalar skal klaarleggjast.
Vil byfolket ha ein kjøpmann paa kvar hyrna, og samstundes krevja kvar einaste smaating inn paa kjøkenet, so fær dei sjølv betala dette utan aa venda brodden mot bonden. Korleis det hev seg med umsetnaden paa dei varor, bønderne kjøper, bør ogso etterrøkjast. Vert dei dyrare enn turvande? Finnst det trustar og ringar? Slike spørsmaal er naturlege fraa bygdefolk. Og det er difor rimeleg, at kravet um etterrøkjing kjem inn paa programet.
At eit sovore spursmaal ikkje berre gjeld bønderne segjer seg sjølv. Det gjeld alle. Ja, sjølv handelsmannen maa vera interesera i, at det vert upplyst. Er det formange handelsmenn, eller er ikkje alt lagt tilrette med det maal aa tena samfundet, so vil umskipnad vera gagnleg.
Dei sosiale spursmaali.
Det største sosiale spursmaalet for bygderne er dette aa skapa verksemd. Der maa skapast mange arbeidsdagar med god løn. Det maa verta liv, verksemd og velstand i dei norske bygderne. Dette fær ein, dersom programet vaart gjeng fram. Men post 9 peikar dessutan paa, at "forbundet hevdar grunntanken um sosial rettferd og samandsvar". Serleg vil einhjelpa til, at "sjølvstendige smaakaarsfolk og alle som driv jord-,skogsarbeid og fiskeri lyt faa større sosial trygd". Det er atter bygdi,som talar gjenom dette kravet. Smaakaarsfolk i bygderne krevjamstelling paa dette umkvervet. Dei fleste sosiale reformerne hev tildenne tid vore knytte til byarne, til fabrikarne. Ogso bygderne maa novera med. Og det er berre naturleg, at "Norsk landmandsforbund" tekupp dette kravet.
Eit varsamt finansstyre og samstaving millom samfundslagi.
Post 11 er ein gamall bondepost. Det heitte fyrr noko sovore som "sparsomhet i statshusholdningen" og hadde ogso noko um "embedsverkets forenkling". I tider som desse, fann dei, at det var det beste aa gjeva posten den ordlyden han no hev fenge. Me vil krevja av bondeutsendingarne paa stortinget, at dei gjev gaum paa denne posten.
Post 14 tek til aa faa alders rett paa programet vaart, og folki vaare burde difor taka seg av han. Me venter av dei nye, at dei merkar seg kravet. Dei offentlige lønerne skal fastsetjast soleis, at dei stig automatisk, naar jordbruksvarorne stig, og fell att, naar jordbruksvarorne gjeng ned. Ellest gjeld den utgreidingi, som vart gjevi um posten ved siste val. Det heiter her: "Han peikar paa dei velkjende tilhøvi, at officerar og andre embættsmenn no bur altfor mykje i byen, og at heile upplæringi deira og heile livet deira vert lagt etter bylinor. "Systemet" verkar her ogso. Her vil me, at det skal koma eit brigde so langt raad er. Embættsmennerne sine interessor bør mest mogleg falla saman med jordbruket sine. I det heile freistar "forbundet" aa faa lagt tilhøvi tilrettes so, at ikkje berre bønderne men ogso andre kjenner seg knytt til jordi. No vert dei drivne burt fraa jordi og arbeider endaa til imot jordbruksbaten".
Post 13 treng ingi serleg utgreiding. Han er understrika fyrr. Posten er diverre sers aktuell. Det hev daa synt seg at dei uppgangstider med høge prisar, som hev fylgt etter dei store krigarne, like so visst hev ført med seg daarlege tider med laage prisar. Og daa gjeld det aa ha pengestellet greidt. Posten er forma etter framlegg fraa elektrisitetsnemndi vaar, som arbeider med desse spursmaali.
Sluttmerknader.
"Norsk landmandsforbund" er upolitisk. Det stend fritt til alle kantar.
Paa alle dei umkverve, som kjem inn paa jordbruket, grip det inn og segjer si meining gjenom grundige vel fyrebudde tilraadingar.
Forbundet understrikar ogso denne frie stoda paa den maaten, at det ikkje vil ha statstilskot. Det vil staa fritt til alle sider, og med den tyngdi, som ligg i bondesamhaldet, vil dei hevda jord- og bygdebaten.
Dette vert gjort m. a. paa den maaten, at me legg fram programet for alle stortingskandidatarne. Med fleirtal for dette programet i stortinget vil saki vinna fram og dermed jordlina vera dregi upp for det norske folket. Her gjeld det ikkje nokon trongklassepolitik. Difor er talen um aa riva jordarbeidarane og handverkarane, embættsmennerne og tenestmennerne burt fraa jordi,noko som er framandt for oss. Aa stella smaa og store gardbrukarar upp mot kvarandre er unaturleg. Det einaste rimelege er at alle, som høyrer bygdi til, er med aa halda uppe jordbrukskravi.
Me vil samhald - me rømer for klassehat og giftige plantor.
Det er alltid nokk av dei, som vil kløyva. Den gamle kjende maaten med aa setja landslut mot landslut vert ofte freista mot"Landmandsforbundet".
Smaakongerikelandet - skulde det ikkje kunna gaa paa same maaten no som fyrr? Eg hev den trygge von, at det ikkje gjeng.
Det gode samarbeidet innan "Norsk landmandsforbund" syner, at det no er von um samhald millom landsluterne. Me kjenner alle, at me er innbuarar i same fedraland.
Men so vert dei smaa sett upp mot dei store. Dette er ogso kjennt, og hev verka fyrr. Mitt yrke millom baade store og smaa gardbrukarar hev gjeve meg sopass kjennskap til folk og tilhøve, at eg hev tillit her ogso. Det, som bind, held paa aa verta sterkare, enn det som kløyver. Alle ser, at det er tryggast umbord i den skuta, der det er samhald, dei skynar, at dei alle treng til kvarandre og hev sams interessor. Men dei gjev seg knapt ut paa den eventyrlege ferdi, som tek til, naar skipsmannskapet tek til aa kjekla.
Difor vil heller ikkje denne kløyvingstanken lukkast.
Me skal ogso hugsa, kva Norigs jordbruk er. Av gardar paa yver 100 maal innmark er det i Norig berre 16—17 000 stykkje. "Norsk Landmandsforbund" hev no burtimot 60000 lagsmenn. - Talen um eit kakseforbund er difor noko tull. Dei, som fører sovoren tale fortel berre folk, at dei ikkje kjenner sitt eige land.
Tenkjer ein nøgje yver saki, vil ein nokk finna, at det er meiningslaust, at jordbruksarbeidarane skal ha interessor, som stend i motstrid med dei, som sit paa gardarne. Eller at dei store og dei smaa gardbrukarane skulde gaa kvar sin veg. Dei er alle knytt til Norigs jord. Hugs det! Hugs, at den einaste vegen til framgang, er at noko vert bore fram. Med arbeid kann me alle gjera "steinar til brød"; men mykje tale og mykje skriving, som siktar paa aa setja vondt blod millom dei, som arbeider i bygderne, kann føra til, at det vert framborde "steinar istaden for brød". Berre det trauste arbeidet vil kunne føra til maalet. Og for dei bygdefolk, som hev mindre raad, er det ein tryggare veg til lukka og framgang aa faa setja foten under eige bord og hus paa eigen grunn og faa høve til aa arbeida i nærleiken - enn aa høyra etter dei falske lokketonarne fraa klassehatet. Etterkvart som me fær preidt upplysing um, kva me vil, skal nokk dette gaa upp for alle læger i folket vaart.
"Norsk Landmandsforbund" hev eit nationalt program. Det vil føra Norigs jordbruk yver paa norsk grunn att. Me er rædd for aa lita lenger paa utanlandsk korn, kjøt, ull, frukt osv.
Difor vil alle fedralandshuga kvinnor og menn ha samhug med dette programet, og mange, mange utanum bygdefolket vil samlast um det.
Dette so mykje meir, som me ikkje einsidugt talar jordbruket si sak, men heile landet si sak. Me held paa bygdebaten utan at me vil strida imot byarne. For me ser ogso, kva vigt dei hev for landsens økonomi. Me veit, at industrien skaffar mange folk, som kjøper varorne vaare, og me skynar, at industrien ogso maa vara med aa tryggja landet. Men me vil, at det skal vera jamvigt millom næringarne. Me vil, at jordbruket skal faa same rett i tollpolitiken og i andre maatar. Me er paa vakt her, og kvar tenksam mann og kvinna vil sjaa, at me hev rett til dette vakthaldet.
Kilde: Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør. (u.å.). Polsys, Partidokumentarkivet, dokument 10150. Hentet 9. oktober 2026, fra polsys.sikt.no. Tilrettelagt av Bernt Aardal og Hege Skeie, senere oppdatert av Sikt. Teksten er hentet automatisk fra originalfilen og kan ha feil i avsnittsdeling og overskrifter.